Storbrylloppe

av Olav Duun

Etter brylloppe

216Vêre var stilt og vart stilt. Det hadde gått i stå. Dagen og natta same undrande stilla; eit lite vinddrag kunde vakne i skomskotte eller ut imot lysinga, det fingra med småskogen, gjekk og tuska frammed veggene; så glømte det seg og sette seg att. Og sjøen mælte ikkje orde meir. Folk undrast over dette godvêre; men dei sa ikkje noko. Sistpå låg det som ei tyngd over bygda. Han kunde gjerne ha blåse opp att; han kunde gjerne ha gitt lyd ifrå seg.

Nei, dei sa ikkje noko. Dei vart brydd når dei råktest, serlig dei som hadde vore med i brylloppe, og det var dei som var bygda no eit tak. Men dei gjekk og såg, mange av dem, og til slutt såg alle det. Einast Arnesen prøvde å seie det. Slik kunde dei på Håberg ha venta det, sa han. Når ein ropar på Gamlingen, så kjem han, og vil ikkje folk bruke vette, må Vårherre gjera det. Og no hadde dei spella ifrå seg, og vel var det. – Dei såg både på han og ifrå han. Han merka dei var einig med han.

217Men var Gjartru til stades og hørte det, bles ho det vekk og såg tørt framfor seg: Du da, stakar!

Emissæren garfór grenda, att og fram, og folk etter han både ørk og helg. Der var ikkje annan veg. Det var ikkje verande til på annan måte.

Men Åsel nekta hus. Folk trudde det ikkje i førstninga, og slett ikkje Gjartru, men ho var der både ein gong og to, og same svare: Her skulde vera gravøl på Håberg. – Eg vil ha fred, så mykje du veit det. Salig, seier du? Jau, ban, eg skal bli salig, og salig til gagns. Men eg vil sjå han far vel i jorda før eg skaper meg galen. Du får trøste deg på din måte! Orda drogst utover bygda, og folk såg på einannan: At ho torde! At her enno fans nokon som torde da? Ho var forherda. Var det ikkje så at han Peder hadde vorte sjuk? hadde fått den sjukdommen som søstra hans døde i?

Åsel tenkte ikkje å gjera noko storveges til gjestbud, men eit som ho slapp å skjemmast tå.

Ola var der og hjelpte til. Det var ein lettna å vera der, for dei trong han verkelig. Om kvelden gjorde han seg gjerne ein tur til Rønningan. Anetta var så hjartans skygg i auga, på sprange ifrå han støtt, inst inne; det auka for kvar gongen han var der, og derfor måtte han dit. Kva var det ho såg? For det såg han òg, som ein tjuvglad blunk i auga hennar når han kom, at ho visste ho hørte han til. Og så var det farbror Petter. Han var til sengs att, men han 218låg og såg så blankt og urolig på ein, serlig når ein skulde gå ifrå han; Ola kom i hug det sea og måtte til han att.

Ein kvelden, dei andre hadde gått og lagt seg, kom han fram med det. – Enn at han Anders måtte i veg føre meg da! Er det ikkje rart at Vårherre skal vera så rettferdig til alle kantar da? No trur du det var eg som tok live av han bror min ja. Nei da. Eg var berre som eit lite skrømt eg, så kom han sjøl, – så gjorde Vakkermannen resten; slik har det vore all tida. Eg får seie som han sa, mannen: «Mest som ein gave!» sa han, han fanga gudsengelen i revgleksa. Men trur du han Anders og eg råkest no etter-sea? Det bli visst på ei von berre det; trur aldri dei slepper han inn i gudsrike; og eg har no vore Lazarus all min dag. Og ser han meg, Ola, da spyttar han kanskje etter både meg og saligheita. Ja ja; slik vart endlyktelsa millom oss to. Du skal hente presten, Ola, når du ser det lid til kvelds med meg. Fortel han, at eg er ikkje so svart innvendig som folk skulde tru.

Petter tørka sveiten av skallen og såg fornøgd ut:

«Vi, Ola, vi e ikkj tå de verstan nei.»

