Sorgenfri

av Oskar Braaten

Den store sonen

Det er tidleg morgon. Klokka gaar til sju. Alle gamlingane søv, med undantak av han Henrik i senga. Han ligg og kaldrøykjer paa pipa si, og det smell i dei turre lippune. – Han lyt altid ha seg slik ein kaldrøyk paa morgonkvisten, han Henrik. Det skadde daa ingen um han smatta litt paa pipestubben, naar han ikkje kveikte paa. Det ledar seg eitkvart burtved vindauga. Det er bladkona som slengjer inn avisen. Og han Henrik stiltrar upp og faar tak i han. Lyt skunde seg med’ dei andre søv. For no vil han ha seg ei koseleg stund med pipa og det 68kjære gamle blade. Berre no dei andre vilde snurke ei stund til! Dei tykkjest ha like rett til aa vera fyrstemann til aa lesa det alle, maatru! For dei spleisa ti øre maanaden kvar til bladpengane. –

– – Han har lese mange sidur fulle av ulukkur og tjuveri. No tar han til med lysingane. Og han stavar samvitsfullt kvart namn i dødslysingane. Tenkjer etter um han har kjenningar millom dei farne eller dei som syrgjer. Deretter kjem han til dei andre lysingane, og han les line for line utan aa finne noko sers forvirnelegt – til han med eitt retter seg upp. Og han let peikefingen fylgje ord for ord i den lysinga som har vekt han slik, og han les ein gong til:

Frelsesarméen.

Major Henrichsen besøker byen i disse dage og leder store møter i Templet hver aften kl. 8. Fredag førstkommende leder han et stort frelsesmøte i Tivoli sirkus. Alle hjertelig velkomne! –

– Han Henrik var kje god til aa liggje etter dette. Han drog paa seg hosur og brok. Og han kika inn i andlita paa dei som sov, um dei ikkje trast vilde vakne no. Var daa meiningslaust aa liggje slik og dra seg heile dagen! Han som hadde slike ting aa fortelja dei!

69– Men han var flink til aa halde seg likevel, han Henrik. Fortalde kje eit livande ord so lenge karane sat med blade. Det var fyrst daa kaffien var komen, daa dei slurpa i seg den, at han let det gaa hol: Har dere lest blade i dag, gutter? spurde han.

Det var ingen som iddest svara. Han visste daa likso godt som dei sjølve, at dei var ferdige med det no. – Men han Henrik venta nok ikkje svar heller, for han heldt vidare fram med same: Det var noe jeg vilde vise dere, karer! sa han, og fann fram det med majoren og sirkus: Les det, Konsul! Hør etter naa, gutter!

Og Konsulen las. Las kvart orde. Men ingen av karane forstod eit mukk. Ja, han Anton Graabein vart reint sint fordi han skulde heftast med dette frelsesmøte ned paa Tivoli. Aa skjeller det vors? beit han. Vi har da ‘ke raad til aa gaa slike steder!

Men daa smilte han Henrik. Og han vart litt høgare en til kvardags: Det kunde hende at jeg kunde greie denna saka! sa han. Det kunde hende at jeg kunde skaffe dere billett alle sammen, karer! – No lyfte dei augo mot han alle, og gummane gløymde aa gumle: Du skaffe oss billett? gjøna Diktaren. Ja, greier du det, skal jeg dikte ei vise til di ære, Henrik far! Og jeg skal ikke spara paa versa!

70Han Henrik ansa ikkje tøys. Han berre peika i blade att: Aa staar det der, Konsul? Kan du lesa skrift, get!

Og Konsulen fylgde peikefingen: Major Henrichsen! las han. Det er vel ikke vrangere namne!

Men han Henrik smilte breiare en fyrr: Den mannen kjenner jeg! sa han. Veit dere hvem det er, karer?

Dei lest vera likesæle, gamlingane, men dei kunde no kje løyne at dei i grunnen var fælande forhipne paa aa faa vita kva han Henrik hadde bak øyra: Ikke kjenner vi noen major, og ikke trenger vi noen! sa han Petter Loppa. – Naa vil vi ikke høre mer om detta tøyse. – Har du støli tobak fra mig i natt igjen, Graabein?

Men no greidde han ikkje halde seg lenger, han Henrik. Og han rette so godt han kunde paa den krøkte ryggen: Jeg vil bare si dere det, at major Henrichsen er sønn’ min! sa han.

