Storbrylloppe

av Olav Duun

Det stundar til helg


I.

121Nysnøen kom med nordavindsstormen, ein trevekes tid føre jul, og han kasta han i blauta. Da vart han ikkje liggjande, sa folk, det vart ikkje juleføre, og det var skrót, for her var mangslags trøytheit i emning til jul. Det spøkte for to bryllopp, og det kunde ein vel unne både dem på Håberg og på Segelsund, at dei fekk skikkelig føre, same kva ein tykte og sa om dem. Ein kunde ikkje fortenke Åsel i at ho vilde ha det som det hadde vore, for det vart no det vissaste å gå etter for nokon kvar, – og det var utrulig kor tida hadde bite på henne. Ho er gammal, ho som temmer, sa dei, og bygda har fått bukt med dem som stinnare er. – Og ikkje kunde ein laste Gjartru heller, for det om ho kava og vilde fram i verda, om ho vilde ha det lite grand på vise, – vi skal vel ikkje ligge reint still? Og så kjem ho no ikkje lenger enn Vårherre vil. – Og bryllopp var no bryllopp da, som før i tida, dei kunde seie kva dei vilde, det var jamenn godt 122det fanns einkvan som hadde mote til å gå laus, slik tida no var, for ho var både grå og svart.

Berre no bruka vann seg heim i rett tid, sa dei. Det same sa dei både på Håberg og Segelsund.

Dei gjorde det. Da han gav seg med snølokke, sette landvinden til, og han stod med seg veka ut, ståande vind heile leia sørover og ein kostar til bør. I landvinden fór dei nordover, og i landvinden kom dei att, det var som eit lite tegn å seie. – Da dei nådde Namdalsfjordane, auka han på til smått rokk, og da dei var utfor Håberglande og skulde krysse inn vågen, måtte dei i staden reva alt som revast kunde og sleppe seg beinast til Juvikvågen. Dei kom dit i kveldinga og hadde ein våtvoren sjau med å fortøye seg til natta.

Peder hadde meint han skulde ligge ombord, men Kal var stri på han skulde bli med i land. Dei var enda fullhyrandes mannskap ombord til å passe fartye og båtane; og Peder lystra gjerne Kal i slike ting, det vart meir som smågutfakter å legge opp i mot han. Ansles var det når det var silda om å gjera. Og i kveld var Kal så underlig, der han stod framfor Peder, det hadde vorte reine skamma å seie nei. For Peder torde gå i land i Juvika; han torde meir enn det.

På heile turen hadde ikkje Kal nemnt søstra, og ikkje heller lest han høre det notkarane fór og sleiva i om Peder og Andrea.

123Kal og Peder var venner og vel forlikte; men den eine visste aldri kva som budde i den andre, slik. Peder sa det med seg sjølv no òg: Eg er like slug på han; og det same kan det vera.

Folk hadde set dei kom, og der var stelt storveges i stand i Juvika. Men Kjerstina hadde gått og lagt seg att, straks det vart fortalt dei var på vågen. Ho var så veik enno, det var alt med seg at ho gjekk, og no vart ho mjo i knea, og svimren, ho vann ikkje meir.

Mora hadde tatt det så tålig heile tida, og serlig sea Åsel var der; dei syntes sjå det, både ho og gjenta, kva som vart det likaste for dem alle i hop, og det fekk dei gå etter. – For så smått folk er vi ikkje, sa Marta, at vi skal sette vondt imot vondt; den tingen han hemnar seg berre.

Men no i kveld, da ho såg kor hardt det gjekk innpå gjenta att, vart ho sittande på ein stol og rugge. Gong for gong beit ho seg hardt i leppa, og anka seg så smått. Kjerstina låg og lya, det såg ho på auga hennar. No hørte dei måle til karane utom døra; først Kal sitt, det var både høgt og breit, som eit anna skippermål her ifrå garen; så kom Peder sitt, lågt og likesælt, det var halvvore som frå ein innestengt ein.

Marta gjekk inn og baud dem velkommen heim, da ho skjønna dei hadde vore til bords. Ho vart staande bortmed omnen, med hendene under forklæe. Da ser Kal opp på henne, og så rundt i stua flytt for flytt. Det vart drypande stilt inne med han gjorde det. Einast Peder merka det ikkje. Han merka ikkje at dei såg på han heller, først Kal og så dei andre, knapt han hørte at Kal spurte kor Kjerstina var.

«Ho Kjerstina ja,» sa Marta, og dei andre såg stilt ned. «Ho e dåli ho. Ho e uti kammerse.»

Kal sitt ei stund og held i pipa; så gir han seg til å tende på henne. Det ser ut som han har vorte mindre raudbrun i andlete etterkvart. Auga løftar seg opp til mora somtid, stanar litt der, og så sig dei ned att. – Jaså ja, seier han da det har vore litt, han reiser seg og går ut. Han tek vegen gjenom kjøkene og til kårstua, småblistrande, Marta etter med eit lite tak over panna.

Peder sitt og røyker og snakkar med sjølseg-folke. Han er reint pratsam no, mest ikkje attkjennande, og forteler om turen og kva dei spør om. Dei hadde ikkje gjort det kleint nei; dei hadde rapa i vakkert med sild; og storveges til pris ja. Og fort hadde det gått, i ein røyk å kalle. Segelsund-bruke, å ja da, det vart da litt på dem òg, enda dei var uheldig og reiv sund nøtene. Nordland var eit stort og vidt land ja, kirkesogn for kirkesogn og fjord for fjord der, san, og utrulig med folk.

No kom Kal att. Han stod i døra, såg ein 125gong i golve og ein gong opp på Peder. Han kremtar til og akslar seg:

«Du må komma ut i kammerse urliti, Peder. Her e ei som vil snakk med dæ.»

Alle saman ser på Peder, men han bli berre forundra, og så reiser han seg og bli med, ut gjenom gangen og inn i andre stua.

Da dei er bortmed kammersdøra, held han på og vil skumpa Kal unna og gå inn åleine, men så ser han Marta sitt der, og tenker seg om.

Det står eit lite talglys på borde og blyktar, og borti senga ligg Kjerstina, i kvit natt-trøye og kvit alt med seg, berre håre hennar har levande lett. Andlete snur ho halvt imot veggen.

Peder sette hendene i lomma og stod midt på golve.

«E a ligganes da?» seier han.

«Sjer så ut ja;» Marta reiser seg, ser litt rådlaust i kring seg, så løftar ho auga oppetter han: «Ha ikkj oløkka vøri, så ha du havt dæ ein arving i emninga no, Peder.»

Ho går ut, og ho får med seg Kal, som står midt i døra; han snur seg og let døra att. No hikstar ho til eit par gonger, så armodslig uvant, og måle hennar held ikkje lenger:

«Ha a Åsel vøri i min klea no, – da – da – undrest æ på!»

Det kom inn i kammerse som eit skrik utant fjorden.

Peder kremtar høgt eit par gonger. Så 126stig han bortåt senga: «Go kveld, Kjerstina!» Han seier det med høgt og lyst mål.

«Go kveld;» det var så vidt det hørtes.

«Jaså. Det står te slik ja. Men du kund no ha varskudd mæ lel.»

Inge svar. Berre tomme kvite andlete. Han står og ser bort i veggen ei stund. Så tek han i henne og snur andlete fram.

«Nei, nei!» bad ho.

«Ja men kofor sa du det ikkj med mæ da?»

Ho ser rolig på han, opp og ned over han med flakrande auga.

«Det var ingen mon ti det.»

Så snur ho seg ifrå han på nytt. Han stod der enno eit tak, men kom ikkje på meir å seie, og så gjekk han.

