OLAF SJØLV

4D’er Olaf, som ut denne Bodi ber;
d’er han, som fortel denne Soga her.
Han diktar og kved desse Visor ut,
fraa fyrst om seg sjølv, so om Storegut.


Daa Olaf lærde lesa

5Dei segja, at Livet det lid og det strid
og fram mot eit betre seg søker.
Min Ungdom fall in i den underleg’ Tid,
daa fyrst up til os det kom Bøker.

Daa vardt det forlitet, at Mannen var klok,
og Tankar i Mengd kunde hava.
Nei, Visdomen maatte han finna i Bok,
og Folk skulde læra at stava.

Ei Bok var ei Æra: eg minnest det tidt,
i Høgsætet sat ho som Gjesten.
For det var med Lærdomen komet sovidt,
at Folk skulde ganga for Presten.

6Eg lærde at lesa. Eg fekk meg ei Bok.
Og raude Bokstavar var Dygdi.
For endefram var det, han laut vera klok,
ein Son af dei beste i Bygdi.

Men so sagde Fa’r: «Det er alt utan Naud!
Verdt lik meg og fylg meg paa Ferdom!
Kast Boki, min Gut; eg gjev Presten ein Saud:
so slepp du fraa all denne Lærdom.»

«Eg leser om Kvelden», eg sagde til Fa’r,
«so«so] rettet fra: so (trykkfeil) fer eg om Dagen paa Ferdom.
AfAf] rettet fra: «Af (trykkfeil) Presten eg ‘Spurningar’Forfatternote: eller «dei skrivne Spurningarne», var Spursmaal og Svar, som Presten skreiv up med Fracturskrift og gav ut til Ungdomen, for Pontoppidans Forklaring var for stor at læra. Det var so ei fire fem Blad. Eg minnes Folk, som ikki havde lært meir. fekk for mitt Svar,
so no skal du sjaa her verdt Lærdom.»

«So fær han ein Bukk denne Mann, som er halt,»
«eg meinar,» sa’ Fa’r, «denne Gunnar.
So gjev han deg Lærdom: han kjenner til alt
og stødt kjem or Bøker med Grunnar.»

7Ja, Gunnar var klok, om han endaa var halt.
Og Gunnar var komen fraa Froland.
Han lærde meg myket og lærde meg alt
om Goliath, Samson og Roland.

«Og Sjøen,» sa’ Gunnar, «er fælande stor,
so Bandak ein Dam er imot’n.
Og Kongerik’ store her finnst paa vaar Jord,
tenk Russland og Halland og Toten!

Og langt imot Gud der ei Slett er so vid,
– sosannt som ei Bøkerna ljuge, –
at der du kann sjaa over Kongerik’ ni,
og Kyrkjor somange som tjuge.

Her heime er smaatt: det er alt som ei Mus
mot fælaste Oksen, som olmar;
for Dyr er at finna so store som Hus,
og Fiskar so store som Holmar.

Og Mimring var slik, han var større en tri,
og stor som ei Tunna var Hatten.
Seks Alner var Goliath, Nimrod var ni,
og Viderik Værlandson atten.

8I Hornet bles Roland, der saarat han laag,
so hardt, at det huskad i Haugom.
Og Mannen, som Mahomet sagde han saag,
var tusund af Mil millom Augom.

Fraa Serkland til Valland sprang Rolf i eit Laup
med tusund af Stridsmenn paa Skjoldet.
«Om Gauksto var Graut og om Tinsjø var Gaup,
eg aat meg ei mett,» sagde Trollet.

Med Staven sin Gunnar ein Aftan os slo.
Eg Spurning og Svar lyt fortelja:
Han spurde, om me af dei Vegjerne tvo
den breide ell’ smale bør velja?

«Me unge og spræke, i varmt som i kaldt,
kann ganga den smale og leide.
Men du, stakkars Krok, som er gamal og halt,
bør vandra den gode og breide.»

Smaaguten er gapen; men der leikar Liv;
og Gamlen er glad i den unge.
Han biter ifraa seg som kvassaste Kniv,
og Vit sprakar lett fraa hans Tunge.

9Om Gunnar var gamal, han endaa var glad
og snillaste Mannen, eg kjende.
Han lærde os lesa og Visor han kvad,
og Rispor han fann utan Ende.

Kvar Bok las eg ut. Eg i Boki var glad,
men gladare endaa i Hesten.
Og naar me kom up og vardt stelte i Rad,
so vardt eg den fremste for Presten.


