I ungdommen

av Olav Duun

Lauris


I.

159Lauris seglde til Kristiansund om våren og selde saltfisken. Tørke fisken sjøl trudde han seg ikkje til, særlig når fortenesta velta seg slik innpå han som no, sa han til Odin. Og no skulde det vera slutt med handelen til så lenge, – lat meg ikkje friste Vårherre, det har eg akta meg for all min dag, og derfor har vi vore gode bussar òg. No vil eg prøve lukka mi på landjorda. Der skulde eg med rettan ha litt til gode.

Han kjøpte seg eit hus i Håbergvågen, og gav seg til å sette det i stand paa storvise.

Odin gav seg for i byen, hoss faren. Han vilde vera der; det var einkvart som bad han bli. Lauris hadde heile tida vore ei bør, ei som dei andre hadde kasta av seg og som han skulde ta opp. Det fanns dei som hadde gått med ei slik bør, – som syntes det skulde gjerast, fordi dei klara det; det måtte vera langt langt atti tida, det var for gammalt no, og Odin kasta henne av seg. Det var ikkje fritt for at faren heldt på 160og vart frammand for han att. Han kunde snakke liksom han vilde stryke ut det han hadde vore før; liksom han skulde ha vorte vâr live frå ein annan kant.

Odin sa til Andrea: Du må seie ifrå når eg blir i vegen her. – Nei no skal du vera snild, Odin, og vera i mak her! – Nei. Men han gjer meg så godt. – Kven da? Byen? – Odin raudna, men såg opp på henne: Han far. Eg treng han, eg legg han på meg, synes eg. Men det var sant, tenkte han da hau gjekk sin veg. I grunnen la han det på seg, alt som møtte han.

Mest dreiv han på og las, for her kunde han få låne bøker med han vilde. – Men dei der hadde han da kasta før? sa Otte. – Trur gjerne det, men. Der er liv i dem like vel. Det blir det, når eg tenker på det. Det blir ikkje så nytt som eg trudde, det eg kjem med! snakka han med seg sjøl, men han smilte straks etter: det skulde no bli eit spell da, kor som var!

Ein dagen, det var ein blank vestavindsdag med lauvsus i liene og kvit-toppar bortover fjorden, stod han og såg på at faren prøvde seg fram med ein ny beis på bjørk. – Eg må vel til å arbeide eg òg, sa han. Men eg undres, somtid: Det blir da gjort, arbeide, likevel? For det om ein sluntrar unna. – Når eg er lat, undres eg på det same, svara Otte, han retta på ryggen og smålo. – For gjort blir det, la han til. Han såg på Odin, og Odin kjente han vilde seie at du har 161lov til å gjera det du lystar; om det så er berre å dikte du vil; faren visste alt om han.

Men uroa vart berre sterkare i Odin. – Nei, sa han, eg får heller fara utover til Håberg og hjelpe dem i slåttonna, eg lovte det visst så halvveges, – det går ikkje dette her! – Ikkje? – Nei. Ikkje enno i allfall.

Han trudde ikkje han hadde teke seg for og reist like vel, hadde ikkje ei lita hending komme til. Otte hadde sendt ein liten husbunad til Trondheim, det var eit sjå for slike ting der. Det var dei gamle Namdals-møblane han hadde funne opp att, men han hadde freista å gjera dem ein mon lettare og meir lettvint til sitt bruk, og noko av handa hans sat der med dem, kunde Odin sjå. Større premien var det ikkje han fekk, men han kom i blada og vart skrytt tå: dette var da endelig ein som viste rette vegen, og ein kunstnar, det kunde kvarmann sjå som vilde. Eitt av blada heime tok det oppatt, og la til nokre ord for eiga rekning, med odd både hit og dit. Dagen etter var dei ute i det andre blade og gjønte med heile stelle: Tenk her skulde finnast ein mann i byen, som kunde gjera maken til dei gamle ubrukelige stolane og borda som folk hadde kasta for lenge sia! Dei vilde vone det kom ein snart som fann opp det gode gamle jordgolve òg. Gløm endelig ikkje at der skal vera glugge i veggen!

Odin lo da han las det, og han visste at det same hadde faren gjort. Ikkje lenge etter var 162han uti gata og utafor vindauga til blade. Han hadde berre meint å gå seg ein tur. – Eg ser innom, gjer eg, smilte han.

Han råkte mannen sjøl. Det var ein tjukk og raudlett mann som ikkje var ulik Ola Håberg. Odin vart heit straks han såg han. Han fortalte kven han var, og sa det han tykte: at det var kleint å knive ned ein mann slik, når han ikkje hadde gjort dem noko, dei måtte da vita det var løgn det dei sa? – Far er kunstnar, sa han, De kan ikkje ha sett det han har gjort? Redaktøren la flathanda på hofta og såg småøygd på han: Vi vart for sein, skal eg seie Dykk! – For sein? – Ja, dei – – han viste med nakken over gata – – dei vart føre oss til å ta det inn. – Ja men –? – Berre spøk og moro, ikkje sant? Vi kan da ikkje vera einig med motparten, ikkje sant? Odin tagde litt og såg opp og ned over han. – Ja, men det er elendig lel! Redaktøren la handa på aksla hans, ein kvit og feit liten labb var det, og den måtte det vera som gjorde Odin rasande. –De er eit naut, vil De vita det! Det gjekk for seg mangt i andlete til bladmannen, rukker kom bort og nye tyta fram, og auga skifta farge i eitt vekk, syntes Odin sjå. – «Hva? hva?» småglefsa han, og så kom heile skreia ramlande: Ut, seier eg, ut med deg, ut! pekefingen dirra i lufta. Du er det mest – De er det mest – du trur ikkje eg har sett den elendige skiten hans far din, hva? hva? – ut!

163Ut? tenkte Odin. Dei orda har eg hørt før; han drog opp brunene og flirte. Den andre sette neven mot bringa på han og skuva på. Da slo Odin, ein rasande dask nokonstads, midt på den tjukke kjaken visst, og bladstyraren tumla attende og vart ståande stiv bortmed veggen. – Ja ha! sa Odin, og no gjekk han.

Han gjekk langt utetter vegen. Da han kom heim, fortalte han det som hadde hendt. Dei vart still båe to. – Ja ja ja, sa Otte endelig og såg på Andrea: Det blir verst for deg! Andrea prøvde å le så godt ho kunde: Det var vel han det vart verst for like vel! Odin kunde sjå for seg, der han sat, kor urimelig det tok seg ut for dem. Og dei, som hadde trudd han var både vaksen og vettug no. – Men eit slikt naut skulde ikkje leva! sa han stilt. Faren drog på smilen: Det vart mange naut å ta ned da. Dei får gå til hausten.

Dagen etter gjekk Odin opp og vilde snakke med mannen att, men han vart vist ut av ein annan ein. Noko meir å høre vart det ikkje, verken frå politiet eller i blade. Odin reiste utover til Håberg.

