Sorgenfri

av Oskar Braaten

Det siste rundkaste

Han er myrk i hug, Petter Pettersen Loppa, der han sit paa trappesteinen utanfor porten i kveldinga. Det har vorte so elendig trist no med eitt, tilvære. Harmeleg og! No som alt hadde vore so bra ei stund. Karane hadde vore blide og umgjengelege og mest ikkje trætta ein einaste gong dei siste vikune. Og ryggen hadde vore rimeleg og, i det stille vêre. Var mest ikkje til aa kjenne, flyginga og stikkinga, som elles var so jamn til aa plaage natt og dag, og som snaudt hadde unnt han ei fredeleg natt sidan den lange 82sjukelega der burt i St. Petersburg etter det faarlege falle for mange, mange aar sidan.

Og so skulde dette koma no! Aa ja! Det var vel ikkje anna aa vente! Ein skulde kje ha det for hyggjelegt her i verda, maatru!

– Han hadde vore i slikt godlag heile dagen, ja han trudde mest han hadde sunge paa fastande hjarta. Og han hadde gjøna med tenestgjenta ut i kjøkene i formiddag, og ho hadde vore koseleg som aldri fyrr. Og han hadde fortalt um reisene sine og alle dei underlege eventyra til karane i efta, og dei hadde vore meir forvitne en nokon gong tidlegare. Um det so var han Teodor Tull so hadde han halde kjeft. Hadde kje knist ein einaste gong. –

Men daa var det at Graabein nytta det gode høve og kviskra han i øyra og baud han med paa eit slag sveis i kveld, naar dei andre hadde sovna. Og daa var det at han ikkje orka bera det over sitt hjarta aa negte Graabein hans dyraste glede. Daa var det han nikka og gav han sin lovnad.

– Og etter det var det han gjekk inn til madam Nilsen og bad henne hjelpe seg med ei halv krone til tobak.

– Ho var i grinehyrna sitt i dag, det saag han med same. Ho bar aldri hovudturklæ elles. No hadde ho gøymt heile andlite, so mest berre nasen stakk fram, og ho rudde 83idugt i krokane og slengde klædesfillur hit og dit.

– Var det noe? spurde ho. Ho prøvde smile, men Loppa tykte kje han var svært smeltande den smilen. – Han stod ved døra, helst huga paa aa snu:

– Jeg tenkte bare aa faa laane ei halv krone naa i kveld! sa han. Jeg skal betale om no’n daer, naar jeg faar penger! Madam Nilsen gav seg til aa ble i ei lita bok som laag i eit skrin paa borde: – Jeg ser De skylder mig seks kroner før, Pettersen! sa ho. Det kan vera nok! De har forresten ikke raad til aa spelle bort øra Deres til han Anton, saa fattig som De er! Og ikke tar det sig ut at De tigger folk som gaar framom paa gata, etter tobak heller, naar De har spelt Dere blank! De hører jeg veit baade det ene og det andre!

– Ja slik var det ho sa. Høgt og tydeleg sa ho dei, alle desse fæle, harde orda!

Han hadde traava rundt i gardsrome daa han kom ut. Reint tumsen. Sidan hadde han kasta seg paa senga inne, men straks sprunge upp att og gaatt ein lang tur burtetter gata. Men det nytta korkje aa prøve sovne eller røme fraa orda. Dei hadde bite seg for godt fast til det. So hadde han sett seg beint ned her. Ein fekk vera paa jorda um ho var heit! Det nytta kje aa ta seg so nær av eit par ord, 84som truleg ikkje var so faarleg meint. Og i grunnen var dei no so inderleg sanne. –

Han prøver gong paa gong seia til seg sjølv at ho var i sin fulle rett, madamen, naar ho tala reint ut til han. Det var inga meining i denne kortspellinga ved ein ljosstubb natters tider av to slike gamlingar som han og Graabein. Men ho skulde kje sagt det slik. Og ho skulde kje passa paa aa seia det naar ho var i hovudturklæ-hyrna. – Dessutan var det ingen grunn til aa negte han den stakkars halvkrona. Han kunde ha lova henne aa ikkje spele ho burt, og daa veit ho han hadde halde ord. Og han skulde betale henne tilbake, so fort han fekk pengar. For det var kje godt aa vita: Det kunde koma vatn i ein tom brunn tidlegare en nokon vardest! –

– Han arbeider seg litt etter litt upp i eit sinne mot dette stygge menneskje. Aa, naar han tenkte etter koss ho hadde bore seg sume tider! Det var nok ikkje berre i dag ho hadde synt arta si! Han trong kje leite lenge i minne for aa finne andre dagar som heller ikkje hadde vore so morosame! – Han turvte kje gaa lenger tilbake i tida en til i fjor haust. Den 27. august var det endaa; gebursdagen hans. Han hadde faatt 3 dollars fraa brorsonen sin i Amerika, til tobak og slikt smaatteri. Men kven vart ved dei, tru? Jau, det var madamen, det! Ho tok dei til 85seg ho, og let han faa dei att i smaaslumpar paa ei krone vika, som um det var naadeskillingar ho gav han. Det var for at dei andre ikkje skulde narre pengane fraa han! sa ho. Som um ikkje han var vaksen kar og visste kva han gjorde! Ho kunde vera glad til at han ikkje melde henne den gongen. For tjuveril For det hadde ho ærleg fortent!

