«Hugnad heime er Gjestebod kvar Dag».
Det er ein Morgon i September; Hausten er komin i Fjelle med Skoddenætar og kalde, klaare Dagar.
Kransa av skogklædde Aasar og runde, rolege Fjell ligg Sirilsjøen svartgrøn og djup som eit æveleg vakande Auga midt i Fjellheimen. Fraa Tind til Tind kvelver Hausthimilen seg høg og blaa lik eit endelaust Hav, der Øyar av Gull og Rosur driv innyvi fraa dei ville Viddir, tek Lit og Glans av Morgonrodnaden i Nord, spreidest, bleiknar og kverv burt som graa Skoddedottar yvi Aasane.
Men nye Øyar kjem att. Purpurraude, violblaa, skiftande i tusund Litir. Stilt glid dei ut fraa Eldhave attum Digerkletten, 2der Solauga enno gøymer seg, driv innyvi alle Heimar og bleiknar burt i linn Rosedaam. Lufti skjelv og bivrar, og all Verdi er som i Hildr aa sjaa under Glansen av den nye, solglade Dagen.
I Vikir og logne Bakkehall ligg det stille Gardar med Kransar av smaa graa Hus kring fagre Tun. Nyslegne, grøne Jordir dreg seg ned-yvi mot Sjøen, og ovanum stend Skogen traust og liver. Haustgul Bjørk lyser som Gull i Sol millom myrk, aalvorsam Furu, og einslege, raude Raunar stend mot den blaa Himil som Flagg i Salar prydde til Fest.
Men innimillom stikk kvitgule Reinmosenabbar fram. Dei ljose Bladi er som Sylvfiligran, og Blomen som den raude Koral paa Havsens Botnar. Og fraa den svale, doggvaate Skogbotnen stig Eim og Ange av feitt Fjellgras, ram Harpiks og svart, vatstung Myrmold; Skodda stig kald og vaat kring dei stille Strendar, dreg seg inn gjenom Skogen, sviv millom Tretoppane, smyg seg uppetter Lidir og Aasar og kverv burt.
Men ovanum Skogen, upp mot Viddi, breider Lyngen seg violblaa og raud i endelaus Skifting. Det er Glans yvi Glans, 3Under yvi Under. Som ein fager Draum er Verdi, og langt burtum alle Viddir naar ho Himilen.
Alt er bleikt mot Fargefesten yvi Fjellviddi, naar Soli ho ryr i Dalar.
– Lengst inne bak alle Aasar lyser snøkvite Tindar i roseraud Glans mot tindrande blaa Himil. Dei er som draumlette Skyir aa sjaa. Men midt etter Sjøen er Verdi delt i tvo; Sudlidi ligg i gidrande Sollaug; Nordlidi er sveipt i nattblaa Skuggar. I Sudlidi bur Folke; men i Nordlidi stend Skogen tett og myrk radt nedaat Vatne. Der er herlege Heimar for Bjørn og Varg.
Den vesle Grendi kring Sirilsjøen er ei Verd for seg sjølv, still og burtgløymd; der liver Folke sitt Arbeidsliv i Ro. Alle arbeider og alle er like; dei avlar ikkje anna enn Gras; Korn og Jordeple veks ikkje der; men Kui føder deim raust, og det beste er ikkje for godt aat nokon.
*
September er komin med sine blanke, svale Dagar og sin rolege Heimehugnad. Vel og vakkert er Grøda i Hus komi, og Buskapen stend sumarfeit og god i Heimefjose 4att. Det roar seg so godt no til Vinteren baade Stort og Smaatt; der er Liv i alle Baasar, det tygg og jortar saa hjarteleg i alle Krøar, og store, tanketome Kuaugo stirer ut gjenom dei smaa grøne Glasi.
Myrke var Kveldane vortne sistpaa uppi Sætri, og Haustvinden strauk sur og kvass yvi Viddom. Godt aa vera heime att i Vinterfjose, der Veggine er tette og held Blaastr og Snøkavar ute; her er varmt og hugnadlegt; her unar dei so vel.
I Solstrima, som skjer seg paa Snèd gjenom Glase stig Eim fraa varme Kroppar, og Bos og Dumbe svirrar i lett Dans. Det er som sjølve den varme angande Fjoslufti er full av Livsemne; alting vil til Verdi herinne.
Den siste Viko i Sætri var Dyri som ville vortne av Heimtraa. Dei la paa Bygdevegen kvar Dag; Mjølki minka, og Mari, Budeigja, sleit meir enn vondt. Kvar Kveld maatte ho renne med Gjætleguten og hente heim Kyrne; so jamenn stunda ho saart aat Bygdi sjølv og. Dette hadde no elles fleire Grunnar.