Ja, det var bare det jeg vilde fortelle! – Det var kje fritt for at han skalv litt i maale daa han sa det. Og lippune hoppa so underleg. –

– Han hadde venta at dei skulde sprette upp fraa stolane, han Henrik. Ja, han hadde so smaatt gledt seg til at dei skulde ringe seg um han og grava og spyrje um vidundersonen. Men det gjekk ikkje fyre seg nett 71slik, nei. Dei hadde lært seg til aa ta verda med ro, gamlingane. Miste kje sansen for smaating. No gav dei seg til aa gnavle sitt brød og slurpe sin kaffi som um ikkje eit ord var sagt. Han maatte aldri innbille seg slikt som at dei var imponera, den gode Henrik’n!

– Han Henrik blei so flat og gamal der han stod og venta paa eit ord. Men so tok sinne han. Og han bynte aa banne desse elendige, gamle sluskane som inkje vilde skyne. Han lukta nok lunta, gjorde han! Forstod nok at dei no sat der sprekkeferdige av avindsjuke, svina, fordi dei ikkje hadde slik ein unge! Men dei skulde skamme seg! For ingen av dei var sopass til kar at dei hadde ein son – utan han Anton Graabein, daa! Men slik ein son var det vel best aa be Vaarherre fri seg for! For kva han var, visste daa alle! – Elles var dei no ikkje sopass verdt at han vilde tala eit ord til dei, etter denne dag! Og no kom sonen hans og fridde han ut or «Sorgenfri», so no slapp han vera saman med slike fæle folk lenger, gudskjelovogtakk!

– Han turka sinne-taarune av kinna med handbaken. Og so jumpa han i seng og grov seg vel ned. –

Men dei andre sat til dei var ferdige. Og daa dei langt um lenge tok til aa prate, var det vere dei tala um. – Han Petter Loppa gjekk til vindauga og stelte seg til aa glana 72paa himmelen: Det blir nok snart uvêr naa! sa han. Ja, gi’ det vilde bryte laus, saa en blei litt freskere!

So snudde han seg mot dei andre att: Forresten er det vel ikke saa stort aa skryte av, at en har en søn som opptrær paa sirkus! meinte han. Jeg har sjøl opptraatt paa sirkus jeg, i min ungdom. Ja, jeg har kasta mig paa hue ner fra hver evige sirkuskuppel i hele Europa jeg, om vi skal snakke om det. Baade for konger og keiserer. Men ikke saan at jeg vil skryte av det. Men saa mye sier jeg dig, Henrik: Kommer du en dag og forteller at denna sønn’ din, denna majoren, har gjort kunstene mine etter; at han har kasta sig fra sirkuskuppelen ner i vassgrava i manegen med klæda i lys lue – ja da har du lov til aa vera kry! Men saa lenge han bare tør staa paa ei plattform og fekte med armene og klappe i nevane, saa lenge skulde du helst ikke nevne at du har noen søn, gutten min! Det er naa meninga mi!

– Dei andre la ikkje i mot. Var visst einige. –

Han Henrik vart liggjande ut over formiddagen. Las idugt i bibelen. Og stundimillom nesta han hendene og leda lippune. Laut ta att det no, at han hadde banna so stygt i dag tidleg! –

73Dei andre var ute i gardsrome. Sat paa krakkane der og sola seg og røykte. Berre Konsulen var inne. Han hadde sete og lese som vanleg. No reiste han seg og tok nokre slag millom sengjene. Laut rette ryggen lite grand. –

Han stanar framfor han Henrik og ser paa han. So set han seg paa sengekanten hos han: Han kommer vel opp og ser til dig i dag, sønnen din, seier han. – Naa naar han er i byen likevel. –

Han Henrik ser kje upp. Svarar ikkje. Men Konsulen let seg ikkje skræme: Det er bare det, seier han, at dersom du vil laane diplomaten min, kan du gjerne faa lov. Jeg bruker ‘n ikke likevel, naa om dagen! No ser han Henrik upp: Aa skal jeg med den hovne diplomaten din? spør han. Har jeg spørt om aa faa laane ‘n? Konsulen er like roleg og laagmælt: – Jeg tenkte det var morosamt aa vera fin, jeg! seier han. Naar naa han kommer, saa. –

No kastar han Henrik seg over paa andre sida: Ha diplomaten din sjøl du, Konsul! Du klær ‘n bedre!

– Togn. Konsulen ventar eit par ord til, men dei kjem ikkje. Daa reiser han seg og gaar burt til seg sjølv. Og han finn seg noko aa lesa i att.

– Han er kje langt komen, fyrr han 74Henrik er burt hos han: La mig prøve den diplomaten din da! seier han. Saa har du ikke det aa si, at jeg er vrien. Men skynt dig før dom andre kommer!

