«Danse no; de æ itte for Moro Skuld hitkomne.»
Av alle dei gamle Husi kring Utgardstune var Drengjestogo det eldste og paa sin Maate det gildaste, endaa det baade var skakt og skeivt vorti gjenom Tidine. I kvar Mannsalder vart gjerne eit hell anna nytt Uthus hell Stoguhus uppsett; men dei gamle fekk staa so lengi dei kunde vera til noko Gagn. Soleis kom Gardane ofte til aa sjaa ut som smaa Landsbyar; der kunde vera upptil 20 Smaahus paa ein Gard.
Drengjestogo paa Utgard var lang og laag med Kleve og Trev. I eine Hyrna stod ein gamall Aare av digre Steinhellur, so vid og romsleg, at ein gjerne kunde danse uppi han, vart det sagt; og rundt Veggine var det breide Benkir, laga som 77lange djupe Kassur, til aa liggje i, eller til aa gøyme Reidskap i. Dei tjukke Timberstokkane i Tak og Veggir var blanke og svarte som Ibenholt av Røyk og Sot, og ein kunde sovidt sjaa, at dei var maala all yvi med Dyr og Blomegreinir. Det skulde vera den fyrste Stogo som var bygd uppmed Sjøen her; og ho var innpaa 300 aar gamal. I dei hine tvo Hyrno stod breide uppreidde Sengir med Fellar og Aaklæde, og i det fjorde eit veggfast Kraaskaap, likso gamalt som Stogo. Elles var Rome tomt og soleis lugumt til Dans og Leik. Til Kvardags var der Snikkarverkstad; men Yrkje og Arbeidsvelde var no lagde paa Himlingen, og fint og nyskura var det der, som alle andre Stadir paa Garden.
– Ute var det hustre vorte; skoddetung og myrk laag Haustkvelden yvi Fjellheimen. Sjøen syntest eit svart Djuv nedunder Garden; han song sin siste tunge Song no, fyrr Isen kom og kvævde Liv og Leik. Men ovanum stod Skogen svart mot den nattgraa regntunge Himil, og Trei baska i Vinden som stridde dei den siste Strid; det skreik og stunde og ylte kring i Lidom, og alt livande kraup i Skjol.
78Millom Husi maatte ein finne fram etter Ljose fraa Vindaugo og dei opne Dørir. Dei som gjekk og bar Mat att og fram maatte agte seg vel, at ikkje Vindflagune tok det dei hadde i Hendane og førde det ut yvi all Marki. Det arbeidde seg upp til Uvêr etter dei fine Septemberdagane.
Gjenom Døri fraa Drengjestogo stend ei breid Strime av Gov og raudt Ljos ut yvi Tune. Paa Aaren derinne sprakar eit veldugt Feitvedbaal; raude Eldormar renn med Smell og Knestring og kvasse Skot uppetter Steinhellune og tøygjer seg i lange, sleikjande Tungur upp gjenom Pipa. Heile Rome ligg i Glans og varm Ljoske.
Og i den raude varme Glansen svingar dei rundt, Par etter Par; lange, svarte Skuggar dansar paa Veggir og under det sotblanke Take. Rundt og rundt sviv dei i taktfast Polskdans til Felelaat, kaate Rop, glad Laatt, Tramp av tungskodde Føtar. Utanfyre høyrest det i Stormen som Duren av ein Kvernekall langt burte.
