Mann av Guds Naade

av Hulda Garborg

I Viki

«Det er lett aa gjera Fatigmann fegin.»

Slik Kar som no hadde Lars aldri vori, ikkje daa han sat Kakse paa Garden aat Kjeringi si dessmeir. Det hadde vori mykje Krangel den Gongen, og dei hadde kravt baade eit og hitt av han; men no sat han som ein litin Konge nordmed Sirilen, der enno ingin hadde rudt og bygt; heile Sjøen raadde han med all hans Rikdom, og alt som fauk og kraup under Himilen og paa Jordi mange Mil ikring kunde han rekne for sitt. Det gjekk ikkje andre paa Veiding i Nordlidi enn ein Bjønn no og daa; Reven, det einaste Dyre Folk uppi der la seg noko større etter aa skjote, heldt seg helst i Sudlidi, der det var Smaafe aa hente. Mat hadde alle Nøgdi av heime 89paa Gardane; Fugl og anna Villt brydde dei seg ikkje um.

Det var heller lite til Kvardagshus uti Viki; men herlege Hallar hadde Mari og Lars i dei vide, høgtidsstille Furumoane, med Sol millom raude, kvaadefeite Leggir og Maaneglans i klaare Nætar. Reinmosen breidde seg yvi Hallargolv som mjuke, fine Aaklæde med djupblaa Enzian og koralraud Reinblom paa rjomegul Grunn, og under Kvelven lyste tusund Stjernur fraa nattblaa Himil.

Ingin Keisar aatte Maken til Gildehall.

Og i det klaare Fjellvatne gjekk Auren fin og feit, og baud seg fram til den som berre vilde rette Handi ut. Blaagraa og blank smatt Smaafisken snøgg og braa millom Steinane innved Strandi; men utpaa Djupni gjekk Storsuggane late og ryggbreide. Berre einkvar Gongen gleid dei paa skjøns upp imot Vatsflata og nappa ei Flugu; dukka so ned att i den svale grønklaare Djupni, der ein saag Botn paa mange Famnar. Og Botnen var som ein drukna Skog med Kvist og Stokk og rotne Stubbar, ei rik og herleg Verd med tusund Gøymsle for Elsk og Leik, og Mat 90for ævelege Tidir. Ei Verd, dit inkje ureint fann Veg. Ingin By og inkje Bruk spydde Ufyseskapen sin ut i Sirilsjøen; ingin Kloak rann ut der; ingi skitne gamle Avisblad og ingi rustne Hermetikøskjur vart utslengde i dei fagre Vikir; daude Kattur og Bikkjur var ikkje aa sjaa frametter dei kvite Strendar. Alt var reint og urørt, som det ein Gong var vaksi fram fraa Løyndoms Grunnar upp mot det ævelege Ljos. So var daa og Fisken i Sirilsjøen finare enn annan Fisk, med Smak som av solmogi Frugt og Lit som Morgonrodnaden yvi Fjelle.

Og denne Fisken var Kvardagsmat i Viki no. For Lars lika Auren. Jamt laag han i Baat utpaa Sjøen um Kveldane og tok den Fisken han og Mari vann eta med Godom; den andre fekk gange i Fred. Det kunde einaste vera, at han ender og Gong drog nokre Fiskar til aa blidke ei hell onnor Kjering med, naar Mari ein hende Gong laut «burti Galom» og «faa ti eitkvart», som han Lars hadde «gløymt» daa han var hjaa Handlaren sist, og som dei soleis var uppraadde for til han hadde «vore framyvi» att. Det var elles ikkje ofte dei trong laane; for det var flust av mest 91alt Slag uti Viki. Men Mari tykte berre gildt i ein Tur soleis. Laane fekk ho paa fyrste Orde; og vel vart ho fagna attpaa, baade med Mat og Drykk og hugsame Rødur.

Dyri fekk vera i Fred for Lars. Hare, Rein og Fugl var der mykje av i Aalmenningen; og ingin hadde sagt noko, um han hadde teki til Husbruk. Men han lika ikkje Villtmaten. Det kunde einaste vera um det flaug ein Tiur uppi Armane paa han, naar han slong soleis likevel med Byrsa um Sundagane og saag etter Rev. Daa hende det, at han skaut'n, skar ut Bringa og hengde ut i Sol og Vind til Turking; Resten kasta han.

Lars lika seg, ja; og store Tankar gjekk han med. Det var so velsigna aa vera fri Skattar og Vegplikt og andre Plaagur som fylgde ein Gard. No kunde han umraade seg og taka til med Byggjing i Fred og Ro. Fyrst Vinterstogo. Han rusla so smaatt og drog ihop Tilfang av alle Slag or Skogen til den alt. Timber fekk han taka so mykje han vilde, like eins Næver til Tak, og Emne og Yrkje til mest alt han elles trong. Skogen var full av feit fin Rot til aa svarve Kjerald av, Kvist og 92Vidju til Krokar og Hurd-Ringar og anna slikt, Mose til aa stappe millom Stokkane i Veggen, Stein til Mur og mykje anna. Han kunde byggje seg dei gildaste Hus mest utan ein Skillings Utlegg. Nokre Glasrutur, eit Gran Smidjejarn og nokre Spikar var alt han trong kaupe. Og naar han no fekk Vinterstugo ferdug, so skulde det gamle Skramlefjose og rivast; og daa vilde han byggje nokolite stort med ein Gong.

Han Paal hadde synt honom nokre amerikanske Hus-Teikningar som saag so snøgge ut; deim vilde han jamenn faa sjaa eit Grand meir paa. Det skulde vera Moro aa faa upp noko som ikkje alle hadde Maken til. Noko som kunde lyse eit Grand i Augom uppmed Sjøen her, hadde han tenkt. I Byen kunde ein sjaa, koss Hus skulde vera. Jamenn var dei so fatigslege desse graa laage Stogune her uppe, at ein laut no eingong verte leid deim. Dei vilde sagte storglaame, naar dei fekk sjaa, at han bygde paa onnor Gjerd end den vanlege; men han hadde no tenkt dei fekk glaame alt med' dei vilde. Det vart vel so dei slutta med det, naar dei hadde glaama seg fornøgde. Og so kannhende baade ein og 93annan tok etter, naar det leid paa. Den som livde fekk sjaa. Han hadde no so sine Tankar. Jamenn trong dei lære eitkvart nytt uppi her med; og han vilde no gjera sitt til aa faa ein Grand Sving paa baade Hus og anna der i Bygdi. Dei hadde vori ikkje so lite beinkesame mot honom Bygdefolke no utetter, so han kunde hava si Moro av aa gjera deim ei Beining att.

– Det kom ofte Folk paa Vitjing til Viki utetter Hausten; og altid hadde dei, som Skikken var, eitkvart godt med seg.

«Dei forgjev oss med Rjome,» sa Lars, naar Gjestine var heimattfarne og han sat god og mett burtmed Aaren og la Glo i Pipa.

«Aa, jamenn er han god aa ha», lo Mari; «ein vert so mjuk og ledug, og so blank og fin i Hamliten av Rjomegrauten, veit du.»

«Du veit det. Kvinnfolke tenkjer no støtt paa Venleiken», sa Lars blid. «Elles glid han sagte ned, Rjomegrauten; eg hev ikkje noko imot han eg hell, soleis.»

– Men det som gjorde Lars fjaagare enn alt anna, og so byrg, at han snaut var til aa staa i Baas med, det var, at no 94hadde han Kjering, som var umhende. Utpaa Vinteren skulde han faa Karahjelp, varso alt gjekk vel. Og i Fjose var det og Smaatt ventande.

«I Marsi Maane skal baade Kui og Kjeringi bera, slær det itte felt,» kytte han til alle han raaka. Og Folk lo. Ja rett han Lars. Det vanta ikkje Mod i den Karen! Ein kunde beint fram ovunde'n. Gjekk dei ikkje der med so mang ei Sut, dei som sat paa sine eigne gode Gardar og ikkje var i Skuld til nokon Mann; men Lars var fri og sutelaus som Fuglen under Himilen. Ikkje heldt han seg noko større til Vaarherre heller, so ein kunde ikkje segja at han lagde det paa honom, so vidt som skynande var.

Men han hadde vori utruleg onnug no etter Bryllaupe. Reint overlag tykte Mari. Og Vonine vaks; ho drøymde sæle Draumar um ein fin Buskap og ein Gard med gilde Hus paa Tune. Fjose hadde Lars alt vølt, bygt atti eit Høyrom og tekt med Næver, som var att etter Stogutekkingi. Og Mari og han hjelptest aat med aa leggje Torv paa. Mose hadde han lagt upp inni Fjelle, til aa draga heim paa Kjelke so snart der vart Føre. Eit Par Vikur hadde 95han og vori burte paa Timbring, og hadde tent nokre Skillingar.

Og Mari var ikkje mindre onnug. Ho stelte so fint det vesle ho hadde millom Hendane, at Lars ein Dag beint fram hadde kytt henne upp i Augo. «Det var ikkje mykje, det eg fekk med deg,» sa han; «men det er daa vel du kan stelle sopass det du hev fengi under Hendar.» Daa skyna ho, at han var nøgd med henne, og ho gjekk reint som i ein Sælerus. Ja, ho skulde sagte gjera sitt. Det var no det minste; for Lars kunde nok fengi Gjente som aatte baade Gods og Gull, slik ein Kar som han var. Var det no berre so vel, at ho kunde gjera han tillags, baade i Matvegen og elles! So lengi Gulltavle fekk gange ute stod det ikkje paa. Mari kinna gult, feitt «Grassmør», som anga av Sol og Blomar; og av Saupe koka ho Graut som der var Mat i, og som kveikte baade Kropp og Mod med sin friske syrlege Vinsmak. Eller ho sette Nymjølk i kvite Kollur, so dei kunde eta Sursoll eller «Rjomebunke» med Flatbraud attaat. Eller Dravle i søt Sumarrjome, Lefse med Smør og Fatost, turka Tiurbringe og Gubb og Tjuke. Og var det ein kaldvorin Ruskversdag, so 96fekk Lars eit Fat med blank, brennheit Sluring, laga av brædt Sauefeitt og grovt Bygmjøl. Det hende og, at dei hadde Flesk til Sluringen istadenfor Feitt; og daa var det no rein Furkonnmat for ein Skogmann. Men Fleske var dyrt; for dei hadde ikkje noko aa fø Grisir med, dei ikkje. Korkje Korn hell Jordeple vaks deruppi, so Flesk laut dei kaupe hjaa Handlaren; og han fekk det radt ifraa Amerika. Men svalt gjorde dei ikkje i Viki; ein maatte heller segja dei livde raust, og plent slik som dei det sjølve best lika.

– Hausten gjekk; Dagane vart stuttare og stuttare; og ein Morgon var Vinteren komin kvit og kald. Daa kom hugnadslause Dagar for Gulltavle, stakkar. Det var ikkje mykje Høy Lars hadde fengi ihop denne Sumaren plent. Men naar ein agta kvart Straae som det var Gull, og gav dugeleg Mose og Lauv attaat, so skulde det vel rekke. Endaa Mari var van til anna Slags Foring paa Utgard, var ho rett utruleg flink til aa tøygje Høydotten; Lars var og etter henne stødt i Fjose og agta paa, at ho ikkje gav for mykje. Ein Dag strakst etter Bryllaupe var han komin ut i Fjose med ho stellte Kui til Kvelds; 97ho stod nett og skulde gjeva «Tavla» siste Dotten. Daa reiv Lars Høye or Hendane paa ho, og spurde, um ho vilde gjera Ende paa Høye fyri Jol. Det halve maatte gjera det, meinte han. Mari kvakk so ho mest seig ihop; men sidan fór ho finare fram, endaa ho rett tykte Kui tok til aa skrinnast. Ein kunde sagte ikkje fara fram her som paa ein Storgard; og Lars skỳna vel betre enn ho kva eit Dyr kunde berge seg med.

Aa ja, ho var fulla styvi i mangt enno; men so var ho vel ikkje verre enn ho kunde lære med Tidi. Lars hadde sliti nok for desse Høystraai han, Stakaren; men naar dei no fekk broti upp den gamle Vangen heilt, so vart det andre Greidur. Ny Lødu full av angande Høy kvar Haust; og nytt Fjos, der Borni hennar Gulltavle skulde vekse upp og gjera rett for seg; daa skulde dei faa sjaa, hadde ho tenkt!

Um Dagane stutna og Høye minka, so var Mari fjaag likevel; og ho gjekk der so kaut med det ho bar under Hjarta, at det var som ho ikkje nok kunde faa synt det fram. Ho sprang der og trilta so rund og hjarteleg fjaag, og liksom ropa or Vegen! Helst briska ho seg for Lars. 98Med blanke Augo sveiv ho ikring han, og bar sitt nye Vyrdnadsteikn som ei Dronning ber Krona si. No skulde han faa sjaa han hadde fengi anna Slag til Kjering.

Og ho skura den vesle Stogo si so det skein i alle Kræar, og dei kvite Trekjeraldi hennar stod paa Rad i Soli utanfor Stogudøri; ho hadde slik forlivande Hug til aa fjelge og gjera alting helgedagslegt ikring seg. «Du ha same Skuresjuken du som alle andre Kvinnfolk her i Bygdi,» sa Lars; «men det er vel so de lyt hava einkvan Sysla de og, som vantar skikkelegt Arbeid.» Og det var sagte sant som han sa; ein kunde no liva likevæl, um ein ikkje skura stødt. Etterkvart gjorde ho daa noko minder av det. Det hende ho vart saa fælande trøytt og sume Gonger no, so ho var like sæl um alt mest.

Lars vilde sjølv gjerne vera fin; og god Mat vilde han ha; men so lenge hadde han livt Ungkar og paa Ferdafot, at han tykte alle innadørs Syslur var Leikearbeid.

Men Mari vanta nok ikkje Arbeid. Ho hadde Hendane fulle stødt; ho spann og spyta av Ulli ho hadde tent seg upp, og ho sauma Smaaty av Lereft Kari hadde 99vovi aat henne. Um Kveldane kom ho inn fraa Lødu og Fjos med blaafrosne Hendar og sette seg aat Aaren; klipte med ei diger Saks Trøyur og Skjortur og smaa Luvor; sauma fint um Fingrane var stive; smette Taggar og krota ut Kvardingar um Hals og Hendar. Herregud, so yrende smaatt det var allt ihop; dei smaa Plaggi vart mest burte millom dei breide truverduge Arbeidsnevane hennar. Men dei skulde faa sjaa han skulde nok bli uppklædd, Ervingen til Viki! –

– – –

Lars slutta i god Tid med Arbeide fyri Jol. Dei siste Vikune laut ein hava til aa umraade seg med Ved, og til eitkvart Smaaarbeid heime, maa vita.

Og so laut han aat Bygdi og handle eit Grand; det tok og nokre Dagar. Ein Mjølpose skulde Jon Utgard slengje paa Jole-Lasse aat han; men det var eit og anna Smaatt ein helst laut hente sjølv; morosamt var det no aa reike eit Grand og, s'ju. Han var ikkje van aa vera still lengi um Gongen han Lars, som andre Folk uppi der. Han hadde ofte slik Uro i Kroppen; laut ut aa svalle med Folk og høyre nytt. Og naar ein daa hadde Ærend, 100so –. Kaffi og Tobak og eit Grand Skonudd laut han hava til Helgi, og nokre Finspikar og eit Grand Risgryn og Strøsukker like eins, til aa blidke Kjeringi med. Det var no so gjævt vorti med denne Risgrynsgrauten no, maa vita. Skrinn Mat var det altid, tykte Lars; men han saag no kvit og fin ut, og Kjeringane lika altid aa briske seg. Og so vilde han innum Paal i Osen og sjaa litt betre paa dei amerikanske Husi som var avteikna i Bladi hans, og høyre um dei hadde funni upp nokre nye Hendesløysur til Maskinar att, eller koss det var med Krig og Pestilens kringum i Landom.

Paal i Osen hadde Skyldfolk baade i Nordland og Amerika. Han hadde sjølv og fengi ein framandsleg Svip; naar Lars hadde vori hjaa han Paal, var det daa mest som han og hadde fengi noko av denne Svipen. Ord og Vendingar fraa Bladi bruka han jamt, naar han kom upp aat Sjøen att og sat paa Gardom der og fortalde nytt fraa andre Land; og Folk var reint upp i Undring yvi alt det han hugsa og visste. Kjeringane sleppte det dei hadde i Hendane, koka Kaffi og fagna han paa beste Vis. So tok dei Bundingen og sette 101seg beint ned fraa alt ihop og berre lydde. So mykje fritt fekk ein kunna taka seg, meinte dei. Og der var mangt aa høyre, ikkje berre um Mord og Krig og anna fælt og forunderlegt fraa Utlandom; men Lars visste og eit og anna aa fortelja nedfraa Bygdi, der dei alle hadde Kjenningar og Skyldfolk. Born var tilkomne, gamle Folk avlidne; Gjestebod var ventande, o. s. b. Alt slikt var gildt aa vita i god Tid, so dei som skulde vera med kunde faa Stundir til aa bu seg paa Tilfang til Sendingsmat, Klæde og anna. Og snodigt var det og aa høyre, koss dei livde og reg jorde baade uti Verdi og nedi Bygdi, det var det; so Lars var velkomen alltid.

– So stod han daa ein Dag ferdug til fyrste Bygdeferdi si etter han var uppattgift. Nisteskreppa var full; og Mari hadde stelt han fint, med nye kvite Sokkar og Vettir, Halsplagg og den nye Lummeduken han hadde fengi til Bryllaupe. Han var som ein Greive so fjelga og fin der han sat i Benken og venta paa sisste Kaffikoppen fyrr han reiste. Mari fylgde han med Augo, med' ho gjekk fram paa Golve og henta fram Mat aat han, og freista slaa fram paa um ein og annan Smaating 102ho gjerne vilde hava fraa Handlaren. Men han svara ikkje stort paa det. Han visste fulla sjølv best, kva han trong kaupe. Det var ikkje fyrste Gongen han gjorde Bygdereis han, maatte ho tru. Mari raudna. «Nei, du veit det; men eg tenkte berre…»

«Tenk paa ditt du,» sa han; «sjaa der kokar Kaffien i Varmen!» Og jamenn var det ikkje nære paa. Ho treiv Kjêlen og klara han. Det var ikkje fritt anna ho kjende seg eit Grand harm. Han var støtt saa snøgg til aa bite henne av; jamenn kunde han gjerne lata vera med det, tenkte ho. Men ho vaaga ikkje segja noko. Berre ho kunde faa nemnt med han um denne kvite Traadsnelda ho so plent skulde havt til desse Smaaskjurtune…… Kokheit skjenkte ho Kaffien aat han, slik som han vilde ha han; og med' den friske Daamen steig upp'i Nasarne paa han, tok ho Mod til seg: «ja, det er sant; ein Ting lyt du gjera so vel og faa ti aat mej; ej skulde so endeleg havt ei kvit Traadsnelde.» «Det skal du sjaa,» sa han og slog Kaffien paa Skaali og saup han i seg i lange Drag; «ej trur Kvinfolki ét Traad! Ej kaupte daa ei aat deg her i Sumar daa ej var nedyvi.» «Ja, men den var svart den; og 103no…» Lars braut av; «aa ja; me fær no sjaa daa!» Og ho skyna det nytta ikkje aa segja meir.

So var han ferdug; og ho fylgde han ut, med' han spende Skiene paa seg. «No maa du ikkje fljuge fraa Huse; og agta vel paa Varmen!» Ho tulla Hendane inn i Stakken, som ho hadde stutta upp, og fylgd'n ut yvi Tune. Han kunde gange urædd, sagde ho. Og no fekk han ha Goddag daa, og sjaa vel fyri seg. Ho vilde minnt han um Snelda att, men fekk det ikkje til. Snudde so og gjekk aat Stogo att. Men paa Traakken stana ho og ropa braatt etter han: «Var det so vel du vilde minnast Snelda! Ho skulde vera kvit!» Han snudde sovidt paa Hovude. Dermed gleid han stillt inn i Skogen.

– Mari gjekk inn. No vilde ho rett taka seg gode Stundir og setja seg til med Saumen. Det vart liksom so romsamt, naar Karane kom ut. Ho smaasong og fann fram Arbeide sitt. Kor nauvende vent slikt Smaaty var! Ho tenkte aldri sers djupt, ho Mari; men naar ho sat soleis aaleine, song ho jamt paa ein Visestubb; og daa sveiv det likevel som so mangt i Hugen. Men um ei Rid braatagna ho, 104liksom ho var rædd vorti for sit eigi Maal. Det var daa fælslegt, so stillt som her var. Store Ting, som ein Kar fyllte Rome likevel! Og Tidtrøyt var det i ein Mann; ein kunde segja kva ein vilde. Ho kunde nok sume Gongir tykkje at det kunde vera godt um han var or Vegen eit Grand, so ho fekk sitja i Fred med sitt; men jamenn var det stuslegt no likevæl; det var det. Ho vilde misann taka seg ein Kaffiskvett; beint fram setja seg ned og drikke Kaffi; og eta; – naar Lars var heime, laut ho fljuge jamt.

Ho slog noko kaldt Vatn paa Kjêlen, for ho lika han ikkje so sterk; slog so i Koppen og drakk. Ho tok til aa tykkje Kaffien gjorde godt ho og no, etter ho var gift; fyrr hadde ho ikkje smaka'n. Og det var ikkje flust med Mjølk her, som Von var, no daa Kui stod inne og skulde liva av dei Høystraai ho fekk, og dei smaae Mosedottane attaat. Mjølki minka stygt no, som ventande var. Ho skulde no bera i Mars, stakkar. Det skulde rett vera godt, um det vilde verte Kukalv, so dei fekk eit Liv aa setja paa til Vaaren; for det var det med ei Ku, at kor glup ho var, so mjølka ho ikkje rundt; 105ein laut mest hava tvo, skulde ein matberge seg.

Daa ho hadde eti, sette ho burt Maten og tok Saumen att. Men det var so stilt i Stogo, at ho alt i eit laut sjaa seg um; det var plent som ho høyrde Stilla. Jamenn var ho ikkje mest huga til aa setja seg ut i Fjose til Gulltavle! Det var daa Liv! Ikkje vore det godt ein lengi skulde vera baanlaus. Ho tenkte paa fyrste Kjeringi hans Lars. Ja, koss ho hadde berga Live so lengi, det skyna ikkje Mari. For hadde ho ikkje vori so heppi aa hava detta velsigna Baane i Vente, so hadde ho beintfram vorti rædd han Lars; det hadde ho. Han kunde vera so vond sume Gongir. Men no var han rett mesta so snild, so snild; gjeve sosandt han var heime att! Ja sæl var ho, som hadde so mykje godt aa vente paa! Aa, kor gildt her skulde verte, naar det vesle Live kom og fyllte Stogo med Godlaat og Glede! Og kor fegin Lars skulde verte! Daa vart han sagte byrg av Kjeringi si!

– Mari gjekk aat Fjose og stellte Gulltavle tilkvelds; gav seg god Tid, og rødde med Kui baade vel og lengi. Det var ein litin Mur uti Fjose, der dei vermde Drykk 106og kokte Sørpe; i Kveld lagde ho paa retteleg godt, so det vart ljost og varmt og huglegt i Fjose. Og «Tavla» togg so godt, og bles og kjælte seg uppetter Mari og liksom bad ho vera der. Det var stuslegt for henne med, stakkar-Ho var reint som eit Menneskje, denne Kui; Mari var viss med, at ho skyna kvart Ord ho sa. Hadde det berre vori ei Seng uti der, so jamenn skulde ho lagt seg til. Ho tok Tavla um Halsen og sa det ved henne; men Tavla maatte skyna, at Mari tordest ikkje liggje i Høye no; for daa kunde Vesle Gut koma til aa frjose, og so fekk ikkje Vesle-Gjenta til Gulltavla nokon aa leike seg med til Sumars. Ja for Tavla kunde vera trygg; dei skulde ikkje taka Baane hennar fraa ho; var det likt! I Skog og Hei skulde Kalven faa fylgje Mor si, og danse Kalvedans med Vesle-Lars! Jau, her skulde sagte verte livandes i Viki! So baud ho Godnatt, sløkte paa Gruva og gjekk inn.

Men huh, kor myrkt det var ute. Tréi stod som svarte Troll kring Tune og sprikte med tusund Armar. Burtmed Husnòvi laag ein Rotstubbe, som ho kjende so vel; men no liktest han so skilviseleg ein Bjørn i Myrkre, at ho mest ikkje tordest gaa framum 107han. Hustre var det i Skogen; og Sjøen laag svart som Natt.

Ho smatt inn gjenom Stogudøri, la ein Tyrikubbe paa Aaren og fann seg fram ein Mjølkeskvett til Kveldsmat. Den logande FeitvedÆlden la Gullglans yvi den graa Stogo; heiltupp huglegt vart der no. Mari sette seg ned og drog Skorne av seg. Herinne var ho ikkje rædd. Men so kom ho til aa glytte burtpaa Glase og saag ut i Natti den svarte. Huh, var det ikkje plent som eit Andlit paa Ruta! Ho kolna av Rædsle, der ho sat. Reiste seg so og tok Stakken av seg som i Ørska, heldt han framfyre Augo sine og gjekk stiv og fæli burt og hengde han upp for Glase. Var det Folk derute? Nei, koss kunde ho tenkje slikt Tull. Her var daa snaut komande for Folk desse Tidir. Og kva skulde dei her. Ho lydde. Heldt Anden og lydde. Stirde rundt i alle Kræar. Var det likt seg! Tull! Ho sprang aat Sengi og drog Felden yvi Hovude. Sukka. Der kunde daa ikkje i Verdi vera noko so stuslegt som slik ei tom Seng!

– – – – – –

Dagen etter stod Mari og stirde ut-yvi Sjøen. Isen var like vaat og blaasvart. Det 108var den uhuglege «Kakelinna»; ingin Snjo var komin dei siste Dagane, og her var snart ikkje framkjømt korkje paa Sjø eller Land. Skal tru han var gangande Isen no? Køyrande var han ventelig ikkje, etterdi det hadde vori Vatn paa han so lengi. Rett den som kunde taka beinast yvi Sjøen og snerte seg burt til Utgard ei liti Rid. Ho hadde ikkje vori der sidan Bryllaupe; og jamenn tenkte ho so paa Borni og Fjose og altsaman der burte idag. Skal tru Vesl'-Ola hadde fengi nokor Tonn i Munnen sin? Og tru dei hadde Vev uppe? Jamenn skulde det vori snodigt og set, kva Kari skulde veva fyrst iaar. Venteleg var det Vadmaal aat Karom. Og so fekk ho slik brennande Hug paa Gubbost med ein Gong. Ai, kor godt det skulde smaka aa faa ein Bit av Gubben hennar Kari; dei laga ikkje slik Mat nokon Stad. Hadde ho endaa havt Traad til aa saume med! Men ho kunde so vel trengje til aa laane nokre Traadstubbar og. Ho vart reint tjukk i Halsen der ho stod og tenkte paa Utgard; kjende seg med eitt so einsleg og yvigjevi. Det var liksom ho var kje rett i Lag i det heile. Hadde ikkje Mathug; men kjende seg hol og svolti likevel. Kan 109hende vart ho betre, um ho kom ut eit Grand.

