bokselskap.no, Oslo 2018
Per Sivle: Vossa-Stubba
Teksten i bokselskap.no følger 1. utgave, 1887 (Kristiania/Samlaget). Digitaliseringen er basert på fil mottatt fra Nasjonalbiblioteket (nb.no)
ISBN: XXXXXX
Teksten er lastet ned fra bokselskap.no

Per Sivle
Vossa-Stubba
bokselskap.no
Oslo 2018


  1. [Forord]
  2. Han Kolbein Hausa
  3. Vetle-Raurn
  4. Slumpelukko
  5. Ute aa heima
  6. «Vossingjen» aa Mor hans


[Forord]

Eg ha skrive dei på Vossa-Mål, desse Stubbane; eg laut so gjera, skjen1 eg sjølu kunna kannast mæ dei.
Endå da æ kje alti so greitt, få livande Måle ne på Papire; dar æ Trotn2 på Bogstava endå te. Soleis dennen opne u-en, midt imydlo u aa o (finu, storu) – ja, ein har berre u te detta; aa inkje anna en' y te Dømes i fy, fyre, endå Vokaln dar skje høyrast burtimot ø.
Løyst upp i Oro litevetta ha eg og sumestane gjort.
Detta her ao ha eg skrive mæ å, so mykje de vita da, (inkje aa, so heldest eg bruka). Eg veit so væl, kor gjedna Folk vilja gjera da te «au»; skje gale væ, vi eg då heldu, Folk skje lesa aa, ette Målføræ i Eksingadalæ, dar dei og rekna seg høyra Voss te. – So dar æ no endå eit Vossa-Maal: men Vossa-«Maul», da æ inkjevetta.


Han Kolbein Hausa

De ha vel inkje haurt gjete hono Kolbein Hansa heldu, de, Godtfolk?
Aa nei, da æ vel so da, de. Eg spure no berre og, eg, aa dei seia so fy eit gamalt Or, dei æ fleire so forsnakka seg en so forspyrja seg.
Eg kann no seia, eg kjende hono Kolbein, frå eg vatt saa storu, eg vann tyggja Graut, eg. Men so æ no eg frå Voss og, eg, måvita, just so han Holbein sjølu va; aa da æ no so, dei kunna kje adle væ dar ifrå heldu.
No va då dennen Kolbein'n sliku meistarlæ Kar te fortelja Rispu aa Skronu, at han va namgjeten tå di heila Vossabygdæ yve, aa endåne viare umkring, baade ni Harang aa inni Sognabygdo. Da æ kje lengur sian en sinn Haustn, eg kom yve Fjedle ne te Lustur ein Kveld. Gjekk eg so inn te hono Joans Uppigaræ paa Krok – da æ no sliku tydlæ aa snildu Mann koma heim te, attu da æ Hugna i da. Trøyttu va eg aa svoltn va eg; spure so eg, um da va [6] so væl, eg kunde faa kjøpa meg ei Matamaalti aa so få Hus yve Hove um Nattæ. Aa dar vatt inkje nei te des, dar i Garæ, skuld' eg tru.
«Du æ frå Audland, du, mein' eg?» seie Joans'n.
«Nei», svart' eg, «eg æ kje da heldu; eg æ frå Voss, eg», sa eg.
«Nei, æ du da, du!» sa han. «Nei du», sa han, «live han Kolbein Hausa endåne, du?» sa han.
«Kjenne du hono, du», seie eg.
«Aa inkje da heldu nettupp», svart'an, «men da æ, so dei seia, attu Gjetore feru viare en Mannen».
So dei hadde haurt ta hono, dar og.
Ja, dan Gongjæ va no han Holbein endåne baade frisku og ferigu, seks aa sjauti År gamadlu so han va. Da va fyssta her i Vår, da bar te Enda mæ hono.
Han va no sliku framifrå Sme og, måta, dennen Kolbein'n. Bære Bitjøddn en han aa so Høyland'n, han Jens, gjore, va kje te finna på heila Vossabygdne, aa endåne vilde dei halda Øksane hans Kolbein væl so goa; men Høyland'n skje rikjan3 mæ Knivo sine.
[7] Døadagjen sin, då sto han Kolbein i Smiene aa smidde frå Klokko va seks um Morgun.
Når da so lei te Daurs,n4 kom ho Ingjebjør, Kjeringjæ hans, ut aa ropte hono inn.
«Har inkje Tiena, du!» svarte han berre, aa dreiv på, so da skje golde Live.
Då Klokko va so pålag toll, kom han inn i Stovo.
«Ja set deg no burt, få deg Matn din, Kolbein!» sa ho Ingjebjør.
Aa burt i Hægseten5 sette han seg og, aa tok te nuska mæ Grautæ; men da vatt kje mangje Bitane han tok, før han la Skeiæ ifrå seg, gjekk burt hadla seg nepå Sengjæ.
«Du æ då kje vottn låku, veit eg, Kolbein?» seie ho Ingjebjør.
«Aa inkje da heldu viare», svart' an; «eg fekk berre sliku idly Styng fy Bringene».
Dette va dei seinste Oræ, dei haure tå hans Munn; ein halvu Time ette va han ålien.n6
– Da æ no da minsta, eg hugsa attu no, tå adla Reglo hans; dei vo no utan Tal og, dei.
Inkje va da no alti, ein fekk hono te; men sleppte han fyssta laust, ja, då kunde han og halda på Time ette Time, so da va, so da berre [8] rann or hono. Jabnaste va da no seg sjølu, han fortalde um; aa lika radt gjekk da, antan da so va Lygn eldu sannt, eldu og blanda tå båe Slogo, so da no gjedna va. – Han va kje so lite kleisu i Målæ, aa hadde fy Vane supa ette Anda inkar Gongjæ, når han etla seg te koma mæ noku serlaga noku.
Men inkje da, at du skje sjå likt te Lått på hans Anlite, um so heila Stovo risste seg tå Skrattæ våro; han sat so truverdugu, so han skje sote i Kyrkjene.
– Ha de Hug te høyra, so ska eg meir en gjedna freista fortelja deko nokre tå Stubbo hans, so godt eg da evla.
Endå jamen æ da Synd, de inkje fekk høyra hono Kolbein sjølu, når han va i Golagjæ aa sat i Kubbastolæ sino frammæ Peisæ um Vettra-Kveldo.


