I ungdommen

av Olav Duun

Åsel


I.

197Åsel spurte Odin ein kvelden utpå vinteren, kor mykje det vart på han i Kjelvika, når alt kom i hop. Han var ikkje så stø på det enno, men eit par tusen godt og vel, hadde han hørt. Om det vart så han fekk det da. Bendek hadde skrive det, på sitt vis, og Gurianna hadde sagt det til nokon kvar der omkring. – Men han Lauris seier det er sitt. Han er av folke deira, langt uti.

Åsel klipte med auga og rekna etter. – Det må vera langt uti òg, det. Du har redelig fått det, det veit da folk. – Ja. Men eg får no kjenne på det. Mitt er det, men.

Ho sat og såg fram over golve, med ein og annan blunken på han. – Kan du ikkje seie meg, Odin, kva du vil heretter?

Klokka song den gamle visa si, og veggene hørte etter som dei hadde gjort. Odin gjorde det vondt som eit gnag i kveld. Slikt eit mål hadde sjølve tida, og den skulde ein knapt høre etter. Vinterkvelden lyste inn eine vindauge og 198synte fram stua, i ein bleik og mildøygd avglans over gamle vegger og gamle ting, dei stod her og let tida gå. – Det ser på meg, og ho ser på meg, tenkte han; dei får vel det da. – Ja, eg er no fri mann å kalle, sa han, og no møtte han rolig auga hennar, så illsviande bønlige dei var.

«Du veit du får går’n her. Billi.»

«Langt ifrå. For den ska a Astri ha.»

Åsel såg stort på han. Han raudna, men tok ikkje åt seg auga. – Neida, eg er ikkje stor i meg, det er ikkje det, sa han. Ikkje er eg god hjarta heller. Det byd meg imot, berre.

«Æg meint det va meir tak i dæg enn som så, Odin.»

Da ler han, både høgt og godt: Det er det no og, det! Vent no berre – kvifor kan ikkje folk vente? Eg skal vel gjera det som er tyngre enn å ta garen her. Garen sin skulde ein visst rydde seg sjøl.

Åsel kremta, det hørtes for Odin som eit lås knepp i. – Astri ho får ikkje garen nei. Her skal ikkje sitte nokon Lauris, det veit du da visst òg?

Odin gjorde det. Men det er berre når eg er Åsel, tenkte han. Og ho skal vel ikkje leva til evig tid her i bygda? – Det kan seiast mange ting om det, sa han, – det står slik i ei bok eg har.

Ute avdagast det fort og stilt, og Åsel såg folna ut nokre minuttar. – Men han der Lauris 199har eit barn med a Karen-Anna i byen, har du hørt det, Odin? – Nei? Han såg forfælt på henne. No sat ho logn og sterk. – Men eg seier ikkje noko til henne. Han veit visst å greie det sjøl, han kjem for meg slik. Seier ikkje noko til henne, eg.

I det same hørte dei Astri kom syngande inn i kjøkene, og straks etter eit erend inn i stua, men da hadde Odin gått ut andre vegen. – Kan du ikkje stane her urlite? bad Åsel. Astri sette seg på vedkassa. – Har du drukke ettermiddagskaffeen? spurte Åsel. – Ja, for lenge sia. Åsel gjeispa eit par gonger: Eg vart så trøytt, eg meiner jamisel eg må få meg ein drope til. – Ja, kjære! Astri reiste seg alt, men Åsel bad henne sette seg.

«Du ska ha ‘n Lauris no da?»

«Ja, farmor, det ber den vei’n – men vi reisi te by’n og gifta oss.»

«Hm! hm! Ja, æg forby dæg det ikkj, ban. I Guds namn! sei æg heller; som æg sa ein gong før, du fór ifrå oss. Og han Odin, han må vel stå det over, san. Æ sei, at han Odin får stå det over så godt han kann, sei æg?»

«Han Odin ja? Han tar sæ knaft nokon tæring tå det!»

Astri visste ikkje av, før ho stod der med auga fulle av tårar. Den eine handa klemte den andre i fange. Åsel kremta att. – Men han Lauris får ikkj garen her. Så mykje du veit det. – 200Garen nei? det har eg aldri tenkt; det vilde eg ikkje eingong – det er ikkje derfor han Lauris vil ha meg. Den kan han Odin få.

Åsel sat ei stund og tagde. Astri hørte glørne peip inni omnen; det skilde ikkje henne. – Han Odin vil heller ikkje ha han, sa Åsel stilt. – Vil ikkje ‘n Odin, kva for slag tull er det? – Han seier du skal ha ‘n. – Jaså. Jaså, han trur det han. – Kva da, meiner du? – Nei, ikkje noko større. At det er garen her han Lauris vil ha i. Eg trudde ikkje han dømte meg hardt.

Det hørtes som gråten skulde manne over henne, men ho stod seg. – At ho seier det så ofte! sukka Åsel med seg sjøl. Eg har ikkje tenkt å slå handa av deg, ban, sa ho. Men Håberg, det er einkvart anna. Tida har flytta her ifrå; eg ser vel det; om eg ikkje vil sjå det. Om så han Odin tok gåren: det vart ikkje Håberg lel. Nei, umulig. Å, Astri, det er vondt når tida har fare ifrå ein. Så sitt ein att og ikkje veit det. Til ein er gammal og kan aldri nå att henne meir. Men slik sitt vi. Her har vore ei ny tid i lande lenge no, men her sitt vi. Og du og han Odin, de flyg med; det er langt imillom oss alt. Eg skal ikkje spå for deg. Du kjem deg igjenom det, korles det så går eller ikkje – lat meg no få ein kaffesup, så er du snild.

Astri reiste seg og gjekk åt kjøkene, men det var likt til ho gjekk i sømnen. – Det tenker 201han Odin, mumla ho. Og eg, som heldt han så høgt: Eg vilde berre tenke på han!

Da ho kom inn med lys, såg ho at farmora hadde gråte, og det hadde ho knapt sett før. Ho gjekk utan å seie eit ord. – Men han Lauris, han seier ikkje noko vondt om ‘n Odin, han, tenkte ho. Enda han veit det bedre enn eg; det har eg sett på han. Det fór med ein kald skjelv gjenom henne, at Lauris visste all ting.

Alt anna kom for henne som småting like vel, men farmor som sat og gret, det var ei bør å bera på. – For hans skyld gjer eg det, sa ho. Det skulde ikkje ha skjedd, men eg gjer det lel.

Ned til Lauris hadde ho ikke meint på å gå i kveld, men ho kunde ikkje la vera. Ho fortalte kva farmora hadde sagt om garen. Lauris hørte det ikkje. Han sat og tenkte på einkvart anna. Ho fortalte om Odin, som hadde slått seg tver og heller ikkje vilde ha garen. Eine munnvika til Lauris kraup litt opp, og eine auge vart litt mindre. Så glømte han det òg.

Astri stod attmed borde hoss han. Ho beit seg i leppa og stirde rett fram for seg. Da seier ho, best ho står: Eg har aldri sett det så vel før, kor fattig eg er for deg. Men: det var slik eg vilde vera! Ho seig beint ned på stolen og gret, gjømte andlete i hendene framover borde.