Det var lys på lofte hoss Peder enda, da Ola kom til Håberg. Da sat vel Andrea oppe og vaka over han; det hadde vorte hennar arbeid sea ho flytta hit. For det var sant som folk fortalte, at Peder hadde vorte klein. Han fekk det med både frost og heite. Andrea hadde trua han til sengs, 219og der låg han. Han hosta blod. Om nættene var han så urolig, kunde mest ikkje vera i seng, og kom han opp, vilde han svimre utor og maatte støast åt senga straks. – Eg sveittar som ein husmann, lo han – kva er det her for slag? Han såg undren og vantruen på dem.

Doktoren hadde vore der, men han var gammal og vilde ikkje seie stort. Peder skulde ligge, og ta nokre dropar. Men det var ingen smak på dem, og Peder spytta dem ut og nekta å ta dem meir. Det feila han aldri det slag, stod han paa, berre litt krim etter byturen og bryllopps-sjauen, og han fortalte han hadde spytta blod før, fleire tak, han skulde snart vera god kar att. – Du skal ikkje vera så bleik, Andrea; du trur da ikkje eg er slik ein krypsyl til kar?

Men da det leid om nokre dagar, slakna han av. Han sa ikkje noko, snakka godtsom ikkje orde meir, han såg ut som han visste kva veg det bar.

Åsel såg det klårt nok. Just slik var det ho fekk det, ho Valborg som døde; det var denne tæringen, og han var det inga råd for. Han saug blode tå folk. Men, som sagt, faren skulde i jorda på folkvise for det.

Ola gjekk og hadde auga med henne. Andlete var like rolig, det var å likne med fjorden og med alt lande omkring, og auga like mjukblå og fjellblå, like omtenkte frå morgon til kveld: no gjer vi det, og så det.

220Han gjekk frå henne til møta. Det var like frammandt der, berre folk som trudde, beit seg fast og trudde, så ein vart sittande som ein tremarkmann millom dem. Oftest slarka han heim før det var slutt.

Andrea var nedi kjøkene, ein kvelden han kom derifrå, og da spurte ho om han verkelig fór og gjekk på møta. Han gjorde da det ja – Jaså, er det sant? sa ho. – Kvifor ikkje? – Ja, men kva skal du der? – Eg vil bli eit berg. Så kan trua ta og flytte meg. Eg skal vel ikkje gå her og vera ei myr all mi tid? Han hadde eitkvart å seie, men da merka han at ho hørte ikkje på han lenger. Han spurte om han ikkje kunde få sjå opp til Peder. Det fór ei flage med nød og angst over andlete hennar, og auga stana midt imot han: Det er knapt han vil sjå meg. Og ingen annan. Ola visste det elles. Ikkje mora ein gong vilde han sjå. Men åleine likte han heller ikkje å vera.

Dagen etter kjem Andrea ut til Ola utpå garen; ho kjem så underlig uviss men fort, og han står og ventar og held hesten; ho har håre i ugreie enno, men nykonnå-huva på, og kjolen – dette var ho Andrea like vel, og det så vakker ho aldri hadde vore før, ein kunde gå vekk ein staden og sette seg. No vart ho skjeiv i andlete:

«Reis etter bydoktoren, Ola, kan du ikke gjøra det! Kan du ikke få folk i vei da, Ola!»

221Han la opp taumane, spretta hesten ifrå og leidde han inn att, det fekk vera med kjøringa til handlaren til så lenge; så kom han ut att, og enda stod ho der.

«Du tror ikke det er noe hjelp i det, ser jeg?» ho hadde tårane i auga.

«Jau, det trur æ fullt og fast.»

Han var uti plassane og gjorde laus 3 mann, og skreiv ein brevlapp og skikka med dem.

Doktoren kom andre dagen, han gjekk Peder over gong for gong, og sa til slutt, at dette her var visst ikkje så farlig. «En sort lungebetændelse, som må ha sin tid,» sa han. Peder la seg attende med ein bleik liten hånflir. Men Andrea fór ned og fortalte det, først til Åsel og sea til Ola, ho fann han i snekkarstua:

«Det står til liv! Det står til liv, Ola! Og jeg da – – jeg som ikke var glad den dagen jeg gifta meg?» Ho såg i stor undring på han.