Dei lest som dei ikkje visste kor han hadde vore, da han kom inn i stua att, og ikkje var det noko å merke på han heller. Han såg på klokka, og lya etter vêre. Stormen mól tungt her i Juvika, han gjekk som ei gygrekvern oppi berge; lange rier var det liksom stua gav seg unna berre duren. Fjorden han hørtes som eit fossande kok av villskap uti mørkre. Det var storvêr, og det såg ut som Peder likte det. Han såg lognt på Kal: Det vart visst rettast ein av dem hadde seg ombord lel? For det var skadevêr å kalle. Kal gjorde berre med eine aksla, og det kunde dei sjå råkte Peder. – Som du vil, Kal! sa han tørt og tøyde på seg; her er godt holdbotn i Juvika! – no smilte han enda 1127med seg sjøl. Han ser på Kal att, han er isande still i andlete og spissar til munnen som han vil blistre. – Nei, du kan godt få gå ombord visst du vil; Kal ser ned for seg og bit i hop dei store kjakane. – Å nei, eg slår meg for her, det var noko eg skulde ha – –

Den eine etter den andre såg som snarast bort på han. Men han sa ikkje meir.

Morgonen etter hadde han spakna med vêre. Stormen hadde blåse opp regne og hadde slitt ut seg attmed det arbeide; heile himmelen var gråblå og seig av regnsky, og fjorden gjekk i svimringa og søya med daubåre kring lande.

Det var snart gjort å skippa pøre sitt i Håberg-båtane, og så gav dei seg på rake over fjorden.

«Du får ha takk for lagje da, te så leng,» sa Peder til Kal. Dei var ombord i jakta, og Peder gjekk over rekka og i båten.

«Ja sjøl takk. Og godt brøllopp! – æ e ventanes dit æ ò.»

Peder sag kvasst på han.

«Sei du det, du. Du held mæ fer ein slik ein ja, høyr æ.»

Kal togg og sputta bortetter dekke.

«Du kund no vent te du fekk sjå» murra Peder, og så steig han ned i båten og tok rorpinnen.

Dei fekk ein attpåstøyt av vinden da dei skulde krysse inn vågen, og kvar hadde nok med sitt. Da stod Peder og sa: No skal du få 128sjå, mor! No skal du få sjå. At eg er mann for å ta på meg børa mi. Og mann for å bera henne fram òg ja. De skal få sjå det de ikkje har set før, karar – fir av i klyveren!


II.

Same dagen som bruke kom heim til Juvikvågen, steig det i land ein storframmand kar på Segelsund. Han kom med dampen, som fór der ein gong i veka. Folk tok det tålig fort, at det måtte vera Jens Håberg som kom heim ifrå Amerika, for det hadde vore fortalt lenge at han var ventandes. Ein stor og morsk kar var det, skjegglaus som ein ungdom, berre med storkars-bartar under nasen, men ingen ungdom for det nei. Han hadde ein tullupp på som dei ikkje hadde set maken til: fotsid, og med skinnkrage som han kunde brette høgt opp over øyra, og så ei høg, høg skinnhuve, det var ein langfarande kar i eitt og alt, og han Jens måtte det vera.

Til Amerika hadde det fare mange i det siste, men få var attkomne og ingen hit før. Slik var det vel dei såg ut, folk derifrå, og du store verden for kister og koffertar han hadde med seg! Folk heldt seg litt unna han, det fall av seg sjøl; men gå heim kom dei heller ikkje på, for det første. Han pekte til ein mann at han skulde ta og sette pargasen hans der, borttil bryggeveggen. Straks var dei der alle mann og hogg i. Så er det endelig ein likeglad ein som stemner beint på han, og spør om det ikkje 129er så at det er han Jens Håberg dette her? Frammandkaren såg både fort og kvasst på han. Jau, det var da det, – og var her ikkje hestskyss å få utover lande til Håberg? – Du får vera velkommen heim da. Velkommen seier eg! Hest jau, det skal her bli ei råd for. Du kjenner vel ikkje att meg nei? – Nei. – Det er han Petter Brudalen det her, eg var enda med og skyssa hit til Segelsund, den gongen du hadde kjøpt her, ja, du hugser da vel det?

Jens lo ein liten kaldvoren stubb, og tok han i handa: – Kjem alltid i hug den flyttinga mi hit ja, du kan vera stø på det! – og no spørs det, san, om eg ikkje kan komma til å flytte hit enda ein gong. – Ja, no er det ho Gjartru som regjerer her, du veit vel om det? – Nei. Veit ingen ting om det. Heh! Det var da som –! han bles forarga, og dermed snudde han seg rundt og gjekk oppover, beint ifrå dem og til gars. Heile hopen vart ståande att; nådde ikkje i han med eit ord meir.

Gjartru var alt hoss dyrlægen, i brylloppsgaren, som det heldt på og heitte no, der var så mangt ho måtte ordne med. Jens banka hardt på døra, og kom så drivande inn, beint imot Mina. Ho vart stinn kring munnen og i auga, for slik skulde dei ikkje komma stupande inn her i garen, og mest frykta ho for han var ein storhandlar frå sjølve kjøpstaden som kom og vilde sjå bøkene, her hadde nyst vore ein tå det slage. Ho venta så kaldt ho kunde. Ho visste ikkje 130rettare enn at ho var både Håberging og frå Segelsund.

Han heftast elles ikkje med å fortele kven han var, og no syntes ho ho visste det før han hadde sagt to ord. Han spurte om det var Gjartru dette, og Mina lo slik som ikkje ho skulde gjera. Så tok han det, kven ho var, og ikkje lenge etter var dei i kjøringa vestover. Han var ikkje den som kunde bie, han var langt ovan-om det, merka ho, og no skulde ho jamenn få føter under hesten; vi skal ikkje ha bondeskyss! sa ho og slo på.

Gjartru vart så med seg, da dei kom, at ho glømte det ho stod med i handa. Han kom fossande som uvêre over henne, uroa allting både ikring henne og i henne, og så lo han beint ned over henne liksom ho var berre gjentungen enda. Ein kunde sjå kor ho kom seg og kom seg fort vekk, med ho såg på han og snakka med han, ho var snart yngre enn Mina, berre ungdommen alt med seg, og måle det kunde einast Jens kjenne att:

«Det va det æ sa, æ, Mina, at her var meir godt i vente, æ har kjent det på mæ i lang tid, – æ visst da vel det va slik du såg ut når du kom!»

Men Gjartru sette hendene i sida og stod stø og still. Dyrlægen syntes ho voks både i høgda og breidda, – no snudde ho seg til han: Lat 131oss så gjera det eg nemnte her ein dagen, vi gjer det, tek ut denne panelingsvegen og får til ei skikkelig stue, ein sal, for elles er det umulig. Vi skal ha bryllopp her, som du kanskje veit, – ho snur seg til Jens att –, og det var ikkje meininga vår det skulde bli berre skamma, kva seier du om det? Jens nikka berre; han var litt stivøygd av seg, såg ho, det var vel denne lange reisa. Og så er ho over dyrlægen att: Det var ganglofte da, som sagt, det må innreiast til kammers, til det andre brurepare, – vi betaler, som sagt, men lat oss få det i stand skikkelig. Dyrlægen kunde gjerne dra på den mannvonde truten sin, ho såg han gav seg. – For det er det med dette brylloppe, seier ho til Jens, at ein kan ikkje sleppe take i bygda heller, når ein har det, og skal ha det.

