«Gode Grannar er betre enn Bror i framandt Land.»
Daa Lars kom heim fraa Utgaard med Næverbyrdi si, la han seg til aa sova eit Par Timar. Stod so upp, kveikte Pipa og sputta i Nevane. Han laut paa Take. Jadde laut han so. Og han steig upp og reiv nokre Torvstykkje, og noko av den gamle halvrotne Nævri, so vidt det kunde verte sant, at han hadde «rivi Take paa eine Sida». Det var gjort paa ein Times Tid.
So kokte han seg Kaffi. Drakk Kaffi og aat Flatbraud og Fenaknok og noko turka Tiurbringe han hadde hangande. Flidde seg so og drog burtum Sjøen til Vik og Mogardane. Baae Stadir fekk han Kaffi og Rjome og annan god Mat; og baae Stadir enda det med at Karane laut 34lova aa koma til Doning um Tysdagen. Naar han sat burtmed Aaren og la Glo i Pipa etter Maten, bar han fram Ærendi si, og gløymde ikkje det um Dròpane i Sengi, og kor leidt det vilde vera, naar han no fekk Kjering heim. Med det fekk han Karane i Godlag. Jon Utgard hadde vori so gild aa lova seg; og var det no so væl det vilde koma nokre fraa denne Sida og, so var han berga. Og ein kunde ikkje godt segja nei. Dei fekk no gjera det dei kunde alle, so ikkje so gali skulde hende, at Kjeringa sku' verte vaat for honom; jamenn fekk dei no det, sju. –
Vere vart fint um Tysdagen, og det vart ein hugnadsam Dag ut-i Viki. Karane kom tidleg Dags med Sendingsmat og Ambod og var i Godlag alle. Dei lika aa vera med i ei Doning no og daa; for det var mest som eit lite Gjestebod aa kalle, det.
Det var so hugsamt aa vera fleire i Lag um Arbeide soleis ibland; for Gardane laag einbølt, og dei gjekk alle so mykje for seg sjølve i Skog og Fjell. I Doningar gjekk det med Skjemt og Laatt heile Tidi, og um Kvelden var det gjerne Dans. Etter Fjostid var det som det skaut Gjentur upp av Jordi, naar det var Doning einkvar Stad. 35Stilt gjekk det; ingin var bedin nettupp; men eit liti Ord hadde dei fengi alle lel. Det var altid noko løyndomsamt yvi den som gjekk med «Dansarbod». Han kom helst i Myrkre, og tala i Einmæle med deim han gjekk etter. Og altid var det ein som kunde spela; og ei Fela laag der altid under ein Benk, naar Kvelden kom. Det laga seg altid.
– Fraa Utgard var baade Jon og Mari komne til Doningi.
Mari stod paa Tune og kokte Kaffi paa ein diger Koparkjêl fraa Utgard, – ein gamal, velrøynd ein, som hadde vori med i mangt eit Bryllaup og Barnsøl og mang ei Doning der i Grendi. Det vart liksom Høgtid paa Garden, berre denne drustelege Kjêlen kom i Tune. Slike store, dyre Kjerald gjekk jamt paa Laan; ikkje alle trong hava sovorne Ting standande. Men det var berre som ei Ære for dei som aatte slikt, naar dei fekk laane det ut. Dei laut alle laane av kvarandre i ymse Høve; det ikkje den eine hadde, hadde den andre, og sumt var det og dei aatte ihop beint fram.
– Daa Karane kom og saag at Lars ikkje hadde lagt Nævri paa, vart dei litt arge; det kunde han no gjerne gjort aaleine lel. 36Annleis med Torvlegjingi. Det var tungt Arbeid, og det var Skikk at dei hjelptest med slikt. Men ingin vilde segja noko; og dei gav seg i Arbeid, snilde og blide. Ein fekk taka det som det fall, og hyggje seg som ein kunde; Smaating fekk ein ikkje bry seg um.
