Sorgenfri

av Oskar Braaten

Konge for ein dag


I.

Denne soga tar til ein raakald, halvmyrk, september-ettermiddag. Regne piskar mot rutune i det vesle, gulmaala einetasjes trehuse, der gamleheimen «Sorgenfri» held til. I eitt av roma – det nærast porten – bur seks gamlingar. Og dei hutrar og frys i den vaatkalde eftan.

I senga nærast døra ligg ein syttiaars, liten turr mann. Andlite hans er gult og skrukkut med ein lang spiss nase. Det er han «Henrik i senga». Dei kallar han so avdi han sjeldan orkar vera uppe or dynune. I senga ved sida ligg ein 8mann fullt paaklædd uppaa teppe. Han har eit stort hovud med kraftig panne. Men kroppen er liten og skrinn. Haare hans er veldugt og fløymer i lange krullar ned paa puta. Men skjegge er tunt og stivt. Han ligg og stirer upp i take i djupe tankar. I eine handa held han ein lang, nyspissa blyant. I den andre eit papir, overkola med ord paa langs og paa tvers. Dette er Julstrup, «Diktaren», han som ein gong for lange, lange tider sidan var kopist i eit kongelegt norsk departement, men som no liver sine siste dagar paa «Sorgenfri», og kortar tida med aa dikte visur um mord og brand og andre forvitnelege hendingar. Han «Petter Loppa», sirkuskunstnaren, mannen med alle dei spanande forteljingane fraa live der ute i Europa, sit og duppar over gamle papir, brev skrivne med damehand paa roseraudt papir, og kontrakter med mange tal i, paa store ark. – Ein liten veik tusling, bøygd i rygg og kne, tassar att og fram millom sengjene. Han har nokre faa, ljosraude haar ved øyro og i nakken. Augo hans er smaa og saare, nasen lang og hengjande, haka spiss og framstaa-ande. Han tygg idugt og fort paa dei tannlause gummane, og kniser ved seg sjølv alt i eitt, og ristar paa hovude. Men det er ingen som bryr seg um kva han «Teodor Tull» tar seg til. Og aldri spør nokon kva han lær aat.

9Burte ved vindauga sit ein og prøver kike gjenom det vaate glase, medan vatne silar i bekkjer nedetter. Det er han «Anton Graabein». Andlite hans er stort, med grove, djupe strikar. Munnen er brei med tjukke lippur, tennene gule og sterke, utan flekk eller lyte. Ein tjukk skiten islendingForfatternote: Ulltrøye. sit i skrukkur nedetter bryst og rygg. Broka er berre halvt paadregi, og selane heng i golve.

For seg sjølv burt i myrkaste roa sit ein mann paa sengekanten. Han er i sytti-aara han og, men ser yngre ut. Kroppen hans er spinkel og grann, men vent bygd. Han er rak i ryggen, og paa det vene hovude sit haare tett og brunt, utan islætt av graatt. Det som ein fyrst legg merke til i andlite er det flotte skjegge; det heng som ei sidegardin paa kvar kinn. Det er noko daudt i augo hans, og munnen er slapp, med ei litt hangande underlippe. Og nasen er kan hende noko for raud. Denne mannen ber namne «Konsulen». Han sit og les i eit gamalt bilætblad, og ser kje ut til aa eige ein tanke utanum. Han er aaleine med sitt. –

Han Anton Graabein snur seg fraa vindauga og skubbar dei haarute hendene att og fram over bryste, og hustrar: Den som hadde litt i omnen i slikt et vêr! seier han. 10Det blaaser tvers igjennom kroppen paa en stakkar!

Han Teodor Tull kniser og ristar paa hovude og tygg vidare. Han Henrik i senga dreg teppe betre upp under haka. Men korkje han Petter Loppa eller Diktaren eller Konsulen har høyrt eit ord av det som er sagt. Det skal meir til for aa vekkje dei!

Daa reiser Graabein seg og geispar stort. Og han hiver i broka og slengjer selane over akslene: Skal vi spleise til for fem øre ved, gutter? Det blir jamt et øre paa hver av vors – for du, dikterkongen, er vel blank som vanlig!

Ingen svarar med same. Men so tar det til aa leda seg burte i senga hans Henrik. Han breier teppe vekk og kjem seg paa olbogen. Og han leitar under puta og dreg fram ein liten gul messingdaase. Og han faar upp loke og stikk to av dei beinturre, blaakvite fingrane ned i, og dei grev millom koparskillingar og tobaksbussar og finn fram ein øre. Og han retter den skjelvande handa ut mot Graabein og nikkar byrg: Her er min part! seier han. – Ingen skal faa sagt at han lurer seg unda, naar det gjeld. –

Men korkje Loppa eller Teodor Tull har noko aa spleise med. Og Graabein lyt prøve Konsulen, um han skulde vera rik: Aassen 11er det, Konsul? spør han. Vil du ta aktier i denna trelasthandelen vaar?

Konsulen grip i vestlumma: Aa mye koster aktien? spør han og dreg paa smilen. Graabein gjer seg høgtideleg og talar sitt finaste maal: Et øre, min herre! svarar han. Men hvissom hr. Konsulen synes det er for meget, kan han gjerne faa sleppe med aa ta en halv en! – Han Teodor Tull kniser litt høgare en elles. Ja, um det so er Diktaren, so dreg han paa smilen.

Men Konsulen lest ingenting sjaa. Han tar ein tiøring upp fraa vestlumma og legg han i handa hans Anton: Ta den! seier han. Han klarer sig vel, den! – Og han tar til aa lesa att der han slapp.

Men Graabein ser paa tiøringen. Snur han paa baae sidur og storglanar paa Konsulen att. So legg han neven tungt paa aksla hans: Du er en kjernekar, Konsul! Den som sier no anna, han juger! – Han dreg islendingen betre nedover bryste og finn paa seg ei trøye og gaar mot døra. Men daa han stryk framum han Henrik, bøygjer han seg over han og klappar han paa den blanke skallen: Naa skal du faa varme baade dig sjøl og alle di smaa sengekammeratene dine! seier han. Pust varmt nedigjennom teppe naa, saa holder du liv i dom til jeg kommer igjen! –

12Ein times tid seinare er rome godt og varmt. Graabein sit og passar omnen. Hiver kvit, turr granved i gape paa han, so snart logen minkar litt. Paa borde ved døra staar dei tome koppane etter eftaskaffien, som karane nett har slurpa i seg. Burtved vindauga sit Loppa med ei rykande kritpipe inni neven. Og kvar gong han har suge i seg eit drag, glytter han noko paa glase og set truten burtaat opninga og støyter røyken hardt ut. Det er kje lovlegt aa røykje inne. Og ute regner det.

– Men dei andre trøystar seg til skraae – med undantak av han Henrik. Han har gøymt seg under teppe og ligg der og kaldrøykjer paa ei pipe han har grave fram fraa sengehalmen. Han plar stela seg til ein røyk han og, stundomtil. Men det er berre um nætene det, naar dei andre søv. –

Graabein har slengt dei siste vedpinnane i omnen, og har no tid til aa tenkje paa anna. Han geispar og ser seg rundt. – Aa mange er gullure ditt, Konsul? spør han. Mitt staar det, veit du!

Konsulen dreg fram ei gamal, flat sylvklokke: Fem! svarar han. Et par minutter paa fem!

Graabein strekkjer seg. Ikke mer? seier han. Jøss, aa skal en gjøra av sig, denna lange kvelden? – Blade til Konsulen stikk han i augo, og han dumpar ned ved sida av han: 13Les no morosamt for vors da, Konsul! bed han. So gaar tida den stønna!

Konsulen ristar paa hovude: Det er gammalt! seier han. Jeg har lest det for dere hundre ganger før!

Men Graabein er kje tenkt aa sitja og glana heile kvelden. Han er huga paa litt moro, attpaa kaffien og den gode varmen: Fortel ei skrøne da, Loppa! vender han seg til han. – Det gjør ‘ke no om vi skjønner du juger, og det er det samma om vi hørt ‘a før!

Men Loppa har det for annvint med pipa no: Jeg huser inga i kveld! svarar han. I morra skal du faa saa mange du vil ha! Graabein murrar noko inni seg og blæs mot Loppa. So skottar han paa han Teodor Tull, som gaar der og tygg og gliser. Og han skottar paa Diktaren som stirer i take, og paa han Henrik som har gøymt seg under teppe. Nei, det er inga moro ved dei! Faar nok prøve ein annan stad!

Han dultar til Konsulen, so blade hans dett paa golve: Skal jeg fortelle litt, Konsul? Fra den tida vi lærte aa kjenne hverandre?

Konsulen flytter seg eit stykke fraa han: Jeg vil vera i fred! seier han, utolsam. Set dig paa di eiga seng!

Graabein reiser seg, og no grin han stygt: Omfeladels! hæder han. Jeg tenkte Konsulen og jeg hadde budd saapass under samma tak, 14at vi kunde sitta paa samma sengekanten au, jeg! Men gudbevars! Jeg har seng sjøl – og det lissaa god som di, saa jeg krøsser ikke!

Han slengjer seg hardt ned paa si eiga seng: Du trur vel jeg har glømt du, Konsul, fordi om at jeg ingenting har nemt til dom andre! Men jeg huser nok, gutten min, lissaa godt som du! For du har nok ikke glømt du heller, naar det kommer til støkke! Det saa jeg paa dig da du kom hit første gangen. Du blei saa drivande bleik som det hviteste laken, da du kom inn av døra der, for en fem-seks aar siden, og fikk se mig. Du lest ikke merke med no, du. Og jeg sa ingenting. Men helt fra den første gangen du sette foten over dørstokken her, har jeg visst aa jeg har set di raude sidegardinene dine hen før. Og naa kan jeg lissaa gjerne si det, for vi trenger ikke gjøra vors til for hverandre, vi som skal bu i hop til vi sturter! Hør her, gutter! Jeg og Konssulen har budd paa samma hotelle før vi, og det paa et mye flottere en detta. Det ligger forresten ikke saa langt unda, du har det like utafør Grønlands kjerke, og det ligger midt paa ei grøn løkke, og det er høie murer omkring det!Forfatternote: Bodsfengsle

– Dei andre som hadde vore likesæle i fyrsten, 15skvatt no til. Han Teodor gjorde ein liten stans i den endelause marsen og stelte seg framfor forteljaren. Han Henrik drog teppe fraa andlite, og Diktaren la burt papir og blyant. Ja, um det so var Loppa, drog han seg vekk fraa vindauga no. Dette var nok betre ting en ein piperøyk, det!