Det vart mykje fôr det åre, og eit jagande høyvêr, så det var full sjau med det stod på. Åsel var glad at Odin kom. Men auga hennar var etter han og spurte som dei alltid hadde gjort, og dem var han ingen hund på. Det var ikkje ulikt til at dei bad for seg. Først han stana og 164møtte dem, visste han at det var inni han denne uroa sat; det var der det spurte.

Lauris kom oppover somtid om kveldane. Han var ein velkommen gjest, enda ein kunde merke at Åsel sette han berre jamsides med ein vanlig arbeidskar, ein utor plassane. Det følgde liv med han, han kunde sitte og fortelle og seie trøysame ting lange øva, eller det var nok når han synte seg, for han var berre lystigheita heile kroppen. – Ser du ikkje det da, sa Astri til Odin, at det er deg han er? Ja, for han har stole heile deg snart, det er tjuvgods både når han tier og når han slær seg laus. Odin såg det, skymt og annan, og tykte det var moro, men i grunnen trudde han ikkje det var slik.

Ein kvelden stod Odin bortved brunnen og gav hestane vatn, og Lauris stod attmed og røykte for mya. Det var kvævande stilt og varmt, det vart regne visst. Astri og gjentungen kom ifrå sommarfjøse, trinsande med 3 svære mjølkespann imillom seg, og det eine skulde ha vore fullnok for dem. Odin pla gjernast kjøre mjølka heim for dem før han sæla av gampene. Da tek Lauris trillbåra bortunder bure og legg i veg i møte med dem, truar dem til å sleppe spanna og kjem kjørande heim med dem. I det han sett dem av framfor mjølkbudøra, ser Astri på han, ler litt og takkar for hjelpa.

Meir var det ikkje. Odin tok hestane og sette for slåmaskina, han skulde slå ei lita økt enda. 165Nei, det var ikkje meir. Likevel var det einkvart som sa han at vilde han ha Astri, så fekk han ta henne og fara. Måle kom utor bibelsoga, men tonen i det kom frå den stille tunge kvelden omkring, frå dei blå skyene som vov seg rundt himmelen, og frå ekrar og åkrar som dåma no i kvelddogga og venta regne:

«Stans ikke på hele sletten, og se dig ikke tilbage, med fly til bjergene!»

«Nei!» sa han og slo på hestane. Ho fekk i gudsnamn komma i hug kven ho var.

Sia såg han ting og annan som undra han, ein liten raudlett, ein blykt over auga, eit ovmodig kast med nakken når ho snudde seg og gjekk ifrå dem. Som i draumen såg han fjella stod med steingråe hovud over bygda, og sjøen som gjekk og båra utfor vågen. Så rolig skulde ein ta det.

Ein kvelden var dei nedtil Vågen, nokre ungdommar, og såg på huse til Lauris, det skulde snart dansast inn. Astri og Odin vart litt etter dei andre nedover. Ho vilde ha snakka med han, kunde han skjønne, men det var ikkje tida til det her, for det kunde ikkje bli ansles enn at dei kasta seg i armane på einannan og gret eller lo; det var urikkelig visst at det var ikkje tida enno til det. Strandblommane stod kvite og einslige og nikka i vestavinds-kjøla nedpå Sjøvollen, og strandfuglen sprang i fjæra og nikka og peip like einslig: Tju-hu-hu! – Der utetter er vikane, Odin, 166sa ho. – Ja. Men dei har skifta letten no, ikkje sant? Ho svara ikkje, ho såg berre vestover. Og så var dei nedmed dei andre.

Odin står og skal gå heim, – det var alt seinkvelden og mørkt –, da kjem Astri springande ut og beint borttil han, ho er forandra alt med seg. Tårane står henne i auga. Ho bit seg i leppa så det kvitnar, men munnen skjelv enda; ho tek armen hans: Kom og gå, Odin! Dei går oppover, og dei andre kjem etter. – Kan du ikkje komma da, Odin? – Kva som står på no da? – – Nei nei; lat dem komma. Men han har fornærma meg! Ho ser tråssig på han. – Kva for ein han? – Det veit du, Odin. Han Lauris.

Han såg kor ho raudna da ho nemnte namne. Dei andre kom ikkje lenger for det første, og dei to gir seg til og går føre oppgjenom vegen. – Seier du aldri det slag til det du da, Odin? – Eg seier du skulde ikkje tåle det. – Tåle det? Når det er det eg ikkje gjer, hører du! Odin smiler, oppetter eine andlets-helvta: Da er det ikkje farlig. Da døyr det bort tå seg sjøl. Ho vart harm så det rista i armen hennar: Tåler du ikkje eg snakkar med han da? For deg er det da verken ord hell eid i meir, du er snart som a farmor du. Og av vegen for nokon går eg ikkje, så mykje du veit det, for det trengs ikkje, eg er ikkje redd!

No ropa dei andre på dem, at dei skulde vente. Dei stana og bia. Dei stod andlet mot andlet og auga mot auga. Måle hennar var lågt og lognt no, men harmen hadde vorte til hån.

167«Du sei ikkj noko du da, Odin?»

«Ikkj i kveld nei. Du veit det vart synd ti a mormor om vi reist ifrå a?»

«Ja men – –»

«Vi får vent, Astri. Hm? Osså e det folksnakkje da.»

Ho gjorde store auga. Det bevra små rykk over andlete på henne – slik hadde han sett hestenasen bevra for ei hard hand i beitsle.

«Bry du dæ om ka folk sei da?»

«Å ja; liti grand. For a mormor si skyld, om ikkj anna.»

«Da e du ikkj den – – da e du ikkj tå vårt folk!»

«Nei nei; det kund komma vel med det ein gong.» Han sette hendene i lomma og smilte.

Men Astri ropa til dei andre, dei skulde skynde seg!

Astri gjekk og snakka med dei andre gjentene liksom ikkje noko hadde hendt. Lauris hadde teke omkring henne på ein uhøvelig måte, da ho stod uti kjøkene hans og skulde gå ut, dei kunde ha sett det både ein og to, og da ho vreid seg ifrå han, kyste han henne midt på munnen, utan ho kunde verje seg, og lo henne skamlaust opp i andlete etterpå. Og slik hadde han i grunnen vore imot henne heile tida, ho såg det tydelig no når ho tenkte etter. Ho hadde sagt sant til Odin, at ho hadde ikkje gått av vegen for han; ein likeglad ein kunde vera ein arti ein, somtid. Og kva hadde han Odin med å seie dette om Åsel? 168ho hadde vel sjøl plagdes nok med det! Ikkje skulde han komma og forby henne å snakke med folk heller! Var det så visst at ho vilde vente?

– – – Næste gong ho møtte Lauris, lest ho ikkje som ho kom i hug nokon ting. Han var stillvoren av seg, snakka ikkje til henne eingong. Det var så rart å sjå ein hardbarka kar som tok tukt.

Ikkje lenge etter kom det sild-tidnar innant fjorden, notbruka greidde inn og fór, og Odin vart med. Drengen klara det fint åleine på Håberg; og Odin måtte vekk. Han vart liten attmed å gå der lenger.

