Vossa-Stubba

av Per Sivle

Slumpelukko

– – – «Nei, so va da ein Morgun her eine Haustn, att eg gjekk burti Smio aa smidde meg ei ny øks. Eg skjefta henne aa åretta henne aa slipte henne upp, gjore eg, aa so tok eg henne paa Okslæ, tutla sta, skje finna meg nye Meia åt Høy-Slea mino.

Aa Bjørku va dar Nøygde tå, baade små aa stora. Men sume va for lite krokutu, aa sume va for mykje krokutu; fy de æ no so her i desse Verne, måta, att inkje kvar krokute Bjørkjæ æ laga te Slea-Mei heldu.

Men seint um sian kom eg nepå Elvabakkjen attmæ Svarte-Hylæ,Forfatternote: Hyl: Høl aa dar fekk eg Auga på ein Stu, hoggande fint meia-voksn, so han inkje skje tenkt paa anna en vetta Mei, frå fysste Dagjen, Vårherra leet hono spretta; – – ja, da æ same Meiane, eg har unde Høy-Slea mino endåne, so de kunna sjøle gå sta sjå, att da æ Gussens Sanning kvart einaste Ore.

«Du får fylgja mæ meg, du Kar!» tenkte eg. – Aa eg te skora,Forfatternote: skura: hogga so Flisane fokje.Forfatternote: fokje: plural, av fauk

23Jau, beiske deg! – dar visst’ eg inkje Ore tå, før økse foor tå Skaftæ i slarpa ni Hyln, so BudlnaForfatternote: Budla: Bola (Boble) sto ette.

«Tvi deg!» sa eg aa sputta ette henne.

– So va da ein Laurdagskveld Sumarn ette. Eg hadde endåne vo på Stødl um Dagjen aa va baade trøyttu aa slyen.

«Eg bry meg kje um gå på Slåtteteigjen, Kjering», sa eg. «En um eg no gjekk neåt Elvene aa røynte, um da vo so væl, att Aurn vilde una os Fiska-Kling te Bisk i Morgo?»

«Jau, eg kjenne da meg! – Nora-Ett aa Klårvær so no da æ!» meinte ho, aa blæs i Nosæ.

Lest inkje eg viare gå, anna tok Fiske-Troa aa Makka-Pose aa lakka neyve Bødn.

«Ja, eg ska eta da råt, eg, da du får i Kveld!» ropte ho Ingjebjør ette meg.

TutlaForfatternote: tutla: gaa smått eg so neåt Svarte-Hylæ, sløngde uti. – Aa bestu so eg sto, dar kjend’ eg, da nuppa so tungt, – dameso sløngd’ eg te, endå på StritingForfatternote: Striting: Røyning gjekk da, so Tro-o sto so ein Bogje. Eg såg berre, kur da blenkte aa sprilta i Luktne, før da datt ne i ein Krakje attante meg, so Kvistane 24truste.Forfatternote: truste: imperf. av trysja – Jau, då eg so skulde sjå te, – – – du skje aldri på Makjen ha set! – dar hadde UngedlForfatternote: Ungedl: Fiskekrok fysty smett seg gjønom Auga på desse øksne, eg mysste Åre framfyreåt, aa so hadde dar sian bite ein fornøggjelæForfatternote: foruoggjelæ: uhorveleg Aure , – ja, antan de vilja tru meg eldu inkje, so va han sina goa to Merku yve Vågjæ!

Men so låg dar ein Hare og. Han ha sagta sote uppi Kraka i sine eigne Tanka, han, Stakkar, når Øksæ kom sjugande aa trefte hono midt i Skjelto, so han datt dau-u på Flekkjæ.

Nei, då breidd’ eg Hendna ut te Velsignelse; aa – forsyne meg! – kom dar kje so ein Orrhane, sette seg på kver Haand! – ja, da gjore da. So kneip eg te, aa dar hadd’ eg dei og.

Ho slo Hendna yve Hove, ho Ingjebjør, då eg kom dragande inn i Stovo mæ alt detta her.

«Ja, dar har du Matn din, Kjering!» sa eg; «set deg no burtåt Boræ, ta te nuska. Eg vona, du har nokk mæ Øksne, no te Kveldsmat; aa vi du, kan du endå få Lov te koka henne, og».

«Nei, du Kolbein, du Kolbein!» sa ho, «du har no Slumpe-Lukko deg, kusser, du!»

Men ho ga meg Smør-Kling te Kvelds, og, då, likavellne».

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Vossa-Stubba

Vossa-Stubba ble utgitt i 1887. Samlingen inneholder fem muntre fortellinger, skrevet på dialekt og dels bygget på muntlige tradisjonsfortellinger fra Vossestrand.

Les mer..

Om Per Sivle

Per Sivle debuterte i 1878 med diktsamlingen En Digters Drøm, men er først og fremst kjent i ettertiden for å ha skrevet Norges første arbeiderroman Streik som ble gitt ut i 1891. Sivle bidro i stor grad til å sette søkelyset på arbeiderklassens levekår.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.