Sovande Sorg

av Hulda Garborg

Tredie Akt


Aften samme Dag.

Dekorationer som i første Akt. Maanelys over Sjøen.

    LISA  (kommer hurtig fra Stien til Venstre. Hun bærer noget under Forklædet. Med det samme hun skal ud til Høire, stanses hun af LARS, som kommer gaaende med Vedøks paa Nakken)

    LARS  (i Veien for hende)

Kor skal du av?


    LISA  (stanser skræmt; leder efter Ord)

Eg … Eg … det skìl ikkje deg … elles sankar eg Mose til Farging.


    LARS 

Du sankar i Skyi daa, er det likt til. Bry deg ikkje med aa ljuge for meg. Eg veit nok kvart du skal av, naar du gjeng med Tullar under Forklæde.

53

    LISA 

Eg raar meg sjølv. Kva vil du meg?


    LARS 

Jaso du, so du raar deg sjølv? Det er ho Berit Moan, som hev lært deg det, kann eg tru. Men no tenkjer eg likevel du snur. Du hev ikkje Lov til aa draga fraa Huse.


    LISA 

Eg dreg seint so mykje ut, som eg drog inn, daa eg kom til Bø.


    LARS 

Galne Kvinnfolk!


    LISA 

Det er Raad til aa verta gali, Lars! Kva vilde du meg! (Stirrer sygt frem for sig.) Kvi drap du Gleda i Ungdoms Vaar … (Flygter forbi ham og ud mod Høire.)


    LARS 

Kvinnfolktull! Agta Dykk.

(Truer efter hende med løftet Haand. Raskt ud mod Venstre. Scenen staar tom nogle Sekunder. Saa kommer TORDIS hurtig, men vàrt og speidende, fra Forgrunden til Høire. Stemmer høres bag hende, og hun springer let over Scenen og ud foran Klippen.)

(BERIT kommer raskt, ligesom søgende. Hun følges af LISA, som taler indtrængende.)
54
    LISA 

Venta Berit! Kva Rett hev dei yvi meg. Eg vil gaa. Selt meg hev dei. Naar han kjem meg nær, so frys eg.


    BERIT  (hører ikke paa hende; stanser, lytter)

Hyss!


    LISA  (ind paa hende)

Dagane er lange som Aar. Men Nætane er verst; for daa minnest eg han, som ikkje aatte Gard og Gull, men Elskhug som brann – (Tar fat i Berit.)


    BERIT 

Slepp. Eg hev ikkje Stundir.


    LISA 

Han skal vera Fâr aat Barne mitt! Hjelp meg, Berit! Gjev meg ein Drykk, som vender Hugen … til og fraa …


    BERIT  (river sig løs)

Hyss, eg høyrde eitkvart …


    LISA 

Du høyrer ikkje paa meg. Kven ventar du paa?

55

    BERIT 

Tordis.


    LISA 

Henne saag eg nyst. Ho hadde slik Hast. Gjev meg Raad, Berit!


    BERIT 

So var det ho … (Hurtig ud i Baggrunden til Venstre, fulgt af LISA, som atter søger at faa fat i hende.)


    LISA  (idet de gaar)

Berit, høyr paa meg!

(Scenen staar atter nogle Øieblikke tom. TORDIS og PER kommer derpaa fast omslynget frem foran Storhamaren.)


    PER 

Tordis! Drøymer eg.


    TORDIS 

Gud vere Lov, at du ikkje er burte.


    PER 

Snilde Johanna! Henne takkar eg næst Gud for dette. Ho trøysta og gav Von, naar eg tykte alt var svart. Kor vondt me tvo hev havt det, Tordis! (Han sætter sig, trækker hende ned paa sit Knæ og ser paa hende.) At dette er du?

56

    TORDIS 

Eg trur det ikkje sjølv. Alt er nytt. Eg sjølv er ny. So forunderleg som du er. (Ser ham ind i Øinene ligesom granskende.)


    PER 

Men du ser so sorgfull ut. Sæl skal du vera no, Tordis.


    TORDIS  (uendelig mildt med begge Hænder om hans Hoved)

Aa Gud gjeve me maatte døy no, Per! No!


    PER 

Kvi talar du so. No tek Live til, Tordis. Mi Tordis. (Slaar Armene fast om hende.)


    TORDIS 

Slepp meg aldri. (Gjemmer sig hos ham med lukkede Øine.) Lat meg aldri meir slaa Augo upp. For daa hender det noko vondt!