– Eller den gongen her i vinter daa? Jolekvelden til og med! Daa ho truga han til aa klæ seg splittrande naken og bade heile kroppen – endaa ho inderleg vel visste at han ikkje tolde slikt vinters-tider. Vart han ikkje forkjølt og? Han tyktest tydeleg hugse det! Var kje det og straffbart, aa prøve ta live av eit menneskje, endaa um han var berre ein fatig, gamal krok? Aa jau! Ho fekk passe seg litt, madamen!

Elles skulde ho sleppe pine han lenger no! Dette var siste gongen! Det var svore! Han var kje lik dei andre han, at han fann seg i likt og ulikt og var like blid. Men stakkars dei! Dei var lenka til «Sorgenfri», dei! Hadde kje ein utveg i bakhanda, som han. Og so mykje tør han seia, der han sit no: Det skal kje gaa’so mange dagane, fyrr ein av dei sengjene der inne skal staa tome! So sant han liver og har helsa, daa! –

– Loppa tar eit raudt, samanbretta papir upp or innarlumma. Og han bretter det ut 86over knee. Gudskjelov, at han tok imot, den kvelden guten gjekk og deilte ut! Han trudde fyrst det var ein kinematograf-plakat eller slikt tøys, og vilde kaste det. Men so kom han til aa sjaa litt paa setelen – og daa stakk han han til seg. –

Det er ein sirkusplakat han har fyre seg. Sirkus Lindelo staar det med store bokstavar. Og nedetter plakaten staar ei lang rekkje med merkelege og vridne namn. Det er ryttarar og linedansarar, det er slangemenneskje og bajassar, det er sterke menn og vakre kvende, det er dansande hestar og ballanserande griser, og andre underlege ting. Og nedst paa plakaten staar desse orda: Hjertelig velkomne! Ærbødigst Enrico Martino, direktør. –

– Loppa ser upp. Utanfor portrome ved sida flyg ein ungeflokk og held leven. Og paa hyrna staar tri-fire fyllesluskar og trættar. Best aa koma vekk herifraa. Det kunde vera fort gjort at ein reiv plakaten ut av hendene paa han, naar han sat i eigne tankar. –

Han gaar inn i gardsrome. Det er ingen av gamlingane der no. Er vel inne og et kveldsgrauten. Men Loppa er kje svolten. Og heller ikkje er han huga paa aa høyre paa det seige prate der inne. Han kjenner trong til aa vera aaleine ei stund no, ei lita stund aaleine med den raude plakaten.

Han gaar framum dei læste vedskjula, 87skundar seg burt til eit skur som staar for seg sjølv i andre enden av gardsrome. I det tome vognskjule plar han faa sitja i fred. Dei har aldri ærend hit, dei andre. Han set seg paa ei tomkasse under ein vegg-glugge. Og plakaten lyt atter fram.

– Mange av dei vridne namna er nye, endaa han tykkjer klangen av dei fleste har noko kjent ved seg. Men sume av namna kjenner han vel, sume av dei er av dei egte, ubrigdande namna som i mannsalder etter mannsalder har straala fraa plakatar og program verda over. – Ærbødigst Enrico Martino! staar det. Enrico! Henrik’ guten! Jøss kor vel han hugsa han fraa den tida han reiste i sirkus saman med far hans gjenom Sverige! Han var berre fem aar gamal, den gongen, han Henrik. Hadde enno ikkje krope inn i trikoten. Men du gilde tid kor stiv han sat paa fange til Loppa og slukte kvart orde han fortalde um den store verda! Og slik som han øvde seg seint og tidleg og vilde bli flink, so han og ein gong kunde bli verdig til aa hoppe ut i verda paa eigne bein!

– Loppa stirer fram for seg. Og dei rotne bordveggjene kverv burt. Og det laage take lyfter seg til ein høg kuppel. Og surring av mange menneskje naar øyro hans, og klunking av felur som vert stemde i orkestre. Og han kjenner ei eiga lukt av 88stall, og han høyrer svipur som smell i ryttargangen. Og det velduge lokale fløymer i ljos, og det glitrar og skin i uniformer. –

– Men so glid alt vekk. Tunge steg gaar framum, ikkje langt unda. Og eit gamalt haast maal brummar halvt for seg sjølv:

Aa kan han ha gjort av sig, denna Loppesjæla naa da, mon? Grauten hans blir kald naa! Ja, ja. Det faar naa bli hans sak! –

Daa er Loppa ikkje i sirkus lenger. No velter «Sorgenfri» inn paa han att. «Sorgenfri» og madamen! – Han staar still til Graabein har gaatt inn att. So ruslar han etter same vegen. Men han tenkjer med seg sjølv, der han gaar: Dei skal sleppe bry seg med grauten hans, etter denne dag. Han skal ikkje vera korkje madamen eller andre i vegen. For han har gudskjelov andre aa gaa til!