Lauris sat og såg ein gong på henne og ein gong i golve; han var både undren og opprådd. 202– Kvinnfolk som gret, det ligg for høgt for meg, sa han. Prøv å la det vera da! Han bad henne om det fleire gonger. For eg har da deg, eg, veit du; eg har deg i vente.

Han reiste seg og gjekk att og fram bakom henne.

Da ho reiste seg og møtte auga hans, var dei som blanke trolldommen over henne. Makt åtte ho ikkje, og nåde var der ikkje, ho var toeina i huse nattens tid med ein farlig ein; ho stivna til i salig redsle.

Men da han tok og bar henne til kammerse, fekk ho att makti og sleit seg laus. Ho visste lite kva ho gjorde, eller kvifor, ho stridde berre for seg og vann. Ho vart forfæld, da ho hørte kva ho sjøl sa:

«Det ska ikkj skje! For da – – da reisi du ifrå mæ!» Det var ikkje det ho hadde tenkt å seie!

«Nei men herre gud!» sa han.

«Ja, no e det liti om å gjera at du ikkj jaga mæ,» sa ho og smilte. «Men du får heller det da.»

Ho tok på seg og gjekk, og han kom og vart med henne. – No er vi likare folk enn ho farmor di trur, sa han. Det er eg glad for. Har visst det heile tida, eg, at du var slik.

Ho stana for og lya utover. Det var stille natta, med grå himmel og grå jord. – Kor det susar frammed lande! sa ho. – Godvêrs-lyd, murra han. Og rettno blir det våren.


II.

203Nett føre påskhelga reiste Astri og Lauris til byen. Dei skulde gifte seg på skrivarkontore. – Skal de det òg? sa Åsel. – Ja, han Lauris hører ikkje til statskirka, han er fødd i frikirka og oppvaksen utafor alt, seier han. Nei, denne gongen seier eg ikkje imot det; det skulde ikkje monne stort heller, kan eg tru. Han er godslig, det veit eg vel, men han er ikkje den De trur. Eg er redd han! – Høy san! – Ja, De forstår det ikkje, eg ventar ikkje det. – Ja, tida er rar! smilte Åsel.

Dei orda kom Astri i hug da ho baud farvel med henne. Det var rart alt i hop.

Odin ropte ho berre farvel til tvert over gåren, han heldt til oppmed eldhuse og bonna med einkvart, og han retta på seg og ropte lukka på reisa. Lauris hadde gått førut, og gjætarguten skyssa henne.

Odin var nær på å le da ho hadde kjørt, for her stod han andre gongen no og såg ho fór i veg og gifta seg. Ho hadde bedt han til bryllops. Nyfikna blinka så vidt han kunde merke det i augnekrikene hennar, no som sist: ho skulde ha visst korles det kjentes for han. – Du held meg no undskyldt om eg ikkje kjem? hadde han sagt. Ho såg på han, halvt i andre tankar, og sa nei, nei da, det er så det, men.

204I gårkveld hadde Lauris komme og spurt han. – Står du fast for ein mann, så veit du eg kjem, hadde Odin sagt. Lauris blistra litt; så sa han: Hadde du vore ein tå gammalkarane, så hadde du komme. – Da trong eg ikkje komma, ban, for da vart det du som kom til mitt bryllopp.

Farmora hadde òg Astri spurt. Lauris hadde bedt henne gjera det. – Såpass skulde eg ha vore ja, sukka Åsel. Eller så lik, at eg hadde stoppa heile reisa di. Astri smilte med smale auga, ho måtte ta bortpå aksla hennar: Det hadde no vel ikkje vorte så lett det, farmor? Åsel tok handa hennar, og strauk litt over henne. – Kor vakre hender du har. Ja, eg skulde ha sett deg i kvit brurakjole, Astri, eg kan ikkje seie anna enn at eg hadde – – venta meg den gleda. Men det skulde ikkje slik gå. Eg er ikkje til det. – Brurakjolen kan De få sjå meg i lel, om så i denne kveld, hadde Astri sagt, og så hadde ho skyndt seg vekk. Åsel hadde vore med henne austpå bakken da ho fór.

Noko bryllopp skulde dei ikkje halde, berre middag for ein seks-sju menneske på eit hotell. – Enten det eller storbryllopp, hadde Astri sagt. Ho budde hoss mora, og Lauris borti byen hoss ein kjenning.

Om kvelden kom han innom hos Otte, han vilde høre om dei var mykje sint på han, sa han. Det vart eit lite togn inne, som gjorde Astri vondt. Da sa Andrea, ho såg bort på Otte: Det skulde 205no visst hjelpe bra det? Andrea var så rolig i lukka si; henne kunde ikkje noko vondt utanfrå nå inn til.

Lauris går fram og sett seg, han skulde ha kaffe. Han sitt og ser ut på gata. Da tøyer han på seg og ser bedre etter, det går nokon framom som han kjenner. Så sitt han som før, ein stødig brurgom å sjå til. – Ho kjem hit, seier han, han ser på Astri og smiler. Astri skjønnar han ikkje, men ho får ein liten angst inni undringa.

Det kom ei inn, ei gjente i grå kåpe og svart hatt og med ein liten gutnabbe ved handa. Ho tverstana innom dørstokken, da ho såg Lauris var der. Auga for frå han og til Astri, og til han att. Dei bad henne sette seg. Ho hørte det ikkje. – Det var deg eg skulde ha snakka eit par ord med, stottar ho fram, og no er ho så raudlett som ho før var bleik. – Ja, her sitt eg, svarar Lauris.

Ho stirde opprådd på han. – På tomanns hand, mumla ho. – Ja vel, men var det ikkje heller Astri du vilde snakke med tru? han sitt og haldar seg attover i stolen som før. – Jau, det var det, seier ho, forfæld. – Ja, det er ho Karen-Anna det her, seier han med dei andre, ho Karen-Anna Jensen, – ein sambygding og kjenning for oss alle.

Astri har stått bortmed omnen med hendene framfor seg, og der står ho. Utan å røre seg; litegrand bleik berre. – Jau, det var det, sa Karen-Anna att. Astri ser på mora, og ho og Otte 206går ut; så snur ho seg til Karen-Anna: No er det lenge sia eg såg deg. – Ja, og ikkje hadde eg tenkt å komma hit heller – eg tenkte det ikkje! det bar i gråten med henne. – Men du kom no lel, ikkje sant? sa Astri. Men du må da sette deg! Og han der, litlen, han er din han, ventelig? ho snudde seg til Lauris.

Lauris sat og spella på bordplata. Han løfta på augelokka, og drog på smilen: Det skulde visst stemme så tålig det ja.

Karen-Anna hadde komme seg noko, men vart ståande nedmed døra. Ho ser berre på Astri. – Eg visste ikkje kva eg skulde gjera, eg hørte det først i går, at du skulde – – og så tenkte eg at du visste ikkje om det her.