Da han hadde vore ute ei tid, såg det ansles ut. – Du syter for Håberg, meiner eg? lo ein av kammeratane. – Kan aldri tru det. Eg er vel ikkje nokon hønegjætar!

Det måtte vera anna til i verda enn «elsker du mig?» og slikt. Desutan gjorde dei fleire små steng og tente pengar, og eit liv var det å fara våg og vik og gygne etter silda, det eine lage som fiendar imot det andre, det var smågut-tida og Kjelvika opp igjen så det tok gjenom all eins kropp.

Astri vart underlig til motes da Odin reiste. Harm vart ho, men mest kjente ho seg åleine, åleine og veik som ho aldri hadde visst ein kunde bli. Men ho skulde vente, det visste ho. Lauris gjekk ho av vegen for. Ho kunde sitte inni stua og høre han var i kjøkene, ho kunde høre 169dei lo, eller ho meinte ho hørte det. Det liva opp i huse, kor som var. Ein totre gonger møttes dei ute. Da helsa han berre, og gjekk. – Kor toskut du kan vera, Odin, smilte ho.


II.

Så er det ein kvelden utpå seinhausten Astri kjem frå Skarsvågen. Mørkt var det, og ein utrivelig veg millom berghamrar og sandfall og snaue haugar. Sjøborden dundra vestpå, og vinden peip tynnt og klagande i dei lauvlause buskane; og mørkare og mørkare vart det. Da kjem det ein etter henne. Han harkar og spyttar ein to-tre gonger, rivande høgt og friskt i ødemarka, og no hører ho kor uvøre han trør i vegen, berre så småsteinen trillar for foten; ho blir glad.

Men det var han Lauris. Hjarte gjorde ein søkk i henne, ho måtte rette hardt på seg før ho fekk det i ro. Han banntes ein heil flaum, da han hørte kven det var. – Ja da spring du vel ifrå meg med ein gong, sa han. Men du kan tru meg på det, Astri, at eg kan vera folk eg òg. Her uti villmarka, og du blett mo åleine med meg – nei, eg er no eit menneske lel, på mitt vis!

Ho lo høgt og ovmodig: Han gjorde ikkje å tru ho var redd! – Men visste du kven eg er for ein, så vart du det, sa han stilt. Det isa i henne ved dei orda. Måle var grovt av sjølve sanninga. Han voks fram i kvelden og marka 170til ein stor og kald ein, ein hedning og ein andsvarslaus ein, som hadde hende her. Men redd var ho ikkje.

Da tok han til å snakke. Det kom lågt og rustut, det var visst lenge sia han snakka noko større. Ho skulde vita han var eit naut. Vart ikkje folk heller, anna enn utanpå. Kunde ikkje så pass som angre seg når han hadde stelt seg på det verste. – Alle dei veikjene eg har vettskræmt og vore uliklig imot! Eller har gjort ulukkelig! Som no ei her, du veit kven eg meiner. Du kan gjerne vita det, du som veit det så halvvore likevel, elles seier eg ikkje orde, eg har aldri funne eit menneske å snakke med; eg har vorte slug litt etter kvart. Men det er synd i henne. Eg har sagt henne at meg skal ho aldri lite på, – det er ikkje nokon som kan legge grima på meg, det er det som er ulukka mi. Ho trur på meg lel. Gong for gong. Og ho er ikkje den einaste – – eg er eit naut!

Han snakka heile vegen. Somtid tok vinden orda hans og kasta dem ut i vêre, somtid kasta han dem beint på henne. Dei kom til bekken, og han flømte over den vesle brua, det var som Astri hadde reddast for. Lauris tok henne utan å seie eit ord, løfta henne opp og bar henne over, stod litegrand og såg etter ei trygg tuve, og sette henne stilt ned. Så! Han var i gonga alt, og Astri med. Ho vart forfæld kor mjo ho var i knea. Og så redd han som no dei kom framover vollane, hadde 171ho aldri vore. Da må eg ha vore redd han heile tida, tenkte ho.

Lauris stana framved smia, han vilde ta beinvegen vestom Håberghusa. – Trur ikkje det er verdt dei ser at du kjem i lag med meg, seier han. Ho vilde seie at det gav ho seg sytten om, men da legg han handa på aksla hennar: Du skal sjå nedover til meg ein gong til. Så eg får vise deg at eg kan vera folk imot deg. Du gjer det, ikkje sant? – Det skal eg, sa ho. – Lat meg sjå det. Du gjer vel du som eg, når eg lovar noko: eg held det ikkje.

Han sa godnatt og gjekk med det same. – Nei, held det gjer eg ikkje, tenkte ho. For det er eg ikkje nøydd til.

Dagen etter trudde ho knapt det var sant det som hadde hendt. Ein snev av skam fór over henne gong for gang; det gjorde henne stri og harm så ho kunde trampe i golve. Straks etter kom redsla, som flaks av svartvengd fugl i kveldinga: Kven var det som sendte han ut i gårkveld, – som styrde med all ting? I gårkveld hadde ho ikkje lese kveldbønna eingong, kom seg ikkje til det, ho syntes einkvan vilde høre det og snu seg os sjå på henne. Ja ja, men no gav ho seg ikkje meir om det. Gjekk til han gjorde ho ikkje, ikkje utan dei andre kom og drog henne med. Men eit par gonger tok ho seg att i, at ho såg seg sjøl på vegen nedetter, ho skulde ned og spytte på han. Og same kvelden bad Åsel henne 172gå ned til Vågen eit erend for seg, det var eit bykvinnfolk som hadde litt handel der. Astri vart kald oppi hovude, men elles stod ho rolig. – Eg må åt fjøse først, sa ho. Ho vilde spøre kjøkentausa om ikkje ho vart med, men ho fekk ikkje opp måle; for tausauga vilde ho ikkje ha på seg, ho torde vel gå åleine?

Det regnte og bles, så ho måtte klæ seg i fullt regnhyre, ho hadde rådd seg av eit særskilt slag da ho var i Trondheim. Ho gjekk på bua først. Ho hadde venta det var fullt av folk der, men der var tomt. Ho måtte stive seg hardt opp, så tomt og kaldt var der.

Det brann lys i stua hoss Lauris. Astri stana ikkje og tenkte seg om, ho gjekk beinast inn, og no var ho rolig all igjenom. – Så er da det gjort, sa ho.

Lauris sat med nokon regnskap og gav seg god tid før han snudde seg i stolen. Det såg ut til han visste kven som kom, men hadde illt om tida. Auga hans festa seg på henne ei stund, ho visste ikkje enten det var stutt eller lenge; dei var som auga i barn. – Kom eg ikkje, kanskje? lo ho. Han sat like rolig. – Var det nokon som såg du gjekk inn her? – Korles da? Det såg eg ikkje etter om! – Du skulde ha sett deg for, lel.