Men Konsulen hadde vorte endaa mindre en fyrr, der han sat burtpaa sengekanten. Han strauk seg eit par gonger over panna, og handa hans vart vaat av sveite. Han saag paa døra og reiste seg halvt upp, vilde røme ut der. Men gav det upp att, og vart sitjande. Det var inga hjelp i det. Han maatte likevel inn att seinare. Best aa ta det no, so var det overstridd. –

Graabein vart straalande. Det var daa morosamt at han og kunde koma med ei historie som sette litt kveik i karane! Ja, ja. Best aa drive paa daa! Han skulde kje stoppe paa halvvegen:

De er ‘ke saan aa forstaa, at du ikke er like god kar, for det om du har traadt gæli i ungdommen, Konsul! Men du skulde ikke vera saa hoven, gutten min! Det er det vi ikke vil veta av! Jeg hørte dom snakka om aassen du saa ut, da du kom inn av fengselsporten! Aassen du var maja ut med baade diplemat og floss, som om du skulde vera en 16prest eller grosserer og ikke en stakkars høker, som hadde skrivi falskt. Men det kan vera glømt, for da var du ung! Men naa er du gammal og innlagt paa «Sorgenfri», og naa kommer du ikke ut herifra, før dom bærer dig til gravlund’ eller universitete, gutten min! Saa naa kan du slutte med narrestrekene dine! For det om du pusser støvla dine hver dag og greier haare ditt baade med kam og med børste; og for det om du pusser tenna dine og vasker nevane dine hver gang du har faatt i dig en beta mat, saa blir det ikke finere jord eller grummere medesiner av dig en av vors, far! Naa veit du det, au! – Eller kanskje du tenker aa sleppe laus herifra, du? Jeg hører nok at du holder til hos denna mjelke-enka paa hjørne, at du hogger ved for ‘a og slikt, men det kan du nok gi opp, gutten min! Hu er nok ikke saa dum at hu bryr sig om en gammal falsk-skriver i lappete vømmelsbrok og en utvaska busserul, far! Saapass kjenner jeg ‘a, jeg au!

Her bynte han Teodor Tull aa storlæ, og Graabein lo med. Og han vilde til aa halde fram med moroa, daa det var ein som stelte seg framfor han. Det var Diktaren som stod der. Han var so sint at han riste. Det store hovude gjekk upp og ned i smaa nikk, og krullane dansa i panna hans. Han sette dei to knytte smaa baanenevane sine upp i andlite 17paa Graabein, og det var so vidt dei ikkje støytte upp i augo hans. – Naa er det nok! kveste han. Ellers skal du faa kjenne dissa, uslingen du sitter der!

Graabein saag upp, forbina. So smilte han og greip ein av dei knytte nevane i kvar av sine, og tviheldt: Saa baan! terga han. Saa baan! Rolig naa!

Men daa vart ei onnor hand lagd paa aksla hans. Og Loppa stod stød og trygg og saag paa Graabein: Det er best du slepper Julstrup! sa han. Og saa slutter du med tøyse ditt for i dag! Saan ja! – Legg dig naa ner og hvil litt! –

Graabein slepte Diktaren. Prøvde seg so med ein ny laatt. Men han lyddest so inderleg turr og haas, og han tok han i seg straks. Han vart sitjande raadvill no, forstod kje at dei ikkje moroa seg over det han hadde fortalt. Eit sinne arbeidde seg upp i han. Det var skam slik dei bar seg mot han, desse gamlingane. Naar dei hadde eitkvart aa fortelja, var aldri han nøgje paa aa læ alt i eitt. Men naar han skulde prøve vera morosam, var det aa faa knyttnevar upp i syne! Aa jo! Det fans rettferdigheit her i verda som sa seks! Han sputta langt og slengde seg bakover i senga. Best aa sova fraa heile suppa! So kunde dei more seg sjølv ein annan gong, toskane!

– Og det vart som fyrr i rome. Loppa 18gjekk til vindauga, og Diktaren til senga og blyanten og papire. Og han Teodor Tull gav seg til aa traave att og fram, fortare en fyrr. Han hadde kvilt for lenge no. Laut skunde seg, skulde han ta att alle dei stega han hadde mist. –

– Enkemadam Nilsen, eigaren av «Sorgenfri», er ferdig med dagsens slit. No sit ho i det vesle rome sitt med eit handarbeid. Og ho smaasyng for seg sjølv med’ ho lar naala gaa. Ho er i sekstiaara, ser det ut til. Haare er kvitt og andlite rukkut. Men augo er unge og friske og vene.

Ho skal nett til aa leggje burt for i kveld, daa det er einkvar som taslar i gangen og bankar paa døra. Det er Konsulen som kjem inn.

Madam Nilsen nikkar mot han og smiler: Versgod sit! seier ho. Er det no’ jeg kan hjelpe Dere med?

Konsulen vert staa’ande ved døra: Det er bare det, at jeg tenkte gaa til søster mi i morra! seier han. Saa De maa ‘ke bli rædd om jeg blir borte ei stønn!

– Madam Nilsen svarar ikkje med same. Ho dukkar hovude over arbeide sitt, og saumar idugt. So braakastar ho augo paa han og ser granskande inn i andlite hans: Til søster 19Deres? spør ho. Har hu sendt bud etter Dere?

Konsulen ser henne truverdig inn i syne, han har ingen ting aa vera rædd: Jeg fikk brevkort fra ‘a i efta! seier han. Hu’ hadde løst til aa se mig, skriver ‘a!

Madam Nilsen veit kje visst koss ho skal ta dette. Det rettaste var sjølvsagt aa verte sint, men ho er kje god til det no. Det er slik synd paa den stakkaren der burtved døra, denne velpussa gamlingen i bøtte klæde som er so altfor romslege til den skrinne kroppen. Hm! Han skal til søster si, no att! Han som korkje har søster eller andre slegtningar paa denne kanten av lande! Og som ikkje eig ein livande skapning som bryr seg um han, utan dei stymparane han bur i hop med!

Ho stel seg til aa braafara over han med augo. Fælt so bleik han er i kveld! Og so lei seg som han ser ut til aa vera!

Heile soga hans stig fram for henne i denne augneblinken – soga som presten fortalde henne, daa han var her og gav ifraa seg Konsulen. Soga um husmannsguten som kom til byen og sleit seg fram fraa visargut til fyrstemann. Og som sidan opna eigen forretning rett over gata for den gamle sjefen sin. Soga um han som slo for stort paa, som livde storkar millom grosserarar og fine damur til 20i kassa vart tom og han laut skrive falskt for aa skaffe pengar. Aa jau! Ho visste nok um det! Visste nok um koss venene snudde seg fraa han, daa han slapp ut fraa fengsle, visste nok um koss han hadde svolte og frose og drukke og lide vondt, og sokke djupare og djupare i søyla, til han til slutt vart hjelpt inn paa «Sorgenfri»! Og ho visste endaatil um koss han leika storkar ein gong i millom enno – naar han hadde raad til det. So ho skulde vel negte aa sleppe han utanfor porten aaleine – naar rett skulde vera. Men det er kje moro aa vera rettferdig altid, heller. Det er jamnast større hugnad i aa fylgje sitt hjartelag! Og det vilde ho gjera denne gongen og, som so ofte fyrr. –

Ho reiser seg og gaar burt til han: Ver naa forsigtig i morra, da! aatvarar ho. La ikke søstera Deres vera altfor godhjerta! Hus paa De taaler ikke stort!

– No greier ikkje Konsulen halde augo uppe mot hennar lenger. No lyt dei i golve. – Nei, jeg skal nok passe mig, stammar han. Hu er saa klok slik, søstera mi! Hu gir mig nok ikke mer en jeg taaler!

Madam Nilsen gir han handa: Ja, ja. God moro! seier ho. Jeg sitter oppe og passer porten, om det skulde bli seint for Dere! Ho vart staa’ande i tankar, daa han var ute av døra. –

21– Det er ved ti-tida same kvelden. I fem av dei seks sengjene ligg gamlingar og søv, og dei drøymer um ungdoms gleder og manndoms sorger. Diktaren har lagt blyant og papir ved hovudgjerda si, um ein eller annan idé skulde vekkje han. Graabein ligg paa ryggen og snurkar gjenom open munn. Skjurta hans er uppflengd, og nevane kviler knytte paa det haarute bryste. Han Teodor Tull har slutta med den evige tassinga si. No ligg han med knea uppunder haka. Men ender og daa rykkjer det i beina hans, som um dei vil byne paa att, men det vert ingenting av det. Loppa ligg uroleg som vanleg. Kastar seg hit og dit, hiver seg rundt fraa den eine sida til den andre. Han er paa sirkus um nætene, Loppa. Gjer rundkast paa springande hest, og kastar seg paa hovude fraa kuppelen ned i manegen. – Men han Henrik i senga søv fredfullt som eit baan. Han har nesta hendene over bryste. Og salmebok og bibel ligg paa nattborde hans. Dei skal sjaa han har vore ferdig til aa fara, dersom han ikkje skulde vakne meir. –

Berre Konsulen søv ikkje. Han ligg og lyder. Men daa det ikkje er anna en pæsande andedrag aa høyre, reiser han seg or senga. Og han stikk handa inn i sengehalmen og 22leitar etter eitkvart. Og det er kje lenge fyrr han har ein liten lerreftspose i fingrane.

