I stormen

av Olav Duun

Dei andre


I.

229Lauris hadde auga med han på årane, imillom at han ropa og heldt seg fast. Mørkre seig på smått om senn, og vinden bar beint vestover med kolve, men straumen sette litt meir sør med den andre; ikkje gjekk det så fort heller med han, så han vart lei å sjå millom brottskavlane. Enno såg han i han, og enno; men så gråna det bort alt i hop. Da han ikkje vann å rope lenger, og enda hadde Juviklande så langt unna at han berre timde det som noko svart med eit kvitt band under, gav han opp vona. Han merka han heldt seg ikkje fast stort lenger, det var lange stunder han knapt visste av seg. Han slepte trua på berging, det var lettare da.

Men da hørte han ei basking i lufta, det både flaksa og slo. Han kjente den lyden og fekk varmen att med ein styng: det var segl som skjevra i stormen. No hørte han tydelig det small, både av segl og av båt i båra. Han letta på seg og ropa til måle brast i halsen.

230Straks etter rennte ein stor farkost til vinds på sida av han så spruten stod, ein NordlandsfembøringNordlandsfembøring] rettet fra: Nordlandsfembørig (trykkfeil) med møringsrigg. Det vart eit bask, men endelig var han da innabords hoss dem. Kolve var det ikkje å tenke meir på. Dei bakka fokka og la i veg att. Dei meinte på å ta hamn bortunder Ommundstrandlande nokonstads. Da sprang Lauris, så stiv han var, attover til høvedsmannen. – Her ligg ein til her bortpå! stamma han.

Dei heldt etter som han viste, dreide på ein totre vendingar, men såg ikkje likt til noko flytande. Ikkje var det noko å høre heller, utan fjorden som frøste, og vinden i riggen. – Vi får vende! sa Lauris. – Umulig! meinte høvedsmannen, dei var seglslitne og hadde segld båten lek, det var armelig dei heldt han opp, og berre natta og uvêre. Lauris høgg i rorkulten, kjører båten til vinden og brøler, – det for heitt som elden gjenom han at slik hadde han Odin gjort:

«Over gå!»

Båten lystra, og mannskape lystra, det var så vassfokke stod over dem. Dei gjer enda eit slag, med skjevrande segl og liten fart. Men Odin var borte. – Så tek vi Håbergvågen, sa Lauris, på sørsida finn vi ikkje hamn i kveld. Dei let han rå som mest trong å komma i hamn fort.

Inn vågen hadde dei ikkje komme like vel, hadde ikkje vinden gitt seg så pass som han gjorde. Da dei hadde jarne i botnen, var Lauris i løftingen og hadde gjort opp varme. Så klædde 231han seg naken og vridde opp klæda sine, tok dei så på att, og brennte i seg ein stor kumm med kokande kaffevatn. Med han det gjorde, spurte han dem ut om korles det vart vâr han, og kva dei fór etter på denne tida. Dei fortalte at dei hadde tenkt å ta hamn ein stad under luv land lenge før dei kom hit, men da dei skulde sette i gang motoren og gå oppunder, slo han klikk for dem, og så var det å legge til segls. Vinden auka, og dei let det stå til, dei hadde tenkt på både Skarsvågen og Håbergvågen, men der bles han så grovt ut at dei baud ikkje til ein gong. Da dei var sørpå fjorden og låg og skulde reva, hørte dei nødrope nett attmed seg.

Lauris sa ikkje orde. Så råmte han med seg og sa farvel og takk, skulde sjå ned i morgo-tidlig før dei fór, han måtte skynde seg heim no. Han rauk i landtauge og skulde hale båten innåt brygga, men det fanns ikkje makt i armane på han, så han måtte be om hjelp.

Han smått gjekk og smått sprang oppgjenom vegen. Han kjente etter om han hadde medisinflaska heil i lomma. Jau. Ho òg var berga ja. – Du skal sjå ho Astri blir god att! sprang han og murra. Merkelig! Merkelig!

Sjukesøstra og tausa var i kjøkene, men Lauris gav dem ingen ans, han gjekk inn i stua, stod litt der, og gjekk åt kammerse, Astri vart eit anna menneske straks ho såg han, men ho sa ikkje noko, og heller ikkje han. Ho låg urørlig still og stirde 232på han, med han tok fram medisinen og skjenkte i. – Der! sa han. Berre brennvin, visst, men ta det. Korles er det med deg?

«Men at du kjem i sånt vêr da?» Ho slepte ikkje auga hans meir.

Han retta seg opp og såg beint imot henne. Han nikka ålvorsamt:

«Ja ha, æ e gjenomblaut ja. Fukti på sjø’n i kveld.»

