[FORORD]

Det er ei sann Soga det, som stend i denne Boki, so nær som det, at Navnet paa ein og annan Mannen og Garden ero ombytte; for der liver enno Nærskyldingar af some af desse Folk, og det trengst ikki om at saara desse Uskuldige. Derimot er Storegut og Fader hans sette, som dei vaaro til, med rette Navnet og Alt; og Fader min kunde minnast deim baade tvo. Mangt er ellers forgylt og gjort større eller mindre, en det var. Der er nokot idealiserat; men Tilmaalet og Samhøvet eller Proportionarne er det strævat efter, liksom naar Maalaren gjerer Mannen større eller mindre, en han er skapt. Dette, at Soga er sann i sine store Drag, er det, som efter mi Meining maa gjeva Diktet sitt meste Verd; for Smak og Stil skifta om, men det historiske Grunnemne var. Dette, som eg med eit Kunstord vil kalla den ethnographiske Beingrind, maa kver Diktning og daa mest den sokallade «folkelige» hava, om den skal liva lenger en den ofte falske Tidarsmak, som skapte IIden. Det er denne folkelege eller historiske Beinbygning, som me finna i alle poetiske Verk, som liva lenge, alt fraa Homer og vaare gamle Sogor ned til Walter Scott. Det er den, som stend atter, naar alt det andre er døytt burt. Det er af Livet sjølv, me maa faa vaare Grunndrag; det er det, som lyt dikta for os; og Aalmugen har derfor i Grunnen Rett, naar han segjer om ei Soga eller eit Dikt: «Ja, ja, det kann vera godt og vel altsaman, men det er ikki sannt; ho lyg den Boki og ferer med Fantesi.» – At eg ellers ikki tek denna Synsmaaten reint paa Ordet, maa ganga fram af det, som her uppe er sagt.

Det er no ellers ikki verdt at gilda seg meir af si historiske Sanning, en godt gjerer; for det er ikki sagt, at eg skirt og klaart kann setja fram dette Folkeliv, med alt det, at eg er upfødd i det og høyrde det utmaalat af Fader min og andre gamle Folk; men at den utvordes Historie er sann, det veit eg.

Ja, slikt var Livet up i Thelemorki og vaare fleste Fjelldalar alt til 1814. Det var i Grunnen ei Nevarettens Tid, og derfor var Styrke og Mannamod det, som stod i største Pris. Det menneskelige Samfund er so klokt, at det altid ærar mest det, som det har størst Bruk for. Med vaart nye Riksstell kom betre Rettargong, og ved ein større Lesnad og alt kom ein annan Tenkemaate IIIin i Samfundet. Dette Gamle døyr meir og meir ut. Me kunna ynskja, at den gamle Visediktning f. Ex. livde enno, men det er raadlaust med det. Og her er Bot for det. Det er liksom med Maanen: han nører seg i den andre Enden, naar han sloknar i hin. Menn, som no ero uppe i Tanken af si Tid, dei setja i Likning med Guden Thor Enden af Hornet i dette Folkehav og sløkkja Torsten sin efter eit meir folkelegt Maal og eit sterkare og meir poetisk Liv i det Heile.

Eg var fraa fyrst af meint paa at hanka mange Songar in paa Sambandstraaden i denne Soga, men eg vardt under Verket rædd for, at den «episke» Samanheng ved dette skulde slakna vel myket; og det er ikki fritt for, at den har gjort det og i fyrste Halvparten af Diktet. Men seer eg, at eg kunde hava gjort meir af dette, so skal eg sidan gjera det; for det vilde vera likso historisk sannt, som høvelegt for meg, at leggja mange Visor og Stev i Munnen paa han «Olaf sjølv,» som efter alt det, eg høyrde gjetet og kjenner, var ein af dei siste kringfarande Visediktarar og Songarar i det visorike Thelemork. Eg maa tru, at der er some af hans Visor i Landstads og Bugges Samlingar, og der er likeins ei om, daa Huldra kom til Storegut paa Felegret, men den er vist af ein annan; truleg af ein Skulemeistare i den seinare Tid.

Første Halvpart og der utover af denne Storeguten IVkom ut i Dølen; men eit og annat af dette er omgjort og omsett og javnat til ein betre Samanheng.

Eg torde ikki annat en setja some Ordtydningar her sist i Boki. Eg har sovidt mogelegt gjengjet af Vegen for Ord og Talemaatar, som kunde vera mindre kjende i By og paa Flatbygd: men det var raadlaust overalt at gjera dette, helst naar der maatte koma fram Navn paa Landelæge (geographiske Benævnelser), sosom i «Jøtunheimen». Dette har lagt mange Baand paa meg, dette, at gjera Maalet tydeligt, og det har ofte og tekjet burt det mest sermerkte eller karakteristiske ved Tanken. Men, me «Maalmenn» maa fara smaatt fram enno so tidleg Dags. Det er med os som med Organisten, naar han i sit Fyrespil eller Præludium spilar med faae «Stemmer.» Folk efter os faa først den Lykka at kunna draga ut alle «Stemmer» og spila med fullt Verk.

Christiania i Decbr. 1866.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Storegut

A. O. Vinjes samling Storegut med episke dikt om Olaf og sønnen hans (basert på virkelige personer fra Telemark på 1700-tallet) ble første gang utgitt som bok i 1866. Mange av diktene hadde tidligere vært trykt i Vinjes tidskrift Dølen. To år senere, i 1868, kom en redigert 2. utgave og det er andreutgavens tekst som har fått et videre liv i nye utgaver. Bokselskaps utgave følger førsteutgaven fra 1866.

Forskjellene mellom 1. og 2. utgave er først og fremst ortografiske, men det er også en del innholdsendringer. For en digital sammenligning av de de to versjonene, se her.

Mange av diktene er tonesatt, se: Kristi Grindes oversikt Musikk til Aasmund Olavsson Vinjes dikterverker (NB tema 4, 2018)

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.