Sogor

av Per Sivle

FANTA-NILS

93I.

Han var paa Aldr med meg sjølv, og eg var ein Gut millom trettan og fjortan Aar, daa han kom der til Bygdi.

– Det var ein Dagen fram paa Hausten, kaldt i Vedret, so det tok Tid for Solaugat aa tina Hela upp, der ho laag graakvit burtetter alle Bøar.

Han Far og han Salamon var ved Kverni, og eg og ho Mor var tvau-eine inne i Stova.

Ho var iferd med ei Kirning, ho, og eg hjelpte henne. Ho hadde strævat fraa Morgonen tidleg; men endaa det longo leid fram yver Middag, var det enno inkje sjaaande likt til Smør paa Krossen. Rjomen berre aukad og aukad, so ho laut ausa upp i Skaaler, rett som det var.

«Eg skynar inkje detta,» sa ho; «berre det inkje maa vera framfyre noko illt noko. Eg er so ottasam for henne Linderos.» – Ho Linderos, besta Kui vaar, stod bui skulde bera.

94Daa var det, han synte seg i Dyrglytten.

«So jamen er no der ein Fant attr,» mullad ho Mor.

Det var med Naudi, han fekk Maalet upp til eit vesalt «gudag». So vart han standande burte i Peiskraai, utan aa segja eit Ord; medan ho Mor dreiv paa Kirna.

«No hev eg aldri set Fantagut bljug fyrr,» sa ho sakta.

So fillutt ei Menneskja hev eg inkje skodat korkje fyrr eldr sidan. Det var som eine Traven berre slo etter den andre nedyver heile hans Likam. Det skein jamvel inn paa Skinnet sume Stader, og paa Foto hadde han kje anna en Leistar, som Botnen var sliten utor, so ein saag vaata Faret etter Tæno hans, der han hadde stiget paa Golvet.

«Er du ute beder deg?» spurde ho Mor endeleg.

Jau, det var nog so

«Er du aaleina?»

«Nei, ho Mor og Syskeni mine – – og so han Anton gjekk framum nedre paa Vegen, dei.»

Kven han Anton var.

Og det var – – Far hans, det.

«Ja, eg fær vel finna deg litevetta i Posen din, daa,» sa ho. «No kann du hjelpa honom 95Per, du, aa kirna, so gjeng eg stad ser til Kui med sama.

– «Kva heiter du?» spurde eg.

«Eg heiter Nils.»

«Nei, høyr no, Nils,» sa eg, «no skal me nøyta oss, so me fær Smør, til ho Mor kjem inn attr; for daa kann du tru, det vankar Kirnebite som duger!»

Ja, det var han strakst med paa. Eg heelt Kirna, og han brukad Krossen, so Rjomen berre durad og saud.

Men anten no eg var for slepphendt, eldr han lagde for stort eit Evle i, – nog er det, me visste ikkje Ordet av, fyrr Kima var velt, Loket ifraa, og Rjomen flaumande kvit og feit utyver Golvet.

Sanselaus tok eg Laupet, so Kirningi sprutad og skvatt meg um Leggjerne, ut i Gangen, upp paa Kovaloftet, – og han Nils etter.

Jau, der høyrde me henne Mor koma.

Nei, aa nei, desse Gutungarne, desse Gutungarne!» skreik ho.

Det var henne vandelaust sjaa Rjomafaret etter os paa Nabbarne Veggen upp.

«So det er der, de er, Skarvarne!»

– Inkje ein Knyst.

«Ja ja, bida berre, til han Far din kjem, so 96fær daa du Per ditt; og Fantatraven kann no lita paa, han skal i Lensmannsholet, han.»

«Gud trøyste og betre meg! – det er likaso godt, eg spring i Fossen strakst», hikstad han Nils so hjartasaart, at det var kjøvande høyra.

Eg kjende som ein varm Straum stiga meg upp fyre Bringa. – «Mor», sa eg, «det var eg som gjorde det.»

«Aa, eg tenkjer endaa, de var lika gode um det, baade tvo.»

«Nei, Skuldi var mi – – og du skal faa alle Skilingarne mine – – og eg skal vera so lydug og beinkasam – – og du kann gjerna faa Lov lugga meg, og – – – berre, berre du inkje vil gita det til honom Far!»

«Ja kom daa ned attr, Tjonsungar!» sa ho; men eg høyrde paa Maalet, at det versta med henne alt var yver.

No bar det til ausa Rjomen upp, turka og fli. Dei, som stod seg paa Leiken, det var Grisen og han Passupp.

– Og han Far aldri fekk vita Dusti, han, daa han kom heimattr um Kvelden.

Han Nils fekk munalegt baade i Sekken under Bringa og Sekken paa Ryggen, fyrr han gjekk.