Ho måtte halde styr på gutungen, han var ein urolig ein og vilde fram og ta katta under stolen. – Eg visste han hadde narra meg, men eg tenkte du skulde vita det, – han skulde ikkje narre deg! – Meg? seier Astri. Det har han da ikkje gjort; han har fortalt meg det alt i hop, og i morgo skal vi gifte oss.

Lauris ser opp. Han er forundra for første gongen her, og er på veg og skal seie noko. I staden reiser han seg og rettar på seg, går så bort og stryk gutungen over håre: Men ein gasta gutdevel like vel, ikkje sant, Astri? Han snur seg til Karen-Anna: Eg har tenkt på dykk båe to. Omframt det du har fått, skal han ha arven min i Kjelvika, det blir alltid ein tusenlapp eller to. – 207Arven din? spurte Astri. – Jaha. Det er eg som er nærmast der. Eg må stå på retten min, eg som har arvingar alt. Sei meg, treng du peng no? Ikkje det. Men sei ifrå. Eg er som anna snildt folk, eg er lett å be og lei å få noko tå.

Karen-Anna sa farvel og kom seg ut. Guten snudde seg i døra og såg etter katta. Han hadde brune, blanke auga, litt i det gule visst.

Lauris snudde seg til Astri. Ho stod der med hendene i fange enno. Ho såg ned. – Jaså, du visste ikkje det der? smilte han. Ho rista på hovude. Da litt hadde vore, sa ho: Ikkje trudde du eg visste det heller! –Du kan ha rett i det. Og no lyser du av heile høgtida, ventelig?

Ho svara ikkje. Små rykkingar fór gjenom akslene på henne, men andlete var like fast. Han såg vel på det. Tok så fram klokka og såg på henne.

«Æ skuld no ha vissta det i kveld da, sjer du?»

Da slo Astri opp auga. Ho stirde på han og forandrast over heile andlete; ho stirde på klokka han stod med. Hendene losna ifrå einannan, ho skingla bort til sofaen og sette seg.

«Æ visst da vel du elska mæ ikkj! Æ visst det så vel, men.»

Lauris småflirte:

«Da stod æ knaft her san. He?»

Andrea kom i døra, såg på dem og kom inn. Lauris la hendene på ryggen og fortalte hendinga. 208Hadde ikkje ho heller visst om det? spurte han. – Nei, ho hadde så lite snakk med folk. – Men har ikkje han Odin fortalt deg det? han såg på Astri att. – Visste han det da? – Kan aldri tru anna, smålo han. – Jaså. Så – å!

Andrea sette seg attmed Astri. Lauris går til døra, blir ståande med handa på handtake. – Ja ja, seier Astri. Eg har no berre tenkt på meg sjøl. Dei andre må vel òg ha lov til det. Men det må Vårherre hjelpe meg til at ikkje han Lauris fører fleire i ulukka! Alt anna – – bed eg han ikkje om!

«Tek du n lell da!» Andrea såg forvilla frå Astri til Lauris, han stod nedmed døra og bia.

«Det gjer æ vel? Det va inga sak visst æ kund – –»

I det same tok gråten henne. Ho snudde seg vekk og gret stilt. – Farmor! hørte dei ho kviskra.

Lauris gekk og sette seg. Det fekk ha si tid.

Astri tok seg snart på tak og sat bein i sofaen. Ikkje ein hikst meir; andlete var berre litt hove kring auga og nedetter vangane. Ho ser på Lauris; ho var nær på å smile. – Og du sitt der så rolig som det ikkje skilde deg! – Ja, eg ser ikkje anna råd. Eg er da ikkje så grov heller, at eg skulde til å gjera teater her, i frammand manns hus. Eg venta mest du kom og gav meg ein under øyra.

Så bleik hadde dei aldri sett Andrea før. 209At du ikkje tenker det slag på kva folk seier, Astri! Da smilte Astri, ein manggolva smil: Det er det eg gjer, mor. Eg som aldri har gjort det før. Eg kunde ha teke han berre for den skyld. Ho reiser seg og går fram til han, legg hendene på akslene hans og ruggar på han:

«Kann du ikkj sei at du e liti granne gla ti mæ da?»

«Nei, desverre. For æ e døkti gla ti dæ. Så våga du spelle, så – – klemmi vi te i morrå.»

Ho vart med da han gjekk. Da dei kom til losjie hans, låg der brev åt han ifrå Odin. Lauris for det igjenom, og fortalte Astri kva der stod: at han Odin gav frå seg arven sin. – Det skal ventelig vera brurgave åt oss, sa han. Astri vart ståande klumsa. – Gir han ifrå seg? – Ja ha, det forstår seg. Han er større enn eg, veit du. Det skal vera kol på hovude mitt. Berre det ikkje svi deg òg med det same. Enda det er så med den arven, at han lovlig og redelig er min. Men la gå med det. Eg seier takk og ære, eg, ikkje meir teater om den tingen. – Du tek ikkje imot det? sa ho. – Jau. Ikkje meir teater, hører du. Og peng hørte du eg har bruk for. Og du, Astri, ja, du er no ein helligdom for meg, ei tempelkiste som eg aldri får sjå inni, det var vel derfor eg måtte ha deg, – men du får bruk for peng du òg, ikkje sant? Du har planer, dei kallar? Jau, eg veit det. Det har eg òg. Planer.

210«At ‘n sei ifrå sæ arven sin!» Astri bles hånlig.

«Han e stør’ hell mæ, som sagt. ‘Dette har en fiende gjort,’ står det.»

«Han vinn du alltid over.»

«Det veit berre du og Vakkermannen; æ veit det ikkj nei. Men ein tempelrøvar det e æ no da. Men: æ kann umuli vara så stor ein slauri som ‘n Odin og di ander held mæ for; ette som æ kund få dæ

Ho treiv over fingrane hans og klemte dem. Ho undrast, det var ein frysna i det, om han hadde fleire born. Oppi Nordland der hadde visst skiprane mange kjærestar. Lukka, tenkte ho, er underlig så kald, som ei ferd i blanke vinternatta; ho må visst vera slik, skal ho vera verd noko. Ho kom i hug farmora og Håberg, og han Odin og seg sjøl.

«Han svelt ikkj, som dyrt kjøpi!» sa ho.

– – – Åsel var ute og bad dem inn på Håberg da dei kom att. Astri hadde tenkt å kjøre framom utan å sjå til sides, eller kanskje springe av og helse inn, så vidt. I staden vart det som ei lita brylloppshøgtid. Odin var i ungdomslage eller kor det var. Tak for tak møttest ho med auga til farmora; dei venta så stilt på henne. Da ønska ho at ho hadde vore lita, som ein gong for lenge, lenge sia, så skulde ho ha gått bortom veggene nokonstads og sagt det:

«Du ska få sjå, farmor!»


III.

