Berre gift deg, sa Mannen; saag Katten leika.
Etter mykje Stræv og Bal var Bryllaupsdagen endeleg komin. Vinterstogo paa Utgard, som etter gamall Skikk stod tom og lufta seg um Sumaren, var kvitskura fraa Mønsaas til Dørstokk; og det var so det daama av Helg og Høgtid i kvar ei Kraa.
Feit Rotved laag upplagd i Vedrome attum Aaren; og yvi Dørine og dei smaa grøne Glasi hekk Raunekvistir og Kransar av Lyng og Reinmose. Det hadde Baani stelt til. Men framfyri Svalsdøri hadde Jon sett upp tvo Furur; og Mari sjølv hadde stukki lysande gule Bjørkegreinir innimillom; dei var som Kransar av Solblom aa sjaa i det myrke Bare.
Døri stod opi, og helgeklædde Folk 53gjekk ut og inn. Nokre av Gjestine rusla berre so, med' dei venta paa Brurfolke; saag seg um og let vel yvi Vêre, yvi Høye som var innkomi og laag friskt og goddæmt i Løo; yvi den trivlege Buskapen, og yvi ymse nye Ting som Jon hadde laga seg, sidan dei var her sist. Det var ikkje so ofte dei fôr paa Vitjing aat einannan der uppi Fjelle; og jamvel for Grannar som ikkje hadde Mili millom seg, kunde det gaa Aar og Dag dei ikkje var hjaa kvarandre. Vidgreint Ætt hadde mest alle; og skulde dei daa fara kvar Gong det var Høgtid av eitkvart Slag, so kunde det bli mange Ferdir um Aare lei; og Tidi var knapp jamt. Um Sumaren hadde dei Hendane fulle utadørs, og Vinteren var det tusund Ting aa stelle med: nytt aa gjera og gamalt aa vøle. Emne og Yrkje til Kjerald og Reidskap hadde dei i Skogen, og sjølve var dei Snikrar, Smedar o. s. b.; mest alt vart gjort paa Garden. Berre ein Skinnfeldmakar og ein Skomakar laut dei einkvan Gongen hava til Hjelp.
– Gjentur og Kjeringar flaug att og fram millom Husi med Mat og Sendingskjerald; og paa Laavebrui sat ein heil Flokk med høgtidsklædde Born stille og venta. 54Men uti Eldhuse gjekk tvo Kaffekvernar; mól og mól som det galdt Live.
Under Glasi i Vinterstogo stod Langborde uppduka, fullskipa med Høgtidsmat. Midtetter i lang Rad velduge Smørstykke og Ostar i Formir, utkrota i fine Mynster med Namn og Aarstal paa Sidom. Det gule Sumarsmøre skein som Gull; og den raudbrune Geitosten var som gamalt Kopar aa sjaa i Ljosken fraa Aareelden. Men millom Ostane og Smørformine stod kunstfuldt utskorne og maala Grautdallar fulle av feit Rjomegraut, som sumde i brædt Smør, og attimillom paa høge «Treføtar» Vaflar, Lefse, Flatbraud og ymse Slag heimelaga Bakels. Der var Krotkake og Skrivarbrød, Tunnkake, Goro, Rjomebrød og Jønnbrød. Og Gubb, Sønngraut, Feitost og Tjuke vanta ikkje heller.
Kring Aaren sat det ein Krins av dei drustelege Kjeringane som hadde laga og ført med seg all denne gode Maten. Dei var klædde i svarte, tjukke Livkjolar av uslitelegt Vadmaal, og paa Hovude hadde dei svarte, klædsame Silkeluvur. Dei var aalvorsame og velseda, kaffemette og velnøgde; og dei ordførde seg fint og vyrdelegt. Det var liksom so høgtidsamt soleis 55fyrstpaa i eit Gjestebod. Dei hadde strenge Reglar for god Folkeskikk; ein fekk ikkje fara og vimse som andre Fantar, eller tala Tull og Inkjevetta. «Det høyrest paa Talen, kva Ty som er i Folke,» sa Ordtøke; og det var deim i Blode gjengi.
