Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 63 Revens arvegods


Innleiing

Reven skal passe gjæsene mens Nils Fiskar er i gjestebod, men når Nils kjem heim, har reven ete opp alle gjæsene. Nils vil skyte reven, men reven ber om å få fordele arven sin til bot for syndene sine. Mens Nils høyrer på korleis reven vil dele ut kroppsdelane sine som arv, får reven sjansen til å kome unna.

Det eldste belegget av denne visa finst i ei handskriven visebok etter adelsmannen Jens Bille i Skåne. Jens Bille skreiv viser inn i boka ein gong mellom 1555 og 1559, men denne visa er nok mykje eldre. Når det i visa er snakk om å gje gåver til kloster, tyder det på at visa er frå før reformasjonen. Sjelegåvene skulle hjelpe syndesjela gjennom skirselden og inn i himmelen. Men når reven gjev frå seg kroppsdelane sine, er det ein parodi med spark mot øvrigheita: futen skal få revens klo fordi han skriv eitt for to. Det betyr at han skriv for mykje. Lensmannen får stjerten sidan han skriv så mykje som er lite verd. Presten får tunga fordi han skal synge ved alteret. Når det er vanlege folk som er mottakarar er det meir meining i gåvene: Den gamle kona skal få revens tenner fordi ho er tannlaus. Barnet får revens skalle fordi barnet ofte dett og slår seg i hovudet.

Denne visa har tolina strofer, men variantane har lange og varierande omkvede:

her lider uti nip sagde Ræven
– – –
får Bonden slenger vik uti tirum tap
å Kranselin kom inkje før rova slapp
Steffan Maure med sin Rosenkind
å vandt seier av Kranselin

eller:

«Rillom rei!» sagde reven.
– – –
«Krokum skaft!» sagde reven.
Mannen heiter Diridon,
Kjeringji heiter Donafjell.
«Bondens søn!» sagde reven.
Bondens dotter med rau rosenkjinn,
ho lukkar dei reven i bure inn.

Dette ser ut som nonsens, men det er fleire som har forsøkt å finne ei meining i desse omkveda. Landstad meinte at Steffa-maure er ein slags bjørn, som grip reven i rumpa der nede i hola. Kranselin skal vere ei ku som måtte bøte med livet fordi ho let seg lure av den skurkaktige reven. Rikard Berge meiner at Landstads tolking er heil feil. Han meiner at Diridon og Donafjell er foreldra til Steffen og Kranseli. Reven er ein kjæraste som Kranseli lukkar inn.

Rett nok kan skjemtevisene behandle det erotiske på analogisk måte, men dette kan også gjerne vere eit nonsensomkvede, ein leik med ord og lyder.

Det finst over 50 tekstvariantar og 18 melodiar til denne visa. Storparten er frå Telemark, men det er også oppskrifter frå Agder, Hordaland, Nord-Trøndelag, Nordland og nokre få i austlandsområdet, Østfold, Oppland og Østerdalen. Fleire av oppskriftene har mange strofer. Den lengste oppskrifta er på 18 strofer. Den skreiv Sophus Bugge opp etter Ingebjørg Targjeisdotter Sandvik frå Mo i Telemark.

I Danmark har Evald Tang Kristensen skrive opp ti tekstvariantar og fem melodiar frå munnleg tradisjon. Mange av dei har nonsensomkvede av same slag som vi har i Noreg. I Sveriges medeltida ballader er det trykt to variantar frå Småland og Skåne, båe er frå gamle danske landskap. Men Finn Christen Hansen har funne ein variant frå Arvika i Värmland, og den har eit nonsensomkvede som liknar mykje på dei norske.

Grüner Nielsen 12 s. 29
Tang Kristensen 17
SMB 250




Oppskrift A

TSB F 63: Revens arvegods

Oppskrift: 1840-åra av Olea Crøger, truleg etter Olav Olsson Glosimot, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NB Ms 4to 644, 69–70.

Oppgjeven tittel: Ræven aa Bjøn

*

1. Aa Ræven han sto ini Haala aa grov
– Hær lider uti Nip sagde Ræven –
Steffa maure han fata i Rompaa aa drog
– Fæ Bonden slenjer Vip uti Tiromtap
Krandselin kom inkje for Rompaa slap
Stefa maure mæ sin bustute Kjin
Han vandt Seier a Krandselund –

2. Aa kjære Steffa maure! Du biar mæg ei Ti!
Te æg kan faa ut de Sjælegaava mi

3. Aa Futen han gjver jeg naa min Hud
Han pleier saa gjerne aa fore si Lu

4. Aa Skriarn giver jeg naa min Klo
Han skriver saa gjerne en Ting for to

5. Aa Præsten, han gjiver æg no min Tonge
Fæ Han maa saa ofte fæ Almugen sjonge

6. Sjusskaffarn giver æg naa min Fot
Han springjer saa mangen Bakje i mot

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Ei reinskrift med mest identisk tekst skriven av M.B. Landstad finst i NB Ms fol 1803c, 87–88. Landstad opplyser der at oppskrifta er etter Olav Glosimot.




Oppskrift B

TSB F 63: Revens arvegods

Oppskrift: 1846 av Jørgen Moe, truleg etter Rikard Aslaksson Berge, Rauland, Telemark.

