Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 73 Kjerringa til skrifte


Innleiing

Ei kjerring kokar ein graut og legg han i eit spann. At det er barselgraut til dotter si ho kokar, går fram av færøyske viseformer:

Kelling situr við grúgvustein,
tá komu henni tíðindi heim.

Tá komu henni tíðindi til harm,
at hennara dóttir hevði átt eitt barn
(CCF VI: 267–268).

Deretter dreg kjerringa heimanfrå med grauten. På vegen møter ho ein svolten hoffmann, og han et opp grauten og slengjer spannet frå seg. Kjerringa blir så sint at ho tek kniven sin og stikk hoffmannen i hel. Men så kjem ho til å tenkje på at ho må skrifte seg og få forlating for drapet. Først reiser ho til klokkaren, men han har ikkje mynde til å skrifte henne, seier han, og sender henne vidare til presten. Presten sender henne vidare til bispen, men ho må heilt til paven på toppen av det kyrkjelege hierarkiet før ho kan få syndsforlating. Visa er også kjend under tittelen «Kjerringa sette seg på purka og rei». Handlinga er litt annleis, her har kjerringa drepe mannen sin og dreg av stad for å få syndsforlating, ridande på ein diger gris. I enkelte variantar har også djevelen ei rolle å spele, han er sjølve pavens overmann.

Det finst eit titals variantar av denne skjemteballaden. Dei fleste er frå Telemark, men balladen har også funnest i Oppland, Hedmark og Hordaland. Ei av dei fyldigaste oppskriftene vart gjord av Moltke Moe i 1878, etter husmannen Tollev Jensson Eikjamyra (1817–1879) frå Bø i Telemark. Tollev song sju balladar for Moe (Jonsson & Solberg 2011: 132–133). «Kjerringa til skrifte» er oppskriven i alle nordiske land og har sikkert vore ei omtykt vise, frå mellomalderen og fram til 1900-talet.

Komikken i visa har brodd mot representantane for den katolske kyrkja og mot skriftemålet. Skriftemålsordninga må såleis ha vore aktuell då visa vart laga. Handlinga er absurd, det er utenkjeleg at ei gamal kjerring skulle kunne gjennomføre det denne kjerringa greier. Nettopp dette er ein del av komikken. I motsetning til det tungrodde kyrkjehierarkiet viser kjerringa seg som handlekraftig og repektlaus, ein ekte folkeleg helt. Ho oppnår til sist det ho er ute etter når ho endeleg når fram til pavens gard, og paven seier:

«Ja, hev du stungi ein hovmann ihæl,
så skrifter eg deg båt’ te liv å te sjæl»
(Solberg 1993: 234–237).

CCF 183
IFkv 109
SMB 259
Tang Kristensen 83




Oppskrift A

TSB F 73: Kjerringa til skrifte

Oppskrift: 1878 av Moltke Moe etter Tollev Jensson Eikjamyra, Bø, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 5, 79–81

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Å kjeringa ho koka derutav ein graut,
han låg uti klompar, han va ikkje blaut.

2. Kjeringa ho gjekk seg på vegen fram,
der møtte ho seg så rask ein hovmann

3. Han tok spande, sette da på saleknapp,
han åt otor grauten å spanne de slapp.

4. Kj[eringa] ho brynde på sin rustutte kniv:
«Nå ska dæ gjelde ditt einaste liv!»

5. Å Kj[eringa] tok nå sin krykkje å sin stav,
så reste ho seg te klokkarens gard.

6. «Kjære kl[okkar] du skrifte nå meg,
fer eg heve stungi ein hovmann iheel!

7. «Nei så men eg skrifter ‘kje deg,
men rejs te presten, han rår over meg!»

8. Å kj[eringa] ho tok sin krykkje å sin stav,
så reste ho seg te prestens gard.

9. «Kjære prest, du [skrifte nå meg,]
for eg heve [stungi ein hovmann iheel!]

10. «Nei så men eg skrifter ‘kje deg,
rejs nå te bispen, han rår over meg!»

11. Å kj[eringa] ho tok [sin krykkje å sin stav,]
så reste [ho sig te bispens gard.]

12. «Kjære bisp, du [skrifte nå meg,]
fer eg heve [stungi ein hovmann iheel!]

13. «Nei så men eg skrifter ‘kje deg,
men rejs te paven, han rår over meg!»