Han kveikjer i ein liten ljosstubb han har liggjande i bordskuffen. So set han seg paa sengekanten. Og han opnar posen. –

Han vert sitjande lenge og rekne. Det lyt gaa so stilt, so stilt. Han har breidd overteppe til sides, og han tar skjelling paa skjelling upp or posen og legg han ved sida av seg paa lakene. Og han er ferdig til aa slengje teppe over, ved minste lyd. Men han faar sitja i fred, til alt er upptalt. Daa nikkar han velnøgd. Tredve kroner! mullar han. Det lønner sig ikke saa reint verst likevel, aa hogge ved for mjelke-enka, Graabein! Det blir noen kroner om aare! – Han let posen liggje under teppe. So tar han fram ein liten nykel han har hangande inn paa bryste. Og han bøygjer seg over ein kuffert i kroken. Og han læser upp. –

– Han held ein «diplomat» i vere, ein skrukkut, svart diplomat. Han fér over han med rannsakande augo. Det er kje fritt for at dei er noko slitne, kantebanda. Og det vantar eit par knappar og, ser det ut til. Ja, ja. Det vert vel ei raad med det. Han legg frakken varsamt fraa seg paa senga, og han bøygjer seg etter meir. Og han legg ein kvit vest paa frakken, og ein krage og ei gloande sløyfe. Men det grumaste av alt er no likevel 23flossen han finn upp. Han er blank og fin i haara som fyrr, det kan ingen sjaa kva han har gaatt igjenom her i verda. –

Konsulen staar i tankar framfor desse gamle klædesplagga. Det er so mange minne som velter inn paa han. Tunge minne, men kjære likevel. Han har kje raad til aa misse eit einaste av dei. – Han stryk hatten etter haara, det er ein ven han klappar. Ein av dei faa trufaste. – So, utan rett aa vita kva han gjer, set han hatten paa hovude. Og han retter ryggen og gir seg til aa drive att og fram millom sengjene. Stundimillom helsar han djupt og smilande. Men det hender óg at han berre lyfter eine fingen mot hattebremen. Ein helsar ikkje like djupt paa alle her i verda. –

Daa gjer Loppa eit av sine beste rundkast, og Konsulen kjem til seg sjølv. Han spring mot senga so skjurteflaka viftar bak han, og han sløkkjer ljose og hoppar i seng. Men han ligg lenge fyrr han sovnar. For han maa tenkje paa den store dagen i morgo. –


II.

Ein gamal mann med stokk i hand kjem ut porten fraa «Sorgenfri». Han er klædd i diplomat og floss, han er nybarbera og vasskjemd, 24og han har lorgnet paa nasen – Han stanar litt utanfor porten og myser mot sola. Himmelen er blaa i dag. Dei graa regnskyene som laag over hustaka i gaar efta, er farne. Det einaste som minner um at dei har vore her, er søylepyttane som blenkjer i gatune. Konsulen gir seg til aa gaa nedetter den stille gata. Han er i straalande godlag og trippar lett avstad millom vassdammane. Det blæs litt, og skjegge kjæler han kring halsen. Det er so velsigna lett aa puste i den reinska lufta. Han gaar gjenom gatur med laage, ustelte trehus paa kvar side. Graa, rotne trehus med veggjer som tyrstar etter maaling, med skeive portar og sundslegne glasrutur. Men Konsulen ser seg ikkje til sides no, vil ikkje skjemme burt dagen med aa glana paa slik styggedom. Dei skal faa helgedagskost, augo i dag. Slikt som dette faar dei nok av til kvardags. –

Han skal til aa svinge kring eit gatehyrne, daa han flyg butt paa ein fillesankar som er ute for aa helse paa søplekassune. Lorgnetten sprett fraa den trygge naseryggen og hoppar ned i søyla. Og flossen tenkjer paa aa slaa fylgje. Men Konsulen fangar han paa halvvegen og set han tilbake paa rette plassen, med han ser paa den sprit-duftande sekkjeberaren: De faar se Dere føre, min herre! seier han. Det er da maate paa aa gaa i ørska, óg!

25– Fillesankaren tar til lua: Omfeladels master! seier han. Det er ‘ke saa godt aa vera vaaken, naar en skal gaa og sulte om dagen og ligge ute om natta. – Han retter fram ei svart hand: Riv i non ører da, grosserer! tiggar han. Dere faar dom igjen av Vaarherre, veit De!

Konsulen byrstar seg nedover klæda. So gaar han eit steg til sides, vil koma framum denne slusken. Men han gaar etter, held seg altid framfor han med utstrekt hand: Bare ei krone, master! Lang hit ei krone da vel, gamlen!

Konsulen slaar til handa med stokken. So bøygjer han seg og vil ta upp lorgnetten. Men tiggaren er for snar, set hælen paa han og traar til so det knasar i glase. Daa gliser han velnøgd og gaar or vegen: Dra til helvete, din fordømmade kapitalist! busar han or seg. Reis opp i Homansbyen med dig, storgrisen! Du har ‘ke no aa gjøra her nere hos skikkelige folk! –

Og Konsulen kjem seg unda, og han gaar fort nedetter. Han kjenner seg ikkje reint ulukkeleg heller, der han rømer. Det er mest som um han gleder seg i slengorda som vert kasta etter han. Og daa dei ikkje naar han lenger, tar han dei upp att sjølv, gong paa gong: Kapitalist! sa han. Grosserer! Storgris! Hm! Skulde du høyrt slikt! – Han steller 26seg til aa spegle seg utanfor eit butiksvindauga: Han saag ‘kje so verst ut i dag, nei! Han var ‘kje so dum, fillefanten. Han kjende folka sine! Hm. Han kunde no gjerne faatt ei krone og, fattigstakkaren!

Han har vorte uppøst av denne hendinga, det er kje fritt for at han skjelv litt i knea, sant aa seia. Men ein kunde daa kje setja seg og kvile paa ei høkertrapp, heller! Fekk prøve aa koma seg til den kanten av byen, der dei sette benkjer aat trøytte folk. Han skulde no den vegen likevel. –

Daa ser han ei opi hyrnedør rett i mot seg, og han stanar. Ei ung gjente staar i opninga og glor paa gatelive, ei ung, lubbi gjente med svart haar og gyllte ringar i øyro. Men det er ein annan ting og som gjer at Konsulen ikkje kjem lenger; for paa glasruta over døra staar eit ord maala med kvite bokstavar, eit ord som dreg mest likso mykje som ei ung gjente. «Restauration», staar det. Og dit inn gaar han. –

– Ein halv time seinare er han paa farta att. Skjelvinga i knea er burte, ja han kjenner seg sterkare no, en han har gjort paa lenge. Reint som ein ungdom er han, han har mist mange, lange aar paa denne halvtimen. For eit godt øl! Og for ein skapnad paa den gjenta! Og so blide augo! Synd at ho skulde øydeleggjast i ei skarve ølsjapp! Ho skulde 27burt, skulde ho, faa seg ein bra mann og mange baan, det var det ho skulde! Han vilde redde henne, vilde han, ja han vilde ta ho til seg og stelle godt med henne og gjera eit menneskje av henne. Berre Vaarherre gav han helsa og livedagane! –

– Han er komen ned mot bryggjune og gir seg til aa gaa strandvegen kring festningen. Det blæs friskt fraa fjorden, og baatane voggar seg paa kjælne bylgjur. – Han steller seg paa aller ytste bryggekanten og let det blaase paa seg. Tar av seg hatten og knepper upp diplomaten. Og vinden leikar gjenom haar og skjegg, trengjer seg gjenom klæda og kitlar nedover bryste og ryggen. Konsulen pustar godt ut, bryste vert so uendeleg lett og fritt. Det er som um han tar seg eit friskt bad no, eit bad som skyljer vekk alt det støve han gjenom mange aar har samla i eit trongt, myrkt rom med seks sengjer. –

Han gaar sin veg vidare og nærmar seg byen att paa den andre sida festningen. Ved bryggjune her ligg den eine store skuta etter den andre. Her køyrer dei med tunge vogner, her ropar og staakar bryggjesjauarar og skipsfolk. Konsulen stanar alt i eitt, der sjauen er stridast. Han faar eidar og tilrop slengt mot seg, fordi han staar i vegen. Han lyt springe or vegen for ryggjande hestar, men har kje raad til aa gaa langt vekk. Han maa 28blande seg med dei slitande, staakande menneskja no, maa staa midt i tumlinga ei stund, for det er so lenge sidan sist! –

– Lenger inn mot byen er det meir stilt. Her er det mest smaaskutur som ligg, og her driv berre nokre faa mann med lossinga. Alt er fredelegt og gamaldags her. – Konsulen stanar hos ein gamal mager hest som staar og halvsøv i solsteiken, og hengjer med hovude over ein høydott. Han klappar dyre paa halsen og smaapratar med det. Og hesten lyfter hovude og humrar. Søkjer til handa hans med den hangande underlippa, um eitkvart godt skulde liggje gøymt der. Men Konsulen har ingenting aa gi burt. Handa hans er tom og lummune hans er tome. Berre ei lumme har han noko. Men det er skranglande sylvpengar, det høver ikkje for ein hestemage. – Han gaar litt fraa hesten, vil kje staa og gjera han vonfull og so narre han. Hesten prøver gaa etter, men daa han kjenner lenka kring det eine forbeine, gir han upp og steller seg til aa duppe over høydotten att.

Daa kjem køyrekaren ruslande. Det er ein gamal knebøygd mann, likso mager som hesten, og likso sliten. Han kjem fraa kaffihuse like ved, og knaslar enno paa sukkerbiten. Han tar hesten i beisle og stikk ei hand under munnen hans: Her, Brona! seier han. Her har du noe aa gnavle paa!

29Konsulen ser koss hesten vaknar og hevlar i seg dei gode sukkerbitane. Han gaar heilt burttil, maa høyre kor godt han knaskar. Og han snur seg til køyrekaren, som driv og sopar upp høystraa’a: Han liker sukker, ser det ut til! byner han. Det var nok nydelige saker, det! Gamlingen slengjer høysekken upp i den tome vogna: Hu liker det som godt er, hu som vi andre! svarar han. Og han løyser Brona og skal til aa stige upp.

Daa grip Konsulen braatt i lumma si. Og han stikk noko burt i neven paa køyrekaren: Der! seier han. Ta det!

Gamlingen staar med det eine beine paa drage: Aa skal jeg med den halvkrona? spør han. Jeg har ‘ke tiggi om penger!