– Han seier ikkje eit ord til nokon av karane, daa han kjem inn. Riv av seg klæda og gaar til sengs med same.

– Grauten din staar paa nattborde ditt! seier Graabein. Men Loppa ristar paa hovude. Skal ingen graut ha! –

– Men grautfate er no likevel tomt, daa dei staar upp næste dagen. –

II.

89Loppa er tidleg uppe morgonen etter. Slurpar i seg kaffien mest utan aa bite i maten. Har kje stunder til aa sitja roleg. Det ser reint ut til at han vil tevle med han Teodor Tull i aa traave att og fram millom sengjene. –

– Han set paa dør straks han har faatt i seg siste dropen. Ut i gangen møter han madamen. Ho kjem med reine laken, skal skifte paa sengjene. Ho er ber-hovda i dag, og straalande blid. Ho smiler mot Loppa daa ho gaar framum. So kjem ho paa eitkvart, og stanar: Det er sant, Pettersen! seier ho. Jeg kom til at tenke paa at det kanske var synd aa negte Dere den halvkrona. Vent litt naa, saa skal jeg gaa inn etter, til Dere!

Men Loppa lær. Ein turr, kneggjande laatt: Aa nei! Behold penga Deres sjøl, De madam! seier han. Jeg haaper jeg med guds hjælp skal klare mig foruten baade Dere og «Sorgenfri» heretter!

Han stabbar fort ut.

– Han staar utanfor det store, kvite, runde sirkustelte. Plankegjerde kringum er overklistra med gilde mangefarga plakatar. Bilæte av dyr og menneskje, halvnakne karar og kvende, nokre staar paa hovude, andre 90paa beina, nokre flyg i lufta, andre dansar paa hesteryggjer.

Loppa ser paa bilæta. Lenge. So sukkar han tungt og gaar inn porten. –

– Han staar inn i telte. Ei bogelampe heng i take og lyser upp. Loppa ser seg ikring. Desse tome benkjene ser so fatigslege ut no i halvmyrkre. Skulde kje tru at det nokon gong kunde vera fest ved dei. –

Trapetsar og ringar heng ned fraa take, heng so laagt at han kan naa dei. Han grip fat i ein av dei, held fast i den kalde messingen. – So skyv han til – og trapetsen svingar att og fram i store bogar. Loppa fylgjer han med augo. Det er som um han ynskjer aa svive med. –

Eit forheng i eine enden av telte vert drege til sides, og ein mann ropar til han: De faar komma her! seier han. Direktøren sitter inn paa kontore!

Og Loppa fylgjer. –

– Ein tjukk, raudsprengd mann sit ved eit bord med nokre rekneskapar framfor seg. Han ser kje paa han ved døra, gjer berre ein liten nikk: Hvad vil Ni? spør han. Maale er graute og haast og han bryt paa svensk. Loppa staar med hatten i handa og bukkar: Det var direktøren! seier han. Det var han sjøl jeg vilde snakke med.

Mannen peikar mot ein stol: Sit ned og 91si fram! seier han. Jag har mycket att gjøra!

Men Loppa staar der han staar: Det var direktøren sjøl! tar han upp att. Det var han Henrik, det var han Enrico Martino jeg vilde ha tak i.

No snur mannen seg mot han. Og han set brillur paa den raude, kjøtfulle nasen: Og jag seger Er att jag er direktøren! bit han. Jag er Enrico Martino! Men inte nytter det om Ni kommer hit for aa tigge, inte! For jag gir inte ved dørene!

Loppa hissar paa akslene, som han altid gjer naar han er sint. Men straks etter dreg han paa smilen, er kje god for anna: Enrico Martino, den feite raudhaaringen der? Aa nei! Dei saag nok anleis ut, dei karane! Svarte i haar og augo, senar og musklar og inkje feit, slik var dei skapte, Martino-ane! Slik var han Henrik, og slik var far hans. –

Han ser roleg paa mannen: Ikke er jeg noen tigger, og ikke er De den rette Enrico Martino! seier han fast. Saa mye vil jeg si Dere!

– Det gaar eit drag av undring over det posne andlite. Svært til kjeft paa den gamle fanten! Han reiser seg og gaar burt til gamlen, som staar der ved døra, utan aa setja seg: Hur saag han ut daa? smiler han. Hur saag han ut, den rette Enrico Martino daa?

Og Loppa fortel. Fortel um Henrik’guten 92og far hans. Fortel um Sverige og sirkus.

Og fortel um seg sjølv. –

– Det vert ei togn daa han er ferdig. Direktøren har vorte blidare og meir smilande etter kvart. No gaar han burt i skape og finn flaske og glas: Skaal Loppa! seier han. Skaal kammerat!