Fleire hadde Smaaborn med seg og sat framfyri Elden og gav deim Bryst. Livkjolen var lett aa hekte upp, og dei sat med si rike Kjelde opi for alle. Dei velfødde Smaatrolli drakk, so det mest gjekk paa Live; og Mødrane bøygde seg yvi deim byrge og sæle. Dette var deira beste Kvilestund baade for Kropp og Sjæl. Elden lyste paa dei djerve, breidskorne Andliti; og det var so det skein av blanke Augo og blodfull Helse. Det var so hjarteleg godt aa sitja soleis i Ro ein Dag i hugnadlegt Lag, fri for Matsut og Husarbeid. Og med godt Samvit sat dei her; det var ikkje oftare dei var ute. Og kvar ei visste med seg, at Grauten hennar var so feit som Raad var, og at der ikkje var spara paa korkje Smør eller Rjome i Vaflane og Bakelsen ho hadde med seg. Den eine Grautdallen var finare utstasa enn den andre, sùme med Skivur av hardkokte Egg og kløyvde Kveiteballar som flaut i gult Rjomesmør, 56andre med Rosinir eller Sviskur lagde i fine Mynster og dugeleg dusta med Kanel og Strøsukker, noko dei berre hadde til slikt Bruk; sovorne kostesame Ting aat dei aldri heime. Dei hadde Mat nok, helsesam og god Mat; men alt som det skulde Skillingar til laut ein spara paa.
– Jon hadde skyssa Brurfolke aat Kyrkja. Dei hadde vori burte med Natti; for Vegen var lang. Men no var dei ventande, og ute i Eldhuse stampa dei Bruregrauten med Magt. Sendingsmaten skulde nok staa framme; men det var berre Smaamaten aa rekne for det, og den vart helst étin andre Dagen, naar Skyldfolk og Grannar kom att og hugga seg med dei langfarande Gjestine som laag i Bruregarden baade ei og tvo Nætar.
Den rette Fyrstedags-Grauten vart kokt i Bryggjepanna av 30–40 Pottur tjukk Rjome; og for Kokingi stod Godfar og tvo av dei grommaste Kjeringane i Lage. Det var eit ærefullt Yrkje aa koka Bruregrauten; og det skulde stor Gløggskap til aa velja ut dei rette Kokkune, so ingin kjende seg sett til Sides. Det var Kjeringi paa Garden, som etter Samraad med Mannen laut inn i Kjeringflokken og beda dei utvalde, 57vm dei vilde gjera so vel og hjelpe til med Grauten. Og Nei var aldri aa faa. Var det so dei var trudde til det, so fekk dei sagte freiste aa gjera det so godt dei kunde. Endaa til han Godfar, som høyrde Huse til, vart bedin soleis; og han svara som dei andre, og med ei lite Skjemteord til Kjeringane: dei tykte full' han var for gamall no til aa vera med i Bruregrauten, kannhende; men, – var det so dei godkjende han, so! – Jau, sagte vart han godkjend. Det var no fulla ingin Kar i Bygdi som hadde vori med paa so mange Grautkokingar som han; og aldri hadde dei høyrt gjeti, at han hadde svidt Grauten, let Kjeringane smilande og blide. So rusla dei yvi Tune med Godfar imillom seg, noko lite brydde av aa bli soleis gjorde Ære paa; men fjaage og byrge i Grunnen, og heilt upp i Gjestebods-Godlag. Det var so, at det jamt laut vera ein Kar med paa Grautkokingi; for det var eit stridt Arbeid aa stampe Graut av 40 Pottur Rjome. Og so var det hugsamare og, maavita; det vart liksom meir Magt i Skjemten, naar der var Karfolk med. Og ein skulde altid gjera Arbeide morosamt naar Raad var, allvist daa i Gjestebod.
