I ungdommen

av Olav Duun

Astri


I.

5Nedi hagen på Håberg stod ein stor hegg. Om våren var han fullsnødd med blom, og haustens tid stod han skinande svart av bær. Men når han blomstra, var han det verste Astri visste, enda så vakker han var, for den dåmen det var det same som tonen inni stua, og det same faster Marjane tenkte på når ho stod still og såg framfor seg; og det var noko ho var redd, for ho visste ikkje kva det var. Det var det og, at ingen av dei andre merka det.

I dag var han det likaste ho kunde tenke seg, for i dag lavde det svartblankt av alle greinene på han, store trutne klungar av bær som skjein imot sola. Og sommaren hadde det vorte att, ho visste ikkje kor han hadde komme ifrå, slikt spell til fin dag hadde her aldri vore, det ho hadde sett: blåna og sol, blåna og sol kva veg ho snudde seg!

Og midt oppi krona på heggen der sat Marjane, ho litl-faster ho kalla, og reid på ei diger grein. Sola lyste på henne og, så det gulhvite håre hennar vart som blanke solskine, og andlete 6vart enda kvitare; og det gjorde aldri det grand i dag, for i dag var det berre godvere og trøyheita rundan i kring. Det var reint så det ståka og lét av all denne stilla i lufta, og nedpå åkeren der ståka maskina og skuronna i eitt kjør, no hørte ho enda dei lo der nede. Lett ho att auga, så syntes ho det song, greinlig.

Marjane var tynn som pirålen og bleik i hamleten, men sterk som ein gutunge å sjå til, og uforfæld i åsyna så ein kunde vente ho hoppa lukt ned frå der ho sat. Håre det stod i ein flur omkring hovude. – Og der har ho alt hol på hosene sine! Astri smilte, så gale det var. Men no vart Marjane vâr henne.

«Ka du står og glåmi ette du?» ropa ho ned gjenom lauvkrona og bæra.

Astri smilte berre opp; ho var åtte år, og hadde ei djup dokk innmed eine munnvika. Ålvorsam var ho, same kor glad ho vart, og no òg, når ho smilte. – Kast ned ein klung da! bad ho. – Du som ikkje êt heggber? Marjane lo, ho var alt tjukk og garva i måle av all bæra. – Kom opp da, klomsa! la ho til.

Astri stod litt. Ho såg på forklæe sitt og på skone. Så tok ho etter vêre, og gav seg i klivinga.

– Uff, at eg skal vera så tjukk! kviskra ho; det svei i fingrane, og på knea der brente det som varmen. Men opp kom ho lel, og fann seg ei laglig grein å ri på. Slik sat ho Marjane!

Da sette ho i og lo. Det hørtes underlig uvant 7og skrallande, Marjane såg stuss på henne: kva var det som reiv gjentungen no da? – Nei, det var ingenting. – Jaså. Marjane snudde seg og tok til med sitt. Men Astri stal seg til og såg på henne i einingen. For no var ho slik att, ho litl-faster.

Astri måtte ha sitte og tenkt på det ålvorlig, for best det var for ho nedgjenom lauve og nedgjenom lufta så det susa kring henne, og så vart ho hivd opp att med ein tverrykk, syntes ho. Da ho kom til seg att, stod Marjane over henne og heldt henne i vêre, stod og tørka av henne litt blod som tyta ut av ei skråme i andlete einstads. Ho kjente etter korles det var med forklæe sitt. Det hadde berga seg tålig.

«Enn du ha sli ihjel dæ, mein du?» sa Marjane.

Astri såg beint inn i andlete på henne, forundra, ho fekk eit mangfelt drag.

«Da ha æ død føri dæ – – du gruva da ikkj for å døy du heller?»

«Stå still no, snørhøna, med æ får fli tå dæ ruskje! Enn å dett’ som ein sekk da!»