Ja, ho vilde til Utgard! Det fekk vaage seg. Lars kom no ikkje att paa tvotri Dagar enno; og naar ho stellte vel ifraa seg, og – hyss! Høyrde ho ikkje Stig utanfyri? Aa var det likt seg. Ho var daa reint toski vorti. Ho tykte ho høyrde eitkvart heile Tidi. Der var det att. Plent som tunge Stig aa høyre. Og ikkje var det lang Stundi, fyrr Myrkre seig paa. Ho vart mest fæli. Paa fljugande Flekken vilde ho ut.

Ho vaska Andlit og Hendar, slette Haare og sette Finluva paa seg. Fekk so fram Helgestakken, Turklæde og Vettir; stengde Fjosdøri og Stogudøri; og sprang som ein Gjentunge nedpaa Isen og tok til aa skride frametter so Vatne skvatt um henne. Aa nei, kor morosamt det var! Ho saag Botnen under den tunne blanke Isskorpa, og Smaas-Auren som stakk seg snøgt attum Stein og Stubbar dernede. Det var som aa gange paa blanke Vatne. Og ho kjende seg so fri og lett, plent som naar ho slapp or Skulestogo dei myrke Vinterdagane i Barnetidi. Og det knast og brast under Føtane, og Rivnur gjekk paa langs og tvers. 110Men sagte heldt han henne! Ho kjende seg som ein Fugl so lett, sprang og skreid lange Tak ut-yvi Storfjorden, som laag framfyri henne, breid og blank. Verdi var liksom so liti derinne i Viki; men rett her! Ho hugsa mest ikkje at Sjøen var so stor. Og der burt i Sudlidi laag Utgard med Glim av Høgstdagssoli i alle Glasi. Det var som Slotte i Eventyre. For fine Gard! At han var so stor og gild hadde ho gløymt mest. Det var det at det var so mykje Sol stødt i Sudlidi; alt vart so glimande og gildt. Aa so Moro det skulde vera aa faa sjaa heim att!

So stod ho innanfor Døri i den gamle Stogo; og Kari kom henne til Møtes: «Aa nei, er det du.» Mari helsa deim alle uppi Handi; men Mæle brast, daa ho skulde tala; og det pipla fram ei Taare i Augnekroken. Det var fyrste Taara ho hadde graati for den gode Heimen ho hadde flutt ifraa.

«Du maa sjaa du fær sitja; ej meiner du er reint ussel,» sa Kari og sette Stol fram.

«Aa nei, var det likt seg,» sa Mari og turka Taara burt med Votten; «det kom berre slik yvi meg, daa eg fekk sjaa Vesle-Gut!»

111Og so vart det Spyrjing og Svar uppatt og uppatt paa baae Sidur. Jau, sagte var Mari fornøgd og treivst. Og Kui hennar mjølka utruleg bra til aa vera so langt framme med Kalv; og no var Lars paa Bygdeferd og vilde faa seg ti eit og anna aat Helgenn.

Um han hadde hoggi Timber til Vinterstogo ret no?

Jau, sagte hadde han hoggi. Ikkje alt nettupp, men Resten skulde han hogge so snart Joli var yvi.

Jaso du. Ja det var sagte gildt, at dei fekk seg ny Stogo. For det var vel so, at den gamle vart liti etterkvart. Og kann hende var ho kaldvori og, til Vinterbruk?

Nei var det likt! Mari hadde aldri trutt det kunde vera so godt og lognt uti der. Det var ikkje golvkaldt desmeir.

«Kann hende det, du,» svara Kari fint; men ho tenkte no sitt. «Koss er det; hev du vant deg paa Kaffien, sidan du vart gift daa?» Kari var alt i full Gong med aa setja fram Mat av alt det beste ho hadde. Jau; rett hadde Mari vant seg paa Kaffien. Han var no slik, han Lars, at han vilde ho skulde hava av alle Slag som han sjølv lika; aa jamenn var det godt med 112eit Grand varmt i Kroppen og, naar ein fyrst fekk Smaken paa det.

«Aa ja; eg sku tru det. Og so veit du det er no Kjeringgjerdi» lo Kari; kann hende du alt hev teki til med Pipa aa?»

Aa nei; so gale var det no ikkje. «Men ej spaar ej fær Smaken paa ho og, naar det lid paa,» skrytte Mari. «Han Lars vil sagte snart, ej skal halde Lag med'n i det og.»

«Det er godt aa høyre han er vyrk for dej, Mannen din,» sa Kari og glytte burtpaa henne med' ho hadde Kaffi i Kverni og sette seg til aa mala.

«Aa ja,» sa Mari og kasta eit Grand paa Nakken; «han kunde visst ikkje betre vera.» Ho mintest kva dei hadde spaatt henne alle, og mest Kari; men um so han dengde henne, so skulde dei visst ikkje faa eit Ord av hennar Munn um det. Og dei smaaprata og var so blide og gilde baade tvo. «Men kvar er Gro?» spurte Mari, daa ho var tilbords komi. «Det var no berre dej og Borni ej vilde sjaa um; ej sku no itte havt noko Traktering; ej aat so godt nyss fyrr ej gjekk.»

Men Kari fortalde, at Gro var i Kroken hjaa Eline som laag sjuk. Dei visste ikkje 113rett kva som vanta henne; ho hadde ikkje serskilt vondt nokon Stad; men ho hosta, og var trøytt; og alle dei Raadir dei bruka hjelpte like lite. Det einaste dei tykte eit Grand Mùn i var Ulferbai i heit Mjølk. Tulitom' en var det no slettes ingi Hjelp i, og ikkje hjelpte Rigabalsam' en for Augo hennar heller; dei var og skrale vortne. Elles var dei noko betre, sidan dei tok til aa smyrja deim med Orme-Ister etter Raadi hans Godfar. Gro var der ei Rid mest kvar Dagen; dei var so gode Venir dei tvo. Og Anne Kroken rak rundt i Gardom som ho hadde gjort; ho fekk seg ikkje til aa tru det var anna enn Krim, ho Eline drogst med. Det var Olav som maatte vera baade Mor og Bror, og han stellte so várt og godt med den vesle sjuke Systeri, at Folk vart reint kløkte, naar dei saag det. Anne gjekk berre og song paa nokre gamle Visestubbar vm «Sven Svanehvid» og «Olger Danske», og var som ho ikkje var i denne Verdi. Og alslags Reglur og Merakkels sat ho og fortalde til det sjuke Barne; men til aa stelle var ho lite tess.

Mari gløymde reint aa eta. «Aa nei, aa nei, koss kann ho som Mor skal vera fara 114so uvislegt aat? Aa nei kor vondt dette var aa høyre!» Og ho tenkte ho laut gaa burt i Kroken ein Dag med eit Grand godt til henne Eline. Hadde sosandt berre Kui bori – –.

Daa ho var fraa Borde komi, gjekk dei aat Fjose. Og jamenn kjende dei Mari att baade Store og Smaa. Dei rauta og strauk seg innaat henne; ho laut upp i Baasom og taka Kyrne um Halsen, og inn i Bingen aat Kalvom. Ja rett Dyri! Og me, som trudde dei var vitlause 1 Nei, nei; kunde dei so sant tala, so fekk me høyre mangt. Trøyste og betre den, som ikkje var god med Dyri!

Sistpaa laut dei innum Smidja, der Godfar og Jon var i Arbeid med aa bøte ymse Ambod og Greidur til Sumaren. Den vesle svarte Smidja laag inni Skogbryne; Døri stod uppe, og ein sterk Eld loga burti den gamle, skeive Aaresteinen. Og mot Elden stod dei tvo Mennane som svarte Tussar, og Hamaren song mot Smidju-Stede, so det ljoma. Kor fagert det var aa sjaa; og kor unalegt det var aa høyre! Kvinnfolki bøygde seg og stakk Hovudi inn gjenom den laage Døri; helsa; vaaga seg so innanfyri og sette seg paa Dørstokken. 115Det var ikkje stort Rome, og dei maatte ikkje koma atti Vegen og hefte Karane i Arbeide.

Eit hugnadsamt Drøs um gamalt og nytt kom i Gang, og det enda med at Godfar slog frampaa um Staburslaasen han hadde i Emning til Mari. «Men so lyt han Lars skaffe deg Stabur fyrst,» smaalo han. Og Mari meinte, at der nok skulde bi Stabur; men jamenn vardt det for gali likevel, at han skulde gjera slikt Fagnadarbeid aat henne. Ho kunde daa slettes ikkje vente sovori, ho ikkje. Men sjølvsagt skulde Laasen nok koma til Ære, varso han verkeleg vilde bry seg so storleg for hennar Skuld. Og ho var fjaag og blid, og tykte dei var so reint gilde alle.

Men no laut ho rett skunde seg heim til Kveldstelle; Gulltavla tok sagte til aa vente, stakkar. Og so takka ho for seg og vilde gaa. Men det var sandt: det var vel ikkje so vel, Kari hadde nokre kvite Sneldtraad-Lengdir og laane henne til Lars kom att; ho var so reint uppraadd. Jau, sagte skulde ho det faa, lét Kari og sprang inn paa Budi. Daa ho kom ut att hadde ho baade ei Sneide og ein Hespel fint Heimespunn ho stakk til Mari: «Det er 116slikt som ej spinn til Smaakarom,» sa ho og smaalo, «er-so du skulde faa Bruk for noko slikt, ja.» «Aa, det kunde fulla snart hende det.» Mari vart vaat i Augo att, og takka laagmælt. Kari var no den same som ho alltid hadde vori, ho.

Men so var det ein litin Gubbost i eit Turklæ og, um Mari vilde bera han med seg. Dei hadde vel ikkje so mykje Mjølk, at dei kunde koka Gubb uti Viki enno? «Aa men detta er naa for gali,» sa Mari; «men naa lyt du regtig kaammaa uti aat øss i Jolhelgen, so ej fæ gjera liteForfatternote: lite, her: eit Grand, lidt Ære paa dej, ej og. Ja gjer det!» Kari lova daa det; og so skildest dei.

Mari gjekk heim, og tykte ho hadde havt ein overlag gild Dag. Og daa ho stelte Gulltavle tilkvelds song ho og tralla og gav ein Dott so stor som ho skulde havt heile Utgardsløo aa taka av. Hadde det ikkje vori Gulltavle, so hadde det nok vori gildt aa vori paa Utgard Natti yvi med. Ho var ikkje rædd; var det likt; men det var so stuslegt aa vera soleis for seg sjølv. No tykte ho Lars hadde vori burte ei Viku longe; og so var det berre ein Dag. Hys! Var det ikkje som det 117knirka i Ski utanfyri. Hadde han kann hende snutt? Og kom att? Ho lydde med opin Munn; og i ein Augneblink var ho burte aa reiv til seg att noko av Høydotten ho hadde gjevi Gulltavle. Ho var raud og heit vorti all igjenom. Ja sant sku' ho vera glad um han kom! Godt ho hadde gjort upp paa Varmen inni Stogo fyrr ho gjekk aat Fjose! Ho glytte paa Døri og saag ut og lydde. Nei, stilt som i Gravi. Berre no og daa suste eit kvasst Vindtak gjenom Skogen. Lufti var so rar og mild ikveld; det var mest som det vilde regne; og Himilen var so underleg eitergrøn og gul. «Ikveld er han stygg,» tenkte Mari; ho skunda seg inn og stengde Døri vel etter seg.

Det var fyrste Gongen ho tenkte paa aa stengje; men her var liksom slik Uro ute ikveld. Det gjekk aa tassa so tungt kring alle Veggir, og det song so vekjømeleg gjenom Skogen. Ho visste vel, at det var Vinden; men ho hadde aldri høyrt han slik fyrr. Og med ein Gong seig det inn yvi henne ei Tyngsle og ein Hugverk som ho aldri hadde kjent Maken til. Det fór igjenom henne, at ho skulde taka Skiene og renne attende til Utgard. Men det var 118raadlaust i dette Vêre, og myrkt som det var. Ingin kunde finne fram yvi Sjøen ikveld. Og seg at Lars kom. Nei, berre koma seg aat Sengi. Det var den einaste Raad. Mang ei myrk Seinsumarnatt hadde ho legi i Sætri og høyrt dei fyrste Hauststormane rasa yvi Fjell og Heiar; men aldri hadde ho kjent det so stuslegt og hustri som no. Huh, der kom ein Vindstøyt som fraa Verdsens Ende; reiv og riste i Huse, so det var eit Under, at ikkje Take rauk; for so inn gjenom Skogen med Braak og Brak og lang Yling. Og gjenom Glase saag ho Snjoen fjuke i vill Dans, ned fraa Himilen, upp fraa Jordi. Piska mot Ruta som Hagl; dreiv ned gjenom Skorsteinen og sløkte Varmen paa Gruva. Og Oske og Røyk, Smaaglo og Gneistar slo inn, og la seg kvævande yvi Stogo. Mari saup etter Anden og sa Jessu Nam halvhøgt for seg sjølv; famla seg skjelvande fram aat Gruva og kara ihop att Glødane, og la tvo tunge Tyrirøtar yvi. Døri torde ho ikkje lata upp; einaste Raadi var aa faa det til aa brenne; so drog Røyken og Gòve upp att. Ho stirde fæli inn i Myrkre, og ein Augneblink kom det for ho, at Stogo var ei Grav djupt nedi Jordi, 119og at ho aldri meir vann seg upp att til Ljos og Folk. Men so stilna det av att; og Elden loga og lyste upp i kvar Kraa, og det vart vent og varmt og stilt ikring henne. Ho saag ut gjenom Glase; men derute var det som paa Havsens Botnar, og Sjøen dura og bura som ein Domedag. Gud hjelpe alle som ute var! Kor glad ho maatte vera, som sat her velberga og varm og turr i Stogo si!

So kasta ho Stakken av seg, og gøymde seg vel innunder Felden i den breide Sengi. Inderleg trøytt las ho Fadervor og somna tungt.

*

– Dagen etter hadde ho stort Bal med aa faa upp Døri; men sistpaa kom ho daa ut. Som vel var hadde ho teki Skiene sine inn um Kvelden; no tok ho deim paa seg i Døri og kom seg aat Fjose. Digre Fennar var ihopblesne millom Husi, so det var Uraad aa gaa skilaus. Med Staven og Nevane grov ho seg inn til det ventande Dyre sitt.

Gulltavla stod rautande paa Baasen og hadde ingi Naud lidi, berre svolti var ho, fææælt svolti! Buh! Mari var fjaag ho saag Kui var heilskapa; og all 120Hugsott vart burte naar ho høyrde Gulltavle og tok til aa stelle derute. Ho song og prata og kjælte for Tavla si; og Arbeide gjekk so lett.

Ho hadde dregi ihop nokolite Mjølk dei siste Dagane, og no vilde ho koka Mysmør uppi Fjosaaren, so hadde ho Selskap; Gryta stod der kor som var, og Ved hadde ho flust av. Det var ei ørliti Matbu bygd atti Stogo, og der hadde ho Mjølki. Ho maatte daa reka att og fram paa Skiene med Mjølkefati, og heldt seg so stram ho berre kunde i Fennane, so ho ikkje skulde slaa ned. Det var so morosamt aa fara slik paa Ski millom Husi, at ho vart reint i Syngjarlag. Vêre var fint vorti att; og her var so gilt aa stulle.

Gulltavla vart og i Godlag, daa ho skyna Mari vilde slaa seg til hjaa ho. Det hadde vori hustri for ho og um Natti. Vinden hadde ruska i Høye hennar og stroki yvi ho med kalde Gufs; for tett var det ikkje, det Fjose han Lars hadde stelt til aat ho.

Men best som Mari stod og tralla og rørde i Gryta, høyrde ho det hoste utpaa Tune. Ho vart heit all igjenom. Det kunde ikkje vera Lars. Sagte var det 121Grannar, som vilde sjaa um henne. Ho slette Haare sitt med Handi, og brette ned Stakken som ho hadde stutta upp kring Mjødmom. Huglegt, at her kom Folk! Ho gjekk aat Døri og hadde upp; men skvatt skræmd; ein svartleitt Framandkar stod like utanfor Døri og spende Skiene av seg. Kva kunde dette vera for ein! Ho tok seg til Bringa og saag raadlaus og rædd burt paa Gulltavle. So stod han i Døri; helsa blidt og spurde, um han fekk kvile paa litt; han skulde yvi Sjøen og ned aat Bygdi; men det hadde vorti so tungt Føre.

Ja, han fekk sagte det faa. Han laut koma inn i Stogo og stella seg der. Um det var nokon der inne? Nei, det var ikkje det; men han fekk berre gaa inn likevæl. Ver so god! Um ho var aaleine heime? Jau, ho var daa det. Ho gjekk aat Døri og vilde ha han ut. Men han var ikkje huga paa det. Gjekk berre aat Aaresteinen og sette seg attmed Varmen. Her var huglegt her, meinte han. Og ho skulde ikkje hefte seg burt.

Mari var rædd Mysmøre skulde svidast og laut stad aa røre i Gryta; han saag blidøygd paa henne. Ja sant hadde han 122vori heppin, som raaka paa so hugleg ein Kvilestad! Og so ven ei Budeige! Mari var so rædd, at ho mest vart nòmi; men det lukta svidt, og ho rørde som for Live. Alt sveiv rundt for henne, og ho ropa i sitt Hjarte paa han Lars. Daa drog Framandkaren seg med ein Gong tett innaat henne og stirde henne inn i Augo, so ho kolna. Slike Augo hadde ho aldri set. Var han galin! Og so kjende ho eit Par sterke Armar ikring seg; eit svart Andlit bøygde seg yvi henne. Ho sleit og vreid seg og ropa: «Gud hjelpe deg, kva vil du?» Daa kjende ho Skjegge hans uppmed eine Øyra, han kysste hende villt og sa: Du er ven!

Daa vart ho so fæli, at Knéi tok til aa skjelve under henne. No galdt det Live! Og ho saag seg hjelpelaus ikring, liksom leita etter Verje. Men han heldt henne fast. Daa skaut ein Tanke igjenom henne; og i næste Blinken slengde ho ei Sleiv med kokande Mysmør midt i Augo paa han. Han slog baae Hendane for Andlite og skreik i, so Gulltavle kvakk burti Baasen.

Mari visste ikkje av seg; ho fór ut; kippa Skiene paa seg, tok Stakken yvi Hovude 123og sette paa Renn til Utgard. Men etter seg høyrde ho ei Banning so stygg, at ho aldri visste det kunde koma so fæle Ord fraa Mannamunn.

Innanfor Døri paa Utgard seig ho i Uvit.

Men burti Viks-tune laag Fanten og krabba, og svor, so Snøen kunde taka Varme. Avstad laut han, halvblind og halvgalin som han var av Sviden; eit jaga Dyr var han! Den Satans Lensmannen! Det Satans Kvindfolke!

Daa Mari raadde med seg att og fekk fortalt det som hendt var, vart dei fælne paa Utgard. Men dei laut læ og. «Jamenn fekk han Augnesalve som var maate aat han,» sa Jon. «Og me som trudde du var karalaus uti der; men sjaa, kor ein kann mistaka seg!»

Mari laut læ sistpaa, ho og. «Ja no hev eg vore Sæterkulle i mange Aar; men neimenn um eg hev havt slik Friar fyrr; pføi, han skræmde daa mest Live av meg!»

Daa ho hadde kvilt og eti, fylgde Jon med henne uti Viki. Ho var so rædd daa dei kom aat Husi, at ho mest ikkje vann setja Føtar under seg. Ingin kunde 124vita kva slik ein Fark kunde finne paa; enn um han hadde drepi Gulltavle! Eller um ho hadde blinda han reint? so han no laag der hjelpelaus? Gud hjelpe henne daa so sant; det var no ikkje noko ho mindre vilde, endaa so laakt som han hadde fari aat.

Men Jon trøysta henne. Han vaaga nok eitt minder enn aa røre Kui; han hadde vel nok paa Samvite fyrr, den Karen. Det for ingin slik i Fjelle dette Leite for det gode. Og Augo sine hadde han vel berga; Fan frir nok sine!

Og alt var som daa ho gjekk ifraa det. Mari vaaga mest ikkje tru det. Fjøsdøri stod vid opi, og det var sløkt paa Aaren.

«Rett klaarøygd hev han ikkje vore», sa Jon; Løypa gjeng som eit Sagblad etter han.» –

Men Mari var ikkje rett frisk paa lengi etter den Dagen. So snart det vart myrkt um Kveldane fekk ho det med Skjelte og var ikkje lik seg.

Uti Februar kom Mari ein Kveld inn fraa Fjose bleik og krokut og la seg paa Sengi. «Set ei Vatsgryte yvi Varmen og 125skunda deg etter Kari», sa ho til Lars; «ho lyt koma strakst, er so ho kann.» Lars saag upp; og det gjekk ein djup Rodnad yvi Andlite hans.

«Er du klein?»

«Ja.»

Han kasta Trøya paa seg. «Berre ho kjem tidsnok.»

«Du lyt freiste.»

Og Lars strauk av Garde som han gjekk og stod. Aldri i sitt lange Liv hadde han vori so rask paa Fotom. Og daa han kom inn paa Utgard, var det berre so vidt han sansa aa bera seg aat som Folk; det var nære paa, at han skulde sagt Ærendi si med ein Gong. Men som vel var fekk han daa Vit og Hugs sovidt for seg, at han helsa og sa eit Par Ord um det tunge Føre.

Kari sat i Benken og spann. Ho saag upp og skyna strakst kva Ærend Lars for i. Soleis fôr ikkje han burt i Gardom for noko anna, ufjelga og i Arbeidsklædi, som han der stod.

«Ja sagte er det tungt», sa ho, «og du hev fare fort er det sjaaand'. Du maa sjaa du fær sitja.»

«Takk ej ska itte sitte hell;» han sette 126seg yttst paa Benkesnippen og turka Sveiten av Panna med Luva: «Eg sku naa vera snøgg.» Han glytte burtpaa Kari; «det er nok so, at ho Mari er klein vorti.»

Daa var Kari uppe med ein Gong. «Eg kunde mest tru det.» – «Um det var so væl du kunde fylgje?» – «Ej fæ sagte det, er so du itte ha non betre.»

Lars var alt uppe att. «Ej tenkjer du gjer det; det er no itte fyste Gongen!» Aa nei, det var no altid ikkje det. Ho kasta ein Stakk yvi Hovude med' ho rødde; sprang inn i Matbudi etter ein Ost og eit Smørstykke. Slog Rjome i eit Spand og stakk i Handi paa Lars.

So stod dei utfor Bakken, Lars fyrst, og Kari i Løypa etter honom. Dei gjorde Vegen paa ein Time.

Men daa dei kom inn i Stogo i Viki, hadde Mari født ein Gut.

Lars stogga midt paa Golve. «Ej meine du ha gjort det!»

Mari smilte der ho laag.

«Jamenn ha ej so,» sa ho; «ej tykte itte det va no aa vente med.» Daa saag Lars paa Kari; og ein stor Smil lyste upp i Augo hans. «Er det itte Fanken til Kjering, da,» sa han; «der renne me mest 127Helsa taa øss, og so ha me itte no her aa gjera!» Han glytte burtaat Sengi; men fekk seg ikkje til aa gaa burtaat. Han snudde seg og gjekk ut. Men der ute høyrde dei han kremta og snytte seg.

Ja no hadde det og hendt han! Lars var upp i Undring yvi seg sjølv; dette var so snodigt alt ihop… hm; der kom den forbaska Klumpen uppi Halsen att. Uti Vedskaalen sanka han ihop eit Fang fin Tyrirot, strama seg so upp og gjekk inn og gjorde upp ein dugeleg Eld paa Aaren. Han saag ikkje burtaat Sengi meir. Det var so stilt burt i der. Han lét rett ikkje mykje i seg, den nykomne! Lars tykte rett det kunde vori snodigt aa høyrt Maale hans, um ikkje anna!

«No kom det væl med, at ej hadde vori med dej, daa du fekk Velt-Ola,» sa Mari, «ej hadde daa det Vite, att ej tok med meg aat Sengi det som trongtes. Ej hadde mest itte Von um at du sku kommaa tidsnok, sj' u.»

«Me sprang rett det me kunde,» sa Kari; «men jamenn ha du vøre fløi no, det ha du.»

So vart Lars sett til aa finne fram det store Tròge til aa vaske Baane i; og Kari fekk Arbeid. Daa Guten laag i Vatne 128Raudblaa og skrukkut og gamall i Andlite vart Lars mest forfælt. «Men jø,» sa han; «aakken liknes denna paa daa; det va rett en onde' leg Krabbe. Men likevel so er du kaffityst no, tenkjer ej,» sa han og saag som snøggast burtpaa Mari.

Og slik Kaffi hadde Mari aldri fengi som den Lars no koka aat henne. Ho mest kikna or, daa ho tok fyrste Svelgen. «Jø, denna var sterk,» sa ho og saag blidt paa Lars. «Berre drikk; det gjer deg godt, og du hev longe tent han upp.» Lars lyfte upp Felden som var glidin ned paa eine Sida; og ho tykte det var liksom det gjorde so godt; det var mest som han strauk henne med vâre Hender, endaa han ikkje kom henne nære. Herregud, kor gild han var! Og daa ho flidde han Koppen og takka var det reint som han med Vilje kom burti Handi hennar; og so smaalo han so godt og sa: «Itte aa takke for; hadde ej aatt ein Dram i Huse, sku du faatt han.»

Guten vart sjølvsagt kalla Vetl'Lars, og Lars kalla seg strakst Gamel-Lars, og var byrg som ein Hane naar Høna hev vorpi.

Med' Kari sat og stellte Baane vart 129Lars burte ei heil Rid, og dei undrast kvar det var vorti av han. Men snart kom han att, og det med tvo fine Aurar han hadde teki paa Iskroken ned i Viki. «Ej va' huga til aa traktere Dykk lite,» sa han; «no skal me ha oss Sæterfisk, um det er aldri so mykje midt paa Vintern. Som vel er hev me Røme.» «Aa nei for fine Fiskar,» sa Mari; «og ja sant skal Ferskfisken smaka no; ej er so hòl og svolti som ej aldri skulde set Mat!»

Lars hadde skori upp Fisken og la Stykki turre i Gryta; straadde so Salt paa; henta eit Spand Rjome i Kammerse og slo yvi i Staden for Vatn; hengde so Gryta paa Skjerdingen og svinga ho yvi Elden. «Ej tenkjer detta skal bi lugom Mat aat dej,» sa han; «ein treng eit Grand ferskt, naar ein ligg soleis ja.» Mari fekk Taarur i Augo der ho laag. Det fanst ikkje Maken hans i den vide Verdi!