– Det vart drukke mange drammar derinne paa det vesle kontore. Og direktøren var pratsam og gjemeinsleg, naar det kom til stykke. Han la i veg med heile soga si til den lydande gamlingen. Og Loppa var kje den som sa nei takk til slike historier. Det var so lenge sidan han hadde høyrt andre en sine eigne. –

Direktøren var Fredriksstad-gut, han, og hadde reist med sirkus fraa han var smaagut. Daa Enrico Martino braut halsen ned i Gøteborg, kjøpte han baade firmanamne og heile stasen etter han og drog vidare gjenom Sverige. Det var fyrste gongen han var her no.

– Loppa vart so han kunde søkke i jorda av sorg over den arme Henrik’en. Men det letna etter kvart. Det letna storleg, gjorde det!

Daa direktøren fortalde at han godt kjende namne hans gjenom gjetorde som gjekk um han, var det vondt for han aa sitja still i det vesle kontore. Han maatte upp og leda paa seg. Maatte ut i manegen ein tur. –

– Direktøren reiser seg og vert med. Det 93er ljosare ut i telte no. Mange lampur blenkjer fraa take. Og kvasse tilrop og laatt og skjemt ljomar fraa alle krokar. Det er artistane som skal ha prøve. Og Loppa smiler til dei og kyter: Pene folk! seier han. Flinke gutter og gjenter!

– Direktøren blunkar til dei unge folka, og dei flokkar seg kring Loppa. Og han fortel kva for ein stor mann dei har millom seg. At det er den vidgjetne kuppelspringaren det har gaatt so mange fraasegner um, som gjestar dei. Og dei unge tar handa hans og ristar og smiler og dei helsar han i mange maal. Og Loppa smiler attende.

Ein tysk bajass med ei ølflaske under armen, byr han smaka. Og ei ung dame kjem med vin. Og Loppa kan kje seia imot. Han er ven med dei alle.

– Ein ung fyr sprett upp i trapetsen og set seg i fart og flyg gjenom rome. Han svingar seg rundt i armane, han slepper seg og gjer rundkast og kjem ned i trapetsen paa nytt. So heng han seg i beina og susar av stad. Loppa staar stiv. Tenk om han datt! seier det inn i han. Og han pustar fyrst fritt ut daa guten hoppar ned paa jorda og steller seg framfor han og spør um ikkje det var godt gjort. – Aa jo! Du var flink! seier Loppa. Men du veit jeg har set det bedre. – Gjenta som har skjenkt han vin, spring 94ut i stallen og kjem inn att staa’ande paa ein kvit hest. Ho ropar og smattar for aa faa fart, med’ ho dansar paa hesteryggen. Ei onnor gjente tar tilsprang og bykser med eit hopp upp til henne, og ho kliv uppetter til ho staar paa akslene hennar. Og alle dei andre smattar og skrik, og hesten flyg fortare og fortare.

– Loppa kan snaudt staa roleg. Han ser i take og paa benkjerekkjune, ser alle andre stader, berre ikkje paa dei to kvinande unggjentune som stormar rundt, rundt. Men daa dei staar framfor han og vil ha ros, seier han berre: Det var naa ingenting mot ‘a Elvira Madigan, likevel! Det var gjente som kunde holde ballansen! –

Og det hjelper ikkje kva dei finn paa: Han har set det betre. Ja, til slutt spurtar han og stirer svivyrdsleg upp i take: Det er ‘ke høit til topps her! seier han. Men dom trenger det vel ikke høiere naa for tida! Det er vel ingen som tør stupe sig ner fra en skikkelig kuppel, likevel! –

– Han triv ein trapets med baae hendene og krøkjer beina so han heng fritt. Men han slepper trast. Har vorte so raud i syne. – Han ser kje fliringa bak seg, daa han retter paa kragen. Han gaar burt til direktøren og nikkar mot alle remediene: Hadde 95jeg havt trikot! seier han. Og hadde jeg vært i træning! – Ja jeg sier ikke mer!

Men dei andre flokkar seg kring han tettare en fyrr. Og dei tiggar og bed at han maa syne dei litt av kunstene sine. Dei vil so gjerne sjaa koss ein retteleg kunstnar arbeider! Ja, um det so er direktøren so vert han med i bønene. Han slaar Loppa paa aksla og bed han koma til dei. For daa skal han faa stor løn og all den ros han vil ha. Ja, han skal setja namne hans paa plakatane med dei største bokstavane som er aa uppdrive, og han skal lyse i alle blada. –

– Loppa ser kje kor moro direktøren har daa han snur seg. Han har nok med aa halde seg stiv so dei ikke forstaar gleda hans: Jeg kan jo freste! seier han. Det er jo ‘ke verre en at jeg kan freste!

Og det vert stor glede i telte.