58– Elden loga paa den gamle Gruva i Eldhuse; og det eima og daama søtt or den digre Gryta, der Smøre pipla og putra kring Kantane paa den velduge Grauten. Dei tri Kokkune stampa kvar si Rid; og varmt var det aat deim so det var i stridaste Lage. Endeleg var dei siste Mjølsleivine uppirørde; og daa kneip det. Sviddest Grauten, vart det Spott og Skam og ingi Moro.
Den vesle Gluggen uppaa Veggen stod opin; Sol strøymde inn og sveipte halve Rome i Gullglans og sterkt grønlegt Atterskin fraa Grasbakken utanfyri; den andre Helvti, der det gamle skjeive Veggskaape stod, laag i løyndomsfullt Halvmyrkr. Men midt i Solflaumen stod dei tvo Kjeringane, breidbarma og heite, og Godfar med sitt klaare greidskorne Bondeandlit og sin kongelege Bunad med Sylvknappar, Spenneskor og skarlaksraud Skjurte, – eit fargesterkt, fagert Bilæte av Velstand, Helse og friskt Arbeidsliv, der alt liksom enno var i Pakt med Himil og Jord. Alt var einfelt og utan Fusk; der var inkjenoko aa gøyme i myrke Krøar; og dei visste ikkje av aa slaa Augo ned for naturlege Ting. Berre det som var imot Naturi var 59skamlegt. All Skapning var Vaarherres Verk; alt Liv laga seg etter hans Vilje; reine Augo saag ikkje Lyte ved det. Fagert og godt var Live; sæl den som fekk njote det i lange Live dagar!
Lukkelegare, friare og helsugare Menneskje enn desse tri Grautekokarane i det vesle svarte Eldhuse skulde det vera seint aa finne; betre Mat enn den fløyelsmjuke Rjomegrauten med sin friske søtsyrlege Ange av Sol og Sumar aat ingin Keisar; og ikkje i alle Heimsens Grendar skein Soli bjartare eller kvelvde Himilen seg høgare og meir tindrande blaa enn yvi den vesle Grendi ved Sirilsjøen, daa Lars og Mari køyrde inn paa Utgardstune fraa Kyrkjeferdi si.
– Tvo Gjentur kom springande inn i Eldhuse med Olav Spelmann imillom seg og sagde fraa, at no var Kyrkjefolke paa Tune. Han Godfar tok Tvoro fraa ei av Kjeringane med' ho kvilde og turka Sveitten av seg: «jau», ropa han til Olav; «no kjem du tilpass! Beiskede stend det itte um han vil brennes! Det er fult forForfatternote: det er fult for: det er Von til Kjeringann' ha pint Smøre for vel utor'n,» la han til og saag blidøygd burtpaa den 60kvite Trebunken med Rjomesmør, som stod burtpaa Benken. «Jadde trur ej itte han sit fast paa eine Sida! Ja no lyt du spela han laus, Gut, um du skal spela til Blode sprett fraa Fingertuppane!» Han rørde so Grautkleppane spratt i Varmen, uppglødd og kaat som ein Ungdom. «Hei! spel no til Strenginn' brest, Gut, liksom Stolt Gudmund, daa han spela Signeliti or Fange paa Nykken!»
Og Olav strauk upp «Grauteslaatten» med eit Stròk so kvasst, at Kjeringane kvakk, og spela han tilendes fast og sterkt, som det galdt aa mana den Vonde. Og sjaa! Grauten vart som livande i Gryta og dansa som eit olja Hjul kring Tvoruskafte. Daa sette Godfar Tvoro midt i Grautklumpen og turka seg yvi Skallen med TrøyeÆrmi: «Aa jau; det var Gut som kunde spela! Jadde maatte 'n til naa lel.»