So tok Lars Guten og sette seg stilt attmed Aaren med han, med' Kjeringane aat. Han visste mest ikkje, koss han skulde taka i dette vesle Kreke; det var det vandaste Arbeide han enno hadde havt med aa gjera. «At det kan bi Folk av slikt!» sa han.

130«Aa jau, det skal full bi Folk,» kytte Mari, og hugnadsamare Dag tyktest ho aldri ha havt.

Dagen etter kom Gro og greidde Fjose. Mari sat i Sengi og stelte Guten sin sjølv, med' Lars gjekk og fann fram aat ho det som turvtest. Og han laga Mat og greidde i det heile alle Inne-Syslur so fint og lettvint som han aldri skulde anna ha gjort; og song og sulla heile Tidi.

«Og so at det vart Gut,» smaalo Mari der ho laag og godgjorde seg med ein rjukande Kaffikopp. «Sagte vart det Gut, naar ej fyrst vilde bry mej», lèt Lars og kasta med Nakken; og so bar det i Veg med ei ny Vise att. Guten fekk høyre so mange Visur dei fyrste Dagane han var til, at han kunde ha nok for eit langt Liv.

Tridje Dagen kasta Mari Føtane utfyri Sengi og sette seg i Kvileskare: «Høsj, Gut,» sa ho; «no er ej like spræk; no tarv de ikkje bry dykk lenger.» Og fjorde Dagen var ho i Fjose att, og stelte Kui si, og fortalde henne byrg, at no hadde ho sitt undangjort; no fekk Gulltavle skunde seg og vera likso hæv; for no trong dei Mjølk! Og Veslekaren inni Stogo vilde nok ikkje vente lengi paa Kamerat, um 131ho skyna 'n rett; for det var framtøk Kar, maatte Tavla vita.

Men der vart enno ein lang turr Maanad fyrr Tavla kom med Kalven sin; og i den Tidi skiftest Grannefolke til aa bera Mjølk ut i Viki.

– Utpaa Vaaren heldt Kari Utgard Vesle-Lars yvi Daapen; og der var stort Barnsøl. Alle Grannane kom med Sendingar, og Lars hadde sett upp eit lite Skur utpaa Tune, der dei koka og stelte. Og Huse var fullt av god, feit Mat som til eit heilt Bryllaup mest; og dei livde lengi i Fagnad og Glede.

«Detta skal ej gjera upp att, for detta ser ej løne sej,» sa Lars fjaag til Kjeringane, naar dei kom med Rjomegrautdallane og Bakelstinune sine. Og dei lo og riste paa Hovude. Han var same Karen som han hadde vori, han Lars. Men jamenn gjorde det reint godt aa sjaa kor hjarteleg fjaag han var; og det var um dei trudde Mari skulde faa Rett med'n Lars likevel; kann hende kunde han enno vinne seg uppatt i Verdi.

*

Det vart ei lei Vaarknipe dette Aare. Vinteren hadde vori mild; men tok Mùnen 132sin att no paa Vaarparten. Lite Høy var det allstad. Men minst i Viki. Snøen laag som han vilde liggje til ævlege Tidir; og Isen var metertjukk. Midt paa Dagen kunde Vaarsoli vera varm, so Fennane seig ihop eit Grand og vart blaa og vatstunge; men um Natti fraus det; og ikkje fyrr var det so vidt berrt kring Husveggjom vorti at ein saag nedi Bakken, so kom det ei Snørid att. Og so snødde det og snødde i Nætar og Dagar. Daa vart det stilt i Stogom; og Folk gjekk tagalle og saag paa Himilen etter Vaar-Merke.

Det var ikkje hugnadsamt aa stelle i Fjose slik ein Vaar, naar Kyrne stod utarma og magre og raga uppi Baasom. Dei stirde mest Augo or Hausen paa seg etter dei stakars Høystraai, og rauta so underleg døyvt og saart. Dei skyna ikkje dette! Kui fekk dei ikkje Mat? Juvri slong under deim som tome Sekkir, og kvart Beine vilde liksom ut gjenom Hudi paa deim. Fælt og vondt var det aa sjaa.

Mari koka varm Drykk med ein litin Mjølneve i og gav Mose og Lauv, so vidt der hekk Liv i Gujltavla hennar. Ja um Kveldom gjekk ho ofte ut paa Vegen og sanka Hestemøk og Høystraa og Mose som 133fall etter Mosekjøringi. Alle som hadde noko att upp i Fjelle laut hente det heim no, fyrr Isen strauk; so der for jamt einkvan med Lass dette Leite. Og naar ho vaska upp Matkjerald, gøymde ho kvar Dropen av Vaskevatne; der var eit Grand Mat i det med. Men saart lengta ho etter Súmaren. Aa Herregud, kor godt det var aa kjenne Daamen av den fyrste Gror i Skog og Mark og høyre dei løyste Bekkine silre gjenom Lidi. Daa vart det Livberging for alle!

Men Vinteren er lang i Fjelle. «Me ha itte okke Vaar hell Haust og lite til Sumar med,» sa Folk deruppi; «me ha otte Maanar Vinter og fire Maanar Kalde.»

Og det var sant, sume Gongir. Det hende Sumaren var so kald at Grase snaudt vilde vekse; Fjellbeiti vart tunne og magre; og daa var det vondt aa vera til baade for Folk og Fe, og mang ein Mann ynskte seg i eit varmare Land. Men verst av alt var desse lange Vaarvikune som aldri tok Ende. Millom Von og Vonløyse livde dei daa fraa Dag til Dag; og den sterkaste kunde ofte misse Mode.

134Men lite og inkje sagde dei. Og vart det for gali, so var der berre ei Raad: slagte ned, so hardt det var.

Der gjekk dei. Saag paa Dyri. Og paa Høye som minka. Og paa Snøen som laag og laag. Slagte ned dei magre Beisti var stort Tap; og ein Gong maatte det daa besne.

Dei kunde sistpaa mest hata Snøen. Det var ikkje den drivkvite glimande Vintersnøen lenger; det som no laag var ikkje verdt aa heite Snø. Blaasvart, blaut, vatskald; berre Slapse! Men sjaa um han kunde vinne seg burt. Det kunde hende, at ein og annan vart utolug og bad han reise Hin og Den i Vald.

Til Slutt kunde Mari ikkje bie lenger. Ho tok til aa skufle Snøen burt i Tune og frammed Husi. So kunde daa iminsto Geiti sleppe ut; der var turre Straastubbar fraa ifjor, som ho kunde gnaga, og Bork av Kvistehaugom, som laag att etter Kui naar ho hadde eti Lauve.

Men det var det store, at etter Vaar-Suti kom Sumar-Sæla, daa alt vondt gløymdest, daa vart det glade Dagar for baade Folk og Fe. Det kunde vera kaldvori og heller lite med Avlingi paa Gardom, 135men so var der daa likevel Beite i Fjelle. Sjeldan kom det slikt Uaar, at det glapp.

Og sæl var den Maidagen, daa Mari fyrste Gongen kunde sleppe Gulltavle ut or Fjose og sjaa henne raga yvi Tune og inn i Skogen med Kalven sin. Ei stor Sorg var sløkt; ho var modig og full av Vonir att.

Det hadde hendt oftare i Vaar, at ho maatte burti Gardom og laane ei Høybyrd og eit Grand Mjøl. Alle skyna, at i dette Førefalle var det ikkje greidt ut i Viki, og ho fekk laane paa fyrste Orde. Lars heldt seg helst heime med'n Vesle-Lars; han var so trøysam, denne Guten; og ikkje var det Ver til aa fara paa Timberarbeid no. Det var so vidt ein kunde pusle litt med sitt eige. Fire Kvarv hadde han lagt upp til Nystogo; og no tok han til aa hogge ut til Glas; so jamenn saag det ut til aa verte Hus av. Det var Meiningi dei skulde flytja inn i det til Vinters att, gjekk alt vel.

Og Lars lika seg. Berre naar Mari sume Gongir laut gjeva han noko tunnare Kaffi enn han var van med, og det ikkje var so flust upp med Mat, vart han sur. Og Mari smaalaante Kaffi og 136agta vel paa kvar Baune; sjølv var ho mest likesæl med Kaffien so han Lars kunde faa det som var. Ho hadde alltid vant seg so vidt paa'n, at det var kje fritt ho sakna'n; men heller vilde ho aldri sjaa Kaffi enn at Lars skulde misike seg; daa vart det so uhuglegt, her var mest ikkje livande.

Ein Dag kom det Bod fraa Bø, at Berit venta Lars til noko Arbeid i Sumarfjose. Ho hadde longe tala med han um det; og han hadde fengi baade Høy og Mjøl fleire Gonger der i Vaar, so det var no so, at han var Arbeide skuldig.

Men Lars drog fælt paa det, daa Bode kom. Det var rett so ulaglegt som det kunde vera no; det var det. For som dei saag, so heldt han paa aa byggje aat seg sjølv. Men, naar det var so at det var Naud paa, so fekk han vel gjera Berit den Beinka aa koma nokre Dagar likevel.

Lars laut ut so ugjerne han vilde; og Mari vart aaleine att. Men no hadde ho Vesle-Gut; so det var ikkje so stuslegt lenger. Naar ho hadde gjort fraa seg ute, var det aa taka honom i Fange og lata honom faa sitt. Og han vaks og treivst utruleg, Farken; og gjerne kunde han det, slik som han livde. Mjølki strøymde ned 137i Halsen paa han so han mest kovna; han drakk og svelgde, svelgde og drakk. Kvilde seg so ut i ein litin Blund; kvakk upp og tok til att. Heile Guten var berre ein umetteleg Munn, som saug seg fast i si søte Livsens Kjelda. I Fange til Mor, med Andlite mot det varme Bryste hennar, der var Himilrike hans. Mjukt og varmt laag han i Armekroken; og Hendane til Mor heldt so vârt og godt ikring han. Betre unde han vel her enn i den vesle Vogga som hekk i Tòg under Slindri, endaa den mjuke Sauefelden var varm og god den med.

Og Mari tykte ho trong so vel desse Kvilestundine med Guten sin. Ho kjende seg nok tom og svolti naar ho hadde metta han; og trøytt var ho jamt, naar ho sat med han. Men det var ein god Trøyttleik; mest som ein lett Svevn. Ho fekk geispe so godt; og Tankane sveiv liksom burt; ho ynskte inkje noko paa Jordi. No naar Lars var burte la ho seg paa Sengi med Veslegut, med' han fekk Drykken sin; og so somna dei baae; og Mari kjende seg sterk og kvild, naar ho stod upp att.

Dei hadde fengi tvo Mjølke-Geitir no. Og den velsigna Geiti var so lett aa føde, 138og Mjølki ho gav var so rik og feit, at um Mari ikkje hadde stort anna til Mat um Dagen enn eit Fat Geitemjølk med eit Grand Flatbraud til, so greidde ho seg. Endaa ho sagte nok kunde havt Hug paa eit Grand Furkonmat stundom. Litt Ost og Smør hadde dei nok, men det var heller lite no, so lengi der ikkje var likare Beite aat Kui. Og so maatte ho draga ihop eit Grand, so her ikkje var matlaust naar han Lars kom heim.

– Dagen etter at Lars var strokin stod ho i Vindauga og stirde ut-yvi Sjøen. Ein kunde sjaa, at Soli fekk Magt no etterkvart likevel; for der var blaa Flekkir all Stad ut-yvi Isen, og Køyrevegen laag som ein svart Strik utigjenom. Det var godt aa sjaa, at der var Vatn paa han. Avfall av Moselassi og Hestane tærde paa Isen, so han gjekk fyrst etter alle Vegar. Skal tru han var køyrande? Det var lengi siden ho saag nokon Køyrar no. Men gangande var han no allvisst. Den som berre kunde koma ut eit Grand. Men ho slapp vél for det no, ho san. Vesle-Gut, maa tru…

Men kva var det? So sant kom der ikkje ein Skyts utpaa Isen. Kven kunde 139no det vera? Ikkje var det Mose-Køyrar; for dei hadde Langslede, og detta var ein Husk, soviclt ho kunde sjaa. Men ikkje kunde ho skyna kven det kunde vera, som for soleis midt i Yrkja. Skulde det vera Lensmanns-Skyts tru? Nei; – Lensmannen hadde ikkje noko uppi her aa gjera. Og han for no elles jamt i Slede Lensmannen. Meinte ho ikkje der var tvo i Husken! Jau so sandeleg. Kar og Kvende. Ho stirde so Augo vatshagla. Dette var ho rett forbina paa.

Skytsen strauk framum Nese og sette aat Utgardsvegen; da vart ho reint fortustra. Ja sant fekk dei Framandfolk idag paa Utgard; det fekk dei! Midt i Yrkja! Og ein var daa ikkje budd paa Framande soleis no i Førefalle! Hadde det so sant ikkje vori Guten, so jamenn skulde ho snerta seg burt og hjelpt henne Kari eit Grand; det skulde ho. Kari trong so vel um ei Handsrekkjing, alt det ho hadde aa gjera. Det var jamt so, at Kjeringane paa Storgardane hadde det vel so stridt som andre. Hadde dei meir under Hendom, so hadde dei meir Arbeid og.

Doktarskyts kunde daa ikkje dette vera? Var det likt; hadde nokon vori so klen 140uppmed Sjøen her at dei trong Doktar, so hadde ho sagte visst um det; sovori spurdest snart. Mo-Gubben hadde nok vori skral i Vaar; men ikkje var det noko aa hente Doktar etter, det nei. Han var ikkje sjuk, Gubben; hadde aldri vori sjuk i si Tid, men utgamal var han, og Tidi var komi, daa han ikkje meir kunde gjera i Verdi; og daa fekk ein sagte døy; det vøre ikkje vel elles. Men ikkje trong ein Doktar til aa døy, naar alt gjekk rett til. Nei, til Utgard strauk desse, kven det no var; ja, kven kunde det vera?

Ho var so teki av dette Storhende, at ho mest som i Ørska sette seg og gav Guten; og daa ho reis upp att, var det som Føtane hennar tok til aa gaa av seg sjølv; og fyrr ho rett visste av det, gjekk ho fjelga og flidd paa Vegen til Utgard med Vesle-Gut i ein Sauskinspose paa Ryggen. Og ho var mest sprengd daa ho stod paa Tune der. so fort hadde ho gjengi, og det reint i Ansløysa.

*

Det rauk friskt or Skorsteinen i Nystogo, daa Mari stabba uppyvi Utgardsbakken i det tunge Føre. Kaffien var i 141Svingen, det var lett aa sjaa. Ho kjende mest Lukti. Jamenn var ho so sliti, at ein Kaffikopp skulde gjera godt. Ein saag liksom paa Røyken, at der var Framandfolk i Tune. Blaa og lett steig han ende tilvèrs, og hadde liksom so annvint. Ho gjekk rak og rask dei siste Stígi øvst i Bakken; ingin skulde sjaa, at ho var trøytt.

Men daa ho kom innum Døri, vart ho standande aa stire og gløymde mest aa helse. Uppi Benken sat ein Mann so fin, at ho aldri Maken hadde set. Og attmed honom eit Kvende, – ei Frue maatte daa dette vera.

Aa du Merakkels Tid, so fin ei Frue! Ein Hatt hadde ho paa Hovude med ein Krans av Blomar so fagre og livande, at Mari tykte plent ho kjende Angen av deim. Det var som ho skulde ha teki upp ei heil Tuve med Geiterams og Balderbraa og sett paa Hovude sitt. Og Silkeliv og Gullnaal og Gullkjæde. Og Ringar paa Fingrom med store grøne og blaa Steinar. Og Silkeband og Taggar; og so mykje snodigt Smaakrams baade her og der, at Mari aldri visste aa nemne det. Og Haare krullut plent som paa ein Sau. Men mest laut Mari stire paa Andlite hennar. Koss kunde 142det hava seg, at ho var mjølut vorti? Hadde ho alt vori paa Stabure? Og Mannen hadde eit raudt Band kring den høge, kvite Stivekragen; og i Bandknuten lyste ein Glimestein. Haare hans var so stutt som paa ein vaarklipt Bukk, og tunnt so det lyste innpaa Skinne. Alt dette saag Mari i ein Augneblink.

Men endeleg tok ho daa til Vite og helsa. «Aa nei, er du og ute og fer i dette Uføre?» helsa Kari, som stod raud og varm burti Aaren og steikte Vaflar. «Du maa sjaa du fær sitja. – Og Storkaren sjølv meine' ej du ha med dej og!» Mari smilte. Ja sagte hadde ho det. Han hadde no alt lengi traatt etter aa sjaa til Utgard, han og, sju. Men elles sku dei no ikkje sitja hell'. Dei skulde berre vera snøgge, var det Meiningi. Men Kari gjekk burt og tok til aa snøre upp den lange Ulllisti som Guten var fastsurra med, og tok han og saag paa han. Aa jau; sagte var det Kar vorti! Ho kjende han daa mest ikkje att; so hadde han vaksi desse Vikune. Mari sette seg byrg og smilande i Aarebenken og rulla Lista ihop. Aa ja; ho trudde mest han var annleis vortin no ja;, jamenn kjende ho det baade i Rygg og 143Akslir, at ho hadde bori han. Men Kari maatte til med sitt att; og Mari fekk Guten i Fange og tok han or Posen. Alt i eit maatte ho gløtte burtpaa dei som i Benken sat; og no kunde ho ikkje berge seg lenger. «Han va full itte mykje god Isen nedetter Vega idag?» sa ho blid; «ej saag de kom nedanifraa.»

Men Mari sette endaa større Augo, daa Mannen let upp Munnen og svara: «Oh jes, han var god nok;» ho raudna og var aat aa gløyme all Folkeskikk og læ han ende upp i Augo. Kvar i Verdi var den Karen fraa, so snodigt som han tala?

Han tok til att: «Men det gaar langsomt i Gamle-Lande. I Æmmerikka er me annleis vand.»

Daa opna Frua Munnen, ho med. «Oh jes!» Og Mari saag det ho aldri fyrr hadde sett: Tennar av skinande Gull hadde Menneskje! – «Aa jø; er de radt ifraa Ammerika,» sa ho forbina og stirde.

Ho hekta upp Kjolen; Guten hadde vakna no, daa han kom or Posen og ikkje huska seg paa Ryggen lenger, og no melde han, at han var svoltin.

«Ja du undrast sagte paa desse Folki, du Mari,» sa Jon, som var innkomin, «og 144meir forbina vert du fell', naar du fær høyre kven det er. Det er han Tore, dette, og Kjeringi hans, – anten so du vil tru det hell' itte.»

Frua dutta Mannen sin i Sida og kviskra: «Kjeringj hi, hi!»

«Aa nei du segje no itte det,» sa Mari; ho vart sitjande der med Live upphekta og gløymde mest aa leggje Guten innaat; den vesle laut segja fraa heller kvasst endaa ein Gong. Daa bøygde ho seg ned og let han faa sleppe til. So vart der Fred for honom. «Aa nei, so du er heimattkomin no!»

Dei tvo i Benken lo. Jamenn var han so. Han vilde heim og sjaa att Gamle-Lande og Bygdi si. Sjaa koss dei staaka og livde her. Men Mister Johnson maatte baade graate og læ, naar han saag, kor reint likeeins her var i alt. Utan Umbrigde og Framgang. I Æmmerikka var der altid Framgang. Altid fiks Bissness og altid plenty Monni. Det fyrsta han maatte undrast paa her var, at Folk ikkje hadde Pengar millom Hendane, men livde av «Guds Gaavur» som i gamle Dagar.

«Me vante'no itte noko, um me itte ha so mye Peng' just,» sa Godfar. 145«Jamenn live' me bra, det gjer me. Me hev Helsa og me hev Mat, og varmt Hus, og me hev no Klæde og, um døm itte nett er so granne;» han saag burtpaa Frua.

Men Mister Johnson blès. Mat, Hus, Helse! Kva var det. Nei; utan Pengar var det ikkje verdt aa liva. I Æmmerikka gjer dei alt i Pengar. Jordi vert drivi med Maskinar, Ost og Smør vert laga med Maskinar, ja Kyrne vart til-med mjølka med Maskinar, og Bonden sitt berre og tek inn Pengar. «Plenti Monni; nok Pengar, forstend du.»

Kvinnfolke berre glaapa. Og Mari undrast paa, koss i Verdi ho no skulde minnast og bera rett heim alt dette til han Lars. Godfar sat i Høgsæte med sitt rolege Andlit og lydde stilt. Saag paa Sonen sin no og daa, liksom han leita etter noko i Andlite hans. Ender og daa drog han paa Smilen: «Kva brukar Bonden Hendane sine til i Ammerika daa,» sa han stilt. Mister Johnson lo: «Til aa klappe Ledyane med,» sa han skjemtesam og vilde strjuke Frua si yvi Kjaken. Men ho slog han yvi Handi og lo: «No no!»

Mari vart reint bljug. Tenk sitja slik aa fjasa midt paa ljose Dagen, – gamle 146Menneskje! Ho laut reint slaa Augo ned, der ho sat. Godfar meinte, at det vart full' eit keisamt Arbeid paa Lengdi, det med; og dei lo alle.

Men Godfar vart snart aalvorsam att. Og Andlite bleikna og vart kvasst i Dragi, etterkvart som han rødde med denne Sonen, som han ikkje kjende att. Han vart som so hugsjuk; kjende seg med ein Gong gamall og einsleg, der han sat.

Mister Johnson og Frua hadde ein Son med seg og. Han heitte Abraham Lincoln Johnson, og var ein overlag stram Kar. Vatskjemd var han, so det skein i det ljose Haare hans; og Skil hadde han midt etter Hovude som ei Gjente; og Krage og kvite Armringar; og Brók so trong, at det saag ut som ho kunde rivna berre han rørde paa seg.

Han kann no ikkje gjera mange Hopp i den Broki, tenkte han Veslelvar uppi Trøen, som var komin ned med Far sin og vilde helse paa Framandfolke. Han var so vidt tilkomin, han Ivar, at han saag etter Leikebror, so snart han raaka ein Smaagut; Abraham Lincoln var 14 Aar; men Ivar hadde gissa paa 10 der han sat og tok Maal av det nye Syskinbaane sitt.

147Alt TrøFolke var no komne ned etterkvart; og der vart som eit heilt Gjestebod paa Sluten. Stogo var mest full. Borni sat i Rad uppi Benken tagalle og bljuge. Berre ender og daa vaaga dei seg til aa glytte burtpaa Farbroren og den naudfine Frua hans; ho var fødd i Amerika og kunde ikkje norskt, ettersom Tore fortalde.

Daa dei hadde eti, reiste Missis Johnson seg og vilde ut aa sjaa paa Garden. Jon og Tore fylgde. Godfar sette seg burtaat Aaren og kveikte Pipa etter Maten. Han saag paa Sned etter dei, daa dei gjekk og det var reint stillt ei Rid. Men daa dei vel hadde fengi Døri att etter seg, sa han med ein ørlitin Smil i eine Munnviki: «Det va Hatt det, ja.» Tungt og seint kom kvart Ord som han hogg dei i Stein. Det var so snodigt aa høyre, at Mari gløymde seg reint og sette beintfram i aa læ so det song i Stogo. Og Kari laut læ, ho med. Dei turka Augo, smaalo og undrast: «ja, det va Hatt det, ja,» tok dei uppatt. Jamenn var det so. Koss i Verdi fær dei til slikt? Ja seg det?

Men um Vinteren, kva tru dei daa brukar paa Hovude, Kvendi i Amerika?

148Godfar tok eit langt drag av Pipa. «Aa daa… pah… daa ha døm fell' ei Snøfonn paa Hugu, daa.» Og dei laut læ att. Ja, det skal du sjaa!

Daa Folke kom inn att, fraus Missis Johnson so ho blaana under Mjøle.

«Du klæ' r Kjeringi di for kleint, Tore,» sa Godfar, «du minns no fell kor svalt det kann vera um Vaarom uppi her.»

Men Tore kunde fortelja, at i Æmmerikka var det ikkje Skikk at Kvinnfolki hadde so mykje Klær paa seg. Helst skulde dei hava so lite som Raad var paa seg.

«Daa fær ho lære ny Skikk her, er ej rædd,» meinte Godfar, «er so ho vil agte Helsa si.»

Men Tore trudde nok det skulde greide seg den Stundi dei var her. Det vart no ikkje lenger kor som var.

«So du… tenkje' dej yvi att?» Der gjekk ei Hetefloge yvi Andlite hans Godfar.

Ja heime hadde han ikkje tenkt aa verte verande. Men han vilde freiste aa gjera eit Grand Bissness her, fyr han strauk att. Han var noko som ein Handelskar vortin, maatte dei vita, Agent dei kalla; og han 149handla med ein Maskin, dei kalla Separator. Dei Bøndane som hadde ein slik Maskin kunde bli rike paa eit lite Bìl; for den var soleis laga, at naar dei lét Mjølki gaa igjenom'n, so fekk dei dubbelt so mykje Smør av ho; og Smøre, det var no Bondens Gull det, maatte dei hugse. Det var Pengar beint fram; og Pengar var det ein laut hava; for Pengar fekk ein alt i Verdi. Dei bisna alle. Men Godfar sa vantru: «den Maskina va ej huga til aa sjaa; endaa ej ha no altid livd godt med det Smøre me ha havt.»

Ja dei skulde sagte faa sjaa ho. Han hadde ei standande nedi Bygdi hjaa Handlaren, som hadde teki paa seg aa gjera Freistnad med ho nokre Dagar, so Folk kunde faa sjaa.

Mari glaapa: «Fær ein dubbelt so mykje Smør, segjer du?»

Jamenn fekk ein so. Det kunde Mister Johnson kavere for.

Og Kari meinte, at det stod ikkje paa daa. For neimenn um ein hadde formykje Smør nokongong; i Vintertidi kunde det bi lite nok, og det um ein hadde nokso fin Buskap.

«Og Helvti so mykje Arbeid,» sa Mister 150Johnson, han var heilt uppglødd vortin; det vart ikkje noko Arbeid aa rekne for mot det som dei no hadde med det gamle Stelle! Ein berre rende Mjølki uppi ein Saa, eller ei Bytte aa kalle, og drog paa ein Veiv i nokre Minutt; so fekk ein kvart Rjomegrand utor ho, og so kunde ein kjinne med ein Gong og brenne upp alle Bunkur og anna Merakkels, som dei no gjekk og sleit og skura paa.

Kvinnfolki vart upp i Under. Bunkeskuringi var det verste Arbeide dei hadde; og jamenn kunde det vera godt aa bli fri den; so dei var rett forvitne etter aa faa sjaa den Maskina; det var dei.

«Berre vent,» sa Mister Johnson, «her skal snart bi annan Skikk paa Gardane; det lovar ej.» Med rett Bruk kunde det bli Stordrift her paa Gardane, og Meieri og altslag.