211Fru Mina frå Segelsund kom til Håberg ein kvelden utpå våren. Odin syntes ho hadde vorte gammal sia sist. Ho gjorde seg rolig, såg han, men ho var det ikkje, det kjentes på kvar rørsla ho gjorde at ho hadde det vondt. Men andlete var vakkert enda, det hadde dei stolte og mjuke draga som før, den same fine hamletten som Åsel bar, og auga kunde stråle med den gamle sjeldsynte glansen. Einkvart ungt og ovmodig sat der att, men alderen var der, og ho visste om han; det gjorde vondt å sjå det. – Nei, som Astri hadde ho aldri vore, ho hadde ikkje havt den venleiken, og ikkje den makta; det var ikkje noko frammandt ved henne som gjorde henne umissande; ho hadde vore fin og vakker berre, og stolt. Ikkje den djupna i auga nei, og ikkje alt det andre heller, – han reiste seg brått og gjekk over golve. Han såg beint imot sola, som stod inn vestre vindauge og lo.

Da Mina kom, hadde han vore meint på å gå sin veg, han skulde ikkje vera i vegen for henne. Men einkvan i han lystra ikkje, han skulde ha sett korles ho tok det når ho skulde i kast med Åsel. Erende visste han straks; for slik måtte ho sjå ut, når ho skulde myke seg og be om noko.

Mina og Åsel snakka om vêre som anna folk. Det var seinvoren vår, ei mengd med snø inni 212marka, det var godt at ikkje folk var forlause. Men Gud er god, seier Mina. Da blinkar det til eit par gonger i auga til Åsel, ein mild men sterk blåna. Ho kjenner tyngda av erende den andre sitt med. – Men handelen, det er vel ikkje så frakt med han heller i vår? – Nei, den hadde havt ein to tre leie år no, sa Mina. Folk borgar hoss oss, og reiser til byen med pengane; det er fast takst det no snart. Mina legg eine foten over den andre, ho har urande små sko med blanke snyter; hendene ligg lange og mjuke i fange. Ho ler litt: Enno har ingen fått handelen til å gi på Segelslund; eg veit ikkje korles det er vore. Og korles ein steller det og tøyer seg – folk er mest som dei hata både handelen og oss?

Det fór ein liten støyt av varme gjenom Odin. Det rørte seg ein stor lovna i han, han vart raud og kunde knapt stå still; men no hadde Mina komme seg i gang: Dei hadde sagt opp låne hoss denne slektningen sin i byen, han var ein blodsugar! Det var utfor bakken han vilde hjelpe dem; og meir og meir hoven vart han. Da ho sa at dei ikkje trong han, vart det lite og inkje att av han.

Dei skulde slutte med handelen no da? spurte Åsel. – Slutte? det kunde dei vel ikkje? Korles skulde det da bli med folk? Dei måtte vel kunne få eit banklån dei som anna folk, dei hadde pant å legge for seg meir hell godt nok.

213Odin var på vegen ut no; men i det same ser Mina opp på han, tek omkring han, synes han, med den trollske barneglansen i auga. Dei sømm ifrå han att, men det varme take sitt enno kring hjarte, og sviande opprådd sitt ho der. – Berre eg hadde ein termin, seier ho, eit tusen kroner, så var vi berga, for til sommaren ventar vi pengane frå Amerika, det er over 3 år sia mor døde, og to snart sia far døde, vi fekk svar frå øvrigheita her ein dagen, at kompaniskapen var oppløyst og mest all ting greidd, berre nokre småting att.

Åsel spurte om det vart noko att da? – Javisst vart det, ikkje lite heller, du veit han far sat i stor forrettning sistpå. Men korles er det med deg, Odin, du fekk vel ein vakker skilling i Kjelvika, – kan ikkje du låne meg eit tusen eller to? imot tinglæst obligasjon i gard eller forrettning?

Odin vart raud som nypa. Auga hennar stråla over han, med han stod og kom seg. Han retta seg opp og heldt fram båe handflatene, og lo uvørent:

«Dem har alt fari sin veig – Herren gav, Herren tog, og så videre! Han Lauris meint han ha retten te dem, ette loven, og så fekk ‘n dem.»

«Nei men Odin, e du gal du?» Fargetonen forandrast i kinna på Mina, det skulde så lite til det, men ho heldt seg bein og lo med: Var 214han slik ein tullvalle i pengevegen da? Same galningen som på sjøen? Ja ja ja, det var ikkje meir å snakke om da.

«Ja, det va domt, æ sjer det no.»

Åsel kremta berre. Ho hadde visst hørt det før, av Astri. – Ungdommen finn på mangt, sa ho endelig. Det har vore så all tida det. Og no, Mina, no har eg funne på noko som eg trur skal bli rett: Du skal flytte hit til Håberg. Ja nei, det er ikkje nokon gave; eg gir ikkje gaver lenger. Eg vil sele gåren, og da er du den nærmaste til å få han, no som det er. Eg vil bytte han sund, han er for stor.

Mina såg ikkje forundra ut. Ho spurte berre om Åsel heldt på og miste vette. – Nei da. Nei, gudskjelov! Men no gjer eg det eg har gruva for i langsamlig tid; som eg visste eg skulde gjera, og aldri fekk kraft til før no. Vår Herre hadde ein finger med i at det gjekk som det gjorde med Astri. For den vegen, det var no hennar veg, stakar; og her på Håberg skal det ingen Lauris sitte med eg er ovan molda, det vinn eg ikkje sjå på. Astri, ho kjem seg alltid i vêre att; og meg gav det makta til å gjera det som rett er. Han har ikkje glømt meg, like vel. Han er forunderlig i råd, som det står. Ja ha, i tre partar har eg tenkt å bytte sund gåren, det er rundelig jord nok. Ein har ikkje retten til å sitte med meir. Ikkje høver det heller, i tida 215som kjem. Så du skal vera velkommen hit, Mina, Du skal få han rimelig, har eg tenkt.

Mina sat og var langt vekk. No råmte ho med seg: Enn han Odin da? Åsel smilte: Han vil ikkje. Ikkje enno. Han må ha sine vegar. – Ja, men eg kan ikkje, moster, det veit du da vel? Reise ifrå handelen og Segelsund og ta til med ein garpart her – kva trur du folk sa da? Åsel lo, ein urande tynn og god liten lått: Ja nei det veit eg ikkje, – nei! Kva dei sa, seier du? Sjå, det har vi no tenkt så lite på, her i gåren. For lite òg, somme gongene. Det tenkte eg ho Astri skulde lære. Ho skulde flytte Håberg inn i bygda, eller bygda til Håberg, det går rundt for meg snart. – Ja ho har no stelt det vakkert både for seg og deg, og for oss andre med.

Måle til Mina klang like mjukt, men der darra ein streng i det av harm, som berre Åsel hørte. – Det er ikkje alle som strid den gode striden nei, sukka ho. Kanskje han er ikkje så god heller som vi trur. – Kva for slag? Mina hardna til. – At det er likså bra som det har gått med henne, tenkte eg. På den måten kjem da ho inn i bygda, visst eg ikkje fer vill. Dit ho skulde, rettare sagt.