Ho klipte med auga slik han aldri hadde set det før. Da gav han seg over:

«Og han – – han e ikkj med heim nei.»

Enno tok ho ikkje auga ifrå han, men det var knapt han ho såg.

«Kor dem e henn, gutan?» spurte han.

«Dokk – – kollsegelt da?»

«Ja. Vi gjord det.»

«Han vart ikkje berga han da?»

«Nei, han vart ikkj det.»

Endelig flytta ho auga bort. Dei flakka hit og dit. Så djupe i letten kunde dei vera, tenkte han. Sjukesøstra kom inn, og da gjekk Lauris og skulde bytte klæa. – Eg meiner De er bedre no? sa ho og kjente på pulsen til Astri. Men han var like galen som han hadde vore.

Astri såg på henne, løfta eit grand på brunene og grunda. Einkvart var det ho skulde ha sagt, men ho let det vera. Litt hadde vore, tok ho handa hennar og såg henne inn i auga på nytt. Var De bort – – hoss ‘n Odin – – hoss a Ingri 233nyst? – Ja, ho kom derifrå no. Ingri var det visst ikkje farlig med. Berre ro, det måtte ho ha. Astri samla all si makt i andlete. Så sa ho:

«Men enn visst ho fekk vetta – – at ‘n Odin aldri kom heim meir?»

Søster Else stod lenge før ho kom seg. – Det er ikkje sant? kom det, tynnt og bedande. Det er ikkje sant? Dermed seig ho ned på stolen, vart sittande slakk og stirre på Astri ei stund, snudde seg til stolryggen og gjømte andlete. Små rykkingar fór gjenom ryggen på henne. Astri tok seg ein drykk til av flaska, ho syntes det lettna for bringa da; ho kunde puste no, så nokon lunde. Ho venta eit tak før ho sa noko.

«Det bli De som må gå bort og snakk med a Ingri. Hører De det?»

Den andre fór opp og stirde med store auga på henne, enno meir forfæld: Eg? Eg?

Ja, det var ikkje anna råd, sa Astri. Ingen annan til det nei. – De meiner ikkje det. – Det må gjerast, i morgo i allfall. – Ja men eg? Eg som – – eg som – –

Ho brauts ned imot stolryggen att. Ho anka seg høgt.

«Berre æ kund fortel Dokk – – men æ kann ikkj! For han Odin – – æ tør aldri sjå a Ingri meir!»

Astri tagde ei stund. Ho var uvanlig mild i måle da ho tok til ords.

«De har vøri litegrand for glad ti’n Odin ja. 234Gjer ikkj noko det, ban. Har hendt fleir det. Det e a Ingri vi må tenk på no.» Ei stund etter la ho til: Han Anders og gutane våre er visst nede og ser etter båten; dei har vore ute i all kveld. Ho skulde sagt meir, men ho var ikkje godtil for det første; og no kom han Lauris ned att frå lofte og ut i kammerse. Astri låg still, med stive auga, merka kanskje han var der og kanskje ikkje. Ho vætte leppene med tunga gong og annan, dei var så tørre. Slik still og fortenkt, og borte, kunde ho vera av og til, – Lauris stod der og venta. Søster Else drog seg unna til vindauge.

«No kom dem visst, gutan?» sa Astri best det var, ho såg urolig frå den eine til den iandre av dei to. – «Jau, det va dem – – no veit dem det snart! Han Anders e med dem, han ò? – ja!»

Sjukesøstra stod og beit seg i leppene så dei ikkje skulde skjelve; ho tok ikkje auga frå Astri. – Ho Ingri skulde ikkje ha hørt det i kveld, fekk ho endelig fram. – Nei, ho skulde ikkje det. Du seier berre med han Anders at dei er ikkje heimkomne enno, at dei nattar over på andre sida fjorden. Gjenta gjekk ut.

Astri fekk ei ri ho ikkje kunde puste. Lauris gav henne medisin, og da linna det straks, men han kunde høre kor kove surkla nedi bringa på henne.

«Be ‘n Anders – – komma hit!» kviskra ho.

«Hm! Ska æ det, mein du?»

Ho nikka, og Lauris måtte avstad. Han nådde 235han att utpå kjøkentrammen. Guten stod dørgstill ei augeblink, prøvde visst å sjå andlete til Lauris; så kom han og vart med inn. Lauris-gutane såg på han da han gjekk gjenom kjøkene, men han såg ikkje på dem.

