Storbrylloppe

av Olav Duun

Brylloppe


I.

162Stormen hadde sopa vekk føre for lenge sea, og vollane og myra var berr; og enno var han stormen, det låg ein jamn klagande søy over berga og kring husa og eit jag utgjenom fjordane og til havs. Men det var jula for det, og no sundagen miiiom jul og nyår skulde brylloppe gå i gang. I dag, laurdagen, var han fjordfarande vêr, så presten kunde komma over og alle som komma skulde. Og utover dagen kom det ikkje få båtar, men ingen frå Juvika.

Det hadde vore ei fjortendags uro i mest annankvar gar, før dei visste kven som vart bedt og ikkje. Dei visste berre så mykje, at etter Gjartru sitt hjarte skulde her ikkje bedast i hop nokon fjøld, det skulde bli beiskelig få, som i eit anna storkarsbryllopp, og at Åsel vilde ha det på gammalvise: alle som hørte til slekta, og alle som grannar og gode kjendingar var. Derfor heldt dei med henne alle som ein, at Håberg-folke visste korles det skulde vera i bygda; og dei sa det, mest kven det så var, at såpass fekk ein halde opp sitt eige hovud ja.

163Striden millom søsterne hadde vore still men ram, og enden vart at dei bad som dei sjøl lysta. Da visste Åsel ho hadde vunne; og ho tykte det trongs. Frå Håberg kom det bedarmann, som gammalskikken var, og det var ikkje mange dørene han glømte. Frå Segelsund kom det skriftlig! Gjartru skreiv på eit papir, på eit lite fint firkanta eit, og der stod det fine ting. Men dei var ikkje mange som kom ut for det. Des meir kjentes det for dei få det råkte; skikken kunde vel vera bra for det om han ikkje var ifrå Håberg? Dyrlægen la seg ikkje borti det, han var frammand i bygda som han hadde vore, og det var slugast å gi han fred. – Heile brylloppe var noko for seg. Gammalt folk snøste med seg sjøl, at rettno måtte det lide til kvelds på Håberg, når dei reiste bort i annsmanns gar og gjorde bryllopp. Ungdommen kjente heller ikkje att seg, men var dei bedt så var dei like glad med den ting; ein ny slått er ein slått det òg, og denne her var det tone i.

I kveld var det berre langferdingane som skulde dit, òg så dei aller nærmaste i slekta. Men enda vart det mange, og Gjartru raudna i kinna. – Eg trur du når bedt rubb og stubb, sa ho til Åsel. Åsel ser på henne, ho står just i spiskammerse og legg opp utor ei sendingskorg. – Rubb og stubb? Er det ikkje folk da? Og bra folk? Om dei ikkje har hengt på seg – – ja, korles er det du ser ut, trur du? Og så ein ting til: Inga drykkje her i kveld!

164Gjartru stod der i raud kjole med svarte perleband på, og ein høg kvit kruse-krage kring halsen, og same slage kring handleane; håre var sett storveges til vêrs. Oppi bryste hadde ho ei gullnål så stor at Åsel hadde aldri set maken, så stor at det vart ikkje gull å sjå til. Gjartru var raudare enn kjolen no. Men ho slo opp ein lått, det var som ein dans av kåte ungar:

«Du Åsel ò! E du ifrå Håberg da? Hell e du ikkj fresk?»

Åsel tagde litt. Ho vilde vinne over dette. Så bøyde ho seg over korga att, og sukka:

«Det her går aldri vel. Æg kjenni det på mæg. Og no, da det gjekk så merkeli godt!»

«Det her, Åsel, det e den føste godvêrs-dan vår det!» Gjartru lo enda. «Men no må du jamenn ut og ta imot frammondfolk igjen, dem e dinn og ikkj minn, det høyre æ på gonglagje.»

«Hus-på det te ein dag seinar, at æg hi varskudd dæg, Gjartru!»

«Ja da, ja da! Du ska ha takk, Åsel. For alt i hop!» No var ho bleik så det bladde i leppene og smått bevra. Så ser ho med smale auga på Åsel: «Sei mæ, ser du retteli godt? Du held på og bli så lik ‘n far i ausyna?»

Da svortna det for Åsel. Kan eg no tie still, så er det bra, tenkte ho. Men ho fann ikkje mål å snakke med. Ho stana framfor Ola, da ho gjekk gjenom stua; men heller ikkje han kunde ho snakke med om det her.

165Hadde ho set den eine brura? spurte han. Han fór her og såg etter ho Andrea. – Nei, henne hadde ikkje Åsel set; var det noko serlig han vilde henne? Ola svara ikkje, han var alt på vegen ut. Han skulde ha set henne, det var det han hadde komme hit for i kveld, og så kanskje han tok huva si og gjekk sin veg. Men Andrea var ingenstads å sjå. Ho var vel oppå lofta ein staden. Uti andre stua fann han Peder, han sat og prata med nokre ungdommar frå Lines. Er han så ædru enda! stakk det han. Da har ho alt fått tak på han. Han gjekk og sette seg attmed han. – Hald fram som du stemner! sa han til han. Han sa det ein gong til. Og gjer ikkje det som dumt er, Peder, kva anna gale du gjer! For seint er for seint!

Peder reiste seg og gjekk, liksom orda hadde brennt han. – Eg har aldri vore nokon hund på deg, mumla han. Men så tversnudde han og kom att. Stua låg i ein surr av prat, for folk hadde alt vorte husvarme, og Peder kjenner det jagar på seg som både spell og sveipesmell. – Du trur det, du, hører eg, at eg er temd no; at eg ikkje tør. Eg skal fortele deg eitt, eg: at eg stryk min veg. Giftar meg i morgo ja, det kan du lite på, men dermed så er det Amerika. I lag med han morbror Jens. Ja! Du blir så langlet, morbror Ola, kom det uventandes? Kva anna gale trudde du eg fann på da? Ja, for resten, det hang i eit hår, – det 166gjer det enno! At eg ikkje stig fram og seier eit par ord. Og lyser av heile stasen, he? Men no reiser eg, tek henne med meg og reiser, og så tier du til så lenge, ikkje sant? – Vi bli i lag vestover da, hører eg, smilte Ola. Men han hadde fått ein annan hamlet smått om senn; og auga fekk han ikkje ifrå Peder.

«Du gjer ho vel ikkj det?» sa han; han hørtes trong i halsen. «Du gjer ikkj det, Peder?» Men da hadde Peder svinga seg rundt på hælen, og Ola stod att. – Han er da ikkje riv-raspande galen, veit eg? Så bles han med seg sjølv: Står eg her og blåelskar Håberg-garen! Da må eg ha gjort det lenge! Ja, han hadde det, og kor vart det av Andrea? Han gjorde seg ein sving opp troppa og såg oppå ganglofte. Fullt av folk som kom og gjekk, nykommarane var opp og pynta seg, men ho var der ikkje. Han gjekk seg på Åsel att. – «Finn du a ikkj?» spurte ho. – Nei, og det var ikkje henne han såg etter heller, han gjekk berre og såg på gjestene og brylloppsklædningane. – Du ser ut som du er reint lett om hjarte, meiner eg, sa ho. – Eg er det. Eg er glad! For her er det liv, her vil det skje eitkvart, ikkje sant? – Huff, seier du det? – Ja? Her er da folk som trur eitkvart og vil eitkvart, du merker da det? Og her er det godt å vera. Og enno er det da ikkje slutt med Håberg? – Håberg? – Håberg ja. Men hør no ikkje etter meg. Men det er sant, Åsel, at det er den einaste tingen eg trur 167på. Trur på – da hører du eg lever. Nei da, eg er ikkje full enno, det er sjølve meg som snakkar. Eg har ønska det til no, at einkvan av oss slo seg laus og vart vill, at han gjorde eit eller anna, han Peder eller kven det no var, eg ønska det enda her i sta. Men ikkje no, og ikkje slik – –

Det kom to kjerringar skubbande, og Åsel måtte ned troppa; men ho smilte undersam opp til Ola, – for dette meinte han, og kva var det for slag han meinte?

Peder stod utom nova og let vinden blåse på seg. Han hadde det no som så ofte, at han vart heit og sveitt best han sat inne. Da han snur seg, ser han Mina i døra, og ho han, og så kjem ho ut på trammen imot han, kjem skinande over alt andlete, enda det er så bleikt ein kunde sjå igjenom det, ho er storøygd som barne, så det gjer seg mest sjøl at ho tek han i handa. Ho tek handa hans tvihendt: Står du ute du da? Aleine? – Ja, eg må vel ha luft? Eg er ikkje noko kvinnfolk nei, eg kan ikkje dra anda i ståke der inne, det er fritt. – Du Peder òg! Så rar som du er – det kjem for meg at det var deg – – at det heller skulde ha vore vi to!

Han fekk ein brennsnar raud-dåm oppetter kinna. Men ho lo det vekk: Du skjønnar da vel spøk, eg er så full av gap i kveld, men du såg så rar ut, som du var ferdig til å fara din 168veg, som ein utor eventyre. – Ja, vâr deg, så eg ikkje fer, du!

Ho ser stort på han, og så slepper ho handa hans, bit seg i leppa og går ifrå han. Det var Arthur ho skulde ha tak i. Ho måtte heilt borti eldkuskammerse før ho fann opp han, – der hadde han gjømt seg med noko putl, ein lampekrok skulde det bli, – dei stod så fast for det, inne, sa han. – Du ser meg ut så mussilåt? sa ho. – Kva for slag? – Så spak liksom; ein skulde tru du var reint tukta. Enn om vi reiste ifrå heile stasen, kva seier du om det? Til Amerika?

Han ser rolig på henne, litt tungt – med slike auga ser hunden på ein somtid, kom det for henne; og så breit og godt kunde einast han Arthur smile. Ho løftar fingeren op mot dei tjukke svarte brunene hans, skriv dem liksom i lufta: Der er du så vakker. Den som er uskyldig, han ser slik ut. Arthur tek etter henne, men ho vrid seg ifrå han: Vera rolig da! Kom i hug kva kveld det er. Men du Arthur du: Kan du ikkje gå på han Peder sjøl da? Om å få kjøpe Engane av han, som vi snakka om, det vart gar det som sa seks. For eg vil ikkje, eg får det ikkje til, hører du! Eg vil at du skal gjera det. Og eg trur ikkje han er umulig, han kan vera så rar. Han kan finne på både det og det, visst han vil! – Det var da berre som ein tanke. Du veit han gjer ikkje det. Og ein dyr gar vart det no da. Men eg 169meinte eg kunde få han til å skrive på for meg, om eg kjøpte Lines eller ein annan ein. – Skrive på ja. Slike sluge ting bryd eg meg mindre om.