Astri stod still og venta, stod og såg ned til Marjane var langt oppi heggen att; ho skjemtes, og det gjorde ho støtt når ho hadde sagt einkvart til Marjane. Men no sat Marjane og såg på henne, tverr still nedgjenom lauve, og Astri såg på henne. Slik hadde dei sett på einannan før. Det vart stilt da, rundt omkring dem: dei var to-eina og langt langt bort ifrå anna folk. Så ler Marjane, og antrar 8opp frå grein til grein, no er ho i toppen mest, ho heng under stor-greina som rekk borttil stuetake, og hankar seg utetter den til ho når takrenna, svingar seg opp på take, og no ber det i veg take oppetter, frammed ytterste røyste, og der reiser ho seg og går etter møne heilt til murpipa; ho står høgt imot himmelen der oppe og gjel, – ho er vålig så kåt.

Astri lysna i andlete og vart blankøygd, ho syntes ho gol, ho med.

Ja, for slik skulde det vera, og slik skulde ho òg bli – det var rart dei ikkje gjorde ulovlige ting alle saman, og sjaua og gol? Men no la ho i renne ut hagegrinda og kring nova så det snørp i henne, for no kleiv Marjane ned take på andre sida, og der stod stegan.

«Hall-lo-ih!» ropte ho, tonen låg som blanke bekken etter henne gjenom lufta.

Ho måtte da ikkje skrike så utrivelig! – det var farmora, ho Åsel, som kom ut i det same.

«Jau! jau!» lo Astri og såg farmora i andlete; men ho tagna like vel. «Lika Dokk ikkj slik o-låt i gårn Dokk da?» sa ho.

«Å jau da, gulle mitt, berre låt du med hjarte løsta.»

Utpå kvelden ein gong, da Åsel kom ut, sat Astri på stubrua med dokka si; ho sat og snakka med henne. – Ti still no, di klomse! sa ho. Trur du du får døy tidlig da? du som er så rund og raud!

9Da Åsel kom inn att, sat ho og hadde glømt dokka. Enten sat ho og såg kor kveldskya brann vestpå sjøhaugane, eller så måtte ho sitte og tenke som eit vaksemenneske. – Sitt du her enda du? sa farmora. Gjentungen såg rolig opp på henne. – Kva er det du sitt og tenker på da, få høyr? Smått om senn vann låtten seg fram i andletsdraga på henne: Til sommars vil eg vera gjætle-gut! – Gut òg? – Nei, men gjætar, meinte eg. – Kvifor det da? Det vilde ho ikkje ut med.

Men da farmora var vel inne, gjekk ho bakom nova og sa det med seg sjøl, i stille gråe haustmørkre, til åkrane og trea:

«Ho Marjane – – ho reisi ifrå oss ho. Så langt att!»

Ho sa det fleire gonger, så det bevra og fraus gjenom all hennar kropp. Så sprang ho inn, ho vilde tråve som ein gælnhest gjenom stua, ho vilde sette henne på hald. Men det var umulig i kveld som ein annan kveld. Det var så for stilt der. Nei, det var berre ho Marjane som kunde det. Ho kunde rive sund stilla ja, så ho farmor og ho mor dei spratt på stolen! Å ja men, når ein vart stor så.

Men da var ikkje ho litl-faster her meir. Men det visste dei ikkje, nokon. Da hadde ho fare den vegen som ho faster Marta fór, ho som var døvstum; til Jesus og englane og den vegen.

«Har du læst kveldbønna di no?» spurte Andrea, da dei hadde lagt seg.

10«Æ held på mest æ vinn, æ ha kommi så langt som te – – nei no må æ bynn på igjen.»

Mora hørte det pusta og les ivrig borti senga.


II.