Jens såg på klokka; han hadde gull-ur. – No får eg sjå til Håberg da. – Til Håberg? Var det likt, nei no kjører vi heim til oss, hesten er vel ikkje spretta ifrå? Du gjer meg ikkje det, Jens, at du ikkje bli med heim i kveld, til Segelsund? så skal eg skysse deg til Håberg i morgo den dag, – for det er så rart for meg, at du skulde komma heim no, til brylloppe. For du forstår meg, det veit eg.

Jens lea på eine aksla, som i gamle dagar, og gav seg. – Men hels til Håberg da, at eg har komme og er ventandes dit, sa han til Andrea og dyrlægen. Og så bar det austover med dem.

132Føre hadde alt stormen gnage vekk, så dei kjørte med kjerra, og dei humpa på berr-tælen så det svara i berga der dei fór. Stormen stod beint i syna på dem, og han var mannbitsk, sand og grus stod i ein røyk imot dem somtid, og ein stad hadde enda ei gran-telle blåse ned tvert over vegen for dem. Jens murra og smått banna, men Gjartru påstod det var berre godlåta til vêre, dette her, og i morgo var det stilla og solskine att; ein kunde høre det på songen oppi fjellbruna; han var berre kåt.

Ho fortalte om seg og sitt. Ho hadde ikkje sett det så vel for seg før no i det siste, sa ho, kva dei sikta etter og vilde nå i. Det har gått så rart med meg, det er som ein frammand ein har løfta meg opp! Bygda, ser du, det gror ingen ting i henne meir, det står stilt, det er berre armoda og småmannen kor du snur deg; det var ansles i hans far sine dagar. Her har ikkje vore nokon som har rørt nokon ting, men no skal dei få han Arnesen; det er han som må legge ryggen til no. Han er den einaste her som har vore utom døra. Vi er dei einaste som veit korles det skal vera. Du skal tru ho er gammaldags no, bygda her!

Bygda? sa Jens og såg ut i vêre, opp etter lia, der granene la seg unna vinden og let han klå seg.

Bygda ja, det var just det, tok Gjartru i. Det er slutt med den tida, at ein berre kan tenke på seg sjøl, det veit du som kjem ifrå eit 133anna land. Og det er det eg kjem i hug: at der vi går føre, der kjem dei andre etter! Det er det som er tingen sjøl. Det sa han far så ofte, minns du vel?

Jens sa ikkje noko større; han berre harkla og kremta; han måtte vera krimfull, trudde ho.

Men det var ho Åsel som la seg på tvert for dem. Gjartru fekk ein annan tone da ho kom inn på det. Ho Åsel ja, det har gått ein annan veg med henne. Du kjenner ikkje att henne, Jens. Det er berre småmannen der, – han Kristen vil eg ikkje snakke om. Ho ser ikkje handa framfor seg; ho vil ingenstads. Ho ligg og brer liksom høna på det ho får under seg. Det er Håberg og Håberg all dagen det – vi er vel ifrå Håberg fleire enn henne? Ikkje sant?

«Du har ingen gutt-unge da?» Jens løfta i brunene og spurte tørt og truverdig.

Nei, desverre, det hadde ho ikkje, og det var vondt nok, men for det måtte ein vel både opp og fram? «Og no har æ vunni mæ langt da!» sa ho, og i det same svinga dei fram på Segelsund-gjorde.

«Vann mig så langt som hit en gang osså!» sette Jens i og lo. «Var her virkelig, men jeg var snar!» Han flirte så det skar imot vinden. «Den gangen var jeg for resten heldig som ein tjyv.»

«Ja, no e du vel bra rik?»

134«Å, well, jeg har da gjort en del penger. Solgte en totre av eiendommene mine før jeg gikk hitover. Har gjort en del penger ja, det kan man der over. Kom hit og tenkte å ta Segelsund, jeg har jo det som skal til; men jeg kom for sent. Men hvordan er det med ‘n Ola? Går ‘n frem, eller –?»

«Å han, stakkar! Det har jo aldri vært stort om han, veit du. Bareste musikken det, og går der som ein annan bond-kall; han vil ingenstads han heller. Men invendi, hell ka æ ska kall det, der e’n tå eit finar slag; han veit koles det skuld ha vøri. Han har aldri a Åsel fått noko tak på lel, æ e glad for det.»

Jens såg seg rundt, da han steig utor kjerra på Segelstad-tune, såg eingong på husa og eingong utover jordene og sjøen, og så lo han med seg sjøl:

«En konge på et ness! Ja ja ja, san.»


III.

Det vart ikkje så Åsel fekk noko bud om Jens den dagen, og dagen etter var det notbåtane som kom først. – Jaså, har dei vore om Juvika? sa ho; ho vart ståande halvsnudd imot Kristen, som fortalte det. – Det var vêre, sa han. – herre gud, det veit eg vel. At det var vêre som styrte dem dit. Men lel så – –

Hon såg det straks at det var eitkvart i vegen med Peder. attlæst og vekk hadde 135han ikkje komme til gars før. – Du er trøytt, meiner eg? Nattvakande kanskje? Var det ikkje eit huskje vêr i natt? Det fiklast for henne med ho gjekk og bar på borde åt han, ho måtte gå to gonger i same erende. Kristen spurte han òg, om det ikkje var eit bask å berge båtane på Juvikvågen i natt, og Åsel stana i døra og venta på svare. Peder retta på seg, og no såg han beint på mora:

«Æ låg no oppi garn, æ fer minn del.»

Han gav seg til med maten att, og Åsel gjekk ut etter kaffeen.

Når dei hadde fått seg mat, skulde karane nedåt sjøen og skippa opp, og Åsel var på berre live for å få tak i Peder først. – Eg har aldri set han så utsliten, sukka ho uti kjøkene. Endelig tok Kristen huva og gjekk; han hadde henne liggande attmed seg på borde gjerne. Peder vart gåande og leite etter si. Smågjentene var inne, og ei av tausene. Da går Åsel åt døra til øystrestua, ho snur seg i døra og ser på Peder, og så går ho føre.

Og Peder kom. Han kom stigande inn som eit frammandmenneske. Andlete likna mest på eit som var utskore av tre.

Jaså, han var innom i Juvika? – Ja, han var da det. – Ja ja, Peder; eg har vore der eg òg. Og det som er for seint, det er for seint – eg har snakka med dem. Det er som eit lite vidunder, og som eit tegn, synes eg, at det ikkje har komme utover bygda: her er ingen 136som veit det. Og veikja ho har meir vett stakar, enn nokon skulde vente, – det er over no det der, du får be Vårherre tilgi deg, og det veit eg han gjer, for det har ho gjort, det sa ho til meg! Så det er over no det der ja.

Åsel snakka fort og ulikt seg og kunde liksom ikkje stanse. Peder løfta på hovude eit par gonger, og meir og meir forundra. Han fekk ei grop millom brunene oppetter. – Og no har vi tenkt det slik, sa Åsel, at vi held dubbeltbryllopp, hoss dyrlægen, no i jula, eg har snakka både med han og ho Andrea om det, det var enda ho som vilde det; vi får bryte med skikken, lat oss vera så pass; det er liksom på ei ny grein no, veit du, ho Andrea er inga bondeveikje, – og så må vi halde styr på dem på Segelsund, så det ikkje går over stag. He?

Ho såg på han og venta. Han såg ut gjenom glase, la litt på hovude av og til, drog i eine munnvika.

«Ka du sei om det Peder? He?»

«Ingen ting. Fer det vart ikkj noko bryllopp, sa vi.»

«E du gælin du?»

Han retta seg meir og meir bein; han vart attgager liksom eitkvart braut han den vegen. Han slo flathanda tungt i vindaugsfatinga:

«No ska det syn sæ da, om vi e vaksi-folk hell ikkj. Og det kann du hels dem med, all samma. Æ e ikkj den som kasta frå sæ børa si ikkj; om a e aldri så tung.»