Lampa lyste gult på andlete hans og gjorde det enda bleikare. Han såg ned i golve. Så tok han seg saman og skjenkte eit glas vin. – Ikkje 173vera redd no da, så er du snild, bad han. Berre det glase her! Da måtte ho drikke. Etterpå gav ho seg til å sjå i albumme hans. Det var fullt av gjenteandlet, men alle saman var frammande for henne, frå byen og frå Nordland eller kor det no var. Vakre var dei alle. Han tok det ifrå henne og slengte det bort i sofaen. Da først såg ho stua inne, kor fint der var, det likna ikkje stua til nokon annan. I det same såg ho og, at han hadde fått eit raudt strek på kvar sida av panna, heilt oppunder det svarte småkrulla håre. – – Enda er eg ikkje redd han, tenkte ho. Auga hans kjente ho i ryggen eller nakken på seg. – og no legg han handa på aksla mi, fór det gjenom henne, – eg skal alltid komma meg ut.

Han gjorde ikkje det. Han stod murande still midt på golve, såg ein gong på henne og ein gong vekk, med ho gjekk tett om han og til døra. – Godnatt da, og takk for meg! sa ho. – Godnatt ja! han råmte med seg liksom han hadde dorma, og kom stilt etter henne ut på trammen.

Det var svarte natta ute, berre regne som fauk med vinden gjenom mørkre, og ein to-tre gule lys frå stuene i nærheita. Haugen kunde dei kjenne som noko stort og lodde midt imot seg. Sjøen baska vilt nedmed stranda; ein skilde ei kvit rand som steig og fall mot det svarte; ein strid i mørkre.

«Tør du gå heim ålein?» spurte han, tett bakom henne.

174«Ja da.»

Ho kjente armane hans i det same, dei tok rundt i kring henne og løfta henne opp. – Vera snild! sukka ho. Da seier han, det hørtes botnlaust tungsint i vindsøyen og sjøbrake: Enn visst eg tok og bar deg inn no, meiner du? – Nei. Vera snild, Lauris! – Kan vel det og, eg, sa han, og no stod ho breiddmed han og kunde gå visst ho vilde.

«Du kund no bli med mæ eit lite stykkj – – forbi hetninghaugan?»

Ho hadde ikkje komme i hug desse gamle gravhaugane før no med det same ho sa det. Han tok armen hennar og så gjekk dei.

Da dei nådde Håberg-jordene, stana han og vilde snu. – Veit du kva du tenkte på no? spurte han brått. Ikkje på noko. – På det at du har vore gift. – Nei! – Jau! Du kom i hug at at du hadde vore gift ja, at du mest ikkje hadde vore gift.

Det gav ein rykk i henne: Korles veit du det? – Tenk etter om eg ikkje seier sant. Ho gjorde det, til ho ikkje visste kva ho skulde tru. Han heldt ved: Like sant, ban, som at du har – ja, lat meg sjå – som at du har hekte i underlive ditt, eller snørelive eller kva de kallar det.

–Det har eg ikkje! Eg har trykkknappar. – Hekte, seier eg. – Tøv! – Du kan da vel tilstå det?

Fingrane hennar dirra, og all hennar kropp: ho reiv opp ytterlive på sida, og han kjente etter. 175– Hekte ja, sukka han. Ho vart litt svimren, ho trong all si makt før ho vann seg til. – Det er sant, eg bytta her i dag, men du har berre gissa på, du har det, hører du! – Ja, herre gud?

Ho sa godnatt og skyndte seg ifrå han. Ho måtte bite imot så ho ikkje gret. – At eg ikkje sprang! hiksta ho. At eg ikkje sprang!

Åsel såg straks ho kom inn, at einkvart hadde hendt henne. – Du vart lenge? sa ho. – Ja eg heftast litegrand. – At du sette av åleine da, svarte kvelden? – Pytt san! Men auga til farmora hissa opp henne. Ho møtte dem trassig og ærlig som ho var vant til: Eg var innom hoss ‘n Lauris. Skulde sjå nystua hans. Så vart han med meg på vegen eit stykke. Nei da, han gjorde meg ikkje det slag! lo ho. Åsel såg og såg på henne. – Du ser no mest ut som det ikkje var fritt? – Eg angrar berre på at eg gjekk dit likevel, det skulde ha vore ugjort. For han, han trur han spara meg han!

– Men at han gjorde det, like vel? sa ho med seg sjøl, og det sa ho mange gonger før ho sovna.

– – – Veka etter kom Odin heim. Han såg tålig snart at Astri var ikkje den ho hadde vore. Ho prøvde å sjå på han som før, men da slo han auga ned, for hennar skyld. Han lest heller ikkje som han såg at ho hadde skifta ringen over på venstre handa.

Ein kvelden var ho og tausa vekk og kom 176ikkje heim før seint på natta. Morgonen etter spurte han henne, dei møttes i gangen: Kor du var i gaarkveld? Ho svara ikkje. Auga stod mest hatige imot han, dei hadde aldri vore vakrare nokon gong når ho såg på han. – Men er du besett da, Astri? He? Ja ja, eg kan ikkje seie noko, men. – Nei du nei! Du, som ikkje tør seie eit ord! For resten da så – har det ikkje hendt nokon ting, vil du vita det. Ikkje enno nei! og dermed gjekk ho framom han og inn.

«Tør?» smilte han.

Laurdagsnatta etter dansa dei opp nystua til Lauris. Odin vilde ikkje vera kleinare karen enn at han dansa med. Men Astri, såg han, vart forandra først Lauris kom og snakka til henne. – Det må no vel gå over? sa Odin ein gong han dansa med henne. Ho forstod han, og vart ansles i hamletten; han trudde ho var nær inn på gråten.

Og det var ho. For no var det for seint. Lauris hadde ikkje sagt noko enno, han hadde vore underlig så still av seg siste kvelden dei var ute og gjekk, men det var for seint, for seint likevel, same kva Odin sa no. Ho skimta andlete til Kristine, kvar gong ho svinga rundt. Det var så vakkert, kvitt og fint under silkegult hår, med ei djup smiledokk ved munnvika, og i dansen sveiv ho lettare og mjukare enn nokon av dei andre. Og auga hennar dei var reine gifta å møtast med, Astri vart bein i nakken under dem så det gjorde vondt. – Skam ja, det var så ein kunde døy, men det gjorde godt.

177Lauris skjenkte ikkje stort, og ingen kom seg til å minne han om det. Han var heller ikkje så lausreipa lystig som han hadde vore.

Utpå natta, midt i dansen, stanar han og tek Astri med seg bort i ei krå, med dei andre fór framom i villaste valsen. Dei var to-eina som den kvelden ho kom til han.

«Veit du det at du er mi no?» sa han.

Ho trudde mest han ropte det, men ingen annan ansa det. Ho såg harm på han, men vart bleikare og bleikare.

«Du veit det, når du vil vetta det, Astri.»

«Ja, æ veit det.»

«Men veit du kem æ e for ein da?» «Æ trur æ veit det ò ja.»

«Trur du det kan bli folk tå mæ da?»

Ho tok over handa hans, og vart blod raud. Ho retta seg stolt opp:

«Utan det – – va æ ikkj her i kveld.»

