Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 62 Høna og hauken


Innleiing

Hauken har slått kloa i høna, Svartetippa, men han gjev henne lov til å skrifte syndene sine før ho skal døy. Ho vedgår at ho har lagt egg mellom neslene, ho har slått med vengjene så lyset slokna og mjølet fauk bort. Dessutan hadde ho ete opp maten for det vesle barnet. Dette er berre slike ting som høner ofte gjer, men hauken let henne flyge. Han vil ikkje gnage på slike syndefulle bein.

I Noreg har vi denne visa berre i tre variantar. Johannes Skar trykte ei oppskrift på sju strofer utan omkved i Gamalt or Sætesdal, og Knut Liestøl skreiv opp to variantar frå Åseral. Desse to er temmeleg like og berre på tre strofer.

Visa er ikkje kjend i Sverige, men i Danmark har Evald Tang Kristensen samla fem oppskrifter etter munnleg tradisjon. Sidan oppskriftene var så like, sette han dei saman til ein tekst på 19 strofer. Det er ikkje dokumentert melodi til denne visa, korkje i Noreg eller Danmark.

Sidan visa handlar om eit skriftemål, er det lett å tenkje seg at visa må vere dikta før reformasjonen, men på femtenhundretalet tilrådde reformatorane at skriftemålet også kunne brukast etter den nye kyrkjeordninga. Dermed kan visa vere yngre, men sidan visa gjer narr av skriftemålet, er det rimeleg at visa er dikta i sjølve reformasjonstida.

Tang Kristensen 12




Oppskrift A

TSB F 62: Høna og hauken

Oppskrift: Udatert av Johannes Skar etter Jorond Neset, Årdal i Bygland, Setesdal, Aust-Agder.

Orig.: Johannes Skar 1916. Gamalt or Sætesdal, 8. Kristiania: Norli. s. 16.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Høna bygde Rei’ uti Nosle-grein;
um Sundags Morgonen fauk ‘u heim.

2. Høna bygde Rei’ uti Nosle-rusk;
so kaam Haukjen aa nappa æ burt.

3. «Snille min Hauk du hakkar ‘kji meg;
adde mi Syndi fortel eg deg:

4. So fauk eg meg av ‘pi eit Bakstre-hus;
eg blaskra me Vengjinn’ aa sløkt’ ut Ljus.

5. So fauk eg meg av upp-aa Bakstre-fjøl;
eg blaskra me Vengjinn’ aa førde ne Mjøl.

6. So fauk eg meg av upp-i Aara,
aa hakka upp Maten fyre Baana.»

7. «Svaarte-tuppe, Svaarte-tuppe fjuk du heim;
eg vi ‘kji nage di synduge Bein.»

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

I ein merknad på s. 155 i kjelda skriv Knut Liestøl at visa er etter Jorond Neset, Aardal. Det er ei dyre-vise; ho vert enno kvedi i Aaseral.




Oppskrift B

TSB F 62: Høna og hauken

Oppskrift: 1916 av Knut Liestøl etter Olav Knutsson Liestøl, Åseral, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS K. Liestøl 1, 39.

Oppgjeven tittel: Svartetippa

*

1. So flaug eg meg āt bakstehus
eg flaksa mæ vengjin eg sløkte ut jus
– Eg fær iknkje døytt for mi synneAlternativ lesemåte: sønne

2. So flaug eg meg inn i eit skaap
eg slo ne maten for lisle baan

3. «Aa Svartetippa, Svartetippa flug naa heim,
eg knagar alli dine syøndnuge bein»

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Under oppskrifta står det: (Etter O.K. Liestøl. 24/7 1916)




Oppskrift C

TSB F 62: Høna og hauken

Oppskrift: 1917 av Knut Liestøl etter Gyro Knutsdotter Austegard, Åseral, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS K. Liestøl 8, 83.

Oppgjeven tittel: Svarte-tippa

*

Svartetippa vill seia ko mykje vondt ho ha gjort:

1. «Eg flaug meg eigong at bakstehus,
eg flaksa mæ vengjin, eg sløkkte ut jus.
– Eg fær ikkje døytt for mi synne. –

2. Eg flaug meg eigong at skorsteinen
eg flaug slo ne maten for lisle baan.

3. Svartetippa, Svartetippa flug naa heim
eg knaga alli di syndige bein

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Etter oppskrifta står det: (G K. A. ette mor si) Mor hennar heitte Gyro Grundesdotter Austegard.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.