Daa Olaf vardt bergtekjen

10Det var meg ein Kveld i Grunge-Nut,
han Gjeiterna skulde henta.
Eg var so ikring ein vaksen Gut,
og tenkte paa Nordgards-Gjenta.
Eg gjekk der og leitad in og ut.

Der bita Bukkarne mangein Blom,
og sjaa ned i Fossen under.
Det lægste Ljodet kjem att med Ljom.
Det er dette gamle Under.
Den Nuten er kjend for Tussedom.

So strauk eg Blaamann i lange Skjegg,
og sagde: «Me heim maa fara!»
Det var so eg skalv i Led og Legg.
Daa var det som nokot svarad;
og Berget sprang up paa vidan Vegg.

11Det urd’ og krudde med Bøyg og Bukk
af Folk utor Berg og Haugom.
So høyrd’ eg imillom som Klynk og Klukk.
Det svartnad med eit for Augom.
Eg fekk ei for meg til Gud ein Sukk.

Det skok og dunde og var slik Sus,
som fælaste Fossen fløymer.
So kvarv eg som burt i all den Brus.
Det var, liksom naar du drøymer
og fell ifraa Fjell og store Hus.

So saag eg ein Skog af Glas i Krull,
sovidt han minnest og meinar.
Af finaste Silke var Salen full,
og Stjernor var Glimesteinar,
og Maanen var Sylv og Soli Gull.

Det glimde og glodde af alle Ting,
som Folk kunna gjera sæle.
Det druste af Rikdom rundt ikring;
men Folk var furtne og fæle
og gjerde meg inne i ein Ring.

12So sprang dei ikring meg hovudstup
og spente med Hæl og Hasar;
og lo, so dei stod i Kruk og Krup,
og krøkte paa lange Nasar
og var, som dei vilde meg eta up.

Med eit ei Gjente eg fekk at sjaa:
ho lyste som ljose Dagen.
Og alle dei Troll dei rømde daa,
som slegne af all den Agen.
So leikar ho kring meg til og fraa.

So saag ho paa meg og skifte Lit;
og endeleg slikt ho talar:
«Eg takkar deg, Mann, for du kom hit:
her sviv eg i desse Salar,
i Glans af Gull utan Mannavit.

No verdt det kring tusund Aar til Jol,
fraa eg kom i Haug og Hamrar.
Ei Dronning eg er paa Silkestol
og midt i mit Gull meg jamrar,
og lengtar so saart efter Folk og Sol.

13Det skjek vel i deg, som i meg det skok,
daa Dag imot Nott eg skifte?
Eg tok ein Mann som var litet klok.
For Gull det var eg meg gifte.
So vardt han Troll og til Bergs meg tok.

Eg trappar i Golv, og alting sker.
Dei Troll ifraa meg eg jagar.
Men Livet meg drep, for det stødt seg teer
i æveleg’ Ungdomsdagar.
Eg fær ikki døy, fyrr Sol eg seer.

Det var meg for trongt paa Heimsens Øy,
og alting eg vilde hava.
Eit Merke eg stend for Mann og Møy,
som alting vil til seg grava.
Aa, elsk meg sovidt, at eg kann faa døy!»

«D’er Raad til dess at Ein kann faa døy,»
han svarar med Taar paa Kinnar,
«for Folk dei liva som Gras og Høy,
og fara som Lauv for Vindar.
Men du skal vera mi Festarmøy.»

14Eg slengde Kniv under gylde Tak,
og Soli af Gull seg gjøymde.
Daa vardt der Skjelv og daa vardt der Skak,
og Fossar ikring meg fløymde;
for Berget rivnad med Torebrak.

I Dagen mi Dronning fraa meg foor
og glapp or dei heppne Hender,
lik Dogg for Sol fraa den grøne Jord,
som burt up i Lufti renner
og legg seg for Sol som gylde Flor.

Det var som ein Svevn, det eg fekk sjaa,
og up eg vaknad som valen.
Naar eg det minnest, – det tidt kjem paa –,
eg stend og stirer som galen.
Du seer og drøymer, men ei kann faa.


Olaf verdt Hærmann

15Ved tjug’ Aars Aldren var det eg vardt skriven,
og vardt til det, me kalla Kongens Kar.
D’er hardt, naar slikt du fraa din Heim verdt driven.
Men glad eg gjekk i Fa’r mins Fotafar;
og daa eg kjende, at ein Mann eg var,
naar ut mot Fienden eg skulde fara,
og slikt med Haand og Foten vera snar,
som naar du Eld og Glod vil af deg kara:
Det er for Land og Folk og Konge du skal svara.