Attmed Husnovir og Svalsdørir gløder det no og daa i ei kveikt Pipe; det er som Trollaugo aa sjaa i Myrkre; og stundom 79fyllest Døropningi med svarte Skapnadir som i Halvljose vert underleg tunge og trollske. Og Fela syng og lær og græt og skrik den eine vekjømeleg ville Slaatten etter den andre som Laat fraa andre Heimar, – Heimar som berre Spelemannen veit um. Som ein stor svart Fugl heng han yvi Fela, og lutar djupare og djupare, til dess han ragar og vil detta framstupes. Daa kvekk han, rettar seg upp og braasluttar. Det er seint paa Natti, og han er so trøytt. Men ikkje lengi fær han kvile. Gutane trampar som unge Folar; og Gjentune trippar der dei stend og eig ikkje Bidetaal. «Ein Paalsdans til, Gut; hei!» ropar dei; og fyrste Tona av ein ny Slaatt skyt seg som ein Brand gjenom Barmen; dei legg ut med spræk Tramping. Men lange Stundir sviv dei so stillt og lett som dei dansa paa Silke sko, rundt, rundt; sistpaa som i Ørvilla. Dei kann ikkje slutte, Augo brenn i Livsmod og ung Kraft; Andliti gløder; og runde, høge Barmar gjeng i so sæl ein Bylgjegang. Heite, sterke Gutar kreistar Kvendi innaat seg i Runddansen; og liksom dei rett trong aa røyne si Kraft, svingor dei Gjentur og drustelege Kjeringar høgt i Vêre 80og set dei ned att stilt og fint. Her var Gutar som kunde svinga ei Dros! Hei! som ei Fjør vart dei svinga rundt, endaa berre Stakkane ofte var eit Karslyft.
Fyrst paa Kvelden gjekk Dansen stødt og stilt og aalvorsamt, som eit Arbeid ein skulde gjera vel og vakkert ifraa seg. Men no var dei varme vortne; og no raadde ikkje berre Viljen.
Dei gamle som sat ikring Veggine og saag paa, trampa Takten med Føtane; ender og Gong var dei og framme og dansa. Dei kunde ikkje sitja stille, slik som Olav spela i Kveld. Han var den yngste Spelemannen dei hadde havt nokon Gong i Bygdi; men han var den glupaste likevel. Han hadde lært seg Gamalslaattane, dei beste som livde i Spelemannsminne i Bygdi; og han laga Slaattar sjølv saa gode aa danse etter, at Gutane mest vart ville.
Bruri hadde dansa seg trøytt og bleik. No, daa Stogukraai laag i Myrker, sat ho kvilde seg med Hovude paa Aksli hans Lars. Og ho geispa hjarteleg og hadde berre eit Ynskje i Verdi: gjev han vilde sitja still endaa eit lite Bìl! Ho hadde vori med aa vaska upp um Kvelden 81etter Brurstasen var av ho tekin og ho hadde fengi Kjeringluva paa Hovude. Naar rett hadde vori, skulde ho inginting ha gjort denne Dagen. Men det var so vondt aa sjaa paa at dei andre flaug for hennar Skuld, so ho laut hjelpe til eit Grand. Men berre ho no sette seg nedpaa, so dorma ho av. Svevnen tok henne, kor hardt ho stridde imot. Hu! Der spratt Lars upp att. Han hadde legi og sovi mange Timar i Kveldingi han; no var han spræk og vilde danse. Hei Kjering, no skal me danse so Take skal springe av Stogo! Han treiv henne i Handi; og halvt i Svevnørske dansa ho fram. Lars vilde rett syne, att han ingin Gubbe var; men ein Brudgom som ei ung Kjering kunde vera byrg av; og han spratt og spende og trampa som ein Unggut, ropa Hei og Haa og svinga den arme Kjeringi si mest uppunder Take. Og Mari tykte sagte det var gildt; ho lo og slong i Armane paa han, til ho mest ikkje meir kunde setja Fot under seg. Daa laut ho be' for seg; og det var det han vilde. «Ja sjaa no,» sa han; «kven er yngst!» Og so slepte han henne og gjorde eit Rundkast, med' ho sjangla stynjande burtaat 82Benken, ropa til Gutane som sat og kvilde: «Driv paa no Karar; de æ itte for Moro Skuld hit kømne.»
– – Det var so heitt vorti i Rome, at dei ikkje kunde leggje paa Aaren meir. Det berre laag og glødde og yrde og smaaspraka burti Glodhaugen; og ein døyvd varm Ljoske la seg yvi Andliti aat deim som sat nærast. Og Skuggane paa Veggjom teikna seg svarte og store. Men i Kræane var det mest reint myrkt vorti; og Knising og Laatt og Svall blanda seg med Felelaat og Tramping; dei spræke Gutane vart modige: svinga Gjentune høgt i Lufti, sette seg so braatt og drog dei ned paa Fange sitt. Men øre og kaate sleit Gjentune seg fraa dei att, og lo so Taarune trilla. Lo av alt og inginting; det var so morosamt aa liva!
