Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 26 Fanteguten


Innleiing

Ei vakker og stolt jomfru avviser alle friarar som prøver seg. Jamvel kongssonen frir til fånyttes, for jomfrua stiler endå høgare. Kongen likar ikkje dette og hyrer inn ein tiggar, ein fant, frå ein annan by, for no skal den stolte jomfrua setjast på plass. Fanteguten kler seg i dei finaste klede som kan oppdrivast og kjem ridande til den stolte jomfrua på ein sprek hest. Jomfrua står ute og slår ut håret sitt, ei handling som inneber at ho godt kan tenkje seg å bli fridd til, men fanteguten seier at noko slikt tenkjer han ikkje på. I staden gjev han seg til å rekne opp alle rikdomane sine, og dette imponerer jomfrua så sterkt at ho følgjer med han. Men etter kvart avslører han at rikdomen ikkje finst, han har loge henne full:

Og lettað pá fille-hetta si,
og her ser du heile herligheita mi!
(Landstad [1853] 1968: 653).

Det finst eit sekstitals variantar av «Fanteguten», som har vore ei populær vise på 1800-talet. Storparten er frå Telemark, men vi har også nokre oppskrifter frå Agder, Buskerud og Hedmark. Landstad trykte ei form av visa i Norske Folkeviser, og Hulda Garborg tok «Fanteguten» med i Norske Dansevisur (1913). Versjonen hennar byggjer på Landstads tekst, men er litt kortare. Av melodioppskrifter finst det fleire (Ressem 2015: 93–123).

Elles er «Fanteguten» godt dokumentert i dansk og svensk tradisjon, men ikkje lenger attende enn frå 1810-talet. Ein av dei eldste variantane er svensk, og byrjar som fleire norske oppskrifter med ein presentasjon av den stolte jomfrua:

Der bodde en Jungfru så högt upp i land
Till henne så fria mång ärliger man.

Till henne så friade båd fattig och rik
Men aldrig såg den Jungfrun sin gelik
(SMB 5:2: 236).

Hovudmotivet i «Fanteguten» er den stolte og hovmodige jomfrua som ikkje vil gifte seg, trass i at dei rikaste og beste menn byr seg fram. Dermed bryt ho med samfunnsnormene for korleis ei tiltrekkjande kvinne skal oppføre seg, og ho må setjast på plass, ho blir gjord til latter og degradert. Degraderinga skjer ved at ho blir sett i direkte kontakt med ein ærelaus og utstøytt mann, ein fant. I nokre variantar heiter det at ho får barn med fanteguten, og uansett kan ho ikkje lenger hovmode seg av venleiken og rikdomen sin, for friarar vil ikkje dukke opp «på femten år». Til komikken bidrar ikkje minst fantens forkledning, som er så vellukka at jomfrua let seg narre. Forkledning spelar i det heile ei viktig rolle i dei gamle skjemteballadane.

Utsyn 162
DgF 369
SMB 236




Oppskrift A

TSB F 26: Fanteguten

Oppskrift: 1909 av Knut Liestøl etter Marit Ljosland, Åseral, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS K. Liestøl 5, 24–27.

Oppgjeven tittel: Skurveguten

*

1. Der budde ei jomfru uppi okk vaares laann
ho æ rik, ho æ ven, ho æ belevann

2. Ti henne fridde kungjen aa kungjens kara
aa adde ba ho vill heimatte fara.

3. Ti henne fridde både k[ungjen] aa k[ungjen]s menn
aa adde ba ho vill’ far’ heimatt igjen.

Kungjen klædde ut skurveguten sin.

4.Denne strofa står under den neste i oppskrifta, med tilvising hit. Han laante han sadel, han laante han hest
so kom han der rians tottest ver sum ein prest

5. Han laante han sokka, han laante han sko
so kom han der rians tottest ver’ noko go.

6. Fanten han sette seg ne paa eit skrin
bejynnte ti røa um rigdomen sin.

7. Eg heve meg ein adelsgaar
mæ sju aa kjue kjyna aa 400 faar.

8. Eg heve meg baa ager aa jor,
aa 10–12 piku sum reie mitt bor.

9. Eg heve meg baade ager aa eng
aa tie toll piku sum reie mi seng.

10. Lengje sto skjøn jomfru aa tenkte mæ seg:
Rikare bele fær alle eg.»

So reiste ho med han:

11. Kor æ naa din adelsgaar
mæ 27 kjyna aa 400 faar.

12. Eg hev alle hatt nokon adelsgaar
eg hev alle aatt so mykje sum eit faar.

13. Eg hev alle hatt antan ager hell eng
eg he alle hatt leie i ærleg manns seng.

14. Eg hev alle hatt antan ager hell jor
eg hev alle site mæ ærleg manns bor.»

15. Fante Skurveguten letta paa skurvehettaa si
Lyster skjøn jomfru sjaa skurv{en}aa mi.»

16. Skjøn jomfru vendte heimatt ti sin faders går
Ho fekk inkje friara paa femtaan aar.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift B

TSB F 26: Fanteguten

Oppskrift: 1912 av Rikard Berge etter Gunhild Hansdotter Neshaug, Tinn, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXL, 87–89.