Men eg gløymer inkje, kor audmjukt takk97samt han saag meg inn i Andlitet, daa eg skildest med honom burte ved Grindi.

Det sveiv oss visst inkje i Tankar, daa, at me sidan skulde koma til hava so mykje oss imillom.

II.

For det gjekk so, at Fylgjet vart verande der i Reppen.

– Uppe i Seimslidi, paa Lag ein Fjordungs Veg ifraa Folk, ligg ein liten Plass heiter Harkahaugen, der ingen hadde butt, sidan ho gamla Synneva kom i Legd.

Og den skarve Røykstova der fekk so han Anton leigt seg.

Han var Rokkasvarvar og Massingasmed, og elles paa Tatarvis kunnig til noko av kvart.

Og Tataren var han fraa Ende til annan. Eg hugsar honom som ein lang, skonkutte Rekel, med blaasvarte Haarluggen vaksen nedyver laage Skallen, brungul i Skinnet, med Augo som var halvt dulde under Augnaloki og laag glimde som glodande Kol, jamnaste skjeglande undan og til Sida, same Vegen skeive Nasatippen peikad; og Tunga gjekk honom i Munnen verre en ein Kvernakall.

Kjeringi hans, ho Birta, var sterkvaksi og 98lumsig, heiltupp ljot, so skrukkutte og vesegul i Andlitet som eit gamalt, utmjølkat Kujur. Det var ikkje til aa taka imiste, at ho var av reina Tatarslaget, ho og.

Dei hadde tvau Smaaborn, ho Tina og han Elias – ei triaars Jenta og ein aarsgamal Gut.

Og so var det han Nils. – Han var inkje lik dei hine, han. Haaret var paa Lit som bleikraud Oska, Hudi ljos, Skallen høg og klaar, der laag ei Driva av bruna Freknor yver Kinnknutarne og den kvassa, linnt bøygda Nosi, og Munnen og Hoka var so fint skorne, som nokon dei vilde sjaa.

Det einaste ved honom som gav Minne um Tatarblodet var den brennande, skiftande Liten i Augo; men Augnalaget var godt og truvoret, endaa so bljugt og so skræmt. Smaalaaten og sakt var han alstødt; naar han snakkad, høyrdest det, som aat han noko av Ordi sine i seg attr, og Maalet hadde gjerna eitkvart attaatt som ei Rikting nedre i Halsen. Det var fyrsta daa me vart umframt væl kjende, eg kom etter, at Røysti hans kunde vera baade fager og sterk. – Av Vokstr var han reint ein Kjempekar, breid yver Aksler og Rygg, og godt og væl eit halvt Hovud høgre enn eg, endaa han var ikkje vidare en ein Maanad eldre.

99Det var inkje berre søte Dagarne, han hadde, Stakkar. Med Mat og Klæde fekk det ganga, som det kunde; men Svolt og Frost og Stryk var der jamnan Nøgdi av. Ute med Tiggarposen laut han strjuka Bygdi kring, um Vedret og Føret var aldrig so galet. Sume gav honom gjerna flust, so mykje heldr som han aldri kunde faa Munnen upp til aa beda; og vissa var no ho Mor serlage med honom. Men andre leet honom ganga sin Veg attr, so snaud han var komen, naar han hadde stadet ei Rid innantil Dyri.

– Ein Dagen, som eg skulde stad til Tataren med ei sundbroti Rokkasnelda, naadde eg honom Nils uppe i Lidi, der han sat paa ei Bjørkerot sturde med Andlitet i Loko.

«Kva vantar deg?» spurde eg.

Jau, han torde inkje gaa heimattr; for han var rædd, dei reint skulde skamslaa honom, daa han mest inkjevetta hadde med i Sekken.

Kvifyre han so inkje hadde gjenget heim til Kvaale?

Nei, der var han igaar, der.

«Aa, kom no, du!» meinte eg. «Han slær deg inkje, naar eg er med.»

Det var kje meir en som so, han leit seg til smetta etter meg inn i Stova. – Ufjelgare Rom skulde du snaudt kunna sjaa; draup fraa Taket 100gjorde det baade her og kvar, paa Golvet krabbad Ungarne kring, lortutte som Griser, i Væta, Rusk og Styggedom, medan ho Birta sat uflidd og halvnaki paa ein Krakk burte ved Peisen, der Kaffikjetelen hekk oste og saud. Tvo av dei fira Ruto i vesla Glaset var ute, nokre fillutte Sokkar og ei gomol Brok dyttad i Holi; og der burteved heelt han Anton, sotutte og bustutte, paa med eitkvart Arbeidet.

Eg var just i Ferd greida ut Ærendi mi, daa Kjeringi tok til bruka seg paa den fille Slya, som inkje blygdest koma heim med tome Posen.