Men i ein Krok sat Mari og sov paa Knée hans Lars. Hovude hennar laag paa Aksli hans; og han rugga henne att og fram som eit lite Baan. Snart dubba han sjølv og, der han sat.
Dei var mjuke um Hjarta vortne alle no, svevnuge og fornøgde av Dans og Gaman. Ingin saag paa dei andre lenger; og alt som Dansen gjekk fram paa Golve, 83fann trugne seg Hender ihop burti Kræane. Augo vart varme, og bljuge Ord vaaga seg fram.
Ivar uppi Trøen hadde fengi Kjeringi si uppi Fange, trilti og rund som ho var. Han heldt henne um Live med baae Armom; og det var ikkje meir enn Armane godt rakk ihop. Attmed deim sat Anne Kroken mett og svevnug og geispa so Augo hennar vatshagla; men den Moroi som var laut ein taka; i Gjestebod skulde ein ikkje i Sengi fyrr ein datt i ho. Anne saag paa Ivar og Kjeringi og sa med ein Laatt som ho kløyvde i tvo med ein Geisp: «Rettno veks Kjeringa fraa deg, Ivar; du før' a for godt.» Ivar klemde Kjeringi si innaat seg so det sokk iho og smaalo: «Ja trivst gjer ho, Stygga.» Men daa drog Ingerid paa Geipen: «Du kann sjølv vera stygg du, Raggen!» – «Sjaa no,» sa Anne; «no ber det ihop.» Ivar var i Svallelag og tok til aa terge Kjeringi si. Han lika ho so hjarteleg godt; og no, daa ingin annan enn Anne saag og høyrde deim, kunde ein sagte fjasa eit Grand. «Det er et Under med Kvinnfolke,» sa han, «dei kann vera so ljote dei vil; gifte blir døm. Sjaa no denna! Ej trur plent dei smør Trollsalve i 84Augo paa oss, ej.» Men Ingerid var ikkje sein til aa gjeva att. «Ja neimen um ej skjønne ker du vilde mej. Slepp!» sa ho og vilde laus, og lest vera furti. «Nei, no sit du godt; berre sit,» sa Ivar; «so ska ej fortel' deg, kva ej lika deg for.» – «Jau, no skal me høyre,» geispa Anne og turka Augo med Forklæ' snippen. «Det var det,» sa Ivar, «at du var so hjarteleg god aa koma innaat.» «Nei høyr!» – Ingerid var halvbljug og fjaag; «du visste full no' um det du!» Ho var mjuk i Maale og raudna som ei ung Gjente. «Ej hadde som ei Von um det, er det fult,»Forfatternote: er det fult: kann eg tru. («Det er fult for det»: det er Sandsynlighed for det.) blunka han blidt. Men daa daska ho han yvi dei digre Nevane som var so truverdugt ihopknepte under Barmen hennar, og sleit seg laus. «Skrytarn!» smaalo ho med ein Geip; «no gaar ej, so du vet det.» Og ho gjorde so. Um ei Rid gjekk Ivar etter. Brurfolke og rusla stilt ut, Hand i Hand. Det tok til aa ljosne av Dag; alle var trøytte.
Anne Kroken gjekk burt i Hi-stogo, der ho beintfram «datt» nedi den fyrste Sengi ho fann tom. Ho spende Skorne av Føtane og fekk av seg den ytste Stakken; 85so rulla ho seg aat Veggen og drog Felden yvi Hovude.
«Det er paa ei Von kven ej fæ uppi aat mej,» tenkte ho, daa ho drog siste Geispen; «men det fæ vaage sej.» So dala ho av i urolege Draumar; mykje feit Mat hadde ho eti um Dagen, og det var ikkje Tal paa Kaffikoppane ho hadde drukki. Men endaa meir aat og drakk ho no. Sistpaa drøymde ho noko fælt um at der var komin ein Kar med langt, svart Skjegg uppi Sengi aat henne. Føisch! Ho velte seg paa andre Sida og slog Felden av seg eimande varm og ør. Famla so attmed seg og raaka burti ei Kjeringluve. Daa somna ho att.
