I stormen

av Olav Duun

I stormen

210I god tid måndagsmorgonen gjekk Odin bort i garen og vilde råke Lauris.

Landvinden hadde spakna utover natta, men no kvesste han i att så det stod i ein søy over land og sjø. Ei grå vind-seige hadde vevd seg over himmelen, med mørkare band ned imot havranda. Det var vesta-vêre og regne han bles imot; ein kunde høre det på sjøborden òg.

Lauris-gutane stod bortmed låvebrua. Dei helsa til Odin før han vann så langt, og såg opp som dei pla gjera. Han og dei hadde all tida vore litt meir enn gode grannar. Men han kunde sjå det var ikkje stort om dem i dag. Det var kjørgangen til treskemaskina dei studerte på, hadde komme på at han var i ustand til treskinga. – Det står ikkje bra til med a mor dykkar? sa Odin. – Nei; men ho var no ikkje verre da. Dei såg ut i vêre og hørte på stormen. – Ja ha, gutar, han bles, smilte Odin.

Odin fann Lauris inni stua, han kom utor kammerse frå Astri. Ei lita undring steig til i auga hans, det same han såg Odin; elles var andlete 211stilt som stua i kring han, – det var sjukdom i huse. – Takk, eg trur ikkje det er verre med henne heller, sa han. Manna seg så opp framfor Odin og tenkte på andre ting. – Eg trur mest eg veit kva du kjem for: den der greia i banken, med låne hans Engelbert. Såg ho Mina var bort-hoss deg. Kom ikkje for meg før ‘n Arthur nemnte det, at du skulde ha vore spurt; og da var det for seint. Eg trudde på ‘n Engelbert, eg må seie som sant er om det; trudde det var eit nytt lån eg. Men vi kan snakke om det der sia ein gong. Det var noko andre pengar òg eg skulde ha snakka med deg om, nokre skillingar etter ho Åsel. For oss kan dei gjerne gå til gamleheimen, ho skal ha tenkt det slik, seier dei; men så er det borna etter ho Elen? Vi tenkte å høre kva du seier om det der. – Så? Eg trur vi let det òg vera til ein annan dag. Vi får vel heller til å tenke på å få hit dokteren, til a Astri? Det kan slå seg på lunga, veit du; ålvorlig spell det gut!

Lauris stivna over brunene, og klipte kringt eit par gonger med auga, glytta på Odin og vekk att: Ja berre det ikkje alt har gjort det? Ho er så rar. Men dokteren no, meiner du? Det er umulig det. – Jaså, det står slik til ja, sa Odin. Hm! Det blir eitt å gjera da. Du må ringe og høre kor han er. Besett òg, at dampen skulde gå den vegen i dag! Ein – ein underlig treff, san.

Lauris stryk seg hardt over panna og oppgjenom hårtenna. Han ser på Odin, får liksom 212ikkje til å tenke. – Ja nei, eg har ringt, sa han. – Ja vel? – Ja men det nyttar ikkje, han legg til med stormen, gjer han ikkje det?

Stormen svara sjøl: Han slepte ingen over fjorden i dag. Det kom for dem at stua krøkte rygg imot han, dei verste taka. Odin og Lauris ser på einannan. Det skifta i auga og andlet på dem fort vekk; Odin var enda nær på å smile ein gong. – Det er ikkje meir enn eitt å gjera no, sa han. Vi legg i veg, vi to. – Ja, meiner du det? – Skulde vi la det vera da? He? Verst at gutane var innpå grunna her om natta da dei skyssa dokteren, dei ødela både propellen og styrjarne, hører eg. Vi tek sekstringen min!

Det hadde gråna på nytt oppetter kjakane på Lauris: Han togg seg fortenkt i munnvika. – Enn ein tå notbåtane da, heller? og litt meir mannskap? undrast han.