Til Kongens Kjøbenhavn det maatte bera;
for tvo og sjutti Tumar var eg haag.
Og slike Stormenn laut kring Kongen vera;
og so eg aarevis dernede laag.
Og mange store, gjæve Ting eg saag,
som ikki her so rett eg om kann syngja.
16Men Kongen saag eg og hans Son og Maag.
Eit Syn det er, som Gamlen up kann yngja.
Og der eg prøvad gamalt Sverd og Hjelm og Brynja.

Og ned til Holstein og me maatte draga;
for Krig mot Russen var det meint at faa.
Men anderleides skulde det seg laga,
og andre Karar var det eg fekk slaa.
Eg synes enno digre Tysken sjaa,
som tidt eg smurde up paa Dansesalar;
men mest den Fleskesluggen rømde fraa,
med alt det store Skryt og Kyt han pralar
og med sit Skum i Munn og Grautemæle talar.

Den snille Dansken ingen Mann skal vraka.
Men Munnen han er full af Vrid og Vraal.
Og heile Tylvter Danskar skal eg taka;
– det gjeng som naar du bryter grøne Kaal –.
Du kjenner Dansken paa hans mjuke Maal
med Ord og Ordalag som Tvaatteklutar.
Ja, der er litet af det Norske Staal
med all den Sprett og Spenn i Norske Gutar.
Her dansa Ord som Bekkebaand fraa Fjell og Nutar.

Men endaa likar eg den gode Dansken;
for betre Hjartalag eg sjeldan fann;
og aldri skal du sjaa eg kastar Handsken
17til Strid paa Odd og Egg med denne Mann.
Og slike fagre Døtter eiger han!
Du veit, at Hermod Aaland tok a’ Mette.
Den Blomen i sit Gardeliv han vann.
Han elskad mange; men ho var den rette.
Ifjor ho atter fekk ein Son, – det var den sette.

Me arme Menn om fagre Gjentor drøyma;
og denne Draumen varer mange Aar.
Somange slike Minne paa meg strøyma,
at tidt eg gjeng, som eg var sjuk og saar.
Ja, naar ihug me koma Elsken vaar,
so er det so i Merg og Bein det silar.
Som svarte Skuggen kring du gaar og gaar;
du lengtar, trur og trur, og so du tvilar,
og liksom Orren blundande paa Leiken spilar.


Olaf fær prøva mangt

18Til Kjøbenhavn eg laut, som sagt,
so var det i min Lagnad lagt,
for slikt i Kongens Bod det het.
Men dei, som heime sat, dei gret.

Men mest gret Anne, arme Møy.
Eg trudde plent ho skulde døy.
Me var trulovad nettup daa.
Og ut eg laut so langt ifraa!

Me unge tvo, me lovad heitt,
at me skuld’ vera liksom eitt.
Og so for Gud me ærlegt svor,
at me skuld’ trugne halda Ord.

19Men eg vardt burte mange Aar.
Og Tidi lækjer alle Saar.
Eg sende Bod og Bod ho gav,
Men sist eg fann, ho dovnad af.

Det kom ein Gut med større Gard.
Og trugad vardt ho af sin Fa’r.
Det Bodskap var mitt fyrste Slag.
Eg trudde det var Domedag.

Eg gjekk og hatad Kver og Ein
og flaug som Troll i Berg og Stein.
Eg ingen saag i Hugen glad;
eg minnest enno det eg kvad:

«Her er so tungt for Mann og Møy
i dette Liv so sjukt og saart.
Me slita stridt, fyrr me faa døy
og sleppa dette Livet vaart.
Ja, Livet er ein Klagesong,
og Ljoset sloknar for vaar Fot.
Her er slik Armod, Naud og Trong,
at Blodet spring fraa Naglarot.

20Dei ljose Stundar i vaar Sorg,
naar Livet liksom lyser klaart,
me taka Himilen paa Borg.
Men me faa svida for det saart.
Det spring fraa Smil til Auga vaatt,
der Lik kjem in i Brudlaups Lag;
og Notti kjem med graatt i graatt,
og svarte Sky med Toreslag.

So ilt det heile Livet læt
og sveiper seg i svarte Sut.
Det er, som Jord og Himil græt
og lengtar efter Løysning ut.
Kver Drope Dogg er som ei Taar.
Med takka maa, med Kjelda fann,
so me faa dogga Sorgi vaar,
og med i alt me graata kann.