Mina tek fram gullure, ser på det og på veggklokka. – No kjem kaffeen straks, smiler Åsel. – Du vil ikkje hjelpe meg da, moster, med 216eit lån? – Neimenn om eg det vil nei. Eg vil hjelpe deg til halve Håberg, så langt går eg og ikkje eit føtt lenger. Og det trur eg mannen din er nøgd med. – Han? Det drog seg ei kvit strime over andlete til Mina, ho hadde kjent svepa. – Ja, det kan hende det, la ho til, og logna seg. Men det er umulig – det er for resten ikkje meir å snakke om det.

Kaffeen kom, og vart drukke, og Mina gjorde seg i stand og kjørte heim. Ho var meir rolig no enn da ho kom, det såg ut for Odin som ho skulde ha vunne ein stor siger der ho fór. Åsel smilte imot jorda, då ho snudde seg og gjekk inn att: At verden og det – skal vera så sterkt i oss! Nyttar ikkje nei, kor dei prekar og kor dei bed; dei er slik. Hm! hm!

«Deven han rett!» kom det frå Odin.

«Nei men hysjt da, Odin!» Åsel snudde seg i døra og såg forfæld på han.

«Ja men: at æ skuld vara så dom? Ho kom her og gjord sæ te hund for mæ, og så kund æ ikkj hjolp a lell! Osså sa ovom oss som ho va da ho baud farvel, såg Dokk det?»

Åsel lysna over alt andlete med ho såg på han. – Slik var du den tida du var småguten, sa ho. Det får vel ei råd gjelde da, la ho til. Visst eg berre fekk seld.

Jaså, han var ingen kar til å stå imot dem som bad om noko? sa ho da dei var inni stua att. – Eg? Han såg skamfull ut: Eg vart da 217verande inne her berre for å sjå korles ho tok det når ho skulde myke seg, og når ho fekk nei. Medkvart så – – gjer det godt å sjå på folk som sitt i klemma. Eg legg det på meg. Men det er berre ein og annan gongen. Men visst ikkje det var, så måtte ein bli ståande kvit i andlete og med tårane i auga, trur eg, og leite og ikkje finne veg utomkring – – det er så mangt som er umulig! Det er lenge no sia den tida. Da ler eg heller, når eg ser på dem: Det er ein mann som renner i ring, han skal nå innpå seg sjøl attanfrå, kanskje han skal spenne seg sjøl i baken? Eg skulde ha vore den, at eg kunde syne dem kor dumt det er. Og så han Lauris, som gliser vondt til meg for desse pengane. Skrót var det!

Han skjemtes, da han hørte alt han hadde sagt, og gjekk ut.

Ute var det uventa alt han såg på. Det var blanke kvelden all vegen utover, skydottane lysna og mørkna i eitt vekk over han, og sola slo ned på svarte åkeren eller mosabrune reina, på småbjørk og myr, ho slo ned på fjelle ein staden og bar det hitover med gråberg og skar og byskje.

Slik hadde det stått her og sett dem, i godt og i vondt, det hadde vitna så truverdig imot dem, at verda ho er ikkje ansles. Men kanskje hadde det tedd seg fram ansles like vel for dem, det kunde ingen vita. Kanskje det aldri hadde 218synt seg før for ein gutdevel som vart gåande her og slenge, som ingen veg kom, berre for det at der sat eit gammalt menneske og hadde mista alt anna og sat og såg etter han, – ein vantrivning for Vårherre, han gjekk og gjømte pine og sorg liksom andre gjømmer gull, til han vart rik ein gong og kunde synge det for folk så tårane trilla. Ventelig hadde dei huta han utor gåren, dei som var her før. Ja, der var no han Ola Håberg, Klokkardauen, dei hadde da sett han på, kor som var! Så milde kunde dei vera, imot den som veik og unyttig var. – Ja, men: ein som han blir eg no ikkje da! lo Odin, det er forbarka! Eg ventar meg da meir i live enn dei gjorde alle i hop?

Og no gjekk han, han stod ikkje her lenger og snakka eller tenkte; det var så armodslig eit syn, å sjå seg der dagen etter, med huva attpå nakken og auga nokonstads borti tomme lufta.

Vestavinden låg i stridt sig innover, han sopa og bles og vilde stryke ut alt ein gjekk her og bala med, det var ikkje anna verdt. Elles var det sommaren han hadde i hugen, ein blåna for auga langt framme, ein kunde kjenne att seg så livaktig i det.

For slik har ein det, det som er, i ein blåna framfor seg, Odin kjente det stod der og venta han, mange, mange ting, han ikkje meir enn skymta dem eller kjente tokken av dem. Men no hørte han staren på stuetake, og lerka oppi 219lufta, over pløgsla og reinane, det var godt ein kunde ta til og gjera einkvart. Det hadde i grunnen vore våren all tida, når han tenkte seg om.


IV.

Astri kom oppover til farmora rett som det var. Når dei råktes, kunde ein ikkje sjå større skilnaen på no og før imillom dem. Den eine var glad for å sjå den andre. Imot Odin var Astri ein grand stuttare, og litt meir for kvar gongen, men auga slo ho ikkje ned for han. – Sjøl veit kva eg kan ha gjort henne? sa han med mormora. – Nå, eg veit no ikkje kva eg skal seie om det, svara ho.

Ein dagen vart ho med nedover, og sia kom ho der oftare; dei fekk det fint i stand der nede, etter kvart. Astri var gjerne med henne på vegen oppover att.

Da dei går oppover ein kvelden, seier Åsel at no vil ho skille seg med gåren. Ho kan ikkje bestast med han lenger, her er ikkje eingong folk å få –ho vil bytte han sund! Og vilde Astri ha ein part, så fekk ho seie ifrå med all som først. Så ho kunde få den parten ho vilde. – Her, pekte Åsel, har eg tenkt at husa til eine parten skulde stå. Ja nei, kår det vil eg ikkje ha; det er for gammalt. Tida og folke er ikkje slik at det går lenger.

Astri går og ser ned. Så seier ho: Det er 220ikkje slik at eg forsmår det, farmor; eg er enda glad at De vilde sjå oss her. Men eg kan ikkje seie noko. Eg får høre kva mannen min meiner. – Ja, det likar eg, seier Åsel. Visste da han var så pass til karmann. Ja ha. Og no byttar eg han sund, som sagt, – garen, meiner eg. I tre partar. Det er ein rar gjerning – – uff, eg går så reint for fort! Og så er det ho Mina. Ho må ha hjelp. Ho skal flyte med eg lever; eg ser det no. Enda har eg, så eg kjem meg i jorda på folkevise.

Ho stod ei stund og kvilte på; ho var reint kvævd for bringa. Ho ser ut over jordene. – Jamenn er det rart. Slike jorder, Astri; og dei vakre reinane innetter, har du sett dem? Om det så er dei små runde haugane, dei ligg der og er i vegen både for slått og plog: dei er vakre likevel, eg vilde ikkje ha dem vekk. Dei ser meg ut som dei er pynta, eller som dei skulde vera slitt av folke her; og slik med allting. Og no har det havt si tid. Rettno er det ingen som ser det lenger. Men han Odin ser det er rett, det eg gjer – – det han da vel gjera?