Vetle-Raurn

– – – «Ja, no ha eg no hatt mangje Krøtur aa tå adle Slogo, baade kneggjande aa rautande aa rinanden7 aa remjande;n8 men jamen vettu no Vetle-Raurn Meistarn, kusser, han, da tore eg seia baade høgt og fritt.
Nei, eg hadde kje ale hono, heldu, han va Tveggjering,n9eg fekk hono; aa eg kann gjedna fortelja, kur da mæ di bar te, og.
Da va då dan Sumarn, da va sliku steikjande Turk, – endåne same Sumarn, gamle Prostn Mynstur på Vossavangjæ døe. – So var da ein Dag, eg sto nepå Grinda-Teigjæ aa slo. Bestu so dette va, dar kjemu han Ola Nigaræ på Løno drivande hitette Allmannsvegjæ mæ ei Hestadryft.
Aa dar vatt no «Gudag!», kann du vita, aa «Gudag igjen!» so da plå aa ska væ, når Fagnafolk møtast.
[10] «Jau, detta va Kar, so har Hesta-Maktæ, du!» seie eg.
«Ja, eg meine so!» svart' an.
«Da æ vel Synnfjoringa, detta?» seie so eg.
«Skje so væ, da, ja!» svarte Ola'n.
Mendu me då stou dar aa pratte, dameso va dar ein Tveggjærings Lakje,n10 so spratt te aa skaut seg ratt yve Steingarn inn paa Bødn te meg, aa – forsyne meg! – snartn11 han ni, eigong, endå Garn va yve sina to Alne høgu! – so snautt gjo'an da.
Nei, sjå Lumhundn,n12 du!» sa eg.
«Kjøp du Lumhundn tå meg, du Kolbein!» sa han Ola; «da ser ut te, han lika seg hjaa deg», sa han.
«Aa, eg har no endå laaneskon13 nok te fara reka i krødno,n14 kusser, eg», seie eg. «um eg inkje ska få dei ifrå Synnfjor».
«Ja ja, tru meg no, du, da æ meira te Hestebne, en da ser ut te, detta, Kolbein! – bjo meg på hono, du!» seie Ola'n.
«Aa, Hesta har eg no endå nok te føa på, eg», seie eg, «altfor mangje, so idla, Åre no ser [11] ut. – Men da æ da sama: Handul ha eg aldre vanda, – kva vi du ha?» seie eg.
«Ja», svart'an, «ette di da no æ du Kolbein, aa me æ goe Vine aa inkje rettare eg veit littevetta skylde,n15 og, so får da kje hjelpa: du ska ha hono fy tredivu Dalar».
«Jau! – soleisne kann du forlanga, når du kjemu ut på Strilalande, men inkje når du æ på Voss, aa har han Kolbein Hansa fy deg», sa eg.
«No, kva gjevu du då?» sa han.
«Femtan Dalar, aa inkje ein Skjeling meir!» svart' eg, «aa endåne skje eg tru, Traven æ bitaltu!»
«Nei, snakka kje burt i Veggjene!» seie han. «Men da æ da sama: då eg no vi, du ska ha ein Hest ette meg, so du kann ha Hugna tå, so lat me slå tå fem Dalar; – endå eg tapa utlagde Penga på Foln, eg, då», sa han. – Da va Handuls-Klo, dan stygge Ola'n, du!
Ja, so vatt no dar ei heil Akedering, dar, kann du vita. Men på Seinsten vatt da no so, attu Foln vatt min, kusser; aa tju-u Dalar skje eg gje, tiu trakst, aa tiu te Trettndag Jol.
– «Neimen um eg skyna meg på deg, Kolbein, [12] likavelne!» sa ho Ingjebjør; «kasta Penga burt paa slikt eit Ru-Røyve,n16n17 fydla upp Husæ mæ!»
Aa sannt va da og, attu skarve Foln såg alt anna en liklæ ut. Storu va han pålag so ein skikkjelæ Ver, aa langraggutu so du skje set ein Geitabukk.
Han skje no lestu væ rau-u på Lit, endå han skar likaso mykje i da blakka aa dysje-gråa; aa lortutu va han te ratt upp yve øyro.
Ja ja, hadde so eg hono Vetturn framyve, eg; aa åt gjor' an, so han sto dar mæ ei Vomb verru en ei Bura-Kyr.n18 Inkje vatt dar Skikk på hono heldu, før han kom på Grornn19 um Vårn attu.
Men so tok Fantn på løysa Håræ, aa Vombæ te minka.
Aa når han kom heimattu or Fjedlæ um Haustn, – hunn rugge meg, kunde du peka Lyte på hans Kropp mæ ein einaste Fing! Liten va han endåne – han rokk heldu aldre yve sine seks Stolpa frå Manka te Hovskjeggjæ – aa ja, da va no trongt mælt, då –; men so kjednanden20 vællagdu aa tettu, mæ Øyrna-Spissa, Lenda-Lag aa Bein-Ty, – forsyne meg, sto han inkje, so han [13] skje vo svarva! Slikjanden21 slettu i Håro va han so ein liten Gris, aa so blenkjande rau-u på Lit so dan finasta Byhua, du fy dina Augu kunde sjå!
Jau, so skje eg tru, Rakkjen kom te Vyrna! – Ho Ingjebjør velsigna aa ba, eg inkje maatte selja hono, – eg lest no so vilja, eg, inkje fy di, eg meinte noku da, eg va for gildu hono, sjølu, te dess; eg hadde no berre Moro te pirast litevetta mæ Kjeringjene, sian ho hadde svivyrt hono so i Fysstne.
Eit Lyte hadde han likavelne, da ska eg kje nekta fy: dar fanst korkje Gar eldu Grind, so sto hono, – yve flaug han so ein Fugl, da hjelpte lite, kor høgt dar va.
– Men so flaug han so ein Fugl heldest og! Eg tok no te temja hono um Vetturn, fyssta da vatt Sleaføre, aa so mangje Hesta hadde eg endå hatt unde Hendo, at eg snart såg, her va Fotalag, so va framifrå. Eg hadde alt fengje køyrt hono inn so nokulunde, då da lei so langt fram so te Kyndesmysu Tiu.
Då va da ein Dag, eg hadde eit Snøggerende ne på Vangjen. Fin Før va da, so da berre skutla; spente so eg Raurn fyre aa køyrde or Tunæ.
[14] Når eg so svinga innpå Allmannsvegjen, kom eg i Fylgje mæ ei Kråka; ho skje sama Leiæ, ho og, såg da ut te, kvar da no kunde væ, ho skulde å, aa kva Erend ho heldest hadde.
Kråko, ho fauk no, ho, kann du vita; men inkje da, attu me vottu attuliggjande, eg aa Raurn, heldu.
«Bra! – bra!» skreik ho.
«Jagu æ da bra!» sa eg, «da æ meir en bra; men bia no, ska du sjå da endåne bære!»
Ga eg so Hestn eit Drag tå Svipene, eg – aa ja, dar skje kje storu Snertn te, trur eg! – aa dar vatt ho ette mæ da sama, Kråko. Brukte Vengjene gjore ho, alt ho berre evla, aa i Motebokko va da, so ho vilde rikja; men når da berre hadla attu, eldu me nådde Flatn, so vatt da Raurn, so hadde Fyremunen.
Nei, då me hadde tevla mestu Milæ ut aa vo komne so langt so nepå Rongs-Bakkjen, då va skarve Kråko vottæ so trøytt, at ho sto kje i da lengur, aa so sette ho seg – forsyne meg!– beint nepå Selahyvre aa kvilte seg! – ja, da gjore ho.
– Vetturn dar ette skulde dar væ Kappkøyring på Vangs-Isæ Trettndag Jol; – Raurn va i femto Åræ, då.
[15] «Ja ja», tenkte eg mæ meg, «da due kje upprøvt!» – aa so møtt' eg, eg og.
Seimen, han Haldor, hadde ei brun Merr, dei kadla Seims-Bruno, so hadde vo Fritråar dar på Isæ fleire År i Renn. Tiu Stolpa stor va ho, hoggande væl voksæ, mæ Hasa aa Helne-Lea, so dei skje vo spikka, Sokka på adle fira Føtno aa Sjødn i Skaddla; – aa, da va mykje te Merr, va da, dan Seims-Bruno!