Slikt forteler ho meg, tenkte han. Så gammal er eg alt, i hennar auga; slik er det eg er.

Det var nysnø i alle liene, og hilderstilla alle sunda utover; og der gjekk Andrea og var ung og lukkelig for første gongen; Ola stod lenge og såg seg rundt.

Han sa det med Åsel straks etter, ho kom over garen ifrå fjøse. – Ho skin som blanke dagen, sa han. – Ja, stakars henne, eg når set det – kan ikkje du snakke med henne? For meg skal du ingenting fortele om han Peder. 222Vi har mista han. Det såg eg på doktoren òg. Men at ikkje han Kristen kunde ha vore heim ifrå banken i dag da? la ho til. – Ja men, her vera berging enno? Ola var nåmen kring munnen som ein blåfrosen unge. Så vart han flageraud over andlete:

«Vårherre, kann du ikkj prøv å – –»

Han hadde alt snudd seg, og dei gjekk kvar sin veg.

Kristen kunde ha fått bytte bankdag med ein av dei andre, det var som Åsel sa; men han hadde så lite ro heime, han gjekk og illveltast for banken. – Jaså, tenkte han, da han såg Arnesen kom, og han tenkte det same da han kom fram med eit papir og leverte Heggerud. Arnesen vart litt dått med, da han møtte Kristen der, men han friska seg opp og gjekk på. Det var, om dei kunde skaffe han desse pengane litt fort? Så han slapp fara heilt åt bybanken. Heggerud såg over papire, og gav Kristen det. Det var ein blankett til ein vekselobligation i banken her, og Peder Håberg hadde sett namne sitt under; 2000 kr., stod der. – For snar hjelp er dubbel hjelp, slik er det i forrettningslive, prata Arnesen.

Kristen sat og såg i papire, men skifta ikkje på eit drag. Heggerud gjekk ut som snarast. – Ja, ja, sa Kristen. Eg veit om at han Peder har lova dykk hjelp. Og det skal bli. Åsel er enda glad, ho, at han kom på det. Men var 223ikkje det på pantobligation da? og mykje meir enn slik? Arnesen bles, at det var eit anna mål, det var for ungfolka, det. – Jaså, tenkte Kristen att. – Men det har stått eit tusen her først? Og med anna blekk, ser eg? – Det sette vi først ja, og så gjorde vi om det, ser du ikkje?

Kristen ser på Arnesen. Dei ser einannan inn i auga.

«Du vil no vel ikkj byn’ å – å –»

«– å snyt mæ, sei! Jau, det kann du forlat dæ på! Det har du ærlig fortjent, og no ska du te hest!» Arnesen måtte enda le til Kristen, han såg ut liksom han hadde dotte i kaldvatne. «Slik er det i forrettningsverdenen,» småklukka han, «at dine penger skal bli mine penger, hvad?»

«Den loven han e både gammel og god ja. Men han e berre for vaksefolk. Du kom ikkj i hau at gåren e min enno. Og at ‘n Peder e i sengjen. Ja, ja. Du får vara velkommin åt gravøle, i morrå!»

Arnesen gjekk og la seg da han kom heim. Så skjønna dei korles det hadde gått i banken. Og bra var no det, sa Mina, for kva skulde han der i grunnen? Gjartru svara ikkje. Ho såg ikkje noko von på den kanten lenger. Ein draum er ein draum, og Arnesen han fekk bale så godt han kunde; og møte skulde det vera i morgokveld, dei fekk halde gravøl på Håberg så mykje dei lysta. – Eg veit du lyder meg og går på møte, sa ho til Mina; eg er glad for det.»

224«Det henda ikkj!» sa Mina, ho reiste seg tvert og gjekk ut. Små elingar mørkna over andlete hennar, auga møttest med nysnøen og kveldstilla ute og gjekk over det i ung og glad hån: «Det henda ikkj nei! Lystre foreldra? Det var før i tia det.»

