Sorgenfri

av Oskar Braaten

Faderglede

Han Anton Graabein tar eit grepatak i islendingen som ligg i skrukkur nedover bryste: Er det no nytt i blade i dag? spør han. Les høit da vel, Dikter!

– Han plar koma med dette spursmaale og denne bøna kvar morgon, Graabein. Men dei likar helst aa lesa blade i ro, gamlingane. Kvar i si kraa, kvar etter sin tur. Det er fyrst langt paa dagen dei er so vidt komne, at dei tar til aa ordskiftast um dagsens nytt. Og det er fyrst daa det fell nokre smulur av til Graabein, det er fyrst daa han kan faa ei teft av det som rører seg utanfor desse fire veggjene. –

112Men i dag faar han svar straks. Julstrup, som har lagt seg nedpaa med blade etter frukosten, ris halvt upp i senga: Nytt? seier han. Ja, det staar noe her, som du kanske kan ha moro av aa høre! Og han gir seg til aa lesa ei lita soge um eit par stolne damestyvlar. Ei lita soge som sluttar slik: «Som mistænkt for tyveriet er anholdt en flere gange tidligere straffet person ved navn Even Marius Antonsen. Men han nægter bestemt at være skyldig.»

– Dei vert so stille under dette, dei andre. Finn seg eitkvart aa tukle med, men ser ikkje upp. Berre Diktaren lest som inkje. Han driv paa med aa lesa høgt. No er han komen inn i ei ny soge, denne gongen um ein lypsk hest ned ved bryggjune. Men den soga kjem han aldri til endes med. For det kjem ein og riv blade or hendene paa han, det kjem ein og lyfter han upp fraa senga og ristar han, det kjem ein og ber han paa stive armar over golve og opnar døra og slepper han ned utanfor. –

Og den som gjer dette er han Anton Graabein!

– Han ser seg rundt, daa han er ferdig. Ser paa Konsulen og han Teodor Tull, ser paa Loppa og han Henrik i senga. Men ingen av dei merkar det. Puslar kvar med sitt. –

113Daa brummar han Anton Graabein. Daa han gaar forbi han Teodor Tull, dultar han til han, so han kjem ut av bane. – So gaar han til vindauga og staar og ser ut. Og daa han langt um lenge snur seg att, er rome tomt. Berre han Henrik har ikkje kome seg ut. Han ligg i senga og lest sova. –

Det er stilt lenge. Han har breidd seg godt ned, han Henrik. Men han lyder so vel etter han som fer att og fram. Um ei stund gir dei seg, dei iltre fotslaga, og han Henrik glytter litt paa det eine auga. Han skimtar koss Graabein kryp paa magen under senga etter blade, og koss han reiser seg og gaar mot hans seng, daa han finn det.

– Du faar lesa detta tøyse for mig du, Henrik! seier han. Jeg var ‘ke god til aa fatte aa ‘n sa, han andre! –

Og han Henrik les og Graabein lyder etter, still. Det er fyrst daa han kjem til slutten av soga, at han gjer ein merknad: «Nægter bestemt at være skyldig,» hermer han. Der hører du, Henrik! Gutten er uskyldig han! Det elendige pakke, det politie!

Men han Henrik kan kje nett vera einig i dette: Dom negter alle, veit du, legg han sagtmodig i mot. – En kan ikke høre etter det!

– Men daa klemmer Graabein han hardt kring handlede: Ti still! byd han. Sønnen min juger aldri! Ikke no mere prat om den tingen!

114– Han Anton Graabein hadde aldri vore lett aa umgaa’ast, det skulde vera visst! Naar sant skulde seiast, var han ei stadig plaage for dei han budde i rom med. Det var kje fritt for at dei kvar i sitt stille sinn hadde ynskt at han skulde stryke med, den gongen han laag i lungebrand i vaar. Men Graabein var kje av dei som gjorde slik folk ynskte han, nei. Han stod sjukdomen og var no friskare en nokosinne. Og di sterkare han var, di verre vart han aa ha med aa gjera. Han skrelte i dører og trampa i golv, utan tanke paa anten det var dag eller kveld. Men gud naade den som gjekk hardt i ei dør, naar han hadde lagt seg nedpaa for aa faa ein blund! –

– Hadde han vore lei fyrr, var han reint umogeleg no. Etter den morgonen med blade, gjekk han som ein olm stut millom sengjene. Ja, dei vart for stutte dagane óg no, til banninga og levene. Han laut ta natta til hjelp. Rett som det var fauk han upp og brumla og bar seg natters tider. Og han brydde seg ikkje det døyt um at dei andre var trøytte og bad han vera snild og halde fred.