«Ej er so fortustre,» sa Mari, som hadde lytt med opin Munn paa alt dette; «og det trur ej no visst, at han Lars vil ha sej slik ei Maskine; han ha no støtt slik Moro av alle sovorne nye Greiur. Han ha lenge kjytt paa att 'n snart vil faa sej ti ei av desse Slaamaskinan han ha sett avteikna hjaa 'n Paal Osen.»

151Kari saag upp. Det maatte no vel vera Skjemt ho for med no? Men Mari sat der reint aalvorsam. Daa svara Kari berre: «Kann hende det, du.»

«Ja,» sa Mari; «dei skal løne sej so ytlig, dei og!»

«Det er gjerne noko i det; men daa lyt ein no ha Hest.»

«Ja det veit du,» svara Mari; «det vil 'n no ha lel, naar det li' paa.»

Kari hadde nok høyrt, at Tru kunde flytja Fjell; men at Mari skulde faa gjort slik Kar av han Lars, at han fekk seg Hest og Slaamaskine, det vilde ho no sjaa fyrst.

– Det leid paa Dagen; Mari stellte Guten sin, fekk han inn i Sekken og slengde Sekken paa Ryggen so lett som det var ei lita Skreppe. Snørde han so fast med det breide Ullbande, so han vart hangande som i ein Sele med Band i Kross yvi Ryggen og under den vesle Enden. Berre Nasetippen stakk sovidt fram under Turklæde; han lika seg so vel soleis paa Ryggen; det var som aa sitja i ei Huske; og han somna gjerne sosnart Mari tok til aa gaa. Det var framifraa greidt aa bera Borni so; for daa 152hadde ein Hendane frie og kunde nytte Tidi til aa binde med' ein gjekk; inne vart det so lite Tid til aa sitja med Bundingen.

Men det var sant; Mari hadde regtig ei Ærend; den hadde ho daa mest gløymt burt. Det var um Kari kunde vera so hæv aa laane henne ein litin Sukkerklump, til han Lars hadde vori hjaa Handlaren. Det var so ille at han ikkje skulde faa ein Sukkerbit til Kaffien, naar han kom heimatt um Laurdagen, maatru. Jau; sagte fekk ho det faa, sju. – Det er fyrste Gongen ho laanar sovori, tenkte Kari, daa ho gjekk aat Kleven etter Sukkere. Jamenn hev dei greidt seg utruleg.

So fann ho fram ein litin Geitost; den skulde no lætst vera til Vesle-Lars fraa henne Godmor. Og so ein fin litin Smørklepp til aa faa Osten ned med. Mari var reint yvigjevi. Dette var no reint for gali. «Det er rart med det; du hev no berre ei Ku, du,» sa Kari. «Ja du veit det; men som vel er, so fær me no snart tvo. Elles er' a no so flink til aa mjølke, Gulltavle, at det er reint svært.»

«Kanske det du. Endaa det er fell' itte mye Høy uti hjaa dø, hell?» Men 153Mari kytte. Det var rett utruleg bra med Høy enno hjaa deim, det var det; og Mose og Lauv hadde ho flust av. Og so slikt Høy daa! Det var so feitt og godt, det Lars slog i Utslaattom, at Mjølki vart mest som Rjome av det. «So ho nauve' nokk itte den Megga mi, sju.» «Nei nei,» svara Kari spak; «det stend itte paa daa.» Ho tenkte paa, koss ho sjølv maatte spara paa Straai no um Dagom.

So stod Mari utfyri Bakken med Guten paa Ryggen og Ost Stakken; den hadde ho teki uppum Live paa seg. Og mett og fjaag var ho, og, og full av nye Tankar.

*

«Soli lyser likt for fatigt Folk og rikt.»

Tilsist fekk daa Vinteren Ende dette Aare med. Ved Midsumarstid stod Skogen vaarfrisk og grøn; Bjørki fekk endelig sprette og Lidine grønka smaatt i Senn.

Inn i dei laage myrke Fjosi vart det Uro og Lengt. Gjenom Sprekkur og Sprottar seig Lukt av Mold og Gror inn, og gjenom dei smaa, grøne Glasi strøymde Vaarsol i breide Baarur. Den milde Vaarlufti 154strauk som varme Hendar yvi magre Ryggir og slunkne Svangar; det krisla underleg i Hud og Haatt og vakna i dei sloknande Livsvonir.

So snart dei fyrste Straastubbane stakk upp ikring Husi, vart Dørine upplatne, og ut i den solljose Dagen raga Dyri fraa Baasar og Bingar. Unge og gamle, store og smaa klemde seg innpaa kvarandre i Døri, sanselause og ville, og Tull i Tull, hovudstup, halvblinde, øre kom dei veltande ut, datt paa Kne, reis uppatt med Rykk og Spark, sette paa Sprang med Rova ende tilvérs eller rett ut som ein Stake, tumla i kvarandre, um kvarandre, yvi kvarandre, att og fram, gjekk attlenges, tok Spenntak i Bakken og stangast, sette Horni i Moldbakken so Jord og Stein spruta, rota, snufsa, rette Hovudi til Vêrs, bles upp imot Himilen; Vaaren gjekk dei som sterk Vin i Kroppen; dei var galne av Sumarlengt.

Men etterkvart som dei fekk Vite att, stilna dei, rette Nasane ut og vêra mot Fjelle og ut-yvi Sjøen. Var det no visst, att alt var retteleg i Gjerdom aat det sæle Sumarliv i Mork og Hei? Nei; i Høgdir og Skar laag kvite Fennar og lyste i Soli; 155der uppe hadde Vinteren ikkje enno slept Take; det var best aa vera i Heimemorki enno eit Bìl.

Men Sjøen var or Bandi sloppin og laag som eit blankt Auga etter ein god Svevn. Aasar og Lidir spegla seg; og naar ein skauv Baaten fraa Land, var det som aa glide ut i lause Lufti. Fjell ovantil og Fjell dernede; lette, drivande Solskyir gjenom heile det ljostindrande Eventyr-Rom.

Stille, solvarme Dagar kom med Lokk og Leik fraa Morgon til Kveld i dei svale, angande Skog-Lidir. Men um Natti, naar alt var kvart, daa vakna Villdyri paa Viddi, og elskhugsjuke Skrik skar ut-yvi Hei og Sjø. Deruppe gjekk Kjempor ihop, og Livsens ville Leik rasa i Blodeim og Brand. Berre dei siste skoddekalde Timar fyrr Soli rann var alt i djup, tung Svevn; daa vart den sprukne Klang av ei einsleg Hestebjølle til Ljom millom Fjelli.

*

Mari hadde vori mykje burte paa Arbeid i Gardom i det seinste. Ho var so hendt til alle Slag, og so trøysam aa 156lettliva aa ha i Huse, at ho var velsedd kvarhelst ho kom.

Ein Dag kom det Bod fraa Kroken, at Mari maatte gjera vel aa koma og hjelpe til, for Eline var død. Mari vart reint forandra, der ho sat. Aa nei so det vart so braatt slutt med Eline, stakkar. Ja, sagte fekk ho daa freiste aa hjelpe til det vesle ho kunde. Lars greidde altid Fjose; han kunde mjølke naar han vilde, og han hadde fengi Smak paa aa vera heime no, so han sa ikkje noko um at Mari drog ut og tente eit Grand. Og for henne var det Moro aa koma ut; ho var van med stort Hus og stort Stell, so det vart heller stuslegt for henne etterkvart ut i Viki.

Daa ho kom gangande til Kroken, var det alt folksamt der.

Den nye Doktaren nedfraa Bygdi var komin, og han Ivar nedi Trøen og ein av Gutane hans like eins.

Kroken var øvste Plassen der det var vinterbuande Folk. Eit Stykke ovanum var der ei liti Sætergrend. Men der kom ikkje Folk fyrr etter Midsumar. Elles var Utgard næraste Grannegarden; dit gjekk ein paa ein Time.

Anne Kroken hadde aldri fengi seg til 157aa tru, att det var faarlegt med Eline. So vidt krimfull kunde ein no sagte vera; det «stakk itte aat Liva» det, meinte ho. Endeleg skyna ho likevel at det vart Aalvor, og so fekk dei Ivar til aa fara etter Doktar. Men det tok tvo Dagar aa faa han dit upp; og daa han kom var Eline slokna,

No laag ho i Sengi med ein kvit Duk yvi Andlite, og Mari maatte til aa vaske og stelle so snart ho hadde eti. Og no fekk ho sjaa det ho aldri hadde trutt: Doktaren sjølv tok til aa pynte og vaske som han aldri skulde ha gjort anna. Ho hadde nok høyrt, at han var ein Raring, og hadde mange underlege Gjerdir; men dette –! So vorne Folk var daa gjernast finare paa det enn som so. Han var nyst komin til Bygdi, Doktar Wang; i mange Aar hadde han vori i framande Land; men so var han laak vortin, sa dei; og so kaupte han seg ein litin Gard nedmed Kyrkja og busette seg der; Far hans hadde vori Prest her i Bygdi ein Gong. Mange heldt han for ein Skrulling beintfram; og jamenn saag det ut til noko av kvart, tykte Mari.

So bar dei Eline ut paa Laaven, og Doktaren tok til aa regjere i Huse. Han 158fekk upp alle Glasi, og sette Døri paa Vegg; so stelte han deim til aa vaske, baade Karar og Kvinnfolk. Ei stor Gryte vart uppsett ut paa Tune til aa verme Vatn i, og i Bryggepanna ut i Fjose hadde han deim til aa koke alt som kokast kunde. Han var so løgin og, at dei stundom laut læ, so gali det var. «Sistpaa lyt me koke henne Anne og,» sa han, «for ho vert ikkje grei aa skure rein.»

Og han tala baade aalvorsamt og skjemtesamt aat deim um denne Sotti, som her hadde teki so ven ein Blome i hennar bedste Bragd. Ned i Bygdi var Tæringskjuken longe komin, og hadde sume Stadir herja stygt alt; men her uppe var Eline den fyrste som vart henta.

Han tenkte med Sorg og Harm paa at heretter skulde dette gilde Folke hava slikt eit Sverd hangande yvi Hovude sitt. Det var som den fyrste kvite Sopprosa paa eit herlegt Byggverk. Ein kunde faa Hug til aa setja Verdi under Vatn og drukne all den Gift og Styggedom, som Menneskja hadde dregi paa seg. Me kunde brenne og koke og skure og kline med vaare fatige Fillur so mykje me vilde; ein Stad, i ein litin Sprekk, i ei Rift som Augo ikkje skilde 159kunde det endaa gøyme seg eit Fræ, som saadde seg i Mannakjøt og avla Daude.

Løvur, Elefantar, Tiger, Ulv og Bjørn var Barneleik vorti for Mannen no; men Fanden hadde narra Menneskje til aa gøyme seg for Soli, og liva i urein Luft, der Myrkemagtine herja, Magtir, som Augo ikkje saag og Skôt ikkje beit paa.

Det ringaste av alt livande hadde sigra yvi det som gjævast skulde vera. Inkje Under at der gjeng ein stor, fæl Laatt yvi Verdi. Den som hev Øyro aa høyre med, han høyrer. Men han kann og høyre liksom Brus av eit Hav djupt nede; det er Graaten som ingin Laatt kann døyve ned.

Han saag paa Olav, som gjekk der med blanke, brennande Augo og smaahosta; næste Offer! tenkte han og knytte Hendane.

Gamle-Doktaren ned i Bygdi hadde mang ein Strid med Dr. Wang, endaa dei var Venir i Grunnen. Kva kann det nytte aa taka slik paa Veg, sa Gamle-Doktaren. Ein fekk taka Verdi som ho var. Det var ein Overgang. Vaarherre løyste nok upp. Kva sku' ein braake etter? Det var so mykje som reid Ungdomen no for Tidi. Ja her var ikkje Ungdom no. Pinedø um her var. Og daa fær me Gamle slaa oss 160galne, sa han, og tømde sitt Glas; elles vart her for mykje Dygd! Den som var Doktar i ei Fjellbygd, eller Skydsskaffar kunde ein segja, og rak etter Vegom i Kariol Natt og Dag, han hadde sovisst nok av vondt, um ein ikkje la paa seg det som ikkje annleis kunde vera. «Vi greier det sku' ikkje lel, Dr. Wang.»

Ein Gong gjekk dei mest ei heil Natt i Skogen og smaatrætta og erta kvarandre upp, og – vart betre og betre Venir.

Ein Doktar, sa Wang, kva var ein Doktar! Ein Doktar skulde ved alle Himilens og Helvites Magtar tvinge Folk til aa vera friske. Lære deim, at Sjukdom er Skam og Synd! Ei Udygd som var Roti til alle andre Udygdir! Ein sjuk skal og vera ei Skam for Doktaren. Doktaren skal lære Folk aa frelse sin Kropp, liksom Presten lærer deim aa frelse si Sjæl!

Men Gamle-Doktaren spurde sin «kjære Kollega» kva i all Verdi Doktarane daa skulde liva av? Liva av? Dersom Folk ikkje hadde so mykje Vit, at dei lønte betre ein Doktar som frelste deim fraa Sjukdom, enn ein, som berre gjorde Pina lenger, naar dei skulde døy, saa var dei ikkje Live verd, meinte Dr. Wang. Sjølvsagt skulde Doktoren 161liksom Prestar ha Løn av Staten, so dei kunde gjera det Arbeide som trongst mest millom Folk. Sjukdom var noko Develskap, og betre var dei farne den Gongen dei stakk kvarandre ihel med ein ærleg Kniv, enn no, daa dei rotna burt i Sjukdom.

«Men Gudbevaremejvel, er De sindsvag, Kollega,» sa Gamlen, «det er sandelig godt, at det bare er mig som hører Dem.»

Men var Dr. Wang rar og uvyrdin i Munnen, so var han no ein god Doktor likevel, tykte Folk; kom han fyrst til ein sjuk, so var det reint som han slogst med den Vonde sjølv um'n. Han saag etter alt. Matstell, Reinleik, heile Livemaaten saumfór han, og so lengi der var Livs Von gav han seg ikkje; stundom var det reint som han gjorde Underverk. Men brysam var han aa hava i Huse. Og slik Rydjing og Reinsking som no hadde det daa visst aldri vori paa Kroken!

Anne sat berre reint handfalli og saag paa; rykkjomtil stridgret ho, og rykkjomtil skyna ho inginting. Kva vondt hadde ho gjort? Ho hadde daa alle Dagar gjort det so godt ho kunde for Baani. At Vaarherre kunde fara aat soleis! Taka dette 162vene Baane fraa henne! Og slik som dei no fór aat i Huse etterpaa alt, baade brende og øydelagde! Gud hjelpe henne so sant. Ho bar seg verre enn ille; det var ikkje Gagn i henne til noko Slag. Den som maatte greie med alt var Olav. Bleik og tagall gjekk han der med turre, blanke Augo og stellte og rettleidde.

Han vart liksom baade Mor og Far for den vesle Syster si. So audt og tungt som det var no, daa ho var burte! Han kunde mest ikkje tru det han sjølv visste og saag, at ho skulde vera burte for alle Tidir, aldri danse gjenom Stogo meir, aldri drive til Skogs med Kyrne um Morgonen, eller lokka deim heimatt um Kvelden; nei, han skyna det ikkje.

Kroken laag paa ein litin Bakke attmed Sætervegen; ein saag ikkje Husi fyrr ein kom mest innpaa deim, daa Vegen gjekk i tette Skogen.

Det leid paa Dagen, og Mari var paa Heimveg. Ho gjekk og tenkte paa siste Gongen ho kom fraa Kroken. Det var ein fin Sumarkveld, og her i Skogen møtte ho Eline med Kyrne. Mari hadde braastana og stirt, daa ho fekk sjaa den grøne Stakken og det raude Live millom Trei; 163ho laut tenkja paa Huldri. Men so kom ho fram paa Stigen med Kyrne etter seg, ei etter ei i Rad, tunge og mette, kjælne og saltkjære. Og Eline hadde snutt seg imot deim og lokka med høgt, klaart Maal, stukki den vesle Handi si ned i Saltposen, som ho bar i Band kring Live, og Dyri rauta so langt og skunda seg fram aat henne, bles og snusa uppi Handi hennar og sikla av Fysne. Det hadde rett vori so vent og hugnadlegt aa sjaa! Mari sukka. Det var so reint vondt dette med Eline! At unge Menneskje fall burt hende som vel var ikkje ofte; ja ho visste daa mest aldri det hadde hendt uppmed Sirilsjøen fyrr.

Daa ho kom nedpaa Storvegen møtte ho Gro. Dei stana og helsa.

«Ja naa ha me flidd henne,» sa Mari, «og skura og vaska baade ute og inne.»

«Du kann sagte vera trøtt no daa,» sa Gro; «ska ej itte vera med dej et Stykkje aa bera Guten aat dej?»

Nei, Mari gjekk plent like radt, anten ho hadde han paa Ryggen hell' ikkje; nei, det var nok betre at Gro gjekk fram aat Kroken strakst; for han Olav var reint aaleine vortin heime no. Doktoren var 164reist, og Anne var gjengi etter Kyrne. Dei fór reint villt, Krokkyrne no, stakkar, sidan dei hadde mist Gjætaren sin; dei laut hente deim lange Leidir um Kveldane.

Og jamenn tykte Mari meir Synd i Olav enn i Anne; det gjorde ho. Anne bar seg mest like ille ho, anten det var ein Sau eller eit Baan ho hadde misst. Det var nok som Folk sa, at ho var sprengd i si Ungdomstid ho, stakkar. Men Olav var Mari beintfram rædd for. Han syrgde seg baade mager og bleik.

Gro sukka. Ja, stakkar; det var visst so.

Dei skildest; tung i Hug gjekk Gro i Veg. Men daa ho kom nedunder Garden, vart ho so bringeklemd og graatsprengd, at ho laut setja seg ned. Ho vaaga mest ikkje aa gange fram; det vart so vondt aa sjaa Olav no. Alt var vorti so tungt og saart. Aa, kvi skulde ikkje Eline faa liva? Ho som hadde vori so hugleg og so gild? No skulde ein aldri raake henne meir, og aldri faa røde med henne um alt det ein kunde hava aa tenkje paa eller gleda seg i. Og som ingin andre maatte vita. Og syngja og lokke, sanke Bær og Blom; liggje i Solbakken og dorme med' Kyrne kvilte; aldri kunde det no bi soleis meir. 165Aldri kunde ho bi so glad og sæl meir i sitt Liv. Olav var so underleg vortin, so tagall og sorgfull; ho skyna ikkje rett kva han tenkte paa. Stundom var det reint som han gjekk or Vegen for henne. Ho visste seg ikkje Raad; naar ho tenkte framyvi var der Floke paa Floke. I Draumane hennar hadde alting vori som Eventyr; so ljost og fagert og lett og godt hadde Live vori; men no saag alt annleis ut. Utryggt og leidt var alt no, stengd paa alle Leidir. Eline død, og Olav so langt burtkomin. Koss kunde ho tenkje paa han meir! Graaten tok henne, og ho vart sitjande der; kunde ikkje faa Taarune til aa stana.

– Daa ho endelig kom seg inn paa Tune saag ho seg uviss ikring. Aa, kor stilt her var! – Ho gjekk vârt frammot Stogo, tordest knappt traa i Grase; det høyrdest som so godt kvart Stige her i Stilla. Daa saag ho med ein Gong Olav. Han sat paa Laavebrui med Hovude bøygd i Hendane. Han rørde seg ikkje; det var som han sov.

Stilt og med bankande Hjarta gjekk ho burt til han. Olav! kviskra ho. Daa saag han upp; og Taarune losna; han 166gret for fyrste Gong sidan Eline døydde. Sa ikkje eit Ord; gøymde Andlite att. Gro stod der hjelpelaus, visste seg ingi Raad. Uro og Otte tok henne; det sveid so saart i Hjarteroti, ho fylldest av ei Kjensle so sterk og stor, at ho fekk ikkje Ljod yvi Lippom. Skjelvande stod ho der og var seg sjølv so stor ei Gaate. Rædd stod den unge Kvinna løyst or Barnehamen; ho var vaksi vorti. Det hadde vori som Taarune var frosne i Olav fyrr desse Dagane; men no strøymde dei heite og stride nedyvi Andlite hans.

«Kom, kjære deg, kom!» kviskra ho, og tok eine Handi hans. Og han reiste seg og fylgde henne som eit Baan. Utan eit Ord gjekk dei i Veg, Hand i Hand i den stille Sumarkvelden; dei tok Stigen inn gjenom Skogen. Derinne var Liv og Song. Fuglar kvitra og kvad i Tre og Kjerr; alt vaks og tøygde seg mot Liv og Sol; alt var ungt, friskt og sterkt; fullt av sprettande Vonir. Og det stilna i dei tvo, som gjekk der tagalle og raadville.

Daa sa han endeleg: «Takk for du kom.» – «Aa – ej vilde kome fyrr; men – ej kunde itte.» «Det var best no likevel.» – «Ja, det var best no.» So gjekk 167dei tagalle att ei Rid. «Bjørki stend so fin no; – soleis var ho.» Han braut ein sped, litin Kvist.

«Ja.»

«Me kunde kanskje ta' med øss nørre Kvister hem?»

«Ja… aat Eline.»

Han saag paa henne. «Ja. Ej hadde tenkt mej til aa byggje som ein Lauvsal.»

«Men det lyt du venta med – til seinare.»

«Ja. Men me kann taka noko Smaalauv no lel.»

So henta dei kvar Handi full. Gro bøygde seg ned: «Her er Solblom alt og.» Sanka so ein Krans Solblom og lagde attaat Lauve. Det reint lyste i Armane hennar. «So fæ me full' ga hem da?» Ho saag paa han, og ein vekjømeleg Smil drog seg yvi Andlite hennar. Han snudde seg halvt imot henne; dei stod Auga mot Auga: «Naa sa du hem att, Gro; det er andre Gongen i Kveld.» Ho vart raud og saag ned i Blomekransen: «Ja – hem aat dej.»

Han snudde seg burt att og vart vaat i Augo. «Det bi stusle' heme naa.» Daa sa ho endefram: «Ja – ei Stønd so.»

168«Ei Stønd?» Hjarte hans banka so ho høyrde det.

«Ja – sea so bir det full' betre – kanskje.» Ho stana braatt og raudna att. Nei, koss var det ho gjekk og rødde. «Kjem du daa, Gro?» Han saag paa henne som han bad for Live, og Ordi kom viljelaust som or ei stor Rædsle. Daa vende ho seg burt; det skalv um Munnen hennar: «Det bir som du vil, det.»

Ho sa det stilt, stilt. Han svelgde og svelgde; kunde ikkje faa Ord fram. So gjorde han fri eine Handi si og fann burt i hennar millom Blomane: «Takk… Takk og Ære… kjære dej.»

Og dei stod der Hand i Hand paa Stigen; og dei smilte til einannan gjenom Graat, som vilde fram att; dei kunde ikkje raade sitt unge Liv…

– Paa Heimvegen sa Gro: «Naa trur ej Eline ser øss, trur du?» – «Ja, det trur ej.» – «Ho vilde det so gjenne.»Forfatternote: gjenne: gjerne Han drog paa Smilen. «Hev de taallaa um det daa?»

Ho saag ned, og vart raud som Blod: «Ja ein Gong. Den Natti paa Burlofte.»

169So gjekk dei heim og reiste Lauvsal um Eline, og Gro gav henne ein Krans av Solblom i Handi. Ho bøygde seg ned: «No veit han det,» kviskra ho, og ho tykte so grant, at det gleid ein litin Smil yvi det vesle, kvite Andlite derinne i Lauvsalen.

*

Daa Mister Johnson hadde vori heime til utpaa Haustparten, budde han seg til aa fara yvi att. Mest hadde han haldi seg nedi Bygdi; og det var Tanken hans aa koma att endaa ein Gong; han vilde freiste med ein Storhandel og eit Meieri nedmed Kyrkja.

Han hadde fengi selt fleire Separatorer der nede; men uppmed Sirilsjøen vilde det ikkje rett gange. Paa Utgard sette Gudfar seg imot det. Ikkje so lengi eg liver skal me eta blaa Mjølk her paa Garden, sa han. Og Jon vilde ikkje setja hardt imot. Men det hadde dei avtala, Tore og han, at naar Gamlen døydde, skulde der no verte gjort ein Freistnad baade med eit og anna.

Ein Ting hadde Tore fengi sett igjenom, og det var, at dei skulde byggje eit mykje større Fjos, innreidt paa onnor Gjerd enn 170dei gamle. Dubbelt so stort skulde det vera, og ikkje av rundt digert Timber; men av noko dei kalla Reisverk. Det var so mykje finare og lettare; billigare var det og. Ein fekk hugse, at det tjukke Timbere i Skogen kunde ein gjera Pengar av; det fekk ein ikkje øyde. Til eige Bruk fekk mindre Stokkar gjera det.

Lars i Viki vart leigd til Timbrar; og han var so uppglødd for dette nye fine Fjose, at han arbeidde meir enn han hadde gjort paa lengi. Mange og store Vindaugo vart hogne i Veggjom, og det vart som ei Hall so gildt, baade ute og inne.

Godfar gjekk og saag paa deim.

Han riste paa Hovude ender og daa; men sa ikkje noko fyrr ein Dag Jon slog paa, at rettno kunde dei taka til aa rive Gamlefjose. Daa sa Godfar fast: «Aa lat berre det gamle staa, du; det kann bi godt aa ha, naar det nye dett ned.» Jon beit seg i Lippom og gjekk; svara ikkje.

Men det gamle Fjose fekk staa.

I det nye vart Buskapen sett inn um Hausten, daa han kom or Sætri. Men yvi Jol, daa Sprengkalden kom, fraus alting so det klaka i Nyfjose, og dei laut flytja Buskapen inn att i det gamle. Det fekk 171vera som det var «t'artForfatternote: t'art so lenge: til so lengje so lenge.» Naar Buskapen vart noko større so vart Fjose altid varmt nok; og større skulde han bi etterkvart, var det Meiningi.

Men Jon lika seg ikkje rett; dyrt hadde det vorti, dette store Fjose, og han var i Skuld komin for det same. Drifti laut bli større sku det greie seg. Og han sette paa Livkyr til han laut kaupe Høy; men det vart verre enn alt. Og det gjekk ikkje fort med aa faa inn Pengar; sistpaa vart det ikkje onnor Raad; han fekk freiste Sepperatorn lel. «Smøre skal snart betala Fjose, fær du berre Sepperator,» hadde daa Tore sagt.

Men daa Sepperatorn var i Huse komin, vart Godfar reint rangstellt. «Ej kann likso gjenne eta Bork, som den Osten de lagar av Sepperatormjølki,» sa han; og han vilde ikkje halda Matlag me dei andre lenger. Han trudde mest han hadde sopass i Garden, at han kunde sleppe aa eta Grisemat den Tidi han hadde att, meinte han.