Kristen gjekk og snudde seg unna Åsel om kvelden, så lenge det kunde gå. Men før han vardest, kom han midt i vegen for henne likevel, og da var det ikkje anna å gjera enn å seie det som det var. – Han kom med eit papir, sa han. – Han Arnesen, da? – Ja. To tusen kroner. Prøvde eg å stela så pass, då vart eg opphengt. Han synte henne papire, han hadde stukke det i lomma: Er det ikkje vakkert kanskje?

Åsel såg berre namne til Peder; så vart ho ståande og stirre bort i veggen. Auga flaksa og gjekk frå det eine augefeste til det andre. Unggjente-hamleten sat i andlete enno, men han vart tynnare og tynnare, ein kunde vente at alderdommen og maktløysa braut fram, kvar stunda.

«Det e jamenn hardt det her,» sa ho. Her hi vi gått, all åra, og – – osså kjem han som skuld ha det, og hiva det ifrå sæg – det e hardt!»

«Han vart no for støtt den her gongjen da.»

«Det e ‘n Peder æg snakka om.»

«Ja men loven – –»

«Det e ‘n Peder æg snakka om. Det e han som e loven no.»

225Ho såg ikkje på Kristen, da ho tok papire og gjekk. Han stod att og hørte ikkje Håberg til.

Peder låg og såg i take, vart ikkje vâr at mora kom inn; Andrea still på ein stol bortmed vindauge, ho såg opp med store auga, – det var så skygg ei lukke i dem. Åsel venta litt. For han hadde kjent henne i døra.

Auga hans fanga papire ho heldt i, straks han snudde seg, det fór enda gjenom Åsel, at smilen hans han var tynn som øksekjeften. Men no såg han 2-tale som Arnesen hadde sett til, og det flaga heitt oppetter vangane. Berre ein blink; så gav han frå seg papire att og såg i take som før. – Lat det vera to da! han drog på smilen att. Hels han far med det. Det gjer godt; både for dem og oss. Han slo med flathanda på åklæe.

Åsel var så ulik seg som Andrea aldri hadde set henne, da ho snudde seg til henne:

«Dokk får ha takk da, båe to. Både frå dem og oss ja. Det e gæli, men det e visst rett lell.»

Ho tok hardt i armen på Andrea da dei stod i døra:

«At æg skuld lei dæg borti det her da, ban!»

Andrea tok og kyste henne på panna. Åsel vart blodraud og skyndte seg ned. Ho tok seg til panna fleire gonger, og mumla med seg sjøl: Rettno har eg komme så langt, at eg er der eg tok til med live. – Såg han svangla under børa si.

226Med alt dette stod paa, låg Anders lik bortpå låven. Dei hadde git han salmeboka i handa. Ho snudde opp ned, såg Ola; men hendene knepte trufast i kring henne. Elles låg han som faren og farfaren hadde ligge, med blåraude roser på kinna, og munnen gjømt under skjegge, som ei meining han vilde ha for seg sjøl. Ingen kunde seie han låg og smilte, som andre.

Da gravølsdagen kom, kom Mina med båe foreldra. – Dei vart no med da, sa ho.

Åsel stod nærmast kista, med dei såg like bortpå bure; ho stod med klæe i handa. Attom henne stod dei andre, ein fjøld med folk som tagde. Det var ingen som gret. Dei stod berre still. Det var liksom tida gjekk dem gjenom hjarte, tida som hadde vore og ikkje kom att meir. Det hørtes ein sukk frå Gjartru. Da la Åsel klæe over andlete til faren, og lokke vart lagt på.