– Daa Loppa er ute av døra, smell laatten laus der inne. Men den laatten høyrer ikkje Loppa. Han gaar i djupe tankar: Næste sundag vilde dei han skulde byne. Berre han vart mjuk nok i kroppen til den tida! Aa jau. Det gjekk nok! – Han myser mot sola daa han kjem ut paa gata. So stanar han og talar til ei han liksom har framfor seg: Naa, min kjære madam Nilsen! Naa kommer snart turen til vors!

III.

96Dei skyna seg ikkje paa Loppa no um dagen, karane. Han var reint burtbytt guten. Fyrr kunde han daa baade gjøne og gjøle daa, naar ryggen ikkje var for galen. Men sjaa um du fekk ein smil av han no! Det var snaudt han sansa svara naar ein tala til han. Og fekk du eit svar, var det oftast burt i veggjene gale. Han gjekk i ørska, fyren! Dersom det ikkje var endaa verre. Han Anton Graabein svor paa at han hadde vorte sinnsjuk, han. For han vilde kje ein gong spele sveis um nætene. Men so gale trudde dei no ikkje likevel, dei andre. Han saag no all ting fraa verste sida, Graabein!

– Men ja menn var han rar, ja. Heldt seg ute mest heile dagen. Kvar han stakk seg av, skyna dei ikkje. Han gjekk ikkje ut porten, det saag dei fraa vindauga. Og ikkje var han i gardsrome, og ikkje i vedskjule! Han sokk lukt i jorda, Loppa! – Men la han vera der han vera vil! Han hoppar vel ikkje lenger en at han finn heim att! –

– So er det ein morgon. Karane sit gretne kring kaffiborde. Einast han Teodor Tull er ferdig og har tat paa vandring. Han gaar att og fram og tygg paa gummane og ristar paa hovude. Alt i eitt kastar han augo 97burt paa Loppa, og nett daa han ser at han slaar siste kaffiskvetten paa skaala, stiltrar han ut. – Han smyg paa tærne ut gangen og lurer seg langs veggen under kjøkenvindaugo burt til roa ved søplekassa. Der hukar han seg i hop og vert sitjande.

Han slepper vente lenge. Ein gamling kjem ut paa trammen og vêrar mot lufta. Og han skundar seg over gardsplassen til det tome vognskjule og smett inn der og dreg døra att etter seg. Daa reiser han seg, han Teodor Tull. Og no fniser han velnøgd. –

Han nemner ingen ting til dei andre, daa dei pratar seg i millom og undrast paa kvar Loppa er. Men han gliser fult. –

Like etter middagsmaten smyg han Teodor Tull seg inn i vognskjule. Men han dreg kje døra innaat etter seg. Best ho staar slik ho stod. –

Han staar i eit stort halvmyrkt rom med jordgolv. Paa eine veggen er ein glugge utan glas. Ein stige med sju-aatte trin er reist uppetter veggen til vinstre. Burt i eine roa ligg eit rote vognhjul, eit minne fraa den tida det var ein vognmann som aatte det huse der «Sorgenfri» no er. I ei onnor ro ligg ei firefem tomkassur i haug. Uppaa ei av kassune ligg ein madrass, ein slik dei brukar i sengjene i «Sorgenfri». Dette er alt som fins her inne.

98Han Teodor brukar ikkje lang tida til aa sjaa seg um og finne kvar han skal gøyme seg. Han hoppar burt i roa bak kassune og hukar seg ned der.

– Straks etter kjem Loppa. Han har festa ein hyssing paa innsida døra, og den viklar han kring ein spikar i veggen. Døra er læst. – Han staar litt til han vert van med halvmyrkre her inne. So ser han seg um. Nei, ingen har vore her. Stigen staar der han sette han sist. Og madrassen ligg paa same staden.

Han retter seg og strekkjer armane i vêre og geispar. Geispar stort og inderleg. So tar han til aa klæ av seg. –

– Han Teodor Tull hadde kje tvila paa at det var underlege ting som gjekk fyre seg her inne. Men det han no fekk sjaa, var likevel meir en han hadde venta. Stod ikkje Loppa der og klædde av seg plagg for plagg, trøye og vest og styvlar og brok! La han ikkje madrassen midt paa golve og gav seg til aa klappe og glatte paa han, som um han hadde tenkt og gaa til kvile for ei tid! Jau det var visseleg sant som han sa, Graabein: Han var tullut, Loppa! Stakkars mann!

Kva er det han rotar etter inn i, madrassen tru? Er det kje eit par skor han dreg fram, og ein raud tull? Ja, den som visste kvar dette skulde ende!