Ho gjekk ifrå han. – Eg vil heim no, du skal la meg i fred! Ho måtte ta i alt ho var godtil, skulde ho klare å gå bein. Odin såg ho bortmed andre veggen, ein høg bleik ein som ho ikkje hadde noko med, – som ho ikkje trong noko hjelp av; han hadde visst sett det som hendte. – Ja, eg er seld no, mumla ho imot han gjenom danseduren. Ho stal seg ut og heim.


III.

178Andlete til Odin, slik han stod bortmed veggen da ho gjekk, såg ho ofte for seg sia om dagane, helst når han var borte. Og borte var han no, mykje godt. Gurianna i Kjelvika låg for døden, og han var der til det var slutt og gravøle overstått, han kom berre til Håberg nokre erend. Lauris var òg i Kjelvika og såg til Gurianna, for han var av folke til Bendek. Odin og han følgdes åt og snakkast ved som dei hadde gjort.

Åsel vart òg bedt til gravøle, men ho årsaka seg med at ho var ikkje så lik. Det kitla i Astri, når ho merka farmora såg etter henne: Tru kor mykje ho veit? Tru kva ho seier til slutt? Kvifor kan ho ikkje spøre meg? Ho nynna og smått song der ho gjekk.

I jula vart det auksjon i Kjelvika.

Det kom utrulig med folk, for det var slikt fint gangarføre og godt vêr, berrfroste og blanke stilla. Odin smilte da han såg kor dei heldt seg fram og vilde sjå kva som var etter han Bendek. Der var meir enn dei hadde trudd, men ikkje noko slikt som dei hadde venta, ikkje ein ting som dei kjente att annanstads ifrå og hadde glede av. – Nei, sa Odin med seg sjøl: tjuvgods er her lite av; det vart hans Bendek alt i hop, etter som tida gjekk. Han hadde sin måte å vera ærlig på, dei andre har funne opp sin.

179Midt imillom dei andre såg han Astri og Lauris. Dei heldt seg eit godt stykke ifrå einannan, til eit tegn på at dei hørte i hop eller tenkte på det. Om kvelden da auksjonen var over, passa han på og vart i lag med dem i heimvegen, han ropte enda til seg nokre andre ungdommar, og sistpå vart dei ein heil skokk.

Da dei kom til Håberg, lest Astri som ho ikkje ansa det, og vart med Lauris på vegen nedetter. Dei andre kom sigande med. Da dei endelig stod på stubrua og skulde gå inn, ho og Odin, snudde ho seg til han og lo: Herre Gud rett for ei farmor du er! Kjem du deg ikkje ifrå Håberg snart, blir det berre henne heile guten – eg er glad, er eg, at det har gått så gale som det har!

Ho hadde ikkje tenkt å seie meir; men Odin stod der og tagde, og slik tagde huse og heile gåren, – slik tagde vinden her på Håberg om han bles aldri så stridt –, ho tålte det ikkje! – Eg skylder deg ikkje nokon regnskap, Odin, så mykje du veit det, eg skylder ikkje nokon regnskap! Ho hørte måle sitt skalv, og gjorde seg lognare. – Trur du ikkje eg skjønna deg her i kveld: at du vilde ikkje folk skulde sjå at han og eg gjekk tosaman heim? For resten har eg tenkt å snakke til deg fleire gonger og fortele deg alt i hop, du skulde tåle det, du skulde ikkje vera mindre til kar. Men så gjekk du der og tykte at eg hadde gjort deg urett, og det hadde eg ikkje! I grunnen er eg like glad. For det som har hendt, det er så urimelig, 180eg er så langt langt ifrå dykk andre, det er han og eg. Eg kjente det da eg gifta meg med Arne, at eg skilte lag med folke mitt.

Ho stod og studde seg med ryggen til dørkarmen og såg ut over haugane, dei synte seg nakne og svarte imot blåbleike himmelen. Han stod med hendene i lomma og såg på henne. Andlete hennar tedde seg tydelig i halvmørkre, eit einslig og stolt andlet, og no fór der som ein varme av lukka over det:

«Lagna’n min vil æ ta i mi eiga hand, det e så mykje dokk veit det, all i hop!»

Lagnaen, det tykte han var eit stort ord, eit ubrukbart ord. Men det var ikkje til å smile åt heller, denne gongen. Om han hadde vore i stand til å smile. – Ser du ikkje det da, sa han, at det er lagnaen som har teke deg? Ser du ikkje det da, Astri?

Men ho fór alt oppgjenom troppa. Da vart han underlig til motes. Kvart stege hennar beit i han som ei tong. Dette måtte vera ulukka. Og her kunde han stå og nyte henne, både hennar og si ulukke, kjente kor ubergelig vondt det gjorde i dem båe to, så det aldri kunde gro til meir – – han kunde laga ein song om det. Orda og takten var der så livaktig, slik var det å vera diktar! Ein elendig og skamlaus ting. – Det er, hunden flette meg, di skyld alt i hop! kaldflirte han til seg sjøl.

Dagen etter visste han at det var berre halvveges sant. Astri såg han levde langt borte, og 181slik vart ho gåande. Det var bitande sant det ho sa, at ho var glad det hadde gått så gale som det hadde.

Åsel såg frå den eine til den andre. Ein kvelden gav han seg likså gjerne over og stana attmed henne, ho sat åleine inni stua og venta på han. – Veit du korles det er med a Astri? spurte ho. – Eg trur da det. – Det er han Lauris da? – Ja. – Nei nei nei. Er det slik lel da. Har du snakka med henne? – Å ja. Lite grand. – Du kunde ikkje ha forhindra det da, Odin? – Veit ikkje eg. Det skulde visst ikkje forhindrast. – Eg forstår ikkje nokon ting meir! Du har da snakka så mykje med henne du? – Ja berre det ikkje er det som er i vegen. Med han snakkar ho knapt slik. Ho vil rå seg sjøl, seier ho. Ho vil laus ifrå slekta og alt i hop. Det må vera sjølve mor Slekta som driv henne til det – eg undrast ikkje på det!

Han står ei stund og lid vondt som ein hund, blistrar litt på ei vise og undres om han ikkje kan gå no. Men han kan ikkje det heller. Lampa brann oljetør og slokna, men det lyste nok ifrå omnsdøra.

Åsel sukkar. Ho sitt still lenge. Hendene ligg som dei er valne i fange, dei lyser kvite og maktlause i mørkre. Så endelig tek ho til og rører på dem. Ute grasserer snøfokke kringom veggene, det kysjtar og kvæser frammed rutene, illsint men ikkje tungsint. – Hm! hm! sukkar Åsel. Ja, det er visst slik, Gud hjelpe oss så sant! Ho let att 182auga: Ja, eg ser det no. Eg ser det no: Så tvert imot det eg har vore! Stups uti det ja, på liv og død, eg kunde mest tru det var meg sjøl like vel. Hm! hm! Men det er noko friskt i det, Odin? Like vel? – Ja ha, smiler han, det er slik ein må legge i veg ja, når tida er der. Eg, eg var for lite farlig for henne. Fanns verken ulukke hell lukke der san.