Ola song ut faren. Han tok ein tone som ingen annan kunde, og song åleine. Før han las fadervåre, sa han nokre ord. Det var ikkje brukelig lenger, sea presten flytta over fjorden, og folk vart litt langlett med det same, visste ikkje korles dei skulde ta det. Men Åsel såg stort og lognt på han. – Her ligg den siste tå oss, sa han. Han hadde ingen hast, men no har han gått sin veg. Eg vil berre seie dykk farvel og takk for lage ifrå han, både gammal og ung, for det veit eg han vilde. Han hadde levd si tid. Og han sat visst her og undrast om han kunde seie det same om oss. Han hadde visst 227fått tak på tida som kjem, same korles ho bli; der bli tyngre for oss. Men det kan vi ta som ei helsing ifrå han: at tida ho snur seg, når vi snur oss; her bli ikkje svartår og knaptid lenger enn med vi ber det i oss.

Han hadde ikkje tenkt å seie noko, og no brann det som ein klump i bringa på han, at han skulde ha synt dem alt han såg, det var eit brandsvidd og bitande syn, det skulde ta dem som ei kald hand innpå kroppen. Men så let han det vera – her kom gjerne den tida at ein måtte seie alt som var, så kleint vart det å leva, kanskje, men enno låg faren her. I det same reiste Andrea seg og gjekk ut, ho skulde vel sjå på lofte; han såg ryggen hennar i døra, – slik var ryggen på ein godhjarta ein, og kan hende var ho den einaste som såg blånaen av ei ny tid framfor seg. Ola stivna til over brunene og nedetter vangane, liksom han stod og såg veggene vart borte i kring han. Og no var fadervåre lese.

Klokka song tynnt og tankelaust over Anders, ut i tomme lulta. «Og av skal du igjen oppstå,» sa presten. Dei som stod omkring syntes ikkje dei hadde hørt dei orda før. Dei kremta utan dei vilde det.

Nymånen stod alt på himmelen, da dei reiste seg frå middagsborde. – Har vi alt fått nytt da? så dei. Det kom mest like uventa på dem, som når presten las over grefta til Anders. Men litt etter kvart vart det til ei sanning for dem, 228at nye og han Anders hadde vore godvenner utgjenom tida.

Peder kunde og sjå månen; han stod midt i vindauge og synte seg for han. – Kva er det han er ute og ser etter? sa han. Det er ikkje meg du vil noko. Det er dei andre du skal skine for; og lukka til for resten. Han snudde seg tvert og såg ned til fotenden av senga, der Andrea hadde sett seg. – Kva er det du sitt der og sipar for? For eg ser du gjer det. Det var skit eg vart klein, vil du seie? Og verst for deg ja, eg veit det, men. Er det du som skal i jorda, eller eg?

Han kasta seg attende, og låg lenge og såg i take og bles tungt. – Ein vass-skvett! bad han. Andrea skyndte seg og slo vatn i glase og kom med. – Isj! skal eg ha lunka vatn da? Nei nei, bli ikkje kvit i andlete for det, eg meinte ikkje noko med det. – Vent litt, eg skal vera snar! ho var alt i døra og for nedgjenom troppa. Da ho kom med nytt vatn, var han ikkje tørst lenger.

Ho stakk fingrane inn i håre hans. Ho beit seg i leppa og syntes ho beit i eit kaldt stykke ved.

«Du må ikke skjenne på mig, Peder – jeg – jeg –»

Han låg still ei lang stund. – Åh! her er så varmt, anka han seg med seg sjøl. Kjøtte kokar av beina på meg – finns her ikkje vind da?

Andrea var borttil glase og såg ut: Det er som eit lite drag no. Eg hører han aust i haugane, 229ein liten sus. – Jauvisst! Trøst skal du ha, Peder. Men i morgo står eg opp. Berre eg kjem meg i arbeide er eg god kar att, eg har prøvd det før. He? Trur det ikkje, kanskje? – Du må vera tålmodig ei lita tid enno, Peder, så kjem du vel opp. Eg trur for oss båe, eg. Han kvitna i leppene: Tålmodig? Korles trudde du eg var da? Du har vel aldri vore gift med ein bonde før? Men bed heller han morbror Ola komma opp litegrann! Saa får du fred den stunda, trur du ikkje eg unner deg så pass? Han er ein luskælv, men. Så får du fred, som sagt.

«Nei nei nei!» bad ho. Men ho reiste seg og gjekk ned.