«Nei, æ du Kolbein og ute, mæ Røysekattæ dino?» seie Haldor'n.
«Eg æ so da, ja!» sa eg.
«Kappkøyring um Hest aa hundra Dalar?» ropt' an.
Men antan de no vilja tru meg eldu inkje, so jamen snudde Raurn paa Hove, blinka attette på meg, då, aa grov gjor' an i Isn mæ Grevskono, so berre Sprutn sto; da va kje vanskjelæ sjå, kva han vilde.
«Ja ja, Gutn min», tenkt' eg, da æ deg, da står på, no, aa tore du våga deg, so får eg våga meg, og».
«Da æ so mykje de høyra på, da, Kara!» sa eg; «kom so, Haldor!»
«Æ da Aalvore dit?» spur' an, aa tok te Skrattæ.
[16] «Jau», svart' eg, «inkje rettare eg veit; eldu kanskje du inkje tore, no?»
Jysses jau då, kur han torde! dar va kje Trot mæ di, inkje.
So handslou me, då, um dette Vågamåle, aa stelte oss upp; dei hadde no endå Moroæ si, Karane dar, skje eg tru.
Dameso sleppte me laust. – Men då fengje dei sjå, kva Røysekattn dudde te! – fy Seimen vatt liggjande ette trast, han, aa da so da munte og. Piska på Merræ si gjor'an, alt da han orka, aa ho tråa aa ho ekste; men lika mykje bata da.
Nei, då eg so va komen so pålag halvvegjes, – jau beiske deg! dar tok Raurn so hart eit Tak, at han kasta dan eine Hoven tå seg. – Dar sto eg!
Men eg ha no, um eg sjølu ska seia da, aldre vo tå dei seintenkte; eg va eldande snjåpun22 te tumma ette i Lummo mina, aa dar, te adl Lukka, so fann eg ein storu Spikar. Eg utor Slea, treiv store Lea-Knivenn23 min, slo Hoven attu aa sleppte laust på nyt Lag.
Aa – forsyne meg! – sto eg inkje endåne fysste Mann unde Tveita-Landæ, eg, når Haldor'n kom [17] tanande mæ brune Merrne sine, so Skumskavlane berre volt tå Læro henna! – ja, da gjor' eg.
Men inkje da, att du såg Hestn stiktan24 på desso Fotæ eigong, inkje so mykje so han skje vo stokkjen mæ dan mindsta Nål! – Aa, da va Hest, dan Raurn, du!
– Kur da gjekk mæ meg aa Haldor'æ? Jau, du kann no vita, eg inkje vilde stå ette hono, eg, so goe Vine so me vo, aa Trimenninga endå te! Han gjore eit grepa Gjestabo um Kveldn, aa me dette va Vågamåle tågjort.
Han fekk litevetta i Hove, gjore Seim'en, då da lei frampå. Me sotu endåne i Hægsetæ, me to, aa smakte på øle – han hadde no slikt eit framifrå goa Jol-øl jamt, han Haldor –. Men då sa han, mæ sama han flidde meg øl-Kjengjo:n25 «ja, hadde da kje vo fy Skams Skuld, aa da inkje hadde vo du, Kolbein, so jamen kunde da treft, eg hadde tekje antan te Gråtæ eldu te Knivæ, – so ilt gjore da meg, attu Bruno mi tapte!» – ja, soleis sa han.
– Eg hadde Raurn mestu i seks År ette dasso Dagjæ, aa mangt eit Meistarstykkje gjor'an. Læsa upp Buadøræ, da va no ingjen viare [18] Vande fy hono, – han berre beit um Lykjedl aa snudde; og hende gjore da meir en ei Gong, attu me so fonnu hono ståande gjera seg te goans i Konnkisto mina. Men eg heldt so hono, att trur du, eg va go te vetta sintu paa hono, kusser! So gjor' an da no og for mykje hoggande snautt, måta, um da endå va Fantastykkje, han va ute mæ.
– Kvar da vatt hono – jau, han daua, han, so me skulja adle, når Tiæ vår kjemu.
Endå da va no altfor uliklæ, da mæ di bar te, gubære!
Da va eit Åre, ei Slya, dei kadla Brita-Joans, skulde tena hjå meg, lestu.
So ein Dag, dar kjemu Skaffarn, seie te Skjuss. Are Hesta en Raurn hadd' eg kje heima, aa sjølu kunde eg inkje på nokun Sett eldu Vis sjå meg Tiena te fylgja .
«Ja, høyr no, Joans», sa eg: «da vettu kje onnor Rå, anna du får ta Raurn aa skjussa, kusser, du. – Men no æ da so mykje eg seie da mæ deg: setu du deg no te surla aa drikka deg fudlu – han va no so narr ette desso Drykkjæ! – aa da vettu noku gale mæ Hestæ, ska da inkje væ meg aa takka, har du eit heilt Siebein Annakveld»; – fy [19] han va endå inkje so beinspeltun26 te køyra, Raurn, når da fyssta sveiv hono, aa jamt va han no godt heldn og.
Aa Jyssys! han hadde no sakta vo ute mæ Tauma mydlo Hendo før, han, meinte Joans'n
Men meina du kje likavæl, Svine sette seg innpå Gasgivar-Stovo på Vangjæ aa te studrikka, so han mysste baade Sans aa Samling på Seinstn, fekk eg sian høyra.
Hadde so nokre Glankaran27 fengje hono upp i Kjerro aa lete hono køyrt sin Veg. Jau, Brita-Joans'n ha sakta dotte ni Kjerrekarmen, han, aa sobna, Beiste! aa Hestn so søkt heimattu på eiæ Haand.
Da kunde endåne alt gjengje baade godt aa væl, hadde kje te adl Ulukka skarve Lunda-Grindæ vo i. Ha Hestn so sprotte te, han, aa bykst enda yve, endå so høgt eit Grinds-Le dar va, aa ha da gjengje, so ein kunde venta, attu Hjulna vottu hektande yve Tvøråsæ.
Ørande tilæ um Morgun ette hadde han Samso Lunde Erend ut; aa dar fekk han sjå Kjerro aa Raurn aa heila Greio hangande burte i Grindne. Da va endå so mykje, Hestn snart [20] litevetta ni Vegjen mæ Framføtno; men sian Selatye heldt, hadde Brjostreimæ likavæl strypt hono jhel.
Ja, soleis va Tehøve. – Men – forsyne meg! – låg inkje Brita-Joans'n endåne uppe i Kjerrekarmæ aa sov aa raut so ei onnor Purka, fortalde han Samso.
Eg ha no kje just vo so blautu meg i mi Ti; men jamen greet eg, dan Dagjen, likavelne. Hestn køyrde eg heim aa grov hono ne; eg va kje go te dra Skinne tå hono eigong.
Joans'n hadde tekje Fotn te Vara, han, fyssta han vakna, aa da va vel da besta baade fy hono aa meg; me sågu hono inkje dar i Bygdne sian, før Fatti-Kassn mangje År ette laut henta hono heimattu frå Norfjor.
– So va da her eit Åre, han Ola, Son min, skulde grava ei Veit burte på Ny-Lændne.
Jau, ein Dagjen, han kom inn te Daurs, dar hadde han ein morkjen Hestahov i Haandne; men midt igjønom Hoven sto da ein storu, rustn Spikar.
«Her ska du sjå, kva eg fann burti Veitne, Far!» seie han.
«Nei, – hunn rugge meg! – æ da då kje Hoven tå Vetle-Rauræ!» sa eg; eg kjende hono på Spikaræ, eg.
[21] Hoven va no so smuldrn, han, att han datt sundu vono før. Men Spikarn har eg, dan Dag i Dag æ; aa i Kistne mine ska han stå, dan Dagjen, dei køyra meg ut or Hansa-Tunæ, ja, da ska han! so sannt han Ola vi halda, da han ha lovt meg».


