Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 46 Beltevisa

[Beltet mitt]


Innleiing

Ein mann eller ei kvinne reiser til kyrkje ein søndagsmorgon og spenner det fine beltet sitt kring livet. Når eigaren av beltet kjem fram, bind han eller ho hesten sin i stette, dvs. i ein stolpe eller ei lita trapp, mens folk helsar med hatten og glaner storøygde på beltet. Inne i kyrkja held dei fram med å glane, så dei gløymer heilt å syngje! Presten står for altaret, men når han oppdagar det fine beltet, gløymer han å kalle på Gud. Bispen er også i kyrkja, og han tilbyr hest og vogn for beltet, mens presten vil gje to stutar. Sjølvaste kongen melder seg på og vil ha beltet. Han tilbyr sin eigen son og halve riket på kjøpet til eigaren av beltet, som i dette tilfellet er ei kvinne. Ho synest likevel det er i minste laget. Men måndagsmorgonen byter hovudpersonen beltet bort i eit par fillete hanskar, i rein tankeløyse.

Det finst mellom tjue og tretti variantar av denne skjemteballaden. Dei fleste variantane er frå Telemark, men visa er også funnen i Vestfold og Hordaland. Sophus Bugge skreiv opp fleire variantar i Telemark. Ingebjørg Trondsdotter Troddedalen (1821–1877) var ein av dei Mo-songarane som kunne visa. Ho kunne meir enn tjue balladar i alt (Jonsson & Solberg 2011: 476–479). Vi har også fleire melodioppskrifter av «Beltevisa» (Ressem 2015: 156–168). Ei oppskrift som Lindeman gjorde etter Axel Christian Smith Arbo i 1851, er eldst.

Landstad trykte «Beltet mitt» i Norske Folkeviser (Landstad [1853] 1968: 647–649). Han var klar over at strofer derifrå lett let seg innpasse i «Draumkvedet» og nemner særleg tre av dei strofene han under tvil tok med i den redigerte Draumkvede-forma si, deriblant denne:

Presten, som fram fer altari stoð
alt með si lærðe tunge,
og rett som han mit belti ság
han glöymde báð’ lesa og syngje
(Landstad [1853] 1968: 70).

Landstad hadde desse strofene frå ei lang og omstendeleg Draumkvede-form, som lærar og klokkar i Vinje i Telemark, Nils Sveinungsson, hadde fått i stand i 1820-åra. I denne forma er det fleire strofer frå «Beltet mitt» (Blom 1982: 110–115). Truleg har situasjonen i kyrkja letta overgangen av strofer frå «Beltet mitt» til «Draumkvedet»: nokon kjem inn i kyrkja, og vedkomande skil seg sterkt ut frå dei andre kyrkjegjengarane. Det er elles verdt å merke seg at «Beltevisa / Beltet mitt» er ein kjønnsnøytral ballade. Både eg-forma og handlinga gjer at hovudpersonen med enkle grep kan vere mann eller kvinne, slik songaren ønskjer.

I det gamle bondesamfunnet var beltet eit viktig uttrykk for makt og rikdom. Eg-personen med det storslegne beltet kan derfor sole seg i glansen av klesplagget sitt – men så snur han brått om og seier at beltet er verdlaust. Ved dette grepet blir det klart at eg-personen har ført alle bak lyset. «Beltevisa» er ei skrøne- og lygevise som avslører dei rike og mektige som griske og grådige. Derfor treng dei ein lærepenge, og det får dei i visa (Solberg 1993: 250–253).

Balladen finst også på dansk, islandsk og svensk.

Landstad 89
DFS 10 bl. 54 b
IFkv 107
SMB 245




Oppskrift A

TSB F 46: Beltevisa [Beltet mitt]

Oppskrift: Sophus Bugges avskrift av udatert oppskrift av Jørgen Moe etter ukjend songar, Hardanger.

Orig. ms.: NFS S. Bugge III, 71.

Oppgjeven tittel: Belte. I.

*

1. En Søndagsmorgo i detta Vaaur
æ vilde te Kyrka rie,
da vilde æ taka mitt Belte paau,
dæ skulde i Souli skine.
– Hei Vallan vei, i Rosenslund der kjender de meg saa mange –

2. De va’ no saa blankt dæ Belte mitt,
dæ glinsa tio Mila,
aa kvor en Ongkar, som påu dæ såu
dei loto te aa smila.

3. Naar æ kom påu Vegjen fram
æ fill i såu ondeli Tankar,
æ vilde ‘kje selja dæ Belte mitt
fe eitt Par gamla Hanskar.

4. Presten hadde tvo Stutar,
begge dei va’ kvite,
æ vilde ‘kje selja dæ m Belte mitt,
æ totte, dæ va’ for lite.

5. Presten bau me såu mykje Gull,
han våug dæ opp i Skåulir,
æ vilde ‘kje selja dæ Belte mitt,
da var æ vist ein Dåure.

6. Dæ va’ kje saa kostbart Belte mitt,
som mange kunne tenkja,
dæ va’ taa Salt aa Sildarest,
Kråukagudl aa Halmstråu.

*

Strofene er nummererte av samlaren.