Ola kom og sette seg attmed senga. Peder såg hånlig på han. – De driv på de, karar, sa han. Men du kan vel sitte her ei lita stund for det. Så riv eg da ikkje øyra av kjerringa mi den stunda. Han kasta seg i senga, strauk sveitten av panna:

«Åh! Ho plaga ut mæ!»

«Du må da vel skjemmast, gut!»

Peder vart logande raud: Er det ikkje det eg gjer da, for svarten! Ho går her som ein gudsengel all dagen, og natta med; ovant himmelen ein staden. Og her ligg eg som eit anna kraum. Du skulde ha vore gift med henne du, så skulde du ha fått kjenne. Når du var ein varg til menneske og ein bonde, og låg her og måtte syne det, for slik ei som henne? Tvi! Eg er vel like bra eg som ho? No går det 230hundane i vald med garen her; og da ho fekk meg, fekk ho ein sjukling. Som ofra når det var for seint. He? Og når eg lyser helvete over henne, så puskar ho berre og gret med seg sjøl. Du var slug du som tapte. Kan du ikkje svara?

Ola lest som han tenkte på andre ting, og det logna utrulig.

«Men sei mæ ein ting, Ola: Trur du ikkj æ bli fresk meir?»

«Va du ein kar, Peder, så spurd du ikkj slik. Og da vart du fresk ja.»

«Men ho trur det, veit du. Ho trur for oss beggji to. Liksom folk når dem trur her må komma ei likar ti’ snart; det det, sei dem, det såg for svart ut ellest.» Han var blank i auga av hån: han såg dem så tydelig for seg.

Så fekk han ei hosterid. Da han hadde ligge still eit tak, spurte han om ikkje Ola kunde bli der natto over. Og det lova han.

Andrea måtte snu i døra.

Nedunder ståka gjestebudsfolke i jamn dur.

Dagen etter, da Ola kom ned, fann han Åsel og Gjartru to-eina i øystre kammerse. Han sette seg attmed dem.

Gjenom sør-vindauge såg dei vollane nedover og haugane midt i mot. Det var kvitt i kvitt av nysnø heile vegen, og over åsbruna såg dei alt det skimra i sola; ho var aldri borte her på Håberg. Kvite små fjerskyer kom imot elden, bia der eit andedrag eller to, og gjekk sin veg att. Ola kunde ikkje komma på kva det minte 231han om. Så vart han vâr at dei hadde sitte og snakka om eitkvart før han kom.

Åsel smilte enda, og der var ei høg ro over henne og rundt i kring. Slik hadde han set eit menneske sitte midt i ulukka ein gong før, det var så lenge lenge sea, og kven skulde det vera? No tok Åsel til og la eine handa skiftesvis over den andre: – Eg heldt meg til det gamle; for det vilde han far. Og du, Gartru, du krafsa og skulde fram, gjenom alt som var nytt; for det vilde han far. Og like langt kom vi. Utpå berre bakken båe to. – Eg takkar Gud for det eg! sa Gjartru. – Eg med. No ser vi da vegen vår framfor oss; åt kvar sin kant.

Ola visste ikkje om Gjartru bleikna no, eller om ho hadde sitte her så bleik heile tida. Ho ser oppetter Åsel; det skin i auga hennar:

«Sei mæ, Åsel, kjem det ikkj for dæ liti rart, at ‘n Peder skuld få tering da?»

«Det gjer rett det ò du. Men: æg visst da vi vart krevd ein gong. At live sjøl kom hit.»

Åsel sat litt enda; så reiste ho seg. Ho smilte att, og auga gjekk frå Gjartru til Ola og ut i lyse dagen: – Eg visste vi vart krevd ja; det er det eg har venta på; og kven annan skulde dei kreve? Ho tok med seg dagen, da ho gjekk ut; dei reiste seg og gjekk etter utan eit ord.