Han kom stø og still inn i kammerse. Lite grand bleik var han kanskje. Astri retta fram handa, og Anders steig borttil og tok henne. Det rykte nokre gonger oppi panna på han da han såg Astri i auga, slik det hadde gjort på Odin ofte, og same auga syntes ho han såg på ein med, dei stod i så ovmodig stri ein ungdom under dei høge sterke brunene, spegla alt på ein måte som for dem kom.

«Du veit det kanskji?» sa Astri.

Det gav ein liten rykk i han, i handa og over andlete, eller meir som ein svikt når ein sterk ein kjem ståande ned etter eit høgt fall, kom det for Astri. No fór det med eit hardt tak over han, så andlete vart tynnt og verjelaust, – så tek han til seg handa og ser fiendsk i kring seg, blir ståande og stirre på Lauris.

Lauris er raudbrun av vêre, ein kobbe med kopparandlet.

Anders snur seg til Astri att. Ho seier han så godt ho vinn det, at dei har kollsegla, at Lauris vart berga ved eit under, og at han må vera den han er no og ikkje fortele mor si det for det første, ein dag eller to til, så er ho sterk nok. – Du hører stormen, sa ho. Trur mest eg visste det før dei fór.

236Han ser vekk med ho snakkar, men så mannar han seg opp enda ein gong og ser henne inn i andlete. Det var så høgt ovom alt han visste, det andlete, og da han blir vâr tårane der, snur han seg fort og går. Han hørte gutane gjekk på lofte før han nådde gjenom stua og til kjøkene; dei vilde ikkje møte han nett no.

Astri sa ifrå at søster Else kunde gå og legge seg og ta med seg veslegjenta, så vart Lauris i kammerse hoss henne. Han sat i armstolen, Gammal-Anders-stolen, og heldt seg vaken. Astri sov heller ikkje, hadde lite og ikkje sove sia ho vart sjuk. Somtid låg ho og såg i veggen med brennande auga, somtid let ho dem att.

Stormen braka uti hagen, og med kvart tok han i stua og rista. Lenger unna mol han jamt og syngande, fjell og mark og sjø saman i eitt, ein stor tone som fyllte all natta millom himmel og jord. Det vart til djupaste stilla visst ein ikkje lya etter. Og no var han Anders heime for lenge sia.

Langt på natta sa Astri:

«No ska du fortel mæ det, Lauris.»

«Ja, æ ska det.»

Han kom som ein dømt ein og sette seg på senggavlen. Ho såg ikkje på han.

«Va det umuli å bli berga bå to da?» spurte ho, da det hadde gått ei stund.

«Umuli ja.»

«Osså –?»

237«Ja så – –»

«– – så slept ‘n sæ da, kanskji?»

«Ja. Han gjord det. Osså vart æ berga ja. Det kom ‘n storbåt.»

«Osså vart du berga ja.»

Ei stund etter sa ho:

«Du ska ikkj vera lei for det. Om du vart for veik imot han.»

«Å nei.» Han såg opp, pusta tungt eit par gonger, og seig i hop att. «Å nei san. Æ ha aldri – – venta anna. Han ga mæ live. Og æ tok imot det. Va ikkj mann for meir, æ.»

Da tok ho handa hans. Feberen susa så for øra på henne, ho visste lite til seg for det første. Så tok det til å surkle i bringa bringa] rettet fra: brigna (trykkfeil)på henne att og stemte for ånddråtten. Lauris måtte opp og gi henne tå flaska. Ho ørska og smått snakka med seg sjøl, men litt var det, så tok ho til og vart kvikkare att. Da sa ho, med eit høgt stønn, løfta eine armen og slepte han ned:

«Det va ei tung bør han la på oss te slut.»

Men det hørtes ikkje motlaust no heller. Det lysna til med nytt liv i auga hennar og levna ungt og ukuvelig i andletsdraga.

«Det bli ansles alt i hop heretter ja,» sa Lauris, han sat og beit i hop tennene.

«Men han Anders, såg du han?»

«Har sett ‘n all tia æ,» sukka Lauris.

«Berre han fekk sovn’ ifrå det i natt, enda!»

«Berre vi fann ‘n i morrå! Han Odin, mein 238æ. Han flaut på åran, sist æ såg ‘n. Flaut på åran – det va liv ti ‘n enda.»

«Jaså. Det gjekk slik?» – det var vel ikkje til Lauris ho sa det. «Kan vel ingen komma lenger da.»


II.

Anders prøvde å gå stødig heimover, men vinden var så tung i støytane, at han tok ein med seg så ein måtte springe stykkomtil. Ingri sat i senga og hørte han kom. Ho ropte på han at han måtte komma ut i kammerse. Han såg ut som ho berre plaga han.

«Du såg ikkj likt te båt, veit æ?»