Ein Krig det heile Livet er:
Kver river aat seg olm og yr
og spenner, høgg og sting og slær,
og biter som eit annat Dyr.
Ein eta vil den andre up
og svelgja alt, han veit og kann.
Det gjeng paa Plunder hovudstup
fraa Makk i Mold og up til Mann.

21Det er slikt Bit og Slit, at du
kann missa baade Vit og Sans,
naar du skal leika deg og snu
i denne ville Drauge-Dans.
So up og ned og paa og af
me storma denne Dansen lang,
til dess paa Slutt den opne Grav
os teker i sit svarte Fang.»


Olaf maa elska

22Aldri lenge kann han vera
vond og myrk den gode Mannen:
kann han ei den eine elska,
maa han elska strax ein annan.

Anne sveik meg. Store Under,
at eg dette kunde bera!
Men paa Slutten so eg tenkte:
«Slikt kann mangei Anne gjera.

Millom alt det gode varme
tidt du maa i kaldt deg lauga.
Slikt aa Sæ kjem tidt, sa’ Sælen,
daa han skoten vardt i Auga.

23Anne sveik meg! arme Gjenta!
Nei eg viste det var Fa’ren.
Han som mange gode Gamle
elskad mest den største Garden.

Gjenta lik dei gode Gamle
tidt paa gilde Garden tenker.
Gjenta, er det sagt, som Fluga
leikar best kring det, som blenker.

Efter det, som gloor, me alle
laupa, so me litet sansa.
Liksom Jødarne i Morki,
kring ein Kalv af Gull me dansa.

Kanske Anne var so lagad,
at ho større Stasen turfte?
Og vil ho med ikki hava,
er det best, at ho verdt burte.

Efter Skatten, som seg gjøymer,
kloke Mann skal aldri grava.
Gjenta, som ifraa deg rømer,
vøre største Pest at hava.

24Gjord ho er af annat Virke,
vilde Verk og Vaa deg gjera.
Dersom ho er skapt for nokon,
maa det for ein annan vera.»

Slikt til Liv eg up meg mannad,
men eg stundom sat og sturde.
Slikt med gamal Visdomslæra
mine arme Saar eg smurde.

Maren fann eg daa den beste.
Stundom gjekk eg reint som tufsen.
Men eg endaa fann, at Elsken
vantad liksom rette Gufsen.

So ein Kveld, me Kongens Karar,
drukko Øl og Danske Drammar,
og kom snart om det at tala,
som paa Dansk verdt kallat «Flammer.»

«For mi Maren,» skreik den eine,
«for mi Maren skal eg borge.
Ho er rein og kvit den Gjenta
liksom Snjoen up i Norge.»

25«For mi Maren,» skreik den andre;
«Festarmøyi mi er Maren.»
«Maren di!» skreik den tridje;
«meinar Fa’n er i deg faren!»

Det vardt Slagsmaal, og den eine
hit og dit den andre slengde;
og i denne Leik eg alle
Festarmenn til Maren dengde.

Sistpaa alle Mann i Ringen
up dei reis og heim seg stavad.
Men ho Maren, ho fekk ingen;
for ho vilde alle hava.


Olaf høyrer Musik og Song i Byen

26Den fyrste Gong eg kom til Byen,
daa var eg alt ein vaksen Gut.
Fraa Fjell, som stinga up mot Skyen’,
lik Bekk mot Fjorden rann eg ut.
I Dalen der og up paa Flyen’
eg las og kvad somangteit Dikt,
og havde myket høyrt om Byen,
men trudde aldri det var slikt.

Daa fann eg det, som fyrst eg drøymde,
daa eg til Kyrkja havde køyrt.
Daa høyrd’ eg klaart det, tidt eg gløymde
og havde som i Berget høyrt.
Daa var det slikt, at Taarer strøymde;
for alt forklaarat daa eg fann.
Og i mit Minne det eg gjøymde,
so eg det aldri gløyma kann.

27Om Fossegrimen mangein talar;
men han fekk aldri Hugen min. –
Aa ja! naar Hyrding-Gjenta jalar,
det kann vel vekkja Hugen din,
og likeins, naar i djupe Dalar
det kjem af Tonar som ei Flod.
Men annat er i desse Salar
med Tonar utaf Eld og Glod.

Det Tonar er paa annan Maaten,
en dei som vekte fyrst mit Mod.
Det annat er, en daa i Baaten
fraa Lid eg høyrde Ludrens Ljod.
Aa–haa! ja det er annan Laaten!
– Nei aldri det eg gløyma skal –;
for slikt det er, at jamvæl Graaten
kjem fram i reine Tonefall.