Men Konsulen slaar han naadig paa aksla: Det er til Brona! seier han. Kjøp sukker til Brona for pengene! Og han nikkar og gaar. Han høyrer ei larmanda vogn koma etter seg. Og han ser ein gamling som sit med lua i handa og bøygjer seg djupt, med same han køyrer framum. Og Konsulen lettar litt paa hatten han óg, og smiler verdigt. For rett nok er han ein fin mann, men ingen skal no faa sagt at han nokon gong har halde seg for god til aa helse paa ein arbeidsmann, lel! Vi er daa menneskje alle!

III.

30Holmenkollen.

Konsulen sit paa ein benk og ser utover byen som ligg halvt gøymd under eit graablaatt taakeslør.

Han er trøytt og mett etter middagen inne paa hotelle. Og det sterke øle har gjort han tung og dauv. – Men han kjenner seg so fullkomen lukkeleg der han sit. Alt har vorte so blidt og rundt. Verda har mist alle dei skarpe kantane som det er so lett aa støyte seg paa til kvardags. –

Han har lagt flossen og stokken ved sida av seg. Ein rykande sigarstubb heng i eine munnvika, og taarune renn. Dei er komne or vane med aa tole sigarrøyk, augo hans no. Det er det dei græt for. Men Konsulen kan kje ta umsyn til eit par gamle sure augo. Dei lyt finne seg i aa tole litt av verda dei óg! Det som maa til, det maa til! Og at ein god sigar høyrer til ein betre middag – sopass fekk dei lære seg til aa skyne! –

Han ser til sides paa benken der hatten og stokken ligg. Sit og stirer paa den plassen, lenge. Han gløymer alt ikring seg. Byggjer upp sine eigne bilæte. Han smiler til ei som berre han ser, snur seg heilt til henne og nikkar: Du har rett i det, Margit mi! seier 31han. Storartet vêr! – Han let handa gli burtetter ryggstøda, og let den usynlege venen halle seg inn til: Ja, det er sant som det er sagt, kona mi! Det er mangen en dag siden vi sat her sist! Men vi skal begynde aa vanke her igjen, nu! Joda. Vi tar en tur hit imorgen. Men da kjører vi. Det er dumt av oss aa laa hestene staa og dovne sig, mens du sliter dig ut! –

– Den grove ulinga fraa ein amerikabaat vekkjer han. Og han seier ikkje meir paa ei stund. Let augo fylgje den velduge røykspyaren som sig inn mot bryggjune. – Daa han so skal halde fram med samtalen, daa han skal bøygje seg mot ho Margit og sjaa henne i augo, er han kje god til aa finne henne att. Det er berre ein floss og ein stokk paa benken. –

Han stryk fyrst handa over panna, modlaus. Men so tar han seg saman. Vil ikkje gi seg. Det var kje hans meining at ho skulde røme alt no! –

Han triv hatt og stokk og reiser seg. Og han retter eine armen mot benken: Kom nu, Margit! bed han. Du taaler ikke sitte her lenger! Den sterke luften tar paa dig! – Og ho Margit er ei lydig dame. Ho fylgjer sin herre og husbond. Og dei gaar smaatt burtetter. Konsulen held den eine armen i vinkel ut fraa sida. Og han nikkar idugt og 32smaarøder blidt med henne som tokkar seg inn til han. –

– Han er komen ut paa hovudvegen. Det ber unda, og det er lett aa gaa. Men Konsulen kan kje skunde seg. Han maa vera varsam med henne han leier. Han ofrar seg heilt for henne, gløymer heile verda for hennar skuld. Gløymer seg slik at han ikkje sansar seg fyrr ein skrattande laatt vekkjer han. Men daa kjem han til seg sjølv. Dei fire bleikfeite tyskarane som køyrer forbi paa veg uppetter, jagar alle syner, der dei slaar seg paa laara og morer seg kongeleg over den galne mannen. Og no tar Konsulen til sprange; humpar avgarde so fort han orkar so kan han koma kringum vegsvingen. Og no heng baae armane slakke, for no er kje ho Margit med lenger. –

Men han fell snart til ro att. Daa han er ute or syne, slengjer han seg ned paa ein stabbestein og kviler seg godt ut. Grip so i lumma og tar upp ein neve skranglande sylv. Og baade ho Margit og tyskarane er gløymde. –

Han ristar paa hovude daa han er ferdig med tellinga. Fælt so fort dom gaar! mullar han. Bare femten kroner igjen! Han stappar dei i lumma og blæs likeglad: Dom greier sig i dag! seier han. Og i morra trenger jeg ingen penger! –

– Det er straks over middagen no, og sola steikjer godt. Konsulen skyv flossen i 33nakken og labbar i veg paa nytt. Han har ingen aa tala ved no. Og sigaren er slokna. Men likevel smaasyng han, der han ruslar. Det er kje slutt med humøre hans enno.

– Ei fem-seks arbeidarar driv paa med aa grava ei veite ved vegen. Dei har kasta trøyune, og andlita er vaatblanke av sveite. Konsulen stanar og ser paa arbeide. Og arbeidarane legg seg tyngre paa spadane, og ryggjene deira krøkjer seg endaa meir, og sveitedropane fell oftare til jorda. Dei tør kje sjaa upp, for det er kje godt aa vita kven dei har fyre seg. –

Konsulen seier ingenting for det fyrste. Men daa ein av karane lyt upp or veita etter eit grev, nyttar han høve til aa helse: Godt og varmt! seier han. Nydelig høstvêr!

Arbeidskaren hoppar ned i veita med greve: Det er det samma for vors aassen vêre er! svarar han. Vi har ‘ke tid til aa tenke paa slikt, vi! –

Konsulen teier. Han har slik hug til aa vera hyggjeleg mot desse simple arbeidsfolka. Men det ser ut til aa vera vrangt aa koma til. Daa retter ein av karane rygg og strekkjer handa ut etter eit pott-spann som staar ved veitekanten. Og han set spanne til munnen og drikk graadugt.

Konsulen fylgjer det store adamseple med augo, der det glid upp og ned i den tunne 34halsen for kvar svelg. Og han vert tyrst der han staar. Faar hug til aa setja lippune til spann-kanten og belje vatn i digre svelgjer. Men det vert inkje av det. Mannen tar kje munnen fraa spanne fyrr det er tomt. Daa ein annan kar bed um ein skvett, fins det kje dropen att.

Konsulen forstaar at no kan det vera raad til aa faa slengt inn eit ord for han óg. Og han prøver seg: Det er godt aa faa vand naar en er tørst, seier han. Det fins vel ingen bedre ting i verden!

Han som drakk, ein tjueaars gut med ein logn blink i augo, tar tak i spaden att: Øl er berre! seier han. De kan gjerne ta alt det vande som i verda fins, bare jeg faar øle!

– Dei andre karane skynar no at denne gamle mannen ikkje er faarleg, og dei retter rygg med’ dei kviler paa spadane og sputtar. Det var sant san! meiner dei alle. Den som bare hadde sig en skvett øl, saa! –

– Konsulen gjer eit lite reknestykke i hovude. Og daa han er ferdig med det, vinkar han tjueaaringen til seg: Bli med mig du, mannen min! seier han. Det skal nok bli raad for noe for tørsten!

Dei stirer paa han alle. Forstaar kje kva han kan meine med dette. Men tjueaaringen, som til no har vore so djerv, misser mode og ser paa Konsulen med augo som er fulle av 35vyrdnad: Jeg har nok ikke lov til aa gaa!

Tenk om ingeniøren kom!

Men Konsulen veks: Hils ingeniøren og si at jeg har git dig lov du, gutten min! Mitt navn er konsul Ibenholt. Formann i kommunestyre! –

– Og Konsulen nikkar og gaar. Han har ein tjueaars vegarbeidar etter seg – ein som held seg paa høveleg fraastand. Og daa dei kjem til kjøpmannen, gaar Konsulen like burt til sjefen og peikar paa arbeidaran med stokken: La den mannen faa en kurv øl! byd han. Jeg betaler!

Han ser kje til sides paa den lukkelege arbeidaren som staar med lua i handa og prøver aa stamme fram ein takk. Han gaar fort ut. Og daa ei sporvogn nett stoggar utanfor, paa veg mot byen, stig han upp paa den. –


IV.

Ein times tid seinare riv Konsulen upp døra til ein restauration i Homansbyen. Ei hel flaske bokk-øl! skrik han til den feite kjeringa som sit bak disken og halvsøv. Fort Dere litt, er De snild!

Ho grin surt mot den gamle mannen som uroar henne i middagsblunden. Og ho 36blir kje blidare, daa han set seg inn i aller inste rome. Det er daa plass nok her inne, um han ikkje skal gjera vegen so lang som mogeleg for henne, vrangfanten!

– Konsulen finn seg taburett og bord i ei myrk ro. Og daa kjeringa kjem laskande med øle, riv han flaska til seg og skjenkjer glase fullt og beljar det i seg. – Etter det andre glase pustar han litt, legg floss og stokk fraa seg og kviler seg godt inn til veggen. Det er kje fritt for at ryggen verker litt no. Han har leita paa, denne siste marsen! –

– Han let att augo og liver den siste timen upp att i tankane – den timen som har gaatt sidan han steig paa sporvogna.

Det gjekk so velsigna gledeleg i fyrsten. Han var komen til aa sitja rett i mot ei gamal fatigkjering som skulde til byen med ei berkorg. Og denne stakkaren vart uroleg og nervøs av aa ha den fine mannen rett i mot seg. Ho gav seg til aa stryke dei turre hendene upp og ned paa korghanken, og ho glante ut av vindauga for liksom aa koma unda.

Men Konsulen vart byrg og smilande av dette. Han vart einig med seg sjølv um at han skulde vera hyggjeleg mot dette arme menneskje, gi seg i prat med henne og spyrje koss til stod. Ja kan hende stikke til henne ein ti-tjue øre óg, um høve baud seg. For det sat mange i vogna, og dei kunde ha godt av aa sjaa at 37det fans nokon her i verda, som var snilde mot fatigfolk. –

– So stana vogna ved ein station. Og fleire folk kom paa.