Dei svara honom som dei hadde lært: at Mjølki var mest like god um ho var sepperert, og so mykje reinare var ho vorti, 172og dermed helsugare, o. s. b. Men Godfar var like strid. Var det so at han fyrr hadde eti Lort, so hadde han allvisst havt godt av'n; for frisk hadde han vori støtt og sterkare enn nokon av dei som no vaks upp. 32 Tennar hadde han enno uskadde i Munnen, um dei alltid var noko stuttslitne av Flatbraude; og ustelt elles hadde han aldri vori paa noko Vis. Og ikkje hadde Borni hans vori klene ein Dag dei hell, endaa dei var uppfødde mest berre paa Mjølk, som dei no kalla urein.

Det vart daa ikkje onnor Raad: Godfar fekk faa stelle seg sjølv. Ein stor Nymjølkbunke fekk han uti aat seg kvar Morgon, og Gjeitost og Smør. Kaffi og Fisk koka han sjølv.

Men Hugnaden var skipla i Heimen, og Godfar eldest fort etter dette.

Han lika seg ikkje sjølv heller. Med Arbeide gjekk det ikkje lenger som fyrr; meir og meir einsleg og burtgløymd gjekk han ikring paa den gamle Ættegarden sin og venta paa den store Kvila. Det svære, kvite Nyfjose stod liksom og spøkte i Tune, og gjorde det so uhuglegt og stygt paa Garden, tykte han. Det stakk so av mot dei gamle, graa Husi; det var liksom eitkvart som 173med Braak og Staak hadde trengt seg inn og skipla Freden i den gamle Heimen hans.

*

Aari gjekk paa nytt sin rolege Gong uppmed Sirilsjøen. Uti Viki vart det folksamt etterkvart. Sovisst som Soli snudde fekk Mari eit Baan kvart Aar; men enno var den gamle, glisne Stogo baade Vinterog Sumarhus. Lars emna framleies paa Nystogo si; men dei siste Vintrane fekk han ikkje heim naame nær den Veden dei trong; og tvo Gongir var det no hendt, at dei Kvarvi han um Sumaren la paa Stogo, dei brende han upp um Vinteren. Det botna ikkje Ved i det gisne Huse, og so var der ingi Raad; Timbere fekk gaa i Aaren – til so lengi.

Otte Born og tvo Vaksne heldt no Hus uti den vesle Stogo. Der var ikkje meir enn ei Seng; i den laag dei sjølve, Mari med den minste i Armen; dei tvo næst minste laag andføtes nedst i Sengi. Under Sengi hadde Lars laga ei diger Skuffe; det var liksom ei Seng utan Føtar; den vart framdregi um Notti, og der laag tri rette Vegen og to andføtes.

Den fyrste Guten, han Vesle-Lars, var 9 Aar gamall no; men han var ikkje som 174dei andre. Han hadde ikkje lært aa tala reint enno; ingin andre enn Syskeni og Foreldri kunde skyna kva han sa. Han hadde ikkje tala eit Ord fyrr han var tri Aar; og daa lærde han det av den vesle Bror sin, han Per, som var berre tvo Aar gamall. Men det Maale dei tvo tala ihop kunde mest ikkje Mari sjølv skyna. Fyrst daa dei vart ein 5–6 Aar vart det sovidt Greie paa deim, at ein kunde skilja ut kva dei vilde og meinte.

Mari hadde jamt ein litin ein aa stelle, og elles Hendane fulle av Arbeid, so dei som større var fekk greide seg som dei kunde best. Um Sumaren laag dei ned i Fjøra og fiska med ei Knappenaal eller ein avbrotin Krok dei hadde sanka upp etter Far sin, naar han hadde stelt med Fiskegreidune sine, eller dei laag ut i Baaten og kara seg rundt Strendom med dei tunge Aarune. Alt naar dei var 3–4 Aar stod dei i Baaten og rodde kvar si Aare, han Lars og han Per; ja Lars kunde sovidt greide baae; men daa tok han Spenntak med Føtom og la seg attyvi, so Andlite hans blaana og Augo stod stive i Hausen. Dei hadde ikkje Lov til dette, og Mari og Lars dengde deim kvar sin Gong, naar 175dei fekk deim paa Landjordi att etter desse Ferdom. Slik otogta Ryss!Forfatternote: Ryss: Smaagut Dei enda ikkje fyrr dei bleiv baae!

Men naar Mari laut paa Bygdi, paa Arbeid eller Matlaan, og Gamle-Lars sat fast inne med dei minste, so var Baaten det fyrste Ryssen tenkte paa. Det kom aldri for deim, at der var noko anna som kunde hindre deim i aa ro utpaa enn Tanken um Juling naar nokon saag deim. Rædde var dei ikkje; den Blivingi Mor deira tala um skræmde allerminst. Det maatte heller vera Moro aa koma ned paa den fine Sanngrunnen og leike med Fisken. Sume Gongir naar Sjøen var blank og Soli skein, la dei seg i kvar sin Stamn paa Baaten med Snøri sine og stirde ned i Vatne og let seg drive med Straumen; dei vart som tryllte av alt det rare dernede paa Botnen, og Tidi hugsa dei ikkje lenger paa. So kunde dei skvette upp ved det, at dei høyrde Rop inne paa Strandi; daa saag dei rædde paa kvarandre og krabba seg framaat Aarune. Smaatt og traatt bar det daa innyvi mot Straffi som venta.

176Stor Moro var det og aa hengje paa seg Tægebær-Rovur og vera Troll. Dei batt paa seg dei lange Taagine med ein Hyssing kring live og drog deim etter seg. Aalvorsame og vyrdelege gjekk dei der med denne Prydnaden bak og kjende seg ovfine som rettelege Eventyrtroll. Dei vilde ikkje taka Rova av seg um Natti desmeir. Men noko av det aller morosamaste var aa «ligge paa Bussu.»Forfatternote: Bussu: Reir Dei hadde høyrt, at Rjupa og Røyi laag paa Eggi sine til det vart Kjuklingar av deim. Kurande still laut dei liggje so det vart varmt; daa vart det. Dei hadde fengi Tak i tvo gamle Tre-Kassur, som dei spikra upp i ei TollForfatternote: Toll: Furu. so vidt langt ifraa Husi, at ingin kunde sjaa det, og uppi der la dei ein Høydott og nokre runde, glatte Steinar som liktest paa Egg. Og so laag dei paa Steinane lange Ridir; skiftest paa og laag. Og naar dei laut inn til Kvelds, so breidde dei Høy og Mose yvi, so Eggi ikkje skulde kalna med Natti. Og dei trøysta kvarandre med, at det vart nok. Men fælande, fælande mange Dagar laut dei liggje. «Ja fælande mange Dagar» hermde dei minste. «Idag kjende ej 177Egga tok til aa mjukne,» sa Per ein Dag, og Lars, som altid tala etter honom, tok det uppatt. Daa hadde dei minste og skileg kjent, at Eggi tok til aa mjukna. «Kva Slag Fugl vil du ha?» – «Ej vil ha Røy.» – «Og ej vil ha Rype.» Men Vesle-Lars, den Spikarn, som stundom sa so reint urimelig løgne Ting, storskratta og hoppa og ropte: «Ej vil ha Aure!» Daa lo dei alle.

Og dei bygde seg smaa gilde Hus uppi Skogen med retteleg Mur til aa hava Eld paa, og Benkir av Mose til aa liggje paa. Eller dei bygde fine Gjeitefjos med Kongle-Gjeitir kring alle Veggir. Uppi desse Husi heldt dei seg jamt, og det hadde Mori ikkje noko imot; so var dei daa undan Hendane hennar. Um Sumaren greidde dei og mangt eit Matmaal sjølve. Blaabær og Moltur var der nok av eit Stykke fraa Huse, og sume Gonger fiska dei Smaakjøe innmed Strandi, og steikte dei paa Glo i Leikstogo si. Og dei livde herlege dagar.

– Mari var tunn vorti, og hadde fengji eit noko gamalvori Drag kring Munnen. Det ljose Haaret hadde og vorte tunt; for sjeldan hadde ho Stunder til aa fli det retteleg. 178Det vart mest berre aa slette det framme med Massingkammen, og so stappe dei tvo smaa bustutte flettune uppunder Luva slike dei var. Naar ho so um Sundagsmorgonen tok seg eit Grand Tid til aa vyrdsla seg, sleit ho mest dei tunne Flisene av Hovude, fyrr ho fekk Skikk paa deim. Men kva Raad var der? Meir enn tvo Hender hadde ho ikkje; og naar ho hadde stelt fraa seg i Fjose og hadde fenge Baani tilsengs um Kveldane, datt ho i Sengi mest slik ho var, og somna med den minste ved Bryste fyrr ho var skikkeleg nedlagd.

Grannekjeringane uppmed Sjøen hadde vori Fadder kvar sin Gong no uti Viki; Kari endaa tvo Gongir; og der hadde vori Gjestebod og Mathelg til kvart Barnsøl. Det Lars lika best no, var aa sitja attmed Aaren med ei Pipe i Munnen og vera «Baanfost».Forfatternote: Baanfost: Baanegjente Han var rett ganske velfornøgd baade med Vaarherre og Grannane sine. Og kjeringi var ikkje verst ho hell, neimenn um ho var; noko jaalut kunde ho vera, ho som andre Kvinnfolk; men jamenn kunde ho ha vori verre!

179– I det seinste var det elles liksom det gjekk noko meir traatt med aa faa Fadrar. Det var Bry og Kostnad med slikt, maa tru: Det sa seg sjølv, at den Kjeringi, som skulde bera Baane laut lata til Hest til Kyrkjereisi; og den tok tvo Dagar. Sendingsmat laut dei og føre med seg baade aat Kyrkjen og aat Barsøls-Garden. Ut gjenom Aari kom dei og desse Gudbaani og skulde helse paa «henne Godmor»; og Godmor maatte daa gjerne gjeva dei eitkvart Klædesplagge; ein laut og hugse Gudbaane sitt paa Aarmaalsdagar og elles naar det fall seg soleis. Og ingen kunde vita –; det saag ikkje rart ut med'n Lars; det vart vist ikkje anna enn Armod uti Viki, slik som det no bar i Veg med ein diger Ungeflokk og ein Gubbe, som vart latare og latare for kvar Dag som gjekk. Dei kunde daa gjerne faa desse Gudbaani heilt paa seg; det var det – maatru, at Gudbaani sine skulde ein hjelpe, um det galt paa; men det kunde ikkje altid vera so greidt; kvar hadde nok med sitt, som Von var.

Naar dei skulde beda til Barnsøl, flidde dei seg som til Høgtids baade Lars og Mari, og dei tok seg ein Sundag til det Arbeide. 180Tvo hell tri av dei minste hadde dei med seg; dei andre fekk eit Spand Mjølk og nokre Flatbraudleivar, og styrde so aaleine heime til dess Foreldri kom att burtmot Fjostid um Kvelden.

– Vel vart dei fagna med Mat og Drykk som Skikk var millom Grannar paa desse Ferdom sine, og naar dei hadde eti, og Lars hadde fengi Pipa kveikt, bar dei fram Ærendi si. Mest var det Mari som førde Orde; ho tok til so paa Lag: «Ja, det var no so, at me hadde Ærend idag, sju; det var det, at» – og ho saag uppaa Mannen sin, – «at han Lars vilde du sku' faa den Æra aa halde Vehl-Guten vaar yvi Daapen, denne Gongen, var so du var haavvaa tilForfatternote: Var haavvaa til: hadde Hug til det, ja.» Og Lars kremta og turka seg um Munnen: «Ja; ej hadde no tenkt, at det fekk bi dej denne Gongen; for slik Kar som denne ha me aller hatt; han tek itte kven som bydst denne Guten, maa du tru.» Men det gjekk ikkje so beint alltid no. Kjeringane kvidde seg. Det var sagte gildt aa høyre, at dei vart trudde til aa halde slik ein fløiForfatternote: Fløi: flink Kar yvi Daapen; men jamenn var det rett so ulagom ei Tid nett no; neimenn um dei saag 181seg Syn med det denne Gongen, endaa so hugnadsamt det rett skulde ha vori. So at kunde dei faa ei onnor denne Gongen, so…

Lars vart innharm og skifte Litir, naar det hende, at dei fekk sovorne Svar. Men Mari var like fin og blid. «Ja du vet, det kann sagt' vera nok aat alle,» sa ho, «men han Lars tykte no det, at det nett var henne og ingi onnor han hadde Hug til aa beda denne Gongen; og dei vilde ikkje gjera Vegen lenger etter dette, so sant det var noko Raad.

Og so vart det daa gjerne so, at dei fekk Viljen sin; Kjeringi laut lova seg. Det var ikkje Folkeskikk aa segja nei tvo Gongir, um det no elles var lite Folkeskikk aa beda tvo Gongir og.

– Lars kvidde seg meir og meir for aa gaa i Skogen paa Vedhogging; han fann jamt aat Mari, fordi ho øydde so mykje Ved. Han vart kulsin av aa sitja so mykje innmed Aaren; og høvde det ein hende Gong, at han sat med eitkvart Arbeide ein Vinterdag, so jaga han Ungane eller Kjeringi etter alt han skulde hava utanfraa.

Men Mari kunde ikkje spara meir paa Veden enn ho gjorde; og tidt og ofte laut 182ho drage heim Vedfangur or Skogen sjølv. Heller det, enn at han Lars skulde koma i Ulag; det var so hugsamt, naar han var blid. Ja, det hende, at ho tok dei største Borni med seg aat Skogen og drog heim Ved vonom meire, naar Lars var burte ein Dag; so slap han eit Bil. Han vart i Godlag, naar han saag desse gilde Vedbrautine i Skjole; men han agta seg vel for aa segja noko. Sagte kunde dei draga heim eit Grand Ved; dei hadde slikt aa gjera.

Mari dytta Mose og Fillur i Vegge-Sprekkine; men naar Sprengkalden kom, botna det ikkje Ved likevel. Det var Dagar og Næter dei laut brenne heile Hestelass skulde det ikkje klaka i Stogo.

Den siste Sumaren var det gjort Storverk paa Nystogo. Mari hadde funne paa aa bjode seg til aa hjelpe; og jamenn tok ho slike Karstak, at Lars beintfram maatte segja, at Kvinnfolk kunde vera til eit Grand Gagn dei og, naar dei vilde. Stogo voks i Høgdi, so det var lagt eit Kvarv yvi Vindaugo fyrr Snøen kom. Og Folk tok til aa tru, at det kunde bli Hus lel, dette. Det var det dei sa, ein sku' aldri spaa naar det galt Lars!

183Mari hadde vore som paa Live for aa faa Stogo ferdug; den gamle datt snart ned yvi deim, var ho rædd. Men kva skulde ein segja. Gamlestogo fekk greide seg denne Vinteren med.

Dei hadde halde seg so vidt med Høy dei siste Aari, at dei kunde hava 2 Kyr og 4–6 Gjeitir, og daa berga dei seg bra, um det enn kunde vera Knipetak naar Kyri stod utorForfatternote: Staa utor: ikkje mjolke; vera turr og Høye fekk Ende um Vaarom. Dei visste so vel, burti Gardom naar Vaarknipa tok til ut i Viki; daa var Mari vonom oftare aa sjaa. Ja, det hende endaa dei fekk Lars til eitkvart Arbeide nokre Dagar og daa. Men han lika seg ikkje naar han fekk Bod um aa koma burt. «Dei trur vist ej itte ha anna aa gjera enn aa renne paa Bygdi,» sa han sur til Mari, naar dei var gaat att, dei som bar Bod fraa Gardane. Mari studde under. Ho baud seg heller til sjølv. Og Mari var der alltid Bruk for, so netthendt som ho var til baade eit og hitt, um ho ikkje plent kunde gjera slikt som dei vilde hava Lars til. «Det vart ikkje feit uti Viki, skulde ikkje Mari draga til Husar,» lét Folk. Og sant var det. Ho var so god ei 184Dragdokke som nokon kunde ynskje seg; og naar ho kom heim fraa Bygde-Ferdine sine og duka upp for Lars av Framandmaten, so var han nøgd og. Men ho var ikkje for vel innum Døri komi, fyrr heile Huse vart lagd paa henne. Ho fekk so vidt slengt Baane burti Sengi, og kasta Nystakken av seg; so var det i eit Flog ut og inn med Rettleiding og Stell, til dess Kvelden var komin og alle lagde. Ein Mann kunde altid gjera «einkvan Sysla», naar ikkje Kjeringi var heime; men var ho i Huse, so maatte han vera fri; sat der med Pipa i Munnen og Hendane i Broklumma eller las i eit gamalt Avisbla. Taka i med Kvinnfolki gjorde ein ikkje anna enn naar ein gjekk paa Friing og sovorin Galenskap. Og daa fekk ein agta seg vel, at ingen saag det. Det var berre paa sovorne gamaldagse Gardar som Utgard og Bø, at Mannen enno kunne setjast til aa spole og koke og vera med i Kvinnfolkarbeide; ein Mann som vyrde seg eit Grand, han maatte aldri sjaa til den Leidi dei flaug med Smaaputle sitt. Han sette seg aat Borde, naar Maten var framsett, og gjekk ifraa Borde, naar han var mett; koss Maten kom der, eller koss han kom av att, det var ikkje hans Sak.

185– Sist i September Maanad kom Snøen som ei Ulykke yvi Grendi. Det snødde og snødde, som alle Himlar var opne; det dreiv gjenom dei grisne Taki, gjenom Dørsprekkar og Glaskarmar. Stogo var skeiv og sàlryggja vorti; men Fjose var verre; baade Dyr og Menneskje kulsa og smaafraus; det var so uhugleg som det kunde vera.

Lite Høy hadde det vorti; og no laut dei alt til aa gjeva paa Baasen; koss skulde det gange? Daa Fennane laag meterhøge i Tune, heldt det upp, og Kalden kom. Um Nætane bura og dura det utpaa Sjøen, som Villdyr og vonde Vætte stridde for Live derute; og ein Morgon var Vatne krava. Dagen etter laag det klaar, blank Is so langt ein kunde sjaa. Aa hei, daa vart det ny Moro for Baani. Dei vaaga seg utpaa, Hand i Hand, Steg for Steg. Det var som aa gaa paa Vatne. Kvar Kvist saag dei paa Botnen, og Auren som leika seg og smatt paa skjøns som blaagraa Sylvpilar millom Steinane…

Men dei som skulde syta for Folk og Fæ hadde det mindre morosamt. Dei lange Vikune kom, daa Viki var avstengd fraa Verdi. Skulde dei naa Folke paa 186Hisida, so maatte dei anten yvi Sjøen, eller gange rundt Vikir og veglause Krokar milelang Veg. Veden uppi Skogen var og nedsnødd; og ein Dag vilde Lars ut og take eit Kvarv av Nystoge att og brenne. Men daa svor Mari paa det, at fyrr skulde ho sitja paa Stogo, fyrr nokon no fekk røyve ho; og til Skogs drog ho med dei tvo eldste Gutane og Vedkjelken. «Ja, ja, gjenne for mej ha du Moro taa di;» Lars sat der trassug og traa og rikka seg ikkje. Likeeins sat han daa Mari kom att, endaa han saag, at ho var mest Ende paa. Ho lagde seg ende ned paa Sengi, men daa livna Lars burti Aarebenken. «Ska' det itte vera Mat her i Dag, kanskje?» Han skjegla burt paa ho. «Er du svultin fæ' du laga dej Mat sjølv,» svara ho; «du er vel sopass Kar du ha faatt' ti Mjøl, so du kann koka dej en Graut;» Sinne beit henne, so no vilde ho segja so mykje. Han spurde um ho hadde misst det vesle Vite ho hadde no.

«Ja, ska ej greie Veden, so fæ' du greie Maten,» sa Mari. «Ej ska radt byte e Stønd, so kann du faa vaattaa ker Maten koste en Gong du og!» Ho snudde seg aat Veggen og murtagde.

187Lars spende til Vesle-Gjenta, som sat paa Golve aa leika seg med ei Treskei; Ungen stor-ylte; han ut; smelte Døri etter seg, so heile Stogo riste.

Daa han kom inn att, sat Mari med Vesle-Gjenta paa Fange, vermde dei smaa, blaafrosne Hendane hennar og godsvalla med henne. Lars sette seg til aa rispe Limeris so Bork og Fliser fauk; ingen sa noko.

Men so kom heile Ungeflokken inn, drivande av Væte og Snø; Mari laut sjaa faa av deim; hengde so Klædi deira upp kring Elden til Turking. «So, ha dykk aat Sengen naa, skal de faa Mat, naar ej kjem innatt.» Dei kraup under Felden nakne og hutrande; der spendest dei og smaaslost og smaatrætta til dess Lars spurde um han skulde koma aa dengje deim for Endes; daa tagna dei og var rolege. Men dei minste somna fraa Maten. Dei andre fekk kvar sin Flatbraudleiv og ein Mjølkeskvett, daa Mari kom fraa Fjose; der var ikkje Mjøl til Graut den Kvelden.

*

«Sæl er den, som med sino er nøgd.»

Det var ikkje nok med at Fjose gisna ovantil; nedantil rotna det, for Hevdi laag 188meterhøg uppetter Veggen. Lars lika ikkje aa bera ut Myk; og mindre og mindre fekk han ut for kvart Aar; Grase voks no lel, saag han; Jordi var berre feite, svarte Myrmoldi, som frædde seg sjølv. Han Jon Utgard hadde nok lova han Hest ein Gong, dersom han vilde køyre ut Gjødsli; «du fekk naa tvo Gonger so mykje Gras daa, vet du,» sa Jon; men det vart aldri so Lars kom seg til med dette. Han fekk aldri Stunder, s'ju, og Gjødselhaugen vaks og vaks. Naar han var komin heilt uppunder Gluggen, laut Mari av aa kaste ut-yvi nokre Spadir; utkring Fjose voks det daa svært til Gras; men nokre faa Stig ovanum var det Skrinneng reint. Naar Lars slog, banna han Kalden og Nordanvinden; det var den, som gnog uppi der stødt, so ikke Grase fekk vekse.

Det Mari tente best med var aa spinne Vevgarn aat Kjeringann'; det gjorde ho so fint. Men ho fekk mest aldri sitja i Fred med dette Arbeide. Meir og meir laut ho gjera alt sjølv baade ute og inne. Jamvel naar Lars skulde fiske, laut ho vera med baade og agne eller setja ut Rev og Garn. Lars brydde seg elles lite um aa liggja utpaa og baske i Ruskevêr og myrke, 189hustre Kveldar, daa Fisken helst beit; i Solskinn og Godveir, naar det kunde vori hugnadsamt aa vera utpaa, fekk ein aldrig Beine, so jamenn vart Lars meir og meir leid heile Fiskingi. Mari var daa mang ein Gong aaleine paa Sjøen baade og sette ut um Kvelden og tok inn att um Morgonen; ho hadde berre ein av Smaagutane til aa ro. Fisken var ikkje god aa undvera maa tru.

Det vart daa Mari, som maatte fljuge støtt. Ikkje ein Gong naar dei sat tilbords hadde ho Ro. Daa var det Baani. Og sette ho seg til aa spinne eller bøte naar Lars var inne, so vart det jamt eitkvart aa fljuge etter. «Du fæ' kute du, som ha Ongdomen,» sa Lars naar han var i Godlag. Men Mari missa ikkje Mode. Lars var enno den Karen som kunde faa Augo hennar til aa lyse, og ho kunde vera so letliva, ja reint kjipi enno sume Gonger. Var ho i Gjestebod, so dansa ho som ei Gjente, prata og lo, og var so morosam, at alle vart i Godlag og laut læ med henne.

Og skreppte og skrytte gjorde ho av Gubben sin, so det var eit Under. Det var det med Lars, at Aari tok ikkje paa han; han vart berre venare og venare tykte 190Mari. Um Haare etterkvart tok til aa graane, so vart han ved det berre meir vyrdeleg aa sjaa, so det stod endaa meir Age av 'n enn fyrr. Han fyllte liksom Stogo der han var inne; og alle andre vart so smaa attmed han. Og naar han gjekk ut vart det nok romsamt og godt paa ein Maate; ein kunde faa umraa seg og faa sitja i Ro med eitkvart Arbeid; men Glansen var burte, alt vart kvardagslegt og graatt. Han var som so prydeleg i Huse med dei eldraude Skjurteermane, Knebrok med gamle Sylvspenne og Knappar og kvite, heimebundne Hosur. Og paa dei breide Aksline sat Hovude so stolt med det sterke Andlite, um Munnen ein Smil, som alltid var eggjande, og Augo som skifte so lett fraa Ljos til Skugge. Ja, desse Augo var for Mari den Himilen, der ho kvar Time paa Dagen saag koss Vêre laga seg. Um Soli skein aldri so bjart, kva hjelpte det, naar Augo hans Lars var myrke? Daa var Dagen spilt; alt vart uhuglegt og leit, Slite tungt og Armodi svart ikring henne. Men var dei ljose, og han saag naadigt paa henne, eller song og tralla aat Borni – Herregud, kor godt det daa var aa liva! Daa kjende ho det greidt, 191at der var ikkje Stad i Verdi so gildt som i Viki. Berre sjaa, kor dei sleit og sytte burti Storgardom ofte; sjaa kor mange Kjeringar det var som gjekk med Sorg for den dei vilde havt i sin Ungdom, men ikkje fekk! – og mangt slikt burtetter. Men ho –; ja naar der berre var Mjølk i Kui, og det ikkje var altfor trongt um Mjølsaai, so var det rett trivlegt uti Viki; det var det, og ho vilde ikkje byte med nokon.

Og berre venta til Nystogo vart ferdug! tenkte ho. Daa fær me snart Skikk paa Fjose og. Det gamle skal rivast. I det nye skal der vera Rom aat 4, kann hende 6 Kyr. No, veks Baani til og me fær Hjelp av dei; so kann me veite ut Myri aust um Husi og faa eit overlag Jorde der! Ja daa skulde der ikkje bli Mjølkeløyse lenger i Viki. Og hadde ein Mjølk nok, so hadde ein alt.

Det var ikkje stort anna ho gruva seg for i Verdi enn Mjølkeløyse og Vondlynne hans Lars. Men Lars var ikkje langsint; det skulde ikkje meir til enn eit godt Matmaall og ein Kopp retteleg frekForfatternote: Frek: regti sterk Kaffi, so var han den huglegaste Mannen i Verdi. 192Og det ho stridde mest med, det var aa stelle det so for'n, at han kunde vera nøgd, for daa var ho glad og lukkeleg ho og.

Ja, ogso Baani, stakkar; dei fekk ho nok ikkje heller gløyme.