Ho stod litt og såg framfor seg, og så gjekk ho. Arthur stod og såg etter henne, og tok rådvill etter anda. For slik kunde ho komma tett innått ein, og så var ein like tomhendt, som barne når det grip etter solskine.

Da ho kom inn, såg ho straks at faren var full. Han var så gloande raud, og ikkje alt for blid. Så fekk dei akte seg for han, det hadde dei godt av. Og værfaren, og han Jens, som var kjømeister, var utpå same kanten; men dei var like stødig. Ho kom bort til Jens, la handa på aksla hans: Du maa passe på, onkel, så ingen går i golve i kveld, eg vil ikkje vita tå det. – Skal bli, jåltree mitt! han slo i hop hælane og bukka seg som ein tremann. – Onkel du … kviskra dei som hørte det. Jaså, det var ikkje morbror lenger her i huse, da flaug dei bra høgt. Men høvde henne gjorde det, snakk ikkje synda. – Men jamenn gustar her kaldt frå veggene, sa ei. Liksom her skulde gå to som ikkje vil sjå einannan, sa den andre.

Åsel og Gjartru gjorde heller ikkje det. Dei hadde det så berrt og kaldt for seg, at her nytta det ikkje å fire; det var striden sjøl som rådde, og han stod imillom godt og vondt. Åsel hadde Kjersti Rønningan å snakke med, for ho skulde vera matmor. Gjartru hadde 170Jens. Og båe to hadde Andrea i bakhanda, ho måtte vel forstå kva det stod om; men henne var det ikkje å få tak på i kveld.

Ho synte seg ikkje før dei skulde til kveldsborde. Da kom ho som ein god engel, for korles skulde dei sitte, og kven skulde rå? Ho avgjorde det som ein kvardagsting: den her, og den der, og her skulde ho sitte, i lag med far, og ha Peder midt imot seg; ansles kunde ikkje det vera.

Anders var her ikkje? spurde dei. – Nei, ikkje i kveld, sa Åsel; han kjem i morgo. Det ser gjerne litt rart ut for han, det her; han tenker visst eitt, vil eg tru. Men han seier ikkje noko. For resten var no aldri han så rædd om dei gjorde store auga, folk; når det berre ikkje peka borti tullskapen.

Gjartru skar hardt nedgjenom smøre, og såg på Andrea. Andrea smilte framfor seg.

Ola kunde knapt sitte i mak. Han skulde ha snakka med Peder att. Han skulde ha visst kor mykje som var skryt og kor mykje som sat att av trugsmåle hans. Han skulde det for Åsel si skyld, – ho og garen, det kom ut på eitt, merka han. For kva var det så dei festa for? Kor peka det så henn? Han hørte vinden kor han søya over haugane, kor han langdrog tonen over Håberg-reinane og kring husa der; liksom han ikkje visste kva han song for. Slik vart han gåande, kan hende, og tute for 171berg og ingen ting; og han far sat i kammerse og var blind.

Han ålboga seg fram til Peder, straks før dei skulde til å fara kvar åt seg. Han smilte til han, som ein devel inngjenom gluggen: Har du verkelig ikkje fått garen enda da, Peder? – Skil deg ikkje! Peder bles det over hovude på han. – Ikkje meg nei. Og kanskje så er ho Andrea likeglad òg.

Så, no drog det etter seg, det var han stø på.

Det gjorde det. Då dei var heimkomne, sa Peder beint ut, at skulde han gifte seg, så vilde han ha garen. Eg vil eiga han, den dagen eg giftar meg; sea kan det gå som det lystar.

Dei hadde så tenkt, både Kristen og Åsel, og så var det sagt og avgjort. – Over brylloppe går vi åt kårstua, sa Åsel. Og kåre blir vi alltid einig om. Vi skal ikkje flå dykk, la ho til. – Og prisen han sett du, sjøl deg, sa Kristen.

Javel. Peder stod litt. Det var ikkje lang stunda, berre med han vilde snu seg, men han syntes han fór vidt og nådde djupt. Han fekk gjera det imot Andrea som han skulde ha gjort mot ei anna ei; han kunde gjerne grava seg ned i slite her og late andre fara ut i verda og bli folk, bli det han skulde ha vorte; det var ikkje så reint liten ein ting det, for den som skjønna det og kjente han, – og det var så mykje som ingen ja! Ja vel, så gjorde dei ikkje komma 172og seie han var ei sål og ei fånytte for slekta si. Ja vel, han hadde ingen å seie det med, og det trong han ikkje heller. – Eg er ikkje tå det folkslage! sa han, og dermed gjekk han og la seg. – For resten kunde det hende så mangt enno!

Det same så Åsel, då ho hadde lagt seg, det fór som dørtrekken gjenom henne: Det kan hende så mangt enno. Han kjem for meg så rar, somtid. – Kven? spurte Kristen. – Han Peder. Men, han må no vel hjelpe oss, han som har hjelpt oss hittil.


II.

Andrea stod fram i svart silkeskjole, men Mina i ein lysraud ein, og slik ein engel hadde ikkje synt seg der i kirka før. Arnesen var i full mundering, og Gjartru var ikkje mindre å sjå til, det var kapper og band heile kjolen, og ei kåpe som ho måtte kunne flyge med. Det eine med det andre tok folk, så dei kunde ha gått fram og takka i handa. Heile kirkelyden å kalle rausa fram og ofra. – Og heretter fekk dei vel til å kalle Gjartru for madam. Slik er det i verda, sa dei, at den som vil fram, han kjem fram, vi er da mange nok som bli for stutt. Vart de vâr ho Åsel i dag, kor lita og bortkommi ho sat der?

Middagen stod av seg i to stuer samstundes, og dei sat ved borde til svarte kvelden; – folk 173hadde ikkje vore i bryllopp før, det skjønna dei no. Gamle Anders spurte gong for gong, om dei ikkje var mett snart? og lat meg ha fred! bad han, når dei kom med nye fat. Han hadde ikkje villa til bords først, i lag med anna folk, men så hadde han tenkt seg om: No har eg sitte i mørkre i 24 år, no får eg kanskje til å lea på meg att. På sluten, da duren stod til taks i båe stuene, reiste Arnesen seg og heldt tale. Sviande leit var det med det same, men trøyheit like vel, og dei stakk ikkje hovude under borde nokon ein. Arnesen kunde det, han, ikkje farlig med det, han snakka så vakkert at han kom på gråten. Men da rettar Anders på seg, litt kvast:

«Få’n te å sett sæg, han e karra full!»

Arnesen kom seg ned att, og vart borte i låtten. Og no gjekk det mykje lettare med maten. Dei som eldre var, hadde tatt seg fram varsamt men støhendt, smakte på alt som bauds, og bar seg åt som elles når dei var borte, og jamvel no da dei hadde fått mote for seg, heldt dei seg i skikken. Ungdommen hadde vore meir brydd, for her skulde det gå fint for seg, og ingen vilde vera finn, dei flytta gaffelen frå hand til hand og såg seg opprådd, stakk borti stasen og skjegla etter grannen. Men eitt visste dei, og det var at med drikkinga var det grei sak, og no var dei som heime og vel så det, var så like glad med både fint og ufint, – her går! ropte dei, og eta og ta deg buk for, til helgamess med 174både gaffelen og handa, slik skal du gjera! og lang hit skåla med det søte igjen!

Oppe ved høgbordsenden i storstua, der sjøseg-folke sat, likte dei seg mindre og mindre, men dei fekk berre passe kvar sitt. Kasten Landre frå Valvære var storgjesten i dag, og no heldt han tale; og han kom ikkje på gråten, han var som bekken full med trøyheit og gode ord, dei måtte godflire alle mann. Og no hendte det mangt før dei var ferdig, den eine hendinga rann ut i den andre fort vekk, vist og gale om einannan, og vart nedsøvd med lått og hikst og kom ikkje vidare. Bankmanns-madamen hadde sitte som ho var pinna fast, torde ikkje sjå opp ein gong. No vart ho så modig, ho spurte beint over borde til Gjartru, kva dei kalla dette her? og var det godt? – Det var disær, sa Gjartru, ho gjorde med eine aksla og vilde vera fri henne.

«Disær no! M-ja, men det e no vel saker å få vinna tå, det her?» undrast den andre.

Bankmannen sjøl heitte Heggerud, og det var eit rart namn der i bygda; dei kalla han mykje godt for Herregud. – Pass ditt du, tullhøna mi! åtvara han no.

«Herregud, Heggerud!» lo Anders; han lo så tårane trilla. «Æg e glad æg e blind, æg!» Og no reiste han seg: «No går æg fra bordi; æg e fer gammel te slik med-far».Forfatternote: medfar ɔ: medferd

Dei rausa frå borde heile skreia, enda Gjartru ropte at enno var der mange ting att. Åsel såg 175tynnt og hardt på henne. Gjartru rettar seg berre opp og går tett framom henne, bort til kjømeisteren: Det er så mykje du veit det, Jens, at her bli inga stordrikking. Men straks etter er Åsel der, og ho er spritande raud: Bryllopp er bryllopp det, Jens, ikkje sant? Slik var det heile tida på Håberg; og når ein først har sett seg på den sleden, så får ein tåle farten. Ho sa det til Jens og ho sa det til faren og nokon kvar, at ungdom er ungdom, og jamenn kjem det for meg at vi held på og ynges opp att no. Folk reiser på seg enno ein gong, og heile bygda med, og det tykkjer eg er ikkje kleint; det gjer reint godt å sjå. Og folk veit no skikken sin; det er eg stø på. Så bli det vel tid til å tenke seg om, sea. Ho sa det så trygt utover alle som stod omkring:

«For vi skuld ha ein dag enno i slekta vår, va tankan minn; som ein syttende mai hell ka æg ska kall det. Vi trøng det.»