99– Loppa set seg paa madrassen og dreg paa seg turnskone. So rullar han upp den raude tullen og held han upp for augo og ser kjærleg paa han. – Og so gir han seg til aa krype inn i trikoten! –

– Han Teodor Tull har altid havt stor vyrdnad for Loppa. Dei hundre sogune fraa verda den vide har lagt ein eigen straaleglans kring panna hans. Men so stor har han no aldri synt seg, likevel! Ein kunde daa flire av han elles, og gjera narr, naar han smurde vel tjukt paa. Men han kjende inga trong til aa fnise no, nei. Han kunde berre storglana. –

Det er ein ny mann, han som staar der burt ved madrassen. Rett nok minner han noko um den gamlingen som smaug seg inn og læste døra. Andlite er det same, og det graae haare og den bøygde ryggen. Men han der burte er ingen fatigstakkar i bøtte vømmelsklæde, han! Han er ein prins, er han, ein eventyrprins som har villa seg inn her. Han er klædd i stramt-sitjande gloraude klæde med blaatt silkebelte kring live og med gull og sylv innvove over bryst og rygg. – Merkeleg at slik stas kan finne veg til eit tomt vognskjul i ei skiten bakgate!

– Loppa glattar nedetter mage og laar med handflatane. So gir han seg til aa gaa rundt i rome, smilande og bukkande. –

100Det er tusen augo som stirer paa han no, der han gjer sin runde i manegen. I losje og parkett sit offiserar og unge rikmenn med sine damur. Og damune klemmer kikkerten godt inn aat augo og set seg makeleg til rette i stolane. Maa sjaa vel paa denne vakre kroppen med kvar muskel synberr gjenom trikoten.

– Upp i radene sit det breie, rolege publikum, men høgt der upp under take, paa gallerie, staar skuggelue-gutane og gjentune deira. Dei tøygjer seg over rekkverke og viftar og skrik og trampar. Og Loppa gjer ein serleg djup bukk for dei. – For dei der uppe er likevel dei han set mest pris paa. Dei er dei snaraste til aa klappe. –

– Han Teodor Tull har krope ihop i roa. Men han har likevel fylgt Loppa steg for steg med augo. Og han har set noko som gjer at han atter tør dra paa smilebande. Ho er kje nett so fin som ho blenkjer til, denne uniforma. Han saag det so tydeleg daa Loppa gjekk like framum han. Det var mange store hol i ho, eit digert paa magen og fem seks paa ryggen, og nedetter eine laare gjekk ei lang flengje. Og det var kje fritt for at det var skrukkut og falma silkebelte og. –

Men Loppa har stana burt ved madrassen. Han bukkar ein gong til for publikum. Og so byner kunstene.

– Han Teodor er kje god til aa sitja 101roleg no. Han reiser seg og ofrar ikkje ein tanke paa at han bør ta seg i vare. No gjeld det aa glana med alle dei augo ein har. For slikt som dette ser ein ikkje kvar dag!

– Der burte stuper Loppa kraake paa madrassen! Det gaar kje so rart i fyrsten, han greier ikkje aa spenne seg heilt over. Men etter kvart vert kroppen mjukare og sterkare, det gaar lettare og fortare. So snart han kjem ned paa ryggen kastar han seg rundt og spenner seg til vers att. Og det er svært sjeldan han tumlar rundt paa sida. –

– Han er ferdig med dette nummere. Han reiser seg og bukkar og tar i mot hylling. So kviler han ei lang stund. Det har leita fælt paa han, han pustar tungt og fort, og han lyt turke sveiten. Men publikum ventar! Det er fleire nummer paa programme! Han gaar bakover heilt til han støyter ryggen i døra, og der staar han ferdig til sprang mot madrassen. Men det er visst eitkvart som hefter. Han tar tilsprang eit par gonger, men hiver seg til side naar det gjeld. Tør ikkje! – Han slengjer seg ned paa madrassen og ligg og kviler. Og det stig ein sukk upp fraa bryste hans: Han greier det ikkje! Aldri i verda greier han det! Han kan klæ paa seg vømmelsfillune og gaa inn og leggje seg, kan han! Kan gaa inn i «Sorgenfri» og leggje seg! –

102– Men eit bil etter er han i arbeid paa nytt. Endaa ein gong staar han ved døra, og endaa ein gong hiver han seg til side. Men daa er det og slutt med rædsla. No stig sinne upp i han. Og han bit i hop tennene og knyter nevane og tar tilsprang – og hiver seg rundt. –

Det gjekk kje so reint verst. Han er litt tumlen i hovude daa han finn seg att liggjande paa ryggen paa madrassen. Men det gir seg snart. Han kjenner ingenting daa han kjem paa beina. Og no har han mist alt som ræddhug heiter, no gjer han sprange upp att gong paa gong. Og naar han no set seg til aa kvile, kjenner han inga trong til aa klæ paa seg og gaa inn til gamlingane.