Slumpelukko

– – – «Nei, so va da ein Morgun her eine Haustn, att eg gjekk burti Smio aa smidde meg ei ny øks. Eg skjefta henne aa åretta henne aa slipte henne upp, gjore eg, aa so tok eg henne paa Okslæ, tutla sta, skje finna meg nye Meia åt Høy-Slea mino.
Aa Bjørku va dar Nøygde tå, baade små aa stora. Men sume va for lite krokutu, aa sume va for mykje krokutu; fy de æ no so her i desse Verne, måta, att inkje kvar krokute Bjørkjæ æ laga te Slea-Mei heldu.
Men seint um sian kom eg nepå Elvabakkjen attmæ Svarte-Hylæ,n28 aa dar fekk eg Auga på ein Stu, hoggande fint meia-voksn, so han inkje skje tenkt paa anna en vetta Mei, frå fysste Dagjen, Vårherra leet hono spretta; – – ja, da æ same Meiane, eg har unde Høy-Slea mino endåne, so de kunna sjøle gå sta sjå, att da æ Gussens Sanning kvart einaste Ore.
«Du får fylgja mæ meg, du Kar!» tenkte eg. – Aa eg te skora,n29 so Flisane fokje.n30
[23] Jau, beiske deg! – dar visst' eg inkje Ore tå, før økse foor tå Skaftæ i slarpa ni Hyln, so Budlnan31 sto ette.
«Tvi deg!» sa eg aa sputta ette henne.
– So va da ein Laurdagskveld Sumarn ette. Eg hadde endåne vo på Stødl um Dagjen aa va baade trøyttu aa slyen.
«Eg bry meg kje um gå på Slåtteteigjen, Kjering», sa eg. «En um eg no gjekk neåt Elvene aa røynte, um da vo so væl, att Aurn vilde una os Fiska-Kling te Bisk i Morgo?»
«Jau, eg kjenne da meg! – Nora-Ett aa Klårvær so no da æ!» meinte ho, aa blæs i Nosæ.
Lest inkje eg viare gå, anna tok Fiske-Troa aa Makka-Pose aa lakka neyve Bødn.
«Ja, eg ska eta da råt, eg, da du får i Kveld!» ropte ho Ingjebjør ette meg.
Tutlan32 eg so neåt Svarte-Hylæ, sløngde uti. – Aa bestu so eg sto, dar kjend' eg, da nuppa so tungt, – dameso sløngd' eg te, endå på Stritingn33 gjekk da, so Tro-o sto so ein Bogje. Eg såg berre, kur da blenkte aa sprilta i Luktne, før da datt ne i ein Krakje attante meg, so Kvistane [24] truste.n34 – Jau, då eg so skulde sjå te, – – – du skje aldri på Makjen ha set! – dar hadde Ungedln35 fysty smett seg gjønom Auga på desse øksne, eg mysste Åre framfyreåt, aa so hadde dar sian bite ein fornøggjelæn36 Aure , – ja, antan de vilja tru meg eldu inkje, so va han sina goa to Merku yve Vågjæ!
Men so låg dar ein Hare og. Han ha sagta sote uppi Kraka i sine eigne Tanka, han, Stakkar, når Øksæ kom sjugande aa trefte hono midt i Skjelto, so han datt dau-u på Flekkjæ.
Nei, då breidd' eg Hendna ut te Velsignelse; aa – forsyne meg! – kom dar kje so ein Orrhane, sette seg på kver Haand! – ja, da gjore da. So kneip eg te, aa dar hadd' eg dei og.
Ho slo Hendna yve Hove, ho Ingjebjør, då eg kom dragande inn i Stovo mæ alt detta her.
«Ja, dar har du Matn din, Kjering!» sa eg; «set deg no burtåt Boræ, ta te nuska. Eg vona, du har nokk mæ Øksne, no te Kveldsmat; aa vi du, kan du endå få Lov te koka henne, og».
«Nei, du Kolbein, du Kolbein!» sa ho, «du har no Slumpe-Lukko deg, kusser, du!»
Men ho ga meg Smør-Kling te Kvelds, og, då, likavellne».