Før folk fekk sansa seg, var ungdommen på veg til Håberg og skulde danse. Dei fór, det var ikkje ansles med det. Gjartru heldt imot, det ho var godfor, ho sette folk til å rydde eine stua og bad spellmennene blåse opp litt fort, – dei hadde leigd seg ikkje mindre enn seks massingblåsarar frå eksisen, det hadde Arnesen stått for; men ungdommen hadde komme på sige, og no strauk dei både skokkvis og par om par. – Håberg dreg, mumla Anders, – dei har dansa for ofte der. – Ja, stua var er ikkje for fin, sa Åsel. – Nei, det veit eg, sa Gjartru, men sei 176meg: kom her ingen frå Juvika til brylloppe? Åsel smilte, at det gjorde ikkje det nei. Og leit var no det, for oss båe to. – Ja, du Mina rikkar deg ikkje herifrå! Gjartru ropte som ho var i kvernhuse. – Ser du ikkje han Peder dreg av med meg da? Og Peder drog henne verkelig utgjenom døra, før ho fekk kneppe att kåpa, og no snudde han seg og ropte til musikken, at dei fekk ta og komma dei òg; – vi skal ha dansa ned Håberghusa i natt, lo han, vi sett kjellaren på take!

Utom døra gjorde Mina seg laus fra Peder og fekk i brurgommen sin: det var no ikkje bondebryllopp heller, sa ho, og kor hadde han gjort av si brur? Han klødde seg i nakken: Ho var her da nyst? Og henne vilde eg ikkje miste for mykje godt.

Andrea var borte og snakka til Ola. Ho smilte så fritt og kvardagslig, – ho gjorde det så godt ho kunde, såg han. – Ola, du skal spella åt oss, kan du ikkje lova meg det. – Har ikkje spelle mitt her. – Du får i eit trekkspell, det likar eg best. Du gjer det, Ola. – Det gjer eg vel. Lat meg gjera det. – Og ikkje drikk deg full da, så er du snild. – Nei vel; eg skal vera gromgut. Så får du sjå-etter han Peder da. – Han? – Ja, eg seier berre det eg meiner, for du veit tilstande borti Juvika, og bli han full, kan det syde over for han. Han merka ho vart harm, og så blid att; ho såg litt på han; og så kom Peder og henta henne.

177Ola hadde det orde, at han spella like godt på kva instrument dei gav han, spella på alt han attåt kom, som dei sa, og i kveld fekk han låt i trekkspelle; det let fint. Først dansa Peder og Andrea, og så andre brurepare; så vart det eit tom-rom, og så dansa det laust over heile golve.

Massingen dei kalla vart att i brylloppsgaren og spella der. Arnesen ropte og klappa i hendene for kvar slåtten, han hadde det ifrå eksisen, trudde dei, og Kasten Landre gjorde slikt slag; men han var der snart ikkje lenger. Han fór til Håberg, til ungdommen. No sette Anders på at han òg vilde avstad, han vilde heim! Til dei andre ungdommane, la han til. Det var beinveg over snøen, så det var ikkje lang stubben å gå. Gå? sa Åsel, nei vent no urlite, han skulde kjøre lel, og ein måtte i veg og skysse han. Åsel var ung og lukkelig som ingen hadde set henne. – Den gongen eg gjekk med på det her, var det for å halde styr på det, sa ho med Kjersti. For her var det lite om romme, her kunde det ikkje bli noko rådansing, tenkte eg. Men det går så rart, som etter ei høgre styring, synes eg sjå: No flyttar brylloppe til Håberg. Der har det aldri gått åt veita. Og ser du ikkje han Peder, kor glad han er like vel? Han er det. – Ser det mest ja. Og eg er ikkje anna godtil, eg må unne deg det. – Det var det, sa Åsel, og måle hennar var underlig lågt og nær attmed Kjersti, – det var det, at det kom liksom 178ein gav meg det. Så no trur eg det er over, – han kan no vel ikkje fara i veg og – – nei, herre gud, da hadde han gjort det før.

Den eine etter den andre av dei eldre stal seg beinvegen over til Håberg.

Lande låg utblåse og audt. Haugane svortna imot kveldraudnaen. Men vinden han var berre som ein bør å rekne for, eller som ein dans over berga, og kvar ei stjerne var ute og skjein.

Farbror Petter tenkte seg òg i veg med den vonde foten sin. Da tok Jens brennvinskaggen på kjelken, sette Petter skrevs over han, og Jens og eitpar gælningar til spennte seg for og tråva i veg.

Anders sat i kammersdøra og smått vogga seg etter dansartakten. – Eg fekk ikkje noko botn i spelle hans Ola før, sa han. Men rettno er eg like gammal eg som han, eller han like ung som eg, rettare å seie.

Gjartru manna seg opp og sa at dei kunde gjerne sjå bortover alle saman, så fekk dei musikk der borte. Da dei kom dit, måtte andre stua ryddast, og så bar det til der òg. – Og no synes eg sjå ho Åsel får dans nok, snart, sa Gjartru. Ho ser meg ikkje så lite forfæld ut.

Men det var berre som snarast, så var ho like til freds att. Det var som Anders sa, at heile slekta hadde slått seg vill. Ein fekk leva den stunda ein hadde fått til det bruke, det var vel det som var meininga med det.

179Utover natta vart det tungt for mange; der vart fullt på lofta og allstads. Dei kom med mat ifrå brylloppsgaren, men der var ikkje mange som gav han nokon ans.

Peder var ein med dei hardaste til å ture. – Du får ta meg slik eg er! sa han til Andrea. – Det er vel det eg gjer? lo ho. – Ho får ta meg som eg er, sa han til Ola òg. Men Ola passa på han, så han ikke rann reint full. – Det er bra du ikkje er som kælven, sa han berre; for du har andsvare for dem alle i hop. Og Ola var det som fekk han til å ta til vettes, da klokka vart ein tre–fire; han var enda fram og fann i Andrea til han, og så bar det til brylloppsgaren med dem, for der skulde båe brurepara ligge. Det andre pare hadde alt gått, og nokon kvar av dei som var eldre.

«Dem hi mykji å takk dæ fer,» hørte Ola at Peder sa.

«Mæ?» hørte han Andrea.

«Ja, dæ ja. Du hi frelst heile brølloppe. Men ti still no!»

Men enno gjekk dansen som ei kvern på Håberg, han gjekk med stormen, kunde ein tru; og mangt eit par sov oppå lofte, både i seng og flatseng. Det var ein liten fest midt i festen for dem som ikkje dansa, å gå med lys i handa frå loft til loft og sjå på dem som sov; farbror Petter hinka seg fram heile huse igjenom: Dei låg så mangsles.

Ola gav frå seg spelle. Det var ikkje mål 180i det lenger, sa han; det hikstar berre, eg skjønnar ikkje kva det har fått i halsen sin? Men det stod ei lita veikje og såg på han, smal og fin i andlete, og still og allvitande i auga; ho såg ut som ho visste det. No smilte ho, enda ho rørte ikkje eit drag i andlete; og han og ho vart mo åleine i skogen. Det var Anetta frå Rønningan. – Ja ja, herre gud, du gjer ikkje å fortele meg at spelle er like godt, eg veit det mest, du.

Så gjekk dei. Han heldt i handa hennar berre, det var det dei kalla toskillings-leistand. Elles gjekk det folk i leistand både føre dem og etter dem. Men dei var åleine. Det var vinden og småskogen, og så dei nakne vollane; det susa så lint og einslig under morgonhimmelen. – Har du eit lommetørklæ, Anetta?

Ho stana og fann det fram, og heile tida stod ho og såg på han og undrast. Ho tørka sveitten av panna hans.

«Så,» sa ho.

Da dei kom fram til brylloppsgaren, slepte han henne. Han lettna, da ho lak vekk for han i fjølden. No var det lys på båe bruralofta, og det der var Andrea sitt. Han leita fram børsa til dyrlægen og ladde henne, så var han bortunder bure etter ein liten stega. Dei vilde hjelpe han, nokon som fór der og sveiv, men han trong ikkje hjelp. Der! no stod stegan godt, og her var børsa ja. Og der sløkte dei lyse. – Skyt da! skyt da! kviskra det attmed han, – 181opp og skyt, din tosk! Han snudde børsa imot syndaren, mot ein etter ein, så dei rann vekk om nova. Så kleiv han opp, stod enda litt og fingra, og så skaut han. Han hørte eit rædd lite rop. – Javisst, dei skulde ha havt eit skott dei på andre lofte òg, det hadde vore skikken eingong, men han var så frøsen på fingrane, han var ikkje kar til å ladde meir. Og der hørte han for resten det small i veggen; dei hadde klinka sundt eit eller anna til ære for dem. – Ja ha, no var det gjort, Ola, no er du god kar att. Han prøvde om han kunde smile utan å rette ut tunga til seg sjøl.

Men gå og legge seg kunde han ikkje. Det var dagen snart, og hovude fullt av brennvin og uro. Han leita seg fram til Anetta oppå lofte. Ho låg attmed mor si. Ein full ein låg i same senga og raut, og elles var det reidd opp flatseng heile golve bortetter. Han sette seg attmed hu-gjerda. – Du søv ikkje, du? sa han. – Ikkje du heller, meiner eg. – Nei, ikkje eg heller nei. – Han sat der lenge. Han duppa og smått sov stundomtil. – Her var da visst rom, undrast ho; ho flytta enda paa seg. Han strauk henne over andlete. Det kjentes gloande heitt oppetter vangane, og kaldt over panna. – Men kunde ho ikkje heller stå opp da? Og hjelpe han med å få til kaffeen? – Kaffeen? – Ja, morgoskaffeen. Det er så stust å vera åleine, når all verda søv. – Du skal sova litegrand du òg. – Ja kanskje.

182Så la han seg attmed henne, og sov godtsom med det same. Så vaknar han med ein rykk og ser at det er morgonen. – No må du komma da, seier han. Vi to, vi skal koke kaffe, vi, og bera på senga åt folk. Gjenta fann fram kjoleskjørte sitt som ho hadde tatt av seg, og skone, og så kom ho. Kjersti berre anka seg i sømne.