Men idag laag Mari under den lette, kvite Sumarfelden sin uppaa Hjellen i Nystogo 5og glytte paa Soli. Klokka maatte vera fem etter Solmerke i Vindauga. Ho kasta seg or Sengi og slo upp det vesle Gangglase. Aa, for friske, reine Luft! So høgt og fritt og blaatt var det under Himilkvelven; so lett aa ande; ein fekk Hug til aa fljuge som Ørni mot Tind og syngje med Lerka deruppe i Solskyi. Ai, ai, kor sælt det var aa lìva! Ho smette paa seg Stakken, med' ho smaatralla og song; gjekk so ut; stana eit Bìl paa Tròkki og glyrde mot Soli med Handi skyggjande for Augo. Derburte paa hi Sida av Sjøen laag ei liti Stogu i ei Vik; og den Stogo, den kjende ho væl. Skal tru han var uppe no, han Lars? Aa nei nei sann, um det rauk av Pipa enno! Kar var Kar, maa vita. Men no skulde der snart verta annan Dans burti Viki. Naar ho vart Kjering der, skulde visst ikkje den Pipa verta den siste det rauk or um Morgonen! Ho lo med seg sjølv og sprang aat Fjose i glade Tankar, breidbarma og morgonfrisk. Den eldraude Stakken og den kvite, stutterma Serken lyste i Soli, og ho hoppa so lett paa Føtane; det var so det kitla i ho av Livsmod og Kjæte. Og daa ho lyfte Slaai til Fjøsdøri, vart ho helsa av ei lang, lengtande 6Rauting. Endeleg! Dei stunda paa Morgonmat og Mjølking derinne, og Augo stod mest utor Hausen paa dei av Spaning og Traa, daa dei høyrde Mari.
«Aajada Stakkara,» helsa ho attende; «stend det um Live no daa?»
Og tunge Kroppar reis i alle Baasar; det skrangla i Lekkjur og sprang og spratt og remja burti alle Bingar. Og alle Hovud vende seg imot henne, og svoltne Augo stirde. Men ho gav seg Stundir; dukka Andlite ned i Vatsambaren; riste seg som ein vaat Hund og spruta Vatne kaat ut millom Fingrane; vart ho daa aldri ferdug! Den raudflekkute Kui som stod henne nærast, vreid seg mest utor Baasen; Lekkja gnog seg djupt inni Halsskinne, og ho rauta stundtròti so den varme Anden stod rett ut or Nasane paa ho.
«Nodaa, Jaala!» skjende Mari; «du fæ daa itte strype dej!»
So kom Gro, eldste Dotteri paa Garden, springande; og skjemtande og kaate tok dei tvo sterke unge Gjentune paa med Arbeide sitt. Gro var 16 Aar, Mari tvo Aar eldre; men dei hadde Armar som kunde vaaga eit lite Karslyft; og framifraa Gardkjeringemne var dei baae tvo. Gro var 7reint ljos, og blaaøygd og finare paa Skap; men Mari hadde graagrøne forlìvande Augo, og ein Munn som altid lo yvi blanke, kvite Tennar. Og ho hadde ein Sleng med Kroppen so ertande og eggjande, at Gutane alltid fekk Hug til aa ta Tak med ho. Og eit Arbeidslag hadde ho attaat so stødt og greidt, at ein vart reint fjaag av aa sjaa paa ho, naar ho sysla i Fjos og Kjøk.
Gro var dugeleg ho med. Enno var ho berre Underbudeigje; men naar no Mari gifte seg, skulde ho bi sjølv størst i Fjose; og det var ho so byrg av, at dei mest laut læ aat ho. «Det er plent som ho sku' verte Dronning av Engelland,» sa Jon, Far hennar. Og han var ikkje lite byrg av Dotteri si.
Døri til Gamlestogo gjekk stilt upp, og han Gamle-Jo, Godfar dei kalla han alle i Garden, kom ut paa Svalstroppi. Han var kvit i Haar og Skjegg og noko laak i eine Foten; men rak og raudleitt og klaarøygd som ein Ungdom, endaa han fyllte 75 Aar i Haust. Han studde seg paa Staven og saag ut-yvi. Slik ein klaar, frisk Haustmorgon var det venaste han visste. Aldri skyna han, koss Folk kunde liggje 8i Sengi, naar Soli stod høgt paa Himilen. Um Sumaren var han alltid uppe Klokka tri; han vilde sjaa den fyrste Morgonrodnaden yvi Aasen; det Syne vilde han njote, so lenge Vaarherre unnte han Liv. Han kunde ikkje tru det, men høyrt det hadde han, at der var Folk i dei store Byom, som aldri hadde set Soli renne! Arme Ting. Kva vondt hadde dei gjort, tru, med di dei ikkje skulde faa sjaa Guds fagraste Under?
Naar han stod her og saag ut-yvi Garden og Lidi og alt det kjende kjære, som han var fødd og vaksin upp i, daa var det som alt det gode i hans lange Liv sanka seg ihop og gleid framum i Bilæte etter Bilæte, det eine ljosare og venare enn det andre.
Han saag seg sjølv, ung og sterk, vassande i det doggvaate, nyslegne Høye nedpaa Vollen, svingande Ljaaen og syngjande ut i den tindrande Morgon som Lerka i Sky; sæle Stundir, daa alt vondt i Verdi sov, og alt som gledde seg og var godt song og leika.
Og han saag ho Ingerid, Kona si – Gud glede Sjæli –, naar ho kom ut paa Tròkki her, trivleg og fjaag med eit lite Baan i Armen, og ropa heim til Dugurds.