Soleis gjekk Mari og smaadrøymde um Framtidi og tenkte paa sitt og sine utan Sut. Og ho lo og kasta med Nakken og blinka so snøgt og blidt med dei ljose, smaa Augo sine, naar ho var i Lag, og helst naar ho kom heim fraa Gardom god og mett med Furkunnmat aat Lars og gjekk og duka upp for honom. Men Baani sanka ho ikring seg og gav dei Søtmysmerbitar eller Feitostbitar i Munnen; ja stundom kunde det hende, at ho hadde ein Klump Kandisukker, som ho hogg upp og delte millom deim. Daa vart dei blanke i Augo; dei stirde paa Sukkerklumpen og tagde reint still. Og naar dei fekk denne vesle Sælebiten i Munnen, so sette dei seg ned og gløymde alt og berre patta og saug; heile den vesle Kroppen saug; dei var burte i Njoting. Alle Tankar og alle Kjendslor var i Munnen; og Augo stirde tome framafor seg, plent som Augo paa Kui, naar ho fekk Salt. Naar endeleg det siste, søte Gryne var smelta paa Tunga, 193sukka dei stilt og liksom vakna. Aa, noko so godt som Sukker! Det var søtare enn det søtaste Geitemysmør, ja søtare enn Blaabær og Moltur. Aah! Dei sleikja seg um Munnen og drøymde um næste Gong.

– Hadde no berre han Lars kunna hjelpt henne med Veden, so skulde ho mest ikkje ynskt meir; ho kjende, at ho klara ikkje denne Veddragingi. Tvo Gongir var ho no vorti heiltupp vesall av det Slite; og kvar Gong hadde ho vori retteleg vond paa Lars. Det var sagte toskut av henne; for det vart no ikkje betre med det; men ho kunde ikkje anna. Naar ho vart vesall, so var det liksom det ramla alt ikring henne, og daa hende det, som ho aldri hadde visst um, og som ho ikkje hadde Stundir til: Graaten tok henne.

Ein Dag ho kom or Skogen med ein Vedkjelke, møtte ho Jon Utgard i Tune; han vilde finne Lars. «Dreg du Ved sjølv?» sa Jon. «Det pla'naa itte vera Kvinnfolkarbeid det plent. Men kann hende han er itte rett fresk han Lars?» Mari stogga Kjelken, som vilde nedyvi av seg sjølv i Halde mot Sjøen; jau, Lars var fresk, som vel var. Men ho tykte det var so godt aa koma ut i Skogen 194ender og Gong; og Lars var «slik ytli' Baanfost'». Det var reint ei Syn, som den Mannen kunde stelle med Smaabaan; slikt Taalmod han hadde med deim; ja mykje meir Taalmod enn ho; og som han kunde syngje aat deim og faa deim i Godlag. Det var ikkje mange Karar som hjelpte so vidt til med Baani.

Jon svara fint: «Ja det er sagte godt han hjelper til; du kan visst hava nok for din Part.» Han saag burtpaa Nystogo. «Det vart ikkje so de fekk Nystogo under Tak lel i Haust?»

Nei, Snøen kom daa so brennande fort dette Aare. Men Gamle-Stogo var utruleg god enno, som vel var. Ja, det var beint fram som Mari gruvde seg for aa flytja inn i ei onnor Stogu, so hugnadleg og logn som Gamlestogo var. Og jamenn greidde dei seg so ytleg godt med Rom og. Um Sumaren laag dei paa Fjoshjellen, so daa hadde dei ikkje Seng inne, anna enn til einkvan Framandkaren som kunde reka soleis; og um Vinteren stod det ikkje heller paa; dei var so vel stelte med baade Kalvskinn og Sauefeldar. Og no skulde Lars 195leggje Himling inne, so dei eldste fekk seg Seng der.

«Men du maa no berre ga inn no daa; so kjem ej paa Timen, ej aa. Ej vil berre faa Veden under Tak fyrst.»

Jon gjekk inn; der fann han Lars med Vesle-Baane i Fange frammed Aaren. Tri andre Smaae sat burti Benken og laga seg Baatar av Vedskiur; Flis og Bos laag ut-yvi heile Golve etter deim. Men varmt og godt var her; og fjaage var dei alle.

Lars tukka fram ein Stol; Jon sette seg. «Og her gjeng Arbeide, ser ej,» sa han blid, og saag burtpaa Baani i Benken; «og friske og kaate er dei alle.» «Aa jau,» svara Lars, «det vantar nok ikkje paa det; det vil til Liv, Merakkelse. Hysj! sjaa no, koss de reier til ette dykk! So; ut etter Limen no og sop ihop att.» Til Jon heldt han fram: «det ser slik ut etter detta Otye, naar dei fær halde paa inne, at det hjelp itte kor mykje ein flir.» Men Jon visste daa vel endeleg koss slike Karar fór aat! Lars maatte ikkje tru der var likare hjaa honom Vinterdagen, naar dei laut halde seg innandørs; dei var lik seg alle Stadir, Baani, sj'u!

Mari kom inn; ho tok til aa spyrja 196etter døm heime paa Utgard, med' ho sette Kaffikjelen yvi.

Jau, der var no bra, sj'u. Gamlen var alltid noko laak, som Von var; men der var no ikkje betre aa vente med han. Og no hadde dei fengi Brev fraa Tore; han vilde heim for godt no i Vinter. Det Handels-lage han arbeidde for hadde spela upp; og no vilde han setja i Gang eit nytt Meieri nedi Bygdi. Det skulde drivast med ymse amerikanske Maskinar og bi mykje betre enn det gamle Meierie, som no var nokre Aar gamalt dernede.

Mari fann fram av det ho hadde: ein litin KùmmeForfatternote: Kùmme: rund Kopp utan Hank med Smør, fint krusa og tilstelt, og ei Geitmysmerform hadde ho jamt standande uti den vesle Jordbui si til aa setja fram aat Framandfolk; um der ikkje fannst Mat i Huse mest, so vart ikkje det røyvt. Og no var det endaa so vel ho hadde ein litin Aure, som ho steikte; so Jon fekk seg heiltupp eit Fagnadmaal. Og Lars og Mari var som det aldri skulde vante slik Kost der i Huse. Berre Baani sat burtmed Aaren og stirde storøygde paa Matborde; ikkje eit Ord sa dei; men Augo vart vaate; ein kunde sjaa at Tennane 197deira vatshagla. Smør og Aure – aa! – og paa eit lite Glasfat laag ein Haug med smaaklipt Sukker. Dei minste fekk eit skeivt Drag um Munnen, liksom det vilde til aa breste for deim. Skal tru han aat upp alt, han Jon? Ein av deim smatta høgt med Tunga, som han alt hadde Sukkerklumpen millom Tennane.

Mari saag burt paa han og skjussa heile Flokken ut. «So, ut aa lek' dykk no; Lars og Per, tak Smaaann' med dykk no, og gakk snildt ut.» Dei langstirde paa Mori og leda seg ikkje. Og det blunka og klipte i dei vaate Augo, og blanke Taarur tippa fram. Men ikkje ein Ljod. Det var so i deim gjengi, at ein skulde vera still naar der var Framandfolk; og dei visste so vel, at dei skulde ikkje syne at dei hadde Mathug; men likevel; det var so hjarteleg vondt aa gaa ifraa dette Gjestebodsborde og ikkje faa so mykje som ein Smørklining eller ein Sukkermole. Mari saag at det var hardt aat dei; ho gjekk burt og tok ein litin Sukkerklump og braut han sund i ørsmaa Molar. Dei stirde paa Fingrane hennar; ho stakk Smaabitane i Munnen paa deim, og so gjekk dei.

198– Daa Jon hadde eti, sette han og Lars seg ved Aaren. Pipune vart kveikte. Daa kom Jon fram med Ærendi si. «Ej ha nok et Brev aat dej,» sa han. «Aat mej?» Lars saag upp, og Jon tok eit lite samanlagt Plagg upp or Lumma, og brette det ut. Der laag eit Brev med mange Poststemplingar, lang Utanpaaskrift og tvo fine raude Frimerke paa.

Jon heldt Breve upp mot Elden. «Ja, her stend no: Til Hr. Gaardbruger Lars Vik, Bø Postaabneri, Sirildalen.»

Lars vart raud som Blod; han tok Pipa or Munnen og turka seg med Skjurte-Ermi: «Ja det… er nok mej, det ja.»

Gamle Minningar um Lensmannsbrev og Pantingar og annan Styggedom for igjenom'n. Han tok Breve fraa Jon. Han saag vel paa det. «Kvarhelst kann dette vera ifraa, tru?» Daa letna han i Mæle: «Jadde… jadde trur ej det er Amerikabrev!»

Det var nok det ja. Det var nok fraa Tore dette, etter alt Jon kunde sjaa. Det saag ut plent liksom det dei hadde fengi paa Utgard.

Lars ropa paa Mari. Ho var meir brevsynt ho, so ho fekk koma og lesa. Han var 199so dimmøygd vortin i det seinste, Lars, at han kunde ikkje fraktForfatternote: frakt: godt; greidt skilja Skrift lenger.

Mari slette Haare uppunder Luva, kasta paa seg Nytrøya, tok Breve og sette seg burtmed Glase. Men ho kunde ikkje faa seg til aa opne det; det var so serskilt vel attlati og stempla. Ho flidde det til Lars att. «Du fæ' ha det upp sjølv,» sa ho. Det var reint stilt og høgtidsamt i Stogo. Lars tok det. Drog Tolekniven or Sliri. Han gruna litt paa kvar han helst skulde leggje aat med Kniven; sette so til nedstpaa, der det var minst «Sirrater». Det var saa prydelegt aa sjaa paa slikt eit Brev; ein laut fara fint og ikkje skamfara det for mykje.

So fekk Mari det att. Inni laag der eit Papirark so tunnt og fint, at ho aldri hadde set slikt. Det spraka og knistra i det som i Silkebandi dei kjøpte hjaa Handlaren, og Skrifti var som prenta. «Aa nei,» sa Mari, «kor nauvende fint han skriv.» Ho maatte syne det til Karann'. Men Jon kunde fortelja, at dette var ikkje Skrifti hans Tore; det var nok berre utanpaa han hadde skrivi. Det var nok prenta dette, sju. Ja det skal du 200sjaa. Og Mari las som det var sjølve Vangeliboki:

«Til
Gaardbruger Lars Vik, Bø Postaabneri, Sirildalen.

Ærede Herre.

Vi tillader os herved at anbefale Dem vore udmærkede prisbelønnede Krone-Separatorer. Glimrende Anbefalinger fra en Mængde Brugsherrer og Gaardbrugere. Ingen Bonde som alvorlig tænker paa sin og Slegtens Velfærd bør undlade at skaffe sig denne førsterangs besparende Maskine. Dobbelt Smørudvinding. Udsøgt renslig. Betaler sig paa faa Uger. Lempelige Afbetalingsvilkaar.

Høiagtelsesfuldt
Aktieselskabet
Krone-Separatoren.»

Under var skrive med Handi hans Tore: «5 Kroner um Maanaden indbetalt til Hr. Landhandler Eriksen, Modalen. Prøv denne Kilde til Velstand selv og udbred Kjendskabet til Krone-Separatoren i din Bygd, du, som er en Fremskridtsmand og skynar noko meir enn vanlege Bønder. Kan hende du kunde bi som eit Slags 201Under-Agent og tene Pengar paa det. Paa det Vis kunde du faa deg ein Seperator for inkje. Eg skal gjeva deg 5 Kroner for kvar Seperator du kan selja uppmed Sjøen.»

Lars slepte Pipa i Golve; Munnen stod opin; han lydde so han sat stiv. Det var so det svimra og lyste raudt for Augo. Det opna seg som Synir for han. Mykje hadde han drøymt i si Tid; koma til Velmagt, bli noko meir enn «vanlege Bøndar», det var det store som alltid hadde lokka. Dette Bondeslite, det var ikkje for honom. Han var til anna skapt; det hadde han visst alltid. Og no, – endeleg kom det! «Som eit Slags Under-Agent!» Var det ikkje mest som… noko som Amiral eller General. Agent!…

Han kremta og sputta. Rette seg. Sa so endeleg med Vegt og Vyrdnad: «Ja, ej held itte det for omóle, at ej sku' faa Bønnan' til aa freiste'n, nei; og sjølv ha ej naa longe tenkt ej vilde ha ein.»

«Ja, du vet en spare Arbe' med'n; det gjer en», sa Jon, og sende ein lang Røyk uti Stogo. Det var no elles mangt ein kunde segja; men han tagde med Resten.

Lars vilde gjerne ha Mari med paa dette; han skotta blid til Leds etter henne. 202«Ja, og en fæ tenkje et Grand paa det og. Kjeringann' ha no jamt for mykje med dette tungvinte Mjølkestelle, det ha døm.»

Mari saag paa han. Jamenn laut ho tru det var Aalvore hans; han hadde ikkje den hædande Smilen som elles jamt naar han nemde Kvinnfolke. Han var no god i seg i Grunnen lel, han Lars; det var mest i Ord han var vrang, naar ein skulde segja det som rett var. Ho kom reint i Godlag; det skulde bi baade ein morosam og prydeleg Ting aa faa i Stogo denne Maskina. Ho hadde set seg reint kjær i den dei hadde standande i Mjølkebudi paa Utgard; og var det no so at ein fekk meire Smør og, so…

Dei vart sitjande der og godrødde til Jon maatte paa Heimveg; og daa var det som dei alt hadde Seperatoren i Stogo. Og det sveiv deim so mangt i Hugen: nytt Fjos; Pengar i Banken; kven veit…

Mari laut aat Fjose. Men Lars var so underleg uroleg vortin; og daa ho kom inn att, sa han at han laut ei Ærind ned-aat Osen; ho fekk finne 'n eit lite Turklæplagg, so han fekk tulle inn Breve. Og Mari fann fram alt som turvtest.

203Lars flidde seg som han skulde paa Friing; og so snøgg i Vendingi hadde Mari aldri set han. No skal me sjaa han kjem seg, tenkte ho; og daa ho saag han skride ned yvi Bakken stor og høg og vyrdeleg, tenkte ho med seg, at um han ikkje var vortin Bisp, som han retteleg sku' vorti, so var det visst ikkje for tidlegt at han vart Agent. –

Men den Dagen var Lars høgare enn vanleg, daa han steig inn paa Osen til han Paal. Og han kunde mest ikkje vente med Breve til han hadde fengi i seg Kaffien. Daa tok han det upp. Ut or Plagge tulla han det varleg; lagde det paa Borde. «Ej sku' taalaa ved dej om noko idag; ej er… hm, hm… som eit Slags Under Agent vortin for 'n Tore Utgard…» Paal saag upp. «Er det mo' leg det du? Korles daa?»

Han maatte lesa Breve.

Ikkje lengi etter var dei paa Vegen til Viks-Gardom, baae like tekne av dette Storhende. Det vart Undring paa alle, daa Paal og Lars kom stigande helgeklædde midt i Yrkja; men daa Maten og Kaffien var fraaseggjord, fekk dei Løysing paa Gaata.

204Breve vart utpakka att. «Hm… ej er som eitslags Under-Agent vortin for han Tore»…

Dei laut høyre Breve alle som i Huse var. Paal las. Men ein Ting sprang han yvi: det um at Lars skyna meir enn vanlege Bøndar. Det var det Lars helst vilde dei skulde høyrt; men Paal hadde vel Rett: det var ikkje sagt dei vilde like det.

Det vart Prat; og Lars skrytte og lagde ut; preika som ein Prest. Det var som han alle Dagar sku ha bruka Seperator.

Viksfolke samtykte. Det var gjerne noko i det. Dei fekk no tenkje paa det, ja. Det var ikkje noko dei kunde gjera av med ein Gong, dette.

Lars og Paal gjekk i Veg att med Breve. Det bar fraa Gard til Gard. Lars kunde Leksa si: «ej er som eitslags Under-Agent vortin…»

Men ikkje selde han noko den Dagen. Og ikkje dei næste Dagane hell. Folk laut tenkje paa det.

Men for Lars gjekk Tidi, Viku etter Viku, med aa gange rundt aa vera Under-Agent. Og ut paa Vaaren stod ein skinande blank ny Separator i Stogo i 205Viki. Mari fekk nok aa gjera med aa halde Baani ifraa. For deim var det Eventyr og Trollskap som var i Huse komi; i Fyrstningi var dei so rædde at dei sette paa Skogen, naar det tok til aa dure i Maskina um Morgonen. Men etterkvart fekk dei Mod til aa handsame Separatoren sjølve, og sidan slost dei um aa draga Veiven.

Mari lika seg. Endeleg hadde daa dei og fengi noko som kunde lyse eit Grand i Augo paa Folk, naar dei kom inn i Stogo.

Men Lars agta som ein Smed paa kvar Mjølkedropen. Dei laut draga Smør ihop til fyrste Maanadsdagen no, so han kunde faa noko aat Handelsmannen, naar fyrste Femkroningen skulde ut; Mari torde mest aldri setja Smør paa Borde lenger.

Baani laut greide seg med Separatormjølk heretter. Separatormjølk til Grauten, Separatormjølk aa drikke, Separatormjølk i Dravle, Ost og Mysmør. Men naar dei fekk ho med same ho kom or Tuten, so Frauda stod høgt i Koppom, daa lika dei henne framifraa godt. Ho var «mes' ssom so morosam!»

Men dei vart ikkje lenger so tjukke 206og raude Baani; stundom tykte ho dei reint var vesalle aa sjaa paa. Daa vart ho rædd og tok dei minste med seg aat Fjose naar ho mjølka og lurde i deim eit Grand Nymjølk. Det allerminste laut ho jamt hava med seg ut; ho bar det paa Ryggen, for Hendane hadde ho fulle av Kjerald; og hengde det so paa Veggen etter Bandselom det Bile ho mjølka; ein kunde ikkje leggje det paa Fjosgolve maatru. Men det sov godt der paa Veggen i den tunge varme Fjoslufti, so der nauva det ikkje. Naar ho var ferdug tok ho det paa Ryggen att, skjussa dei større framfyri seg og gjekk so med Mjølkebytta og AskenForfatternote: Asken: Mjølkeasken; Trekjerald til aa mjølke i i Hendane.

Men i Stogo stod dei hine og venta paa sin Mjølkedrykk.

Ho var mest jamt med Baan um Vinteren; som vel var; so var ho fri til Vinna um Sumaren att. Det var so visleg laga; og sine beste Stunder hadde ho naar ho var med i Høye, og kunde kaste seg ned i ei Høysaate og kvile med' ho gav Baane Bryst.

Ho torde ikkje lata dei smaa vera att inne; for um Vogga hekk i eit Tòg under Slindri høgt fraa Golve, so kunde det vera 207faarlegt med Katten endaa. Og so var det Vesle-Lars ein aldri kunde vera trygg for. Han var tolv Aar no; men det var som han aldri vilde bli rett vitug. Dei som mindre var greidde seg betre; deim kunde ein jamvel alt faa eit Grand Hjelp av stundom; men Lars saag det smaatt ut med. Ein Gong Mari hadde vori ute, sette han Vogga i Sving, so Baane som uppi laag datt paa Golve. Det var eit Guds Under, at det ikkje slog seg ihel. Og ein Gong stod han og lo, so Taarune trilla og strøypte ei Katte; dei laut agte paa han stødt. Med ei underleg faami Smaamyling gjekk han ikring og liksom lurde paa Ugagn; fekk han Tak i ei Flugu han kunde pine, eller han saag seg Syn med aa klembe ein Lamunge eller ein Killing til dei mest kikna or, daa glimta det villt i dei vatsblaa Augo hans; han var so glad at han mest dansa. Dei hadde baade dengt han og skjelt og godtala med han; men han berre lo. Naar han fekk Ris pipla Taarune fram liksom av seg sjølv; men Munnen lo endaa, saart og skeivt. Og naar han so slapp laus att, strauk han av og gøymde seg, so dei ofte gjekk halve Dagane og leitte etter han. 208Ikkje hadde han lært aa tala reint heller; Mari var meir enn uppraadd med den Guten. Det hadde endaa hendt ho hadde tenkt med seg, at um Vaarherre tok han, so vilde det vera ei Sælebot.

Ein Gong vart han burte so lengi, at dei leita ein heil Dag. Ropa rundt i Skogen og etter alle Strendar. Dei fann han kald og kvit i ei Blautmyr, og trudde han var slokna. Mari kolna all igjenom. Aa Herregud; dette hadde ho no aldri meint. Men Lars slog Augo upp att um eit Bil og lo som vanleg.

Aa Gud skje Takk likevel!

*

Det er kvar Dag Etardag, men inkje kvar Dag Fiskardag.

Oftare og oftare laut Mari burt i Gardom aa laane eitkvart «t'art so lengje». Koss ho stellte, so vilde det jamt bli lite aat so mange Munnar; og Baani var ikkje som fyrr lenger. Ho tykte ho saag Skilnad paa deim for kvar Dag. Hadde det ikkje vori det velsigna Geitemysmøre, so visste ho rett ikkje koss ho skulde ha berga deim. Men – no truga Lars med aa «skaffe aav» Geitane og faa ei Ku istaden, so det kunde verte meir Smør aa selja. Men det 209maatte ikkje skje. Mari vilde frelse Geitann' sine kva det sku koste.

Det var ikkje betalt meir enn tvo Gongir paa Separatoren, og det vart nok lengi til ho fekk ein skikkeleg Smørklepp att i Huse, ikkje aa nemne Feitost; alt laut dei vende hjaa Handlaren til den var greidd. Og «ein kunde ikkje hengje Kjeften paa Veggen» heller.

Men Grannane var snilde; det ho turvte fekk ho laane jamt. Og ho vart ikkje annleis motteki enn ei onnor Grannekjering som kom i Ærend eller paa Vitjing; i Høgsæte fekk ho sitja ho som dei. Dei hadde aldri sett retteleg Armod uppi der, og no var det mest som dei skjemdest alle yvi at der skulde vera ein Heim i Grendi, der det var lite Mat. Stilt og utan Snakk gjorde kvar sitt til aa hjelpe paa Armodi uti Viki; og dei vilde no alle helst laatst som dei trudde det berre var «til so lenge». Det vart full' likar' sj'u.

Og so var Mari til mykje Hjelp paa sin Kant att og. Arbeide gjekk som ein Dans for henne, berre ho livde litt godt ein Dag, og hadde det eit Grand hugsamt. Ja ofte kunde ho ved eit godt Matbord i trøysamt Drøs gløyme all Sut og verte 210kipi som ein Ungdom. «Husj Gut,» sa ho og huska paa seg, «Kaffien flyg ti Kroppa paa mej som Krut; no ska ej rett arbe' kvasst ei Ri.» Folk laut læ. Det var no som dei sa: Mari var utsedd til aa vera Kjeringi hans Lars i Viki!

Men vaaga nokon seg til aa slaa frampaa um korleis det gjekk med'n Lars og Arbeide hans, eller spyrja um ikkje Nystogo rettno var ferdug, eller anna som gjekk innpaa Æra hans Lars, daa sette ho Nebb og Klo imot med ein Gong. Jau, sagte hadde han vori paa Arbeid baade her og der; og i Nystogo skulde dei flytja inn no til Hausten. Elles hadde no Lars mangt som hefte'n; han var Fiskevaktmann, hugsa dei, og det tok si Tid; og so var det det, at han var Agent vortin; det tok meir Tid enn nokon trudde det og, ja. Og so var det naa Veden daa, og Bøting og Vøling hjaa deim som andre Stadir, sj'u; Lars hadde nok meir aa gjera enn han med Godom vann, han, stakkar.

Det kunde daa hende dei slog paa, at han var alltid noko tilaarskomin no; det var kje sagt Arbeide gjekk so fort undan Hendane for 'n lenger; men daa slog Mari med Nakken og vart kaut. Han gamall! 211det glimta i dei smaa Augo, og ho vart so høgmælt, at Mæle mest sprakk; aa nei san; dei kunde nok freiste seg mot 'n Lars kven som vilde; ho vaaga det vart ikkje han som rauk.

Og ho fortalde at dei skulde setja paa ei Ku att til Vaaren; og at han hogg Timber til nytt Fjos; kann hende til endaa eit lite Hus; – ho blunka og lo. Dei hadde teki til aa byggje slike Smaahus paa ymse Gardar uppetter no; og dei var sagte nyttelege. Det saag no alltid eit Grand sømelegare ut og ja. – Nei; det einaste han Lars no trega, det var, at han hadde lagt upp til for liti Stogu; for Doktoren hadde snakka um aa leige seg eit Rom uppmed Sjøen der til Sumars og liggje paa Fisking, og daa hadde Mari tenkt, at ho hadde vori huga til aa havt 'n i Lossi. Ho hadde no sétt koss dei stelte sovorne Folk nedi Bygdi, ja, so ho gruva seg ikkje for det; neimenn um ho det gjorde!

Soleis heldt Mari Mode uppe, til dess der var tie Baan i Viki. –

*

Ein Dag utpaa Sùmaren skadde Godfar Utgard Foten sin og laut aat Sengi.

212Han kom aldri uppatt meir. Men daa han var burte, vart det liksom so audt paa Garden.

Jon og Kari tok alt til aa eldast. Og mang ei Sut hadde det vorti etterkvart. Alt var liksom so annleis vorti; det var ikkje den trygge Ro paa Garden lenger. Um det berre var dette nye Fjose, – det var liksom ein djup Brunn, der Pengar og Arbeid sokk ned. Og aldri vart det slutt med Utlegg og Skuld hjaa Handlaren. Dei hadde aldri visst av all denne Pengekostnaden fyrr. Dei gamle Husi var uppsette med Yrkje fraa eigne Skogar, og paa eigi Gjerd, so dei kunde greide alt sjølve utan større Utlegg; men med Nyfjose hadde det vorti so mykje nytt. Like fraa Grunmuren og Take til Dørir og Glas, mest alt var heimført. Muren var av Tiglstein; ein Graasteinsmur som inkje kosta uppi der, hadde Tore rekna ut var so reint for dyr. Likeeins Take. Torvtekkjingi, som hadde haldi dei gamle Husi varme og turre, var inkje tess lenger; ein laut ha Flis. Og Dørir og Vindaugo skulde vera høge og fine, og laut koma fraa ein Fabrik sør i Lande.

Men Tiglsteinsmuren kosta mange 213Pengar; og Flistake glisna snart, so Jon hadde lòti leggje Steintak ovanpaa att. Dei gilde Dørine og Vindaugo var kalde og opne; han laut teppe med Høy. Men det som var verst: Huse var og vart for stort; han kunde ikkje med godom auke so det fyltest. Og der stod daa det fine, dyre Huse no, brukt til Lødu og Skur. Men Lødu og Skur hadde dei gode nok fyrr; og Jon tenkte ofte med seg, at han skulde vori glad um Hinmannen hadde heile Brakka.