Det gjekk ein fire-fem år, før det hendte som Astri visste om. Marjane vart sjuk og døde. Ho var millom 17 og 18 da, og Astri i kring 12. Det kom så dått på. Ho, som hadde vore frisk av seg? sa folk. Men dokteren meinte ho hadde bore på det lenge, etter som det bar i veg så fort, og når Åsel tenkte seg om, så ranns det for henne at slik hadde det vore ja, ho hadde regjort i feigda, som dei sa for gammalt. Det var tæringen, den same sjuka som tok far til Astri, og slik på lag hadde det vore med han òg: mote var større enn makta. Tæringen var ein uransakelig ein, som hadde sett seg for i slekta. Han skulde vera arvelig, enda. Berre det ikkje var han som tok ho Marta òg. Eldste dotra si nemnte ho ikkje så nokon hørte det.

«Det må vara som ein dom i det!» sukka Åsel, ein kvelden.

Det orde var det einast Astri som gådde seg på. – Dommen, kunde ho seie, best ho stod eller gjekk, og sat ho still, syntes ho einkvan kviskra det tett attmed henne eller song det langt unna.

Marjane vart kvitare og kvitare i andlete, med brennraude roser i kinna, og auga dei vart meir 11og meir som glase å sjå til, som tomme skinande glase. Astri beit seg i leppa eller kleip seg einkvan staden på kroppen, når hosteriene kom. Elles stod ho utan å røre seg nedmed døra og såg på Marjane. For no var ho litl-faster langt på vegen alt. Ho visste mangt no. Og dei andre dei vart sittande att.

Ho farmor måtte vel gråte innvendig, trudde ho, og med ho mor var det slikt slag – kvifor var dei så redd dommen? Ho visste elles meir enn det. Marjane ho døde ifrå kjæresten sin, og han var ein – berre ein fattiggut utant plassane nokonstads. – Det var sørgelig, sa ho ein gong. – Kva for slag da? spurde Åsel. – At han skulde vera så fattig, meinte eg. – Kven for ein? Men Astri bråtagde og hadde seg unna.

Ho måtte heilt bakom låveveggen. Men det var liksom ikkje lovlig å seie det der heller, det var berre så stor ein ting å tenke på: at ho vilde ha han og så vart det ikkje noko tå. – Ja ja, nikka ho hardt framfor seg. Det er dommen.

Andrea gjekk og såg etter gjentungen i denne tida. Ho bad henne komma borttil seg fleire gonger, ho skulde få sitte i fange hennar. Men kom ho og sat på knee hennar stund og anna, så var ho like langt unna for det. Ho hadde aldri frista å snakke større med henne, ho kjente det vilde ikkje til. Alt frå Andrea merka ho skulde ha barn, hadde det komme for henne det var ein gjentunge, og korles det var eller ikkje, så hadde 12ho vore glad for det. Men det vart gudnådslig lite å rette fram til Åsel. Like vel vart det Åsel og gjentungen for det vissaste, fanns ikkje sakna å sjå der. Dei to hadde mangt i millom seg. Dei hørte i hop. – Sjå etter Astri, at ho ikkje sitt så åleine, sa Åsel med henne i denne tida; eg er så gammal og skymlen, eg glømmer reint av henne. – Ja, sa Andrea. Men meg er det visst ikkje stor monnen i, for henne. Eg er av eit frammandt folkslag for henne, ser det ut til. Nei, ho er ikkje av mitt folk, la ho til med sig sjøl.

Men da Marjane hadde stridd ifrå seg og låg på likstrå, kom Astri og tok i kring knea til mora, ho var kritande bleik og hadde strek etter tårane nedover kinna:

«Æ vil ikkj’ døy, mor!»

Mora torde ikkje seie eit ord. Ho var berre glad så lenge ho ikkje skjemtes og fór sin veg att.

«Ja, Astri, no hi vi berre dæ da,» sa Åsel kvelden etter gravøle.

«Ja, æ veit det.»

«Veit du det? Korles veit du det da, Astri? Ka det e du veit da, ban?»

Ho farmor vart så skræmt, somtid, det kunde blykte som for eit hogg over åsyna hennar, ein kunde mest kjenne kor ein stakk henne.

«Nei, æ meint ikkj noko med det, farmor.»