Men han Henrik laag still og tolmodig. Han kom aldri med sure ord um at han var trøytt og trong svevn. Han berre lydde etter dei orda sinnataggen støytte or seg. Og han ynskte so saart aa faa tala eit trøystens ord til stakkaren. For han forstod so inderleg vel at 115han hadde det vondt no. Tenk for ein tung kross Vaarherre hadde lagt paa han, med aa gi han ein son som stelte seg slik! Ein fekk takke og prise, ein annan, som hadde sloppe ei slik byrde! –

– So er det ei natt at Graabein hiver teppe til sides og klaskar paa nakne bein burt til han Henrik: Du! kviskrar han. Hør her, Henrik!

– Han Henrik skvett til og ser kven han har fyre seg: Er det no’ om aa gjøra, Anton? spør han.

Graabein hyssar og bed han vera var. Og han bøygjer seg ned til øyra hans: Har det staatt no i blade om det du veit? spør han. Han Henrik prøver vri seg unda den tunge kroppen som knukar han: Nei, det har ‘ke staatt et ord siden! seier han.

Graabein ris upp att, letta: Du maa se etter hver dag, Henrik! bed han. Du maa lova mig det!

Han har meir han vil ha sagt, men det vert kje til noko. Han snur andlite vekk, men han Henrik vert var noko i augo hans som undrar han. Noko vaatt, blankt. Stakkars dig, Anton! glepp det or han. Du har det visst ikke for godt, kroken!

– Daa gir Graabein tapt. Daa let han det strøyme fritt, det som trengjer paa. Gøymer det skjeggute, skrukkute andlite bak 116digre labbar og hikstar. Aa herre gud fader! let det millom hikstinga. Aa herre gud fader hjælpe den elendige, fattige gutten min!

– Dette er ei dyr stund for han Henrik. Det er noko heilagt han er vitne til. Han har altid vore eit kristeleg menneskje, etter fatig raad, og heile live igjenom har han trutt det beste um sine medskapningar. Men at han nokon gong skulde faa høyre graat og jammer fraa denne munnen som sjeldan opna seg til anna en spott og banning, ja at han beint fram skulde timast den gleda aa høyre desse lippune sende bøner til himmelen, det hadde han enno aldri vaaga vone. – Han er sæl der han ligg, det er berre ein ting han ottast for: At han skal slutte for tidleg denne graaten. –

Utan rett aa vita av det, tar han til aa stryke stakkaren over haare, for aa trøyste: Du faar drive paa med aa be til Vaarherre! seier han. Da skal du nok se det retter sig alt sammen.

Men daa lyfter Graabein paa hovude: Aa sier du? spør han.

Han Henrik likar ikkje nett tonen, men han tar daa upp att dei vene orda sine. Men daa reiser han seg heilt upp, Graabein, og ser svivyrdsleg paa han i senga: Pass dine eigne saker du, gutten min! seier han. – Bry dig ikke med mig og mine! – Han seier kje 117eit ord meir, men gaar stad og slengjer seg i si eiga knakande seng. –

– Men det saag ut til aa vera endaa verre med han, etter den natta. Han fann ingen stader ro. Gjekk ut og inn i dørene, tok turar burtetter gatune, sette seg i gardsrome og røykte pipe, men orka kje sitja roleg. Og det var uraad aa faa pipa til aa ryke. –

Men det var ein stad han ynskte setja seg. Det var paa sengekanten hans Henrik! Men det var det leie med det, at han var so furten han, etter den natta. Og det var so vrangt aa faa seg ei lita stund aaleine med han og, so han kunde prøve faa han blid att! For anten sat Diktaren inne og jaug i hop noko paa papire. Eller so sat Loppa der og jaug utan papir. Det var reint utgjort for ein annan stakkar.

– Sant nok kunde han gi seg i trætte med dei og jaga dei paa dør. Men det var kje hyggjeleg det heller. For det hadde kje vore anna en uvenskap her no i det siste. Og det kan bli for mykje av all ting. –

Men ein efta steller det seg likevel slik at han og han Henrik vert aaleine. Og daa nyttar han høve til aa slengje seg ned paa den sengekanten han so lenge har lengta i mot.

Han Henrik seier ikkje eit ord. Lettar litt paa seg og leitar fram noko under hovudputa 118og hiver det burt til han: Der! seier han. La mig naa ha ro!

– Graabein stirer raadlaus paa den avisen han har faatt til seg slengd: – Kan ‘ke du vera saa inderlig snil aa lesa? bed han.

Men han Henrik legg seg godt til rette: Jeg har lest blade jeg! seier han. Les det sjøl du far, hvis det er noe du leiter etter!

– Graabein gjer ein braarykk, men temjer seg: Du faar lesa det, hvis det staar noe om sønnen min! tiggar han. Du som er en kristen mann kan ‘ke negte en stakkars far den tenesta!