Det var blidaste maidagen. Det grøntes etter regne over vollar og skog, og no skjein sola på det, og vinden var så lett på handa i dag når han strauk over det. No gjekk sola bort, og da syntes Åsel det slo opp auga og såg enda grønnare på ein. Jordene andre stader, dei såg gustne ut enda, liksom dei ikkje hadde komme 221seg etter sjukdommen. – Det vart ein eiande god liten gar her, Astri, ikkje sant? Men du tykkjer eg gjer gale du, ventelig? Eg undres ikkje på det. Men han Odin, som sagt, – – det stø meg så!

Astri står og ser på farmora eit tak. – Det vilde vera tynnt og fattigslig, det eg kunde seie imot Dykk i dag, seier ho. Så ler ho litt: Det er stridt nok å sjå Dykk i auga. De som veit at De er på rette vegen, – det må vera rart for resten!

Men da ho var på vegen heimover, såg ho Lauris for seg, slik still som han gjekk der om dagane og grunda. Han var ikkje skapt til å sitte i ei stue, og sjøen var han heller ikkje stort mota på, det var jamnast berre tape der no.

Ho fortalte han kva Åsel hadde for seg. Han var ein for seg i det òg, Lauris, at han hørte ikkje på det folk sa. Derfor vart ho glad kvar gongen han snudde seg til henne og svara, det kom ovanfrå og ned til henne, ein storveges gave. Det gjorde han no. – Det blir ei sak millom deg og småkarane dine, vakna han og sa.

Astri vart lysraud, og fekk dogg-glansen i auga. Så skygde tanken over andlete og gjorde det hardsett. – Alt anna kunde eg gå med på, sa ho, men at ho Mina skal bera vekk medelen frå Håberg til Segelsund, det vil eg no tenke på. – Du skal ikkje forsynde deg imot alderdommen, Astri. Han nemnte henne på namn, 222det gjekk ikkje ofte på. – Kor gammal kan ho vera no? Ho farmor di, meinte eg. –Ho er snart sytti. – Hm. Ja. Da er det ikkje meir å vente av henne. Litt glede må ein gammal krok ha; for det om vette har fare.

Astri fekk ein liten kul ved eine munnvika somtid, og den synte seg no. Panna stod bratt og sterk under det høge brune håre. Auga var grå og utan glans, slik dei var når ho tenkte på einkvart. Da var dei på det vakraste, tykte Lauris. Ho var bra nok elles òg, ja kors, ei levande gjente, men da først var ho Astri. – Eg skal snakke med henne, sa ho lågt.

For no visste ho kva han vilde. Han vilde ha Håberg, det var ikkje mindre det. Og det var ho glad for, no. Så mykje skal ein ville ja, når ein er emna til mann. Så kan ein få nåde til å gjera einkvart for han.

«Ho må gjerast o-myndi!» sa ho, da ho var på vegen oppover att. Det var dagen etter.

Åsel såg ikkje større forundra ut da Astri kom inn. Ho såg det knytte seg der ved munnvika, og auga dei var ei djupn med kjærleik og vilje, så forunderlig grå i letten; Astri ho hadde komme dit ho skulde. Ein kunde bli glad straks ein såg henne.

Nei takk, Astri skulde ikkje sitte. Men eg har tenkt litegrand på det De fortalte meg i går – det kan ikkje vera meininga Dykkar, veit eg? Karve sund garen og strø han ut til Per og Pål 223– det kan ikkje vera meininga, seier eg? Og a Mina skal ha pengane? Kan De ikkje finne på einkvart anna gale da, heller?

Men Åsel sitt bortmed vindauge og smiler, ut imot kveldsola, som har rodd seg ut i nordvesten og just vil til å gjømme seg bakom Skarshaugen; så snur ho seg til Astri med same smilen:

«Nei, bane mitt, no gjer æg det som rett e, no; endeli ein gong ja. Du snur mæg ikkj, Astri, æg e for tung i sige; æg kjenni mæg som sola og vind’. Det e leng sia æg kjent det no.»

«Dokk kann ikkj ha vette Dokkes da!»

«Jau, stakkar, det hi æg.»

«Ja men, Dokk må tenk på det, farmor!» Astri bad no, med ein liten knekk i måle.

Åsel slo den eine handa fast oppå den andre: Ho hadde tenkt på det. Så alt for lenge. No skulde det skje ja. – Det er ikkje så herlig å arve ein stor gar som du trur, og han Lauris. Inga sak for deg, seier eg. Han Lauris skal kløne seg fram, det er han skapt til. Han er ein seglar og ein skipper, enten han er på land hell sjø. Er det ikkje noko dei kallar skippertak? Det skal han ta. For deg og dine.

Astri syntes ho stod imot striaste vêre. Ho måtte sjå det Åsel såg. – Men ho Mina skal ikkje snøye av her i huse! sa ho, og no fekk ho harmen for seg att. Eg er vel dotra etter ‘n far min, det kan De ikkje nekte! Ho skal ikkje komma 224og gjera dem arvelause, det er da ikkje slik det har vore her på Håberg? Og enn småkarane etter ho Elen? og ‘n Odin da?

«Det er slutt med Håberg no. Slutt for mange Herrens år sia. Arven, ban, den hi du, den ber du med dæg, og ‘n Odin slikt slag. Håberg kan der byggast kor helst du vil i lande, hus-på det! Men han ska byggast. Juvikfolkje tok i handa på den som trong det; og du trøng det ikkj. Ja, slik e det, Astri.»

Astri visste knapt korles ho hadde komme seg ut. Ho visste berre at ho hadde tapt og at ho måtte finne Odin. Han kom heim frå åkeren i det same, med unghestane i beite, og dei var utasa både han og dei. – Har du snakka med a farmor? spurte ho. – Eg har da det? – Men er ho rett da, sei meg det, er ho ikkje tullut da, tru du? – Ho er da visst i sin gode rett. Og meg skil det ikkje; men eg har tenkt på det, eg skal tilstå det. Og likar det gjer eg ikkje nei.

«Ho må gjerast omyndig!» ropa ho, ho står og bevrar som unghesten.

Odin gleder seg over henne; ho er så stolt og vakker. Dette er endelig henne, for fullt ålvor, no når ho har ein mann å slåss for og verda går henne imot. Han hører måle og ser andlete, ho har gitt det alt saman til han Lauris. – Kan ikkje du Odin reise til byen og snakke med sakføraren eller skrivaren, kan du ikkje gjera det, Odin? Jaja, så reiser eg sjøl. Det var det eg 225visste, at det var ikkje stort om deg. Eg reiser sjøl. – Enn om du snakka til han Ola på Segelsund? – Eg reiser sjøl. For dette her skal ikkje skje. Ho må avsettast før det er for seint.

Dagen etter gjekk det båt til byen, og Astri var med.