Og upp flaug Mannen paa rauda Rappet, treiv honom Nils i Luggen og til lyvja honom med Nevo kring Øyro, so det small og sokk etter.

«No skal du læra kjenna Far din, Letingen!» skar det honom or Kjeften.

«Du er inkje Far min, du!» kveste han Nils i, trassug med eitt, og freistad slita seg laus.

«Seg det ei Gong til, det der!»

«Du er inkje Far min! – du er inkje Far min!»

Eg hadde stadet reint som fjetren, eg, medan detta gjekk paa. Men daa eg so saag honom Anton retta Neven etter ein Jarntein der laag, kokad Ovsinnet i meg upp. Eg treiv ein Hamar fraa Bordet, og hadde sovisst klembt honom i 101svarta Tatarskjelta med alt mitt Evle, hadde ikkje ho Birta gripet Armen min.

Sleppte han honom Nils, gjorde Ubeistet, og hadde sakta roket lika paa meg, um inkje Kjeringi var sprungi imillom.

«Aa lat honom berre freista!» skreik eg; «du kan lita paa, du skal til Lensmanden, din kolutte Devel du er! Han spurde honom Far etter deg igaar, so han hev endaa Auga med deg, kann du tru!»

Men aldri fyrr hadde eg teket Lensmannen paa Tunga, fyrr Ukjura var mjuk som ei Vidja.

Aa nei, det var nog so langt ifraa Meiningi hans leggja Hand paa so bra Folks Born som Son hans Torstein Kvaale, leet han um. Han vontest no og, eg inkje vilde fortelja detta heima. – Men var det kanhenda Raad anna en arga seg paa den Slauren; – ja, for eg skulde berre vita, kor ureipen han var, endaa so sleikje-fin han visste gjera seg, naar han var framande.

Men eg for meg lovad, at det fyrsta eg fekk nasa upp, dei foor illa med Guten, skulde jamen baade han Far og Lensmannen faa Greida paa alt saman.

– Eg kom i Skulen Dagen etter.

Han var vorten avsett, han gamle Lars, den Hausten. Ein ny Skulemeistar var komen, ein 102ung Seminarist, som heitte Sjur Uppheim, og ei Stova burte paa Seim var leigd til Skulehus. – Det er endaa ei heil Soga um detta, og; men ho fær no vera denna Gongi.

Skulemeistaren spurde, kor det vart med honom Nils, – um eg inkje hadde høyrt, han skulde til ganga i Skulen; for det var daa vel inkje Meiningi, han skulde veksa seg til Heidning heldr. – Det var han Far, som var Tilsynsmann der i Skulekrinsen. –

Nei, eg kundo inkjevetta segja ifraa um detta, eg.

– Men same Kvelden ruslad Skulemeistaren uppetter til Harkahaugen; og eg fylgde honom.

– Aa – meinte han Anton – det var liti Botavon hava i Skule ein sovoren ein som han Nils. Dei hadde endaa strævat, det dei kunde, baade Faren og Mori, prenta i honom Kunskap og Kristendom. Men det var som aa slaa Vatn paa Gaasi, det, vilde han segja.

Men Skulemeistaren dreiv paa sitt, tok paa Seinsten til orda ut um Logbrot. Og daa gav Tataren seg trast.

– Den som vart glad, det var han Nils. Han visste seg inkje høgre Ynskje en koma i Skulen og læra; men no hadde det i yver tri Aar inkje voret Raad.

103Det skipad seg so heima, at eg fekk Lov gjeva honom nokre av gamle Ploggi mine til Skuleklæde; det var reint Høgtidsbunad fyr honom, det, endaa noko smaavorne var dei. – Det vart og snakkat soleine, at eg skulde hava Skulemat med til oss baade tvo.

– Fyrste Morgonen hans i Skulen sessad han seg ytst paa Benken nedre ved Dyri. Men daa Lesetimen kom, og ingjen annan vilde lata honom sjaa med seg i Boki, fekk han Plassen sin uppe ved meg. Bøkr hadde han inkje; men dei laante eg honom so gjerna, rettleidde og hjelpte honom elles og, alt eg visste.

– Det synte seg snart, at der fanst inkje opnare Øyra i Skulestova en han Nils sitt. Og framifraa gløgg og vitug var han, med eit Minne, so naar berre han høyrde noko, sat det, som var det honom klinkat i Hausen.

– Me vart betre og betre Vener, me tvo, di lengr det leid. Inkje eigong han Sjur-Ola stod meg no jamsides med honom Nils.