Dei fekk opp varme i kjøkene og svinga over ein kjel. Men det var ikkje den rette, sa Ola, dei tok heller den her. Det var den Andrea kom inn med somtid; den tid ho var gjenta. Dei sat på fruvesteinen og venta med han koka opp. Gjenta fraus og var urven, men Ola var kvikk for dem båe, og så fann han fram frakken sin og hengte på henne.

Så var dei ferdig da, og no slo klokka halv åtte; det var på høgan tid. – No Anetta, no går vi, hm? – Ja, no går vi.

Dei stod utpå gongen attmed døra til Peder og Andrea. – Men er ikkje døra stengt tru? sa Anetta. Ola smilte og rista på hovude, kjente etter i lomma som snarast. Anetta såg på han enda ein gong, og orda kom liksom dei vart rykt utor henne:

«Ja men – – at du vil da?»

Han vart stinn ifrå munnvika og opp til øyra, det kvitna som etter sveipa.

Andrea vakna med eit lite rop og stirde på lyse og på dem.

«Gomorn!» helsa Ola. «Koles hi dokk sovi i natt da? Versågod, her kjem vi med kaffeen, 183dok val drikk ‘n med ‘n e varm, versågod no, gjer så!»

Han fekk det til som den likaste forgongskona; og endelig sat da brurfolke i senga og tok til med kaffeen. Anetta baud fram brød til, men torde ikkje sjå opp.

Så gjekk dei lenger. Men døra til andre pare var stengt, og da snudde dei like snart og gjekk ned att med kaffeen sin; dei fekk drikke han sjøl. Dei sat attmed kjøkenbenken og drakk han, da ei av tausene i vertsskape kom ned og skulde tende opp. Ola kjente heile tidi at Anetta såg på han. Men når han såg opp, var ikkje auga hennar å finne.


III.

Dagen etter synte det seg at Håberg hadde vorte brylloppsgaren for ålvor. Det var alt med seg at forgongsfolke fekk gjestene bort til dyrlægegaren til middags, og så seig dei beinvegen over endane att.

Anders kom ikkje ifrå Håberg meir, og dei andre kallane heldt lag med han. Han var som omsnudd, kallen, sat og drakk og fortalte, såg reint syner attgjenom tida og viste dem fram for folk. – Ja! sa han best det var, – det var no den tida, og ho er dau no. Fortel meg så kva de har for dykk no! Og før dei vann å snu han, var han borti politikken: Kunde dei ikkje fortele han eitkvart utor bladom? Det gjekk vel for seg eitt og anna – kvifor gjorde dei seg 184ikkje ein tur, dei som var til det? Dyrede, det skulde ha vore i mi tid! Men las dei ikkje blad da? Jaså, dei låg i krangel med sjølve kongen? Svensk eller ikkje, det la han seg ikkje borti, men dei skulde akte seg. Var han slik ei sålbot, at han ikkje gjorde laus krigsmakta si? Det skulde ha vore eg, eg seier ikkje meir!

Dei var einig med han, både gammal og eldre. Ein hadde no kongen og Vårherre over seg, og vel var det.

Ungdommen hørte ikkje på det, så nær som Arthur. Han våga seg endelig fram med det, at når kongen sette seg imot folke, når han skapte seg rang og styrte galen veg, så måtte folke seie ifrå, kven annan skulde dei lite på?

Dei var over han i eitt murr, som stormen over vika: Det var da vel folke som skulde lystre kongen, og ikkje han dem? Og folke han snakka om – var ikkje dei folk, kan hende? For det om dei var småfolk og ikkje sat og styrte lande for dagpengar? Han var ur-lite grande for grøn enda, det var det som var! Dei sa mangt, og det kom ifrå hjarte. – For det om dei ikkje selde garane sine? sa ein og såg i take.

Arthur gav seg ikkje, han merka ikkje styngane ein gong: Det var just det at dei var folk, ja, og norsk folk, det var det han vilde dei skulde vita med seg sjøl. Men han fekk ikkje ord for seg, her stod dei alle i hop og hørte det var tull han fór med, kor vilde han henn?

185«Ja, vast no urlite!» sa Anders. «Lætt oss kjenn på det liti grand.» Han var borti glase sitt først. – Å vera ung er ingen last, sa han, og ser det slik ut for dem, at kongen og storfolke slår seg i hop med svensken og vil tukte oss, at det ber den gælne vegen ja, så, så! Anders yvde seg ut der han sat; årane streka seg blått i andlete paa han og knytte seg, bringa tok etter luft. «Nei, kara, æg kann ikkj gang’ med dokk lenger. Lætt oss ikkj vara som sau’n. Gang fram, guta, og slå i bordi åt ‘om, tak Namdals-klubba og snakk reint, – høyr alder ette gammelt folk, det e ei ny tid no!»

Det var dørgande stilt ei stund. Så tok dei til å murre så smått: Dei drakk no ikkje det som draup unna tekkja,Forfatternote: tekkja (toka) ɔ: take. og kongen, som sagt, han fekk ein akte seg for. Anders gjorde med hovude, vilde snu seg ifrå dem; – lat meg heller få eitkvart å drikke, sa han. «Men høyr mæg no her, Jens: Sleipa di vil æg ikkj ha meir tå!» – Sleipa? undrast dei. Kalla han svensk banco for sleipe? Han var da så søt og god, reint som manna å ta i munnen. – Manna har eg aldri havt i munnen, men lat meg få ein som er å lite på; sleipa ho høver dykk så godt der de står.

Ola stod og hørte på, men han vilde ikkje faren skulde vita det. Elles heldt han auga med Peder. Det blykta så rart i andlete på han, og med kvart var han reint vill å sjå til. Og Åsel 186ho åtte ikkje tanke for det, ho var berre fornøgd at det gjekk som det gjorde. – Folk er no bra folk enno, sa ho. Enno står ikkje bygda på hue. No hånflirte Peder til politikken dei hadde for seg. Dei andre ungdommane hørte ikkje eit ord av det som vart sagt. Ja, dei snakka; den om det, og dei om det; men Håberggaren, det var ikkje ein som kom i hug han. Merka dei ikkje det grand da? undrast Ola, – kom det ikkje for dem som at eine veggen var ute? Kjem det ikkje for deg noko slikt heller? sa han med Anetta. – Du skulde heller ta deg ein dans, sa ho. – Eg er som ein sil, Anetta. I gjenom meg skal det, alle ting; og ingen ting sitt att. – Dans med meg da! Han tok omkring henne og vilde ut på golve, men kom ikkje fram for fjølden. Ikkje kunde han danse heller, noko som var. Ho var så grann å ta omkring; ein kunde gå ut og gjømme seg.

No kom Andrea over golve og bad han danse med seg. – Du skal det, Ola, bad ho. Ho hadde nykonnå-kjolen på og huva; ho kom med slik ein trygg ein smil. Ja ja; han måtte i veg. Han måtte humse og snu det beste han kunde, det var synd han ikkje hadde lært det skikkelig med tid var til. Han såg for seg munnen hennar, kor sugande blid eller hatsk han var. Denne gleda skulde ho få, at han dansa som ein kjørokse.

Så stod han ei lang øve og såg på ho dansa, med ein etter ein. Ho vart vakrare for kvar 187gongen no dansa framom han, kvar rørsla var ein liten tone for seg; ho lydde han i kvar takten, vogga seg etter som han ønska det, sveiv etter som han drømte seg det. Det kom så uventa, som rikdommen til ein fattig ein. Like vel hadde han visst om det all sin dag.

Han glømte Peder. Og Peder glømte heile dansen. – Det er ingen ting det her! sa han med ein av kammeratane. Berre det same rundt og rundt. Lite grand meir var ein vel skapt til? Ja ikkje du nei, men eg. Han raga av ut, og inn i andre stua, gjekk frå rom til rom, med andlete høgt opp. Der var Mina ja, men kor hadde ho gjort av han Arthur? Bed han komma hit som snarast, sa han, og stod i gangen og venta. Folk som snakka til han, fekk ikkje svar, men så gale hadde hendt før. – Bli med opp på lofte mitt! orda kom tørt og stutt, og så gjekk han føre dem opp troppa. Innpå lofte tendte han eit talglys og sette i ei tomflaske. Små rykkingar fór oppetter andlete på han, slik dei hadde set små meiningar av hoss både Åsel og Anders. Han sette seg på senggavlen, og Arthur på ein stol med brura på fange.

«Det var berre det, at vil dokk kjøp Håberg her, sa ska dokk få det.»

Håberg? Var han galen? han meinte no vel ikkje det?

Å jau, han pla da elles meine det han sa.

«Men odelsgåren dinn da gut!» sa Mina. «Nei, du får bruk vett og forstand, Peder. Og 188Arthur sa, at det halve, det kunde det vera rim i.

Peder tagde, og da Mina kom etter kva Arthur hadde sagt, snudde ho seg og såg kaldt på han: Det halve? Nei takk, enten heile Håberg hell så ingenting. Og elles så skal han vel ikkje byttast sund?

«Ja, ka dokk sei da?» Peder såg kvassvore opp. Han er bevrande bleik no, men med ein brennraud flekk på kvart kinne. – «Som det står her, og kår åt gamlingan og ‘n morfar, 5000 kroner ette ny rekning: det æ sjøl skuld gi. Tenk på det da. Fer du, Mina, du forstår mæ kanskji.»

Han reiste seg og gjekk ned, og dei etter. Dei fekk ikkje tanke for seg. I gangen råker han på mora, og syng ut, tek ein høg og glad tone, så dei kunde høre det kven som lysta: «No hi æ seld garen, mor! Åt skikkeli folk for resten. Dem dér ska ha ‘n!» Så seier han, og no er det skjerande lågt og bort ifrå henne: «Så hi æ sona for det. Oppgjort og ferdi ja. Så hi æ sona for dokk all i hop, det kom fer mæ det va på tida no. Og så e det rom på Håberg fer skikkeli folk – der e draumen dinn, mor.»