    PER 

Kjære. Kvi talar du so. Ver glad og trygg


    TORDIS 

Eg er so ottefull.


    PER 

Du hev havt det for vondt, du stakkars Gjenta mi.

57

    TORDIS 

So ottefull. Det er noko vondt, som ligg og lurer. Slepp meg ikkje, Per. (Klamrer sig tæt indtil ham.)


    PER 

Aldri, aldri slepper eg deg meir. No er du mi – for Gud.


    TORDIS 

Ja for Gud. (Retter sig pludselig. Ræd.) Men Môr! aldri torer eg segja henne dette. Kva vondt hev eg gjort –. Aa kvi kom du att Per.


    PER 

Ver ikkje rædd, Tordis. Alt skal verta annleis no. Urett kann der ha vori paa baae Sidur; men me skal rette og beinke. Fâr er ikkje so strid som ho trur; det skal du nok faa lære, Tordis.


    TORDIS 

Kann hende … eg forstend ingin Ting. Alt hev vori so vondt …


    PER 

Smaae Ting kann verta store, naar dei aldri fær Ord. Men no skal me hjelpe dei.


    TORDIS 

Du trur ikkje vondt um ho Môr.

58

    PER 

Eg tenkjer ho er god i Grunnen, som du er.


    TORDIS 

Naar du talar, so er det som eg fær Von.


    PER 

Kjære deg – naar berre du er fast, daa syter eg ikkje for noko. No ljosnar det for oss so vent; no skal me gløyme alt som vondt var.


    TORDIS  (stille)

Ja, alt vil eg gløyme. Berre deg vil eg hugse, berre deg. (Lukker Øinene og lægger Hovedet ind til hans Bryst. Springer pludselig op.) Her er Folk!


    PER  (op)

Spring attum Hamaren. (Ser udover Stien.) Det er han Fâr. Han hev ikkje vori heime idag. Kor trøytt og gamall han ser ut. Stakkars Fâr.


    TORDIS 

Kom.


    PER 

Venta meg attum Hamaren; eg vil tala med han Fâr. Han gjeng so hugsjuk ikring; men no skal eg kveikje han med mi Glede.

59

    OLA VIK  (kommer fra Venstre, træt, støttet til Staven. Stanser og stryger sig over Panden)

Kor finn ein Fred! (Sætter sig paa en Sten, med Hovedet i Haanden.) Aa ja, ja ja! Var det nokon? All Stad ropar det Namne mitt. (Stryger atter med skjælvende Haand over Panden. Flytter sig paa en Sten længer i Forgrunden.) Kva sa du, Berit – usæl skal Svikaren døy.

(PER kommer ind igjen. Stanser.)

    OLA  (stirrer paa ham)

Kor skal du av? So seint?


    PER  (raadvild et Øieblik. Saa hurtig)

Jau, det skal eg segja deg, Fâr, um du vil lyde paa meg. (Nærmer sig OLA.) Men … er du klen, Fâr? du er so bleik. Ikkje hev du vori heime heile Dagen.


    OLA 

Ein gløymer seg so lett i Morki. Eg er lite trøytt vortin. – Det var elles snodigt, at me skulde raakast her. (Reiser sig med Besvær. Mod PER.) Er det … er det kann hende sant lel, at du vankar vonom oftare paa desse Leite?

60

    PER 

Fâr! Er det meg, du gjeng og ser etter?


    OLA 

Skal Fâren gjera Rekneskap for Sonen no.


    PER 

Eg vil so ugjerne gjera deg vondt Fâr. Lat oss talast ved; eg hev noko aa fortelja deg.


    OLA 

I mi Tid visste Sonen kva han var Fâren skyldig. Eg hev kjennt det lengi, at du ber Klagemaal mot meg.


    PER 

Du tek i mist, Fâr; men eg trur du var betre farin, um du levde i Fred. Naar ein kunde lempe seg eit Grand fraa kvaare Sida, so trur eg det gjekk. Eg veit nok Berit hev stor Skuld mot deg; men kann hende hev du og vori strid …


    OLA  (bleg)

Kva maa eg høyre. Er det av Son min eg skal høyre um Skuld. Agta deg. (Tørrer sig over Panden med skjælvende Haand.)

61
    PER 

Fâr, lat meg tala beint fram. Du veit kann hende – du hev skyna det longe … eg bed for oss, som er unge … (Ser ned.)


    OLA  (vakler et Skridt tilbage og støtter sig tungt til Staven)

Gud hjelpe deg!