9Og alle dei velsigna Smaa! som dei kom triltande ut paa Tune velstelte og morgonfriske og ropa paa han med glade Augo, tulla Tull i Tull nedyvi Bakken og klengde seg innaat han og krabba seg uppetter han, so han stundom laut bera tvo og tvo upp-yvi att, naar han gjekk inn til Matmaali. Og so maatte dei minste sitja i Fange hans med' han aat; dei var so hugnadsame desse Stundine, daa Far var inne, og alle sat samla um Borde. Tid tok dei seg; for ein hadde ikkje godt av Maten, naar ein reiv 'n i seg; og Matmaali skulde vera Kvile og Hugnadsstundir, med Drøs og Skjemt og Samrødur um Gards-Stell og Bygdehendingar.
Og kor gildt det var, naar dei spratt og sprang paa Vollen og leika seg med Kje og Lamb, og naar dei fekk ei lita Rive hell ein litin Ljaa og lætst vera med i Høye.
Aa ja ja, for sæle Tidir! Men eit saart Minne hadde han. Ikkje det at Ingerid døydde – ho var sæl sloppi; men Tore, Guten, som strauk heimanfraa og no i mange mange Aar hadde vildra ikring der burti «Amerika», – det var Saare som aldri heilt vilde gro. Men inkje nytta det 10aa tenkje meir paa det; burte var burte; glad fekk han no vera so lengi dei andre hadde Liv og Helse.
Daa Godfar saag Mari smette gjenom Fjosdøri so fjaag og lett paa Foten, riste han paa Hovude og mulla med seg: «ja, du kann sagte sprette; du vert no sopass til Kjering rettno!» Mange galne Gjentur tyktest han ha sett; men aldri Maken til denna, som vilde gifte seg med Latlars dei kalla, – gamall og gardlaus, og Enkjemann attpaa! Og ho var snaut 18 Aar, og frisk som ei Fjelltite! Ja ja, Stakaren, du syng vel ikkje lengi, tenkte han, der han rusla yvi Tune aat Nystogo.
– Det rauk so friskt or Pipa; det var Von Kaffien var i Svingen. Var det ikkje eit Under, koss Vanen kunne taka eit Menneskje? Han hadde aldri so mykje som lukta Kaffi, fyrr han var ein tilaarskomin Mann. Men rett no! Det var det fyrste han hugsa, naar han slog upp Augo um Morgonen. Og soleis var det vorti mest med alle dei Gamle. Kaffiposen var likso viss paa Bylasse som Mjølsekken no. Som væl var trong dei ikkje mykje Kaupevare elles; Kui fødde deim baade godt og raust. Men ein Gong for Aare laut dei 11likevel trøyte Byvegen, um han aldri so mykje var 12 Milir lang.
Nystogo var bygd som Gamlestogo, berre noko større. Fraa den yvibygde Svali gjekk det Dør til Aarestogo. Derinne stod paa vinstre Sida av Døri eit Tvo-Høgd-Skaap, som rakk uppunder Take; attmed det var Høgsætkraai med Kraaskaap og tri rosemaala Tavlur i Veggen. Og so Langbord, og faste Benkir, som gjekk rundt Kraai og nedetter Langveggen under dei tvo smaa Glasi.
I eine Høgsæt-Tavla var maala ein Bonde, i den andre ein Prest, og i den tridje ein Krigsmann. Under den fyrste stod: Jeg slider for Eder, under den andre: Jeg beder for Eder, og under den tridje: jeg strider for Eder. Men ovanum alle tri stod med store, fint maala Bokstav var: Han er sæl, som med sinoer nøgd. Bilæti var so gamle som Stogo sjølv; og den var bygd af Godfar hans Godfar. Og av so tjukt Malmtimber var ho bygd, at der berre var sju Kvarv i Veggine; og endaa var Stogo ikkje av dei laagaste. Men Skrifti yvi Bilæti hadde Gamlejo maala sjølv, daa han gav Garden fraa seg til Unge-Jon som no dreiv 12han. Og yvi Døri hadde han eingong for Moro maala tvo Løvur etter ei gamall Postilbok. Dei var som livs livande aa sjaa, paa Sprang imot einannan, og mykje større enn dei han hadde havt aa sjaa etter.
I innste Vinstre-Hyrna stod ei breid, stutt Seng, fastbygd i Veggen. Ho var og gildt maala; og attanum var Veggen klædd med tri Tavlur som i Høgsæte. I den midtre Tavla var maala eit Bilæte av Vorherre, daa han skapa Eva. Ein Mann laag sovande paa Jordi og ei liti Dokke voks ut av Sida paa han. Men yvi deim breidde Vaarherre Armane sine ut til Trygd og Signing. Han liktest mest paa ein stor Fugl med utspila Vengir og Mannahovud.
I dei tvo andre Tavlune stod Namne og Farsnamne hans Godfar og hennar Ingerid, Kona hans, med Aarstale daa dei vart gifte. Desse Veggtavlune var den fyrste Stavebok og Bilætbok aat Baani paa Garden, og stusleg hadde Stogo vorti for alle, um dei hadde komi burt.
I høgre Kraai var den store, breide Grjotsteins-Aaren, og millom Aaren og Sengi Aarebenken, der det var so lognt 13og godt og sitja, naar ein kom inn trøytt og vaat Fraa Arbeide um Kveldom. Daa spraka Elden og Rokkane dura, og friskt og lett gjekk Samrøda med Song og Skjemt, og Smaaspikk fraa dei Unge innimillom.