Åsel klipper berre med auga, og let att ytterdøra, så ikkje vinden skal sløkke ut lampa. Ho snur seg andre vegen. Der møter ho Ola, han står i døra til stua, og han er bleik som kalka veggen. Dei ser på einannan, så til sides, og på einannan att. Ola kunde ikkje seie noko, før 189ho hadde gått. – Halvparten skryt og ubrukt makt, og halvparten nakne skjelvande kroppen, tåler ikkje vinden bles på han ein gong, eg kjenner til det der òg. Men det gjer ikkje du, sa han til Mina. Og tek du garen her, Mina, så ta han i gudsnamn, det – – det får du gjera.

Åsel sa til Andrea at ho trudde han Peder heldt på og vart drykkjen. Andrea raudna til, og Åsel angra ho hadde sagt det. – Du skal ikkje bry deg om han, sa ho, han er så rar slik, han er så ulik alle dei andre. – Ja? Det er han vel? Andrea vart borte i stimen, skulde sjå etter han.

Åsel såg Gjartru dansa, ho var på golve i einingen, dei var galne etter å danse med henne, ungkarane. – Det er ikkje anna verdt! mumla ho med seg sjøl. Så løfta ho auga, for no var Ola der att, – dei visste båe to at dei var bleike. – «Det verst e no det lel, at ‘n kan sei slikt!» sa ho. «Fer e ‘n ikkj meir te kar – – så kann det vara det samma.»

Ho gjekk og vov att og fram i fjølden. Ho fekk slik ein brennande dansarlyst, ho vilde slå seg laus for ålvor, ho vilde vera så ulik seg sjøl som ho berre kunde. Ho dansa med ein etter den andre, til stua stod på hald for henne, kvifor skulde ho ikkje det? For allting retta vel på seg, både stua og det meir, det var aldri på det verste når det såg verst ut. Og just med veggene gjekk på det lystigaste omkring henne, sa ho det med seg sjøl, til Ola eller kven det kunde 190vera, at han Peder vart dem for dryg, dei fekk sette han i ein bås for seg sjøl.

Likevel var ho litt rædd for den stunda når vekene stana omkring henne. Kor vart det av Andrea? Ola lest ho ikkje som ho gådde meir.

Just ved denne tida sat Arnesen og dyrlægen og nokre til borti den andre garen og spella kort. Da kom det ein med ein seddel heimanfrå Segelsund. – Telegram, sa Arnesen, han la frå seg korta og sigaren. No skal vi sjå da, kva dei har å fortele. Vi har ikkje kirkefred eingong, vi forretningsfolk, smålo han over til Kasten Landre.

Han las over telegramme fleire gonger, og tok ikkje korta meir.

Jaså, silda hadde falle, der sør? Kasten Landre fekk små blide auga.

Arnesen hørte ikkje. Så reiste han seg, stod litt og jamvog; så slo han flathanda i borde så glasa hoppa, og såg villt frå den eine til den andre.

«10000 kroners tap, netto kontant!» Han sa det tre gonger; så tok han glase sitt og drakk. «Så, no slutta vi brølloppe, sa vi – han indeli fortære!»

«Neida, nu byner vi for blåe allvore – opp med hode, gutt!»

Arnesen ser stivt og glømsk på han, men levnar til og mjuknar bort litt om senn.

«Ja, kann du hjelp mæ nu, Landre, da er du en stor mann, – bare en urliten håndsrekning, 191mener jeg, berre for en måned eller så, med jeg får områ mæ litigrand.»

«Vi får kjenne i morra, men her er korta, og ditt utspell!»

Dei prøvde å komma seg i gang att, dei friska kort og brygga nytt i glasa, men Arnesen hadde gått i stå, han var ubrukbar. Det bar til Håberg med dem. Arnesen hadde vore tyngst lasta av dem, men no var han ædru som landvinden; han gjekk og sa ikkje orde så lang vegen var.

På Håberg var det fullt liv. Massinghorna kunde ha fått ein kisteklædd ein til å danse, var det nokon som sa, og slik syntes dei visst alle. Åsel vart ståande og sjå på folk, på andleta deira: dei var så hjartans fornøgde, ho hadde ikkje set dem før; kvar ein såg ut som han hadde ein stordag. Arnesen la ingen merke til, men no sette hunden i å gjøy ute, det hørtes som han beit i sjølve mørkre, og så fór han som eit ylande strek kring nova. No kom det frammandt folk inn i gangen, der vart stor oppstuss. Anders spurte urolig, vilde vita kven det var.

Det var Kal Jensa, Juvikløva, som kom. Full var han, og stygg i åsyna; han såg seg rundt i hopen, og dei seig unna.

«Kem det e tå dokk som gjøyr?» spurte han.

Det var da hunden det, hunden, det var slik ein tosk att! ropa dei.

192«Ja, e det nokon forskjel på dokk da?» Han skumpa dem til sides og kom inn i stua.

Dansen stana litt etter kvart, og folk kom seg bort til veggene.

«Jaså, her e brøllopp, her?» sa han og glinra imot lampa. «Kor dokk hi gjømt brurgommen?»

Det vart hoggande stilt. Folk hadde hørt sneven av dette med Peder og Kjerstina, og dei visste korles Kal kunde vera i brennvine.

«Brurgommen?» spurte han att.

«Her!» svara Peder og kom fram på golve.

Kal snudde seg og såg på han; opp over han og ned over han:

«Jaså, det er slik du sjer ut! Hm.»

Peder stod og såg på han. Han var rolig, men tynn og slakk imot den andre.

«Kann hels dæ ifrå a Kjerstina. Vi mått ta og bitt a fast i dag. Ho villa tyn sæ. He? Ka du sei om det? Svara du ikkj?»

Andrea tok eit steg fram imot Peder, men kom ikkje lenger. Ho vart ståande og stirre på han, glømte å blunke. Slik stod dei alle i hop.

Kal fekta så smått med armane. Dei var digre og spennte, han måtte kunne slå i hel ein hest.

«Æ va meint på å tukt småfinn med dæ, Peder.»

«Slå vekk!»

«Tek du imot a?»

«Nei. Berre slå du. Æ hi fortjent det.» Så snur han seg til dei andre: «Æ skuld for resten te å forkynn det, fer heile meniheita.»

193Andlete til Kal skifta, i både hamlet og skapna, dei hadde aldri set kar forandrast slik; no fanns der ikkje slåssarmot lenger, ikkje gneisten av sinne, det var berre hate som brann under huda; han stod og spydde over Peder, syntes dei, – hadde det enda vorte ein ende på det! No gjekk Kal borttil Peder, gav han ein kakk under haka, og lo med eine munnvika:

«Din tarm der du står!»

Anders hadde reist seg. Det tok litt tid før han fekk ord fram.

«E her ingen – finns det ikkj ein da som kann ta ifrå sæg? E det svart!»

Så sette han seg; og Kal snudde seg og gjekk ut.

Det var fleire som såg på Peder enn etter Kal, syntes Åsel,Åsel] rettet fra: Asel (trykkfeil) og ho visste ikkje korles det var, men det rann ein fysna gjenom henne, så ho snudde seg til den første den nærmaste, og orda kom av seg sjøl utor bringa:

«Han Peder vart ‘n fer sterk lel!»

Men i gangen vart det oppstyr att. Kasten Landre hadde stilt seg i vegen for Kal, og hadde fått ein så han tumla attlenges imot troppa, så fór han opp og inn på han, og no bar det ut døra og ut i mørkre, og folk etter; dei hadde fått att mote sitt. Ei stund etter kom dei inn og kunde fortele at Juvikløva hadde fått! slik var det Kasten tok fiskarane når dei kom på bua hoss han og rasa i fylla, og der til så var her no fleir, om han fann på å komma att!

194Dermed lettna det i stua, og snart var dansen i full gang att. Andrea fekk Peder med seg ut i eit kammers, og der skjenkte ho han ein dram og fekk han til å sette seg; sjøl sat ho attmed han og heldt i handa hans. – Eg hadde fortent det, mumla han. Eg hadde fortent det. – Ja ja, men tenk ikkje meir på det no, så er du snild. – Eg skulde just til å rope det ut for heile menigheita, men eg vart for sein. – Ja ja ja, Peder!

Ikkje lenge etter gjekk dei opp på lofte og la seg.

Gjartru måtte ha tid før ho skjønna det Arnesen fortalte. Ruin? Og grå som oske var han. Ho dansa enno ein skjøt, men så tok uroa til å arbeide seg inn på henne, og ho måtte ha tak i han og få han til å fortele det enda ein gong. – Ja men, når du no får områ deg? sa ho. – Nei, sa han. Og da var der liksom ikkje meir. Ho gjekk beint ifrå han og inn i fjølden. Men der var det heller ikkje godt å vera, dei skumpa og tråkka liksom ho ikkje fanns der, ein skulde hit, to skulde dit, og glade var dei så det skjein av dem. – Har du hørt det? sa ho til Ola. – Både eg såg og eg hørte ja. – Å, det! bles ho, og ho var alt på og skulde gå ifrå han att. Men makta hadde sige av henne, ho kom ingen stan. Ho fortalte kor det stod til, med ein tør liten flir; så stod ho og såg i kring seg, meir og meir forundra. – Det er så rart, Ola. Eg synes som eg ser no. Stua og folke 195og alle andleta, det går i ei skodd for meg, men eg ser det så brennande vel. Og attom det ser eg heile stelle, det står og flirer til meg – han Arnesen er ein tosk, har du ikkje set det, Ola? kvifor sa du meg det ikkje? Eg står ikkje her og ser på det, hører du, eg dansar, gjer eg, til eg styp, kor det vart tå dykk, de som vilde danse med meg?

Dei var ikkje langt unna, det var slik ein forkunn-smak i å halde omkring henne som var så fin, likare gjente var her ikkje. Men Ola såg ho fall litt tung for han som no tråva rundt med henne, – ho gav han seg for resten, og så seier ho det høgt og berrt til han:

«Heile stasen va berreste eit eventyr. Berre røyken att tå det – bot på bot og lapp på lapp, slik ser det ut. Det e rart å sjå, gut!»