Orig. ms.: NFS Jørgen Moe 7, 51–52

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Ræven han lig ini Hølun aa græv
– Nerinip, sagde Ræven –
Steffa han tok, uti Rompa han drog
Krokum-Skaft sagde RevenDet er usikkert om det er overstreking eller understreking som er meint, jamfør sluttkommentar.
– Før i Bonden slængjer vip, for i Tirumtap
InkjaSamlarkommentar: maaskee Steffas kone Kanseli kom, forend Rompaa slap
Staffa Mauren gnurAlternativ lesemåte: bur sig under Rosenkind
For han van Seier o Kanselin –

2. «Kjære mi Steffa du dræp me kje end
Før æg faar no skifte mine Sjælegaaver hen

3. Futen gjæv æg naa mit Skjin
De skaa han hava te Fore kjolen sin

4. Skrivaren gjæv æ mi Rompestjært
Han skriver saa mykje, de æ kje noko vært

5. Præsten gjæv æg no mi Taa
Fæ han maa saa ofte fæ Altaren staa

6. Klokkaren gjæv æg mi Tonge
Fæ han maa saa ofte baade læsa aa sionge

7. Jentun gjæve æg min Skrot
Dei tola saa mykje, de æ kje Alt godt

8. Aa gamle Kjæringar gjæv æg mi Taan
Dei duppa saa ofte si Lefse uti Van

9. Ræven han sprang ivi Myrar aa Mosar
Steffa sprang etter paa sine strømpete Hosar

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta skriv Jørgen Moe: Af en heel Hob Børneviser lagte om Ræven er følgende en:

I «Norsk visefugg» frå 1904, s. 48–51 har Rikard Berge ei mest identisk oppskrift, og om denne skriv han: Brigde I er etter Halvor Trolldalen (1754–1836). Halvor var ein gamall fjellmann; han kunde mange visur. Reva-visa lærde Richard Berge av honom i aari kring 1830. — I 60 aari blei so brigde I med tone og alt, nedteikna av Jørgen Moe, daa R. Berge song visa for honom i Gardsjore paa Straandi. Dette uppskriv kjenner eg kje til anten d’er prenta eller inkje. Rimleg ligg de i Moes etterletne samlingar. Viss Rikard Berge har rett, bortsett frå tidspunktet for nedskrivinga, tyder fleire ting på at oppskrift B er Moes oppskrift etter Rikard Aslaksson Berge. Det overstrokne (eller understrokne?) omkvedet i strofe 1 er såleis eit omkvede av den same visa i ein annan variant, som Rikard Berge trykte (same stad), også etter Rikard Aslaksson.

Hjå Berge er det med ei strofe til, og kladden til denne finst i TGM R. Berge CLXXIV, 171:

Smaabonni gjev eg no min skalle
dei smaa mon so jamleg mot golve falle.




Oppskrift C

TSB F 63: Revens arvegods

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Ingebjørg Targjeisdotter Sandvik, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 218–219.

Oppgjeven tittel: Reven å Gullmund. I.

*

1. Å Gullmund han ville ti gjestebos fara,
– triumfire –
å reven sille taka gjæsann í variSamlarkommentar: Liv Aarm: Gjæsanne vari
– Nils fiskar å Nils Finn,
Pær snikkar å Gullmund
leika lirum. –

2. «Du voktar dei stóre å du voktar dei små,
du voktar dei adde, så nær ti dæn grå.»

3. Å Gullmund han kom seg ó gjesteboi heim,
å fyri sat reven, dæn valboren svein.

4. «Å høyrer du rev, hot eg spyr deg,
hor æ’ no gjæsann, du tók vari fy meg?»

5. «Fyst åt eg upp dei stóre, så åt eg upp dei små,
så åt eg upp adde så nær tiSamlarkommentar: som (L. Å.) dæn grå.

6. Å no veit eg ‘ki verre, du kan gjera mæ meg,
hell du lýte skjóte meg reint íhel.»

7. Å Gullmund han teke sí byrse på vegg;
no tenkjer eg, reven sko’ få seg en smedd.

8. «Å kjære Gullmund, du bíar meg ei stund,
ti eg fær skifte mine sjælegåvur um!

9. Skrivaren vi’ eg no gjeva mitt skinn,
dæ sko’ en hava på kjólen sin.

10. Å fúten vi’ eg no gjeva mí kló,
han skríve så mykje eitt fy tvo.

11. Å lénsmannen vi’ eg gjeva min stert,
han skríve så mykje, som inkje æ’ vært.

12. Å presten vi’ eg gjeva mí túnge,
han heve så mykje for altaren sjúnge.

13. Å klokkaren vi’ eg gjeva min nese,
han heve så mykje for ungdómen lese.

14. Dæn gamle kjeringi vi’ eg gjeva mí tann,
hó duppar så oftóm sí lefsa í vann.

15. Dæn vesle gúten vi’ eg gjeva min skadde,
han mone så oftóm í golve fadde.»

16. Så lengje sat reven å rima å kva,
alt ti en kom se ne í en júpe dal.

17. Å reven han sprang ivi myrar å mosi,Samlarkommentar: [I den fær. Vise om Ravnen og Blakken U. Schröter, V. 24: So reið harra Karl mýrur og mosar, illa spilti han skarlakshosur.] [i skotske Viser: o’er moss and muir.] [Arw. No. 331 V. 6: Palne löpper måsser och P. löpper moo.]
å ette sprang Gullmund mæ spreklutte hosur.

18. Å reven han tók úrinne fat;
«eg helsar deg Gullmund så mange gónatt.»

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.