Og so maatte Gjentune fram med Grautdrammen. Den eine av deim hadde ei liti Lummelerke under Forklæde, og den andre ein Tinnbikar. «Fyrst Spelemannen», sa Godfar; «det er itte godt aa vaattaa ker Slag Graut det hadde vorte utan hans Hjelp.» Dei drakk einannan til med Laatt 61og mange Skjemteord; og Kvinnfolki tok til aa ause upp Grauten i Svarvekoppar av kvit, fin Rotved, og sette Fati i Rad paa Benken. Gro var komi med tvo Kræmarhus og gjekk og strødde Kanel og Sukker paa; det skein i det gule Haare i Solglimen under Glase. Olav Spelemann stod i Døri og saag tryllt paa henne som ho der sveiv; alle Dagar maatte Sol ha lyst yvi henne. Og alt dikta seg um for 'n i Tonar og Leik: Gjenta lett og ljos millom filsbeinkvite Fat i døyvd gyllt Solglim gjenom grøne Glas; Syn, Draum, Dikt vart det; aa, som han spela. Ikkje ei til som ho fanst det. So ven og ljos og lett; so stilslegt og fint eit Lag; di meir han saag paa henne, di meir vart ho liti Kersti med Gullhaar yvi Herd…
Daa ho gjekk var det som han vakna. Han strauk seg yvi Augo med ein Sukk; han var reint ør vortin av den vesle Drammen.
Endeleg var alt som det skulde; og Kjeringane tok kvar sitt Fat. «So Olav, tak no Fela og spela ut Grauten.» – «Ja», lo Olav, «eg skal spel' Take taa Husa; hei! Agte no Grauten, so han itte danse tor Hennom paa Dykk!» Skjemtande drog dei i Veg med Olav fyri, ei heil Reid 62med Kjeringar og Gjentur som var innropte til aa vera med aa bera inn Grauten. Yvi Tune bar det aat Vinterstogo med' djerve, glade Feletonar song ut-yvi den høgtidsklædde Fjellgarden.
Men utanfor Gamle-Stogo laut dei vente, for derifraa skulde Karane koma med Fisken. «Kar e Kar, koss en snur døm; sjaa no lyt me staa her!» Og Kjeringane lo og skjemta og sende Spitord inn i Stogo aat Karane. Men endeleg kom dei. Seks Gubbar i svarte Vadmaalsbunadir med blenkjande Sylvknappar bar kvar sitt vesle Tròg med ljosraud, nykokt Fjellaure; stød og vyrdeleg skreid so heile Ferdi avstad aat Brurehuse, som bar dei eit angande Offermaal fram for megtuge Gudar.
Inne i Stogo stod Brurfolke midt paa Golve og helsa paa Gjestine. Seint, men støtt, etter Alder og Vyrdnad gjekk Skyldfolk og Grannar fram, tok dei Nygifte i Handi og ynskte deim til Lukke. Eit Grand brydde var dei alle, naar dei soleis liksom skulde syne seg fram; men ingin var so ille brydd som Bruri. Ho stod der baanebljug og illsvèdi attmed sin store Herre, heit og raud og sveitt, hadde beintfram 63Feber. Svolti og trøytt var ho og etter den lange Ferdi; ynskte berre at dei snart maatte faa setja seg nedpaa.
Men det tok Tid aa faa alle vel og vakkert til Bords paa det Rome som kvar hadde Krav paa. Dei eldste av Skyldfolke skulde sitja øvst; deim maatte Jon og Kari mest bera uppi Benken, so bljuge var dei. Men var dei fyrst uppi komne, so sat dei, og sat trygt; no hadde dei med Gud og Retten sitt Rom; for strengt etter dei gamle Reglane gjekk det; og dei visste kvar med seg godt kvar dei høyrde til, med alt det Motstand dei gjorde. Med Skjemt gjekk det; men i grunnen var det aalvorsamt nok; skulde det hende, at nokon ikkje fekk sitt rette Rom, so vilde ikkje han hava meir Moro den Dagen. Med slikt var det strengt som i ein Kongsgard.
Daa endelig alle var vel til Sætes komne var Jon reint varm vortin; «huff», sa han, «dette var verre enn aa vera Fiskkokar og; ej vart reint svett ej, Gut!» So fekk han daa sett seg, han og.