Ikkje rokk Lars aa vera med noko større no hell. Han hadde det so annvint med aa vera Mann i Huse; laut finne fram baade eit og hitt, som dei trong til Arbeide; laut bera Vatn og Ved og mala Kaffi aat Mari, og gjera mangt anna smaatt; han kytte nok paa, at no kom han rettno, berre han vart ferdug med desse Kvinnfolksyslom; men meir vart det ikkje. So slengde han uppaat deim ei lita Skrøne, ein Visestubb eller eit morosamt Slengjeord; helst um kjendt Folk; Moro traut det ikkje. Ei Doning sku ikkje vera berre Slit. Dugeleg skulde ein taka i, og syne kva gjerast kunde paa ein Dag med godt Samarbeid; men ikkje maatte Hugnaden og Moroi vante heller; so Lars gjorde Gagn med sitt han og.
Mari var byrg og fjaag, og kjende seg Kjering i Huse. Vel kunde ho og gjera det; for Lars var ikkje bljug. Var det ikkje rett aat han det ho gjorde, so gav han 37vondt paa Moro, og gjorde Faktir til aa dengje henne. Og ho lo, og kasta paa Nakken og lika seg over Lag. Lars var som ein Hovding, tykte ho, ja, han kunde gjerne vori Konge, so mykje som han visste og kunde, og so greid som han var til aa kommedere. Streng var han; men det høvde aat ein Mann; og god i seg kunde han vera med, og segja sovorne Ting som det var so hjarteleg godt aa høyre. Og naar han var i Godlag og tok henne innaat seg, so var det ikkje med Maate; ho var so sæl at ho kunde døy! So stor og baus og megtug var han, at ho kjende seg som ein litin Fuglunge i Armane hans, endaa ho visste vel, at ho ikkje var nokor Tite som kom burt i Halmen, ho hell. Slik som han gjekk her idag, nytvegin og velflidd og so reint i Godlag, tykte ho han var venare og sprækare enn nokon Unggut aa sjaa. Ja, ho var so byrg av han, og so fjaag naar han tala til henne eller kom atti henne, at ho tykte det maatte ha vori beintfram godt, um han hadde dengt henne eit Grand paa Aalvor. Hjelpelaust og sanselaust hugteki var ho, ja, reint dum og jaalut. I alt anna hadde ho godt 38Vit; men naar det galdt Lars var ho som naami og blind.
Og slik Gard som her skulde bli! Det var berre fyrste Aare dei skulde ha denne eine vesle Stogo. Lars vilde strakst byggje ny Vinterstogu, so dei liksom andre kunde hava Byte paa. Og nytt, gildt Fjos skulde dei faa i Staden for det gamle, som berre var eit Geitefjos aa kalle. Alting var berre «t'art so lengi» enno; Lars var nok ikkje den som vilde bu som ein Fant. Og Kjeringi si skulde han visst faa Hjelp av; det kunde dei forlata seg paa! No skulde det bli ein annan Dans baade i eit og hitt; og mangt skulde dei faa sjaa; det kom visst ikkje til aa tryte Smaatt i Huse hans Lars heller heretter; hi – hi! – Ho gløymde aldri den Dagen uppi Sætri, daa ho hadde sagt koss det var med henne! Gjekk han ikkje ute og tralla og song mest heile den Laurdags-Natti, so ho fekk ikkje Blund paa Augo! Og so snild og god som han var med henne! Bar Vatn aat henne um Sundagsmorgonen, ja kokte endaatil Kaffien sin sjølv! Og so flust med finhoggin Ved og feit Kaare hadde ho aldri havt, som den Viko. –
Millom Tréi ovanum Husi hadde dei 39sett fram Maten paa eit Langbord, som var spikra saman av fire gamle Plankar. Som ei veldug kvitskura Hall med myrke, rake Sulur laag den fine Furumoi innyvi med mjuk, gul Reinmose i Botnen. Det var som aa velte seg i Høgjend og kostelege Vevnadir. So reint og fargerikt og vent med frisk Ange av Kvaade og Lyng. Karane slengde seg ned mathuga og fornøgde. Dei saup etter Anden djupt og langt og drog i seg den helsesame Skoglufti: ah, kor godt det var aa kvile etter eit Karstak! No var dei snart ferduge; berre ein litin Snipp av Take var att. Men no skulde dei hava seg ei god Kvild; det som att var skulde snart vera gjort.