Det gjeng godt for’n Olaf

28D’er litet atter af ein Kar,
som i sin Elsk er sviken.
Han gjeng, som han ein Skugge var,
og aldri saag du Liken:
Han hatar Mann, han hatar Møy,
og flyg som Skodd paa Heidar.
Han ynskjer, snart han maatte døy
Og sleppa falske Eidar.

Eg visst’ ei, om eg Sud ell’ Nord
ell’ Aust ell’ Vest var faren,
for sviket havde dei sit Ord,
ho Anne og ho Maren.
Eg trudde vel, at Maren var
so heiltupp ei den sanne.
So det, som mest til Hjarta skar,
var Lygni hennes Anne.

29Men rett som slik i Sorg eg gjekk
og hatad heile Verdi,
ei Bod ifraa ein Norsk eg fekk,
at Anne var paa Ferdi.
Ho havde reist fraa Fa’r og Mo’r
og vilde up meg søkja.
Og gjenom heile Sverge foor
den stakkars vesle Krøkja.

So var ein Dag eg stod paa Vakt,
– den Vakt tek ingen Ende –
det til meg af ein Mann vardt sagt:
«Her kjem til deg eit Kvende.
Ho er fraa Norge, høyrer eg,
Ein Kjærast’, kann eg banne.
Med Graat og Laat ho søkjer deg.»
Aa, jau, det var ho Anne.

Daa fekk eg sjaa det falske Spil;
daa kom det heile Ordet,
at Anne nær var trugad til
at taka Gjermund Jordet.
Men daa det galdt, vardt Anne ør
og vilde up meg finne
og gjorde det, som aldri før
var gjort i Manna-Minne.

30Ho kvad (Aa nei! i Sorg du kann
ei kveda, so det høver;
for fagre Ord du aldri fann,
naar Tvivl og Elsk deg kjøver.
D’er fyrst, naar up du vakna fær
ifraa den vonde Draumen,
at i din Song om den der er
den rette fulle Flaumen):

«Aa hjelp’ og trøste meg! min Olaf kann
du gløyma, at eg liksom up deg gav?
Eg efter gav ei Stund, men Ro ei fann.
Det var som ned eg stirde i mi Grav.

For veik eg var, og er deg aldri verd.
Eg gjorde Synd, og efter Synd kom Sut.
Det bit og brenn og ingen Ende fær:
Den Orm ei døyr, den Eld ei sloknar ut.

Du burte var; eg fekk ei Ord til deg
og segja Blomen din var frisk i Rot.
Eg fann ei Fred, fyrr eg den lange Veg
fekk fara paa min arme nakne Fot.

31Eg ventar Svar og ser paa Munnen din.
Kom med eit Ord, og gjev mit hjarta Ro!
Ver naadig og deg tenk i Staden min:
Eg stod og brann imillom Eldar tvo.

So svar meg godt! Du er so klok og blid.
Der heime foor eg kring so trøytt og vaat,
og spurde Berg og Stein og Fjell og Lid.
Men alting svarad med min eigen Graat.»


Det gjeng ‘n Olaf baade godt og vondt

32At med mi Anne snart eg vardt forlikt,
veit Alle, som med meg hev’ prøvat slikt.
Mi Tid var ute, Løysepas eg fekk,
og heim til Norge eg med Anne gjekk.
Daa gjekk det lett, om Foten tidt var saar.
Og med vardt endaa vigde same Vaar.
Det var den Vaaren, Grungebru vardt bygd.
Og Brudlaupet vardt spurt fraa Bygd til Bygd;
for det var der, at gamle Olaf Bjaaland,
den Kjæmpekaren, dengde Hermod Aaland.

So Garden efter Fa’r min daa eg fekk,
og so ei Stund framefter godt det gjekk.
«D’er godt at faa,» so sagde tidt han Fa’r,
«ei unger Kone og ein gamal Gard.
D’er lett med desse tvo at liva vel;
og Skam faa den, som ei med det er sæl.»

33Eg livde vel, men Lykka med meg braut:
For kvert ein Barn eg fekk, eg mist’ eit Naut.
Tidt gjekk det paa: det jamleg var kver Vaar,
og i det mindste eit kvart-annat Aar.
Slikt var paatverke, og eg sleit meg sliten.
Min Barnaflokk vardt stor og Buskap liten.
Der mange Gjester kom kring vesle Fat.
Til fleire Munnar vardt der mindre Mat.