Odin rista på hovude. – Eig ikkje haldande seglfille dei, i det her vêre – nei! Du kjenner sekstringen. Eg har fare fjorden i same vêre som det her, det finns ikkje maken til han. – Nei, det er så. Det er no så, men. Vi måtte vera tre mann, kor som er. – Nei, to. Dokteren blir tredjemannen hitover, – kor var det du fann han? – Han skulde til Ommundstranda og der omkring, utpå ettermiddagen. – Ståande vind da, både att og fram, eller fram og til bake, rettare sagt. Og verre blir han ikkje til kvelds i dag ikkje, eg hører det på 213han. Så blir det vi to da! – Odin ser på Lauris, han er berre ungdommen og mote, nyttar ikkje å seie nei. Lauris prøver å sjå tvert igjenom han. – Nei, det var no så det, sa han endelig, og no vart han raudlet: Om ein tå gutane mine heller –? At eg ikkje skulde reise heimafrå, slik det står til, kom det for meg.

«Nei, Lauris. Det bli vi to i dag. Gutan vår, dem bli heim i dag ja.»

Så legg han til, med små bevrande rykk oppi panna:

«Det e ikkj berre å reis i dag, ser du. Vi må komma att, med dokteren.»

Dei orda gjorde Lauris til annan kar med ein gong. Han vart sjømann der han stod.

«Jaså, du trudd ikkj vi skuld komma att du?» lo Odin. «Vi får da tru det lel. Kan vel komma den da’n ò, at vi ikkj kjem heim.»

Så spurte han om han kunde sjå ut i kammerse til Astri. – Ja vilde du det! sa Lauris. Om du trur det er mykje farlig med a.

Astri var så blank i auga at det gav ein kvekk i Odin med det same. Det var visst ikkje frakt innvendig der nei. Ho såg på han, og pusta tungt ein totre gonger. Så slakna auga i henne eit tak, seig bort i blanke ørska. Han venta til dei kom att.

«Ikkj å reis, Odin!» bad ho.

«Vi ska sjå i vêre, veit du.»

Odin meinte å sjå at ho vart meir urolig des 214lenger ho såg på han. – Ho er no vel ikkje sjuk, at ho ser kven eg er? tenkte han. For da nyttar det inga hjelp. Da veit eg ikkje kva eg gjer.

Han snudde seg til Lauris, som stod bakom han. Du har ikkje ein drope brennevin i huse? – Ho vil ikkje ha. – Ho skal. Han tok Lauris over handa så det svikta i knea på han: Det er ålvor det her! Har du att ein skvett, så skal det ikkje vera brennt til fånyttes. Brennevine kom fram så blankt det var, og Odin plaga det i henne. Så sa han farvel og gjekk heim, – han snudde seg i døra og helsa enda ein gong.

Ho såg stivt på Lauris da han kom inn att. – Han Odin er visst ikkje glad for den fjordferda? sa ho. – Ikkje eg heller, svara han. – Du skulde ikkje reise da. Han er så – – han var så rar. – Kan ikkje komma ifrå det heller, det eg kan sjå. – Nei. Du har rett. Må bli med han ja! Ho pusta i stor kvide.

Vindseiga på himmelen hadde gråna til enda meir, og svarte små skyflokar kom over fjella aust i lande og fór forjaga til havs. Det syne slo ned i Odin så han ikkje kunde seie eit ord der han stod utpå trammen. Og da han såg opp, hadde alt lande det same over seg, einkvart forunderlig kjent men bortglømt og langt bortanfrå. Slik ålvorsamt hadde dagen sett opp andlete imot han før òg, men det var den tida og ikkje no.

«Den tia og ikkj no,» sa han, utan han visste om det.

215Skare oppi fjelle stod fram grått og berrt, hitanfor alt anna. Ei naki sanning, og ho vilde ikkje bli glømt. Men der var ingen i grenda som såg det skare, utan han, og det berre i denne stunda. Ting for ting var der som vilde bli set, men han snudde seg ifrå det og til Lauris. – Dei fekk reise i 3-tida da kanskje? – Det kunde høve det ja, trudde han.

Odin skyndte seg heim. Det kom for han at han hadde vore så alt for lenge heimafrå, ifrå Ingri, – og korles skulde han få snakke med henne om dette? Han gjekk beint inn til henne, ansa verken Anders eller Per, enda det stakk i han at dei var der og venta seg eit ord av han. Men Ingri reiste seg opp på ålbogen da han kom. Det lyste imot han smalt og fint, andlete hennar, og auga hengte seg tungt i hans. Slik var det visst ho smilte støtt når han kom, prøvde å komma hitover frå sitt og vera nett attmed han, ho hadde gjerne vore meir glad enn ein hadde merka.