Mykje av Maten hadde dei sjølve med seg, som Skikk var naar ein kom til Doning hjaa Ungkarar eller Smaafolk, der det ikkje var godt um Mat aat so mange. Fisk og Kaffi var mest det einaste Lars heldt; men so var og Fisken nydregin og Kaffien rein; Kaffiblandingar vilde Lars ikkje vita av. Og dei hadde ikkje noko imot ein reinsmakande Kaffidrope, dei andre hell; Blandingskaffi fekk dei heime, – naar dei fekk Kaffi daa. Og det var mange Stadir berre um Sundagen; Ungdom fekk aldri 40Kaffi. Men i Kaffivegen var Lars glup; «fekk ti» baade her og der; laante eit Grand «t'art so lengi»; fekk heim fraa Handlaren sjølv og – meir enn paa dei største Gardane ofte –; let gode Kjendingar kaupe aat seg. Men so var han ikkje nøgnare paa det; han laante burt naar det fall seg so, han og, og stakk til Kjeringane ein Neve, naar han for soleis burti Gardane. Det var so rart med det; det vart altid snaudt med slikt som dei skulde bede Mennane sine um.
– Daa dei hadde eti, kveikte dei Pipune og strekte seg i Mosen; og so tok Lars til aa syngje. Han var ein Meistar til aa kveda gamle Visur; og han kunde so mange, at han «kunde syngje heile Natti og ikkje syngje upp att den same», som det vart sagt. Nokre var lystige. Men mange var so hjarteleg vekjømelege, at Lars sjølv vart skjelvande i Maale, med' han song. Karane lydde med stort Aalvor, og naar det var paa det syrgjelegaste, laut jamt ein og annan av deim kremte og snyte seg; dei vart som so tjukke i Halsen. Mari som stod nedpaa Tune og vaska upp Koppar i eit Tròg, gløymde alt ho hadde i Hendane og berre lydde og stirde. Han hadde slikt fagert Maal, Lars; og han visste 41det sjølv; sùme Gonger sette han i som han vilde naa radt til Himils; det var so Moro aa freiste Krafti si. Han laag paa Ryggen og sende dei høge, klaare Tonane med mange Krusedullar og Trimulantar upp millom Tretoppane, so det song gjenom Skogen. Og den siste Tonen drog han ut so lengi han aatte Vèr. Vise etter Vise song han, um Sorg og Elsk, um Skjemtegaukar og Villmenne; og no lika han seg. Den Mann var ikkje fødd, som Lars i Viki ovunda denne Stundi.
Mari hadde sprungi heile Dagen og tok til aa trøytne der ho stod, raud og uppkava, og turka dei siste Koppane med Fatkluten. Men gjerne stod ho til ho seig ihop, berre Lars vilde syngje.
Og ho gret og ho lo, og undra seg yvi all den Visdom som var i Verdi, og alt det gilde og forunderlege ho høyrde um. Men alt gjekk ihop og vart til ei Rad med fagre, vakne Draumar som sveiv um han Lars. Men daa han sistpaa song «Elfsborgvisa», um den arme Fangen, som sìt og syng til den trufaste Møyi si utanfor Fengsle, daa sette ho seg ende ned og stridgret. «Gud signe dig, min Sangerven, nu kjender jeg din Røst igjen.» Lars song so det 42skalv i han; og Karane laut snyte seg i Einingi. Ja det var um at Augo vart vaate paa deim og, alt dei stridde imot. Sidan kalla Mari altid Lars for sin Sangerven, naar ho soleis gjekk og tenkte paa han i Løyndom.
– Det vart ingin Dans um Kvelden, av di det var so nyst fyri Bryllaupe, der dei venta aa faa danse nok; men fegne var dei alle lel yvi den Hugnadstundi dei hadde havt. Ein kunde segja kva ein vilde um Lars; gild var han no aa vera i Lag med soleis. Og dei takka honom og «Kjeringi», som dei skjemtande kalla Mari, og rusla paa Heimvegen med Amboden paa Okslom.
«Ja Takk og Ære ska de ha no for Hjelpa,» sa Lars. «Er-so me fær Livedagane enno nokre Vikur, so trefs me full' att. Sjaa no vel fyri dykk!» –
Daa dei var burte, gjekk Lars og Mari inn. «Dei kan gjerne kalle deg Kjering,» sa Lars kvat; «eg spaar dæ e' itte anna hell Luva som vantar.» Og dei lo og var velnøgde med seg sjølve og heile Verdi.