– Og han Henrik greier ikkje staa for dette. Han leitar fram den vesle notisen um styvletjuven i blade i dag. Det er elles berre ei lita melding um at han hadde vore i nytt forhøyr, men at han negta like radt. «Men det vil nok ikke nytte ham,» skreiv blade, «for indicierne mot ham er meget stærke. Det vil visselig bli ham et par meget kostbare støvler.» –

Ut paa natta skvett heile lyden upp av ei beljing fraa senga til Graabein. Og dei uppskræmde gamlingane stirer dit skrike kjem fraa, og i graaljose skimtar dei koss Graabein hiver seg or senga og vert staa’ande frampaa golve og remje. Daa trivlar mange skjelvande hender etter fyrstikkur, og 119daa klirrar det i lampeglas. Men so snart det gule ljose skjer i augo, gir ho seg, den stygge skrikinga. Og Graabein vaknar heilt. –

Han stryk seg over panna og stynjer. Og augo er stirande og rædde. Men dette varer berre ein augneblink. Han vert atter seg sjølv. Og han murrar daa han kryp i seng att, arg over at ein stakkar ikkje ein gong kan faa drøyme i fred lenger, utan at heile hytta skal paa beina. –

Og straks etter er lampa sløkt att. Og det vert stilt i sengjene. –

– Daa smyg Graabein seg upp paa nytt. Og no lurer han seg burt til senga hans Henrik og vekkjer han. –

Det er raadlaust aa herme alt det som vart tala millom dei to den natta. Det er nok aa nemne at no var Graabein mjuk som eit baan, og la all si sorg og sut fram for han Henrik. Og no tagg han so ynkeleg um at han vilde be til Vaarherre um hjelp for sonen, so det fordømte, fæle politie ikkje fekk skada han. For han hadde drøymt so fæl ein draum no i denne natt. Han hadde vore til stades i retts-salen, daa domen fall over den arme krypen. Og han hadde set augo hans, daa han gjekk inn i sella si, gjekk inn til ei straff paa fem aar. Og han hadde faatt nokre ord kviskra inn i øyra sitt av syndaren, med same 120han gjekk framum, nokre faa brennande ord: Detta er di skyld det, far! For det var du som fikk mig ut paa glatt-isen fra førsten!

Det var dei orda som fekk han til aa skrike. –

Og han Henrik laag tolmodig og lydde. Han trøysta som ei klok og kjærleg mor. Og han fekk ikkje vondord og spott for dei milde gudsorda sine, denne gongen. No sat syndaren der med bøygd nakke og nesta hender og tok i mot alt det han fekk, som syndarar skal gjera. Og han Henrik laut bruke heile sitt lager av bibelord fleire gonger, fyrr Graabein fall sopass til ro at han torde gaa burt og leggje seg. –

– Den natta gjorde Graabein ein heilag lovnad fyrr han sovna paa nytt: Etter denne dag skulde det bli andre greier! Vilde Vaarherre berre hjelpe han med guten, ja so skulde visst ingen i «Sorgenfri» faa noko aa klaga paa han heretter! –

Han heldt seg mest inne um dagen no, Graabein. Sat helst burtpaa sengekanten sin. Dei kom paa han eit par gonger han sat med ei uppslaatt salmebok framfor seg. Sant nok paastod Diktaren at han heldt boka uppned. Men det var daa ei kristeleg salmebok, likevel! Ho saag nok anleis ut den «salmeboka» Graabein hadde pusla med tidlegare.

121– Og rimeleg og umgjengeleg var han elles og, karen. Kasta korkje eidar eller fantord kring seg. Og ikkje vart det stole tobaksbitar fraa nattbord-skuffane heller no, som so ofte fyrr. Og det raraste av alt var, at pennekniven til Loppa – den som vart burte for mest eit aar sidan – laag paa sin gamle plass i bordskuffen ein morgon han vakna. –

– Og dagane gjekk. Den eine lik den andre. Og gamlingane gissa paa kor lenge det kunde vara, dette med Graabein. Var aldri heilt trygge for eit atterfall. Men han Henrik tvila ikkje. Han var inne i løyndomen. Og kvar natt hadde han og den nyumvende ein still time for seg sjølve, naar dei andre sov. –

Men endeleg kom ein dag med litt umskifte.

Han Henrik hadde lese blade sist av alle. Og han gøymde det under puta si, som han pla gjera. Men han var so uroleg og pratsam den formiddagen. Tala um vêre, og tykte det var merkelegt at dei ikkje gjekk ut og sola seg, slik ein fin dag som i dag. Og han minnte dei um at det var reingjeringsdag óg, og daa visste dei daa at gjenta vilde ha armslag til arbeide sitt.