«I det-her vêre? E du gælin du!»

«Æ trur ‘n kjem lell æ. Æ hørd ‘n så tydeli her i sta, har aldri hørd ‘n så tydeli før.»

«Overtru!» sa Anders; han prøvde enda å le.

Ingri drog seg attende til seg sjøl, let seg att og fall i tankar, slik ho gjernast gjorde. Ho rista på hovude eit par gonger; leppene rørte seg liksom ho snakka. No var ho der ho pla vera, tenkte Anders. Han pla snu seg ifrå henne da, og gå, litt tvert ofte. No vart han ståande. Best han stod, tok han eit steg fram, og munnen opna seg og vilde snakke. Nedetter kinna vart han stiv og bleik. Han tok berre bortpå aksla hennar:

«Godnatt da, mor!»

Så gjekk han.

239«Osså a Astri som ikkj fekk dokteren i kveld,» sa ho etter han.

«Å, ho – –»

Dagen etter var det same stormen. Han vart meir søbær da det leid på, og himmelen trutna til med regne all veg utover. Om kvelden var han laus med regne, og da spakna han ein mon, så dei kunde høre kor sjøborden dundra.

Anders var på berre live at det ikkje skulde bli spakvêre med det var lyst. Mora spurte gong for gong om det ikkje var fjordfarande vêr snart. – Nei, det var smått med det. – Hadde han ikkje telefonert til Ommundstranda? – Dei borti garen hadde ringt dit. – Var dei der da? – Ja da! – Men at dei ikkje tok dampen heim? undrast ho.

Anders fekk blanke sveittperlene i panna. – Dampen? Gjekk vel ikkje damp i det her vêre? – Nei, det var sant. – No skal du ikkje uroe deg da, formana han; hugs på kva ‘n far bad deg om.

Ho smilte og let att auga; ho skulde vera snild.

Tidlig morgonen etter kom han ned til henne. Ho hadde sove heile natta å kalle og vakna ikkje no da han kom heller; ho vakna først da han hadde sitte der ei god stund. – Eg visste da du var her, sa ho. Og smått om senn vart ho gråbleik i andlete.

«No ska du sei mæ det som det e, Anders! Høyri du ikkj, Anders – – du e så rar?»

«Ja, han kjem ikkj heim meir. Dem har kollsegelt.»

240«Æ visst da det va slik. Visst det i all går. Berre at æ vild’ ikkj vetta det.»

Anders stod med hendene i lomma. Han såg meir og meir forundra på henne.

«Han Lauris ò da?» spurte ho, da det hadde vore ei stund.

«Nei, han vart berga han. Han e heim’ no han.»

Ho sat still i senga. – Enten må ho ha glømt alt i hop, tenkte Anders, eller så veit ikkje eg. Lenge etter sa ho med seg sjøl:

«Vi levd da lenger samen – – enn æ ha venta.»

Anders gjekk ut, og Ingri stod opp og klædde på seg. Før det var lyst, var ho borti andre garen og kom inn til Astri. Det heldt på og vilde svimre for henne da ho stod der innom kammersdøra.

«Æ har venta dæ,» sa Astri. «Gudskjelov at du kom!»

Dei vart to-eina, men dei sa ikkje mange orda. – Lat meg berre få sitt her ei stund, bad Ingri. Da ho stod og skulde gå att, sa Astri:

«Han Odin, han bli aldri bort for dæ. Kanskji ikkj for di ander heller, så snart.»

Ingri smilte berre.

«Du ha knapt villa bytta med mæ, Ingri. At han kom att, og – –»

«Nei nei nei!» Ingri varde for seg med hendene og famla etter døra.

«Ja, ein tå dem mått det bli, Ingri. Da 241veit du det vart ‘n Odin som vann – – han slept sæ.»

Eit par tårar rann nedetter kinna på Ingri, men ho stod rolig og merka det ikkje.

«Det va vel slik da,» heldt Astri fram, «va vel slik tenkt, at det skulde vera ein seierherre i slekta vår igjen. Det va visst mange før, men dem – – rekna æ ikkj med. Ein mann framfor di ander.»

No var Ingri langt unna, såg Astri. Og da, når ein var der, da kunde ein sagt vera sterk, ho visste ørande lite grand om det. Ei stund etter sa ho med seg sjøl:

«Kanskji live såg ut slik for ‘n, siste stunda, at det va ikkj så kostbart å gi det ifrå sæ. Det ser både smått og svart ut, synes æ somtid – slik mått det vera han såg det. At vi va berre småfolk omkring ‘n? At han ha gjort sitt, vil æ heller sei. For du veit: Dæ reist ‘n ikkj ifrå, kor som e.»