Men uti Drengestogo sat Olav og gnog og gnog paa Fela; bleikt Dagsljos seig inn gjenom glasi; men dei unge vilde aldri slutte. Det var ikkje Samanhang lenger i det han spela, berre tunge kvasse Tak og Strok, Rop og Skrik. Han hadde fengi Brennevin, og var ørvak og slitin. Det saag ut som Fela vilde dette av Hendane paa han, og Augo stirde ende ut, store og tanketome. Daa kom ei liti bleik Gjente inn, stiltra seg yvi Golve og tok Fela fraa han. «Kom no Olav,» kviskra ho. Det var Eline, 86Syster hans. Han saag upp, som or ein Draum; men vart sitjande. Daa tok ho Handi hans og leidde han ut; og han fylgde som eit Baan utan Vilje.
Eline hadde sovi paa Burlofte saman med Gro; og so hadde dei vakna og høyrt Fela derute. Daa sa dei baae paa ein Gong: «Dei held paa enno.» «Stakkars Olav, eg lyt hente han no,» sa Eline. Gro reis upp: «Ja, me lyt faa han ut.» Dei var samstelte som altid naar det galdt Olav. Ute var Vêre stilna no paa Morgonsida, og det var stjerneklaart og kaldt. Gro stod utanfyri, med' Eline gjekk inn. Hendane hadde ho tulla inn i Plagge ho hadde slengt paa seg, og ho hutra og fraus og var reint bleik. Det rima paa Mark og Eng, og kvit Daam steig yvi Sjø og Fjell. Olav var gul i Andlite daa han kom ut med Eline, og stiv gjekk han som i Svevnorom. Gro? Gro stod der i Morgonskoddi, kvit og ljos. Han stirde som han saag eit Syn. «Gakk aat Blaakoven og legg dej, Olav; der er Seng aat dej. I Løda er det so kaldt.» Ho skalv i Mæle som ho var paa Graaten. Gret ho? Gret ho for hans Skuld?
Olav visste ikkje av seg. Gro stod der og gret. Ho hadde tenkt paa honom, 87vakt for honom. Han vilde taka Handi hennar. Herregud, ho hadde greti, greti for honom. Han vilde graate han og; han vilde segja henne… aa nei, han maatte læ. Ha ha, ho gret for hans Skuld! Han vilde taka henne innaat seg, bera henne med seg, lyfte henne upp, høgt upp…
Eline og Gro gjekk stilt ifraa han upp paa Bure att og la seg. Og der stod han; for hans Skuld! Fatige Syndaren som aldri hadde vaaga aa tenkje slikt; ein stakkars Spelemann som var so leid av Live, at han vilde drikke seg ihel, berre han slapp til; og ho, ein Guds Engel…! Han gjorde eit Byks; sprang upp paa Laaven; kasta seg ned og sette i med ein Slaatt, so dei som laag der kvakk upp kor tungt dei sov; var Hinmannen farin i Guten?
Dei tok Fela fraa han og talde han tilrettes; han var snild og lydde; men i Høye vilde han ikkje leggje seg. «Ej ska aat Blaakoven, ej,» sa han; «der er Seng aat meg!» Og han smilte so sælt og løynskt. Dei riste paa Hovude og let han gaa; han hadde nok drukke vel mykje, stakkar.
Men Olav somna sæl under Felden i Blaakoven og drøymde seg i Eventyrland.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Hulda Garborgs roman Mann av Guds Naade er en hyllest til hardt arbeidende kvinner, mens late menn får sitt pass påskrevet.
Boken kom ut i 1908 og skildrer livet til den unge og drømmende Mari i en avsidesliggende fjelldal. Hun er gift med Lars (også kalt «Lat-Lars»), som sluntrer unna mens hun står på og er utrettelig. Lars er altså slett ingen «mann av Guds nåde».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1908 (nb.no).
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.