bokselskap.no 2012.
A.O. Vinje: Ferdaminni.
Teksten følger 2. utg. fra 1871 og er basert på ocr-lest og skannet fil mottatt fra Nasjonalbiblioteket/Bohylla.no.
Teksten er lastet ned gratis fra
bokselskap.no
Ferdaminni
fraa Sumaren 1860
Fraa Byen det berer.
Eg lyfter paa Hatt.
Gud veit no den Dagen,
naar dit eg kjem att'.
Far vel Hovudstaden:
i deg var det best:
der fann eg dei Beste,
der lærde eg mest.
Lat sjaa, du som altid
paa Folk helder Styr!
for Du er den Karlen,
som temja kann Dyr.
Men ufrisk i Varmen
eg altid deg fann.
Du er liksom Tanken,
du elder din Mann.
Og derfor til Fjølls
vil eg draga som Døl'.
og Kjenningar finna
og gløyma meg sjølv.
Mange meina, at aka paa Jarnvegen er leidt og keidt og altid likt seg sjølv; men eg, som er leid af trøyttkjøyrde Øykir og Skranglekjerrur, eg finner det som eit Dikt at fara so fort og sjaa Tre og Steinar og Tuvur og alt, som i Vegen kann koma, at syna seg fram i ein Augneblink og atter renna fraa os som skræmde Fuglar, og so høyra Eimvogni frøsa som ein annan Hest og faa Mat og Drykk af Kol og Vatn. Det er sama Drivkraft som i Hesten og meg og deg berre paa ein litit annan Maate, so det no ikki er værdt at tala um leide og keide Drivverk og slikt nokot, liksom det berre skulde vera Kol og Vatn og Eld og Malm. «Der er ei Livsens Aand i Hjulom,» som Profeten talar um.
Det er Mannatanken, som her paa Skaparvis hever blaasit Liv i Nosi paa Jordklumpen, og gjort Kol og Vatn og Eld og Malm til Tenaren sin; derfor skriker og frøser i Fugleflog denne Tenaren under Svipuslaget af vaar Aand, og me sitja paa vaar Sigervogn stoltare enn dei romerske Sigerherrar, og turva ikki som dei hava ein narreklædd Mann bak paa Vogni, som ropar til Manngarden paa baade Sidur af Sigerskeidet:
«Kom i Hug, store Mann, at du maa døy!»
Og so rulla me fram mot Upplysnings og Jordodlings smilande Land, for det var sannt det, som Franskmannen Condorcet alt aatteti Aar sidan sagde:
«Her vil med alt vaart Stræv vera Villmannskap i Livet, til dess me hava lagt under os all Naturkraft, so me faa hena til at gjera for os det tyngste og grøvste Arbeid, so berre me ganga og sjaa etter som Uppsynsmenn.»
Det gjenger dei fleste Folk som meg, at dei slita burt sin beste Ungdomsmerg med at vera Hestar og det endaa tidt paa Ting, som jamvel Hesten er for god til. «Svarten» er, som eg kvad, daa Jarnvegen vardt opnad:
– – – – –
«Han Vegen ikki væter
med Sveitens fløymde Aa;
til Lasset han 'ti græter,
som Husbond lesser paa.»
Og so sjaa me all den Uppdyrkning af Moar og Myrar og alle dei hyggelege Hus ikring denne Vegen, som eigong vil slengja seg fram berre millom bylgjande Aakrar og blømande Engir.
«Sjaa her,» sagde Engelskmannen Shaw paa ein af dei fyrste Utferdir, daa eg stod paa Kolvogni med honom, «sjaa her,» sagde han, visande paa raude Moar og blaute Gormyrar, «her er liksom tjuge Aar sidan millom Liverpool og Manchester, daa den fyrste Jarnvegen kom dit, og no er snart alt der som ein smilande Hagi.» –
Og endaa krevja Folk at faa Rente af Pengarne sine til denne Vegen! Kvat Rente fær vel Riket af alle dei Millioner, som det legger ned i dei andre Vegirne? –
Nei Jarnvegen er rik paa Tanki og Framhug fraa kver Side, han verdt sedd. Han er ikki lyft upp fraa Jordi, men gjenger som all sann Diktning gjenom det livande Liv, og straar Blomar rund ikring seg.
Og Eidsvoll vardt liksom ikki Eidsvoll, fyrr denne Vegen kom. Fridomen gagnar litit i Armodsdomen. Og all den Kjøyring maatte attaat Armod skapa Raaskap, for Hestehalen er inkje godt Nabuskap; han smittar, og derfor hever eg altid kjennt, at Hestehandlaren og Kjøyraren liksom hava ein liten Tev (fin Lugt) etter Hestehalen i Tale og Aatferd.
Beint burtanfor Stoppestaden i Eidsvoll der aust under Bakkarne liggja nokre gamle Gravhaugar, som Henrik Wergeland fekk i Stand eit Lag paa for Bygdarfolket. Der drukko dei, so dei laago ikring paa den gamle Vigvollen etter alle Kjæmpetalur og alt det Fyllestaak. Eg gjekk der kring og tenkte: «det eine var etter det andre paa sin Villmannsvis; men det var i Stilen af den Tids Nordmannskap, som mest helt sig til det Utvordes og til Kytord um «Fjøllets Son» og «Norafjøll» og «Bonden med Kufta blaa som Fjordarne sine.»
Det maatte vel til dette Utanpaahengde ogso, fyrr det Indre kunde koma. Men underlegt var det heller ikki, at Folk, som paa den Tid saago meir etter ein indre og sannare Nordmannskap, førde Strid mot slik Leven.
Eg vilde heller hava gjort eit Lag for deim, som kunde dyrka upp desse gode Jordir i dette væne Land enn for deim, som gjorde alt for at leggja det øyde.
Hjaa gode gamle Storthingsmann Lars Tønsaker saag eg det Sylvstaupet, som Henr. Wergeland gav til Eidsvollgjeld som eit Afminne etter seg til Riksskipnaden, som vardt gjeven der. Det var vel gjort at gjeva slikt til Eidsvoll, men Paaskrifti og Fylgjebrevet, som til æveleg Tid skulde fylgja med Staupet, var liksom, at det skulde vera nokot stort og minneværdugt, at just han gav dette. Eg maatte smila aat den gode Digtarens Faafengd og store Tanke um seg sjølv paa Sottesængi. Og eg maatte hugsa Theis Lundegard, daa han sagde det Aaret, han ikki var paa Storthinget: «Ja no undrast eg, korleides dei busa og basa og bera seg der inne i Hovudstaden, naar ikki eg er med!»
Ja, ja, me ero alle meir elder mindre so faafengde, at me tru os umissande. Men til all Lykke er det so, at
um store Menn dei falla fraa,
som Gras um Vaar me nye faa.
Den eine Mann er tidt ein Tolk,
men Tanken eig' det heile Folk.
Er Tanken god, han liver daa,
for det um Mannen døyr ifraa.
Og kjem for det han burt eit Bil,
han betre atter koma vil.
Som Verdi gjekk, fyrr me kom til,
so etter os ho ganga vil.
Den største Mann, det stolte Syn
mot Folkets Sol er som eit Lyn.
Naar det er myrkt, det lyser bjart,
men blinkar burt, og alt er – svart.
Med desse Tankar foor eg uppigjenom Bakkarne til Skogen mot Odalen og snudde meg ikring altsom tidast og saag tilbake ned paa det fagre og rike Eidsvoll og uppetter Vorma mot Mjøsen og nedetter mot det grasgode Land og den kornvisse Jord i det store Nesgjeld. Det er eit Land med ei stor Framtid, og det gjenger baadi fort og vel til Upplysning og Magt.
Eg stod liksom paa den evste Fjøl af den smale Midten paa denne Kornbingen for Landet og saag Nord og Sud til baade Endarne.
Austyvir denne tvo Mil breide Skog er ein Gjeiteveg paa Forfedra Vis med Jordhyttur ikringom austigjenom ville Skogen, so der kom rjukande Røyken upp gjenom eit rundt Hol i bratte Bakken. Halvnakne Ungar og fillutte og svarte Foreldri komo ut or desse Jordholurne, liksom Folk segja, det er ikring Rom. Underlegt er det, at dei gode Eidsvellingar, som kor som er maa føda desse Armodsfolk, ikki heller hava deim buande nærare Bygdi, so dei laago lettare til og ikki turvte slita seg ut med at bera Matbiten sin upp i denne ville Skogen, som dei hogga ned der, meir enn dei vilde gjera lenger heime. Store Bygdar maa endaa meir enn store Byar byggja seg upp Verkmanna-Hus (Arbeiderboliger) baadi for at spara Husfang og Ved og hava sine Driftsfolk nær inn med Jordi, og so med dette sjaa betre etter, at slike Folk ikki ero late elder kasta si Tid burt til Unyttes; for den, som ikki kann føda seg sjølv, maa standa under Trugsmaal til at gjera nokot, naar han ikki er sjuk elder for gamal. Eit Starvhus (Tvangsarbeidsanstalt) maa til; det løner seg ikki endefram eit slikt Hus; men det løner seg endaa mindre slikt, som det er. For Letingen og Skarven vilde dette vera den beste Fatiklog. Ein annan Ting kann det vera paa Stader, der Husmannen hever Jord, endaa dette ogso er det gamle Armodsstell, som ikki dyrkar upp Jordi paa den rette Maaten, og øydelegger Skogen til Ved og alle dei Smaahus. Dette hever eg seet i nie af dei tie Tilfælli i dette liksom nyrudde Land, for det ser ut endaa i dei rikare og tettare Bygdarne, liksom Landet nyst var tekjet i Bruk af nye hit flutte Rudningsmenn, der ein og annan hadde klorat og gravit her og der burt i Bakkarne nokre Smaaflekkir, liksom naar Høns kara og spruta attikring seg, so der er ein liten svart Prik her og der millom Skogar og Røysar.
som eg vil kalla Olaf og Hans, toko det paa kver sin Maate og vaaro berre samtykte i den eine Ting, og det var at liva i Ufred med kver andre baadi heime til Gards og for Retten, og gjera kverandre den største Meingjerd, som dei kunde baadi med Gjærdi og Ledgrindar og Driving og Beiting paa ein annans Eign med Buskap og Svin og Høns og alt det, som drivande er. Det var ikki tenkjande paa at beinka seg etter kverandre i slikt. Dei hadde saksøkt burt mangein god Skilling um Sanke-Vegir, Beite-Rett og Vatsrennur, so dei hadde vorit ei god Vinning for mangein gild Sakførare. Dei tapade mest Saki kver si Gong, so deira Ære var i den Vegen like stor, og vorde med det eggjade upp til at halda paa, daa dei saago, at Retten ikki helt med den eine framum den andre. Det er liksom med Kortspil slikt, og paa denne Maaten taka ogso Folk det.
Gardarne deira vaaro ogso bytte ut paa den Maaten, at det saag ut som gjort til eit dagstødt Meinspil, endaa der i Odalen ikki er so ille med Sameign og Millom-Teigar som paa mange andre Stadar og det endaa i slike Bygdar som Eidsvoll og Toten f. Ex. Det meste af Vestlandet og Nordanfjølls er det no aldri rødande um, for der er det tidt med Aaker og Eng, som den Eine skulde eiga dei raude, den Andre dei blaae, den Tredje dei kvite og den Fjorde dei svarte Rendarne i ein raandutte Vev elder eit annat slikt Stykke Ty. Og so er der Skidgardar og Ledgrindar millom kver Stripe. Det er inkje Under, der kann verda Jorddyrkning af! Og so all den daglege Trætte og Banning og Øydelegging af Skogen til Gjærdi! Nei slik Villmannskap i Jordeign var der ikki der i Odalen imindsto ikki millom han Olaf og Hans; men endaa var der meir enn nok at trætta og saksøkja um.
Hans var no ein gudeleg Mann, han, imindsto hengde han og endaa meir hans mange vaksne Born paa Hovudet, og las berre desse Smaabøkerne fraa Gram og Lammers Skrift og alle slike Trudomsbøker; ja Lammers var endaa der paa Garden i Fjor, og gjorde den nyst innreidde vesle Stova til Kyrkje for dei fem og tjuge Saudirne, han hadde til at gjæta i den odalske Kyrkjelyden sin. Dei store Svolkar af vaksne Born, Gutar og Gjentur, som Hans aatte, dei laago late og las um Daapen og Trui, so dei ikki eigong paa Folkevis bergade in dei stakkars Høydottirne og vesle Kornstraai paa den utrekne Garden, som med Hus og alt saag ut lik det argaste Bruk paa Vestlandet og Nordanfjølls og i ei Fjøllbygd. Der fannst knapt ei Veite i den kaldsure Jord, og det var so det urde og krudde af Skjer i kver einaste Aakerleppen, og paa den steinutte Eng var der mest berre sjølvsaatt Gras som i gamle Dagar. Alt laag i Nukken (var forkuet) baadi Aaker og Eng, for Jordi var arm og vatnsjuk. Kvert Hus paa Garden berre ikki denne Kyrkjestova draup og lok og stod stakt og skjeivt med Stødur under.
Der var Lammers i mange Dager paa denne Armodsgarden, og her maatte det taka so mykit betre at tala um Rikdomen, som hans Trubrigd vilde gjeva deim. Det rann honom vist aldri i Hug, at desse sterke unge Folk skulde dyrka og husa upp Garden sin i denne væne og gode Bygd; og naar han gjekk yvir Olafs Gard so sukkade han yvir denne synduge Mannen, som gjorde Narr af dette heile Stell paa Grannegarden sin, og meinte, at det var betre at lesa mindre og gjera større Gagnverk. Han las vel Olaf ogsaa, men det var mest Tidender og Jordbruksbøker og slikt nokot, og so las han Bibelen, men beint fram utan alle desse sjølvgjorde haardregne Tydningar, som alle desse Trudomsfolk setja hægre enn sjølve Bibelen. Det er desse Handgrip og Fotslag (Tempo) i Trui, som for deim er Hovudsaki. Olaf kjærde seg inkje um alt slikt, men meinte, at den sanne Tru er greid, og at det var sanne Ord, at der ikki skulde byggjast Tempel korkje i Jerusalem elder paa Garizim, men i Aand og Sanning; og likeins meinte han, at den, som skal vera ein god Mann for Himilen, fyrst maa vera ein god og gagnleg Mann for Jordi, og at Mannen fyrst skal læra seg sjølv, fyrr han lærer Andre. Paa sama Maaten meinte han um jordiske Ting, at all Tale om Landsens Fridom og Framvokster er Daarens Tale, naar han ikki sjølv fyrst skaper Fridom og Framvokster i sin eigen Heim. Derfor helt han heller ikki med Thrane i Riksstelling, likesolitit som med alle desse Thrane'r i Trudomen.
Olaf dyrkade Garden sin upp, so der saag ut som i ein Hagi. Han grov Veitur og braut Stein og bygde Hus og gjorde Treskeverk og alt det gildaste, som til er paa ein Gard. «Garden,» sagde han, «er stor nok for tvo tri, og endaa vil kver Lut verda betre enn heile Garden, daa eg fekk honom.
Det var hugsamt at fara ikring paa Olafs Gard og sjaa, kvat der eigong kann verda af desse fagre Smaadalar, der Aaker og Eng og Lundar alt no lysa ned paa desse speglande svarte Votn. Og um det enn maa verda sagt um desse Bygdarne, at dei ero langt framkomne, so liggja enno dei fleste Myrar og Jordi kaldsure og sukka etter den dyrkande Mannahand. «Det er ei Synd om slike Myrar» sagde Olaf, «dei liksom beda os um Ljos og Luft og vilde so gjerne gjera os mette og rike.»
Hans derimot las i Trudomsbøker og let den sure Myr graata si Dogg so kald, at ho frøyste burt Vokstren ikring seg. Naar han so sat med si svarte slitne Trudomsbok i desse sine drjupande og fallefærduge sundersigande Hus med froset Mjøl og rotnat Høy ikring seg, daa saag han liksom fyrst i Sanning dette Jordlivs Armodsdom og vardt best kveikt upp i Hugen sin til at syngja: «Far Verdi, Farvel!» Livsens Griseskap og Stakkarsdom er liksom ei Uppelding af Hugen for slike Folk, eit Slags andlegt Rus likt Tyrkens Opium; og naar dei daa verda sjuke af alt dette svarte og late og armodslege Liv, so verdt Hugen endaa meir uppeldad. Eg hever altid lagt Merke til, at det er slik Armodsdom eller Sjukdom og Motgang, som skaper alle desse Trubrigd, og at gamle Syndarar ogso mest er med etter dei gamle Ord: «Naar Djevelen eldest, so verdt han Munk;» og «naar Mannen hever slitit ut si Ungdomsmagt i Verdsens Teneste, so tener han utsliten vaar Herre paa Slutten.»
Olaf syrgde for at faa rumsame Kyrkjur og lagde paa den laglegaste Staden for Aalmugen. Baadi for dette og for han vilde faa gode Vegir, fekk han Uvenskap med mange fleire Folk enn Hans. Bygdi var for alt slikt deild i tvo Serlag (Partier), som attaat skreiv i Tidenderne mot kverandre. Eg hjælpte endaa han Olaf til at skriva ein slik Avisartikel, som var fraa «ein Bonde i Odalen.» – «Det er Synd,» sagde Olaf, daa eg skreiv, at ikki eg og skulde hava lært meir i Ungdomen min. Men so fær eg taka det atter paa Borni mine, som eg sender sume af inn paa Byskulen. Det gjenger ikki godt etter denne Dag at eiga ein so god Gard og sitja lik meg som ein Staur i Selskap og Formannskap og alt det. Og sume af Smaagjenturne mine sender eg ogso inn til Byen for at læra Matlaging og Folkeskikk og skriva somykit som eit folkelegt Brev, um Gud lagar det so, at dei eigong faa seg ein Kjæraste.»
«Men,» spurde eg, «korleides lærer Hans upp sine Born?»
«Aa du veit korleides slike Folk læra: dei tru at Kunskapen er syndug, og derfor læra dei, som dei driva Garden sin. Det seer likeins ut inn i Hovudet deira som ute i Garden; derfor verda mange ogso galne; her er tvo sende fraa denne Bygdi inn paa Gautstad. Men no skal eg fortelja deg ei løgleg Rispe. Her var ei Gjente trulovad, men so gjekk ho inn i Lammersdomen, og so slog Kjærasten upp med hena. So gingo dei eit Aars Tid og liksom saago paa kverandre; tilslutt sagde Guten: «ja enno kann du gjera det, du vil, anten du vil gjeva upp denne nye Tru og faa meg til Mann, elder du vil tru og ganga som ei Møykjering.» Det drog paa baade Sidur, men sterkast der, som Guten var, og so slog ho upp med han Lammers.»
«Ja det gjorde Gjenta rett i,» sagde eg. «Ja, det maa du segja.»
I Odalen er utruleg mykit atter af det gamle Maal, og han Olaf var ein af dei beste i dette Stykket; men der er tidt ei rang Udtale af Ljodstavarne (Vocaler), soleides segja dei i for y f. Ex. Bien for Byen. Dette er ellers liksom paa Island i dei seinare Tider. Men paa sama Tid, som der er mykit godt og gamalt i Maalet, so hava dei gode Odøler tekjet upp mykit af det nyare og betre Husstell og Gardsdrift, so der er ein hugsam og klok Framgang i Upplysning og Folkeskikk. Det er so nær Byen, at Folket maa læra nokot, og der er baadi Timberskog og god Jord, so det er Bygdar, som have ei god Framtid baadi med Land og Folk. Det er liksom ei Fjøllbygd midt i det store og rike Uppland med det beste Vatsføre i ein Sidedal fraa Glauma upp til nørdre Odalen og paa baade Sidur af Glauma i søndre. Men Jordi er betre i nørdre Odalen, og Skogen rikare og laglegt liggjande fram mot den fagre vesle Sjø Sandungen og den større Odalssjø, som ligger saa laagt, at han aukar med Glauma upp igjenom den stille krokutte djupe Aaa, som er kransad ikring med dei beste Gardarne, som ein Mann kann sitja paa.
Det sokallade Odals Verk i søndre Odalen er ein af Landets fagraste og beste Gardar, og so vel vaksit med Hagar og Lystskogar og Veglundar, at det er eit sannt Herresæte, like hugsamt at liva som døy paa. Verket er nedlagt; men det gamle gjæve Stell paa Hus og Mark af dei gamle Eigarar af tysk Ætt stender atter, og verdt hegnt um; og der er komit Sagbruk og Bryggjarverk, so der enno er Liveveg for Mange; og so er det Sætet for denne store Eigendomsmann J. Bredesen, som paa den beste Maaten sambinder norsk og svensk med alle sine Eignedomar paa baade Sidur af Riksgrensa og sin Handel langt inn i Sverike og gjenom Vatsdraget fraa Riksgrensa alt ned til Gøteborg.
Der er stor Sanning i den rørande Vermelands Visa; for Vermeland er eit fagert Land og kan ogso verda eit rikt. Der seer ut som i ein norsk Dal her paa Austlandet, og den Aa, som kjem fraa Vingerssjøen gjenom Hovuddalføret renner yver til Sverike, naar Glauma er stor, so denne vaar staute Aa kunde gjerne finna paa ein Dag at gjera Svensk af seg. Men fyrr me saago slikt, maatte me dæmma burt Millioner, for vel elska me vaare svenske Brøder, men lata dei faa Glauma, gjera me ikki med det gode.
Der er soleides ingen Kjøl mellem os og Sverike paa den Kanten, naar Vatnet i Flaum flyter yvir. Dei tri Milir inn igjenom Vingerdalen til den svenske Grensa, er ei frostnæm Skogbygd; men der er mange gode og fagre Gardar inn imillom; og daa Ein kjem inn yvir Grensa, er Landet likeins langt inn etter, alt til Ein kjem langt inn i Eda Sokn og ned mot Arvika, der Landet vidkar sig ut og verdt meir og meir storslegit og fagert liksom vaart Uppland. Og paa Folket og Husstellet er der liten annan Skilnad, enn at Maalet der er nokot meir gamalnorsk enn her; og so er der no mindre og armare paa dei fleste Gardarne enn i vaare betre Bygdar. Det er paa Lag som Vestanfjølls, endaa eg totte, at der var reinslegare i dei smaa svenske Armodshus enn i slike Bygdar her. Og so er der store «Brukspatroner» med sine Bruk imillom, so der er mykit meir Kunskap i eit slikt svensk Prestegjeld enn i eit af vaare vestanfjøllske elder upp i Fjølldalar. Det kann vel henda, at den svenske Aalmugamann er mindre boklærd enn vaar, for Skulevæsenet stender paa sama Fot der som her hundrad Aar siden, det vil segja, der er snart ingen annan Skulemeistare i Prestegjeldet enn Klokkaren. Men so var der so der paa den Kanten i Sverike, at kver «hemman» (umpas som vaare sokallade fulle Gardar) maatte sjølv syrgja for, at dei Unge lærde sin Kristendomskunskab, og Presten skulde derfor kvert Aar koma til eit slikt «hemman» og halla Husforhør, som det verdt kallat. Og daa dei fleste «hemman» kunna vera bytte ut i aatte nie Lutir med alle sine Torp (Smaaplassar, Husver), so var det berre liksom i kver Bygd, Presten kom; og so verdt vel fleire «hemman» slegne ihop til eit Husforhør. Det er ein gamal god Skikk dette, og dersom kver Gard var paalagt at læra upp sine Folk, og der var ei so god Aand i Folket som paa sume Stader f. Ex. i mi Heimbygd, so vilde Aalmugen læra meir enn med vaart Skulevæsen. Eg kjenner sume Folk der heime, som aldri hava gjengit i Skule, og dei ero dei beste; og eg gjekk heller ikki meir enn tri fire Vikur um Aaret i Skule, fyrr eg gjekk og las for Presten. Det er Hugen heime og Huslesnaden, som maa læra upp det store Folk. Af Aalmugaskulen kann der aldri verda stort. Det er derfor taapelegt at døma um den svenske Folkeupplysning etter deira daarlege Aalmugaskular.
Dei Svenske synest ellers at taka Lesnaden som eit Band og Trugsmaal paa Smaaborni, for der verdt oftast gjort eit Barnebal, naar Skulen er sluttat, for liksom med det at gjeva Ungdomen Skadegjeld nett liksom Saarbøter til den Saarade etter eit Slagsmaal. Det er ein gamal Tanke dette, og her paa Landet tykkjest ogso dei fleste Born, at Skulen er ei Plage, for naar Skulen er sluttat, so dansa dei paa Heimvegen, og allramest gjera dei dette, naar dei hava sloppit fram for Presten; men Foreldri samla ingen Dans for deim af denne Grunn, endaa det vanlege «Konformationslag» er ikki so langt ifraa slikt eit Bal etter Skulen paa det svenske «hemman.»
Men med alt fann eg paa mi korte Ferd ikki so stor Skilnad paa Aalmugens Bokkunskap der og her: og derfor trur eg heller ikki, at der kann vera stor Skilnad paa vaares og dei svenske Bønders Fridomshug og riksstellande (politiske) Sjølvstøda, for desse Ting veksa, alt ettersom Folk verda upplyste. All denne gamle Stortaling um vaare Odelsbønders Fridomshug og Sjølvstøda gjever eg ikki mange Pengar for, naar det med dette verdt annat meint enn den Fridomshug og Sjølvstøda, som Fuglen og Barnet hava; endaa kanskje me ero nokot betre enn dei Svenske, afdi me hava liksom meir fengit raadt os sjølve og ikki vorit so bøygde under eit Hardstyre; men at tala um ein riksstellande Tanke hjaa den store Armodsmengd og dei smaae Bruksmenn er etter mi Røynsla (Erfaring) berre ei Tale af halvgalne Diktarar og riksstellande Daarar, som anten ikki vita betre elder ogso vilja koma fram ved at høla (carressere) for Smaaborn. Upplysning og det stor Upplysning og Kjenskap til Livet maa til og endaa attaat dette Velstand.
Dei Svenske læra ellers lettere at lesa enn me, afdi det er deira eiget Maal, dei læra i Boki.
Det er sama Folket me eg dei Svenske imindsto der i Vermeland, ja eg høyrde endaa same Feleslaattir og saag same Dansar der som i vaare Fjøllbygdar, berre med den Skilnaden, at den svenske Flikka skaut upp under Enden paa Guten sin med høgre Handi, for at gjeva honom Fart, daa han gjorde Slengekastet og studde seg paa Gjentas vinstre Hand. Gjenturne vaare reila og slengja berre som til Stas i Dansen med si høgre Hand og lata Guten med si eigi Magt slengja so haagd og godt, han kann. Den svenske Flikka er meir hjelpsam med Guten sin; ho puffade med Loven so etter paa honom, at det var, so det small. Men desse gamle Dansarne og Slaattirne verda meir og meir aflagde der som her, ja endaa Polskdansen verdt aflagd liksom paa vaare Flatbygdar, so det berre er Polka og Francaise og slike fine og fornemme Dansar, som brukast.
Jonsok-Kvelden er ein Haagtidskæld i Sverike. Det er den gamle Midsumarsfest til Baldur, Ljosets Gud, daa Soli stod hægft paa Himilen, som liver lenger i Sverike enn her, daa her hjaa os snart inkje er atter af Jonsokvaka. Verket, som eg var paa, hadde reist upp ei Jonsok-Stong ikringvundi med Blomefletningar, og so slegit upp ein Dansetramm. Der kom Folk fraa Bygdarne vidt ikring og endaa innantil fraa Noreg inn mot Riksgrensa. Der vardt dansat og drukkit heile Notti og langt ut paa andre Dagen, og eg maa segja det, at eg fann Folkemugen og Dansarlyden so fin eg folkeleg og hjartevarm, og so lik os i Tale og Aatferd, at eg der under den sama ljosa Midnottshimelen, med dei kjende norske Feletonar for Øyro mine og i all den godslege og læande Folkemengd ikring maatte finna det eit sannt Brodradraap, naar me og dei førde Krig. Eg kjende paa meg, at det var umogelegt, at slikt Vanvit oftare kunde koma paa desse Skyldfolk, som hava sama Tungemaal, og sama Strid mot den lange Vetren for at faa Livemaaten, og sama fagre Sumars-Land. – Dansen var tett inn med gamle uppkastade Vollar, som baaro Merki um desse gamle Strider og eg drog meg saa langt ifraa desse, som eg kunde, liksom eg kann tenkja, at Cain maatte vera rædd den Staden, der han Hadde slegit Broder sin i Hel. Eg foor der burt i Furuskogen for at faa meg kaldt Vatn og fann – Carl den Tolvtes Kjella. Der hadde han, den Villstyringen, legit og ført sine Smaagutar mot Noreg, og ikki havt Auga og Hjarta for all den Armodsdomen, han med alt dette førde paa sit trugne Folk. Og endaa elska dei Svenske denne Mannen, som med alle sine Sigrar gjorde til inkjes Sverikes stolte Magt fraa Treti-Aars-Krigen! Um Fransmannens Kjærleike til Napoleon segjer Lamartine: «Og endaa elska me honom, denne store Syndaren og Keisaren.» Dette kann likeins verda sagt um dei Svenskes Kjærleike til sin Carl den Tolvte.
Her er enno stor Villmannskap i Folks Tankar med all den Heider eg Ære for Krigens raae Magt. Det kunde aldri falla meg inn at hava Napoleons Billæte paa Veggen min likesolitit som Billæti af Attilla og Tamerlan. Det er hugillt at maatte minnast, at vaar Ætt var so raa og vill, at ho trengde til slike Folk; og fraa slike Tankar rømer eg liksom fraa Minnet um, at eg sjølv som Smaagut var var so vill, at eg vilde skjota alle Smaafuglar og drepa til Unyttes alt mogelegt. Det er den sama Øydeleggelseslyst hjaa Smaaguten som hjaa Folkeslag i Barndomen sin, og denne sama Hugen finna me i all Lyst til Jagt, som gjenger vidare enn til Livsens Upphald og Tyning af skadelege Dyr. Denne Jagt for Gaman er ein raa Leik, og at denne Leik er «gentlemann-lik» vil liksom Vyrdnaden for sokallade Heltar vera eit Merke paa vaar Tids Raaskap med all Tala um vaar Tids Upplysing og Mannavyrda (Humanitas). Det vil vera, som naar me finna ein Knok i Jordi af eit uttdøyt Dyreslag. Me segja: «Det maatte vera ei fæl Tid, daa slike Dyr livde.» Men Folk, som livde saman med Mammuth-Dyret, sagde vel liksom me no: «her er nokso godt.»
Lesaren vil af dette kunna sjaa, at eg ikki sat med nokon rørande Vyrnad inn med Carl den Tolvtes Kjella likesolitit som inn med alle dei Vollar, som der er alt ifraa Lider ved Kongsvinger og aust igjenom til Eda Skanse og lenger til. Sjølve Plassen etter det for os gagnlege Slag ved Matrand kjøyrde eg fort framikring, og daa Skytskarlen sagde:«Der og der stodo dei Svenske og der og der dei Norske, og der liggja Mange nedgravne,» sjølv daa kjende eg berre Uhugnad og Leidt og slog paa Hesten for at koma ifraa denne Slagtarstaden. Dei Franske syngja um sine Vigvollar og dei Svenske med, og me hava ogso gjort det, etter det Vesle som er. Vaare Forfeder visste no ingen Ting so gjævt som Ulvemettaren og Ravnefødaren, som dei i sit Diktarmaal kallade Stridsmannen; ja ei Jarledotter fraa Sverike kvad endaa til vaar Egil Skallagrimson, daa desse tvo Ungfolk saato saman ved Bordet: «Du unge Mann hever vist ikki gjevit Ulvar og Ravnar mange Lik.» «Jau» meinte Egil, «eg hever vorit ein god Ulvemettare.» Det var den Tids Tale millom unge Folk, som me vilde lata tala um Kjærleike og Comedispil! Der er soleides nokot Skilnad millom no og i gamle Dagar. Men Krigen er enno gild, og Sigerherren er ein stor Mann. Vaar Tids Upplysning og Tenkemaate er som eit velskapt men rangøygt (skeløiet) Andlit: Franskmannen teker no Krigen som eit reint Handverk, og Diktaren Beranger kveder mest liksom vaare gamle Skaldar. Det skulde vera Gaman at kunna skriva Fransk og rett driva Spott med denne «gloire» (Ære). Tegnér, den Tullen, hever ogso skrivit varmt um «Kung Carl den unga hjelte», og dei Svenske syngja denne Song med Taarir i Augom. Men eg gjekk ut, daa dei sungo denne Song, for eg trudde at vera bland vaare gamle Forfeder og det endaa upp hjaa gamle Odin i Valhalla, og det var den siste Staden, eg vilde vera paa.
Lesaren maa med alt dette ikki tru, at eg vilde sjaa os tekne korkje af Ryssen elder sjølve Svensken, langtifraa; eg vilde møta eit slikt Innfall, liksom eg møter Eld elder Vatn elder kvat det maatte vera, som vilde øydeleggja os. Det kan vel henda, at eg ikki vilde vera med sjølv men senda yngre og sterkare Folk, som ogso kunde vera mindre dyr Kanonføde; men eg vilde skriva Slagvisur for deim og skjenka i ein Dram liksom til Brannfolk, for so lengi me hava ville elder halvville Folk ikring os, so maa me møta deim liksom Bjørnen og andre Udyr med alt dette Verje, som finnast kann, for det er no berre Villmenn, som brjota inn i Andres Land liksom Gaupa og Graabeinen; og eg ser derfor ein Vigvoll millom tvo slike Folk mest med sama Tankar, som eg seer Slagsmaals Pladsen millom Hunden vaar og Ulven, som kom heim i Garden.
Daa eg etter Dansen og ellers sidan kom inn til «Bruks-Patronen» her ved dette Bruket og ellers hjaa andre folkelege Svenske, so fann eg Broderskapen endaa betre. Der var eit fint og godt Madstell – i mange Stykki betre enn her i Noreg. Den aalkjende «Smørgås» er tykt Smør paa ein liten Mole Knekkebraud fyre Maaltidet med ein Sup attaat. Og dette er ei god Innleiding til eit godt Maaltid. Det er sagt, at dei Svenske supa meir enn me; men det kann eg aldri tru, endaa det maa hava gjort sit, at slike Flogvit (Geni) som Bellman og Vadman hava diktat sine beste Songir til Vinens Pris; men me hava ogso havt vaare Visur um «Gud Evan» af Zetlitz o. fl. Det var den snart hundrad Aar gamle Drikkevise-Poesien, som foor som ei Farsott rund ikring Europa i den Tid. Kver Djevel styrer sin Maanad er det sagt, og det gjelder ogso i Dikting.
I Vetr, daa all denne Daarestriden var millom os og dei Svenske, skulde der ogso vera ein Kappstrid millom ein Norsk og ein Svensk, og daa endeleg Svensken sagde: «Ja men me Svenske er ta meg tusand, betre til at supa», daa svarade Norsken: «Nei F. g. meg um De er!»
«Naar ein rett svensk Rumlare,» sagde eg i eit godt svensk Lag, «vaknar um Morgonen etter ein god og rik Kveld, daa kann han liksom ikki faa Augo upp, fyrr han fær seg ein Dram, og denne heiter derfor «Uppvekkjaren»; men endaa gjenger det rundt for honom, og so maa han taka seg ein til, og denne heiter derfor «Tankesetjaren»; men endaa er han klen i Underlivet, og so lyt han taka seg ein tridje, og denne heiter derfor «Magastellaren». Daa er han komen sovidt, at han kann koma i Klædom og tvaa og pynta seg; men so lyt han taka seg den fjorde, og denne heiter «Øpnaren». Fyrst daa er han lagat til at setja seg innaat Morgonmaten og drikka dei Drammar, som til det høyra, liksom i det heile taka paa med sit Dagværk. Er det sannt dette, ærade Herrar og Svenske Menn?»
«Nei ta meg tusand!» svarade Alle med ein skakande Laatt.
«Ja der kunna de (I) sjaa» sagde eg, «kor urimelege me ero i Noreg mod dikkor Svenske; det er inkje Under, at her er Strid imillom os.»
I den Stilen tok eg det for det meste, for eg hever alltid trutt, vaar heile Strid ikki var værd at tala med kloke Folk um paa ein annan Maate, imindsto ikki naar han som eg var Gjæst og naut somykit godt. – Den andre gode Maten, som dei Svenske hava fram um os, er «Knekkebraudet», som eg rødde um var Grunnlaget til «Smørgaasi.» Dette Knekkebraud er berre mindre og mykit tykkare Leivar enn vaart Flatbraud. Det er eit Hol midt i Leiven, som det verdt trædt etter paa ein Stav og upphengt og spiknat hardt og turt, so det knasar under Tonni. Det er ikki nok med det, at det er ein frisk Mat, men det gjever Tennerne myket at gjera og slipar deim, so her vilde vera mindre Tanneverk og kvitare Tenner, dersom det vardt brukat istadenfor dette mjuke Ovnsbraud. Me sjaa berre med vaart Flatbraud, at det helder Tennerne betre. Her i Landet hever eg ikki seet stort meir af dette Knekkebraud enn hjaa ein og annan Bakare, som ikki fær selja stort af det, for Folk vita ikki kor godt og gagnlegt det er.
Ein tridje ny Rett, som paa sin Maate var likso god, fann eg ogso i Sverike, og det var eit Slags Sildesalat, som var blandat ihop af smaahakkat Sild, rørd saman med Rjome (Fløde) og Eggjeplome, og alt steikt som ei tykk Eggjekake. Daa eg ikki kann gjeva upp, kormyket der i denne Blanding skulde vera af kvert Slag til Javning, so maa kver prøva seg fram sjølv, um han skulde taka til Ettertanke denne mi Rettleiding i Matvitenskapen.
Eg vilde ikki hava vaagat paa at koma med slikt, dersom ikke ein Mann, som var ein stor Matkrok og altso ein Mann af Vigt (Autoritet) i dette Stykke, hadde sagt: «ja den Sildesalaten er værd at taka til Ettertanke.»
Dei Svenske ero reint utmerkte som Vertar og hava for det meste eit stort Framspring fyri os i selskapeleg Snuning. Dei ero liksom eit eldre Folk i denne nyare Tid og hava meir enn me vorit ute i Verdi, liksom ogso det svenske Adelskap maa hava bildat ut ein finare Liveskikk i sine straalande Selskap, og dette heve smittat ned etter paa dei andre Stand. Me ero liksom meir eit Bondefolk, me; men me skulle vel koma etter, so ikki det skal gjera os modlause. Det gjenger godt frametter, og alle Lag i Trondheim, som eg sidan skal tala um, gaavo, sagde kunnige Folk, dei svenske inkje etter.
«Men,» segja mange av os: «dei Svenske meina ikki stort med all sin Fagnad.»
«Kan vera det sama,» svarar eg altid: «det er ikki vaar Sak at rannsaka Hjartat, berre me sjaa eit venlegt Andlit og høyra fagre Ord, so er det nok. Det er ei lett Sak at vera grov og raa. Hunden meinar det vist vel, og er open, naar han gjøyr, men det er like leidt for det. Og kven kann segja, at dei ikki meina det vel»?
Liksom der er Blomar i Ord og Minur hjaa den svenske Værten, soleides er der ogso um Sumaren meir Blomar paa Bordet ikring Maten enn her; kvert Fat og liten Disk var innkransat med Blomar og Grønvokster i høveleg Smak etter Matens Farge, og alt stelt etter kvarandre med Flaskur og slikt nokot, so Bordet seer so fagert ut, at Mannen kunde verda mett af at sjaa paa det, naar han ikki var meir solten enn under slik Vitjing.
Dei svenske Damer, eg raakade paa, vaaro godlidande og frie paa den Maaten, som eit mentat (dannet) Menniske altid er; sume af deim hadde gjengit igjenom «Instituter» i Stokholm og soleides seet og høyrt og lært mykit, og so deira klingande fagre Tala i det greide og ljodande Maal, som liknar somyket vaart eiget gamle. Det var so den norske Mannen kunde graata af Kjærleike og Glede.
So gingo «Damerne» til Fortepianoet og spilade og song, og Herrarne sungo med. Det svenske Folk er, som heile Verdi veit, eit Songarfolk. Naar eg daa sat der i det hugsame Hus og høyrde bland mange andre den rørande Visa af Vadman, som Kongen ogso gjerne synger: «Jag vil ha rus, et rus hvar enda dag,» daa sat eg liksom bergtekjen og boren burt af Samljodets (Harmoniens) Bylgjur.
Det samer seg for ein fri norsk Mann at rosa Adelsmenn, naar han finner, at det er rett, for han er liksom ikki nøydd til at vera urettvis mot slike Storfolk han, soleides som tidt kan vera Tilfellet i Riki, der Adelen er heime. Og det maa eg segja, at dei Prøvur af svenske Adelsmenn vaaro gode, som eg var so heppen at sjaa i Sverike og Trondheim under Krøningi. Dei visste so godt at gjera seg til Likemenn utan liksom stolte at stiga ned, og dei hadde so god Lagnad i sin heile Selskapskikk, at det var ein sann Hugnad at vera saman med deim. Der maa vera mange staute Karlar af desse store svenske Ættirne, som baaro Riket uppe, daa me, som ingen Adel hadde, vorde eit underlagt Land. Derfor er der ogso heimelegt Maal i Sverike, medan den eine Halvdeil af vort Bokmaal er eit utskjemt Norsk og den andre Halvdeil er Dansk. Daa eg saag desse staute svenske Herrar og den straalande Hoffrøken, daa sukkade eg med meg sjølv: «Soleides vilde eit Dikt i vaart Maal hava set ut no, dersom ogso me hadde aatt slike Folk.»
«Den borgarlege Mann, som skal vara ein Politikus i Sverike,» sagde eg til ein svensk Mann, «han maa aldri koma i adelege Hus og Selskap, for det maa eg segja um meg sjølv, at det vilde falla meg tungt for ikki at segja umogelegt at føra Krig mot so fager og yndefull Skapnad, og Klædebunad og Tale og Aatferd. Det kann vel henda, at der er mykit holt og tomt og mange Misbruk i alt dette gamaldagse Stell, men det maa veksa burt af seg sjølv, liksom naar du hever slegit deg blaa paa Naglen, dersom der ikki skal verda snutt upp og ned paa alt som i den franske Umstøyten.»
Sidan eg no er inne paa denne Adelstale, vaagar eg meg til at ganga eit Stykke vidare, endaa eg fulla veit, at Mange i dette frie Land, som me segja, vilja mistyda meg; og det var dette eg vilde segja, at eg i det store tekit hever funnit betre og betre Folk, til lenger eg er komen uppetter i Rikslivet. Rikdom og eit stort gamalt Navn og god Upplysning og Umgang vilde ogso vera ein Spott, dersom det ikki var slikt, at Folk ved dette kom liksom upp i eit reinare Luftlag fraa alt dette Slit og Stræv, som grever ned i Gruset etter denne arme Matbiten.
«Kann du (De) segja os, spurde nokre fine Folk meg, som ogso vaaro vane med Umgang af slik Adel, «kann du segja os, kvifyr Folk ero so harde i sine Domar i Christiania og mindre hugsame at umganga?»
«Ja,» svarade eg, «er det so, som ikki eg kjenner stort til i Selskapslivet, so er det lett at tyda seg. Sjølve Christiania er ein for liten og arm By til at eiga eit utvalt Selskap. Hovudstaden er berre ei Afspegling af vaart Land, og dette krever, at me Alle meir elder mindre maa slita for Føda, og dette gjerer os atter kvasse og sure; og er her nokon, som slepper for dette Slitet, so hever han for det meste lært for litet til at vera god og andfull og hugsam; og finnst her Folk, som hava Kunskap og Gaava, so hava dei ikki havt Raad og Tilføre til at vera bland utbladde Folk. Eit maa for det meste vanta i eit so litit Land, som der er so faae at taka af. Med all Galskap imillom vil der altid vera fleire fullgode Folk at velja millom i eit stort Land, og derfor kann eg godt setja meg inn i den Pine, De maa lida her, som ero so godt vane i større Byar og rikare Riki.»
Men med alt dette ero me sæle, at me ikki for Rikslivets Skuld turva ligja i Strid med staute og snille Folk. Det gjorde meg vondt, daa eg var inn i Sverike og nord i Throndheim, at dei Svenske ikki skulde hava det likso godt i dette Stykket som me. Derfor lida me kver paa vaar Kant og skulle i denne Samsaknaden ikki liggja i Strid, men læra og letta kverandre og vera Brøder, som Skapnaden af vaar Ætt og Landet hever gjort os til; og dyrka desse Riki, so at Sverike um hundrad Aar kann føda tie og me fem Millioner. Sjaa daa ero me alt ei Stormagt; og det er eit stort og fagert Maal for Kongen og os baade Folk at føra det dit og ikki liggja og klandra kverandre, som endaa er verst med det, at det er eit Spotteverk for slike Smaafolk. For det um me ero Naabuar kunna me gjerne liggja i Ufred med kverandre, daa det gamle Ord segjer: «Skal nokon trætta, so maa det vera Grannar.»
Komminister er Navnet paa ein svensk Prest, som svarar paa Lag til vaare «residerende Kapellaner.» Men det er smaatt med desse Komministerarne, og deira Ekkjur hava det mest som Ekkja etter ein Aalmugaskulelærare, det vil segja, dei hava ikki meir enn det, som Gud og godt Folk vil gjeva. Eg saag tvo Komminister-Ekkjur inn med eit Bruk, sitjande paa tvo smaae Husmannsplassar, som kanske eit Par Naut kunde verda fødde paa. Men Aalmugen var god mot deim, som saato atter – imindsto den eine – med mange Born; Plassarne deira vorde drivne af Aalmugen, som hjelpte deim snart med ein Hest og snart med ein Arbeidsmann ein og annan Dag. Stova var som hjaa ein annan slik liten Husmann, men reinsleg og med Gardinur fyri Vindaugom og Blomar ut i Hagen, so det var snart at sjaa, at det var upplyste Folk, som budde der, og hadde kjennt betre Dagar.
Det var rørande at koma inn i desse Hytturne og sjaa det upplyftande Stræv at løyna si Armod, liksom daa Iphigenia sveipte sine Klædi kring seg og bad, at dei vilde løyna hena vel inn, daa ho skulde offrast, for at ikki dei raae Augo skulde gleda seg, naar ho var livlaus eg ikki sjølv kunde sveipa inn sin fagre Likam.
Det var den skipande kvendelege Hand, som tvo alt blankt og skipade og stellte med Kopp og Kjerald og bøtte og gjorde nye Klædi af gamle, so alt var som rikt og spillrande nytt; derfor vaare ogso Borni deira reine og sømelege og saago ut til at koma til Manns. Eg kjenner inkje meir rørande enn at sjaa slike arme Ekkjur, og det er for os nokot utrulegt, at slike Folk kunna koma fram med alle sine Smaae. Derfor sagde ogso dei Gamle um slike Tilfelli: «Guds Magt er stor.»
Ei slik Ekkje lagar vist ogso den Komministeren til, som eg her vil tala um. Ho maa alt no løyna seg til at selja ei Tunne Korn, elder kvat det kann vera, af Præstegardens Afdraatt for at kaupa eit og annat Klædeplagg paa seg og Borni sine og ellers til Folkeskikk i Huset. Komministeren er ein so gamaldagsleg Mann, at han gjenger med Husets Lyklar og læser atter for Kona og Borni. Han er, ettersom det heiter i Brudrevigsla Husbond og Herre, og naar daa Kona stakkar er nøydd til at løyna undan og liksom stela fraa seg sjølv til Kaffe og slikt nokot, so verdt der Trætte i Samlivet baketter, naar Mannen gaar aat (wird aufmerksam). Det er truleg inn i Sverike som her, at Kona kan selja eit Lamb og banna paa, at det var Reven som tok det. So kaupar ho f. Ex. Kaffe og Sukker og Franskbrennevin for Lambeværdet, og gjerer med dette eit litit Lag for sine Grannekonur, medan Mannen er i Skogen, og fyrr han kjem heim atter, fara Gjestirne kver til seg, og Kona stryker ut alle Merki etter Laget og kastar Ullklutar paa Aaren for at faa ein Lukt, som kann røykja ut Gjestebodssmaken og Kaffelukten.» «Kvat Ulykke er det, som luktar,» segjer Mannen, naar han kjem inn. «Aa det var vesle Olaf, som slengde Hosa si paa Elden,» segjer Kona, og gjever Barnsungen eit litit lett Slag for at gjera det trulegt.
Komministerens Kone teker det vel ikki just paa denne siste Maaten, daa Livet i ein Præstegard maa laga seg anderleides enn i eit norsk Bondehus af dette ringe Slag; men daa Mannen helder Klypa for Pungen, so er ho nøydd til at stela or Huset og skulda paa Katten og Reven, og alt det, som til er; og so er no Mannen jamleg drukken, so han ikki gaar aat so lett! men naar han gjerer det, maa det bera til med Trætte og all den hjonlege Hushugnad (egteskabelige Idyl), som slik Aatferd fraa Mannens Side maa føra med seg.
Frua vilde, at dei skulde kosta nokot paa Borni sine og faa deim upplærde; men Komministeren vil heller paa gamal Vis vaka yvir sine Pengar og aldri koma i Legevoll for ein Brennevinsdunk eller Kortspilpengar, endaa Folk vilja snart ikki lenger spila med honom, daa han imillom, naar han tapar, byter um Kort i Stokken og løyner burt til Hougen sin Spilemerki (Chatons) fraa dei andre. Han er no aljamt drukken daa og gjerer det liksom for Gap, naar det verdt aatgaatt; men Folk tikja det er like utrivlegt for det.
Den einaste Kostnad han hever gjort paa Borni sine var at han ein Haust sende den eldste Dotter si ned til Carlstad for at ganga paa Danseskulen.
Som Lesaren alt vil hava seet, teker den gode Komminister seg ein Sup, so han for det meste er drukken, naar han kjem Paa «Husforhør» og siter og dubbar ned mot Boki, og spyr Smaagjenturne, um dei ikki alt hava fengit seg ein Festarmann, Smaagutarne um si Festarmøy og slikt nokot. So gnissa Borni og læ og lesa nokot attaat, og dermed er Husforhøret sluttat; men er der daa nyfødde Born paa Garden, so døyper han deim med det sama og fær seg ein «Daabsup,» so han slær tvo Flugur med ein Smikk; og so kjøyrer han heimatter so drukken, at han dillar og slenger med Hovudet i Kjerra; og naar han møter ein Mann paa Vegen, so beder han tidt um ein Sup, dersom hans eigi Flaske alt er tømd; og so krabbar han tidt inn til Landhandlarar inn med Vegen og kauper paa Kaggen sin; og so krabbar han likeins tidt inn i Skjænkehus inn med Vegen og leter seg skjænkja Øl og Brennevin af Kjøyrarar, for han veit so vel at spara, at han er glad, naar ein Saud i Kyrkjelyden hans vil gjeva Saalehyrden sin ein Dram og eit Glas Bayersk Øl. Tidt krever han ogso slikt af sine gode Soknefolk som ei Skylda mot Presten sin.
Eg talade um, at Komministeren døypte Born, naar han var ute paa sine Husforhør; og det er so paa den Kanten i Sverike, at Præsten helst skal heim og døypa Smaaborni. Paa denne Maaten kann vaar gode Komminister tidt koma ut i Bygdi og tena seg ein Skilling og faa seg mangein god Dram, for det er altid so, at Folk laga seg til med nokot godt, naar dei venta at formeira seg. Komministeren er ogso glad i alle desse Daapsferdir, og er so viss paa Garden som Gauken um Vaaren, naar Barnsungen er en tri fire Dagar gamal. Han maa hava sine Bodsendingar og Erindsveinar i kver Bygd, som segja honom til. Naar det daa er som ved Bruk, at mange Folk bu paa sama Staden, so hender det, at han kann fara fraa Hus og til Hus og spyrja: «er det ikki du og du, som hever fengit eit Barn, som eg kann døypa,» liksom naar ein Slipare ferer ikring med Slipesteinen i Gardsrum og spyr, um ikki den og den hever ein Rakekniv at slipa. Tidt hender det ogso, at Folk hava Gaman af at leida den gode Presten paa Villstraa. Han vardt soleides eigong visat til ein Ungkarl. «Du hever «ju» eit nyfødt Barn du, som eg kann døypa,» sagde Presten. «Nei langtifraa,» svarade Guten. «Aaa jauvist hever du det, berre du ikki vil ut med det.»
Han hever eit godt Næringsvit denne sama Presten og er sløg (slu) i Handel og Vandel. Det var soleides eigong, at han hadde selt nokot af Skogen, som laag under Prestegarden, den sokallade Kronskog. Men daa Presten hadde forselt seg, og han tregade paa Handelen, so var det ein Dag, at han kom til Kauparen og rødde um andre Ting og vardt som Prest og Seljare gjeven baade Mat og Drykk og alt godt, og med dette kom han liksom af ein Slengetanke til at tala um Handelen og bad um at sjaa Kaupebrevet millom deim. Han fekk det; men daa han hadde fengit det, stakk han det i Lomma si og vilde ikki gjeva det ifraa seg atter. Paa den Maaten slapp han ifraa den daarlege Handelen; men Mannen sagde: «eg skal læra honom til, um han so var Prest aldri so mykit.» Men eg trur no, at Mannen hever so stor Vyrdnad for Presten sin, at han ikki saksøkjer honom. Og denne Presten segjer vel som ein Prest hjaa os i Thelemork ikring fyrti Aar sidan, som ogso var um seg paa alle Kantar, og gjerne dreiv Hest og Buskap ut paa Grannens Eign. So hende det, at han som Fredsdomare (Forligelsescommissionær) skulde midla millom tvo, som hadde stevnt kverandre for slik Aagangsbeiting, og Presten rødde som rimeligt var. Men so svarar den eine Mannen. «Fa'r gjerer ikki sjølv, som han talar her.» «Nei det var vel det,» svarade Presten, «for eg kann gjera mykit, eg, som ikki du kann. Kann du vigja Folk? Kann du døypa Born?» «Nei Gud fri os,» sagde Mannen. «Ja so ser du,» sagde Presten, «at eg maa kunna driva mine Hestar og Naut der ikki du kann.»
Men denne svenske Mannen er meir upplyst enn hin Thelebonden, so Komministeren slepper kanskje ikki so lett fraa si Burtgjøyming af Kaupebrevet.
Eg høyrde denne Mannen predika ein Sundag i den fagre Kyrkja der var. Det var um Jomfru Marias og Fru Elisabeths Vitjing (Besøgelse) han talade, og han gjorde god Greide for sine Soknefolk um, korleides dei gode Damer vaaro klædde, kvat dei maatte tala um, daa Jomfru Maria var i velsignat Tilstand; og han sette Kyrkjeaalmugen livande inn i slik husleg Samtale millom tvo slike Kvendi. Han skal vera ein god Predikant.
Daa eg lo og rødde med upplyste svenske Folk um denne Presten, sagde dei:
«Du maa ikki døma vaart Prestestand etter denne Mannen.»
«Nei so klok er eg daa,» svarede eg.
Den svenske Arbeidsmannen er nøgsam og strævsam; det hava me set her, og dette saag eg endaa betre der inne. Men eg trur, at Mange slita so saart og liva so daarlegt, at dei orka mindre enn dei fleste af vaare Folk. «Sulten eter Sulten upp,» er det sagt, og «den, som tærer paa Mergen og sparer paa Mat, fær Sjukdom og Armod paa sit Fat.»
Denne Armod gjerer ogso, at slike Folk sluntra meir undan; derfor segja mange norske Driftsherrar, at dei ero betre tente med norske Folk; og dersom dette er sannt, so maa denne Ting ogso koma af det, at den norske Arbeidsmann hever vorit meir fri for hard og lydug Teneste og soleides fengit liksom større Sjølvstøda og Mannsære i seg. Me sjaa ogso her, at der paa dei Stader i Landet, som det gamle Leiglendingsvæsen hever vorit mest i Bruk, der er Aalmugamannen mindre litande paa og liksom meir lat og daud. Det strenge Styre trælkar Tanken liksom Kroppen; og so er det med Folk som med Dyr, at den sterke Bjørnen kann ganga beint fram, medan den veikare Reven maa fara i Krokar, og soleides setja List imot Magt. Naturen er so viis, at han gjever kver sit Vaapen, og Mannatanken gjenger den sama Vegen. Det er derfor urett at lasta og ikki søkja etter ein djupare Grunn.
Uppigjenom Vermeland fortelja dei gamle Sogur, kom Olaf Tretelja og hogg ned Skogen, som Navnet hans visar og rudde Landet. Af hans Ætt var Harald Haarfager, so vaart Skyldskap med Sverike er gamalt ogso paa Kongesida. Denne Vegen fraa Vinger inn i Sverike tok Egil Skallagrimson, og dei fleste norske Kongar, daa dei hadde Vermeland under seg.
Norske og Svenske hava farit som Straumar aust og vest gjenom dette Dalføre. Men alle desse historiske Minni kunde, som eg alt hever sagt, ikki gjera meg varm um Hjartat, men tvertimot rædd den gamle Villmannstid. Eg kvad med meg sjølv, daa eg for yvir Riksgrensa:
1.
Den norske og den svenske Mann
tidt møttest her som Staal mot Stein.
Dei gamle slost um Folk og Land
som Bikkjur um eit Stykki Bein.
2.
Den eine vann det eine Aar
og drakk paa det i Mjød og Bjor,
men so fekk han sit Banasaar
af Son til den, han drap ifjor.
3.
Ja, det var Folk, som saadde Hat;
og endaa Gud um Vokster bad!
Dei gaavo Ulv og Ravnen Mat,
og um slik Kjæmpegjerning kvad!
4.
Dei gjæve Menn dei Vaapen bar
og berre foor med det, som beit.
Med Trælar Kvendi heime var,
og der med Gardebrukit sleit.
5.
Der sjaa me Livets forne Form,
som daa bar Gull og Ære inn!
Der sjaa me Folk, som saadde Storm,
og høystad derfor Kvirvilvind.
6.
Og derfor voks der litit paa
den fagre Jord, som Gud deim gav.
Istadenfor sit Korn at saa,
dei heller Aakrar svidde af.
7.
Den sure Jord var full af Kjerr;
paa Eng og Aaker liten Gro.
Det hjælpte litt, um her og der
dei gjødde Jord med Mannablod.
8.
Dei sat og kvad til Stridens Lov
af Røyken svarte i sin Heim.
Det heile var eit Liv af Rov.
Ah! Lat os røma ifraa deim!
9.
Folk segja endaa, al den Strid
var likso god, som han var sterk,
og reisa Styttur denne Tid
for Menn af slikt eit Villmanns- Verk!
10.
Lat Syndi sova i sin Fred,
men ikki æra hena slik!
Hu! Lat os ikki stiga ned
i denne Kjellar fyld med Lik!
11.
At enno Liv kann verda født,
med Mod og Merg og Augo blaa!
og at det ikki er forblødt,
men Hjartat varmt kann enno slaa!
12.
Naar slikt det toler, vist det daa
er skapt af rette To og Ty.
Det enno, um det leitar paa,
kann slaast som fyrr og aldri fly.
er baadi rikt og fagert, og det verdt ein gild Kvilestad paa Jarnvegen til Sverike. Men so maa denne vesle Byen upp i Bakken verda flutt lenger nedaat Glauma. Naar der so kjem Jarnveg uppigjenom Soløyr ogso, verdt der Liv paa den Leid, og fyrst daa vil Skoghandelen der koma i full Gang. Skogen vert ikki so stor og tykk daa; men so vil eit litit Tre vera likso gjævt som eit større no, liksom me alt no sjaa, «9 Tom», er likso gjævt som nokre Aar sidan «12 Tom.»
Eg ser derfor ikki so stor Ulykke i Skogens Minking, som Mange gjera, og paa desse Kantar vil han aldri verda so tunn elder afsnøydd, at der er nokon Faare for Øydelegging, daa der er so laaglendt, at han altid vil gro upp som Brodden paa Aakren. Men derfor skulle Folk likevel læra at hogga med Maate og ikki som stundom no til reint Skadedraap. – Der er livande Handel med Skog alt no paa desse Kantar, ja so livande, at Mange hava forhandlad seg, so der no er liksom ein Stur. Desse siste Aars Pengetid hever vel gjort sit til denne Stans; men Folk paa desse Kantar ero so kvike og modige, at dei lett forlaupa seg, og derfor maa dei liksom sova imillomaat. Dei ero kallade Noregs Fransmenn, og dette er ikki eit so usannt Ord endaa, for den seige norske Bonden er ikki so javnt at finna her. Der er Liv og lett Umtanke, og der er fleire Bønder, som lesa Tidender, her enn kanskje paa nokon annan Stad i Landet, imindsto er dette Tilfellet i Aasnes, som er utruleg langt framme baadi med Husstell og Jorddyrkning og den heile Livemaaten. Paa den sokallade Jadar ikring Vingersjøen inn med Kongsvinger er det likeins, men Jordi er ikki fullt so sandutte der. Der er ellers upplyst og godt paa heile dette Strok; og der maa vera dei reide Pengar, som Skogen gjever, og dei mange Utferdir af denne Drift, som gjerer dette, for Jordi sjølv er ikki god men sandutte for det meste, og det i heile Glaumas Vatsdrag alt upp til Reindalen og ned, til Vorma fraa Mjøsen kjem ned i hena i Nes paa Romerike, for sidan vert der betre Jord kring Glauma af dei Kalkberg kring Mjøsen, som fyrr i Verdi vorde skavne til Mjøl af Is, elder kvat det no var, so der er Kalkleire ned igjenom heile Dalføret. Til nørdre Odalen og eit Stykki upp i søndre er ogso denne Leira og likeins nokot her og der uppigjenom Soløyr, og mest paa den vestre Aabradd. Daa Dalen var full af Vatn, maa Leiret hava siget ned paa Botnen af denne Gjørma og ikki sidan vera burtskylt elder Yvirfløymt med Sand fraa Raudkynningsbergi (Granit-) austanfor Glauma og paa baadi Sidur upp mot Tønset. Daa eg ikki er Jordkunnig nok, og heller ikke kunde merkja meg alt slikt, skal eg ikki tala meir um denne Ting her, men segja det, som kver kann sjaa, at Jordbotnen ikki er so god upp igjenom Glaumsdalen som ned igjenom Dalføret fraa Mjøsen, og at derfor aldri Jordbruket kann verda so godt upp ikring evre som nedre Glauma, og upp igjenom til og kring Mjøsen og endaa i sjølve Gudbrandsdalen, som hever fengit sit Mjøl skavit af Leirberg paa Dovre- og Jutulsfjølli, og af Nedras og Veder-Eting (Forvittring) paa sjølve Stadarne.
Her maa eg med det sama tala um nokot, som eg hever gledat mangein Mann paa mi Ferd med; og det er, at me eigong vilja faa eit Kort yvir alle Jordmerki og Bergslag i heile Landet, naar det er gjenomført, som den dugande Lector Kjerulf so godt hever byrjat paa med i sit Kort og Upplysning um Landemerket ikring Christiania og uppetter derikring. Riket maa løna fleire Bergkunnige til at sjaa vel etter dette, og Kjerulf, som alt er ein so navngjeten Mann i Jordkunna (Geologi) vil vera ein god Styrare. Fyrst naar me hava slike Kort, liksom me no snart hava alle sokallade geometriske Amtskort, fyrst daa vil Jordbruket faa sin sanne Framvokster, og meir Bergmalm af alle Slag verda funnen; og daa sleppa ogso Folk tidt berre at gjeta seg fram i denne Vegen liksom eg mangestader paa denne mi Ferd. Dette maatte eg paa ein Stad tala um til Tydning paa eit og annat, som kjem i Umrøda.
