Utvalgte dikt

av Olav Aukrust

SKALDEN

Diktet ble utgitt i diktsamlingen Himmelvarden (1916).

I

Skaldskap er ofte ei glede
som sorgi og naudi gjev næring.
Difor er òg eit kvæde
ofte ei blømande tæring.

Elden som tærer i barmen,
slær ut i skinande blomar.
Elden i sorgi og harmen
driv fram ein blømande sumar.

*

Skalden skal trengslune trasse
og sigrande kvæde si kvide.
Med kvate ord og med kvasse
kløyve han yra den stride.

II

Som æventyrguten seg gjorde
til maur og falk og løve,
kann skalden med skaldeordet
dei same bragderne øve.

Maurande djupt innunder
veldige røter smyg han.
Og høgt over avgrunns dunder
lik falken til himmels flyg han.

Einsleg i audni ber han
sin brand gjenom natti den lange.
Og sterk liksom løva gjer han
umsider det sigrande spranget.

III

Skalden er bleik av di han
styrer so stort eit orkester.
Skalden fær kveik av di han
hyser so eldfulle gjester.

Den siste, utrolege gjesten
er ofte ein hugsefull lengsel
mot siste, namlause resten
som sit i sitt einslege fengsel.

Men kjem so den lengtande gjesten
med den han til sist fekk fat i,
daa lyser hjaa skalden festen,
um so det er svartaste natti.

IV

Skalden kann ikkje sova
naar livselden brenn og brusar.
Daa lyfter han taket av stova,
og stjernehimlane susar.

Skalden, det er ein sjåar
som ser gjenom hildrande eimar.
Skalden er ein som skodar
djupt inn i heilage heimar.

Ein skald er ein skattefinnar
som ljosnar paa leitingsferdi.
Ein skald er ein sigervinnar
over seg sjølv og verdi.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Utvalgte dikt

I tillegg til en noen enkeltdikt ga Olav Aukrust ut to diktsamlinger: Himmelvarden (1916) og Hamar i Hellom (1926). To samlinger, Solrenning (1930) og Norske terningar (1931), ble gitt ut etter hans død i 1929. Her er fem av de mest kjente diktene.

Se faksimiler av annenutgaven (1922) av Himmelvarden (NB digital)

Se faksimiler av førsteutgaven (1926) av Hamar i Hellom (NB digital)

Se faksimiler av førsteutgaven (1930) av Solrenning (NB digital)

Les mer..

Om Olav Aukrust

Olav Aukrust har hatt sterk innflytelse på norsk diktning og åndsliv. Som lyriker var han nyskapende og han har hatt stor betydning for utviklingen av nynorsk som litterært språk. Han hadde høye tanker om dikterfaget og så seg selv som skald, «ein sjåar» som han sier det i diktet «Skalden».

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.