Endaa sumt var der ved honom, som baud meg imot. Klædi hans luftad jamnan so illa ufjelgt; og ein Dagen saag eg ei stor Lus krjupa honom nedetter fillutte raude Halskluten. – Men naar eg so hugsad, kor subbutte det var i Heimen hans, kunde eg segja meg sjølv, at det var honom 104raadlaust halda seg rein, Stakkar. – So berre eg tok meg i Vara, men vaktad grant etter, at han inkjevetta skulde merkja.

– Eg tok so smaatt til lesa Tysk og Engelsk den Vetteren. – Det var Skulemeistaren som seint um sidar fekk detta drivet igjenom hjaa honom Far. Tvo Gonger i Vika gjekk eg sud til Lensmannen, der dei hadde Huslærar.

Men aldri fyrr fekk eg Fat paa honom Nils, fyrr eg pumpad i honom, kva eg sjølv lærde etter kvart.

Det var dei gildaste Draumarne vaare, at naar me vart vaksne Karar, skulde eg verta Bisp og han Prest; og so kunde det vel vera, me skulde hava fagna Dagar!

Det logad i Augo hans Nils, naar eg soleine heelt paa maala ut.

At han heldt av meg og trudde meg væl framfyre nokon, det var vandalaust nemja. Beinken fann eg honom altid, aldri so lite eg andad Ordet. Og hendug som han var, lagad han aat meg so det eina og so det andra, som han kunde tru vilde fagna meg.

– Naar me andre Borni foor ute leikad oss, var det sjeldan, han var med i Laget. Antan sat han inne med Boki, eldr og stod han gjerna smaalog og saag paa.

105Eg hadde ofta freistat faa røyna honom i Ryggjatak; men det var jamnan, at han bar seg undan. So var det ei Gong, eg inkje gav meg, fyrr han laut til. Og eg kjende strakst det, at han stod traust. Me baskad eit Bilet, han berre varde seg, alt medan det at eg vart fusare og fusare. – Jau, der saag eg meg Syn setja Fot fyre, so eg fekk honom paa Rygg ned i Snjoen.

«No tapte du!» ropad eg byrg.

«Ja, eg gjorde det,» svarad han lognt, som det brydde han seg inkje vidare um. Eg baud paa taka Taket uppattr, eg; men han vilde kje meir.

«Han fæler, han tapar,» tenkte eg, og leet honom vera i Fred.

– Det bar so til fram paa Vetteren, at han fortalde meg, korleine det var, det hekk saman med Folket hans.

Han var tung i Hugen den Dagen, og eg kunde sjaa, han hadde graatet. Fyrst svarad han lite eldr inkje, daa eg fraagad kva som vantad. Men so lyftad han Andlitet.

«Ja, du skal likavæl faa vita det, du Per; for eg veit, du inkje vil segja det til nokon,» sa han.

Han hadde elles altid gjenget utanum, naar eg etlad meg inn paa, kva han hadde meint med 106det, at han Anton inkje var Far hans. Men no fekk eg Greida paa heila Hekla.

Rette Faren hans, som var avliden fem Aar sidan, aatte heima aust i Valdris, der han var Skulemeistar. Henne Birta tok han til seg or eit Fantafylgje; ho var berre tolv-trettan Aar den Tid. Naar ho so vart vaksi, gifta han seg med henne.

Han Nils var einaste Barnet deira.

Faren, høyrdest det, hadde voret ein Fagnamann i alle Lutar. Det var Tanken hans kosta Sonen paa Storskule. «Um eg kunde liva den Dagen, eg fekk styra Songen i Kyrkja, der du Nils stod med Prestakragen paa!» sa han ein Kvelden, han sat ruggad Gutungen paa Fanget.

Men so døydde han. – Og daa vart det Slutt med Lukkedagarne hans Nils.

Tvo Aar seinare kom han Anton reikande. Han gav seg til der i Grendi um Sumaren. – So vart ho Birta umhende.

Fram paa Hausten skundad ho seg gjera i Pengar alt ho aatte, stal seg sidan ut or Bygdi med honom Anton; og han vesle Nils laut slaa Fylgje.

Dei hadde raklat vida ikring paa Fantastig, mest nordan- og vestanfjells. Vigde vart han Anton og ho Birta inkje. Eldsta Barnet deira 107kom til uppe vid Røros, det andre burte paa Strilalandet. Faren auste Vatn paa dei og gav dei Namn; i Kyrkja hadde dei inkje voret.

Det var grøtande so illt arme Gutakroken hadde slitet, og reint ut dipple høyra, kor beistaleg han Anton hadde dengt honom for aa faa honom til segja «Far».

«Og han hatar meg. – – For han veit, eg hev frett, at han nedre i Dramn – – –. Aa, men bida, bida berre, til eg vert stor! – – eg skal brjota kvart Beinet i hans forbannade Kropp – – den – – den Devels Rakkaren!» skreik Guten, flaug upp, tvibykste i Galden og knytte dei dirrande Nevarne, so det kvitnad um kvar Knuven.