Millom dei var ein gamal svartklædd mann med kvit sløyfe under den glattraka haka og med gullbrillur i det bleike, verduge andlite. Han stavra seg fram gjenom vogna og fann seg sæte ved sida av Konsulen. Og han pusta godt ut og kom med eit par ord um eit herleg vêr. Men Konsulen høyrde inkje. No hadde han faatt det likso annvint med aa stire ut, som den arme fatigkjeringa. No var det noko ved landskape som fanga alle hans sansar, óg. Han kunde kje rive augo vekk fraa det storfelte utsyne. – Daa er det ein som gaar gjenom vogna, og det ringlar i pengar. Men Konsulen let seg ikkje uroe fyrr ein blaa papirlapp vert stukken upp i syne hans. Daa lyt han snu seg og finne fram pengar til billetten. Han vil vende seg mot glase att, daa ei hand legg seg vart paa armen hans. Og presten ved sida helsar og smiler: Goddag, goddag! bukkar han. Undskyld er ikke vi kjendte?

– Det stikk i panna paa Konsulen. Det er kaldsveiten som bryt fram. Og hendene tar til aa riste. Men det fins ikkje naade her. Han lyt ta imot den kvite, fine handa som 38vert retta i mot han. Og han lyt snu andlite til:

Jo, hr. pastor! stammar han. Det er nok saa, at vi er gamle kjendte!

– Han seier dette so laagt han er god til. Det sit folk rundt um. Og fatigkjeringa har han rett i mot. Det er ingen grunn for han til aa vera høgmælt. Stod det til han, skulde det ikkje verte sagt eit ord meir no! – Men pastoren vert blidare og blidare.

Han er byrg og fegen over seg sjølv, for sitt gode minne: Jeg saa jo straks at jeg kjendte Deres ansigt! smiler han. Jeg er altid saa skarp, slik!

Konsulen sit paa sprange. Berre no vogna vilde stana, so han kunde røme! Men det er nok ikkje so vel. Kvar plass i vogna er uppteken, so dei fer framum stationane utan aa stogge. All von er ute! Er kje lønt aa spele storkar lenger! No spør vel pastoren um koss det staar til paa «Sorgenfri»! For det er mest fjortan dagar sidan han var der ute og heldt bibeltime no. –

– Men pastoren ser ut til aa verte litt utrygg. Han granskar nøgjare andlite til Konsulen. Og di lenger han granskar, di meir raadvill vert han. Til slutt er det som um han gir upp aa gisse paa kven han har fyre seg, han ristar uppgit paa hovude: Men hvor har jeg Dem fra? seier han. Jeg kjender Dem 39jo saa godt, men i øieblikket er det mig umulig aa huske hvorfra!

– Konsulen er no heilt likesæl. Sit berre og ventar paa slage som skal knuse han. Ynskjer mest det skal koma snart, so pina er over. Ja, lat dei berre faa greie paa det, fatigkjeringa og dei andre, kva for ein kar dei har millom seg!

Han skal nett til aa hjelpe pastoren paa glid, daa han finn ut av det sjølv: Aa, nu husker jeg det! nikkar han glad. Det er fra hedningemissionen vi er kjendte!

Konsulen skvett til, retter seg, heitnar.

Nye voner, nytt mod strøymer gjenom han. Evig pris og ære! Det fins visst redning fraa vanæra like vel!

– Han gøymer ikkje augo lenger, nei han ser presten roleg i andlite: Jo, det er nok fra hedningemissionen, hr. pastor! stadfester han. Jeg har havt anledning til aa træ støttende til der, et par gange!

– Han veit han har git seg ut paa ein faarleg veg. Men no lyt han halde fram. Og presten er kjend for aa gaa litt i baandøme, so med guds hjelp let han seg vel narre! – Og Konsulen har held med seg no. Berre orde hedningemissionen er nok til at presten gløymer alt anna. No vert han sitjande og halde eit foredrag um denne kjæraste saka si. Og Konsulen har kje anna aa gjera en aa 40slengje til eit ha og eit ja stundom til. Kan ikkje lettare sleppe. –

– Dei er komne ned til byen. Konsulen er den som fyrst reiser seg og vil koma ut. Men presten tar han i armen og heng med. Han er enno ikkje ferdig med emne sitt, han maa faa lov til aa leggje ut um ein ny plan han har tenkt ut. Ein plan til frelse for mange. Og Konsulen gaar ved sida hans og høyrer paa. Ja, han vert litt etter litt riven med av planen. Kjem med ein merknad ender og daa, ja det er kje fritt for at han gir seg til aa ordskiftast med presten um eit par smaating i framlegge. Og presten bøygjer seg til slutt for dei kloke merknadene, seier beint fram at han skal gjera eit brigde i planen, so han vert meir etter Konsulens ynskje. – Men han krev pengar denne planen, og presten vonar paa gode menneskje. Og Konsulen er kje knuslut. Han gir presten lovnad paa ein sum som høver med hans vilje og evne. –

– Utanfor den flottaste garden i gata stanar Konsulen. Og han retter handa fram og takkar for fylgje. Lyt desverre skunde seg upp no. Dei ventar paa han med middagen! Presten ser etter han, der han svingar inn porten. So gaar han sin veg, straalande: Berre han raaka mange slike – ja daa skulde han kje vente lenge med aa setja planen sin i verk! –

41– Konsulen drikk eit par glas øl til. Og daa flaska er tom ropar han paa meir. Han hadde vorte reint edru etter samtalen med presten. Men slik kunde det ikkje vara ved. Dagen var for dyr til det! –

Han slaar det brune, tjukke øle i glase og drikk. Og han kjenner slik ei velgjerande, varmande sviding i magen.

Dette rome tyktest so svart og kaldt daa han kom inn her. Men no er her baade varmare og ljosare. Det er i grunnen koselegt her inne. Ein kan sitja so trygt og høyre paa folk som gaar framum ute paa gata. Ingen faarlege folk kjem hit inn. Her vankar ingen prestar som kan skræme vite av ein. – Han er den einaste gjesten. Ute fraa diskerome høyrer han dei pæsande andedraga av kjeringa som har sovna att. Og langt burte durar ei klingrande sporvogn. Det er dei einaste lydene som naar han. –

Han sit og halvdrøymer. Paa veggen rett imot heng eit bilæte som fangar augo hans. Det er ein reklameplakat fraa eit bryggeri. Paa ein fnysande hest sit den brynjeklædde riddaren og tar imot eit staup skumande øl som ei fager møy rekkjer han. Det kvite fraude veltar over staupkanten, og dei varme jomfruaugo straalar mot den tyrste krigaren. Konsulen kjenner seg ung og sterk og tyrst 42der han sit. Han reiser seg og lyfter glase mot jomfrua: Skaal skjøn jomfru! seier han. Di skaal!

Det gaar i gatedøra, og nokre halvfulle murarar kjem braakande inn.

Dei sjanglar mot rome til Konsulen og slengjer seg ned ved sida av han. Og han skundar seg ut. Orkar kje høyre paa simpelt prat i dag. –

– Han kjenner seg so frisk der han ruslar burtetter gatune. Rett nok er han litt tung i augo. Men beina er so mjuke og lette. Og alle dei menneskja han møter ser so snilde og gode ut. Han vert reint rørd over kor blide dei er. Det er berre noko tøys det, at menneskja er stygge og fulle av vondt! Det er han som har set gale fyrr. Men no i efta ser han rett. Og slik som han no ser, slik vil han sjaa altid heretter! Berre han aldri gløymde det!

– Det glir ein skugge forbi han, eit minne um eit gult trehus og eit lite rom med seks sengjer. Han stanar for liksom aa samle seg litt. Og han ser framfor seg fem karar, fem gamle, kvite menn. – Men det er merkelegt med det: Dei stig kje fram for han slike som dei elles er, dei har kje dei sure augo og dei grinute draga i andlita no! Nei, det er noko mjukt og varmt over dei, noko vent og godt. Og Konsulen faar taarur i augo over kor kjære dei er for han, og han nikkar 43til dei: Bare vent! seier han. Heretter skal det nok bli hyggelig i «Sorgenfri»! Han er arg paa seg sjølv fordi han ikkje har vore slik som han skulde mot dei. Han har havt eit gale syn paa live, han. Det er det som har vore feilen! –

– Han er komen ned i det fine stroke, i dei stille gatune med villaer og hagar. Han gaar smaatt her. Gaar som ein gamal rentenist paa eftastur. No og daa møter han ein einsleg vandrar, og daa hender det at han lyfter paa hatten. Helsar liksom paa ein god kjenning. Ja, han snur seg endaatil og ser etter dei som gaar forbi: Han saag klein ut min ven professoren i dag! kan han seia ved seg sjølv. Aa ja, aa ja san! Vi har vaart alle! Han ruslar vidare, utan maal. Har kje bruk for aa kike paa gateskilt. Det er nok for han at han er der han høyrer til og kan faa helse paa sine likemenn! –

Men ved eit av hyrno ser det likevel ut til at gatenamn kan vera nyttige. Han kjem i eigne, lette tankar, daa han med eitt braastanar og stirer paa ein raud murvilla i hagen til vinstre. Han stirer paa inngangen og vindaugo og take. Han stirer paa lysthuse millom trea i hagen, men vert endaa ikkje einig med seg sjølv. So skundar han seg burt til gatehyrna og les paa skilte. Og der faar han den vissa han søkjer.

44Han vert so kraftlaus i knea, vert svimren mest, og er nære paa aa sige ned paa butikktrappa. Men tanken paa diplomaten held han uppe, han tar seg saman, slaar stokken hardt i asfalten og driv mot villaen paa nytt.