«Det blir så du fer ette dokteren åt a Astri da?»

«Ja. Og att ska æ komma ò, gruv ikkj for det, Ingri. Æ kjem att, sei det, ban!»

Ho spurte om Astri var mykje dårlig. Straks etter såg ho opp i auga på han og spurte om det var Lauris som skulde vera med. – Ja, dei måtte vera to sjøkarar i dag, sa han, – han drog på smilen, men han visna kring munnen. Men kvifor spør du om det, Ingri? – Ho låg berre og såg på han. – Vi må komma att med dokteren, ser du, 216du forstår da det? – Ja. Men skuggen kom og gjekk over henne. Ho var så veik, ho låg som ho dorma att.

«Æ må vel ha fortjent en engel når æ har fått ‘n,» sa Odin da han gjekk ut. Og ho kan visst følge meg langt; når den dagen kjem, la han til. Om det så skulde bli snart ja. langt ifrå meg, og enda veit ho i grunnen alt saman.

Men i dag? han såg tvert fram for seg og inn i eit andlet som var mørkare enn natta og djupare enn himmelen nattens tid; han stirde uredd inn idet.

«Nei, ikkj i dag lell!» bad han.

I kjøkene møtte han sjukesøstra, ho kom og skulde sjå til Ingri. – Men er du her no att? sa han. – Ja, berre som snarast. Om eg kunde vera til litt hjelp, meinte eg? – Nei da, du skal vera der du er, og hør heller bort til Astri. Gjenta fekk ikkje auga ifrå han, var visst slik støtt når dei møttes, kom han i hug, men glømte det straks att. Det var eit bleikt og tynnt lite ting, og berre ungen å kalle, men eit par useielig vakre auga var det i henne, og mest alle gutane såg etter henne. Det var Odin som hadde fått henne avstad i lære og hadde fått henne tilsett her.

Han snudde seg etter henne, og ho snudde i døra. – Eg skal bort ein tur i dag, sa han. – Ja eg – – veit det, – det er ikkje vêr til det! – Å det er da vêr nok, men kanskje du ser hit i kveld? Om det skulde bli litt seint. Vi kunde bli 217liggande vêrfast til i morgo òg. – Ja, det skulde ho gjera! ho vart enda glad, såltinge.

«Det e stormen som avgjer heile spelle, ska æ sei dæ,» – han skaut brunene høgt opp, og snudde seg og gjekk ut. Det var Anders han måtte snakke med.

Han var bortpå gjorde hoss Anders ei lang stund, men det vart ikkje så han snakka større med han. Han let berre vel over det Anders gjorde. – Utlærd kar snart! stod han og sa. Står ikkje på, san!

– – – Så bar det i veg.

Ut vågen seglde dei, med rev i storsegle, men frammed bergstrendene sørover var kastvinden så grov at dei måtte ned med segle og legge seg på årane. Vinden kasta tvert av land der. Under ein og annan hammaren var det livt som ein kom i hus, berre einkvan droga kvefta ned ovant lufta og varskudde; men ut småvikane og ned skara stod han i gneistande frøs, og hardare støytar slo ned rett som det var og vilde ta årane frå dem.

Sekstringen var listerbygd og sneiseglar, Odin hadde kjøpt han sørafor og hadde reidd han om etter sitt eige hovud. Det var beste sjøbåten av alle småbåtar der i kring, og overlag lettrodd dertil. – Vi ror ‘n som berre hytt! sa Lauris, han vilde gjerne seie einkvart. Men kvifor har du kjeipar og hamleband, på det her båtslage? – Ja sei meg det du. Eg kom no på det slik. Som han sa, guten som fria. Så eg ikkje skulde miste 218årane om vi kollsegler, la han til, og glytta lystig over aksla fram til Lauris. – Spott ikkje med slikt, ein vêrdag som i dag, åtvara Lauris. – Spotta når eg var på sjøen har eg aldri gjort! – lkkje i godvêre heller? Nei for resten, eg har heller ikkje fare med det, før no i dag. – Det kan gå troll i ord. – Det er dårlig til ord når det ikkje går troll i dem! lo Odin.