– Klokka 5 Morgonen etter rodde Mari yvi Sjøen til Utgard. Det var myrkt vorti um Kvelden, fyrr ho fekk vaska og stelt 43til rettes i Viki; og ho laut vera der til det vart ljost att. Men daa ho gjekk Bakken upp aat Husi, var ho ikkje fullt so rask paa Føtane som elles; og ho geispa hjarteleg trøytt. Det var tett ved at ho ovunda Lars, som laag att og sov so godt uti Viki. Ho hadde berre so vidt fengi han til aa taka ein Kaffikopp fyrr ho gjekk; so snudde han seg aat Veggen og somna att. Ai – ai – ja – jah, kor trøytt ho var!
*
Gamle Jo Utgard stod i Smidja og arbeidde med ein Laas um Kveldom. Men det var ein Laas, som ingin hadde gjort Maken til, ikkje Jon sjølv dessmeir, endaa han hadde smitt mange i si Tid. Det skulde vera Brurgaave til Mari. Alle Baani hadde fengi ein gild Staburslaas naar dei drog heimanfraa; og no skulde ho faa sin. Ho var som Baan i Huse vorti desse 7 Aari ho hadde tent her; og Godfar var nøgd med henne i alle Maatar. «Den fær ingi Dugløyse, som fær Mari,» sa han.
Fin Smedkunst var Laasane hans Jon. Dei rakk yvi halve Døri paa Innsida, og var som hundra Ormar og Drakar fint og kunstigt slyngde i einannan; det hev vori 44Minningar um Faavne med Sigurd-Sverde gjenom Buken, og Midgardsormen, som ringa seg og beit seg i Sporden. Men aldri gjorde han tvo plent like; og aldri hadde nokon vori god til aa lære Kunsti av'n. Ingin annan enn dei som var kjende med desse Laasane kunde faa deim upp; og Folk som skyna seg paa Smedarbeid sa at dei vilde gjera Gagn Ætt etter Ætt, so vel var dei fraaseggjorde. Naar Jon høyrde det, sa han: «ja, elles var dei daa lite tess! Det er berre Fanten som byggjer for ein Ætt Lekk.»
Ein Ting til var Jon Meistar i: til aa krota i Lêr. Sønine hans aatte kvar si Skreppe av Ukselêr, som han sjølv hadde baade reidt og sauma og krota. Dei var uslitande, og Loki var utkrota i Mynster so fine at det var heiltupp ei Bisn. Men ikkje den Kunsti heller hadde nokon fengi lært av han. Ivar og Jon, Sønine hans, var nok hendige dei og; men Far sin naadde dei ikkje. Det finaste Arbeide han hadde gjort var likevel den Bruresadlen han i si Ungdomstid hadde laga til Ingerid, daa ho skulde flytja heim til Utgard. Finare Sadel hadde aldri bori Brur til Kyrkje der i Bygdi. Men no stod han 45paa Bure og vart aldri meir brukt sidan den nye Køyrevegen var lagd kring Sjøen. Istaden gjorde han Skvettlêr til Kjerrune no; dei var og prydelege aa sjaa. Alle Folk saag paa Utgardsskyssen naar dei møtte han i Vegen; Selegreidur og alt var utifraa traust og forseggjort. Um det berre var Selepinnane, so var dei faste og fine som Bein, med utskorne Hovud. «Gamal i Garden er godt Merkje,» sa Folk, naar dei saag Køyredoningi fraa Utgard.
Dei tvo næsteldste Sønine til Jon, Ivar og Esten, dreiv no kvar sin Lùt av Garden; og dei tvo Døtrane hans var gifte paa andre gode Gardar. Unge-Jon, som dreiv Hovudbole, hadde fengi seg Kjering av godt Folk; og fint Heimanfylgje hadde ho havt med seg daa ho kom til Gards.
Dei tvo Rudningsmennane uppi Trøen fødde alt fire Kyr kvar. Og ein Hest hadde dei ihop. Naar Godfar um Sundagane gjekk paa Vitjing upp aat deim, var han vel nøgd med Framgangen hjaa deim. «Det aukar jamt med det livande baade ute og inne, ser eg,» sa han; «og det er inga Naud daa.»