Det gaar ein smil over det kloke andlite til Konsulen. Og han reiser seg og finn fram ein nykel han ber i ein hyssing kring halsen. Og han legg seg paa kne burt i roa ved senga si. Og han opnar eit knirkande kuffertlok og trivlar litt millom nokre klæde der nede. Og so lyfter han diplomaten i vere. –

– Ein halv time seinare gaar han Henrik og spankulerar millom sengjene. Andlite hans skin av grønsaape, og styvlane er so blanke som ein med rimelegheit kan krevje av beksaumstyvlar som i dag for fyrste gong har smaka blanksverte. Men det finaste av alt er no diplomaten som heng so romsleg paa dei runde akslene. Diplomaten som gøymer den skitne skjurta og frynsune ved broklummune og hole i buksebaken. –

Konsulen staar med byrsten i handa og kastar det siste auga paa festbunaden: Naa kan du gjerne gaa til kongen! dømer han. Majoren kan komma aa tid han vil! –

– Han Henrik hadde til dagleg ord for aa vera ein stilsleg, tolsam mann. Men det vilde vera synd aa seia at han tok det med ro i dag. Klokka skulde han ha greie paa kvar femte minutt. Den andre tida bruka han til 75aa liggje i vindaugskarmen, trass i det at Konsulen gav vondord fordi han skrukka til diplomaten. Men det var nyttelaust aa tala til han Henrik i dag! Han maa snart vera her naa! heldt han paa. – Jeg skal vaage paa han er her om ti minutter! – Og han tok seg kje nær av fantord. Han var viss paa det, at dei hadde vore likso forhipne dei andre, dersom dei hadde havt ein son aa vente paa – ein som ikkje hadde vore aa sjaa paa fem aar. – Men det gjekk mange gonger ti minuttar, og ingen major kom det. Han Henrik fekk sterkare og sterkare feber. Han orka kje halde seg i hus heller no. Strauk ut paa gata og drog berrhovda att og fram millom «Sorgenfri» og gatehyrna. Glante nedetter gata, og skunda seg burt til «Sorgenfri» att. Livande rædd for at den han venta skulde ha kome ein annan veg. –

– Og det underlege hende, at feberen smitta dei andre og no. Dei pynta seg dei og, tok paa seg det likaste dei aatte. Og dei reidde upp sengjene so teppa laag glatte og strokne. Og dei fekk tenestgjenta til aa sope golve betre en til dagleg, og dei sette dør og vindauga paa vid vegg, so det vart frisk gjenomtrekk. Og dei sputta kje paa golve ein einaste ein av dei. Han skulde faa sjaa det, denne majoren, at det var skikkelege folk faren hans 76budde i hop med! Dei skulde vise han at dei var kje noko fantepakk!

– Men dagen gjekk og majoren kom ikkje. Og det gjekk fleire dagar. Dagar med diplomat og reint golv og glatte sengjer og gjenomtrekk. Men det var desverre ingen andre som fekk godt av dette en gamlingane sjølve. –

Han Henrik laag vaken kvar morgon, ferdig til aa gripe blade med same det vart slengt inn. Og han slukte kvart orde som var skrive um den store sonen. – Det var eit herrens vêr som fylgde han, ei herleg vekkjing der han drog fram, etter det blade skreiv. Folk slost um aa koma inn i Temple, fyllte det velduge lokale kveld etter kveld. Og større og større vart tale paa dei som kasta seg ned ved botsbenken og bad um frelse. –

Han tilgav sonen sin kvar morgon naar han las um slikt, han Henrik. Han hadde daa so mykje aa gjera, stakkaren! Dei vilde vel ikkje sleppe han laus, dei der nede! –

Men naar det leid litt ut paa dagen, naar han hadde sprunge seg trøytt millom gamleheimen og gatehyrna – ja daa var det kje fritt anna han banna lite grand over dei der nede! Desse farisæarane som ikkje unnte ein gamal krok ei lita glede! –

– Og fredagen kom. Den store fredagen 77med kjempemøte i sirkus! Dei stod upp i otta alle dei seks gamlingane i dag. Det laag liksom i lufta at i dag var dagen. I dag maatte han koma. Det var kje aa tvile paa det!

Det var elles merkelegt med det. Dei hadde liksom faatt part i sonen alle saman, desse dagane dei gjekk og venta paa han. Han var kje berre guten hans Henrik lenger, no. Det var majoren dei venta. Majoren som var dei ei vitjing skuldig. Majoren som hadde lova aa ta dei med paa sirkusmøte i kveld! –

Og dei flidde seg i dag endaa umstendelegare en fyrr. Ja dei raka seg og kjemde seg heile skokken, med undantak av han Henrik og han Teodor Tull, som korkje aatte haar eller skjegg. Og gjenta laut bruke byrste og vatn og saape i dag. Dei stod sjølv over henne og passa paa at ho ikkje sluska unda med aa bruke sopelimen.