Paa Høgre-Veggen var tvo Dørir; den eine gjekk aat Matbui, den andre aat Koven, der Baani hadde Sengine sine.
Daa Godfar kom inn, sat Jon burtmed Aaren med den minste i Fange, med' ho Kari, Kjeringi, bar fram Aabiten. Han var slik ein Morgonfugl han Vesl'-Ola, og kravde sitt fyrr Mori kom or Sengi. Men var han fyrst god og mett, so kunde han Far vera god nok eit Bil. Helst naar Veslekar fekk liggje laus i Reiven og spenne og spradde slik som no.
Jon tok dei smaa lubne Føtane inn i sine store, trufaste Arbeidsnevar og heldt deim mot Elden: «Huttetu; Veslegut frys paa Føtane!» Han gjorde seg so mild i Maale som han berre kunde. «Aa jøie meg, kor ille dei fær aat med ein liten Gut! Svelt gjer han, og frys gjer han, og Dengjing fær han; aa jø, for stygge Folk!» Men Vesl'-Ola saag ikkje mykje ut til aa ha det vondt der han laag. Han var saa klaarøygd og blid og rund som ei lita Sol, 14heile Guten. Kari gjekk framum deim; skulde klaare Kaffien i Aaren. Sæl saag ho paa deim: «Aa jau, det er rett Synd i deg, Farken! Men akta Broki di, Papa – sjaa, der heng ei turr Bleie paa Slindri.»
«Nei høyr paa Mama no, kor stygt ho trur um oss; ja rett desse Kvinnfolki! Men me skal sagte lære dei, me tvo Karane, naar me berre slepp til!» Jon strekte seg etter Bleia, vermde ho vel og stakk ho innunder den vesle, runde Baken. «So; no kann dei koma, so skal dei faa sjaa, kor fine me er!»
So kom Godfar. Han helsa; rusla so burt og sette seg i Aare-Benken og saag paa Soneson sin. «Aa jau; det tryt ikkje Karfolk i Utgarden,» sa han fjaag; «han veks so ein ser Mùn for kvar Dagen, Kraken! Og slikt Godlynne som det er i han; han skal ikkje skræme Folk or Stogo han Vesle-Ola, nei.» – «Aa nei, han er, sagte snil han Ola, sj'u;Forfatternote: sj'u: s(j)er du st, st, st, so, lægje aat 'n Godfar no; so ja! Sjaa no, e' det itte plent som han gjer Skilnad paa Folk alt. Han lær itte aat alle, maa de tru.» Jon var byrg som ein Keisar. «Ja daa; flink Gut, som kjenner Godfar sin; 15hæv Kar, han Vesl'-Ola!» Vesl'-Ola kunde ikkje staa seg for so mykje Smeikjing og Kitling; han lo so det higsta i han. Og den vesle Munnen drog seg i ein skeiv Geip mest uppaat eine Øyra; det var reint løglegt aa sjaa paa. Kari kom med ein Kumme og Mjølkesleiv; ho skulde aat Bui. Men ho laut stana att og sjaa paa Vedundere.
Det var so forunderleg med denne Guten. Han var den femte; men dei hadde loti vente heile 4 aar paa han, so dei hadde mest gløymt kóss det var aa hava Smaabaan. Dei fire fyrste var komne som rett var anna-kvart Aar; «dei Aargangann' plar no ikkje slaa felt», som Jon sa; men so vart det Stans; og baade Kari og Jon tok til aa tykja det vart reint stuslegt. Det var ikkje som det skulde vera, naar ein ikkje hadde ein litin ein til aa spradde uppi Knêi; Kari kjende seg reint turr og gamal, og Jon var beintfram i Ulag. Aldri var der slik Helg i Huse, som naar Mori sat med eit Baan ved Bryste. Det var stille, fredfulle Stundir, daa dei tvo som aatte det Vesle ihop tala godt til ein annan med mjukt Mæle og var sæle og takksame. Kari tykte det var dei beste 16Kvilestundir ho hadde; daa kom det slik Ro og Hugnad yvi alt; og ho traadde ikkje etter noko og sytte ikkje for noko, so lenge ho kjende det vesle, varme Andlite innaat seg. Det var som ein god Sømn med blide Draumar. Dei var nok gilde dei andre Borni og; men det var so rart med det. Var dei fyrst 4 Aar vortne, beid det ikkje Ro i deim lenger; ikkje fyrr hadde ein fengi deim i Fange, fyrr dei skaut seg ned att, so Klædi fôr yvi Hovude paa deim, og sette paa Dør.
Det var nok so, at dei aldri var tomhendte; langt derifraa; Arbeid hadde dei aldri vori ibeit for paa Utgard. Men det var so mang ei lita Stund innimillom, daa ein gjerne vilde hava eitkvart livandes millom Hendane; og difor var det stor Glede, daa Vesl'-Ola kom. Naar han vart steilt um Kvelden, sende Foreldri han imillom seg, vôg han paa Hendane, lét han gaa med dei smaa Føtane sine upp etter Bryste paa seg, klore seg i Andlite, rive og ruske seg i Haare; og alt var like gildt og nytt som dei aldri fyrr skulde havt Smaaborn i Huse. Og jamvel det naturlegaste han gjorde var Karsverk. Og han laut vera med i alt, plent som dei andre. Dei laut laga «Kjinngaas» 17og Smaaostar aat han som aat deim. Kvar Gong dei ysta hell kjinna, laag det fem smaa runde Ostar og fem smaa avlange Smørtullar paa Borde, den eine mindre enn den andre. Men den allerminste fekk Mor paa sin Braudbit; soleis fekk Vesl'-Ola Kinn' gaasi i Silsupen sin.
