Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 57 Tosstein tala til staven sin


Innleiing

Ein mann som heiter Tosstein er ute og går. Han spør staven sin om isen er tjukk nok til å bere han. Staven svarar at dersom han går utpå isen, får han sjå! Tosstein følgjer rådet, men isen brest og han druknar. Mjølet han ber med seg i sekken, blir til vassgraut. Kona hans står inne på land og ser det som skjer, og ho skrattar og ler, for no får ho nye sko. Av skinnet på Tosstein lagar dei ti par støvlar og tolv par sko, og dei finn ei gås med femten egg under hakeskjegget på den digre mannen.

Denne skjemteballaden finst i fleire oppskrifter frå Rogaland, Agder, Hordaland og Telemark. Mange av dei er fragmentariske, og enkelte er blanda saman med andre viser. Under overskrifta «Bánetullar» trykte Landstad to strofer i Norske Folkeviser:

Thorstein talað til staven sin:
Thorstein!
meiner du ísen ber meg heim,
i gnellande frosten?

Thorstein steig,
og ísen seig,
alt hans mjöl deð vart til deig.
Heve du tobak Thorstein?
(Landstad 1968: 820).

Hulda Garborg tok med ei form av «Tosstein tala til staven sin» i Norske Dansevisur (1913), noko som gjorde balladen kjend i vide krinsar. Elles er ikkje denne balladen registrert på andre nordiske språk.

Det finst eit tjuetals variantar av «Tosstein tala til staven sin». Torleiv Hannaas har skrive opp heile sju variantar, frå Hordaland, Rogaland og Vest-Agder. Tolleiv Madsson Åmdal (1830–1919) var ein av dei som kunne ei god form av denne visa, og Hannaas besøkte han i Iveland i 1911. Tolleiv Madsson var småbrukar men dreiv også som skreddar og skinnarbeidar (Solberg 1993: 272–274). Vi har også nokre melodioppskrifter av «Tosstein tala til staven sin». Det finst bl.a. ein melodi som vart oppskriven så tidleg som før 1841, mogleg var oppskrivaren Lindeman (Ressem 2015: 222–230).

«Tosstein tala til staven sin» har mykje til felles med viser som «Kråkevisa», «Den store oksen» og «Den store grisen». I desse visene dreiar det seg bl.a. om å nytte ut kroppen til eit digert vesen på best mogleg måte, ein sentral tanke i det gamle bondesamfunnet. Denne effektive utnyttinga har også andre sider, med situasjonskomikk, overdriving utover alle grenser og degradering av av alle som deltek i balladehandlinga (Solberg 1993: 272–274).

Landstad 1854, s. 820




Oppskrift A

TSB F 57: Tosstein tala til staven sin

Oppskrift: Udatert av ukjend samlar etter ukjend songar, Nordhordland.

Orig. ms.: NFS I. Aasen 3, 7c

Oppgjeven tittel: Tosten paa Isen

*

1. Tostein spurde Staven saa.
– Tostein –
kann eg trygt paa Isen gaa

2. Staven svarte Tostein daa
Stig ut paa, so faar du sjaa

3. Tosten ut paa Isen steig
Isen ut fraa lande seig

4. Kallen sokk; aa Posen flaut
alt de Mjøl’e vart thi Graut

5. Ifjor før Jul; tre Mil for dagAlternativ lesemåte: fra land
(drog dei kallen op paa Sand

6. Kjeringja baade gret aa log
Miste eg kallen so fekk eg daa Sko.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.




Oppskrift B

TSB F 57: Tosstein tala til staven sin

Oppskrift: 1910 av Torleiv Hannaas etter Anna Larsdotter Åsen, Heskestad, Rogaland.

Orig. ms.: EFA T. Hannaas 434, 25–26

Oppgjeven tittel: Torstein.

*

1. T[orstein] spure staven sin
– T[orstein] –
Meina du isen bere mæg
– i ædelann sa frosstein –

2. Staven svarde T[orstein] så
Stig utpå så fårAlternativ lesemåte: fær du sjå

3. T[orstein] sokk å staven flaut
alt hans mjøl dæ blei te graud

4. Kjæringjæ sto på lann hegra å lo
Gud sje lov nå fårAlternativ lesemåte: fær me sko

5. Hu salte dei fira ho salte dei fem
dei kunne kje trekj’an adle dei

6. Hu [salte dei] ti, hu [salte dei] toll
så trekte dei T[orstein] på stovegolv

7. Kjæringjæ mæ sine kniva små
så begjynte hu te fletta å flå

8. T[orstein]s hu den va vell go
tie par stivla å toll par sko

9. Så blei der ette ein liden lepp
– gjor’ hu sæg av ein tolltønna-sekk

*

Strofene er nummererte av samlaren. Over oppskrifta står det: Anna i Hóle: Væl 60 aar. Uppfødd paa Brattebø i Ørsdalen. Bur no hjaa son sin «i ein e bøldæ», paa ein liten heidgard som dei kallar Hole (-a) «Dæ skrivst Åsen», [Her ifraa og til s. 51 etter song og forteljing av Anna 10 juli]




Oppskrift C

TSB F 57: Tosstein tala til staven sin

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Hæge Ansteinsdotter Kilan/Findreng, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCLX, s. 86–87.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Tòstein laag i vòkji skreik
– Tòstein –
aa kjeringji sprang tì ho blei bleik.
– Vi’ du hava tobak, T[òstein] –Under lina står det: [han ha male, tenkjer eg]

2. T[òstein] sòkk aa pòsen flòut,
aa seinst’e blei de kje att ana bare gròut.Under lina står det: [Eg tenkte de va’ sama visa, de òu eg:]

3. Ho sprette fe deì fòlane tòlv,
(aa) kjørde kadden heim paa laavegòlv
– uti gnellande fròsten. –

4. Sò slipa ‘o upp dei knivane smaa,
somme tì flette aa somme tì flaa.

5. Sò gjor’ ‘o av den kaddehu
tòll par stevlar aa tòll par sko.

6. Sò ha’ ‘o att ein liten lepp,
der gjor’ ‘o av ein tòlltonnsekk.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.