Da stal ho seg heller ut, bortom husa og langt bortpå vollen, – der spella månen seg med rimnålene heile berrfrosne reina bortetter. For der kunde 13ho seie det med seg sjøl, at no var det hennar tur. – Ja, ja, sa ho. Dommen den er eg ikkje redd. Den skal eg alltid ta på meg.

Men alt dagen etter smilte ho til det, enda så sant det var, og Åsel tyktest merke ein forandring på henne. For det var det som var, at folk dei hørte henne eller såg henne same kor ho gjorde av seg, all bygda eller kven det kunde vera. Kanskje det var berre ho farmor òg? – Men komma kan det så gjerne, for meg! sa ho.

Ho skulde ikkje gå og tenke på døden, sa Åsel. – Nei, men det gjorde ho da ikkje heller! Nei, for det er mangt anna til, enn berre å døy, eg veit da det.

Da gav ho seg med farfar ut å kjøre heim tørv. Farfar det var ein arti stolpe til kar: ikkjenoko såg han og ikkjenoko hørte han, utan det han heldt på med, men somtid så blistra han, og med kvart let han det vera, og når han plagdes med einkvart, da var han ferdig til å bannast, såg ho, og det var trøyheit; da vart det ein annan lett på dagen. Da kunde ho ha ledd til grovaste bannskapen òg; som litl-faster. – Ser du her du! sa ho og viste fram høgre pekef ingen sin. – Ja, kva da? – Eg blir fri vortene! – Så? – Ja. Dei må til, når ein gnur seg på lik. – Huft da! Du har da ikkje gjort det lel? – Jau. Ho såg lukkelig på han: Eg strauk meg på handa hennar litl-faster. – Det var ikkje du som tusla oppå kammerslofte ein kvelden? -Det var om kvelden 14ja. – Hm. Du er ikkje mørkredd da? Og ikkje redd lik heller nei? – Nei? Er dei farlige dei da? – Han smilte visst til henne.

Men heime i stua der kom han bort, han farfar òg. Ein måtte halde seg til ho farmor der; for der var det ho.

– – – – Elles voks ho fort, og helsa var det ikkje noko som vanta. Og allting så skifta det og skifta det, og visst ein vilde, så kunde ein godt flire til det i dag som ein gret for i går. Ein kunde smile til den tingen òg, som stod fast: at når tida kjem, så skal vi døy. For det var utrulig mykje anna til. På skolen var det ein gutfark som var vakker, han heitte Håkon, og ein dagen dei hadde leika panteleiken, vart han dømt til å kysse henne, på munnen enda. Først bad ho vakkert at ho måtte få sleppe, eller få legge lommetørklæe imillom, men det var nei ifrå alle kantar, og dermed så kom han. Da sprang ho, ut i gangen og opp troppa, tenkte å stenge seg inne på lofte, men der var ikkje noko lås-stell for døra, og han og dei andre var ville og braut på, ho klara det ikkje lenger. Det var sommaren, og vindauge stod oppe, og med det same dei bryt seg inn, tek ho seg fart og spring ut, ho vil slå seg lukt i hel. Ho hamna i ei sandgrop og fann seg att like god. Sia lett dei henne i fred. Dei lett henne i fred for mange ting. Ein annan gutgap var der òg, som heitte Odin, og han var det synd i, rett som det var, for han var ein tosk 15til å late seg narre, og ein galning til å finne på gapstrek. Han var søskenbarne hennar, men det gav ho seg sytten om. Og på Segelsund der hadde ho ein slektning som heitte Mina, fru Mina, og frue var ho og grovt så fin, – ho kunde ta og sjå ein midt i andlete og seie ein var ei vakker veikje, ho kunde spørre kva ein vilde bli! Astri vilde bli så fin som henne. – Eg skal bli kjerring, hadde ho svara første gongen. Sia svara ho ikkje. Ho trong ikkje det.