Odin hørte ein liten knepp i ytterdøra. Åsel hadde òg hørt det. Det var einkvan som stal seg ut. Ingen av dem sa noko, men dei visste det var Astri.

Og Astri visste dei hadde hørt henne.

Snøfokke blinda henne med det same ho kom ut. Det tok rundt i kring henne og snørde henne inn, ein kvervlande dans av vill og galen snø, syntes ho, men det var ei venlig makt likevel, som var med henne og bar henne i veg. Ho vilde til han i kveld. Det bars for henne at det hendte einkvart om ho ikkje fekk snakka med han, og dertil var ho meir åleine enn ho stod ut med, heime. Sitte inne og høre på denne håse stormsøyen, det var ikkje menneske skapt som kunde halde ut med det – kva var det det song om? Men han, han hørte det ikkje eingong, og ikkje ho heller visst ho var i nærheita med han.

Men hoss Lauris var det sløkt og stengt. Astri stod der lenge. Ho var bortunder eit av vindauga hoss dei andre og såg kva klokka var; ho var straks 10. Ho lya attmed veggen hans att. Inne var han ikkje. Da hørte ho sjøen, himmelshøgt over snøskyene som kvervla i kring henne, han 183løfta måle kaldt og rolig og tala. Så beiskelig åleine kunde ein bli, no visste ho det. Ho stod her og var det alt. For Lauris han kom ikkje i kveld nei. – Og kjem han aldri meir, da går eg på sjøen, sa ho; ho snudde seg og gjekk oppover att. Vil ikkje han ha meg, kan sjøen få meg. Men til byen skulde han da ikkje?

Heim gjekk ho ikkje, ho heldt vegen fram, stridde og sleit seg imot austavindsstormen, til andlete brann som det hadde vore i elden. Inni marka linna det litt i vêre. Her vilde ho vera i heile natt.

Da hørte ho dem: Lauris og Kristine. Ho stod tvert still. No såg ho dem og, dei kom fram utor snødreve, med armane kring einannan. Dei kom frå Vennestad og skulde til Vågen.

Ho vilde ha snudd og komme seg unna, ho kunde gråte av skam over at ho stod her, men einkvart tok i henne og blåheldt henne. Ho såg seg sjøl, at ho hadde snudd og rømte for dem, ein liten kvitgrå fattigkjerring-skapna som tusla i veg og vart borte i snøen og mørkre framfor dem. Aldri!

Ho slo det store sjale kring hovude og gjekk framom dem. Dei snudde seg ikkje og såg til sides eingong, ho var ikkje anna lel enn ei tørklækjerring bortant stuene. Ho gjekk langt austgjenom marka, det var så vidt ho fann vegen attende. Ho var på veg ned til Vågen att, men vart ståande og tenke seg om, og snudde så og gjekk inn.

Kvelden etter var det opphalds vêr. Ein og 184annan snøkvervelen slo til vêrs frammed skogbande og tok seg ein dans i måneskine, men vollar og haugar låg berrfykne og brungrå. Så ødslig eit syn hadde ikkje Astri sett før. Det kom for henne at slik kunde òg ulukka sjå ut; enda fekk ein lide henne; den som skulde.

Ho gjekk openlyst fram til stua hans og inn, sjå det kven som vilde.

Han låg borti benken og sov. Da ho kom fram på golve, vakna han og såg på henne, blå vaken, men sa ikkje noko. – Kor du var i gårkveld? spurte ho. Han såg lognt på henne, blunka eit par gonger. – Ja, sa han. Eg var det du. Du veit det, ser eg.

Ho stod og tagde. Ein skugge av grått mørkna hamletten hennar.

Lauris strekte på seg, løfta handa i vêre og dunka hardt i veggen: Mot deg skal eg vera ærlig. Mot eitt menneske er ein det. Det bar til henne med meg ja. Bar ikkje ansles til; same kva eg tenkte. Du veit: like born leikar best; det må vera det.

«At slikt kann gå for sæ?» kom det frå Astri, ho var på veg opp med handa og vilde ta seg for bringa.

«Det går for sæ mangt i live, san, det veit ikkje du stort om.» Han låg ei stund og såg i take; så sa han: Det er den store synda, at du skulde komma til å vita om det. Det skulde eg ha spara deg for. Det var ein annan ting eg vilde spara deg 185for, ser du. Det eg ikkje kunde be deg om, du forstår meg? Så gjekk eg til henne.

«Det gjord du rett ti. Men du må spara mæ for det da, at æ møti dæ oftar!»

«Ja ja, når du sei det så. Som du vil med det.»

Det fór som kvite uvêre over alt hennar andlet:

«Vil? Du ska ta a Kristine, du ska ikkj gjera nar tå ho ò!»

«Ho Kristine og æ ja. Det e ting, det, som ikkj du forstår dæ på.»

«Ja men, ho ska ikkj oppleva det her! – – Men at slikt kann gå for sæ da!»

Lauris mumla med seg sjøl, at henge opp seg, det var det han skulde ha gjort. – For eg gjer aldri anna enn det som er ulukka for folk. Så smiler han fram for seg, han er uransakelig i dei smale gulbrune auga: Gifte meg ja. Eg er så redd kvinnfolkmakta –eg er for veik! Det er berre ein ting som kunde ha lokka meg borti giftarmåle. Så redd det er eg. Og den tingen er du.

Astri stod enno ein minutt eller to; ho såg for det meste i golve. Så snudde ho og gjekk, utan eit ord.

Same brunberre ødemarka framfor henne, og same kvite snøskyene som reiste seg bortunder skoggaren og dansa; ein skulde mest ha hørt dei lo. Og månen skjein langt til havs, og langt innpå snaufjelle.

Dagen etter var Astri liggande. Åsel såg opp 186til henne eit par vendingar. Siste gongen hadde ho litt mat med, einkvart godt ho hadde tenkt ut, og så tynnt bad ho at Astri trua i seg ein bit. – Skal eg verkelig tru at Vårherre har bønhørt meg? sa ho til Odin da ho kom ned. – At det er slutt no alt? – Knapt nok, trudde han.

I kveldinga, da Odin hadde gjort ifrå seg ute, tok han seg mot for og gjekk opp. Han sette seg på senggavlen hoss henne. – Det er kleint med deg no, meiner eg? Han snakka lyst og kvardagslig, men venta ikkje anna enn at ho skulde jaga han ned. –Du skulde stå opp like vel, Astri! Du er ikkje den at du legg deg for slik; så heile huse veit det. Kjenner du ikkje kor ulovlig det er?

Astri låg og tagde som ho hadde gjort. Best det er kastar ho seg om imot veggen og storgret. Odin reiste seg og vilde gå, da han hadde sitte og venta ei stund. – Han kjem no att åt deg lel da, sa han, for noko måtte seiast. Ho hiksta så det kunde bryte henne sund:

«Det verst tå alt – – æ kund ta ‘n enda! – Finns ikkj stoltheit – – finns ikkj skamm ti mæ meir. Æ kund ta ‘n lel, for ingen har såra mæ, og tynt mæ, slik som han.»