    PER 

Nei, nei, Fâr; tak det ikkje so. Du er klen. Set deg. (Vil hjælpe ham.)


    OLA  (hviskende)

Slepp meg.


    PER 

Fâr!


    OLA 

Straffi.


    PER 

Kva meiner du, Fâr.


    OLA 

Vaarherre slær hardt.


    PER 

Fâr, gjev meg til … eg hev sovisst stridt imot … Kann det aldri verta godt.

62

    OLA 

Nei; aldri. (Med al sin Kraft) Aldri høyrer du!


    PER  (sagte)

So hev ho større Skuld enn eg visste. Dette gjorde du ikkje so sant du kunde anna. (Vender sig bort og gaar med sænket Hoved.)


    OLA 

Per! (Efter ham.) Per! Gakk ikkje fraa meg. Eg kann ikkje vera aaleine no. (Bøier sig sammen i lydløs Hulken) Kunde eg ikkje sleppe dette?


    PER  (gaar stille hen til ham igjen og lægger sin Haand paa hans Skulder)

Fâr, her er noko du aldri hev sagt.


    OLA  (i Udbrud)

Usæl skal Svikaren døy! (Brudt.) Tungt hev eg havt aa bera paa, Per.


    PER 

Fâr?


    OLA 

Eg høyrde nok dei sa, det fylgjer Vondt med Sviksverk; men Ungdomen hev so stort eit Mod.


    PER 

Fâr, du er sjuk. Kom!

63

    OLA 

So stor ei Synd hev eg gjort, Per. Men svide for det fekk eg all min Dag. Og no skal du og lide for det, Per; det er det tyngste.


    PER 

Du talar i Ørska, Fâr. Du er sjuk; kom, lat oss gaa heim.


    OLA 

Nei, lat meg tala; no er Timen komin, – daa Vaarherre krev Liv for Liv.


    PER  (ræd)

Kva er det, Far?


    OLA  (med Selvovervindelse)

Eg var ung – rik og kaat; ho var arm – og ung – og lett aa lokke … (Tørrer sig over Panden) Aah.

(PER bleg; famler angstfuldt efter sin Fars Arm; vil tale, men faar ikke Mælet op.)

    OLA  (tar sig sammen og fortsætter)

Ho trudde eg var slik som ho saag meg, ho. Men eg var ikkje slik. (Skrigende.) Og daa gjorde eg det, som eg ikkje skulde gjort!

64

    PER  (neppe hørligt)

Ikkje seg det, Fâr … ikkje seg det …


    OLA  (jamrende)

Eg maa frelse di Sjæl! – (Med en sidste Anstrengelse.) Eg gjekk fraa hende. Og so vart vesle Tordis – fârlaus! – Skynar du! (Vildt.) Skynar du? (Stanser pludselig; famler omkring sig; retter sig stivt op, stirrer.) Per? Perguten?

(PER er krøbet sammen ved Træstammen, som han støtter sig mod med Hænderne for Ansigtet.)

    OLA  (som før)

Kven er det? Kva vil du? (Skriger.) Berit! (Synker sammen ved Stenen.)


    PER  (forvildet op; staar et Øieblik som fra sig, tar sig med en voldsom Anstrengelse sammen, bøier sig over Faderen og forsøger at reise ham op)

Fâr! Fâr! Aa Gud hjelpe meg. (Skjælvende.) Fâr … Fâr … (Skriger.) Fâr!


    LARS  (hurtig ind fra Venstre; han bærer Vedøks paa Skulderen)

Kva er tidst? Kva er det? (Bøier sig ned over OLA, famler, undersøger.) Jøssu Namn, Gut … Hjelpe og trøyste oss … (Knæler ned, undersøger nøiere; tar saa pludselig Luen af og folder Hænderne.) Kors i Jessu Namn.

65

    PER  (skjælvende; hæst)

Er det? Er det …


    LARS  (rørt)

No fær du halde deg til Vaarherre, Perguten. No er du fârlaus.


    PER  (knæler ned)

Aa nei! nei! Det er kje sant! … Gud hjelpe meg. (Slaar Hænderne for Ansigtet.) Aa Gud hjelpe meg!