Og naar Jon og Kari laag i den breide Sengi um Kveldane, ho med Vesl'-Ola i Armen, og saag inn i dei sloknande Glødane paa Aaren, takka dei Gud og somna trøytte og sæle som i Abrahams Fang. Og der var Fred yvi all den Gard, til Soli spratt att um Morgonen. –
Kari stod burtgløymd og saag paa Vesl'-Ola; men daa kom det tassande ein litin Kar ifraa Koven, berføtt og i Skjurta. Det var Per, den næstminste. Han var ikkje rett vakin endaa, sjangla og glyrde inn i Stogo med Augo halvopne. Jau; der var Mor. Med eitt var han burte hjaa ho og gøymde Andlite i Stakken hennar; sette so i ei lang fælsleg Yling, so ein kunde tru det galdt Live. Dei gløymde daa reint burt honom, sidan Vesl'-Ola var komin, og han tykte slett ikkje Verdi var seg lik lenger. Han var rett annleis van fraa den Tidi han sjølv var Vesle-Gut; uhu –!
18«Men Perguten, kva er tids med deg?» Mori sette fraa seg det ho hadde i Hendane og tok han upp aat seg. Daa datt det vesle Hovude ned paa Oksli hennar, og han higsta og gret so saart, so saart. «So, so; gakk no aat 'n Papa og venn Føtann' dine; so kjem Syster med Silsupen hans Per; og so ska me ut aa lek' øss med Kælvann'; so, so! Itte graate!» Daa tagde han; men store Taarur trilla ned etter dei raude Kjakom hans, daa han gleid fraa Armen aat Mor si og ned paa Fange hans Far, der han dorma av i ein litin sæl Etterblund. Og Jon vogga dei tvo Smaa i Armane sine og smaasong:
Sette meg paa Sullarkrakk
og sulla Baani mine.
Eg ska sulla Baane mitt,
so det ska ikkje grine.
Skunda deg mi Gjente;
lat ikkje Baane vente!
Hav paa Sokkar, hav paa Sko,
gakk i Fjose, mjølka Ku;
gjev so Baane drikke.
«Ja rettno vert det eit Livandes minder paa Garden,» sa Godfar, daa dei var tilbords komne; «ho Mari syng paa siste Verse no.»
19«Ho gjer so ja,» svara Kari; «ein kann harmast upp att kvar Dag, naar ein hugsar kva Mann ho fær.»
«Du veit Kjærleiken ha' ingen Vilje,» lo Jon.
«Det er Skil paa,» meinte Kari; «ein Gubbe paa Halvhundra, som itte eig Spiken i Veggen.»
«Aa han kann full' faa seg Gard att enno, han Lars,» la Jo frami; «han æ naa ein god Timbrar.»
Men Kari berre bles. Høsch, jamenn sa ho Gard. Han hadde daa lata seg so lengi no, at han snaudt var arbeidsfør lenger; det var snaut han iddest tyggje Maten.
«Kva ser Gjentunn' etter slikt,» mulla Godfar; «han ha Stattur som ein Bisp; og daa veit du.»
«Ja, han er fin nok, Fanten,» sa Kari arg; «hadde han berre aatt Naut paa Baas og ikkje vori slik ein Kjerringplaagar som han e'. Han kunde havt nok med den eine som han hev tynt.»
«Me fær tru han hev besna med Aari,» sa Godfar; «berge ho kann me ikkje, og da fær me gjera det beste me veit.»
Mari hadde vori paa Utgard fraa ho var Baan aa kalle, og var som ho høyrde 20Huse til. No skulde dei halde Bryllaup for ho i Haust, enddaa so ille som dei lika Gifta hennar.
So reint forgapa var ho vorti i denne Storskrytaren nedi Viki, som berre var dugande i Kjeften, at korkje Godord hell Vondord hjelpte. Lars hadde vori gift i 20 Aar fyrr; og han hadde øydelagt Garen han fekk med Kjerringi si; men kva hjelpte det. Mari var stød paa, at alt hadde vori Kjerringi si Skuld; Lars hadde fortalt henne nok um, kor sjukleg og udugleg ho hadde vori. Og alt det dei talde ho ifraa, so svara ho berre, at dei aldri skulde faa sjaa henne trega. Ho for sin Del trudde ikkje det var mange Unggutar som kunde kappast med 'n Lars, korkje i Dugleik hell Venleik; og ho var rett byrg av, at han vilde bry seg med slik ei ung Jaale som ho var.
«Men han ha daa itte eingong skikkeli Hus,» hadde Kari sagt. «Han vil byggje,» sa Mari. «Til Hausten skal den nye Vinterstugo vera ferdug.»
«Ja me fær tru det,» svara Kari vantru. So snakka dei ikkje meir um den Ting. Men Kari tenkte med seg: som vel er, er du lettliva.