Det er eit af dei fagraste Utsyn i Landet at standa paa Kongsvinger Festning og sjaa Glauma ned i Dalen med Gardar paa baade Sidur ut og upp draga seg fram i mjuke Slengningar alt fraa ei god Mil upp i Brannvoll og ned framum Kongsvinger i stridare Straumar inn under den gilde Bru, som er bygd der i dei seinare Aar, og so ned igjenom Vinger mot søndre Odalen. Ned under Foten ligger sjølve Kongsvinger, paa vinstre Haand uppigjenom den gilde Brannvolls-Bygd og beint mot aust Vingersjøen med Jadarens store og riktbygde Gardar ikring Austsida, og so Fjølldraget med sine svarte Skogar mot Sverike burt mot aust og sudaust. Med riflutte Kanonur vilde Festningen strjuka og rydja Glaumas Austside og langt burt i Bakkarne, so han ligger laglegt mot Vegadalføret fraa Sverike; men skulde han vera sikker, maatte nokre hægre Bergkollar paa same Vestsida ogso verda feste, for det var lett at setja yvir Aai lenger uppe og nede og kringganga Festningen og skjota ned paa Nakken hans. Men det verdt med Guds Magt inkje af slikt etter denne Dag, og derfor er heller ikki Festningen væpnat; der er berre ein Kommandant (Styrare) med nokre Hersveinar, som ser etter, at han ikki verdt forfaren. I denne skyggefulle fagre Festningshagen millom Murar og Kvelv og paa dei bratte Kambarne var det hugsamt at ganga i Godvedret. Um Vetren maa der sno godt, og sjølv i dei varme Sumardagar er der frisk Luft og aalmenneleg Fred.
Der var gjæstmildt paa desse store velbygde og for det meste veldyrkade Gardarne, der eg var so heppen at vera kjend og koma inn; og var eg ikki kjend, so gjorde eg meg liksom kjend og fann meg til eit og annat for at koma inn der, som det saag ut til at vera nokot at sjaa og røyna. Der er Hus og Husbunad som i dei stautaste Bygardar og paa Skinnarbøl i Jadaren er det no reint som paa ein Kongsgard.
I Minneboki til ei Gjente paa ein af desse Gardarne skreiv eg, daa eg skulde reisa:
«Den Kvelden, du veit vel.
Fager var Kvelden, som her eg no vil
faa gjort til ei Visa.
Prøva eg vil, um eg Andre fær til
den Kvelden at prisa.
Midsumar var denne heilage Dag,
og Sol vilde dala;
Gauk og Smaafuglar dei sungo i Lag,
og alt maatte tala.
Skuggarne breidde si Kaape so blaa
paa blømande Engi;
Bakkar, som Kveldsoli vende ifraa,
sin Kyss hadde fengit;
endaa paa Aasar, i grønt og i blaat,
skein Soli og blenkte.
Alting det raudnad: paa Farvel mot Nott
det sukkande tenkte.
Garden var stor, og ikringum eg foor
med «Damer» so gilde;
fagre dei vaaro, og klædde med Flor
og hjarteleg snille.
Uppetter Bakkar me sprungo so vidt,
og Gardar me saago,
likesom Born dei i Vogga so blidt
og drøymande laago.
Naar so paa Garden me atter kom daa,
i Hagen me gingo;
Rosur me plukkad' med Piggarne paa,
og gaavo og fingo.
So ned paa Voll under Hengebjørk lut
me glade os sette,
saago paa Maanen, som steig fram um Nut
paa Kveldsky so lette.
Inn me daa gingo, for Bordet alt stod
so kvitande dukat;
Bordskikken var no so gamal og god,
som enno vert brukat.
Husmodri nett liksom Lauvbjørki sat,
og kringum seg sende
Gaavur dei beste af Drykk og af Mat,
som enno eg kjende.
Vermodri sat der, ei Verd som for seg,
ei kongeleg Krona;
staut var ho enno, og Aldren for meg
ho godt maatte sona.
Borni var med baadi store og smaa,
so Laget var blandat,
liksom Smaabroddar kring Akset og Straa
paa Aakrarne standa.
Inn i Storstova so gingo me daa,
og der me os sette.
Godtfolk og Gud maatte Takken sin faa,
daa me vaaro mette.
Til eit Piano ei Dame daa gjekk,
og Hallingar spilad.
Dropar paa Kinnbeine kjend' eg der hekk!
I Aadrir det silad.
Fager som Dagen ei Syster ikring
daa leikad og dansad!
Borni dei foro som Stjørnur i Ring.
Knapt kunde eg sansa.
Husmodri sat millom Alle i Fred
paa Himlen som Soli,
Vyrdnadsfull Godmoder saag paa os ned
som Kvelden paa Joli.
Godson den eldste til Byen daa tok,
daa Alt maatte enda.
Himlen paa nytt utaf Livet slik Bok
i Naade meg senda!
For slik ein Kveld, som imillom eg fann,
eg mykit kann lide.
Den, som kann takka for Hugnaden, han,
fær Magt til at strida.
Ulykka er, at me stødt etter godt
so griduge grava:
Faa me det Beste, det er os ein Spott,
mot det me vild' hava.»
Dette Slutningsvers sette eg ikki inn i Minneboki. Det henger ihop med dette næstsiste:
– Ikki um me kunde Himilen naa,
me endaa var rike.
lengtande maatte me Helviti faa,
som skapt er for slike.
Dersom denne Gjenta ikki alt hadde vorit trulovet so er det truleg, at eg var vorden forelskat; men daa eg paa mine eldre Dagar strævar etter at halda det tiende Bud, so skreiv eg Visa utan stor Elskhug; men nokot forelskad maa Mannen altid vera, naar han diktar, helst naar den væne Gjenta siter og ser paa, for det er med Diktaren som med Gauken, at han berre gjeler um Vaaren. Naar han hever funnit Maken sin, so tagnar han, for daa hever han fengit det, han gool etter. Det er likeins med Orren og Haren og mange andre Fuglar og Dyr. Og daa ero dei ogso blinde; ja sjølve den kloke Reven gjøyr daa, so Folk kunne finna honom. At det er likeins med Diktaren vita me Alle, og sjaa det no dagsdagleg af det, som Lassen skriver um Wergeland. Daa eg las dette, maatte eg tenkja paa den tullande Orren og den smattrande Tiduren; baade sitja blundande, og likso klokt er det, som desse Fuglarne føra i Munnen sin. Men daa eg veit, at Folk lika godt denne Galskapen elder rettare dette Naturband, som endaa Folk kalla eit fritt Val, so vil eg ikki vidare greida ut Sanningi i desse mine Setningar, men berre segja, at eg her som altid kvad med Byron:
That womankind had but one rosy mouth,
That I could kiss them all from North to South.
(At Kvendekynnet hadde berr' ein Rosenmunn,
so eg med eit kund' kyssa deim kring Jordis Rund!)
Der er ikki mange gamle Merki og Minni paa desse Kantar. Alt er nytt og i Framstig, berre ikki Maalet, som er det beste af alt gamalt; dette er rett godt her, og det endaa hjaa dei fleste upplyste Gardemenn, som ikki knota slikt som mange paa Mjøslandet. Eg fann mange gode Ord og Former her. Det beste af det gamle næst etter Tungemaalet er Bygnaden af sume Slags Hus sosom dei thelemorkske Stabbur og sume Stovur, som her og der ero at sjaa uppigjenom Glaumsdalen; og den beste af alle er Stova paa Stemsrud i Grue, som skal vera kring fem hundrad Aar. Her er mange eldre Stovur i Landet sosom i Thelemork og Sætersdalen og den navngjetne sokallade Jutulsstova i Rennebu, som skal vera ikring aatte hundrad Aar. Timbret i denne Stemsrud Stova er ikki naame-nær so stort som i desse eldre Hus; men denne Stova er so lagleg byggd, so breid og lett og med Raftar og den store gamaldags Mønsaasen som den største Mast. Der er ikki Tverbjelkar og heller ikki Langslindar som mangestader i Øysterdalen. Det er eit stort Rum alt upp under det haage Raust og med Vindaugo paa den nedre Breidveggen, medan Langveggirne ero laage og utyvirtekkte med det lange Utskot af Taket, so der imindsto paa Framsida er lagat til Svalegang, liksom ogso paa Tverveggen Taket er langt utskotit. Paa denne Maaten ero Veggirne varnade for Slagregnet og kunna soleides vara lengi. Desse nyare tvihaage Hus, som standa der snaude for Slagregnet utan Utskot, maa Folk seint elder tidleg slutta med i vaart vindale Vederlag, for med alt det, som verdt bordklædt og maalat, so varer Huset knapt Mannsaldren, og dette er ikki at halda ut med i Lengdi ikki i sjølve Soløyr og Øysterdalen, der Folk hava Husfang nok. I det meste af det Throndheimske og Vestanfjøllske og i Gudbrandsdalen maa no Folk halda seg til Jordi og ikki fluga til Vedrs, liksom det skulde vera her i Hovudstaden, der ei Rutealen til Grunn kann standa i fem Dalar og vel so det.
Og der kann verda like lett og fagert inne for det, um Stova berre er eit Stokkverk. Dette saag eg paa Stemsrud. Der var nokot so lett og luftande og storslegit i denne Stova, at eg aldri hever funnit meg betre i nokot Hus. Det var den gamle Sagastilen i Tre. Eg kjende, at Augo mine toko til at fljota. Soleids vilde vaart Bokmaal hava seet ut med den nyare Tids Framgang i seg, soleids som her med Bordklædning og Maaling og Speglar og Gardinur og eit Fortepiano, som Husets Dotter spilade ei Amorpolka paa, medan me saato og røykte Cigarer inn med Punscheglaset.
Dette var nokot annat enn i gamle Dagar, daa der vist ikki eigong var Golv i denne sama Stova, men berre strøytt Halm paa Tufti liksom i ein Nautebaas og med Aaren midt paa Tufti og Ljoren i Taket liksom i den argaste Vestlandshytte no og i dei verste Sæterbudir i Sætersdalen osv. Og so var der daa Pall ikring inn med Veggirne og smaae Glugg til Vindaugo liksom i eit Fjos no, men langtifraa af dei beste. Og so i Gjestebod med Staak og Kasting af Kjøtbein i Hovudet paa kverandre og Slagsmaal og Knivstyngar og Mannadraap. Dersom desse Veggirne kunde tala! Men dei standa tigjande og sjaa Livet fara frametter innum seg, medan dei sjølve rotna og siga ned i Endarne.
Byfolk og slike som inkje kjenna nokot til Gardsbruk, tru tidt, at det er ei slik Sæla og so sjølvstandande og fritt at vera Landmann. Dette kjem no mest af Faakunna til Landlivet, og so kjem det no ogso af den gamle Hyttepoesien, som rødde um ei Hytte og eit Hjarta, og trudde at Livet var so fagert og reint og uskuldigt burt i Hytturne. Ja sjølve Wergeland hekk so i denne Villa og kjende solitit til Livet, at han ynskte seg ein Halmhatt og ei Graakufte og ei Hytte inn med ei Aa.
Og so er det ei onnor likso stor Villa blandt desse Folk, og det er den, at der skal mindre Vit og Dug til at vera Landmann enn til mangt annat. Javist kann Ein vera ein god Landmann utan stor Boklærdom; men Umtanke og Ettertanke og Framtanke maa somenn Landmannen hava vel somykit af som nokon annan Mann, um han skal koma vel fram. Og so maa han kunna det, som me lika verst: han maa kunna gjera nokot, for um han enn er so rik, at liksom berre styrer og ser etter, so er ikki det altid lettaste Verket, naar Drift og Gard er stor.
Per hadde ingen Hug til Handelen eller Studering, elder kvat det no var, han hadde farit med. Nei han vilde vera Landmann; og daa han aatte tie tusind Daler, so lagde han nie i ein Gard, han gav femten for; det eine Tusindet tok han til Buskap og Husbunad (Møblement); men daa dette ikki naadde fram for ein Mann, som vilde hava det gildt, so sette han seg i Gjæld for Resten. So bar det laust med at riva upp ny Jord utan Von um at kunna hevda og veitegrava, ettersom han braut upp etter. Det var liksom Jordi skulde bera, berre ho vardt snudd paa. Ja det var nokot Mosahy paa dei store Viddirne, som laago uppskorne. So reiv han ned gamle Hus, som hadde vorit høvelege til Garden endaa, og bygde upp store ny, nett som det skulde hava vorit til ein Herregard.
No var det ogso Tid til at gifta seg for Landmannen og anten det no var som vanlegt, at han lengi hadde gjengit og slengt trulovad, elder han baud seg fram som ein Landmann, nok, det var ei fin Jomfru han fekk seg fatt i til Husfrøya paa Landeigendomen sin. Ho stakkar hadde vist ogso Hovudet fullt af Hyttepoesi og al den Fridomen og Sjølvstøda, som det er at vera Landmann. Og det gjekk vist søtt og godt det fyrste Aaret, endaa han alt daa tidt maatte til Byen for at «gjøre Forretninger,» som det kallast at byta um Vekselbrev og gjeva femten til tjuge Dalar i Uppgjeld paa eit hundrad, og selja eit Gjeldsbrev paa sjau hundrad for fem. Per gjorde mange slike «Forretninger,» og han var paa sine Maanadsdagar so viss i Byen som Sporven i Jolebandet, og daa han reiste denne lange Vegen og livde i Byen som ein slik Landmann, so maatte han ogso gjera «Forretninger» for at alle desse Utgiftir.
Det gjekk og det gjekk eit Bil med Faderens og Verfaderens Hjælp og Andres Aabyrgsla, som trudde paa den rike Ætt; men endeleg seig det ihop altsaman, og han vardt endaa etter tri fire Aars Landmannskap skuldig meir en han fekk for Garden.
Dette var endaa ikki so ille som af ein annan slik Landmann. Han fek for heile Garden sin somykit som eit Fjos med Løda paa hadde kostat honom.
Her er dessverre mange slike Landmenn, og det er den største Synd med all denne Galskapen, at dei skræma Grannar og Andre fraa at gjera maatelege Forbetringar paa sine Gardar med Jordbruk og Husstel, for dei sjaa, korleides det her gjekk med han Per, og han Paal med Steinfjoset sit.
Nei, der skal stor Gard og liti Gjeld og endaa sparsam Livemaate til, skal ein Landmann liva vel og hava Magt til at halda ut til Enden med maateleg Framgong i si Uppodling af Garden og Forbetring i Hus og alt Stell. Den gamle Prisen paa Jordi verdt nok den, som helder lengst ut, og den var, at Helvti af Gardens Afdraatt vardt reiknat til Drift og Skattar, og den andre Helvti gjord til Pengar etter ein Medalpris, og somange hundrad, som desse Pengar kunde forrenta til fire af hundrad, det var Gardeværdet. No daa det er fem af hundrad, verdt Gardeværdet somykit mindre og altfort ned etter, som Renta er stor til. Maa Landmannen liksom vaar Per tidt handla og vandla, so Renta verdt likso stor som Hovudstolen, so er Garden ikki værd ein Skilling, ja han er ikki takande, um du fekk honom tilgjevande (gratis) med slik Drift.
Ettersom der er Dyrkevon til paa Garden, kann Værdet stiga yver dette her nævnde, og naar der er stor Von til Forbetring som paa dei fleste Stader, kann ein ung og drivande Mann eiga det meste af Garden paa sine eldre Dagar, um det ikki var so stort han aatte at leggja i honom.
Men det maa ingen «Landmann» vera, som gjør «Forretninger.»
Garden til denne Landmannen stod og sturde i Sumar og kjende liksom paa seg, at han var komen i urette Hænder, og Ingen kunde heller gjeva somykit for honom som fyrr, for dei fleste Hus vaaro saa store og gilde, at dei maatte arma ut ein Mann og Jordvegen laag liksom geispande.
Landmannen bliver vist no i ein By og Verfaderen hever vist maatt tekit atter Dotter si, som altso ikki lenger er Landmannens Frue.
Lars
hadde eit annat Lag med det, han, enn Per, for hans Fader og Farfader attigjennom hadde vorit der i Bygdi, sidan Odin livde, og Sonen var likso klok som Faderen nedigjenom, nett liksom Graabeinen no er likso klok som hans Ættefeder paa Fenrisulvens Tid, endaa der altid trænger inn i Bygdarne sume nye Tankar med Presten og Lensmannen og ei og onnor Skinnbok. Og no i den siste Mannsaldren gjenger det fortare med dette, soat Folk altid faa liksom ei Andarluft, um dei lesa aldri so litit. Ein og annan ny Tanke verdt liksom liggjande atter i Bygdi og tekjen upp af Folki, som tidt tyda og bruka honom paa den løglegaste Maaten; men der kjem eindaa ein frist Gufs, som driver Folk utor den gamle Ringen, som dei hava svivit rund ikring i.
Lars kom soleides lenger fram paa sin Maate enn sine Forfeder. Som Framvokstring dreiv han Handel med Tobak og nokot Brennevin og ein og annan Sauden og gamle Byrsur og Felur. Dette Liv førde honom til Byen og vidt um; so raakade han paa ein og annan Mann, som han fekk ein og annan Setning af, og so fann han Skinnbøker fulle af Duft paa Hjelden i dei Gardarne han laag paa sine Ferdir. So lærde han seg til at skriva og sette altid store Bogstaver for nokot som han totte var stort sosom at «handla» og «kaupa» ogæselja,» og «stor» og «eta» og «drikka», og «snyta» sette han med ein stor utkrotat S., for daa han er eit godt Hovud paa sin Vis, so vil han altid finna ein Grunn for alt, og derfor lagde han seg ogso mest etter Retsbøker og daa af desse mest etter den gamle Logi af Christian den 5te med ei stor greivande Løve paa Titelbladet, som han tidt kunde sitja som i Draumar og sjaa paa. Han trudde paa denne Boki som paa Bibelen og vel so det, for han fann mange Ting i Bibelen, som han ingen Grunn kunde finna i, og derfor var han i betre Lote (Humeur) paa Thingstaden enn i Kyrkja, og for so vidt var der nokot gamalnorsk i honom, so han rett var i sit Es, naar han kunde bruka Logkrokar, for det han vann med Rettens Hjælp var i hans Tankar altid den største Rett, kor urimelegt det enn var for den rettvise Tanken.
Men det, som forundrade honom mest, var, at han tidt tapade Sakir tvertimod det han las sig til i Logi, for Stykki, som vaaro aflagde hundrad Aar sidan og vel so det, trudde han endaa stodo ved Lag, og han sette tidt paa seg Brillurne og las og las uppatter og sagde: «Det maa vera mykit til Dom dette; men Hægsterett gjerer honom vel um.»
Ja Lars er ein Rettens Man, og derfor gjenger han ogso med Lomma so full af Logbøker og Rettsbrev, at det er so tykt som ein Bibel; men svart og blakt er det alt af all den Bruken, for han dreger sine Greidur upp og leser deim som Børneboki, naar han kviler i Vegbrauti, og naar han hever lagt sig um Kvelden.
Han var Skulemeistare eit Bil; men ein slik Rettens Mann maatte ogso um Vetren vera meir ute i Strid og Retstrætte, enn det er høvelegt for Skulemeistaren, og all denne Handelen hans kunde ikki fremjast med at stava for Smaaborn, for han var det, som Folk kalla ein practisk Mann.
Det var no i den Tid ikring firti Aar sidan, daa Jordi gjekk for eit ringe Værd, at han kaupte seg ein Gard, og bytte og bytte, til han vardt sitjande paa ein af dei beste i Bygdi; so kaupte han Skogteigar og førde Sakir um Grensur og Sankavegir og slikt nokot, og i den Tid, stod der større Stegg (stor Rædsla) af ein slik Rettsmann enn no, soat han tidt skræmde Folk, og gjorde det eine Tak større end det andre. Men med all denne Rettslærdomen og Rikdomen sin, var Lars ein Mann, som aldri flaug etter den nye Stasen: han gjekk som den Dag i Dag fyrst med ei Huva under og med ein Hatt uppaa, svart eg blakk og att' paa Nakken, so Huva er sjaaande rund ikring Hovudet berre ikki bak. Lars klæder seg liksom med Spontak, der den eine Sponen ligger paa den andre som Fiskeskjel: soleides hever han, for at taka nedantil, Hose paa Hose upp etter Leggen, der den indre er ein god Tumme lenger upp enn den ytre, og yvir Kneet sit ein Smokk liksom ein afklyppt Kakelsovns-Røyr. Likeins er der Brok paa Brok og Vest paa Vest og uppetter, og Kjole og alt af det grøvste Ty, liksom det skulde vera vovit af Riskvistir og fullt af Mjolkedropar og Matflekkir og Grip etter Fingrarne hans, for han fylgjer den gamle Skikken og turkar Henderne ned paa Klædom, daa han med alle slike Folk kallar Turkaklut ein Ovbunad (Luxus). Naar no til denne Klædebunaden koma hans store Biksaumssko og hans Fyriskinn, som altid slankar ned til Knes, so var det inkje Under, at Folk i eldre Dagar var rædd denne Rettens Mann, naar han kom paa Thingstaden; og hans glirande Augo og Munnvikar mest att' aat Øyro kunde nok gjeva Aalmugen den Tanken, at dette var ein Mann, som kunde meir enn mata seg.
I sit Gardsbruk og Husstell hever han liksolitit tekit etter den nyare Skikken, endaa han ikki var fullt so sermerkt der som i Klædebunaden, for den Ting at driva ein god Gard, so han knapt føder Driftsfolket, det er ikki so einstaka. Der finnst mange Folk, som gjenomføra det gamle Ord: «Sulten eter Sulten upp,» og Lars er ein af dei beste til dette. No er det vel so med Lars, at han tidt leider ei Ku til Torgs for at kunna taka ut ei Ankestevning, og soleides dreger undan Garden og til Retten; men der er med alt dette nokot fornt (antikt) ved hans Gardsdrift. Han leiger dei udyraste Folk, og derfor er der mest Svenske paa Garden hans; daa gjenger det paa med Graut i den eine Neven og Graabeinsild i den andre, som det verdt snubbat og bitit af som af Pylsa elder Tobak, og so daa attaat lagt i seg af tunn Velling, so Magen er slik utspanat, at dei knapt kunna rigga og ganga fraa Bordet, og ero som kver kann vita, tunge og late den halve Øykt; og der stender ein Tev af deim, som der skal lang Vane til at venjast med.
Lars er so sæl at hava fengit seg ei flink og snil og tolmodig Kone. Det er tidt, at ho maa ut paa Bakken og rota og grava etter Karvekaal og annat slikt Røte, naar Huset er altfor matlaust um Vaaren og ut paa Sumaren. Tidt er det ogso, at Aarhagen af denne gode Garden ikki naar lenger enn nokot fram paa Vetren og ikki endaa so langt den Hausten, han sleppte Buskapen ut i Kornstauren og Jordepleaakren, af di der var gjort Inførsel i Aarsgrøda. Daa han ikki lenger kunde draga Saki ut med Ankestevningar, men maatte sjaa Futen koma og taka Utlegg i Aarsvokstren, daa vardt han sinnat og dreiv Buskapen ut paa Aakren. Men, stakkars Lars, det hjelpte honom inkje, for han var god nok, so han maatte bitala si Gjeld med annat og var attaat nær ved at koma i Bøter; og Buskapen var her ikki nokot sykja Skadegjeld af. Daa riste han paa Hovudet og sagde: «det er vandt at koma til Retten sin.»
Eigong han førde ei stor Sak mot Broder sin sagde eg til honom: «Du skulde ikki føra somange Sakir Lars!» Hm! svarade han, bøygjande paa Hovudet og glirande med Augo: «hm, hadde eg ført fleire Sakir, kunde eg hava vorit ein rik Mann, men eg hever vorit for god i meg og trutt Folk for vel, stakkars Kroken min!»
Han teker Bibelen beint etter Ordet, at Mannen er Konas Hovud og Herre, og daa ho eigong hadde fest ei Tenestegjente, som Lars totte Huset kunde vera forutan, og Kona ikki vilde gjeva etter, so stevnde han hena for detta. Han ruggade paa Hovudet, daa han saag, at han heller ikki med dette kunde faa «Retten sin», og sagde: «det er vaalundt med den Retten, og Guds og Manns Log seer no ut til at vera ugjeldande!»
Naar han ferer burt i lenger Tid, so seter han inn Kona si til Fullmægtig og skyter til Bibelen paa denne Retten sin, og slær denne lærde Fullmagt upp paa Dyri til «Kontoret» sit. Men daa ein Rettslærd sagde honom, at der kunde finnast Mange, som endaa ikki vilde innlata seg i Storhandel med Kona hans, so sette han eigong inn til Fullmægtig ein Mann saman med hena, og sagde, at Alle i hans Fraver skulde lyda hans Kona, som han etter Moses Log og St. Pauli Ord hadde Rett til at setja i Staden sin, og saman med denne «heiderlege» Mann skulde ho handla med sama Magt, som han gjorde det sjølv.
Dette «Kontoret» hans er eit litit Kot upp i det andre Stokkverk paa Stova, og dit krabbar han etter ein Stige fraa Koven gjenom eit Glugg med Lem paa. Og for at spara Tid med at ganga ned til Maaltids og for at ikki eigong hans Kone skal koma inn i dette gjæve Kot og kanskje stela burt eit og annat «Document,» so hever han stelt til eit litit Glugg, som Maten verdt puttat inn igjenom, og likeins for at spara Tid og hava det høgt (beqvemt) hever han liksom eit litit Skap inn i Veggen med Glugg ut til Løyndarhus. Paa denne høgvinte Maaten kann han sitja all Dagen paa «Kontoret» sit millom Logbøker og Rettsbrev og Motbøker (Contra-) og Domar og Innleg til Retten. Alle hans eldre Rettsbrev og Bøker ero gule, liksom dei skulde vera duppade ned i Saltlake og turkade paa ein Stein i Soli.
Det er Guten sin Lars, som ikki armar seg ut til med staute Hus og gjæv Husbunad: der finnst snart ikki ein heil Stol i Huset og Bordbenken stender og ruggar paa tri Bein. Kona skurar nok og tver, men ho rekker det ikki alt, stakkar, med alle dei Smaaborn ho maa dragast. I Golvet er Tiljur ute imillom, so Ein ser ned i Kjellaren, og Kona man vera paa Livet for Smaaborni sine. Kjem ei Vindaugsrute til Skades, so verdt det puttat i Holet eit Stykke af eit gamalt utslitit Klædesplagg, som der finnst heile Hangar af millom Halmen i Sængi og i kver Huskraa men mest i Stabursvali inn med ein liten utsliten Slipestein.
Det var her i Vaar eigong, at der tok Eld i Ovnspipa og brende eit stort rundt Hol i Taket, fyrr det vardt sløkt; men Holet stod og gapte like rundt og svart, daa eg var der, so eg saag beint upp i blaae Himilen fraa Krakken, der eg sat fram med Gruva. Det var no Sumars Tid, so det gjorde ikki somykit, meinte Lars.
Som Husets Husbond og Herre gjenger han med alle Lyklar, so det er so det ringlar i Lommurne hans.
Det er ikki værdt at tru nokon, meinar Lars, og Kona kunde finna paa somykit ho, naar ho fekk raada seg.
Han rister paa Hovudet og undrar seg, kvi han med sit sparsame Liv hever vorit nøydd til at selja den eine Skogteigen etter den andre og det beste Jordestykki paa Garden sin og enndaa pantsett det, som atter er, so det ikki vil ganga lenger. Men, det er fordi han hever vorit for god i seg og ikki ført Sakir nok.
«Farvel Lars,» sagde eg daa eg skildest med honom, «Farvel, du er ein af dei gamaldags Menn, som eg hever kjennt mange af berre paa ein litit annan Maate, for du veit det, Lars, at ikke eigong tvo Lauv ero like.»
«Nei det er vel so det, Guten min. Og naar du kjem hit atter, maa du vitja meg, for af deg kann eg ukaupande (gratis) læra nokot Rett imot alle dei vonde Folk, som sitja um meg paa alle Kantar. Her saag du Futekarlen gjorde Innførsel for ei Gjeld, som eg er likso uskuldig i som dette minste Barnet. Du saag, eg hadde Pengar, men der maa daa vera Rett at faa inn i Christiania.»
«Jamenn er der Rett, gode Lars.»
«Ja no reiser eg snart derinn for at taka ut Ankestevning. Det fær ikki hjælpa, um det er Slaattaanni aldri somykit; for Retten er framum Alt.»
var ei Byjomfru men i Vitjing her paa Landet. Moder henar var Ekkje og hadde i Armod, som ho løynde burt for Folk, fostrat upp Borni sine og haldit deim i god Skule. Dei grodde upp friske, fagre og kloke med den beste Folkeskik i dette husarme men reine Hus, og dei komo i dei beste Selskap, for Moderi var af stor Ætt, og so klok, at Alle vilde hava hena med og halda Borni fram. Og so var der no ein og annan Ætting, som stakk til hena tie Daler daa og daa, og forærede til Borni Kjolety og slikt nokot.
I ei slik mild og fin Luft var Mina uppvaksi, og daa ho var so ei Framslengje, toko Gutarne til at sjaa paa hena og sagde, at det var ei utruleg fager Gjente; og dei gjorde seg Erind for at ganga utanfor Vindaugo og glytta og sjaa inn, der ho sat bak Blomar, og anten saumade Rosur (broderede) elder las i Bøneboki og imillom i Blomster-Gjenta fraa Pompei og Zanoni og derimillom dei mjuke og leikande Vers af «Danserinden» og «Adam Homo,» som ho ikki visste var ei Ettergjerd af Byrons «Don Juan.»
Gutarne gingo so lengi og so lengi og dansade paa «Baller» kver Dans med Miua, alt til ein ovleg rik ein trudde, at han ikki kunde liva utan Mina. Det var mangein arm Stakkare, som tenkte likeins; men Mikkel – so het denne rike Guten, han turvte ikki brenna inne med Elskhugen sin, for han var so rik, at han kunde gjera det, han vilde. – Moderi og den heile Ætt vaaro, som ventande var, glade for det, at Mina vardt trulovad med denne rike Karlen, og Mina var ogso glad, for um ho ikki likade honom fullt so vel som ein ung spræk Student med lang Dusk i Huva, so sagde baadi Moder og «Tante,» at Kjærleiken kjem smaatt i Senn og liksom af seg sjølv, naar det unge Parfolk hava nok at liva af, og at eit slikt armt Gjente-Barn, som berre hever Slekt og gode Venir at lita paa, ikki maa vera for kræsent, naar det kan taka slikt eit Tak. Mina gret vel so smaatt med dei blaae Augo og lange svarte Augnehaari sine; men ho trudde paa Moder og «Tante» og var stolt nok til at verda lyft upp af den Tanken, at ho kunde verda den gildaste Frua paa lang Leid; og daa Mikkel kjøyrde med hena i Vogn ikring til si rike Ætt og sin Faders Eigendomar, so kjende ho seg stolt og elskade sin kjære Mikkel likso varmt som Studenten fyrr og vel so det, for Mikkel var baadi ung og saag ut som Folk flest. «Sjaa um Elskhugen ikki er den Fuglen, som kjem, naar han verdt lokkad paa,» sagde Moder og Tante. «Jau,» svarade Mina, og vardt raud i Andlitet, som slike Smaagjentur ikki taka langt etter.
No livde Mina som ein sann Gudsfugl, klædd liksom ei Vaarsky og hoppande millom Blomar og lesande i alle nyare Maal dei beste Dikt, som til var, og spilande paa eit nytt Piano af beste Slag med dei dyraste Lærarar.
Daa Mikkel ikki hadde lang Veg, so kom han tidt til Kjærasten sin, og høyrde paa Spilet og gjekk ut med hena til Ovund for dei unge Damer og Herrar, som saago skeivt kver paa sin Kant. Det er det søtaste Sukker paa Lykka, at Folk ero so daarlege mot seg sjølve, at dei bera Ovundskap til den Lykkelege.
Men det visade seg Dag for Dag, at Mina og Mikkel ikki kunde samstavast: Mina hadde i sin stille Tanke som alle Gjentur, naar det er nokot ved deim, gjort seg upp ein Mønstermann (Ideal) med ein Garibaldihatt paa Hovudet, og Mikkel var som slike Gutar er flest: han kunde spila Billard all Dagen og Kort um Kvelden, og rida imillom, men aldri taka ei Bok i Hand, naar han ikki var nøydd til det. Han sagde som tidt slike Folk: «eg er so rik, at eg ikki trenger til at gjera meir, enn eg vil, men kann liva for Moros Skuld.» Som slike Folk var han leid og keid imillom, og daa Mina ein Kveld kom hoppande som ein Fugl imot honom og sagde: «Nei Mikkel, no skal du vel høyra ei ny Mazurka, eg hever lært,» svarade han butt: «Aa reis paa Veggen med Mazurk'aen din.» Som vengskotne Fuglen seig Mina ned paa Stolen med eit Flaks.
Det leid og det skreid, og Mikkel tok til at verda ein gagnleg Mann; men han vardt som Faderen sin ein Tremann, som ikki hadde Auga for annat enn at samla; at faa nokot godt elder ein Tanki utaf honom, var som at banka paa Klokka i Vatnet.
Mina gret tidt for seg sjølv, og naar Mikkel saag det, so lo han berre aat det og sagde som baadi Moder og Tante, at ho var forskruvat af Romaner; men ho verdt vel klok, naar ho verdt gift og eldre, sagde Moderi; ja det trur eg vel, sagde Tante. «Det vonar eg,» lagde Mikkel surt til.
«Dette helder eg ikki lenger ut,» sagde Mina ein Dag til si Moder; det fær ganga meg i Guds Navn, som det vil, eg vil so aldri kunna verda ulykkelegare enn med han Mikkel.» Moderi vilde daana, og Mina sprang etter Vatn; Tante, som tenkte paa tvo tri Rum for seg i Mikkels Gard ut mot Hagen, kvad i med eit kvast «Hu!» og trudde, at Mina var reint vitlaus.
So vardt der gjort eit stort Ætteraad, som Mina vardt stevnt inn for; dei talade likso viist som Salomon, daa han var staalstiten af all den Livsnjoting. Men Mina stod fast paa sit og skreiv sit Uppslags-Brev til Mikkel og sende alle Gaavur tilbake med Anne, Tenestegjenta, som aldri kunde faa i Hovudet sit, kvat der var komit yvir Mina, men tenkte: «Den, som kunde faa seg ein Gut, rik som Mikkel, vilde vera sæl.»
Der stod Mina og var den gamle arme Mina og til Spot og Laatt for si Slekt attaat; ho vardt send burt paa Landet, som ho skulde hava gjort nokot vondt. Af sine Kjenningar der fekk ho imillom høyra det sama som heime. Men der var ho tidleg ute kver Dag og høyrde Orren um Vaaren og lenger fram paa Gauken, og so var ho stundom med paa Jagt. Det var den gamle græske Gudsjomfru Diana,» sagde eg til hena. Og so rodde ho paa Glauma og saag dei svarte Skogar ikringum, og so stelte ho med Ændar og Gjæs og var rædd dei store Gassarne. Ho var meg aldrig so fager, som naar ho sprang og skreik og rømde for desse og var rædd for, at dei smaae Andungarne skulde drukna.
Det var liksom Foten ikki vilde bera meg fraa denne Jordflekk, som Mina hadde trodt paa. Men so vardt eg glad og sagde med meg sjølv: «Det er godt, at me imillom raaka paa slike Folk, for ellers vilde Livet liggja framfyri os som ei stor lang Pylse.»
Mikkel er vist alt trulovat atter, daa slike Folk ikki ero lengi um det: og han finner vist mangei Jomfru, som ikki likjest Mina, men finner honom den gildaste Mannen, som til er.
Alt ifraa Kongsvinger og upp til Aamot i Øysterdalen er Landet seg mykit likt alle Stader, berre Dalen verdt trengre, og Glauma gjenger ikki so stor og still i sine tankefulle og seg sjølve altid like Slengingar, til lenger ein kjem Nordetter. Det er med Glauma som det er med os fleste, at ho ikki kann fara beint fram, men maa slaa Krokar for dei Berg og slikt nokot, som liggja i Vegen og ikki kunna sprengjast. Det er Faae paa Jordi, som kunna naa sit Maal paa den beinaste Vegen; og naar ikki eigong Glauma kann gjera det, so skal ikki Smaabekkirne vera arge for sine Vegamein, um dei tidt maa mest ganga tilbake i seg sjølve. Eg lærde mykit af Glauma; at ho gjekk af Vegen for eit Berg og eit Fjøll var inkje at takka hena for, men ho gjorde dette tidt for berre Jordbankar og Sandøyrar; men so grunngrov ho sløgt og umerkjelegt desse Meinskrokarne, og tok Beinvegen sin, fyrr Nokon visste af det. Derfor sagde ogso Folk: «det er Ingen, som veit kvar han hever Glauma; ho er so sløg» (slu). Soleides tala Folk um Visdomen, som ikki stangar Hovudet mot Steinen, men segjer med Holberg, daa ein Mann stengde Vegen for honom og sagde, at han ikki vilde vikja for eit Narr: «Ja gjenger ikki du af Vegen for eit Narr, so gjerer somen eg det.» – Holberg var som Glauma, han. Som me Alle gjera, legger ogso Glauma sjølv dei fleste Mein i Vegen sin: ho skyler og grutar upp Sandbankar, af sit eiget Djup, og so maa ho sidan undergrava og ganga af Vegen for sine eigne Meinsbragd. Det er af dette Sume tru, at Soløyr hever sit Navn; og det er dette, som gjerer det so vaalyndt med den Eimbaaten, som er tenkt at skulle koma i Gang uppigjenom alt til Aasnes. Der foro Vatsbyggjarar (Hydrografer) i Sumar og loddade upp Straumar og mælte Fossar. «Ja,» sagde ein Mana i Grue, «dei lodda og mæla; men Glauma lær aat all Lodding: der dei sigla i Aar kann vera turt Land aat Aare.»
Naar desse Øyrarne verda nokot gamle, skogganga dei og liggja som eit fagert og godt Slaatteland; og naar det daa er Flaum, standa Lundarne liksom i ein Sjø og stinga sine grøne Toppar upp af Havet. Naar daa dei fagre Gardarne liggja ikring, og dei myrke Skogarne uppetter Lidarne, so er det eit Syn, som ikki er gløymande. Vaarflaumen var minkat, daa eg foor der, men endaa var det ein unevneleg Hugnad at siga og driva ned igjenom svarte Straumen. Der vaaro fagre Gjentur med i Baaten, og me sungo og spraakade. Ein Gondolfart i Venedig kann ikki vera meir leikande. Timberstokkarne seig ned mot Havet fraa sine svarte Skogar paa denne Landsens største Livaader. «Der er til ein ny Silkekjole,» sagde eg til ei Gjente, og visade paa nokre store Timberstokkar, som drogo afstad so vyrnadsfulle, liksom dei vel visste, kvat dei vaaro for gjæve Karlar.
«Er det ikki Synd,» sagde ein Mann i Baaten til meg daa, «at me skulle kaupa burt vaart malmgode Timber i Silke og slik Stas»?
«Nei,» svarade eg, «Skogen er skapt til at gjera vaart Liv hugsamt og fagert. Skogens Andir maa no hoppa af Glede, for dei kunna skapa all denne Upplysning og Folkeskikk ikring seg, og desse Skogarne trjota ikki, fyrr Glauma turkar, naar de hogga med Folkevit, og setja Skogar under Tilsyn.»
«Du vil altso hava Tilsyn, som her no verdt talat somykit um,» sagde han.
«Ja Øydeleggjaren maa likesovel i dette Stykke, som i mange andre gjerast umyndug,» svarade eg, «dersom det kunde lykkast at finna den rette Maaten med det. At selja til Uthogst f. Ex. burde vera forbodit. Skogen er korkje min elder din, um me aatte aldri somykit; men det er Landet, det er den heile Mannaætt, som eiger honom, og me skulle forvalta honom so, at Folk ogso kunna liva etter os, og gjera me ikki det, so maa Riket triva Øksi af Handi vaar, lilsom Kniven af Barnets. At tala um ein Eignedomsrett, som skulde naa lenger, naa til Afgrunns, er Barnetala. Me ero eit fritt Folk, men Fridomens fyrste Dygd er at leggja Klokskapsband paa seg sjølv.»
Folk segja, at desse store Skogarne med sine slette Furumoar imillom ero so dauvlege; men eg tykkjest, det er gildt at fara i ei lang bein Geil (Veg) liksom igjenom ein Kjæmpe-Rugaaker, so Ein seer berre ei smal Stripe af Himilen, og Furuleggirne blenkja raude liksom friske vederbitne Kinnbein. Og so hoppar der eit Ikorn yvir Vegen og springer smattande uppetter eit Tre og hoppar yvir Geili uppyvir Hovudet burt i den andre Fura. Det dalar paa denne tolv seksten Alnir lange Luftferd, so at, um det hoppar mest ifraa Toppen paa den eine Sida, so kjem det heisande ned mot Midten inn i Greinerne paa det andre Tre. Det hender ogso, at Reven stryker yvir Geili; men dette merkjer vondt, sagde ein Skytsgut meg; er det attanfor Ein, so hender Ulykka der, han kom ifraa, og er det framanfyri Ein, so hender det vonde der, han kjem fram. Der sprang ein gild Rev yvir Geili framfyre meg paa dei milelange og snorbeine Skogmoar millom Aasnes og Elverum der igjenom Vaaler; men eg spurde inkje annat enn vel, daa eg kom fram, endaa der kunde vera hendt ei Ulykke for den Skuld, um ikki eg fekk vita det.
Her er so folkelegt igjenom desse Strok, at der er faae Ting som skjerer i Augo; men so var der ogso ein Ting, som gjorde dette tilgagns alt ifraa Vingerdalen inn mot Sverike og til langt upp imot Øysterdalen; og dette var dei blide storlaatne Elgshovud, som paa dei fleste Gardar vaaro slegne inn paa ein synt Vegg, helst paa Stabursvali. Elgsdyret er eit altfor adlegt godlyndt og drengjelegt Dyr til at sjaa sit gjæve Hovud standa so paa Stegl. At skjota den staute Elg paa ein pynteleg Maate den Tid af Aaret der er Lov til, kann so vera, endaa dette ogso er armt og raatt; Folk burde standa paa Venskapsfot med denne uskuldige Skogfyrsten; men fyrst at forfylgja dette drustelege Dyr i djup Snjo som no i Vetr elder med Hundar, og so baketter spikra Hovudet paa Veggen, det er villmannsraatt, og det var so det saud og brann i meg, daa eg saag desse Hovud liksom bedande um Naade for si gamle Kongeætt, som snart vil vera burte fraa vaare Skogar, dersom Folk skulde halda soleides paa. Solungen er i mange Ting ein stor Riddarsmann, og derfor totte han ogso, at det vardt for ille i Vetr med alt det Elgsdraap, og han gjorde ei Hererd inn i Sverike mot Raaskapen og Logbrotet af alt dette Elgsjag. Der skal vera endaa verre i Sverike med slikt.
Naar me lesa i den eldre Log, at Hovudet af Illgjerningsmenn skulde setjast paa ein Stake, so grysja me og segja, at det var ei Villmannstid; og den Tid vil koma, som segjer det sama um vaar, som spikrade Paa Veggen det blidlege Elghovud. Det er jamvel villt at nagla paa Veggen Ørn og Hauk eg Hubroder og Ulvetryne og Bjørnehovud. Paa ein Gard i Øysterdalen stodo vist tjuge Bjørnehovud beinkvite blenkjande paa Stabursveggen. Det kann no so vera med slike Skadedyr; men det er villt. Der paa Øyarne i Sudhavet fortelja Ferdamenn, at Mannahovud af slegne Fiender hanga med flaksande Haar elder beinande kvite rund ikring Veggirne som store Næpur; og Herodot forteler ogso um dei gamle Skyter, at dei komo ridande heim um Kvelden fraa sine Herferdir med flaksande Mannahovud ikring Sadlen sin, og so flaadde (skalperede) dei deim og gjorde seg Hætte elder eit annat Klædeplagg af denne lodne Hovudflaatten, og hadde sidan den snaude Skolten til Sigermerke, liksom her no verdt gjort med Bjørnehovudet. – Lat os drepa det, som vondt er og bruka det, som gagnlegt er, men lat os ikki hengja ut slike Sigermerki og vera Villmenn!
stender vist hægst af alle norske Dalar i Upplysning og god Folkeskikk. Det maa no, som alt sagt, vera Skogen og dei mange Utferdir, som hever gjort dette; men det er ikki nok med det, at somange ero velstandande ja endaa rike og det tidt ovrike, for det kunna Folk vera ogso i andre Dalar sosom sume Ættir i Gudbrandsdalen; men der er slik Sedhevd (Cultur) med alt det, som Øysterdølen ferer med; eg vil berre her nevna det Reinfærlege, som der i Øysterdalen mest er endaa vel mykit af. Alt skal vera drivande kvitt, um det so verdt svart atter i sama Augneblinken, sosom det daglege Golv. Det er som i England, at den svartaste Smeden skal hava dei kvitaste Klædi; og dette er no ogso det rette, for daa seer Ein fyrst vel det svarte og kann faa det af seg; men det er dyrt, og derfor er Reinsleiken næst Kunskap den dyraste Ovbunad (Luxus); men so er han daa ogso Fargen for Uskuld, liksom Kunskap lyfter os upp til store og gode Tankar. Derfor er det sjølvsagt, at desse Ting maa vera dyre. Det øysterdalske Maal er ikki so gamalt og godt som f. Ex. i Gudbrandsdalen, endaa her er mange gode Ord og Talemaatar.
I dei rikaste Bygdarne sosom i Storelvedalen er det folkelege (nationale) so høvelegt sambundet med den nyare Upplysning og Livemaate, at det baade i Maal og annat er liksom vaksit ihop. Desse tvo Ting standa ikki og skrika ein annan i Øyro og det tidt i sama Mannen og sama Huset liksom mangestadar ikring Mjøsen og ellers paa det rike Uppland, og heller ikki stender det folkelege einstakat bland alt det Svarte og Bakvende i Gardsdrift og Livemaate sosom i dei fleste Fjølldalar og Sjøbygdar mest Vestanfjølls.
Der er ein forunderleg Finleike i Umgang hjaa mange af desse Øysterdøler; det er like langt fraa den gravvise og forvitne Fjøllmann og Motsetningen den Fransmann, som kann vera saman heile Dagen med ein Mann og ikki spyrja, kvat han er for ein. Dei vita so vel at møta Utbygdingen paa halve Vegen og gjeta hans Ynske, og so gjera alt godt, liksom det ikki kunde vera anderleides. Det er eit i Sanning fint Folk utan den minste Storlaat, um der er aldri so mykit at vera stor af, og med al den heimlege Hugnad og Diervskap, som segjer, at det er Norsk og ikki innført. Slikt vilde vaart Bokmaal hava seet ut, dersom me den heile Tid hadde vorit os sjølve og ikki ein Sæter under Danmark i fire hundrad Aar.
Eg skal aldri gløyma ei Kone, eg saag der. Det var ikki af dei rike, men henar Aatferd og Skipnad og reine fagre Born og framfyr alt henar sterke, friske og fagre Skapnad gjorde, at eg trudde at sjaa Moder til Goethe framfyri meg. Det er merkjelegt, at her ikki kjem liksomange Flogvit (Geni) ned til Byarne Aars aarleg, som Æar (Elve) og Bekkir koma rennande fraa sine Fjølldalar ned i Havet.
Ei onnor Kone, eg der saag, er heller ikki gløymande. Ho hadde ein fordrukken leid Mann; men ho lest som ingen Ting var og hengde liksom Dulskaapa paa si Ulykke, eg lest liksom den øydelagde Mannen hadde Rett, medan eg høyrde paa det. Ho sprang og vølte med honom som eit Barn. Hadde det vorit meg, so vilde eg hava stengt honom inn som ein annan Gris, daa den, som drikker slikt, ikki lenger er Mann.
Det er ei af dei svarte Sidurne ved dette Herreliv hjaa mange Øysterdøler, at mange forkoma af Drykk og gode Dagar. Eg vil her fortelja ei Histori um ein Mann, som eg vil kalla
Kaksen.
Han hadde tvo Sønir, Sigurd og Svein, og desse vaaro baadi han og mest Moderi rædd for, som det sømer seg for so rike Folk. Men daa Kaksen var af den gamle Tenkemaaten og Moderi af det Slags gamaldags Folk, som altid vil hava Borni fyri Augo sine, so lærde Sigurd og Svein ikki meir, enn dei kunde læra af ein Aalmugaskulemeistare, som var Huslærare; og Sigurd og Svein maatte liksom heller ikki koma stort ut med Ungdomen i Bygdi, for dei vaaro for gode til dess. Soleides voks dei upp med store Tankar um seg sjølve og smaae Tankar um Andre, og so med den Faakunna, som matar slike Tankar; men daa der var eit godt Huglynde i deim, so var det endaa «snille Gutar.» Som slike Rikmenns Sønir fingo dei imillom Lov til at reisa til Hovudstaden og til Grundset Marknad; og daa dei hadde Mynt i Mengd, og Alle gjerne vilde vera Kjenningar med «so gilde Karlar,» so lærde dei seg til at drikka, fyrr dei vaaro vaksne og «vera med,» som det heiter. So døyr deira Moder, og so vorde Sigurd og Svein friare. Dei gjorde Byreisur og Marknadsferdir, og Champagnen perlade; og for kvert Tjug af Tusind, som vardt bodit for Skogen deira, toko dei i ei Flaske til, og kravde paa Matbladet i Værtshuset for at bjoda sine Gjestir den beste Maten. Det gjorde dei no ikki stort dette, for det gjekk ikki sovidt, at det tok paa den tunge Pungen; men det gav desse unge Menn ein vond Vane; og dei Øysterdalske Gjentur, som kunde vera høvelege for deim, trudde ikki lenger paa desse ovrike Gutarne, men drogo seg paa sin fine Maate undan, naar dei saago, at Sigurd og Svein meinte paa nokot; og daa dei no ataat denne Mistru af Gjenturne heller ikki kunde vera til Hugnad for Mannfolk lenger enn ved Bordet og Flaska, for dei hadde lært for litit, so toko Sigurd og Svein paa at vanvyrda seg sjølve, som dei vorde vanvyrde af Andre. Dei stodo stampande liksom i blaute Leirbotnen, so til meir dei stampade, til djupare trodde dei seg ned i. Daa no Sigurd saag, at han ikki kunde faa dei gilde Gjenturne, som han vilde hava havt, so vardt han som vanleg leid, og sagde med alle, som det gjenger slikt: «Eg skal vera arg og taka ei Tenestegjente, og visa dei gjæve Møyarne, kvat det er for ein Mann, som dei vanda; og naar daa dei graata, so lær eg.»
Anne var ei snill Husmansdotter og so maateleg fager, som Folk er flest; men henar Upplæring og Livsvane og indre Stræv hævde hena ikki upp fraa si Stilling; ho var Husmannsdotter og lagleg til at verda Husmannskone atter; og ingen Annan enn ein Mann som Sigurd kunde falla paa at lyfta hena upp. Men han fridde, og fekk daa, som kver kan vita, Ja, med det fyrste Ordet. Anne hadde just fest seg aanyo paa ein Gard der; men ein Dag kom ho atter med Stedspengarne og sagde, at ho no ikki vilde tena lenger. Husbondskona gjorde store Augo og spurde, um ho var gali elder vilde taka paa Fantestigen. «Nei,» svarade Anne, «eg skal snart verda betre Kone, enn du er.»
Det leid og det skreid, og Anne tok til at verda so lagat, at der var Hast med Brudlaupet. Sigurd hadde som ventande var, ingen Hug til Anne, og tenkte berre paa at hava hena til Bedlevekkje; men daa det vardt so aalvorsamt, trugade hans Fader honom til Byen for at henta Gieftebodskost. Den Gamle var ein Mann, som ikki vilde vita af Fjas men hava Aalvor i ein slik Leik.
Daa Sigurd hadde vorit i Byen og kaupt Brudlaupskosten og Stas og truleg løyst Kongebrev, for at alt kunde ganga stilt af, spyr han, daa han kjem til Eidsvoll paa Trammen af Stoppestaden der, at Svein, Broder hans, heime hadde drukkit seg i Hel, medan han var til Byen. Anten det no var af Sorg elder, som trulegare er, af Tanken um, at han no var vorden dubbelt so rik, vist var det, at Sigurd tok paa at drikka meir og meir uppigjenom Mjøsen til Hamar, og kom kjøyrande sprengd heim og døydde nokre Dagar etter.
Der stod Kaksen atter barnelaus som eit kyllt (afkvistat) Tre paa sine gamle Dagar. Alt tok ogso meir paa honom, daa han var kvistlaus, og han turkade burt. Daa no dei næraste Skyldfolk, som skulde erva, saago dette, so vilde dei paa gamal Vis jaga Anne utor Huset og skjemde og kallade hena for alt det verste, som til var. Dette var Bønirne, som vorde lesne yvir Sængi paa den døyande Kaksen! Men han innsette Anne til Erving, Halvparten for hena sjølv og Halvparten for det, ho gjekk med. Kaksen døyr, og Anne fekk seg ein frid (skjøn) liten Son.
Daa fekk Fløyta eit annat Ljod: daa var det ikki lenger «Fante-Anne»; og den Kona, som hadde brukat den grøvste Kjæften mot Anne, fekk no lirka og leika og laga det so, at Anne vardt Sonekona henar. Soleides vardt Rikdomen hangande i Ætti til stor Sorg for dei mange andre «Sveculanter» vidt og breidt, som drøymde um denne Gullhøna.
Paa Ferdi fraa Krøningi lagde mange store Herrar Vegen igjenom Øysterdalen til Christiania, og bland desse var det sagt, at Greiv Manderstrøm var, denne Mannen med det kloke Andlit, som maatte gjeva kver og ein af os den Tanken, at han var ein værdug Utanriksminister for os. Paa Vegen toko desse Herrar inn hjaa ein af dei rike Øysterdøler, sem hever det so gjævt baadi med Hus og Husstell, at desse store Menn vordo reint slegne af all den Magt og fine Folkeskikk, dei der funno midt i Furuskogen. Der fannst alt, liksom dei skulde hava vorit i sjølve Paris; og daa dei vilde bitala, sagde Mannen, at den Ære at hava slike Folk innum Veggirne sine var den beste Bitaling. Dette var, etter eg foor der, og dersom det er sannt, som det er trulegt for kver den, som hever vorit inne i dette Hus, so hever Mannen ved dette gjort det heile Land ei stor Teneste. Denne Mannen hever det no mest altfor fint og gloande baade med Hus og Husbunad (Møblement), som er ført inn fraa Hamborg og Paris. Det kann vera hugsamt, um det ikki er so gildt; og det er like fullt eit Tap for det, um ein og annan Mann hever Raad til slikt. Derfor likade eg betre sume andre eg saag af dei gode gamle Øysterdøler, som hadde vaksit fram, som det heiter, paa ein historisk Jordbotten med god Uplysning og eit laglegt Husstell, og Framgang i Jordbruk og kjærleg Handrekking til det gode, som vil koma fram, alt blandat med gamalt og den finaste Framferd. Eg skal aldri gløyma Ein, og det er vist den beste af dei allesaman. Eg burde navngjeva Mannen for at kunna maala til Gagns den gjevaste Bonden, eg hever raakat paa; men daa slike Folk ikki plaga lika at sjaa Navnet sit paa Prent, maa eg bida til ei betre Tid, og daa taka med det, som eg no ikki vilde røkkja.
Denne Mannen hadde alle Tidender og sjølv den store Storthingstidende, so han hadde Greide paa Landsens Styr og Stell. Han vilde vel ikki hava gjort mykit paa Storthinget; men han vilde hava gjevit det den Vyrdnad for Bondestand, som det maa hava, dersom alt skal ganga vel i Lengdi. Han vilde hava liknat ein af mine Kjenningar, som eg takkade, for han hadde vorit ein so god Storthingsmann. Men han svarade meg: «Ja, men kjære Ven! eg hever ingenting gjort.» «Nei det var nettupp det, du skulde gjera,» sagde eg, «for der er ikki meir enn tri fire Menn i Storthinget, som kunna gjera annat enn Ugagn, naar dei taka stort i. Ingen klok Mann krever meir af deg og dine enn at fylgja godt med og ikki lata seg binda af nokot Parti, og so koma med det, dei kjenna, naar det høver.» Alle Landkort hadde den Mannen og mange af dei nyare Bøker. Der var Husorgel, som han sjølv kunde spila paa. At høyra desse Tonar i ei so gomol og velvyrd Bondestova var skakande; eg sat der som bergtekjen høyrande dette og sjaaande paa den gamle Skorsteinen, dei gamaldags Bjelkar, det lange Bord og den gamle Maaling, som etter otte ti Aar var like rein og frisk. So gingo me inn i eit annat Rum til Middagsbordet, og hadde det ikki vorit for det, at Kvendfolki liksom ikki vilda sitja med fyrst, so kunde eg hava trutt, at eg sat ved Kongsraadens Bord, endaa der var Spikekjøt og større Ostar og Smørstykki med Rosur i, som sagde, at Kongsraaden ikki hever det paa den Maaten.
Det beste ved det øysterdalske Stell er Sæterstellet, for i dette er her endaa best i det heile Land; det kann hugheilt verda sagt. Det kann vel henda, at sume af dei beste Sætrarne i Vaage i Gudbrandsdalen koma nær det øysterdalske Sæterstell, men dei, som eg saag i Gudbrandsdalen, ero langtifraa slike, endaa Gudbrandsdalen ogso i dette Stykke kjem nærast etter Øysterdalen, liksom Gudbrandsdalen af alle norske Dalar i huslegt Stell heime stender hægst nest Øysterdalen. Næst etter Gudbrandsdalen fann eg det best til Sæters sumestadar i Innherad der burt paa Fosenlandet, som eg var eit Stykke inn paa. I Valders og sumestadar i Bergens Stift hever eg ikki vorit til Sæters; men ettersom Folk segja maa der vera sama gamalldagse Stell som i Thelemork og det andre Vestlandsk- og Sunnanfjøllske. Paa sjølve dei heidemorkske Sætrar, som grensade til det øysterdalske var det som at koma inn i eit annat Land. Derfor er Smør og Ost og all Fedraatt so god i Øysterdalen, endaa Beitet der imindsto sunnanfor Tønset ikki er so godt, som Jøtunfjølli til Gudbrandsdalen og Valders og vestigjenom Hardangsfjølli nedyvir til Telemork og Sætersdalen.
Paa dei gode øysterdalske Sætrar var Sæterbudi afdeild i tri Hovudrum, og det var ei Gong i Midten som Arbeidsrum for Kjerning og slikt nokot og so liksom til Forstova; og so var Mjølkebudi med Radir for Mjolketrog og Kollur og Smør og Ost, alt drivande kvitt og med Jordgolv elder flate Steinar for at halda det kaldt; og so var det Daglegstova med Skorstein og Sængir; der var Golvet skurat reint som i ei Prestestova og strøytt med Bar; og so var der ein Kove til Sængerum for Husbond elder Gjestir med reine Lakan og Stell som eit gjævt Gjesterum heime. Og so var der Stabur for Kjøt og slikt, som kunde gjeva Afsmak af seg. Der var Fjos og slikt nokot, alt liksom paa ein full Gard heime berre alt var mindre. Gryte og Kjetil og Kopp og Kjerald alt Slag var skurat og paa sin rette Stad, og Sætertunet var endaa tidt straatt (brulagt) med flate Hellur for ikki at siga ned i den djupa Saur og Søyle, som der altid er utanfor Sæterdyrni, der Buskapen trokkar. Vegir vaaro endaa sumestader gravne inn igjenom Fjøllet, so Ein kunde kjøyra til Sæters med Kjerre, og allestadar var der gravit, so Vegen ikki var slik ei Steinklommer, som vanlegt er til Sæters.
I Vestfjølli var imindsto fem Aar sidan vanlegt berre eit Sel (Sæterbud) paa Stødlen (Sæteren), der Mjolki var og Folk laago, og tidt var der ingen Skorstein heller, so Mjolk og Smør vardt fullt af all den Røyken og Lukten, som til var; ikki var der Golv men blaute og saurutte Tufti, so det er ikki betre so at segja, enn at det var eit Grisehus. Litit betre var det paa dei heidemorkske Sætrarne. Det er inkje Under, at der er daarlegt Smør og Afdraatt med det beste Beite.
Høysel elder Høyløda er der no paa alle Sætrar, naar der er Slaattevollar, som det vanlegt er; men ogso denne Høyløda var best paa dei øysterdalske Sætrarne. Derimot hadde dei her likso litit Vit som Andre paa at velja den rette Sætervollen, men lagde si Hevd paa Steinbakkar og kaldsur Jord. At grava mange og djupe Veitur synest vera det siste, Folk læra baadi heime paa Garden og burte paa Sæteren. Detta hava me og andre Folk maatt lært af Engelskmannen, for vaare gamle beste Veitur vaaro baadi for faae og for grunne.
Tri Mil gjekk eg ein Sundags-Ettermiddag upp igjenom dei bratte Furulidar og vest nordetter dei lange Fjøllmyrar og Flottir (Flaair, Fjøllslettir) kvite af Reinsmose med knapt eit grønt Straa. Der var so audt og daut, at eg berre høyrde Andardraget mit. Kvelden drog inn paa, og Lufti tok til at tykkna, so Fjøllpiggarne stodo med blaagraae Hættur paa Hovudet, som Soli af og til skein ikring og fargade Fjøll og Flott med sin himilske Eld. Eg sette meg paa ein Stein og skaut Pusten, turkande Sveiten af Panna mi.
No ser eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag;
og sama Vind den heite Panna svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer' meg tankefull, men endaa fjaag.
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.
Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol ein Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.
Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart.
Og det, som beit og skar meg, so det saarat,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart;
sjølv det, som til at synda tidt meg daarad,
sjølv det gjer' harde Fjøllet mindre hardt.
Forsonad' koma atter gamle Tankar:
det sama Hjarta er, som eldre bankar.
Og kver ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som det var Kjæmpur spyrr eg, kven som vinner
af den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli ned i Snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eigong huggar
dei gamle Minni og dei gamle Skuggar.
Det vardt myrkare og myrkare; eg gjekk og sprang desse endelause Flottir med Stein i Stein og Rindar og Rantar og Afdalar som storknade Bylgjur. Fraa Bylgjerygg til Bylgjerygg er eit heilt Augneleite; og naar du kjem fram paa det næraste, so er der eit likeins atter, og so framigjenom. Men so var der Uppkomur i Myrsev med so kaldt og reint Vatn, at der var Helsebot i det. At liggja paa den mjuke Mosen og sjaa Sveitedroparne paa Panna ned paa Botnen af dette Staalvatnet, og taka Gløyp etter Gløyp, og so rulla seg paa denne Silkemosen, ah, denne Vellyst er ikki forteljande, for det er mest liksom til at daana af. Naar det kann smaka slikt her til Fjølls, so var det inkje Under at Mahomed i eit varmt Land lagde Himilriket inn med slike Kjeldur, og at ogso Bibelen talar um eit Livsens Vatn, og um Hjorten, som skriker etter slikt Vatn, endaa eg kann aldri tru, at der var so godt Vatn i Arabia og Jødeland som her til Fjølls. Byfolk skulde fara til Fots derupp og smaka paa det.
So kom eg fram paa ein Bakke og saag det lyste ned i Dalen fraa den opne Sæterdyrn; og so høyrde eg Bjøllur og Lokking. Det veit Ingen, kvat Folk og Hus er, fyrr han hever gjengit so i Fjøllet, og det kveldar. Eg meir dansade enn sprang og gjekk ned igjenom den vesle Lid, so trøytt og tyrst og solten som eg var. Daa eg kom ned paa Sæteren, satt Gjenturne og mjolkade. Eg gjekk inn i Selet (Sæterbudi), tok af meg Skræppa og sette meg inn med kvite Skorsteinen, som det lyste og brann so godt paa. Rett som det var, kom der inn ei ung Gjente med ein uppbunden striputte Kjole af fint Ty og med ein drivande kvit ein under, kantad med Knipplingar, som eg trur, for ho kom fraa Fjoset med Mjolkeringa, so det var best at vera kvitklædd for at gaa vel (blive opmærksom paa) alle Saurflekkir; ung og sterk og raudleit og fager var ho, so eg vardt sitjande som klumsad eit Bil og einstirde paa hena. Eg spratt daa endeleg upp og tok hena i Handi og baud god Kveld og sagde kven eg var, og kvar eg vilde etter.