Dei kvilte på, tak og anna, og såg nedover fjorden til andre lande. Her, der fjorden bøyer nordetter og vinden stod tvert over, såg han ikkje verst ut, dei såg berre kvitbrotte av han oppetter berga nedmed Juvikstrendene. Først da dei var sørunder siste odden og fekk opp fjorden austover, såg dei han i auga. Han var stygg. Dei andøvde og såg i det, eit tak. Da seier Lauris:

«Jamenn e ‘n grop no!»

«Ja, han spøtta kvitt. »

Odin møtte auga til Lauris. Dei var rådville og uredde i same blinka, og bora seg ransakande inn i Odin. Slik glor det eine dyre på det andre før dei ryk i hop, mintes Odin.

«Du mein han e fjorfaranes vêr da?» Odin rista på hovude og smått lo:

«He! nei! Ikkj for folk nei! Men for oss to, veit du. Og likar bli ‘n ikkj i dag. Du sjer ‘n no.»

Dei måtte segle vakkert da, meinte Lauris. – Ja, det var ei god råd, det. Men ho kunde bli dyr, i den her sjøen. Men Lauris kunde få segle? – Nei takk, du segler sjøl.

219Dei la inn reve i både storsegl og fokk, og med det baud dei han fjorden. Ein våtvoren dans vart det, og vakkert såg det ikkje ut, men over kom dei, og det før dei rett fekk sanse seg. Først da dei var innunder øyane ved sørlande og i smulare vatn, så dei fekk opp auga att, merka dei kor lenge det hådde stått på, den eine glufsingen over dem verre enn den andre og stormstøytane tyngre og tyngre, det kunde ikkje lenger; men no hadde det gått like vel. Dei såg for seg verste knipetaka lenge etter.

«Han gjord mjøl, mein æ?» sa Odin da dei stod og skulde gå opp frå sjøen, han såg ein gong på Lauris og ein gong attende på fjorden. «God båt, ikkj sant?»

«Det går med det går ja.»

«Det e nok det, Lauris.»

Dokteren var ferdig til å kjøre heim da dei kom opp i garen på Ommundstranda. Da han hørte korles det stod til med Astri, steig han utor kjerra utan eit ord og laga seg til å bli med. Men da han kom fram på sjøbakken og såg fjorden, vart han ståande, og da han såg båten deira, snudde han seg om til dem. – Det kunde ikkje vera meininga deira dei skulde ut med den der? Han hadde fare verre fjordar og i verre vêr enn i dag, men da hadde det vore anna til båt. – Dei gjekk på han, at han måtte bli med, båten var utleita god, og no spakna landvinden litt med kvart, syntes dei sjå; dei gjekk hardt innpå han. Han såg 220på Lauris. – De trur det ikkje, De heller, at det er rådelig? sa han. Snakk sant – eg ser det på Dykk! Lauris såg på Odin. Han stod med hendene i lomma og såg utover, underlig borte og uten andsvar. Vatne rann utor skjermhuva hans, – anna hu plag brukte han aldri på sjøen –, og andlete var kvitgrimut av salt. No snudde han seg til dokteren, halvveges på låtten, kunde ein tru: Ja kom no, vi må ha dokteren med!

Men dokteren var ikkje å rikke. Han rista på hovude og sette auga strengt i dem: Og de blir her i natt, de òg, sa han fast. De er da såpass til sjøfolk. – Så finn fram medisinen da! sa Odin. Fram med han, vi har ikkje stunda til å stå her og røle, det er kvelden snart.

Dokteren gjekk inn med skrine sitt, og kom ut med ei flaske og gav Lauris. Så kom han med dampen i morgo, la han til. Han såg enda ein gong på fjorden, tagde og tenkte litt, og sa farvel, – det venta sjuklingar på han nokon kvar-stads.

Odin kremta etter han, hørtes mest glad. Han gjekk føre nedover til sjøen, Lauris kom etter, stana litt gong og annan, og kom att. – Kjem du? sa Odin, han gjekk i båten. – Jau da. Men: Han hadde no rett da, dokteren. Han er ikkje frøsen forfæld, det veit vi. Odin la barlast-steinane til rettes. – Rundstein? sa Lauris. – Ja, gut. Så rullar han da ut, om vi skulde trille om. Han såg Lauris inn i andlete så han både flatna og folna.