– Samrøda gjekk fyrst trøgt og laagmælt. Jamvel Lars kjende seg brydd idag, og var ikkje so fritalande som elles. Ein laut vera stød og vyrdeleg naar ein var 64Brudgom. Og dei sat der i Høgsæte, Mari og han, utan Smil, med Hendane samanlagde i Fange, som tvo Avgudsbilæte aa sjaa. Men daa Spelemannen steig inn yvi Dørstokken og Slaatten song upp under det laage Take, letna det. Ai, so sæl Mari vart! Det var som aa sleppe ut or ei Skruvstikke. No fekk daa Folk anna aa tenkje paa, so ho slapp aa sitja so stiv og stram lenger.
So tagna Slaatten. Matreidi kom skridande, og Fati vart paa Borde sette. Daa ljosna alle Andlit; daa losna Tungebandi.
Berit Bø, Syster hans Godfar, ei vyrdeleg Enkje paa 60 Aar, sat øvst i Benken attmed Bruri. Ho fylte Rome sitt vel der ho sat, breid og trygg, som ho hadde sett seg til for ævelege Tidir. Roleg og aalvorsam med Hendane ihopknepte under den høge Barmen rødde ho laagmælt med Bror sin yvi Borde. Han Godfar sat sjølvsagt øvst attmed Brudgomen. Og han kunde ikkje ha vori ærugare og ordført seg finare, um det hadde vori Dronningi sjølv han hadde tala med.
Lars kjende seg ikkje lite stor, der han sat. Tvo Gongir hadde han no stadi Brudgom; og gilde Gjestebod hadde dei 65haldi for han baade Gongir, som rimelegt var. Han kjende seg enno det beste Mannsemne, og der var enno att hjaa han mykje av den Sjølvkjensla han hadde, daa han sat paa ein av Storgardane i Bygdi og aat Flesk og Rjome til Kvardags som ein Lensmann, og kommederte ei skræmd Kjering. Ho stakkar, som aatte Garden hadde snart vorti Tenaren hans. Med store, audmjuke Augo gjekk ho der og stelte for han og berre liksom bad um Tilgjeving for ho var til; at Mann skulde trivast i baanlaust Hus var ikkje ventande, Det var vel ei Straff som var paa henne lagd, at ho ikkje fekk Baan. Ho kjende seg skuldtyngd og stakarsleg og bøygde seg sorgfull yvi Tyngsli; bogna og brast.
Berre ein Hende Gong var der Sol i hennar Liv, – naar Lars var blid og saag paa henne, og ei liti Stund gaadde at ho var til. Daa mjukna Hjarte hennar som varmt Vaks; og ho gret heite Taarur i underleg sorgmild Glede. Men daa maatte ho gøyme seg vel; for Lars lika ikkje Graat. Skam var det aa vera so veik og; men kva skulde ein gjera, naar ein var soleis laga. –
Daa ho endeleg døydde krank og nervesliti, 66sa Lars: «Ja vel er ho fari; men betre kunde eg ha nytta mi Tid.»
Idag hadde Tankane hans svivi um dei gamle Minni oftare enn han vilde; han saag det bleike Andlite hennar daa han skreid framfyri Altere med Mari, og han vart heiltupp harm – skaut Tankane fraa seg med Magt.
Ingen skulde tru at Lars var sopass tilaarskomin som han var; staseleg var han aa sjaa der han sat. Dei svarte Vadmaalsklædi sat vel etter den rake Kroppen; det blenka i Sylvknappar og Spenne, og den kvite Halskragen med Silkeplagge ikring klædde han so godt. Hovude bar han høgt, og det tette, brune Haare laag mjukt um den breide, sterke Skallen. Men i dei blaagraa, snøgge Augo var der noko som ropa or Vegen. Med desse Augo skræmde han Kvinnfolk, eller gjorde deim sanselause av Elsk, alt ettersom det lysta honom.