    LARS  (reiser sig; søger lidt forlegen at trøste)

Ja; ja – det er vondt, naar –; det er vondt med det same; men … me maa tru det var so laga … me maa tru det … Men det kom so braadt. Aa ja ja, me veit ikkje langt; rett som det er ligg me der. (Snur sig bort; knytter Haanden og truer ud.) Troll-Tye. Tru ho no er fornøgd? Det hadde vori rettare, hadde det vori ho som laag her. – Ja, no Perguten, fær du hjelpe meg. Lat oss leggje Fâr din her paa Mosesengi til me fær laga ei Baar.

(PER, som har reist sig og nu staar og stirrer som aandsfraværende, hjælper viljeløst til. De bærer OLA ud til Venstre i Baggrunden. Saasnart de er borte, kommer)
66
    BERIT  (hurtig, søgende ind fra Venstre i Forgrunden. Hun bøier sig ned der, hvor Ola har ligget)

Her er Far etter Folk. (Urolig.) Kvar kann ho vera? (Vil gaa; møder PER og LARS.)


    LARS  (kvekker)

Kors i Jessu … Kven leitar du etter, Berit Moan?


    BERIT  (ser hvast paa PER)

Eg leitar etter Tordis. Men der er ein, som kanskje kunde seia meg, kvart ho hev teki Vegen?


    PER  (stanser, stirrer; med Anstrengelse)

Aldri … aldri – skal eg sjaa ho meir. (Ser sig om som efter Hjælp.)


    BERIT 

Gjev du var Kar for aa halde Ord. Men lite Vit hadde eg daa, um eg trudde paa Son hans Ola.


    PER  (bleg og brudt)

Aa, no er alt annleis, Berit. No veit eg alt. Han fortalde meg alt – han Fâr. Han sa meg alt. No hev han bøtt med Live. No skal du ikkje vera vond lenger.

67

    BERIT  (kvekker)

Kva … (tonløst) Var det so likevel. Kvit saag eg han i Nott … Kva segjer du? Bøtt

med Live? Hev det hendt noko?


    PER  (vrider Hænderne)

Der hev hendt so fælsleg mykje, Berit!


    BERIT  (folder krampagtig Hænderne og mumler)

So lo eg sist likevæl.


    LARS 

Er du no fornøgd, Berit Moan. (Ud til Høire med Øksen i Haanden.)


    BERIT 

Sæl er den, som hev fengi Fred. Verre er den farin som skal leva. (Stønner smerteligt.) Tungt var det fyrr. Men audt vert det etter denne Dagen. (Sætter sig paa Stenen.) Eg var so sterk. No er eg so trøytt vorti. (Bøier Hovedet og hviler det i Hænderne.)


    PER 

Berit. Vil du laane Fâr min Hus, til me kann koma med Hest ifraa Vik. Du er nærast til det.

68

    BERIT  (om lidt. Anstrengt)

Eg er full’ det. (Reiser sig med Besvær) Kor er han.


    PER  (gaar foran hende)

Her. (Blir staaende.)


    BERIT  (gaar langsomt ud, hvor OLA ligger. Kommer om nogle Øieblikke tilbage. Gaar stille med foldede Hænder fremover. Stanser. Udbrud uden at se paa PER)

Eg aatte ikkje Barn med annan Mann. Legg han i Høgsæte! (Slaar Hænderne for Ansigtet.)

(TORDIS er kommet frem foran Klippen i Forgrunden under de sidste Ord fra Moderen. Hun presser Hænderne mod Hjertet og lytter aandeløst.)

    PER 

Takk, Berit, no veit eg du ber kje paa vondt lenger. Stor var Skuldi, – og saart vert her bøtt. Aldri –! aldri meir … Og no – lyt eg burt. Vil du helse henne, ho Tordis, (med anstrengelse) Syster mi … Gud frelse henne! (Slaar Hænderne for Ansigtet og styrter ud.)


    BERIT  (gjentager mekanisk)

Gud frelse henne.

69

    TORDIS  (strækker Armene ud efter ham; raaber i vild Angst)

Nei, nei! (Kaster sig fremover i Lyngen, idet hun krampagtig griber sig om Hovedet med begge Hænder.)


    BERIT  (skriger)

Tordis! (Tumler bort til hende og løfter hendes Hoved op i sit Fang.) Me maa … bera det som vert lagt paa oss – –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Sovande Sorg

Hulda Garborgs skuespill Sovande Sorg kom ut i 1900. Stykket er en tragedie i tre akter om familie, kjærlighet og svik. Handlingen er, som i mange andre av Garborgs verker, lagt til en fjellbygd.

Stykket ble i 1917 satt opp på Det Norske Teatret, Hulda Garborg var selv regissør.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.