«Aa er det du,» sagde ho med sit mjuke Mæle, likt det lindaste Samljod fraa Strengen; «ja, eg hever høyrt gjetit deg; sett deg ned! du maa vera trøytt etter slik ein Veg.» – Eg hever aldri vorit meir stolt og glad yvir at vera kjend; men eg var rædd, for eg trudde, at det ikki kunde ganga rett til dette; men at eg maatte vera bergtekjen, for Hus og Gjente og altsaman var liksom eit Eventyr. Og so minntest eg etter han Kjetil Bjørnson, den Kvelden han kom til Subsabudi: han fekk Mat og alt det beste som til var af ei Gjente, blaaøygd som Dagsrandi og so makalaus væn, at han sat liksom forgjord heile Kvelden og lagde den eine Einerkrøkla paa Elden etter den andre for at sjaa vel paa dette Synet; men daa dei skulde leggja seg, saag han, at det var Roveguro, for Halen drog seg so lang som so. Han seig i Uvit (Besvimelse) med det sama, og daa han vaknade uppatter, saag han ingenting annat enn svarte Myrkret i Selskraai, der han laag paa Lyng og Mose frosen og solten og so trøytt, at han verkte i kver Led.
Daa eg var komen under med, at det var Folk, eg var komen inn til, so drakk eg søt Mjolk af ei drivande kvit Skaal; og so gjekk eg med ned i Fjoset og synte, at ikki eg heller var klenare Karlen, enn at ogso eg kunde mjolka; og so fortalde eg um det vestlandske Sæterstell og um den Sumaren eg laag i Fjøllet og gjætte Drift, og svav under Steinhellerar og Einerbuskar og inne i murade Smaahyttur tekte med Torv, som Gjeitarne skrapade af, so me saago beint upp i Himilen fraa Mosasængi vaar. Gjenturne logo, og eg med; og so bar eg inn med det store Mjolkespannet og silade upp Mjolki med og sette Trog og Kollur upp-aa Hjellen, so den eine Gjenta sagde, at eg gjerne kunde vera Busvein med for den Skuld. So rørde eg med Sleiv i Brimkjetilen paa Skorsteinen, for at det ikki skulde brenna ned i, og so var eg liksom Pus etter Gjenturne, naar dei gingo ut i Mjolkebudi, for eg vitste, at der vankade Rjome (Fløde) og søt Mjolk. Anne –so vil eg kalla Husets Dotter – Huldra, var eg liksom endaa rædd, for eg totte, at ho stelte seg so fint og adelegt, at det ikki kunde ganga rett til. Men korleides det gjekk elder ikki gjekk, so kann kver vita, korleides det maatte ganga ein stakkars Ungkarl, naar han so kom inn i det. Han kann vera ulykkeleg med det, som mindre er, den arme Kroken.
Det leid og skreid fram imot Midnott; so vardt eg af Anne boden ut i Koven. Der stod Bordet med rein Duk og Rettir af mange Slag, liksom det skulde hava vorit midt i Byen, med Dram til Maten og alt det beste, som til var. Eg saag det i Spegilen paa Veggen altsaman. Den kvite vesle Skorsteinen ut i Koven, som der stod Lauv i, vardt rudd og kveikt Eld paa, so det lyste baade af Skorstein og Ljos. Anne sat med tilbords, daa eg bad um det; men daa eg hadde rivit af meg den verste Sulten, vardt eg so underleg, at det bar imot og sette seg liksom for Bringa mi. «Den, som eg skal taka meg til Mann,» sagde ei Gjente, «maa vera so forelskad, at han orkar ikki eta.»
«Drikk,» sagde Anne, «eg veit du tyrster; sjaa til at faa deg Mat; eg veit du trenger til det.»
Bordet vardt afdukat og ein Kopp med søt Mjolk og ei Pipe vardt sett inn paa Bordet. Tvaattevats-Stol og reint Handklæde vardt stelt til. Eg baud god Nott og saag liksom igjenom Veggen etter hena Anne, som sveiv utigjenom Dyrni liksom ei Sky i Kveldsol mot Notti.
Men den, som ikki fekk sova i denne gjæve Gjesteseng, det var eg, for eg laag og tenkte paa det, som den eine af Gjenturne sagde meg um Kvelden, medan me saato aaleine inn med Skorsteinen:
– – «Ja du rosar hena Anne, du; det er sannt, at ho er baadi ei fager og snil Gjente; men ho er som inkje mot den eldre Syster Ragnhild; du skulde hava seet hena!» «Hm! Herregud! Veit du ikki det daa? Ho var trulovad lengi med ein rik Gut heim i Bygdi, og det gjekk godt. Daa skulde du hava seet hena Ragnhild; det var so det liksom draup og lyste af hena; ho kvittrade som Fuglen, og der liksom grodde Gras der ho gjekk og stod; men so saag Guten Taket sit med ei rikare Gjente, elder kvat det no kunde vera; vist var det, ut han gjekk burt og trulovade seg med ei onnor, som han ogso no er gift med. Det var stor Synd med hena Ragnhild dette. Er det ikki det styggaste, som til er, at ikki Gutarne skulle lata Gjenturne vera, naar dei ikki meina nokot med det?»
«Jau det er sannt,» svarade eg, «men korleides gjekk det med hena Ragnhild?»
«Aa, ho bar det, som ei klok Gjente, naar det ikki kann vera anderleides; ho vardt no meir stillfarande af seg, og sat stundom og sturde og stirde og saag framfyre seg, liksom ho skulde sjaa nokot; men so lest ho som aldri var. Men alt som det drog frametter Aari, so vardt ho bleikare og bleikare; ho, som hadde vorit so raudleitt! So var det ein Thorsdag her til Sæters, at ho fekk so brennande vondt i Hovudet. Ho lagde seg endaa der burt i denna Sængi; det verstnade og det verstnade med hena, og so fingo me ikki Bod til Foreldri og Doktaren, fyrr um Sundagen, daa ho døydde, fyrr dei komo fram. Det var just paa denne Aarstid og ein Dag som idag. Er det ikki underleg med det? Herregud! me vita 'ki langt fram!»
Denne Forteljing sveiv for meg, daa eg hadde lagt meg og sløkt Ljoset. Her i denne Sæng hadde Ragnhild døytt; eg snudde meg mot Veggen for inkje at sjaa, og so høyrde eg, at Klokka paa Veggen pikkade, og at det singlade og song i ei Glasrute. Eg dytte meg ned i Klædom; men so høyrde eg eit Smell i Veggen. Tilslut fekk eg daa Magt yvir denne Rædsla, som enno siter i meg fraa slike gamle Forteljingar um Draugar og Trollskap i min Barndom. Eg tok til Vitet og sagde: «Kom, kom reine sæle Aand; du kann inkje annat vilja enn godt. «Eg bar i liksom at sovna, og i Draumen totte eg, at eg song:
Kom Ragnhild kom, eg vil deg vel;
Du er so rein, du er so sæl.
Eg Guten din er ikki lik:
her skal du ikki finna Svik.
No er du løyst fraa alle Baand,
og det eg søker, er ei Aand.
Det, som du leid, eg veit med meg,
so eg, so eg kann hugga deg.
Her skal du finna Hjarta varmt.
Ajei, at Livet er so armt:
Det Mønster, som me tenkte paa,
det faa, det faa me aldri sjaa;
og derfor Draumen, Draumen daa,
er det som leikar til og fraa.
Den gjæve Aand som du seg svingar
fraa denne Verdsens Glam og Gny
som Skodd fraa Fjøll i runde Ringar
til Himils upp i Toresky.
Der kann den reine Luft me kjenna
og njota alle store Syn,
og ned paa arme Livet senda
til Lutring desse Glimt af Lyn.
Fraa denne Hægd der kann me rynja
og knusa Myrkrets Jøtunher,
og Sigersongi stolte syngja
til Alt, som Lygn i Livet er.
Kom reine Aand! ah! vil du bera
med meg eit Liv? gjev meg di Haand!
Naar me er eit, daa skal me vera
tilsaman fyrst den gode Aand.
Eg høyrde liksom god Morgon! – Det var Anne med Kaffen, meir straalande enn um Kvelden. – Draum og Dikt og Kunst ero bleike og blodlause mot det fyrste Augnekast af Livet i si Sanning, naar me sjaa det i rette Laget.
Det var Regn den Dagen, og glad var eg, at eg med dette kunde hava nokot at skulda paa, for eg ikki tok ut paa mi Fjøllvandring um Morgonen. Eg var med i Fjoset, som um Kvelden og løyste Buskapen og var Drivargut med uppigjenom Lidarne. Eg laut minna meg paa Bjøllur og altsaman.
Desse tjuge Aar, som laago imillom, fraa eg sjølv dreiv Buskapen slikt, dei vaaro burte. Daa Buskapen var komen til Beites, gjekk eg nedigjenom atter og saag meg tilbake, der Kyrni gingo som kvite og dropplutte Snjoflekkir upp i Toka. So hogg eg Ved for Gjenturne, endaa der var so mykit god gamal Ved i Lad (Stabeler), at eg berre gjorde det for at syna, at eg var Karl. So var eg med at ysta og kjerna og sjoda Brim. Men so tok det ulykkelegvis til at letna i Vedret ut paa Ettermiddagen, og eg hadde liksom gjort meg gild med det, at mi Tid var kort, eg maatte daa tala um at koma dit og dit til Kvelds.
Eg vankad' um paa Sætrar vidt,
men Armod mest eg fann.
Um Sæterliv eg drøymde tidt,
men her er Draumen sann.
Eg Sætergjentur paa min Veg
saag fagre Aust og Vest.
Men sidst eg raakad' her paa deg,
og du og du er best.
Skinnfelden er, som me Alle vita, eit nationalt Plagg, og at han som alt Nationalt, ei Stund var i Vanvyrdnad, skal ikki forundra nokon Mann, likesolitet som at denne ærlege Skinnfeld vardt til eit Merkjesord paa alt det, som var raatt i Framferd, Tale, Dikting og onnor Kunst. Eg hever fyrr sagt dette sama, eg, Syndaren min, og meint, at det er Skinnfeldpoesi mange af vaare sokallade Diktarverk. Men no, daa eg hever seet den øysterdalske Skinnfelden, skal eg vara meg for at driva Spott med dette gjæve Plagg. Eg tenkte paa dei vestlendske Skinnfeldar, eg, som tidt ero so stive, at dei kunna standa upp med Veggen som ein Braudsleiv reint aa Egg elder som eit firkantat stort Bord; og naar dei daa attaat denne Stivleiken verda flekkesnaude liksom Reven um Vaaren, og naar dei daa endaa attaat alt dette ero so smaae, at Føter og Bringe liggja berre, so det aaleine er som ei Fjøl paa Midten, so kunde det vel vera tilgjevande, um eg rødde um Skinnfeldpoesi.
I Øysterdalen derimot verdt Saudskinnet med den lange Ull so reintvegit og reidt og semskat, at det er det mjukaste og finaste Ein kann kjenna og sjaa paa; og Felden verdt gjord ikring fire Alnir lang og mest likso breid, so det er det mjukaste og varmaste Kvileplagg, Ein kann sveipa seg inn i. Naar eg som tidt i Øysterdalen hadde Valet imillom ei slik Sæng og Dynesængi, so valde eg at sova i Skinnfelden. – Det var slike luvande Dukar og Lakan at sjaa desse Skinnfeldarne hanga i Klædesloftet, at eg vardt varm berre af at sjaa paa det, og eg gjekk inn paa Gardarnes Verkstadar, der Folk reidde slike Skinn og lutade ut og saumade, so at eg kunde læra Folk det sama, der eg foor, daa eg ogso veit Umgangsmaaten fraa mi Fødebygd, som er den sama paa Lag, berre dei ikki der gjera det so vel, og so hava ikki Folk Raad til at taka Skinni med Haustulli paa, men klyppa fjorten Dagars Tid fyrr dei slaatra, so der berre hever yddat seg utatter nokot stutt Hy. Ned mot Christiansand og sume andre Stadar vestpaa er Haustulli med, men so er Skinnet so litit utlutat og semskat og reidt, at det er illt at liggja i. Naar ein um Vetren i kalde Rumet legger seg ned i ei slik Sæng, so er det som at leggja seg i kalde Snjofonni, til det verdt varmt. I Thelemork er derimot eit Tjeld (vovit Ullteppe) næst Kroppen. I Gudbrandsdalen er ogso Skinnfelden god og det er med honom som med mangt annat slikt Husstell, at eg skal segja, kvar det er ifraa, um eg seer det paa Torget i Hovudstaden.
Te meg ein Skinnfeld, og eg trur, eg skal segja, kvat Bygdelag i Landet han er fraa!
Merkjelegt er det ellers, at i Øysterdalen og her paa Upplandet, der Skinnfelden er so reinsleg og velgjord, skal vera Skinnfeldar af Kalveskinn, som der sjeldan elder aldri er i Vestbygdarne. Naar Kalveskinnet og andre slike Skinn sleppa Haar, som dei altid gjera, so er det just inkje hugsamt Plagg, liksom heller ikki slike Haar ero so mjuke og gode som Ull. Naar der no er eit kvitt og eit svart og eit raudt og dropplutte Skinn i ein slik Skinnfeld, so seer han rett nokot villmannsleg ut. Det er denne gamle Klædebunad i Dyrehudir, som vaare fyrste Forfeder brukade; og vist er det, at der maatte vera ringare og gode Sængeklædi at faa for dei selde Skinn. Det er eit Villmannsvæsen dette heile Skinnfeldstell, naar der skal verda sagt, som det er til: for kjem der nokot Unaad i eit slikt Plagg, so er det mest raadlaust at faa Folkeskikk Paa det atter, og dette er ogso det verste ved den heile Skinnfeldpoesi og Skinnfeldpolitik, for me eiga ogso ein slik ein, som Alle maa vita, og det ein, som mannsterk er.
heiter ei Rivne i Fjøllryggen millom Øysterdalen og Gudbrandsdalen. I denne Rivna hava det stakkars Folk klorat og sett seg ned, og der er nokso reinslegt og velstandande paa sume Gardar, som me sjaa hanga med raudbrende Solveggir like Skjerereid upp i dei hengjande bratte Bakkarne. Der er frostnemt paa dei fleste Bruk, og lenger nord mot Atnesjøen er der ikki for Saahæve at reikna. Og Beitet kann heller ikki vera godt, for eg syntest det berre var kvite Reinsmosen eg saag. Denne Fjøllryggen millom Øysterdalen og Gudbrandsdalen ligger som ei Likkiste millom desse tvo Dalarne, for eg hever ingen Stad til Fjølls seet so litit Gras og so kvitt af Reinsmosen, som var Likblæa paa Kista. Paa Loket, som vender ned etter mot Gudbrandsdalen er der fleire Blomar, og derfor draga dei arme Hestarne vestyvir, so det er eit skrøpelegt Arbeid med den Hesteleitingi i Øysterdalen.
Ja, at Folk kunna finna paa at setja seg ned i slike Fjølldalar! Det er Synd at sjaa dei sterke og fagre og tidt kloke Folk, at slita burt Dagarne sine i denne Armodsdomen, som aldri kann koma lenger enn til det suraste Matstræv. Men kanskje det er dette tunge Liv i denne reine Luft, som skapar so gilde Folk imillom og daa mest bland den meir velstandande, og kanskje Ætti vilde afeldast og veikna burt, dersom Folket livde i eit rikare og flatare Land, for det sjaa me vel, at der for det meste er liksom betre Hovud paa Fjølldølen enn paa Flatbuen. Og dei fleste Landnaam visar ogso Historien ero gjorde af Fjøllfolk. Og her i Solliden og Atnedalen skulle somenn Folket faa nok at tenkja og slita paa for at mata sit arme Liv. Det er ikring fem og tjuge Mil til Kaupstad, og paa Hesteryggen maa Kornet verda ført dei næraste Mil Sumarstider. Um Vetren er alle Stadar Veg daa: i Fjøll og Firne i Yrde og Ulende.
Her var ikki solitet Skog her: men so kom her um Aaret ein af desse Skoghandlararne, som fara Landet ikring med sine Herverk. Dette er no ein fri Handel, so eg kann ikki lasta det, som Landslogi gjever Rett til. Men denne Mannen bitalade korkje Skog elder Arbeidsfolk, fyrr han vardt saksøkt: og daa no endeleg desse arme Arbeidsmenn hadde gjevit si Sak til ein Sakførare, so sende denne Lastehandlaren Folk derupp, som gingo bak Sakførarens Rygg og bitalade sume, forat det ved desse Kvitteringar skulde sjaa ut, som ikki alle Søksmaal vaaro rettvise, og soleides at kver fekk bera sine Umkostningar. Paa denne Maaten er det uvist, um dette arme Folk faa nokot for alt sit Slit og den Gjeld, dei hadde sett seg i for Driftshestar og Høy. Det var Sutemaal at høyra alle desse Klagurne. – Det verste var endaa det, at han hadde bygt ein Dam for Atnesjøen, so Vatnet i desse sidste Aar stod yvir mange Gardars beste Slaatteland og Beite, so der var reint paa Livet med Folk og Fe frametter Vaaren. Dette kann verda ei dyr Sak for Mannen, dersom desse stakkars Folk hava Raad til dei fyrste Utlegg i ei Aastadssak, der tri «Jurisdiktioner» støyta ihop, og det er nordre og søndre Gudbrandsdalens og nordre Øysterdalens Domarlag, som alle møtast ikring den fem Fjordungar lange Atnesjø sunnanfyre Rundarne.
Mosakvitt og svart er der ikringum denne Sjøen og uppigjenom Fjøllsidurne. Det er ingre Grødi upp i Lidarne som i Vestfjølli, og sume Stadar nordpaa Dovre, men Stein og Mose og Raudlyng. Det maa no vera nokot smaatt fint Gras imillom, som Femulen finner, for ellers kunde der ikki bu annat Liv enn Reinsdyret. Det er paa Sætervollen og Heimjordet, som der er Eng og tidt den, som god og tykk er. Men her liver endaa Folk og der er reinslegare enn i mykit rikare Fjølldalar vest og sudetter Langfjølli. I Fjøllgarden Bjaai paa Suldalsfjøll, som er so rik paa Fiskevatn og Slaatteland og godt Beite, kann eg minnast det var som i eit Grisehus mot her i denne arme Dalen. Og soleides kunde eg nevna mange Erempel baadi Sunnanfjølls og endaa meir Vestanfjølls. Det maa vera Grannelaget med desse folkelege Dalar, Øysterdalen og Gudbrandsdalen, som gjerer dette. Men sosnart det berer nord i det Throndheimske, so er det ute med denne Folkeskikken, og det gamaldagse Sverte kjem atter. «Her er mine Dyr,» sagde Robin Hood til Fehandlaren, som han hadde narrat med seg ut i ville Skogen, daa dei saago Harar og Hjortar at spøringa ville ikring.
«Her er mine Dyr,» sagde eg ogso altid, daa eg fann den nationale Griseskapen i Jordbruk og Husstell.
Daa eg hadde farit yvir ein breid Fjøllrygg millom Solliden og nord mot Atnesjøen, kom eg trøytt og solten ned til ein liten Gard, der Mann og Kone og fire fem Smaaborn vaaro alle so friske og fagre og kloke og snille, at det var ei sann Forsoning at sjaa paa. Mat og Drykk fekk eg sogodtsom tilgjevande; men det var vel etter den gamle gjengelege Prisen. So vardt eg visat ut i ei betre Stova at taka meg ein Kvilesvevn, og der stod eit Spil (Psalmodicon) paa Bordet med Notebøker ikring. Der spilade og song altso dette fagre Parfolk Sundagar og Helgakveldar, naar Fok og Storm susade fraa Rundarne, so det var raadlaust for Folk at koma ut. Mannen skreiv ogso ei god Handskrift. Folkelivet likjest den sterke Fura, som tidt tykkjest at veksa upp or svarte Berget med ein og annan Blomen ikring seg millom Raudlyng.
Alt herifraa verdt kjøyrt Kol til Smelteovnen af Kopar i Litle-Elvedalen ikring nie Mil og i eldre Tider alt til Røyros ikring seksten Mil – um eg minnest Lengdi rett. Det er vist for denne Koladrift mange Folk hava sett seg ned her og daa mest lenger nord i Atnedalen, liksom ogso ein stor Deil af Foldalen er bygd til Bustad for Koparverkets Skuld. Det skal ikki gjera Mannen feit at brenna Kol og kjøyra denne lange Vegen for tolv Ort Lesti. Men Skogen minkar no so, at der snart ikki verdt meir at kjøyra, endaa Skogen lenger nord vist stender under Tilsyn. Desse Verk hava gjort meir Skade enn Gagn med all denne Skogøydsla.
Soleides ligger no den sokallade Lesjaskog millom Raumsdalen og Lesja afsnøydd; men so er ogso Verket lagt ned, daa det var vel seint.
Som i alle Fjøllgardar livde Folk her mykit af Mjolk og Kjøt, men det merkjelege var, at Kjøtet vardt sodit og etit til Kveldsmat, medan andre slike Fjøllbuar, som eg hever sett, taka Kjøtmaten til Middags og Graut til Kvelds, som ogso er betre for den friske Magamelting (Fordøielse). Det er ingen veik Mat at maula Kjøt og supa Mjolk attaat, og der er ingen, som liver betre enn den velstandande Fjøllbu, so det med den Luft og det Vatn er inkje Under, at han kann verda frisk og sterk og fager; og klok maa han ogso verda, for det gjelder at bruka Ettertanken og finna Utveg paa ville Fjøllet, naar det tidt er paa Livet; imindsto maa Villmannsvit og Dyreklokskap verda uppkveikt, um Boklærdomen ikki altid er so stor. Derfor sjaa me ogso, at slike Folk gjerne hava ein Skalk bak Øyra, for dei tru, at der snart kann koma ein Kastevind nedigjenom eit annat Skard, og at du kann standa fram paa ein Afgrunn, fyrr du veit Ord af. Reinen kjeikjer Halsen sin, kvilande Hornskogen sin paa Ryggen og vedrar med uppspilade Nasaborir; so skvetter han til Sida og seter afstad som Fuglen. Det er Gut, som ikki trur meir, enn han seer og vedrar, det. Og so all den Skalkeherming (Parodi) slike Folk maa læra af Gjeiti! so det vantar ikki paa Lærarar, og det Lærarar, som ero myket betre enn desse «Matprestarne» (Lægmannspredikanter) som dei paa desse Kantarne (mest i Gudbrandsdalen) so raakande verda navngjevne. Men dei veikaste Naturar og klenaste Hovud halda seg meir til Matprestarne; og i det ville Fjøll og inn med den stormande Sjø er det underleg, at ikki Matpresten verdt brukad meir, endaa der paa slike Stadar imindsto no i denne Tid er utruleg mange af slike andarsjuke Folk, som eg skal tala meir um Nordanfjølls.
stodo i Hugen min heile Vegen; eg saag fraa Topp til Topp, og daa eg spurde um ikki det og det skulde vera Runden, so fekk eg gjerne til Svar: «Jau han er rund denna.»
«Ja det trur eg vel,» svarade eg arg yvir all den Faakunna um Landet, «det er rundt altsaman her.» Og vist er det, at eg ingenstad so greidt hever seet som her, at Fjølli ero skavne og svarvade runde af Is og Grjot og Vatn, og det er greidt, at den siste Skuringsstraum er komen fraa Nordaust. Dette er synt baadi her eg i Raumsdalsfjølli, som ero runde og afskavne paa den Kanten, medan dei mot Vest sjaa ut som ein storknad Sjø, elder rettare som dei Toppar og Tverbaarur som koma fram i ei Vatsbytte, naar du spenner paa den eine Traamm (Bred). Derimot er det ogso mangestadar rundt mot Sud, men dette seer tidt ut som ei eldre Afskaving, og soleides torde det visa seg, at denne Franskmannen hever Rett, som meinar, at Vatnet paa Jordi renner fraa den eine Jordende til den andre kvert titusind Aar. No er den største Vatsmengd ved Sudpolen, der det er kaldaste, og ettersom Isen smeltar der, og det fryser meir og meir ikring Nordpolen, so bryter det eigong laust (ikring seks tusind Aar til) og kjem som ei Sundflod nordigjenom, liksom det sist foor sudetter med Is og Steinraas. – Dette vere no som det vil! men dei fleste Jordkunnige (Geologer) tru af det, dei sjaa, at vaare Fjøll hava stadit under Vatnet og Is og ero svarvade. Sume meina, at Landet her hever seg upp, medan det siger ned paa andre Kantar, og at soleides Jordskorpa gjenger i Bylgjur som Isen paa Vatnet. Andre tru, at Vatsmengdi paa Jordi minkar, til Jordi verdt turr og døyr af Elde liksom henar Skapnadar soleides som me Menniski. Me turka alle burt, og det er det, som heiter at eldast og døy af Alder.
Baadi ved Havkanten, der me sjaa Sjøen minka og endaa meir paa slike Fjøllslettir og Fjøllpiggar med alle sine Skuringar og Nedladningar af uhorvelege Steinrøysar, liksom dei skulde vera sokkne ende ned fraa store Isflengar, allestadar tykkest eg, at me maa spyrja, kvat dette og dette kjem af. Og naar me koma til slike haage Fjøll med sine Afgrunnar, so maa me ganga endaa lenger tilbake og spyrja, korleides det og det vardt skapt. Daa sjaa me liksom den smeltade Kula storkna lik Is ytst, som det daa rivnade i, ettersom det vardt afkolnat, og der gjekk upp og ned med Berg og Dalar liksom naar Vind kjem inn under Isen. Men vaar Jordkunna er endaa so ung, at det meste er vel berre liksom Draumar enno. Men so kunna me ogso drøyma um all den Koking og Brusing og dei Millioner Aar, som dette maatte taka ut, for me sjaa at Lag paa Lag visar paa alt dette; og ein Naturkunnig (um eg minnest Rett, Forchammer) segjer, at eit geologisk Aar maatte vera mindst sytti tusind Gongir so langt som det historiske, fyrr Vitenskapen i Jordkunna kunde slutta so vist som Historien af eit sit Aar.
Men lat ikki meg, som veit solitit um denne Ting drøyma! Det er nok at Vitenskapsmenn i denne Grein sjølve gjera det, og derfor ikki kunna verda samtykte.
Men Jordkunna vil med alt dette verda den sanne Framtidsvitenskap.
Til lenger eg kom nordetter mot Rundarne, til hægre og digrare vardt baadi Fjøllryggen og Topparne. Daa eg rodde nordigjenom Atnesjøen og saag «Svulten» og «Illmannshø» framfyri meg, so tenkte eg: «dette maa vera Rundarne,» endaa eg totte no at desse Fjøll og Afgrunnar vaaro for smaae til at vera nokot so navngjetit stort.
«Aa nei, du skal sjaa nokot annat,» sagde Roaren, «naar du kjem nordi Atnedalen millom Straumsbu og Stavsbuøy.» Illmannsdalen er ein Dal nordigjenom denne sanne Jøtunheim, som vist hever Navnet sit fraa deim, som vaaro utlægre (fredlause) for Draap og slike Illgjerningar, og som rømde hit for at vera sikkrare mot Forfylgnad. Her var stygt, og dette kunde gjerne heita Illmannsdalen berre for sin Villskap. Der sat eg og solade meg etter eit Herremaaltid for seks Skilling uti Tunet paa Straumsbu og saag burt mot Illmannsdalen og liksom Herdarne til Rundarne, som laago so nær meg og stungo so haagt upp, at dei mest toko burt halve Himilen. Der var Snjofenner og Raasir af styggeleg store Urdir og Aur eg Sand eg ikki eit grønt Straa. Soli skein millom Sky i Strimur ned paa desse mot Sud og Aust kvelvade Barmar til Rundarne; og so kom der Toku-Stripur, liksom Runden skulde løyna Barmen sin med eit Kasteplagg, som med Snipparne tidt naade like til Hofte og Kne; so kunde eg glytta og sjaa gjenom Kasteplagget inn i «Langglupen» og Illmannsdalen, og so rullade der liksom Silkefrynsur nedetter Sidurne.
Der laag eg i Tunet og røykte ein Cigar og drøymde um Skapnaden af desse Kjæmpeberg. Men eg fekk ikki drøyma lengi, for eg maatte tala med tvo Gudbrandsdøler som vaaro komne austyvir Fjøllet og vilde til Øysterdalen i Slaatten, etter at dei hadde slegit af Smaaplassarne sine heime. Dei gingo med Vidjur ikring Skorne sine og Stav i Handi, raude Huvur paa Hovudet og ein Bakmeis paa Ryggen med litit Niste og Klædi paa. Der raakade eg liksom paa gamle Kjenningar, og me røykte Tobak og lo og rødde. «De ero komne lenger de, enn eg, for de ero gifte,» sagde eg.
Naar slike Folk ganga nie tie Mil fram og like so langt tilbake og slita godt fem seks Vikur, so koma dei heimatter til Huset med tie tolv Daler. Derfor logo dei ogso og vaaro som eg morosame, naar dei hadde fengit seg Mat og kveikt Pipa si og laago i Solbakken og turkade seg liksom Sauden etter Formiddagsregnet gjenom Illmannsdalen.
Gudbrandsdalen hever so god Raad paa Folk, at der er Arbeidskarlar og Tenestegjentur derifraa baadi i Øysterdalen og Thrøndelagen; og desse gudbrandsdalske Folk merkja seg ut ved sin væne Skapnad for det meste. Det er vist det fagraste Folkeferd i heile Landet; og um den betre gudbrandsdalske Gjenta kann verda sagt, som Michelet segjer um den franske Kvinna, at ho er ei fødd Dronning. Nedetter Mjøsbreddirne helst paa Totsida er det sama Folkeferd kjennande atter, endaa dei Fagre der ero meir sjeldfengde. Kvat kunde der ikki verda gjort med dette Folk! Eg skulde upplysa den halve Jord med det, berre det var rikt nok, og eg fekk læra det upp, som eg vilde. – Eg saag Pannur som paa Shakspeare og Kjakar og Heileskaalir som paa Napoleon. Fraa Thelemork skulde eg soleides f. Ex. forsyna den halve Verdi med Diktarar. – Han var stor og sterk og veen og klok den eine af desse gudbrandsdalske Husmenn, som laag og spøkte med meg i Tunet, og eg baud honom det, eg ikki vann eta upp af den kaupte Rjomekoppen, og so ein Cigar etterpaa. Men so rødde me ogso baketter med leikande Laatt og Løgi og skjemtande Spott, staaande Skaaki og meinande Mærri. So tagnade me imillom og saago burt i Illmannsdalen og Langglupen.
Eg lengtade etter at sjaa Hovudi paa Rundarne. Der er tri liksom paa den græske Helhunden Cerberus, og det er Store-Runden austlengst og Millom-Runden og Diger-Rund. Eg baud Farvel til den snille Kona paa Straumsbu og henar flinke Born, som drogo Lauv ned ifraa Buskarne og inn under Staburet, og desse gudbrandsdalske Husmenn. So tok eg Skræppa paa Ryggen og gjekk nordigjenom og saag Rund etter Rund, og tenkte: nei dette kann ikki vera den rette Runden. Med ett reiste han sit blaae Hovud haagt yvir alle andre upp mot Himilen. Der er nokot unevnelegt med det, som er stort; nokot blaatt og himilsk var ikring desse svarte Fjøllveggirne, som eg stirde ende upp til. Det tok liksom og lyfte i meg, daa eg saag Runden straks etter i Kveldsoli med ein Straalering mot den myrke Himilen som eit heilagt Hovud paa eit Maalarstykke.
So gjekk eg innom ein Husmansplas der tett inn med og raakade paa ein gamal Reinsdyrskyttare, som hadde lesit meir enn Folk flest af det Slag. Han fortalde, at han hadde vorit uppaa Runden, daa Lieutenant ****** mælte honom og ellers paa sine Skyttarferdir. Me saago paa Vedret, og han meinte, at han nok skulde fylgja meg uppaa næste Dag; men daa Vedret var so ustødt, at Toka og Vind og Sky kunde koma paa os som or ein Sekk, fyrr me vitste af det, so maatte eg gjeva upp den kjære Tanken at koma dit, og hadde ikki Tid til at bida. «Han er listig Runden,» sagde Mannen, «du kann tru, at det er Karl, naar han rett kjem; han kann vera so still og varm, at du kann sova der uppe, og med eit er det Vind og Snjo, so det er paa Livet.» «Han er liksom dei store gamle Kongarne,» sagde eg, «som smila i Dag og i Morgon taka Livet dit elder landlysa deg.» «Ja nettupp slik er han,» sagde den Gamle. So gingo me upp i Bakken lenger og saago gjenom Kikeren hans alle Topparne burtetter paa Millom-Runden og Diger-Rund, som liggja vestetter som Piggar imillom paa ei hakkutte Egg i eit Knivsblad. So er der Afgrunnar og liksom Sadlar og Stølir etter Jøtuner, som hava sett seg ned i Berget og liksom trykt Sæte etter seg. Og so er det store Raasir og Urdir og Snjofenner. Det var inkje Under, at vaare gamle Forfeder sette dei vonde Magtirne til at bu i slike Heimar. Men trulegt er det, at det gjekk soleides til, at desse eldre Ibuarar af Landet, dei store Jøtuner, som Thor stødt og stendugt slost med, det er trulegt, at det gjekk desse som dei seinare Illgjerningsmenn, som toko til Illmanndalen, at dei maatte røma burt i slike Afdalar og ifraa denne Jøtunheimen sin komo fram i Bygdarne imillom for at faa seg Mat og Klædi til sit arme Liv. Og naar daa Thor som den sterkaste Kjæmpekarlen kom med sine Folk burt i desse Afdalar og Afgrunnar og trillade Stein paa desse Jøtuner, so var det daa Folketrui gjorde dette til det, at han slog ned Fjøll til Urdir med Hamaren sin. Eg tykktest at sjaa han Thor burt paa Runden med denne Hamaren sin, som vist var daarleg Verja mot ei Smidusleggja no. Der kunde det taka, at rulla Stein nedetter desse vist tvo tusind Fot haage slette Fjøllveggir; endaa Thor vaagade seg vist ikki so langt fram paa Bruni som desse Engelskmenn af «Alpeklubben» no gjera. «Det er fæle Karlar til at vaaga seg desse Engelskmenn.» sagde den gamle Mannen min, «eg vilde ikki gjeva fire Skilling for Livet mit, naar eg skulde vaaga meg so langt fram paa Glupen.»
Burt under Diger-Rund er ein Dovre-Sæter, og det er trulegt, at det var Finnen Svase, som aatte denne, og at det altso var der Snæfrid var Sætergjente, hena, som Harald Haarfager tok til Kone og elskade so saart, at han sat yvir hena fire Aar, etter ho var daud. Hit uppaa Sæteren kom vel Harald som liten Gut, daa han vardt uppfostrad der i Bygdi; kanske han ogso var Snæfrids Fosterbroder, daa det var ein Jøtun, som fostrade honom upp. Her laago daa desse tvo Ungmenni paa Sæteren og elskade under Rundarne, so det maatte verda ein Kjærleike, som Dauden sjølv ikki kunde skilja. Og so kleiv vist Harald uppetter Runden for at visa Snæfrid, at han var Karl. Men han var ingen slik Fullgalning som Guten i «Ørnereidet,» at han kleiv so langt, at han datt ned og slog seg i Knas og Soll til Rædsla for Snæfrid og os, som skulde lesa um det. Nei Harald var klok han, og den sanne Dikting er ogso altid klok, endaa Snæfrid vist var rædd, daa Harald kom der langt upp i Bergskorturne, for han var ein vaagjen Karl som vaksen, og Modet stakk vel alt i Gutungen. At standa der tett inn under Store-Runden, som er den hægste og brattaste der paa Nordvestsida, er i Sanning fælt. At standa inn med det største Taarn som inn med Throndheims Domkyrkje er som at stella ein ørende liten Dokkemann inn med eit uppreist Knivskaft imot at standa her. Alt er audt og svart, naar der ikki er Snjofonn; og det er inkje Under, at Bondefolket derikring segja, at der er stygt. «Du segjer, at Runden er fager du,» sagde ei Kone paa Stavsbuøy til meg, «nei stygg er han som den Vonde sjølv, og naar han kjem heim med sin Snjogufs og Vind Haust og Vetr, so er her mest ikki verande til for Folk men Troll.»
Denne Kona likjest alle Bondefolk, som finna det flate Land fagert og store Fjøll og djupe Dalar og Afgrunnar stygge, altso beint imot den noverande Kunstsmak. Liksom Bonden tenker no, tok ogso Kunstsmaken det ikring tvo hundrad Aar sidan. Det er med Kunstsmaken som med Skuren paa Klædom, at Fjøllbonden er ikring hundrad Aar elder mindre tilbake i Tidi, og um hundrad Aar vil truleg han sitja med vaar Kunstsmak og Klædebunad, medan Byarne og dei meir Upplyste i Landet ero komne til ein annan Synsmaate af Tingen, anten det no er fram elder tilbake; frametter synest det ikki vera at finna fagrare ein Afgrunn, ein kvass Fjøllpigg med Snjofenner og aude Afdalar enn ei smilande Engslett. Det er denne ville og sunderslitne Dikting, som enno gjenger atter i Maalarstykki etterat ho er døydd ut paa Papiret. Bonden finner fagert det, som endefram er det; men gagnlegt maa det ogso vera: der maa liksom vera Mat i det attaat, for ellers er det stygt i hans Augo. Og derfor er det greidt, at Runden er stygg, for der vekser knapt eit grønt Straa. Han kann vel vera bisneleg at sjaa paa for ei Gongs Skuld; men som dagleg Granne er han ingen god Mann. Og dersom vaare Kunstkjennarar skulde bu der inn med, so vordo dei snart leide honom og sagde: «Nei for Guds Skuld, gjev meg ein Grasvoll, um han so er aldri so liten.»
Maalarar og andre Folk, som fara etter at sjaa Vænleiken i Landskapet, kunna derfor vera visse paa at finna nokot stort og fagert for seg, naar Folket derikring segja, at det er stygt. Rjukanfossen er soleides fælt stygg, segjer Tindølen, og han kann ikki faa i Hovudet sit, at Folk fara lang Veg for at sjaa honom. Folk i Atnedalen totte ogso, at det var rart af meg, som var so «trivleg,» at eg kunde hava Hug til at sjaa slik Styggedom som Rundarne. Drivdalen var stygg, sagde ein Mann i Uppdal, og Raumsdalen var no det styggaste, som til var, sagde Mange derifraa. Og som sagt: til styggarre Heimefolket finna det, til fagrare vilja Maalarar og slike Folk finna det. Her var ein Mann, som kann vera ein Mønstermann for Vænleikslæra: han het endaa Olaf. Han hadde bygt upp eit Stabur utanfor Vindaugat sit eg dermed skygt burt Utsynet til Vatnet og Lid og Fjøll:
«Det fagraste som til er, det er Staburet, for der er Korn og Mjøl og Kjøt og Flesk,» sagde han, daa Presten skjemde paa honom for dette.
Det maa eg segja her no reint og beint, at Rundarne, so maalande dei enn ero, og Raumsdalsfjølli og Snjohætta og det eg hever seet af Jøtunsfjølli sosom Hedalsmugen, Lomseggi og Nautgardstind ero kverdagslege og klumpne og tunge mot den lette og yndefulle Gautstod, som siter like fager og synleg fraa alle Sidur med den kvitrandutte Kjolen sin i himilblaatt og tvær Foten sin i Rjukan. Der er sama lengtande Hugnad i hena som i dei thelemorkske Folkevisur, og derfor hever ogso Tungemaalet gjort Gautstod til eit Kvendekynsord, medan Runden er Mannkyn. Det er ho Gautstod og han Runden. Og vist er det, at der ved Gautstod er nokot bylgjande mjukt og innsmeitjande attaat det drustelege (majestætiske), som gjerer, at Augat kviler seg voggande paa denne liksom symjande Bylgja mot Himilen.
Denne Tverdal i Fjøllryggen fraa Øysterdalen til fram ikring Hjerkinn og ned igjenom Fjølldraget mot nordre Gudbrandsdalen ligger tri Mil nordanfor Rundarne, som herifraa standa som Høystakkar upp i den blaae Luft, innlagde med Snjostripur: og soleides er Foldalen med sit Koparverk ein af dei vænaste Fjølldalar paa denne haage Fjøllslett: men daa det berer nord mot det betre Berglag af Dovre, so er alt der rett god Jord og nordanfor dei beste Febeiti. Liksom Atnedalen er denne Dalen mest bygd for Koparverkets Skuld, endaa eg saag Aakerreinar, som maatte vera mykit eldre. Der er Saahæve, og Husstellet og alt slikt nokot visar Slektskapet med Øysterdalen, endaa det høyrer til Lesja i Gudbrandsdalen. Med all si Fjøllbygd er der reint og vel stelt paa mange Maatar, og soleides i den Vegen stender yvir Grannedalarne sine nordanfor Fjøllryggen i søndre Thrøndelagen, endaa der nord er lægre og rikare Jord. Det er rart med det, at alt det, som høyrer til Øysterdalen elder Gudbrandsdalen stender eit Stig lenger framme enn Grannarne sine Nord og Vest, soleides seer Ein større Skilnad paa Deildi vest millom Lesja og Raumsdalen enn her og imillom Uppdal, endaa der imillom Lesja og Raumsdalen er ingen Fjøllrygg men bygt med Gardar ihop og liggjande ikring Storvegen. Det maa fraa den gamle Tid hava vorit eit nokot litit annat Folkeslag, som ogso Maalet og Skapnaden visar.
Fraa denne Faldalen var altso ho Malene, som var fem og sytti Aar og piltade so lett som ei Rjupe tri Mil fram til Hjerkinn for at sjaa Kongen paa Nordferdi si til Throndheim, endaa mange Skytsfolk til Kongen, som vaaro i Fylgjet med sine lause Hestar, sagde, at ho gjekk for at sjaa seg ut ein Kjæraste paa Hjerkinn og Kongsvoll bland dei Mange, som komo dit fraa lang Leid for at sjaa Kongen. Desse Skytsfolk sagde endaa, at det vist maatte verda Parfolk af meg og Malene, for ho var den, som eg rødde mest med. Me logo og glytte til Sida eg og Malene og gjorde Fjas med dei allesaman, og for at hjælpa paa Malene sagde eg, at ho hadde tie Aar enno at elska paa, etter som Lord Chesterfield forteler. Han totte, forteler han, at Kvendi elska ovlengi og vilde derfor koma etter, naar det traut af med denne elskelege Dygd. Han vende seg derfor til ei Gjente paa fem og aatteti Aar og sagde: «Høyr mi gode Gjente! no maa du, som vist veit det, segja meg, naar Kvendi slutta med at elska?»
«Nei,» svarar Gjenta, «daa maa Storleiken hans venda seg til eit eldre Kvende, for eg elskar enno.»
Dei logo Allesaman og Malene sjølv med, som sagde, at det var sannt. Eg fortalde vidare um ein Mann fraa ein af Vestlandets Smaaabyar ikki rett mange Aar sidan, som dei vaksne gamle Godborn (Borneborn) maatte mest stengja inne, for han vilde i sit nokre og nittiende Aar gifta seg med ei Gjente paa tjuge, og daa han var ein velstandande og velvyrd Mann, so vilde, som trulegt var, den unge Tenestegjenta gjerne taka honom. Likeins fortalde eg, at eg med eigne Augo hadde seet Elskhugs-Eld brenna i Augo paa ei nie og nitti Aars Ekkje, og so fortalde eg um Drakenberg og slike.
Og so framsagde eg eit Par Vers af meg, som stodo i Dølen ifjor:
Det siste du hever at gjera, Mann!
det er at døy,
naar ikki lenger du elska kann
den fagre Møy.
For daa er det ute med spræke Gut
og Mannens Værd,
for daa er Livet alt brunnit ut,
det Oske er.
«Men,» sagde eg, «du Malene, det er verst for deg no frametter, til du verdt nitti Aar, for naar Folk koma til den Alder, som er tri Mannsaldrar, so hender det, at dei yngja seg uppatter; soleides gjekk det med den navngjetne Drakenberg, og eg kjende ein Mann ikki langt fraa mi Fødebygd, han het endaa Thorbjørn Husom, som fekk nytt Haar og nye Tenner i den Alder, so han saag ut som ein nyst uppsett Hatt.»
I denne Stilen gjekk det, og daa me saago Snjohætta i Nordaust og Rundarne i Sud, so kunna Alle vita, at der var Laatt og Løgi paa denne lange Ferd, og at Malene og eg maatte merkja os ut.
«Brukar du Kaffe, Malene,» sagde eg.
«Ja-a,» svarade ein spræk Mann, «det trur eg vel, for ho liver ikki af annat enn Kaffe og Snus.»
«Det er ingen stød Kost i Lengdi det,» meinte eg; men eg fortalde, at eg hadde kjennt mange slike Kvendfolk i den Alder utetter, som saato i Aaren all Dagen gravande i Oska og saud Kaffe og mool Snus i Loven sin.
Malene saag rangt paa os og meinte, at ho naut annat ogso, endaa ho sagde, at ho heller vilde vera forutan Mat enn Kaffe; og naar ho ikki fekk Snus, var ho liksom ør i Hovudet og kunde ikki skilja kvitt fraa svart.
«Her er vel Mange slike som Malene?» spurde eg.
«Ja,» svarade Mange i Munnen paa kverandre, «her drikka me Tobak og Kaffe for Karl allesaman, store og smaae, unge og gamle.»
«Det er so i alle Fjøllbygdar no,» sagde eg, «so ikki den eine Bygd skal vera betre enn den andre for det.»
«Ja, men so galit som her kann det daa ingenstad vera,» sagde ein eldre Mann, «for no er det berre eg og Kona mi og tvo vaksne Born, ein Gut og ei Gjente, og for os fire kauper eg burt mindst eit Kuværd um Aaret i Kaffe.»
«Aa ver roleg Mann,» svarade eg «dit Hus er ikki det verste med dette, langt ifraa. Kom upp i ein Fjølldal i Thelemork, skal du finna det verre.»
«No Gud ske Lov, det var godsleg at høyra det,» sagde Malene, «so ero daa ikki me dei verste.»
«Nei til at verda Fant til Unyttes,» svarade Mannen, «det er Skam af deg Malene, at lata denne Bymannen høyra slikt Faavit.»
Eg maatte hjælpa hena Malene i denne Knipa og fortalde um ei Kone ifjor Sumar, daa den store Turken var, som spurde ein Mann fraa eit annat Gjeld, um der var likso turt der; og daa han sagde, at der var endaa verre, so svarade Kona: «ja Gud ske Lov, so er daa ikki me dei einaste som lida.» Likeins hadde dei gamle Romerar eit Ordlag, som sagde: Det er Hugnad i sams Undergang (commune naufragium dulce). «Malene er altso ikki aaleine til at tala slikt; men tvertimot talar ho ut ein aalgjengeleg og liksom medfødd Mennisketanke, og dersom, Dyret kunde tala, so vilde det tala likeins.»
«Du er ein velsignad Mann,» sagde Malene, «du veit Grunn i Alt og kann forsvara den Hjælpelause.»
«Takk Malene,» sagde eg, «det er ufortent; men ein god Ting er med meg og det er den, at eg altid hever gjort Lykke hjaa eldre Kvendfolk, og daa dei ero klokare enn dei unge Gjenturne, so kann eg godt bera den Ulykka, at eg sjeldan hever merkt paa unge Gjentur, at dei hava likat meg.»
«Ja, det er sannt det,» sagde Malene, «dette er ogso min Hugnad, at dei gamle Menn hava likat meg betre, enn dei unge Gutarne hava gjort.»
«Hever du aldri vorit trulovad, Malene,» sagde eg.
«Aa jau eg var det eigong med ein Skrangel; men daa den Kyri, eg aatte, braut af seg Bakfoten, so ho maatte takast, so slog han upratter med meg, og tok ei eldgomol Ekkje, for ho sat paa ein Plass med eit Par Naut.»
«Ja, ja, Malene,» sagde eg, «det var inkje Under, at han slog upp med deg, daa Kyri di braut af seg Foten, for det var vel for Kyri si Skuld, at han ogso fridde til deg.»
«Aa ja, det var vel det;» svarade ho, «men er det so paa dine Kantar, at Folk mest fri for Føda?»
«I den heile Verdi er det slikt,» svarade eg, «at Folk hengja seg upp etter Maten, som det gamle Ord segjer. Livet er so armt og trongt, at Kjærleiken liten Plass finner i det; men verst er det no med dette upp i slike arme Bygdar og so bland Storfolk og Kongar utanlands, for der verdt der aldri spurt, um Guten elskar Gjenta, han skal taka, berre ho er slik af Rikdom og Stand, at ho er høveleg for honom. Det beste med dette er bland upplyste Folk, som hava nettupp so mykit, at dei kunna liva paa ein folkeleg Maate.»
«Gud ske Lov,» sagde Malene, so er daa ikki Folk upp i desse Dalarne dei einaste, som hengja seg upp etter Maten.»
«No er du ute atter med denne haadelege (bespottelige) Gud ske Lov,» sagde den sama Mannen, som fyrr i Vegen hadde refsat hena, «eg tykkjest, at du ikki burde bera ut vaar Spott, og det er no heller ikki so ille, som du vil gjera det til, endaa det kann vera ille nok.»
Eg maatte hjælpa Malene atter og visa, at ho talade som den gamle Sibylla, og under all denne Leik og Laatt komo me til Hjerkinn.
Paa denne store Gjestgjevargarden midtfjølls paa Dovre var fullt af Folk og Hestar; burt i Bakkarne og ned paa Fjøllsletti laago Folk med sine raude Huvur ikring Eisur (Eldstadar) og logo og spøkte, og Hestarne beitte derikring. Heim i Tunet var der stappfullt med Reisande og Skytsfolk og andre langvegsfraa, som vilde sjaa Kongen. Fraa Foldalen vaaro tvo Konur jamgamle med Malene, som hadde reist likso lang Veg, som ho; men daa det var Gardemannskonur, so vaaro dei ridande elder kjøyrande. «Me vilja sjaa Kongen, fyrr me døy. Daa Godfader hans foor her til Krøningi si, vaaro me unge Konur, men no etter firti Aar hava me eldst.
Det maa vera ei Sæla, tenkte eg, at vera Konge for eit slikt Folk, der dei Gamle paa gamal Vis tru paa Kongen som ein Landsfader, og dei Unge og Upplyste tru paa Log og Rett, som sjølve Kongen maa lyda; og baade desse, baadi dei Unge og dei Gamle vilja hava Kongen, men kver af sin Grunn. Dei Gamle tru paa Kongen og dei Unge paa Riksskipnaden, og var eg Konge, so vilde eg heller vera Konge yvir desse Unge, for so vitste eg, at der aldri vardt spurt stort etter meg for annat enn eit Syns Skuld og som ei Ikjøting (Incarnation) af ein Rettstanke, som Folket vil hava, anten denne er so elder so: fyrst daa var eg i den sæle Stand, at eg kunde gjera Godt men inkje Vondt, naar mit Raad var, som det burde vera. Derfor er ogso den engelske Dronning so sæl, fordi der aldri verdt spurt etter hena til annat enn til ei Framsyning af Rikets Magt og Vyrdnad, so ho kann liva for sit Hus som ei onnor god Kone og faa seg ein god Laatt, naar Times forteler, korleides ho steller med sine Barneklædi og pakker inn Barnehosur og slikt nokot, naar ho flyter ut til Sumarslottet sit, og likeins at ho der hever tenkt ut ei Slags Deig til Lækjedom for kalkunske Høns, naar dei skulde til at faa den raude Kamben sin; dei hava daa ein Slags Sjuke, liksom naar Smaaborn skulle til at faa Tennerne sine. Dette er eit høvelegt Verk for Englands og dermed Havets og Verdsens Dronning, meinar Verdensbladet Times; for styra Riket det gjera vaare eldste og klokaste Menn best sjølve.
Eg rødde mest med desse gamle Kvendfolk paa Hjerkinn, og me bad godt for Kongen alle fire og ynskte honom vel fram. «Ja, berre de (I) no fingo sjaa honom,» sagde eg, «det er ein staut fager Mann.» «Ja det maa du segja,» sagde dei, «aa ja, han veit vel, at Folket vil sjaa Kongen sin og derfor paa gamal Vis ferer taugt (langsomt) og syner seg fram.»
«Aa nei, han gjerer just ikki det,» svarade eg, «det er ein ung sterk Mann, som toler at fara fort; og so vita de vel, at ein Konge hever somykit at gjera, at han ikki godt kann hava Stundir til at liggja i Vegen som ein af os.»
«Ja du hever Rett, du! Herregud me forstanda ikki stort me her upp i Fjølldalen.»
«Ja,» sagde eg vidare, «og so liggja der mange Hermenn nordanfor Throndheim; der skal vera liksom ein Krig; men det er ikki meint nokot vondt med det; det er berre til at læra Folk upp til den aalvorsame Stund. Og de vita, at det er af Vigt, at Kongen so fort som mogelegt kjem dit.»
«Ja, det maa du segja; nei Herregud, skal der vera liksom ein Krig; ja me vita ikki stort me.»
«De maa derfor ikki lita paa at faa sjaa honom her,» sagde eg, «for han kann ikki vera her fyri Midnott, og daa er det myrkt; det er derfor best for at vera sikker at fara til Kongsvoll, der han skal notta.» So tok eg i ei Flaske Øl, som her kostade 12 Skilling og gav Malene med meg, for dei andre vaaro so rike, at dei kunde kaupa sjølve, um dei vilde hava.
Det er ein rett staseleg Gard denne Gjestgjevargarden midtfjølls og det maa det ogso vera for all den Mengd af Reisande, som teker inn der; men det er gamle og skramlutte Rum dei fleste, so eg ikki hadde Hug til at vera der lenger, enn eg var nøydd til, endaa Folket hadde god Liveskikk og var hjælpsamt; det var snart at sjaa, at dei vaaro folkevane og vitste at snu seg. Og desse gamle Rum vaaro rett staselege med Speglar og Borddukar og Skildrestykki og Dynesængir, so det kunde vera nokso koselegt at koma derinn mot Kvelden fraa Snjodriv og Fjøllstorm; men no daa det var Sumaren, sat eg heller ute i Tunet og saag paa dei snaude Fjøll og vide Flottir.
Daa eg kom upp i den bratte Bakken, so naadde eg Malene atter. Mine Ord, at det var best at fara endaa ei god Mil til Kongsvoll for at vera sikker paa at sjaa Kongen, hadde dregjet etter, so Malene sagde: «eg hever fetat so mangei Mil i mine Dagar, at eg gjerne kann taka denne med.»
Her gingo altso me tvo ugifte Folk, ein Herre og ei «Dame» uppigjenom «Hjerkinshøen,» og sette os imillom til at kvila paa ein mosutte Stein, og saago Rjupur og Telegrafstolpar og Rundarne og Snjohætta eit Par Mil i Vest. Eg tenkte paa dei tvo Tyske, ein Herre og ei Dame, som gingo saman venteleg under slike tankevekkjande Utsyn, og «Damen» var varm um Hjartat og spyrr med eit blidt og syngjande Mæle:
«Fühlst du was, Heinrich?»
«Nein,» svarade han.
«Du sollst aber fühlen,» sagde ho.
Ja, me Mannfolk ero hardare i Hugen, me, enn den mjuke Kvinna, endaa eg trur, at Malene var likso hard for alle desse fagre Syn, som Heinrich, for ho sagde, daa me saago vidast: «Hu, her er fælt stygt og audt her.»
Der komo jagande og kjøyrande etter os Engelskmenn, Franske, Tyske, Danske og Christianiafolk, som alle utropade kver i sit Maal, at her var stort og fagert.
Daa eg hadde tydat for Malene, kvat desse Fra mande hadde sagt, at her var so makalaust vænt, so saag ho stivt paa meg og spurde, um alle desse Folk vaaro galne, som kunde lika so godt slik Styggedom.
«Aa nei,» sagde eg, «det er no ellers, som Ein teker det til; der kann vel vera slike Menn, som ikki hava det rett i Hovudet.»
Malene sagde, at ho laut kvila eit godt Bil her uppaa Fjøllriset, der Fjøllet rider yvir Rygg nord til det Throndheimske; og daa eg tok til at verda solten, so maatte eg ganga i Fyrivegen fram til Kongsvoll; for eg er vel glad i Gjenteselskap, men Sulten krever Retten sin han ogso. Det gjekk her med meg som med den danske Diktaren Oehlenschlæger, daa han kom paa «Kongen» paa Krokkleivi og saag Gautstod som ei blaa Bylgja med smale Skumstripur nedetter Sidurne mot Vest og heile den store Mengd med Fjøll i Vest og Nord. Dei, som vaaro med honom, stodo mest liksom andpustne og ventade, at den store Diktaren skulde segja nokre høvelege og fagre Ord. Han stydjar seg paa Staven sin, seer paa Klokka og spyrr: «Tru her kunde vera Raad til at faa seg ei Pannekake?»
So er det sagt meg, og dette var endaa etter at han berre hadde kjøyrt fraa Christiania etter ein god Morgonmat og Kake og Vin og slikt nokot paa Vegen, medan eg hadde gjengit mindst tvo Mil med Skræppa paa Ryggen og ikki notit stort. Eg hadde ikki Raad til at kaupa so dyr Middagsmat, som paa Hjerkinn, og eg tenkte, at der kunde vera ein Plass inn med Kongsvoll, som eg kunde ganga innum og faa som vanlegt, naar eg kaupte Mat, eit stødt Maaltid for 6, 8 Skilling.
Eg ventar derfor, at dei hugvarme Gjentur, som lesa dette, vilja halda meg det tilgode, at eg gjekk ifraa hena Malene midt paa Fjøllet, for der var ingen Faare. Det gjorde meg vondt at skiljast so med ei «Dame.» Men eg stelte meg som vanleg, naar eg vil koma ifraa «Damer» og ikki synast grov og ufin: eg gav Samtala den Snuning paa snillaste Maaten, so eg vitste, at Malene maatte verda sinnad. Kvert Menniske hever no si saare Side, som me snart merkja i ei lengre Samtale, og denne kann Ein daa liksom visa Fingren imot.
Eg slog soleides paa, at eg og Malene vaaro vel gamle til at tenkja paa nokon Kjæraste; men at me skulde søkja Gleden vaar i at parra unge Folk ihop. Som dei fleste eldre ugifte Damer likade ho mindst af alt at sjaa eit ungt trulovat Par; det var Born det, meinte ho, som inkje forstod seg paa Livet. Men daa eg liksom meinte, at dei Unge tidt hadde betre Vit paa det enn me Gamle, so vardt ho endaa sintare; og so kunde eg med ei mjuk Helsing beda um Forlov til at fara i Fyrivegen og lagde det til, so ho ogso daa kunde finna alt meir færdugt, naar ho kom etter.
Daa eg kom nedetter Bakken, saag eg, at Folk gjorde paa ein Æreport for Kongen der midt paa Fjøllet. Det var der paa Grenseskilet mot Throndheim; og dei gode Throndheimarar, som gjorde alt so gildt til denne Stasen, mottoko her Kongen sin med eit «Velkomen til Thrøndelagen,» skrivit med store Bokstavar yvir Porten, umvundit med Kransar af den grøne Rapen (Dvergbjørk). Dette «Velkomen» var nyst stungit upp, so eg var vist den fyrste Ferdamann, som gjekk under det; og daa eg altid legger det gode ut paa meg sjølv, so bilte eg meg inn, at det galt meg dette «Velkomen» og sagde derfor med det sama eg gjekk der under og inn i det Throndheimske:
«Takk Thrøndelagen, du skal ikki hava gjort meg den Æra for inkje; og daa eg fraa gamle Dagar veit, du er ein strid Bukk, so kann du ogso hava godt af at faa deg litt Salt.»
Det smakar betre, enn nokon trur, soleides at innbilla seg, at det Gode og Store, som er tiltenkt Andre, er tiltenkt Ein sjølv; og so verdt han so kjærleg og godlynd mot Folk, at han ikki veit det beste, han vilde gjera deim. Paa denne Maaten skapte eg meg Lykke heile denne Vegen, der eg saag det eine Heidersmerke etter det andre til – Kongen, for eg tenkte at Andre ikki kunde leggja Merke til alt dette, og so vilde det vera Synd, at det skulde vera gjort til Faafengd; imindsto saag ikki Kongen denne Æreporten, daa det var Midnottstid han foor under honom; og saag han Porten i Myrkret, so kunde han umogeleg lesa dette «Velkomen,» som derfor eg las og lagde meg paa Hjartat.
Og det er heller ikki so uklokt soleides at tilleggja seg den Æra, som er tenkt for Andre, for naar Ein berre hever det for seg sjølv til eigen Hugnad og ikki verdt stolt og stiv mot Andre for det, so er det ingen til Meins dette. Slike store Ting som det for Kongen, er dessutom for os Alle. Det er liksom med Soli og Maanen og Stjørnurne. Eg kallar desse store Ljos altid mine, og er viss paa, at Himilen ikki teker meg det illt upp, men tvertimot er glad, fordi eg gleder meg i Gaavurne hans.
Vitste eg derimot, at alt slikt just var gjort for meg, so vilde eg kjenn a meg tyngd og ulykkeleg, daa eg altid maatte spyrja meg sjølv: «er du daa værd all denne Stasen?» Derfor hever eg heller aldri kunnat fengit i Hovudet mit dei Menn, som vilja vera so store, at Folk skal gjera Krus og Kniks og Ljos og Larm for dei. Dersom Folk ein Dag fann paa at gjera meg til nokot Stort, so var den einaste Raad den at gjera Ende paa seg sjølv, for ikki at bera den tyngste Byrd paa seg, eg meinar den at vera mindre, enn Folk tenkte um Ein og soleides svikja so gode Folks Tiltru.
Eg hever aldri kunnat fengit i Hovudet mit Folk, som fullt og fast kunde tru med seg sjølv at dei vaaro so store Menn, utan at læ aat seg sjølve og det daarlege Folk. Eg talar ikki her um Kongar, for det er paa ein annan Maate med deim. Folket ærer seg sjølv i Grunnen ved at æra Kongen, som berre er ei Framsyning af Folkets eigen Storleike. Nei eg meinar os andre ukongelege Menn, ja ikki eigong Embættesmenn, for dei faa heller ikki Æra for si eigi Skuld, men for Embættets Skuld, altso er det ogso der Folket, som ærer seg sjølv, nei eg meinar slike lause Skræppekarlar som meg, Bokskrivarar, Spillemenn, Komediespilarar eg andre Kunstmenn, altso dette heile irritabile Genus (utolige Slag) som Horats sagde, endaa han sjølv var ein Diktare; og likeins lærde Folk og alle, som maa faa Æra for si eigi Skuld; den Rike fær Ære for Skillingen, han, og soleides som dei fyrst nevnde for nokot annat enn seg sjølv.
Det er desse Folk, som faa Æra for seg sjølv, som eg aldri kunde faa i Hovudet mit, naar dei tenkte, at dei vaaro all den Æra værd og soleides somykit betre enn Andre, for det er ei lang Røynsla af meg, at Skilnaden millom Folk af nokot so nær sama Alder, Kunskap og Yrkje er mindre enn Mange tru. Derfor vil eg aldri vita af Stas og Staak for nokon Mann, og naar rett var, so skulde heller ingen rosast stort, fyrr han var daud, for det skjæmmer Mannen berre ut, og duger han nokot, so verdt han ikki modlaus for det. Altso ingen Æreport for andre enn Kongen, og at eg tok Porten for meg, var berre eit Tankespil til min Hugnad.
Det er slike lange Tankeremsur, som kallast Philosophie, og som dei fleste Bokskrivarar og Diktarar pina Lesaren med. Eg vil ogso visa, at eg kann vera ei slik philosophisk Plageaand, og koka, som Holberg segjer, ei Suppe paa ein Pylsepinne.
Med desse Tankar gjekk eg framigjenom Fjølldalen til Kongsvoll, og saag vest i Villfjøllet mot Snjohætta og Aai «Driva,» som kom fyssande framigjenom den aude Flott og skar seg ned i Berget. Men her tok Fjøllbeitet til at verda godt og Lidarne grøne, so det var som daa eg i gamle Dagar gjætte paa slike Fjøllhægdir vest paa. Her var ikki den Likkista som millom Øysterdalen og Gudbrandsdalen; men her ikring Kongsvoll skulde eg hava livt af Gjeitar, og eg bilte meg inn, at eg kom til ein Gjeitesæter, daa eg fram med dei store Steinarne saag, at det rauk or Pipa; men daa eg kom nærare, saag eg, at det var for gode Hus til dess, endaa der var gamalt og skrukkutte liksom paa Hjerkinn, so at farande og skrivande og diktande Folk hava gyllt altfor mykit desse tvo Gjestgjevargardarne; men til at vera so i ville Fjølldalen, er det meir enn ventande, for naar der er annat enn snaude tronge Hytta, so maa den Vegfarande vera glad.