Aa ja. Dei kan gjerne klappe dei der uppe! Han fortener klapp! Han er enno den same han altid har vore. Den makelause, modige Loppa! Den vidgjetne, ugløymande «Loppa med dødssprange». –

Men han er ikkje ferdig med dette. Det vil ha meir, publikum. Og han har aldri vore knuslut. –

– Han gaar burt til stigen og kjenner etter at han staar stødt inn til veggen. – Og so gir han seg til aa klatre uppetter. Han snur seg paa eit av dei øvste stega. Der, langt, langt nedunder han ligg manegen med vassrenna tvers over. Og no tegjer musikken. 103No stirer alle dei tusen augo upp mot han, upp mot den einslege vesle mannen upp under kuppelen. Han som staar og viftar ned til dei og smiler. –

– Men kva er det som gaar av han no, tru? Vaagar han ikkje sprange? Er han svimren vorten, etter som han grip tak i stigen med baae hender og krøkjer seg saman? Er han feig, stymparen? Det stig eit brøl mot han fraa tusen strupar, dei fine herrane lytter stokkane og damune fniser og gallerie trampar og pip. Ja, damune fniser! Han høyrer tydeleg fnisinga hit upp. – Er dette den makelause Loppa? Er kje dette berre ein usling av ein gamling som staar og skjelv? – Loppa retter seg att. Vert sterk og modig. Det er fyrste gongen nokon har fnist aat han under arbeide! Og det vil han ikkje tole! Skal stoppe desse munnane!

– All svimringa er av han. Han ser ned i avgrunnen utan rædsle. Kald og roleg. Og so fiktar han med armane og kastar seg rundt.

– Daa Loppa atter slaar augo upp, ser han eit andlit tett innpaa sitt. Eit bleikt, forskræmt andlit.

– Aa er det om aa gjøra naa, Teodor? spør han. Ettersom du vekker mig midt paa natta! Han Teodor sluttar aa ruske i han: Gudskjelov 104at du vaakna att! seier han. Jeg trudde du hadde sovna for evig naa, Petter Loppa! Daa ser Loppa paa han ein augneblink.

Og deretter ser han kringum seg, paa gluggen og den velta stigen ved sida av seg, paa alt.

Og han forstaar. –

Han gøymer augo bak lóka. Det er som um han helst vil søkkje inn i svime att. Men han Teodor ruskar i han, let han ikkje røme: Vaakner du ikke naa, saa flyer jeg inn erter hjælp! trugar han. Og det hjelper. –

Loppa prøver reise seg, men ryggen verker slik at han maa ned paa madrassen att. Og han Teodor lyt ta hand i hanke. Han kastar av han turnskone og vrengjer av han den tronge trikoten. Rett nok vert det endaa fleire hol i han, og rett nok riv han silkesløyfa av under stræve. Men Loppa seier ingenting, let seg handtere som eit baan.

Det er fyrst naar han sit fullt paaklædd i sin vanlege bunad at han opnar munnen: Har du – har du vært her lenge? spør han. Han talar laagt og ser kje paa den han talar til.

– Hele tida! nikkar han Teodor. – Jeg var her før du kom. Og jeg har set alt samma! Daa spør ikkje Loppa meir. –

– Straks etter gaar to gamlingar over gardsplassen. Den eine har vondt for aa gaa og maa kvile for mest kvart steg. Den andre held han under armane og styd han. –

105– Men jøss, aa er det i veien med Loppa? spør Graabein, daa dei kjem dragsande inn døra. – Har ‘n slaatt fasongen av sig?

– Han Teodor hjelper Loppa til senga: Det var ei vogn! seier han. – Det var ei brødvogn som kjørte paa ‘n. Hjælp mig aa faa klædd av ‘n naa, saa ‘n faar lagt sig. Men det er ‘ke verdt aa nevne no’n ting til madamen! –


IV.

Nokre dagar etter.

Loppa ligg til sengs. Har lege sidan den eftan ut i vognskjule. Men han kjenner seg snart frisk att. Kunde vel gjerne staa upp i dag. Men det hastar ikkje. Han kjem tidsnok upp. –

Aa ja, aa ja, san! Der gaar dei andre og stullar kvar med sitt. Dei kan kose seg og ta det med ro. Dei har ingenting aa tenkje paa. Dei har sikra seg for livetida. –

– Han kan kje forstaa det som har hendt no i det siste. Han har visst havt rett i det, Graabein, at han har vore galen ei rid. Elles har vel ryggen óg havt litt av skulda. Hadde han vore som elles og verka og plaaga, daa hadde det kje hendt korkje det upp i sirkustelte eller det ut i vognskjule. For det var no ein gong slik med han: Han tolde kje 106vera frisk. For daa fann han altid paa einkvar galenskapen.

– Det var elles ikkje det verste korkje det som hende der uppe, eller det som hende der ute. At ein flokk ungdom heldt ein gamal krok for narr – som han no skyna dei hadde gjort – var kje noko aa ta seg dauden av. Og at han sjølv gjorde seg til spetakkel der ute – det hadde heller ikkje større paa seg. Han hadde berre godt av aa kjenne litt ryggvondt. Men det som var det faarlege, det var det som hende etter han hadde vore paa sirkus, og fyrr han gjekk til vognskjule. Det var det som gjorde at han no laag rædd og kaldsveitt. Det var det som gjorde at han no kraup saman og gjorde seg liten i senga, berre han høyrde fotslag i gangen.

