Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 59 Den store oksen

[Aksel Torn-visa]


Innleiing

Den store oksen er så stor at hornet hans kan romme femten tønner korn, i øyret hans ynglar ein bjørn, og ei ørn ligg på egg. Då dei slakta oksen vart Hovlandsfjorden heilt raud, og halve fjorden vart fyld med talg.

Visa om den store oksen er ein parallell til «Den store grisen» (TSB F 60) og «Den store kråka» (TSB F 58), og dersom vi går utanom TSB-katalogen finn vi også viser om den store reven og den store osten. Men i motsetnad til desse er visa om den store oksen lite utbreidd. Visa er ei av dei få som ikkje er registrert i Telemark. I 1901 skreiv Knut Liestøl opp ein tekst etter Grundi Austegard i Åseral, Vest-Agder. 17 år seinare skreiv han opp ein liknande tekst etter Gyro, dotter hans. Same året song O.K. Liestøl eit fragment, og Ole Mørk Sandvik skreiv opp ein melodi etter Ole Liestøl; dessutan hadde han fått ein melodi frå Sunnmøre.

Visa er ikkje kjend i Sverige, men Evald Tang Kristensen har skrive opp ein tekst: «Oksefaldet»; men Tang Kristensen skriv at han «kjender ingen form, hverken ældre eller nyere, af denne vise».


Aksel Torn-visa
Ifølgje Nils og Arne Magerøy skulle Aksel Torn vere ein hardhendt lensherre, Axel Gyntersberg, forlent med Helgeland. Han skal ha levd frå ca. 1525 til 1588. Ifølgje tradisjonen skal det ha vore tre viser om Aksel Torn, men berre ei vise var bevart. Denne visa har tydelegvis knytt seg til balladen i seinare tid. Aksel Torn er ikkje ein person i visa, men når Klave og Anna ikkje klarer å greie ut skattar og avgifter som lensherren skal ha, skyt dei hans eigen okse for å betale med kjøtet. Aksel Torn-visa har mange strofer felles med balladen, og alle variantane, også den danske, har liknande meiningslause omkved.

Melodien til Aksel Torn-visa er oppskriven av lokalhistorikaren Harald Strøm etter ein mann i Velfjord. Klara Semb fekk visa av Harald Strøm i 1946, og deretter har visa vore brukt til songdans.

Tang Kristensen 8




Oppskrift A

TSB F 59: Den store oksen

Oppskrift: 1901 av Knut Liestøl etter Grundi K. Austegard, Åseral, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS K. Liestøl 1, 22b.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Den store stuten ha so store honn
at dei tok femtåne tunnur konn
– Bind for bókjen.
linn for løkjen
lindar i løkjen.
Liraa.
Tullar i traa skura klir aa. –

2. Den store stuten ha so store øyro
der yngde ein bjønn og varp ei ørn

3. Den store stuten ha so mykje blo,
at Moglandsfjoren den blei rau

4. Den store stuten ha so mykje tålg
at Hæglands fjoren den blei ‹h›ålv.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift B

TSB F 59: Den store oksen

Oppskrift: 1917 av Knut Liestøl etter Olav Knutsson Liestøl, Åseral, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS K. Liestøl 8, 50.

Oppgjeven tittel: Den store stuten

*

1. Den store stuten ha so store nokæ honn
– trilleritraa –
at dei tok femtaan tunnu konn
– trilleritraa skuræ kliraa. –

2. Den store stuten ha so store nokæ honn
at der varp ei ørn aa øngde ein bjønn

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Etter oppskrifta står det: Nokæ sa øyru i andre verset
O. K. Liestøl 25/6 1917, lært heime.




Oppskrift C

TSB F 59: Den store oksen

Oppskrift: 1940 av Harald Strøm etter Sandra Rørvik, Velfjord.

Orig.: Magerøy, Nils H. & Arne H. Magerøy (utg.) 1943. Gamle visor og kvedor. Oslo, Norsk folkeminnelag. (Norsk folkeminnelag, 52). 41–42.

Oppgjeven tittel: Aksel Torn-viso

*

1. Han Klaves spurd’ ho Anna so:
– Bom for bøkjen!
Tromom mykjin!
Trillar i løkjen lyra. –
«Ke vi ska ha te slakt iår
– for Aksel Torn?»Omkvedet står fullt utskrive i strofe 1, 2 og 10. Etter strofe 2 står denne delen av omkvedet med punktum, og etter strofe 10 utan sitatteikn og med utropsteikn.
Tiller i topp! Skur opp lyra! –

2. Ho Anna svara ‘n Klaves so:
«Den store uksin i skogje går»

3. Han Klaves lada byrso si;
fire kulor av ei mark bly.

4. Han Klaves la byrso på ein kvist.
Det fyrste skotet skaut han i mist.

5. Han Klaves la byrso på ein bakke.
Skaut han då uksin midt i nakke.

6. Den uksin hadd’ so stort eit fall.
Hitri hutra, Titran skalv.

7. Den uksin hadd’ so mykje blod,
at Hiterdalen han halvfull stod.

8. Den uksin hadd’ so stor ei hud.
Ho nådd’ frå Hiter’n og til Bud.

9. Den uksin hadd’ so stor ei nekkje.
Ho klædde atjan kyrkjetekkjor.

10. Den uksin hadd’ so store honn.
Kvart honn tok tolv tynnor konn.

*

Strofene er nummererte i utgåva.

I utgåva s. 43 står det at gamle Sirak frå Bindalen (ca. 1780–1880) hadde tri visor um Aksel Torn. Dette er den fyrste av deim. Harald Strøm fra Velfjorden hev gjenge på leiting etter desse visone. Berre denne hev han funne. Harald Strøm skriv i ein kommentar til eit sanghefte han sendte til Tromsø Museum at visa var skriven opp i Velfjord i 1940, «både tekst og melodi». Der står det også at ho var skriven opp hjå søsknene Eldar Opsjøn og Sandra Rørvik (Ressem 2015, 335).

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.