137Dermed gjekk han. Men Åsel kom etter. – Du får no tenke deg om, Peder! sa ho da dei var utom døra. – Takk, det har eg gjort. Det gjorde eg i natt. Åsel hadde heitna til i kinna, og auga vart farlig levande og tett over han: – Eg trudde jamisel du var mindre – e – – at du var hardare i egga enn slik ja.

Han snudde seg til henne, han var reint flat over andlete; men så kom han seg fort att, og smilte og snudde seg vekk:

«Du får i korsinamn hald mæ fer det du vil. Æ ska gå ålein imot bygda, va meiningja, ska bara børa både fer mæ sjøl og slekta ja.»

Åsel vart mjo for dei orda. Andlete losna drag for drag. Ho såg lenge på han.

«Ja, e det slik – – da får Vårherre vara med dæg. I alt du gjer. Da får det stå te ja. Verst vi hi tinga lysing te syndan komman’, som du skreiv om.»

I det same kom Marjane springande og halvt kviskra og halvt ropte, at det kom ei oppover vegen her, sjå etter, Peder, om du skulde kjenne henne, for eg kan ikkje få til kven det er! Gjentungen var stinn av skøy i auga, men dei såg ho snakka sant, og no kom Marta, som var dauvstumm, og prøvde fortele det same.

Åsel tok etter anda ein totre gonger.

«Du får vent da, Peder. Du kann likså snart sei det med ein gong da!»

Ho tok med seg ungane inn.

Men Peder stod berre til døra var att, så slengte han på seg og gjekk. – Her står eg 138ikkje som ein annan påle og ventar! han drog hånlig på andlete. Nøtene må vel opp med sjøen er oppe? og ho får da tidsnok veta det. Dei skal få det tidsnok, heile bygda.

Andrea kom småflirande: No kunde dei visst fortele einannan nytt, ettersom det såg ut for. Åsel såg på henne, ho gådde ikkje meininga. – Vi såg båtane, sa Andrea. – Ja, dei er da heimkomne – du råkte ikkje han Peder da, uti garen her? – Nei? – Han var vel alt på gonga nedåt sjøen da. Han var vel alt på gonga ja. Dei skulde skippa opp på floa. – Kan da ikkje tru han rømte garen for meg? lo Andrea. Men du spør ikkje meg om nytt? – Kjem du òg med nytt? – Eg kan helse frå han Jens, mr. Jens Håberg frå Amerika, nei, Jens Andersen, omforladels! Og så fortalte ho det som var å fortele.

«Ka du forteli no?» Åsel spurte oppatt eit par vendingar. – Jaså, ho tok han med seg heim ja. Det gjorde vel ho Gjartru ja. No gav Åsel seg til å legge den eine handa oppå den andre, på det vante vise sitt. Andrea fraus mest for dei hendene og for auga hennar, dei var så lysblå og kalle.

«Ja ja,» sa Åsel hardt. «Det kann hend det kjem ut på eitt herette.»

Ho reiste seg og gjekk åt kjøkene, men snudde seg i døra og spurte om Andrea drakk ein kopp kaffe? For ein fekk spøre slike, før ein sette fram. Andrea sa ja takk.

139Før ho hadde kaffeen ferdig, kom Gjartru og Jens kjørande. Åsel såg rolig utgjenom glase, og så gjekk ho åt kammerse og fortalte Anders at Jens hadde komme. – Trur du ikkje eg hørte det? Hørte de nemnte det ja, – eg har lange øyra eg, må du tru, som ikkje umakar meg med å sjå. Kallen kom stabbande inn i stua, og sette seg med ei av gjentungane på kvart knee. Andrea sa farvel og gjekk, ho vilde heller komma att i morgo. – Eg har ikkje lite å gjera no for tida, smålo ho; og Åsel sukka. Ho lya etter måle hennar og fotlage. Så ung kan ein vera, somtid. Så lettføtt kan ein legge i veg, når ein ikkje veit kor det ber henn. – Og er du så pass til kar, Peder, at du gir henne ifrå deg, da – da går det vel ein dag om senn. «Men det e gæli!» sukka ho, og så skyndte ho seg ut og tok imot frammandfolke.

Anders levna til og vart som eit nytt menneske, no da han hadde Jens for seg. Han fekk aldri høre nok om Amerika og den lange reisa dit. Han lo med heile det blinde andlete: Det kjem liv i meg, gut, når du forteler, eg bli som ormen i solskine. Det skal bli bryllopp her i lande, det er alt vi har å ståke med, – sei meg: dei fór vel med og gifta seg der òg, folke?

Da karane kom opp ifrå sjøen om kvelden, hadde Ola òg komme til Håberg, og Jens og han reiv kjeften på einannan så det var ein lyst. Når Jens ikkje vilde ut med meir om Amerika og hendingane sine, sa berre Ola det var løgn 140alt i hop, han hadde vel lese? Så skaut Jens pannehuda opp og kom med det som enno verre var. Stua var i ein surr av folk og snakk, og Peder sat midt i det liksom ingenting stod på. Han svara ikkje orde og forandrast ikkje eit lite drag, da Jens gratulerte han. Mora såg han ikkje.

Først dagen etter nådde ho i han så vidt ho fekk seie ein totre ord med han.

«Du gjer no vel ikkj a Gjartru den glea, Peder? At du sett alt i hop over styr fer oss? Fer da – – da veit æg ikkj meir!»

Det hørtes som ho skulde vera klemt flat over bringa, og knustra og sundgått innvendig; han vart ståande og sjå tomt på henne. Så aksla han seg, og bles hånlig framfor seg, og gjekk:

«Vi e no vel ikkj småbonn heller!»

Åsel måtte stø seg til eitkvart og tenke seg om, gong for gong: Det var da vel så at det var fredagen i dag? Og i morgo var det laurdagen ja, og da kom presten hitover kanskje; og sundagen var første lysingsdagen. Om kvelden måtte ho fortele Kristen korles det stod til. Det skilde han ikkje, kom det for henne, for han var ein frammand ein her i garen, det var ho og ingen annan som bar det. Men det var det at det letta så å seie det med han Kristen, han var ein vegg å stø seg til, om han inga hjelp kunde gjera. Kristen sa ikkje stort no heller, han var så velsigna til å tie still. Forloving og 141slikt la han seg aldri frami, hørte det berre så vidt og tenkte på andre ting, og han skjønna seg ikkje farlig mykje på det der heller. Det var ikkje så snaut for medel i Juvika, etter hans rekning, og hoss dyrlægen var det berre som ventande. Men, som ho Åsel sa, ein kunde ikkje fara berre etter det. – Han får reie seg utor det som best han kan, sa han. Og det var Åsel enig i. Slik fekk dei seie det ja. – Men er det ikkje rart at presten bur på andre sida fjorden? sa ho. – Rart det? – Ja. At vi ikkje la to pinnar i kors for å beie dem, den gongen dei kjøpte den nye prestegaren der? – He! Det var da du sjøl som fann ut at det var rettast slik, minns du ikkje det? – Det gjer eg vel. Det er det eg gjer. Det står og ser på meg no, synes eg. At det var det rettaste ja, og det beste for oss. For hadde presten budd på den her sida fjorden no, da er eg rædd han Peder hadde vore der alt og sagt av lysinga. Enno er det lenge til i morgokveld, til presten kjem hit. He? Det er lenge tart, ikkje sant?