Nedyvi bar det koss dei stelte; Jon hadde alt laant Pengar tvo Gongir; og paa Utgard hadde slikt aldri hendt fyrr. Brødrane hans saag paa alt dette og undrast med seg; dei var helst fegne no, at dei ikkje hadde havt Raad til aa fylgje med paa Ny-Gjerdi so med same; og um dei alltid no var komne so vidt i Veg, at dei kunde ha fengi seg' ti eikor Maskina, so var dei likevel huga til aa vente eit Grand enno. Ein fekk sjaa. Dei hadde greidt seg til no med baade Mat og Klæde; og jamnt gjekk det fram, um det no gjekk smaatt; plent haste kunde det ikkje. At Jon hadde vori hjaa Farsyst' si, ho Berit Bø, og laant Pengar, det visste dei, og det 214var mest som ei Skam for deim alle; dei nemnde det ikkje seg imillom dessmeir.

Serskilt vondt for Jon og Kari var det at dei hadde misst Gro. Den Dagen ho kom og sa at ho vilde flytja heim til Olav i Kroken, vart dei fælne. Dei hadde lengi skyna at ho tenkte paa Olav; men at ho skulde gjera Aalvor av dette, at ho ikkje skyna kor raadlaust det var aa flytja inn i slik Armodsdom, det hadde dei ikkje kunna faa seg til aa tru. Og dei tenkte med seg, at fekk ho Viljen sin i dette, so vart det snart ein ny Huslyd aa syte fyri paa Utgard; men dei var rædde at dei hadde nok med seg sjølve no.

– Dei la daa imot so hardt dei kunde; men naar dei saag paa Gro, so skyna dei at alt var faafengt. Dei vart mest rædde for henne, slikt Aalvor som der var yvi henne komi. Og ho bleikna og vart skrinn; og Augo var store og liksom myrkare vortne. Stundom var der Glans som av Sjukdom i deim; Kari tenkte med seg, at no hadde ho set den Elsken som ein kunde døy av. Gud hjelpe vesle Gro!

Det vart daa sistpaa Bryllaup att paa Utgard. Og dei gjorde det beste dei visste i alt. Men slik hugheil Gjestebodsglede 215som den Gongen Mari stod Brur var der ikkje. Det var ingin, som rett fekk Skjemten i Gang. Og Dans som elles vart det ikkje heller; dei hadde ingin Godfar til aa gjeva Lage Stødleik, og ingin Olav til aa spela; Brudgomen kunde ikkje vera Spelemann.

Men Olav var glad kor som var. Byrg og sæl gjekk han der som Oskeladden i Eventyre; Prinsessa hadde han vunni, og no skulde alt laga seg!

Det kunde bli Gard av Kroken. Gild Gard. Fela fekk liggje no; det galdt aa arbeide til han hadde rudt seg ein Gard som høvde aat Gjenta. Som ein Dans skulde Arbeide gaa; ingenting var tungt lenger; han song og lyfte Gro paa vâre Hendar: «ej sku bera dej til Verdsens Ende!» sa han. Ho var tunn vorti, og bleikare enn fyrr; men han saag det ikkje. Nett som ho skulde vera var ho; den venaste Brur i Verdi; ja annleis enn alle andre var Gro. «Berre du itte er ei Hulder,» lo han; «rett er det no itte gaat for sej dette, so reint hugtekin som ej er vortin, og sjaa! – Rova hev du!» – han fekk tak i den lange, gule Fletta som ho stod og skulde rulle ihop, so ho kunde faa Kjeringluva paa seg.

216Men daa ho hadde bundi Hokubandi paa den vesle, svarte Silkeluva, vart han vaat i Augo. «Kjeringa mi,» sa han stilt og tok Handi hennar, «Dronningi hans Heilag Olav»… Men av Gull sku' Kruna di vera, itte svart. Nei, itte svart, Gro!»

«Høver ho mej itte denne daa?»

«Aa jau, so vel høver ho dej; og Gulle hev du innunder; men likevel…»

Og dei gløymde alt i Verdi.

– Men Prinsessa bar Helsott i Bringa; og ein Dag sat Oskeladden aaleine att og stirde inn i ei tom Verd. Alle Stjernur var slokna; Soli skar 'n i Augo som ein vond Brand; Hendane var som lame, Tankane uklaare. I Kroken fekk alt staa som det stod etter den Dagen Gro var gravlagd. Men Fela kom fram att.

Sidan gjekk det som det kunde med Olav. Naar han sat og spela til Dans um Nætane, orvak og ør av Brennevin, laut dei agte han som ein Galning; han raadde ikkje rett med seg alltid. Og skulde han heim gjenom Skogen, fylgde dei han helst. Men kvar Gong han kom heim til den vesle Gjenta, Gro hadde født fyrr Dauden kom, gret han.

Mor hans gjekk kring i Gardom som 217fyrr; og naar dei spurde koss dei livde i Kroken svara ho gjerne: «Jau, han Hellig-Olav er snild, han; ej ha det godt under Reggemente hans.» Og so smilte ho og song sine underlege Visor. Ho bar paa ei stor Glede sidan Gro døydde, for ho hadde fengi Sonen sin att; og no kalla ho han alltid Hellig-Olav. Det var mest som der ikkje fannst vondt i han; han var som eit Heilagmenne, tykte Anne.

Ho hadde ikkje vori leid med Gro. Men ho hadde vori liksom bljug for henne; gjekk helst undan; og var burte mest støtt i den Tidi. Men daa Gro var køyrd or Tune i den svarte Kista, daa hadde Anne flutt inn att or den vesle Kleven, der ho hadde gøymt seg undan sidan Ungkjeringi kom. Sidan sat ho helst i Aaren naar ho var heime, røykte paa Kritpipa si og song aat Vesle-Gro i Vogga. Vesle-Gro, det var Baane hans Olav det; Gud signe henne! –

Olav tok til aa laga Grautdyllar og Skeidir dei lange Vinterkveldane, naar han sat heime; og fint og greidt skar han deim ut og maala Rosor og Vers paa deim. Og so godt stelte dei ihop, han og Mori, at dei greidde seg. Um Gro tala dei ikkje. 218Berre ein Gong sa Anne: «ej sa dej, ho var feig; men du trudde mej itte.»

«Kva visste du um det?»

«Koss kann Grase paa Jordi gro, naar Sonen maa ikkje Mor si tru?»

Olav beit henne kvasst av: «Teg dej!» Og ho tagde. Sagte kunde ho tegja; ho var glad og nøgd som det var no.

Og daa Olav gjekk ut, høyrde han etter seg so sæl ein Voggesong. Stakkars Mor, du er sjølv eit Baan, du, tenkte han. Snart vert det full' me, som lyt sulle for dej. –

– Daa Vesle-Gro vart større, fylgde ho Far sin stødt. Naar han arbeidde sat ho paa Golve attmed'n; og gjekk han i Skog og Mark leidde han henne med seg, eller bar henne paa Ryggen. Aldri fekk «Godmor» klæ av eller paa henne; det maatte Papa gjera; og i Armen til Papa somna ho um Kvelden, og Namne hans var det fyrste ho nemnde um Morgonen.

– Men Olav vart meir og meir leid til aa drikke, naar han var i Lag. «Var det ikkje for det velsigna Baane, so drakk han seg ihel,» sa Folk. Og dei agta seg for aa skjenkje'n. Jamvel dei kaataste Ungdomane gøymde Brennevine for'n, naar han spela aat deim. Vart han ør og vilde 219tvinge Brennevin ut av deim, bad dei han berre hugse paa Vesle-Gro; «no ligg ho heme og vente paa dej, Olav.» Daa kasta han alt og sette paa Heimveg.

*

I Isløysingi um Vaaren fødde Mari eit lite Baan att; det var det trettande.

Men daa hende det noko som aldri hadde hendt fyrr: ho vann seg ikkje upp att med same; heile 8 Dagar vart ho liggjande i Sengi. Og ho var so laak, at Anne Kroken, som var der og stelte no, sagde beintfram til Lars, at dette vart ho ikkje klok paa. Dei bruka alle Raadir, og Mari baud til alt ho kunde, men det var som Føtane var slegne undan henne.

Lars vart baade keid og arg. Alt var i Ulag; Baani paa Villstyr reint; og det var nett i verste Vaarknipa. Høye var Ende paa; og det var eit Kav og eit Slit aa halde Liv i dei stakkars Dyri. Aldri hadde dei vori so skrinne nokon Vaar; ein kunde telja kvart Beine i deim; dei stod og raga paa Baasen.

I Sud-Lidom var Snøen gjengin; men her i Skugge-Lidi laag han og laag. Geitane 220hadde Lars slept ut, og dei berga seg so vidt; men Kyrne stod og rauta med svoltne Augo.

Mari laag i Sengi og tykte alt gjekk gali. Ho laut upp, kor laak ho var. Og ein Dag var ho i Fjose att. Der stelte ho som fyrr. Men bleik var ho og hjarteleg trøytt, og ho traatta ikkje Maten. Lars bar Vatn og hadde inn Ved; men sur var han. Han gjekk og nidtagde. Skulde no denne og bi sjukleg?

Som vel var besna Mari smaatt um senn. Men Mode var burte lengi. Det var ikkje Kjælenamn ho gav Kyrne sine no, naar ho kom aat Fjose. Berre kvasse Ord hadde ho til Helsing, og istadenfor Klapping vart det Spenning og Spark, «vil du staa still!» «So! Uppi Baasen med dej.» «Naa! Ej ska gje' dej.» Ho skyna seg ikkje sjølv. Jamvel Baani kunde ho bli so leid av, at ho gav vondt berre dei kom inn i Stogo. Det vart daa so lite Hugnad no, at dei mest heldt seg ute i Leikehusi sine og paa Fjoshjellen. Der fekk dei daa vera i Fred.

Sur var Far og leid var Mor; Hogg og Vondord fekk dei for det galne dei hadde gjort og for det dei aldri hadde tenkt paa. Ein Dag kom Lars fraa Nystogo, der han 221hadde teki til aa pusle og arbeide att, og bad dei koma att med all Spikaren dei hadde dregi av. Dei dregi av Spikar? Dei visste med seg, at taka Spikar eller Ambod fraa han Far, det vaaga dei aldri; det var ikkje noko han vart so galin for som naar det kom burt ein Spikar. Men Lars banna paa, at dei hadde dregi av med ei heil diger Pakke Tritom; og lova dyrt at han skulde dengje deim for Endes, kom dei ikke att med kvar einaste ein, og det paa Timen. Han budde seg liksom alt til aa halde denne Lovnaden, og Per fekk ein Dreis attmed eine Øyra; dei andre skreik og sette til Sprangs. Dei hadde ikkje teki Spikar!

Nokre Dagar etter fann Lars sjølv att Spikarane i eit Røyskathôl; der stod dei uppstelte i Radir som andre Soldatar. Arg svor Lars «Stortjuven» ei stygg Hemn; men til Baani sa han inginting; dei hadde godt av aa ha eit Grand Støkk i seg.

– Mari laut ein Dag paa Bygdi att; Mjølsekken var tom. Kjøt hadde dei berre naar dei um Hausten slagta ei gamal Geit, eller naar dei ein hende Gong tok Live av ein 3–4 Dagar gamall Kalv. Mjølki og Mjøle var det som laut vera det visse.

Ho stod ved Glase og saag ut; Lars 222sat attmed Aaren og telgde paa eit Økseskaft; Pipa hekk tom og kald i eine Munnviki. Han sputta burt i Varmen ender og Gong og var lite i Lag; Tobakk aatte han ikkje, so Munnen var valin og turr; og i tvo Dagar hadde dei kokt paa Gruten og ikkje fengi ein skikkeleg Kopp Kaffi heller.

«Ska' tru han er gangand' enno, Isen,» sa Mari.

Lars sputta kvast. «Gangand' høsj; han er køyrand, um du vil. Det er berre lite Vatn uppaa'n.»

«En kunde kannhende taka Baaten inni Vika og draaggaa 'n et Stykkje; for Isen er blaa og tunn innmed Landa; ej sku' plent ha vori ei Snøggærind burti Osen.»

Sagte kunde ein det gjera og, ja!

Meir vart det ikke sagt. Mari flidde seg og fekk Tak i Bundingen. Dei smaa skreik upp; dei vilde vera med burti Gardom aa faa Lefse og Sukker; men Mari skjussa dei fraa seg. Ho var rædd ho hadde nok med seg sjølv idag.

Men dei største var med nedi Fjøra. Og dei vart ville av Glede, daa Baaten kom paa Vatne, der blaa Isflak laag og dreiv. Uppi 'n maatte dei og utpaa. Freista Aarune. Vesle Lars stod og hoppa 223ende upp og ned; no tok Sumarmoroi til. «Rese Sjøen! Rese Sjøen!»

Lars jaga deim inn att. So gjekk Mari og han i Baaten og staka seg fram millom Flaki ut til den faste Iskanten; tagalle var dei baae. Ho steig vârt uppaa Isen. «So fæ du møte mej her att daa,» sa ho. «Ej fæ full' det, er so du itte vil sunn'»,Forfatternote: Sunn: symja svara han gretten og stakk fraa att. Ropa so etter henne, at ho maatte faa' ti noko Kaffi; han skulde «ned yvi» ein av Dagane; daa skulde dei faa att.

Mari gjekk; svara ikkje. Ho skulde vera glad berre ho fekk Mjøl.

Eit Stykke ut paa Sjøen gjekk Mosekøyrar-Vegen; den tok Mari. Sjølve Vegen var sagte ikkje sterk; Gjødsli som laag der og vermdest i Vaarsoli tærde paa 'n ikkje lite. Men jamsides Køyrevegen gjekk ein litin Gangstig. Og so lengi det var Dagen og ein kunde sjaa seg fyri, var den trygg nok. Godt og mildt var det, og Himilen var klaar. Det var alltid godt aa koma ut or Huse eit Grand.

Ho fekk gange til Berit Bø idag.

Berit var nok vond paa Lars, avdi han gjekk aa narra Separatoren paa Folk og 224Førde inn Svelteforing i Bygdi; men det fekk vera som det kunde. Berit hadde ikkje vori heime paa Utgard sidan Gamle-Jo, Bror hennar døydde; ho tykte der var so fatikslegt vorti etter dei tok til aa vende Maten i Pengar, sa ho; og ho tykte Jon hadde stelt laakt med Garden i seinste Aari. At han Tore skulde faa synkvervt so traust ein Kar som Jon, skyna ho beintfram ikkje. Ned i Bygdi hadde dei daa baade Separatorar og andre Maskinur, men Banken aatte no meir enn Helvti av Gardane der alt, og no tok Fantedomen til aa siga inn uppi her og. Men dei skulde berre halde seg undan Dørine hennar med desse Ugreidom sine. Ho hadde teki paa seg aa liva Garden i si Tid; og det vilde ho freiste aa gjera paa den Visi det fyrr var gjort. Mest forhakkande gali kunde ho bli paa denne «Agenten», han Lat-Lars; jamenn kunde det nett høve aat 'n aa vera «Agent,» han som alle Dagar hadde vilja liva av anna Folks Arbeid.

– Men Mari tok ho vel imot; for henne tykte ho Synd i. «Men jø, kor laakt du ser ut,» sa ho, daa ho saag henne. Og Mari laut gaa ved, at ho ikkje var rett frisk no.

Daa Berit hadde fengi henne til Bords 225og gjevi henne det beste ho visste aa eta aa drikke, sa ho: «Det var full' den tiande du kom med siste Gongen no daa? Ej kann itte halde Rekning paa døm lenger, ej.»

Mari var kvikna i no av Kaffien og den gode Maten, og ho var kaut som alltid, naar dei nemde Baani. «Nei, det var rett den trettande dette, sj'u; og du maa tru det er Kar, ja; han va' itte plent so stor; men det er sjaaand', at han vil til Liv, Farken!» Og ho smilte so fjaag.

«Aa ja; dei ein hev fengi hev ein full Hugnad av; men jamenn ser du klen ut no, det gjer du, og ej trur Vaarherre gjorde vel, um han tok denne late Gubben din, no; du berga dej visst honom forutan.»

Men daa rette Mari seg og kasta paa Nakken; aa nei san, ho vilde nok hava Gubben sin enno ei Rid! Berit maatte ikkje tru han var nokon gamall gjerandlaus Krake han enno. Ho visste no ikkje mange likare ho for sin Part.

Berit undra seg storleg. Maken hadde ho korkje sett eller spurt. Det var greidt aa sjaa, att han tok Live av den arme Kjeringi med Baansengir og Svolt og Slit; 226men endaa –. Naa! Kva Raad var der. Ein kunde alltid ynskje Live av han, men taka det kunde ein ikkje.

Med Mari vart det avtala, at Berit skulde taka Per, den næst eldste uti Viki, til Gjætlegut til Sumars; og Mari var fegi, for Bø var likaste Garden han kunde koma til. Og ho laut sjaa aa faa ut dei største no etterkvart. Verst var det med Lars; for honom vilde ingin hava, stakkar. Men no vart det daa eit Menne mindre.

– Berit stod breid og aalvorsam og saag etter Mari, der ho gjekk fraa Garden. Bøygd gjekk ho i Dag, som ho vilde sige under Byrdi ho bar, og Føtane flutte seg ikkje som i gamle Dagar, naar ho sprang paa Heimveg med Mat aat Folke sitt. Tungt og seint drog ho seg fram etter Vegen i Snøslapse. Berit vart reint trong i Halsen der ho stod. Arme Ting!

Seinare paa Dagen kom Anne Kroken til Bø og skulde stelle med nokre Vaarlomb. Berit kunde ikkje faa Mari or Tankar, og rett som det var sa ho til Anne: «Vil du gaForfatternote: Ga: gange ut i Viki og gjere ved'n Lak Lars og, so ska' du faa ei vaarbær Ku av mej; ja Beiskedø ska du det; no svor ej.»

227Anne lo so ho mest kovna. Ho kunde no faa Munnen sin til aa segja mangt, Berit. «Ja hadde ej berre vore sopass fløi, jadde hadde det vore maateleg aat'n, den gamle Bukken,» svara ho.

Og Ordi hennar Berit gjekk Bygdi rundt. Alle tykte det var godt sagt; og mangein god Laatt fekk dei av dette i Grendi.

*

Daa Mari hadde kara seg yvi Isen og kom til Raaki att, vart ho standande og stire reint fortustra. Baaten laag i Iskanten; men han var tom; koss i heile Verdi kunde dette hava seg? Var nokon gjengin henne til Møtes? – og dei hadde gjengi umeinannan paa Sjøen? Men Aarine stod i Kippune med Bladi paa Iskanten… Trøytt og klen stod ho der og seig mest ihop. Soleis hadde Lars aldri gjengi fraa Baaten! Ho ropa. Lars svara fraa Strandi. Ja; der stod Lars. Og Per og Martin og Vesle-Kari. Dei veifta. Ho steig i Baaten og visste ikkje av det; og daa ho naadde Land, stridrann Taarune nedyvi Andlite hennar. Sjaa nedi Vatne hadde ho ikkje vaaga; men at noko var hendt, skyna ho. Kven var det? Kven var det? «Vehl-Lars er burte,» ropa Lars, «skund dej tur 228Baata. Tak Aarune, Per! Kom!» Ho sette Byrdi fraa seg paa Strandi; vilde med att. Men Lars skauv hende attende. «Gakk upp aat Guta; han skrik,» sa han. Og no høyrde ho det; den minste skreik uppi Stogo. Ho tok i Veg, halvnòmi av Rædsle. Daa ho kom inn og fekk seg aat Sengi med det hikstande Baane ved Bryste, skalv ho som eit Ospelauv.

Dei hine Baani stod kring Sengi. «Mor, me er svoltne. Mor, me vil ha Mat; Mor, hev du Sukker i Skreppa?» Ho bad deim setja seg burtmed Aaren og vera stille til Far kom inn att, so skulde dei faa. «Kjære dykk, sit still no, til Vehl-Guten er somne'; aa kjære, gjer det…»

Utanfyri gjekk det endeleg. Tungt, tungt i den vaate Snøen. Mari kolna; Baani tok paa Sprang; reiv Døri upp: no kjem han! – Men dei tagna og drog seg attende; dei saag Faren kom berande med Vesle-Lars; Guten laag stiv i Armane hans. Mari reiste seg: «liver han?»

«Nei.»

Guten var blaa. Den vesle Magen var høg, urimeleg utspild, fyllt av Vatn.

«Me lyt rulle'n,» sa Mari, «kom!»

Dei lagde han paa Golve, rulla han 229att og fram; mange Gongir; men der var inkje Livsteikn aa sjaa.

So stellte dei og flidde han. Og lagde han burti Benken sveipt i eit Lakan. Syskeni stod fælne ikring. Kva var det med'n Lars?

«Aa, naa er han Lars vandra burt ifraa oss, han stakkar.»

Mari gret att. Baani tok til aa snufse dei med, og drog seg fraa Benken. «Er han dø, han Lars?»

«Ja no er han dø. Og no kann de angre dykk de, som terga 'n og var leide med'n.»

Dei hadde ikkje sakna Lars heime fyrr ved dei Tidir dei skulde møte Mari. Men daa dei kom til aa hugse etter, so hadde han nok vori burte mest fraa Mari gjekk. Han hadde drivi paa og masa med at han vilde «rese Sjøen».

«Jamenn fekk du rese Sjøen, Kroken,» sa Mari; Gong paa Gong var ho burtved Benken og saag paa han; jamna Haare hans, kjende paa Bringa yvi Hjarte, heldt ein litin Spegil framfor Munnen hans. Men der var korkje Ande eller Rørsle.

Han vart liggjande der i Benken med Natti. Dei hadde ikkje Hjarta til aa leggje han ut paa Laaven no med same.

230Daa Mari sat ved Aaren noko etter og stelte Baane tilkvelds, kom dei smaa stilt burtaat henne: «Fæ' me Mat naa, Mor?»

Dei fekk Mat uppi Aarebenken der dei sat; so kraup dei halvrædde og stille ned i Sengi si. Vel grov dei seg under Felden; det var vorti so uhuglegt i Stogo. Men Per, som størst var, laag og smaagret lengi, fyrr han somna; han skyna ikkje at han Lars ikkje skulde staa upp att meir. Aldri staa uppatt. Heile Tidi saag han Lars for seg slik som dei hadde funni han attmed den store Steinen like i Iskanten. Han sat paa Huk, liksom han vilde til aa krabbe seg upp; dei hadde fyrst trutt at han livde. Det var ikkje djupare enn at dei naadde nedi Hovude hans fraa Baaten. Men daa dei fekk han upp, stivna han med ein Gong. Huh! fælslegt! – Han hadde vel tenkt at han vilde møte Mor, han, stakkar…

Lars og Mari sat uppe ei Rid. Men Svevnen tok Mari; ho smaagret og geispa og vart so arm, at ho laut leggje seg. Ho la seg klædd og somna med ein tung Sukk: Aa Herregud –.

Lars sat att endaa eit Bil. Mari hadde sét seg Høve til aa laane ein litin Tobakstubb 231av Drengen paa Bø, so han hadde Tidtrøyte. Men so tok han til aa skjegle burtpaa Mari, daa han høyrde ho sov. «Det tek itte hardar' paa den Megga,» mulla han.

Men daa han hadde røykt ut tvo Pipur bar han og til aa geispe. Eit lite Grand etter velte han seg uppi Sengi. Han laut sjaa til aa koma upp att i god Tid i Morgi, for han fekk sagte taka ein Tur burti Gardom med denne Tidendi – so det var full best aa koma seg til Ro. Ja ja, san; han geispa høgt; ska tru ho Mari hadde ei rein Skjorte aat han til i Morgo… aai – kor trøytt ein vart! – Og fyrr den siste Glodi var slokna uppi Aaren, sov dei alle. Det var berre eit Grand romsamare vorti i Reire.

*

I Gravøle var alle Grannane kring Sjøen med. Lars hadde mest ikkje anna gjort den siste Viko enn aa gange med Syrjebod og beda til Gravøls; han var reint foretin vortin, og utyst paa Kaffi hadde han longe drukke seg. Det hadde vori ei einaste lang Mathelg for honom sidan Lars døydde.

232Til Kyrkja fylgde 10 Hestar og der vart eit gasta Gjestebod i Viki.

Vaarstormane hadde rivi Isen dei siste Dagane, og daa Baaten gleid ut fraa Viki med den smale, svarte Kista hans Vesle-Lars, lyste det blank Vaarsol yvi Grendi.

Mari sat paa Kista, helgeklædd og betre kvild enn ho paa lengi hadde vori. Grannekjeringar hadde vori der og stelt, og Mat av alle Slag hadde dei havt med seg; det hadde vori raus Livemaate i Viki alt sidan Ulykka hende. Alle var tekne og snilde, naar Sorg og Ulykke kom i ein Gard; dei kappast um aa hjelpe daa. Og dei hadde ikkje venta til Gravøle; dei som nærast budde kom med Sendingar og baud seg til allt Slag Hjelp, strakst dei fekk vita kva som hendt var. Dei tykte so hjarteleg Synd i Mari.

Det var tidleg um Morgonen daa dei fór med Like; utpaa Morgonsida Dagen etter kom dei att. Kari og Berit hadde daa seti heile Natti og vakt og venta paa Gravølsfolke med Kaffi og Rjomegraut; og Maten smaka godt, for kaldt hadde det vori etter Elvi og yvi Sjøen um Natti. Dei vart sitjande aa eta og smaaprata og godgjera 233seg; Soli stod høgt paa Himilen. Daa laut dei aat Sengi alle og kvile ei Rid, fyrr dei tok paa Dagsens Arbeid.

Mari vart svevnug daa ho klædde av seg; men ho var betre i Lag enn ho paa lengi hadde vori. Det var so godt aa koma ifraa eit Grand. Og alle hadde vori so snilde. Vehl-Lars kunde ikkje venare vera i Jordi komin, han. Ja ja; sæle dei som Vaarherre tok! Det hadde vori tungt med same; ho hadde greti so saart igaar, daa Paal song Like ut. No kjendest allt lettare. Vaarherre hadde gjort vel; han saag nok at det var trongt um Rom her i Viki. Mari kom ikkje større ihug Vaarherre til Kvardags; og alt dette um Synd og sovori skyna ho seg lite paa; ein fekk gjera det beste ein kunde, meinte ho. Men naar det kom Ting, som ho ikkje med sit Vit greidde, daa var Vaarherre den beste aa taka til. Han jamna alt; det var han som raadde for Daude og Uvêr og andre løynde Ting i Naturi. Live til vanlegt greidde ho sjølv, endaa det ikkje altid var so lett aa mette tolv Munnar med det vesle ho hadde under Hendar.

Men i denne Tidi hadde ho rett dagstøtt tenkt paa Vaarherre. Ho var so 234veik i Hugen liksom. Det var syrgjelegt aa misse eit Baan; men det var ikkje nokor vond Sorg likevel. Godt hadde han Vesle-Lars havt det i si stutte Livstid; fegin hadde han vori stødt, og endaa betre hadde han no fengi det. Doktaren, den velsigna Mannen, sa og det, at det var ein god Daude aa drukne. Dei leid inkje vondt i Vatne, naar dei laag der og bleiv; rolegt og sælt somna dei burt i fagre Synir, sa han. Vel i alle Maatar var daa Vesle-Lars farin, Gudskjelov. Og fraa Gravøle fekk Per-Guten fylgje Berit heim; alting letna no i Viki.