«Ja som vel er aukar det,» smaalo Ivar og glytte burtpaa Kjeringi si; ho sat der 46med ein nyfødd Gut i Fange. «Det bir itte rett Skikk paa Gardsbruke fyrr me fæ raadd oss' ti Arbeidskarar.» Godfar sanna det. «Du kjem reint i Bakleksa du naa,» kunde han daa skjemtande segja til han Esten i hi Stogo, som berre hadde tvo Gjentur og ein Gut enno; men Esten meinte paa det, at var so han fekk Helsa og Livedagane, so sku' han sagte koma etter.
«Anna-kvart Aar, den Aargangen slo aldri felt i mi Tid,» sa Godfar; «men no ser me at seks vart ikkje for mykje. De hev Arbeid alle med de lìver».
– Ein av dei siste Kveldane Godfar heldt paa i Smidja med Laasen hennar Mari, kom han Ivar gangande. Døri stod opi; det klinga og song av taktfaste Slag mot Smidju-Stede, og Andlite til Godfar teikna sine skarpe, reinskorne Linur mot den logande Elden. Snippluva sat atti Nakken paa han, og det lange graa Haare hekk mest nedpaa Aksline. Han var som hoggen i Fjell der han stod. Slik kjem eg til aa minnast han Far so lengi eg liver, tenkte Ivar, der han gjekk fram imot Smidju-Døri med Pipa i Munnen og Hendane djupt nedi Brok-Lummane; audslegt vert her, naar han ein Gong er burte.
47Han bøygde seg og steig inn gjenom den laage Døri og helsa. «Du driv paa du.» Godfar heldt paa med sitt: «ein lyt sagte drive paa.»
Ivar sette seg paa ein Hoggestabbe. «Det kom Brev i Efta; og so vilde eg slengje meg ned med det med same.»
Godfar saag upp: «Brev, seie du?»
Ivar: «Ja; fraa 'n Tore.»
Det gjekk som ei liti Hìteflage yvi Andlite hans Godfar. Han bøygde Hovude og hamra paa Jarne: «So. Det æ lengi sea no. Kor i Ver 'n vankar han no daa, tru?»
«Der han ha vori. I Red River Dalen. Men han skriv at han tenkjer seg heim.» Daa la Godfar fraa seg det han hadde i Hendane og turka seg yvi Panna: «Du seie fill itte dæ?» Sette seg so paa Aaresteinen; turka seg att: «Kann hende han æ itte rett frisk daa?» – «Jau, det høyrest sagte ut til at han dæ e'. Kanskje du gjeng inn no, so ska eg laassaa Breve aat dykk.»
Godfar reiste seg: «aa ja, det vert fill itte meir idag no. Det va berre ein Laas eg skulde havt ferdug.»
«Til Mari?»
«Eg meinte det ja. Nei so han Tore 48… hm… han æ no den einaste av Dykk som ingin Laas hev fengi han; kanskje… men, er so han kjem, so stryk 'n fill berre att. Det va liksom han aldri aatte Heimhug, den Guten stakar.»
«Kanskje han kann ha Bruk for eit Staburslaas burti Amerika og, e' so han itte bi her.»
Godfar sløkte paa Varmen og rettleidde etter seg; blés so: «Pøh, Stabur der!» So rusla dei aat Nystogo.
Og Godfar var heiltupp i Uro komin. Han var raud i Andlite, og Augo var smaa og vaate. Alt i eit laut han turke dei med Kuftearmen.