Ogso paa Kongsvoll var Husets Folk venlegare enn ventande kunde vera ein Stad, der so mangein leid og vønen (fordringsfull) Mann maa koma til Gards. Den gamle Mannen med Kona si, som hever seet so mange vegfarande Folk, var snil og hjælpsam og eg fekk meg eit godt men uvandt (simpelt) Maaltid Mat for tolv Skilling, daa dei maatte tru, at eg var ein Skræddarsvein, og likeins fekk eg kliva upp paa Himlingi (Loftet) og leggja meg paa nokre ret folkelege Skinnfeldir til ein søt Middagssvevn. Daa eg kvild og god kom ned i Stova atter, var Malene komi etter. Eg hadde altso stelt meg med hena som Folketrui segjer, at Fa'n gjorde med Moder si: Han gjekk ifraa hena, han yngre Sprækingen og kvilte seg ut; og daa ho gamle Krøkja kom etter dragande og skridande, so flaug han ifraa hena i Fyrivegen atter, so ho maatte sabba og slita jamt og samt.
Daa ein flink Skytsgut kom atter fraa Drivstova, og han kjende meg af Navn, so var det liksom eg steig litit Grand i Husfolkets Augo, og daa Amtmannen og Domaren komo og skulde møta Kongen, og dei rødde med meg som ein Kjenning, daa steig eg fælt haagt, og ei Tenestegjente sagde til meg: «Hadde me vitst, at du var slik ein Karl, so maatte du hava gjevit meir for Maten.»
Folk, som liggja so midt i Aalmannvegen ero nøydde til at gjera slik Skilnad paa Folk, og eg forteler ikki dette til Last, og det so mykit mindre, som eg vilde hava vorit verre tent med at verda tekjen for nokot større enn eg var, enn ved at verda som Hunden skodat etter Haari. Men vist er det ogso, at det er ingenstad Folk gjera so stor Skilnad paa Saudir og Bukkar som soleides paa Landet og hjaa deim, som kalla seg Sendemenn mest fraa slike, sosom eg ogso skal visa, daa eg kjem til Throndheim og talar um Sendelaget (Deputationen) fraa Storthingit. Det er so maa vita, at til større Stakkare Mannen sjølv er, til gildare maa han visa seg, for at løyna sin Armodsdom i lengste Lag, og han kann ikki skyna annat enn det, som henger i Pung og ytre Ære. Det kann ikki vera anderleides, so ingen Mann skal tyngja paa slike Folk for det; men naar desse Folk tala um at vera mannvande elder at gjera Skilnad paa Folk, so maa det vera sagt i Sanning, at desse Folk ero dei verste Hardstyrarar (Tyranner) som finnst, for dei kunna ikki vera med upp i Anda-Riket der Alle ero Systkyn.
Nei stakkars arme Mann, han er til Magen hyret,
han gjeng mot Jordi lutt og trælar saart som Dyret.
Kvat Under daa, at han so litit skynar paa
og kjenner 'ki det Liv, hans Auga aldri saa(g).
Og um det no er Folk af dette Slag, som just ikki kunna verda sagde at vera hyrade til «Magen,» so hava dei anten lært for litit elder ogso hava so falsk Ære, at dei vilja kliva seg fram ved at smeikja for slike Folk, elder ogso kann det vera raae Naturar, som ingen Ting biter paa; kort sagt, det maa vera Skrap paa den eine elder andre Maaten.
Livet maa vera slikt, for kunde det vera anderleides, so var det betre; og so er det det beste, me hava, so i det store daa; og der er ogso mykit viist i dette, naar me sjaa etter for alle Tilfelli; og so er det so løglegt, at Ein kann faa seg ein god Laatt af det; og so er det so uadelegt, at ein kann gjeva det eit Slag paa Kjæften, um han ikki helder Handi si for god til slikt; kort det er eit godt Liv, og det er ikki mi Meining at venda det um, daa eg veit, at det vilde vera, som daa Thor i Jøtunheim lyfte paa den Katten; for um han lyfte Ryggen aldri so haagt, so tøygde denne berre seg etter, og Føterne stodo ned paa likevel baadi framme og bak.
Sjølve Malene, som eg alt var forsonat med atter fraa Fjøllryggen, sjølv ho, den gode Saal (Sjel), glodde stort paa meg, daa eg rødde med slike Storfolk; eg tok i ei Flaske Øl, som eg drakk med hena, daa eg fekk Tid til at sitja og godrøda med denne Gjenta, som ikki let seg gjera ør af all den Hestetramping i Garden og alle dei Folk, som i Surr foro derikring for at venta paa Kongen; ho sprang ikring med dei unge Gjenturne og gniste og lo, og Gutarne lest som dei skulde falla ned i Søyla for at draga Gjenturne med seg. Der var Liv paa Kongsvoll den Dagen, og der var mange Hjelparar for Husets Folk, til at laga til med Skuring og Matlagning for den haage Gjesten, som skulde koma dit til Kvelds.
Og daa no eg ogso var komen fram til Vyrdnad ved Storfolks Hjælp, som gjorde meg den Æra at tala med meg, so greip ogso eg inn i Husets Stell og hjælpte; og her kom mit gamle Kjenskap til Tvaatt (Vaskning) og Matlaging meg til Nyttes. Eg hjælpte Kvendi med at laga paa Bordet til Kongen og setja Mjolkekollur og Ølflaskur paa i Radir og faa til at hanga beint den gilde Ljosekrona og setja Ljos med Papirluar ikring uppi. Eg var ein so god Husgud som mogelegt, og so fekk eg vera med Gjenturne ut i Kjøken og skrapa Gryta, og vera glad i desse fagre Fuglarne. Kvifyr ikki segja det, som sannt er, naar det er so kjærlegt og godt? Men Malene kom ogso tidt etter og glytte og saag inn gjenom Vindauga og Dyrn. Det var liksom ho var aabruig (jaloux). Eg var lykkeleg, for eg trudde meg elskad, endaa Kvendi ero ikki truande i den Vegen, for eg hever so tidt bilt meg inn det sama, og er sidan komen etter at det var berre Innbilling. Me tru so gjerne det, me vilja tru.
So sprang eg ned paa Laavetrevet, der Gutar og Gjentur stodo og ventade paa Kongen og det lysande Fylgjet. Denne sama spræke Skytsguten, som kjende meg, flogsade og dreiv Gjenturne, liksom naar Katten kjem ut i Fuglehopen, so Fjødrirne fjuka og flaksa; dei sprungo rundt ikring i Høystaden med sine søte Skrik, for det var snart at høyra paa Mælet, at dei likade godt all denne Flogsing. Malene var og med; men han var so hardhjartad denne Guten, at han liksom gjorde Narr af hena, og so laut daa eg hjælpa atter.
Det tok so at lida mot Kvelden, at Amtets haage Embættesmenn maatte laga seg til at møta Kongen paa Hjerkinn. Daa maa du tru, at Malene glodde, naar ho fekk sjaa desse trikantade Hattarne tekne ut af sine Øskjur og sette paa Hovudet, og daa ho saag desse haage Halsarne stinga upp i dei stive Kragarne med Gullbordur ikring.
«Du tregar vel ikki no Malene, for du gjorde denne lange Vegen, og det betste er enno etter,» sagde eg.
«Aa nei, aa nei,» svarade ho, «eg skulde hava reist hundrad Mil for at sjaa all denne Stormannskapen. Det er utrulegt, for alt det væne her er i denne Verdi.»
«Ja likar du ikki betre desse Hattarne enn Rundarne og Snjohætta,» lagde eg til.
«Kann du som ein vitug Mann likna ihop desse Hattarne med slik Styggedom?»
«Aa nei, eg vilde berre prøva deg, so du maa ikki tenkja illt um meg for dette.»
«Var det likt seg det!»
«Ja, men det er daa nokot likt i det, for dei sjaa mest likeins ut, berre Rundarne ero nokot større, og til Snjostripurne og Kveldsoli paa Runden svarar Sylvtraad og Gull paa Hatten,» meinte eg.
«Me hava altfor mykit baadi af Snjo og Kveldsol, men Gull og Sylv er meir sjeldfengde,» sagde Malene, «og den, som hever seet Runden og Snjo og Kveldsol so lengi som eg, kann vel vera leid alt slikt.»
«Du hever Rett, Malene,» sagde eg, «for det var likeins med meg, solengi eg livde paa min Fødestad, som var slik ei Fjøllbygd som di; men det er so rart med det: naar Ein leser og tenkjer og ikki sliter i slike Fjøll men liver paa laaglende, tettbygde og ufriske Stadar ned med Sjøen som i Byarne, daa er det liksom Runden vekkjer større Tankar enn denne Hatten.
Og med desse Engelsmenn, som du totte vaaro so galne med all deira Kjærleike til ville Fjøllet, so maa du vita det, at dei liva so godt, at dei ero liksom Kyri um Hausten, naar ho kjem heimatter fraa dei feite Beiti: ho er matleid og løyper etter Sopp og tygger Smaastein og gamle Sko. For paa slike Folk fraa Slettelandet riva store Fjøll liksom Snus, og daa mange af desse Rikaste ikki vita, kvat Livet kostar, og kvat det er til, so vaaga dei det til Unyttes med at kliva uppigjenom slike Svadberg som der burte.»
«Hu! sagde Malene, «men eg høyrer det paa deg, at du maa hava Rett. Det er underlegt med den, som hever lesit og vorit ute bland Folk: han kann segja det som me Andre hava liksom drøymt um. Det var Synd, at ikki eg og skulde læra nokot, daa eg var ung. Men eg er no eit Kvende, eg, so det aldri kunde hava vordit nokot af. Men so skal eg segja deg, for eg trur paa deg: eg hadde ein Kjæraste, som kunde lesa og var klok, men han fallt ifraa meg i Krigen mot Svensken. Aa ja det maatte vera fyrr du var fødd, det.»
Ei Vognramling kvekkte os og heile Garden upp; det var ein af Embættesmennerne, som kom fraa Hjerkinn og sagde at Kongen ikki kunde vera ventande fyrr fram imot Midnott.
Det leid og det skreid, og Folk vordo sette paa Vakt uppetter Bakkarne. Alle vakte og ventade for det store Synets Skuld.
So kom der endeleg ein Kjøyrare med skumskvett Hest, som sagde at Kongen vilde vera der um ein halv Time.
Daa vardt der Liv; det urde og det krudde um kverandre, og daa eg høyrde Malenes Skrik, sprang eg ut ifraa Storstova, der eg stod med upplagde Fyrstikkur til at kveikja Ljosi med i Lysekrona og Vindaugo, liksom Hermannen stender med brennande Lunta inn med Kanona, ventande paa Ordet.
Eg laut hjælpa hena Malene; men det var berre af Rædsla, ho hadde skrikit. Og so flaug eg med det sama ned paa Laavetrevet og sagde, korleides Gjenturne skulde stella seg, naar Kongen kom. Eg kastade meg liksom upp til Førare, og hadde eg paa Hermannsvis havt Klædi deretter og gjengit stiv som ein Pinne og seet so tung og aalvorsam ut, som heile Verdi skulde hava legit og tyngt paa meg, so skulde ogso eg hava gjengit som Katten millom Mus; men eg skjekte paa Munnen og lo imillom og var ellers, som det burde, Folks Likemann. Endaa maa eg segja, at eg hadde so stor Lydnad, som godt gjorde.
So sprang eg inn atter og var med at kveikja Ljosi for at vera sikker i Fyrivegen. Eg, som var lengst, maatte spana meg uppi Ljosekrona. Med det sama det siste Ljoset var ikveikt, lyste eit Skimt uppi Bakken, og straks stod ei Vogn med aatte Hestar i Tunet; det rauk so af Hestarne, at me ikki kunde sjaa, kven det var, fyrr Kongen lett hoppar ut or Toka lik Soli, og dei andre, som saato i Vogni med, komo dragande etter liksom Stjørnurne. Det gjekk so svint, at dei throndheimske store Embættesmenn, som der paa Grensa skulde taka imot Kongen sin, knapt fingo Tid til den rette Fagnaden.
Det var vist ein halv Time, fyrr Vognirne med det kongelege Fylgjet komo etter. Den, som er størst, skal altid fara fyri og vera framum si Tid.
Daa Malene høyrde, at dei, som vaaro paa Hjerkinn ikki fingo sjaa nokot af Gildskapen i Nottemyrkret, og fordi Folk saato sovande i Vogni, daa sagde ho til meg: «Herregud eg var sæl, som gjekk hit.»
Dei gingo ned i Storstova tilbords, ettersom dei komo, og Alle, som vaaro komne for at sjaa, flokkade seg ikring Vindaugo, og saago alle desse store Folk so vel som nokon Ting.
Der var med i Kongens Fylgje ein Morian, ein kolende svart ein med tykke Lippur og krullat stutt Haar og liksom blodsprengde Augo, just ein adelboren Morian; og denne stirde og glodde Folk paa meir enn paa sjølve Kongen. Naar han kom ut til Gjenturne, skvatt dei tilside og skreik, og Morianen, som var ein løgjen Karl, han var Fugleskræma rett med Hjartats Lyst. Han var med som Pipereinskare og Cigarkveikjare og Fyrstikdragare, og alt det, som høyrde til Røykjevæsenet. Han var just paa Hylla si med dette denne svarte Mannen, endaa han kunde hava vorit brukat til nokot annat, for eg fann honom klokast og best upplyst af dei lægre Tenarar i Kongens Fylgje. Han var ein Skalk, som vilde kunna gjera det likso godt ved den svenske Kongeborg,som den Morianen, Crusenstolpe talar um. Derfor gjorde eg honom ogso kjend med Malene, daa Alle vaaro komne i Ro, so dei kunde faa seg Mat.
Det kom Bod til meg, um eg vilde eta ned i Storstova med Kongen og dei andre. Det var vel Verten elder andre af dei lægre Folk, som fann paa slikt; men daa eg vitste, at det ikki var høveleg at sitja ved Kongens Bord graaklædd, som ein Villmann, og daa eg hadde det so godt upp i Drengestova, med Malene i ein Krok og Morianen og Kongens svenske Skytsgut ved Sida, som sagde, at det var «sju tusand til veg,» so sat eg, der eg var, og takkade for Tilbodet; og vist var det, at eg hadde det hyggjelegare der eg sat, for der kunde eg stinga ein Bite til Malene og tyda for hena dei tyske, engelske, franske, svenske og norske Stumparne, som Morianen sagde, for han kunde likegodt alle desse Tungemaal. Det var ein Hakkemat af alle me rødde; men det var med Laatt og Løgi, og daa eg hadde greidt ut for honom um Malene, som sat der burt med Skorsteinen med den største Hugsniking (Coquetteri), saag han der burt og liksom gjekk inn raa mine Tankar.
Det var Lyst og Leik med desse gode Folk, endaa dei hadde kjøyrt seksten Mil den Dagen og sovit litit den fyrri Nott, og no denne Nott fingo sova endaa mindre, for Klokka var daa tvo og seks skulde dei ut, for Kongen tok ut tvo Timar tidlegare, enn paatenkt, daa Morgenbladets Stykke um, at det gjekk for fort, venteleg gjorde, at dei vaaro tvo Timar fyrr ute um Morgonen. Men ved dette kom der Umkompling i den heile Ferdaplan, so Folk, som kom fram til Vegen for at sjaa Kongen, kom for seint, og likeins mange Skytshestar; og dei arme Lensmenn maatte senda Atterbod yvir Hals og Hovud. Kongen hadde det ikki for godt han heller, stakkar, med alt dette Jag, som gjorde, at det var litit at sova paa, men tidleg at vera ute og seint at koma fram, og seinare vardt det, afdi han sumestadar hefte lange Bil for at teikna af Landet, daa han attaat sin kongelege Visdom ogso er Maalare; men han er ein sterk Mann, og synest at turva liten Svevn. Og naar Herren sliter, so slita ogso hans Tenarar utan Sukk og jaga stolte af at tena ein slik Heltenatur gjenom Verdi som Sky for Vind.
Eg kjende meg som i eit Krigsleger, liksom allestadar der Kongen er, maa vera Merke paa Krig, daa Kongarnes Hovudsak alt fraa den myrke Sagatid er at føra Krig. Derfor maa ogso altid Kongarne føra ein Skalkestrid (Simulacre), naar der ingen rett og aalvorsam Krig er. Dette er kver Konges historiske Tanke. Og kann ingen Skalkestrid heller verda førd, so maa der skjotast og trummast, og kann ikki det heller verda at faa, sosom no paa Kongsvoll, so maa der straala med Herklædi, og kver Snuning vera so svint som Fienden stod tett inn med. Derfor hever ogso Herstell vorit den fyrste Skulen for kvert Folk og Land; og det lærer den Dag i Dag den største Slampen og Letingen at hava med seg Augo og Øyro og Føterne og sova litit og eta uvist. Dette er ein sann Folkeskule, for den, som ikki til Gagns er innriden og innkjøyrd, verdt sjeldan brukfør i Livet.
«Det er fælt for alt det Stundesløyse her er,» sagde Malene.
«Ja Folk hava annat at gjera enn at drunta liksom Bonden,» svarade eg.
«Men fær daa heller ikki Kongen Tid til at sova?» spurde Malene vidare.
«Det gjenger vel som det kann med det ogso,» meinte eg.
«Herregud, ja daa vilde ikki eg vera Konge.»
«Nei, ikki eg heller,» svarade eg, «den, som ikki fær Svevn, maa forkoma.» Dermed seig ho ned paa Benken inn med Ovnen. Morgondagen lyste paa dette trøytte og visne Andlit. Morianen drog paa Gjeisp og Gap med dei tykke svartraude Lippurne sine og rengde ut det vesle kvite, som var i Augo. Der var stilt i Kongeborgen daa ein Timestid, endaa Skytsfolk toko alt til at koma dragande. Eg tok Skræppa og Staven og lagde mi Hand paa Malenes Hovud til Farvel. Kvat drøymde ho no um? Gjentedraumen skal vera so kvit og fager, han, segja Diktararne. Det var godt, at ho sov, so slapp eg ein rørande Skilnad, som eg aldri likade. Naar ho vaknade, so fekk ho sjaa Kongen og all Stasen, og so var eg gløymd.
Aa, kjære væne, ikki drøym
med Handi etter Skuggen min!
og ikki framum Andre gjøym
paa meg i milde Hugen din!
Eg kann 'ki vera Guten din,
afdi eg er ein heimlaus Gut,
som stiger stødt til Andre inn
for atter snart at draga ut.
Soli kom nedetter Lidarne, daa eg gjekk fraa Kongsvoll nedigjenom Drivdalen, som er den tronge og djupe og bratte Inngang til Thrøndelagen. Det er ein Dal so vill, at her ikki ero mange slike i Landet; men den vesle Jord, som henger inn i Bergi er god, so der er grønt og godt Gjeitebeite. Soli radde seg nedetter og merkte af so svarte Skuggar paa den grønne Grunnen, at det var som Fjølltopparne skulde koma livslivande nedigjenom Lidarne, svarte og glidande paa ein grøn Stol kantad med Gull. «Driva» fyste kvit og rauk i dei smaae Fossar, der var. Bekkirne hingo som kvite Band nedetter Bergi. Morgonvinden kom liksom ifraa Snjohætta og nedigjenom denne Glupen. Det liksom tok og skook i meg:
Her er so vænt, det kann meg grøta,
for det, um eg er vaksen Karl,
for Dal og Fjøll og Sol meg møta
som heime, daa eg liten var.
Eg høyrer som Naturens store
og friske glade Hjarteslag.
Ja, Herre, alt det, som du gjorde
er ungt, som det var skapt idag.
Det kjærlegt paa os Alle tenker
med Leik i Dansen fraa og til,
og af det gylde Hornet skjenker
det Helsebot til kven, som vil.
Kver Sin og Segi stram seg spenner;
og løyst eg er af alle Band,
og paa mit Hovud liksom kjenner
eg Livets varme signad Hand.
No i dei siste Aar er Vegen lagd ned med Driva og derfor slett som ei Fjøl, for no hava Folk lært, at Vatnet er den beste Mannen til at finna slettaste Vegaleid fram, medan Folk i gamle Dagar toko etter Ku og Gjeit, som krabba upp og ned i Lid og Bakke. Eg tok den gamle Vegen, eg, for at sjaa den navngjetne Vaarstigen, og eg maa segja, at det var den galnaste og styggaste Aalmanveg, eg enno hever farit paa. Det er reint utruleg, at Folk kunde koma fram der kjøyrande, og at ikki kverannan Mann vardt ihelslegjen af Stein og Skrida elder siglde til Afgrunns i Snjo og Svoll Haust og Vaar og Vetrstider. Og endaa var dette ein sann Godveg mot i gamle Dagar, daa Folk maatte rida, og denne Ridevegen maatte endaa vera ein Postveg mot den eldgamle Gjeitevegen, daa Harald Haarfager og dei gamle Stridsmenn foro der att' og fram paa sine Hertog. Det er inkje Under, at Folk tala um den gamle sterke og gilde Tid! Det hadde vorit større og betre, um dei hadde gravit seg folkelege Vegir enn drepit og brennt kverandre inne, og krabbat upp og ned i desse Fjøll og Afdalar som Gjeitar og Villmenn. Eg stod der paa den styggaste Kleiv svimrande haagt og saag ned paa den nye Vegen, som slengde seg som eit smalt Band ned med Aai. Eg liknade ihop den gamle og denne nye Tid, og ingenstad hever den gamle Tid visat seg i mine Augo so arm og villmannsleg mot den nye som nettupp her. Eg maatte mest læ, naar eg tenkte paa den danske Kongen, som var ein heil Dag med at rida og ganga denne gode Mil og krabba paa alle Fire sumestadar, for han som var van til det flate Danmark, maatte svimra her i denne styggeleg bratte Lid med Urdir og Raasir ikringum seg, som berre ved at troda paa ein Stein kunde ramla lause og fara til Afgrunns med Konge og altsaman. Daa Carl Johan foor her til si Krøning tvo og firti Aar sidan, daa var her alt kjøyrande paa sin Maate; men endaa maatte han setja atter Vogni si under ein af dei kneikande bratte Bakkarne og rida og ganga til Gards. Det var inkje Under, at han greip etter Sværdet sit og glodde fælent uppetter Fjøllsida og sagde, at Noreg var utakande. Dei arme Svenske, som hava gjort so mangt eit Nakkebrots-Verk paa sine eventyrlege Hertog, dei vaagade seg endaa ikki gjenom Drivdalen og fram til Gudbrandsdalen og Austlandet den Gongi, dei hadde tekit Thrøndelagen den korte Stund. Men hadde det vorit Villstyringen Karl den tolvte, so hadde vist han vaagat paa det, og soleides her kunde hava fengit ein Stein, som hadde spart honom for Kula fraa Halden.
Daa eg kom fram i Uppdal, raakade eg paa nokre af Storthingets Sendelag til Krøningi, og fortalde at eg hadde gjengit Vaarstigen og lagde daa til:
«Ja de (I) ero gode Gutar til at styra Land og Rike! Der hava de lovat hundrad af Tusind ut til Vegir, som der knapt ferer ein Hest um Dagen paa Aaret ikring, medan de ikki fyrr i desse siste Aar umlagde Vaarstigen, men leto Folk fara paa denne Harestigen her i dette Hovudstrok millom Throndheim og Hovudstaden. «Og du daa,» sagde eg til den eine af deim, «du, som maatte fara her att' og fram til Storthinget, du sat der og ingenting gjorde for denne Riksvegen og di næraste Bygd! Det er inkje Under, at de vaaro Uppsessions- (Oppositions-)menn og vilde læra Regjeringi, korleides ho skulde stella seg!
Men so maatte eg no i denne liksom skjemtande Tiltale vera ei Lanse til Achilles, som baadi saarade og gjorde heil atter. Derfor lagde eg til: «Aa ja stakkars Smaafyrstar! det er no ikki Rett at vera for hard med dikkor i dette Stykke heller. Vegbygningsvitenskapen trudde vel ikki fyrr i desse siste Aar, at det var mogelegt at faa Vegen lagd ned med Aai, og so var det ikki alt dikkar Skuld, endaa de skulde hava havt den Umtanken og spurt Regjeringi, um det ikki var mogelegt; men de vaaro vel glade for at de paa vanleg Vis i lengste Lag kunde faa spara paa Skillingen og lata Dalaren fara ut or Landets Lomme. Den gamle Armodsdom hava de utruleg lengi fengit haldit paa i Vaarstigen. Det var just ein sann Uppsessionsveg. Du maatte vera sæl du – kver Gong du foor der til Things, og Mossige vilde vist hava slengt eit Hallingkast uppaa den styggaste Kleivi.»
Denne Skjæmten min gjekk kanskje vel vidt mot slike store Menn, men so bukkade eg og skrapade, so dei maate no sjaa, at eg bar Vyrdnad for denne vesle Plukken af Storthingets Sendelag. Og so sagde eg, at det var ei utruleg Ære soleides at verda send af Storthinget til sin Konges Krøning i det navngjetne mergnorske Throndheim. Navnet paa kver af dikkor vil koma til at standa i Historien. Men daa eg so hadde klappat slikt, maatte eg slaa atter og visa paa det gamle Hærkestell med Livemaate og Jordbruk, segjande: «sjaa der er deim, som etter dikkar Lære er Folket; sjaa der er Landsens Domarar og Styrismenn!»
Tru det ikki var betre at læra Aalmugen upp til at lesa og kjenna sit Modersmaal og dyrka si Jord og hava det vel stelt enn at tøva um Riksstelling (Politik) med honom, som kann brukast til mykit godt, men som ikki hever det mindste Vit paa slikt.
Alt paa Kongsvoll tok eg til at sjaa, at eg var komen inn i eit annat Land, for der var dei gamaldagse Slaattur af Gjeitebeiti, som ero slike, at Slaattekarlen maa ganga paa Fire og halda seg i Busken med den vinstre Hand, medan han hakkar og slær med den høgre. Eg kjenner det vel fraa mi Fødebygd. So liggja Folk og marka med slik Armodsdom og slita af seg Klædi og vaaga Livet med si vesle Høysbyrd paa Ryggen; men so hevda dei paa Steinbakken og korkje brjota Stein heime paa Jordet og Sæterbøen elder veita upp dei beste Myrarne. So svelta dei Buskapen og sløda ned igjenom Fjøll og Lid det arme Foderstraaet um Vetren. Dei eta upp Maten i slike Slaattur, som ikki ero værde Brynesteinen. «Her er mine Dyr,» sagde eg atter med Robin Hood, daa eg saag Stellet her i søndre Thrøndelagen.
Det sama fekk eg ogso segja alt her i Vaarstigen um Sæterstellet. Der var eit Par Uppdalssætrar der tett inn med Vegen. Farvel alt øysterdalske Sæterstell! her sat eg i den svarte Styggedomen liksom heime i Thelemork; det var paa gamal god national Vis altsaman.
Soleides var det ogso med Hus og Jordbruk nordigjenom desse velsignade gode Dalar, der eg saag den vænaste Aaker paa Smaalappar millom Skjer og Røysar. Det er vel mangestadar steinutte, so det ikki er so godt, men Jordi er so god, at det berre er det gamle Slarv, som toler det slikt. Og so var der no ogso ein og annan Mann her og der, som var lenger framme baadi med Hus og Jordbruk, og dette maa vel gjera sit; og dette er ogso det einaste, som kann gjera nokot i Bygdar, der dei fleste ikki lesa stort annat enn gamle Huspostiler og gamle Tavlebekar med Djevelen paa 1ste Sundag i Faste, der han stender og greivar med sine store Horn og lange Klør.
«Her er mine Dyr,» sagde eg i Hus etter Hus og paa Gard etter Gard, der eg var inne og saag paa Stellet og Bokhylla.
Det var snart at sjaa, at det var i Framgang med Stell og Drift paa mange Maatar, for baadi saag eg dette paa Hus og Jord, og so talade eg med ein og annan Mann, som tenkte lenger frametter, enn han saag ut til. Lensmenn og andre Embættesmenn gjera no ogso sit beste ved at tala med Folk og visa deim Gardarne sine, endaa det siste hjælper ikki stort, for Aalmugamannen segjer altid: «Aa ja, det er snart for honom.» – Men til slike Svar sagde eg altid; «Fader min hadde ikki meir enn sine tvo Hender, men med desse rudde han seg upp ein rett god Plass i Skog og Mark. Det er Dovenskapen og Slusking og Faakunna, som skapar all denne Armod og alt dette Grisehuset. Den, som ikki liver vel etter Maaten sin her og lærer nokot og hever det vel stelt, naar han siter um det er paa ein af desse mindre Gardarne, han burde faa Bank attaat sin Armodsdom. Det skal ingen Mann kunna segja meg annat, for eg kjenner vel til det.
Sjølve Husmannen der burte i Bakken med sine tvo tri Naut og fem seks Tunnur Korn og tjuge Tunnur Jordepli, sjølv han kann liva godt, naar han er frisk og ikki siter med altfor mange Born. Um tjuge Aar kann Plassen hans vera dubbelt so god og vel so det, og her er altid ein Skilling at tena attaat med Arbeid og Fangst af Villt Aannemillom.»
So tok eg daa imillom uppatter for deim eit Vers af mi Song til 17de Mai ifjor.
Me fingo somykit, at kver ein, som vil,
kann liva som Mann utan Harming,
og Rikdom og Æra seg slita kann til,
og takka seg sjølv er han Arming,
naar Herren gav Vitet og Helsa,
for Fridom me fingo og Frelsa.
Paa denne Maaten talade eg med Bonden, og paa sama Maaten skriver eg; liksom han var min beste Ven paa Vegen, skal han ogso verda det, um han leser dette, for det er ein Mann med godt Hovud, som kann verda kvat det skal vera, berre han verdt sett paa den rette Leid og ikki feller i Henderne paa sjuke Prestar og æresjuke Riksstellarar med all si Faakunna, sin heile andlege Armodsdom og alle sine uppskruvade og trutne Talemaatar.
Paa Gjestgjevargarden Drivstova nærast nordanfor Kongsvoll kom eg ned paa Storvegen atter fraa Vaarstigen. Der raakade eg atter paa Kongen med Fylgje, som sov tvo Timar, etter at eg foor fraa Kongsvoll og endaa naadde meg atter, som gjekk i Krik og Krok den gamle Vaastigen. Eg saag fraa mi Hægd fraa den gamle Vegen dei Kjøyrande rulla som smaae svarte Flekkir ned paa den nye. Soleides, tenkte eg, maa vaare Forfeder fraa Himilen sin sjaa os taka beint fram i Kunst og Vitenskap og Folkeskikk, medan dei gingo i Krokar upp i Berg og Afdalar! og dei læ vist aat seg liksom eg aat meg, som gjekk med Skræppa paa Ryggen upp i all denne Villmannskapen; men ogso glade som eg maa dei vera, for Andre kunna trilla lettare fram. Daa eg saag den kongelege Vogn, tenkte eg meg at vera Carl Johan, som under Bakken maatte setja atter si. Han smilte ned til Godson sin og sagde: «Du styrer eit betre og meir upplyst og framkomit Land enn eg.» Eg saag derfor paa Kongen som Godfaderen paa Godson sin, daa eg kom ned til Drivstova, for eg hadde vorit upp i Bergi med dei gamle Aandirne, og den, som hever vorit i Selskap med deim, elskar altid det friske Liv, som jagar med Vinden og Morgondogg og Morgonsol gjenom Verdi liksom Kongen idag. Eg helsade lett paa honom og gjekk inn til Slaattefolket, som sat med Dugursgrauten sin langs med eit svart Bord medan Kongen gjekk inn i den andre Gang paa utbreidt Klæde. Eg lagde meg til at kvila paa denne harde Krakken med Skræppa under Hovudet, medan Kongen saag paa all den uppstelte Mat og dei sundagsklædde Folk og kveikte Cigaren sin og steig i Vogni atter.
Kona, ei stor feit og tykk ei med ein Sylvpening paa Bringa for «Husflid,» som ei onnor Kone skulde hava spunnit for, ho spurde meg, daa Kongen var reist: «er du Skræddarsvein?» «Nei, eg er Skomakarsvein,» svarade eg, for eg minntest, at eg gjekk eit Bil i Skomakarlære, daa eg var Skulemeistare heime.
Daa eg kom lenger ned i Dalen raakar eg paa ein Uppdøl, just ein skjæmtande ein af godt norsk Slag. Me vaaro som gamle Kjenningar med fyrste Ordet.
«Det er ein fager Dal,» sagde eg. «Hu, nei her er fælt stygt,» svarade han. «Korleides vil du daa hava det?»
«Slett og fagert som ned i Skaane og Danmark, der Ein kann sjaa heile sjau Kyrkjur fraa ein liten Haug.»
«Du er ein sann Fjøllmann, for du elskar Slettelandet,» sagde eg. «Snjoen braanar og Bekken renner ned mot Sletti etter den bratte Fjøllveg. Her er mange Slags Gras i denne fagre Dalen.»
«Ja, ein Blomekjennare (Botaniker) sagde, at her finnst Blomar, som berre er i Brasilien og her.»
«Ja det trur eg vel, for eg seer paa Steinen og Skuringar, at her er af eit nyare og rikare Bergslag. Dovre skaut upp i ei nyare Tid som ein Griserygg af Havet fraa Innvollen af Jordi, og alle desse Dalar er berre som Smaasprekkir i denne Svorden. Denne Tavlesteinen, som verdt broten her upp i Fjøllet og førd til Throndheim, visar ogso dette. I det eldre Berg finnst inkje slikt.»
Eg foor framigjenom Dalen og saag Stein og Skuring i Driva og Jordlendi med slike Oreholt paa og annan Trevokster, som alt sagde, at Dalen var ein af dei nyare, og betre, og maa verda rik, naar Folket lærer at vera Folk i Jordbruk og Umtanke og heile Livsstell. Sjølve Uppdal og mykit af Rennebu liggja no so haagt, at Fedrift er det laglegaste for det, um Kornet endaa mognar der paa desse gode Aakerleppirne; men dette er nokot, som kann verda sagt um det heile Land. I gamle Dagar, daa det ikki var so lett at faa Korn fraa andre Riki og ifraa Sjøkanten, daa var der Meining i at saa somykit Korn; men no er det klaart for Alle, som kunna tenkja og hava lesit um England, at Fefodring og Budraatt for os maa vera Hovudsaki, bland annat ogso for det, at ei slik Drift gjever meir og meir Hevd af seg, til vidare Bruket verdt drivit, liksom at trilla Ballen i kramme Snjoen, medan Kornsæde armar Jordi ut, so aldri kann det tøygjast langt ut. Det kan vera Aurbakkar og Sandjord og slikt nokot, som nyttast betre til Kornsæde; men Hovuddrifti maa vera Eng, og so turva ikki Folk bera paa Livet for Frostnætter elder kald Vaar. Naar alle desse Myrar verda skorne turre upp til Engbøar, og Mjolkefeet født paa Baasen heime og berre Ungfe og Gjeldfe og Smale sendt til Fjølls, og so der ellers paa engelsk Vis verra gjødde mange Dyr paa Garden, so skulde her verda Velferd i Landet, og daa vilde det vera Hugnad at fara gjenom alle desse Bygdar og sjaa Upplysning og folkeleg Livemaate, istadenfor at eg no mest allestadar maatte utropa med Engelskmannen Arthur Young, daa han sytti Aar sidan foor igjenom Frankrike:
«Himilen gjeve meg Tolmod til at sjaa paa eit Land, som Herren hever gjort so mykit og Folket so litit for!»
Det er langt ifraa ikki det rike Land, som Frankrike dette; men mykit kann endaa verda gjort.
Me vita Alle, at vaart Land er rikt paa Lundar (Melodier) til Visur og Feleslaatir, og at alt dette kann verda Grunntonen i store Musikdikt liksom vaart Folkemaal maa verda Grunnmaalet i bokleg Dikting: men liksom Tungemaalet maa klaarast og møykjast upp og verda fyllt med store Tankar, so det liksom skjælver i si Fylle, fyrr det kann verda ei sann Dikting, soleides maa vaare norske Tonar og Slaattir berre vera eit To (Grunnstof) for vaare lærde og andfulle Musikdiktarar, fyrr ein rett norsk Musik kann koma fram, ein Musik, som ikki er ville Naturtonar, ei Huldre med Halen, men ein Musik, som svarar til vaar Upplysnings og Tids Krav. Dette musikalske Grunnto vil kjennast atter, men det vil Ingen kunna visa, kvar det ligger i Musikstykket, men vera innvovit som eit fint Flor i det, som ei blaa Luft skjælvande yvir det, nett som med den sanne Dikting, der ikki Bondeguten og Sætergjenta ero lagde inn som raae Stykki, men deira Aand liksom pustar, og deira Hjarta liksom bankar i det heile Dikt. At sume Ting etter Livet liksom beint maa prentast af baadi i Dikt og Musik, kann tidt vera det eine Rette; og enno meir maa dette vera Tilfellet med Folkemusikken, der somangt eit Samljod er makalaust; men ogso her maa det vera so, at det Uppgjorde berre maa vera Grunnto, medan dei gamle Lundar og Slaattir standa urørde til Hugnad og Mønster og eit To, som er til at taka af for ei endelaus Framtid.
Paa denne Maaten er Musikken gjenom sine store Meistarar vaksen so rik upp i Tyskland, Schweitz, Italia og nokot so nær i Frankrike endaa Musikken der ikki øynest hava dei gamle Røter i Landsens Jordbotn. Eg er ikki den Musikkjennaren, at eg kann visa paa denne Samanheng hjaa dei store Musikdiktarar (Componister), og det vilde heller ikki høva til her. Berre det vil eg segja, at det ligger nær at høyra gamle germaniske Tonar (altso ogso mange af vaare eigne) hjaa Tyskeren Weber og mange hjaa Mozart, liksom me ogso i vaar eigen Musik finna mykit atter paa denne forklaarade Maaten i Fjølleventyret af Thrane, i sume af Kjærulfs Stykki, og sume Andre.
Med denne Menuetten til Steinberg er det likeins: han klingar med fyrste Ljod, som han likt alt fullkomet skulde vera heime paa den heile Jord; men ved nærare at leggja Merke til honom, koma mange af vaare eigne Tonar piplande fram liksom Uppkomur i Sandbakken, og ved Gjenomgangar eg Uppløysing af Skrikljod (Dissonanserne) er vaare gamle Feleslaattir kjennande.
Daa Ole Bull høyrde honom, trudde han med det sama, at han maatte vera af Beethoven, sagde Mannen meg. So rein og forn (classisk) var Stilen.
Denne Menuetten fekk eg fyrst høyra her nord i denne Dal, og det i eit Hus som var likt Menuetten. Der hingo dei beste Maalarstykki kring Veggirne! Husbunaden var den beste, og Tavlur og Bøker i dei fleste livande Maal laago paa desse Bord med Kniplingsdukar. Borni lovade det beste i Livet, og Mannen var af dei dugelegaste i Landet og det endaa til mange Slags Ting i Kunst og Vitenskap; Kona var likso gild paa sin Vis, men hena var eg ikki so sæl at sjaa, daa ho var burte. Der sat eg i dette Drivhus for gode Tankar og saag burt paa Fjølli og høyrde denne Menuetten.
«No skal du høyra denne Menuettens Historie,» sagde Mannen.
«Steinberg var fraa Upplandet inn med Mjøsen einstad, og det er ikki lenger sidan han livde, enn at Fader min kann minnast, at han vardt hentat lang Veg for at spila i Dansar (Baller). No veit du det er so paa den Kanten af Landet, at den gamle Folkemusikk med Slaattir som Myllargutens ikki lenger ero høyrande der; men at det er Kunstmusikk Paa ein Maate med Valser, Menuetter, og i den nyare Tid endaa Françaiser og slikt nokot. Men Steinberg var den Mannen, at han meir enn dei Andre kjende baadi til Folkemusikk og Kunstmusikk, og derfor høyrde eg Fader sagde at han der paa Bondebygdi var navngjeten vidt og breidt og hentat, naar det skulde vera gildt. Soleides sveiv og dreiv han burt sit Liv denne merkjelege Mannen, alt til han vardt sjuk og kjende paa seg, at han skulde døy; daa bad han um Blek og Pen og Papir og reiste seg upp i Sængi og skreiv denne Menuetten; og so seig han tilbake og døydde.»
«Ah! sagde eg, «fyrst daa hadde han gjort ifraa seg; fyrst daa hadde han fengit lagt atter si Saal (Sjæl) i desse Tonar, so at ho kunde klinga, um han var burte. Denne Menuetten hadde vist lengi legit og brunnit i Hovudet hans; men han fann ikki den Form, han lengi hadde søkt, fyrr Ljoset skulde slokna; og han fekk liksom ikki døy fyrr.»
«Legg no berre Merke til denne Menuetten,» sagde Mannen vidare, «so skal du høyra, at han liksom er ei Afprenting paa Livet: fyrst er han vill og ustyren, so verdt han sterkare og sikrare som ein annan Mann, og so liksom visnar og døyr han burt.»
«Det er likso rørande som sannt,» sagde eg, «men den Mannen døyr ikki so snart.»
So foor eg daa nordigjenom desse Dalar og saag bratte Aakrar og Hus og Stell nett som i mi Fødebygd; men Jordi var for det meste betre her, og Stellet um mogelegt endaa klenare; men Folket var liksom meir talande, naar dei møttest paa Vegen, for medan dei paa mange Stadar ganga tigjande um kverandre, so hadde desse gode Sudthrøndarar altid eit Ord at segja sosom: «Det ferer uppetter. Det gjeng nedetter.» Og naar Ein stod still sosom ved Umkjøyring paa ei Bru elder upp i ein trong Bakke, so het det: «No, driver du der paa og stend!»
Det er snille Folk og med god Givnad (Begavelse) i slike Kunstir som Gravering og Treskjering ja kanske endaa betre enn i Gudbrandsdalen, Valdris og Thelemork, endaa alle vaare Fjøllfolk hava so god ein Givnad for slik Utkroting, at det ikki er godt at taka nokon framum Andre. Det er no ei unyttug Kunst dette, for der legger seg berre svarte Sauren i alt dette Krot, og er reint i Vegen for eit godt Bruk, sosom paa eit Knivskaft, og heller ikki er det ei Kunst, som adlar Tanken; men naar Folk vilja kaupa slikt, so er det for den, som gjerer det, godt nok. Den gode Smak og det gagnlege Bruk vil hava alt slikt Ty og Stell rett og slett. All slik Kroting og Rosing med Kniv og Spønejarn minner um Villmannen, naar det ikki kann koma upp til Kunst i Ordets beste Meining, og endaa er Kunsti af dette Slag i dei fleste Tilfelli verdsett for haagt, for sjølve Menn som Benvenuto Cellini ero Merki paa ei halvvill og kunstsjuk Tid, som kunde løna honom i Tusendvis for ein Saltkopp og ein Kjetil til Vigslevatn for Bispen af Salamanca.
Eg tok den nye Vegen, som verdt umlagd fraa Uppdal og nordigjenom Rennebu fleire Mil. Han er ikki færdug enno, men gangande paa mange Stadar. Det er ein staut gild Veg, og det kann vera Meining i at byggja slik ein ovgod og ovdyr Veg paa denne Hovudleid, endaa der er ikki større Godsføring, enn Folk maatte kunna berga seg med ein laakare Veg, naar han ikki som Vaarstigen var paa Livet, og ikki altfor hengjande bratt. Det beste er no altid godt nok, naar Landet hever Raad til det og ikki trenger til at gjera gode Vegir, ettersom Bygdarne koma fram til, men kann taka det med eigong, for so er det daa gjort. «Hever eg Klave, so fær eg vel Ku,» sagde Mannen, og i Landsens Hushald og til Bygdarnes Framgang kann dette med sama Retten verda sagt um mange af vaare Storvegir. Det er ikki her som f. Ex. i Ungarn og mangestadar i Amerika, at Vegen maa koma god, fyrr Landet kann odlast upp. Her er mangei Bygd, som ikki eigong er værd somykit, som den nye Vegen, ja, eg kjenner endaa Prestegjeld, som eg skulde kaupa for det, som Vegen kostar. Eit Par Mil og vel so det, skulde eg no ogso vist faa for det, som Vegen kostar her igjenom Uppdal og Rennebu. Ein Veg er ein Reidskap, og ingen klok Mann brukar dyrare Reidskap enn sovidt han kann slita seg fram og driva sit Verk paa beste Maaten. Kver Skilling formykit paa Reidskapen er eit Tap i hans Drift. Det er godt for dei faae Reisande at rulla seg fort fram igjenom slike Armodsbygdar; men det er dyrt for Riket, og den, som vilde fara gjenom Afkrokar, fekk somenn finna seg i at hava det mindre makelegt. Men altsom Bygdarne verda store og rikare, maa Vegirne verda betre og betre, for der er det ei Drift, som krever dyrare Reidskap og endaa kann svara seg.
Dette var mine Tankar, daa eg saag desse gilde Bruirne og store Murar og Mining gjenom Berg. So tok eg af Vegen nedigjenom Lidi til Skytsskiftet Bjørkaaker, for eg vilde taka nordigjenom Orkedalen. Der paa Bjørkaaker saag eg det gamle Drykkjehornet fraa Hol, som var borit fram paa Gjeftgjevargarden til Bisen for Kongen og dei mange Reisande til Krøningi. Det var ikki stort, so det var nokot at sjaa for det, men der var Sylv og Gullspengar paa det af dei mange Gaavur, som danske Kongar og andre Stormenn i dei siste tvo hundrad Aar hadde gjevit til det. Og so var der Aarstal og Minneord og Vers paa det til desse store Menn alt i denne nygamle smaklause Stilen, som me no maa læ aat. Ja, Folk fraa den Tid, det var Gutar, som kunde gjera Vers til Kongar og slike! Det var denne Bikkjebøyging i Rygg og Tanke, som altid er Trælens Merke. Eg saag eit slikt langt Vers paa Uppdals Prestegard af ein gamal Prest til Afminne, at ein af dei danske Kongarne hadde gjort hans Hus den Naaden at taka innum der. Slike Vers skulde samlast fraa alle Kantar af Landet til ei Bok, og det vilde vera ei forvitneleg Bok.
So foor eg nordigjenom denne djupe og vekstsame og fagre Dalen med Hegg og Hengebjørk og all Vokster, som det skulde vera her ikring Hovudstaden i tronge Smaadalar. «Orkla» rann med Stillvetne i djupe svarte Krokar inn med Bergoddar, og Skogen bøygde seg og kyste Aai, for det ho skar seg under Hjarterøterne hans. Eg vardt tankefull og kvad:
Du Skog! som bøygjer deg imot
og kysser denne svarte Aa,
som grever af di Hjartarot
og ned i Fanget vil deg faa,
lik deg eg Mangein munde sjaa
og allrahelst i Livsens Vaar,
at han den Handi kyste paa,
som slog hans verste Hjartasaar.
Paa denne sama Garden Hol, som Drykkjehornet var fraa, er ogso ei stor Hengebjørk, truleg den største Nordanfjølls, medan Suunanfjølls ero mange slike at sjaa, endaa det skal vera vandt at finna ei Bjørk so luveleg med Toppar og Greinir, at ho seer ut som ein Sopelime standande paa Skaftet.
«Det var ein Fark,» sagde Eigaren, «som foor her og topphogg hena, daa ho var ung; men so vardt der lagt ei Steinhelle yvir Saaret, og so voks der upp desse fem seks Topparne istaden.
«Ja soleides gjenger det,» svarade eg, «Folk tru at gjera Vondt, og der kjem Godt utaf det; derfor skal du ingen Mann hata. Hadde her no ikki vorit ein slik ovundsjuk Arming, so hadde ikki denne Bjørki vorit til ein slik Hugnad for Mange. Eg veit likeins med meg sjølv, at mine største Ovundsmenn hava gjort meg det største Gagnet. Det var Mangein som liksom topphogg meg, og der voks fem seks Toppar istaden.»
At gjera Vondt so Mangein trur
og ferer fram i Syndeferd;
men Gud er god, og derfor snur
mot honom sjølv det Slag, han slær.
Og derfor heller Ingen er
som slik ein Arming litit sæl;
og um han ikki er os kjær,
so maa me vilja honom vel.
Her nordigjenom denne Rennebudal er fagert og Bygdi er tykk, men dei fleste Gardarne ero alt bytte ut i so mange Smaalappar, at det er Husmenn den største Mengd, og so liggja Jordstykki paa gamaldags Vis um kverandre med Skidgardar imillom, so eit folkelegt Jordbruk ikki er tenkjande paa, um Folk var komit so langt, at dette ellers var mogelegt; men det er langt dit, for Husstellet og alt i denne væne Flatbygd var som i ei arm vestlandsk Fjøllbygd, svart og armt, og sjølv paa ein af dei største Gardar, der eg laag, ein Thingstad, um eg ikki misminnest, sjølv der var med Mat og Sæng og Husbunad som i ein Afdal paa Vestlandet. «Almuevennen» saag eg der, og so Skinnbøker svarte paa ein liten Hjell; men Folk var snille paa den Maaten, som slike Folk er det; og sume velskapte saag eg ogso liksom med Merki paa seg til at koma lenger fram.
Her var det eg saag den gamle Stova, som eg fyrr hever talat um, og som hever stadit solengi, for der var fyrr den Tru, at solengi ho stod, so vilde ikki ein Fjøllknatt, som henger lausleg uppyvir Garden, bresta ut og koma ned. No er det meste af slike Truir burte paa denne Kanten ogso, liksom all Tru paa Haugefolk og Huldre. Det er den sokallade Upplysningstid (dei Aufklärungsperiode) ikring nitti Aar sidan, som hever gjort dette, for her høyrde eg det sama, som eg visste fraa mi Fødebygd, at det var Folk fyri den Tid, som trudde paa alt slikt gamalt Trollskap, og so var det Faakunnige og tufsutte Folk fraa ei seinare Tid. Etter 1814 er inkje klokt Menniske vaksit upp med Tru paa desse Ting, og derfor vil eg segja, at me ikki somykit paa Bondebygdi fekk vaar Fridom daa, som me komo ut or Heidenskapen, for den politiske Fridom i slike Bygdar kann det aldri vera rødande um: anten dei standa under Tyrken elder Ryssland elder ero frie som me, det kann koma paa Eitt ut, berre dei no sleppa lettare fraa det paa mange Maatar; men i Folkets Meining um Riksstyret er det nett det sama. Eg kjenner dette sovel fraa meg sjølv og mi Fødebygd, at Ingen skal læra meg nokot annat i dette Stykket. Det var ein Mann og det ein Gjestgjevare, som aatte ein af dei største Gardar, han skytsade meg fram imot Ortedalsøyri, som endaa ligger i den beste Bygdi; men han hadde ikki meir Greide paa Landsens Styr og Stell enn aldri var og rødde reint som eit Barn. «Her er mine Dyr,» sagde eg atter med Robin Hood. Men dette var ogso ein snill Mann og hadde nokot Vit paa Jordbruk, so der er Von um Framgang, naar Folk taka Staven i andre Handi.
Fraa denne sokallade Jøtunstova i Rennebu gjekk eg ein Solskinsmorgon nordigjenom denne velsignade Dal, der Orkla (so heiter Aai) og Dogg i Morgonsol og dei lange Skuggar og dei bratte Lidar og dei fagre Gardar imillomaat kveikte meg upp til at syngja med Fuglen. So stupade eg meg ut fraa ein liten Bergnabbe og svam i Orkla og tenkte paa Loke, som skapte seg um til ein Laks, for eg saag Lakseverpe ikringum meg. Det maatte vera i ei slik Aa, at Loke gjorde dette, og daa var der ogso mykit meir Laks, so han ikki var so god at kjenna atter.
So gjekk eg og gjekk eg paa fastande Hjarta berre med ein Kopp Kaffe, alt til eg kom til Gjæstgjevargarden Grut; men daa var eg ogso solten. Denne merkjelege Ting maa eg fortelja, for det, som kjem etter. Eg bad um at faa kaupa Mat; ja, Kona var snill, ho stakkar, og reiv Barnet fraa Barmen og spurde, um eg vilde hava Egg.
«Nei kjære, lat meg faa god Mjolk til denne Dugurdsgrauten, som ryker her paa Bordet.»
Det var Havregraut af det rette Slaget, det. Saadirne stodo med Piggar nett som Busti paa ein Griserygg, og svart var han som Ostegraut. Eg fekk god Mjolk og aat og aat, og det skurade ned igjenom Halsen, liksom naar Grantoppen verdt slipat og dregjen neg igjenom Ovnspipa. Det var so det skalv i meg af all denne sæle Njoting med kver Biten. Men daa eg bar til at metna, tenkte eg paa at gjeva ut ei Lærebok i Etarvitenskapen (Gastronomi), der Grauten Paa Grut skulde vera fyrste Kapitelet. Storetarar skulde kjenna for ei Sæla det er, naar det soleides skrapar og riflar nedigjenom og river med seg gamle Matsyndir; men fyrst maatte dei liksom eg vera trøytte og skrubbsoltne og som ein Lutefisk utbløytte af Sveitting og Lauging.
Men alt som eg metnade, skoknade Eldhugen (Begeistringen) for Grauten og Læreboki: og alt det Svarte eg saag ikring af Fat og Spon (Ske) og Bord og Benk og Golv, alt dette gjorde, at eg berre reiv af meg den verste Solten og ikki vilde skriva ei lenger Lærebok enn desse Ord.
Fader til denne unge Husfrua, som eigong var Gardegjente paa Grut, og derfor ogso truleg fekk ein rik Gut, han skulde vera ein upplyst Mann, som eg ogso kunde sjaa af hans Skrift og nokre Bøker og Blad, men han var lenger ute i Dalen som Forvaltare paa eit litit Jarnverk, bygt af eit Lutlag (Actieselskab) der i Bygdi, men som dessverre ikki gjever stort annat af seg enn Tap.
Det er inkje Under, at Folk her Nordanfjølls og Vestanfjølls langs Sjøkanten saar mest berre Havre. Salt Sild og slik Havregraut er nokot, som kann bita og skrapa og kveikja upp det late Huglynde; og so er no Havren ein skik Slusk, at han kann veksa i kaldsur Jord, der Bygg og finare Kornslag døyr ut. Denne Griseskapen i Jordbruk er det nok som gjerer, at Havre brukast mest her, og det er ikki somykit den harde Sjøluft, som mange Folk tru. Eg saag dei beste Bygg-Aakrarne i vindale Bakkar, men det var paa Aakrar, der Grunnvatnet var veitat ut; og det var kloke Jordbrukarar, som sagde meg: «Der me ikki røkkja at grava Veitur, maa me saa Havre.»
«Me hava nok prøvat at saa Bygg, men det slær seg snart til Havre,» sagde ein Mann.
«Ja Bygget døyr ut i denne vaate og kalde Jord, og so gro dei faae Havrekorn upp, som altid her finnst imillom. Dette er Umskapnaden af Bygg til Havre, som de vasa somykit med,» svarade eg.
Havre og bitande salt Sild og svarte Hornspønir (Skeer) og Bastetresko og Bakmeis og svarte Skjyrtur og svart fillutte Alt det, som henger paa Folk og i Hus, sjaa dette er liksom gamle Guden Thor var etter «Harbardsljod» i Edda, endaa Thor var berføtt ogso, og det var no so som so med Bøkerne hans, men
– – – Meis hefi ek à baki.
– – – – –
át ek í hvíld
áðr ek heiman fór,
silldr ok hafra,
saðr em ek enn þess.
(Meis hever eg paa Baket (Ryggen), aat eg i Kvild, fyrr eg foor heiman, Sild og Havre, og mett er eg enno af dette.)
Og eg tykkjest tenkja, at det var ved Orkla elder ei slik Aa, at han ropade etter Ferje, og Ferja var vel af eit utholat Tre, liksom ei Grisekupe, slikt som eg endaa saag Eikjur i Orkla enno.
Det er inkje Under, at Thor var ein Folkegud, for han var Kjøt af deira Kjøt og Blod af deira Blod og med all denne sin Tjodskap (Nationalitet) godlynd og hoggfim (svint til at slaa, gjeva Hogg). Det einaste unorske ved honom var, at han ikki tolde Skjemt, som det stender um i Øgisdrekka.
Eg forstod ikki rett, kor norsk Thor var, og kor sannt det er det, som stender i Visa: «i Fjeldets Søn jeg endnu ser et Skud af gamle Kjæmpestammen,» eg forstod ikki all denne gilde Nordmannskapen, fyrr eg aat Grauten paa Grut og hadde seet Hus og Heim og det heile Bygdestell med all den Havren.
Fantefylgi.
Lesaren maa ikki tru, at eg vil skriva stort um Fantefylgi, etterat Eilert Sundt hever skrivit ei so god Bok um slike. Eg vil ikki tapa i Tevling.
Men der er ein Ting hjaa desse Fantefylgi, som Andre ikki hava skrivit stort um, og det er um denne Ting, eg mest vil skriva her. Eg møtte tri fire Fantefylgi paa denne mi Langferd; det fyrste eg møtte var inn med Kongsvinger; og i alle desse Fylgi, som paa eit Par Stadar bere var Mann og Kone, der saag eg, at Kona sleit og bar paa Born og Annat, og Mannen gjekk som ein Herremann baadi betre klædd og med mindre Byrd paa Rygg og i Fang; det var so Sveiten silade og rann af den arme Kona, og Mannen gjekk liksom ein Uppsynsmann tidast med ei Byrse i ein Fetil um Oksli. Dette var, som me lesa um alle ville og halvville Folk den Dag i Dag, og i gamle Dagar vita me, at det var likeins hjaa os, der Trælar og Kvendfolk gjorde det tyngste og Gardsarbeidet, medan den frie Mann gjekk i Strid, og i Fred skjefte Pilir og Øksar og ellers gjorde nye Vaapen og blenkte upp dei gamle. Derfor var det eit stort Sneidord at segja til ein Mann, at han gjorde Træle- og Kvendeverk, sosom at gjæta og mjolka Gjeitar og ellers at slita med Gardsdrift. Mannen livde liksom meir paa Stas, han, og i den Tids Aand er ogso det skrivit: «Mannen er Kvinnas Hovud,» og «Kvinna skal vera Mannen lydug,» og alle desse Ord, som Parfolk faa høyra, naar dei verda vigde.
Fantefolket er soleides eit lærerikt Folk, for eg saag paa dette Kvendetrælet og denne Mannafridomen med sama Auga, som naar eg ser eit Bein af eit utdøytt Dyreslag. Eg drøymde meg tilbake til Jødeland og vaar eigi gamle Tid og var liksom med desse nye ville og halvville Folk i Sud og Aust. Vaare beste Forfeder ærade ellers ofte Husfrøya.
Slikt Kvendeslit er nokot af det fælaste ein Mann kann sjaa. Det er den verste Strid mot Naturen, som finnst. Paa den kvendelege Skapnad er det snart at sjaa, at ho ikki er skapt til Tungarbeid, og hennar Kall som Moder visar dette endaa betre. At sjaa ei Kvinna «som lagar til» etter denne fine og sanne Ordlagnad i Folkemaalet, at sjaa hena slita og slæpa er nokot af det mest uhyggjelege som finnst; ja sjølve Dyr ero ikki slike, for dei spara og kjæla for Moderi, naar ho er i det Tilstand. Dette sagde eg til den eine Fanten, som hadde si Kone so, og skjæmde honom ut for han let hena slita og bera slik, daa ho var so lagad.
«Aa,» svarade han, «ho berer nok likegodt for det.»
Men ho sat sveitt og arm paa ein Vegastein og tok til Graaten.
At ikki vaar Ætt for Aartusend sidan er vanslektad og minkad burt, so her no berre verdt fødde Dvergar! og at ikki all vaar Andar-Eld er sløkt ut i vaar Moders Graat, daa ho sleit og bar os!
Eg fekk paa eit Skytsskifte ei framleg Mærr for Kariolen. Det var ausande Regn, og Mannen sjølv, som skytsade, vilde fort fram og slog paa.
«Aa dit Beist,» sagde eg, «slaa ikki! du seer vel, korleides Mærri er lagat. Kanske ho gjenger med ein Kapplaupare, som kann gjera deg, Fanten, rik, og som du med eit einaste Svipuslag paa Moderi kann gjera til ein Vantrivning; og ho stakkar, som kanskje berer paa slik ein Son, er for god til Svipa.»
Men dessverre, me turva ikki ganga til Fantefolket for at sjaa Kvendi sette til Slitustræv, og det endaa medan dei laga til. Det er so, at Kvendi faa det tyngre og tyngre, til lenger Livet siger ned i Villskap og Armodsdom. Paa Kvendearbeidet sial eg kjenna Bygdarne liksom Dyret paa Tonni, og eg skulde gjera eit Kort yvir Landet med kvite og svarte og bleikare og bleikare Prikkar, ettersom Kvendi hava det til; og dette skal ogso nettup svara til Upplysningi og Aakerbruget og det heile Stell i Livet, som verdt armare og armare nedetter og meir og meir kvendehardt, alt til det kjem so djupt, at korkje Kjærleiken elder Vænleiken elder Kvendskapen finner nokon Plass i det.
I mi Fødebygd, saag eg vel, at Kvendi maatte slita tungt, og til armare og meir uvitande Folk var, til meir sleit Kona. Men ingen Stad paa den Kanten var Kvendi med at slaa Høy; dei breidde berre (rakade med Riva), og heller ikki hogg dei Ved annat enn so paa Sæteren og i dei verste Hytturne. «Kvendi faa det aldri til at bita» og «Kvendi forstanda seg inkje paa Bitjarn» er gamle Ord. «Naar Kvendi slaa, er det som ein tannlaus Øyk skulde hava farit der,» min nest eg tidt Fader min sagde. «Baadi deira Skapnad og Klædebunad er i Vegen for skikt Verk som at beita Branden; alt det som høyrer til Odd og Egg er ikki Kvendesak.»
No skynar eg vel og skulde kunna leggja ut den djupe og sanne Folketanken, som Fader min i desse Ord lærde meg i sit Diktarmaal. Desse Ord, at Kvendeskapnaden ikki er lagd for Odd og Egg, er ei heil Livslære um Kvinnas rette Stilling i Livet, naar desse Ord vordo lagde ut i ei Bok.
Nei det er Mannen med sine kvasse Knokar, sine berre og stride Sinar og seige Segar (Muskler) og – Styggleiken sin, som er skapt for Odd og Egg og tungt Slit. Kvinna er den mjuke rullande Bylgja. Mannen er det faste Land, og ho er Havet, som ogso altid er kallat Livsens Moder.
Men i desse søndre throndheimske Dalar (kanskje ogso i dei nørdre og mangestader i det Vestanfjøllske, for der fekk eg inkje sjaa det) her i desse throndheimske Dalar saag eg Kvendfolki ganga i Skaaregang med Mannen og slaa; det var den fyrste Staden her i Landet, eg hever seet det so aalgjengjelegt, og naar dette er sagt, so er alt sagt um Bygdartilstandet og det heile Stell og all Sedhævd (Cultur).
Daa eg der paa ein af dei større Gardarne saag ei framleg Kona (kanskje ei Gjente) ganga med Orvet og slaa og bryna, daa kunde eg ikki eigong segja: «Her er mine Dyr,» for desse ero af eit mykit betre Slag; eg maatte segja med Tysken: «dette ligger ned i den sekstande Kjellaren.» So langt nede er det.
Og merkjelegt nok! Ljaaen beit ikki so klent endaa; men eg kastade Skræppa og tok Orvet og brynte og sagde: «So skal de slaa!» Og so skjæmde eg paa Mannfolki, som leto Kvendi staa og gjera slikt Tungarbeid.
«Aa dei maa vel gjera nokot dei ogso,» svarade Mannfolki med sine raude Huvur og gapande Munnar og daude Augo. Slike Menn maa slike skamslitne Kvendi føda og bera.