– Han Teodor Tull som slapp hefte tida burt med raking, hadde stole seg ut, utan aa seia ifraa. Men nett med same gjenta var ferdig med golve, kom han til syne i døra, smilande og straalande. Og han heldt ein stor bundel blomar i vêre, blomar han hadde plukka paa løkka, hesteblom og smørblom og prestekrage.

Han kommandera gjenta ut etter ei mjølkemugge, og han fyllte mugga med vatn og sette ho midt paa borde med blomane i. Og han 78saag byrg paa dei andre og spurde um det ikkje var nydeleg dette. Og det var ingen som kunde negte at det var staselegt med blomar paa borde. Det skulde dei altid ha etter denne dag! –

– Men han Henrik stod alt paa hyrna og stirde. Stirde uppetter og nedetter. Og naar ei kalesjevogn kom rullande mot han, vart han so anterera at hjarta flaug upp i halsen paa han. Det var klaart at han kom køyrande, guten! Sjølvsagt trong kje han aa gaa slike lange vegjer! –

– Etter som tida leid, kom ein etter ein av dei andre burt til han. Hadde kje ro heime i dag, dei heller! Laut ut og sjaa folk!

– Og snart stod alle der og hjelpte kvarandre med aa stire. Alle saman, med undantak av han Teodor Tull. For han hadde rusla den motsette vegen. Sikker paa at det var den vegen han kom. –

– Men det hjelpte ingenting alt det dei stirde. Det hjelpte ikkje at dei stod her og gløymde middagsmaten og alt. Ingen av dei som drog forbi hadde ærend til det vesle gulmaala huse burt i bakgata. Ingen hadde noko aa gjera i gamleheimen «Sorgenfri». –

– – Og dagen gjekk, og det vart natt. Og det vart morgon paa nytt.

Men den morgonen var kje han Henrik aaleine um aa vera tidleg vaken. Dei skunda 79seg upp alle, og venta paa blade. Og daa det endeleg vart kasta inn, var Loppa kjappast til aa gripe det. Men dei andre stod kring han i spaning med’ han opna og leita etter det dei hadde bruk for.

Um ei stund fann han det. Og han tok til aa lesa.

– Det var eit langt referat fraa det store møte i gaar. Det fortalde um eit stappande fullt hus, og um 44 menneskje ved botsbenken. Men slutten var slik: Efter møtet reiste majoren med nattoget til Kjøbenhavn, hvor han skal lede store møter under kongressen næste uke.

– Det vart lenge stilt. Gamlingane fatta kje heilt meininga med same. Den fyrste som forstod, var han Anton Graabein. Han klaska dei digre nevane mot kvarandre so det small. Og so sende han ein diger tobaksstraale midt paa det reinvaska golve: Aa hadde jeg han her! knurra han. Aa, hadde jeg han bare her!

– Han Teodor Tull var kje langt etter. Han treiv vassmugga og kylte ho i veggen. Og vatn og blomar og potteskaar spreiddest over sengjer og golv. Daa sette han Teodor i med ein skrellande laatt. Og so strauk han paa dør. –

– Men han Henrik hadde vorte endaa bleikare og meir samankropen en elles. Han 80høyrde inkje av fantorda som hagla ned over han. Han bynte berre aa klæ av seg. Drog smaatt av seg diplomaten og kragen og den gilde sløyfa. Drog av seg broka og dei blanke styvlane. Og han la alt saman pent fraa seg paa kufferten til Konsulen. Sa kje eit ord til takk for laane. Gjorde kje ein nikk. Gjekk reint i ørska. – Men han fann daa senga si, likevel.

Og det varde lenge fyrr han stod upp att.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Sorgenfri

Samlingen Sorgenfri kom ut i 1914 og inneholder fire noveller fra aldershjemmet «Sorgenfri». På et av rommene bor seks menn: Konsulen, sirkusartisten Petter Loppa, Teodor Tull, Henrik i senga, visedikteren Julstrup og Anton Gråbein.

I 1918 ga Braaten ut en noe omarbeidet og utvidet versjon med tittel Gamlehjemmet Sorgenfri. Bokselskaps utgave er basert på 1. utgave.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1914.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1918.

Les mer..

Om Oskar Braaten

De fleste av Oskar Braatens drøyt 30 verker skildrer fattigfolks liv på Oslos østkant. Han skriver om hverdagsliv og arbeidsfolk, om fabrikkene og leiegårdene, om det å vokse opp i fattige kår og om sosial opp- og neddrift.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.