Skulde det verte sant lei, det han so ofte hadde drøymt, at Tore-Guten skulde koma att, og kann hende byggje og bu heime som dei andre. Tore, den yngste, og den kjæraste, som braut ut or Reire og gjorde Foreldri sine so stor ei Sorg. Han mintest enno kor arme dei stod att paa Strandi, Ingerid og han, daa Baaten gleid ut yvi Sjøen med den Sonen dei hadde sett so store Vonir til. Men ingin kunde stagge Guten den Gongen. Ferdasjuken hadde teki'n. Og kor vondt det i mange Aar sidan hadde vori aa vìta, 49at han fôr um, kann hende paa ville Vegar, so langt, langt burte. Det hadde vori den store svarte Skuggen i Live hans Jo lenge. Men Aari gjekk. Og han som burte var seig av inn i Gløymsleskoddi. Berre ender og daa, i lange stille Kveldar kom dei saare Minni att, og gleid framum som uklaare Synir. Den gamle, sterke Mannen laut upp or Sengi stundom og gange att og fram i lange Timar og tenkje paa denne Guten. Etter Bilæti han sende heim saag det ut til at han var ein fin Kar vortin; men Jo kjende han ikkje att. Ein framand Kar var dette, og sùme Gongir tykte Godfar det hadde vori mindre vondt, um han hadde vori heilt burtfarin; «daa visste ej daa kor ej hadda'n,» tenkte han.
Jo var av dei gamle, som hadde «sin Gud vel meget i Naturen», som Presten ein Gong hadde sagt. Noko for seg sjølv hadde han vori alle Dagar i so Maate. Han kjende seg som i Samanhang med alt som livde, paa Eng og Mark, i Skog og Fjell. Av Bøkar hadde han lært seg Stjernebilæti paa Himilen, og han spaadde vissare um Vêr og Vind enn nokon annan. Av mange Slag Merke saag han koss Aare skulde verte, med Fugl og Fisk og anna 50livande. «Makk og Fly er motskapte som sinte Kvinnfolk,» sa han, «døm trivst best i kalde Sumrar.» Og «Ormen er som Arvesyndi; ein lyt slaa 'n fyrr han yngjer, elles er han udøyande». Og han hadde ei Ormerid kvar Vaar, daa han for ute og slog Ormar, og sprette deim upp og tok ut Istere. Det var so godt til Augnesalve.
Han kunde vera stridt uvyrdin i Munnen stundom, tykte Folk. Soleis ein Gong det hadde vori slik ei lang vond Turkerid ein Sumar, og ei Kjering sa, at Vaarherre fulla visste kva som bata os best. Daa vart Jo harm og sa, at saag ikkje Vaarherre dei trong Regn no, so var han allvist ein klen Gardbrukar!
Men han livde etter god, gamall Bygdeskikk. Ingin gjekk faafengt til Utgard etter Hjelp og Raad; og paa Garden var det altid huglegt Samliv. Det var so i Bygdi, at Folk hjelpte kvarandre naar det turvtest; Snyting, Fusk og Handel visste dei ikkje av. Las gjorde dei lite, og Kyrkjevegen var lang, so den fór dei sjeldan, utan dei var nøydde til; men det vart sagt, at i Live vart dei betre Kristne enn mange Lesarar.
Kva skulde han fara burt etter, 51tenkte Jo, der han gjekk med Ivar og stunde etter aa faa høyre Breve; veks her ikkje Gras paa Marki og Tre i Skogen; ikkje skulde han lidi Naud her. – Nei nei, so han vil heim lel no. – Kannhende vert ikkje Laase hennar Mari det siste eg smider lel daa…
Dei gjekk inn i Nystogo til Jon og Kari; Borni flokka seg kring Borde med dei vaksne; Ivar greidde so vidt aa lesa Breve med alle dei rare Ord og Vendingar. Og den eine Tanken tok alle: Tore-Guten kjem heim! Og alle undrast paa den eine Tingen: koss tru han er og ser ut etter so mange lange Aar? Dei var baade halvrædde og glade. Men aldri hadde dei set Godfar so veik. Han smaka mest ikkje Maten den Kvelden; og tidleg gjekk han ifraa deim. Og daa han sat i Kvileskare paa Sengi si og drog Skorne av seg, gjekk det som Skoddedottar for Augo hans, og han kviskra halvhøgt: hadde du no vori her, Ingerid!
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Hulda Garborgs roman Mann av Guds Naade er en hyllest til hardt arbeidende kvinner, mens late menn får sitt pass påskrevet.
Boken kom ut i 1908 og skildrer livet til den unge og drømmende Mari i en avsidesliggende fjelldal. Hun er gift med Lars (også kalt «Lat-Lars»), som sluntrer unna mens hun står på og er utrettelig. Lars er altså slett ingen «mann av Guds nåde».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1908 (nb.no).
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.