Ola gjorde seg ein sving heile huse; han var på leiting etter eitkvart. Her var nokre gravølsfolk att enno, men somme av dem heldt 232på og vilde ta avskil. Uti kjøkengangen kom han over Anetta, og no visste han det var henne han hadde set etter. Ho stod just og tok på seg ytterklæane, skulde bort. – Finn eg deg lel da, veikja mi. Ja, for no er eg bra åleine, hadde eg ikkje deg no, så rømte eg bygda. Men kor skal du hen da?

Han vart vâr ho stod på sprange, og denne gongen var det ålvore at ho var rædd han.

«På møte,» sa ho. Og da det var sagt, var ho ikkje rædd lenger. Ho såg han inn i åsyna som ein fiende. Så glatt auga hennar ut gjenom døra, og der, utpå vegen, stod det ein totre ungdommar og vente på henne. – Jaså, er dei omvendt dei der òg? tenkte Ola å spøre. Men han var for nåmen, han fekk det ikkje til. Anetta ho var seld. Ho hadde berga seg ifrå han. Det lyste av henne, at ho trudde.

«Du går ikkj ifrå mæ lel, Anetta, når æ bed dæ om du ska bli!»

Orda hadde komme og gått, som ein styng gjenom bringa, og no brann det raudt over kinna hennar. Det var berre som snarast, så såg han ryggen hennar i døra.

Dei trudde rundt omkring han, kvar ein og ein; dei vart salig kvar i si tru. Utomkring var dei andre, som ikkje trudde; dei levde i eit evig svartår, men var like lukkelig for det. – Dette er det tyngste eg har kjent nokon gong, sa han med seg sjøl. Om det var sorg eller glede visste han ikkje. Og no gjekk han. Heimom 233ein urliten sving først, og så ut i verda. Ho skulde vera stor, hadde han hørt. Han tenkte på Jens og Amerika ein augeblink og slepte det att, slik ein gjer med ein vassdrukken stokk i stormen.

Og dette her var Håberg.

Men i det same kjem Mina, i nattstand og kåpe og i full fart. Andlete lyser ungt og friskt som tyttebær-moen i blanke haustmorgonen, og den vesle Håberg-nasen styrer modig imot han. Auga kunde stane ein som var på veg åt skogen med taugløkka i handa. Arthur kjem tett etter henne.

«Ja onkel, no må du hjelp mæ, du ska bli med mæ te by’n i denne dag, te Toresen, du veit det er onkelen te pappa, og han e søkkanes rik, og bare æ kom der, så blei det ei rå. Hell så går det på sjøen med heile Segelsund og med framtia vår og alt i hop – for vi tar ikke imot det minste grand av dem her, det e umuli ting, vi ska berg oss sjøl, – skynd dæ da, så tar vi dampen! Pappa vil han ikke snakke med, veit du, men no ska ‘n te hest – kan du ikkj skynd dæ da!»

«Men enn han Arthur da?»

«Pyh, han!»

Ola tok på seg frakken og fann i huva si. Mina snudde seg til Arthur og fór med handa nedetter armen hans:

«Jau, du veit, du ska da få bli med du ò, men.»

234Ola fortalte Åsel korles det stod til, ho kom just gjenom gangen. – Og så er da Håberg trygg, sa han.

Ho vart ståande og klippe med auga. Andlete såg meir og meir tomt ut. – Hm, hm! sa ho. Ja ja da, Mina, – no smilte ho til henne. Og eg som ikkje har vorte vâr deg før. Har ikkje vorte vâr folk i kring meg før no. Men du lever midt i bygda, du; der ein skal leva.

Mina hørte det ikkje, ho var alt på gonga austover. Arthur kunde komma etter med hesten.

Åsel snudde og gjekk inn. Kristen såg på hendene hennar, da ho fortalte om Mina. Ho hadde sett dem i sida, og det sa så mykje som at da var ho ikkje rolig der ho stod, ho var ikkje for glad.

«Men det va da opprikti meint?» sa ho. «Ja ja, men han Peder hi no gjort sitt lel. Kanskji æg vart for gla den gongjen.»

Dei vart einig om at dei skulde ikkje fortele Peder det.