– Madamen hadde møtt han i gardsrome med same han kom fraa sirkus. Og ho hadde vore likso blid som um morgonen: Er De der? hadde ho sagt. Se her, ta naa denna krona da! Og la oss vera like gode venner! Men daa var det at han hivde krona i syne paa ho att og sa desse orda: Det nytter ikke aassen De kryper naa, madam Nilsen! Naa er det for seint! Naa har De bare aa finne fram tøie mitt og alt det jeg eier, for næste lørdag fløtter jeg! Jeg har nettopp vært ute og leidd hus! Og jeg skal ‘ke trenge hverken Dere eller fattigkassa heretter.

107Og daa var det at ho vart stram i andiite og nikka og sa at han turvte kje vera rædd! Ho skulde nok faa det ferdig paa dagen!

– Ja, slik var det det gjekk fyre seg. Og i dag var dagen. I dag var laurdagen!

– No stod det vel pakka og ferdig ut i gangen no, tye hans. Og no kom ho vel snart madamen, og sa at alt var i stand. At det berre vanta aa hente vogn. For han greidde vel ikkje bera kufferten. –

– Herregud! Berre han torde be henne gløyme! Berre han torde fortelja henne kor galen han hadde vore! Men det nyttar vel ingenting, lenger. Han er gjerne alt burttinga, plassen hans. Til natta ligg det kan hende ein annan gamling i denne senga – ein som vil vera glad og takksam for plassen. Aa ja. Ikkje meir en rett, at det gaar slik. –

– Men ho kunde daa la han faa vera nokre faa dagar i minsto. Naar ho saag han var sjuk. Forresten. – Det var inga hjelp i det. Det gjorde det same anten han døydde aatte dagar tidlegare eller aarte dagar seinare. –

– So rare dei andre er i dag. So høgtidlege liksom. Har tat paa seg det beste dei eig, som um det skulde vera helg. Aa ja. Dei har høyrt det som fyre staar, truleg. Og vil seia pent farvel. – Men dei kunde daa gjerne tala eit par ord til han. Turvte daa ikkje nett staa der burt ved vindauga og 108kviskre seg imillom og kaste augo paa han alt i eitt. Det var synd aa glede seg over ulukka aat ein annan. Men det var kje sikkert han hadde fortent det likare. Hadde kje altid vore hyggjeleg, han heller. Iser ikkje i det siste. –

– Det høyrest steg ut i gangen, og Loppa tar til aa smaaskjelve. Det er madam Nilsen og tenestgjenta som kjem siglande inn. Madamen ber eit stort brett med mugge og koppar og kakevase full av wienerbrød og kveitebollar. Og gjenta ber ein skinande kvit duk som ho breier paa borde, og ei pakke ho legg paa ein av stolane.

Versaagod alle sammen! seier madamen, og nikkar mot flokken ved vindauga og mot han i senga: Set Dere naa og ta en kopp sjokolade og litt hvetebrød! Og gaa naa bort og gratuler gebursdag-barne!

– Og no snur alle seg mot Loppa, som sit uppreist i senga, ferdig til aa ta imot støyten. Og no smiler dei til han alle og nikkar: Gratulerer Loppa! seier dei i munnen paa kvarandre. – Gratulerer med di 70 aara!

– Og madamen set seg paa sengekanten og tar eine handa hans millom baae sine: De har vel ikke glømt at det er den 27. august? smiler ho.

Ja, ja, gratulerer, kjære Pettersen! Gud gi at De maa opleva mange gebursdager her hos oss i «Sorgenfri»!

109– Loppa ser tenestgjenta tar to tjukke ulltrøyer ut av pakka og legg dei burt til han. Men so ser han ikkje meir. Det vert so uklaart for augo. Det er som eit vaatt slør legg seg over dei. Han prøver takke, men faar kje ord fram, lippune vil ikkje lyde. Men han klemmer den handa som held hans. Klemmer hardt og lenge. –

– Straks etter sit dei kring borde alle. Loppa har og kara seg upp no.

– Hu’ er ‘ke saa verst likevel, madamen! seier Graabein. Han sit ferdig til aa dytte eit heilt kveitebrød inn i gape.

Verst? svarar Loppa. Hu’ er det snilleste menneske i hele verda, er ‘a. Det har naa jeg sagt bestandig! –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Sorgenfri

Samlingen Sorgenfri kom ut i 1914 og inneholder fire noveller fra aldershjemmet «Sorgenfri». På et av rommene bor seks menn: Konsulen, sirkusartisten Petter Loppa, Teodor Tull, Henrik i senga, visedikteren Julstrup og Anton Gråbein.

I 1918 ga Braaten ut en noe omarbeidet og utvidet versjon med tittel Gamlehjemmet Sorgenfri. Bokselskaps utgave er basert på 1. utgave.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1914.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1918.

Les mer..

Om Oskar Braaten

De fleste av Oskar Braatens drøyt 30 verker skildrer fattigfolks liv på Oslos østkant. Han skriver om hverdagsliv og arbeidsfolk, om fabrikkene og leiegårdene, om det å vokse opp i fattige kår og om sosial opp- og neddrift.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.