Sogor

av Per Sivle

HEIMADØYPT

125I.

Fred, det var meir en eg hadde etter den Tilburden med honom Nils. Brotet vart liggjande tyngja som ein kaldvaat Skoddedott, som eg inkje kunde evla koma meg utor.

Det var, som han Nils fylgde meg trutt, kvar eg so heelt til. Eg hugsar, kor eg stundom spratt i Vedret og saag attum meg, med so skili ei Nemjing, at eg hadde honom der strakst i Ryggen.

Vissa var det no den Lukti av Klædi hans, som eg inkje fekk ifraa meg.

Det hende fleira Gonger, naar eg laag sov, at eg skvatt upp vitskræmd i Ferd med aa kovna. Daa var det han Nils som laag meg paa Bringa og strypte og strypte.

Høvde det seg, eg laut framum Vegen til Harkahaugen, lagde eg jamt i Laup, det snøggaste eg vann.

126Ein Sundag, eg var ved Kyrkja, kjende eg, som vart eg nomen i Knei, daa eg steig inn paa Kyrkjegarden og hugsad, at det var her han Nils laag.

Og Langsleden hans Lars Seim gjekk eg jamnan Umveg fyre, der han stod i Tunet, naar eg kom skulde i Skulen; for paa den Sleden var det, dei køyrde honom Nils til Gravi.

Det vart alt verre, di lengr det leid. – Eg freistad beda til Vaarherre. Men der stod han Nils stengjande og skræmde Bøni munnvali att ende; han stod der klagad og klagad meg fyre honom den rettvise Hemnaren, som hadde Evle kalla meg til Domen kva Tid og Time han vilde. Og berre altfor væl tottest eg vita, kva eg so kunde venta meg.

– Men var der Bergingsvon, vart det daa likavæl Vaarherre eg maatte ganga til. Eg laut prøva venda um og verta eit Guds Barn.

At detta var ein tung, vand Veg, det hadde eg baade høyrt og leset meg til. – Og eg visste, det var ein hjarteleg Anger, som bar fram til Vegen sin fyrste Milestolpe.

Eg totte endaa so, at eg hadde tregat Vondska mi beiskeleg. Men naar cg no tok til naglafara meg sjølv og leita etter, vart det stødt til, at den rette Angeren inkje var aa finna. Og di meir eg 127trugad meg sjølv til aa trega, di hardare og kaldare kjende eg meg i Hjartat.

Segja seg laus fraa denna Verdi, det og var Kravet til dei som etlad seg den smale Stigen – –. Men den Bakken vart meg tung koma upp.

Naar eg um Sundagen sat inne las i Bønaboki eldr Huspostilen, fysste og saud den friske Barnafysna etter Leik meg i Hugen. – Eg visste, at no heelt dei andre Gutarne paa – – synda seg burt med aa kasta Skothella nedre i Vegaskilet. Og det vart no verst for dei sjølve, det. Eg hadde fenget Augo upplatne, eg, og hugsad kva tridja Bodordet baud. – – Men nei aa nei, so trøysamt dei likavæl maatte hava det!

Det bar daa tidaste soleine til, at eg um sidar skundad meg med dirrande Hand stinga Salmeboki eldr Kakisma i Fikka, til aa hava som eit Plaaster eldr Muleband paa Samvitet, naar eg lagde av Garde i fljugande Tan.

Og ingjen var sidan fusnare midt upp i Leiken en eg, til dess det var myrke Kvelden.

– So fekk eg annsamt med aa trega Brotet og lova Vaarherre og meg sjølv, det skulde vera seinsta Gongi, eg leet den Freistaren lokka meg.

Men naar Sundagen kom, tok det gjerna sama Leidi – og detta uppattr og uppattr.

128II.

Tidi skreid, til Pinsehelgi var yver.

Daa var det, der kom ein Klokkesmid reikande og gav seg til framme paa Hauge.

Det var nog so, han aatte heima nedre i Stavanger fraa det fyrsta, men hadde – sa han – i fleire Aar voret utanlands, baade i Engeland og Amerika. – Han var ein vesal, skrinn Mann, med svart Haar og Skjegg og myrke, sterke Augo.