Ho såg lenge på Ingri, som stod der og halvt smilte til henne, og sia imot vindauga.

«Ja ja ja, san. Det bli ansles, mangt, no herette. Fåfengt fekk æ ikkj att ‘n Lauris, – fåfengt slept ikkj ‘n Odin sæ. Det trur æ han visst om.»

Ho såg i eit blink at Ingri var på veg fram imot henne, kunde komma svanglande til senga og bli liggande der og gråte. Men i staden sa ho berre:

«Æ må heim no. Æ mått berre sjå hit. Farvel da!»

«Vårherre hjelp oss så sant!» sa Astri med 242seg sjøl. «Men va det ingen annan veg utu det? Veks det aldri fram noko nytt i ei slekt?»

– – – Lauris og gutane var ute og leita. Båten fann dei i Juvik-fjæra, han var oppdregen der og tålig uskadd. To mann frå Juvika sette ut båt og vart med dem. Dei for heile lande frammed, men der var ikkje meir å finne. Så rodde dei soknbolk utpå fjorden. Det var hilderstilla, så blankt som sjø kan bli, og ei tid på dagen spegla berga så livaktig svart og grått i vatne. – Dei gav på all dagen. Lauris sa knapt eit ord, utan dei som til måtte. Mot kvelden, da fjorden blakna og spegla berre himmelen, som var lysande bleik, fann dei han. Han låg på bergbotnen utfor Svarthammaren. Han hadde mista årane på eine sida. – Ein skulde ikkje tru det her var eit lik, sa Lauris, og det same sa dei andre.

Det var mørkt da dei kom til Vågen med like. Anders møtte dem da dei kom til gars med det. Han var inn etter løkta og viste dem inn på låven. Der hadde han rydda opp, kunde dei sjå. Han lyste rolig på andlete til faren; så snudde han seg til Lauris:

Ein måtte vel både til prest og lensmann no da? og heile øvrigheita? – Det skal eg stå for, sa Lauris. Han var den siste som gjekk frå like.

Sia om kvelden var Anders med Ingri bort på låven. Han hadde vore nokonstads og gråte, kunde ho sjå, men no stod dei attmed einannan og tagde, og det rørte seg ikkje eit drag i andlete på nokon 243av dem. Så sa Ingri at dei fekk gå inn att. – Ja, dei fekk gå no, sa han, men han kom ikkje. Ei god stund enda stod han; så snudde han seg til mora, ein vaksen og fortenkt ein.

«Æ skjønna ikkj det her æ. At det skuld bli ‘n Lauris som vart berga. Ha ‘n fortjent det da?»

Ingri var lite i stand til å seie noko, ho måtte stø seg til veggen.

«Ha ‘n fortjent det da, sei æ?»

«Han meint vel det han far din.»

«Jaså. Jaså det e slik. Det har kommi for mæ, for resten. Ja da så – – e det ikkj meir å snakk om.»

Han snudde seg og gjekk. – Måtte vera – – tungt! hørte ho han mumla. Han var på og skulde gå ifrå henne gong for gong, heldt seg visst ikkje bein stort lenger no, men han stana og venta henne og gjekk inn i lag med henne. Var så med henne i fjøse og stelte der.

Utfor fjøsdøra møtte dei Lauris. Dei vart ståande alle tre. – Eg tykte eg måtte sjå hit, sa han. Eg visste ikkje om eg skulde heller, men. Du ser på meg du, Anders. – Ja, eg gjer det. – Å ja, eg undres ikkje på det. De veit alt i hop, skjønnar eg. Så slepp eg seie meir om det. Kanskje sia eingong – –

Dei tok til å gå, og han kom og vart med inn i kjøkene, sette seg på vedkassa der. – Kan vel ikkje vera noko trøyheit for dykk å sjå meg, sa han. Men eg lovte ‘n Odin å helse dykk. Så det 244måtte eg gjera. Og deg Ingri skulde eg ha snakka meir med. Kan hende det blir ho Astri som får gjera det. Eg er ingen kar til å snakke for meg når det skal snakkast. Vi har tenkt å hjelpe dykk det vi kan no føre gravøle, men det var ikkje det eg skulde ha sagt. – Nei, han såg på klokka –, eg kan like snart ta og gå heim att. Ein ting skjønnar du kanskje, – at det er ikkje så lett å vera meg heller. Om eg så kunde gjera ugjort det som skulde ha vore ugjort, og usagt det som skulde vore usagt. Ja nei, de får ha godnatt! – han tok huva si og gjekk til døra.