– – Han gaar lenge att og fram i den gata. Kvar gong han kjem framum villaen, stel han seg til aa kike dit burt. Det ser so daudt ut der. Er visst ingen heime. Ein gong legg han handa paa portvriaren – vil gjera seg ærend dit inn. Men let det likevel vera. Det er visseleg betre aa gaa utanfor og drøyme. –

Det er mange lange tider sidan sist han gjekk her no. Det var fyre det hende, det fæle. Ja det var elles same aare. Det var det aare champagnen fløymde so rikeleg. Den champagnen han so dyrt laut betale. Det var det aare dei flokka seg slik kring han, venene. Ja, det var óg det same aare dei vart burte, alle. – Nei, ikkje alle. Ikkje ho. Ho Margit rømde ikkje. Det var inn i det lysthuse der han fortalde henne koss han hadde fare aat – og kva som venta. Og det var der ho Margit strauk hovude hans, som laag i fange hennar. Og det var der ho bad han vera tapper, for ho vilde ikkje svike. Ja, det var i det grøne lysthuse inn i hagen der! –

– Konsulen driv forbi huse. Og tankane fer vidare:

45Og det var ein annan stad. Det var i den myrke bygnaden langt, langt herifraa. Og det var straks etter den kvelden der inne. Han sat i seila si, daa det kom bod um at ei dame var komi paa vitjing til han. Og han saag eit raudgraate andlit, og han høyrde eit kjært maal som prøvde trenge seg gjenom graaten, utan aa greie det. Og han kjende ein handtrykk av ei lita kald hand – ein handtrykk som gjorde godt i handa i mange aar.

– Og det var endaa ein stad: Det var paa hybelen straks etter at han var ut komen. Den kvelden han fekk svar paa eit brev han hadde sendt henne. Eit svar som fortalde at ho alt hadde vore gift eit halvt aar med den lytnanten som budde i same huse. –

Konsulen er bleik der han gaar no. Ho har nok sine skarpe kantar likevel, verda! –

– So set han større fart paa. Og han refsar seg sjølv for sitt tungsinn: Detta er du ferdig med for lenge siden, Konsul! I dag er du glad, gutten min! Den som sier no an’t, han juger!

– Eit stykke burt i gata møter han eit gamalt par som ruslar i mot han, arm i arm. Mannen er rak i ryggen, endaa so gamal han er. Det spisse skjegge minner um militær. Kona er lita og triveleg og smilande. Ho og mannen gaar og godpratar med kvarandre, og ho tokkar seg trygt innaat han. Dei har kje 46tanke for anna en sitt, ser kje han som vert staa’ande stiv med same dei gaar forbi. Ser kje han som riv av seg hatten reint i ørska og bukkar djupt. Nei, dei ser ikkje han. Dei gaar lukkelege sin veg – og svingar inn i villaen. –

Men Konsulen staar med hatten i handa og ser etter dei. Goddag, goddag frue! seier han laagt. Jo takk! Jeg lever bare bra! Vi faar takke Vaarherre, vi gamle, at han har sparet oss for sorger og bekymringer i vaart lange liv!

– So set han flossen hardt paa hovude so det smell. Og so svingar han seg rundt paa hælen og gaar. Ein gong smiler han og skottar ned paa eine armen sin: Der hang du i sta, Margit! seier han. Naa henger du ien anden arm! Aa ja, aa ja. En kan ikke henge i den samma armen støtt, heller! –


V.

Den store kafeen paa stroke.

Konsulen har sett seg godt til rette, med utsyn gjenom dei store speglglasrutune. Det surrar kring han av glade menneskjerøyster. Og musikken upp under take blandar seg i med mjuke tonar. Og det elektriske ljose fløymer kvitt fraa veggjer og tak, straalar og blenkjer gjenom den blaa sigarrøyken.

47– Konsulen tar sigaren fraa munnen og drikk ein slurk av den rykande toddyen. Og han legg seg halvt bakover i den mjuke skinnsofaen.

Ute er det mest myrkt. Utpaa eftan vart sola burte, og regnskyene la seg tungt over byen att. No auser dei or seg. Det fløymer over tak og gatur, det sprutar i gatesteinen, og folk spring burtetter den vaatblanke asfalten, paa veg mot portrom eller sporvogn.

– Konsulen tar ein ny slurk. Og han ser likesælt paa dei hastande menneskja der ute. Han kan kje forstaa at nokon vil vera ute i slikt eit ver. Det er daa so mykje meir koselegt her inne. –

Han snur seg fraa vindauga. Vil burt fraa alt uvedkomande. Vil berre krype inn i seg sjølv. –

Det legg seg slik ein guddomeleg fred over han, ei kjensle av andagtsfull, still glede. Han kjenner seg so i samklang med alt her inne, alt det som sviv kring han, som liksom stryk kjælande kring øyro.

Musikken og den glade surringa gaar i eitt med den lukkekjensla han er fyIlt av. Han eig kje ein tanke utanfor denne salen. Det er her inne han høyrer til. For her inne er live! Ja her inne er live, det herlege, herlege live!

– Dei velter eit glas paa borde ved sida, og 48Konsulen vaknar. Og ved eit høve kjem han til aa sjaa ut gjenom vindauga att. Det silregner framleies. Vatne fell i lange strikar mot asfalten, og ingen folk er aa sjaa. Jau, der klint tett inn til ruta staar ein mann og gøymer seg for væta. Det er ein høg, gamal mann med kvitt bukkeskjegg. Klæda hans er daarlege og fillute. Og den lange kroppen er utpint av svolt. Han styd seg til ein stokk med eine armen. Men den andre armen er av ovanfor olbogen. Han klemmer ein bundel styvlereimar inn til seg med armstubben, og passar vel paa at dei ikkje blir vaate. –

Dei kverv burt alle dei gode kjenslune til Konsulen. Den gjenomblaute armingen derute jagar dei. Noko vondt velter seg inn over han i staden, noko svidande saart. Utan rett aa vita av seg, tar han til aa vifte mot gamlingen. Han maa vekk herifraa! Faar kje lov aa staa her og øydeleggje gleda for folk!

Men gamlingen staar med ryggen til, so han merkar ikkje noko.

Ein uppvartar kjem svinsande, og han ser straks kva det er i vegen. Han veit kva han har aa gjera, og han gaar modig ut og høgg inn paa fienden. Og han sigrar veldugt! Kryplingen bøygjer nakken og rømer ut i regne. –

Men Konsulen vil inn i paradise att. Vil 49symje i sæle ei stund enno. Men dørene er stengde for han no. Ein lang, utsvelt arming har stelt seg i vegen og er kje til aa koma framum. Konsulen prøver alle raader. Tar store svelgjer av toddyen, og let att augo. Voggar seg i takt med musikken, lyder etter dei glade menneskjerøystene, men faafengt. Samklangen med han sjølv er burte. Han eig ikkje lenger nokor lukkekjensle som maa flyte i eitt med gleda.

Han tømer glase og gaar. Han held ei krone i eine klypa og gir seg paa jagt i dei vaate gatune. Han leitar etter ein gamal mann med bukkeskjegg. Men han finn han ikkje. Og han klemmer hardt um kronestykke, gløymer til slutt kva han har tenkt med det, veit berre at han lyt klemme paa det og leite etter einkvar. –

Det er no heilt myrkt. Regne har git seg, og folk vaagar seg ut att. Konsulen fylgjer der straumen gaar. Det er det same for han, kvar det ber av. Han rekk tidsnok heim. –

Han vaknar ved at han gaar over ei bru. Og daa han ser seg um er han paa kjende tufter. Like framfor seg har han ein hyrnebutikk. Det lyser gult bak dei nedrulla gardinene. Dørene er stengde med lemmer og laas, men paa dei kvite gardinene sviv svarte skuggar att og fram. Skuggar av folk der inne som har det annvint.

50Konsulen prøver kike inn. Men gardinene sluttar tett til vindaugskarmen; det er kje ein glytt aa faa. Han gaar ut i gata og les paa skilte over døra – det store glasskilte med digre gull-bokstavar. «A/S Fredriksens Sønner» staar det! Haa, haa, san! Han minnest nok ei tid daa det korkje stod «A/S» eller «Sønner», han! Ei tid daa det greidde seg med berre Per Fredriksen. –

– Men no skraar Konsulen over gata mot det andre hyrna. Her er óg ein butikk, men her skin inkje ljos fraa vindaugo. Innanfor glasrutune skimtar han brød og hermetikkboksar og vinflaskur i eitt rot. Og han ristar paa hovude, arg over slikt vanstell: Dom kan da ikke vente det skal gaa, naar dom har det saa fælt! seier han. Han maa nok pynte litt, den som skal drive forretning!

– Paa dette fortoge er det inga ferdsel. Folkestimen glid kringum det andre hyrna; alle skal utover mot gamlebyen. Konsulen ser etter at ingen legg merke til han. So gaar han upp butikk-trappa og tar i dørhanken.

– Døra er stengd, som han hadde venta.

Men han gaar kje ned att med same, han snur seg berre – og ser paa gatelive under seg. Daa hender det noko merkelegt: Dei siste fyrti aara glir vekk unda han, dei dett av han som ein ham og tar med seg alle minne. Atter staar han her som den unge vonfulle 51forretningsmannen. Han staar paa si trapp etter ein hard arbeidsdag. No skal han ut i byen og treffe vener – dei venene han var saman med i gaar. Og dei skal more seg natta utover. –

Han tar i dørhanken ein gong til. Lyt kjenne um han har læst godt att etter seg. So gaar han ned trappa.

Han skulmar hatefullt mot den lysande butikken over gata, ja han knyter nevane: Vent litt, min gode Per Fredriksen! mullar han. Det skal komma den dagen da det skal straale liksaa blankt ut fra mine vinduer!

– Han gaar uppetter mot byen, men braastanar so: Aa nei. Ikkje uppover der i kveld! Dei faar heller vente til i morgo, kammeratane! Det har vore so trabelt i forretningen i dag! Han er so elendig sliten!


VI.

I dei myrke, stille bakgatune langt aust i byen driv ein gamal mann i diplomat og floss. Han ser kje ut til aa ha noko fast maal. Svingar kring hyrno til høgre og vinstre, etter som det fell seg.

Stundom er det som um beina slaar feil under han, og han sjanglar eit par steg burtetter. Men daa stanar han gjerne og samlar 52seg. Og so legg han i veg att, stivare en fyrr. –

Han er komen i ei gate med laage trehus. Det skin gult fraa eit og anna vindauga, der folk ikkje har stengt lampeljose inne med avisur eller laken. Elles er gata myrk. Det staar ei gaslykt paa kvart hyrna, men det er so langt millom hyrno.