Åsel bad Odin kjøre innover til Segelsund og seie Mina at det skulde bli hjelp å få likevel. – Det vilde han helst sleppe, sa han. Ikkje for si eiga skyld, men for Astri sin del. – Du får spenne for Gammelbruna åt meg da, sa ho. Eg er redd det blir for seint. Du meiner eg gjer ikkje rett i det her da, Odin? – Ja, eg synes det ber gale i veg. – Ja men det andre, at eg deler sund garen, du held da med meg i det lel? Gjer du ikkje det, Odin? – Nei, eg – eg kan ikkje seie det. Nei, eg får det ikkje til. Det er gale, farmor! han ser opp på henne.

Ho stod og såg på han. Ho blunka tomt og tankefattig. Så samlar ho seg i ein tung sukk:

«Nei nei nei! E det sant, Odin! Skuld æg bli så ålein på sluten?»

Odin visste ikkje meir å seie, og så gjekk han ut og spente for. Og i veg fór ho, med bankboka i veska.

Same veka stod der 3 garpartar utlyst til sals. «Nærmere ved eieren. Eksped. anv.»

Folk som hadde vore innom på Håberg, hadde hørt det av Åsel sjøl, så dei trong ikkje om blade, dei som budde i bygda. Straks etter 226var eine parten seld, til ein gut utant Skarsvågen, som hadde fare med Lauris ei tid og sia hadde tent peng med silda. Øystre halvparten av stua gjekk med i handelen. Sia kom det eit par mann ovant bygdene og såg på dei andre partane.

Åsel undrast på kor det vart av Astri, dei hørte ikkje meir ifrå henne. Odin kunde ikkje svara på det. Men den kvelden kom ho oppover.

Lauris hadde flirt til henne den dagen ho kom att og fortalte at det ikkje nytta. Sakføraren, Peter den store dei kalla, hadde sagt henne at Åsel burde dei late i fred. – Så pass har ho visst både tent og fortent? sa han; Astri glømte ikkje auga hans. Dei gløste imot henne gjenom ei skodd med tobaksrøyk og godlått, og gjorde henne blå vaki. Ho måtte sjå seg sjøl der ho sat, eit forvilla lite ting som aldri fann heim meir, og framfor henne ein knepslug devel som sat og las i henne, – som ikkje vilde henne vondt eingong! Han kom i hug det òg, syntes ho, at ho var gift med ‘n Lauris. Da kom det for henne utrulig, at ho skulde heim til han, og da ho kom ut på gata, var ho viss på det hendte ikkje. – – Og slett ikkje som det no står til, sa ho. Men da båten gjekk, var ho med. Det var berre ho som visste kven han Lauris var, og det kunde vel vera nok å leva for?

Men det gjorde godt at han flirte til henne. Ho var på gråten, men ho smilte lel, med auga 227mot golve: Berre flir åt meg du; eg tåler mykje av det slage. – Ja, pengane til Åsel skal vi ikkje sørge over, sa han. Eg for min part er glad eg slepp dem. Du kom berre til å slå meg i hovude med dem. Men husmora på Håberg, veit du, – henne vilde eg vera gift med. Og det skal eg bli. – Ikkje utan mi hjelp lel, hadde ho svara. – Nei, det forstår seg, – du var ikkje så bratt i nakken da, san. Gå oppover du og kjøp den eine garparten, den som halve stua hører med til, no før ho får noko meir vetring frå desse fjellfinnane som var der, lo han. Den andre har eg alt. – Den andre? – Nei, den første, skulde eg seie. Han fånen frå Skarsvågen kjøpte han for meg. Den tredje, den må no vel Vårherre gi oss? Eg ventar meg det av han. Visst du bad han om det?

Astri vart grå i andlete, som ho vart kvar gong Lauris nemnte Vårherre. – Kan du ikkje late vera å spotte da! bad ho. – Eg spottar ikkje. eg. – Nei nei men; det blir så kaldt når du snakkar om det der.

Ho tok på seg og gjekk oppover, og kom smilande inn. – Eg får gi meg eg, farmor, sa ho; De får styre og stelle som De vil. Ikkje lenge etter hadde ho kjøpt vestreparten av Håbergjorda og vestre halvparten av stua. Prisen hadde Åsel sett fast før. Dertil skulde ho ha eitt kammers ovanpå av kvar parten.

Åsel tok Astri i handa og ønska henne lukka 228til. Astri møtte auga hennar og slepte dem ikkje; ho var enda forfæld over at det gjekk så lett. – Men han Odin, han snur seg ifrå meg for det her! Åsel tok seg for bringa og klaga seg. Og eg som trudde han skulde takke meg for det – – at han skulde sjå det, kor som var!

Sia gjekk dei opp merka og skreiv kontrakt og skjøte. Dei skulde ikkje ta over før til våren. – Visst det ikkje kjem noko på, sa Åsel.


V.

Men der kom det på, at Åsel vart sjuk.

Sjuk hadde ho aldri vore før, ho hadde berre vore eit grand tungblæst siste åra, og litt hoste hadde ho havt, men den hadde ho smilt til: det var gammalmanns-hosten. No tok det henne med frost og hete, og sjukdom all igjenom, så ho måtte til sengs. Da smilte ho att. Ho låg og såg kva dette var. Utpå natta bar det i brekkinga med henne, og da var det blod ho kasta opp.

Ho kakka i veggen; det var armelig ho vann det. Odin vakna med ein rykk, han hadde hørt ei underlig kakking med han sov? Da han hadde sitte litt, kasta han på seg klæane og gjekk ned. Ho var blåbleik i kinna og kvit i leppene; men auga såg lognt og levande på han. Snakke var ho ikkje godtil for det første.

Han la henne bedre til rettes, og vaska av henne blode nedetter haka. Så sette han seg stilt 229attmed senga. Ho blunda til eit par gonger med han sat der. Tredje gongen ho slo opp auga, var ho kvikkare i augsyna, og tok enda etter handa hans. – Han fekk kanskje vekke ei av tausene, og fara etter dokteren? spurte han.

Ho rista på hovude, det litle ho var i stand til: han skulde ikkje det nei. – Nei nei, sa han. Noko farlig kan det ikkje vera; det her. – Nei. Ikkje farlig, kviskra ho. Men ålvor, Odin!

Da det vart dagen, skikka han folk etter dokteren lel, og i kveldinga kom han. Han fór henne vel over, og Åsel sette seg ikkje imot det. Han sa som Odin, at noko farlig var det ikkje, ho hadde gått og hosta seg forderva av bronkitt; ho kunde bli bra visst ho berre vart i senga lenge nok. Det svara ho ikkje noko til. Men da han hadde fare, såg ho på Odin att, og smilte som i gamle dagar: Nei, ban, det er gjort no. Han ser det, Han, at eg er ikkje noko til meir. Har ikkje bruk for meg lenger. Nei nei da.

Astri hadde komme oppover, og den natta låg ho i kammerse, i andre senga. Åsel vilde ikkje dei skulde vaka over henne, dei kunde sja ho plagdes ved det; ho heldt det for skam. Utpå morgoparten fekk ho ei ny hosteflage, og da kom blode verre enn før. Etterpå visste ho ikkje til seg ei lang stund, og Astri stod og venta det var døden. Ho stod på sprang og skulde etter Odin, men så tok ho seg på tak og let det vera. No hørte ho for resten eit lite andedrag.