Eg vart reint fælen, eg, og varde meg væl spyrja vidara etter.

– «Fekk han Anton vita, at eg hev fortalt detta, so slog han meg daud,» sa han, daa han sidan hadde lognat seg, og me gjekk saman burtetter Vegen.

«Du veit, du kann lita paa meg som paa deg sjølv, Nils,» svarad eg og gav honom Handi til Vælliva burte ved Vegaskilet.

108III.

Det var nog so, at Venskapen millom oss tvo Gutarne etter kvart hadde tvinnat seg traustare og traustare.

– Og likavæl gaadde eg, som det leid, at ei Kjensla av anna Slag steig fram i Hugen min.

Eg kjende henne fyrstundes berre som ein vesall Flugestyng, som eg hadde kje bjo bry meg det Slag um.

– Men denne Flugestyngen bolnad til ein Svull og opnad seg til eit Saar, som eg enno hev Mein av.

Jau, for æresjuk var eg, so det forslog. Og eg var aldri van anna en vera so reint utan Tvika den likaste av Skuleborni, baade i Næme og i Kunnskap; eg fæler det endaa var komet til, at eg tok detta paa Lag som ein Serret.

Men no var det noko, Ovmodet mitt fekk Teven av, og som eg um sidar inkje lengr kunde dylja for meg sjølv, at han Nils var i minsto likaso gløgg og hugsen som eg.

– Flugestyngen kjende eg, men heldr inkje vidare.

Og mot honom Nils var eg den same, kanhenda endaane raustare, samstundes med at eg tok til nøyta meg meir med Lesingi.

109Daa hende det, eg ein Kvelden lydde paa, at Skulemeistaren og han Far sat svallad.

«Ja, der sit eit makalaust Hovud paa den Nilsen,» sa Skulemeistaren; «aldri hev eg funnet eit betre. Han kunde naa høgt, han, var det ikkje for Kostnaden si Skuld.»

Det stakk meg i Hjartat, so det gjorde vondt.

– Flugestyngen trotnad.

Det er mest som eg fæler, at fraa mi Sida var Samlivet sidan nokon kaldare.

Endaa eg veit, eg strævad imot. Det var daa berre bra det, sa eg med meg sjølv, at Guten hadde goda Gaavor. Og hadde Vaarherre gjevet dei, var det vel Meiningi, dei skulde brukast, og. So det var Gud til Vilja, eg gjorde, naar eg var honom Nils hjelpen, og det kunde daa inkje verta meg til Meinka.

Men korleine det no var, visst er det, eg var inkje lenger so forhippen paa aa raaka honom, kvar Gongi eg hadde voret stad til Huslæraren.

Eg kom samstundes og til nemja som aldri fyrr, kor ulidande ufysi ho var, den Lukti av Klædi hans; og naar eg tenkte paa den Lusi, – – uhh! so totte eg, det var mest Uraad hava sovoret ved Sida.

– Men so var det, i Slutten av Februar, at Presten kom heelt Skuleeksamen.

110Det høvde seg so i Yverhøyringa, at Skulemeistaren bad meg reikna upp ymse Slogi av løyveleg Kjærleike. Og det klaarad eg flust; det var den til Gud, den til Medmenneskja og den til oss sjølve.

Visste eg fleire?

Ja, – Fedrelandskjærleike.

Um eg kunde nemna eit Døme?

Og eg kom daa fram med Olav den heilage.

Aa ja, det var væl nog, tok Presten frami.

Men hadde eg inkje høyrt gjetet honom, som leet seg sprengja i Lufti nedre i Kjøgebugt.

Jau daa, jau daa!

Kva var det so, han heitte?

Han heitte – – han heitte – – –. Nei, aa nei, som det tregad meg, at eg inkje var Kar koma paa Namnet, endaa det laag meg paa Tunga!

Um nokon av dei andre visste det?

«Ivar Huitfeldt?» svarad han Nils med sama.

«Det var bra, Guten min!» tok Presten i, gjekk stad strauk honom nedetter Haaret, – medan Andlitet hans Nils skein og log av Lukka.

– Eg totte, der vart so myrkt inne i Stova; eg kjende, som seig Bringa mi full med Graastein, og eg var lika ved gjeva Graaten laus.

111Men so skar det yver i Sinne; du og du, so etande harm eg vart!

Den Fantasleikja! – – hadde eg kanhenda inkje sjølv fortalt honom det for nokra Vikor sidan! – – Og no sat eg der til Spott og Spe for baade Presten og dei hine, – det var Takki! – – – Ja ja, bida no! bida no!

