Sogor

av Per Sivle

HJELPELAUS

141I.

Naar eg ligg um Notti aa inkje fær sova, daa er det at Minni kjem paa Vitjing. Eitt etter eit kjem dei strjukande framum det Vindaugat, Saali mi hev ut mot den Tidi, som hev voret.

Og eg kjenner dei so væl, dei med Ange av Skog og Dur av Foss, dei med Eim af Tobak og Surr av staakande Hopar, her eit Læte og der eit Likan, – kjenner dei so naudende væl alle saman, nokre endaa berre altfor væl.

Men endr og Gong hender det, at so den og so detta av det lettføtte Fylgjet stoggar i Laupet, sviv til, og helsar gjenom Ruta.

Det er sume som eg daa retter Armarne til Vælkoma, med Bøn aa bida di lengr di betr. Og det er andre som eg høyrer og ser nett lika godt, trass alt eg gøymer Augo og Øyro inn-under Puta.

– No her i Nott var det vissa nokre Kjenn142ingar eg longo hadde gløymt, som stanad utanfyre og glytte inn. Det var tri Par Augo.

Og desse tri Augnapari er det, som idag manar meg til fortelja denna Soga.

II.

Den Sumaren eg gjekk fyre Presten lagad det seg so, at eg fekk meg ei Byrsa.

Han Per Seim, Trimenningen min, skulde fara til Amerika. Fyrr han strauk, kom han hit til Kvaale, bad Vælliva, og daa hadde han vesla Hagla si med; henne skulde eg hava til eit Minne, sa han.

– Endaane same Kvelden laut han Salamon læra meg lada og taka Sigte. Og fyrr det vart myrkt, hadde eg alt sett inn den eina Hagldriva jamnsides den andra Smidjeveggen burtyver.

– Dagen etter var det Sundag. – Det var inkje til aa halda ut, so leid og keid eg vart den langa Preiki han Far las upp or gamle Huspostillen hans Jesper Brockmann; Byrsa leikad meg i Tanken heila Tidi.

Og daa eg væl hadde Dogurden i meg, var eg inkje sein taka Byrsa og leggja Vegen uppetter Lidi.

Eg hadde so hugheil ei Von, at mindre en 143ein Rev kom eg inkje heimattr med. Ja, kven kunde vita, – kanhenda raakad eg fram paa Bamsen sjølv, so eg fekk gjeva honom eit Skot inn i Øyra. Det var soleine han gjorde det, Guten uppe i Nordland, som det stod lesa i Bladet um.

Eg skal lova, eg brukad baade Øyro og Augo, der eg gjekk.

Eg jagad upp ei Kraaka. Men henne var eg for storfelt til aa bry meg vidare um.

Høgt uppe saag eg Ørni sigla paa sine breide Vengjer i Krins kring Nuten, der ho hadde Reidret sitt, – trygg i Verdi si eigi, dit Mannemagt rokk inkje.

Men ingen Bamse fekk eg Auga paa, og ingen Rev, inkje eigong ein vesal Hare.

Skogen laag mosen og lat i Solsteiken, naut si Sundagskvild, og berre Songfuglarne uppe millom Greino gav livande Læte i Stilla.

– Soli heelt alt paa luta den runde raude Kjaken sin ned til Fjellet i Vest, daa eg snudde og ruslad nedetter, utan at eg hadde løyst Skotet.

Og myrk i Hugen var eg, der eg gjekk. Eg keik til alle Sidor etter ei Kraaka eldr Skjor, um det ikkje var anna; eg hadde meir en gjerna teket til Takka no. Men i Faafengdi vart det.

– Daa høvde det, eg vart var ein liten Fugl i ein Krake strakst burtanfyre. Han saag 144so glad og so godtruen ut, som han sat der paa Greini og kinkad seg og smaatrallad.

– Eg hadde elles jamt voret slik ein Ven med alle Smaafuglar, hadde endaa meir en ei Gong lagt meg imillom, naar einkvar Gutungen etlad seg gjera dei Meinka. Men no fekk Vondska Yvertaket i Hugen min med ei Fysna etter aa drepa, so eg lagde Byrsa til Kjaken og klembde laust.

Røyken sveiv undan. – Men eg skal tru, eg vart undren, daa eg so fekk sjaa, at vesle Fuglen sat der paa same Staden. Eg gjekk næmare til; men sitjande vart han, med Velet stydjande ned paa Greini.

