Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 55 Den store nordmannen


Innleiing

Denne visa skildrar ein mann som er så urimeleg stor at både folk og dyr kan leve på kroppen hans. På ei av tærne hans står tolv jenter som tvinnar tråd, i skjegget hans ligg det ei gås på femten egg, i munnvika hans står tolv karar og fiskar sik, tolv stutar stangast på panna hans, nede på ryggen hans står det tolv karar og treskjer bygg, og så vidare.

I ein dansk variant av visa møter ei jomfru ein riddar. Han spør om ho vil bli kjærasten hans, og det vil ho gjerne om ho får lyske han. Dermed finn ho både dyr og folk på kroppen hans. I dei norske oppskriftene av visa finn vi ikkje noka slik innleiing. Det er heller ikkje noka utvikling eller klimaks. Biletet konsentrerer seg mest om den øvre delen av mannskroppen, men i ein av dei danske variantane sit jomfrua og lyskar mannen i navlen. Deretter kjem det ei strofe med nokre ord som Tang Kristensen ikkje ville setje på trykk. Sophus Bugge var ikkje så prippen, han tok også med ei strofe som fortel at tolv futar held ting i ræva til nordmannen, og i det svarte holet sto det tolv karar og brende kol. Siste strofa går slik:

No er koli brende,
no er mi vise enda
Gjev meg ein vakker Normann.

Humor har ein tendens til å forandre seg gjennom tida. Vitsar kan bli uforståelege etter ein generasjon eller to, men den sprø humoren har klart å halde seg. Små barn ler gjerne godt av slik galskap og tull som finst i visa om den store nordmannen.

Denne visa finst både i Noreg, Sverige og Danmark, men variasjonen mellom oppskriftene er ikkje stor. Evald Tang Kristensen har skrive opp fem danske variantar. I Noreg er visa dokumentert tre gonger. Knut Liestøl skreiv opp fire strofer etter Grundi R. Austegard frå Åseral i Vest-Agder i 1901. Martin Bjørndal skreiv opp seks strofer etter Arne Digernes frå Ørsta på Sunnmøre. Den aller lengste varianten fekk Sophus Bugge av Margjit Tjostolvsdotter Porsvik i Vrådal i 1857. Teksten er på heile 12 strofer. Dessverre har vi berre ein kladd som han tydelegvis har skrive ned i all hast, men det er ikkje så vanskeleg å fylle ut det han har hoppa over.

Det er ikkje dokumentert nokon melodi til denne visa.

Tang Kristensen 7 A-E




Oppskrift A

TSB F 55: Den stor nordmannen

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Margjit Tjostolvsdotter Porsvik, Vrådal i Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 142–143.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Då eg såg på Nórmandens tå,
der stó tolv píkur å tvinna trå.
– Giv mig en vakker Nórmann. –

2. [Då eg såg på] hass leggjebein,
[der stó tolv] karar å slóst mæ stein.

3. [Då eg såg på] N[órmanden]s lår
[der stó tolv] píkur å greiddi hår.

4. [Då eg såg på Nórmandens] buk,
[der stó tolv] karar å trekste rúg.

5. [Då eg såg] uppí hass skjegg,
der låg gåsi paa 15 egg.

6. [Då eg såg] í hass munnevík,
der sto 12 karar å nappa sík.

7. [Då eg såg] uppí hass panne
[der sto] tolv stútar å stangast

8. [Då eg såg uppi hass] króne,
der dansar tolv folar bróne.

9. [Då eg såg] nepå mandens rygg,
der sto 12 karar å trekste bygg.

10. [Då eg såg] paa hass rævaring,
der stó 12 futar å helt eitt ting.

11. [Då eg såg] i hass sorte hol,
[der stó] 12 karar å brende kol.

12. No æ’ koli brende,
no æ mi víse ende.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift B

TSB F 55: Den store nordmannen

Oppskrift: 1901 av Knut Liestøl etter Grundi K. Austigard, Åseral, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS K. Liestøl 1, 18a.

Oppgjeven tittel: Den store Normannen

*

1. Paa hans bringebein,
der stend tvo kjempur og slæst med stein;
Ein ser so til I hans næse,
der stend tvo smedar og blæse
– Var det ‘kje lækker normann –

2. Paa hans augnebryn,
der stend tvo jentur og drypter gryn;
Ein ser so til øre
Der dreg dei torsken med snøre

3. Paa hans krokutte rygg
Der stend tvo menner
Under hans tunge
der ligg ein bjørn med unge
Ein ser so til hans krokutte rygg
der stend tvo menner og trøskjer bygg.

4. I hans øyreskjegg
der ligg ei gaas paa femtaan egg.
Ein ser so til hans krokutte kne
der stend toll smaaguta høgge ved.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB F 55: Den store nordmannen

Oppskrift: Truleg 1937 av Martin Bjørndal etter Arne Johannesson Digernes, Ørsta, Møre og Romsdal.

Orig.: Martin Bjørndal 1941. Segn og tru. Folkeminne frå Møre. (Norsk folkeminnelags skrifter, 64.) Oslo. Norsk folkeminnelag. 168–169.

Oppgjeven tittel: Ein vaksen nordmann.

*

1. Eg såg meg ned i hans krune,
der sprang dei folane brune.
– Det var ein vaksen nordmann. –

2. Eg såg meg under hans augnebryn,
der stod tolv tauser og dryfte gryn.

3. Eg såg meg under hans nase,
der stod tolv belgar og bles.

4. Eg såg meg under hans muffelskjegg,
der låg ei gås på femtan egg.

5. Eg såg meg under hans haka,
der stod tolv kjerringar og baka.

6. Eg såg meg under hans bringebein,
der gjekk tolv mann og braut upp stein.
– Det var ein gasta nordmann. –

*

Strofene er nummererte i kjelda.

I boka har Bjørndal med fleire viser «ved Arne Digernes» frå 1937. Vi tolkar det slik at Bjørndal skreiv ned etter Digernes det året.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.