Ein bonde blir vekt i otta av kjerringa si og får ordre om å setje i gang med ymse slags arbeid straks. Først må han til kverna for å male korn, og når det er gjort, skal han leggje på varmen. Så set han seg til å spinne, og deretter skundar han seg til elva med skitne klede som skal vaskast. No endeleg står kjerringa opp, og ho ber mannen kinne smør i ein fart. Men mannen er så forfjamsa at han blandar oske i smøret i staden for salt. Så skal han hente egg i hønsehuset, men når han kjem inn att med sju egg, trur kjerringa han har stole to, for det er ni høner i hønsehuset. Kjerringa finn eit ris og bankar opp den stakkars mannen, og jagar han så frå garden. Det komiske grepet med omsnuing av tradisjonelle kjønnsroller – ei brutal kone som bankar opp mannen sin – er velkjent i folketradisjonen. Frå litteraturen kjenner vi det bl.a. frå Holbergs komedie Jeppe paa Bierget (1722).
Denne skjemteballaden har etter alt å døme ikkje vore særleg utbreidd her i landet på 1800-talet og finst berre i Telemarks-tradisjonen. I 1863 skreiv Bugge opp«Den huslege bonden» etter Tone Marteinsdotter Høna/Kollberg (1805–1877) frå Lårdal. Også Lindeman og Hans Ross skreiv opp balladar etter Tone Marteinsdotter, som er ein av dei store norske songarane, med meir enn femti balladar på repertoaret (Jonsson & Solberg 2011: 418–420). Landstad har trykt ei form på åtte strofer av«Den huslege bonden» i Norske Folkeviser, med tittelen «Den vonde keringi». Den følgjande strofa hos Landstad er ikkje med i forma etter Tone Marteinsdotter:
Han ha’ vaskað bommen
han ha’ sópað golv,
sá gekk han seg i högeloftið
og vekte up garðgjuggi [gardgygra]] sjov.
Formålet med visa er, skriv Landstad, «at vise hvorledes den slemme Kone brugte Manden sin til at löbe alle mulige Erinder for hende, og hvorledes han sprang omkring og forfjamsede sig i sin Angest for Konens Vrede. Han var under Töffelen» (Landstad 1968: 850–851).
Balladen finst over heile Norden, og det er jamvel skrive opp ei fragmentert form på Shetland, på det gamle norrøne språket norn. «Den huslege bonden» er tvillaust ein gammal ballade. Den kom etter alt å døme frå Noreg til Island i mellomalderen. Som Vésteinn Ólason har vist, står dei vest-nordiske formene kvarandre nær, jf. likskapen mellom følgjande islandske strofe og ei av Landstad sine strofer:
Ekki þarftu bóndalyrfa
að vera so stimamjúkur,
þú mundir ekki leiða mig
hefði eg verið sjuk.
Aa höyre du deð du bondegút,
du tar ‘ki vera sá mjúk;
du var no inki sá ifjór,
deð bilið eg lág sjúk
(Vésteinn 1982: 385–387).
Landstad, s. 850–852
CCF 179
Grüner Nielsen 47 / Tang Kristensen 23
IFkv 86
Liestøl: Saga og folkeminne, s. 184–187
SMB 241
TSB F 33: Den huslege bonden
Oppskrift: Udatert av Sophus Bugge etter Tone Marteinsdotter Høna/Kollberg, Lårdal, Telemark.
Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 49–51 (reinskrift)
Oppgjeven tittel: En Skjæmtevise
*
1. Då de lei te óttemål,
at hanen for te gala,
kjeringji vekkte upp mannen sin,
sill’ på kvenni mala.
– Hustru kan no deilde mæ sin bonde. –
2. Som han ha’ dåRetta frå: hadde mali
ei tønne eller toAlternativ lesemåte (merkt «Høydalsmo»): ei tunne hell tvo
så rest’en seg [då] heimatt
å gjor’ på varmen go.
3. Som en ha’ gjort på varmen
å varmen i ovnen brann,
tok en seg en rukk å sneæl(d)e,
sette seg te spann.
4. Som en ha’ dåRetta frå: hadde spunni
ei sneælde eller to,
tok en seg ei klæbytte
reste at åiAlternativ lesemåte (merkt «Høydalsmo»): bekkjen tvo.
5. Som en ha’ dåRetta frå: hadde tvegji
å fagre klæi skjein,Alternativ lesemåte (merkt «Høydalsmo»): dei klæ’i, so dei skjein
han hengde di atte på garsle’e
å sjave gjekk en heìm
6. Så reiste seg at høgelofteAlternativ lesemåte: Mannen reiste at høgelofte
å vekkte upp hustru si:
«statt upp, statt upp hustru mi,
eg hevRetta frå: hev eg tvegji klæi di.
7. Ja lat no væl upp dynnanneAlternativ lesemåte: dynni
me eg gjenge inn;
kjeme deiAlternativ lesemåte: ho på ryggjen min,
skam få nakkjen din.»
8. Så tok ho seg ei kinne,
som sto på ein hjedd:
«no skæ’ du bonden kinne
å de skæ’ vera sneøggt.»
9. Som en ha’ dåRetta frå: hadde kinna
å vilde gripeAlternativ lesemåte: trive ette salt,
treiv en upp ein oskeneveAlternativ lesemåte (merkt «Høydalsmo»): í ein oskelaupe
å skjemde ut smøre alt.
10. Så klinteOver ordet står: (aab i) ho ein kling’e
å la uppå ein kjedd:
«no sko’ du ‘kje bonden få duoguren din,
før hønunne hev vurpiAlternativ lesemåte: vurpe egg.»
11. Så tok en sineOver ordet står: (aab i) tuppur
å neppte i eitt skinn:
«verpe, verpe tuppunne miAlternativ lesemåte: mineAlternativ lesemåte (merka «Høydalsmo»): tuppur, tuppur, verpe nå!
så fær eg doguren min.»
12. Å hønunn dei va’ nie
å eggjeAlternativ lesemåte: eggji va’kje hot sjau;
«å skam få deg, du skalkjen din,
no hev du stoli tvau.»I margen står med svak skrift (usikker transkripsjon): (Bjønebeinet)
13. Kjeringji reiste at beitekosten,
å braut ho kvisten hare;
fyste dengde ho bonden sin;I margen står det: Jfr. Uhland Nr. 294.
jaga han så av gari.
*
Reinskrifta er påført fleire alternative lesemåtar og to ekstra strofer som stammar frå ein annan songar (Høydalsmo). Strofene er nummererte av samlaren.
Over oppskrifta står det: [Haupt u. Schmaler II, Nr. 93. Hoffmann, schles. Nolksheder, Nr. 187. S. 187. Meinert, Kretschmaerk.]
Under oppskrifta står det: (Omtales dansk h. Abr. 5, 23 f. ‹…› i antiqv. Tskr. 1849–1851 S. 235. 21. Des Knaben Wunderh. II S 420.)
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.
Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.
Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.
Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.