Ungdommen trampa og hoia, og ein drykkjen ein kom snåvande og låg i vegen rett som det var. Spella kort gjorde dei på alle lofta, Åsel hadde git seg for lenge sea, – eg rår ikkje noko med den nye tida, sukka ho, men ho måtte mest le òg: det var likare des verre det vart, rettno.

Da kjem det inn to som er krita bleike, og står i døra og stammar. Kva var det dei hadde vorte for? hadde dei set noko? Den eine av dem gjekk sin veg, han vilde ingenting ut med. – Men slutt med stygg-sjauen, det rår eg dykk til! varskudde han. Den andre fekk det 196endelig fram. Dei hadde set ein snøkvit skapna borti stallporten, ein rømling ifrå kirkegaren.

Dei mista låtten, nokon kvar. Var det sant?

«Likskjorta!» mumla han berre, han var nåmen i kjakane.

Lampa blakrar til og vil slokne, og kvinnfolka opnar munnen liksom dei skrik.

Jens rusar i veg ut og vil ta spøkeri, – han vart for sein her i sta da han Kal var her; fleir legg i veg etter. Dei fann ikkje noko. Kirkegaren var ikkje nære. Og enno ein gong var folk på golve og dansa. Men dei var for trøytte no, dei fekk ikkje farten i seg, og så bar det til sengs med dem, så godt dei kunde, parvis eller i klumpar ettersom det helst høvde.

Ute var det dørgstill natt. Hus og fjell stod imot lufta og mørkna, og vintervegen gjekk og lyste tvert over himmelen. Anddråtten frå skjera var ikkje å høre, utan ein lya vel etter han.

Ola og Anetta gjekk til dyrlægegaren i natt som i gårnatt. Men i natt var dei to-saman ute og gjekk. Dei famla seg opp på eit loft og la seg.


IV.

Tredje brylloppsdagen tok folk til og vart slakke i auga. Mathugen var borte, og meir til; det tok tid før dei vann seg i farten att. Dei som eldre var og hadde vore med litt, tøyde berre på seg og gjekk og venta, for det var noko med det likaste i eit gjestebod; dei gjekk og fann på så mangt. Ungdommen, mange av 197dem, var kaldhustren all igjenom. Det var visst nok for lenge sea, og korles skulde det bli når helga var over og svarte ørka sette inn? Kom ikkje slik ei høgtid til å hemne seg? Så langt heimafrå hadde dei aldri vore før.

Da var det einkvan som fortalte at det hadde komme ein prekar til bygds. Han las opp utor gudsorde og preka over det liksom presten sjøl, og dei som hadde hørt han, sa det var merkelige ting. No i dag klokka 11 skulde han til att, borti ein av grannegarane.

Dei rausa i veg fjølgmennt ifrå brylloppsgaren, det var da straks eit ombytte i kosten.

Han var ein stor og breivaksen kar, og sterk i andlete, så dei tagna og vart spake allealle] rettet fra: allle (trykkfeil) i hop, når han såg den vegen. Stua var full av folk, og dei som ikkje hørte til brylloppe, hadde salmeboka med og song så det båra gjenom både hus og mann. Stod han så opp og snakka, og same sudrage i det som i songen, same rare egga for det som det var for aug’syna hans. Presten i kirka, han sa visst det same han òg, men han hadde vore så langt unna ein, gjernast, der var lovlig å tenke på alt ein vilde. Her vart det anna slag. Kvinnfolka snykta og gret bortetter benkene, rad for rad, og vaksne karar kunde ein sjå bleikna utor, der dei sat; det vart tungt å puste.

Ein av brylloppsungdommen gav frå seg eit hæh! og enda eitt, for det her var det konstigaste han hadde vore borti, han måtte le høgt. Andre 198prøvde å ta etter, dei vilde ut or denne klemma; ein av dem fann enda på å rikse med benken under seg så det vart ei ulåt i stua. Men dei vart så einslige med moroa, før dei vardest, og så hadde dei prekaren i strupen på seg att. Det bar til helvetes, dette her live, som ventande var, dei såg det, og det var nifst å sjå.

Gjartru hadde òg komme dit. Ho hadde ikkje smakt blund om natta, og no var det ein sterkare ein som drog henne denne vegen. Ho fekk ikkje auga ifrå prekaren, han batt henne og bar henne dit han vilde. – «Livet,» sa han, «livet er veien til døden. Som floden imot havet, så iler livet imot døden, kjære sjæl; det er tomhed på tomhed.» – «Ja, ja!» sukka ho høgt. Det skar gjenom bringa, tak for tak; men det var blodsmakande søtt. Gråten beit ho imot i det lengste. Syne tårer, det vart mest som å kle seg naken for folk, slik sat det i henne frå gammalt. Men da dei gav seg over rundt omkring henne, hang det i eit hår med henne òg. Talaren såg beint på henne, snakka berre til henne; han var så stor, og så god i auga, der var ein blåna med ting som verda ikkje visste om, – og herre gud kor smått, kor armodslig smått alt anna var! Små rykk med tankar fór gjennom henne, ting og annan dukka opp or mørkre i henne og vart borte att. Men live var ein veg til døden!

Mina! kviskra ho eit par gonger, ho skulde ha sprunge etter henne og fått henne hit, for 199korles skulde det elles gå henne, no når allting ramla i hop og haug kring henne? Men mannen tala, og det var ikkje å komma nokon veg.

– – – Mina hadde anna for seg. Ho visste det alt i gårkveld, korles til stod. Ho hadde ikkje ligge nattvakande, men ho hadde ligge og tenkt seg om, til ho sovna, og da ho vakna, tok ho til att. Det var det, at her fekk det bli ei råd. Ho var i veg og fann Ola først. Ho venta rolig, med han og dei andre snakka ifrå seg. Dyrlægen var der, og han var ho rædd,- han såg ut så allvitande; og morfar var ho heller ikkje trygg på. – Før i tida, sa dyrlægen, da var det anna slag; da levde folk som dei skal leva, ikkje sant Anders? – Nå, det veit eg no ikkje; det var no den tida det. Lat oss heller friske kort, karar, og få nytt spell. Det kan gå verre ja, men ikkje like-ens! Dyrlægen smilte rundt til dei andre: Det var just det der dei skulde ha. Hørte dei, eller hørte dei ikkje? Han snudde seg til Ola: Kva er det du står og surmuler for, gut? At ikkje tida tar og ber deg på hendene? Ja. Men ho vil ikkje. Det er så greit her i verda, at det eine kjem av det andre, hugs-på det! – Er det så greit? Da går det rundt for meg. Kor tok det til da? og kor slutta det, sei meg det?

Han gjekk ifrå dem, og kom tett framom Mina. Så ålvorsam hadde ho aldri set han før. Ho kom og vart med han ut, og heile tida syntes ho han visste kva ho vilde. Utpå stubrua stana 200han. – Dersom han berre kunde snakke, sa han. – Kven da? – Han Arthur din. – Kan ikkje han snakke? – Nei. Han seier det berre som det er. Han ser ikkje anna enn det som er. Han er ikkje den som skal komma, vi må vente ein annan ein. Du veit: gauken? Gauken som gjel i Svartskogen. Sea kjem den rette.

«Du ska hjelp oss, morbror, du veit kor det står te!»

«Ja ja ja!» Han sukka ut i vêre: Eg skulde ha hjelpt alle i hop. Verda snur seg, og folk bli ikkje med. Finns ikkje verre ting til, enn å stå og vita at her må komma eitkvart nytt, og så ikkje vita kor det kjem ifrå!

No snudde han seg til henne og såg på henne så ho kvakk:

«Veit du kofor æ e så gla ti dæ, Mina, så stort eit toskhu som du e? For det at du trur her finns ein imillom all i hop som e bra.»

Ho såg storøygd på han. Og han mumla med seg sjøl: Eg får til å tru det, eg òg. Inga anna råd. Her må vel finnas eitkvart som er godt hoss folk, når det ikkje finns hoss meg.

«Vi ska ikkj vør å ta ‘n Peder på orde da, synes du?» Mina hadde samla seg no.

«Å, det? Ja, det veit æ ikkj. Men va det ikkj så at det ha gått skjeis med ‘n far din? Da ska du ta Segelsund, få skjøte på gåren, og det fort ò. Han far din bli det alltid ei rå for.»

Ikkje lenge etter hadde Mina funne faren. Ho bad han, han skulde ikkje ta det så tungt, 201han Arthur og ho, dei skulde kjøpe Segelsund, større var da ikkje skylda enn at det måtte gå. – Og skinne kan dei ikkje ta av deg, trøsta ho. For slik er det i verda, veit du, at det eine kjem av det andre.

Arnesen vart eldande raud. Kva skuld dei kjøpe for? 10000 kroner stod Segelsund for i banken – visste dei at det halve kunde ha vore nok? Og at han skyldte det same rundt i kring seg, he?

Mina klipte rolig med auga og tagde. – Det var han Ola som la meg den råda, så ho. Da tenkte han vel som så, at han onkel Jens skrive på for oss, for garen. Resten ja, det veit eg ikkje, dei kan da vel ikkje ta skinne tå deg? Det er da visst ikkje noko fark i det her?

Arnesen murra berre. – Eg vil ha fred! Eg vil ha fred for dykk, seier eg! Det var da hemn til folkslag, dette her: Først ruinerer dei meg, og sea ét dei meg levandes opp med berre ap og påfunn! Kor ho er, ho mor di? For det er hennar skyld alt i hop, hører du det? Og du er verre enn henne – eg vil ha fred!

«Stakars far!» mumla ho, ho beit seg i leppa og gjekk.

Ho og Arthur gjekk seg ein lang tur. Det høvde så merkelig, at dei møtte Heggerud i vegen, bankmannen, han kom og skulde til brylloppsgaren att. Mina gjekk på han med ein gong, og gamlingen var snild som han pla vera.

202Det skulde dei gjera ja, sa han, og ikkje dryge heller med å få skjøte, og kunde han hjelpe dem på noko vis, så skulde han sjå på det. – Sel vekk alt som ligg til; både utvær og plassar, gjekk han og mumla, ja ha; og fartye det tar vi; og bybanken han bli for sein, ja ha. Men aldri i verda får du han Jens til å skrive på! ropte han best han gjekk.