Vaar Lagnad, sagde Folk, slikt ut vardt skift,
for me af berre Elsk os havde gift,
og aldri vilde slaa det mindste af,
og tru paa det, som mest i Pungen gav.

Men Tingen var, sovidt eg no kann sjaa,
at Feet vaart me godt ei passad paa.
Og naar som tidt eg Hestar havde bytt,
eg attpaa merkte at eg stødt var snytt.
Eg trodde Livet ei med Heste-Hov,
og aldri aat meg som eit Klodyr grov.
Kring Born og Kona sat eg altfor glad
og altfor myket las i Bok og kvad.
Og Anne var paa sama Gjerd som eg,
og tenkte meir paa andre en paa seg.
Naar Fatikmann med Posen tryglad paa,
ho tidt gav burt det Korn, eg skulde saa.
34Og slikt me gløymde burt vaar eigen Munn,
til me paa Slutten gjekk fraa Gard og Grunn.
Og det, me fekk til Løn, var litet godt:
Det var, som kver kann vita, Spe og Spott.
For Folk er kloke, og som Isen haale:
Eg gjekk for Galning, Anne for ei Jaale.

Men Born me havde som det gode Gull.
Sovidt eg minnest, var det Tylvti full.
Og derfor saag eg ingen Mann meg lik.
Den, som hev’ mange gode Born, er rik.
Som Blomen gro dei up og faa si Tid,
og Verdi er for alle stor og vid,
so kver, som brukar seg, vil finna Braud:
du aldri saagst den Gode lida Naud.

I denne Tylvt af Born var Gjentor tri,
og so ialt eg havde Gutar ni.
Bland desse nie Gutar var der ein,
som mot dei andre var som Flint mot Stein,
som Hallingjøkulen mot Veslebræ,
som heile Nordsjaa imot Langesæ,
som Gautstod er mot runde Raudbergnut,
og derfor var han kallad «Storegut».
      Om du er vreid, paa Born du seer deg blid.
Dei spring’ og dansa liksom Bukkekid.
35Dei kvittra liksom Fugl mot ljose Dag.
Der sprakar Liv i kvert eit Andlitsdrag.
Ho blenker kvit og kvass den unge Tann.
Det er, som Mat og Klæde af deim brann.
At vera arm og eiga slike smaa,
det gjer deg tankefull og leitar paa.
Eg om vardt skapt, eg skifte Sinn og Aand,
og Staven tok eg i den andre Haand.
Eg drog til Huset godt af alle Slag.
Eg «Kjøkemeistar» var i Leik og Lag.
Eg fangad Fugl og Fisk, skaut Rev og Rein,
og dreiv med Hest og Skinn og Brynestein.
So ut paa Bygdi eg som Doktar drog
og sette mangein Kopp og Aadrer slog.

Eg visste Raad, og Bot eg kunde te,
naar nokon Trollskap kom paa Folk og Fe;
so mange Folk meg for ein Trollmann tok,
og krossad seg og so med Hovud skok
og trudd’ eg gjekk med «stygge Svartebok».
For det, eg gjorde, var eg aldri dyr.
Og so fortald’ eg gamle Eventyr,
og diktad Stev, naar gode Folk meg bad,
og so imillom gamle Visor kvad.
So laut eg atter ut i lange Sving,
som Fuglen fraa sit Reide fyk ikring
36og pikkar der, han seer det mindste Grand,
han til dei Smaa i Nebben sleppa kann,
til dess dei Dun og fulle Vengjer faa,
so dei som han kann leika til og fraa.
      So sleit eg fram, var glad og godt kom ut.
Og no de høyra skal om «Storegut».

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Storegut

A. O. Vinjes samling Storegut med episke dikt om Olaf og sønnen hans (basert på virkelige personer fra Telemark på 1700-tallet) ble første gang utgitt som bok i 1866. Mange av diktene hadde tidligere vært trykt i Vinjes tidskrift Dølen. To år senere, i 1868, kom en redigert 2. utgave og det er andreutgavens tekst som har fått et videre liv i nye utgaver. Bokselskaps utgave følger førsteutgaven fra 1866.

Forskjellene mellom 1. og 2. utgave er først og fremst ortografiske, men det er også en del innholdsendringer. For en digital sammenligning av de de to versjonene, se her.

Mange av diktene er tonesatt, se: Kristi Grindes oversikt Musikk til Aasmund Olavsson Vinjes dikterverker (NB tema 4, 2018)

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.