Eg kunde sjaa, kor hardt ho strævad, den fina, graakvita Bringa, endr og Gong gjekk der ein Bivr gjønom vesle Kroppen, og nedre under eine Vengen kom der fram ei liten høgeraud Prikk.

Eg vart standande handfallen saag paa. Men di lengr eg saag, di meir var det dei tvau Fugl-Augo, som reint klumsad meg.

Dei var runde og blanke som Vassdropar; men det var Liv, som blenkte i dei, blenkte og blinkad nedigjønom ei svart, botnalaus Djupn.

Byrsa datt meg ut or Nevo. – Og etter kvart skipad det seg, som der inkjevetta anna fanst, der framfyre, en desse Augo.

145Paa Seinsten vart det til di, at eg inkje berre saag, men paa einkvar Maaten endaatil tilhøyrde dei. Eg gaadde dei kje livd-bedande, heldr inkje hemn-ropande, – anna det var som gav dei ifraa seg ein Straum av Kviskring, som eg sterkare og sterkare kjende dirra og skjelva meg inn i Samvitet, der han lagad seg til ei skili, kjøvande Kjensla av hjelpelaus.

– Daa med eit skar den Tanken meg gjenom Hugen, at eg vart galen, um eg inkje reiv meg laus og fekk desse tvo Augo ut or Verdi.

Snaapt som Eldingen treiv eg ein Lurk og dreiv til Fuglen, so han foor trillande nedetter Bratta.

Men eg gav meg inkje med detta, eg slog so Moldi sprutad, slog og trakkad og trakkad og slog, reint som var eg rasande, heelt paa so lenge der var Fjør i aa sjaa.

So treiv eg Byrsa og lagde nedetter i tanande Sprang, som hadde eg den vonde sjølv jagande i Hælo etter meg.

– Men trudde eg soleine aa hava tynt dei tvo Augo, tok eg imiste. Det varad lenge, at dei Tak um Bil kom svivande og skræmde meg, anten eg so var vaken eldr sovande.

Og det veit eg, at inkje eit einaste Skotet meir skaut eg med den Byrsa.

146III.

Det var fem Aar seinare. Eg var komen til Kristiania, daa, og dreiv paa med «mensa» og slikt noko.

Høvde det seg so ein Dagen, at eg hadde Ærend upp paa Hegdehaugen.

Det var Slabbevedr, so det forslog. Det smaaregnde, og Skodda laag breidde seg kaldvaat og tung med Tev av Steinkolsrøyk og onnor Ufysa, so det med Naudi var Eaad til anda.

Uppe paa Fortoget føtad Folk seg taatippa framum kvarandre i Sufset, og berre einkvar Skuleguten traskad stad, so det skranglad i Skreppa hans, medan Søyla stod honom i Driva um Styvleleggjerne.

Ute i Gata var det som ei einaste Elta av Mold og Snjo og Væta; det slafsad og skvatt um kvar Hestahoven som staukad og um kvar Kjerra som køyrde.

– Ovan Halde-Plassen saag eg ei Vogn med eit munalegt Mursteinslass. Ho kom inkje av Flekken; for Hjuli hadde bitet seg fast nedre i Surpa.

Køyrekaren saag ut til vera ein Vaterlands-Slusk av Velten. Full var han, so han sjanglad.

147Hesten var ein brun tunnvoren ein. Han strævad det han vann, han; graakvita Skumet valt honom nedetter Sidorna, nedan Hyvret synte der seg jamvel Blod i, so der var han sakta broten, Stakkar. – Det var sjaaande, kor han spende alla Sinar, kvar Gongi han lagde seg i Selen og nykte og nygte, no enda fram, so til den eina Sida og so til den andra.

Men Mannen berre skreik og bannad og brukad Svipa alt i eitt.

So var det, som Hesten gav seg reint yver. Han stod ei Bil og hengde med Hovudet, tevad og tevad, berre bivrad og krøkte seg, kvar Gongi

Svipa kom sjugande gjenom Lufti.

Men bedst som det var braadskaut han seg attende, og so frami attr, so du skulde tru Bein og Bunor hadde brostet. Han tevlad og sparkad, berre gav paa og gav paa. Men det hjelpte inkje, – Vogni rikkad seg kje eigong.

Daa glatt Taket undan Framfoto, so han kom paa Knei ned i blauta Gyrja. Og soleine vart han standande still framstupa, utan so mykje som aa freista koma seg uppattr, med alt det Karen skreik og slog verre en nokosinne.