Dei fekk no prøve, meinte ho. – Han er den eg minst vilde snakke til, men for det så –

Ho gjekk og leita etter han, Håberg rundt, men han var ikkje der. Oppå lofte fann ho Peder, og han såg bleik og tynn ut. Han sat på senggavlen. Andrea hadde dei møtt i troppa. – No skal eg fortele deg noko, sa ho. No bli du sittande på Håberg, og eg på Segelsund, kva seier du om det? Vi kjøper garen, vi får han Jens til å skrive på. Rømme til Amerika, sa du? Det gjer du ikkje nei; enda det var visst det lettaste. Da måtte det heller bli vi som fór da, han far har tapt alt i hop og meir til. Nei du rømmer ikkje, – men kor har han gjort av seg tru, han onkel Jens?

Peder såg tomt fram for seg. Auga i han var glasne, og augelokka stive som bork.

«Fagergåsa!» gjeispa han etter henne.

Ved denne tida kom folk ifrå møte, og det vart eitt røre og eitt snakk heile huse over. Forgongsfolke gjekk rundt og tagg folk med seg til dyrlægegaren, for der stod middagsmaten og 203iventa, nysalta ur og brædd smør, skulde de ikkje prøve? Folkehopen seig i veg.

Gjartru og Arnesen var ikkje ved borde. Han hadde gått og lagt seg, vilde ikkje svara eingong når dei ropa til han, og ho var ingenstads å finne. Åsel var den ho hadde vore, og Kristen med. Dei åt så det var ein lyst, og anna såg dei ikkje ut til å ha for seg. Elles var det berre predikanten dei tenkte paa, borde rundt. Serlig var det ei hending som hadde bitt seg fast i dem. Ein gutladd som sat bakom predikanten, hadde stole seg til å henge ein papirdevel bakpå han; dei vart vâr det da møte slutta, og dei måtte flire mange som nyst hadde gråte. Men i heimvegen gleid skarvungen på ein hålkekul og reila eine foten sin, så dei måtte dra han hit på ein kjelke.

Utpå ettermiddagen kom predikanten til Håberg, og Gjartru med han. Der skulde bli møte. Åsel fekk ikkje vita om det før det var for seint, ho hadde så mangt anna å stå i. Og gamle Anders sa, da ho endelig kom og vilde snu dem i døra, at dei skulde la mannen snakke, det kunde vera friskt å høre kva han fór i, ein skulde vel ha hørt ein slik ein òg.

Det vart eit sterkt møte. Folk omvendte seg i flokk og skokk, og Gjartru var med dem. Prekaren gjekk innpå dem hardare og hardare, der vart berre ei sanning til: Vil du bli frelst, så må det bli i dag, i dag!

204Anders sat med andlete opp imot lyden. Somtid var det berre rukker og skjegg; somtid opna det seg stort og truskyldig som på barne, og auga vart mindre blåblinde, det var som dei såg. – Ja ja, sa han. Men des meir folk gav seg over, des tyngre var gudsorde over dem, og no var der nokre som gret høgt, – det der var ho Gjartru, hørte Anders. Han sitt og tar seg opp i skjegge, tak om tak. No bli prekaren låg i måle, det syng kvævande lint og frå hjarte:

«Den som nu lukker sitt hjerte for Herren, han lukker det måske for evig, og døden står her og venter. Døden! mine venner.»

Da står Anders beint op, høgt over dem og midt imot talaren, hovude hans er som kvitskya over jorda ein haustkveld. Han kremtar to gonger, langt oppi tonane, og held handa ut framfor seg:

«Nei nei nei, mann! No val du gi dæg. Kor det vart tå dæg, Åsel?» han snudde seg til sides.

«Ja her e æg, far, og no ska det – –»

«Ja, gjer det, få mann’ te å gå. Ta spelle ditt og reis på ein annan marktna. Læt dauin vara det han e.»

Folk hadde snudd seg og gapa, og slik vart dei sittande. Det gusta ein kaldkjøl gjenom stua, liksom take vart løfta av. Talaren tok etter all si makt. Men da sa Åsel tørt og lognt:

«Søng ein song te sluttnings, det e så vakkert.»

205Predikanten tok sitt og gjekk med ein gong, og mange etter. Heile lyden sat og sakna songen.

Gjartru sat att i same draumen enno. Ho let dem reise seg og gå rundt i kring. Så bøyer ho seg framover, lett att auga og bed. Ho skulde ha takka Vårherre, og ho skulde ha bedt både for seg og sine, men ho kom ikkje over første tingen: Ho bad for Åsel, bad så ho skalv alt med seg, at Herren måtte rive henne som ein brand utor elden, han måtte det, for det vart ingen himmel for henne, kom ikkje Åsel òg dit! Ho mumla og kviskra, ho ansa ikkje om folk hørte det eller ikkje. Det var heller ingen andre enn Åsel som hørte det.

«Ja, no kan du be fer mæg lik leng som æg hi bedt fer dæg,» sa ho tett over henne.

Folk slong ut og inn i dørene. Nokre hadde vorte med emissæren, og nokre hadde tatt vegen beinast heim, her var ikkje likt seg lenger. Kristen Folden sjøl tok til og bad dem inn att: her skulde bli pons. Jens onna som ein råssdreng ein høyvêrsdag, og endelig bar det i drikkinga på ny leik. – Skal det verkelig berast i veg paa det der vise, sa Anders, han sat enno og kom i hug møte. – Ja, sa Ola, det spørs om ikkje folk får ei ri med krampe no. Krampe i trua. Eg kjenner det på meg, at det vil til. Sea blir det andre ting, får vi tru. – Får vi tru ja, sa Anders.

Arnesen kom inn med glasa i handa, glinnra urndt i stua liksom han knapt var vaken enno, 206og der ser han Kristen og segler beint på han: – No skal vi sjaa da, Kristen Folden, om det ikkje bit lov på deg. Både for nøtene og for anna. Eg er ferdig, det er så, men no ber det i veg med deg òg. Du er ein skarv til kar, hører du eg seier det? Ein – ein –

Mina kom og tok han, og han skjangla med henne som ein sømnig unge.

Kristen småhumra berre, og hjelpte til og rydda stua til dans att. Det var vaksefolke sjøl som måtte til denne gongen; ungdommen hadde fått frost i kroppen og vart ståande handlause frammed veggene. Anders sette gjøt i dem. – I kveld vil eg til å leva, eg som de, gutar; det spørs jamenn om eg ikkje må på golve ein sving òg før eg sluttar.

Da dyrlægen kom inn og borttil han ein times tid seinare, var han kåt som ein ungdom og vel så det.

«Høyr her, du krøtterpinar, no ska æg fortel dæg noko!» lo han. «Han Kresten Folden, værson min, det e ein hedersmann. Han skjenkt ti eit døkti ølglas med armanjakk, og sa, at det der ska du ta ti dæg, sa’n; og æg tok det ti mæg. Og han Kresten Folden, han skjenkt ti enda eit døkti ølglas med armanjakk, og sa det samma; og æg tok det ti mæg. Men javisst ja, da vart æg annan kall!» Han sat litt og lya: «Der mein æg vi hi ‘n Ola i spellingja – høyr på ‘n, no slakta ‘n gjeit igjen! Han skuld ha vøri 207oppgjort tå nyan, heile stakkallen. Berre dans dokk, han e ikkj setanes!»

No kom Andrea leiande inn med Peder, og dei dansa i veg millom dei andre. Han hadde sove ein stubb og var god kar att. Han heldt i henne så trufast, – med godt samvet, som Kjersti Rønningan sa. Ho hadde just vore opp og sett til Petter, han låg og var dau drykkjen.


V.

Mina var litegrand heit, men no skulde det skje. Ho måtte snakke til Jens, det vart ikkje annan utveg. Ho tok han midt i troppa, han kom ned frå lofte med mugga. Jens såg tynnt og tørt på henne; kjakane vart større og større. Han rista på hovude: – Skriv aldri namne mitt paa eit papir, ban. Aldri nei. – Nei nei, men så kan du låne oss da, veit eg? Lån oss 10000, med pant i Segelsund og allting. No smilte han, og Mina vart spritande raud.

«Det kan jeg aldri tru jeg gjør. Da kjenner jeg han Jens kleint. Du, gulle mitt, er all right; feiler ikke det. Men jeg er altså en – en selfmade man, skjønner du det? Har mine principles, altså. Og han far din, nå ja for resten, heile lande her er – – her er ikke bussines for to cents. Der! no veit du det. Bli med over, hva? Tenk på det du.»

Mina hadde vorte meir og meir bratt, og eine munnvika drogst hardt opp.

208Da var Peder der. Han stod still og hørte på, full men stødig; han var lik til han vilde spytte på einkvan. Han kom opp og stod breiddmed Jens. – Eg hadde ein farbror ein gong, eg, han heitte Per, – heitte det same som eg, å kalle. Han gjekk god for ein eingong, har dei fortelt meg; heldt på og skulde kjøre heile Håberg her utfor bakken. Men så slapp han, var det ikkje så?

Jens vilde komma seg framom dem, han skulde ned med mugga, men Peder stod i vegen.

«Va det ikkj slik da? Ja ja, berre gå du. No e det min bør. Det ikkj han gjord, det gjer æ. He? Sa du noko? Kom hit, Mina, og Arthur med, så ska vi sjå, san,» – han gjekk føre dem opp.

Åsel hadde sett seg uti sengkammerse til øystre stua. Dit kom Gjartru og fann henne. – Du skal ikkje vera sint på meg Åsel, sa ho, eg er så glad, eg kan ikkje bera det åleine. Eg har som ei oppkomme med tru i bringa, eg er så rik som eg aldri drømte eg skulde bli. Eg trur enda det, at Herren hjelper oss både på det eine vise og det andre. Å, det er lukksalig å vera så knust som eg er no.

Åsel smiler for seg sjøl: Er det så lettvint å komma seg inn i gudsrike no da? Ja ja, eg har no så ofte bedt deg om å halde deg til han, men. Eg meinte ikkje det gjekk slik for seg. Det var ikkje det der eg bad til Vårherre om nei.

