Utvalgte dikt

av Olav Aukrust

EINSLEG

Diktet ble utgitt i diktsamlingen Hamar i Hellom (1926).

All hennar buskap er komen i kveld.
Storstilla lyfter seg. Ikkje eit liv
er att uti fjell.

Haustsoli ned attum Lendhø glatt.
Ein spiter av globleike, tindrande sprænur
stod tandrande att.

No er ho fjella. Ein kveldsròde rein
langt atti kampom glimar i Klimpom.
Der er ho sein.

So kjem han, den siste, den dulrame gjest
som kveldsgullet ranar på heidar og tindar
til burtlengste rest.

Myrkret kjem rullande. Manar til ro.
Alt støkk attende for audni og natti …
So nære som ho.

Kven er det som sviv uppå Jyrudalshø’n …
Ti år er gjengne; men enn er ho fest der.
Med saknad til løn.

Det skranglar i krake og bergblakk ved
der midt burt i kampen, for ørn berre ustygg –
so bratt er det ned.

Der nede på elvi er ingen som ror.
Naustet er burte, og nedsanda båten
set aldri meir spor.

Aldri ei båre meir klappar um kjøl.
So burte er den tid som spor etter båt
over haustblå høl.

Det legg ingen båt inn på kvitstein-strand –
løynrodd av ein som kleiv nuten um natti
og hit upp fann.

Nattvinden rek i det haustgule skrud –
Det er ikkje anna enn detta ho høyrer.
Å Herre min Gud!

Ein vindgust frå allstad og ingen stad ..
Det er det einaste. Hav er i millom.
Ein gong var ho glad.

So haustvåt er natti, so heit hennar kinn,
so myrk, so forfælande meiningslaus verdi
og lagnaden blind.

Fjellnatti susar, det lid og det skrid.
På nytt finn ho leidi og stigen hin løynde
til haugane tri.

Der gjeng ho til møtes med guten sin –
der gjeng ho i draumar og minne og møter –
‘om Tusshaugvind:

Ein einsleg, ein kveld-viss og fjell-viss blåst
som, høyrd av budeigjur her hunradtal år sidan,
aldri forgåstforgåst: forgjengst..

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Utvalgte dikt

I tillegg til en noen enkeltdikt ga Olav Aukrust ut to diktsamlinger: Himmelvarden (1916) og Hamar i Hellom (1926). To samlinger, Solrenning (1930) og Norske terningar (1931), ble gitt ut etter hans død i 1929. Her er fem av de mest kjente diktene.

Se faksimiler av annenutgaven (1922) av Himmelvarden (NB digital)

Se faksimiler av førsteutgaven (1926) av Hamar i Hellom (NB digital)

Se faksimiler av førsteutgaven (1930) av Solrenning (NB digital)

Les mer..

Om Olav Aukrust

Olav Aukrust har hatt sterk innflytelse på norsk diktning og åndsliv. Som lyriker var han nyskapende og han har hatt stor betydning for utviklingen av nynorsk som litterært språk. Han hadde høye tanker om dikterfaget og så seg selv som skald, «ein sjåar» som han sier det i diktet «Skalden».

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.