21Etterpaa gjekk Mari og lo med seg. Dei skulde faa sjaa! Ei vaarbær Ku hadde Lars gangande paa Øygarden, og ei onnor hadde han tilgodes av ein Mann han hadde bygt aat. So Matnaud sku' det no visst ikkje bli. Og Lars kunde tena meir Pengar, naar han vilde, enn alle dei andre Karane uppmed Sjøen ihop; og no vilde han, det var ho stød paa. Han skulde daa og faa anna Slag til Kjering no. Ai, kor ho skulde taka i! Ho kjende seg so sterk, at ho skulde greie kva det skulde vera. Ja ja; dei skulde faa sjaa! –
Den Garden Lars hadde fengi med fyrste Kjeringi si, hadde vorti seld ved Tvangsaktion daa ho fall ifraa. Det var fyrste Gongen slikt hadde hendt der i Grendi; og ingin av Grannom møtte upp eller baud paa Garden. Det var mest som ei Skam for deim alle dette, og dei vilde ikkje kaupe ut ein Granne det var gjengi gali med; og endaa var dei ikkje blide paa Lars, som attaat alt var Utbygding. Han hadde arbeidt med Timbring her i si Ungdomstid; og so vart han gift med ei av dei likaste Gardgjentune i Bygdi. Sidan hadde dei lati han faa bu paa den vesle Vangen nord i Viki, som laag i 22Bygdeaalmenningen, og lengi hadde vori ubrukt. Dette var bra i mange Maatar; men Soli hadde so liti Magt paa den Sida av Sjøen, og der var so audslegt og so tungvint i Førefallstidir, at ingen brydde seg um aa vera der. Dei hadde Jord nok elles. Lars fekk Bruksrett til den gode Jordflekken; og Ved og Yrkje fekk han taka det han vilde av i Sameigeskogen. Der var nok aat alle. So skulde han daa setja upp Gjerde, og vøla Husi, so dei vart buande i til so lengi. Noko Leige skulde han sleppe aa leggje for det fyrste; men dei venta at han skulde gjera eit og anna Arbeid hjaa dei som aatte Grunnen, naar so fall seg; han skulde og sjaa etter Tjuvfiskarar fraa Storbygdi som dreiv ulovlegt Fiske der um Haustnætane. Det var ikkje noko Papir uppsett millom Lars og deim; men dei hadde talast ved um det, og meir trongst ikkje millom skikkelegt Folk. –
– Best som dei sat og rødde um dette, og um Bryllaupe, og la Raad um kva som var aa gjera no fyriaat, kom Lars skridande inn, høg og vyrdeleg, nyraka og velflidd, so han Jon saag ut som eit raggut Troll, han stakkar, jamsides med Lars i Viki.
23«Signe Spis I» sa Lars fint, og strauk Luva av Hovude.
«Takk for det,» svara Godfar; «og sjaa du fær sitja.» Dei andre mulla «Takk» og heldt paa med sitt.
«Takk eg fæ full' sitja.» Lars sette seg innmed Aaren og sputta i Varmen: «dæ va overlag til fine Vêr me fekk idag.»
«Ja, det e' rett mykje til fint Haustvér, som vel e',» svara Jon, «so mykje som de' enno e' att utadørs.»
«De' e' sagte de',» Lars turka seg yvi Panna med Handbake. «Huff, det æ ganske vàrtForfatternote: vàrt: varmt. til aa vera sopass langt paa Aare.»
«Aa ja du ha full annvint no um Daagaann', du som snart ska flytja Kjering heim; du kann sagte sveitte!» Jon lo og glytte lognt paa 'n Lars med ein liten Skjemtesmil.
Lars kasta paa Hovude som ein kaat Ungdom og smaalo: «aa ja; du veit det er alltid Staak med Kvinnfolke.»
«Tungt aa bera, men godt aa ha,» sa Godfar.
«Det er so ja,» sanna Lars; «vriin Stav er betre enn ingin», som skrivi stend; men jadde er det eit «Staak og eit Styr, naar ein skal til Barsøls», det er det.»
24«So du lagar alt til Barsøl du,» sa Kari; ho kunde ikkje halde seg lenger; «her e' me itte naadd ti Bryllaupsbakstern enno her!»
Men daa sette Lars Nosi til Vêrs og meinte paa det, at naar rett var sku' ein alltid halde Bryllaup og Barsøl i eitt, for Kostnaden si Skuld. Det var godt alt som var undagjort. Dei hadde reist seg fraa Borde; og Godfar og Jon stod ved Aaren og kveikte paa Pipom sine; dei laut rett læ aat 'n Lars, det laut dei; han var no lik seg sjølv alltid han. Men Kari som stulla burtmed Borde vart harm; ho sa heller kvasst: «aa, det er no dei som er gifte vonom lenger, fyrr dei naar so langt.» Daa spurta Lars veldugt: «det er so det; men so kauper ein no ikkje Katta i Sekken tvo Gonger!» Kari raudna og beit ihop Termane; ho kunde ikkje svara han meir; ho var so arg, at ho hadde Hug til aa segja meir enn sømelegt var; og det vilde ho ikkje. So gjekk ho aat Bui.
Lars snudde seg til Karane og sa, som inginting var: «men kva eg skulde sagt: eg hadde tenkt meg til aa spyrja deg, Jon, vm det var so vel du hadde nokre Næver-Krullar aa laane meg? Det vart 25so seint for meg i Vaar, at eg fekk ikkje flekkje med' Bjørki løypte; men no lyt eg ha Tak paa Stogo uti der; det dryp beint uppi Sengi; og det er vel uvisst kóss ho Mari vil like det.»