Ute aa heima

– – – «Jau, so skje eg kanhenda fortalt deko um ei Byfeer, eg eigong gjore, aa kur da gjekk baade mendun37 aa ettepå.
Da va no i dei Daga, før Dampbåtane vo komne, detta, inkje aa snakka um Jedn-Banen, me no ha fengje.
Antan va da te køyra te Evunga, då, sian slita aa ro Evunga-Vatne aa Bulsto-Fjorn ut, aa so hæra på, te me nådde Bergen, – ellog te reisa landa-leies Strila-Lande yve, aa dar vo kje Vegjene for rare, skje eg tru.
So va da då trea Åre ette, eg hadde gift meg – same Haustn endåne, ho Anna, Dottur mi, kom te.
Eg hadde no vo i Bydn baade tidt og tråt, dan Ti eg va Ungkar aa for rak mæ Skræppene eldu endur aa då mæ nokre Fe-Stykkje aa inkvar Hestn, og; men då eg so hadde tekje mot Fars-Garn min, vatt dar lite Tiena te sovore kan du vita.
[26] So skuld' eg då i Veg attu, no, eigong. Eg aa han Sjur Brekku, Svågurn min va, slou os ihop, kjøpte inn ein heilu Brote mæ Smør aa Ramost,n38 attåt Sumars-Dråttn vår eien; tiu Festykkje aa fira Hesta og skulde me ha .
Laga då me da so, attu Sjur'n for sjovegjes mæ Dråttæ aa eg landaleies mæ Krøturo.
– No va dar ein, dei kadla Hægset'n, – han eitte heldest Knut aa va tå Hægset i Raundalæ. – Aa ja, dar går no Gitore tå hono Bygdane yve, dan Dag i Dag æ; han vatt endåne ihel-skurn burte i Hadlingdal sian. – Verru Agaløysa en dennen Hægset'n va dar kje i dei Daga te finna Sjoane imydlo. Ute på Handul for han aa rak baade jamt aa samt; aa so drakk han, aa so slost han, aa gjore adle dei Spikk, so te kunde væ.
Dei vilde no seia, han hadde Svartebokjæ, og; aa kur da no va mæ di eldu inkje, so kunde han no baade trodla aa synkverva, da såg eg mæ mina eigna Auge, da, so de sian skulja få høyra; – endå da va kje alti, han hadde Magt te da, sa han.
Trefte so eg dennen Hægset'n, då eg kom drivande Vossavangjen forbi.
[27] «Æ du på Byfer, Kolbein?» sa han.
«Ja, eg æ so da!» svart' eg.
«Kanhenda me kunde vetta i Fylgje, då; eg ska same Vegjen, eg og», seie han.
Eg kan no kje seia, eg va viare mota på detta; eg kjende hono for væl te dess. Men eg kvidde meg fy seia nei, og, eg hadde kje Hug leggja meg ut hono, heldu.
No, so vatt da so, då, attu me slou Lag, kusser. Han hadde fem Hesta aa sjau Fe-Stykkje, han, so dar vatt ei heil litæ Dryft, når me sleppte ihop.
Aa mot meg va han serlaga baade glupu aa redelæ, heila Tiæ, – sa eg anna, so laug eg. – Du skje gjedna sjå da, attu du finnu kje truare Kar en ein Skjelm, vi han fysta tru-u.
Men du aa du, fy adle dei Glankar-Spikk aa Fanta-Stykkje han gjore, dar me foor fram, vissa då me komu ut på Strilalande.
Eg hugsa so nauande væl ein Dagjen, me vo inne hjå ei Strila-Kjering aa kjøpte os Mat.
No va da Skjikkjen, attu Matamaaltiæ kosta fira Skjeling te Manns, meira kunde ingjen fy Skams Skuld ta i dei Daga.
Ja, sette so me os burtåt Boræ, aa Hægset'n te spika på Smøre, so da skje vo Graut.
[28] Kjeringjæ gjekk svimsa aa svamsa på Golvæ, berre skjeggle-glytte te hono; på hara Live va ho fy Smørøskjo si, da va vandalaust te sjå; men Skam totte ho vel da va, snakke te, og.
Jau, so kunde ho kje halda seg lengur; kom ho so hit, sette seg paa Store-Krakkjen framante os.
«Da æ dyrt Smøre, no», sa ho.
«Aa ja, da kan gjedna væ dyrt, detta, so æ so godt!» svarte Hægset'n berre, aa spønte på endåne fælare.
Då han so hadde lagt i seg alt, han på nokun Måte orka, tok han Pipo si upp aa ga seg te karva tå Tobakkjæ sino.
«Eg plå no jamt ta meg ein Røyk midt i Maaltiene», sa han.
Men då flaug ho upp, Kjeringjæ, og. «Ja, æ du kje lengur komen endåne, so Gu signe deg slutta! – du ska sleppa bitala ein einaste Skjeling!» sa ho. – Aa soleis vatt da, og.
– På ein Gar nora Bydn budde dar ein Mann, dei kadla Hamra-Kjæmpo, – riku aa evlugun39 Kar, men so eitrande illsinna aa harkavorn, attu vissa fy Fremandefolk va han reint ei Vega-Skræma.
Hægset'n fortalde, han hadde bytt Hesta [29] mæ hono um Vårn, aa lurt inn på hono ei sprengd Merr, mæ eit Vamba-Drag so ein Smie-Belg, fysta ho inkje fekk berre klinkande Turr-Foringjæ.
«Eg ska våga, han æ bliu på meg, han Elias Hamre, no; men lika godt!» sa han.
Jau, då me so ein Kvældn sottu inni Gasgivar-Stovene på Haukali, pålag ei Mil frå Bydn, dar kjæmu Hamr'n inn, han, hallfudlu aa rangu.
«Jagu va da bra, eg eigong trefte deg attu, Knut Hægset! no ska du endå faa Helsing frå Borkene, eg bytte tå deg!» sa han, aa vava Snertn tå store Blyklumpa-Peisne sine um Næven.
Men i da sama dar fekk han eit tungt Tinn-Krus midt i Skjelto, so øle aa Bloe sprytte burtette, aa i Uvite seig han på Flekkjæ.
Då han so krånte te attu, sto Hægset'n yve hono mæ Knivæ i Luktne aa engla aa bante, att no skuld' an ta Helso hono dar.
Aa jamen klokk han i, Hamr'n, då, aa tok te be fy seg so småt. – Dei sa no og, da skulde kje væ størra Mote i hono, når han inkje hadde Svarta-Sinne sit yve seg.
«Ja, da æ da sama, Elias», sa Knut'n, «gjevu [30] du meg godt Hestabyte ei Gong te, so får eg spara deg!»
Aa dar vatt kje lengje bia, heldu, før Handuln va gjoru; han torde kje anna, Hamr'n, endå han laut ut mæ femtan Dalar i Mydlolag, aa fekk låkare Hest, en han hadde. – Aa jau, da va upplaga Kar, dan Hægset'n!
– Dagjen ette drivu me so te Bydn; aa same Kveldn kom han Sjur, Svågurn min, og.
Mæ Krøturo vottu me reiuge vono før.
Men so vatt da då Dag ut aa Dag inn te renna um frå Hus te Hus mæ Prov på Smør aa Ramost aa kjekkla aa prata mæ desse Bergens-Kvenfolko.
Du aa du, fy eit Kjefta-Lag dar va på dei! – aa so grovu dei no aa spure um all dan bidige Ting, te kunde væ, so toskutu endå te, att du kunde tru, dei vo uppalne burte i ei Ur.
Aa ja, me sette no endå mangei Lyran40 i dei, skuld' eg tru.
Da va ein Dagjen, eg kom upp te slikei grusa Kjøpmannsfrua, aa skje no sjå te slå ein Handul, eg, kan du vita. Ja, ho smakte på Varna, gjore ho, aa hadla på Hove aa trippa aa skrikka, so [31] da skulde vo ei Skjor. Men inkje noko va då telags åt henne.
Eg paa Sjo-Buæ ette anna, tre Vendinga endåne gjor' eg, sleit aa bar på tunge Smør-Stampane; eg tenkte, dar kunde votte noku tena, eg.
Jau, so vatt da so på Seinstn, att ho kjøpte eit lite Smørstykkje; men endå gnika ho so på Prisn, attu da va Skam høyra.
«Nei, hør nu, go Vossemann!» sa ho, då eg sto reiugu skulde gå, «jeg vilde saa gjerne vide, hvorledes din Kone bereider sit Smør».
«Jau, da ska du få vita», sa eg. «Når da æ kjedna, so læggu ho da i eit stort Traagn41 aa drysu Salt på; so dra ho aa adle Ungane Sokkane tå seg, springa uppi, trakka i da, alt dei orka. – Da får fysta rette Smakjen sin, då», sa eg.
Men – forsyne meg! – sto kje Gausnn42 or Halsæ henne, mæ sama eg detta sa!
Aa ja, eg greet inkje, dar eg gjekk neyve Treppena, trur eg!