– Flugestyngen var vorten Svull, og Svullen alt vorten grøn i Toppen.

– Det betre Samvitet mitt mælte imot. Guten hadde daa inkje anna gjort en svarat paa det Presten spurde. – Men eg skundad meg setja Dott i den Bjølla, berre sat argad meg upp meir og meir, til dess eg naadde Kaldsinnet; daa vart eg lognare og hemnhard.

– Det var i eit faamælt Storlæte, eg synte meg, daa han Nils sidan um Dagen heelt seg innaatt meg, ventande, som eg kunde skyna, aa finna eit opet Venahjarta for Lukka si.

Han vart standande lite bisna paa meg, undren og uviss. So med eitt seig der honom som ei Skodda nedyver Andlitet, Taarorna tok til blenkja um Kvarmarne, og dei sorgalt bedande Augo hans syntest meg fortelja, at han forstod, kva som bilad meg.

Eg var lika paa Nippet skjemmast, og lata alt vera godt. Men daa reitad det meg upp aa 112nyo, verre en alt anna, detta, at han truleg skynad, kva det var for Tankar eg gjorde meg.

So trugad eg meg sjølv til vera tydleg og gladvoren. Og eg tok inkje i Miste, at eg snart hadde honom heiltupp road attr.

– Ja, no fekk me sjaa.

– Og det varad berre til Dagen etter, fyrr det rauk Hol paa den Ilskesvullen, som eg gjekk med i Hjartat.

Den nye Skulemeistaren høyrdest vanleg so smerende søt i Maalet; og det var komet meg fyre Øyra, at Felagarne hans paa Seminarien hadde gjevet honom Hædenavnet «Søteprimen».

No ja, me hadde um Esau og Jakob i Bibelsoga, den Dagen.

«Lindser?» segjer Skulemeistaren, veit de kva det er for noko? «

«Søteprim», kviskrad eg.

«Søteprim!» svarad han Nils, høgt og trygt, – som han jamt var van, naar han svarad etter kva eg kviskrad.

Skulemeistaren spratt enda upp burte paa Golvet.

«Jau, no skal du faa smaka Søteprim!» foor han i, med eit Mæle som skolv og skar av Sinne.

Og han til med baade Nevarne hednelugga honom Nils, so Tennrna hakkad og Haari fauk, 113drog honom sidan fram paa Golvet og stellte honom upp burte i Peiskraai.

«Men – – han Per – – sa det», greet Stakkaren.

«Er det sannt, Per?»

Eg skjemdest, so eg kjende, eg vart glodande raud, daa eg svarad: «nei!»

Det gjekk som ein Skugge yver Andlitet hans Nils med sama, det var, som drog Andlitsdragi seg i Hop og storknad; og Graaten stoggad han med ei einaste Gong.

«Ja so, du vil ljuga i Skulen, og, din Tatartamp!»

No vart der Buskestrok paa Nevarne, til dess dei var raude som Blod.

Inkje eigong det knatt i Guten.

Sidan laut han standa med Soplingen miilom Hendo, til Timen var ute, og me fekk Middagskvildi.

So vilde han ganga sin Veg; men Skulemeistaren meinte nei.

– No hadde eg daa fenget Hemn. Men det skal vera visst, at eg kjende meg alt anna en fornøgd; eg kunde hava gjevet mykje for aa faa gjort vera ugjort.

Noko stormannsleg stiv og stutt – som det vonde Samvitet gjerna syner seg, naar det hev 114Aalmannameiningi paa si Sida – gjekk eg um sidar stad baud honom Nils Mat.

Han inkje eigong svarad.

Eg forstod, han vanvyrde meg, og eg kjende, han hadde Rett til gjera det. Men di meir gnog og tergad det meg.

«Aa, du kann gjerna eta,» sa eg; «han er likaso god Maten min, idag, som han fyrr hev voret.»

Han snudde seg og gjekk paa Dyri.

Eg var inkje Kar faa einaste Biten ned, eg heldr; so lagde eg ut etter.

Han gjekk stad sette seg nedan Løda. – Det var, som eitkvart trugad og dreiv, so mine eigne Føtr tok same Vegen.

«Kyifyre vil du inkje hava Mat, Nils?» – visste sjølv berre meir en væl. –

«Aa nei – – eg fær no freista berga meg deg forutan heretter.»

– At Ordi, som kom meg paa Tunga til Svar, var verre en harkavorne, det hadde eg Kjensla av; men mitt saarade Storlæte skauv paa med eit Helvites Evle, og mest fyrr eg sjølv visste av og vilde det, rullad Steinen.