«Ja,» svara Jon; «ha du itte fengi Tak paa Stuggun dine fyrr, so e' det itte for tidleg hell no, tri Vikur fyre Brølloppe.» Og Næver laut han lova, endaa han ikkje hadde meir enn han sjølv skulde havt til Tak-Vøling i Haust. Men daa han slo paa, at dei hadde tenkt aa faa Lars nokre Dagar til Hjelp fyri Bryllaupe, daa blinka det snøggt i Augo hans Lars: «ja, du vet ejForfatternote: ej: eg fær sagte freiste det,» sa han fint; «men ej ha no rivi Take paa Stuggun', so ej e'nøgd tèl aa faa paa att det fyrst; dæ va dæ.»
Jon saag forbina paa han: «ha du rivi?»
«Ja rett ha ej dæ ja, – paa eine Sida. Men som vel er, ha én gode Grannar. Mokarane og Viksgubben ha vori so gjæve aa lova seg til Doning um Tysdagen.»
Daa vende Jon Skraai millom dei tobaksbrune Tennane sine og spurta i Elden 26so det fræste. Jau, tenkte han, du er ein god Kar! Skal me naa ha Doning midt i verste Staake til Brølloppe ditt! Men høgt sa han berre! «Kannhende det, du. Det va alltid noko ulugomt nett naa; men…»
«Ja sagte er det ulugomt, ja; men kva ska' én gjera. Dej vil ej naa slettes itte bry hell denne Gongen.» Han reis upp og laga seg til aa gaa. «Men va' det saa vel ej fekk dei Næverkrullane, so –?»
Jau, han fekk sagte ta' deim, – naar det var so han vilde ha hit att nokre til Vaaren.
Lars rette seg: «Jau, som ej ha sagt: du ska' faa att ditt og meire til, er so du trøng om det, sosnart Bjørki tek til aa løype. Det va' itte Meiningi anna.»
Jon var so skipeleg som Raad var. «Nei, du vét det; men ein kann naa gløyme aav, nokon kvar, og ej ha so mykje paa mej, at ej vinns itte aa faa mej' ti ny Næver naa, sju.»
Det hadde hendt fyrr, at Lars hadde gløymt slike Laan; so no vilde han seg ja so mykje.
Men Lars vart harm. Dei fekk hugse, att um han no berre var Lars i Viki, so 27hadde han daa vori Lars Øvstegard! Og kva han kunde verte, var det ingin som visste. Dei maatte ikkje tru det var Tanken hans og verte sitjande ut-i Viki all sin Dag. Dei skulde faa anna aa sjaa! Det var daa ikkje Folkeskikk aa beintfram krevja ein Granne for eit Par Smaalaan. Ein gamal Spade, eit Grand Mjøl og ei utsliti Horv… Han skulde regtig gjera seg den Hugnaden aa gjeva Jon ei ny Horv att for den gamle, naar det leid paa; og Mjøle skulde dei faa att tvo Gongir. Dei skulde i det Heile nok faa sjaa, kven dei hadde med aa gjera.
– Jon rusla ut for aa finne fram Nævri, og tenkte Lars kom vel etter og tok ho. Men Lars kom ikkje so braatt.
Daa Jon og Godfar var burte, kremta han og ropa inn i Bui til Kari: «Ja Goddag naa daa, og Takk for her!»
Kari kom. Ho laut tvinge seg til aa fylgje Skikken. Ein kunde ikkje lata ein Granne fara skamlegt fraa Huse, kven det so var. «Nei,» sa ho, «du maa sett' dej naa, aa faa én Kaffikopp før du gjeng.» Ho sette Kjelen yvi Elden att.
fara skamlegt: gaa att utan aa ha nòti eitkvart Slag.
28Lars slog ut med Handi: «Nei, du maa itte bry dej med mej! Ej aat og drakk nyss førr ej gjekk heimann, og det e' itte lenger Vegen.» Han gjekk mot Døri, og ho maatte beda han baade ein og tvo Gongir; men so sette han seg; og daa vart han sitjande baade væl og lengi.
Kari bar fram paa Borde; og han smaaprata blidt med henne. Saag paa Vevgongen, som stod inni Kammerse, og lét væl yvi kor annsam ho stødt var. «Du kan ha nok aa tufse med lel, du, um du itte ska' ha Bry med mej kvar Gong ej sleng innum Døri; Vevgong ha du uppe og, ser ej; det er sjeldsynt dette Aarsleite, like etter Vinna og Heimfløtting og allting!»
Kari smaasvara og stelte med sitt. Kaf fien maatte vera brennheit aat 'n Lars, og Smøre ferskt. Ho tok burt det dei hadde eti av sjølve; det var noko stridt salta, so det skulde halde seg ei Rid, og sette fram ein Kumme med fint nykjinna av siste Sætersendingi.
«Aa ja; ho Mari ska' itte fara naki or Garden,» sa ho; «og ej rokk itte aa vaavvaaForfatternote: vaavvaa: veva ne' i Vaar maatru.»