Det er mest ikkje folk aa sjaa. Ein gjentunge kan koma springande med ein fløytekopp, paa veg til mjølkebutikken. Og i portroma kan det staa eit og anna kviskrande, elskande par. Men gamlingen ser ikkje til sides. Desse folka er framande for han. Han kjenner ingen paa denne kanten av byen. –

Han høyrer trygge steg koma mot seg. Og han ser ein diger skugge som skjer seg fram gjenom myrkre. Det er konstabelen som gjer si runde gjenom dei fredelege gatune. Det er han som trør so fast og tungt i søyla, sikker paa si magt og sin store styrke. Han kastar eit auga paa Konsulen med same han gaar framum. Og daa han tykkjer den gamle mannen helsar, svarar han med aa leggje handa til lueskuggen. Og han stanar si einsame vandring i von um ei lita korte i dei fire lange timane.

Konsulen stanar óg. Og han lyfter endaa ein gong paa hatten: Godkveld! seier han. 53Undskyld, kan De si mig hvad dette er for en gate?

Konstabelen skyt magen ut og legg hendene paa ryggen: Detta er Rosenbrogata! svarar han. Aa var det De skulde hen? Konsulen smiler: Ingen steder! seier han. Jeg bare gaar her slik og rusler. – Han prøver gjera mage, han og. – Jeg studerer! lyg han vidare. Studerer folkelive, min herre! Han gaar tett inn paa konstabelen: Kan jeg ikke faa slaa følge med Dem? bed han. En lærer saa lite av aa gaa alene! –

Konstabelen veks. Og han nikkar godsleg til den vesle gamlingen: Bare kom De! seier han. Det fins ingen som kjenner dissa gatene bedre end jeg! Og jeg skal nok fortelle det jeg veit!

– Dei traskar vidare i fylgje. Konsulen er so forviten og truskyldig. Har so mykje aa spyrje um. Og konstabelen svarar.

I fyrsten er han elles ikkje so reint sikker paa kva han skal tru um denne flossegubben. Det er kje fritt for det osar fyll av han. Og eit par gonger er det liksom han sjanglar. Men det er vel slik med slike storkarar! Dei legg seg vel aldri edrue, dei. –

Elles er han ein koseleg gamal mann. Gjemeinsleg og beintfram. Og han er kje rædd for aa fortelja um seg sjølv, seier baade 54kven han er og kvar han bur. Ja, so utruleg det en høyrest, bed han konstabelen heim til seg ein av dei fyrste dagane: Kom om fredags eftermiddagen! seier han. Da er jeg altid hjemme: Generalkonsul Hansen, Valkyrjegaten 78 B, anden etasje. En rød murvilla i en have. Det staar endda et grønt lysthus under trærne til venstre. –

Og konstabelen raudnar av byrgskap og glede. Dette skal bli noko aa fortelja kona! Ho kan ha godt av aa høyre kva slags vener han har! –

– Dei kjem inn i ei onnor gate, likso myrk og likso søylut. Konsulen kan kje berge seg for ein eid, naar vatspyttane vert for djupe: Slikt skal en finne sig i, naar en betaler sine skatter! blæs han. Det er virkelig for galt!

Og konstabelen er einig: Ja, dom gjør som dom vil med folk her ute! seier han. Bare dom faar elektrisk lys og asfalt der dom bor sjøl, blaaser dom i aassen fattigfolk har det! – Han faar braatt ei kjensle av at han har tala i villska, og han prøver rette paa det: Men det er jo ikke mer enn rimelig, at dom som betaler di største skattene faar di fineste gatene, sjølsagt. Det er ‘ke slik aa forstaa! –

– Men Konsulen svarar ingenting. Høyrer visst ikkje. Han er so reint still no. Det er som um han vil gjera seg so liten som 55mogeleg, han kryp reint i skjul bak den digre konstabelkroppen. Og dei gaar tagalle. –

Men konstabelen kjem til aa hugse paa at det er førar han skal vera. Og han gir seg til aa fortelja um dei husa dei gaar framum. Fortel um mannen som hengde seg i stallen der inne, og um signekjeringa som bur paa kvisten der det lyser. Og han fortel um den gamle tiggaren som held til i kotte innanfor gluggen der, den gluggen som er dytta med ei gamal klædesfille. Han som gaar i gardane og finn brødskorpur i skuledunkane, endaa han har bankbok paa mange tusen. Og han fortel um henne som bur innanfor vindauga der baaneskriken kjem ifraa, ho som tar til seg rikfrøken-baana som sine eigne, mot ein sum ein gong for alle. Og som desverre ikkje kan halde liv i dei lenger en eit aars tid. – Ja, han fortel. Og Konsulen høyrer. For han har aldri visst at det fans so mykje fælt her i verda! –

Konstabelen stanar ved eit lite gult trehus. Lampeljose skin i dei smaa vindaugo. – Der har vi «Sorgenfri»! seier han. Det har De vel ikke hørt gjete? Aa nei. Det har De nok ikke. Det er et sted De aldri kommer til aa trenge. – Han gaar inn paa fortoge og kiker inn gjenom eitt av glasa. Og han vinkar paa Konsulen: Kom hit! kviskrar han. Kom hit, skal De se no rart!

56Og Konsulen er ein forviten mann naar det gjeld folkelive. Han stiltrar seg paa tærne etter. Men han er likevel ikkje so modig som konstabelen, han tør kje klemme andlite so vel inn til ruta. Men han ser likevel det han treng. Ser eit rom med seks sengjer. Ser fem gamlingar som held paa aa dra av seg klæda. Og ser ei seng burt ved døra, som staar tom. –

Han skundar seg ut i gata att, fort, rædd. Ja han smaaspring burtetter. Maa koma unda dette vesle huse, maa vekk fraa elendigheita innanfor dei lysande vindaugo. Han orkar ikkje sjaa slikt! Det er grensur for kva nervune hans toler! –

Burtpaa hyrna stanar han og ventar paa konstabelen: Stakkars folk! seier han og turkar sveiten fraa panna. – Tenk aa leve slik hele resten av live!

Men konstabelen smiler overberande: Dom har mat og hus! seier han. Det er mange som misunner dom og venter paa en plass der sjøl!

Og han fortel vidare um dei husa dei gaar framum, men det er ingen som høyrer etter. Han ved sida har lagt att alle sansane sine burt hos dei fem gamlingane. Han kan ikkje lenger, lyt slutte no. Og han retter handa mot konstabelen og takkar for fylgje. Jeg har nok for i kveld! seier han. Faar se 57aa finne mig en vogn og komme hjem! Farvel, farvel!

Han skundar seg av stad. Men straks etter snur han seg att. Og han peikar med stokken mot det laage gule huse: Imorgen skal jeg se til de stakkars menneskene! seier han. Og jeg skal ikke komme tomhendt! –

Han lyfter paa hatten og svingar kring hyrna. Han er aaleine paa nytt. –


VII.

Ei osande kjellarsjapp like ved.

Skraatobaksrøyken sviv tjukk og graa under det laage take. Samlar seg kring dei to hengande parafmlampune og sveiper dei inn i eit tett taakeflor.

Gutar og gjentur har samla seg kring borda. Og dei lær mot kvarandre og lyfter glasa og skaalar. Kvite, kjøtfulle gjentearmar smyg seg kjælande kring brune, verbarka gutenakkar. Og heite, blanke augo skodar inn i kvarandre.

Millom borda gaar ei ung gjente. Ho er lett og ledig, lubbi og frisk. Ho byter ølflaskune naar dei er tome. Svingar hendig kring bordhyrno og er kjapp til aa smette unda dei lange armane som strekkjest etter henne der ho sviv. –

58Burt i ei ro, millom ei seks sju halvfulle gutar og gjentur, sit ein gamal, pynta mann. Flossen har han skuva bak i nakken. Nedetter den kvite vesten gaar brune strikar etter øl. Og sløyfa sit ved eine øyra.

Men han har kje tanke for slikt, er upptat med høgare ting. Han fiktar med armar og nikkar med hovud. Talar med høg røyst, held foredrag for dei unge. Manar dei til arbeid og maatehald. Peikar paa seg sjølv som eit godt fyredøme. Trur dei han hadde sete sorgfri og velhalden paa sine gamle dagar, dersom han hadde kasta burt tida paa leven og drikk? Trur dei det? – Men nei. Dei trur det ikkje! Dei lyfter glasa mot han og skaalar, dei unge venene. Klinkar med den kloke gamlingen og nikkar. Dei er so heilt ut einige. –

– Flaskur og glas er tome, men Konsulen merkar det ikkje. Har atter lagt i veg med ei moralpreike. Og dei unge sit og lyder paa visdomen –ei stund. Men det dreg likevel for lenge ut no. Dei gjer teikn til kvarandre. Trør kvarandre paa tærne, blinkar til kvarandre, smiler og kviskrar.

Ei feit gjente sit ved sida av Konsulen. Ho fangar blinke fraa dei andre – og forstaar. Og ho reiser seg, lyfter glase mot han, helsande: Naa foreslaar jeg at vi drekker et glas for frua til den snilde grossereren som 59spanderer paa vors! seier ho. Er dere med paa det, godtfolk?

Konsulen høyrer brølande hurra-rop kring seg, og han ser mange glas som lyfter seg mot hans. Han reiser seg, han óg, rørd og forfjamsa. Og han lettar paa hatten og stammar og bukkar. Tusen takk, barn! seier han. Gud velsigne dere, at dere husker paa Margit! Han finn lummeduken og turkar augo, ja han staar ei stund og gøymer andlite bak han. Men so tar han seg saman og vert sterk: Hendes skaal! seier han. Lenge leve!

Og han lyfter glase og ser at det er tomt. –

– Det har vorte so underleg stilt ved borde til Konsulen. Kvar og ein sit og stirer paa sitt glas. Sit og stirer – og ventar. Men Konsulen staar der. Ristar paa flaskune, held eit par upp mot augo og kikar paa dei. Seier ingenting.

Og so gir han seg til aa grava i lummune. –

– Han har leita igjenom dei alle. Har saumfare dei, vrengt dei. Og har funne nokre faa koparslantar – tolv fatige øre.

Daa vert augo hans vikande og hjelpelause. No fins inga berging lenger. No er det slutt. No er det dauden!