«Er dette det gamle Thrøndelag,» sagde eg med ein Suk. «Det er inkje Under, at de hava mist dikkar Infinitiv og alle Fleirtalsmerki og stytt af alle Ord baadi bak og framme, og gjort det gamle Orgel, som dei gamle Sogur (Sagaer) ero skrivne i til eit slikt ljodlaust Hærkemaal paa den Tunga, som er trælkat so at ho liksom knapt kann røra seg.» Den eine Armodsdomen henger ihop med den andre, maa vita. Eg laut her umskriva for meg paa Norsk den Songi af den gamle græske Skalden i Byrons Don Jau (Canto III v. 86), der han samanliknar det gamle Grekarland med det nye. Der var no vel ikki so gildt i det gamle Thrøndelag og so daarlegt i dette nye derimot; men her i det Sudthrondheimske var der laakt nok, so det vel kunde hava gjevet ein Diktare harmfulle og syrgjelege og spottande Samanlikningar med den gamle Tid. Daa eg saag Kvendi slaa, daa braut imindsto desse byronske Vers fram i Minnet mit:
Du Grekarland med Øyar ved!
Der Sappho elskad', song og brann;
der Kunsti grodd' i Krig og Fred;
der Delos voks og Phøbus vann.
Ein evig Sumar gyller der;
men alt seig ned, paa Soli nær.
Og Scians, Teians Diktar-Aand
og Heltens Horpe, Elskhugs-Kvad,
dei Gjetord fann, som Heimsens Strand
slog burt i dumbe Fødestad,
og Ljodet lenger Vest dei bar,
enn Fedres Sælu-Øyar var.
Dei Bergi saag paa Marathon,
og Marathon paa Sjøen saag.
For meg, som dvalde der ei Stund,
fritt Grekarland i Draumen laag.
Paa Persars Grav eg kjende vel,
eg ikki kunde Vera Træl.
Fraa Bergets Brun ein Konge saag
Salamis, fødd af Sjøens Salt;
og Skip i tusend Tal der laag
med alt Slags Folk – og hans var alt.
Han talde dei i Morgon-Graa.
Daa Soli seig, kvar var dei daa?
Og kvar er dei? og kvar er du
mit Fødeland? Kring ljodlaust Skjer
no Kjæmpevisur ikki bu,
og Kjæmpebarmen slær 'ki der.
Og maa so Gudehorpa di
forfarast i ei Hand som mi?
Men Gjetords Dyrtid bryter fram
bland dette bundne Folk i meg:
eg veit daa Fødelandets Skam,
so naar eg syng, so raudnar eg.
Kvat er det her ein Diktar naar?
For Folket Blygd, for Land ei Taar!
Er Graat og Blygd aaleine daa
for os? Vaar' Feder gav sit Blod.
Jord, lat fraa Barmen din os faa
tilbake litt af Spartas Mod.
Thermopylæ verdt nytt endaa,
um tri for Hundrad tri me faa.
Er alt daa stilt, som stilt det var?
ah, nei, dei mæla døydde Menn
som fjerre Fossen dette Svar:
«um berr' eitt Liv seg reiser enn,
so koma, koma me vaar Veg.»
Men Livet berre tigjer seg.
Det faafengt er: slaa annan Streng.
Med Samisk Vin fyll Staup til Flod!
Lat Tyrken slaast for græske Dreng!
Vrid de af Scios Vinstokk Blod!
daa veit eg upp de risa vil,
og slaa med Skrik som Kjæmpur til.
De hava Pyrrhus-Dansen enn;
men kvar vardt Pyrrhus' Phalanks af?
Af desse tvo, kvi gløymdest den,
som Adelskap og Mandom gav?
De hava Skrifti, Cadmus fann;
maa tru for Trælar meinte han?
Med Samisk Vin fyll Staup til Drag!
Paa Pergas Strand og Sulis Berg
er enn ei Ætt af sama Slag,
som Dorisk Moder gav sin Merg.
Der kanskje er eit Fræ lagt ned,
som Heraklider kjennest ved.
Skjenk Staupet fullt med Samisk Vin!
I Skuggen er ein Møyar-Dans.
Or sigersvarte Augo skin
fraa glodheit Gjente med sin Krans.
Eg græt af slike Brjost at sjaa,
som berre Trælar søygja maa.
Stell meg paa Sunions Marmor-Stup,
der berre eg og Bylgja ved
fær høyra Vekselsongi djup,
der eg som Svana døyr og kved.
Ein Træleheim verdt aldri min.
Tilhavs, du Staup, med Vinen din!
Daa eg kom nordi Orkedalen, vardt Dalføret rumare og større, og betre Gardar var der imillom at sjaa. Det var nokot upplandsk stort ved Dalen her, og fleire og fleire Gardar med upplyste Folk var der, til nærare og nærare Ein kom Orkedalsøyri; og ein Fjordungs Veg sudetter Sletti fraa denne Strandstaden var det som inn med ein annan By med Lundar og veldyrkade Jordir og gilde Hus, som det her nordetter tok til at dera Gardinur i. Hov, som no atter liksom i den eldgamle Tid er Domargard, er ein af dei mest hugsame Gardar, som du skal sjaa med dine Augo, og det er paa Grunnen hans denne vesle Staden ligger fram mot Fjorden. Eigaren var ikki verre enn Garden sin.
Daa eg fram paa Bakkarne i Orkedalen saag Trondheimsfjorden komande inn igjenom nord i Himlesyni (Horisonten), kom der liksom ein Andarpust mot meg, for der saag eg den gamle Vikingveg til Fe og Frægd. Eg sat og drøymde i Kariolen – for eg maatte kjøyra den Mili – og Aarhundrad og Aartusend foro som varme og kalde Gufsar gjenom Tanken min. Throndheimsfjorden er ein sann Stormann. Han skal sidan faa sit. Og Christianiafjorden – det gamle Folden – er berre som ein Barn imot honom. Eg lengtade etter Morgondagen for at kunna kasta meg i hans Bylgjur; og daa Morgondagen kom, sagde eg med Cæsar: «Eg umarmar deg Afrika!» Men der var so kaldt den Dagen og inne i eit Laugarhus, at der no inkje stort vardt af med denne Kjæmpeumarming; men so var det somykit gildare sidan.
Eg foor med Eimbaat fraa Orkedalsøyri og inn igjenom til Throndheim dei tri Mil. Me saago inn, der Einar Tambarskelve hadde butt, og uppigjenom fraa Gaulosen til Gaula, der Haakon Jarl hogg eit Hol i Isen og lagde Kaapa sin inn med Voki for at narra Folk til at tru, at han var sokken ned; eg saag uppetter, der Thora paa Rimol budde og til Byneset, der Nordal Brun er fødd; og so foro me innigjenom langs gode Bøar og gilde Gardar fram til Digermulen, der eg liksom skvatt tilbake paa Dekket og sagde: «Aa, gamle Nidaros! er du der?»
eg saag – ikke af Throndheim – men af ei fager Dame paa Dekket, det var blankt det. Det var Lykke, det var so manntykt, at det kom Sky framfyri Soli, so eg ikki vardt glimen i Augo.
Det er merkjelegt med alle dei væne Kvendi der er i Vestbyarne inn med Sjøkanten, alt ifraa Grimstad og nord mot Trondheim. Anten det no er Fisken eller kvat det er, som gjerer dette, er ikki godt at vita; kanske det ogso er for den Skuld, at desse Byar skulle hava nokot attaat Fisken at skipa ut, for sjølve Byarne hava inkje Bruk for alle dei Blomekinn og blaae Augo, og um det var Rum for Alle, so ero dei fleste for gode til slike Afkrokar, som kunna berga seg godt med eit ringere Slag. I Bergen kann det endaa so vera, men ellers er det Prydnadsfolk for Kongsgard og Framtidsfruer for Landsens store Menn. At sjaa slike Englar gifte med ein Driftsmann, ein Skipare, ein Fiskehandlare o. s. v. og det helst i slige Smaabyar, er som at sjaa Stasfolen spend fyri Steinslodda. Stygt men sterkt vilde vera høvelegare for slike Folk. Vænleiken skal sitja paa Straa og som Soli vera ute skinande paa Livet. Eldre og ljote Folk skulle slita, men unge og fagre verda sparde, til deira Tid kjem; med Damur maa det imindsto vera so.
Dersom denne Dama hadde vorit heime i Hovudstaden, so vilde ho som ei Laura hava eldet up mangein Petrarca af alle dei unge Menn, som ganga paa Storskularna der inne, medan eg aldri kan tru, at ein Mann betre ganar Sild og flekker Tosk for det, um han seer paa slik ei Morgonsol.
Den fagre Gjenta skal ut og blenkja
og læra Gutarne stort at tenkja.
Den fagre Gjenta skal sviva ut
og te seg frem for den gilde Gut.
Den væne Gjenta skal slik Ein hava,
som hena frir fraa i Mold at grava.
Den væne Gjenta skal slik Ein faa,
som hena setja kan haagt paa Straa.
Den beste Gjenta stuld' altid vera
for den, som kunde det Beste gjera.
Den fagre Gjenta skuld' faa seg den,
som meire kann enn dei andre Menn.
Syngjande paa denne Visa saag eg inn mot Throndheim og ut etter Fjorden, der eg totte gamle Langskip komo dragande inn. So saag eg paa denne Drosi; men daa eg ikke kjende hena, so var eg like nær; men eg gjorde meg altid Erend, so eg kom dit, der ho var, og letst som aldri var. Kom eg i Samtale med ein Mann, so drog eg os altid burt aat hena, og gild var eg, daa eg visste ho høyrde ei lærd Samtale eg hadde med ein Mann um Throndheimsfjorden herikring i Forntidi. Han var af det Slags Nordmenn denne Mannen, som var mest gild af det gamle, og den Dikting, som talar um Sverr'ar og Haakon'ar og Trygvasynir, og Odalsbøndar og slikt, medan eg meinte at Notidi var betre, og at Framtidi maatte verda endaa betre. «Sjaa her», sagde eg, «denne vesle Baaten med sine fire smaae Kanonur vilde vist kunna hava skotit i Søkk heile Olaf Trygvasons Flote, daa han siglde herut ifraa med Ormen hin lange, som vardt bygd der burt i Bakken. Og hadde ikki denne Baaten magtat dette, so vilde St. Olaf, som her ligger med ikring femti Kanonur og femhundrad Mann have gjort af med alle dei Vikingflotar, som al sin Dag have siglt her inn og ut, um so heile denne store Fjorden hadde vorit tekt med slike Skip som Domkyrkja der inn paa Land med Koparplaturne sine.»
«Ja», svarede han, «men kver Mann var sterkere daa».
«Det kann eg aldri tru; imindsto viser ikki dei fundne gamle Vaaben og Herklædi, at Folk var større daa. Dei Storkjempurne, som talast um i Sogurne, ero uppskrøytte, so dei sjaa tvistore ut som ein Mann skrøyvande i Himlesyni mot den myrke Bakgrunn. Han ser tidt ut som eit heilt Tre so i Dimmen mot Graaljosingi og Kvelden. Og so var det faae af desse. Der er likso faae store og sterke Likam som store og sterke Aandir. Det kann vera ytt som bytt med det. Ovkarlar i Haand eller Hovud er sjeldfengde. Naturen hever aldri liksom havt Raad til at gjeve mange i Senn af det Slaget. Det er med det som med Vænleiken», sagde eg, og saag burt paa Drosi, som gav meg eit Augnakast, so eg kjende, at det tok til at brenna i meg. «Det er Folk framifraa (Geni) allesaman desse og alle like gode og gjæve til sit Bruk og si Tid. Og her liver den Dag i Dag likso store og sterke Menn som Harald Haardraade og E. Skallagrimson og Olaf Trygvason og Kjartan, som kappsvam med honom der inn i Viki. Eg skal no under Krøningi visa deg ein Herførare likso sterk som nokon af desse, og Maken hans bur paa Austlandet. Eg hever kjennt Folk likso spræke som Gunnar af Hlidarende. Det døydde nokre Aar sidan ein Mann i Mo Sokn, han het endaa Thorgeir Haugo, som vist var likso spræk og sterk og med likso vilt Mod som Skarphedin. Berre han og desse andre hadde livt i den Tid og med all den Tamen (Øvelsen) i Hopp og Sprang og Vaapenleik, so vilde ogsaa dei have vordit Kongar og Fyrstar, naar Landet som daa mest hadde trengt til slike Kjempekarlar. Det var som eg skreiv:
I gamle Dagar galt det paa med Kniven godt at kjøyra.
Det galt ein Mann at kunna slaa
i Svime under Øyra.
Den, som slog bedst, saa Blodet rann,
den Mann var Landsens største Mann.
Nei Manna-ætti, som hever livt so lengi og skal truleg liva endaa lengr, veiknar ikki og eldest af i so kort ei Tid som tusend Aar. Det er berre ein Dag det, som det stender i Skrifti. Eg tenkjer meg Mannaætti enno berre som ein villstyren Gutegap paa femtan sekstan Aar. All denne Krigen og all denne Trudomen er Barnamerki. Ja, Folk vilja vel slaast um Matbiten so lengi dei liva, men det maa verda paa en litit annan Maade.
Eg visste ikki rett kvat eg mest skulde bisna paa: Nidarholmen, Byen Domkyrkja, Ilevollen, Nidarosen, nord til Hlade, upp til Sverresborg eller Drosi. Dersom eg hadde kjent hena og fengit setit og godrødt, so hadde eg no gløymt alt for henar Skuld. Ja, eg gjorde endaa dette, berre for det, at ho var nærare. Det var knapt eg gaadde dei mange Krigsskip, som laago der skjotande paa Havnen. Det heiter at vera giftar blind, naar Folk sitja som eg sat her i eit slikt Sjonløyse (Syn-).
«Alt det eg eiger berer eg paa meg», sagde eg med den græske Vismannen, og slengde Skræppa paa Ryggen springende inn paa Bryggia, der eg kjende eit og annat Andlit fraa Hovudstaden. Drosi kom burt for meg, og eg dreiv uppigjenom Gata etter ein svart Kjole, som eg tyktest kjenna atter; men so smatt han inn i ein Port, og eg stod aaleine atter paa denne forne (classiske) Jordbotnen med sine breide Gotur. Men so møter eg tvo Menn so store, at eg ikke torer navngjeva deim, for Lesaren kunde tru, at eg vilde drista meg med slikt eit Kjenskap.
«No God Dag! Er De her?»
«Ja, eg trur ikki annat. Der Folk er fyri kjem Folk etter».
«De er kommen til Fots og med Skræppa paa Ryggen?»
«So halvt um halvt; men denne siste Stubben siglde eg. Og no er alt gløymt, naar eg fremkomen fær den Ære at møta fyrst og tala med Menn, som syrgja for os Alle». (Her bøygde eg meg so bugjen, at Skræppa mest trillade fram yvir Hovudet mit) –
«Hever De fengit Herberg?»
«Nei, men Hus i kver Busk no Sumars Tider, for kniper det i all denne Folkemengd, so kan eg gjerne for ei Notts Skuld leggja mig her ned under ein kvelvd Baat med Skræppa under Hovudet».
«Den, som er so sæl, at han ikki hever store Krav paa Livet!»
«Sannt, men den, som inkje hever at krevja, fær heller inkje. Farvel! store Menns Tid er kostbar. Det veit eg vel, og derfor Takk for Helsing og broderlig Tiltale.» –
Eg torer ikki segja meir um Møtet for ikki at lata Folk gjeta, kven det var og gjera deim altfor vise i Riksstyring; for der skulde vera Krøning, og der var Konge og svenske Herrar, og «Svenskestriden» hekk endaa som den svarte Skybanken aust mot Leirfossen. Det saag just ikki ut til Regn, men Austanvinden kunde gjera mykit han, endaa det bles no nokot smaat Krus fraa Vest. Me tri visste vel, at det inkje stod paa; men Folket, det store Folk! Det er aldri værdt, at det seer meir enn godt gjerer, for det er som Straumen paa Dammen det. Eit litit Glugg af Luka maa dragast upp, for at ikki Dæmmingi skal riva med seg baadi Bru og Damm og altsaman paa Slutten. Men draga upp heile Luka spiller den Magt, som kann samlast upp.
Eg saag mig fyrst ikring, um ingen Kjenning hadde set meg standa og godrøda med slike Stormenn, for eg visste, at den Ting vilde hava opnat meg baadi Hus og Hjarta. Men daa eg ingen Kjenning saag, dreiv eg uppetter og drøymde, at det vist maatte vera i denne Gata ned mot Øyri, at Bergliot sprang og spurde, um der ingen Thrønder fannst med det Mod og Hjartalag, at dei kunde hevna Einar Tambarskelve og Eindrid, hennar Mann og Son, som vaaro nedslegne inn i Kongsgarden. Hevnen var en god Ting for vaare Forfeder: han gav liksom atter til Livet dei kjære. No vilde ei Throndheimsk Kone setja seg til at graata for slik Mann og Son, men det gjorde ikki Bergliot.
Eg sveiv og dreiv upp og ned Goturne millom slike gamle Minni, alt til Soli tok til at dala. Eg fann dei Daude men ikke dei Livande, som eg kjende. Sidst fann eg eit Lysingsrum (Addressecontor) som daa i Krøningi var opnat; men Rumet var alt stengt til Kvelds. So foor eg med Smaagutar, som eg leigde, fraa ein Vognmann til ein Smed og ein Bakare og so frametter alle Markirne; men Ingen hadde somykit som eit litit Rum, og paa Hotellerne var der alt fullt den Dagen, daa eg ikki hadde Raad til at taka dyre Rum. Men so var eg so heppen, at eg raakade paa ein Vektare eller Polititenare eller kvat det no var for ein Byens Vakemann, ein venleg godlidande ein, som meinte, at naar det stod so paa, kunde eg nok faa Huserum heime hjaa honom. Me foro upp og ned og nord og sud gjenom Storgotur og smaae smale Tvergotur, som her kallast paa godt Norsk Veitur og ikki paa Dansk Gyder, som enno af og til verdt høyrt i Christiania.
No ja, det er ikki Kongsgarden eg teker inn i, sagde eg med meg sjølv, daa eg krøkte meg fram millom Rennesteinar og Bingar. Men Huset var tri Stokkverk haagt med det Myrkeloftet under Raustet, og baadi Husbond og Husmoder vaaro snille og Smaaborni blaskade som Ændar ute i Rennesteinen. Eg fekk meg ein Mjolkedrykk og dermed merkte eg meg Veita og Huset og gjekk ut paa Bysjaa og Folkebisning til so seint som mogelegt, for eg hadde ein Otte um, at det vilde vera best at vera trøytt mot Notti i eit Herberg, som saag ut til at hava Gjæstir baadi af det eine og det andre Slaget.
Eg vilde ikki fortelja slike Smaating som denne mi fyrste Nott i Throndheim, dersom ikki «Nyhedsbladet» hadde borit dette mit Herberg ut ikring Landet og meint, at eg sjølv maatte skriva nokat reint flirande um det. For meg og mine fleste Lesarer er dette Herberg inkji uvant, ja eg hever endaa som Skulemeistare ikki havt det betre paa mange Gardar. Nei, den fyrste Nott eg laag i Christiania, det var nokot annat. Eg og ein, som no er Klokkare, komo inn i Hovudstaden fraa Skulemeistarskulen i Asker, og spurde daa etter Tungemaalet heime um Hus, som er det sama som Hus til Notti, altso Herberg. No kan eg skyna, at me hava raakat paa Folk, som vilde hava Løgi med slike skulemeistarstive Gutar, og visade os fraa Afkrok til Afkrok ned igjenom Vaterland, for Hus merkjer mangt annat i Hovudstaden, daa der er mange Slags Hus der. Ja, me vaaro daa endelege so sæle, at me frosne og soltne og trøytte komo til Hus og der vorde me sende ut i eit myrkt og kaldt Rum, for som Bondeskulemeistarar var det daarlege Gjæstir i os; og underleg totte ogso me, at Byskikken var slik; ja, eg minnest endaa ikki betre, enn at me krossade os og song ei Kveldpsalme imot det Vonde, som kunde koma. Um Morgonen vaaro me mest stivfrosne, og ut vorde me jagade attaat, og det endaa af Kvendi, for der var mest af det Slaget i det Huset.
Her i Throndheim var det altso mykit betre. Det var gode og rettleidne Folk allesaman. Daa eg kom heim um Kvelden, so vardt eg visat upp paa Himlingi (Loftet). I fyrste Stokverk var Husets rette Folk, og i andre var Hersveinar (Militære), som laago Side um Side yvir det heile Rum. Det kunde vel vera so eit Tjug Mann. Der var ikki frisk Luft; men naar eg snaavade (snublede) i eit Hovud eller ein Arm, so var det venleg Tiltale og Rettleiding. So kom eg daa upp igjenom ein Stige til mit Rum. Der var det likso fullt, endaa der var no liksom betre Sængir der, med tvo, tri og fire i, ettersom det var til. Mann og Kone laago no helst isaman, og Gjenturne vaaro no ogso liksom parade ihop. Det var lagat godt til for meg, daa det var ein Gardemannsgut, som eg skulde liggja med. Men eg trudde no ikki meir paa Sæng og Skinnfeld enn godt gjorde, for eg stakk Staven min inn under Aasen og hengde paa den alle mine Klædi, so dei hingo i fri Luft. Med meg sjølv fekk det ganga som det kunde, for so var eg fri Dagen etter.
Eg hever no livt so lengi liksom paa Stas, at eg er meir kjælen. Det er Skam at segja det, men eg sov ikki stort. Eg laag og vreid meg og slengde med Armarne og kom attikring Hovudgjerdi med Henderne i Haarfletturne paa ei Gjente fraa Surendalen. Eg fevner tri Alnir, og daa eg ikki kunde liggja still, so maatte eg ein Stad raaka inn paa.
Daa Soli kom, reiste eg meg upp i Sengi og baud god Morgon til den eine Kona, som vakte. Eg trur ho var fraa Selbu: ho laag der med eit Barn paa kver Arm. Det heile Rum var eit Samlag (Gruppe), som ein Maalare vilde hava havt godt af at sjaa. Kunstmenn og endaa mest sokallade fine Folk sjaa sjeldan Livet fraa alle Sidur. Dei sjaa liksom ikki alle sjau Fargar i Regnbogen; berre ein, tvo, tri, fire, og sjaa dei alt til seks, so sjaa dei ikki den sjaunde. Her laag for meg det likeframme, det trøytte og arme men fagre og reine Liv i all si Fylle. Diana bøygde seg ned for at kyssa den sovande Endymion, og Goethe leter Faust syngja, daa han i Heksespegilen fær sjaa Gretchen:
Nei, er det sannt? er Kvinna slik?
Ah! den, som kunde hena vinna!
Ja, Himilen maa vera rik:
For slikt paa Jordi knapt me finna.
Der laago dei kringslengde, friske og sterke. Soli skein gjenom Sprekkirne inn paa Halmen og slitne Klædestottrar, sveipte kring dette sovande og drøymande Liv. Ein etter annan vaknade upp. Troldomen kvarv liksom burt. Eg var svint som ein Eld i Klædom, og smatt ut springande nord under Hladehamaren for at lauga meg i Sjøen. Daa eg kom tilbake, tok alt Folk paa at samlast i Domkyrkja, som vardt snygd og stelt med til Krøningi; og daa dette var den siste Morgonen fyri den store Festdagen, so var der uvanleg mange Folk baade for at sjaa og mest for at høyra Krøningsmusikken. Der gjekk eg og saag og høyrde og raakade Kjenningar, og saag etter «Drosi», drivende att' og fram med Menn i Gullbordur og trikantat Hatt, som alt smakade meg dubbelt etter Notti mi og mine Morgonsyn, for eg kjende endaa liksom Nottskuggen i Soli der eg stod; og dei brotne Kyrkjebogar og straumfulle Samljod (Harmonier) blandade seg paa ein eventyrleg Maate med mine Morgonminni.
(stender det i Sjælens Luth)
«som udi syv hundrede Aar
har været navnkundig i Norden;
den drukket har mangen Gjenvordigheds Taar:
tre Gange er brændt udaf Torden;
ved Fiendens Vold
til Hesternes Stold
den ogsaa forandret er vorden.»
Ja, ho hever drukkit mangei «Gjenvordigheds Taar» det er vist og sandt det, og hadde ho ikki vorit so uryggeleg bygd, so hadde der no ikki stadit atter Stein paa Stein. Men der stender mykit atter enno og det endaa det bedste, som er Sacristiet (det Heilage). Det er dette, som no er Kyrkja. Den gamle Storkyrkja stender berre atter som ein aflang. taklaus Firkant med Muren uppikring Vindaugom og Durakvelv, forfaren og studd og lappat paa mange Maatar. Domkyrkja seer ut som vaart gamle Tungemaal no. Her er atter Stubber af det, og det som gode er. Men mykit er reint burte. Dei store Langveggirne standa snaude, og der finnst snart ikki eit uskadt Ord. Det er som her i Kyrkja. Kver Stein er sprukken og Utkrotingar og Knipptlingar og Krusar og Rosur ero anten utslegne eller skjekkte og skjeivde. Paa St. Petrus er Nosi burte. Judas hever mist Pungen sin. Lucas eit Auga og ein Arm; Matheus er hovudlaus; paa Johannes er Tennerne utslegne. Af alle disse mange gamle Steinmenn er der ikki ein med so heile Limir, at han kunde liva. Og slikt so er det ogso med alle desse Uskapnader. Af alle desse endelause Blomar i Stein er der ikki ein so uskadd, at han kunde gro. Endaa i dei finaste og lettaste Bogar, som enno standa atter, er der utfallne Stykki og Stubbar. «Personer» og «Casus» er anten burte eller ogsaa skjekkte og skjeivde paa. Dette er endaa ikki det verste. Men so er der bygde stygge Graasteinsmurar imillom, og Glugg fylde med rukkutte Kampestein, og so er der kalkat og klint, og lagde grovhogne Bjælkar og skjeldtiljat (panelet) og tekt liksom meir til eit Nautefjos enn til eit Guds Hus. Det er mange af desse nyare Ord, som ero klinde inn i Maalet. Og det er i Domkyrkja som i Gudbrandsdalen, at «Accusativ» er sett for «Nominativ», «os» for «me» (vi). Det er endaa godt, at det er slikt, for i desse lange trælbundne arme og uvitande Aarhundrad var ikki eigong so mykit ventande. Det var ikki arme Trælars Verk at halda sit Maal og si Kyrkje i Stand. Folk maatte sopa ut etter dei svenske Hestar og halda Messe, so godt dei kunde. Dei maatte bera ut Steinrøysar, som rullade ned fraa Taarn og Kvelv; dei maatte draga ut brende Bjelkar, som hadde støyrt Hovedet af St. Olaf med den eine Enden og slegit ut eit knipplingat Vindauga med den andre. Dei maatte brjota ut Kanonknlur, som saato i Suler (Søiler) og svarvade Steinbogar som i blaute Leiret; dei maatte skrapa af den gamle Forgylling eg klina etter med Kalk og Leir, og fella inn Steinar i dei gapande Hol. Dei maatte setja ei Pigghette til Taarn, og halda Slagregnet ute med Innmuring og Dytting. Og endaa er her so mykit atter baade af Maalet og Domkyrkja, at her inkje verdt gjort nokot so godt no, naar berre dette Gamle verdt hegnt um og stelt paa med Kundskab og god Vilje. Men at setja alt i den gamle Stand er umogelegt utan at finna paa nokot, som korkje er det eine eller det andre. Koret er enno med sine Bogar og sit Knipplingsverk so stort og upplyftande for Tanken, at sjølve den nye Trefoldigheds Kyrkja i Christiania derimot er som eit Kræmarhus mot eit gamalt adelegt Slott. Lat so det Sunderbrotne standa som eit Afminne; alt dette ihop bøygjer ned og reiser upp Tanken meir, enn um det var heilt altsaman. Her lesa me vaar Histori i Stein. Mannsaldrar af vaart Folks Trældom og Armod sviva i Ringar yvir Hovuvet som tykke Torebankar. No saag eg Soli; men Ingen veit, naar ho kann verda dytt atter og Ljonelden slaa ned.
Domkyrkja likjest ogso dei gamle Psalmer. Slike Kyrkjur og dei gamle Kyrkjepsalmer med Melodier og Orgelet vorde ogsaa gjorde i sama Tidsaldren. Der er som i dei gamle Tungemaal store stive «upersonlege» Setningar med mjuke og lette Bøygingar i kvert Ord, i kver Stein og kver Tone. Det er Taarn og Bogar og Suler som sveiva seg like Andarpustar upp mot Himilen. Der er ein Blanding af mjuke og stive, af kjærlege og ukjærlege Tankar, af Folkeskikk og Villmannskap, som alt med eit Kunstord verdt kallat Romantik. I Orgeltonen og Psalmurne høyrer du, og i slike Kyrkjur seer du den gudelege Mannen, som vader i Blod til Knes for at taka inn Christi Grav, men ranar og dreper og hatar som Villmannen. Kunstverk standa atter som Milestolpar paa den Vegen, som Manna-ætti. hever gjengit etter. Ægyptens Pyramidar og Colosseum f. Ex. i Rom merker den ville eller halvville Tid, daa ein einaste Mann kunde bruka Millioner til sine Paafund. Medalaldrens Domkyrkjur og Psalmur standa atter som Merki etter Trudomens ville og fossande Ungdomstid.
So er det sagt. Og vist var det, at eg liksom gjekk og rødde med Medalaldren, da eg var inne i Domkyrkja og foor ikringum ute og saag paa hena. Eg vardt rædd den Tid, som kunde leggja so mykit Arbeid paa eit einaste Hus, og setja Folk til at grava og spøna i Stein alle dei Krusar og Knipplingar, liksom det skulde hava vorit i det blautaste Tre. Det er trulegt, at Bygmeistararne vaaro komne fraa Utlandet, fraa Kyrkjebygningarne ikring Rinen f. Ex.; men eg kjende liksom den norske Treskjering med alle sine Utkrotingar i alle desse Hyrni og Karmar og Durstokkar og heile Tilbunad. Kanske heller vore Treskjerarar hava lært af dette. Det meste er no ein blautvorden Stein fraa eit Berg derupp i Strindi: men det maatte vera seint nok at Prikka ut alt dette likevel. Det var no Lykka den, at der i den Tid var Pengar nok til sligt Bruk. Skikken var den daa, at Folk grov seg sjølve inn i Bakken som Reven for at hava Raad til at byggja so uhorvelege Kyrkjur. Det var for at verda sæle, maa vita, og det vilde dei arme Krokarne gjerne; og til meir uvitande Folk ero, til gridugare ero dei etter det. Det er den raae Sjølvkjærleiken, maa tru; derfor drap og plundrade dei ogso Andre for at koma til Himils. Det var no paa denne Maaten dei fleste Pengar komo inn til denne Kyrkjebygnaden. Naar ein Viking saag eit Handelsskip, so lovade han ein Fjordepart eller so paa Lag til St. Olaf, dersom han vann. Paa den Maaten slog han tvo Flugur med eit Smikk: Han vardt baade rik og sæl sjølv, og St. Olaf eller Domkyrkja fekk ogso nokot. Der kom vel mangt eit Gullstykke inn Olafsokdagarne, daa der til Throndheim komo somange altifraa andre Riki for at beda til St. Olaf baadi for sine Brot og Sjukarne sine; men Presteskabet tok vist Broderluten af denne Intekt, so det meste til Kyrkjebygnaden og Olafsskrinet og alt det Sylvet der var kom vist fraa Røvarar, som viste at tena Gud og seg sjølve paa sama Tid. Det var ei lettvind Gudstru det. Ja, det er likeins i uvitande katholske Riki enno, so me just ikki turva ganga tilbake til St. Olaf f. Ex. for at sjaa Folk lesa Messa baadi fyrr dei slaa Mannen ihel og etterat dei have turkat Blodet af Haandom.
Det meste af dette Kyrkjesylvet vardt tekit burt af dei Danske, som førde inn den Lutherske Kyrkjeforbetring – det vil segja dei nækte (blottede) Kyrkjurne og leto Folket vera lika uvitande. – Men det meste af Sylvet sokk ned ut i Enden paa Throndheimsfjorden ved Agdanes. Der blæser stærkt der, so dei gamle Skip lett kunde ganga til Grunns. Rikdomen aat Kyrkja foor altso sama Vegen, som han var komen. Ransmannen ranar Ransmannen. Det er Verdenshistoria fraa ein Kant. Solengi Verdi var slik at me kunde vera Vikingar beint fram, solengi vaaro me rike og ei Rædsla for Verdi. Og solengi hadde me ogsaa ei Domkyrkje og eit Tungemaal. Men daa den Tid kom, at me skulde liva af vaart eiget Land og endaa gjeva det beste fraa os til eit Land, som daa var sterkare – det er Styrken som verdt spurd etter – daa miste me baadi Kyrkje og Tungemaal. Og me ero enno ikki eit større og betre Folk, enn at me maa vera glade ved at slita paa Stumparne.
Det er so gamalt som alle Haugar, at Kongarne vordo krønte. Fraa India var vel denne Salving førd til Ægypten, og der hadde vel Moses lært hena af det vise Presteskabet. Det var baadi den gjævaste Presten, Propheten og Kongen, som vardt salvat i det bibelske Jødeland. «Og Yvirpræsten tok Oljehornet og auste paa David og sagde: no hever eg gjort deg til Konge yver Israel». Det er denne Presten, som ogso her salvar. Det er Bispen i Akershus.
Af tvo Keisarar, som slogest um Magti i det sokallede austlege Keisardøme ikring det femte Aarhundrad, fann den eine paa etter eit Bisperaad at taka upp den gamle Skikken og lata seg salva. Han vann for det sama, afdi den store Folkemugen saag i dette ei Innvigsel liksom af Gud. Sidan er Skikken vorden aalgjengjeleg ogsaa i desse vestlegare Riki. Men det verdt meir og meir aflagt i den nyare Tid, for mange Folk taka til at verda so vantruande, at dei ikki sjaa nokon Heilagdom i denne Oljesmyrjing, men tvertimot tidt spotta med hena. Og vist er det ogsaa, at mangein god Konge baadi hever livt og døytt i Magt og Ære for det, um han ikki var salvat; medan andre Kongar ero baadi afsette og endaa afrettede af sit Folk, um dei endaa i si Tid vaaro salvade, so det draup af deim. Det kann vel henda, at Prestarne no ogso ero for spare paa Oljen, for sovidt eg kunde sjaa, var det berre liksom for eit Syns Skuld, at Prestemengdi foor og smøygde med eit Horn (?) og smittade og smurde ein liten Sveitte kring den høgre Ulvleden (Haandled), og so vidt eg veit ei liti Dogg bak paa Halskvirvilen, og liksom med nokot Krossing fram i Panna. Nei, i eldre Tider var det nokot annat, for dei skolade vist og slog heile Hornet ned yvir Hovudet, so det var so det silade og rann, for det stender i Bibelen, at «han auste Oljehornet yver Kongens Hovud». Og for at kunna kallast ein Salvad, so maatte der no ogsaa nokot meir Olje til enn soleides berre at sveitta paa ei liti Dogg her og der.
Var eg Konge, so vilde eg ikki lata meg nøgja med slikt Smaatt, for baadi kunde Omstøytar koma og sjølv kunde eg koma til at forgjera meg mot Folkeviljen, so det var best at vera hugheil.
Der var Stas og Heilagdom i Throndheim den Dagen. Eg hever aldri set slikt, og eg kann aldri tru, at Throndheim heller hever set Maken, for vel lesa me um stor Stas der fyrr i Verdi ogso, men det var liksom meir stort og sterkt og grovt daa; det var ikki dette lettande og luftande og gloande som no. Det blafrade i Vind og Sol Flagg i alle Fargar paa Skip i Havnen og yvir heile Byen, so Throndheim nærast saag ut som ei Osp, naar Vinden blekker og blæser i Lauvet. Det tuslar, og Fargarne glima i Soli upp mot den blaae Himilen. Munkegata – den vænaste Gate i Europa, segjer Leopold von Buck – Munkegata, som gjenger beint ifraa Domkyrkja nedigjenom Byen mot Ravnekloi, so heiter Fjøra der ned i Enden, som er Fisketorg; Munkegata, beint i Sigt med Munkeholmen der strax uti Fjorden, var breidd med raudt Klæde i Midten paa ei Bordbru. Paa baade Sidur var der Folk i Vindaugom og paa Husetok; og husimillom var der uppslegne Bordtrammar i Trappestig til at standa og sitja paa. Der var kransat med Folk og mest med Drosir som Blomar i lange Flettningar. Klokka tie kom den kongelege Ferd skridande ut fraa Stiftsgarden. Heroldarne gingo fremst klædde som Eventyr. So komo Rikets Store med Riksflagget og Riksstaven (Scepteret) og Sværdet og Kronurne, liggjande paa Fløielsputur. Under sine Thronhimlar gingo Kongen og Dronningi med sine Hermelinskaapur, som Slæpet vardt borit paa. Det var straalande Hofdamer med det lange Slæpet til Dronningi. Fyri og etter og imillom gingo Landsens hægste Embættesmenn etter si Rang i sine gloande Riksklædi med Sværd og Greidur. Den heile lange Ferd kom dragende aalvorsam uppigjenom til Kyrkja som ein Straum af alle Slags Fargar fraa kolende svart til drivende kvitt med eldende raudt imillom. Inn i Kyrkja gleid og skreid Straumen, der Kongen og Dronningi sette seg i Kongestølir under Thronhimlar med Kronur paa fram mot Altaret med Hofdamer kring Dronningi og Kammerherrar kring Kongen og ellers utlendske Sendemenn og Rikets Store etter si Rang ned etter. I Altarringen stod ikring femti Prestar i sine kvite Serkar, og bak dei yndefulle gothiske Bogarne yvir Altaret saato dei gjævaste Damur i kvite Silkekjolar som Englar eller Duvur. At standa som eg gjorde paa Orgelet yvir Inngangsdyrni og sjaa fram yvir all denne Riksglansen i denne Kyrkja og høyra det brusande Songarlag med Musik til, og so naar Krøningi var fullførd baadi til Kongen og Dronningi høyra Kanonurne skaka Kyrkja, alt dette var slikt, at Maalet ikki eiger so gloande brennande Fargar, at det kann vera værdt at tala um det. Men vist er det, at eg enno ei Gong vilde fara paa min Fot allt til Throndheim, um eg kunde faa sjaa Maken til det atter.
Eg saag Drosi so langt ute, at ho vist ikki fekk sjaa den heile Storstasen. Dette var mi einaste Sut, som vekte meg upp fraa Draumen um, at eg var tekin inn i Berget og saag alle dei Eventyr, som eg høyrde, daa eg var liten, um Kongar og Prinsessur, klædde i Kveldrod med Stjørnur paa Klædom, og med Gullhaugar til Ljos, som blenkte og skein paa Sylvstoplar under Taket liksom Istappar, og med Dans af Skuggar etter Feleslaattir af Fossegrimen. Men det var fyrst baketter
Dansen
kom. Ja, det var Dans det. Men der var saa fullt, sjølv i den nye Salen, som Throndheim hadde bygt upp til det Bruk, at Folket stod der som Haar paa Hovudet eller Bust i Bosten, sveittande so det var slikt, at det silade og rann. Kongen, som er slik ein Dansemeistare, var i ei Sveittelaug heile Kvelden. Naar han og den svenske Hoffrøken leikade paa Tilja, det var Par det. Leon Gozlan segjer um dei franske Philosophar, daa dei vaaro i sine Aftenselskap, at dei vilde hava bodit Guderne til Kvelds med seg, dersom dei berre hadde trutt paa deim. Dette sama vilde eg hava gjort med gamle Odin og heile Valhallslaget, som fyrr var so bønsøkt og storvyrdt her i Throndheim og kanskje paa denne sama Tufti; men for det fyrste hever ingen Mann no Lov til at tru paa desse gamle Gudar, og dernæst so maatte eg takka til, at eg aaleine slapp inn, um eg ikke tok nokon med meg. Og so hadde der no heller ikki vorit Rum, for desse gamle Gubbarne vaaro rumstore dei, endaa eg trur vist, at sjølve Thor kunde hava sloppit inn i ein Sprikestakk (Krinoline) iminsto nedantil og uppetter, um endaa Livstykket hadde vordit for trongt. Men det gjekk ogso illa med Sprikestakkarne: dei vordo trykte flate og skakke; eg høyrde det knakade under Silken. Og daa eg gjekk heimatter den eine Notti, sveiv der slik ein kvit Skapnad fram fyri meg paa Gata i kvite Silkesko og skakke Sprikestakken, so ho saag ut som den fallande Fuglen med den eine afskotne Vengjen: ho skjente so paa Skjekke.
Det Beste verdt tidt lastat mest, afdi Folk anten ikki skyna det, eller og ovunda det. Soleides med den kvendelege Klædebunad. All den Strid, som er førd mot Sprikestakkar, kann gjerne kallast europæisk og vel so det. Likeins er det mest med kvert Plagg og kver Prydnad paa den elskelege Kvinna. Det er ikki so med meg, som altid hever trutt paa det gamle Ord, at Bukken kann sadlast, til han verdt god som Hesten. Og dette er endaa sannare for Kvinna enn for Mannen. Dette veit ho ulært af eit Hugskot (Instinct) og derfor ligger det liksom i Naturen hennar at pryda seg, rett som naar Pus siter i Soli. Ho veit med seg at det er ho, som skal syna fram det Fagre og Reine, for Livet vilde sjaa altfor ljott (uskjønt) og ruskutt ut, dersom det ikki vardt gjort finare, enn me Mannfolk kunna gjera det. Mannen er girug etter Ære og Kvinna eter Prydnad. Slikt drøymde eg tidt um paa desse Ball, for her saag eg best den kvendelege Prydnad i allt Dramb og Drust (splendor, majestas). Det var vel gildt at sjaa Herrebunaden med dei trikantade gullbordade Hattarne under Armen, med Riddarbaand og Stjørnur paa Bringa, med raude Bukselistar, med Sabel og Fetil, med kvite og blaae og grøne og eldende raude Fargar, so det var mangein som saag ut som ein Steggi (Aindrik), ja der var endaa Menn med raude Klædi fraa Topp til Taa sosom dei Danske Sendemenn. Men allt dette var inkje mot dei silkeklædde Damurne, som liknade dei hundrad og hundrad tusend Jomfruer i Eventyret. Der var Sambunad der, (Uniform) endaa der var some, som hadde finare Silke enn some. Og so er det Maaten at faa sine Klædi skorne og at klæda seg paa, som det kvendelege Flogvit (Geni) mest visar seg i. Og det er dette, som maa forgjera (charmere) Mannen mest eg gjera dei andre Kvendi eitrande aabruige (jalouxe). Eg vardt af Mannen førd fram til Helsing paa ei Dame, som lengi hadde vorit i Paris og var nyst komi derifraa.
«Mi ærade Dame», sagde eg daa all Fagning var færdug, «mi ærade Dame! De er hardhjartad».
«Kvi daa», sagde ho og saag paa meg med dei hugstelande Augo sine.
«De maa gjera dei andre Damur vonlause (fortvivlede) og Herrarne hugøre.»
«Kvi daa?»
«Berre denne Maaten De berer Hatten og Sultanen (ei Slags Kappe) paa er makalaus. Det er snart at sjaa, at De kjem fraa Paris.»
Mannen smilte sigersæl, og ho bøygde sit ynde fulle Hovud og slog eit Kast paa Sultanen, som beit paa meg likt det beste Vers og den reinaste Tonen. Men dermed kom ein stor Mann – Gud veit um det ikki var sjølve Kongen eller ein Prins, for eg sansade litit daa –og baud hena upp til Dans. Ho sveiv ifraa os. Nei daa skulde du hava set Sultanen! Der stod eg atter. Men so fekk eg Auga paa Drosi. For eit Livstykke og ein Barm bankande under Floret! Men der var Ingen, som kunde stella meg fram for hena. (præsentere). Eg saag paa Silkeskone hennar og paa Hovudkransen, som dei gamle Grækar paa den egyptiske Sphinxen. Men stakkar! ho hadde ikki stort af Demantar eg Perlur og Armabaand.
Det er utrulegt kvat det gjerer, naar slike Prydnadar glo af Hovud og Hals og Armar. Eit Demantlekke gneistar so du ikki gaar (merkjer) den magre Halsen, og den smale trikantade Armen verdt rund og full af eit gløsande Armband. Eit Demantband (Diadem) kring Nakke, Kvirvil (Isse) og Panne gjerer det heile Hovud som sprakande af Tankar. Alt dette saag eg vel her paa desse Ball.
Ja Kvinna er vel staut og snil
og gjæv at høyra og at sjaa.
Men fyrr ho rett kan verda gild,
som Fuglen maa ho Fjødrir faa.
Den Magt, som ei slik Dame med Fjødrir paa hever paa eit Ball eller i ein Selskabssal, er stor. Ein rik Mann, ein stor Mann, ein Adelsmann, og Kongen fyrst og fremst vil draga Folks Auga og Tankar paa seg, naar dei koma inn, og alramest, naar dei dansa; men det segjer litit dette mot den Sving, som kjem i Salen fraa den straalande Dama. Den einaste som kann likjast ihop med hena i dette skulde daa vera ein stor Spilemann straks han hever lagt ifraa seg Fela, og so ein god Songare sitjande inn med Fortepianoet. Det er Kjærleiken til desse tri utvalde Folk, som river os med seg, maa vita.
Vøre me Menn eller Feder til slike Drosir, og kjynne kaupa all den Prydnad til deim, og me daa gjønge paa Ball og søgje alt det Dramb og Drust, so føngje me god Løn for vaart Slit og Stræv. Men desværre, det er so faa af os som hava Raad til at hengja Drambet paa Drosirne sine.
Paa denne gamle Vigvollen var no bygt eit Dansarhus. Dette drøymde vist ikke dei gamle Birkibeinar um, daa dei slost her. Og dei, som dansade her no, drøymde vist heller ikki um desse gamle Slaastkjempur. Dei livde i Augneblinken, som det høver seg for Dansaren, for ellers kunde det ganga honom som meg, daa eg gjekk i Danseskule paa mine eldre Dagar, at han fekk Dansen upp i Hovudet men ikki ned i Føterne.
Det var Kvelden etter Krøningi, at denne store Dansen var her paa Ilevollen. Gutar og Gjentur vaaro komne fraa Landet vidan Veg. Krigskip laago paa Havnen, og Matrosarne, som ogsaa hadde fengit seg ein Skjenk for Krøningi, skulde inn og hava Gaman og mange af deim faa seg ein Dans med Kjærasten sin. Byens Gutar og Gjentur skulde ogso faa seg ein Dans og hava sine Stevnemøti etter alt det Gjæve dei hadde set den Dagen.
I Throndheims breide Gotur, som der ellers er audt og daudt i, var so fullt den Dagen som det stundom kan vera i Hovudstaden. Det var eit Hav af Hovud at sjaa ned igjenom fraa Trammen bygd yvir Inngangsporten til Kyrkja. Og um Kvelden var Gjeile sud mot Ilevollen ein skridande Skog af Folk. Dansesalen og alle Siderum vordo snart fulle og likeins en stor Ring framfyri Huset. Det galt um at aalboga sig frem og spita og bløygja seg gjenom Inngangi og bitala sine tolv Skilling.
Stakkars fine Folk, som berre ganga paa Stasball og soleides aldr! sjaa slike Dansar, for denne Dansen var ein folkeleg Dans mot deim, som fyrr vaaro at sjaa paa Langvik og enno paa Grønland og slike Stadar i og inn med Hovudstaden. Det gjekk vel fritt til her og; men det var som det paa ein slik Stad skulde vera. Det maa eg segja til Ros for Nidaros, at eg saag ingen Herkemuge (Pøbel) der i dette Ords vanlege Meining, iminsto ikki bland Aalmugen.
Herrarne dansade vel her ogso med Hatten paa Hovudet og Cigaren i Munnen; dei sette seg vel etter Dansen med Gjenta paa Kneet sit, og saato soleides venlegt og drukko Øl og Vin og klinkade; dei gramsade vel i Haarfletturne og ruskade so, at Gjenturne gnisade og smaaskreik med sine søte Pip; men det hadde endaa altsaman eit Lag af Folkesømd, som etter mi Meining den finaste Jomfrua kunde hava set utan at uvita (besvime).
Eg veit ikki um eg torer segja, at der small Kyss: det er so vaalyndt med den Kyssing. Poeterne gjera vel fine tærande Vers um Kyss, ja dei ganga endaa so djupt i Saki, at dei værdsetja samanliknande dei mange Slags Kyss, sosom Barnets Kyss o. s. v., og finna daa, som rimelegt er, at dei Elskandes Kyss ero dei beste, ja so utruleg gode, at alle dei andre ihop ero som inkje derimot. Me sjaa vel, at Parfolk kyssa kverandre mest etter Maten; ja me hava endaa set – mest nokre Aar sidan i Smaabyar og paa Landet – at Trulovede hava kyst kverandre i Selskab og paa Ball. Det var just fint dette! Men endaa torer – vil – eg ikki skriva um, at Guten kyste Kjærasten sin der paa Ilevollen, liksolitet som eg vilde kyssa min, naar Folk saag paa det. Philosophen Diogenes tok alt meir opit og beint fram, han, um Boki er truande. Men Engelskmannen gjenger paa den andre Kanten so vidt, at han segjer a gentleman never spits (ein Gentlemann spyter aldri). Han maa vel etter dette eigong koma so langt som Katten, at han eter og drikker (lepjar) i Løyndom.
Diktararne hava havt den Vanen at gjere arme Folk meir kjærleiksfulle enn rike. Og Menn, som vel kunna koma paa slik ein Dans, som her ut paa Ilevollen, men ikke paa Stasball, dei segja, at paa slike Dansehus er Naturen meir fri og poetisk enn paa gjæve Dansehus, der alt er kaldt og stivt. Etter mi Røynd (Erfaring) er Naturen den sama paa baade desse Dansesalar, som det ogso maa vera, daa det er Folk med sama Slags Hugkjenning paa den eine Staden som den andre; der er berre ein Skilnad i Maaten at snu og venda seg paa. Matrosen paa St. Olaf kjem inn i Dansesalen med bikutte Nevar – det er ikki so godt at tvaa af Bikit i Hast – han kjem med ein Hat paa Snurr, som der med store Bokstavar stender St. Olaf paa; han kjem med ei blaa Matrosskyrte og kvite Brøker med eit Belte kring Livet; det blakar med Baand kring Hatten og af Kragen; han floksar og sveiver Gjenta si, som ogso er gloande med Bordir og Baand paa sin Maate, og han gjever ein stor Svolk fraa Landet eit Slag under Øyra, som kjem og vil taka Gjenta fraa honom. Han slæst no um Gjenta si paa den Visen med snaude Neven han, medan Hesten biter og spenner – det sama gjerer ogso tidt ein slik Gut – Mus og slike Dyr alt upp til Løva bita og klora, so dei Stridande liggja daude ved Sida af den stolte Kjærasten sin; ja Smaasporvarne slaast endaa um det sama, og Hanarne er det no aldri rødande um, for det er reint fine Herrar paa Ball det med Kambar og Sporar og og ridderleg Niging og Skraping. Og slaast dei, so er det Paa sama Riddarvis. Det er Einvig (Duel) af det adelegaste Slag. Det er reint Fransk med Hanen (gallus), som ogso likjest Herføraren mest i Klædebunad og Maaten at standa og ganga paa. Eg saag ogso mangei
Gullhøne
paa dei straalande Krøningsball, ja eg hadde endaa liksom Fullmagt til at fri til den eine for ein stor Odalsmann, som var skuldig det meste paa Herresætet sit og derfor just trengde til ein ovrik Make. Han trudde paa meg, for han viste, at eg ikki hadde slikt eit stort Odalsgods at løysa inn atter. Eg spøkte vel med honom og minte um den Kongen, som sende ut ein Mann til at fri for seg, og som tok Brudri for sin eigen Munn. Men dette var Gjentas Skuld; for daa Sendemannen kom med sit Bodord, so spurde ho, um han, som fridde for Andre, aldri hadde gjort det for seg sjølv, og da han svarede Nei, spurde ho, um han ikki vilde prøva paa det. «De kann prøva med meg», sagde ho. «Aa, ja, kvifyr ikki det», meinte Sendemannen. Og so freistade han, og –Ja fekk han med fyrste Ordet. Det er ei likso lang som forvitneleg (interessant) Sogu dette; men daa eg ikki kan taka meir enn eg hever Bruk for, maa jeg fortelja, korleides det gjekk meg som Bedlegut.
Det var ein vand Fugl at fanga dette, for der hadde mangein Mann sett ut Snara si. Straks ho var vaksi, skulde ho som ei so rik Gjente gjera ei Ferd utanlands. Det vardt altid spurt dit ho kom paa Vegen, og dei fine Herrarne gjorde seg daa alle dei Erind, som til var, for at raaka og helsa paa denne gjæve Fuglen, og gjera seg elskelege. Dei flaug etter hena alt til Paris. Og bland desse var ogso ein mykit gild Mann, men som var snaud i Skolten. Daa han hadde leigt Klædi, so han kunde koma i so godt Selskap, sagde Sendemannen (Ministeren) der, at han fyrst og fremst maatte faa seg ein ny Paryk. Han var smaasaar, for det um han sat i eit godt Embætte; men daa her var mange Pengar at vinna, so kaupte han Parykken. Men han fekk inkje for Parykken sin, den Kroken.
Det er underlegt med slike Gullhøner: dei verda aldri for gamle for dei unge spræke Gutarne. Til eldre dei ero, til betre er det mest, for so kann Mannen gifta seg atter med ei ung og rik ei, naar han fyrst hever vorit ute Paa Vikingeferd og gjort det af med ei slik aldrande ei. Og daa fyrst verda dei velbyrde Menn og so kjærleiksfulle, at dei kunna ikki dansa med nokor onnor Dame. So segja dei sjølve med den unge Duva.
Da eg var Erendsvein, maatte eg ganga fint til Verks. Eg talade med Folk um denne Gullhøna. Eg slog, som det heiter, paa Skaaki og meinte Merri. Det fyrste var at faa vita, um ho som slike eldre Kvendi tidt ero, var eit Hengehovud, for eg kjenner ein Mann, som gjorde si Lykke med at lesa og beda med Moderi, som var af desse sokallade Heilage. Ja, han las og han las, og kaupte Trudomsbøker og talade um, at Giftarmaal verda afgjorde i Himilen, alt til Moderi trudde, at denne aldrande lauslivde (utsvævende) Mannen var ein sann Gudsfugl, som det maatte vera Guds Vilje vardt Maagen hennar. Han fekk den unge rike Gjenta for dette han.
Daa det no ikki var for meg sjølv, men ein annan eg skulde fri, so kunde eg vel hava sagt, at det var ein Mann med fast Tru, for Mannen trur alt det, som til er og vel so det. Naar Livet som i slike Tilfelli gjeng ut paa Fehandel, so maa iminsto ein Fullmægtig bruka dei aalgjengelege Handelsknip.
Men eg vardt ikki fyrivis paa mi Dames Huglynde, og eg fekk bruka min Revagivnad (diplomatiske Talent).
Daa eg skulde paa det Ball der ho ogsaa vist var, stelte eg meg til paa det beste baadi ute og inne. Det fyrste eg tenkte paa var at laga det so, at ein Mann eg kjende, og som var i hennar Ætt, kunde syna meg frem for hena. No ja, det gjekk godt: me tvo komo i Samtal, drukko med kverandre, trengde os fram millom Kongelege og stodo snart fram med Fuglen.
Det maatte hava vorit for Rikdomen, um so var, skulde eg her hava ordat um meg; eg drog meg tilbaka endaa eg berre var Bedlegut, for eg saag Drosi der burt med Spegilen millom Blomar, og daa eg saag hena, vilde eg ikki synda mot dette Mønstret ved at gjera Krus for ein Skapnad, som so mange hundrad Stakkarar slogsade ikring som soltne Ravnar. Eg drog ein Sukk; men fann det viist og godt i Livet, at ikki eit Menneskje hever alle gode Ting.
Ein vardt rik, og væn vardt Ein,
og Ein fekk fagert Mæle,
og Himlens Aand i Andre skein,
og so vardt Alle sæle.
Odalsmannen, daa eg sidan gjorde Greide for mi Fremferd, sagde: «Aa ja, men ho hadde altid vorit god nok, for du veit, at ein Mann so røynd i Livet som eg ikki spurde etter annat enn Pengarne.» Ver tilfreds, meinte eg; ho finner nok Maken sin af sama Slaget som du, for det er Lagnaden aat slike Gullhønur, at Giftarmaalet verdt eit Kræmarhus.
For at mæla eit Ord um Nidaros i Samband med denne Tanken, so var det mi Røynd, at det var stelt mykit godt og vist der, for rike Gjentur vaaro ljote, og Gjentur, som inkje aatte, fagre; ja det tyktest endaa at ganga i ein Stige upp- og nedetter, alt som der var meir eller mindre af det eine eller det andre Slaget. Det er ein sann Mønsterby med benne Rett og Rett ferd. Og daa eg spurde unge Lieutenanter, som altid best vita, kvat Natur der er i den store Mengd af desse Damur, svarade dei med fransk Finleike: C'est dames honnêtes mais faibles.
var der mange af i Throndheim til Krøningi. Og naar me møttest der, so vaaro me som Landsmenn komne til eit annat Land, so at Folk, som sjeldan rødde med kverandre i Christiania, vaaro her som dei beste gamle Kjenningar. Ja, det var endaa slikt, at Herrarne talade meir fritt og kjennt til Damur, enn dei torde hava gjort i Heimbyen sin. Det er ogso langt imillom desse Byarne. Det var derfor heller inkje so stort Under, at Nordanfjølls og Sunnanfjølls i gamle Dagar var liksom kver sit Rike, og det endaa lengi etter, at det var samlat til eit.
Det varde ellers ikki lengi, fyrr me Hovudstadsfolk fann os meir heime her nord, for me raakade her og der paa Folk, som ero heime yvir den heile Jord, af di dei hava lært det meste og beste af den menneskjelege Kunskap. Og so raakade me paa Kunstnarer af mange Slag, som ogso tidt sjaa rett vidt ikring seg. Og so var det ellers Kjenningar og upplyste Folk, som me komo i Samlag med, so me snart funno os liksom heime, liksom me ogso snart livde os inn i eit og annat sermerkt for denne Byen, sosom at ein Dram her berre kostade tvo Skilling; for denne Skuld raadde derfor Folk, som hadde vorit her tvo tri Dagar, deim, som etter komo, at det var ringaste Kosten at liva her af Snapsar og Smørbraud. Men daa faae selde Brennevin, so var det betre at kaupa seg ei Flaske «Lysholmer» og setja inn i Forfriskingshus (Restaurationer, Caffeer) og merkja hena med eit No. So kunde han koma atter og taka Kjenningar med seg og drikka og drikka af ei Flaske, som aldri traut, og det paa Stadar, der Folket ikki maatte selja Brennevin. Men so bitalade me tvo Skilling Drammen til Skjenkegjenta for Umaken. Det var Byens Skikk dette, so der i kvert slikt Forfriskingshus og Samlagshus (Clubber) stodo Radir med slike merkte Flaskur. Soleides møta Folk Brennevinsforbod. Der var ikki somykit Storthingspunsch der som i Christiania Heilagkveldar og paa Stadar, der ingen Brennevinsret er. Det er Vinpunsch af Franskbrennevin dette, som heiter so, og som so mangein ærleg Storthingsmann drikker, afdi han segjer med Paulus, at Logi berre er til for dei Urettferduge.
Skulde eg gjera nokot Skilmark millom os fraa Hovudstaden og dei andre Byfolk, so maatte det største vera det, at me lettare sjaa kver Ting liksom med ei Dubbelsyn; me sjaa med eit Augnekast liksom Retta og Vranga paa Livsens Vev, soleides at me lettare kunna liksom graata med det eine Augat eg læ med det andre. Det er ogso denne Dubbelsyn som mange af vaare betre Fjøllfolk hava so merkjelegt af Naturen. Det er likeins denne Dubbelsyn, som gjenger igjenom Holbergs og Wessels beste Skriftir, og som gjerer desse tvo Menn so norske. I Hovudstaden, der Landsens største Tankemengd er i Umlaup – liksom Pengemengd – der maa ogso denne Tvisyn verda meir skjerpt sjølv i Folk, som af Naturen ikki hava stor Givnad til det. Der er mange der ogso, forstender seg, og det dei fleste, som ingenting sjaa; og so er der mange, som berre sjaa Vranga, og so er det some, som sjaa Retta.
No var det vel likeins so, at det for det meste var slinke Folk, som komo med til Krøningi, anten som Kongsraadar og Professorar og Diktarar eller som Songarar, ja endaa som Heroldar.
Eg vil taka fraa Toppen for at visa denne Tvisyn. No var det vist so, at kver Mann, som hadde med Krøningi at gjera, maatte taka dette som ei Riksgjerning og paa den Maaten leggja det sømelege Aalvor i Leiken; men den, som betre kjende desse Herrar, saag ogso, at dei gjorde alt med en fin Smil, som synte paa Baktanken. Da eg stod med Kjenningar paa Trammen yvir Inngangsporten til Domkyrkja, og Krøningsferdi kom dragande, saago me mange af desse vyrdnadsfulle Herrar i sin gloande Riksbunad og berande Kongens Merki paa ein eller annan Maate at skjegla med Augom og skjeiva med Munnen upp til os liksom dei skulde segja: «De maa ikki tru det, at me ero blinde for Komedien, for det um me ganga strunke eg stive og spila so stort med sjølve.»
Heroldarne vaaro endaa verst farne. Det var med Naud at dei kunde halda seg fraa at læ. Dei torde liksom ikki sjaa paa kjende Folk, for dei hadde speglat seg, so dei vel viste, kor afskapte dei saago ut. Dei sjølve og me Kjenningarne kallade deim «Tyrolere», af di dei saago ut som slike umfarande Songarar og Harpespilarar. Og Huset, dei budde i, gjekk under Navn af «Tyrolerhotellet». Kammarherrarne og slike af denne yngre Slekt smilte fint aat sin ellers fagre Klædebunad og aat den Tenesta, som det laag i deira Umbod at gjera.
Der var berre ein einaste Mann bland alle desse, som ikki hadde denne Dubbelsyn. Han tok det altsaman i Kyrkjestilen han. Han var gripen af Storleiken i si Stilling, og vilde for den Skuld, at ogso andre skulde vera gripne af det sama og sjaa Stormannen i honom. Han talade um Hatten sin og Bukselistarne liksom det skulde gjelda Land og Riki. Han svor ved Lykilen bak liksom Thor i gamle Dagar ved Hamaren sin. Arme Mannen, han vardt mest upphengd af Kjenningarne sine. Men Lykka var no den, at han ikki hadde somykit Vit, at han forstod det alt, for den som er blind paa eit Vis er det ogso paa det andre, maa vita.
Ja, det var i Sanning ei Hird, som Kongen kunde lita paa, for han var fylgd af Aandir. Det var Gutar, som ikki skulde vera ufine med Haand eller Munn mot Kongen sin. Bland deim skulde ikki Prinsarne verda tyngde paa som i svenske Tidender f. E. Det Heile var skapt um i Synskverving (Illusion). Naar nokon sagde: «so og so skulde det vera, det og det skulde vera gjort», so vardt han møtt med eit Hyss! medan ein Annan sagde: «godt nok! gamle aflagde Greidur! Folkets Lagnad henger Gud ske Lov i nokot annat og fastare no!» Eg hever aldri so klaart set, at me var eit Folk, som var mogit til at styra seg sjølv. At sjaa slike tvisynte Menn styra Rikit, og vita alle dei Upplyste Landet ikring med den sama Syn, dette gav meg den store stolte Tru, at eit slikt Folk kann vera so litet og armt det vera vil, ein Træl verdt det aldri, fyrr det misser dette sit eine Auga, som daa ikki likt Odins er pantat burt for Visdom.