«Men ska vi reis da, Odin?»

221«No reisi vi ja. Æ fer, og du bli med; slik vart det, sa vi. – – Dem venta oss,» la han til.

«Ja ja da. Vår Herre – – vera med oss han!» Lauris prøvde å smile, det fall seg lettare slik. «Han må no vel vetta det står om live for a Astri?»

«Nei no får du ta kjeften din og hald ti ‘n – – din luskælv der du e!»

Odin hadde sagt det lågt og grovmælt og i fullt sinne, han stod og vilde hoppe i land, kom snart og tok Lauris.

Slik vart han ståande. Det var ikkje lang blinka, men det som fór gjenom han, kom for han langt som halve live. Tanken på Vårherre hadde stukke han da han hørte orda til Lauris. Den tanken hadde han i grunnen ikkje hyst sia han vart vaksen, han hadde berre kjent han som eit tomrom i kring seg eller som eit sug inni seg, at der var noko han ikkje var mann for å gjera opp med seg sjøl. Den pina hadde hørt live til, ho var ein part av live, kanskje det var den som alt anna grodde fram av. Og slik kom dei slekt for slekt etter oss og fram i lyse, men såg ingen ting lel, såg berre attende og hit, at vi levde så mørkt, at vi var hedningar, men hedningar utan lått og glede, – ikkje visste vi kva vi tvila på og ikkje visste vi kva vi var så redd å døy for. Ein eller annan kom her vel som kunde stå til sides litegrand; så vidt han såg: at det hadde susa i veg fram og fram på same flekken, ja, og det lo han 222til? Korles var det, tru, å krype i haug for folk nedgjenom tidene? Korles vart det å døy tusen år heretter? – Og kva skil det her meg no? vakna Odin.

«Kjem du?» ropa han.

Lauris råmte med seg han òg, slepte vona og kom. Og så bar det i veg.

Ommundstrand-vågen er smal og krokut, og der måtte dei ro seg ut. Da dei skal gå segl, seier Odin: Jamenn blir det likast at du segler no. – Eg? sa Lauris. Ein jaktskipper kan ikkje segle båt. Dei sa eg siglde båt med jekta, så segler eg vel jekt med båten. – Du skal segle lel. Eg er så rar, skal eg seie deg, eg er så likeglad i dag; folk har gjort meg slik. Så mykje snakk på ein mann hadde aldri Lauris hørt i uvêre, han sa berre la gå da og kraup att-i båten.

Det vart same vaskinga. Litt spakare var han frå førsten, og dei nytta på og slo seg eit slag til vinds oppunder sørlande, det kunde enda bli nauvt nok å nå oddane på andre sida om han gjekk eit grand meir austlig no til kvelds. Før dei var midfjords, var han over dem med full hand, og det verste var han var så grovelig ujamn. Odin visste at Lauris var ikkje av dei finaste båtseglarane, men han visste òg at det var han heller ikkje sjøl, dei var ikkje av dem som kunde stela seg over fjorden i slikt snøføre utan å få ein skikkelig skvett, – dei fekk mange. Men han visste og såg at Lauris var sjøkar, både modig og litt redd, og 223eldande snåphendt. Det var trøysamt å sjå på han, når det var ei blink til det: med kvart ein oter berre som det skvatt på, og straks etter ein livkjær mann som så endelig vilde ha komme vel ifrå det og heim, det låg utanpå han kor mykje han hadde å miste.

Dei fekk ein totre sjøar som var nifske å ta imot, det var ville fossen som kom, og så høge og så høle at dei lyste kvitgrønt all igjenom. Båten smøyde seg unna dei to første, den tredje måtte dei ta, og Lauris la beint på han. Dei fekk ein tungsup så tiljene flaut i båten, men Lauris var på han med godt mot og auste. I det same kjem det ein rokk-eling gneistande. Odin firer i fokkeskjøte, og Lauris går til vinds med båten att, han vil kløyve vindflaga, men ho vrid seg meir søbærsøbær: sørlig. i det same og fyller segla like godt. Lauris slær laust storseglskjøte og firer av, men da har alt båten skore seg under til le og går i veg, det var gjort før dei blunka.