«Aa ja – – det kann so vera; – – naar – – naar ein hev ein Far – – som han Anton aa stydja seg til – – so» – – –

Eg kom inkje lengr, fyrr han Nils flaug upp 115og i Bringa paa meg, kastad meg ned, som var eg eit Reivabarn, og so til gjeva meg Smurning, slik at eg aldri i mine Dagar Maken hadde smakat.

Dei andre Skuleborni strøymde til etter Skriken, nokre av dei sterkaste Gutarne reiv honom Nils av meg, kastad honom vidopen under seg og heelt honom soleine.

Eg sprang upp som galen, blødde gjorde eg i baade Munn og Nos, og flaug stad vilde setja honom Foten i Skjelta. – Men det fekk eg inkje Lov til.

So tok eg paa bruka Kjeften.

Og eg skal inkje tru, eg heelt attr korkje med Lortalukti av Klædi eldr Lusi paa Halskluten.

«Du segjer, du vil berga deg meg forutan heretter?» skreik eg. «So riv av deg Ploggi dine daa; for av meg hev du fenget dei, endaa til Skjorta, – og gakk naken heimattr til Horehytta der uppe paa Harkahaugen, Landlauparen du er!»

– Der kom Skulemeistaren.

«Jau, du Per ser ut!» sa han.

«Ja, det hev han, Tataren der, gjort, det!» svarad eg. «Eg baud honom Mat med meg, som eg plagar, – og so flaug han paa meg.»

«Gakk din Veg!» skar Skulemeistaren i til honom Nils, «og lat meg aldri sjaa deg fyre Augo meir!»

116Gutarne hadde sleppt honom, Armingen, han kom seg seinleg paa Fot, tok Luva si i Handi og sjanglad burtetter Vegen, bøygd i Ryggen og med lutande Hovud.

– Daa kastad eg meg gruve ned, og greet og tutad og tutad og greet. – Dei trudde eg var galen, dei som stod i Kring um. Dei saag inkje, korleine det var Barnet i meg, som laag meinbrotet hikstad utanfyre stengda Dyri si eigi.


Etter den Dagen saag me lite til honom Nils der i Grendi. Men me høyrde segja, at han gjekk um med Posen i den hinare Sokni.


So høvde det um eit Bil, at han Anton var i Arbeid burte paa Seim.

Kjem det daa ein annan Fant rekande.

«Nei – – er det inkje han Anton? – Gudag, gudag! – er du her?» sa han.

Han Anton vart som var han klumsad.

«Ja, eg kann helsa fraa Dramn,» tok den andre i attr, og flirte.

Og snart sagt, ei Stund seinare korn Lens mannen køyrande, skulde hava Tak i Tatarfylgjet. – Han fortalde um Brev fraa Dramn, der han 117Anton hadde Kona og tri Born paa Fatikkassa, sidan han sjølv var rymd, skuldig i Tjovsbrot.

– Tataren var inkje aa finna. – Han vart sidan gripen burte ved Bergen. – Men ho Birta laut fylgja med Lensmannen og vart sett i Holet. – Dei tvo Smaaungarne maatte Bygdi taka seg av.

Han Nils vart aaleina attr, uppe paa Harkahaugen; han vontest greida seg sjølv, sa han.

Han dreiv mykje paa med Snore- Veiding, tok Rjupor og Harar, som han selde til Kræmaren, og fekk litevetta til Livemaate att i Staden.

Det høvde inkje so til, at me tvo raakast.

IV.

Vetteren var hard og kald, med ovmykje Snjo.

Paaskehelgi kom so tidleg, det Aaret; der var enno full Vettrakjøld.

Men Langafredagen slog det um i Lyvedr. Trei stod kvite, lavande av Frynserim, og den eine tunge, dysjeblaa Skybolken etter den andre steig upp um Kaldafjell og seig fram yver Himmelen.

Ut paa Kvelden bar det til ausrigna, som du skulde sleget Vatn i eit Saald.

«Der spyrst inkje væl allestader i Morgon, er eg rædd,» sa han Far.

118«Ja Gud hjelpe dei, som i Faaren sit!» svarad ho Mor til.

Det var Snjoskridorna, dei meinte paa.

Og best som me sat med Kveldsmaten vaar, der høyrde me, det dunde nedre i Dalen. Duren vart sterkare og sterkare, so Grunnen paa Seinsten riste og skolv. – Det var Storeskrida; me kjende henne paa Maalet.

So small Juvaskrida laus – ho var no so kvassmælt, ho – og sidan Breidskrida og enno fleira. – Det heelt paa dynja og skaka alt i eitt.

Eg vart svevnug, eg, og smaug i Seng. Men dei vaksne vart sitjande uppe.

Det seinsta eg saag og høyrde, fyrr eg sovnad, var henne Mor, som sat med Salmeboki si og song.