– Men dan Hægset'n, dan Hægset'n! – Han gjekk no på beste Leisto sine, og, i dei Dage; aa Basn spelte han i Bydn, dennen Haustn, – Pultie vilde kje ha hono gjera eigong.
[32] Eg fortalde før, han kunde dan Kunstn aa kverva Synæ. – Jau, ein Dagjen, dar hadde han fengje seg Tak i ein Bukka-Kjidling, han gjekk leidde på burte på Torgjæ. Aa Folk strøymde te um hono, so du skulde set ein Kyrkje-Almugje; fy adle so tytten43 dei so skile, attu skarve Kjidlingjen drog ein fornøggjelæ storu Tymburstokk ette Spedlæ.
Men so kom dar ei Kjering mæ ei Høy-Dydlan44 berande, aa i desso Høyæ ha dar sagta vo ein Firakløvur, so Trolskapen hadde kje Makt yve henne, inkje.
«Nei, æ då detta noku stå bisna på, og!» sa ho, – «ein Kjidling, so dregu eit Halmstrå ette Spedlæ!»
Ja, so sågu dei da, adle samne, då.
Men då vatt han inkje bliu, Hægset'n, heldu.
«Vi du selja Høye dit, Kjering, so her har du ein Dalar!» sa han.
Jau, Kjeringjæ takka te, ho, aa sette Høy-Dydlo tå seg.
Men då skje du ha Takk! – kvervde so Vyresløyso Synæ på henne, so ho tytte, ho sto ute i aukande Vattn. Trekte so ho – forsyne [33] meg! – Dossæn45 upp, ho, Stakkar! lukt unde Hændna endå te, aa gjekk so dar, vabba aa vadde på Torga-Risæ,n46 te du skje tru, Folk hadde lætt seg spent sprikkande ihel.
Han flinte godt, stygge Hægset'n og, då.
– Me hadde no endå Moroæ vår ofta tidt, dar i Bydn. – Ein Kveldn vo me inne sågu på nokre Komeli-Spelara, aa vissa va dar då ein, so va no so mykje eldande snjåpu te springa! Han foor flaug rundt i ein storu Krins dar på Golvæ, forare aa forare aa forare aa forare, te på Seinstn so nådd' an seg sjølu attantefrå, aa sette Fotn i Brokabottn seg, so – forsyne meg! – foor han inkje hovestupa burtette! – ja, da gjor' an.
– Nei, so va da detta, då, att endåne Dagjen ette, att eg te Bydn va komen, dar gjekk eg inn i Krambuæ te hono Frans Jægur på Smørs-Allmenningjæ. – Me vo no endå kjende frå gamalt, me, skje eg tru!
Helste so eg Gudagjen aa takka fy sistu.
«Nei, Gudag, Gudag! – aa velkomen te Bydn attu eigong, Kolbein!» sa han.
[34] Eg laut no fylgja inn i sjøla Kantore på raue Rappen, eg, aa dar tok han Hol på ei Flaska tå adla besto Slagjæ – da Ieet seg no endå drikka, skje eg tru! – so me sote nuska mæ, mendu me pratte um nyt aa gamalt.
«Nei, høyr no, du Kolbein Hausa», sa han, «va da kje Rå, me kunde slå ein litn Handul idag».
«Ka skulde da so um, da, då?» seie eg.
«Jau, eg fekk her i hinare Vikene heim frå Engeland noku Obna tå ein nyu Sort, so ska no væ reint framifrå glupu», seie han.
«Ja, da æ væl nok, da, du», svar' eg; «men so æ vel Prisn darette og, då?»
«Aa, du veit, eg får no fy di Skuld tøya meg so langt, eg kan», sa han; «me kunna no gå ne, sjå på dei».
No hadde eg nettupp sjølu tenkt, få meg ein nyu Obn, fysta da trefte seg so; dan gamle va snart berre Sprikkena aa Klinkingane, han, so han va mindur i Husæ havande.
Då me so komu nepå Sjobuæ, jau, dar stou dei, desse Obnane, høge so dei høgste Kara, aa grepa aa gilde sågu dei ut i adle Måta.
«Ka trur du, Kolbein, meina du inkje, han [35] skulde prya i Hausa-Stovene, ein sliku?» seie Frans'n, dulta meg i Sio mæ Ollbaaga.
No, so forlangte då han, aa eg bau. Jau, bestu da va, dar votte me Handlara um eine Aabn, me; aa tiu Bismar-Pund Smør aa ein Ramost ga eg, men so skuld' eg ha ei Tobaks-Mork på Handuln.
Då me so eigong vottu reiuge, toku no eg aa Sjur'n på Heimveg, me; men Hægset'n vatt liggjande attu, han, dar i Bydn.
Dei møtte os på Evungo mæ Hest heimante, aa me komu endåne på Vossavangjen dan same Dagjen, då han Svein Brekku stakk hono Hallstein Løno te Ulivs. Eg sat burte på Gassgivar-Stovene, eg og, då desse Karane votte usams um eit Kroka-Drag – aa ja, da va no vel ho Torbjør Seim, so sat i Hausa på dei båe to. – Aa dar flaug Svein'n upp, han, køyrde Kniven beint i Sio på hono Hallstein, so da skulde vo eit Beist, han hadde fy seg; – du skje aldre so stygt ha set! – men so fint so Blospiro sto, dui!
Jau, same Kveldn so køyrde eg då inn Hausa-Tune attu; da dar vatt no Høgti, kann du vita.
Um Morgun tok so eg te stedla nye Obn upp inne i Stovene.
[36] «Nei, du Kolbein, du Kolbein, du veit no finna da på, du!» sa ho Ingjebjør; ho va no so gild tå desso Obnæ, ho gjekk berre te aa frå, skaadde på.
Da vatt no og sliku utifrå Kar te dra, dennen Obn, måta. att du aldre Makjen skje set.
«Eg skyne kje detta», sa ho Ingjebjør ein Dag, «eg kunde gjedna væ Sobln47 forutan, sian dennen nye Obn kom i Huse; her æ kje so godt so eit Bosn48 te sjå på Golvæ, eigong».
Aa sannt va da, og; Obn trekte da te seg, alt sama, han, so dar va so fint, so dar skje vo kusta.
Ei Lukka va da, attu dar va ei Malm-Grind te leggja yve Veen; utan hadde no han aldre vo te stogga, han.
– Ein Kveld um Vetturn, dar kom eg heim or Tymbur-Skogjæ, aa trøyttu aa våtu va eg. Kasta so eg nokre Knubba i Obn aa sette meg attmæ opna Oms-Dørne, drog våte Laaneskone mine meg; – aa dar foru dei, – Hun'n rugge meg! – te Vers, båe tvo, so da berre sau ette! – ja, da gjore dei; aa sian såg inkje eg dei meir.
[37] – Same Vetturn va eg ni Harang aa kjøpte meg ei Grisapurka tå desso stora Slagjæ mæ dubbul Krudl på Roene. Då da lei frampå, so fekk dennæ Purko ødlevu Smågrise; aa – forsyne meg! – va eg inkje so dildu tå desse Grisungo, so dei skulde vo mine eigne Baadn!
So va da ein Dag um Vårn, ho Ingjebjør heldt på koka Daurs-Grautn burte i Obnæ – dar va Koke-Hol og, måta –. Stove-Døræ sto opæ, gjore ho; aa bestu so da va, dar kjemu Purko inn aa adle ødlevu Ungane ette – «øh, øh! øh, oh!» – tridlande framyve Golve.
Gådde so korkje eg eldu Kjeringjæ, att Oms-Døræ inkje va ilætæ. – Jau, beiske deg! – dar foru tre tå Grisungo uppigjønom Obn, før me visste Ore tå.
Kva da vatt tå dei tvaug ha eg aldre korkje høyrt eldu spurt; men dan tre-e han datt neattu i Prestagaræ på Vossavangjæ, aa då va han so fint brunsteiktu, so han skulde vo steiktu i Prestn sit eie Kjøkun.
Aa Sundagjen ette heldt Prestn ei Preik, so dar inkje vatt turt Auga i heile Vangs-Kyrkjene; han vilde be Folk ta te tenkja seg um, no, sa han; va da kje på Versens sista Tie, no, so visste kje han; fy når da tok te regna mæ steikte [38] Grisunga, laut da vel sagta nokku ha seg, sa han; – ja, so sa han.
Men ho Ingjebjør tok Fæle, då, likavelne.
«Gu signe deg, gryt dennen stygge Obn uttattu, Kolbein! – Skulde Vetle-Baadnæ slysna te, lata Oms-Døræ upp, so æ da da seinsta, me sjå dei!» sa ho.
Ja, so taard' eg kje anna, da, eg reiv Obn neattu, eg, aa sette hono burt i Bua-Skote.
Vilja de sjå Døræ hono, so gangje berre burt i Buæ, – dar står ho innante Konn-Kistne i Ramæ, dan Dag idag æ; – ja, da gjere ho».