Det spurdest snart, at han var med Lesaro. Sundagen etter han var komen heelt han Samling i Stova hans Torbjørn Hauge; og dei som hadde voret der var sams um, at Make til kløkkjande Preikar hadde dei aldri høyrt.

Det varad inkje lenge, fyrr han preikad mest til kvar einaste Kvelden, antan i vaar eigi eldr og Grannabygdi. Folk tok til kvekkjast upp or Syndasvevnen baade her og kvar, og Klokkesmeden vart alstødt fagnad som eit reint serlaga Gudsmenne.

– Nei, der var det ein Sundagseftan han talad burte paa Seim. Men eg skal tru, der kom Undring og Støkk i Mugen, daa han paa Seinsten i Preiki si ordad ut um, at det var væl nog, nokon kvar tok til søkja den tronge Vegen til Gudsriket, – berre det inkje vart eit Stræv i 129Faafengdi, naar det var paa sjølvvisa Gjerdi vaar eigi, me gjekk fram. Alle saman kjende me Bodet: fyrst Tru, og sidan Daup! – soleine var det, Vaarherre vilde hava det. Men var det kanhenda likavæl inkje den vanlege Visi aa freista trengje seg inn gjenom Porten trass imot desse Ordi, som ingjen kunde ynskja seg klaarare. – Endaa han vilde so langt ifraa setja seg upp paa Domarestolen; det fekk Vaarherre gjera, han med Naaden høgre en alle Himlar. – Men kor som var: den, som paa rette Maaten vilde yver Gudsriket sin Durstokk, laut fyrst tru, og so verta døypt. Og til dei som var døypte fyrr dei enno evlad tru, vilde han segja: lit inkje paa Barnadaupen dykkar! gakk heldr stad lat dykk døypa uppattr!

– Eg skal berre med Harafot snerta innpaa alt det Uppstyret, som detta gav Støyten til der i Heimkrinsen, korleine Bygdarfolket sankad seg i tvo Hopar, ein større, som heelt Preikaren for ein Satan sin Utsending, og ein mindre som fann honom vera burtimot ein Engel fraa Vaarherre, – at Presten og Attrdøyparen paa nokre Møte, dei heelt, kjeftast so det fauk etter; og meir sovoret. Nog er det, at han Torbjørn Hauge og han Ola, Son hans, og so han Jens Teigen vart 130uppattrdøypte, fyrr Klokkesmiden strauk sin Veg utpaa Hausten.

III.

Men det var dette eg vilde draga fram, at i Hugen min eigen, saar som han alt var det, tok Attrdøypartankarne seg Meintak, – og det kunde dei so mykje meir, som det var meg kunnigt, at eg inkje var døypt plent soleine som flestalle andre.

Jau, for eg hadde høyrt fortelja, at der nog var lite sjaaande Liv i meg, daa eg kom her til Verdi: og so klembde dei i ein Ruff til døypte meg med sama, daa dei fælte, eg snart skulde slokna. Men kor rettugt det med detta var tilgjenget, det maatte Vaarherre vita!

Eg byrjad so smaat fretta etter hjaa henne Mor, – og fekk so Greida paa, at det var Godmor som døypte meg, daa ingen likare var tilstadar!

Ho gamle Godmor! – tunghøyrd og stutthugsi som eg mintest henne! – – aa ja, det var kje betre ventande daa, en at det kunde hava gjenget ymist!

So naar alt korn til alt, stod eg kanhenda lika med sjølve Heidningo, eg Og galne Vegen 131peikad det, um eg aldri so mykje freistad verta eit Guds Barn; for Daupen var no Dyri, han, kor so.

Hadde eg berre stadet jamsides alle dei hine, – voret kyrkjedøypt! – eldr døypt av Mannshand endaane! – det kunde likavæl fenget skura for meg som for andre daa. – Men denna gamla Kjeringi! – – du skulde aldri i Verdi Maken til Tusseskap hava høyrt!

At dei bar meg aat Kyrkja ein Sundagen seinare og leet Presten lesa yver meg – hm! det var der jamen liten Bate i, naar det lika godt var paa den Gudmordaupen, eg var kristna Menneskja.

– Eg kjende meg usæl og illa, som hadde eg æveleg Ulukka hangande i eit Haar yver Hovudet. Ei Greida laut der paa einkvar Maaten verta; for detta var inkje til aa halda ut.

