Stig fram or lauvhengløyne der du kviler
med blomeband – er det din dølne ljaa?
Det er kje staalglim – tjørnblaa rosur smiler
i alle gluggar; aa eg kan nok sjaa
kor hjelpelaust du harde munndrag spiler
te lage smil – bryt taareperlur paa
i tome augneholur? Kann du tvinge
slikt gull or bleike bein og blodlaus bringe?
Aa ver kje bljug av dine ljote lender,
av gnagelaaten i ditt turre kne;
din elsk er hjartemild, i dine hender
ber elskhugsgaavunn bod om sæld og fred.
Kvi skjelv ditt viv? Aa, mildt som mor du sender
ditt brudlaupsbod med livsens helsing ved.
Den rædde møy! Ho utan deg laut lide
i jomfrubur den største kjærleikskvide.
Stig fram or dine løyndomsfulle dalar,
du er ein kjenning ifraa ungdoms tid;
eit gamalt sigersminne endaa hjalar
i evigt dvergemaal her under i
mi sjæl; i den ekstase-bylgja svalar
eg etterverken av so stor ein strid.
Og vemodsfull eg ser kor live vimlar
i villsvarm fyrr det stig mot kveldblaa himlar.
Du veit, du veit kor lite eg hev vunne
aa byggje livsverk av min ungdoms draum;
du veit kor tusund meinklør traatt hev spunne
meg fast og alltid fastar i sin taum.
Og venenn, venenn som eg skulde funne –
aa var eg sjølv slikt vatn uti straum?
Men dei som let meg sjaa Guds varme tanke
i venskap, dei laut sjølve manna sanke.
Men etter alt ligg livsens leid forklaara
og bivrar barneskirt i sylvslørd sol;
fraa morgonlidenn slær den raude baara
av heilag livstraa kring min svanestol.
Og yve dvalemoann hev det vaara
med roseflod i alle audebol.
D’er same staupa som eg fordom tømde,
men draumdrykk skin der blodrus-vinen blømde.
Attende i ditt fang eg hovud hallar,
eg blundar av so eg kann betre sjaa,
og høyre naar i lauvsus lognt du svallar
og svevnsyng som med kvitkoll-tungur smaa.
Aa det er søte ungdomssviv som kallar
meg heimatt, heim der eg drog ut i fraa.
Og ringen renn i hop; i songmod hjalar
min fyrste vaar igjenom austerdalar.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Olav Nygard var en av mellomkrigstidens fremste norske lyrikere. Da han døde av tuberkulose allerede som 40-åring hadde han utgitt fire diktsamlinger.
Her er fem av hans mest kjente dikt. Det første diktet, «Døyande gallar», er hentet fra samlingen Kvæde fra 1915. De fire andre er hentet fra hans mest kjente samling, Ved vebande fra 1923.
Les flere Nygard-dikt på Nynorsk kultursentrum - Aasentunets hjemmesider
Lyrikeren Olav Nygard døde allerede som 40-åring, men rakk å utgi fire diktsamlinger. Diktningen hans fikk ikke umiddelbart stor oppmerksomhet, men i ettertid har Nygard fått en betydelig plass i norsk litteraturhistorie.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.