«Vossingjen» aa Mor hans

– – – «Da æ vel inkje noken tå deko, so minnest henne Gamla-Marta på Bakka? – ja, du, Ingjebjør kanhenda? – endå du va no Litæ-Jenta, du, då ho døydde.
Ho va ei gamal Møy-Kjering, dennæ Marto'æ, aa budde i ei litæ Hytta nepå Kvåls-Bakka, tett attmæ Allmannsvegjæ, – Tuftæ syne endåne dan Dag idag æ.
Da va no i dei Tie, før Åviso på Vangjæ kom upp, detta. Men her i Kvåls-Reppa hadde me endåne Åvisa go nok, skje eg tru, solengje ho Marta va i Grendne.
Sian so fekk me no dennen «Vossingjen», måta; men eg fy meg kan seia, eg trur baade fullt aa fast, da va henne Gamla-Marta på Bakka, dei tokje te Mynstur, desse Vangs-Karane, då dei klemde te mæ desso Blaæ sino.
Skulde noko skylja, so laut da då væ, att «Vossingjen» æ Vike-Bla, men ho Gamla-Marta, ho va Dag-Bla.
[40] Mestu te kvar einaste Dagjen, Vika ut aa Vika inn aa År ut aa År inn, foor ho Reppen yve på Treskono aa i sie Skinntrøyene sine, rjonte aa fortalde alt da Ryggle aa Vase, so te kunde væ aa væl so da, – nett so «Vossingjen» sian ha gjort; – endå jamen va ho Meistarn hans, ho Marta, likavelne. Men so va ho no drivæ i Traltæ, og, ho; da tore henda, han kjemu seg mæ Åro, «Vossingjen» og.
Ho gjore no kje detta fy inkjevetta, skje eg meina! Dar æ aldre Trot på Kjeringa, so inkje vita seg noku gildare en sitja lya på Slarv aa Sleiv um are, – soleis ha da alti vo, aa soleisne vettu da vel herettedags og; aa ja, inkje fy di, attu mangje tå Menno æ stort likare, dei heldu.
Visst æ da, att ho Gamla-Marta livnærde seg, ho, tå desso Ryggle-Rennæ sine, aa godt endå te; – da æ vandt vita, um «Vossingjen» kan seia da sama fy seg.
– No, so va da dan Vetturn, då eg gjekk i mit nittjande År. – Lonæ va bardn49 aa Vea-Kostn upphoggjen, aa lite aa inkje va her te gjera fy tre vaksne Kara, so me gjengje her på Garæ.
«Lån meg tju-u Dalar, Far», sa eg, «so går eg nepå Vangjen aa pakka gamla Kram-Skræppo [41] di, so eg kunde få prøva tena meg nokre Skjelinga mæ Handul, eg og».
«Kvar skulde eg ta dei ifrå?» svart'an, – endå eg visste, han hadde Pengane liggjande. «Men tiu ska du få, aa so får du be dei borga deg Restn».
Ja, tok so eg Tiudalar-Setedl, eg, tutla ne te hone Hans Kromsta, aa kom lakkande heimyve mæ Skræppene fudl, då da lei på Dagen.
Nej, i da sama eg kom upp på Kvåls-Bakkjen, dar kjemu ho Gamla-Marta sendande ut. – Ho va no endå van settja mæ Spytæ sino innante vetle grøne Glas-Rutne sine aa vakta på Folk, so foor ette Vegje aa snekja ette noku te renna kring mæ.
Eg helste no, eg: «Gudagjen!»
«Gudagjen og! – Æ du, vetle Kolbein, ute går? – Kjemu du tå Vangjæ, kanhenda?»
Jau, eg gjore so, da.
«Eg ser, du har Kram-Skræppe paa Ryggjæ; ska du ut på Handul, kanskje?»
Ja, da va då Meiningjæ.
«Aa ja, – da æ snildt, da, Goa-Badn! att Ungdomen har Framtøkje i seg; du har no kje langt likjast på, heldu, du, te sovore, skje eg tru! [42] eg hugsa væl, når han Far din tok te gå mæ Skræppene, og, eg; de var fermu Kar, han Ola Hausa, i dei Dage, du! – aa hoggande upplaga i Handul! – endå han visst inkje eigu, so mykje so ei Knappenål med Urette, inkje! – – – – Kva nyt haure du på Vangjæ idag, då?»
Dar mæ ei einaste Gong stakk ein Tankje meg.
«Aa», svart' eg, aa drog på Måle, «dar æ gjedna nokk tå da, so nyt æ, her i Verne; men da æ no kje jamt so godt, da nya, gubære!»
«Nei, gubære, gubære! – da æ so sannt, so da æ sagt, da, Goe-Son – – – Ka æ da no, då?»
«Ja – – eg bry meg kje um, bera da ut yve Bygdæ, eg; da spyrst no endå, kuser, slikt noku, um da inkje ska hermast ette meg».
«Nei, du kan ha Rett i da, vetle Kolbein! – Eg kjende henne Mor di, og, eg; da va noku te snilda Kona, du! ho foor inkje mykje mæ Ryggl aa Vas mydlo Folkjæ, ho, inkje! Du æ no so liku henne, og, du – same Skaddl aa same Augene! – eg meine, eg minnest dei! – eg ha kje set finare Brur i Vangs-Kyrkjene en ho Kari, Mor di, då ho sto fy Alteræ – Gu kvile Sjælæ henne! – – – Du kunde no forteija meg da, [43] likavelne; du kan lita på, att inkje eg feru beru da utyve».
«Du trengu kje fortelja meg – –!» svart' eg, «eg meine, eg veit no da, kuser! – Jau, da va to Brøru or Eksingadalæ, so vottu halshoggne på Vangjæ idag».
«Du seie kje da, veit eg! – Nei, kva Versens illt hadde då dei gjort?»
«Aa, da æ mestu inkje eigong Rå fortelja da, – Syndæ vettu tjukkare aa tjukkare her i desse arme Verne. – Men ha nokun fortent Straffæ si, so hadde no dei gjort da*.
«Nei – sote, goe, rauste! – kva va da? kva va da?»
«Jau – du skje aldre på Makjen ha haurt! – dei ha drive i heile Vettur aa turka Snjo på heite Obnæ aa selt te Fatifolkjæ i Staen fy Salt».
«Aa Jyssys han milde bevare meg!» skreik ho, aa nesta Hendna yve Brjoste.
«Ja» – sa eg – «aa so ha stakkars Husmanns-Kjeringane burti Eksingadalæ salta vetla Smøre sit mæ desso – aa skjemt ut alt sama, kan du vita!»
Ba so eg Vælliva, eg, aa lakka min Veg.
Då eg kom Kvåle forbi, sto han Knut Uppigaræ uti Tunæ, kløyvde Kubba.
[44] «Du får då fylgja innum Døræ», sa han.
Jau, eg so gjore. Tok so han fram or Kroskåpæ ei Brennevinsflaska aa eit Drammaglas, – votte me so sittjande dar prata te fram i Skymmingjene.
Bestu so dette va, dar haure me Treskone klakka ute i Gangjæ, aa ho Gamla-Marta kom stiddlande inn gjønom Døræ.
«Gukveldn!» helste ho, mæ sit Mæle, so va ho komæ i ei Lik-Stova.
«Gukveldn og!» svarte Knut'n. I meg knatt da kje, aa inkje såg ho meg, heldu, skumt so da va dar i Husæ.
«Fina Vere!»
«Aa ja – Vere æ fint, da vanta kje da; – Vårherra æ snildu, han, mein' eg, um Folk æ aldre so harkavorne», sa ho, aa anvarpa.n50
«Ka godt nyt i Kveld, då, Marta?»
«Aa», svarte ho, aa drog so grøtelæ på Måle, «dar æ jabnaste nokk tå da, so nyt æ; – men – gubære! – da æ no kje jamt so godt, da nya, – gubære sovisst!»
«No då?»
«Ja, eg bry meg kje um, bera da ut yve Bygdæ, eg; de spyrst no, kuser, slikt noku, um [45] da inkje ska hermast ette meg. – – – – – Aa ja, eg kan no gjedna fortelja deg da, likavelne; fy eg veit no, du fem kje beru da kringum Garane, kuser, du Knut. – – – – – Eg snakte mæ hono Kolbein Hausa her burti Vegjæ; han hadde vo sta, kjøpt seg Kram aa skulde ut på Handul, – aa ja, han har no kje langt likjast te sovore, skje eg meina! han vettu vel same Snytarn, han, so dan Skeivnosingjen, Far hans, va i sine unge Daga! – – – – – Da va to Brøru or Eksingadalæ, so vottu halshoggne på Vangjæ idag, sa han.
«Jau, beiske deg!» tok Knut'n frami. «Nei, kva va da, dei hadde forbrote, dei, da?»
«Aa da æ mestu inkje Rå fortelja da, eigong, – Syndæ vettu tjukkare aa tjukkare her i desse arme Verne; men ha nokun fortent Straffæ si, so ha no dei gjort da, – du skje aldri på Makjen ha haurt! – ha dei kje dreve i heile Vettur, meine du, aa turka Snjo på heite Obnæ aa selt te Fatifolkjæ i Staen fy Salt! – aa so ha stakkars Husmanns-Kjeringane burti Evsingadalæ salta vetle Smørbitane sine mæ desso, aa skjemt ut alt sama, kan du vita!»
Nei, då seet'an Knut i aa skratta, so da va, so Huse huska, – slo so Eld aa kveikte Ljos.
[46] Dar fekk ho Auga på meg! – Ho vatt standande litevetta, berre bisna meg, so va da ein Dauingje, ho såg. Aa eg aa han Knut, me surde kje, skje eg tru! – So forsto ho vel heila Greio, då, snudde seg aa foor på Døræ, treiv Treskone sine i Nevane aa tirra på Sokkaleisto or Tunæ, gandande sinna, so me haure, kur ho pokka aa bante langt neyve Vegjen.
Men – forsyne meg! – varte aa rokk da kje heila Viko ette, før Kjeringane her i Reppa fengje Åviso si – ja, da gjore da! – aa på Hausa sette ho kje sian sin Fot meir.
– «Vossingjen», han går no Gangjen sin den same aa kjemu attu lika bliu, han, um du gjevu hono aldre so stor ei Lyra te renna rundt mæ i Bygdne; han æ kje so tykkjen aa snurtn, han, so ho va, Moræ hans, ho Gamla-Marta på Bakka».