Jau, sa Kristen, men no sov han alt, og Åsel snudde seg i senga. Ho anka seg høgt:

«Da – da veit æg ikkj meir! For ho heldt æg på og såg så grei ein veig framgjenom det.»


IV.

Laurdagen kom, og da Åsel såg han i auga, kjente ho seg sterkare enn det som var i vente, same kva det var. Det var slik ein dag som 142ho ønska seg han. Vêre var så stilt og lint, regnskodda hang berre som eit tynnt blågrått tørkle kring fjellakslene, og bjørkskogen brunte det på og blåna det på heile vegen innetter, og utomkring oddane gjekk duren så grov og god. Han har ikkje vore her så ofte, denne dagen, tenkte ho, men han har gjernast havt med seg eitkvart godt når han var ute og fór; om ikkje anna, så har det vorte ein annan let på somme ting.

Peder såg ho ikkje stort til, han var nedmed sjøen og hengte opp not.

Jens gjekk ut og inn i dørene, og med kvart sat han inne hoss faren.

Anders vart ikkje trøytt av å spøre om Amerika; der måtte det vera liv, og kva var det helst dei dreiv med? Var dei ikkje naske til å stela der, når dei kom i lag så mange heimlausingar? Og hadde Jens vorte nøydd til å bruke handfeng nokon gong? Nå jaså, dei skaut? Da var dei kalde å gå i lag med. Men ein mann var vel ein mann, og eit ord eit ord, hm? Det var godt å høre. For her, han visste ikkje korles det var vore her lenger; dei kjekla og beitest om kvar ein spon snart, og skreiv og grasserte, men aldri at dei brasa opp for ålvor lel; og det var eit kleint merke. Men korles var det å komma heim da? det vart vel litt langsamt? Og kva han vilde seie: Hadde han fått noko greie på denne dyrlæge-ungen, han Arthur, som vilde til med politikk og jordbruksskole og 143det der? Ikkje det no. Han undrast om det var mann i bygda som det hadde uroa. Dei fór vel og fikta med eitkvart slikt i utlande òg?

Jens murra berre. Han kjente så lite til slikt. Det var meir på storvise med allting der. Og her i lande vart det tull og tosk, same kva dei fann på; her var ikkje rom; her var ikkje luft.

«Ja sei du det.» Anders sukka. Andlete hans grodde til og vart gammalt att. Jens slong av ut.

Utpå ettermiddagen fekk han for seg at han måtte til Segelsund, for det hadde komme den tidna at Arnesen var heimkommen. – Og eg lova ho Gjartru å sjå dit når han kom, sa han. Det stemnar til storkar med dem, la han til. Åsel smilte berre. Jens snudde seg til Peder: Slå deg med du òg, gut, sitt ikkje heime her og mosagro! Peder stod litt liksom han hadde fått ein støyt. Som all snarast såg han over golve og på mora. – Eg kan no bli med eit stykke på veg, sa han.

Åsel fekk så vidt kviskra til han, før dei fór. – Du må no snakke med ho Andrea, før du gjer noko anna. Du gjer det, Peder!

Ho såg kor han avletast, og det fór mange små elingar under den fine andletshuda. Svara gjorde han ikkje.

Da dei kom til Segelsund, var både Andrea og Arthur der, og straks etter kom Ola òg. Arnesen hadde sendt jakta til Kristiansund med 144silda, men bruke hadde nyst komme, så der var fullt liv i garen. Dei var tørste.

Jens og Arnesen vart som gammalt kjente, straks dei hadde fått seg ein pons, og dei hadde mangt å snakke om.

Peder drakk med, enda han var lite huga på sterkt. Så såg han seg rundt på dei andre som sat der, og det drog hardt og hånlig i andlete på han. Så såg han på klokka att. Ola sat som han vakta på han. Peder stegla under auga hans, dei var så små og grå og allvitande. – Kva det er du sit og ser etter? Ola var like rolig: Og du da? Du ser på klokka i eitt vekk. – Eg skal til presten, vil du vita det!

No såg han på Andrea, og ho på han. Men auga hans var underlig glasne og frammande for henne. Ho gjekk og sette seg attmed han, fekk enda smake av glase hans og fann i handa hans under borde. Ho fingra med dei store harde trælane. Slik sat det andre pare òg, bortmed eit anna bord. – Vart han ikkje full, så fort som han drakk?

«Eitt glas te no, så går æ!» han såg mest fiendsk på henne.

Gjekk han? Ja, da vart ho med, så mykje han visste det. Og i morgo da, Peder?

«I morrå, Andrea, da bli det ein annan dag Ein stor-dag.»

Men brennvine beit ikkje på han, og det hadde han vore ute for før. Han såg seg rundt i stua på ting for ting. – Så fint kunde det ha 145vorte på Håberg òg, sa han til Andrea. – Der er vel fint nok, meinte ho. Han såg og såg: Omnen han rekk ifrå loft til golv, og på golve eit teppen å gå på, slikt eit som anna folk har på borde i høgaste høgtida, og speielen ifrå kongens slott – slik skulde det ha vore trøyheit å rigge ut Håbergstual Da hadde ho stegla, gamla. «Æ sei det ifrå mæ!» sa han, best det var, og dei såg opp alle saman. Han såg på klokka att, og nikka til Ola: no var presten kommen!

I det same kom Gjartru med mugga att og fyllte glase hans. Andrea bad han drikke litt mindre fort. – Det vilde eg gjerne ha føyd deg i, sa han, det hadde ikkje vore det minste grand for mykje. Men eg har større ting for meg enn det i kveld – du skal alltid få høre det.

Dei var elles vel påbrasa alle i hop, og Jens fortalte store ting ifrå Amerika. Han hadde vore med og grave gull enda, han hadde vore med i mangt! – Han! bles Peder. Han? Nei vent no urlite, å skyte en fiendsmann er vel ingen konst? Men no går eg. Det blir anna, det! Han reiste seg, og såg på Andrea:

«Kom!»

Ho reiste seg og kom, både rædd og lukkelig. Ola såg ho var like vis på kor det bar. Han for sin part visste heller ikkje meir, enn at no hadde Peder eitkvart gale for seg; han syntes sjå han var sveitt. – Det er mest som det held på og kjem liv i gutslåpen, sa han til Gjartru.

146Da Peder gjekk over golve, kjente han at stua svangla kring han. Hovude var like klårt og greit, og han visste på ein prikk kva han skulde og vilde; det var verda som hadde vorte svimren. Andlete til Andrea var bleikt så det skjein av det, og bra var det, visst ho kjente her var eitkvart i vente. Han bia i gangen, med ho tok på seg kåpa, det ranns enda for han at han skulde ha hjelpt henne med det, men han vørte det ikkje, det kunde vera ugjort. No var dei utpå troppa, og kveldlufta ho var kald og god, og himmelen synte fram stjernene. Men der heldt det nokon på og sloss nedmed krambuveggen, og ein heil karflokk omkring dem og fekk dem ikkje åtskilt. – Kniven! ropa dei, og Andrea hogg i Peder over armen. Peder spring nedover og beint på slåssarane, ser kniven i farten og får tak i handa som held han, – der fór kniven, og der låg der ein, men no er det i eitt kok med nevar omkring han, og Peder slæst stilt og kaldt, med støyt for bringa og dask oppunder haka, til dei står i ein tvilrådig ring omkring han. Han ser seg i kring og ler: Var her ikkje meir å gjera?