Mari kraup reint ihop attmed han av Age, endaa ho var rett overlag ven og frisk ho og i den nye Svartkjolen sin, med Krans av kvite Papirblomar paa Haare. Den Kransen var komin radt ifraa Kristians By i ein Papask so rosut og fin, 67at Mari dansa av Glede daa ho fekk han. Ja, ho gløymde mest Kransen for Asken. Det var Brurgaava hans Lars; og Paal i Osen, Læraren, hadde skrivi etter han. Aa ja, han Lars. Det var liksom noko sers fint med alt det han for med.
Ho tordest mest ikkje leda ein Finger ved Borde; «stød som ei Brur» var ikkje Ordtøke for inginting. Dei truverduge raude Arbeidsnevane heldt fast ikring den vesle, kvite Lùmmeduken nedi Fange; og ho var so heit og sveitt all igjenom i dei tjukke Klædi sine, at ho kjende seg lite i Lag. Ender og Gong bøygde ho seg ned og turka seg i Andlite; men Lùmmeduken var longe so vaat, at det lite Hjelp var i det.
Fyrste Bordsetnaden var endeleg til Ro komin, og Paal i Osen reis upp og bad deim taka for seg som best dei kunde. Paal var fast Kjøkemeistar i Bygdi, og elles sjølvskrivin til aa syngje ut Lik, beda til Brudlaups og anna som det kravdest Talegaavur til. Han var snild og godsleg, han Paal; men serskilt djuptenkt eller klaar i Hovude var han ikkje nettupp. Men tala, det gjekk lett for'n. Som eit stort Baan saag han ut med sine blide, blaa Augo og 68eit ljosgult, krulla Haar; Panna var glatt og laag; eit lite ljost Skjegg yvi den kvendevorne Munnen klædde 'n framifraa. Han hadde vori i Byen eit Bìl, og gjekk byklædd; Fjellmaale sitt kunde han ikkje heller rett lenger. Naar han tala i Gjestebod, so tala han mest som ei Bok; og ein Kyrkjesvip var der paa alt han sa, endaa naar han skjemta. Men so drøymde han daa og um Klokkarposten etter han gamle Nils.
Paal hadde Skyldfolk i Amerika; og dei sende 'n Blad eit Par Gongir um Aare, so han visste um alt som gjekk for seg ute i den store Verdi; serleg var han tidt og jamt uppglødd for nye Uppfinningar, som han drøymde um aa faa inn i Bygdi si. Men naar han hadde tenkt ei Tid paa det gløymde han det burt att. So han vart verande ein fredeleg Mann.
Daa Paal hadde tala, takka Gjestine den som baud, lagde Fisk og Rjomegraut paa Borddiskane aat seg, braut seg Flatbraud attaat og tok til aa eta. Jordeple hadde dei aldri brukt; dei vaks ikkje der. Vel og lengje aat dei, og godt gjorde dei seg av Maten; finare Fisk enn Auren Lars hadde teki dei siste Nætane, og finare 69Duppe og Attaatmat enn Rjomegrauten kunde ikkje gange gjenom Hals. Det var det beste dei visste alle; men so var det no ikkje Kvardagsmat heller.
Etterkvart gjekk Røda meir og meir høgmælt og friskt. Skjemt kveiktest og Sogor livna; mest gjekk det um Live i Fjell og paa Ferdaveg.
Fyrst laut dei fortelja nytt, dei som hadde vori med Kyrkja; det var ei heil Ferd det fraa den vesle Grendi uppmed Sirilen.