14. Å kj[eringa] tok sin [krykkje å sin stav,]
så reste ho [sig te pavens gard.]

15. «Kjære pave, du skrifter nå meg,
fer eg heve stungi ein hovmann ihæl!»

16. «Ja hev du stungi ein hovmann ihæl,
så skrifter eg deg båt’ te liv å te sjæl.»

17. Kj[eringa] ho spende opp mæ båe sine foti;
«Kjyss meg i fua, dæ va’kje verr’ gjort!»

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.




Oppskrift B

TSB F 73: Kjerringa til skrifte

Oppskrift: 1915 av Rikard Berge etter Kari Steinarsdotter Dale, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCLXII, s. 74–75.

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Kjeringji sette seg paa purkaren graa
– Till lill lill lill am tam tam –
rei ‘o seg tì klòkkarens gaar
– Till lill lill lill am tam tam –

2. Kjære min klòkkar vi’ du skrifte meg vel,
fòr jeg jei har slaatt min mann ihjel.

3. Jei kann ikke skrifte dei,
for presten han gaar oaaver mei.

4. Kj[eringji] sette sette seg [paa purkaren graa]
[rei ‘o seg tì] prestens gaar.

5. Kjære [min] prest [vi’ du skrifte meg vel]
[fòr jei har slaatt min mann] ìhjel.

6. Jei [kann ikke skrifte dei,]
[for] prosten [han gaar aaver mei.]

7. Kj[eringji sette seg paa] purkaren graa
[rei ‘o seg tì] prostens [gaar]

8. Kjære [min] prost [vi’ du skrifte meg vel]
[fòr jeg hat slaatt min mann] ihjel.

9. Jei [kann ikke skrifte dei,]
[for] bispen [han gaar aaver mei.]

10. Kj[eringji sette seg paa purkaren] graa
[rei ‘o seg tì] bispens [gaar]

11. Kjære [min] bisp [vi’ du skrifte meg vel,]
[fòr jei har slaatt min mann] ihjel

12. Jei [kann ikke skrifte dei,]
fòr fanden han [gaar aaver mei]

13. Fanden tok aa la ‘o paa ei slett,
aa saa stekt’ ‘n av ‘o ti ponn fett.

*

Strofene er nummererte av samlaren. Under oppskrifta står det: (Tone).




Oppskrift C

TSB F 73: Kjerringa til skrifte

Oppskrift: 1917 av Knut Liestøl etter Olav Torsson Åsmundsstad, Kvikne, Nord-Fron, Oppland.

Orig. ms.: NFS K. Liestøl 1, 31a–31b

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Aa kjeringa ho sette se pa gossin grå
– Sa’ o turi uri ullan dei –
Rei ho se te prestens gål.
– Sam turi uri ullan dei. –

2. «Å kjære du prest du straffe meg vel
for e ha trølla ein sjømann i hæl

3. «Å nei e kann ‘kje straffe de e,
for bispen han æ nå over me»

4. Å kjeringa ho sette se på gossin grå
Rei ho se te bispens gål

5. «Å kjære du bisp, du straffe me vel
før e ha no trølla ein sjømann ihæl.

6. «Å nei e kann kje straffe de e,
for pavin han e no over me

7. Å kjeringa ho sette se på gossin grå,
rei ho se te pavens gål

8. «Å kjære du pave, du straffe me vel,
før e ha trølla ein sjømann i hæl.»

9. «Å nei, e kann kje straffe de e,
for Fan’en han e no over me.»

10. Å kjeringa sette se på gossin grå
rei ho se te Fan’ens gål

11. «Å kjære du Fan, du straffe me vel,
før e ha trølla ein sjømann ihæl.»

12. Å Fan’en han to’ kjæringa å sett’o på spett,
so steikte’n utu’n sju punn feitt.

13. Å kjeringa ho sette se på gossin grå
rei ho heim te sin eien gål

14. Å kjeringa ho sette se ve rokkin å spann,
«Detta so mat e no aller e grann.»

*

Oppskrifta er nummerert av samlaren.

Over oppskrifta står det om songaren at han er 66 år og bonde og at han lærte visa av søster si då han var berre 8–9 år.

Under oppskrifta står det: Gosse, m. ein noe stor gris fysst å fremst; tiltale til grisen når ein kleiar han: «Ja du æ ein go gosse!» So kann det vera ein stor feit kar, me grisefeitt.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.