Og som det leid, greip det meg meir og meir ein brennande Hug til aa faa tala med Klokkesmiden.

– Jau, der ein Eftan smeit eg meg av Garde; – for han Far var sinnad paa Attrdøyparen som paa honom Gaml-Eirik sjølv.

Eg var so heppen aa finna Mannen heima og endaa til aaleina; for Gardsfolki var enno ute paa Slaatteteigen.

132Det var med Skjelte um Hjartat og dirrande Kne, eg steig inn og fekk ei vesal Helsing or Munnen.

Kva Ærend eg hadde? spurde han.

Og seint um sidar fekk han Meiningi av stamande Ordi mine sankad i Hop.

Um eg hadde gjenget fyre Presten?

Nei, eg skulde ikkje fyre komande Aaret.

Han heelt paa ei heil Stund spyrja etter um baade detta og detta. Sidan tok han til leggja ut um, kor sæl den var, som skundad seg or Sodoma og rymde til Zoar, fyrr Eldflaumen kom, – og endaa ei heil Regla, som eg lite skynad, men di meir kjende meg agad av. So gav han meg nokra Smaabøker, og bad meg koma til seg attr. –

Heima stal eg meg Stunder til grunda Bøkerna igjenom. Eg tottest finna greidare og greidare Meiningi i dei etter kvart, og det vart meg alt vissare, dei synte retta Leidi.

Men samstundes seig det meg tyngre og tyngre inn paa Hugen, kor forfælande det vilde vera, um det likavæl paa Seinsten skulde syna seg, at Presten og dei hine hadde Rett.

Daa spurdest i Bygdi Attrdaupen hans Torbjørn Hauge. – Og detta aukad Elden under Traai mi eigi. Det vart inkje onnor Raad, eg laut lata staa til, eg og.

133Kunde eg berre faa einkvar Kjenningen min med! – eg vilde likasom vera meir ankalaus, daa, totte eg.

Um eg no freistad gjera Røynsla med honom Sjur-Ola.

– Han hadde vokset seg baade stor og sterk, han Ola, hadde vissa i dei tvau seinste Aari reint vunnet Munen fyre meg. Eldende braadsinnad var han, naar noko bar imot, og det batad aldri taka honom med Trumf; men med Finleike og Fyretola kunde eg jamnaste faa honom litug som ein Saud.

– Og som me so ein Dagen raakast, tok eg til styra Røda inn paa Ævelengdi sine Leider.

«Du,» sa eg, «nedre i Helvite, der maa vera øgjelegt, der.»

Ja, det høyrdest so, svarad han.

«Berre me endaane slapp koma der, eg og du, Ola!»

Jau, han vilde daa vonast det.

Men um det no var Sanningi, detta som Attrdøyparen sa? – so jamen kunde det knipa for nokon kvar. – Og eg so til etter dessa Bøkerna leggja ut um Barnadaup og Attrdaup.

Det var sjaaande, kor han meir og meir vart ættavill.

134Jau, so kom det eit Motmæle svivande honom paa Tunga.

«Men du kann daa vita, at Presten skynar det betre, han, en den Klokkesmiden!»

Presten! – – var det kanhenda ikkje just Prestarne som fekk Vaarherre sjølv hengd upp paa Krossen? – so dei var rette Gutarne lita paa!

Eg veit ikkje, kvar eg hadde fenget Fat paa Tanken soleine skoren. Men nog er det, at detta gjorde det av med honom Ola, samstundes som det gav Stødleike i mit eiget Tiltak.

Og fyrr me skildest, hadde me snakkat av, at me baade tvo i al mogeleg Løynd skulde ganga stad faa oss uppattrdøypte.

– Nokre Dagar seinare gjekk Klokkesmiden framum, nord til Teigen; daa han so ut paa Eftansida kom attr, vaktad me honom upp framme i Lønalunden.

Og den som inkje lengr var bljug og fjamsen, det var eg. – Han Ola berre sa ha og ja, han, medan eg gjorde Greida for baade honom og meg.

«Ja,» tok Attrdøyparen frami, «jeg tror, I nu med Rette kan sige med hin Kammersvend fra Morland: her er Vand, hvad hindrer os i at blive døbte?»