Odin sette seg att. Når ho kunde seie dette til han, da måtte det vera kleint til gagns med henne. Og kven var han sjøl for ein, som sat her og tok imot det? Men når han tenkte på kva som gjekk for seg her i huse no, vart det lite det som hendte han.

187Dagen etter var ho oppe, og om sundagen, da Åsel skulde til kirka, kom ho og vart med henne. Det såg ut til ho var over det verste, og Åsel vart still og ålvorsam av takk.

Etter preka kom Astri framom Kristine. Ho såg Kristine drog seg unna henne, med eit lite fattig kjerringhat under brunene. Astri gjekk beint på henne, midt i vegen for auga hennar. – Du! sa ho, det er einkvart eg vil seie deg. Kristine stirde halvskræmt på henne. – Det er berre det, at meg skal du ikkje vera redd, for eg står deg ikkje i vegen.

Kristine slo auga ned. Angst og skam flaug henne over åsyna. Astri bia litt, før ho sa farvel og gjekk.


IV.

Men Astri var sjuk. Odin hadde tenkt å reise, men han var uviss om det var rett. Det var noko som sa han, at han vart ikkje mindre for det om han gjekk her og kjente seg liten. Det sa han òg, at dette måtte han sjå og vita, til botns og ende, det var som ei næring i denne pina.

Da fann han på at dei skulde halde fest i ungdomslage, ein for heile åre, som han sa, for i jula hadde det ikkje vorte noko av, og enno hadde ikkje folk reist til være. Det fór ein mann oppi bygdene og tala for ungdommen og ordna med samskipna i ungdomsarbeide. Så kunde dei 188slå seg saman med eit par av dei nærmaste ungdomslaga og få han hit, ta møte og fest under eitt. Formannen og dei andre murra litt i førstninga, dei visste ikkje å få hus til så storfenglig eit stell som det vart. Hus skulde Odin skaffe, meinte han; det var hus nok på Håberg. – Han kunde like snart spøre om bedehuse, lêt dei. – Sei ikkje det, gut, sa han i fullt ålvor. Seier dei nei andre stader, så gjer ikkje ho mormor det.

Åsel vart sittande og sjå på han både undren og vantruen. – Skal verkelig ungdommen komma til meg da? Ja ja, Odin: når du er godtil å bale med slikt no, så veit du – – – Skal dei dansa òg da? – Nei, det får klare seg med litt leik den her gongen. – Det er eg mest glad for; eg trur ikkje eg tålte å sjå på dei dansa, eg er ikkje til noko i hovude meir.

Etter mykje strev fekk dei det i gang. Det var fest frå tidlig på dagen og natta til endes, med taler og song og leik, og litt mat inn-imillom, Håbergstua var fyllt frå ende til ende. Dagane førut hadde det vore stormen og snøfokke og hardt vêr, men den morgonen var det fint både på sjø og land. – Det er rart å sjå kor ungdommen kviknar til når dei er mange i lag, sa Åsel; det er reint årti å sjå dem. I mi tid – – ja, dei var gjerne slik da òg. Kan hende vi var urlite sterkare til å vera åleine, eg minns ikkje til det.

Astri var med i oppvartninga. Ho svara når dei snakka til henne, og stort meir hadde ho aldri 189gjort. Men Odin hørte nokre av ungdommen visste korles det stod til. Dei såg ofte etter henne.

Han stod utpå gåren og snakka med eit par kjenningar frå grannebygda. Inne gjekk det kaffe og mat. Da ser han Lauris kjem oppover med børsa på aksla og svingar til skogs vestom Håberghusa. Han blir ståande og sjå på han eit lite tak. – Ja men, det nyttar ikkje det! seier han best han står, og så legg han i veg nordom uthusa og møter han nedmed smia.

Lauris sette børseskjefte mot jorda og stødde seg med bryste mot pipa. Han blunka til Odin: ho er ladd ja. – Men du skyt deg ikkje, sa Odin. – Nei, det er for tidlig. Eg skal no ha denne arven min frå Kjelvika først, – det fell på meg heile slumpen, ser du, for søskena mine er det ingen att tå. – Men ho Astri er dårlig no om dagen, du veit vel det? – Enn om natta da?

Odin gjekk bortåt han, så han kunde sjå ned i auga på han. Han vart kvit og raudflekkut over andlete fort vekk,

«Gjer du nar tå a, da kjem æ te å gjera oss oløkkeli, både dæ og mæ!»

Lauris kvakk ikkje. Han fekk berre eit anna drag om munnvikene. Odin heldt ved:

«Æ veit du e ei sål te kar. Men noko godt e det da vel ti dæ ò?»

Lauris småflirte:

«Du Odin, du Odin! Men be du mæ verkeli om å tak a da?»

190«Ja, obetinget!»

«Obetinget,» mumla Lauris. «Men da ska du pinade vâr dæ for at æ gjer dæ eit pek: at æ tek a lel? He?»

«Den her gongjen snakke vi allvår, Lauris. Du ska vis dæ som du e!»

«Det e da det æ gjer, æ. Som ein skarv og som ein seglar på livets hav.»

«Nei, Lauris. Æ held dæ likar enn slik. Æ lit på dæ,» – han snudde seg og gjekk ifrå han.

Lauris såg etter han. Han rista urlite grande på hovude, smilte så vidt. Ja du Odin! Vemodig, at det skal finnast så stor ein tosk. Men skje din vilje; for det er min.

Han gjorde seg ein sving i skogen, men fann ikkje rypa, og dermed la han børsa på aksla og gjekk beinast til Håberg og inn, lysan dagen og midt i folkauga. Han spurte i fjøllden om Astri var å få snakke med. Ho kom utan å seie eit ord. Ho er skinande kvitbleik da ho står ute. Dei andre såg etter dem og var rar til motes.

Dei gjekk vegen nedetter til Håberg. Sola skjein ikkje, men snøen lyste så det skar i auga. Lufta var lett og linn under dei kvite skyene, og nya skogar og nye fjell møtte ein når ein såg seg i kring, haugane og strendene og heile lande var nyskapt etter stormen og siste snøen. Det 191var slik vidd i dagen, ein kunde kjenne på seg bygdene langt unna, at dei og var lyse i andlete.

«Ja ja, Astri, no går vi her,» sa Lauris. – Du bad meg ta a Kristine, men det gjer eg ikkje. Eg er den eg er, men den synda skal eg ikkje gjera lel. Kan ikkje, hører du, eg har da prøvd det. Ho prøver berre å likne deg, ho, i alt og eitt – du skal ikkje fordømme meg til den straffa, Astri. For da blir det ålvorlig synd i henne.

Ho går og hører det ikkje. Gong og annan ser ho seg i kring, kan ikkje få til at ho er her. Han tek handa hennar, og ho let han ta henne. – Rart òg, seier han, at du Astri skulde komma borti det her. At du og skulde bli ei tå dem eg har gjort ulukkelig. Folk held alt på og synes synd i deg.