«Ej trur ej lyt gifte mej uppatt, so ej kann kaammaa aat Kyrkjenn' att en Gong, ej og,» sa Anne Kroken, ei kvìk Kjering paa eit halvt Hundra Aar. Dei sa i Bygdi, at Anne hadde «vori Enkje all sin Dag», for ingin hadde sett Mannen hennar. Det var soleis, at Foreldri hennar var flutte fraa Garden sin ned i Kyrkjebygdi til Nordland, daa ho var berre Baane aa kalle. Derifraa kom ho til Heimbygdi att med tvo Baan, daa ho var nokre og tjuge Aar. Fekk seg Stogu upp i Sirilgrendi og eit Jordstykke som mest inginting kosta, og livde sidan der med Baani sine. Kvar det var vorti av Mannen hennar visste ho full' sjølv, meinte Folk. Ho stellte seg vel og 70var til baade Hugnad og Nytte millom Grannane sine; og daa fekk det vera hennar eigi Sak koss ho fyrr hadde havt det. Ho var Kar og Kvinnfolk i eit, Anne, fødde 2 Kyr paa Plassen sin og gjekk elles kring i Gardom og hjelpte til med Slagting og anna som turvtest; ho var hendig, og ikkje blauthjarta, so ho greidde mangt, som andre kvidde seg fyri; og mang ein Smørklepp og fin Ulldott bar ho med seg att heim. Det hende og, at ho fekk Pengar for Brye sitt, Firskillingar, og jamvel Tolvskillingar; og sagte var Skillingane gode aa ha til baade Kaffi og Mjøl og anna Smaatt; men Mat og Klædesyrkje var no beste Løni. Olav, Spelemannen, var Son hennar; og so hadde ho ei Dotter som var 14 Aar og heitte Eline. Dei liktest ikkje paa Mori nokon av dei; dei var stilslege og helst noko bljuge og rare av seg; ikkje helsesterke heller. Olav var svarthærd som ein Tater og bleik i Hamliten; alle deruppi tykte han var stygg; og Eline dugde ikkje til anna enn aa gjæte Kyri. Det lika ho betre enn alt; og dei lange Vintrane sat ho tagall og bleik og stunde etter Vaaren.
Anne treivst so vel med aa reike Bygdi 71rundt, at Borni mest var for seg sjølve heime. Og dei heldt godt ihop dei tvo. Olav var som ein Far for den vesle Syster si, og ho som ei liti vyrk Mor for den underlege Bror sin. Men dei vart liksom framande baade for Mor og Bygdefolk.
Ho kunde vera heller uvyrdi i Munnen ho Anne, og der vart jamt Laatt der ho var; men vondt fanst det ikkje i ho. Han Lars og ho var jamt dei som fekk Skjemten i Gang. Han beit paa no og, endaa han var Brudgom. «Ja, den tridje, det fæ' bi du, Anne,» sa 'n og lo. Og dei andre lo med. Ja rett han Lars! Tenk, tala um «den tridje» no alt!
«Daa fæ du agte dej, so det itte gjeng med dej som det gjekk med Hougsgubben,» sa Godfar. «Han køyrde seg ihel Dagen etter tridje Brølloppe sitt han, vet du, men daa dei kom køyran' med Like, sa Kjeringa: Gudskjelov Hesten kom daa att.» Meir Laatt.
«Far min kjende væl Hougsgubben daa 'n va ong,» sa Paal; «det var en tapper gammel Mand det.»
«Va det itte han som skaut Svensken i Kviknefjella?»
«Jo,» sa Paal, «det var just han det.»
72«Ja koss va naa dæ du – ej høyrde da gjeti dæ den Tid ej va Baan?»
«Det kann Jo best fortælle os,» sa Paal og nikka upp til Godfar. Og Godfar fortalde: «Jau, det va saaless det, at Hougsgubben sku' fara yvi Fjelle aat Røraas-Martnan'; han vilde kaupe seg Gamp og hadde vonom fleire Pengar paa seg. Daa 'n so kom uppaa Slettfjelle, sette 'n seg attmed ein Stein og tok fram Nistematen sin og vilde kvile ei Rid. Men best som 'n sat der og aat, kom det en Fark burtaat' a so braatt som 'n va skøtin upp tur Jorda, og trugde 'n etter Pæng'. «Meine du dæ,» sa Gubben og drev paa og aat; «hadde ej Pæng', so va døm full' aat anna esla.» Daa drog Farken Kniven; men Gubben treiv Bøssa som laag ladd attmed Steinen og skaut so Fanten stupte i Bakken med en Gong. Med det same saag Gubben en annan Kar som rømde burtetter Hougom».Forfatternote: Same Segni finst i fleire Bygder. Ivar Kleiven hev ho m. a. i «Fraa gamle Daagaa». Der er det ein Lomvær, som raakar eit Fantefylgje paa Lesjefjelle.