Men dei var kje til aa rikke fyrr etter middagsluren. Daa drog dei seg ut ein etter 122ein. Og Graabein og han Henrik vart aaleine. –

Graabein skyna godt at noko sers var i gjerde i dag, og han var i stor spaning. Han tykte han Henrik var seinare en turvande med aa finne fram blade, men han vilde kje den vera at han var forviten. Sat roleg og saag til, med’ den andre gjorde seg kostbar og opna blade høgtideleg og umstendeleg. –

– Langt um lenge har han Henrik faatt blade i dei rette brettane: Skal jeg lesa litt for dig? spør han. Han har so inderleg god tid. Graabein gjer seg likso sagtmodig i maale, han. Ein maa kje tru at han er nøgje paa ein halvtime eller to: Aa ja, vil du, svarar han. – Ellers kan det naa vera til en anden gang, veit du!

– Men han Henrik vantar kje tid. Det er kje slik aa forstaa. Han tar paa med lesinga so godt han kan. Les um brand og ulukkur, les um tjuveri og slagsmaal. Og Graabein sit med nesta hender og lyder. –

Men daa det har gaatt spalte upp og spalte ned ei lang stund, daa han Henrik vil snu og byne paa sida med lysingane, nei, daa greier han det ikkje lenger, Graabein. Daa grip han kring handlede hans Henrik og gløymer aa vera sagtmodig: Naa skal du ikke pine mig lenger! seier han. Naa skal du lesa det du veit!

123– Det er likt til at det er noko slikt han Henrik har venta paa, for no smiler han: Ja, ja! seier han. Er du ikke fornøid med det jeg har lest, faar jeg by dig annen kost, da. Men da skal du versgod høre væl etter!

Og han har visst ingen grunn til aa klaga. Det har visst aldri sete ein meir uppmerksam mann framfor ein avis, en Graabein no, daa han Henrik les den vesle notisen:

«Den av os tidligere omtalte Even Marius Antonsen, som var arresteret som mistænkt for tyveri av et par damestøvler, blev igaar løsladt av arresten, da politiet nu har grepet en anden, som viser sig at være tyven.»

– Han Henrik er snaudt ferdig med siste orde, daa han vert gripen um live og lyft upp fraa senga av ein som gir seg til aa danse rundt i rome med han, ein som beljar og syng av full hals. Det nyttar ikkje at han bed for seg og minner um den sjuke magen, for Graabein har ingen tanke for slikt som veike magar i denne stund. Han berre svingar rundt, rundt, so lenge kreftene rekk. Daa dei endeleg er ende paa, legg han gamlingen varsamt ned paa senga og breier han ned heilt til nasen: Legg dig naa til aa sova, baane! seier han. For naa gaar jeg og han Anton Graabein ein tur i byen!

Og det er kje lenge fyrr døra smell etter han. –

124– Daa han kjem heim langt paa kveld, tar han styvlane av seg ut i gangen og stiltrar gjenom døra. Men han gaar kje like til si eiga seng, han lyt fyrst burtum han Henrik. Og han legg munnen tett inn til øyra hans: Naa har jeg vært hos sønn’ min! kviskrar han. Hils gud og si takk! Fra i dag er jeg religiøs, jeg au! Det lovar jeg dig!

– Og han Henrik nikkar og prøver syne seg glad. Men han kjenner seg so tung i hugen likevel, so fatig og sviken liksom. For det kom slik ein stram tev av brennvin fraa den munnen som kviskra han i øyra. Han fekk inderleg vone at det berre var fall for ein dag. –

– Men morgonen etter vart det huskestue i rome med dei seks sengjene. Diktaren heldt leven for at ein heil femøres tobaksbit var stolen fraa daasen hans. Og Loppa dreiv og leita etter pennekniven att. – Men Graabein svor sine dyraste eidar paa at han var uskuldig. –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Sorgenfri

Samlingen Sorgenfri kom ut i 1914 og inneholder fire noveller fra aldershjemmet «Sorgenfri». På et av rommene bor seks menn: Konsulen, sirkusartisten Petter Loppa, Teodor Tull, Henrik i senga, visedikteren Julstrup og Anton Gråbein.

I 1918 ga Braaten ut en noe omarbeidet og utvidet versjon med tittel Gamlehjemmet Sorgenfri. Bokselskaps utgave er basert på 1. utgave.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1914.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1918.

Les mer..

Om Oskar Braaten

De fleste av Oskar Braatens drøyt 30 verker skildrer fattigfolks liv på Oslos østkant. Han skriver om hverdagsliv og arbeidsfolk, om fabrikkene og leiegårdene, om det å vokse opp i fattige kår og om sosial opp- og neddrift.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.