Da dei kom opp att og fekk pust for seg, hadde båten rengt seg og gjort seg rein for ballasten, og båe karane hang fast i kolve, Lauris i storskjøte og Odin i vante på andre sida. Båra gjekk lystig over dem, i eitt vekk. Odin samla med seg ei år som kom unna båten, og heldt henne millom knea; han gjorde eit hogg med venstrehanda og fekk kara åt seg den andre med. Så bonna han og plagdes til han fekk dei båe to under 224kolve att. Med han heldt på med det, hadde Lauris komme seg opp på kjølen. Odin tek seg på tak og kjem opp frå sin kant. Men kolve låg tungt nok i sjøen før, vilde snaut vaka med ein mann, og no sette sjøen inn over dem på ny frisk.

Det var ikkje berging for to mann, fanns ikkje von eingong. Dei såg det i same stunda båe to, og stirde einannan i auga. – Dreggen, sa Odin, – han er fast under båten – – nyttar ikkje! – Vi får rope, sa han, da han fekk andlete ovan vatne ei blink att. Han sette i med alt sitt mål. Vinden tok rope og hivde det bort i bårefrøsen, og ein brottsjø gjekk over han og tok pusten ifrå han.

«Æ trur æ sleppi mæ,» spytta han. Det fall så rart over han, at det var det einaste der var meining i, heile live var ikkje verdt eit tak til. Småfolk og misnøye og kjekl alt i hop, vart aldri ansles heller, han sa tvi! ein gong til, og det var ikkje sjøen han meinte på. Det fór og fór framom han: Live. Eit renn etter ingen ting! Enda var han så vidt med seg, at han undrast over at det skulde syne seg slik no.

Da kjente han eit tak i nevane sine. Det var Lauris. Der var han ja; han vilde ha laus nevane hans frå kjølen og ha han vekk frå kolve. Odin fekk opp auga att og såg på han. Lauris var grå i andlete, og munnen flekte av tennene på eine sida. – Slik er det ja, tann imot tann all vegen, ranns det gjenom Odin, det var sviande vondt så han gav eit stønn ifrå seg.

225«Men nei!» murra han. «Nei, Lauris!» ropa han og sputta ifrå seg saltvatne for ålvor. Han kjente sjøl at han òg synte tennene. «Det bli du som må slepp!»

Lauris prøvde å slå han over nevane, og det tykte Odin var velkomme: no var det inga sak å sende han i veg dit han skulde. Da prøvde Lauris å bite. Odin losna take hans med ein rasande rykk og gav han ein støyt for bringa:

«Veit du ikkj – – at æ e den sterkast da?»

Lauris hang og klønte seg fast i ripa, famla seg tak med høgrehanda oppå kjølen att. Det vart ei løye med sjøen no, vinden måtte ha spakna lite grand. Lauris ser opp i auga på Odin. Han hadde ikkje set hund be tynnare for seg når dei skulde skyte han.

«Ja ha, du må døy no. Æ har dømt dæ før. Men æ skuld ha sli’ ihjel dæ, meint æ, midt framfor all bygda – – du veit sjøl ka du ha gjort.» Han må bruke mest all si makt for å halde han ned. «Midt framfor heile lande ja! Din hund!»

Dei ligg slik ei stund. Odin ropar på hjelp ein trefire gonger; han tek alt til å dra von: det vai da visst så at han spaktes? Han ser austover. – Å nei san, det var ikkje slik meint, mumla han, for no kjem rokk-garen jagande så kvit som snøkaven, og på Ommundstrand-sida er det knapt ein vaksen mann på føtene, sjuke alle saman, og frå andre sida kan ingen sjå hit. Nei vel, det som skal skje, det kjem til å skje no.

226Han vart liggande og sjå på Lauris, med han heldt han i sjøen. Kolve flaut tålig bra på den måten. Det var visst lenge han hadde set på han. Eit menneske! kjem det for han. Eit menneske han òg.

«Drepa dæ kund æ gjera,» ropar han håst. «Den børa kund æ bera all min dag.»