Det var ved detta Leitet, at eg gjekk burtaat. – Og der i den Hestahausen vart eg var tvo Augo, som fekk kvar Strengen i Saali mi 148til aa dirra Eg kann enno i Minnet mana meg fram attr Livet i dei som ein blikrande Ljoske gjenom tvo dimma Hornrutor. – Endaa det vart inkje berre at eg saag dei, eg tottest høyra dei og, – høyrde dei kviskra meg inn i Saali denne kjøvande Kjensla av hjelpelaus.

– Um sovoret var Folkaferd med eit umælande Dyr?! busad eg ut.

– Um eg vilde vera so god passa meg sjølv og elles halda min forbannade Kjeft?! meinte Mannen. Kva kom han og Hesten hans meg ved? Eldr kanhenda eg hadde Hug smaka Svipa, eg og? – so skulde der endaa verta Raad med di; for det høvde seg just, han i so Maate hadde Spander-Broki paa seg, – leet han.

– Men kva so eg gjorde? – jau, eg flaug strakst stad fekk Fat i ein Politimann, og han drog aat Byen med baade Karen og Hesten. – Det var det seinsta eg saag dei.

IV.

Eg hadde ein Ven som budde beint yver Gata ifraa «Mangels-Gaarden» dei kallar – dit dei fatike i Kristiania dreg seg stad bankar paa, naar alle andre Dyrer er stengda –.

149Hjaa denne Venen min hadde eg voret uppe ein grusjen November-Dag, daa eg gaadde, med sama eg steig utattr gjenom Gatedyri, eit Kvinnfolka-Likan med Andlitet i Hendo, som sat ihopakrøkt paa kalda Steintroppi.

Eg fetad fyrst framum, men snudde, og spurde kva som vantad.

Ho leest inkjevetta gaa.

So gjekk eg tettare innaat, og spurde uppattr.

Daa lyftad ho Hovudet tungt og saag upp.

– Men Augo hennar, som eg i den Stundi hadde dei vidopne der trast framfyre meg, blenkjande, inkje i Taare-Gidr, men med ein blaagraa Kald-Glitr, som naar Vatn haustdags tek til stinkla av Frosten, – – det var attr denna kjøvande Kjensla av hjelpelaus, dei dirrad meg inn fyre Bringa.

«Eg – – er – – sjuk,» høste ho, «hev leget – – ute i Nott – – – – inkje smakat – – Biten idag.»

Kvar det var, ho høyrde heima eldr etlad seg stad?

Ho peikad burt imot «Mangels-Gaarden». «Men so fekk eg – – so vondt – – so vondt.»

– Ja, eg hadde kje betre triva til, eg, en taka arma Kjeringi og halvt bera halvt stydja henne yver Gata.

150Eg ringde; og der kom ein Kar leet upp. Eg skundad meg stinga henne ein Tolvskiling i Neven.

Og Porten small i etter henne.

So snudde eg og bautad meg fram gjenom Folkastraumen i Gatorna; eg var missnøgd med meg sjølv og med heila Verdi og eg kom te tenkja: kor sælt aa kunna eiga, likasom Vaarherre, Evle etter Ynskje til aa hjelpa den hjelpelause.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Sogor

Novellesamlingen Sogor fra 1887 ble Per Sivles litterære gjennombrudd. Boken inneholder fem fortellinger, alle fortalt fra et barns ståsted. Et gjennomgående tema er medfølelse med mennesker og dyr som på en eller annen måte skiller seg ut.

Samlingen ble ikke først og fremst skrevet med tanke på barn, men særlig novellen «Berre ein Hund» regnes som en klassiker innen norsk barnelitteratur. Novellen handler om bondegutten Per og hans forhold til hunden Hall, som tilhører en engelsk turist som omkommer i fjellet. Selv om historien er oppdiktet, er skildringene av miljø og natur hentet fra Sivles egen barndom på Vestlandet.

Se faksimiler av 2. utg. fra 1890 (NB digital)

Les mer..

Om Per Sivle

Per Sivle debuterte i 1878 med diktsamlingen En Digters Drøm, men er først og fremst kjent i ettertiden for å ha skrevet Norges første arbeiderroman Streik som ble gitt ut i 1891. Sivle bidro i stor grad til å sette søkelyset på arbeiderklassens levekår.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.