Um Krøningspoetarne ogso hadde denne Tvisyn, skal eg ikki segja for vist, iminsto saag eg ikki nokot til det i Dikti deira. Den eine var no ogso nøydd til at taka det i Kyrkjestilen. Annat vilde hava vorit usømelegt paa den Staden, endaa han kunde hava lagt det liksom i ein annan Tone og ikki smurt so tykt paa af denne Salving, sidan ikki eigong sjølve Bispen gjorde det. Det kunde istaden hava vorit aandrikt og dikterisk gripande. Det vere ellers langt fraa meg at lasta desse Dikt; dei vaaro gode paa si Vis allesaman. Eg vilde berre her tala litt um Poetarne i denne Samanheng. Dei skulle no altid setja si Tid i Historiens Gapestokk, dei stakkar. Med alt det me lesa um Romarfolkets Afguding af sine Keisarar, faa me endaa ikki den rette Tanken um Storleiken af all denne Trældomen, fyrr me lesa Horats's Songir til Pris for Augustus, for me tenkja: «naar Rikets største Diktare var slik ein Slave, kvat maatte daa ikki det andre arme Folk vera!» Denne sama Trældom og Afguding sjaa me ned igjenom Historia af dei nyare Rike, f. Ex. Racine under Ludvig den XIV og Dryden under Carl den 2den. Og i Danmark daa? Det er ikki so lengi sidan det vardt diktat ei «Jubelhymne i Anledning af at Hans Kongelige Høihed Arveprindsen lykkelig havde overstaaet Kokoppe-Indpodningen.» Og no hjaa os daa? Kvat er det ikki for Usans Wergeland hever diktat um Konge og Dronning? Og det var ein Poet her som i et Takkesong til Kong Oscar for han sette Kronprinsen til Vicekonge, sagde med den bibelske Talemaaten: «han gav os sin Søn.»
Men det hever vel vorit so i dei andre Riki som her, at dei Upplyste og Tenkjande lo aat desse Poetar, og gjorde deim til det, som dei i Grunnen altid hava vorit: til Hofnarr. Og Kongarne sjølve gjorde deim vist ikki minst til dette sama.
Dette er daa kanskje likevel ein altfor hard Dom. Poeten kann ikki lett visa denne Dubbelsyn, som her er umrødt, utan at hans Dikt verdt utlagt som spottande, naar kloke Folk lesa millom Radirne og Ordimillom. Poeten maa altso skruva seg upp til eit himilstigande Aalvor, og naar daa Versestilen kjem til dette, ser det heile ut so stort og truande og trulegt, at det er som til ein Gud, berre ein liten stakkars Barnsunge skal til Kyrkje. Goethe skulde eigong skriva ei Daapsong for det fyrstelege Barnet; men han fekk det ikki til paa den Vis han vilde; so bad han Schiller gjera det: han sat uppe heile Notti og drakk Champagne, og endaa vilde det ikki ganga for honom heller. Sanne Diktarar kunna ikki vera Hofpoetar, utan at deira Dikt meir verda fine Spottedikt enn Lovdikt. Shakspeare var sovidt eg veit heller ingen Hofpoet. «Den Spottegauken!» sagde Dronning Elisabeth, som var van til sine smaklause Afgudsdyrkarar; «men han er so lærerik og løgleg, at det er raadlaust at vera honom forutan.» – Det var Gut, som hadde Tvisyn, det.
Med dette eg her hever skrivit, skal ellers ingen Mann tru at anten eg eller desse tvisynte Menn, eg hever talet um, hadde nokot imot Krøningi. Landsens Pengar foro vel til dette Samlag af norske og svenske og andre Menn. Det vardt mykit upplyst og mykit rettat paa ved denne staute Samkoma. Ja sjølve den Kunskab, som me Sunnanfjøllske fingo um dette Nordanfjøllske, sjølv denne var vel værd Kostnaden. Og um me ikki toko sjølve Krøningi i den gamle Barnemeining, so lagde me ei Meining i denne Fest, som varer lengr, og er meir gagnleg baadi for Konge og Folk. Det er daarlegt at føra Strid mot slike gamle Ting. Det sjaa me ogso at Engelskmannen heller aldri gjerer. Denne gamle Tilbunaden kann vera gagnleg enno frametter for dei Faakunnige og Faavise, og dei Kloke hengja all denne aflagde Klædebunad paa Kunskapen sin, og faa med dette fram ein Skapnad, som just hever denne flirande Dubbelsyn. Det er Mannen det, som veit at fara med Aalvor og Løgi til rette Tid, og blanda desse ihop, so me skjelva millom Laatten og Graaten. Det er dette, som i Kunstmaalet heiter Humor. Og denne gamaldagse ytre Tilbunaden, hengd ikring den nyare tvieggjade Aand, heiter ogsaa Anachronisme. Mi sæle Tid i Nidaros var eit Gjæstebod millom Humor og Anachronisme. Til dette Gjæstebod kunde eg hava bodit dei gamle Gudar med meg, dersom eg hadde trutt paa deim. Men eg var ihop med livslivende Aandir og det var betre, for dei Gamle, so vise dei vaaro, kjende knapt til denne Humor, korkje her eller i Grækarland og Rom, endaa det vel altid um enn mindre klaart hever vorit i den beste Mannatanken som i Havet, at den eine Straumen gjenger Aust ned med Botnen og den andre Vest upp mot Dagen. Det rotnar ikke daa.
Det var so utruleg smaae Menn mest allesaman, at det saag ut som eit Sendelag fraa Dvergeheimen og ikki fraa det norske Folk. Dei store Menn saato heime, fordi dei ikki hadde den rette Tru, og dei, som her for Folket skulde møta Kongen sin, maatte vera rettruande, maa vita, anten Storleiken var so eller so, for det er ikki no, som daa Folkets Udsendingar i gamle Dagar møtte Kongarne sine, at der fyrst og fremst vardt spurt etter Karlstykki, anten det no var slikt eller slikt med Vitit og Kunskapen.
Mit gode gamle norske Folk
eg knapt deg atter kjenner:
Fyrr sende Kjæmpur du som Tolk,
og Dvergar no du sender.
Kongsraadarne vaaro mykit større, ja endaa Kammerherrarne og Heroldarne i Brøkerne sine. At dei hadde finare Folkeskikk, er nokot som maa segja seg sjølv. Det var i Storleiken Folkets Menn skulde hava Munen sin. Men endaa var der Ljod i veslom Skrove, som det heiter, for den eine af desse Smaafolk helt ei Tale um den norske Kjæmpeaand, dei snjoklædde Fjøll og det frodande Hav, som det skulde hava vorit ein Poet i den fyrre Mannsaldren. Eg vardt vel stolt af Mannen min, men kunde ikki annat enn finna det for utslitit.
Fraa Sverike var sendt større Folk. Den, som saag desse tvo Sendelag sette mot kverandre, kunde aldri tvila um, kven som maatte vinna. Dette var ikki hugsamt for os Norske etter den stormande Vetren, daa some Tidender baadi her og i Sverike ikki so smaatt endaa ordade ut um seg med Slagsmaal, og ein Poet endaa skreiv eit Slagsmaalsvise. Og minst hugsamt var det her i Nidaros, der du fraa kver Jordflekken kann mana upp gamle Kjæmpur og med kver Gatesteinen tala um Slagsmaal. Byen var vel ikki steinsett endaa, men der burt i Kleivarne, som Steinen er komen ifraa, var Stridarne likso varme.
Men paa Vyrdnaden sin helt Sendelaget fast. Kongen opnade Salarne sine for mange Gjæstir, ja endaa for Tidendeskrivarar, som Kongarne sjeldan hava likat, medan Sendelaget, som skulde framsyna det opne Folk og Riksskipnaden, som krever Ljos til Alting, det stengde seg inne liksom det aalkjende Forbetringslag («Reformforening») ifjor. «Her er mine Dyr», sagde eg atter med Robin Hood. Dette visar ogso Fridomen slike Karlar vilde gjeva os naar dei fingo Magti. Men, «den kollutte Ku fær aldri Horn».
Daa eg fekk høyra, at Ingen annan enn Matmusiken skulde faa koma inn i det fyrste Laget, som Sendelaget gjorde for Sendelaget fraa den svenske Riksdagen, daa sende eg Bod til Ordføraren, um eg ikki fekk Lov til at koma inn paa Trevet (Galleriet) i ein Afkrok, der Ingen kunde sjaa meg, og der høyra paa Talurne. Men Værten Kaupmann K... svarade for Gjæsten sin, komande vist ihug daa han var med i «Reformforeningi»: «Hels Vinje at han no er i Throndheim!»
«Det skal vel segja», svarade eg, «at eg no er i den Kraakekroken, der Folk kunna stengja seg inne med Daarskapen sin.»
Eg sende Bod tilbake, at eg gjekk med Rikets Grunnlog i Handi, og dersom nokon torde stengja meg ute, skulde me talast med um den Ting; for det var Rikskassa, som gjorde Laget, og Folk hadde Ret til at høyra det, som vardt sagt i dette Lag, naar Ingen trengde seg fram, men sat so, at han var usedd.
Jau, eg slapp inn og fleire med meg, som hadde fengit vist um dette Ingangsteiknet mit. Sidan helsade eg K … «saag du um eg var i Throndheim?
Musikken slapp inn og Songararne likeins. Desse Songarar vaaro Candidatar og Komedispilarar og slike Folk, som fraa Hovudstaden vaaro forskrivne til all denne Vigsel. Og her visar Sendelaget si gjæve Stilling ved at lata desse Folk sitja uppaa Baasen med Matmusikken som andre bitalade Tenarar, og ikki – sovidt eg kunde sjaa – faa annat enn det stolte Synet af dette gilde Lag. Men mange af desse Menn, som ved næste Krøning sitja i Herresætet og kunna meir alt no enn dei fleste, som i Laget saato, dei sungo vel ut som velupplærde Folk, men ved næste Lag vilde dei ikki vera med. All Bøn hjelpte ikki. Slik Synd mot all Folkeskikk maatte faa si Refsing paa den einaste rette Maaten, for det var for sine Folk til at koma med Kjæremaal.
No kanskje Lesaren ventar mi Meining um alle Talurne. Men det kann eg ikki gjera utan at navngjeva Folk, og det hever eg fyrisett meg, at eg ikki vil gjera i desse Ferdaminni, naar eg ikki kan rosa Mannen, og det ikki som Haakonstad'en er ein historisk Mann. Og rosa desse Talurne kann eg umogelegt. Det var Talur til Husbruk, som slike plaga vera, altso gode nok, slike som kver skikkeleg Mann kan gjera etter, naar han kjenner dei gjengelege Talemaatar, og kann slaa desse ihop til ein Vev. So mykit maa han altid hava lært at veva. Det er derfor ikki so lett endaa. Men derfor var det ogso her Nationens utvalde Menn.
Sendelaget stod, som sagt, paa Æreprikken sin. Det var soleides paa eit af desse store Bal, Ein af deim kom til meg og klagade yvir, at der ikki vardt gjort Plas under Maaltidet inn med Kongens Bord for honom, og det verste var for Dama hans, ein nær Skylding til ein af dei største i Sendelaget. Unge Lieutenanter og slike toko Mat paa Bordet framfyri Hovudet henar. «Er det ikki skamlegt?» – «Jau», meinte eg. «Der kann Folk sjaa, kvat slike unge Framslengingar vyrda Folkemagti. Det gjelder derfor at vera «oppositionel». Men dei visste vel ikki i all den Mengd og Myrja, kvat det var for store Folk dei vanvyrde. Hadde Kongen set dikkor, so hadde han vist risit upft af Stolen sjølv og bodit dikkor at sitja ned».
Han bles i Nosi som ein liten Kval og gjekk ifraa meg.
Det maa vel vera for eg er stolt af det, at Federlandet eiger slike Riksstellarar, veit eg; men eg kjem altid i sligt eit Lote (Humeur), naar eg raakar paa desse «Oppositionsheltar», anten det no er som her i Throndheim eller i Hovudstaden ved Storthinget; eg kjem i slikt eit Lote, at eg aldri kann tala eit aalvorsamt Ord, men finner paa dei største Heimløysur, som naar eg leikar med livfulle Smaaborn.
Eg møtte ein Dag i Gata sogodtsom dette heile Sendelaget. Me rødde daa um Throndheim og um at denne Byen var open og rum og slett og vel lagd. «Ja», sagde daa den eine, «eg trur, at me maa flytja Storthinget her nord!»
«Nei Takk, Gutar», svarade eg, «de (I) skulle somenn vera i Hovudstaden, for at me kunna hava dikkor under Kniven. Det veit Ingen, kvat de kunde finna paa, naar de laago her i denne Afkroken, der so Faae kunde gjæta dikkor.»
Eg fekk ikki Tid daa til at leggja dette til, at Landsens lærde Ungdom og Bondens Bodberarar fraa Landet ikring bør vera somykit saman som mogelegt og læra af kverandre. Men eg torer ikki raada yngre Bokmenn til at vera so fritalande som eg er. Eg billar meg liksom inn at hava ein Rett til dette framifraa, eg, afdi eg sjølv er ein gamal Bondemann og strævar so for Bondens Tungemaal, at eg ikki lett kann verda mistenkt for at vera ufolkeleg og ufri. Eg rettar derfor liksom paa mine eigne Systkyn.
Naar du stender upp i Steinberget og ser ned paa Byen, so ringar Nidelvi seg paa øvre Sida og Fjorden paa nedre, so Bygrunnen ser ut som ei Pylse med Iletangen som Hals. Skulde dette Bilæte vera for stygt, kann eg segja, at Byen ser ut som eit Hjarta. Etter den gamle Maaten at føra Krig paa var denne granne Hjarterot lett at forsvara som Ingang; men no er det ikki so. Daa me komo til at tala um Banken, som ligger der i Byen, meinte eg, at eg med eit Krigsskip som St. Olaf skulde taka By og Bank og altsaman. Var der somange Hermenn, at det ikki var trygt at landsetja eit Par Kanonur ut paa Byneset eller nord paa Hladehamaren og kjøyra desse uppaa Bergkullarne ikring Byen og skjota ned paa Hovudet hans, so skulde eg ifraa Fjorden kasta Bombur inn og daa under Branden senda inn Folk forat taka Sylvet. Nidarholmen, som ligger der ut i Viki, er ingen fast Mann, endaa der er Murar og Kanonur. Men han er so liten at berre eit Fregatskip hever fleire Kanonur at stella paa ein einaste Stad. So totte eg, men daa eg ingen Herførare er, so vil eg ikki antra (disputere) um desse Ting. Daa eg gjekk ikringom Banken og saag honom so fast murat og med sterkt Jarnsprinkel i Gluggi, daa sagde eg med det gamle Ord: «Dette er Laas for Leskreppe» (Leder-). Den som Kniven hever, skjerer Hol paa og lær aat Laasen.
Ja, Nidarholmen, det var sannt det. Kunde desse Skjer tala, sagde eg, daa eg var der ute, so vilde baadi eg og du faa vita meir enn me hadde godt af. Men Griffenfeldts Rum er murat atter eller umgjort. Der var ein Styrismann paa Nidarholmen ikring tretti Aar sidan, som vilde faa eit koseligt Rum, og som for det gav gamle Minni ein god Dag. Aa, ja det var Minni um
ei Tid, som ikki tolde sjaa,
det lyste i den myrke Krok,
og trudde alt som Borni smaa
og drap den Mann, som var for klok.
Eit Lands Histori er tidt samlad paa ein liten Flekk. So med Nidarholmen. I den eldste Tid var der vist ville Draap og truleg sidan Rettarstad; i ei seinare Tid Fangehus for Riksfangar og i ei nyare Tid for Rikets Reikenskapsmenn (Fogder), som ikki kunde svara for seg. Alt er myrkt paa sit Vis, og det lyser ikki paa den kvitaste Prikken det at sjaa Rum, der Reikenskapsmenn saato innestengde som dei verste Illgjerningsmenn for dei kanskje ikki kunde føra det Reikenskap, som Riksstyret sjølv hadde sett deim til.
Der er synt til mange fagre Kantar fraa Nidarholmen: beint inn er Byen og uppigjenom den rike Nidardal, til Vinstre er Hlade med Gardarne ikring og der uppaa Bergkollen inn mot Byen den stakkars mest atterlagde Festningen Christianstein, og mot Høgre inn paa Bergryggen stinger Bergkollen seg upp som ein Hattekoll, den som Sverresborg laag paa. Nidaros med alle Gardar og Bylykkjur i Strinden, liggjande som ein Halvring derikring, ser baadi rik og fager ut. Men der er snaudt og fjøllslegt paa Bergkullarne ikringum og daa mest paa søndre Sida; der er Vedaløyse og Rape (Dvergbjørk) liksom kring ein Fjøllsæter tvo tusind Fot yvir Havet Sunnanfjølls. Der var so fjøllsnaudt, at eg fraus berre af at sjaa ikring meg. Kulden siger nærare og nærare ned mot Havet, til lengr det berer nordetter fraa Middagssoli, alt til det verdt Ishav. Og her er det øynt paa Gras- og Trevokstren ned mot Sjøen, at du er komen lengr nord med Ishætta nærare ned mot Hovudet dit.
Der er soleides ikki liksom so varmt og koselegt i Nidaros som i ein By Sunnanfjølls, endaa Soli laag tung som varmt Bly paa denne Sandøyri.
Ja denne Sandøyri – der det gamle Øyrathing stod – er ein æreværdug Plass. I den heile gamle Verd er det berre Torget i Athen og Rom (forum) som kann setjast ved Sida. Daa Folk vilde at eg i eit litit Lag skulde halda ei Tale til Throndheims Pris, sagde eg: «Eg likar ikki desse store Skrøytetalur; men stolt er eg af at vera komen sitjande paa den tridje Plass i Verdi. Athen og forum Romanum er No. ein og tvo og No. tri er Øyrathing, dersom eg hever lesit dei gamle Folks Histori rett. Men me skulle ikki syrgja, for der no stender Tollbud og andre Varehus: det er det einaste Liv, som Plassen no kann brukast til, etterat Folkets indre og ytre Liv er so umgjort til det Gode. Det er betre at stiga i Land paa Øyri no fraa Eimbaaten og sjaa so gilde Toldarar (her bukkade eg med Glaset til ein Toldare) – og sjaa staute Herrar (med eit Buk til deim) og straalande Damer (eit djupt Buk til desse); det er betre dette enn at koma trøytt og sliten af Roingi fraa eit Langskip og vera rædd alle dei mordske Folk, som larmade og bankade paa sine Skjold. Og eg vil heller sjaa ei slik Krøning som denne enn den unge Konge boren paa Skjoldi liksom i ein Barneleik. Her var sterkt og tidt villt daa; men her var ogso stor Gaman og vist større Rikdom enn no, so rikt som enno Throndheim er kjend for at vera (eit Buk til den rikaste i Laget), for dei gamle Vikingar tente vist meir paa sine Røvarferdir enn de no gjera paa Lofotfisket, endaa de ero vist Vikingar de og, sovidt den Slags Ferd no kann brukast. Kver Handelsmann maa vera Viking paa sit Vis, skal han tena nokot som er. De kunna vera byrge, gode Nidarosingar, for det de bu paa denne gamle adelege Vikingstaden; det er fraa Vikingtidi den gamle og derfor gode Adel skriver seg. Men her i Byen er vist ikki stort atter af den gamle Vikingætt. Det er Ættir af Krambudgutar fraa Flensborg, som er dei støste Handelshus no baade her og i dei fleste Byar. Det visar dei tyske Novn. Og Folk ifraa andre Kantar af Riket, mest sunnanfjølls fraa er dei beste jordbrukande og framtenkjande Menn her ikring Daa desse gamle Nidarosingar ikki lenger kunde vera Vikingar, seig dei ned i Svevn og Armodsdom, so det ser ut til, at dei maatte verda uppkveikte af nye Ættir, som komo fraa meir upplyste Riki. Der maatte nytt Blod inn i denne liksom utlivde Mannen, eller kanskje rettare, han maatte som ein gamal Støvel verda forføtt. Eg kjenner det gamle Skaftet atter i Skytsbøndar og Gardemenn i Bygdarne herikring. Det helder nok ut fleire Forføtingar dette Skaftet o.s.v. o.s.v.»
Throndheim kann aldri verda nokon mykit større By enn han alt er, for um Landet kjem seg aldri somykit so er det eit for litit Strok til Uppland. Derimot maa dei andre Smaabyar og Strandstadar kring Fjorden veksa, ettersom Landet i Dalføri derikring koma seg, og Folk læra at handla paa rette Maaten. Orkedalsøyri og Gaulosen maa koma seg. Stjordalsøyri maa ogso koma seg og Livanger og Steinkjer likeins veksa. Livanger maa no paa ein Maate verda flutt ei Mil lengr nord til Værdalsøyri, naar der eigong verdt lagd Jarnveg derifraa og innigjenom Jemteland mot Øystersjøen. Det er der Vegen maa liggja, for der er laaglendt og tykkare Bygdir med det rike og fagre Innherad som Utgang. Paa denne Vegen maa me tenkja baadi for Smaahandelens Skuld, og for i ein Fart at kunna kasta vaar Krigsmagt i Ryggen paa ein Fiende, som kunde finna paa at ganga mot Stokholm. Den sokallade Størensbanen fraa Throndheim er inkje tes til annat enn til eit Vitnemaal um det rike Storthing 1857, som bygde Vegir baadi af Jarn og Stein gjenom Øydemarkir; og so er denne Vegen eit ævelegt Vitnemaal um at Throndheim ikki spurde etter Visdom i Riksstyring og Gagn for Landet, berre det sjølv fekk ein liten Bate no under Bygnaden, sosom at faa selja litit meir Kaffe. Men det kjem ikki til at ganga Byen i Lengdi, for anten maa dei gode Thrønder sjølve halda Vegen i Stand, eller ogso verdt han lagd ned, naar han hever kostat Landet so og so mange Millioner. For yvir dei haage Fjøll og ovne (spredte) Bygdir kann han aldri komn inn i Sverike. Og sjølve Formannskapet i Røyros, som ligger i den eine Enden af Vegen, sagde, at det ikki kjærade seg um honom. Nei, det var Formannskapet i Throndheim, som gjorde det, daa Storthinget ikki vilde taka sine Ord atter, som det vist burde hava gjort, etterat det var betre upplyst baadi um Landsens Raad og Vegens Ugagn. Etter denna Prøva vilde det vist ikki Vera klokt at gjeva dei gode Nidarosingar større Magt i Riksstyret enn godt gjerer.
Det er ikki underlegt med det, at sjølve Kong Sverre hadde alt funnit ut, at dei gode Thrønder vaaro tilbøygde til
berre at sjaa paa seg sjølv og sit
og gløyma Landet og Folket hit.
Det er med deim, som Skalden kvad, sagde han:
Den munnfagre Inngun eg etlar aat meg
so kann Magnus og Sverre kver syta for seg.
Det er rike Ættir i Throndheim, og det er inkje litit Merke paa Stakkarsdomen, dei gamle Thrønder hava sigit ned til, at sume Ættir kunde slaa seg so stort upp paa ein Stad, der Handelen ikki meir kann drivast i det Store. Det var nye innkomne eller uppblandade Ættir som visste at taka Tak i Armodsdomen. Den gamle Angellske Rikdomen tyder godt den late og armodslege Tilstand i Thrøndelag og Nordland. Men no kjem mykit af denne Rikdomen til Landsens Gagn atter i Latinskulen, Vitenskapsselskapet og den store Fatikhjælp; endaa Folk sagde, at Byen berre hever Skade af denne, for alt det Skrap, som finnst, kjem no til Byen for at liva af desse rike Gaavurne. Men Skrapet maa ogso liva einstad.
Den Tid var der endaa rikare Gjentur i Thrond heim enn no, eg derfor kom der ogso Friarar alt uppifraa Kaupenhavn, som daa var Hovudstaden. Gamle lærde Suhm tenkte det skulde vera gjævt at faa Ervingen til den ovrike Angell, so kunde han kaupa Bøker og liva for Lærdomen. Det var nok verdt at selja seg for det, tenkte Suhm, endaa han var vel alt so til Aars og so ljot, at det var ytt som bytt med honom og Kjærasten. Han hadde Lærdom og ho Pengar, so kom kver med si Stormagt. Nokon af dei tri andre Stormagtir, stor Ætt, Vænleike og Aand hadde vist ingen af deim. Det var soleides ingen rett Slavehandel, som slike Giftarmaal tidt ero.
Suhm vardt soleides rik og kaupte Bøker eg livde for Vitenskapen. Men gamle Angell fekk det ikki altid som han vilde i Huset, Gamle rike Folk ero vandsame. Og den, som er viss paa Arven, er heller ikki altid so velviljug mot den Gamle. Nok er det, gamle Angell fekk ikki den vanlege Kveldsgrauten sin i eit Aftenselskap, og so vardt han sinnad, og tok somykit til «milde Stiftelser.» Men Suhm fekk endaa nok til Bøker, som han gav til det Vitenskapsselskapet, han grunnlagde i Samlag med Biskop Gunnerus og Schønning. Det var liksom ein Uppkveik for Throndheim i den Tid. Og Suhm, som ogso var so rikt gift, gjorde vist gilde Selskap daa for desse Lærde.
Der er baadi Bøker og mangt rart i dette Vitenskapsselskapet. Og det verdt no styrt af so dugelege Folk, at der verdt gjort so stort Gagn som mogelegt med dei Medelar det hever. Og det hever ikki giort so litit for Vitenskapens Uppkoma i Landet; og det er til stor Lærdom for Skuleungdomen i Throndheim at faa sjaa alle desse gamle Vaapen og Reidskap og Fuglar og Dyr og Steinslag o. s. v., liksom det ogso er ein gjæv Samlingstad til Lesnad i alle dei nye og eldre Bøker for lærde og bokkjære Folk i Byen og derikring. Selskapets Hus er i Latinskulens store Bygning, som ogso er bygd af den Angellske Rikdomen. Der hever komit mange gilde Gutar fraa den Skulen. Og der er gilde Gutar den Dag i Dag, som endaa her i Vetr og Vaar gaavo ut ei Tidende, alt til desse frimodige Gutarne talade so djervt i den «svenske Striden» og um den komande Krøning, at Politiet lagde ned Forbod. Der er altso «Censur» enno i Throndheim. Det var Synd um denne Tidende, for dei No. eg saag, vaaro gode, ja der var endaa betre Dikt enn vanleg i Hovudstadstidenderne, og Elskhugsdikt af forelskade Skulegutar. Det maatte vera ein og annan Byron, som var so tidleg mogen i den Vegen, endaa slike Gutar elska tidt varmare, enn naar dei verda vaksne, liksom dei tidt skriva betre og døma sannare. Det er med det sama Livsblomen stend i Spretting. Det skal verda vandt, um dei skriva eit so godt «Studenterblad» som denne Sku letidenden sin. Men dei beste kava seg igjenom den uklaare Mengd af somange Slags Kunskap og faa Ljos paa Slutten; dei sona seg ut med Livet, som ikki gav alt det, Skuleguten tenkte; dei faa atter Skulegutens Friskleike attaat Stødleiken og den reine Smaken af den vaksne Mannen, naar dei so ero ikring tretti Aar. Men det er ogso berre dei faa Utvalde dette. Stakkars flinke og livande Gutar, tenkte eg, daa eg las denne løglege Tidende, tru nokon af dikkor kjem so langt, eller skulle de koma burt i Toka? Men kanskje det er betre, at de gjera det, so kunna de snarare faa til Kone denne, som de no her hava skrivit so varmt til, endaa det er vel ute med Kjærleiken lengi fyrr den Tid, for ingen Ting er so ustødt i Elsken sin som unge Mannfolk.
Der er vist meir Vitenskap og Kunst i Throndheim enn ventande er af ein ikki større By. Det torde vel henda at Vitenskapsselskapet ikki gjerer so litit til dette, og so hever der for det meste vorit rike Ættir, som hava hjælpt yngre Menn i den Vegen. Det er ikki langt ifraa, at der er likso mykit Musik i Throndheim som i sjølve Hovudstaden, og derfor vaaro ogso dei gode Folk fortrotne for all denne Musikken, som var forskriven derupp til Krøningi. Men Hovudstadsfolk sagde og likeins mange Thrønder, at ikki Byen paa nokon Maate kunde hava komit lastelaus ifraa det einsaman. Naar eg derfor talar um Musikken i Throndheim i Likning med Hovudstaden, so tenkjer eg mest paa sume gode Mæli og Musikdiktarar. Der er ein Mann, som heiter Udby, som hever arbeidt seg fram i Musikken med ein mest makalaus Trotte (Udholdenhed). Som gift Mann og Aalmugaskulemeistare hever han gravit seg frametter i sine faa Fritimar og lært baadi livande Spraak og den musikalske Spraaklære (Generalbas). Han hever legit ned i Leipzig i Musiklære eit Par Gongir paa Laan og Framhjælp af Folk der i Byen. Han hever alt skrivit mykit Musik, og Musikkjennarar segja, at der er mykit godt i mangt af all denne Mengd; og no verdt han ogso meir og meir spilad og imillom sungen. Der er soleides Von til, at han eigong fær Løn for sit utrulege Stræv. Der er ein Vilje i denne vesle Mannen, som kann grava seg gjenom Graastein, og daa eg ikki er so kunnig i Musik, at eg torer døma nokot um den, so sluttar eg meg berre til Givnaden hans af den seige Kraft og det ville Mod, for Villskap maa det mest kallast at slita so traatt paa den Ting i Staden hans, med hans store Barneflokk og vesle Inntekt og i hans Alder og med den Skulen, han kann hava der. Det kan verda sagt um honom som det verdt sagt um somangein Mann: han fortente ein betre Lagnad. Han skreiv Ingangsdansen til det straalande Ball, som Byen gjorde for Kongen, og soleides fekk ogso han nokot af Krøningsmusikken, han Bybarnet, som kunde hava ventat at fengit meir.
Det ser ut til altid at hava vorit rike Fruer i Throndheim. Soleides standa der tri store Trehus til Afminni um tri Fruer, som kappbygde. Det er nett som i Eventyret, og eventyrlege store Kassur ero ogso desse Hus. Den største er no Stiftsgard, der Kongen teker inn og helder sine Ball. Det er med Hage og alt so det fyller ut ein heil Firkant Gatemillom. Slikt er det paa eit Par andre Stadar ogso. Der er Rum nok i denne Byen. Han kunde minst hysa tridubbelt somange Folk for Storleikens Skuld. Det gamle Kalvskinnet paa øvre Sida upp mot Aai, som ringar seg ikring, er no Kaalhagar, og der siter vel atter nokot Hevd i Jordi enno etter alt det Blodet, som er runnit der.
Men med Torg er det laakt i Throndheim; ikki for det, at der vantar stor Plass, for den Skuld kunde der gjerna vera eit Torg paa kvert Hyrne i desse breide tome Gaturne; men der er knapt nokot merkt ut som Torg, endaa Torgefolk samlast no paa ein Stad so langt ifraa kverandre, at dei knapt kunna skrika til kverandre. So totte eg. Og ikki skulde du sjaa mange fine Kvendi paa Torget der som i Christiania. Det er Skikken der, vardt det sagt meg, at det ikki er høvelegt for ei gild Dame at ganga ut paa Torget og kaupa. Og i ein so liten og rumsam By koma no vel ogso dei fleste Matseljarar inn i Husom; og ned paa Ravnkloi saag eg sume Handelsmenn kaupte Fisk sjølve. So fingo dei ogso spyrja til Fisket ut i Fjordarne.
Det er uvanlegt for ein Sunnanfjølling at ganga paa denne Fjøra, der Baatar og endaa større Farty i Fjøretid liggja paa turt Land. Eg trur det kann vera alt til tolv Fods Skilnad paa Flod og Fjøre. Du kann ganga og ro under Varehusi langs Fjøra, ettersom det er til.
Det ser stort ut, naar det er stilt, at sjaa Flodi koma rullande i Lognvaagir innigjenom Fjorden og veltande inn paa Fjøra kring Føterne dine med Skvitling og Sikling og Stynjing liksom ho med Glede og Sorg vilde fortelja deg um si lange Ferd. So ligger ho still eit Bil; nei so maa ho utatter paa Langferd. Kunde ho skriva Ferdaminni, vilde me faa lesa um mangein Torsk.
Eg stod ein Kveld der ned paa Fjøra, daa Soli gladde vestyvir Fosenlandet og strøydde Gullet sit paa denne Storfjorden. Slik Eldglans seer du ikki Sunnanfjølls. Det lyste paa Byen og Landet ikring, som naar Skogelden i Skumringi lyser burt mot dei grønsvarte Lidarne, og langt burte saag eg Edfuglar symjande i denne Eldsjøen.
Det daglege liv visar som tidast, at Skomakarar og alle slike Folk, som stræva med Handgjerning, ikki kunna liva for Monstertankar (Idealer). Dei liva for sit Yrkje, slike, og lata os Bokmenn drøyma um at faa Livet betre. Dei plaga endaa standa mot os segjande: «tenk paa deg sjølv og lat Verdi gjera det sama.» «Ten Pengar og lat so Andre syrgja for seg sjølve.» «Ja, ja den Tanken kann vera stor og god nok, men han gjever inkje i Gryta», og so frametter.
Dei hava Rett paa sit Vis desse arme Folk, og derfor kann Ingen lasta deim. Men Ein kann endaa segja med Helten i Diktet: «For slike Stakkarar skal eg døy, Daaren min!»
Det er derfor hugsamt at finna Menn bland alle desse Jordgravarar, som hava Auga for Framhjælp af Land og Rike og Manna-ætt og ikki berre klæda seg i det Skinnet, dei flaa af Andre.
Og slike Folk raakar du stundom, der du minst ventar det, Folk med store Tankar, som drøyma um Mønstret (Idealet) i sit Yrkje med ein Sleng paa det, som gjerer det til ein stor Tanke for Aalmenningsgagnet: ja du raakar endaa imillom Menn med den store reine Tanken um Framhjælp af Folkelykka, utan at denne Tanken er bunden til Mannens Handverk og Yrkje ellers: det er den klaare Nordstjørna, som han sigler etter.
Det er vel tidt dette seer nokot løglegt ut hjaa ein og annan Mann; men du maa sjaa paa sjølve Tanken og Endemaalet og ikki bita deg fast i Yta, fyrr du finner Adlen (Malmen).
Soleides kann eg nevna t. Erx ein Bakare, som vilde innføra fine Kakur og Kjæks i Handverket og «hevja det,» som han sagde. Han livde for ein Tanke denne Bakaren og talade med Eldhug (Begeistring) um Finleiken for Livet og den Vyrdnad for Yrkjet («Professionen»), som maatte koma med denne «Kunst». Men han møtte Motstand: det tungføre Folk vilde heller eta sine grove Braud, og derfor lagde Bakararne seg paa det, dei tente mest med utan at spyrja um «Kunsti». Denne Mønsterbakaren var derfor tidt sorgfull og harm paa den seige Mugen (Publicum), som er slik at verka paa som at slaa i Vatnet med flate Loven. Han var den einaste Handverkaren eg hever funnit, som hadde Hjarta for Maalstrævet mit og gav meg Rett, for han kjende fraa Mønstertanken sin, der Skoen klembde. Eg hever tidt rødt med denne Mannen um «Idealer»; han tenkte paa Kakurne sine og eg paa Maalet mit. Og me kjende os liksom Sanningsvitni (Martyrer) baade tvo. So lærde eg honom eit godt Ord, som Folk ikki vilde lesa, og so gav han meg ei af desse Mønsterkakur, som Folk ikki vilde kaupa stort af.
Men denne Skomakaren i Throndheim, som eg so lengi hever leikat ikring, fyrr eg no kom rett inn paa, han slo seg ikki eigong som Bakaren paa Yrkjet sit, han: det var ikki um det rette Lag paa Sko og Støvlar, han drøymde; det var ikki Dansesko og annat Fotty, som var hans «Ideal», for han viste, at det ikki kunde verda betre, enn han alt gjorde det. Nei, han saag vidare ikring seg og tok Sikte paa det Maalet, som somangein stor Mann skyter Paa.
Uppfødd, som han vonleg er, i det Nordanfjøllske, hadde han fraa Barnsbein set all den Øydsling og Burtkasting af Hevd, og han visste, for han raadførde seg ogso med Chemien, at allt dette, som soleides verdt kastat burt til Unyttes, vilde kunna driva fram til Vokster somykit Korn, som Landet no innfører fraa Utlandet. Han visste, at dersom berre dette vardt gjort i Byar, so vilde dei med denne Rikdomen kunna bitala meir enn Fatikskatten sin, og gjera Landet feitt ikring seg attaat. Han visste um all denne Vanskjøyting Landet ikring med desse Guds Gaavur, og at derfor Folket er ein stor Øydeland med all si Sveltesparing. Han saag dei gule tykke Aakrar og blømande Engir, som ein annan Skipnad med dette vilde skapa, og alt dette fylde honom upp med Avle og Eldhug (Styrke og Begeistring) til at liva for denne store federlandske Tanken.
Men han møtte Motstand. Han raadspurde vel kunnige Menn, som ogso kunde umskriva og sveipa desse Tankar inn i eit fagert og gaatefullt Maal; men Folk tenkte endaa so langt bakigjenom, at dei fann den rette Tingen duld under alle desse fagre Ord, at det var ikki fritt for at dei liksom kjenda Teven fraa alle desse Hus paa Torget og all denne «Compostering» og heile Tilverknad, som hans Innbjoding til Lutlag (Actieselskab) gjekk ud paa. Og sosnart som Folk faa den Tanken um Mannen, at han er ufin i sine Ord, so er det ute med honom. Der er sume Ting, som aldri maa talast um og endaa mindre verda skrivne og allraminst koma paa Prent. Desse Ting slita ut alle Tungemaal: naar desse Ord ero brukade eit Bil, so henger der liksom nokot af Tingen paa deim, og dei faa Vrakkrossen paar Ryggen sin. Sjølv den vesle uskadelige Tyske Neutrumsartikkel dass er umogelig no. Det Franske Spraak som er so fint og luftigt og lett, hever brukat til dette eit Ord, som stender solengi; og det er «retirade».
Det er vist best, at eg blæser til «retirade» (Bakgang), som det heiter i Stridens Tungemaal, for Folk hava den fine Tanken til det dyljande Ord: «Du kann gjera det, men aldri tala um det.» Det vere langt ifraa meg, at venda Folk um fraa denne Skikken; nei eg kvekker endaa upp som kvefsestungen for kver den, som prøvar paa det Umogelege at gjera dette. Dei gamle Folk sosom Grekarar, dei eldre Romarar og vaare Forfeder, ja endaa den vise Salomon skreiv beint fram alt det, som var; kanskje ogso fordi dei ikki hadde Prenting? Vaart Landsfolk, som minst hava komit i Samføre med den nyare Tid, vilde, ettersom dei røda til, taka det likeins, um dei skulde prenta. Og eg skal ikki tru, at det er ufine og usedelege Folk for den Skuld. Dei vilde aldri gjera det, som den silkefinaste Bokskrivaren tidt gjerer.
Anten no Skomakaren er ein Mann af Folket, som trulegt er, eller han trudde, at den store Tanken skulde bera alle Ord og Talemaatar fram til Siger, vist er det, at han bles ikki som eg til «retirade». Han viste ikki, arme Mannen, at den største Tanken kann verda knusad eller vanskapad under Formen.
Naar han kom inn til fine Menn med Planerne sine, so skrykte dei Nos og Panne og spurde, um han var galen. Men verst var det endaa, naar han kom inn til Damer. Det vardt sagt, at Fru N. N. jagade honom ut med Sopelimen. Ja, det var ogso Lesnad han Stakkaren baud Damerne.
Daa Skomakaren soleides tilbakestøytt kom ut paa Gata, knyrde han sine «Planer» mot Bringa og saag sukkande upp mot Himilen, syngjande:
Ah, fine Folk! paa Tipp og Taa,
de gløyma det, de kom ifraa;
De gløyma det, de voks ut af,
som Magt og Merg og Glansen gav.
D'er sagt, naar Kyri vekser til
med Hornepar,
daa byrg ho aldri minnast vil,
at Kalv ho var.
Støytt tilbake fraa Livet, som ikki vilde vita af hans Framhjælp for Land og Riki, sat Skomakaren med Skosaumen sin og «composterede» i Gardsrumet sit for at vinna fram gjenom Dømets seige Magt. Og Tanken vinner vel fram, um ikki fyrr, so daa naar han er daud, som vanlegt er med alle Mønstertankens Menn:
Af all den Hevd, han Livet gav,
vil Blomar veksa paa hans Grav.
Hadde han endaa vorit ein Jordbrukare, so vilde han hava fengit Løn for sin «Ide», men han er berre ein jordlaus Byskomakare. Han seler vel nokot Smaat; men det kann knapt naa til Innkaup af Virke (Raastof). Det er som naar Diktaren ikki fær meir for sine Dikt, enn Papiret kostar.
Eg var paa Vegen mange Gongir for at tala med denne merkjelege Mannen; men eg møtte slik ein sur Eim og Tev i alle Tilgangar aat Huset hans der ned i Veita, at eg laut snu um. Og han sat millom sine «Idealer» i Krøningi, so han sjeldan var ute.
Naar han er i Selskap og alle Skaalir ero tømde for Kongen o. s. fr., so kjem denne Skomakaren med Skaali si for «Ideen» sin.
Med Krøning var no kurt, og kolnat etter Kveiken.
Det kvike Lag var sturt, og langsamt etter Leiken:
men Folket endaa foor so fjaagt i denne Tid,
for alle byrge Ord um Bastetak i Strid,
som skulde standa paa den stive Stjordalshalsen,
og syna Folk ifraa, at no vardt annan Valsen,
enn den som nyleg dreiv i Gjestebod som Jol,
der Guten kringum sveiv med Møy som Morgonsol.
Det spaadde liten Fred, den Kamp kom til at knella,
for Kongen sjølv steig ned og skulde Striden stella,
og daa no Kongen sjølv var med som modig Mann,
so maatte dovne Døl vel vera vig som han,
og visa Mannamod i Leik for Landsens Lagnad,
og vaaga Liv og Blod med Fortiss fristke Fagnad,
for haage Hermenn var der ogso Hopar af,
som hogg og skaut og skar og Styrkjemønster gav.
Og Ingen lengtar heim og klen for Kampen klagar,
for Kongen hadde deim født vel i desse Dagar;
so finna Faaren var ein Leik til Lyst paa Flaten
til Løn af kver ein Karl for dyre Drykk og Maten.
Dei Drengir derfor stod no strammad' upp til Strid,
og stivt var Alles Mod i denne Slagets Tid.
Der Folk foor att' og fram fraa «Hals» til By med Biv
og baud og tok sin Dram og drak paa dyre Liv.
Den druste Kongen han saag snaudt si Tid til sova;
han styrde som ein Mann; Fa'r sjølv det var i Stova.
Naar Striden stundar til, er Kvile knapt at faa:
kver færdug vera vil og svirp til svint at slaa.
So foor det Fyrispil, so tøygde Tid at lida,
so laut det lagast til paa gamal Grunn at strida,
der gjæve Heltar foor til Strid med Hugen heit,
hogg Kjæmpur ned til Jord og sjølv i Bakken beit.
Det brusar kring deg her med Magt fraa Minnets Grav,
som midt paa aude Skjer du høyrer hole Hav.
So kom den druste Dag, daa Striden skulde standa,
so kom det store Slag, daa Sjømenn skulde landa,
for Floten som der flaut, vardt førd til «Halsen» nord,
han fyrad' paa og skaut og siglde Stjordalsfjord.
Det bles ein Aflandsvind, men endaa foor det fram,
for Mod var drukkit inn, vist mest af drjuge Dram.
Det Visi vanleg er fyrr Slaget sterkt at supa,
daa svider mindre Sverd, og Mann med Mod kan stupa.
Naar Drammar drukne er, og du verdt bankad blaa,
det biter mindre der, som Banking baskast paa.
Ja Floten flaut mot Land, men laagt der var at landa
paa lange grunde Sand, der Skip og Baatar stranda.
Men Folk dei endaa flaug med Foss i Sjøen ut,
og fekk seg vaate Laug. So væd' den norske Gut.
Der vankad vesalt daa af Vankelmod og Sut,
dei vodo vige paa mot Knelling og mot Krut.
For inn paa Landet laag af Hermenn lange Linur,
som løp og skaut og saag til Springing ut som Minur,
men meire dei paa Flog saag ut som Sildestim.
som Kvalen jagar, og som raakar rett til Rim.
Og sume i ein Skog ved Strond af Stjordals-Aa
paa Skrovet fram seg drog og skaut og puffad paa.
Men desse maatte snart or Skog tilbake vika
med Sprang og spræke Fart – Eg høyrde Ingen skrika –
for mange Menn var bak, ein Manngard mykit stygg,
for han var sett til Tak i desses arme Rygg.
Det yver Brui bar med desse burt i Bakken,
og bak dei andre var som Øks paa Naut i Nakken.
Daa rauk det og det small i litle laage Lid
og lydt var Krigens Knall; det Nutar svarad i.
I Lidi myldrad paa den Myrjemengd der budde,
som Maur i Tuva daa det urde og det krudde.
Men straks det bles til Fred; det flaug det Farkehat,
og Folket slo seg ned og fekk seg Drykk og Mat.
Daa diskad' vardt der Bord for Heltehermenn haage,
og haagt mot Himlen foor Champagnekorkar fjaage.
Af Vin og Krut du datt, og arm du inkje orkar,
og Kulur mindre spratt i denne Kamp enn Korkar.
Dei baade drap sin Mann, det mange mæla kann,
men Korken, Korken, han, drap fleire, fleire, han.
Paa «Halsen» Blod 'ki flaut: best, betre, kanske verre.
Ein Hermann Foten braut: for det vardt Kammerhrrre.
Det var mykit annat fagert, som hekk ihop med denne Skalkestriden; men det er berre store djupe Tankar, som bør koma i Poesi eller paa Rim. Det er Heltediktet, som er det eldste alt fraa Fader Homer og Moder Edda og ned til os; og det verdt vel ogso det siste for den kunstfulle Rimslenging. Her kjem altso Prosaen um Skalkestriden, eller
det Rimlause.
Folk var gridug uppe i Throndheim denne Stridens Dag. Det er ikki fyrste Morgonen denne Byen er vekt af Stridslarm, tenkte eg, daa eg sprang ned paa Tollbudbryggja til Eimbaaten. Det sveiv og dreiv nedigjenom Nidaraa millom Varpestolpar. Det bar nordigjenom mot Vinden. Me framande Folk saago inn paa Hladehamaren og Hlade med alle dei andre store staute Gardarne i Strindi langs nord med Fjorden uppigjenom Bakkarne og so sud til Byen mot Byneset, og so fudvest Fjordgapet, og so vest mot Leksvikstrondi, og so nord mot Tautra og Frosta og Aasenfjord eg Steinviksholm og so nordaust mot Stjordalen. Der stod eg og las i denne gamle Heltesoga rund ikring meg, las bak Ord og millom Radir, liksom naar du seer ned i det svarte Djupet skimtande i Tanken alle dei Ubeist og Havfruvur og leikande Gullfiskar ned mot Afgrunnen. Du kastar deg tilbake i Baaten for at sjaa upp mot Himilen, der Soli lyser ifraa.
Dette gjorde eg og her, og eg saag – Drosi.
«Nei, er du og her», tenkte eg, «vil du og i Striden? Aa, ja, Aphrodite var glad i Ares, sagde dei gamle Grekarar, som so yndigt drøymde um det, kver søker etter og som er vaar djupaste Lengtan. Det Fagre vil eiga det Sterke og det Sterke det Fagre. Den eine Livsmagt leitar etter den andre liksom paa den «chemiske Spendingsrekkja» Ilt og Kali. Dei koka og fyssa naar dei koma ihop».
Men det var ogso ein annan djup Tanke i dette sama græske Folkedikt (Mythe), og det var den, at Aphrodite var gift med Hephaistos, den Styggingen, venteleg for at visa, at Kvinna er klokare enn Mannen i det, at ho ikki som han løyper og henger seg upp etter det Flikkrefine, men ser meir paa det, som duger. Og so viser det likeins den Sanning, at det Fagre hever liksom nok i sit eiget Fegre, og mest liksom for Gaman og i dristugt Dramb søger Styggleiken; medan beint derimot den Stygge søker den Fagre med Graade (Graadighed). Desse tvo trengja til ein annan som Utfylling af sjølve seg. Det maa vera Jamvigt i Livet. Du skal derfor altid sjaa, at den ljote Mannen er mest ravgalen etter den væne Gjenta, medan dei Javne mest søkja og faa kverandre. So er det Jamvigt atter.
Eg søgte Drosi, og so kann no kver etter desse Tankarne tenkja seg Tanken min um meg sjølv.
Men slike Fuglar ero vande at faa fatt paa, og sjølv um du fær deim i Samtal, so er du mest like nær, for det er med deim som med Svevnen: du siter og seer paa og torer ikki vekkja.
Ho tyktest vera liksom aaleine i denne myrjande Mengd, der den Eine trengde den Andre; eg fann Ingen af henar Selskap, som eg kunde koma til Tals med og soleides koma nærare inn til. Det var vel eit Lag af Herrar og Damer, som eg trudde høyrde med til Selskabet, og som eg vardt dregin inn i. Som ein tenende Herre tok ogso eg i ein Umgang med Portvin, og Kake; men no saag eg forseint, at Drosi ikki høyrde med til Selskabet. Der stod Stuten paa Steinen. Men so fekk eg sjaa Ein, eg kjende fara figglande ikring hena bjodande Kake, Vin og Apelsinur. Men han saag so forelskad ut, at eg ikki hadde Hjartelag til at blanda meg i Laget, og so var han so ljot og til Aars, al Galskapen kvekte meg. «Galen verdt klok af endaa galnare» tenkte eg, og gjekk fram i Baatsrumet til dei mange Songarar, som saato der kvedande i Kapp med Motvinden. Der var Gap og Gaman. Tru dei Gamle hadde det so godt, tenkte eg altid paa desse Stadarne, anten eg var siglande, gangande eller køyrande. Eg vardt vel van ved det, veit eg, men skal eg døma etter mi Kjenning her nord, so kom eg til at ganga som i Svevnen paa dei store Kyrkjegardarne Italia og Grekarland.
Ein Dal Profeten Esekiel saag,
og der millom Berg af Bein han stod.
Dei drog seg ihop, som i Livet dei laag,
og alle fekk Sinar og Kjøt og Blod.
Og Andarpusten kom med ein Sus
tilbake fraa den, som Livet gav,
Og daa skalv det og dunde som Fossebrus,
og det valt i Vaagir som villan Hav.
Men her paa «Halsen» var somange glade sundagsklædde Folk, at eg eit Bil ikki fekk Tid til at vekkja upp deim, som kvilte i alle desse Gravhaugarne. Naar Livet er stort og manntykt og livande paa Jordi, gløyma me til all Lykke det, som er under Jordi. Men snart verda me ogso trøytte af dette og sukke med Xerxes for alt dette skal vera sveipt burt om ein Mannsalder. Han gret endaa han for dette, stender der; men det kann eg aldri tru han gjorde; kanskje han ikki eigong drog somykit som ein Sukk, den Mannslagaren.
Daa Heren etter Slaget kvilte der upp i Lidi, var ogso vaar elskelege Dronning med der. Det vardt endaa sagt – for eg saa ikki dette so grannt – at ho sat der i Skuggen og aat Ber, som væne Gjentur hadde plukkat og bont fram til Landsens Moder. «Hoffrøkenerne» sveiv ikringum som Fivreld (Sommerfugle) med dei droplutte Vengirne sine og Baand i Hatten og Silke sko uppaa den grøne Torva millom Smaabuskar og Bergknattar. Det glimade i Soli, og det fauk Smaafuglar ikring. Og kven skulde eg sjaa bak eit Holt annan enn Drosi blinkande som Blomen paa dette Eventyret?
At sjaa ein Konge med sine hægste Herførarer er stort eg staut, so det berre er ei Tilgjerd (Affectation) at smila aat eit slikt Syn. Naar daa fullvæpnade Ridarar sprengja att' og fram, so det skrangler med Sabel og Greidur og Hattedusken skvetter upp og ned, og Folkehavet bylgjar till Sida som Sjøen for Skipskjølen; og naar daa Trumma gjenger, og Elden fraa Kanonurne blenkjer gjenom dei rullande Røyksky, daa maa du kjenna paa deg, at so stor ei Magt er ikring deg, at du sjølv kruppnar ihop til ingenting. Vore det no i eit rett Slag, der du ogsaa høyrde Skrik og Musik og søgje Blodsollen ikring deg, so vilde du inkje Under finna i det, at Folk ganga paa som rasande galne i ein slik Domedagsdans og elska denne ville Leiken. Sjølv eg, sem er ein livrædd Mann, fær liksom Draapstankar, um eg berre seer paa ein Skalkestrid, ja endaa um eg berre høyrer Musik og Kanouskjoting paa ein Kongeleg Fødselsdag. Det sprakar liksom Gneistar tvert igjenom deg, og Blodet rullar i deg som Eldkulur. Du er sjuk. Du er galen. Og so vil du hevna deg, og fær Blod paa Tonn.
Og so seer du som vaare gamle Forfeder Valkyrjur og Odin rida susande gjenom Lufti for det forvillade Auga, og du trur, og du beder. Det er Ølkveisa (delirium), det gamle Hamreme (Berserkgang).
Det verdt ein liten By Halsen eigong, naar no alt fær retta sig. Det er no ein liten Strandstad med Landhandlarar og Smaahus ikring. Det er so stort eit Uppland, at det krever ein liten By nordigjenom Stjordalen og uppetter Meraker. Her er some gilde Garder i Stjordalen og some af desse ero alt godt uppdyrkade og drivne paa ein viis Maate. Og ingenstad hever eg set det so vel som i Thrøndelag, og mest her i nørdre, at dei Gardarne vaaro best drivne, som Folk, komne fraa andre Bygdir, bygde og budde paa. Det var mest Folk Sunnanfjølls fraa, dei beste Jordbrukarar og duglegaste Menn her. Det var so takande paa dette, at kver maatte sjaa det. Og var der nokon Heimføding god, so var for det meste Ætti hans innflutt so og so mange Mannsaldrar sidan.
Det er gjerne likeins mange andre Stadar og, for Folk, som vide vanka og fraa Fødeheimen fara, er gjerne dei duglegaste, iminsto er det gjerne Folk, som hava lotit læra af Livsens Lagnad og Armod. Men, som alt sagt, det gamle store Thrøndeslag synest meir enn det gamle Slaget i andre norske Bygdir at vera afættat og forfarit, som ogso er høyrande paa Tungemaalet. Ikki for det, at det er Bygdarmaal her i Landet meir utskjemde enn det throndheimske, men det er Danskens Inngang i Bygdir kring Byar og paa store Flatbygdir, som hever gjort dette, medan sjølve det gamle Maalet her er forfarit og utarmat, so det snart ingen Folkeskikk er paa det. At prenta dette Maalet beint fram vilde vera som daa dei Engelske i Medalalderen skreiv ned sit afstytte og skamførde Maal fraa den forvillade og uvitande Tid. Det er eit stort Skalkestrik af Historia at gjera dette Maal so aalmennt for Heimsens Folk, med si Uttale som likeins minner um Villmannen. Det maa vera gjort dette for at hava Gaman med den menneskelege Villa, liksom daa dei grekiske Gudar saato paa Olympen og med Laatt og Løgi fortalde um Daarskapen vaar. Heimsens Histori er ein stor Skalk. Det er tidt du maa læ med hena.
Det er ellers betre, syntest meg, med Skipnaden i nørdre Thrøndelagen, og dette maa vel, um det so i Sanning er, koma af det, at her er fleire større Gardar og Jordi for det meste betre, iminsto var det betre nordigjenom til Verdalen og Indreøyi, der Bergi paa mange Stadar hava Kalk; og Kalkmjøl skavit af nærliggjande Berg er kjennande paa all den Hestehoven (tussilago), du seer ikring Vegen der nordetter.
Naar du fraa Stjordalen ferer nordigjenom, og kjem paa Kleivarne nord mot Aasenfjorden, hever du eit Utsyn, som ikki mange Stadar er Makjen til, med di du seer vest ned paa det rike Frosta, dragande seg fram sudetter millom Aasenfjorden og den vestre Storfjorden. Tautra («Tuterø») ligger ytst ut paa Odden med eit litit smalt Sund, fullt af Ædfugl, skild fraa Frostaland. Dei gule Aakrarne paa Frosta skein liksom Maanen. Beint nedanfyr meg laag Steinviksholmen ned i Aasenfjorden tett inn med Land. Det var og eit Paafund af Olaf Engelbretson at gjera denne Holmen til ein Festning! Langs nordetter Aasenfjorden er bratte Kleivar, som snart skulo verda umlagde, og haage Bergufsir, for Fjollveggir kann det ikki vel kallast, paa høgre Haand, og til vinstre den blaae Fjorden. Er du frisk og ellers inkje vantar, maa du kveda som Fuglen paa denne Vegen, naar Vedret er godt. Likar du det Ville, so kann du sjaa up i Bergi og nedikring deg, og likar du det Blide, maa du sjaa vest til Frosta yvir Fjorden. Liksom ned under Føterne dine seer du Maake og Ædfugl ned paa Ryggen, og Merki paa det rike Sildfiske, som tidt er her inn i denne tronge Fjorden, der Sildi er stengd som inn i ein Baas. Nørdst i Fjordenden ferer Vegen gjenom eit djupt trongt Skard bergemillom med eit so folkelegt Navn, at det er vel ikki værdt at setja det paa Prent. Eg kjende mit Folk atter paa sine gode Likninger her og. Det er Gutar det, som ikki ganga langt etter sine Billæti.
Naar du kjem nord paa Bakkarne i Skaun, fær du eit endaa vidare og rikare men knapt yndigare Utsyn enn sud paa Brautirne til Aasenfjord. Her er store Gardar ikring deg; Ytreøyi og Indreøyi er vest burt i Fjorden og Verdalen i Nord: du kjøyrer framikring Pollen til Livanger og segjer andpustande: «nei dette er daa reint det gildeste Nordanfjølls, ja her er det betre enn sjølve Mjøslandet, for her er denne velsignade kolblaae Fjorden som ein Knipling i denne Kragen med Blomar».
Livanger er ein liten nett By ned paa Sletti mot Fjordarmen. Det maa vera den meir og meir nedminkande Pollen, som i gamle Dagar het Lifanger. Byen ligger no fram med den vesle Straumen, som renner ut og inn ettersom det er Flod og Fjøre til. Naar Jarnvegen verdt lagd austigjenom Verdalen til Sverike, maa Byen, som eg meinte, verda flutt nord til Verdalsøyri, for her er ikki mykit at hava By etter, daa her ikki kann vera nokon nævnande Upplagsstad for Fisk eller Trelast, ja vel ikki eigong for Korn, som anten verdt ført til Throndheim eller og uppkaupt og tuskat i Smaatt af Fiskarar ut med Havkanten. Og Marknaden med Jamtarne løgje likeins betre nord paa Verdalsøyri. Det er berre liksom ein større Landhandlare, denne Byen. Dette fagre Land verdt vel rikare og rikare, ettersom det dyrkast upp til, som det ogso no gjenger godt med iminsto her ikring Byen; og naar Landet verdt rikare, og betre Sans for Upplysing og Folkeskikk kjem bland Gardmennerne, so vilja ogso mange af deim senda Borni sine her inn paa Skulen, so her daa kann koma Magt til ein skikkeleg Bogarskule. Det er armt og uvitande, at fraa eit so rikt Land, som herikring synest vera, ikki betre Menns Born skulo strøyma inn paa Skulen. Det spaar ikki stor Framgang for denne næraste Mannsaldren dette.
Nordigjenom til Verdalsøyri seer du langs Vegen Merke paa, at Fjorden hever siget (eller Landet havt seg, som some meina). Der me no kjøyra, var paa some Stadar Baatstod og Naut for dei gamle Landskip.
Eg kom til Verdalsøyri og skulde daa gjera ein Krok paa ein Fjordungsveg uppetter Dalen til Stiklestad. Det er so rik og fager ein Dal, at det vel hadde vorit værdt at farit lenger dit. Ja, Kyrkja ligger ned paa Sletti, og Stytta stender uppaa ein liten Bakke, ei Aabraut fraa gamle Dagar. Det var hugsamt at sitja og sjaa ned paa dei væne Gardarne og paa Lauvlundarne ikring seg. Hadde eg som Olaf fallit her, so vilde eg og hava vorit graven ned her og legit der alt til Domedagen, og korkje Thore Hund eller nokon annan Mann, um han so hadde vorit Prest aldri so mykit, skulde hava fengit Lov til at grava meg uppatter.
Skytsmannen lagde godt ut for meg etter gamle Segnir, kvar det hardaste Slaget stod og Kongen fall. Det var der burt i den andre Bakken, og ikki der Stytta stender, og det var eit Bakslag eller rettare Sideslag af Bondehæren der nord fraa ein Tverdal, som gjorde det. Eg saag Soli paa sama Staden, som Olaf daa han fall, men det var inkje Formyrke no som aatte hundrad og tretti Aar og aatte Dage sidan, og derfor hadde vel heller ikki Folket trutt, at eg var so heilag ein Mann, um eg hadde fallit der no, endaa det er vist, at eg er ein mykit heilagare Mann enn Olaf var, for sjølv um Tidaraldrens Raaskap og det, at han var Konge, verdt fraadreget som Rett er for Reiknestykket, so maa endaa eg vera ein sann Gudsfugl imot honom, og vist er det, at eg ikki vilde vera i sama Andarheimen som han: det vilde vera altfor daarlegt eit Selskap. Nei med han Thormod, som og fall her, skulde eg gjerne koma saman. Daa skulde det verda Kveding af; men so laut han leggja af mange af dei brydsame Bokstavrim og henta Likningarne sine fraa annat enn den endelause Striden med alle Draapsreidskap. Og so maatte han ikki soleides slita af Setningarne. Det var med dei gamle Tungemaal som med Slevur og Blautdyr (Blød-), at dei kunna verda afhogne og endaa liva Smaastubbarne, medan dei nyare Maal ero som Kvirvildyr, at dei døy af ein liten Styng paa saare Stadar. Dette trur eg er det, som gjerer, at ikki me kunna skriva so kunstige Vers som dei Gamle. Det maa hanga ihop for os. Naar no Thormod lagde af nokot af dette gamle Laget, som ikki me kunna faa i Hovudet vaart, so skulde eg læra mange fleire af hans gode Ord. Og so skulde det verda «Poesi» af!
Thormod var ein Fritenkjare han, som no alle gode Diktarar hava vorit. Det var her lenger upp i Dalen han sagde til Kongens Kokk: «Er det ikki lenger imillom meg og den kvite Christ enn ein Kurvesnabb (Pylse-) so koma me vel ihop». Han var solten Thormod og vilde faa seg nokot Kjøtmat, daa Kokken sagde, at det var Synd mod den kvite Christ at eta slikt um Frædagen.
«Kven bur paa denne koselege Stiklestadgarden?» spurde eg Skytsguten. «Det er ei ung Gardegjente».
Ja daa lyt eg dit.
Kven veit, um eg ikki her paa denne forne (antike) Staden kunde finna ein Godolphin tenkte eg.
Og so tenkte eg attaat, at eg her vilde finna eit Mønster paa Bygdarstellet, daa det var ei giftande rik Gjente, som sat paa Garden, for slike Hus hever eg i alle Bygdir funnit som Mønsterhus. Her slær eg daa tvo Flugur med ein Smikk, tenkte eg, springande upp fraa mine Draumar um Thormod Skald, daa han her vist ned paa denne sama Garden, som denne Gjenta no bur, drog Pili ut med Hjarterøterne og sagde, sjaaande Feiten: «Kongen hever født os vel i Vetr».
«Du Thormod! du var ein Mønstermann paa desse sterke, kloke og urædde Nordmenn, me enno den Dag i Dag raaka til at finna, som døy med Vitløgi (Vittigheder) paa Tunga, og vitløgja aat sine eigne Hjarterøter. Du er den mest nationale Mann vaar Histori kjenner. Og her paa denne gamle Hustufti, eg no sti ger af, var det vist du laag med dei andre Særde, som ikki hadde nokon annan Saarlækjare enn den gamle Kona, som saud Gras og batt kring Saaret. – Daa du aat Lauken og det luktade Lauk atter i Livssaaret dit, daa gav denne kloke Kona «deg upp». – Daa eg kom inn paa Stiklestad, laag der ei ung Kone med sit vesle Barn i Sengi millom Skinnfeldar, svart og klædd i Totrar. Dette var den andre Systeri, som skulde hava den eine halve Gaarden. «Skal denne væne Garden bytast endaa meir sunder», sagde eg, «so verdt de berre Husmenn allesaman». «Aa me kann nok liva tvo paa dette», meinte Kona.