Så er det eit tak han lite sansar seg, for sjøen og rokke er over dem verre enn før. Han har vorte åleine på kolve, synes han, han går opp frå sjøen, han kjem heim og tek til med live att – – det er ein forunderlig ting, langt borti ei anna verd. Og i øyra på han syng eit stort og grovt og gammalt mål, det kjem utant øde marka:

«Menneskets hjerte, Odin!»

«Ja,» ropar han. «Det er ondt fra hans ungdom av!»

Det svimra for han, no da han såg det.

«Men det e ikkj alt!» ropa han. «Det e ikkj alt, høyri du!»

Verda hadde gått rundt ein sving, ein sving på hundre år eller meir, han var langt langt atti tida. Mørkre og villmannskapen. Godt å vera til. Herre og hund.

«Men nei, sei æ, æ e ikkj den at æ kjøpi mæ live. Han e som eit menniskj, han ò. – – Lauris!» skreik han.

«Ja, Odin!» kom det utor djupaste nøda.

«Enn om du får live da?»

«Ja! ja!»

227Odin famla under båten og fann fram ei år, famla og fekk fram ei til. – Årane! ropa han, og Lauris var innunder på si side og fekk dei fram, dei var der båe to. – Eg vil ikkje kaste meg beint i sjøen, eg vil ha ein chance dei kallar. Han aktar på løya, samlar til seg alle fire årane, to under kvar arm.

«Hels heim, da! Du forstår mæ?»

«Ja.» Men Lauris såg redd på han, kravla seg på kjølen, men vart reddare etter kvart; han vart småguten og fekk tunga ut i munnvika.

«Bit dæ fast, kar! Og vera folk!»

«Vi kjem ikkje heim nokon tå oss,» murra Lauris, det lauga ein sjø over han.

«Be te Vårherre, du – – e ikkj anna rå’ for dæ! Og rop på hjelp!»

Odin heldt i enden av fokkeskjøte enda og hang med. Han låg ikkje tyngre i vatne enn han kunde puste millom verste sjøane. Men han vart stiv i kroppen, merka han. Han sa med seg sjøl:

«Mordar vart æ no ikkj, da.»

Han slepte seg no. Lauris låg stiv og såg på han; så manna han seg opp og nød-ropa. Det var ålvorlig til mål i han. – Slik er det å bli liggande att når dei segler til live, tenkte Odin, – kvifor ropa han ikkje hardare da, han som skulde den vegen?

«Hels dem all i hop!» skreik han over skombrotte. «All i hop! Du når Juvikvågjen.»

Han såg opp til himmels. Vide blå kvelven 228all veg over han; men vestover der skimra det i både grønt og gult; og midt over gjekk eit grått band – i morgo var det stilla att. Blanke vêre i morgo ja. Han prøvde å sjå fjella, men dem var det ikkje å få tak på; det synte seg nokre blågrå skymt berre millom glufsane. Så råmte han med seg og tok nokre tak med føtene, men dei vilde ikkje lystre han, dei var store og tjukke og reint frammande for han. Ei stund krøktes dei oppunder han like vel: han kom i hug botnsauge nedi djupe, han hadde set kor ufyslig det fór med fisken på børenskapen. – Nei, men eg har lukka med meg, prøvde han å seie, eg kjem inn på grunna og bergbotnen. Ei stund etter klaga han seg og ropa på Ingri, kor vart det av henne? Men du har ‘n Anders og ‘n Per, du, syntes han han sa med henne. Det går, det går, Ingri! Snakk med ‘n Lauris du. Her var ikkje annan veg.

Armane hadde stivna over årane da han kom til seg att. – Ropa dei hurra no att? undrast han. Veit dei kva dei ropar til da? No tagna dei så reint? Friskt mot, karar! Kan vera guds gode vêre i morgo for det her! Og han Lauris, han –

Lenge, lenge etter måtte det vera. Han vaknar og undres: Men lever eg enno da? Og så sommaren og solskinesolskine] rettet fra: sloskine (trykkfeil) alle strendene rundt? Og den blånaen framfor meg ja!

«Obetinget!» sa det.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I stormen

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

I stormen er sjette bind i serien. Odin er blitt en lederskikkelse i bygdesamfunnet, men må stadig kjempe mot ondskap.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.