Andrea sa same orda til Åsel, da ho hørte det: Han Peder har ho gjort sitt lel.

Åsel stod og såg ut for seg. Andrea vart ståande reint åleine, syntes ho.

«Slik ska du sjå han ja, ban. Som æg hi gjort no eit tak. Æg – får vel te å sjå ‘n som ‘n e.»

– – – – Dei kom heim frå byen med båtskyss om eit par dagar, og Toresen hadde lova hjelp. Mina og Arthur tok over på Segelsund. 235Så hadde dei nok å ståke med for det første. Gjartru og Arnesen reiste til Amerika i lag med Jens. Det var ei heil skrei som vart med han, både ungdom og midalders folk. Det var det, at her i lande såg det ut for berre svartår og ingenting.

Det urimelige hendte seg, at Åsel bad til seg husmennene under Håberg og baud dei å få kjøpe romma sine. Ho stod med hendene i sida framfor dem og sa det, ho meinte det ærlig nok, kunde dei sjå. Men dei vilde ikkje klavebinde seg, ho skulde så visst ha takk. Ein fekk berge seg utor småmannslive og til eit likare land, den som kunde; eller så gi seg over til gudsfrykta og træle tida si ut. – Ja, når det kjennes slik, så er det slik, sa ho, og så sukka ho og gjekk ifrå dem.

«Og du da Ola?» sa ho, han kom og skulde sjå opp til Peder. «Det såg ut liksom du ò va faraferdi, nyst her?» Og så snudde ho seg frå han og såg ut gjenom gangdøra: Her fanns ikkje ein meir som vilde ta ei bør på seg, – som vilde ta bygda på nakken og gå med henne, korles skulde det bli til slut?

«Nei, æ vil døy klokkardauin her. Med æ venta på han som ska komma

«Som ska komma ja … Vi fekk vel heller te å komma sjøl, mein æg.»

Det vart så rart med han stod der i troppa. Han såg allting for seg slik Åsel stod og såg det: Peder han låg på lofte og skulde døy, og 236garen var som ein levande ting, som visste det men kunde ikkje skjønna det; og der attom låg bygda med hus og folk, – skugge og sol all vegen utetter –, og dei tok børa si og bar henne så godt dei kunde. Det rann så linnt eit lys over det, vart så himmels høgt og stort no når han såg det med hennar auga. Han sette seg stilt ned i troppa. Han hadde aldri før visst kva von var, at ho var så tung å bera.

Han sat oppe hoss Peder om nættene. Natta er så lang, vinterstida, for den som ikkje får sova, og da var Ola den einaste han vilde ha der. Om dagen slepte han ikkje Andrea frå seg.

Rett som det var, kunde han spøre: Søv du, morbror? og så straks etter: Kva er det du sitt og tenker på no? Først ei natta utpå vårparten, da han ikkje hadde lenge att, kom han fram med det som hadde plaga han: Har du aldri trudd det kunde ha vorte nokon kar tå meg? – Tå deg? – Nei, eg trur det ikkje sjøl heller nei. Her veks ikkje opp nokon høvding meir. Det trengs visst ikkje; dei får til å styre seg sjøl no, småfolka. Så låg han ei stund liksom han beit i ein smil. Fingrane famla og plukka på åklæe. – Men det ser eg no lel, morbror, at det var ikkje den der ugreia borti Juvika som slo meg over ende. Det går ikkje slik for seg, – det var inga sak da. Det bli ho mor som får bera på den tingen; ho er skapt til å bera, ho.

237Han vart som eit lite barn før han døde, og da var det mora som helst skulde vera hoss han. Ola vilde han ikkje sjå. – Han har Styggmannen med seg! kviskra han.

Åsel let att auga hans, og så tok ho Andrea og leidde henne bort.

Straks etter gravøle flytta Ola til Segelsund. Dei trong han der.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Storbrylloppe

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

Storbrylloppe er tredje bind i serien. Det går nedover med Juvik-ætta og gamle verdier står for fall. Søstrene Gjartru og Åsel har forskjellig tilnærming til det nye i tiden.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.