209Gjartru har enno nokre små hikstingar, dei kjem og kjem, og auga er på veg langt ute. – Det er denne slektstanken din, Åsel, berre ikkje han bli deg ein stein i vegen – og kan du ikkje få dem til å slutte med dansen og all styggmakta da? Du som var så rædd, her før?

Åsel bad henne snakke til dem sjøl. – Og no er du inni skodda att, ser eg. Tru, kallar du det. Eg kallar det draum eg. Og eg må seie eg kan ikkje konsten; eg er dømt til å sjå verda slik ho er; og enda bera opp hovude mitt. Men vil du ikkje ha ein smak vin? han er god, skal du kjenne!»

«Å, du veit ikkje, Åsel, kor rart det er, alt i hop! Som det ska vara sist i verdsens tid!»

«Det e no så det, men.» Åsel tok seg ein sup av flaska. – Men dei fekk halde bryllopp no, den her gongen, sa ho. For ho syntes òg det var rart, ho kunde ikkje anna seie. Borna mine bleike og veike, eg ser det mest, og kanskje ingen tå dem vil ha garen, dei riv han utor hendene på meg og hiver han; og det vi skulde ha gjort, det vart ugjort; og heile tida har eg gått og brunne med at eg skulde ha ofra eitkvart, det dyraste eg visste – det bli ingen ting. Slekta ja, eg måtte vel ha haldanes tak i eitkvart eg òg? Men det får komma, det som komma skal. Så får du halde på med ditt. Dette her er første gongen eg har kjent meg ung, likevel.

210«Ja, berre ‘n Arnesen ga sæ over te Herren, så!»

«Å du!» mumla Åsel, ho snudde seg frå henne.

Da kjem Peder, og attom han Arthur og Mina. – Held du på og pratar no, mor? seier han. Inga sak for deg, san, som har meg å syte for. Så veit du da du har rett. Trur du eg rømmer ifrå det, du? Var ikkje mykje likt meg. Nei, men no har eg skrive på for han Arthur her, for 10000 kroner, det må da vel Håberg vera god for? Kva du seier om det, mor?

Han hørtes ædru i måle, det snurpa og garva som sterk bork, syntes Åsel; men enda var han liksom så langt unna, stod visst og tenkte på vidfarande ting. Best det var, snudde han seg til henne og stakk:

«Hus-på det da, både du og han far, at det her står spikra fast. Visst ikkj – – e det Amerika ja og farvel!»

Han svinga seg stivt rundt og gjekk att. Andrea fann han i gangen, og han tok stort og hardt i kring henne; ho vart både raud og forundra.

«No e vi fattifolk, Andrea, høyri du det? No hi æ rista tå mæ ei tung murru. Æ visst da vel æ skuld vara mann fer einkvart, æ ò. Lætt mæ no finn glase mitt!»

Først stod ho berre og såg etter han. Så arbeidde lukka seg fram i auga på henne, og 211så over alt andlete, og da ho møtte Åsel, vilde ho helst ha gjømt seg bort. Men Åsel sa berre med ho smaka på sjokoladen dei hadde kokt:

«Du hi snakka med ‘n Peder, veit æg? Og e du eni med ‘n, kann allti æg vara det.»

Bryllopps-duren hadde komme opp i ful høgd att, kunde dei høre. Åsel lyar, og smiler: Så rart som det er. Som det skulde vera siste gongen vi hørte det der. No hører dei ein halvfull gutvås uti gangen:

«Klem på, guta, det e dom’-dan’ som held på å tre i kraft!»

Og det svarar ein eldre ein:

«Dom’-dan’ e overstått han.»

Folk hadde aldri tura likare. – Og når silda falle, så var det bra vi selde før, sa ein. – Så var det bra vi ikkje var storkarar og kjøpte, svara ein annan. Og enno var det bryllopp og godt år, og resten stod i ein blå røyk for dem, det var ingen som kom i hug synd lenger, meir enn i gamledagar. Ute, der var det svart og kaldt, og dit vilde dei nødig, att med døra, og skruv opp lampa, lat oss så massingen att!

Ola hadde helst sitte og spella til lyse morgonen, og han meinte slett ikkje på å pine folk. Han hadde spella seg varm, det var berre det. Han var just kommen dit, at han kunde tonen på alt som fór igjenom han, og det var mangt. Styggmannen lærte han slåttane, som gammalkarane sa; det var live, slik han hadde ønska seg det før. Men ein skulde kanskje tenke på 212dem som måtte høre på. Han legg frå seg spelle.

Så er det at ytterdøra fer opp, og folk i gangen sett i eit skrik, eit illskrik og ei hås og mangdubbel dyrelåt: Der står ein dauing utpå stubrua! Ja, og der står han: kvite likskjorta, og daumanns-auga og daumannstenner, det lyser grønt av han, og no ler han: Hæ, hæ, hæ! Dei stimer unna og inn, både kvinnfolk og karar, og så bleike som fådd lin. Denne gongen står dansen i stein med ein gong.

Ola tek seg fram gjenom stimen, og ein to tre etter han. Dei ser syne vik unna, og svarte natta står som kjellaren attom, og der vart det borte.

Anders har hørt kva som står på, og no sett han ned gjentungane til Åsel, – dei fór støtt innåt han når noko stod på –, og så kjem han famlande fram.

«Gang unna!» ropar han. «Lætt mæg komma i kast med ‘n. Lætt mæg sjå ut, æg som veit kor lande ligg!»

Dei gjer veg for han, Ola stanar og biar, og Anders ut; han var blåraud i andlete, såg Ola. Syne sågs ikkje meir, men Anders snåva utpå brua og datt framover, hovudstupes ned på marka, og vart liggande.

Fulle stakallar og nokon kvar elles rusar ut og ser i kring seg. Inge syn meir, finns ikkje, det der var tysing åt beiste! men korles er det med han Anders? Har han skamfert seg? Og 213så denne fordervelig høge brua, som han hadde gjort sjøl eingong!

Dei tok i han og drog, løfta og sleit og skulde ha han inn, men tung var han som to, og fotfeste rapa for dem i eitt vekk; og ikkje var han så lik han studde på hand eller fot sjøl, han var godt garva i kveld. Dei sette båt med han opp troppa: «A hoi, å hi – håli-åp!» Så inn gangen, vast no urliti! og så inngjenom døra med han! – Slo du deg, Anders? Du datt, meiner eg? Men jamisel gjorde du åt for skrømte lel! Men Anders lo ikkje i kveld.

Da rettar han på seg, eit kjempetak, og så slaknar han alt med seg og er borte. Ola kjem bortåt, bed dei gå unna. Han står over han eit tak, tett nedåt han. Så ser han opp, og rundt på dei alle saman.

«Du sei no vel ikkj det?» kjem det frå den eine etter den andre. «Du sei no vel ikkj det!»

«Jau, det e slutt no ja. Med han.»

Marjane, minste gjentungen, har alt forstått. Ho har vorte stiv og skjeiv i andlete, står enno ei stund og ser på morfaren, og da Åsel og Gartru kjem, snur ho seg vekk og går åt kammerse hans. Dei to søsterne bli ståande som dei andre.

Andrea var på lofte hoss Peder, for han var sjuk og i senga; det fauk så han, det han drakk i sta. Arnesen kom just opp, og da gjekk ho ned etter vatn. Ho kom ikkje att straks, og så var Arnesen ned etter vatne. Peder drakk 214i villska. – Takk skal du ha! sa han. Du er ein gasta kar, så stor ein tosk som du er. – Du får kalle meg kva du vil, no heretter, Peder. For eg veit du har lova å hjelpe oss, – å hjelpe ungfolke, vil eg seie. Men eg, eg bli like uhjelpen for det, – kor vil du eg skal gjera av kroppen min? Eg er full ja, men eg ser for det. 10000, seier du, men du skal komma i hug det står 4000 fast i garen, frå før, veit du ikkje om dette legate? Da bli det berre 6000 for deg å stå der for, og no seller dei både rubb og stubb av eigedommen inni Vatsbygda, det bli mest ingenting att på deg, og desutan må du ha med deg ein mann, du bli for lett åleine. Ja. Men er du Peder til gagns, så skriv du på ein lapp for meg, eit tusen kroner eller slikt, så mykje eg kjem meg ifrå det og over til Amerika, det er berre hemn i det for meg her i lande, ei lita handshjelp, kva seier du om det?

Peder låg og såg i take. Han smilte litt eit par gonger, men han var ålvorsam imillom, og urolig, glytta åt døra i einingen. – Kor det vart tå a Andrea? seier han, kjem ho ikkje med vatne? – Her er da vatn? – Du!

I det same kjem Mina. Ho hadde havt ein ank i seg for at faren var etter Peder, hadde fare og leita etter han, men var like vis på kva som hadde hendt nede. – Du måtte da skjemmast! sa ho, og tok han med seg. Men Peder seier etter han:

215«Det e ikkj umuli æ kund finn på å gjera det!»

Dei hadde lagt Anders på senga hans i kammerse, da dei to kom ned.

Og no var da brylloppe slutt. Det vart stilt inne som ute; – dér stod natta gråsvart miliom fjella, med små snøgrimer i bergandleta, og eitt og anna stjernrape stripa på himmelen, han var så utglødd og tom i leten.

Folk kara seg til sengs, litt om senn – og ædrue var dei alle saman.

Åsel og Gjartru var dei siste i kammerse hoss faren. – Eg visste da vel det måtte ende slik! sukka Gjartru. – Å neimisel, vi visste ingen ting. Som godt var no det.

Andrea sat på senggavlen attmed Peder, da ho fortalte korles det stod til. Han hadde lagt handa hennar på panna si, for han hadde så illt i hovude, og der måtte ho ligge. – Jaså, sa han berre. Ja, det var no ikkje større for tidlig, la han til. Ho kvakk litegrand unna dei orda, det hørtes så urimelig kaldt; men så manna ho seg opp og sa, at no var det deira tid, ikkje sant? Det svara han ikkje noko på.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Storbrylloppe

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

Storbrylloppe er tredje bind i serien. Det går nedover med Juvik-ætta og gamle verdier står for fall. Søstrene Gjartru og Åsel har forskjellig tilnærming til det nye i tiden.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.