Så vart ho konfirmert, og åre etter kom ho til Segelsund på skolen der. Den var berre for gjenter, og fru Mina hadde fått han i gang. Dei lærte å veva og saume og stelle i fjøse, Ola Håberg, klokkaren hadde vore, song med dem, og mannen i huse heldt foredrag. Dei syntes ho var still der, dei andre, dei trudde enda ho var sint når dei sjaua og hadde det arti. Og så såg ho så lenge på dem før ho svara; dei kom seg lite til å gapast med henne. Men ein gong i millom kunde ho gå laus og vera med dem, så heile stua stod på ende. Ho stemte mest blode i dem, når frua kom inn og skulde halde styr på dem, for da såg ho henne beint i auga og lo: Her vart da så stilt så! Eller: Likar du ikkje litegrand sjau du da? Det er da trøyheit.

Dei var 13 gjenter, og somme kveldane, når det var foredrag, kom dei som hadde gått der åre før.

Åsel vilde vita kva han snakka om. Astri 16stod og tenkte etter; så såg ho opp og smilte: Neimenn om eg det veit. Eg låg så i det med saumen min. Men, det var vakkert å høre på. Åsel lo: Jaså, du hører så godt etter? Men dei er vel likare dei andre, får vi tru. – Ja, til å høyre etter, så. Men ho Mina er så blånøye på sauming og slikt, – sjå her, skal du sjå! Jau, han sa det for resten, ein gong, at vi skulde akte oss for gutane. – Høy san! – Ja, var det så rart? Elles så seier han mangt anna som er likare, han seier at live det er store ting. Live! seier han. Døden nemner han aldri; og det same kan det vera. Den nemner ingen. – Veit han noko om live da? – Nei nei, men. Det er vanskelig, seier han. Det er ein konst. Han sa for resten det ein dagen – –

Kva da? vilde Åsel høre. – Asj! Han sa berre det, at ein finn alltid ein som det er synd i, nokon som treng ein, sa han – var ikkje det vakkert? ho såg stridt på farmora, med nyvakne auga, blunka til eit par gonger reint som ho var stridshuga og venta seg eit bask. Men Åsel sat og tagde, og Astri slakna av og småsnakka att: Det er elles ho Mina som rår på Segelsund. Men kvifor har ho seld vekk halve gåren tru? Og kvifor har’n morbror Ola slutta som klokkar? Han er for resten trøysamare no, han kunde visst få ein stein til å synge – kvifor har han ikkje gifta seg?

Åsel rista på hovude: Kan ikkje eg svara deg på, ban.

17Nei, ho visste det. Folk kunde aldri svara på noko. – Men at ikkje ho Mina får born da? – Kan vel ikkje svara på det heller, eg. – Ja, men kvifor kan ho ikkje tie still da? kvifor skal ho henge seg på meg og snakke om slikt! Eg vil ikkje ha nokon prat med henne om det der! – Seier ho noko da? – Ho går no der og småsukkar, at live det er ikkje så greit, men ho skal ikkje klaga! og kanskje så lid ein det ein har fortent, og – ja, eg gir meg ikkje om å fortele det. Sorg og motgang, er det noko å snakke om? Er det så farlig da?

Åsel hørte ikkje større etter henne; ho sat og tenkte på, at slik snakkar den som er uvant til å snakke. Henne kunde eg ikkje ha levd forutan, sukka det i henne.

Men utpå vårparten hendte det ein ting som Astri ikkje hadde tenkt å fortele. Ho gjorde det lel, for elles vart ho gåande med det og vart aldri rein meir. Farmor kunde ein lesse av seg på, det ein ikkje vilde ha for seg sjøl, og dertil var det jamgodt med at det ikkje var fortalt.