Det var ikki rart i Huset. Det hekk eit gamalt svart Lakan for Vindaugat istadenfor Gardinur, afdi Soli skein inn. Det var langt ifraa som i Øysterdalen og Gudbrandsdalen med Husbunad og Tvaatt, men der var nokot betre enn i søndre Thrøndelagen og sume Fjølldalar Sunnanfjølls. Og dei kunde faa ikring tri fire hundrad Tunnur Korn paa heile Garden, sagde Skytsguten.
«Er ikki den ugifte Systeri heime», spurde eg.
«Vil du fri kanskje».
«Kann vel henda».
«Ja, so er ho paa Uppstova».
Eg gjekk daa upp ein Stige. Det var Troppi.
Det var ei sann Dundergjente med treke og svarte Armar. Det var eit sterkt Buslag, som enno budde paa denne Garden for desse Kjeæmpeminni. Og ho hadde attaat kloke brune Augo. Det var ei Lubbe af beste Slaget. Men ho visste daa somykit, at ho kunde svara paa Gaman, som eg ellers snart vardt leid af, daa eg saag det var matlaust og turt i Huset, og eg ikki eigong fekk der somykit som godt Vatn.
Eg maatte leidast af der at stava,
for «Mat og Make vil Alting hava»
som det gamle Ord segjer.
Det var den Godolphin.
Jordbruket saag ellers ut til at koma seg i denne rike breide og væne Dalen, som maa hava ei stor Framtid, naar denne Mergeljord paa mange Stadar verdt rett brukat.
Vestigjenom fraa Verdalen langs Strondi der inn i Enden paa Fjorden er fagert at fara, og dei bratte Aakrarne ero so feite, at det liksom dryper af deim. Der er Sjøskjel og Mergel. Eg sat og song:
Var Folket slikt som Land og Fjord,
du maatte tru med med meg i Kveld,
at Paradis var flutt her Nord
forutan Orm og Sverd af Ild.
Men daa eg kom fram paa Bakkarne og saag vest til Indreøyi med Sundnes ned mot Fjorden, og til høgre nordigjenom Borgenfjorden upp mot Mære, og utyvir Fjorden mot Ytreøyi og rundikring meg alle Gardarne, beint ned for meg Garden Sund med Sundet, som fysser upp i Borgenfjorden med Flod og ned med Fjøre, og mot vinstre, naar eg halv vende meg tilbake, Skaun og Livanger austanfyr Fjorden, daa song eg uppatter og uppatter dette Verset, og sagde nokot mindre poetisk: «Nei dette er best Nordanfjolls, ja kanskje i heile Landet. Det er stort, det er rikt, og det er Fjordar og Landskap i det mest yndefulle Samspil». Og daa eg kom ned til Sund, daa lavde og hekk dei raude Plomur og Ber fraa Hagen framyvir Hovudet mit. Eg hever aldri farit slik Veg. Det var no og mest eit makalaust Aar der nord, og eg var der just daa Alt var i Mogning og Vedret det beste. Eg hever ingenstad set slike Bygaakrar berre somestadar kring Mjøsen og ingensiad slike Havreaakrar som her i nørdre og søndre Thrøndelag. Det maa vera den lengre Sumardag og den ljosare Nott, som gjerer dette. Havreaakren stender rett etter det gamle Ord som ein Skog. Lufti er liksom so tunn og lett, Soli skiner liksom varmare og endaa lettare, og Maanen og alle Stjørnur ero mykit større og bjartare. Slike Sumardagar og slike ljose milde Nætter med Blomsterduft hever eg aldri havt som paa
Sundnes,
der eg saag Maakar etter Sildestim ned paa Fjorden, og kjende denne Sild, som braanade i Munnen som Sukker, – der eg saag fraa Trammen dette Sundet, som fysser upp til den tri Fjordungar lange Borgenfjord med Flod og ut med Fjøra med Ædfuglar i, svivande rund ikring med Ida og kjende fraa denne Straumen dei navngjetne Flyndrurne, fine paa Tunga som Eggeplome, – der eg gjekk i Hagen millom Springvatn og Ber og Blomar og so ned i denne Fjorden for at symja i dette skumsalte Vatn, som sat kring Livet som ei Staalbrynje, medan Flodvaagirne komo rullande inn imot meg og eg høyrde Susen upp i Sundet, – der eg daa baketter gjekk ikring den største samanhengjande Bygaakren, eg trur fannst i Landet (ikring 300 Maal), som gav Eigaren sin ikring 1190 Tunnur, og likeins ikring den kaalgrøne Jordepleaakren, som vist maatte gjeva millom 2 og 3000 Tunnor, og samanleides ikring fløymande Kveite- og Rugaakrar til minst 100 Tunnur kver, naar alt fekk mogna, – der eg kunde gleda meg i at sjaa det beste Jordbruk, eg hever set, med dei beste Reidskap og Holveiting og Moldskuffing af Haugar og ned i Dekkar, og Kunsthevding med Beinmjøl og Fugletad og Fiskerusk (Guano), – der eg saag Hestar og Fe og Fugl af beste Slag og Hus og heile Stell lagde og inreidde paa beste Maaten, og der eg fann Drykk og dukat Bord og blide Folk og Bøker og Tidender, naar eg kom inn atter etter slike sæle Vandringar og saag mest altid nye Andlit i dette gjæstmilde Hus, som etter det gamle Ord altid stod opit for Gjæst og gangande Mann. So foor eg med Husbonden ikring og saag Fjoset hans til eit Par hundrad Naut – for han hever ogso Brennevins- og Bryggeverk – og paa hans Vintilverknad af Ber, og paa hans Uppskjering af desse Myrar med Leirbotn blandad med Skel; so saago me paa hans Næpeaakrar og Grønfoder til Baasfodring um Sumaren, og rødde um det engelske Jordbruk og alt det Velstand, her maatte koma berre der paa Indreøyi, naar Folket lærde at bruka denne gode Jordi. Og so spende han tidt fyri Vogni si og køyrde ikring dette velsignade Landet med meg og Huslyd (Familie), og var imillom i Vitjing (Besøg) til Ætt og Umgangsvenir sosom Prest og Doktare. Det var inkje Under, at eg tok meg so desse fjortan Dagarne, eg laag her, at eg kunde hava selt meg etter Vigt liksom eit annat Naut. Eg vil ikki raada Folk, som alt lengi sidan burde hava gjort dette, at koma hit.
So siglde eg ut til Yttreøyi i desse nordanfjøllske lange mjuke Baatarne, som flengja seg etter Bylgja og liksom gjeva Tøyg (elastiske), med Mast og Segl som dei gamle Langskip. So foor eg vestigjenom Indreøyi til Skardsundet, som binder isaman Throndheims- og Beitstadfjorden, millom bratte Bergstup og strøymt nord med Flod og ut med Fjøre, soat Idurne sveiva seg paa det kolblaae Djup som Grytur, og naar det blæser, fysser Straumslaget. Dei Gamle maa ogso hava funnit dette Sundet som ei Slags Holu til Hel (Inngang til Oreus) for herifraa skal vera eit Hol igjenom det fleire Mil breide Fosenlandet ut i Storhavet, og det er ikki mange Aar sidan her vardt fangad ei Kveite med eit Merke, ho Dagen i Fyrivegen hadde fengit ut i Bjørnøyr. Ho hadde siglt godt rund ikring Ørlandet det jamdøgret, for desse Holurne under Jordi ero berre gamle Eventyr, som finnst i kvert Land, og jamvel i det gamle Grekarland, der dei endaa trudde, at Aai Meander gjekk ein Løynveg under Havet og kom atter inn med Athen, og ei Kjelda fraa Nilen kom piplande uppatter i Epeiros (?). Dette er ein Tanke likso sams for denne store Folkeætt (den indogermaniske), som dei andre Eventyr um Oskefis og slike Karlar.
So foor eg yvir Skardsundet og vest til Vinje eller Mosviki, som det mest verdt kallat, og saag denne væne store Garden med ikring seksti Husmenn, som ellers mest livde af Fisking, men hadde altid ein Jordspott ikring Husi. Det var reint og nett i dei Husver eg var inne i, og sume hadde endaa Blomar i Vindaugat og ut under Solveggen. Herifraa seer du best austyvir Verdalen Grensefjølli standande i ein bleikraud Kveldrode, som du aldri hever set sunnanfjølls. Her er so koselegt, at det ikki er gløymande.
Men paa Sundnes var endaa mest sjaalegt til Fjord og Land i ein Halvring. At sitja der paa Trammen i Blomsterdufti fraa Hagen og sjaa den sloknande Dagen, som snart kveiker seg uppatter og verdt like ung og bjart, det fyller Tanken din upp med mange Draumar.
Her ser eg fagre Fjord og Bygdir,
som mange gamle Kjæmpur bar,
med mange slike store Dygdir,
at tidt me tru det Gudar var.
Dei Ord dei til os hava skrivit,
dei glima som i Soli Dogg,
for Tanken kvast dei gjekk paa Livet
som Mannen sin med harde Hogg.
Dei kjærleg Leik og Lengtan kjende,
og aatte denne Livsens Glod.
Dei vermde vel, men meir dei brende,
og seig som Soli ned i Blod.
I myrke Villa tidt dei ravad'
men endaa er det sanne Ord:
Dei aatte det, som du maa hava,
um eigong du skal verda stor.
Sit Blod som Vatnet burt dei øydde,
Med Leik sit Hjartesaar dei saag;
Ja endaa i den Stund dei døydde,
paa Tunga Vit og Løgi laag.
Her nord i Innherad er det ikki so snaudt og nordlandsk som sud ikring Throndheim, men her er Trevokster og Lundar og Lende som Sunnanfjølls. Vegen nordigjenom Indreøyi og Sparebu til Steinkjer er paa mange Stadar som at fara inn med Vorma og lenger ut med Glauma. Det er leikande at fara der paa vestre Sida af Borgenfjorden og sjaa austyvir til Mære Kyrkje og derikringum i Sparebu. Eg kom vel ihug dei mange Stevnemøti af dei stride Innherdingar paa Mære, bland andre daa dei nøydde Haakon den Gode til at eta Hesteliver, men eg tenkte endaa meir paa all den Magt og Velstand, som der maatte koma, dersom Folk kunde slaa seg saman og skjera upp den mest ei halv Mil lange og ikring ein Fjordung breide Mæremyr, som ligger der lik ei Fleskeskinke ovanfyre og sunnanfyre Mære der paa Haugen. Det er ein Botn, som Borgenfjorden smaatt i Senn hever sigit ifraa. Det er det gamle men ikki gode Jordbruk at klora og grava og sparka upp i Bakkar og Haugar og Hamrar og lata slike Myrar liggja, endaa det knapt finnst Maken til ei slik Myr i heile Landet, for her er det straks ned paa Leir og Skjel. Sjøen maatte standa yvir her, daa Indreøyi fekk Navnet sit, for Eidet millom Beitstadfjorden og Borgenfjorden, der Skipskjølar ero fundne, ligger høgre. Indreøyi er soleides ikki lenger Øy.
Steinkjer, som ligger ei Mils Veg lenger nord, er endaa mindre enn Livanger; men der verdt utført meir Trelast, som kjem ned igjenom Vasdraget fraa Stod og nordetter mot Naumdalsgrensa. Der Byen ligger og austetter er ei Aurslett, men vestanfyre er gode væne Gardar, og mest sjaaleg af desse ligger den gamle Eggi paa ein kvass Rygg eller ei Egg fram mot Fjorden, so Navnet er etter Skapnaden. Det var, som dei Fleste maa vita, her Ølvir og sidan Kalf Arnason, som fekk Ekkja hans, budde, desse gode Mønstermenn bland dei harde Halsarne, som vilde vera Bygdarkongar og Vikingar og Sjølvstyringar, og soleides sette seg imot alt Stræv for at faa til eit alle desse Smaariki, som laag og bikkjebeit kverandre. Bonden tenkte ikki paa det heile Riket, men berre paa at grava til Bygdi si. Harald Haarfager og Olaf'arne og Haakon'arne o. s. fr. saago vel ikki klaart den store historiske Tanken i Strævet sit etter at faa Riket til eit, for han var blandat upp med formange andre Tankar; men dei saago og kjende, at det gamle Lag var utolelegt og at all den Vikingferd og Hernad paa Frihaand maatte enda. Kristendom og Regjeringskunst var alt daa komen so langt. Det var tvo Tidarskifte, som baaro ihop med Brak, og desse gamle sterke, store, urædde Ættirne
Det var, som Ingen kunde fanga
og slaa deim endefram i Slag,
men at til Grunns dei maatte ganga
som for Guds eiget Andardrag.
Husestaden her paa Eggi ligger midt uppaa denne Knivsegg, so det var berre ovanfraa nedetter Eggi Fienden lett kunde koma fram og brenna Mannen inne og gjera slike gamle Aatgjerdir i alle desse gamle Bygdarstridar og Grannetrættur. Hustrælarne kunde derfor lettare varna kring ein slik Gard enn ein paa Flatlende. Derfor sjaa me ogso slike gamle Gardar bygde paa Bergkullar liksom andre Festningar til Tyngsel for all Drift og Unytte for Hevd. Og so var det no og for det, at dei Gamle vaaro rædde Vaatlende som Katten og mest likso litit som han kunde grava Veitur.
Det er gamle Thingstadar med Steinringar der lenger uppaa Eggi inn i skuggefulle Ospelundar. Det ligger vel laglegt her til at hava vorit Samlingsstaden for det nørdre Innherad og her stender ogso no ei Kyrkje som vanlegt der dei gamle Hov (Offer- og Thingstadar) stodo. Den nye Samlingsstaden kom paa den gamle. Ned i Bakken stender ein Minnestein paa Skjekke, truleg reist ned i Fjøra, men no er han langt upp i Bakken. Du skulde aldri sjaa vænare Gard enn Eggi med Utsyn utyvir Beitstadfjorden og vest til Beitstadbygdirne og aust til Steinkjer og mange gilde Gardar.
Ein Fjordungs Veg lenger nord inn under ei bratt Lid og inn med ein liten Foss ligger den store Garden Bø, som vist er ein af dei største Gardarne her nord, og vist den som er best upphusat og med den gildaste Hagen, som finns i Landet paa ein vanleg Gard. Der var Blomar og Ber og Dammar med Springvatn, og Gangar og Løynvegir, so det var reint utruleg. Eg trudde mest, at eg var i India eller der sud paa og ikki her under 64 Nordgrad. Er det ikki rart med det at det skal vera meir Blomar, til lenger nord du kjem. Eg fann mykit meir Blomar her nord enn sunnanfjølls, og daa eg fortalde dette til ein Mann, som kom fraa Trumsøy, svarade han: «Nei du skulde hava vorit i Trumsøy! Der var Blomar for Karl, der. Det er ingenting her i det Throndheimske mot der». Ja so, sagde eg, helder det paa slikt nordigjenom, maa Nordtappen af Jordi vera ei Bomsterseng og ikki Is, som Folk tala um.
Tvert yvir Dalen her er Moræne paa Moræne som Aai hever gravet seg eit Skard igjenom, og den største ligger som ein Rygg mot Nordanvinden for Steinkjer, mest paa vestre Aabred. Her maatte vera nokot at læra for Jordkunnige, so her er mykit at merkja seg baadi fyrr her kom Folk og etter den Tid. Midt imillom desse tvo Tidarskifti maa vel dei store Bautasteinarne paa Garden Helge vera uppreiste for dei sjaa ut som Jøtulsverk.
Eg saag burt til ein Gard i Sparebu, som heiter Holberg. Sume tru, at det er fraa denne Garden Godfader til vaar navngjetne Holberg var komen: men dei Lærde taka ikki dette for vist. Det er daa med Holberg som med mange af dei eldre største Menn, at Ingen veit der han er komen ifraa. Det skulde vera sjau Byar som vilde gjera Homer til sin, og solengi han livde vilde vist ingen af deim vita nokot af honom. – Var eg Innherding, so vilde eg granska i denne Saki for at visa, at daa ein stor Mann i den nyare Tid var komen af dette store Folk fraa gamle Dagar, og at det ikki var gamle Støvleskoft allesaman, som maa faa Forføting forat faa Folkeskikk paa seg, endaa Moderfolket til Holberg var komet fraa Bergen, soat den Ætt og hadde fengit seg nye Solar iminsto.
Me komo kjøyrande fram ikring ein væn Gard med gilde Hus. Her bur daa vel ikki nokot Støvleskaft, meinte eg til Kjenningen min. Ret som det var, rullade Vogni ned Bakken mot Ledgrindi, som her er so endelaust mange af, at det er reint ein Toll for den Kjøyrande at kasta Skillingen til den svarte halvnakne Ungen, som leter upp. Dette er rett til at gjera Herke-(Pøbel-)Ungar af deim. Det hjælper inkje denne Skillingen, og baadi Store og Smaae skulde hava den Folkeskikk, at dei leto upp Grindi for den Vegfarende for inkje annat enn Tak. No, ja, daa me komo her til Ledgrindi, var just ein Hest med Kjerre komen igjenom og den eine Mannen og, medan den andre Mannen, som der var med, let atter Grindi, daa han saag os, for at ein af os skulde umaka seg af og lata upp. «Hadde du ikki vorit ein Fant», sagde eg og smurde Svipa etter honom, «so hadde du letit Grindi standa».
Dette var Eigaren til den store Garden. Han helt «Friskytten», som mange andre af hans Likemenn der, og han var vist bondebyrg yvir det, at han var slik Mann, at han ikki turvte gjera nokot Aatvik for slike «fintklædde Karlar, som fara drustande og kjøyrande». Eg kjende Tanken, eg, og dette gjorde meg skamfull for dei gamle Innherdingar, som vist kunde vera ville i mange Ting, men det var endaa Gentlemen og ikki slik arm Raaskap. Det er sagt i eit gamalt Ord: «Det kjem Øydare etter Avlare; det kjem Bikkje i Bonde-Stad».
Det var mange Føderaad paa denne Garden. Den ville Mannen likjest Dyret i det og, at han legger seg til at sova, naar han er mett, og ikki tenkjer paa næste Maalet, fyrr han soltnar. Men da er han vel um seg, rivande og slitande. Til lenger Folk koma frametter i Kunskap og Umtanke, til meir tenkja dei fraa det eine Maalet til det andre, og laga seg so, at det «rekker ihop». Ja, dei tenkja lenger: fraa Ungdom til Alderdom, og fraa Alderdom til næste Ungdom og alt fraa denne framigjenom til det Endelause, solengi Ætti kann liva. Livet verdt eit endelaust Lekke med den eine Mannsaldren som den eine Leden. So tenkjer den beste og mest upplyste Mannen og liver etter dette, so godt han kann, og vrakar det, som kunde vera Vinning for honom sjølv, men Skade for deim, som etter koma.
Og umsnutt: til mindre og verre Mannen verdt, til stytre og stytre verdt dette Livslekki (Lenke), alt til han berre tenkjer paa seg sjølv; men dette er og nokot, naar han tenkjer fraa Ungdom til Alderdom, endaa dette og er berre at vere eit gjævare Dyr. Lægre Dyr tenkja berre fraa Maal til Maal og dei lægste leggja seg til at sova, naar dei ero mette.
For det finnst ogso Dyr, som tenkja frametter og det langt fram, ja endaa solangt dei kunde liva og vel so det. Eg minnest just no Reven paa Alfstad, som var tamd og livde i Huset som ein Katt. Han stelte seg so vel i Garden og saag so sedleg ut, at Alle trudde honom det bedste. Han gjekk millom Høns og Ændar og Gjæs og Alt med Fjør Paa, som Reven er so galen etter, og rørde ikki eit Liv. Men lenger burt i Bygdi kom burt Fugl etter Fugl, og Ingen kunde gjeta, kvar all denne Fuglen vardt af. Det var Mange, som mistenkte denne Reven, men daa inkje kom burt paa Garden, der han var eller nærast derikring, so kom denne Mistanken burt. Og Reven sat og høyrde paa all denne Røda og gat ikki eit Ord, men gjorde Skalkeandlitet sit so aalvorsamt, som det er mogelegt for Reven. Han kjende del Hartegnag, som ein Kjennare kunde sjaa idet han drog Halen lægre, naar der kom ei Kone til Gards og gret for den gode Eggehøna si, men han var ein so forhærdig Syndare, at han slog alt burt og fylgde si vonde Lyst. Til Slut bar der til at lukta i Garden, og daa det vardt leitat etter der det kom ifraa, fannst det ei Holu ut ifraa ein Haug og inn i Kjellaren, som var full af Fugl. Han hadde ikki havt Salt den Stakkaren, so Maten hans tok Usmak; men so klok hadde han vorit, at han hadde lagt det yngste inst inne og det eldste ytst ute, so han aat den gamle ule Ma ten og let den nye verda gamal, som alle sparsame Gaardmannsfolk paa Landet, for Maten er drygre, daa han er traa og ul. Det var somykit, at han kunde hava havt Suvl all sin Dag, so det var Gut, som tenkte fraa det eine Matmaalet til det andre, ja paa Alderdomen med, og det um han hadde Kosten og fritt Hus dihelder. Det er mykit faa Menn der i Bygdi, som er betre enn denne Reven. Dei fleste hava sama Haatten som han, men ero ikki so vise, og derfor draga dei heller ikki somykit ihop.
Det vardt nokot langt utifraa Vegen min med denne Revarispa, men eg laut visa, at some Dyr er meir langtenkte enn mange Folk, som ikki ero somykit betre enn mange Dyr, som dei tru. Kjenner du ikki Mange ikring deg, som ikki tenkja fraa Maal til Maal?
Ja, sjølv den Guten f. Ex. som sagde: var eg Konge, so vilde eg ikki gjera annat enn liggja i Høyløda og eta «Risengrynsgrød», han stod lægre i Folkeskikk (Cultur) enn denne Reven. Og slike som denne Guten er fleire Folk i Landet, enn Nokon trur.
Det er ein aalgjengjeleg Tanke det, at det er den største Lykka, naar Ein slepper at gjera nokot og endaa fær Maten, «Herregud han liver godt han; arbeida tarv han ikki det minste og endaa kann hava den beste Maten». «No hever han tent somykit, at han kann sluta med alt Arbeid». «Det er berre af Girugskap, at denne rike Mannen arbeider, for han kunde so godt sleppa; den som berre var so sæl». «At han, som er so rik og barnlaus attaat, vil slita med Gardsbruket! nei var eg i Staden hans, so skulde Andre faa Lov til at gjera det. Eg skulde sova og eta og liva som Kon gen». «Ja, det er Mann, som liver godt det: han kann liggja til Dugurds kver Dag, og leggja seg so tidleg han vil». «Det maa vera gamle Syndir, som gnaga og grava og driva denne Mannen til Verksemd». Slike Talemaatar fær du høyra nok af, og desse maala Folkets Villmannsliv og Dyretilstand meir enn nokot annat. Og i Føderaadsvæsenet kjem dette klaaraste fram i Gjerning.
Peter Olivarius og Oline, eit Par barnlause Folk ikring fyrti Aar, aatte denne Garden, som er fraatalat. Men daa dei soleides ikki hadde «nokon at arbeida for», sagde Oline ein Dag, ho var trøytt: «Olivarius, me ero nokre Galningar, som liggja og slita med denne Garden, me, som kunde liva so godt og sutlaust». «Det var sannt det, Oline», svarade Olivarius, «det kan Andre, som meir trengja til det, slita med Gardsbruket og husa upp og brjota Skjer or Aakren. Tomlongius Broderson min og Seriane, Kona hans, Systerdatter di, koma so til at erva os, korsom er; det er derfor best at dei faa Garden liksogodt no med det sa ma, og so taka me os Fjerdeparten af Gardens reine Afdraatt i Føderaad, so kunna me liva som Haukar, sitjande paa Krakken».
So fekk Tomlongius Garden. Han sat der i Armod med det store Føderaad og mange Born, so han ikki braut mange Skjer or Aakren eller snuggade stort med Husi; han sleit og beit seg fram, og ynskte inkje heller enn at desse velsignade Føderaadsfolki maatte døy; so det var ikki mange Aari han var taksam for Garden, skulde eg tru. Det kom endaa til Sak imillom desse eldre og yngre Folk. Det stod i Føderaadsbrevet, at det gamle ogso kunde hava ein Stovugris, men daa Grisen stundom var ute paa Roting og ikki aljamt inne med Husbonden pustande i Oska, so meinte Tomlongius, at han, som gav so stort Føderaad, ikki vilde have denne Grisen rotande i Garden. I det gode gamle Ord Stovugris ligger, at han aljamt skal vera inne med Folki som Barn i Huset; medan Olivarius trudde, at Ordet ikki vilde segja meir, enn at Grisen var inne og laag i Aaren, daa han var mindre, men at han maatte ut for det meste, da han vardt større, for so koseleg som Grisen er at hava inne hjaa seg, naar han er liten, so verdt han heller usnyrten i Stova, naar han vekser til, endaa Skorsteinen dreger no til seg det meste, det er ikki for det; men han kann ikki vera fødd med berre Mannamat heller, naar han verdt vaksen. Og eg trur at Retten kom til det Utslag, at Ordet Stovugris maatte tydast paa denne Maaten. Sakførarne skreiv mange gode Innleg um Meiningi af dette Ordet, so det vardt ein dyr Gris baadi for Olivarius og Tomlongius, daa Saki var so tvilsam, at kver af deim laut svara Kostnaden sin.
Det var stor Trætte um Veden og, endaa det kom ikki til Sak um det, og so var det no heller ikki solangt etter Veden som sumestadar paa Mjøslandet. Der er det tidt Syndehus med Føderaadsfolki um Veden, som ofte maa kjøyrast fleire Mil til desse stakkars Gamle i den kalde Føderaadsstova si.
Daa Tomlongius hadde setit paa Garden tolv Aar, var Olinus den eldste Sonen hans tjuge Aar, for «han var aatte Aar fjortan Dagar etter Jonsok det Aaret me toko mot Garden», sagde Seriane, «og Thorine var seks Aar aatte Dagar fyri Jol, og Petronius, som heiter etter han gamle Peter, fire Aar nettupp Vetredagjen; og Oliane, som heiter etter hena gamla Oline, tvau Aar tri Dagar fyri Olafsok. Me reiste uppatter desse Gamle med desse tvau Borni, for me hadde alt Von um at faa Garden so tidleg».
Olinus tok alt til at tenkja paa Giftarmaal han, endaa det saag ikki godt ut til at gifta seg med dei gamle Føderaadsfolki paa Garden og Foreldri enno unge – ikring ei femti Aar – og seks Systkyn at løysa ut. Men «Olinus var klok han», sagde Seriane, Moder hans, «som tok den gamle Ekkja med seks hundrad Daler, for so kunde han løysa ut Systkyni sine og taka mot Garden, som Tomlongius og eg alt lengi sidan vaaro trøytte af. Me kunde no faa det maklegare og taka so stort Føderaad, at me kunde føda upp dei tvau minste Borni og».
Men denne gamle Ekkja, som no vardt den «unge Kona», var ikki naadig mot desse tvau Por Føderaadsfolk, for det var som ho sagde til Mannen sin: «me hava Fortenesta af Arbeidet, og dei Gamle sitja paa Krakken etande upp Aarhagen. Og dei ero ikki eldre dei enn eg og friskare til. Ja eg fekk Gard for mine seks hundrad blanke Dalarar! Olinus stakkar, han maatte lova Kona si at lata dei Gamle faa Lettekorn og vatsfulle Jordepli, og kjøyra ut Hesten, fyrr dei fingo honom. Sjølv stod ho for det, at dei Ungnaut, som dei Gamle fingo, vardt lagde undan dei klenaste Mjolkekyr, og Lombi undan dei klenaste Saudirne; og dei Kyr, som Garden skulde føda for dei Gamle, svelte ho mykit meir enn sine eigne. Det vardt Trætte og Graat og Laat. Og desse tvo Føderaadsfolk vordo no Venir og slogo seg saman mot den sams Fiende. Seriane og gamle Oline, som hadde trættat so mangein god Dag um dette sama, vaaro no samtykte i at bannstøyta den unge Kona; og gamle Olivarius og Tomlongius, som ellers altid for det meste hadde haldit ihop mot Konurne sine, dei sagde: «ja, det fær Mannen for det han leter Borni sine faa, at dei stunda Livet or honom».
Gamle Olivarius, som spurde meg til Raads um eit og annat, gav seg so smaatt ogso for meg, som berre gav honom dei Rettarbøter: «Du fortener alt det du fær og vel so det, for du gav upp Garden i dine beste Dagar. At de aldri skal kunna læra! Du skulde hava sagt som Mannen til Son sin: «Du fær vel Garden min, men det sker ikki solengi Nasabeinet mit stender i Vedret».
Og all denne velsignade Uppgjeving af Gardarne fører likeins det med seg, at desse unge Vimringarne af stakkars Odalsmenn laupa burt og gifta seg, fyrr dei ero Manns Menn, so det verdt Faakunna og Syndeskap og Armodsdom heile Horgi. Du, som aatte Gar den din og var i Velstand, du skulde hava dyrkat honom upp, og letit ei slik Gjerning hava vorit det beste Barnet etter deg; du tenkte berre paa deg sjølv, tenkte berre paa at eta og sova, som det daarlegaste Dyr, og derfor kann korkje Gud heller Mann tenka paa deg med Miskun».
Ja denne Uskikken med Føderaad er driven rett vidt her nord; eg tenkjer mest likso vidt som mangestadar paa Upplandet og mest ikring Mjøsen. Upp i Fjølldalarne og desse mest gamaldagse Bygdir hever ikki eg funnit det fullt so ille, for den gamle Skikken var der mykit likt den gamle «germanske» og no mest den «engelske», at Mannen sat i lengste Laget med Garden sin, og daa let den eldste Sonen faa honom for eit ringt Verd, so han kunde sitja som Mann haldende eit Hus etter Garden, og hava ein Heim for dei andre Systkyn, som inkje fingo for seg sjølve. Men ei nyare Tid totte, at dette var Urett, og anten bytte sunder Garden eller let den eldste Sonen gjeva somykit for honom, at han sat i Skuld og Armod all sin Dag. Me faa no sjaa, kvat Riket er best tent med i Lengdi. Og at vaare Bondestorthingsmenn hava vorit med til dette visar iminsto, at dei ikki tenkja paa stor politisk Magt for fine Etterkomarar.
Eg hever inkje imot, at Gardarne verda bytte, naar kver Lut verdt so stor, at Mannen kann liva af honom med stort Hus utan at slita so for Føda, at han korkje hever Raad eller Tid til at læra nokot. Her er til all Lykke mange Gardar, som enno godt tola at verde kløyvde baadi i tvo og tri Lutar. Dette store rike Austland verdt vist ikki dyrkat rett upp fyrr. Eg kjenner endaa Gardar, der det no verdt avlat meir paa Helvti enn fyrr paa det Heile, og at hi Helvti kunde verda likso god, er likeins vist. Saki er at finna den rette Grensa, og den finner ingen betre enn Folket sjølv i kver Bygd, naar det meir og meir verdt upplyst.
Eg torer ikki fullvissa, at denne Gardeutbyting og dyre Løysing for Sonen beint fram henger ihop med denne Mengd af Føderaad, endaa eg trur so, naar det Eine verdt liknad isaman med det andre i sama Bygdirne. Baadi det Eine og det Andre af dette og baade ihoplagde er store Ting for Rikslæraren og Riksstellaren at tenkja paa.
Det er endaa eit, som henger ihop med desse Ting, og som kan ættleidast fraa den sama Blanding af Nyt og Gamalt, Fritt og Ufritt, By og Land, franske Læresætningar og gamalt Riksstell, Landadel og Bypøbel, og dette er – so rart det enn kan synast for Mange – dei nyare rare og mange og ihopherkte Novn. Du skal altid høyra i slike Bygdir Gunnerius, Thorenius (af Gunnar og Thor) og slike lange Reglur som Hans Carl Petter Fredrik Anton Fleskesen (dette er lært af dei eldre Embættesmenn), og Gjentenovn som Indiane (Forældri maatte hava lesit um Tristan og den væne Indiana), Olivia og Oline (af Olaf). Nei dei setja endaa Novn ihop af Karl og Kvende sosom Kariole (uttalast Kariol) af Kari og Ole, eit Navn, som narrade meg godt, for eg tenkte at eg skulde sleppa dei stygge Skranglekjerrurne, daa dei skreik paa Kariol, og just var det den fillutte Skytsguten! Det er reint skrøpelegt med alle desse Novn her nord, ja det gjenger endaa mest so vidt som med den gamle Kanalgravaren, daa han for at hava eit Afminne etter Opningsdagen af Kanalen sin, kristnade Dotterdotter st med Kanalia.
Og slike Novn skulde eg høyra somange af her ikring denne gamle storslegne
Trondheimsfjorden!
«Det er ein makalaus Fjord med eit fagert og rikt Land kransat ikringum seg», sagde eg paa Eimbaatsdekket til ein Kringil af Folk, som eg stod og rødde med. «Aa ja, men det er eit armt Land», svarade ein eldre Storthingsmann derifraa. «Ja de (I) er arme», svarade eg harmfull, «men Landet er rikt; her er langtifraa gjort somykit, som eit slikt Land fortener, for vel saag eg Framstig paa mange Stadar, men eg hever set det i den Vegen mykit betre i mykit armare Bygdir. Og dette visar seg og paa det, at her, som maatte kunna fara tri fire, berre ferer ein Eimbaat, som endaa attaat er lovad Hjælp af Rikskassa! Men», lagde eg aatløgjande til, «naar no du, som ein af Landsens Utvalde kjemer atter til os, og er den Skapnaden, som eg her fann mest af bland desse gamle Ættingarne, so er det vel, at me kjenna Landet og kunna svara deg».
Ja, det var ein Fjord for Vikingar dette med alle Sund og Vikar og Knipplingar og alle desse Fjordarne med ein annan Vind etter Daladraget! Og so svint at samla heile Folket fraa desse Oddar og Øyar og Kvelvar! Dei Gamle visste vel, kvat dei gjorde, daa Innherad og derikring var Landsens Kjerne. Det kunde i some Ting nokot so nær vera det enno, helst dersom Jarnvegen kom her austigjenom Verdalen til Sverike, endaa Landsens Læge og nyare Skipnad gjerer, at desse Bygdir berre kunna koma upp til andre eller tridje Rang, for her er ikki Skog nok og store lange Vatsdrog, som samla Magti kring Osen sin. Men her maa verda jamt og jamrikt og mest makalaust yndefullt, for vel er her ikki altid som no – daa vilde det vera eit Neapel – nei her stormar og regnslær ukjent for os Sunnanfjølls fraa, det kjende eg, daa eg foor ut Throndheims-Leidi; men her inne kann du sjaa paa Trevokstren, at det ligger meir i Logn og Livd.
Den, som ferer her den fyrste Gongi, kann knapt lata vera at drøyma um alle desse gamle Minni fraa det og det Landet, den og den Garden og Viki og Odden og Fjorden. Er daa Fjorden, som naar eg foor der innan fraa til Throndheim stavende still glimande i Soli med denne underleg lette nordlege Luft um seg, Aakrarne ikring mogne og Marki kaalende grøn, so er det ei Fred, som du ikki lett skal gjera Maten til. Daa me komo framikring Frosta, laag Throndheim gjøymd der sud i Røykjen sin. Der i Sundet millom Landet og Tautra med sine Lundar og Merki etter det gamle Kloster maatte eg syngja um hena
Thurid paa Tautra.
Thurid Dotter var til Olaf Kosi,
som var Thrøndelagens største Mann,
og fraa Hrafnista, der upp ved Snosi,
Wttartalet fraa det fyrste rann,
dette Jøtulsblod,
som i Magt og Mod
knapt bland norske Ættir Liken fann.
Kristendomen kom, men endaa lengi
varte gamle ville Vikingtid.
For um Folket Daapen hadde fengit
ikke Aandi kom som Duva blid.
For den gamle Tru
er so sein at snu:
Lengi sitja gamle Røter i.
Olaf kvert eit Aar i Viking vankad'
– her var Vikingstraumens Utfalls-Os –.
Um det meinkat var, so endaa sankad'
han med det sin Rikdom og sin Ros.
Prydnad Thurid fekk,
so at gild ho gjekk
der i Bygdi som ei Bedle-Dros.
Alt det gilde Gjentur skulde læra
lærde Thurid og litt meire til.
«Af mi eine Dotter hava Æra»
sagde Olaf, «eg ved Odin vil.
Ho er ingen Mann.
so ho strida kann,
men so skal ho læra Strengespil».
For sin Fader og dei andre Gubbar
syng og spilar Thurid mangei Gong.
Ville Viking blidt i Draumar dubbar,
naar han høyrer elskhugsfulle Song
um den Riddarsmann,
naar si Møy han fann,
men at Vegjen vardt til Sæla trong.
«Du meg fyller upp med mange Tankar»,
sagde Olaf til si Dotter daa;
«naar du synger slikt mit Hjarta bankar,
for det er so ofta me faa sjaa:
Den, som mest er snild,
hæv og gjæv og gild
sjeldan me i Lengdi njota faa.
Derfor vil eg at du skal deg gifta,
og du skal han Sigurd Sundnes faa.
Han er sterk og tunge Hogg kan skifta;
brotnar Sverdet, kan han svimeslaa.
Rik han er og stor,
og i Ætt med Thor.
Slik ein Thingmann skuld' du aldri sjaa.
Fader hans og eg me so det gjorde,
at af dikkor skulde verda Par.
Gamle kloke Feder aldri torde
lata Gjenta velja sjølv sin Karl:
Beste Gjenta tidt,
saag me breidt og vidt,
til at kjosa Mann ein Daare var».
«Takk for Guten, som du vil meg gjeva»,
sagde Thurid, «men for ung eg er;
og so maa eg sauma meir og veva,
fyrr slik Mann og Gard og Heim eg fær.
Gjenta altid maa,
fyrr ho Mann kann faa,
hava lært til Gangs all Gjentegjerd».
Men ho hadde, det var rette Grunnen,
til ein Annan fyrste Hugen lagt.
Henar rette Mønstermann var funnen;
og det fyrste dyre Ja var sagt.
Og eit slikt eit Ord,
som den Unge svor,
løyser ikki sjølve Faders Magt.
Men til Fader sin ho ikki trudde
det var enno værdt at segja fraa;
naar ho leikad' fint og smaat det snudde,
skulde han med andre Augo sjaa
henar Festarmann
og vist tru, at han
var den beste, som ho kunde faa.
«Det er sannt, han er i Valland tekin,
daa min Fader tok hans Faders Borg;
sannt, or Laget stødt han ut verdt rekin
som ein Træl paa Tilje og paa Torg.
Men so viis som han
finnst her ingen Mann
i vaar heile ville Viking-Horg.
Og i Ætt han kan paa alle vinna,
so det er ei Synd at han er Træl.
Dette sama Fader min maa finna,
naar med honom eg fær tala vel;
vist han mjuknar daa
og maa vilja sjaa
meg, si moderlause Dotter, sæl.
Fader min maa likeins eigong sanna,
her er annat Gjævt enn Vikingmod,
og at dette Liv er skapt til annat
en at verda blandat upp med Blod.
Han vil læra vist,
at den kvite Christ
fram um Andre var so mild og god».
Men den stride Olaf ikki kunde
stiga som ein umvend Mann i Grav.
No, som daa han yngre var, han unde
i den Tru, som honom Styrken gav.
Burt kom Thurids Træl:
Ingen viste vel,
kvar den arme Gut var vorden af.
«Høyr no Fader, du», daa Thurid sagde:
«me er baade sterke kver for seg.
Liksom du min Gut i Gravi lagde,
legg i Gravi eg meg sjølv for deg.
Som somangei Møy
ut paa Tautraøy,
uspurt deg, i Klostret gjenger eg».
Dit ho gjekk og song og bad og trudde,
at ho hadde valt for Sæla best.
Der ho kvitklædd gjekk og heime budde,
og var Christi Brud ug Herrens Gjæst.
Men vaart Livsens Mod,
og det unge Blod
krever meir enn Bønebok og Prest.
Der dei Soli saag i Fjorden glodde
Kvelds og Morgons i eit Hav af Eld.
Der ikring dei millom Sjøfugl rodde,
og saag kring seg desse fagre Gjeld;
song i Baat paa Fjord,
plukkad' Blom paa Jord,
til det ringde inn aat Bøn mot Kveld
Men det Gode litit godt vil vera,
naar eg ikki sjølv er god i meg.
Skal det Fagre ljos og let deg gjera,
maa du vera ljos og lett i deg.
Alt det Store maa,
um du skal det sjaa,
i dit klaare Djup faa spegla seg.
Er du aud paa Kunskap og paa Tankar,
so er likeins alt ikring deg audt.
Er du daud i deg, det Liv som bankar
ungt ikring deg, daa er bleikt og daudt.
Er du snaud for Godt
– paa deg sjølv ein Spott –
Livsens Blomsterliv er svart og snaudt.
Vilhelm, Trælen, fort som Fuglen rømde,
daa han saag, det beint paa Livet bar.
Heim han kom, og Folk til honom dømde
Fad'rens Adelskap og store Gard.
Men si Thurid daa
stødt han tenkte paa;
fekk seg Skip og siglde dit ho var.
Brud til Brudlaups var 'ki lett at taka.
Heller som til Likferd kom han hit.
Men han Klostret fann, for han seg rakad'
og som Munkebroder kom han dit.
Varmt han Thurid bad
fylgja seg af Stad,
og paa Gud og honom setja Lit.
«Sud med Nidaros der Skip os venta
– snart me smetta gjenom Gjerdeled –
Folk og Flote fekk eg for at henta
deg aat meg til fagre Valland ned.
Eg og du skal der
gløyma Motgang her,
liva sælt og døy i Herrens Fred».
Just som Baaten han fekk løyst fraa Bandet,
komo Klosterfolket etter daa,
som i Myrkret stakk so kvast fraa Landet,
at der ingi Frelse var at sjaa.
Daa det ute var,
tok han Thurid snar
med dei Ord: «eg sial deg endaa faa».
Brudarsængi dei paa Botnen reidde.
Bylgja Brudarsongen var for deim.
Skum paa Sængi seg som Lakan breidde.
Tang og Tare prydde deira Heim.
Ned det sokk og seig,
men mot Himlen steig
deira Aand fraa Fjorden som ein Eim.
Eg laag i Throndheim nokre Dagar og tenkte paa at fara med Baat ut til Ørlandet og sjaa bland annat det gamle Herresætet Austraat. Eg tingade Baatselskap og; men so kom eg ihug, at Drosi endaa ikki var fari fraa Byen – eg hadde set ein Blink af hena i Gata ein Dag –, og so tenkte eg, at det var best at venta paa Eimbaaten, for kven veit, um eg ikki i denne Millomtid kunde raaka paa Drosi, og kanskje faa Fylgje med hena attaat. Eg trur paa Lagnaden min, tenkte eg, og ventar. Og vel var det, for det kom slik ein Storm i Fjorden, at den Baaten, eg skulde hava fylgt, kollsiglde og vardt driven inn paa Byueset. Eg trur dei komo burt allesaman. Og hadde ikki Drosi vorit, so hadde det vist gjengit likeins meg. Ho frelste daa Livet mit. «Dette maa vera Fyribod paa nokot annat», tenkte eg, og foor tidleg ut paa Eimbaaten, der eg so halvt um halvt truddde, at ho var.
Den Dagen var det Vedr ut igjenom Throndheimsfjorden! Det var so du maatte halda deg for ikki at blaasa ned, og Regn-Eli slogo gjenom dei tykkaste Klædi som Haglladningar. Det var so Fjorden mest ikki kunde brjota, men laag nedklappad og berre skalv, nett som naar Sorg og Sinne paa det djupaste griper deg. Det er ingen Faare, naar det bryter. Det var so Jarlen sukkade og stunde i kver Ledamot. «Det gjenger tilbake Haakon, det gjenger tilbake Haakon», maatte eg tidt mæla, der eg i Eldhug stod og kjende meg med i denne ville Dansen, kvedande:
Du Throndheimsfjord, kver kjenner deg
som Vesterhavets brotne Veg
for gamle Berserksgang!
So saag din Storleik ogso eg,
og du vil husta likeins meg
til Hugnad paa dit Fang.
Agdanes er Grænsa for Trondheimsfjorden, endaa det heiter Throndheimsleidi langt vest og sudigjenom innanfyre Ørlandet og alle desse Øyarne, som Smyli og Hiteri er størst af. Der er Sund imillom, som Storhavet syger innigjenom, og sud mot Christiansund er den sokallade Talgsjo, der Havet stender sterkeste paa mot bratte Fjøllveggir, som hadde ei kvit Kanting af Skum liksom brusande Knipplingar nedlengft paa den myrke Kjolen af alle desse Møyar med sine Hovud mot Sky lenger og lenger innigjenom alt til dei lenger sud og aust likeins faa kvite Skaut. Eg var so glad i all denne Storm og Brjoting paa Skjer og i alle desse Fossar af Skum, at eg liksom ikki hadde Vit til at vera rædd, men smaasong paa Byrons «Apotheose til Oceanet» – – – – – –
Du Hav, du Moder Hav, eg elskar deg.
Det var den fyrste Ungdomsdraum af meg
som elskat Barn ved Bringa di at vera – – –
Det maatte vera lognare Sjø, tenkte eg, daa Slaget ved Solskjel stod her millom Skjeri. Harald Haarfager kom daa sud Leidi og møtte her Floten fraa Mørerne, som Folk tru.
Her ser det ut som eit Sprinkelverk med alle dei smaae smale Sund imillom Skjer og Holmar. Ut paa Hiteri (heller Smyli?) skal vera upptalt ikring tolv hundrad slike smaae Holmar med Sund imillom sovidt Baaten kanu fljota, stundom større og tidt endaa mindre. Det er fordetmeste snaude Berget og Raudlyng paa desse Holmarne, og likeins langt innetter Bergi, so der ser livlaust ut. Imillomaat er det no ei grøn Dokk, der ein eg annan Garden ligger og ein liten Slaattebakke som Turkekluten. Fyrr her kom Folk, og daa her venteleg var varmare, stod store Furuskogen her, som synligt er i gravne Myrveitur. Det kann no berre vera for Fisken og Handelen med dei indre Dalar, at Folk bu paa desse ugjæstmilde Strender, naar daa ein og annan betre og større Jordspotten verdt undantekin.
Christiansund ligger inn i eit af desse Sprinkelverk med Smaasund i Kross millom Smaaøyar, endaa Størsteparten af Byen ligger paa ei større Øy. Folk fær altid Blomar ikring seg. Det saag eg best her, for inni kver Sprekk af turre Berget var der ei Blomstersæng, som daa var svartnad etter Sjøfoket af siste Stormen. Det var ikki Kjøyreskeid i desse Goturne, skulde eg tru. Det var som Sætervegir upp i Kleivar og Hangar og Hamrar. Men det var koselegt millom desse gilde Hus for det meste. Det er ein god By Christiansund. Her er vel ingen By i Landet, berre Christiania, som vekser so fort, no sidan det er komit Stans i Stavanger, ettersom Sildi dreger seg nordetter til. Christiansund ligger so til ut mot Sjøstroket, at denne Byen maa veksa, solengi Fisken ikki minkar, for Throndheim ligger nord for langt inne og likeins Molde sunnanfyre. Og til Bergen maa det meir og meir verda for langt for Nordlendingen, som no altfort maa draga seg til Trumsøy, endaa det er no so rart med ein slik større By som Bergen, der alt er at faa for Nordfaren. – Aalesund vekser og fort, for det ligger likeins betre til, og som Christiansund kring Torskefisket paa denne Leidi.
Her er mange dygtige Handelsmenn her, som i dei seinare Aar hava tekik paa at føra Turfisken i Smaakistur til Vestindia istadenfor som fyrr mest berre til Spania. Det er vaagsamt med det, at Fisken kann verda utskjemt i all den Varmen; men den som kjem vel fram, svarar seg so godt, at dei halda paa med denne Utskiping. Det var forvitnelegt at sjaa desse Smaakisturne og den fine flekte Fisken lagd i Lonir (Stabeler) mest som Flatbrand. Det var so reint og fint paa desse Sjøbudir og so frisk ein Tev, at eg ingenstad hever set Handelen so godlidande. Og reint utmerkt upplyste Handelsmenn var eg likeins so heppen at raaka paa her. Det var endaa sume, som kunde tala um Kunst og boklege Ting som studerade Menn af det betre Slaget. Og so var det no so rikt og vel stelt i mange Hus og slik ein Hugnad i det Heile og slike fagre Damur at det er knapt eg kann halda Pennen fraa at ravla ned ei Vise.
Men, her var mest som i Skien otte nie Aar sidan, daa Lammers var i beste Bragen sin, at desse upplyste Folk vaaro liksom bundne af den faakunnige Mengd, som hardstyrde Byen med Trudomen sin, og det er altid for faae upplyste Folk i slike Smaabyar til at standa imot denne raae Magt for det fyrste, som paa gamal Vis trur seg gangande med Sanningi i Fikka si.
Det var ein ung Prest som paa vanleg Vis førde denne sjuke Trudomen hit, og daa han imot Sedvane talade rett godt for seg, so kastade han Sykjen paa det arme uvitande Folk, for dei Upplyste lego berre og riste paa Hovudet aat det, soleides som det altid verdt gjort; men paa vanleg klok Vis leto dei som ingenting var, for slikt maa hava si Tid liksom ein annan Farang eller Umgangssykje; og so gagnar det aldri eit Grand at tala imot solengi det stender paa; det verdt no berre til det, at Folk tru, at du er eit gudlaust Menneskje. Det hadde heidat af det verste, daa eg var der, endaa der kom den eine Dagen ut eit Spursmaal i Byens Tidende, um det ikki skulde verda meir af med den Afgjerd, at denne Presten skulde koma dit til Saaluhjælp attaat. Slike Stykki som det i Morgenbladet um Lammers og i Vetr um desse nymodens Liktalur er til stor Velsignad i denne Tid og for slike undertrykte Stadar. Det lettar som at faa af seg Mara.
Der ovanfyre Byen er liksom eit Vakthus ut til Havet. Paa det fann eg og min gamle Ven Ole Vigs Navn og mintest daa, at han hever skrivet ein rett god Song um Usynet yvir Havel, naar Soli siger ned i det. Det var vist herifraa han fekk Tanken. Han var her i fleire Aar som Skulemeistare, og ei Gjente herifraa sat i Hugen hans all hans Dag. Eg spøkte tidt med honom yvir det, at ein Mann ikki fær fraa seg ei slik Hugkjenning, naar det er raadlaust at faa det fram; men her sat eg saarhugad og saag paa Navnet hans og tenkte Paa, at det ikki var lett for ein yngre Mann at bu her og koma usaarad herifraa. Det er ikki fritt for, at det siter ein Agnor atter i Hjartat mit med, og det so aldrande Karl som eg er, endaa eg trur no, at desse yngre ero vænare enn dei eldre. Og dette sama vil til all Lykke ein Mann segja etter mi Tid og, naar han som eg siter her upp med Vakthuset og finner likeins Navnet mit paa desse utkrotade Veggirne.
Her er litit Grand Trelast her med, som kjem innantil fraa Fjordarne, og denne Lasten er som all den nordanfjøllske so reintvegjen af Slagregnet og so raud i Adelen (Malmen) som fint friskt Kjøt. Det er Fjøllfuru, maa vita, um det so er ned med Sjøkanten. Desse Plankekostarne saago mest etelege ut imot den graae Lasten her sud; men so er ogso denne raude Fura brøysk som Pipestylken.
Straks sunnanfyre Christiansund er det gamle Freidøy, der Egil Ullserk ligger nedgraven i Haugen sin. Sudigjenom Landevegen til Molde er ein djup Dal rett som du skulde fara haagt til Fjølls med bratte Lidar yvir Hovudet dit og det beste Gjeitebeite. Bekkirne hingo etter Regnet som Sylvbordur ned etter Fjøllsidurne. Det var god Jord ned i Dalbotnen langs Fjorden, og Mannen, som skytsade meg, talade so viist um Jordbruk og um Stellet med Garden sin, at det lovade ei god Framtid. Han sagde, at han hadde slutat med Sjøbruket, for det var berre til Armod, naar Mannen hadde Jord. Naar no den Tid kjem, at dei, som hava Jord driva godt den, so vil det koma Folk, som berre driva Sjøbruk, og daa kunna baade Ting drivast betre, og kver altid hava nokot af si Drift at selja, so det ikki er som no, at du tidt ikki kann faa fersk Fisk der tett inn med Sjøen, og det endaa tidt ikki i desse mindre Byarne, for der er enno ikki komne Folk, som liva berre for sit Bruk; men paa gamal Vis driva dei det eine attaat det andre, og so verdt det Tufs med altsaman.
Eg spurde denne Skytsmannen, um han aatte Gar den sin. «Aa nei, Gud naa's», svarede han, eg er skuldig heile 4 hundrad Dalar». Eg kunde ikki annat enn læ aat dette, etterat eg hadde høyrt um Gardens Afdraat; men Tingen er den, at Hundradet for Garden her svarar til Tusindet paa Austlandet og vel so det, og eg meinar ikki med Austlandet ikring Christiania og dei andre Øyarne, men lenger paa Landet sosom ikring Mjøsen, paa Ringeriket og ikring Byren. Og endaa var det ikki meir enn ei god Mil til Christiansund fraa Garden aat denne Mannen, so det kunde ikki vera den meir tungføre Handel som i mange Fjøllbygdar, og her kann all Afdraatt paa Baat førast til Torgs. Og Jordi er ikki tyngre at driva her; det saag eg vel. Det maa vel vera mange Grunnar, som gjera dette, og ein af dei største maa vel vera det gamle Stell i eit og alt med Drift og Handel og Vandel. Vaare Jordbrukslærarar, som Rikskassa sender ikring, burde løysa slike Spursmaal, so me kunde faa ei Samnlikning millom Dyrleiken af Jordi i mange af Landsens Bygdir. Det er ein Bergrygg yvir, fyrr du kjem sud til Raumsdalsfjorden, og fraa denne Ryggen ser du Fjølltindar austetter af eit Slag, som du ikki er van ved. og til lenger du kjem sudetter Strondi mot Molde til fleire Tindar ser du af Raumsdalsfjølli. Som eg sagde, pigga dei seg upp som storknade Havsbylgjur og kvelvde Baatar. Det er nytt endaa for den, som er fødd upp millom vaare andre Storfjøll. Naar Landet verdt rikare, og Utlendingen fær større Smak paa det, maa Molde verda eit Como og Schweitz, der rike og livsleide og sjuke Folk liggja mest um Sumaren for at sjaa aust til alle desse Fjølltindar og djupe Dalar. Naar denne Fjorden er still, og Kveldsoli skiner paa desse Fjøll, maa her vera likso stort som yndefuldt. Vedret var ikki godt, daa eg var der, men endaa saag eg nok til at segja, at eg ikki hever set Maken til Samsyn i det Heile, um enn Gautstad og Rundarne fraa sume Kantar sjaa større ut. Her er eit heilt Belte, her, og alt af eit annat Bergslag; og so Fjorden og denne koselege Fanestrondi inn med seg! Og so kann Ein med Eimbaaten fara sud til Tresfjorden og inn til Vevlungsneset, og so kjøyra uppigjenom denne makalause Dalen, og so nedatter og nord og innigjenom Fjordarmen til Eikisdal. Det er so villt, at det kann skaka alt dette. Her kjem no ogso Aars aarleg Engelsmenn, som mest liggja og fiska i Rauma ned under Trolltindarne paa søndre Sida og Raumsdalshornet paa nørdre. Eg saag nokre der so kryltne yvir Hærdarne og so skrylteryggjade og skjeivlebeinte, at eg kjende deim bakfraa lang Veg.
Paa søndre Sida af Fjorden fraa Molde ligger den kjende Vestnesmyr, som det somykit er skrivit um. Det er ei stor Myr, men sovidt eg i den Hast kunde sjaa, so er ho ikki af det beste Slaget; men der er endaa komne gilde Vollar. Det er Synd, at so stor Kostnad og so god Vilje ikki skal svara seg betre. Der er ei Myr mest likeins i Soløyr, og det er ille, at Magt og Hug og Dug heller skal skræma Folk fraa slike Gagnverk, afdi det af eit Raam ikki vardt lagt paa rette Staden. Likeins er det med Austmyri inn med Throndheim. Det er upplyste landskjære Menn, som hava lagt seg um denne Myrdyrking, af di dei saago, at Folket ikki hadde Vit paa det; men det vardt tekit for stort i paa desse Stadar, som ikki vorde valde med Skynsemd. Slikt hever det likeins gjengit med mange af vaare Landbruksskular og eit og annat Stell med Hjælp af Rikskassa til Framhjælp af Jordbruk og Feavl. Uvise Folk taka Rædsla af alt dette og meina, at det Gamle var best; men dei kloke vita, at Landet som kver einaste Mann maa læra seg fram gjenom Mistok, og dei takka likefullt dei Gjæve, som fyrst vaaro ute, um Verket endaa ikki svarade til den gode Viljen. Det er rett som her skulde vera ei Ulykke paa dette vaart store Stræv etter at skapa varig Velstand i Landet. Men gjenger det traatt og uheppet fraa fyrst af, so skal det vel verda somykit betre paa Slutten, naar me faa lært.
Daa eg foor her paa desse raumsdalske Strender, kom eg til ein Gard innunder ein Haag Nut (her er allestadar haage Nutar) og ned med Sjøen (her liggja dei fleste Gardar ned mot Sjøen, for lenger uppe er det for flogbratt). Han laag so rikt til og koselegt denne Garden, at det maatte hava vorit ein gamal Kongsgard og eit Vikingsæte, som kann verda eit og det sama. Fyrr eg kom inn til denne Landsbyen, møtte eg Hestar og Grisir og Kattar ute paa Bøen med Bodskap etter det gamle Ord fraa Mannen og Kona.
Hesten forteler um Mannens Værd,
og Grisen og Katten um Konas Gjerd.
Det er som i gamle Dagar, daa Dyri kunde tala, sor eg trur det var sama Maalet dei rødde daa. Linaakren og Hagen forteler likeins um Kona og den andre Aakren og Engi um Mannen. Det var ikki gode Bod eg fekk af alle desse Talsmenn for Landsbyens Folk. Men dyrkade dei ikki si Jord og helt sine Husdyr godt, so skal Ingen segja, at dei sjølve hadde det stort betre. Husi, som laago klengde inn paa kverandre, vaaro so smaae, at eg mest trur, eg skulde hava tekit deim paa Ryggen, liksom Samson tok Porten i Gaza, og gamle og halvrotne vaaro dei, so dei stodo baadi skakke og skjeive. «Det verdt ingen Folkeskikk paa denne gode væne Garden, fyrr han verdt berre i tvo eller tri Bruk og alle desse Skjærereid afsvidne, og Husi lagde der burte, og denne beste Jord brukad, som no ligger til Unyttes», sagde eg til den eine Mannen. «Dat er Von um Dat», svarade han, men ikki trudde han paa meg, og ikki eg paa honom; og endaa vaaro me so læande og venlege under all denne Mistru. Det var Franskt. Det var «Diplomatisk».
Det var no Gjestgjevaren i dette Humleløbet dette, so han og Huset hans visst var best. Daa me soleides hadde skalkat um Byadarstellet eit Bil, kveikte han Pipa si og lagde seg upp i Sængi etter Dugurdmaal. Snart sov han og raut so det dunde.
Det var Røykstova dette; men ikki rett paa sama Gjerd som dei siste i Thelemork og Sætersdalen f. Ex., for her nord var liksom ein Smidjuavl til Eldstad fram i den eine Kraai, medan det her Sunanfjølls var Aare midt paa Tufti. Ellers var Ljore og Spjeld og Sjaa og Skjaastong og Rond likeins. Og so var her Glas, so den nyare Tid hadde krøkt seg inn med ein luen Krok.
Daa Mannen hadde sovnat, fekk eg Tid til at tala med Kvendi. Dei hadde Guds Skapnad, naar dei fingo tvaa seg, og det vantade ikki paa Vitet. Eg fekk Mat og Drykk, og vaart Samtal var ikki usaltat.
Naar Grisungen er liten, so er der paa slike Gardar gjerne ein liten Kagg med ein Botn i til den vesle Krypen, som «musicerer» so koseleg der burt i Kraai, og Borni draga og bera paa denne fride (skjønne) Fuglen, liksom eg einstad hever lesit um fine spanske Damur, som endaa skulle taka med seg slike smaa søte Grisungar i Selskap. Det maa vera fraa Vestgotarne dette kjem, um so er til, og daa vaare Forfeder var i Skyldskap langt burte med Vestgotarne, so finna me ei Tydning paa denne sameigde Grisekjærleiken.
Det er tidt, at Grisungen er inne lengi etter at han er so stor, at han kunde berga seg i Uthus. Han ligger daa tidt pustande i Oska liksom Starkad, fyrr han tok ut som den store Kjæmpa. Eg laag tidt ihop med Grisungen soleides pustande eg og, daa eg var liten.
Her paa denne Garden var Grisen alt so stor, at han stod stengd i eit Bur burt i den eine Kraai. Men daa Kona steikte Fleisk aat meg, kjende han Matlukten og braut ned Gjerdet og rusade fram millom skrikande Ungar, som baadi skreik etter Flesk liksom Grisen og af Rædsla for honom. Kona tok til Sopelimen, som er det vanlege Vaapen, og hutade med denne burt baadi den eine og den andre Ungen.
Eg laut hjælpa desse Smaae, eg, som snart vardt kringrend af denne Barneflokken, daa eg kom til Bords. Kver fekk Biten sin. Daa eg drakk Mjølk imillom, kleiv Grisen uppetter meg grymtande, og Kona sagde nokot, som var likt det gamle Ord: «Aa ja, han kjenner atter Koppen sin, Stakkar» eller: «Aa bry deg inkje um Klivingi hans: han kjenner berre atter Koppen sin».
Du maa ikki tru, at desse Folk vaaro lykkelege for det, um dei synest liva med smaae Krav til Livet; nei, det var desse vanlege Sukk yvir, at Livet er tungt og trongt. Dei sova no mykit og ero soleides sæle i den Tid, men det andre halve Jamdøger er langt nok for Matsut. Eg kann derfor inkje Framstig til Lykke sjaa i det, at me Alle vorde likeins som desse Folk, soleides som mange Fridomsmenn tykkjast vilja. I ei Krigstid som i gamle Dagar vilde eit slikt Liv vera gildt, for det er ikki dyrt. Det kann koma so upp i eit Kuværd etter ein Medalpris, tenkjer eg, for ero Smaaborn ringare, so ero dei beste Menn nokot dyrare, endaa eg hever høyrt Konur segja, at dei heller vilde hava mist den beste Kyri si enn Mannen sin, men dette er sagt i ein Tone som visar, at Kyri i Grunnen er betre. Eg hever set Konur vera glade, «takka Gud», som dei segja, for dei miste eit fagert litit Barn, men graata for dei miste eit Lamb. Og so er det, at Livet siger i Pris ettersom Gardarne verda smaae til. Ein Gardmann er soleides mykit meir værd enn Husmannen.
Eg veit ei Kone, som tok so stort i som ein Hest, daa ho rødde um, at ein Gardemann var daud. «Jamenn sagde ho det Tone, at ho liksogjerne vilde hava mist Borken sin».
Eg maa her koma med fleire upplysande Rispur.
Olaf var ein rik Mann her fraa Austlandet og gjenger endaa for at vera ein klok Mann.
Eg: Uh, Olaf, eg tykkjer det er leidt at koma ut til han Hans no, daa han hever mist denne siste gilde Sonen sin.
Olaf: Hm, det er ingenting det, for han kann snart faa seg atter ein slik ein. Nei, det hever hendt det, som verre er. Det skulde Ingen hava høyrt slik Ulykke.