Det var eit Tjørntrakst inne i Skogen, heitte 135Løna-Demma, han meinte paa. Der var det og, at han fyrr hadde døypt.

Han ut av Vegen, og me etter.

Men med sama eg fekk sjaa Vatnet blenkja millom Stuvo, kom der yver meg ein fælskeleg Skjelte, so det var med Naudi eg vann halda meg paa Fot.

Me fekk Bod taka av oss Klædi.

Ja, han Ola skal fyrst! meinte eg.

Kvifyre det?

Jau – – han – – han var fjortan Dagar eldre, han! – Eg fann inkje i Snøggvenda nokon likare Grunn.

No ja, tok so han Ola til klæda av seg, utan aa mæla Ordet, berre glanande munnopen fram fyre seg, reint som trollfjetrad.

– Klokkesmiden skilde seg av med Nedre-Ploggi sine, tok Guten i Handi, og dei vassad fine Sandbotnen utetter, til Vatnet naadde dei ein Stubbe ovan Kneet.

So vart han Ola duppad fyrsta Rappet.

Han hikstad stygt etter Anden, daa han kom uppattr, og var heldr stiv i Ryggen, som han andra Gongi vart duppad.

Men daa han skulde hava den tridje Duppen, startad han trass imot.

Døyparen paa si Sida – brennande i Andi 136som han sagta var – tok paa røyna; og daa inkje anna vilde bata, slog han Krok, so Guten kom veggjande vidopen ned i Vattnet.

Men aldri fyrr var han Ola paa Fot attr, fyrr han flaug beint bust i Bringa paa Attrdøyparen; og Augneblinken etter bar det i Koll med dei baade tvo.

Nei, daa eg so saag skitne Pulderen slaa saman yver dei, daa ramlad eg laus i ei Lægjing, so eg vart liggjande krøkja meg paa Bakken.

Eg skrattad, som skulde eg kovna, daa dei reis og vassad iland, skrattad, daa Klokkesmiden – silande vaat som ein Hund i Regnvedr – tok til bannlysa yver oss, skrattad, daa han Sjur-Ola – som var i Ferd med aa klæda seg paa – i berra Skjorta flaug upp jagad honom inn igjenom Skogen og so heiv Broki, Sokkarne og Styvlarne hans paa Vatnet, – skrattad, daa so Guten paa eit hengjande Haar var reidug gjeva meg Smurning, meg og, – skrattad og rullad meg og rullad meg og skrattad. – Og endaane daa eg um sidan laag heima i Sengi mi frampaa Notti, vart det endr og Gong ved nykkja og klukka i meg, trass eg var saar i Magen som ein Kaun.

– Han Ola var paa Heimvegen eitrende vond og gav illt fraa seg, bannad baade Attrdøyparen og meg og heile Hurven, so det berre logad.

137– Men naar Vegerne skildest, og eg sidan foor ruslande aaleina i Sumarskvelden millom Bjørkerna i Kvaalshagen, daa vart eg Tak um Bil standande lyda, kor fagert det leet, naar Sysvorti song. – Det var, som eg inkje fyrr hadde høyrt henne det Aaret.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Sogor

Novellesamlingen Sogor fra 1887 ble Per Sivles litterære gjennombrudd. Boken inneholder fem fortellinger, alle fortalt fra et barns ståsted. Et gjennomgående tema er medfølelse med mennesker og dyr som på en eller annen måte skiller seg ut.

Samlingen ble ikke først og fremst skrevet med tanke på barn, men særlig novellen «Berre ein Hund» regnes som en klassiker innen norsk barnelitteratur. Novellen handler om bondegutten Per og hans forhold til hunden Hall, som tilhører en engelsk turist som omkommer i fjellet. Selv om historien er oppdiktet, er skildringene av miljø og natur hentet fra Sivles egen barndom på Vestlandet.

Se faksimiler av 2. utg. fra 1890 (NB digital)

Les mer..

Om Per Sivle

Per Sivle debuterte i 1878 med diktsamlingen En Digters Drøm, men er først og fremst kjent i ettertiden for å ha skrevet Norges første arbeiderroman Streik som ble gitt ut i 1891. Sivle bidro i stor grad til å sette søkelyset på arbeiderklassens levekår.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.