Da bråstansa ho. – Synd i meg? Å fysj! – Ja, eg seier det same eg. Nei, det blir ikkje anna råd enn at eg rømmer lande, – blir ikkje det likast, tru?

«Du reisi ikkj ifrå mæ no?» Ho tyngde i handa hans, ho var visst nær på å sige i hop.

Jau, han skulde ha reist ifrå henne, trudde han. For i lag med han vart det berre vondt for henne.

«Æ veit det, Lauris. Æ e ikkj redd!» Torde ho leva her da i lag med han?

«Ja! Æ tør det.»

Han ser utover sjøen, som ligg still og blakk med andlete imot skykvelven. Han ler:

192«Ska æ verkeli segel skuta mi på skjære no da!»

«Ja, no bli du aldri fri mæ meir!»

«Nei, gu be’re oss så sant!»

«Du e da vakker!» ler ho, best ho står og ser på han. – Hadde ho ikkje vorte vâr det før? – Nei! det hadde ho ikkje sett! Det var ikkje derfor han var slik ein vålig ein, det var ikkje derfor.

Ho klemmer handa hans alt ho er god for. Lukka isar gjenom henne:

«Det var berre det at du – – skuld vera gla ti mæ. Ansles gla ti mæ enn ti di ander veikjan!»

Dei gjekk nedover og inn. Men straks ho kom inn, fall det på henne ei tyngd av uro, ho visste ikkje kor ho skulde gjera av seg. Derfor vart ho glad, da han sa at han var svolten. Ho gav seg til å koke kaffe, og han kom og hjelpte henne med å bera fram mat; han hadde ikkje så lite. Snakka gjorde dei mest ikkje. – Her blir da mat til to? sa han. – Ja, eg trur eg vil prøve, sa ho. Dei såg opp og lo til kvarandre eit par gonger med dei sat med borde: det her gjekk da høgtidsamt for seg! – Fot under eige bord, sa han.

Etterpå, da han stod og tendte pipa, sa han: Du skulde vel heim til festen du? Ho rista på hovude. Da tyta det fram ein vev med urfine rukker under auga og over brunene hans: Tør 193du ikkje ta meg med dit da? Det såg ut som ho vakna med det same og at det som var, stakk henne for bringa; men ho retta seg opp og smilte: han fekk ta på seg kisteklæane sine da!

Ingen la større merke til dem da dei kom til gars.

Da festen heldt på og rakna opp utpå natta, vart Astri vâr at Kristine stod burtmed døra i kjøkene og såg på henne. Ho var bleik og fåi å sjå til, det var ikkje stort om henne. Astri forstod henne, og kom og vart med henne ut. Kristine tok armen hennar og leidde henne med seg. Astri syntes det skjein av auga hennar, og skjein gjorde det all himmelen over og jorda rundt. – Eg må fortele deg det, sa Kristine. Eg må fortele deg korles det er. Eg bed ikkje om å få att ‘n Lauris, men han og eg – ja vi har vore som gift folk i lang tid, og så tenkte eg at du skulde vita – –

«Ti still med skamma di!» sa Astri og slepte henne.

Kristine tok til gråten. – Ja, Astri, eg ser det no, eg skulde heller tie eg visste ikkje kva eg skulde gjera du er så langt ansles enn eg, du! Men eg visste ikkje korles det var med meg – –

«Nei, nei!» bad Astri for seg. – Nei, det er heller ikkje noko, eg veit det no. Men du skulde vita det, tykte eg.

«Æ veit det før.»

194Kristine stod ei stund; så kom det mest som ein hånflir: Ja, var det berre eg enda! Men han har ei i byen og, han skal ha ein liten ein med henne. – Veit det før! sa Astri, ho var så likeglad at ho vart forundra sjøl. Ho sa godnatt og gjekk inn, og Kristine seig i veg heimover. – Svik og løgn! sa Astri med seg sjøl.

Det var i ei farveltaking både ute og inne no. Åsel hadde alt gått og lagt seg. – Det var rettelig eit bryllopp det her! sukka ho. Urlite tam av seg er dei, no for tida, men. Det er ingen konst å vera foreldre til slike born.

Lauris hjelpte Odin og eit par andre med å rydde ut og flytte til i stua. Astri var ikkje meint på å seie anna enn godnatt til han, men ho vart meir og meir urolig, og da han skulde gå, vart ho med han på vegen att. – Du snakka med Kristine? sa han. – Nei. Det var ho som snakka med meg. Så langt ned kan ein komma. – For mi skyld da; eg veit om det. – Ja, eg veit alt om deg, men det gir eg meg sytten om, eg trudde ho snakka ikkje sant, ho fortalte om både seg sjøl og ei i byen. Men det var Kristine, det der, eit utslite menneske, ho var ikkje i stand til å tenke på seg sjøl ein gong; eg trudde mest eg skulde vakne og få sjå at det ikkje var sant. – Enno er det tid til å snu, sa Lauris. – Det veit du det er ikkje! Vi reiser til byen og giftar oss, no i vinter, så er det gjort. Eg veit du blir eit anna menneske da, eg veit det så visst. 195Eg vil lite på deg, det er det einaste eg vil. Du kan gjerne ta live tå meg!

Lauris sukka: Det lesser seg på meg med velgjerd! Og skal du endelig berge denne seglar-slampen din i hamn, så herre gud! – Men det er ikkje sant, Lauris, at du har ein liten ein i byen? Eg trur det ikkje! – Å, gu’ hjelpe meg, eg kan ha mange eg! – Det var det eg visste, det var ikkje sant! For det hadde vore så – – så vondt likevel. Du lastar deg sjøl støtt. – Men at eg skal komma oppi Håbergslekta da? sa han. Det er som ei romanbok. Som eit skuespil, gut! Ja berre det at eg skal få – skal få lov å kysse deg eingong! Deg! Det hender, det òg, som ein ikkje har fortent.

Astri gjekk og såg fram for seg, det var likt til ho gjekk i sømnen. – Dette måle ditt! sa ho. Ingen kan høre kva som er sant eller falskt der. Ingen kan grunde ut andlete ditt heller. Eg vil berre lite på deg.

Ho vart med han inn, og sat der til det lysna ute, det var ikkje så lang stunda. Ho sat i voggestolen, og han gjekk att og fram på golve med hendene på ryggen, litt breit og stødig som skipperen går. Han snakka om framtida; han hadde mange planer. Astri hørte knapt det han sa. – Ho farmor trur eg er tapt for heile slekta, smilte ho. Berre ho levde lenge nok!

Han stana og såg på henne ein to-tre gonger. For kvar gongen fraus ho litt kring hjarte 196med det same, men det gjekk over i ei glad undring: At han ikkje rørte henne. At det var ein ting som var hellig for han, og det var henne.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I ungdommen

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

I ungdommen er femte bind i serien. Også denne romanen handler om Odin som nå er blitt en ung mann. Men den handler også om et av de andre barnebarna til Åsel, sønnedatteren Astri.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.