Anders gjekk inn i stua. Da retta Ingri seg opp frå arbeide sitt og kom borttil han. Ho var bevrande bleik og retta fram handa til han, fingrane hennar brennte over neven hans.

«Takk for du kom hit!» sa ho.

Idet same kom det nokon i gangen. Det var far hennar som kom dit, han hadde hørt om ulukka.


III.

Tidna gjekk sin gang frå hus til hus. Det levna til i kvar ei krå, vakna og rørtes og var med, til bygda hadde fått eit nytt andlet. Drag for drag synte seg og skifta, frå fysnaen ved den uhuglige hendinga, gjenom lettna og uvissa og sorg og mangt anna, til den undrande høgtida som alle er med i, all i ein tanke.

245Etter kvart tok tanken ny og fast skikk og løyste seg ut i ord. Det var likferda. Den måtte bli stor. Det var all bygda si sak. Bonde eller arbeidar, det vart det same no, og hadde det ikkje i grunnen vore det heile tida med Odin levde?

Da dei kom til Ingri og snakka om det, arbeidde ho seg fort utor draumen og fram imot dem. Ho fór kvikt over dem med auga, vart så ståande og bite seg i leppa. – Eg veit ikkje eg, sa ho. Får høre kva ‘n Anders seier om det. Ho gjekk ifrå dem og leita han opp.

«Ja?» sa han. «E det noko for mykji da?»

«Nei, men. Det kom så rart for mæ. At dem verkeli vil det da? Ette alt i hop?»

«Let dem klem i veig med dem løsta – – ka anna e dem te? Dem mein det da vel nok.»

Ho måtte smile, for han var så lukkelig hatsk der han stod. Han hadde set dem for lenge sia: dei kunde ikkje vera ansles. Kanskje han heldt av dem, inst inne, slik Odin gjorde det?

Astri var frisk og på føtene vonoms fortare. Bleik var ho og lite til, men det merka ho ikkje, og før dei vardest, la ho i veg ut og bort til Ingri. Dei var på låven og såg like, og sia sat dei inne til langt på dagen. Det dei skulde snakke om, let dei vera; dei snakka heller om gravøle. Astri baud til at det skulde stå hoss dem, for der var det rom nok, for all bygda, og den var ikkje til å undgå den her gongen. – Visst det ikkje gjer deg vondt? 246la ho til. – Å nei, sa Ingri. Det skal meir til enn det, no. – Det er ikkje for det at eg vil samle folke til oss, sa Astri. Herre gud, det ligg langt attanfor oss no det. Ein gammal draum berre. Men du, Ingri, du forstår meg: at no først kjem hans tid. Vi har gitt oss, det skal vera som eit lite tegn på det. Ja ja, eg kan ikkje seie det ansles, men du skjønnar meg, gjer du ikkje det? – Å jau. Berre eg får ‘n Anders til å skjønna det?

Ingri sat som ho ikkje hørte etter. Berre kinna fekk ein liten dåm av blod somtid. Ho reiste seg, gjekk ein sving gjenom stua, kom bort til Astri att, og best det var la ho handa på hovude hennar. Ho skjein over alt andlete. Målet klang skjelvande lyst og langt bortifrå:

«No e ‘n Lauris ein annan mann, Astri?»

Astri kvitna. Det var så vidt ho sat. Som snarast for harmen opp i henne, men ho bar han ikkje, ho seig i hop i stolen og såg opp på Ingri.

«Han e det,» sa ho stilt. «Ein annan mann ja. Så sant som æ e eit anna menniskj.»

Og slik var Lauris å sjå til, syntes folk. Han gjekk still i kring som han hadde gjort, men han var ansles når han såg på ein og ansles når han snakka; han var ein annan mann. Og bra var det, meinte dei, for dei kunde ikkje nekte han hadde vore ein eitel og ein mørkvoren kar. Astri kunde vera glad at det var så lite Lauris i gutane deira. Det måtte vera som han Odin sa, at der var noko godt i ‘n Lauris òg. – Ja, folk tek da tukt, sa 247gamle Iver Vennestad da han hørte dei nemnte det. Resten mumla han berre, han gjekk og mumla og murra all dagen mest etter han hørte om ulukka. – Så lenge det varar, kunde dei høre han sa somtid. Tukt og temming! murra han, han hadde vore hestetemmar i ungdommen.

Astri var ein sving hoss Ingri kvar dag før gravøle. Ein kvelden ho står og skal gå heim, seier ho: Du nemnte ‘n Lauris du. No kjem likferda snart. Da vil han stå fram og fortele, – eg trur han vil fortele alt frå først til sist. Til det at ‘n Odin gav ‘n live ja.