Etter tittelen står det: (II, 139. Under tittelen står det: (J. Moe: Hardanger)




Oppskrift B

TSB F 46: Beltevisa [Beltet mitt]

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Ingebjørg Trondsdotter Troddedalen, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge VIIIb, 372–373 (reinskrift med ukjend hand)

Oppgjeven tittel: Belte.

*

1. Eg va’ no meg so liten en Gút
å peningannRetta frå: penninganne dei va’ kje mange,
so kaupte eg meg eit belti
eg ville mæ skruvli å skramle.
– På Hurromhei her nóra fy låndí der kjenner dei mei. –

2. So reiste eg meg at kyrkja
hesten min batt eg i stikkeSamlarkommentar: Tinde
å alle dei, som mitt belti såg
dei lyfte på hatt å hette.

3. So gjekk eg meg inní kyrkja
eg mónne på knéaSamlarkommentar: (sic) falle
alle dei som [mitt belti] såg,
dei gløymde bådi Gud å alle.

4. Presten, sóm for altaren stod
alt mæd sin lærde tunge
når han fékk mitt belte åRetta frå: at sjå
då gløymde’n bådi lesa å sjunge.

5. So bau dei meg tvo hestar
å båe so va’ dei bróne
men eg ville inkje mitt belte selje
eg totte de kúnna ‘kje móna

6. So b[au dei meg tvo] stútar,
[å båe so va’ dei] kvíte,
[men eg ville inkje mitt belte selje]
[eg totte] de va’ for líti,

7. So bau dei meg både Sylv å Gull
ville mæle ti meg útí skålir,
men eg ville inkje mitt belte selje
eg tótte de va’ for hånlegt.

8. So reiste eg meg her nórafjølls
å kullen va’ mykje har‹e›
so bytte eg burt mitt belte
fekk att et par fille hanskarOrdet «fillehanskar» er delt med ein loddrett strek

9. Mitt belte de va’ no inkje so rart
som de no uttapå glimeEtter ordet står det i Bugges handskrift: [ell. –ma?] Over ordet har han skrive: (saa skrevet)
reimanne va’ útav rugRetta frå: uleseleg ordhåmstrå,
åRetta frå: og sylvi útav silleflúsur

*

Reinskrifta er ikkje skrive av Sophus Bugge, men tittel og nokre kommentarar er ved han.




Oppskrift C

TSB F 46: Beltevisa [Beltet mitt]

Oppskrift: 1915 av Hans Brække etter Henrikke Nilsen, Brekke, Sandar, Vestfold.

Orig. ms.: NFS H. Brække I, 1–4 (reinskrift på skrivemaskin)

Oppgjeven tittel: Bælte mett.

*

1. Tidlig en søndags morræ
jæ skulde te kjærkæ rie,
saa bandt jæ om mæ bælte mett
og snørte det saa hart om livet.
– :/: Ikkje kjendte de mæ ikkje rullæren min. :/: –

2. Og da jæ naa te kjærkjæ kom
saa bandt jæ min hest i styttæ.
Di glante saa møe paa bælte mett,
di lyftæ paa hatten og helsæ.

3. Og da jæ naa i kjærkæ kom
bynte di ælle aa sjunge.
Di glante saa møe paa bælte mett
di kunde ikkje røre si tunge.

4. Og præsten som for æltret stod
han glømte sin gud at paakalde.
Han glante saa møe paa bælte mett
han likæ det fram for alle.

5. Og bispen baud mæ hestær og vogn
saa møe som jegæ vilde kjøre.
Om jæ vilde ta det for bælte mett
jæ stod og vil’ ikkje høre.

6. Og presten baud mæ stutæne to
og bægge saa var di naa gvite.
Om jæ vilde ta det for bælte mett
jæ tøtte det var noko lite.

7. Og kongen baud mæ sonen sin
og hælvtæ utav set rike.
Om jæ vilde ta det for bælte mett,
jæ tøtte det var noko lite.

8. Og tidlig en maandæs morræ
jæ stod i mine ægne tankær.
Saa bytæ jæ bort bælte mett,
i ett par fillete hanskær.

9. Og bælte mett det var ‘kkje saa rart
Det var flettæ av vierbast
og kantæ med silke og læret.

*

Strofene er nummererte med: 1. vers, 2. vers osv. Omkvedet står etter alle strofene.

Etter teksten står det: Det bemerkes at varianter av visen fra samme sogn, har en avvikelse i vers 8 sidste linje, idet denne istedetfor «i et par fillete hanskær» lyder «i atten fillete hanskær». H. Brække.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.