«Men jø, fekk 'n itte Straff daa?» – «Straff? Nei, Live lyt ein daa berga veit ej. Men Aare etter daa 'n kom paa Martnan' 73att kom det ein Svenske burtaat 'n og lo so lurt og sa: «hadde du snuddForfatternote: snudd: flaadd den Bukken du skaut uppi Kviknefjelle ifjor du, so hadde du no vore rikaste Mannen i Bygdi di.» Denne' strauk'n. Men Hougsgubben ropte etter 'n: «aa nei; ej æ ingin Røvar, ej!»
Dei var reint fælne vortne kring Borde. «Aa jø for Styghet!» «Sku' du ha hørt so fælt!»
Soleis gjekk det med Skjemt og Aalvor til alle var mette og Ølbollane tømde. So fekk dei «ein Kaffiskvett» til aa svelja ned med, og laut daa freiste aa berge Live til lenger utpaa Eftan, daa dei skulde faa Sodd og Kjøt.
Burtmed Aaren kom Pipune fram; dei gamle sette seg til aa svalle og karve Skraa uppi Neven; nokre av dei eldste Kjeringane var med; dei røykte Skraa i Kritpipe so godt som noko Mannfolk. Men ei og onnor yngre, som hadde teki til aa røykje og ikkje rett vilde vera ved det enno, smaug seg uti Koven og tok Middagsrøyken sin der.
Gjentune sat burt-i Kræane i Fange aat kvarandre og kviskra og smaaknisa; dei tenkte berre paa Kvelden, daa dei skulde 74faa danse. Gutar var der vonom fleire av i Lage; men no strakst etter Maten var dei som blaasne burt. I Løo og uti Bakkom laag dei i Smaaflokkar og saag uti Vêre, lata seg, smaaskjemta, stunde etter Kvelden dei og.
Men fyrst skulde dei ha undagjort endaa tri Matmaal. For ein maatte ikkje verte svoltin millom Maali i Gjestebod. Det var utruleg kva dei daa kunde leggje i seg paa ein Dag, desse smaanøgde Folki, som elles ofte laag heile Dagane paa Skogarbeid og Veiding og livde av mest inginting. Dei var «hendt som høvde»: kunde greide seg som det fall med mykje som med lite; for dei var so herle friske paa Kropp og Sjæl.
Til andre Stormaale vart tvo nyslagta Saueskrottar, upphogne i Smaabitar, kokte og framsette. Sodde var sterkt med ein Daam som av friske Urtir, endaa inkjenoko Krydde var tilsett; og daa Soddfati med Kjøtbitane uppi vart sette paa Borde til Nons, var Mathugen like frisk att hjaa alle. «Smaamaten» stod paa Borde enno; men Jordeple eller onnor Rotfrukt aat Kjøte visste dei ikkje av; Flatbraude smaka deim best attaat.
75Og Dagen gjekk med aa bera paa Borde og taka av Borde, smaasvalle, røykje og melte Maten. Dei som hadde Smaaborn laag stundom aa kvilde med deim; og alle hugga seg og stelte seg som dei var heime.
Men so kom Kvelden.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Hulda Garborgs roman Mann av Guds Naade er en hyllest til hardt arbeidende kvinner, mens late menn får sitt pass påskrevet.
Boken kom ut i 1908 og skildrer livet til den unge og drømmende Mari i en avsidesliggende fjelldal. Hun er gift med Lars (også kalt «Lat-Lars»), som sluntrer unna mens hun står på og er utrettelig. Lars er altså slett ingen «mann av Guds nåde».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1908 (nb.no).
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.