«Nei nei nei, Astri!» ropte Ingri. «Nei, høyr du, det må ikkj skje!»

«Ja sei du ò det? Har tenkt på det samma æ. Men han synes han må det?»

«Han Odin ha aldri gått med på det – – han Anders gjer oppstyr, æ kjenni det på mæ!»

«Ser det no ja,» sa Astri for seg sjøl. – Vi har for resten ein tyngre gang å gå i kveld, vi.

Da ho kom heim, skikka ho bud etter Lauris og bad han åt kammerse. Ho såg straks at han visste kva ho vilde. – Det var vel så dei skulde ut eit erend i kveld da? sa ho. – Ja skulde ho vera med da? – Ho tykte ho skulde det ja. Dei var to om det. Han hadde vel fått i pengane? – Jau, han hadde dem ferdig; med renter og alt ja. Rota til og betalte låna hans Engelbert med det same; så var det gjort.

Dei klædde på seg og fór. Dei tok kjerra, og 248sat i breidd som to gamle folk. Dei kjørte gangande mest all vegen austover til Engdalen, gjenom heile bygda. – Eg trur dei veit erende vårt, alle vi møter, sa Astri. Slik ser dei ut. – Åja da. Og veit dei det ikkje, så får dei vita det. – Hadde det enda ikkje vore dit vi skulde. – Hadde ikkje vore noko da, ser du. Men det går, det går! som ‘n Odin seier, – som han sa, meiner eg.

Ola Engdalen var formann i styre for gamleheimen, så det var han som skulde ta imot pengane. Han hadde all tida set så rart frå Lauris til Astri, ho hadde mange gonger meint han rista på hovude til henne, og det hadde plaga henne til å sjå over han. Da smilte han inni det mørke skjegge sitt. Men i grunnen kom det ifrå kona hans, for ho var dokterdotter og heldt seg stor imot alle i bygda; og Astri hadde ho stødt vore litt for blid imot, på skrås ovanfrå, med smale auga. Så var ho ikkje større like vel, enn at det som kom til henne, det kom ut over heile bygda.

Og bygda laga seg til høgtid. Det var eit stort tegn at dei fekk snø. Ein kvelden kom han dettande, så bevrande fint og så tett, fullt av kvite herligheita all lufta bortgjenom, og dagen etter var det gildaste føre og uventa fint vêr.

Men det vart ikkje frå Håberg dei song Odin ut. Det var bygda som heldt gravøle, og dei måtte halde det i ungdomshuse. Det hadde vore hans hus å kalle, og sjøl hadde han vore berre ungdommen, hadde aldri rekna seg for anna, så der hørte 249han til. Men det skulde vera dei eldre som bar han til grava.

Dei kom og bad Lauris. Han sa nei. Astri tok han for seg på tomanns-hand, – han var da sterkare kar enn som så? Og i grunnen var det da ein ven og ikkje ein fiende? Han klipte tørt og trøytt med auga. – Eg er ikkje til det, Astri. Eg er ikkje den du har trudd nei. – Eg undres ikkje på deg, sa ho. Men ho snudde seg i døra og såg på han; så gjekk ho utan å seie eit ord meir. Lauris gjekk etter, og sa ifrå at han fekk gjera det like vel.

Dagen før gravøle vart folk ståande og undra seg, så godt vêr var det. Det var så stilt det rørte seg ikkje ei fjør, det var blikkande sjøen og blåblide himmelen, og urørte nysnøen på alle fjella og skogen og jordene rundt; så djupt hadde aldri himmelen blåna over det før. Og slik spegla det seg i auga på folk, så djupt og så lyst i same stunda, dei visste ikkje sjøl av det. Anders var den einaste som såg det. Han fór over dem, alle han møtte, stilt og småøygd. – Dei bur seg til helg, sa han med seg sjøl.

Men da folk vakna likferdsdagen, stod det i eitt fokk millom himmel og jord. Kvitaste uvêrsblinda tok imot dem. Da smilte Anders, frå mora til Astri og dei andre som var der. – Kva seier du til det, Anders? Det var Astri som spurte. – Lat det blåse, seier eg. Dei stussa ved det først, slik dei gjorde imot vêre ute; men sia lettna dei i andleta 250og fekk lysnaen av ein smil dei med, for dei kjente det som han kjente det, at slik skulde det vera i dag: Dei fekk komma og følge Odin dei som lysta.

Dei kom og kom, kjørande og gåande, både austant og vestant, dei kava seg fram og kom, så huse vart for lite. – Eg visste dei kom, sa Astri med Ingri, dei gjekk arm i arm fram og sette seg.