Noter:
n1. Forfatternote: skje: imperf. konjunkt. taa skulja
n2. Forfatternote: Trot: Mangel
n3. Forfatternote: rikja: vinna
n4. Forfatternote: Daur: Dugurd
n5. Forfatternote: Hægsete: Høgsete
n6. Forfatternote: ålien: daud
n7. Forfatternote: rina: skrika som ein gris
n8. Forfatternote: remja: som ei geit
n9. Forfatternote: Tveggjæring: tvo Aars Hest
n10. Forfatternote: Lakje: Filla
n11. Forfatternote: snerta: naa
n12. Forfatternote: Lumhund: Lemende
n13. Forfatternote: Laanesko: Hudsko med Håri på
n14. Forfatternote: i Krødno: i Krørna
n15. Forfatternote: skylde: i Slegt
n16. Forfatternote: Ru: Vaar-Ull
n17. Forfatternote: Røyve: Bundt
n18. Forfatternote: Bura-Kyr: Kyr, som stend ferdug te bera
n19. Forfatternote: Gror: nytt Gras
n20. Forfatternote: kjednande tettu: tett so ein Kjedne (Kjerne)
n21. Forfatternote: slikjande: glitrande
n22. Forfatternote: snjåp: rask
n23. Forfatternote: Lea-Kniv: Lumekniv
n24. Forfatternote: stikta paa Fotæ: gi seg
n25. Forfatternote: Øl-Kjengja: Ølausa med tvau Skaft
n26. Forfatternote: beinspeltu: lika til
n27. Forfatternote: Glankar: Skøyar
n28. Forfatternote: Hyl: Høl
n29. Forfatternote: skura: hogga
n30. Forfatternote: fokje: plural, av fauk
n31. Forfatternote: Budla: Bola (Boble)
n32. Forfatternote: tutla: gaa smått
n33. Forfatternote: Striting: Røyning
n34. Forfatternote: truste: imperf. av trysja
n35. Forfatternote: Ungedl: Fiskekrok
n36. Forfatternote: foruoggjelæ: uhorveleg
n37. Forfatternote: mendu: medan
n38. Forfatternote: Ramost: Gammalost
n39. Forfatternote: evlug: stærk
n40. Forfatternote: Lyra: Lygn
n41. Forfatternote: Traag: Traug
n42. Forfatternote: Gaus: Sprut
n43. Forfatternote: tytte: tykte
n44. Forfatternote: Dydla: liti Byr
n45. Forfatternote: Doss: Stakk, Skjørt
n46. Forfatternote: Torga-Rise; den Haugen paa Bergens Torg, der Christi-Stytta staar
n47. Forfatternote: Sobl: Sopling
n48. Forfatternote: Bos: Rusk
n49. Forfatternote: bard: av berja
n50. Forfatternote: anvarpa; sukka

Per Sivles Vossa-Stubba er lastet ned gratis fra bokselskap.no