Da sanglar det kring øyra på han, eit heilt regnvêr med kvasstennt ringling, og eldstjerner sveiva for syna. Det var ein som hadde lagt til med ei tomflaske over nakken på, så han gjekk framlenges og vart liggande. Han var alt oppe da Andrea kom og fekk tak i han, og så leidde ho han inn. Ho fekk med seg ei av 147tausene med lys, og fekk han med seg opp troppa utan større bry og inn på eit av lofta. Han blødde nokolite, men såre var ikkje stort. Ho batt over det så godt ho kunde, og med ho heldt på med det, sovna han. Han mumla noko om presten og ei tung bør, men det var ikkje botn å få i det, og no sov han trygt og godt, var det likt til.

Andrea gjekk ned og snakka med Gjartru om det, kviskra det berre til henne borti ei krå. Men det var snart utover heile stua. – Full, full! lo Jens, og dei andre lo med.

«Full?» Andrea snudde seg ifrå dem, mest på gråten: «Di skulde ha set!»

Ho gjekk på lofte til han att, der var ingen annan stads verande. Ho hørte dei storflirte etter henne.

Det vart langt på natt før dei stomla seg til sengs. Mina var oppe hoss Andrea som snarast, ho fortalte at dei to skulde ligge i lag på lofte attmed, og lo og sa elles både mykje og mangt som ikkje Andrea fekk tak i; ho måtte visst ha smaka flittig på glase hans Arthur. Andrea sat og venta på henne ei dryg stund, men da ho aldri kom, gjekk ho og la seg.

Ho hadde sove, det var visst lenge, og svartaste natta var det, da spratt ho opp og sat i senga og lya: ho hørte eit skrik. Og Mina var her ikkje. Det måtte vera Peder ho hadde hørt, og ho spring opp og famlar seg dit.

148Han sit i senga. Han òg har hørt det skreik, og han spør kor han er. – Det er da berre eg, seier Andrea, og eg trudde det var du som ropa. Det er berre eg, Peder! Korles er det med deg?

Ho la handa på panna hans, og han legg seg attover i senga att og sukkar. Andrea kom i hug, at slik skreik det visst på Segelsund nattens tid, frå gammalt av. Og kor har det vorte av Mina? seier ho med seg sjøl. I det same fer det eit grøss gjennom henne, at Peder ligg blå vaken. Ho vil reise seg og gå sin veg att, men da tek han armen i kring henne og dreg henne opp i senga til seg.

Tidlig om morgonen vakna Andrea ved at ei av tausene kom med kaffe på senga til dem. Andrea hørte det tok i døra og vilde ha sprunge sin veg, men ho var så forfæld ho kom ingenstad. Peder tok det rolig som han tok allting; det var mest som han var mo åleine. Gjenta drog ikkje på smilen eingong. Forlova folk låg i lag dei, slik var no det; dei gjorde det visst om dei var utrulig fine. – Eg kjem ifrå det andre pare, sa ho, – og no sett eg stelle her.

Dei drakk kaffeen. – Vi har ikkje anna å gjera no, sa Peder. For seint er for seint.

Og etter preka lyste presten for Peder Folden og Andrea Veem og for dei andre to. Åsel sat og hørte på det, og lea ikkje på andlete. Men ho smilte den litle fine smilen sin, da Gjartru kom og fortalte korles det hadde gått hoss 149dem laurdagskvelden. Og da dei gjekk heim, sa ho med Kristen, at hadde Gjartru rekna, denne gongen, så hadde ho rekna gale. Det bli gale støtt når ein skal rekne seg fram. Ho gjekk ikkje fåfengt med mugga, lo ho; ho skal ha takk for skjenken. Og så seier ho med seg sjøl, men underlig høgt og tynnt:

«Men ei natt va det no da, som æg kjem te å minnast. Ho va lang!»


V.

Eit par dagar etter rusta dei seg og fór til byen og kjøpte til bryllopps. Peder sa ingen ting, han kom berre og vart med. Dei slo seg i lag på Håberg og Segelsund, og tok ein av notbåtane til Håberg-bruke, ein dei kalla Kvikk; så kunde kvinnfolka vera urædd på ferda. – Dei skulde ha tatt dampen, sa Gjartru, men det var det at han gjekk berre ein gong i veka. – Dampen? sa Åsel; og så snudde ho seg til sitt.

Ho sa det same da dei hadde komme seg i roinga: Dampen? Lat oss ikkje snu opp ned på verda heller!

Og slikt godvêr dei hadde. Sjøen var som glasruta, og lufta så mild som sommars dag, karane sat i undertrøy-ermane og rodde, og kvinnfolka i midtromme kunde ta av seg både sjal og kåpe; sola kom enda opp og synte seg for dem, og lande det smilte att som tidligaste haustdagen.

150Det var både Kristen og Åsel frå Håberg, og Peder, og frå Segelsund alle 3, og så var det Arthur og Andrea og ein totre skysskarar.

Godvêre heldt seg med dei var i byen, og der vart dei på tredje døgne. Segelsund-folke vart aldri ferdig, enda dei hadde skrive heilt til Bergen etter mesteparten av stasen. Kasse etter kasse kom dei med og stuva ombord. – Ein kan reint få froste i seg, sa Åsel. For det vi har kjøpt, det bli visst jamgodt med ingenting å møte opp med. Ho sa nei gong for gong, at no fekk dei ta til vettes, no var det slutt, men så bar det i veg att. Det var ikkje ho lenger som tok ut varene, det var dei som tok henne, og kor bar det her av? Ho kjøpte seg silkeskyse med skinnkantar på og sløyfer og stell, som ho var ei anna storkarsmadam, kysa var kjøpt før ho sansa seg, forlate henne synda. – Ikkje for det, sa ho, dei hadde bryte skikken før, dei på Håberg; og pengane fekk det vera som det kunde med; men kor bar det av, som sagt? «Men sjå, æg villa ikkj du skuld skjemmast tå mæg hell» sa ho med Andrea, og Andrea såg lyst og godt på henne, – ho kunde gjera ein så godt all igjennom. – Kor det bar henn? småflirte Kristen. Det fekk ho neimenn ikkje spøre han om. Men, dei rusta no ikkje til bryllopps kvar dag.

Peder såg dei mindre til. Han hadde komme i lag med kjenningar frå not-turane sine, der var både notbasar og skiprar og anna stort, og lettliva folk alt i hop, eine natta kom han ikkje 151heim til lossmente eingong, og da dei råkte på han dagen etter, var han skjenkt og påbrasa, så der var mest ikkje ålvors ord å få av han. Men ein ting fór han i veg og gjorde i det same vase like vel: han kjøpte seg ytterfrakke ferdig, kom med han på seg midt i gata, og slik ein frakke! Blåaste og finaste dyffelen ein kunde leite seg ut, og med fløielskrage og silkesfôr, det var som ein møtte øvrigheita. – Det var ein som selde meg han! meir greie fekk dei ikkje på det. – Så vart det likast dei fekk brurgomsklæane gjort her i byen òg da, dømte Åsel, og slik vart det; dei måtte enda by skreddaren ein halvdalar i overpengar for å få den til jul, og Peder kakka i borde og baud dalaren rundt, visst dei var skikkelig gjort. – For same korles det står og går med brylloppe, om det bli hell ikkje, sa han, – skikkelig klæa skal eg ha! Han såg mangdubbelt både på mora og dei andre.

Åsel kjente kor det sokk igjennom henne. Men ikkje lenge etter såg ho Peder og Andrea, dei gjekk seg ein tur oppgjenom gata to-eina, og ho vart så glad ho kunde ha gråte.

Endelig ein gong trudde Gjartru det kunde hyre, og hadde dei glømt noko, så gjekk det an å få det utover med dampen. Hadde vi det berre vel og vakkert heim, alt i hop! – Det styrer Vårherre med, smilte Åsel.