Presten tala, og lensmannen la på dei første kransane, sia var dei fram mann for mann, og kvar ein skulde seie nokre ord. Kista vart gjømt under kransar, og enda var det mange att. – Bra at dei ikkje skryter verre, tenkte Anders. Dei ser meg sannelig ut som dei meiner det.

Kirkeklokka arbeidde imot vinden og snøvêre i ein vonlaus strid. Somtid var ho kvævd og kom bort, men gong for gong kom ho att og song ut over det lange kvitgråe folketoge, det hørtes som det opna seg nye portar for henne, det skulde fram det ho vitna om.

Anders stod still og attlaten og stirde ned i grava. Mora tyngde i armen hans gong og annan. Astri brast i gråt og måtte stø seg til Ingri, som var henne nærmast, men ho retta seg snart opp att. Lauris stod eit stykke bakom. Han flytta føtene alt i eitt, men fram til grava kom han ikkje. Ein av dei siste var Iver Vennestad. Han arbeidde seg framtil bustut og vêrsliten, tok av seg huva og vart ståande og glømme seg bort, med snøen bråna og draup nedetter andlet og skjegg på han. 251Så rørtes leppene på han; det var einkvart han sa, men berre Anders var så nær han hørte det. Han sa med gammalt, tynnt mål:

«Hvil i fred!»

Han var den siste som gjekk frå grava. Han kara bortpå med skotåa ein moldklomp som hadde vorte liggande att.

Dei andre var alt langt på vegen derifrå. Vêre tok dem med seg, syntes Anders. Herredsstyre og fabrikkfolka og alle dei lag som i bygda var, hadde slege seg saman og heldt gravøle i ungdomshuse; der stod alt middagen og venta. Astri sa med Ingri: Er du godtil å bli med dit da, meiner du? – Eg får da vera det, sa ho. Hørte aldri anna enn at han var godtil. Og så har eg – – visst om allting før. Frå første tida. At eg skulde miste han, meiner eg.

Huse var fullt av lange matbord og mathuga folk.

Og folk snakka og folk åt, og vêre dura kring veggene. Anders gjekk frå romme sitt oppmed mora og klemte seg ned ved nedre bordenden breiddmed Per, bror sin, og Lauris-gutane. Han merka folk såg etter han, og at det gjorde mora vondt, men han var ikkje ansles godtil. – Eg vilde ikkje sitte der som ein brurgom, sa han; det er da ikkje brøllopp, veit eg? Eller kanskje det er det lel, dei ser meg slik ut. Det vantar berre dei skulde halde tale att.

Det var ikkje lenge etter, så reiste ein mann 252seg og tok til ords. Det var ordføraren i grannebygda, ein stor og staut gammal kar. Han hadde ikkje komme til å seie mange ord ved båra, han vilde få seie det no det som låg han på hjarte. Han fekk det vakkert til etter kvart; det var få som sat tør-øygde.

Anders vart bleik ein augneblink, han sette knivskafte hardt i bordplata, heldt på å reise seg og vilde komma seg ut. Da ser Per opp i andlete på han og undres: Likar du ikkje den her maten da, Anders? – Anders ser stort og ransakande kring alle borda, tek så auga inn att og seier: Det ser da ut til at dei likar maten, folk, – han er skjeiv i munnvikene og har bevrande rukker oppgjenom panna. Han sit still og hører etter eit tak, og litt om senn får han att det same drage; han mumlar over tallerken sin: Ei ny tid, seier han? Skal det bli ny tid no igjen? Eit nytt syn, seier han, ei ny verd – – det var ikkje lite heller. Nye ætter? kva er det for slag? Nye ætter vart det vel før òg. Og så livsverke hans far ja, eg sat og venta på det. Kva er det dei våsar om – kva veit dei om det? Han såg opp att, borda rundt. Folk var tekne all igjenom, ærlige andlet alle stads. Slik er dei i dag, tenkte han. Men han måtte heilt opp til øvre bordenden før auga fann haldande feste. Mora prøvde visst å smile til han, men ho var ikkje i stand til det. Astri løfta brunene imot han, opna andlete imot han, syntes han, ho forstod han og heldt med han. Lauris 253såg berre på han, men det var lite om å gjera at han ikkje gjekk bort og tok han i handa; han kunde be han eta litegrand like vel.

Da såg han mora klara ikkje sitte der stort lenger. Han skyndte seg til henne, hjalp henne ut og tok henne med heim. – Nei, du må halde i meg, hell så tek vinden deg, sa han.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I stormen

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

I stormen er sjette bind i serien. Odin er blitt en lederskikkelse i bygdesamfunnet, men må stadig kjempe mot ondskap.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.