230Da vart ho vâr han i døra. Ho gjekk ut i stua med han. Sommarnatta lyste inn, – det var blanke stille vêre ute, og himmelen raudna alt for solrunna. – Du vekte meg ikkje heller? kviskra han. Nei. Eg gjorde ikkje det. Eg kunde vel – – vera åleine med henne. Han møtte auga hennar, og såg vekk. – Ja, sa han.

Dei steig på tærne ut i kammerse att. Åsel vakna og kjentes ved dem. Ho var visst like klår enda. Astri fall på kne framfor senga hennar og gret. Odin stod litt; så steig han stilt attende til stua.

Åsel la handa på hovude hennar. «Berre sei det du,» kviskra ho.

Astri hiksta, og gråten sleit enda tyngre i henne.

«Ja ja, ban, æg veit det lel. Men du tek feil. Du hi alder – – gjort mæg ondt.»

Utover dagen kvikna Åsel til att. Odin sat der hoss henne. Han bad henne fleire gonger, at ho måtte ikkje snakke, men det smilte ho berre til. Døden var over henne, det såg han, men hadde han havt makt til det, hadde han trua henne til å ligge still. Tankane kom og gjekk gjenom henne, og munnen mumla etter kvart. – Gammalkarane, Odin, dei låg og tenkte på gravøle sitt. Gjer så eg òg. Stort gravøl – like vel. Ikkje sant? Dei kjem her siste gongen da. Tenke på Vårherre, seier du vel? Ja. Men for seint. Det er gjort før det. Trur mest eg ser han, Odin. Slik dei kjem til å 231sjå han. I framtida nokon gong: Ein god ein. Ein ånd å kalle.

Ho dorma før han gådde det, men straks han tok auga frå henne, var ho ålvak og tok til der ho slepte. –At dei ikkje skulde få auga på han! Og ikkje eg heller nei. Eg kjem i hug han far. Her i kammerse sat han. Sat og såg, så blind han var. Mykje og mangt, og seg sjøl og oss alle i hop. Men Han vart han ikkje vâr nei. Enda trur eg vi skal møtast. Eg er så trøytt, Odin!

Ho sov med det same, men vakna straks etter og såg urolig på han. – Det var noko, Odin. Eg las om det – gamlehjem – sei meg: kva er det for noko?

Odin fortalte det han visste om det. – Ja, ser du der! anka ho seg. Visste det, eg, men. Det vart ikkje med meg. Kunde da ha gjort noko, ser du. Men så kjem Han og tek meg ifrå det – – eg er så tørst, Odin!

Han gav henne vatne, og ho takka, og tok etter sømnen med det same. Litt hadde vore, var ho vaki att, og no vilde ho sjå borna etter Elen. – Og du, Odin, du kjøper den tredje garparten her, – du gjer det.

Astri kom i det same. – Du hører på det, sa Åsel til henne. Eg vilde de skulde vera her båe to. Dei såg på einannan som snarast, og nikka båe to. Det la seg ei frammand tyngd over andleta deira. Men over Åsel rann det lysinga av ein 232smil: At eg ikkje skulde få sjå nokon tå småkarane dine, Astri!

I kveldinga kom Mina frå Segelsund. Ho kom seglande inn i stua, syntes Odin, det var så mektig ei kjensle som bar henne, og ut i kammerse steig ho med eit budskap. Odin heldt anda. Men det vart mest ikkje så ho sa orde. Åsel var ikkje slik; ho låg og såg ned på Mina frå ei stor høgd. Mina sa fram eit bibelord, ein totre gonger, og Åsel nikka til det: det stod slik ja. Så sa Mina at ho kom att i morgo, og baud godnatt. Odin såg på Astri. Dei to visste det vart siste natta.

Dei vaka båe to. Ho slo ikkje imot det.

Det var ei rar natt. Tidlige sommaren blømde i hagen og nedover vollane, det blåna med ein djup lukkelig blåna innetter mot skogjaren og myra. Skya i fredsamt sig aust over fjella. Første åkerriksa sat og rapa i enge; elles sov det allting ute no, i lyse lukka.

Gong for gong måtte dei til senga, for blode kom settande og vilde kvæve henne. Ho visste ikkje stort til seg; men sa ho eit ord, var det med full sans. – Kyrne, Astri? spurte ho. Budeia – – sovnar visst av?

Dei var bortmed vindauga att. Jordene snudde andlete imot dem i sømnen, vide ekrar og lange reinar, mørkgrønt gras og mangletta blommar all vegen. Slik måtte ein minnast det all si tid.

Da vaknar dei til ved eit særskilt andedrag. 233Dei snur seg samstundes, møter einannan med auga, så vidt, og går bortåt senga. Der er ikkje anddrått lenger å høre, berre surkling og strid.

Åsel ser dem som snarast. Dei veit det er farvel og takk for seg.

Det var overstått før dei rett vardest. Odin kom til seg ved det at ei hand slepte hans, så berre trykke sat att og klemte. Astri og han hadde stått og halde einannan i hendene, utan dei visste det. Astri bøyde seg over farmora og vilde late att auga hennar, men det trongs ikkje. Og munnen var fast og stilt attlaten.

Odin lett opp vindauge. Astri såg på han og undrast, og da først ansa han det og undrast sjøl over det. Han lett det stilt att, og såg seg i kring i kammerse; han syntes han kom heim frå ei hundreårs ferd attgjenom tida. – Dei gjorde visst slik før? sa han opprådd. I auga til Astri fanns der ikkje skuggen av det som hadde vore her i gåren ein gong. Dei såg stort og mildt på han.

Ho la i hop hendene til farmora, og breidde lakene over andlete hennar. Så gjekk dei.

Han vart med henne nedetter vegen. – Slik har vi visst gått ei natt før vi? sa ho.

Odin såg opp; det var doggblank morgon i grase og skogen; det gjekk ein liten sukk over det no før sola rann. – Ja, sa han. Og no så er det slutt på Håberg. – No er det siste gongen ja.

Ho stod still og såg på han, ho blunka mest ikkje. Auga hennar stod fulle av lukke, men så 234djup ei lukke, at det var glede og sorg, glede og sorg så langt han nådde i dem. Da sa ho:

«Men du e bror min, du Odin, det visst vi ikkj før.»

Dei stod andlet imot andlet, og den eine tøyde seg litt og den andre bøyde seg litt, og så kystes dei.

Men da dei kom til seg att, hadde dei armane tett i kring einannan, og båe to vart dei raue og lei seg.

«Det va ikkj sant lell!» lo Odin.

«Nei. Det va ikkj det.» Astri klipte med auga liksom ho tenkte etter. Så skyndte ho seg og gjekk.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I ungdommen

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

I ungdommen er femte bind i serien. Også denne romanen handler om Odin som nå er blitt en ung mann. Men den handler også om et av de andre barnebarna til Åsel, sønnedatteren Astri.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.