Dei la ifrå land i byen straks over middagen. Det var spak-gråen berre, men ståande vind, og karane sette segl og let han sige i veg 152sjøl, for det hadde ikkje vore så tørt om i byen at dei var mota på nokon ror. Kristen stod og styrte. Uti Trongsunde fekk dei motvind, og så gav dei seg til å baute, kvinnfolka kunde få sjå kor fint dei beit på vinden desse nymotens båtane. Javisst, fram gjekk det, og kaldt var det ikkje, men ein seigvoren heimkomst såg det ut for lel. – Berre han Sotmeisk vilde blåse eit aug’grand, sa Peder. – Ønsk ikkje rokke! åtvara Kristen, og kvinnfolka sanna med, men Arnesen heldt med Peder, at storm var det einaste dei vilde ha, slike baatar, og med eller imot, det var like godt.

Det vart kvelden, men så hadde dei månen, og for kulden ein liten bydramm å ta på seg når det trongs. Endelig var dei da ut sunde og hadde store fine fjorden for seg. Og no fekk dei vind, ein heil nordavinds hamping, med snøkvister attåt. – No får du ta over styringa, Arnesen, så Kristen, – du som er skipper. – Det gjer han Peder, han får vera styrmann, lo Arnesen, dei kunde høre han var så tålig bra på hiven. Peder gjekk att. Det første vart å ta klyveren, for sjøen var nask her i sundkjeften, og drivse stod i ein frøs over kvinnfolka. Varane breidde dei over så godt dei kunde, dei hadde enda rusta seg både med presenning og segl, men halde ut slik væte gjekk ikkje i lengda. – Du får segle vakkert, formana Kristen. – Nå, det er no som det fyk i meg det! murra Peder. Eg var tilfreds det – – –

153Det var ein lystig skyss, og Andrea og Mina sat og smålo og såg på kor sjøen skomma seg og snerde frammed le-sida. – Han er rettelig folkful, sa Mina. Men det bar ikkje heimover, han viste dem meir og meir av, og verst var det at snøkaven tok bort lande for dem. Dei gjorde baut i god tid for sudvest-lande, og da tida nærma seg, heldt dei utkik alle mann etter austlande. Men dei fann det ikkje, og så gjekk dei over att. Dei snakka om å ta inn eit rev, men Peder lest ikkje som han hørte. Gjartru tok til å bera seg for varene, og bad dei snu, og dei var einig i det nokon kvar, at dette her gjekk ikkje.

Andrea hadde sitte og set på Peder, og best det var ropa ho at ho var rædd! Dei hysjta på henne, og Peder kaldflirte høgt. Men så tagde han brått, og bar rore i le. Båten rennte til vinds og låg og tverstanga imot båra. – Ta vekk snøkove, så eg får sjå litegrand, sa Peder. – Vi får smette oss inn sunde igjen, meinte Kristen. – Ja, sei meg kor sunde er du, så, svara Peder.

Ja ja, her kunde dei ikkje bli liggande, det var greit nok. Stormen ylte i riggen så han skræmte kvinnfolka, og segla vilde han slå sund, sjøen rauk no, og båra gjøydde all fjorden bortetter. Her var stygt. – Vi gir han segle ein tørning enno, sa Arnesen, eg trur vi skal ha Grønset-lande som der! han peka bortover. – Kom hit og styr du da, sa Peder; han hørtes 154trøytt ut. – Nei, nei Peder, styr du, styr likevel du! Andrea fór halvveges opp. Men Mina tok hende hardt over armen: Han far skal styre, hører du!

Arnesen kom attover, og båten fekk fulle segl.

Det var straks triveligare, når det berre bar i veg. Peder kom stomlande fram til Mina og Andrea, og dei heldt i han ei på kvar sida. Andrea heldt hardt i han.

– «Ja, no får vi sjå da,» sa han. «No ska det liksom avgjerast, det som ska avgjerast.»

Da får dei ein støytt så dei styp den eine over den andre. Kva som meir går for seg, er det ikkje mange som sansar. Karane bannar og firer av i skjøte og fall og riv ned segla, båten ligg hardt over, og sjøen hører dei skvalpar inn til le.

«Langholmskjere!» seier Kristen. «Ta det role,» mana han dem til. Karane mannar seg fram med kvar-si år og prøver sette båten av, men det går ikkje, han står høgt på bergskjere. Ja ja, det var no flø-sjøen, og her i nærheita var Langholmen, så det stod ikkje på, trøsta dei seg.

«Det ikkj’ havbåra på oss her, sa kjerringa;» Arnesen tok seg ei skrå.

«Det kann vera Guds goe vêre i morra for det her, guta, sa nordlendingjen, han kollsegelt på Vestfjorden.»

Det var Peder som studde oppunder. Dei kom med kvar sitt, alle karane.

155Dei såg etter om båten hadde fått stor skade. Det vart dei ikkje einige om, men dei måtte til både med pumpa og auskare, mest dei vann, for han var halv av sjø, og varene tok skade. Det synte seg snart, at det nytta ikkje å lense han, skaden var ikkje liten. Dei kunde vera glade dei ikkje fekk han av, mumla dei seg imillom, for her hadde dei da skjere, stod det om.

Og opp på skjere måtte dei, så lite og sleipt det var, og mesteparten av pøre med. Det var både eit ufyslig og eit vålig arbeid, for no høgrauk sjøen og stod over dem i ein sprut, og båten han hogg så ein ikkje burde komma halvnær han; og snøkvistre rispa som nåler i andlete. Og skjere var sørgelig lite, det såg ut som sjøen vilde gløype det i seg under dem. Dei sette eit dreggtaug frå båten og i ein storstein på andre sida skjere, så dei hadde å halde seg i. Da båten var tom, bar det til å saumfara han. Eine botnborde var spika frami halsen. Kristen synte karane det. Ingen sa noko for det første. Men Åsel kom bort til Kristen: «Du ska sei mæg sannheita!» Kristen så gjorde, men berre lågt. – Og sjøen flør seier du? – Nei, når sant skulde seiast, så gjorde han ikkje det; nordavinden kjem gjernast med fallsjøen. Men lang stunda var det ikkje før han bar om. Men da spaknar han, la han til.

«Å ja ja san!» sukka Åsel, da ho kom borttil Gjartru. – Er du rædd, Åsel? – Nei, var det likt. Eg er ikkje rædd, – eg har aldri vore 156rædd på sjøen, veit du. Men det her er ansles det. Ein heilt annan ting ja. Ho snudde seg og sa det beint inn i andlete på søstra: Vi skulde aldri ha snudd ryggen åt Vårherre. Vi får prøve å halde oss til han no da! – Du skulde mest byne sjøl da, Åsel! – Ja; eg veit det du. Eg veit det.

Sjørokke vaska dem tvert inn på skinne, og allting gjekk rundt for dem, skjere dukka i sjøen og susa i veg imot vêre så det var nifst; så stod det att, og dei på det, og uvêrsnatta og ulukka var over dem utan ein draum.

«Æg bynni med det her!» sa Åsel, ho tok ein pakke og hiva på sjøen; det var kysa. «Her er meir!» ho kasta ei stor pappøskje i veg, det var stas og fjas alt i hop. «Du skuld ikkj forherde dæg du heller, Gjartru – å, vi hi synd både fer oss sjøl og fer heile slekta! Vi som meir skuld vetta.»

Gjartru gret så tårane fraus nedetter kinna, men ho tok seg på tak i tauge og retta seg bein.

«Vi skuld komma i haug kem vi e!» Åsel hivde enda ein ting.