29«Nei, du fekk sagte anna aa gjera daa, ja,» smiska Lars; «og en dugeleg Kar kom du med denne Gongen og; det er minst fyri, naar en ha slik Kjering!» Kari raudna der ho stod. Det var so underlegt aa høyre slike Ord av ein Mann. Ein vart som so mjuk um Hjarta, anten ein vilde eller ei. Aldri sa Jon eit Ord soleis, endaa so snild han var elles. Det var berre som det skulde vera, baade med Baani og Arbeide. Og ho var vaat i Augo, daa ho svara: «Aa du vet en fær no gjera det beste en kann.» Halsen snørde seg ihop paa henne og ho braatagna.
Lars strauk seg velnøgd yvi Hoka: «aa ja, du gjer naa visst ditt, ja! – Men det var sant, ej ha nørre Ferskfiskar aat dej, som ej stakk ne' i Kjillartroppenn. Ej tenkte det va' itte no' aa syne fram plent.» Han saag ikkje paa henne; men det blinka so forlivande i dei graa Augo hans, der han sat og aat tjukk, søt Rjome av eit Fat.
Kari stod med Ryggen til han; ho visste mest ikkje kva ho skulde svara, meinte berre, at han sku'naa ikkje brytt seg med det no. Dei var no ikkje reint fiskelause sjølve enno heller.
«Men denne er dregin i Nott,» sa Lars, 30«det sku vera liksom lite sers god Kokfisk, hadde ej tenkt. Du vet det er rart med Ferskfisken!»
Kari sanna, att den sagte ikkje var mismætande. So fekk han no berre ha Takk daa!
At Lars ingin Fiskerett hadde i Sjøen, og at det paa ei Vis var deira eigin Fisk han gav henne, kom ho ikkje i Hug desmeir; men ho tykte alltid det var eit Grand harmelegt, at han skulde hava so gode Stundir no, daa ho og dei andre her i Garden sleit alt dei orka med aa stelle til Bryllaupe hans.
Og Lars aat; gav seg gode Stundir; togg væl og lengi og drakk etterpaa Kaffien brennheit av Koppen, so ein maatte tru han vilde brenne seg livande upp. «Denna va som han ska' vera,» sa han, og nikka velnøgd til Kari.
«At du itte brenne upp dej innvertes,» sa Kari mest fæli. «Pytt ej! ej drikk Fleskefeita smellheit or Panna, naar ej e' i Skogen! Det er Kar som e' sterk, ska' ej sej dej!» Han briska seg som ein morgonspræk Hane, og Kari laut læ. Ein kunde vera so sinna ein vilde paa 'n Lars; i Godlag vart ein lel, naar han vilde bry seg.
31Ei Rid etter steig han yvi Tune med nykveikt Pipe, mett og sjølvnøgd. Kari stod i Glase og saag etter han; tok mest til aa skyna Galskapen hennar Mari. Ein saag ikkje kvar Dag so staut ein Kar; neimenn gjorde ein ei!
Jon hadde lagt Næverbyrdi utpaa Tune og var gjengin paa Arbeide sitt. Han visste det tok Tid, naar Lars skulde matstelle seg.
Mari kom smettande or Fjose.
«E' du der, Tytta!» sa Lars blid. «Det va' skidt du itte kunde vera med aa bera Nævertullen aat mej; ej ha eti so ej mest itte bele'Forfatternote: bele': orkar ga.»
«Du trur kanskje itte ej orke?» sa Mari kvat; ho sprang burt og slengde Nævertullen paa Oksli so ho mest seig i Kne, og rende so nedyvi Bakken med han.
«Jau, ej ser du kann!» kytte Lars; han stakk Hendane i Broki og rusla etter.
Men ned i nedste Kneiken stupa ho; og Rullen for yvi Hovude paa ho og trilta i Veg nedyvi. Daa sette Lars i: «Ja sjaa der! Laag du itte fyrr, so ligg du naa!» Han skunda seg framum henne til aa faa Tak i Rullen fyrr han gjekk paa Sjøen. 32Ho lo so ho higsta, og venta paa at han skulde taka burti henne og segja henne eit hugnadlegt Ord fyrr han reiste. Men du var fri. Han kasta berre Nævri uti Baaten, steig uppi og skaut ifraa Land. Ropa so innyvi: «Sjaa til aa ha dej uppatt no, Skratla!» Ho velte seg overende, strekte Føtane rett ut og ropa kipi: «fædu 'n tur Baata atte no daa, trur du, hell ska' ej kaammaa aa hjølpe dej?»
«Ja kom berre, er-so du vaagar dej,» svara han. «Bæ; nei no ska' du sagte faa vente, Styggen!» So sette ho paa Sprang upp-yvi att. Men ho var eit Grand lang i Andlite. Fælt so annvint som han hadde idag. Det kunde daa vori hugsamt aa svalla eit Grand ihop. Men slik var han; ein visste aldri kva som stakk han.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Hulda Garborgs roman Mann av Guds Naade er en hyllest til hardt arbeidende kvinner, mens late menn får sitt pass påskrevet.
Boken kom ut i 1908 og skildrer livet til den unge og drømmende Mari i en avsidesliggende fjelldal. Hun er gift med Lars (også kalt «Lat-Lars»), som sluntrer unna mens hun står på og er utrettelig. Lars er altså slett ingen «mann av Guds nåde».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1908 (nb.no).
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.