Eg: Men i Guds Navn! Hever Kona døytt?
Olaf: Hm, det skulde Ingen hava høyrt slikt. Nei men …
Eg: Men … er ho paa Gautstad kanskje?
Olaf: Nei. Det skulde Ingen hava høyrt slikt «Syn».
Eg: Jøses Navn, kvat er det daa. Er han sjuk sjølv, eller daud eller hever han gjort ei Ulykke?
Olaf: Nei, det skulde Ingen hava høyrt slikt. Tenk du, den gilde Hesten hans, som han var boden hundrad Dalar for, fekk Stivkrampe af det han var saumstungen; og ho er ulækjande. Han stender no med Stum i Kjæften.
Og for at visa, at dei meta Liv og Kunskap ut i Mynt, maa eg fortelja dette, som endaa er etter ein af dei beste Gardemenn i mi Heimbygd. Han heiter Olaf og Son hans Olaf, og Fader min Olaf og eg Aasmund. Det var med Fader min han rødde.
Han: Kvat skal eg gjera, Olaf! med han Olaf Son min. Han hever slik ein forbannad Hug til Boki. Det er denne Aasmund'en som siter i Hovudet hans.
Fader: Ja, so lyt du vel lata Guten sleppa til Boki daa. Det gjorde eg med Sonen min.
Han: Nei, eg hever ikki Raad til dess. Det er so dyrt.
Fader: Aa, du eiger slik ein Timbreskog, at det gjerer deg inkje.
Han: Skogen maa løysa ut dei andre Systkyn. Og Olaf maa læra seg til driva Timber. Men han seter seg no ned under eit Tre med Boki; han fortener ikki Saltet til Maten sin.
Fader: Lat Guten gjera det stakkar; det er ikki for feitt det for en slik Gardemanns Son det.
Han: Jau, for det kann inkje koma ut af det. Det er so dyrt. Eg hever høyrt, at Aasmunds Hovud vilde koma paa eit Par tusind Dalar, dersom det skulde takast beint fram. Men han Stakkaren hever no slitit seg fram, og derfor verdt det so seint han fær nokot. Eg vil ikki sjaa Son min slik. Men hadde no Cholera tekik han Aasmund, so hadde der ikki vorit atter eit einaste Grand af dei tvo Tusind. Kauper eg derimot ein Gard for tvo Tusind, so stender Garden like god, anten so Fa'en Guten liver heller han døyr.
«Det er dyrt Livet» segier eit gjengjelegt Ord. Og Ordet «dyrt» verdt nettupp tekit i sama Meining daa, som naar me segja Smørmorki er dyr no. Det verdt ikki lagd stor «Romantik» i Livet, men det er «praktisk». Det er ikki lagt for den «sentimentale Poesie». Og den, som kjenner det vil just ikki segja, at det er stygt for dette. Det er klokt og løglegt, og kann godt lærast upp. Derfor kann det ogso verda brukat i Dikt.
Vaar «Paulo Mathias» her i Raumsdalen skal derfor ikki klaga yvir Auktioner paa Fatikfolk. Det er just etter Folkets Tanke det; og um me Bokfolk hava eit og annt at segja paa denne Framferd, so kan det gjelda os det, men ikki deim, som koma til Auktions. Det er derfor «sentimentalt» og endaa mest «upraktisk» at klaga.
Det er eit hardt Ord, men det lyter ut det og som somange andre slike: «Mannen er god, ettersom han hever Raad til», og «Livet snur seg etter Skillingen». Du skal derfor altid sjaa, at Folk værdsetja Livet, ja endaa Sanning og all Dygd, ettersom dei hava lett for at liva til. Prøv dette paa deg sjølv og alle dine Kjenningar, og du vil lett kunna tyda deg dette Liv, eg her hever maalat og ikki finna det so stygt som det ser ut til; og du vil likeins daa finna, at vaare Tankar ikki ero so mykit større og betre som dei sjaa ut til, – imindsto vil du finna ein Grunn i alt dette, og naar du hever den, kann du berga deg.
Eg bergade meg ikki so godt eg paa denne Garden, for um eg var solten, so hadde eg ingen Hug paa denne Maten og Drykken. Nei, eg var reint utskjemd.
«Skulde det ikki vera her ein Stad, at gamle Storthingsmannen, som du veit vel, bur?» sagde eg til ein eldre Gardemann, eg kom i Fylgje med.
«Jau, just der upp i Bakken».
«Nei kjære bur han der?»
«Kvi so daa?»
«Jau, eg tikjer at Husi ero for gamle og stygge, og Garden seer meg alt for ille driven ut til at ein gamal Storthingsmann kann bu der, han, som eg veit baadi hever Raad til at hava det betre, og som hever set so mykit godt Stell, og burde vera ein Mønstermann i Bygdarne sine, som valde honom so tidt».
«Hjelpe Gud for ein Mønstermann det er! Ja, han er ein Mønstermann til at draga Pengar og kaupa Gardar og driva Folk miskunslaust ut. Naar han seer ein Gard, han likar, so kauper han – fær han ikki meir – ein Lut af honom eller Grannegarden, og so vridkar han og vrider, til han fær det Alt. So gjekk det med denne væne Garden derburte. Det er hans den no».
«Og so leter han Gardarne liggja slik, naar han berre fær kaupa fleire og fleire nye?»
«Ja».
«No, dette er den gamle Skikken. Eg kjenner Folk fraa mi Fødebygd, som leggja Gard til Gard og leiga deim burt, so dei verda forfarne allesaman».
«Ja, det er so her og, men det er Ingen i uminnelig Tid, som hever havt Raad til at kaupa somange Gardar som han. Det maa vera god Forteneste at sitja paa Storthinget».
«Aa ja for Folk, som han; men ellers er det for Folk, som skulo fylgja Skikk og kaupa Bøker og i Alt vera som ventande var af slike Folk ikki meir enn sovidt det naar til, og Mange verda endaa skuldige paa det attaat. Ein Mann som han tener vel ikring fem hundrad Dalar kvert Thing».
«Meir, meir, for han kauper mangt og mykit der inne og seler atter med god Forteneste her».
«Ja, det er sannt, han støypte Kokeovnar til Smaaskip sidst han var paa Thinget. Om Morgonen fyrr han gjekk i Thinget og um Kvelden etter at han kom tilbake gjekk han derut paa Tjoveholmen og saag til Støypingi si».
«Tjoveholmen?»
«Aa ja, det var der Folk dengde og hengde Tjovar i gamle Dagar».
«No, no, so, so … So støypte han der? Men fekk han daa Tid til at gjera det han skulde?»
«Aa ja. han sat med i Thinget og Komte'n».
«No ja Komte'n, dei koma ihop der veit eg, som Folk kann høyra paa Navnet».
«Ja det er eit Udval af Menn til at laga til slike Storthingssakir».
«Men gjorde han daa stort i Thinget og Komte'n? Han gjekk for ein gild Mann her til alt slikt».
«Aa ja, han gjorde det, han turvte. Og han er ikki so reint for Katten med Hovud heller. Han var god til at ganga paa Revaklør, som i Riksmaalet er merkt med dei Ord at vera «politisk» og «diplomatisk».»
«Nei, ja so! er det det sama som at ganga paa Revaklo. Det skal vera ei Dygd det paa Storthinget».
«Aa just ikki det heller; men denne Mannen og mange af hans Likemenn trudde det, for dei brukade det somykit. Dei riste paa Hovudet, og det vardt Ingen viis paa dem».
«Men Herregud, meinte dei daa nokot vondt med det?»
«Nei, dei sagde som Gutten, daa han datt: «Det høyrer med til Dansen». Dei hadde lesit um Revaklør fraa Utlandets store Riki, og so tenkte dei, at Storthinget vaart ogso maatte faa seg Revaklo.
«Høyrde du i Vetr nokon tala um Rev-Ormen?»
«Ja af denne gamle Stortingsmannen».
«Det var ei stor Revaklo det. Eg sagde til ein af mine Kjenningar, daa han ein Kveld skulde derupp: No, god Kveld! skal du upp i Revakloi?»
«Det hadde vist vorit til Gangs for Landet, um ikki denne Revakloi hadde blivit sprengd».
«Aa nei, eg tur me bergja os utan slikt?»
«Ja i daglegt Lag vita me, at slikt ikki er nokot tes, men i Politikken?»
«Berre Villa der og. Men han gjekk vist lett paa lange Revaklør kvert Aar det skulde vera Storthingsval?»
«Aa, rød aldri um det!»
«Eg kjenner vel til det. Men de er Smaalomb som lata dikkor taka af Reven».
«Ja, Gud naa's! det er Lomb og det endaa Gjymbrelomb af Risbitar».
«Men de skulo veksa, lesa gode Tidender og tenkja, at lyda paa Folk, som hava lært nokot og vilja dikkor vel, sosom den gamle Amtmanden dikkar».
«Ja, men Storthingsmannen hever altid sagt, at me aldri maa tru slike».
«Eg veit det. Men de skulle tru det de sjaa og høyra. Kjenner du Amtmannen?»
«Ja, det er ein snill Mann, og so lærer eg altid nokot godt af honom og skytsar eg, so fær eg stødt meir enn eg skal hava; men af denne Storthingsmannen lærer eg ingenting, og skal han bitala stilt Smaatt som Skyts, so segjer han, at eg skal faa det sidan, og so veit du, Ein kann ikki ganga krevja ein slik Mann etter Smaaslikkir».
«Ja, sjaa der! Dette tykkjer eg maatte opna Augo!»
«Aa, ja, me taka alt til at sjaa betre no».
«Det vøre vel det, for de maa tru, at dei, som hava legit i Hovudstaden og lært, vilja dikkar Beste. Det kann vera Skrap imillom, men dei fleste Menn som Amtmannen stræva etter at faa Folket upplyst og Landet uppdyrkat og Fiske og alt Stell paa det beste, for med det vinna me Alle og Ingen tapar. Men Folk maa hava lært mykit og set mangt, fyrr dei faa Vit paa slikt. Den uvitande og vonde Mannen svider som Elden ikring seg og trur at alt er vel, naar han kann grava aat seg sjølv, um det so vardt svart ikring honom. Ein slik Stakkare er denne Storthingsmannen. Eg vil ikki upp um honom, fyrr teker eg inn hjaa den armaste Husmannen».
«Og du kjende honom i Hovudstaden?»
«Ja, det var ikki stort at kjenna skulde eg tru. Eg gjekk til honom og hans Likemenn i Baasen hans af og til, for han livde liksom den klenaste Skræddarsvein; men eg gjekk liksom for at sjaa honom gjenom Aukeglas og Minkeglas, nett som me tidt gjera med dei Skapnader han heime maa hava mest af».
«Han kaupte Gardar her nord daa han var i Chri stian, eg meiner det var af Regjeringi, og Haustkaup fekk han».
«Ja, det var af det gamle Kyrkjegodset, som skulde seljast. Han var med i Storthinget til denne Afgjerd, og so passade han paa med det sama at kaupa eller at tinga og tala um det. Eg kjenner fleire, som tok det paa denne Maaten og desse dreiv mest paa at Riket skulde selja denne Jord».
«Ja so tente di sjølve. At me ikki skulde vita slikt fyrr!»
«Tids nok, hadde eg nær sagt, for Riket maatte hava slike, fyrr det kunde læra, kvat Slags Fridom og Folkelykke dei førde i Skjoldet sit. Men, Mannen min, Gud ske Lov, dei ero ikki alle slike. Det er faae som han, at dei ero med at skriva Log imot Brennevinsbrenning og so brenna i Løyndom heime».
«Du vilde kanskje ikki hava Bønder paa Storthinget?»
«Jau, mange, naar dei ero upplyste og gode, so kver i alle Maater kan møta fram som den Beste fraa si Bygd. Men slike som denne Mannen og han … og han … og han … dei lyta berre denne velsignade Fridomen vaar, og fingo dei raada, so laut me snart missa honom. Dei som skulle skriva Log og Rett maa vera Landsens visaste Menn. Ver no med og vel godt til næste Thing!»
«Eg skal gjera det eg kann. Farvel! Eg lyt taka af her eg».
Eg rodde innigjenom det innste af Raumsdalsfjorden, og daa eg laag i Baaten og glodde uppetter dei haage bratte Fjøllveggir, som tidt synest at luta seg framyvir Fjorden, daa kjende eg liksom Sjøsykje af all den Svimring. Fjorden var svart og still som ein Tjørudam, og naar eg tenkte etter, at det kunde vera likso langt nedetter mot Botnen som uppetter mot Toppen paa desse Fjøllveggirne, so var det nokot underlegt at kjenna seg svivande so millom Himilen og Afgrunnen paa ein liten Baat. Der stod Gjeitar upp i sume Skortur og speglade Skjegget sit ned i Fjorden, og dei saago ikki ut til at vera eit enaste Grand rædde. Dei maatte kunna koma inn i den engelske «Alpekliving-Klub» allesaman og det endaa som Heidrslemir. Eg lokkade ein stor kvit greive Bukk ned til meg og gav honom ei Braudskive og ein liten Kurvesnabb (Pølse-) og ein liten Tobakssnabb, og sagde, at eg gjerne vilde hava gjevit honom Boki um Alpeklubben, dersom eg hadde havt hena med meg; daa skulde han hava set, korleides Engelsmenn draga kverandre etter Reip upp i slike Skortur og yvir Afgrunnar. Paa Titelbladet stender ein Fjølltopp med gapande Rivnur i Snjoen og Engelsmenn krabba uppigjenom, ettersom dei hogga seg Trappestig; «Men du Kvitfeld», sagde eg, «du tarv ikki hogga deg so fram; du kunde ganga uppaa Raumsdalshornet, og Engelsmenn er sutfulle for dei aldri kunna kliva derupp med Klør paa Hænder og Føter. Den, som kunde krabba dit, vilde sitja paa Heidrsplassen i Alpeklubben fyrste Kvelden. Dit vilde du koma, Kvitfeld».
«Ja, men der var ein Mann her fra Raumsdalen tie tolv Aar sidan, som kleiv der upp», sagde den eine Roskarlen. «Og den Steinen du kann sjaa paa Toppen, naar du kjem upp i Dalen, sette han der upp».
«Slo han seg ihel fyrr han kom upp, eller daa han skulde kliva ned atter», sagde eg.
«Nei han gjorde ikki det, fyrr han kom burt paa Sjøen her um Aaret».
«Ja den Mannen fortente ærleg Udauden sin, som sette Livet paa Spil til ingen Nytte, for han var vel likso stor Vitenskapsmann han som denne Kvitfeld'en og dei fleste andre i Alpeklubben».
«Dei skorlaupa seg tidt Gjeitarne og», sagde den andre Roskarlen.
«Ja», meinte eg, «daa standa dei der og mekra, naar dei ikki tora att' eller fram; eg hever vorit med og firat Folk i Taug nedetter deim. Lat meg no sjaa Kvitfeld, at du aktar deg uppi desse stygge Bergi! Naar du ikki hever Folk til at narra deg, men gjenger vill paa Frifot, so veit eg, at du ikki trur meir enn det du høyrer og seer og luktar og smakar; og etter dette gjerer du upp dine Slutningar og di Tru. Daa er du ein sterk «Logiker» og stor Fritenkjare eller ein Rationalist, som det heiter i Trudomsmaalet. Eg kjenner mangein Mann som vilde fordøma deg for dette. Men min Vyrdnad eiger du. Sjaa der hever du ein Kurvesnabb til. Farvel».
Han sprang mekrande inn i Bergi etter Baaten. Han vilde so gjerne hava vorit med meg, sagde han liksom, og eg hever havt Fylgje med mangein Mann, som ikki var halvt so løgleg og hugsam som han vilde hava vorit. Men me laut skiljast.
So møtast me paa denne Veg:
God Dag byd' du; god Dag seg' eg,
og varmt me helsa daa.
Men snart sin Veg maa kvei for seg
aaleine traska paa.
I desse tragiske Tankar kom eg fram til Klungnes-Odden, der Sinclair med Skottarne sine landsette, ei halv Mil utanfor Vevlungsnesset og paa den andre vestre Sida af Fjorden, so han maatte ganga rund ikring Fjordbotnen denne Gjeitevegen. Han vardt narrat til at landstiga her, er det sagt. Det var tragisk at landstiga her og fara denne Vegen upp Raumsdalen med ei Krigsher, for det var berre en Bukkeveg daa, so det var klene Stridsmenn her nord den Tid, som ikki drap honom med alle sine, lengi fyrr han kom fram i Gudbrandsdalen til Kringen. Eit Tjug Mann maatte her kunna stengja Vegen for eit tusind, so som Vegen var daa, og rulla heile Steinrøysar paa deim fraa Fjøllsidurne. Det er som slette Vollen inn ved Kringen mot her i denne Trolldalen, der Himilen paa mange Stadar henger som ein smal blaa Traad yver deg.
Rauma, som renner ned i Botnen, hever der upp i Dalen skorit og slitit seg ned i Berget, so det er lagde tri fire Tvertre til ei Bru yvir denne Smalrenna mindst hundrad Alnir djup some Stadar. Det er ingi stor Aa dette, men endaa fysser det og durar ned i denne svarte Rivna. Reiknar du rumt, sliter Vatnet af Steinen ei Straabreid i 100 Aar, altso ein Tumme 1200 Aar og ei Aln 28,800 og 100 Alnir 2,880,000 Aar, endaa det er vel ei Rivne for det meste Aai hever funnit, so ho berre hever skorit og blenkt upp i den. Eg torer ikki tru annat, um nokon skulde finna paa at gjera meg til Fritenkjare, som eg hever gjort med han Kvitfeld her framme.
Ja her er ikki lett at liva. Her skulde ikki bu annat enn Gjeitar og Engelsmenn og Maalarar og Kunstkjennarar fraa Flatlandet. Og so er der no ei Mengd med Orm paa Solsida uppetter i Hasleholti. Her er vel ein og annan Jordflekk, som kunde vera til ein folkeleg Gardepart, men det er turt og sandutte alt til det berer ned mot Fjorden. Men dei stakkars Folk hava klorat og hengt seg inn i Fjøllsidurne liksom Ørnereid der lengst aust, for dei tvo Milirne fraa Sjøen er det so hengjande bratt at ikki Ørni eigong kann bu og byggja der. Her liggja Gardarne ned paa Botnen, og fram mot Neset er der ikki so ille, endaa det meste er Sandøyrar uppskylde af Rauma. Frametter Fjordstrengerne finnst derimot gode Vikar og Lægdir imillom, som maatte verda gode Smaabygdir eg Gardar, naar det verdt stelt med paa rette Gjerd, og desse Fjøllsidurne meir lagdest ut til Gjeitebeite, for det rotnar mangt eit fint Straa til Unyttes der. Det saag eg vel.
Eg var inne staa ein Gard, som heiter Vaage, som kunde verda ein rein Herregard, og koseleg laag han, og Mannen vilde selja, og eg spurde og saag etter Avling og Fødnad og Lutar og Lundar. Men her svarade umpass hundrad Dalars Gardeverd til fem hundrad Dalars paa Austlandet, naar eg reiknade etter Drift og Afkasting og Dyrkevon. Eg fann det altso dubbelt so dyrt her paa denne Garden som paa Nordmøre. Men denne Mannen var ein Utbygding fraa Stavangerkanten, som vilde selja, etter at han hadde vorit her nokre Aar, for han hadde fengit Lungesott her, sagde han, af dette sterke Vedret og af Lengtan et ter den fagre flate Jadren (Jedderen) med raude Bustelyngen sin imot desse forfælande Fjøll, som laago ikring paa alle Kantar og tyngde paa Bringa. Og so han som hadde vorit Jægteskipare og set so mange Slettir, og store slette Havet, som ikki eit einaste Fjøll stengjer inne likt desse fæle Fjordarne, liggjande som Vatnet i Skuta ned i kvasse Kjølen. «Eg fær liksom ikki aalboga meg og draga Pusten her», sagde han tilsidst i sit mjuke Vestlandsmaal; «Aa hoia meg, aa hoia meg den Jadren! han er so flat som Braudsleiven. Her verdt eg um Sumaren som Hummaren kokat rauder paa Grytebotnen. Og Haust og Vaar og Vetrestider blæser eg mest af paa Midten som ein Høystakk, der berre Tufti og Toppen standa atter og snaude Sneisi imillom. Paa Jadren bles og saug det so jamt der».
Eg møtte Køyrarar med Tak og Tjøru fraa Leskjeskogen, som foor nedigjenom Raumsdalen og komo atter med Sild og Salt og Turfisk. Her paa denne sokallade Lesjaskog er magert og snaudt, men endaa bu Folk reint og nett. Det er annan Sveip med alting, naar du kjem fraa Raumsdalen og fram i Gudbrandsdalen, og her paa Lesjaskogen er ikki betre Land enn i Raumsdalen, knapt so godt heller; men fram i det beste Lesjagjeld og nedigjenom verdt det vel nokot større og betre, men so hava dei ikki Sjøen atter. Det skulde vera lærerikt at finna dei rette Grunnar til, at Folk liggja so tilbake i mange Ting der i Vestfjordarne, anten det er eit laakare Folkeferd, eller det er Fisket, eller der i Landsstyret fyrr kann vera gjordt nokon Skilnad, eller der kann hava vorit daarlegare Embættesmenn, eller kvat det i all Verdi kann vera, som gjerer denne merkjelege Skilnaden i Jordbruk og Husstell og heile Maate at liva paa. Det skulde vera trulegt, at Sjøen nettupp maatte hava snutt dette um, for Havet sjaa me er gierne den lettaste Vegen til Upplysning og Folkeskikk og all Framgang; derfor stevnde ogso alle gamle Folkeslog dit liksom for at tvaa af seg all Armodsdomen etter dei lange Ferdir gjenom Fastlandet. Daa det traut med Vikingferdirne, ser det rett ut som alle desse Fjordbygdir – kring Throndheimsfjorden og – sovnade burt, magtlause til Odling af Folkeskikk og Framferd, alt til eit nytt Pust kom fraa Byar og Innvandringar. Soleides hava dei som Kvernekallen svivit rund ikring og ikki komit af Flekken desse Aarhundrad, berre der den nyare Drivkraft kom til Hardanger er, sovidt eg kjenner det, den einaste Fjorden med eit Folk, som kann meta seg med Grannarne austum Fjøllet. Men dette kann koma af Bergensfarten og det at «Hardingen er Allestad at finna», som Thelen segjer. Men mange andre Fjordar liggja likso godt til som Hardangerfjorden, og der er ikki store Jordvegirne der heller. Daa skulde Voss standa endaa hægre, men det er langt ifraa. Ikring Throndheimsfjorden skulde det for den Skuld standa hægst, og det gjerer det no og i Innherad paa ein Maate; men der er innflutte Ættir so kjennande, at Uppgjerdi likeins der verdt ugreid for sjølve det gamle Folket.
Dette fær nu vera som der vil og kann for meg, som ikki kann gjera meir enn koma med mine eigne Tankar, som eg tidt tvilar paa sjølv. Men tverr er Skilnaden millom Vestfjordarne og Gudbrandsdalen. Og skulde det vera Hovudvegen til Throndheim, som hadde gjort dette, so maatte denne likeins hava gjort Umskapnad i det Throndheimske. Men det slepper du fint for. Gjenom Lesja i det vestlegare Dalføre og Vaage og Lom gjekk heller ikki den gamle Hovudvegen, men der er det likeins. Nei det er ei sjølvstandande og langsam veksande Sedhevd (Cultur), som hever frambildat seg der, og i sama men mindre Mun i Numedal og Thelemork. Dette er og kjennande paa det, at Gardarne ikke ere so sunderrivne, og paa Husebygnader og mest paa Tungemaalet, som i desse Strok kvert paa si Vis er likso godt og gamalt som her vest i Fjordarne. Hever det mist nokot paa ein Kant, so er det mjukare paa den andre. Men eg hever vankat for litit i Bergenhus til at tala med Kjenskap vidare um desse Ting; kanskje eg alt hever talat formykit; men eg ventar, at den som betre veit, vil tala meir um denne samanliknande (comparative) Kjenskap til Landet vaart.
Eg hever ingen Stad set somange Skidgardar som i Lesja; men desse ero til at binda Snjoen paa Marki um Vetre og taka burt Vinden um Vaaren, so han ikki blæser den fine Leirmoldi af Aakren. Lesjavatnet verdt gravit ut; men det seer ikki ut til at svara Kostnaden. Der fram med Aai, Jora, saag eg tri Jordlag og Steinslag greidare enn paa nokon annan Stad lagde paa kverandre, so her maatte vera gode Slutningar at draga um Jordskapnaden for den Kunnande, liksom dette Stroket fram Dovre er merkjelegt i den Vegen med sine Bergskuringar og Leir- og Sandhaugar. Det kan knapt vera komit ovantil fraa Fjøllet men drivit upp mod Endebotnen, daa Dalen var full af Vatn, for l[æ]nger upp er det snaudt og med Storstein, og lenger ned i Dalen er det skylt ut atter, og fleire Merki, som eg ikki kann greida ut her.
Der er mange store gilde Gardar i Dovre, og det gamle Tofte er den største. Det er eit sannt Herresæte og med Hus og Husbunad, som merkjer ut det Slags Landadelsskap. Men der er snaudt for Vedu, og Mannen der sagde, daa eg kom til at tala um desse Skogmenn (Forst-): «Ja, faa me ikki meir Skog, verdt her snart ikki buande, endaa eg hever Skog nok for meg, det er ikki for det. – «Ja», svarade eg, «men skulle de faa Skog, so maa de ikki lauva so af Ungskogen til dette Stakkars Aar- og Bjørkelauv af dei unge Rønningar, som verdt malit smaatt som Snus. Her fara Folk med Skjera (Sigden) si og typpa. Det er Lauvlidar, de her maa faa, og so maa de byggja Hus af Stein og ikki øyda slikt med Furutimbret til alle desse Hus».
Kyrkja her er tekt og klædd med Steinhellur, og der stender ein Tiggjarstolpe ved med Bøn til dei Reisande um ei Gaave til denne Bygdi, som hever gjort so store Ting som at faa seg dette Gudshus.
Det høver ikki vel for ei Bygd med Adel i at hava slik Usseldom standande inn med Storvegen, for det er likeins skrivit so bakvendt, at du maa læ. Det er Synd um Gudbrandsdalen, at der skal vera somange Tiggjarer. Fram i Sell løp dei halvnakne svarte Ungarne etter Kjerra og rekte ut Henderne sine og bad. Dette er til at føda upp ein Herkemuge, og det munar inkje, endaa her ferer mange gode Folk igjenom her, og det er Mange, som kasta ein Skilling til dette Afaatet.
Fraa Dovre foor eg vest yvir det Fjøll, som heiter Jetta, til Vaage. Fraa desse bratte Lidarne uppigjenum sjaa Dovregardarne fagre ut aust og nord i Dalen paa andre Sida. Eg krabbade uppetter og uppetter, alt til eg kom i Villfjøllet, der eg raakade paa Buskap, som eg satte meg ned inn med og drøymde meg tilbake, daa eg gjætte i slike Fjøllbeiti og saag berre Snjofjøll og grøne Dalar imillom utan den minste Bjørkebusken annat enn Einerkrøklur og Rape. So fauk der upp ei Rjupe inn med meg, og daa var eg so grim, at eg gjerne vilde drepa hena med Ungarne sina. Men no vilde eg ikki det: no saag eg etter Bergslaget og Jord og Stein og Grasslaget, og um eg hadde havt Byrse og ein Rein var komen, so vilde eg ikki som fyrr hava darrat af Hugen etter at skjota, men gjort med til Kjenning eg Ven med honom, og kjent meg lykkelegare, um eg kunde hava funnit ein rar Stein og ei sjeldfengd Rivne i Berget enn skotit den beste Reinen. Raaskapen er so glad i Draap han, anten det er til Gagns eller ikki. Men til lenger me koma fram, til meir elska me og spara sovidt som mogelegt alt Liv og leggja Hugen vaar paa Ting, som den Raae og Uvitande ikki seer, um han so snaavar (snubler) i det, for me vita, at det er desse Ting, som løysa mangei Gaate og gagnar mest.
I desse Tankar foor eg Berg upp og Berg ned, liksom naar Sundfuglen (Svømme-) kliver paa Havsbylgjurne, alt til eg kom til ei Sæter der i ein Dal, som der rauk or Pipa ifraa. Det var ein Husmannssæter; men endaa var der so reint og velstelt, at der paa den største Gardemannssæter i Vestfjølli knapt er slikt. Her saag eg og, at Husmenn hadde Sæter for seg sjølve. I Øysterdalen var Husmannnen paa sama Sæteren som Husbonden hans, men hadde Sel eller Bud for seg sjølv: men i Vestfjølli kann endaa tvo tri Husmenn bu og hava Mjølkestellet sit i sama Selet som Gardemannen. Naar der daa ikki er Skorstein men berre Eldstad midt paa Tufti, so kann du tru, at der er Greidur i al den Røyken. Der er inkje Under, at Smøret er myrkt og Osten, som hever stadit paa Hjelden, svart som Kolsnorten.
Der var ei eldre Kone med tvo Godborn paa Sætren; og god Mjolk fekk eg. «Du er ei velsignad Kone», sagde eg, «men eg hever ikki Raad til at bitala meir enn so».
«Kjære» svarade ho, «eg skulde ikki taka Bitaling af ein slik vegfarande Menn, men eg lyt taka dette, for so fær eg meg nokot Kaffe. Eg hever no ikki smakat Kaffe paa aatte Dagar, og daa seter det seg som ein Knute for Bringa mi. Det var inkje Under eg drøymde i Nott, at eg fekk so god Kaffe. Sjaa der er litit Rjome (Fløde) og. Den, som sliter og gjenger med Skræppa paa Ryggen, kan hava godt af Rjomen».
Eg var so heppen at finna eit Sukkerkorn paa Skræppebotnen. Det fekk Borni. «Nei for friske og væne Godbørn du er so sæl at hava», sagde eg, «ho heiter vel etter deg Gjenta?»
«Ja ho heiter Marit liksom eg, og Guten heiter Olaf etter Mannen min, som døydde fem Aar sidan fjortan Dagar fyri Jonsok. Det er Dotterborni mine detta».
«Ho er gift?»
«Ja, det er greidt: det hever nok gjenget rett til, skulde eg tru. Men Mannen er no burte paa Slaatt i Øysterdalen, etter at Plassen heime var afslegjen. Me maa vanka vide etter Maten. Og so siter eg med Borni til Sæters; det eldste er her burt i Fjøllet med Buskapen. Han heiter Thor han, og i Morgon den Dag lyt eg senda honom heim til Landkræmaren etter Kaffe aat med. Vil du ikki taka deg ein Drykk til?»
Olaf og Marit vesle sveiv ikring meg, for eg synte deim det eg hadde i Skræppa og fortalde dem, kvat det og det var til. «Naar du verdt stor Olaf», sagde eg, so kanskje du er ein so klok og lærd Mann, at du berre smilar aat det eg hever skrivit; og du Marit straalar daa kanskje som ei Dros af fyrste Rang i Selskabet. Det kann gjerne ganga slikt, naar de stella dikkor rett, for det feer ut til, at vaar Herre hever gjort sit».
Eg hadde ein Drope atter paa Reiseflaska, som eg spurde um ikki Gamlemarit vilde hava mot Knuten for Bringa si, til ho fekk Kaffe.
Daa eg kom burtum Sætri paa ein Bakke, saag eg Nautgaardstind Vest og Ruudarne Aust. Det tok liksom og skok og riste i meg. De veksa upp med Stort for Augom, vesle Marit og Olaf, sagde eg.
er ein Mann, som eg lyt navngjeva. Denne Eidsvolds-Mannen, som Somange hava set paa Storthinget, og H. Wergeland skreiv ei Bok um, denne Mannen, som framsyner best den gudbrandsdalske Adel og af Wergeland er sett upp som Mønster for ein norsk Bondestorthingsmann, denne Mannen vil eg og gjeva mi ringe Upplysning um beint fram etter det eg saag og høyrde af Menn eg maa tru paa.
Eg var forviten etter at sjaa og tala med denne Mannen, som eg af dei gamle Storthingsmenn Theis Lundegaard og P. Fauchald, hans Venir og Likemenn, hadde høyrt somykit um. Det var ikki mykit at fara etter han Theis, naar han bannade og svor, og støyrde med Staven sin i Golvet og mælte so haagt, at Dvergmaalet (Ekkoet) svarade i Bergi der kring Garden, naar han sat ute paa ein Stein. «Ja, ja», sagde han ein Dag, «lat meg no sjaa, at du ikki verdt for klok i Christiania, for der skal vera so kloke Menn i Tyskland, at de ikki trur paa seg sjølve ..... Men Haakonstad'en trur berre paa seg sjølv, og for dette var han Venen min ..... Det var tidt ikki meir en sovidt han vilde tru paa meg» ......
Fauchard, som var af ein annan Natur enn Theis, sagde, at eg ikki vilde faa nokon Glede af at koma til Haakonstad'en.
Eg hadde ogso lesit Domen um Magasinhuset i Vaage, eg af Fauchald som Andre høyrt, at Haakonstad'en ikki livde etter den gamle Folkevisa:
Sæl er den Rike her i Verdi,
som gjever den Fatike Korn:
han tarv ikki ræddast paa Ødrum-Ferdi
for kvasse Stutehorn.
Eg kom soleides ikki fram med gode Tankar um Mannen.
Daa eg kom der uppaa Jordet, sagde eg til den, som fylgde meg: «Men kjære! eg seer paa Aaker og Eng og alt, at han driver Garden fin paa gamal Vis. Og han, som maa hava set somykit! Han Hans og Thore hava det paa eit annat Lag».
«Ja, det trur eg vel», svarade Mannen. «Haakonstad'en trur at det Gamle er best i alle Maater. Men Garden hans er endaa godt dyrkat».
Ja vel, eg seer nok det: men det … og det … og det … er underlegt af slik ein Mann.
Nei for gamaldags Hus, sagde eg vidare, ettersom me komo fram, det er just ein gamal Storgard med somange Hus som ein liten By: eit, tro, tri, fire Stabur; den eine Stova stender tom paa Stas. Og so desse Svalegangar og Steinhellur og Glugg og Smog eg Vedakostar! Her seer eg er gamal norsk Adel. Men, det eldste Huset er ikki stort yvir hundrad Aar, kan eg sjaa paa Bygnaden, imindsto ikki sidan det vardt umbygt, endaa Stokkarne i desse Visthus (Matbur) ero mykit eldre: dei likjest nokot dei gamle Stokkarne i Thelemork, men det er langtifraa den Aldren. Det er ikki den Storleiken og ikki den eldgamle Magateljing.
Ja, me komo inn og raakade Gamlen. Han er alt fire eller fem og aatteti Aar; men berer Aldren sin godt, og seer betre ut enn Billætet sit som Storthingsmann. Det var ein Blanding af Nytt og Gamalt i Husbunaden hans der inne i Rumet. Grunnlogi hekk paa Veggen, og dei faae Bøker eg saa merkte Mannen tretti, firti, femti Aar sidan, men Folkevennen var der og Morgonbladet og.
Som ukjend Mann komande inn i Huset var eg smaaraaden, og foor fint med det; men smaat i Senn kom Røda i Gang um Politik og Pengevæsen og slikt nokot, og Mannen dømde enno friskt og rett um mange Ting. Det var ikki det Sermerkte (Originale) som f. Ex. hos gamle Fauchald, men det var klokt for det meste og greidt. Det var ikki heller slike Lyn som paa den myrte Himilen hans Theis; det var den javne tenksame Mannen, som altid lastelaus kan sitja i Thinget.
Eg let daa liksom umerkjande det Ynskje falla at faa sjaa meg ikring i hans navngjetne velforsynde Hus. Ja, han gjekk likeins liksom umerkjelegt dit og dit og fann den eine store Lykilen etter den andre. Det gjekk med Aalvor og Vyrdnad som til Kyrkje. Den store ubudde Gjestestova med alle sine Rum og Himling (Loft) var full med halv gamaldags Husbunad og Sængeklædi. Reint og fint var det altsaman men liksom Liklukt af det. Gangklædi fraa Ungdomen hans hingo der uppaa Himlingi med Skur fraa Ludvig den fjortandes Tid, slike som me sjaa paa Theatret. So gamle men knapt eldre ero desse «Nationaldragter». Nei daa er «Vampen» og «Vidbroki» i thelemorkske Klædesloft minst tvo hundrad Aar eldre og kanskje vel so det. Eg skreiv det meste af Texten til «Tønsbergs Nationaldragter», men eg kjem meir og meir etter, at det ikki er mykit «Nationalt» i desse Klædesbunader. Det er i dei seinare Aarhundrad Tid etter Tid komit inn og afskapat, som venteleg er.
Derimot var alt det Flesket til Haakonstad'en «nationalt», for i den eldgamle Tid, daa der var liten Handel og tungt at koma til By og Bygd, daa laag det nær at hava Upplag paa kver større Gard til at møta Krig og Uaar med. Og dette, som fraa fyrst af var Meining i med Maate, det vardt litt etter litt til eit Rikdomsmerke og soleides voks fram til Vanvit og Utskjemning af Guds Gaavur. Eg hever nok set tvo og tri Aars gamal Kjøtmat, og at dei eta dette eldste liksom Reven paa Alfstad og spara det unge, til det verdt likso gamalt. Det er Matadrygsel i dette segja dei, og sannt er der, for den største Matadrygsel vilde no vera at eta Graastein. Eg hever altso set «national» Matadrygsel, men Maken til Haakonstad'ens hever eg aldri set. Alle desse Visthus hingo fulle med Fleskeskid, som her den kløyvde halve Grisen verdt kallat, ei Haandsbreid tykke og gule og grøne i Skuren. Der skulle vera Fleskeskid fraa hans Kones Fødsel og Confirmation – ho er eit Par Aar yngre enn han – og fraa Brudlaupet deira er mange. Det er vel ikring seksti Aar sidan. No visste eg dette fyriaat, og spurde derfor Haakonstaad'en medan me foro ikring i desse Likkjellarar: «men seg meg no kor gamalt kann eit slikt Fleskeskid bli?»
Det kjem an paa den rette Salting og Framferd det.
Det veit eg vel, men naar det er stelt med paa beste Maaten, kann det daa koma upp i tretti Aar?
Hm, ja, det var vel so det, svarade han i ein Tone, som eg skulde hava spurt, um Mannen kann verda tretti Aar gamal.
Der var Puddersukker i Holkar so gamalt, at det saag ut som Fjørusand. Og der var Kalvekjøt svart som inn i Skorsteinen. Men dette kunde kanskje vera eit Tjug Aar eller so frametter; der var ikki slike vyrdnadsfulle Methusalem'er som desse Flesteskid.
Eg hadde høyrt der til Arbeidsfolki paa den store Vegbygnad uppigjenom Vaage til Lom var kaupt nokre Skippund af dette Haakonstadflesket, men at det maatte kjøyrast tilbake som uætelegt. Derfor sagde eg fagnande til Haakonstad'en, som han kjenneleg likade vel: «ja, ja, du er ein forsyneleg Mann; men eg skal fortelja dette til Regjeringi, so rydjar nok ho Husi dine for Flesk til Krigshæren dersom her kjem Krig. Det vore Mat for Mons dette.»
Det kann ikki lata seg tyda etter vanlegt Matvit, at Folk soleides dyngja upp gamal Mat, som lang Røynd maa hava lært berre er til Spilla. Nei Saki er, at det fraa den gamle Tid er ei Tru, at den unge Maten varer lenger, naar der er gamal Mat i Buret med til Drygsel. «Naar ikki Maten naar ihop (fraa Aar til annat) so er han skyvar» (udrjug). Det maa vera «Kjøt i Kjøt» (fraa Slagtidi den eine Hausten til den andre) er Talemaatar for denne Tanken. Ja den gamle Maten er endaa som ei Dragardokke for den unge, etter Skriftordet: «den, som hever, han skal faa, men den, som inkje hever, skal missa det han alt hever».
Det var endaa so, at Kornkjeri ikki maatte vera fulle, men skulde hava eit «Dragarrum», nokot som eg totte sjaa baadi paa Korn- og Mjølbingarne her paa Haakonstad og. For dette Dragarrumet miste ein eldre rik Mann Kjærasten sin, for da Fader til Gjenta kom heim og skulde sjaa Lagnaden, spurde han Guten: «Men kjære, kvat skal dette vera, at du ikki fyller Kornkjeri?» «Det skal vera Dragarrum» svarade Guten, som endaa het Thore Norstoga. Ja, ja, so, svarade Faderen til Gjenta, so er det nok best at du gjever upp Tanken um at faa Dotter mi, for eg vil ikki hava ein Trollmann til Maag.
Eg veit ikki um alle desse upphengde Svin ero slike Husgudar mot Vættar og alt Trollskap for gamle Haakonstad'en; men trulegt er det, at dette var den gamle Tanken likeins her, og at det sidan ikki so klaart er tenkt paa, men berre hever svivit som ein halvgløymd Draum for Tanken, blandad med, at det er eit Rikdomsmerke og ein gamal Skikk. Og so at det beint fram er Matadrygsel, mest for Tenestefolki, for eg kan aldri tru, at Haakonstad'en med Kone sjølve eta stort af dette brandgule Flesket. Ellers synest det so, at Skinkur fraa slike Dagar som Daypsdagen og Massionsdagen (Confirmations-) og Brudlaupsdagen maa hava liksom ei Gudsmagt og vera ein Trudom. Og naar slik Mat verdt altfor ovgamal, so det er raadlaust at hava honom lenger, plaga dei binda i Stein og søkkja honom ned midt paa Vatnet Nottetid. Dei lesa og krossa seg yvir denne vaate Grav. Det er Tru med det fraa fyrst til sist.
Haakonstad'en seler ikki gjerne Gudarne sine, iminsto ikki til Husmenn so i Pundevis. Dei maa taka heile Grisen, um so er. Og for ein Mann paa sex sytti tusend Daler er det rimelegt ikki at fara med Plukk.
Liksom den eine store Garden sender Fleskeskid til andre, so sender han ogso Gjentur. Desse store Ættirne hava desse Ting imillom seg. Men det verdt gagalt og ljott og usmakelegt altsaman. Ættirne døy ut, og um dei ikki fødast med graat Haar og Skrukkur i Panna, som det er sagt um gamle Adelsættir, som vilja halda Blodet reint, so saag ikki eg væne Folk af desse gamle rike Ættirne. Dei fagre gudbrandsdalske Gjentur og Gutar ero af blandat Ætt, det eg saag og høyr de. Lat Rike gifta seg med Rike, det helder lengst ut det, og gjerer Giftarmaalet til eit Samband millom Likemenn og ikki somykit til eit Eventyr og ein «Spekulation»; men lat os ikki bland det friske Folk faa somange Skinkur som paa Haakonstad, for daa verdt det snart ute med den gamle Adelen baadi paa den eine og den andre Maaten. Og dette var endaa ikki det verste; men det verste er, at den som Parabelens fruktlause Fikentre teker Plassen burt for det fruktberande og derfor maa hoggast ned.
Der var ei Ekkje etter ein Embættesmann, sovidt eg minnest, der i Vaage. Ho hadde ein flink Son der paa den gode Fastskulen i Bygdi; og anten det no var so, at ho var skuldig Skulepengar der, eller ho vilde senda Veslegut inn til Christiania, nok er det, ho var i Beit for ti Daler og gjekk daa til gamle Storthingsmannen rike Haakonstad'en for at laana desse. Men han svarade: «ja vil han Thore ganga god for det, so skal du faa». Ho gjekk til han Thore ho stakkar; men han Thore det var annan Mannen det: han svarade harm paa denne hardhjartade Haakonstad'en: «nei ganga god vil eg ikki for slike Smaating, men her skal du faa tie Daler af meg, og du bitalar, naar du fær Raad til det».
Daa dette vardt fortalt meg, svarade eg: «Ja so ero dei fleste slike gamle rike Storbønder, imindsto ero dei slike i mi Fødebygd. Da eg var komen fraa Skulemeistarskulen og skulde til Mandal som Skulelærare, hadde eg kostat ut paa meg det vesle eg aatte og vel so det. Eg trengde no til tri fire Daler til Reisepengar, og Syster mi gjekk til Grannen, ein af Prestegjeldets rikaste Menn. Ja ho fekk laana desse fire Dalar, mot at ho stod inne for deim og skulde baka Flatbraud, um eg døydde burt eller ikki vardt Mann til at bitala. Og eg hadde stadit meg godt paa Skulen og inkje vondt gjort; men eg kunde døy, og Ingen kunde vita, kvat Mann det kunde verda af meg i Pengevegen, og eg hadde inkje Pant. Det var derfor best at sikra seg med Borgen eller og segja nei.
Det er Guds Magt, at fatike Ungmenn kunna koma ut fraa slike Bygdir og slike Folk og fram i Livet. Det gjekk heller ikki an, dersom ikki Folk med betre Hjarta og større Upplysning og Framtanke fannst imillom. Men i desse eldre Bondebygdir ero faae af slike. Det maa vera Folk, som hava vorit ute i Livet og fyrst og fremst lært og set meir. Haakoustad'en var nok ute paa Storthinget, men han lærde ikki somykit, at han kunde krabba ut or det gamle Sniglehuset. Riket maatte verda til eit Dyrerike, dersom her ikki fannst andre Slags Folk.
Daa eg stod i Haakonstad-Tunet og saag ned til Vaage Præstegard, der Krag var Prest og gjorde somykit for Skulen og for at hjælpa Folk fram, kom eg ihug dei sanne Ord i «Nyhedsbladet» yver Krag: «Oplysning er Liberalitet».
Slike Lovord fær ikki du rike Haakonstad'en paa di Grav.
Du skal ingenstad i Landet sjaa slike lange Rennur til Vatning af Aaker og Eng som her i nørdre Gudbrandsdalen. Her rigner so litit, at her sjeldan vøre nokot at høysta utan al denne Vatning. Det er dyrt; eg spurde mange røynde Menn og dei sagde, at kver Tunne Korn vardt ikring tri Ort dyrare og Engi etter sama Maal. I Haabalen maa alle Hender vera um dette. Fram i Fron hava dei tenkt paa at faa seg heim Vatn ikring ei god Mil, og naar dei no hava fengit seg Aaker og Eng afbrende nokre Aar til, so taka dei vel paa seg denne Kostnaden, endaa dei ero rædde at venja Jordi til denne Væta. Kunnige Folk tru, at dette Regnløyse aukar ettersom Skogen minkar til; men eg skulde tru at det liksomykit kjem af Landsens Læge, daa der i søndre Gudbrandsdalen er meir Regn, endaa der er no meir Skog. Regnskyerne tøma seg ut, ettersom dei koma nord etter og støyra mot Fjølli. Det var best merkjande i Sumar dette, daa alt dette Regnet minkade, ettersom du kom nord etter, so at du some Dagen kunde kjøyra fraa Regnet til klaare Himilen. Daa det reid yvir Fjøllryggen nord og vest, kom du altid i eit annat Vederlag, for liksom Regnkanten her er fraa Sud og Aust, so er han det der Vest inn fraa Havet. Det er Fjøllryggen som soleides legger seg i Vegen for Regnet fraa kvaare Kanten.
Er det soleides tidt Uaar af Turken i Gudbrandsdalen, so koma der Aar imillom so rike, at det liksom verdt jamgodt, naar dei som Joseph leggja upp Korn i dei gode Aar. Ettersom Myrar og annat Vaatlende dyrkast upp, verdt det no betre med dette; men her er ikki stort af dette Land i denne lange turre heite Dalen. Kjem det nokot Godt ut af Lesjavatnets Utgraving, so er det rødt um at tappa ut dei store Selsmyrarne, endaa eg inkje Samband kann finna millom desse tvo Ting; daa det eine kann vera godt for det um det andre er daarlegt etter Landsens Lende og Jordbotn. Det vilde vera meir god Jord enn i heile Kyrkjesoknet, um denne Selsmyri kunde turkast ut; men det seer ikki liklegt ut, for Logen, som renner der igjenom i Smaakrokar, maatte fyrst verda lagd i ei bein Renne. Der vilde verda fagert daa ned paa den flate Botnen af denne djupe Kjetilen med Rundarne som det øystre Øyrat. Eg tenkte meir paa dette enn paa Skottestriden, daa eg foor der framikring Kringen og saag Stytta med desse Vers paa smale Bein og haage Hælar fraa hundrad Aar sidan. Eg kann ikki finna nokot so stort i denne gudbrandsdalske Daad. Folk maa møta Bjørnen naar han kjem heim til Gards, og den Mann, som ikki gjerer dette er daarlegare enn Bjørnen sjølv. Det maa vekkja større Undran, at Sinclair kunde koma so langt. Det visar kvat det maatte vera for ein Saudehop af Folket vest i Raumsdalen. Dei Poetar, som koma i Eldhug for slik ein Strid, maa ganga ut fraa det, at Mannen er som Jasen (Haren), at han rømer baadi fraa Ungar og altsaman, berre det ruslar burt i Busken. Men det visar, at Gudbrandsdølerne vaaro Karar, og det skal dei hava Takk for, endaa det ikki var meir enn me bør venta af kver Mann alt ned til den armaste Stakkaren.
Høyr det min Son, hosi du skal fara:
«Gakk burt med eit Reip og heng
den Mannen, som endaa vil Livet spara,
naar det paa Livet gjeng.
Du Livet stundom maa liksom hata,
og rida i Draugeferd.
Naar ikki Livet du glad kann lata,
er du 'ki Livet værd».
– – –– – –– – –
– – –– – –– – –
Det skal vera vandt du i nokon Dal seer slike druste Gardar som imillom her i Gudbrandsdalen, og der er i Hus og Jord nokot underlegt gamalt, som minner um Sagastilen. Desse nyare tvihaage Bygningarne ere enno ikki somange her. Det er ei kongeleg Bygd Fron, og der vest i Bakken seer du og Kongslid. Eg kjende liksom Andarpustar fraa den gamle Tid at susa ikring meg, og det var Livsens Pust, for eg kjende atter det gamle Maalet, saag Jordi like ung og Gjenturne like fagre og Gutarne like sterke.
Det var og eit Paafund af vaar gode Maurits Hansen at gjera Anne Kongslid til slik ei «sentimental» Dame og lata hena elska Husmannssonen. Nei ho elskar nok ingen Husmannsson, den Megga. Og um ho skulde faa eit slik Hugskot, so dreiv ho det snart burt, for ho vil ikki ganga som ein Daare i Bygdi si. – Finst her Husmannssønir som P. Botten Hansen, so maa dei ut, ut for at faa Luft. Dei maatte kovna her uppe. Det er berre Rikdomen, som kann stanga gjenom denne Muren. Kunskap, Kunst og Mannavit slaa seg flate som Blykulur, og dersom Nokon verdt «daarad af Vænleiken» so gjenger han for ein Galning, og sjeldan er det og, at det gjenger honom vel. Det er slikt jamvel i mi Fødebygd, der Livet langt fraa er so stort.
Eg veit ikki um eg torde ynskja dette Livet anderleides, for so som det er lagat, kunde det vist ikki berga seg paa nokon annan Maate. Det maa liksom Katten faa Ryggen sin mot denne Muren for at verja seg mot Undergang.
Her i Fron hava some af dei beste Menn talat um at faa seg ein Samlingsstad, der dei møttest kver Fjortandagsdagen eller so, og hadde Tidender og imillom Lag og Dans. Det vilde vera som ein Klubb i Byen, og det maatte vera gagnlegt paa mange Vis dette, sosom ved at aftala og lesa um Val til Storthings og slikt nokot. Faakunna og Revakrokar kunde aldri faa den Magt i slik ei Bygd, og det vilde likeins gjeva Livet Folkeskikk paa mange Maatar ved Samtal og Lesnad.
Paa Prestegarden i Fron saag eg Tufti etter den Bygningen, som Holberg var i, daa han ein liten Gut var her hjaa Presten Munthe. Han laag der i eit kaldt Rum og fraus den vesle Krypen, sagde Folk. Det eine vekser til det andre med slike Menn, so dei verda eit Dikt (Mythe) ja endaa Gudar. Eg tok af meg Hatten, som naar eg kjem inn i Kyrkja, daa eg saag Tufti etter Huset han hadde livt i.
So var du her, so kom du hit,
du Mannen med det norske Vit!
Han var tidt ned paa Gjestgjevergarden og rødde med Folk, vardt det sagt. Den vesle Guten fekk vist her ifraa mange af sine Mønster. Han rødde med dei Vegfarande og slog paa Hesten og sat bak paa langt nord og sudetter, og «bondskade» som det daa vardt sagdt, for det var i den Tid eit Lyte paa «Fremminde karen» at tala etter Bonden. «Det er ein myket til Gut dette». «Han er ikki som andre fine Kartar denne Guten». «Aa alting vil han vita!»
Her inn med er Hundthorp og Steig med alle sine gamle Minni.
eg var so sæl at raaka paa var ein af dei gode gamle Prestarne, som visste mer enn dei andre Folk ikring seg og bar i seg just for dette liksom den Tid han livde i. Han lærde Soknefolket upp til alt Slag baadi at lesa og bruka Garden sin, og Kona var ein Lækjare baadi for Folk og Fe. Huset hans var ein Heim for Hugnad, og Børn og alt var som eit fagert Dikt. Det var ein gamal god Prest. Og naar det kom Vegfarande var han no so glad, at han visste liksom ikki til seg; ja han hentade endaa Folk til seg fraa Byen lang Veg. Du kann tru det var Hugnad at sitja der med Toddyen eg Pipa og tala um Kunst og Vitenskap og Hovudstaden i hans Tid.
Men eg kjende liksom korkje han eller Kona eller Huset atter denne Gong. Han hadde fengit seg ein Kapellan som var gift med Dotter hans, og denne hadde snutt upp og ned paa det gamle livsglade Huset. Kvendfolki laut sitja og spita (strikke) Ulltrøyur og Magabelti for Zuluerne og tala med gamle Møykjeringar um Daupen og Missionen, og Presten sjølv maatte inn i «Maaten», so der ikki beid (existerede) Brendevinsdropen i Huset. Ungdomen kunde ikki faa seg somykit som ein Dans, og Spil og alt slikt var ei stor Synd. Presten var ulykkeleg: men han maatte bøygja seg for «den nyare Tid», og «denne nyare Tru».
Han: Trur du det er mykit sannt i denne nyare «Retning», sagde han til meg.
Eg: Nei, korkje eg eller nokon annan Mann, som duger nokot. Me læ aat denne Sykjen, men vita at han maa hava si Tid. Desse unge Theologar ganga som ein Spe bland os, og du skal ikki finna ein einaste ein af deim, som duger nokot, for dei theologiske Candidater, som duga mest, dei draga seg utor Theologien, so godt dei kunna.
Han: Gud ske Lov, so er det daa ikki uti med os. Du kann tru eg er ulykkeleg. Det er komit sovidt no her, at alle betre Folk i Bygdi berre læ aat denne Maagen min, so det berre er for Pøbelen – Gud forlaata meg Syndi mi – at han prædikar.
Eg: Det er likeins i Hovudstaden. Du kann no vel tenkja det, at ikki vituge Folk halda ut slikt eit Aandløyse og slikt ein Stokktrudom, um der enno finnst Mange som «gjera i» Trui liksom i Salt og Fisk og slikt nokot. Paa slik ei Tid, som trur for mykit, maa koma ei Tid, som trur for litit, og dette er det verste med det altsaman. Du kann vel tru, at det verdt ein Prestestokk i Landet um eit Tjug Aar! Eg er mest rædd for at tala um det; og du kann vel tru, at det verdt Skalkeherming af daa!
Han: Ja er det ikki det eg og er rædd. Men denne Maagen min helder meg gamle Stakkaren so i Age med at segja, at det er slikt no med dei Beste, at eg ikki torer setja meg imot, ja han trugar meg endaa med Fordøming og segjer, at den heile gamle Presteslekten ikki visste, kvat den rette Tru var.
Eg: Ja, slikt hever eg funnit det allestad. Det er eit Hardstyre (Tyranni), som maa endaa med Rædsla.
Han: Men han er likeins han … ja han foor endaa kring Landet ifjor og prædikade som Thrane i gamle Dagar. Det var for sama Folket desse tvo prædikade; den eine Politik og den andre Trudom: den eine smøygde seg undan og lastade Presten, liksom den andre gjorde med Domaren. Og so for Slavar og slike! Det var inkje godt «Publikum», skulde eg tru. Og naar slik ein Mann med den Vigt gjerer sligt, so tykkest eg, at Folk i min Stad maa verda rædde.
Eg: Aa ja, det er uhyggelegt imindsto. Men denne Mannen er ikki stort vyrd af dei rett Lærde og Kloke; han er ingen Mann med stor Givnad. Men det er den daarlege Magen hans, som gjerer honom til slikt eit Hengehovud. Det var i Underlivet det laag med Lammers og. Eg kjener ingen Læsare med god Mage, og istadenfor at antra (disputere) med deim, beder eg altid, um at faa sjaa deim paa Tunga etter Magen sin.
Han: Ja, i Sverike tala dei um Lesarsjuken som um Hundegalskap f. Ex. Og eg veit ei Kone her, som fekk slike «Ængstelser». Presten vardt hen tat og denne umfarande Lesaren.....; men so kom Doctaren, og fann at ho leid af Obstructioner. Men det høver ikki paa Maagen min, for du seer vel, at han er feit og rund som ein Stokk.
Eg: Sannt, men han er so reint framifraa nauten han, at det er so du kann hogga Øksi i honom, som det gamle Ord segjer. – Eller og kann det vera tilgjort med denne Trudomen, so dei berre laga og afskapa seg. Eg kjenner Sume slike og, for det svarar god Reikning, solengi dette Væsen varer. Men det er ikki Mange so vise. Det er stor Gaman at sjaa desse Folk vrida ut det kvite i Augom og stynja og tala i Nosi leggjande Hovudet paa Skjekke, likesom naar sume Saudir vilja faa Salt. Det er eit sannt Gjæstebod at sjaa og høyra deim eit litit Bil, for varde det lengi, so kunde du og verda galen, daa all Tale som ikki henger ihop verkar liksom denne Sovedrykken (Chloroform). Det gjenger rundt for deg og; men so sovnar du. Eg gjenger stundom til desse Folk for at lata meg «chloroformere». Det er forvitnelegt imillom at kjenna paa seg sjølv, korleides Aandarlivet dit verdt staalslitit i Smaastubbar alt til det berre er det raae Jarnet atter. Det er som eg kann tenkja meg at faa Opium. Det siste du kann tenkja er, at du trur du er i ei endelaus Daarekiste, og du griper liksom etter dit eiget Vit. Nei, so hever det laupit Vegen sin, og du dubbar. So tidt her er Prestemøte i denne nyare Tid, møter eg upp imillom for at lata meg «chloroformere».
Han: Trur du, at det kjemer nokot ut af desse Prestemøti?
Eg: Var det likt seg det! Men dei skada heller ingenting, for det er med alle desse Parti som Gartneren sagde til Hagens Eigare, daa han bad um Raad for Makk og alt Afaat: «Lassen sie das Ungeziefer in Ruhe, so fressen sie sich einander auf». Statsraad Riddervold hever tekit det paa denne vise Maaten. Det er den beste Komedi eg veit at høyra slike Parti antra, alt til du er leid all denne Usans, so du ikki orkar lenger. Dei gjera vaar Herre til ein romersk Jurist og den største Procuratoren, daa han henger i kvert Smaaordet, so at Sæla henger i den rette Formularen som ei Sak i ei Thingstævning, Procedyre og Paastand. Det er som i ein Skalkestrid, at det mest verdt set etter Tempo og Handgrip og Fotferd. Og naar dei antra um dette med Munn eller Pen; au, daa er det slikt eit djupt Aalvor, segja dei; og du seer det kvite i Augom.
Rett som det var, kom denne unge Presten inn til os. Det vardt ei Antring af, som det er vel ikki verdt at setja paa Prent, endaa det er Synd, at ikki so merkjelege Ord som af denne unge Mannen skulo faa Lov til at standa til eit ævelegt Afminne. Men det er Mange, som enno tru, at Ein med dette vilde skvætta ut sjølve Barnet med Laugi, og dei Veike hava den største Retten, daa det er for dessa dei Sterke maa bøygja seg.
Um Sundagen gjekk eg der til Kyrkje og høyrde paa denne unge Presten. Det var ein Pinebenk desse tvo stive Timarne han helt paa, for det var liksom Chloroformen ikki vilde bita paa meg den Dagen. Det var ei Tilgjerd (Affectation) som var makalaus af denne uppblaasne Mannen med Tone og Fakter og Ordlagnad etter tvo af desse Meistararne her inne i Christiania, og litit Grand af Grundtvig kom og slengjande med imillom. Eg kjenner alle desse so vel, at eg skal kjenna atter Tonen og Setningen med fyrste Ordet. Han var ein Utplukkare (Eclectiker) denne Mannen, so at Kyrkjetidendi vist vilde fordøma honom, naar eg berre vilde segja kven det er. Han vøre no værd at faa det sama af Andre han, som han gav meg, for han sagde, at det var reint umogelegt for meg at verda sæl med mi Tru. Du maa vita, at det ikki er Tale um det du gjerer, men berre um det du trur. Det er ei lettvind Lære, for ettersom du veit og lærer, trur du til; og er du reint uvitande og nauten, so trur du alt det, som til er og vel so det. Eg kann minnast meg sjølv: eg hadde Barnetru og so Bondetru og so Skolemeistartru, og so frametter, alt til eg no siter inne med Døletru. Og naar eg verdt gamal og staalsliten, so fær eg vel atter nokot som likjest Barnetru. Det plagar fara so naar me taka paa at ganga i Barndomen.
Eg drog etter Drosi, men stødt smatt ho undan, med det sama eg liksom rekte Handi ut etter hena. Det gjekk meg som Skattegravaren, naar han grever tri Thorsdagskveldar og endeleg høyrer at Spaden synger ned paa Skattkista; men so ser han Stutar med store Horn og alt det styggaste som til er, og so krossar han seg, men dermed skrepper Skatkista i Fossen, og han stender atter og seer berre svarte Notti.
Tilslutt eg fann den Møyi, som
somangei Von um Sæla gav;
men dette, som eg drøymde um,
eg fann so godtsom inkje af.
Ho var vel væn; og Kvitt og Raudt
saag ut som Blomens fagre Lit.
Men kjære væne! Alt er daudt,
naar ikki der er attaat Vit.
Det er ein gamal Skikk og Sed
at rosa fagre Fot og Haand.
Men den, som du skal liva med,
maa attaat hava nokot Aand.
Og veit vel, at den fagre Møy
er største Syn som du kann sjaa.
Men vel du veit, at Kjøt er Høy,
som visnar fyrst og turkar daa.
Eg spratt ifraa, og drog meg nær
i Ordaleik som vitfull Dreng,
men Svar eg fekk, som nær du slær
paa Klokka, som i Vatnet heng.
Eit Auga som af Kjærleik' vaatt,
ein Munn som skapt til Herrens Pris
eg saag; men Mælet var so raatt,
det gjenomskar meg som ein Is.
Det gjekk meg her som tidt med deg,
at mest eg elskad' lengst ifraa,
og ettersom eg nærmad' meg,
tok Elskhugsfuglen Vengir paa.
Eg eigong auk vel fær at sjaa,
at langt ifraa er Ingen kjær,
men at eg elskar, elskar paa,
alt ettersom eg rykker nær.
Høyr no eit Ord, som gjeva tann
baad' meg og deg og Mange Mod:
– eg prentar det, som eg det fann –
«Ein Ljot er væn, naar han er god»
Tidt af dei Gamle faa me sjaa,
at sama Tanken litt dei vreid;
so dette Ord det heiter daa:
«Ein Væn er ljot, naar han er leid»
«Ja dette Landet, desse Fjølldalarne», sagde ein Mann til meg, «Ja dette Landet! det er eit Land for Englar».
«Ja so», svarade eg, «det maa daa vera for det, at Englarne ikki eta nokot.»
Hm! svarade han .... nei me hava vistnok ikki alt det Kornet som Danmark, men ....
«Men lagde eg svint til, men, me hava Karlar, som kunna eta Korn».
Aasmund Olavsson Vinjes
Ferdaminni er lastet ned gratis fra
bokselskap.no