«Det e det æ gjer, æ!» ropa Gjartru og beit i hop tennene imot stormen. «Du røri ikkj pakkan minn, da spring æ heller på sjøn sjøl!»

Karane var omkring båten så godt dei kunde, og ombord, skola han bein og heldt han frå kvassaste Knausane. Det var Kristen som låg hardast i det.

157Men så slepper Peder åra si og kjem handfares etter tauge.

«Vi kann gjern gi oss no!» seier kan.

Han seier det enda ein gong, men ingen hører det. Andrea henger seg i han, det var ei trøst å ta i han om ikkje anna; det fekk vera det same om Mina ikkje lest som Arthur var til, ho stod der som ei støtte på skjere.

«Vi kann gi oss no, høyri dokk!» han ropte det høgt.

«Nei men Peder!» svara Åsel. «Ikkj å sei det lel du,» legg ho til.

«Ti-still med dæ, det e mi skyld alt i hop!»

«Neida, neida, Peder!»

«Så e det di skyld da, det var du som narra mæ borti det!»

«Ja, velsegne dæg, det e mi skyld, men ti-still no.» Ho hørtes rolig som berge.

Dei andre hadde kvar nok med seg, dei hørte knapt eit ord av det, utan Andrea.

«Ikkje fer di,» sa Åsel, og fór med handa over andlete, – «e det så liti manns-skap ti dæg, så. … Men det e ikkj sant – ikkj å høyr på ‘n du, Andrea!»

Sjøen flødde no, han åt opp skjere kring dem fort vekk; og stormen var for sterk til at dei kunde merke om han spakna litt eller ikkje. Han var som eit raut i øyra på dem, tok både sans og samling. No hadde Arnesen vorte rasande. Han svor så det blådde ikring han, at dette skulde Håberg-folke få betale, for det var 158deira skyld alt saman, fara i veg med båt i slikt erend og det straks føre jul! han skulde hålade gi dem! Kristen svara ikkje, og ingen annan, men Gjartru stemte i med, at der såg ein – når ho Åsel fekk viljane sine fram. Da hørte dei Mina, ho sette i med det blanke kalde måle sitt:

«Nei men ti-still og skjemm dokk da, vi e da vel ikkj så simpelt folk heller!»

Ho sa enda meir, men det hørtes berre som ho hosta imot vêre. No tok sjøen ein totre pakkar, og meir hadde han reist med, hadde ikkje ho vore; ho heldt seg i tauge med eine handa og langa opp ting for ting med den andre, let snøen piske seg i andlete med han lysta. Dei glåmte tomt på henne og undrast. – Nei, pass deg! ropa ho til Arthur, han vilde hjelpe henne, – unna vegen her!

Peder tok mora over armen, mest som han vilde riste henne:

«Kann ikkj du sei det da! Sei a Andrea det, så e det nok.»

Stormen tok vêre ifrå dem, vilde på sjøen med dem. ÅselÅsel] rettet fra: Asel (trykkfeil) snudde seg til Andrea, ho måtte rope inn i andlete på henne:

«Du veit – – borti Juvikja – –»

«Vet det før jeg!» Ho tok i Åsel på andre sida og heldt, i ytterste nød. «Gjør ingen ting det!»

Det var ikkje lenge etter, så song Mina ut, at no flaut båten! Kristen hadde vorte vâr det 159i same stunda. No var det om å halde han så han ikkje fór. – Eg meiner han har spakna med vêre òg? sa Åsel. Og det var sant nok, det var ikkje same tyngda i han lenger. Men kva hjelpte det? – Gjekk det slett ikkje an å dytte i hole da? ropa Åsel til Kristen. – Så mykje vi kan ro oss oppunder Langholmen? Ingen svara; ingen kan svara kvinnfolka i uvêre på sjøen; dei hørte berre Arnesen som raspa og svor.

«Peder da!» ho tok i han og ruska.

Og Peder fór i veg etter tauge, svinga seg inn over framskotten og stod i båten. Dei ser han riv og slit, i sekker og segl, og Kristen inn og hjelper han. Dei andre stod halvt ihelfrosne og såg på. Andrea hørte Åsel kviskra og mumla, så brennande heitt; ho bad til Vårherre. Ho både tagg og takka. No ropa Peder at verste lekken er stoppa, dei kan sjå han har vore nedi alt oppunder akslene; han tek ein stamp og auser med, og skysskarane hiver seg på pumpa med nytt liv. Så ber det til å skipa inn, og det går for seg i villskap no, dei hivar inn pargas og kvinnfolk i ein raus, kappar festa og kastar seg i årane. Og i veg bar det. Det var på høgan tid, for no var skjere borte.

Karane ror seg varme så det ryk av dem, og no først ber det i frysinga for ålvor med kvinnfolka. Men Åsel får dem til å slå armane, hardare og hardare, dei skal banke liv i seg, det er ikkje snakk om anna, og dei så gjer. Ro 160kan dei ikkje, i dette vêre, og ikkje var det rom heller.

Båten vilde ikkje fram, det vart ein halvtimes sprengror før dei fekk livda av Langholmen. Der fann dei ei logn vik, det var som dei kom innom døra, og så bar det i land og opp i skogen, det var tørved om å gjera, og så livsalig godt å springe seg i ølen på trygg jord. Kristen kom sist, med kaffekjelen, og Mina hjelpte han med å få opp varme. Tendstikkene hadde han gjømt innom skinnvesten, – ho kunde ha tatt i kring halsen på han for det. Men passa dei båten?

Da dei hadde brent i seg kaffeen, hadde snøkaven slitna, og månen stod med ein fånut flir millom skyene. Fjorden gjekk i måneskine og båra, – dei måtte tenke på ein ovfisk med braglande sølvrist. Heimlande, no timde dei det som ein blå røyk på andre sida fjorden. I aust hadde dei ville høgfjelle, med skoltane imot berr himmel, det kom susande fram i vêre så gråsvart og forherda at det kunde stemme blod. Men like vel: dei hadde det no med seg. Det hadde stått der og mula all sin dag, og sjøen han hadde ryke og skapt seg rang; slik var det det var.

Mina sette den litle nasen høgt imot månen: – No passar du pappa båten, med dei andre kjem i land og får seg kaffe! Og Arnesen gjekk ombord.

Dei gjorde om dyttinga og la til segls. Det var ståande vind, og dei vilde lende på Grønsetvika og komma seg i hus der.

161Peder tok styringa, Arnesen spytta og vilde ikkje ta si hand i develskapen meir. Andrea kraup attover til Peder. – Unna vegen for ausinga! sa han. Ho klemte seg unda og nærmare innåt han.

«Same hvorles det er, Peder, du må gjøre som du synes; som du . Jeg fikk vel – stå det over.»

Han svara ikkje.

Peder var den siste som gjekk i land. Kvinnfolka hadde alt komme seg under tak. Men Mina møtte han utom døra, det var likt til ho hadde stått og venta på han. Andlete hennar var kvitt som nysnøen, men det var fast og sterkt, og så forunderlig skinande vakkert, det var som ein gave, kom det for han. Ho tok han i handa:

«Nu skal du vise da, Peder, at du er den æ har holdt dæ for. At du ikkj ødelegger for oss all samen. Du får tenke på mor di om ikkj anna – du gjør det, det veit æ, ikkj sant?»

«Gruv ikkj fer det, ban!» han spytta skråa langt ut i vêre. «Æ ska tenk på dokk all i hop. Enten det så bli slik hell slik ja.»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Storbrylloppe

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

Storbrylloppe er tredje bind i serien. Det går nedover med Juvik-ætta og gamle verdier står for fall. Søstrene Gjartru og Åsel har forskjellig tilnærming til det nye i tiden.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.