På Segelsund budde ho i eit lite kammers innafor kontore. Ein kvelden ho hadde sitte still og lese, hørte ho det kom ein inn på kontore og vart ståande straks innom døra. Mannen sjøl var det ikkje. Så hører ho han seier: Nei men sitt du og gret da? Astri lya; det var kontoristen. Ho hadde ikkje trudd det var nokon der inne før, men no hørte ho måle til Mina: Kva er det du vil her? 18Stilt ei lang stund; så kjem han framover golve. Astri glømte ho sat der og lya. – Kan du ikkje reise din veg! klagar Mina seg. – Du bryd deg da ikkje om meg lel du. – Nei, har eg sagt, det gjer eg ikkje, men, – Skal eg reise berre for det at eg bryd meg om deg. He? Da bryt det ut med gråt og hikst: Det er di skyld alt i hop, eg ser det så vel! Du var det som narra meg da eg var veikjungen, og du er det som – – ja eg ser da at han Arthur er både liten og – – men han skal ikkje lide for di skyld! Men litt lettare kunde Vårherre ha straffa meg, for eg visste ikkje – – kva i Herrens namn er det eg lever for? og strid for? Det vart eit togn. Så seier han, berre lågt: Det er no ikkje så visst det er di skyld at du ikkje får born, veit eg? – Ti still, hører du! eg tåler ikkje du nemner eit halvt ord om han Arthur eller nokon ting, du skal vekk herifrå på timen! – Ja ja, kan du undvera meg, no som det står til, så. – Det får gå som det vil, og pengane skal du få att, alt du har sett inn – for eg veit ikkje kva som kan skje visst du blir her, det kan hende den verste ulukka, eg veit mange gonger ikkje – kan du ikkje reise!

Da råmte Astri med seg og reiv seg laus, ho opna vindauge så stilt ho kunde og hoppa ut, beint ned på hålkesvullen så ho trilla bortetter. Brann i kinna gjorde det lenge etter, så ho knapt torde syne seg for folk.

19Åsel nikka berre. Ho visste all ting før. – Du glømmer det alltid ein gong, sa ho. – Ja-a. Eg ser da fru Mina like beint i augsyna for det der, men. Og meg –, ho stod litt og blunka imot sola eller kva det var, – meg kan det få hende kva det vil. Når det berre hendte meg noko. Når det berre vart litt liv i huse!

– – – – Åre etter reiste ho sørover på jordbruks-skolen, og var så vidt ferdig der og kom heim til gravøle etter farfaren.

Åsel tok imot henne og snakka med henne liksom ingenting skulde ha hendt. – Ja, han hang ikkje i hop lenger, han, sa ho berre. Eg må ha teke live for rolig, ser det ut til. Men korles har det gått deg da? – Det hadde gått så tålig. Det var trøysamt der. Men somtid tykte dei ho var for still, og somtid at ho var for lite still. Eg lærer litt medkvart, la ho til. Veit du det: han Arne Finne var der. – Kva er no det for ein blomster?

– Han som var på Segelsund eit tak og skulde vera som ein gardskar, han er ifrå byen, og no skal han bli landmann, for helsa si skyld. – Å, no, da er han helst sonen til sjølve Finne på bruke, dei kallar? – Ja, eg trur det er noko slikt. – Ja ja ja. Jaså. Du er halvvore forlova no da? Astri ler: Nei, veit eg? – Det var da enda bra. For det er berre helseløysa i den slekta. – Ja, han er bleik: han er ansles enn alle dei andre. Han ser dømt ut. – Her på Håberg dugde han 20ikkje nei. Det slit ut ein frakare ein, her, ser vi. Ikkje har dei så utrivelig med pengar heller, no lenger, det spåkar for konkurs, visst.

Astri smiler imot henne, – farmora var så gammal og røynt der ho sat.

«Æ fekk for resten brev ifrå’n her i går. Men æ kjem ikkj te å svara på det. Nei, æ gjer det ikkj. Enda ein kund få løst te mangt, her i huse.»

«Det e vel så det, Astri. Det e vel så ja.»

«Ein rivanes løst, mang gong, te å sett heile huse på hald. Eller – gjera noko rettelig vakkert! »

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I ungdommen

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

I ungdommen er femte bind i serien. Også denne romanen handler om Odin som nå er blitt en ung mann. Men den handler også om et av de andre barnebarna til Åsel, sønnedatteren Astri.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.