Oppgjeven tittel: Fanteguten

*

1. Dæ bur ein fant i vaares by,
han æ baade fillut o lusut.
– Like leikanAlternativ lesemåte: leikarn æAlternativ lesemåte: er ikkje kaammen enn. –

2. So bur dæ ei jaamfru i vaares lann,
ho æ baade stòlt o so beilan vand.

3. O jaamfruen sto no o krusa ut sitt haar
o fanteguten ut i døra mon staa

4. Slett ikkje tar du no krus upp ditt haar fòr mei
for e agter no ikkje at beile ti dei.

5. Fer jeg haver no mei ein aavłersgaara gaar,
mæ sjòu tjug kjy o fire honder faar.

6. Jei haver no mei baade ager o eng
jei haver seks piger som reier op mi seng.

7. Jei haver no mei baade ager o gaał joł
jei haver tòll piger som dekker mitt boł.

8. Jei haver daAlternativ lesemåte: no mei eit kammers utav bły
som du ska faa sitta o sòuma o sy.

9. Jei [haver da mei eit kammers] utav gull
som du ska faa sjaa naar błi sørgefull.

10. Jaamfruen beisla no gangaren graa
o lae no błanke gullsalen paa.

11. Fanteguten lyfte paa skurvehetta si:
Hær ser du heile hærleheta mi.

12. Aller ha’ e havt nokon avłsgaała gaał
mæ sjòu tjug kjy o 400 f[aar]

13. Aller [ha’ e havt] hverken ager hell eng
o aller ha’ e liggje i ærle manns seng.

14. Aller [ha’ e havt hverken] agerSvært utydeleg. Det ser ut som ein bokstav er stroken, og det kan stå: agre hell joł
o [aller ha’ e] siti ve ærle manns boł.

15. [Aller ha’ e havt mei eit kammers] utav bły
o aller ha’ e’ sliti den strigeskjurta ny.

16. O aller [ha’ e havt mei eit kammers] utav gull
o aller ha’ vore mykje sørgefull

17. Aa jaamfruen snudde no gangaren sin
aa fanteguten faataa i beislanring
aa gjore paa henne tvo błommankjinn.

18. O jaamfruen rei ti sin faders gaał
ho fekk ikkje beilara paa 15 aar.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Rettingar og alternative lesemåter er gjorde med blyant. Tjukk l er skrive ł.

Etter denne og dei neste oppskriftene, står det: Gunnhild Haugen 1912 (76 aar, f. i Saudherad, uppvoksi paa Tinn. Med blyant er det sett til at ho døydde i 1914. Denne informasjonen passar til Gunhild Hansdotter Neshaug, fødd i Sauherad i 1836, død i Tinn i 1914.




Oppskrift C

TSB F 26: Fanteguten

Oppskrift: 1917 av Knut Liestøl etter Olav Eivindsson Austad, Bygland i Setesdal, Aust-Agder.

Orig. ms.: NFS K. Liestøl 9, 86–99.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Der bur ei jomfru i kongens går
aa adde so lysta skjøn jomfrua få
– Rette leikaren den æ kje komen enn. –

2. Der fria ti henne baade kongen aa kongens kara
aa adde so ba ho vill’ heimatte fare

3. Der fria ti hæ både kongen å kongens mænd
å adde so ba ho vill heimatt igjen.

4. Der bur ein fant’e der ne mæ a aa
han lysta so gjenni skjøn jomfruva få

5. Han lånte seg hosa han lånte seg sko
so va han no liksom den riddar kunde go.

6. Han lånte seg sadel, han lånte seg hest
so va han no liksom den riddar kunde best

7. Fanten kom han at kungens går,
jomfruva sto uti å dusta sitt hår

8. Du tar no slett alli slaa haar i for meg
for eg aktar so liti eg belar ti deg.

9. Ja vi du kje bele, so kann du late vere
eg aktar so liti ko slike dei vi gjere.

10. Fanten sett’an seg paa a skrin
begyndt han ti tale um rikdomen sin

11. «Eg heve meg toll borkute hesta
som skjønaste jomfru ska rie paa den beste

12. Eg heve meg gullborgjinn ni
som skjønaste jomfru ska spaser uti

13. Eg heve meg ein adelsgaar
mæ sjau kjuge kjynan aa fire hundre faar.

14. Eg heve meg bådi åkr å eng
å tie toll pikur ti reie mi seng.

15. Aa eg heve meg baadi hus å jor
å tie toll pikur ti reie mitt bor

16. Jomfruva tenkte mæ sjave seg
«Rikari riddar behøver alli eg»

17. Fanten snudd’an um gangaren spak
so sett’an skjøn jomfrua paa sitt bak

18. So rei med hendi uppund a rosenlund
der lystar skjøn jomfruva hvile en stund

19. So rei han med hendi uppunde a lind.
Der miste skjøn jomfruva møydomen sin

So begynde ho ti spyrje:

20. Kor æ no di toll gullborkute hesta
som skjønaste jimfru ska rie paa den beste

21. Alli hev eg aatt toll gullborkute hesta
aa alli hev eg aatt so mykje som ei kjette

22. «Aa kor æ no dei gullborgjin ni
som skjønaste jomfru ska spaser uti

23. «Alli hev eg aatt gullborgjinn ni
aa alli hev eg aatt so mykje som a hit

24. Aa kor æ naa din adelsgaar
mæ sjau kjuge kjynan å fire hundre faar

25. Alli hev eg aatt noko adelsgaar
aa alli hev eg aatt so mykje som a faar.

26. Aa kori æ no di hus å jor,
aa tie toll pikur ti reie ditt bor.

27. «Alli hev eg aatt antel hus hell jor
aa alli hev eg seti mæ nyttug manns bor.

28. «Aa kor æ naa di aakr å eng?
aa tie toll pikur ti reie di seng.

29. Alli hev eg aatt antel aakr hell eng
å alli hev eg legji i luselause seng

30. Fanten lypt’an paa hatten sin
«Her ser du skjøn jomfruva skurvenakkjen min

31. Jomfruva tenkte mæ sjave seg
«No æ de likar eg reiser heimte ti meg

32. Jomfruva reist heimte bå fros‹en› aa vaat
so fekk ho kje bela paa femten aar

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

I denne oppskrifta brukar Liestøl både «aa» og «å».

Under oppskrifta står det: (Lært av mor si.)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.