– Eg vaknad fjamseskræmd ved, at eg vart riven or Sengi og boren avstad. Og daa eg rett sansad meg, var eg komen aat Kjellaren, der han Far og ho Mor og Huslyden stod halvnakne ikring paa blauta Jordgolvet.

Kvinnfolki ankad seg og tutad, og Kararne var heldr bleike og smaalaatne.

– Jau, der hadde gjenget ei Skrida ned trast vestan Garden, sakta var nokre av Husi skamførde, – og ingen kunde vita, kva som i næmaste Blinken vilde henda.

119– For endaa Kvaale ligg i Livd under Fjoshamaren, sagde Segni, at Garden for tvau Hundrad Aar sidan vart riven av ei Snoskrida.

– Men der var sidan um Notti heiltupp skridekyrrt. Og i Graalysingi gjekk me uppattr i Stova.

Der saag illa ut paa Bustaden, daa Dagen var komen. Smidja var stroken sin Veg, Govet hadde rivet halve Fjostaket av, endaa til ei munaleg Flengja av Stovetaket; og Nævri foor fluksad og fauk i Vinden burtetter Haugar og Dekkr.

– I den hinare Sokni hadde tvo Gardar og tretten Menneskjor faret illa, spurdest det ved Kyrkja Paaskadagen.

Men her i Grendi hjaa oss var det sjaaande, at det hadde gjenget Vono likare.

– Det leid alt fram yver Dugurd, daa han Kolbein Hagen kom med Bod, at Harkahaugen hadde gjenget ut, og at han Nils, inkje rettare Folk visste, hadde voret heima.

Eg vart, der eg sat, som naamevalen yver heile Kroppen. Aa, du Nils, du vesle Nils!

– Ein eldr tvo Karar fraa kvar Gard staakad iveg uppetter, med Rekor og Grev paa Okslo.

– Det var, som krabbad Fælska meg nedetter Ryggen, berre eg drog meg i Tankar Harkahaugen og honom Nils. Men likavæl var det 120meg inkje Raad vera heima, anna eitkvart dreiv og dreiv meg av Garde. Og so gjekk eg med, eg og.

– Av Husi der uppe var inkje anna aa sjaa en einkvar Stokken og Fjøli, som stakk upp av Snjogyrja Bakkerne nedetter.

Kararne tok til grava, der dei trudde Stova hadde stadet. Dei naadde og nedpaa, men fann inkjevetta anna en berra Tufti.

Ja, so var det uvisst leita. Dei spredde seg, gjekk rotad og grov i Snjoen baade her og kvar.

Eg fylgde honom Salamon, eg. – Best som det var, han stod støyrde med Reka, der vart eg var nedre i Snoen ein Snip av eit graarututte Klædesplagg, med ein stor, blank Knap paa.

Og inkje at eg tok i Miste av anten Plagget eldr Knappen; den Trøya hadde i si Tid voret mi.

Eg sette i med eit skjerande Illskrik, og skundad meg ifraa, so fort dei skjelvande Knei vann bera meg.

«Her hev me honom, Karar!» ropad han Salamon.

– Og det var han Nils, som laag der, illareidd, so det var med Naudi han hekk saman, daa dei lagde honom yver fjore Bjørkestaurar og bar honom imillom seg nedetter.

Han Lars Seim sagad sund nokre Bord, slog 121i Hop ei Kista, og lagde Liket nedi med sama; aa klæda av og fli var Uraad, sundsleget og brotet som det var. – Likblæja, det vart Gamleklædi mine.

So spikrad dei Kista.

Tridje Paaskadagen kom ho i Kyrkjegarden paa Uppheim.

– Og so hadde han Fantanils Fred.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Sogor

Novellesamlingen Sogor fra 1887 ble Per Sivles litterære gjennombrudd. Boken inneholder fem fortellinger, alle fortalt fra et barns ståsted. Et gjennomgående tema er medfølelse med mennesker og dyr som på en eller annen måte skiller seg ut.

Samlingen ble ikke først og fremst skrevet med tanke på barn, men særlig novellen «Berre ein Hund» regnes som en klassiker innen norsk barnelitteratur. Novellen handler om bondegutten Per og hans forhold til hunden Hall, som tilhører en engelsk turist som omkommer i fjellet. Selv om historien er oppdiktet, er skildringene av miljø og natur hentet fra Sivles egen barndom på Vestlandet.

Se faksimiler av 2. utg. fra 1890 (NB digital)

Les mer..

Om Per Sivle

Per Sivle debuterte i 1878 med diktsamlingen En Digters Drøm, men er først og fremst kjent i ettertiden for å ha skrevet Norges første arbeiderroman Streik som ble gitt ut i 1891. Sivle bidro i stor grad til å sette søkelyset på arbeiderklassens levekår.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.