– Her sit ein tretti fulle menneskje i dette rome. Nokre av dei glanar hit no. Kan 60kje forstaa kvifor det vart so braa-stilt ved borde i roa.

Og Konsulen skynar at um eit minutt eller to vil heile sjappa vera dørgande still. Alle vil stire – paa han!

Daa retter han rygg og ser seg um, byrg og trygg. Og so ropar han med høgt maal til gjenta ved disken: Fem flasker øl hit, frøken! Og det litt fort!

– Og so er spaninga burte. Andlita snur seg fraa han. Og surringa tar til paa nytt. Gjenta kjem med ølflaskune paa eit brett. Og ho slengjer dei tome under borde og set dei fulle i staden: Takk, to kroner! seier ho. Dere maa betale med det samma!

– No har Konsulen mange augo paa seg att, men no misser han ikkje sans og samling som i sta. Han ser berre roleg paa gjenta: Jeg skal sende Dem beløpet i morgen! seier han. Har desværre glemt lommebogen min igjen hjemme!

Gjenta svarar ikkje. Let augo gaa over den gamle mannen og dei han sit saman med. So strekkjer ho seg fram over borde att. Tar til seg ei for ei av dei tunge, fulle flaskune. Og gaar mot disken med dei utan aa snu seg. –

– Det vert stilt kring borda. Ikkje eit ord av nokon. Ikkje ein lyd.

Men Konsulen sig ned paa stolen sin, ferdig. Hatten fell av han, han ansar det 61ikkje. Han vert sparka burtetter golve, men Konsulen merkar det ikkje. –

– Daa legg den feite gjenta armen um halsen hans. Kliner seg inn til han, stryk han over kinne: Skal jeg hente boka di? spør ho. Skal jeg flye bort i «Sorgenfri» etter ‘a, Konsul?

Daa slepp laatten laus. Daa kneggjar det og skrattar ved alle bord. Daa beljar karane, daa kviner gjentune. For no gaar soga fraa munn til munn um den rare gamlingen der. Han som har sete burt i roa og loge seg til grosserar. Endaa baade den eine og den andre kjenner han og veit han er ein av dei gamle fatiglemene paa «Sorgenfri». –

Konsulen spring upp, vil røme. Men dei stengjer vegen for han. Han maa kje smette fraa dei enno; han maa halde fleire foredrag for dei, maa fortelja meir um koss dei skal koma fram i verda! Dei flokkar seg kring han fraa alle kantar, dultar han i rygg og sidur, nappar han i armar og frakkeflak. Eit par unggutar lyfter han paa akslene, han maa synast fram for alle, denne store mannen, dei maa alle faa naade til aa hylle han!

Det gaar rundt for Konsulen. Han greier kje styre seg lenger. Stokken har han faatt med seg, den lyfter han over hovude, skal liksom berge han. Og so med eitt gir han seg til aa hogge ned i flokken. Slaar i kring seg so 62hardt han orkar, sigtar etter andlit og fryder seg naar han raakar eit auga eller ein kjake. Han er ein krigar no, ein krigar til hest som kjempar seg fram gjenom fienden. –

– Men so vert han riven ned av hesten. Og fienden kastar seg over han. Slaar og spenner. Riv og slit. Men Konsulen er ein tapper krigar, vil kjempe til siste stund. Det er fyrst naar kreftene ikkje rekk til lenger, at han gir seg. Daa lyt han finne seg i at fienden slepar han burtetter golve. Gir kje ein lyd fraa seg daa dei opnar døra og slengjer han ut. –

– Han kjem til seg sjølv ved at ein ruskar i han. Daa han slaar augo upp, ser han ein konstabel staa over seg. – Han har helst hug til aa sovne fraa alt att, eller gli burt millom hendene paa den digre mannen. Men konstabelen lyfter han vart upp, finn hatten og stokken og byrstar av han: Jasaa, har dom overfaldt Dere naa, generalkonsul! seier han. Ja, det var naa vaagelig av Dere aa gaa aaleine utover her!

Konsulen kulsar. Har visst sove her paa fortoge. Han hakkar tenner og skjelv. Snur seg fraa konstabelen, det er kje verdt han ser han i augo no. – Han vert staa’ande slik ei stund, uviss. Veit kje rett koss han skal ta det, anten han skal halde paa vyrdnaden eller 63gi seg over. Men so kjem konstabelen han til hjelp: Har dom tat no fra Dere? spør han. Det er best De kjenner etter!

Og Konsulen grev i brystlumma si. Og so retter han rygg: Jeg har mistet lommebogen! seier han. Men la dem bare beholde den. Det var vist ikke mer end et par hundre kroner! –

Han vil gi handa til konstabelen, men han tar kje i mot. Kan kje gaa ifraa gamlingen her. Faar fylgje eit stykke nedetter. Det hjelper ikkje at Konsulen seier han greier seg aaleine. Konstabelen gaar kje iifraa han. Og det er inga onnor raad en aa gi seg i veg. –

– Dei kjem ned i dei store gatune. I gatur med ljos og sporvogner og mange menneskje. Og Konsulen vil ta farvel paa nytt, men konstabelen slepper han ikkje. Held seg paa sida av han, tagall, aalvorleg. Fyrst daa dei kjem til eit lite torg, opnar han munnen: De faar bli med hit bort! seier han og skraar ut paa torge. Og Konsulen tør kje mukke. Han gaar med.

Det staar ein automobil midt paa torge. Chaufføren sit og halvsøv, men konstabelen vekkjer han: Kjør denna herren hjem fort! seier han. Generalkonsul Hansen, Valkyrjegaten 78 B.

Konsulen ser paa dei, ser paa bilen og Chaufføren og konstabelen. Og ser seg rundt, 64um det skulde vera eit hol aa smette ut av. Men det er raadlaust alt. So sukkar han djupt og gaar inn i vogna. –

– Det susar ein bil gjenom gatune. Borar seg fram millom vogner og dyr. Tutar og varslar og braasvingar kring hyrno. Har lita tid; skal langt avstad. –

Men i eine hyrna av den myrke vogna sit ein gamal mann og skjelv. Kikar forskræmd ut av vindaugo, graateferdig over den store farta. Vilde so gjerne opne døra og røme fyrr det vart for seint. Men tør ikkje. Maa sitja her. Maa finne seg i aa rulle utetter. Lenger og lenger burt fraa der han høyrer heime. – Han let att augo. Og bilæte av eit lite gult hus stig fram for han. Og eit rom med mange sengjer. Og millom desse ei seng. Ei mjuk seng med eit godt, varmt ullteppe. –

Han tykkjer han høyrer snurking av sovande, velnøgde gamlingar. Og han faar hug til aa leggje seg, han og. Vil breie ullteppe godt over seg. Og sova til langt paa dagen i morgo. –

Daa stanar bilen med ein rykk, og Konsulen skvett upp og gnir augo. Chaufføren staar i vogndøra og tar til lua: Naa er vi framme! seier han. Naa faar Dere gaa ut! Og Konsulen stig ned paa fortoge.

Han ser eit jarnstakitt og ein raud murvilla 65innanfor. Og han ser ein mann som staar med framstrekt hand og ventar paa pengar.

Det vert for mykje for han, han greier det ikkje lenger, sig saman under alt dette. Dei glid vekk fraa han alle hans minne fraa i dag. Han gløymer ho Margit og generalkonsulen, gløymer Holmenkollen og den store kafeen. Gløymer A/S Fredriksens sønner og sin eigen vesle forretning. Gløymer alt og alle fraa farne tider. Hugsar berre ein einaste ting i heile vide verda no: At han er ein gamal fatig, sliten stakar som staar trøytt til dauden langt, langt burte fraa heimen. – – Han sjanglar burt til stakitte og grip fast i det. Og so kjem taarune.

Chaufføren kan kje forstaa kvifor denne gamlingen gir seg til aa snufse slik her utanfor heimen sin. Fekk hjelpe han inn, kroken! Var synd aa la han staa her!

Han vil leie han, men no vert han reint rusk, gamlingen. Stritar i mot og bed for seg. Grip fast i stakitte og set bukkebein. Er kje til aa rugge. Og han tiggar so tunt um at han maa faa vera i fred. At han maa faa staa her han staar. For han har ingenting i den villaen aa gjera!

Daa ser chaufføren paa han. Og so lyt Konsulen skrifte. –

66– Enkemadam Nilsen gaar att og fram utanfor «Sorgenfri». Det er langt paa natt, og kaldt. Ho har tulla eit stort sjal um seg, men likevel skjelv ho over all kroppen. Hjartefrys. Og ho kjenner seg so uroleg og rædd.

– Daa tutar eit automobilhorn langt burte. Og ho stirer burtetter gata. Ser to gloande augo som nærmar seg med rasande fart. Og høyrer ei surrande during.

– Bilen stanar like utanfor porten og ein gamal mann stig ut. Han retter handa til chaufføren og takkar so mange tusen gonger. Dette var ei teneste han aldri skulde gløyme! Og han svingar hatten daa bilen snur og flyg tilbake. –

Jeg har venta paa Dere! seier madam Nilsen, ho tar imot han i porten. Han staar ei stund fyrr han svarar. So retter han seg: Hu vilde ikke la mig sleppe før, søstera mi! seier han. Men saa spanderte hu automobil paa mig hjemover! –

– So gaar han inn porten.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Sorgenfri

Samlingen Sorgenfri kom ut i 1914 og inneholder fire noveller fra aldershjemmet «Sorgenfri». På et av rommene bor seks menn: Konsulen, sirkusartisten Petter Loppa, Teodor Tull, Henrik i senga, visedikteren Julstrup og Anton Gråbein.

I 1918 ga Braaten ut en noe omarbeidet og utvidet versjon med tittel Gamlehjemmet Sorgenfri. Bokselskaps utgave er basert på 1. utgave.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1914.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1918.

Les mer..

Om Oskar Braaten

De fleste av Oskar Braatens drøyt 30 verker skildrer fattigfolks liv på Oslos østkant. Han skriver om hverdagsliv og arbeidsfolk, om fabrikkene og leiegårdene, om det å vokse opp i fattige kår og om sosial opp- og neddrift.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.