Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 23 Sort-Iver og Lusse


Innleiing

Alle spottar Sort-Iver fordi han er svart, og den verste ertekroken er Lusse. «Måtte den dagen aldri kome då eg skal sove på Sort-Ivers arm», seier ho. Sort-Iver rådfører seg med mor si om korleis han kan få hemn over Lusse. Mora rår han til å kjøpe seg svart kappe og kvit hest, for då vil han sjå ut som herre Per prest. Sort-Iver gjer som mora seier, og Lusse opnar døra for han sidan ho trur det er presten. Dagen etter avslører Sort-Iver kven han eigentleg er, og gjer narr av henne.

Denne balladen finst berre i to variantar, i Telemarks-tradisjon. Den einaste fullstendige forma skreiv Sophus Bugge opp i 1857 eller 1863 etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen (1792–1862) og syster hennar, Signe Gjermundsdotter Napper (1788–1865). Begge var frå Mo. Torbjørg og Signe var begge framifrå songarar, med ein del av repertoaret felles. Sophus Bugge skreiv opp 49 balladar etter Torbjørg Haugen og 42 etter Signe Napper (Jonsson & Solberg 2011: 540–544).

I den eine svært fragmentariske norske varianten etter Margjit Tveiten, heiter hovudpersonen Svarte Svein, og det gjer han også i færøytradisjonen:

Svarti sveinur fór at biðja sær konu,
alt sum ein annar bóndasonur.

Svarti sveinur heim í garðin fór,
úti frú Jutta fyri honum stóð

«Væl standin I, frú Jutta, fagur og fín,
og vilt tú vera allarkerasta mín?»

«Svarti sveinur, rið tær hiðan burt,
eg vil ikki vera av tínum klæðum svørt»
(Føroya kvæði VI: 209–210).

Skjemtevisa om Sort-Iver og Lusse finst også i nyare dansk tradisjon (DgF VI: 320–323).

«Hovmot står for fall» heiter det i ordtaket, og det er også dette balladen dreiar seg om. Den hovmodige, strålande lyse Lusse spottar den svarte og tilsynelatande underlegne Sort-Iver – men blir sjølv sett grundig på plass. Lusse-namnet heng truleg saman med Lucia, som igjen er avleidd av lux = lys. Den lyse fargen assosierer til høg sosial status og vidare til moralsk høgverdig framferd, men den svarte fargen står for det motsette, dvs. grov- og kroppsarbeid utført av vanlege arbeidsfolk, og på eit etisk/religiøst plan – vondskap. Denne tradisjonelle motsetninga blir sett på hovudet i «Sort-Iver og Lusse». Prinsippet om «den omsnudde verda» viser seg å vere sterkare enn tradisjonen, derfor må Lusse degraderast og setjast på plass (Solberg 1993: 214–217).

Utsyn 161
DgF 365
CCF 172




Oppskrift A

TSB F 23: Sort-Iver og Lusse

Oppskrift: Udatert av Sophus Bugge etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen, Skafså, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge II, 11–12 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Sórt Iver å Lusse

*

1. Dær går en dans for Sórt-Ívers bór,
– dei trød’ og en dans. –
men ingjen mei hell Lusse gjóre.Alternativ lesemåte: S.N: adde spotta Sort-Íver for han va’ sort.
– Trø dansen fyr en gód elskov.–

2. Adde spotta Sórt-Íver, for han va’ sórt,
men ingjen mei, hell LusseAlternativ lesemåte: Lussi (S.N.): gjóre.

3. «Gud late meg alli slíte dæn harm,
at eg sillAlternativ lesemåte: ‹…› ska’ (S.N.) sova på Sórt-Ívers arm.

4. Gud late meg alli slíte dæn kvíe,
at eg sillAlternativ lesemåte: ska'(S.N.) sova mæ Sórt-Ívers síe.»

5. Sórt-Íver gjekk [seg] for sin moder at stå:
«hossi ska’ eg henaAlternativ lesemåte: hæna LusseAlternativ lesemåte: Lussi (S.N.) få?»

6. «Du kaupe deg svarte kappe å kvíte hest,
så rie no du som herre Pær prest!”»

7. Han kaupte seg svarte kappe å kvíte hest,
så rei då han som herre Pær prest.

8. Sórt-Íver kjemeAlternativ lesemåte: kom seg ríand í går,
LussesAlternativ lesemåte: Lussis dynnir va’ slegne í lås.

9. Han klappa på dynni mæ fingar små:
«statt upp Lusse, skrei lokur ífrå!»

10. «Ingjo stevna hev eg lagt
å ingjen lukkar eg inn um natt.»Retta frå: nått

11. «Du slepper inn dæn du líkar best,
så slepper du inn han herre Pær prest.»

12. Lusse aksla kåpa blå;
hó skreidde lokunne te å ífrå.

13. Lusse la’ seg í sængi né,Alternativ lesemåte: låg mæ stokkjen ne (S.N.)
Sórt-Íver han springe veggjen te.

14. Tilegt um morgonen, dagjen va ljós,
då va’ Sórt-Íver ti hesten fús.

15. «No Heve du Lusse lot’ slíti dæn harm,
no heve du sovi på Sórt-Ívers arm.»

16. [«No heve du Lusse lot «sliti den»] kvíe
[no heve du sovi] mæ Sórt-Ívers síe.

17. 18. (S.N.) «Å Sórt-Íver, Sórt-Íver bí ei tí!
du æ’kje så sórt, du blí ei hvid.»

18. 17 (S.N.)Å Sórt-Íver, Sórt-Íver bí ei stund,
alt meæ eg snúr míne klæi um!»

*

Under tittelen står det: (meddelt av Torbjør Haugjen og Signe Napper). Signe Nappers bidrag er merkt med S.N.

Til venstre for tittelen står det: Jfr. Gr. Utr 163. Til høgre for tittelen står det: Minder lidt om ‹…› nr. 284 (e‹…› Skrædder). Jfr. Gr. Utr. 84?? Jfr. Lyngbye fær. Kv. S. 20 Nr. 154. Svarti Svein tór at vidja sér konu? (jvfr. mine Saml. VI, 13).




Oppskrift B

TSB F 23: Sort-Iver og Lusse

Oppskrift: 1915 av Rikard Berge etter Margjit Halvorsdotter Tveiten, Vinje, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCLXIX, 48

Ingen oppgjeven tittel

*

1. BufarSvarte SveinAlternativ lesemåte: onge svein, sat sat i skòlti aa greinAlternativ lesemåte: gret
grein gjore han saa saare
Aa maa eg kaama inn – i tone tí deg.
spika tyriAlternativ lesemåte: Om eg tore

2.— tone

3. — stugo

4. — sengi (gruva aa grein)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.