Og Lars var som eit anna Menneskja vortin. Det fannst ikkje betre Vert enn Lars. Blid gjekk han der og tala fint og hugsamt med alle Folk; og heiltupp Glans stod det av den nye Titelen, «Under-Agenten». Tilsist hadde han endaa selt tvo Separatorar; og so laut han vera med Paal heim aa faa skrivi Melding um den glupe Handelen han hadde gjort denne Dagen; i Viki fannst det sjølvsagt ikkje slikt som Pen og Blekk. –

– Og so kom Høgsùmaren. Det velsigna Grase stod høgt og friskt i Lidom; all Sut var sløkt for lange Tidir att.

*

235Tore Johnsons nye Meieri nedi Kyrkjebygdi vart opna med mange nye Maskinur og Greidur; og fyrste Aare gjekk det godt. Det gamle Meierie som fyrr hadde klara seg, saag det reint spelegt ut for. Men Enden vart, at dei rauk baae tvo, daa dei i tri Aar hadde ført Utsveltingskrig med einannan. Mister Johnson drog til Amerika att; og Lars som ikkje hadde vunni med aa betala noko større paa Separatoren sin, laut ein god Dag gjeva heile Stasen fraa seg til Bue att.

Brennsinna vart han daa. Det var som alt ramla for'n, daa Separatoren var burte; alle Draumar kvarv, og alle Vonir brast; han gjekk ikring med stygge Hemntankar lengi. Men kven skulde han hemne seg paa? Mister Johnson var burte; og so fekk Mari det. Det var ho som hadde Skuldi; ho var ei Dugløyse og ei Latmegge og kunde ikkje halde Hus paa skikkeleg Vis.

Det vart for mykje for Mari. Ho bleikna der ho stod: «og slikt kann du faa Munnen din til aa segja… du… du… Kjeringplaagarn!» stræva ho fram. Men daa visste ho ikkje av fyrr det small. Det svartna for Augo hennar; ho seig nedi Benken og lagde seg framyvi Borde med 236samanbitin Munn; – han slog! Slog henne! Det susa for Øyro; det brann i kvar den Taag; braut i henne av Harm til Graaten kom, hikstande og saar: «Aa jau; no ser ej, at Folk hadde Rett… men lit paa det, at… dette ska' du kaammaa te aa angre».

Daa tok den Vesle i Vogga til aa graate; Mari gjekk fram og tok han upp. Men det svimra for henne, daa ho gjekk yvi Golve; og Sinne brann i henne, daa ho sette seg og gav Baane Bryst.

Lars var strokin paa Dør. Daa ho hadde stelt Baane, la ho han ned att og kasta paa seg Stakk og eit Turklæde; ho vilde ut. Burt fraa heile Stakarsdomen. Gjorde ho rett, skulde ho gaa lukt paa Sjøen med Baane, so fekk han sjaa kven som fødde han heretter.

Og rykkjomtil gret ho med' ho gjekk der og stelte. At han kunde vera slik? Kven skulde tru det, so fin som han var paa det stødt? Aa jau, no kjende ho Karen.

So tok ho Guten paa Ryggen og gjekk.

Til Berit vilde ho i Dag. Og ho skulde segja henne beintfram, at no kunde dei taka honom kven som vilde for henne, anten det var Vaarherre eller Hinmannen.

237Og ho rodde so det blaana I Fingertuppane yvi Sjøen.

Daa Berit fekk sjaa henne kvakk ho; slog Hendane ihop: «men jø, koss er det du ser ut? Hev han dengt dej no?» Men daa vart Mari kald og hard i same Blinken. Ho drog seg inn i Skale sitt; smilte paa sin vanlege Maate: «Aa nei, det spyrst naa full' itte det. Men trur du itte ej var so flink at ej datt ned taa Staaggaan,Forfatternote: taa Staaggaan: av Stigen daa ej stod aa tok ner Høy av Fjoshjellen i Dag, Jaala som ej er; ej sku'naa ha lært aa passe mej, naa, sku en tru.»

Det var endaa vel; Berit var reint fæli vorti. «Jamenn ser det so stygt ut, at ej vart reint rædd,» sa ho. Mari undrast og tok seg til Auga; kunde det ha vorti so stygt? Det hadde daa ikkje gjort større vondt hell, sj'u…

Ho fann paa ei Ærend til Per-Guten, og gjekk so heim att.

Daa ho kom inn i Stogo, gjekk Lars der som ein olm Stut. Hm! Visste ho ikkje, at han kunde melde henne til Lensmannen? – fljuga ifraa Hus og Baan; renne paa Bygdi med Slarv; ho fekk agte seg. Mari svara roleg og kald, «agta deg sjølv 238du. Ej ha Ærend aat Lensmannen ej og.» Gjekk so paa Fjoshjellen og la seg til Natti, endaa det var Hausten alt, og heller kaldt.

Lars tenkte fyrst paa aa hente henne inn att; etter det han visste hadde ikkje ei Kjering Lov til aa skilja Sengelag soleis. Men han gav det upp; ho kunde gjerne tru han sakna henne. «Ho kjem full' att,» tenkte han aa breidde seg i Sengi.

Og Mari kom. Ho vaaga ikkje vera paa Hjellen for Baane si Skuld. Den tunnslitne Felden og den gamle Halmen som laag att derute kunde ikkje berge deim, saa raakaldt som det no var.

Men Lars spurde byrg, kva ho vilde. Han leda ikkje paa seg; laag der breid og trygg med sin Hædesmil: ho maatte gjerne vera der ho var; ho saag ikkje nett soleis ut, at nokon skulde traa etter aa hava henne attmed seg. Mari stod der blaafrosi i den stutte Stakken og den tronge Trøya, som var so opi i Bryste at den myrke, slitne Serken stakk fram; ho skalv i Mæle og klemde Baane innaat seg: «vèr Folk og fløtt dej. Du fæ' kaammaa ihau Baane.» So velte han seg um og snudde Ryggen til henne. Ho fekk eit lite Rom framme, so vidt ho fekk hengje seg innpaa og fekk 239Baane under Felden; sjølv laag ho meir utanfyre Sengi enn uppi. Strakst etter sov Lars so han raut.

Den Natti laag Mari og vakte.

*

Sidan det store Vonbrote med Sepratoren var Lars so rang og leid, at det var reint vondt aa vera i Hus med'n, og det baade for Mari og Baani.

Og so dette, at den minste no var tri Aar, og det saag ut til at Mari ikkje skulde faa Baan lenger! Det banna og Lars. Sjølvsagt trudde Folk no, at han var ein Gamling vortin. Han hadde nok skyna, at Kjeringane i Grendi tok til aa røde um dette; men um Mari no var ei gamal turr Skrukke vorti, som ikkje fekk Baan, so skulde han syne deim… Ja Beiskedø sku' dei faa sjaa, at han ingin Gamling var. Det skulde han endaa vera Mann for aa syne deim, ja.

Han gjekk og skjegla paa Mari, sur og speande. Ja sant var ho ei gamal Skrukke vorti, ja. Ven hadde ho no elles aldri vori, og han skyna plent ikkje, koss han kunde ha forset seg paa henne nokon Gong. Elles hadde no ikkje han tenkt so hardt paa 240Gifting hin Gongen uppi Sætri. Men kva skulde ein gjera; naar Kvinnfolki vart galne og sette seg paa det at dei vilde ha ein Mann, so var det mest raadlaust. Og denne hadde no misst Vite, berre han kasta Augo paa henne, og sjaa um han ikkje laut i Snurua! Det var sant som det stod i Visa: O Kvindelist, dig at utgrunde, det magter ingen Dødelig.

Nei nei, san; no sat han der.

*

Det er Jol-Eftan. Tett og kvit ligg Snøen yvi all den Verd. Etter ein stutt graa Dag er Soli i Kav gjengi. Ut etter Kvelden klaarnar det. Stjernur i Tusundtal tendrast paa Himilen og Maanen glid fram yvi Aasen. Sjøen ligg Fonn i Fonn som eit baarut Hav, glimande og perlesaadd i Maaneglansen.

Som eit Eventyr stend Skogen i glitrande Rimfrost. Smaabjørki er som Sylv aa sjaa, og paa dei myrke Furugreinir ligg Fennar av blank Snø med Isperlur og Glim og Glitter.

Fjellrjupa lyfter seg snøkvit og rein, baskar seg upp millom frosne Tre, stig yvi Skogen paa lette Vengir. So dalar ho ned mot den endelause Viddi og kverv.

241Ein snøkvit Hare bykser fram; vil med i Leiken. I Skogbryne gjeng Krossreven mjuk og fin, kvit som det truskyldige Lamb; sleikjer seg um Munnen. Men attum ein gamal, halvrotin Kubbe lyser tvo grøne Augo. Det er Vargen i sin gulkvite Pels. Kvitt, kvitt i alle Skiftingar. Og glyrande, glyttande Augo, snare, rædde, svoltne, lure, blinkar fram or Buskur og Kjerr, attum Stein og Fonn. Skir og rein er Jordi som paa sin fyrste Dag; høgtidsprydd og herleg. Det er Fest i Skog og Fjell og Dal; det er Jol; den velsigna Dagen daa Soli snur er endeleg komin.

Men Solsongen aat Folke gjeng um det vesle Baane i Betlehem, som løyste Verdi or Vaando; og fagre Segnir fraa Øysterland fyller alle Sind.

– Mari stend framfyri den friske Rotvedelden og vaskar dei smaa i ein Trestamp. Raude og kipne, nakne som dei kom til Verdi spring dei paa Golve med det vaate Haare yvande til alle Kantar; etterpaa skal Skjurtune i Stampen. Vent og hugnadlegt er det i Stogo; det lyser so bjart av Rotveden og daamar av Eine, Kvaade og Vask. Bord, Stolar, Benkir, Krakkar, alt som finnst i Stogo er kvitskura; 242helgeflitt er det i kvar Kraa. Granbar ligg grønt paa Steinhellunn' frammed Døri og under Kjøkenskaape, der Grytur og Pannur hev Rome sitt, og Svali er prydd med Furukvist og Eine, so ein ikkje ser kor opi der er.

– Dragsengi var utdregi; etterkvart kraup dei ihop paa Skinnfellen alle dei smaa. Det var som eit heilt Reir fullt av nakne Barnekroppar.

Soleis vilde dei sitja til dei fekk Godbiten sin; Vaffelkake med Sirup paa, og Lefseklining med Geitmysmør, og attpaa ein Sukkerbite so stor som dei elles aldri fekk, skulde dei hava ikveld. Aa, du velsigna Jolekveld! Og so song dei eit lite Vers dei hadde lært, med' dei venta. Mari mulla med so smaatt der ho stod; det var so vent aa høyre naar dei smaa song!

Naar alle var vaska skifte ho ut Maten aat deim; daa sette dei seg hoggande stille og la ihop Hendane ein Augneblink fyrr dei tok imot. Maten var heilag; det var vigsla Verk aa eta. Um det var aldri so litin ein Bite, so laut ein sitja sømeleg og stilt med ein aat'n.

– Lars sat burtmed Aaren og tok siste Kveldsrøyken sin. Han og var helgeflidd 243og rein, og Mat hadde han fengi, og sterk Kaffi etterpaa; so no var det Godvêr og Fred i Huse.

Men Mari var endaa ikkje ferdug med Dagen; for henne vart det smaatt med Jolaftansfred. No var det aa vaske Klædi og hengje deim kring Elden, so dei vart turre til i Morgo; og der var Hosur aa bøte, Brøkar aa saumfara, Vettir aa binde Eingertuppar i; det var kvare Natti daa ho endeleg fekk fli seg sjølv. Men endaa hadde det vori ein hugsam og god Jolekveld, tykte ho. Det var so fredsamt aa sitja med Arbeide soleis, naar det var vorti stilt og alle laag gode og mette burti Sengjom og sov; trygt og godt var det daa, og ho sytte ikkje for noko. «Det er ikkje langsamt so lengi det er annsamt.»

Men hjarteleg trøytt var ho, daa ho stupte seg aat Sengi; ai, ai, kor godt det no skulde bi aa faa kvile.

*

«Inkje er eg so trøytt, inkje er eg so mod,
men ei liti Kvilestund var fulla god.»

Burtmed Aaren i Viki sat Berit Bø og Kari Utgard og vakte. Kaftikjêlen stod yvi Elden, og baae hadde dei Bunding millom 244Hendane. Dei kviskra stilt; saag stundom burti Sengi, der Mari laag og dorma arm og bleik. I tri Dagar og Nætar hadde ho lidi meir enn Ord kann segja; og igaar hadde Dr. Wang vori der. Aalvorsam hadde han sét ut, og lite hadde han sagt, men gjevi henne Svævedropar, so ho laag som død, daa han skilde henne med det dødfødde Baane.

Baade Lars og Kjeringane var fælne; dei trudde Doktaren tok Live av henne. Og um det var rett? Ingin hadde set anna enn at dei som skulde føde laut lide det som var paa deim lagt. Lars var ikkje god for aa halde seg; han spurde Doktaren heller ublidt, um ikkje dette var vaageleg Ferd. Doktaren saag kvasst paa han og svara ikkje.

Daa han var ferdug, kasta han alt han hadde millom Hendar og strauk ut. Han var for veik til aa vera Doktar, Wang; naar han saag eit Menneskje lide altfor mykje vondt, vart han. sjølv sjuk mest, og minst greidde han aa sjaa Kvende lide paa denne Maaten. Daa han kom inn att, vilde han korkje ha Mat eller Drykk; han gav Greide paa alt som gjerast skulde og strauk av Garde.

245Men fyrr han strauk sa han Lars eit Ord, som gjorde denne baade heit og harm. Ha – no gjekk det mest vel vidt! Han trudde han var sopas vaksin Mann, at han ikkje turvte taka imot Aatale av slik ein Gypling. Og dersom Doktar Wang trudde han kunde koma til honom med nye Lovir og Tullsnakk, so tok han imist. –

– Men igaar var Mari so klarForfatternote: klar: mødd: utarma vorti, at Lars laut hente Wang att, so nauve han vilde. Gamle-Doktaren reiste ikkje so langt tilfjells lenger; og Berit og Kari som skiftest til aa stelle og vaka, kravde plent Doktar til Hus.

No sat dei og venta.

Kari glytte burtaat Sengi: «Ho søv naa, som vel er; var det berre so vel det vilde vara ei Rid.»

«Kroken; ho er longe utsliti; det er tungt mot Straumen aa symja,» sa Berit.

«Best var det ho fekk fara,» meinte Kari.

Men Berit riste aalvorsam paa Hovude. «Aa nei, sej itte det. Tenk paa alle dei smaa. Nei; men det er ein annan ein, som heller kunde faa fara rettno.»

246«Sej det!» sa Kari; «aa nei, Ukrut forgjengs nok itte de, sj'u».

So drakk dei Kaffien. Um ei Stund kviskra Berit: «Baani hev fortalt, at han dengde henne, Farken.»

«Aa nei, det kann naa aller skje!» Kari var reint fæli; ho knepte fiendane kring Bundingen og rugga att og fram paa Krakken, der ho sat. Dei tagna att; og kvar sat med sine Tankar.

– Mari hadde ikkje fengi Mat i seg paa tvo Dagar; Berit undrast um ikkje Egg hadde vori godt. Men no var det so avbeklegt,Forfatternote: Avbeklegt: vrangt (uheldigt) at Hønsi hennar varp ikkje eit Egg mest iaar. Og ho var den einaste som hadde Høns uppi der. «Døm verp daa itte naae aa kalle Hønan' iaar,» sa ho um ei Rid.

Kari meinte det «va fulla Tefelle dæ va for kaldt aat døm enno»; Varmen var komin so seint i Vêre denne Vaaren.

«Va dæ likt sæ dæ,» sa Berit; «dæ kjem sæ taa di, at dæ æ Skotaar, det sj'u; og ittnaa anna.»

«Ja kann hende dæ du?» undrast Kari.

«Ja nettupp som ej seje. Han legg itte Egg større, Storfuggeln hell iaar. Røya 247flyg berre med Tiurn naa um Daaggaan; og daa vet en ho ha itte Egg' ti Bussunn'.»

«Nei æ dæ itte dæ ej ha sagt,» sa Kari, «at ej itte ha haurt Fuglann' spela iaar.»

«Va dæ se likt. Han ha daa støe Spelleiker Storfuggelen; men iaar flyg døm berre aaven og tæ.»

«Ja det æ rett mange Gjerder døm ha! Kari tok til aa geispe. Ho glytte burtaat Sengi att. Mari laag still. Gudskjelov. Kannhende ho tok til aa retirere lel. Det saag ut til at det vonde hadde gjevi seg.

Aa ja ja; vøre det berre so vel!

Ho la ei Rot paa Elden; den fata som Tjuru og lyste upp i Rome.

«Døm bi lengi.» Ho gjekk stilt aat Glase og saag ut. Høyrde Aaretak; jau, der var dei. Borde var duka og stod og venta; det var berre aa svinge Kjelen yvi Elden.

– Det leid med Mari no, sa Doktaren. Berre eitt kunde han gjera; gjeva henne Ro, taka Verk og Pine burt; og det gjorde han. Sidan laag ho som i halv Draum, rødde stundom litegrand; og Tankane hennar sveiv so vide. Ho vilde ut paa Ferd; vilde aat Bygdi, sa ho. Mange Kjenningar hadde ho der, som ho ikkje paa lengi 248hadde sett. Sidan Vehl-Lars var gravlagd var ho ikkje komi so langt…

Doktaren svara henne. Sa, at ho laut sagte gjera seg ein Tur, naar ho kom upp att. Og daa laut ho sjaa innum honom og. Taka seg regtig ein god, lang Hugnadtur. Baani skulde han greide med, so ho vart fri. Ho drog paa Smilen. Det vesle laut nok vera med. So leita ho attmed seg. Baane? Nei, det var sant; Baani var store no. Og so flinke. Ho fekk det lett heretter. Rett skulde det bli morosamt aa gjera Bygdereis. Um Doktaren trudde det vart lengi til ho vart god att? Nei daa; det trudde han ikkje. Ho kjende seg daa god og lett no? Ja. So reint god og lett. Berre svevnug var ho. «Ja, du trænger Søvn nu, Mari; en god lang Søvn.» Mari tok stilt uppatt: «ja en go, lang Svevn.» Og sidan ei hugnadsam Reis. Baani var store, ho kunde taka seg ein Kviledag… ein god Kviledag…

Doktoren sat og stirde ut gjenom Glase. Morgonrodnaden la seg yvi Sjøen; snart laag Lidi paa Hisida i full Glans. Det vart ljost i Stogo av Atterskine. Mari snudde paa Hovude. «Ser du for en fin Morgen, Mari?»

249Augo hennar vart store, men ho svara ikkje.

«Det er et lite Paradis heroppe ved Sirilsjøen, Mari.»

Ho saag upp; smilte. So var Tankane hennar paa Viddi att. «Berre Godvêre vilde halde seg…»

Augo hennar seig ihop, og ho gleid inn i ein tung Svevn.

– Wang reis upp og gjekk burtaat Aaren. Berit hadde somna i Stolen der ho sat. Lars hadde gjengi paa Hjellen og lagt seg. Berit vakna, daa Wang kom: «Koss er det? Søv ho?» Wang nikka. Berit tok Bundingen. Ei lang Rid sat dei der tagalle og saag inn i Elden.

Wang tenkte paa Live her upp i Fjellheimen; meir og meir kom han etter, at det var noko for seg sjølv. Det hadde ein Tryggleik, ei Ro, som han elles aldri hadde funni. Aldri hadde han kjent seg so nære det Samfunde han drøymde um stundom, der jamvel den fatige var rik, av di Live var einfeldt, og av di alle hjelpte kvarandre; eit Samfund der dei gjævaste sat og vakte yvi dei armaste, naar Sjukdom kom paa, og heldt dette for sin sjølvsagte Skyldnad, det var det rette Menneskjesamfund; 250kvar hadde Livslovi skrivi i sin eigin Barm. Men Ord som Godgjerdsemd eller Sælebotsgjerd høyrde ein aldri nemne. At dei hjelpte kvarandre var likso naturlegt som at Soli skein og Doggi vætte Grase.

Han hugsa det Samfunde han sjølv kjende og hadde livt si meste Tid i, og saag som i ei Syn al den Naud og Styggedom som fyllte upp Verdi, trass i all Glans; høyrde langt burte ein Dur som av Domedag; det var den store Verdsens Ufred. Men her sat han i den armaste Heim, framfyri Sengi aat den armaste Træl, som endaa laag og døydde; og endaa var her ingin Uhugnad. Sjølve Dauden var berre som den naturlege Svevnen etter ein strid Arbeidsdag, eller som naar eit trøytt Baan legg seg um Kvelden, i sæle Draumar um Morgondagen. Live gledde alle seg i. Jamvel dei gamle, so lengi dei kunde arbeide; og med det Live dei hadde ført, kunde dei gjera Gagn so lengi dei orka vera uppe. Og vart dei trøytte, so dei ikkje vann meir, so laag dei og venta paa Dauden som paa ein god Svevn; tala um den som om kvar annan naturleg Ting; han hadde so ofte høyrt det. Og det var greidt nok: livde 251ein naturlegt, so vart Dauden og naturleg…

Med Mari her var det verre, stakar. Ho skulde døy midt i si Arbeidstid. Fekk ho vita det, so vilde ho koma til aa tenkje paa det ho hadde ugjort; vondt vilde det og kjennast for henne og gaa ifraa Baani, um ho aldri so vel visste, at dei ikkje vilde staa forsvarslause i si Heimegrend. Han vilde daa ikkje segja henne det. Ho skulde faa slokne trygg og roleg. Det tenkte han Vaarherre sjølv vilde unne henne etter alt Slite… Ein liten Visestubb sveiv han i Tankar. Den vedkjømelege Tona, som liktest Klang av Kyrkjeklokkur langt burte, song i han:

«Torø liti ho prilla paa Dør med Fingan' smaa
Gud aa raade.
Aa kjære Jomfru Marie lokk Laako ifraa
Herre Gud sende oss sin Naadel

Jomfru Maria steig upp fraa sin eigin Stol,
Gud aa raade.
«Velkomi Torø liti so trøytt og so mod.»
Herre Gud sende oss sin Naade!

«Inkje er eg so trøytt, inkje er eg so mod,
Gud aa raade.
Men ei liti Kvilestund var fulla god.»
Herre Gud sende oss sin Naade!

252– Han hadde vori aat aa somne; strauk seg yvi Augo; saag Berit sitja der sterk og trygg med det klaare, aalvorsame Andlite vendt rett imot seg. «Du vert trøytt,» sa ho stilt.

Ja, han vart trøytt. Men han vilde ikkje sova. Bad um Kaffi; og fekk ein Kopp burti Aaren aat seg.

«Har du levet her alle dine Dage, du Berit? Aldri vært ude av Bygden?»

Berit drog paa Smilen. Jau; ho hadde sagte reist. I si Ungdomstid hadde ho vitja Skyldfolk i Nordland; og etter Mannen hennar var død, hadde ho teki seg ein Tur radt til Krestian'. Koss ho lika seg der?

«Aa jau, du vet dæ va sagt' mangt aa sjaa der; mangt gildt og; men –»

«Men?»

«Ja du vet dæ va naa itte Gull alt som glimre der hell, som Von var. Ej tøkte naa døm hadde det itte rart Folke der, nei.»

«Koss daa?»

«Aa det va naa skidtveldt inni der, da, som Von var; døm va daa i saammaa Husa baade Vinter og Summar, stakar, og itte hadde døm sopass som et Tun aa henge 253ut Feldann' sine i; og Sota og Røyken laag som ei Skodd kring Gatom. Og so haurde ej døm sa, at det va Gjerda aa fløtte fraa eine Gutua ti den are alt jamt. Men me seje naa dæ uppi her, at det gror itte Gras kring den Steinen som ofte vert flutt.»

Wang laut smile. Men koss ho lika Folke? «Jau, Folke va fullsom døm kunde vera døm, stakar. Graa og bleike og tannlause va døm; og Karann aatte daa mest itte Haar paa Hovude; dæ tøkte ej va snodigt.»

Ho smilte noko brydd. Naar ho kom til aa sjaa paa Wang, so hadde han rett ikkje rart med Haar han heller.

Og so hadde dei so lite Folkeskikk i Byen. Naar ho va inne ein Stad og kaupte seg Mat og vilde takke uppi Handi, so lo dei aat henne. Og paa Handelsbuine spurde dei so braatt kva ein vilde. Dei hadde daa maatt vente til ein sa fraa sjølv, tykte ho. Ein Stad var ho inne, der det var Kjøt aa faa. Ho gjekk inn, av di ho hadde Moro av aa høyre kor mykje Kalven kosta dette Aarsleite i Byen. Men trudde han dei svara paa Folkevis? Dei berre snudde seg fraa henne, og sa at ho skulde vel ikkje ha nokon Kalv 254lel, ho, so det var vel det same kva han kosta. Slikt var no haldi for laak Folkeskikk her upp i Bygdom, ja. «Ej tøkte naa dæ sku ha vore Moro aa sagt ved døm dæ, at ej hadde naa sopass Kælvar heme ej, va dæ so dæ kom se' an paa dæ; men so va døm naa snaut Svar verdt hell, tenkte ej. Ej baud berre Velliva og gjekk, ej.»

«De har ikke Tid til at være høflige i Byen, ser du,» sa Wang.

Men Berit meinte, at Tid til det fekk ein taka seg. «Dei kjem tidsnok aat Grava lel,» meinte ho.

Og det laut Wang gjeva henne Rett i.

*

– Ved Høgstdagsleite slokna Mari stilt. Sæl somna ho, utan Sut og Verk.

– Daa Wang steig i Baaten kom han til aa sjaa upp paa dei smaa graa Husi i Viki.

Fjose stod og seig ihop paa eine Sida; dei undste Stokkane var halvrotne av Gjødsli som vaks upp rundt ikring. Wang var ikkje Kar um aa halde seg; han ropa til Lars innpaa Strandi: «Nu maa du snart 255flytte Fjøse dit, Lars!» Lars kom ikkje paa kva han meinte. «Ker daa?» spurde han og saag uppyvi. «Jo ellers rotner det ned for dig. Eller kanske vi skal gjøre en liden Handel: vil du bære ut Gjødsla di, saa skal du faa en Mjølsekk av mig?»

Lars saag noko utrygg paa Doktaren. Var det Aalvor eller Skjemt han for med no, tru? Ein kunde aldri vita seg trygg for ein slik… Wang ropa innyvi med Baaten gleid fraa Land. «Ja tænk paa det, Lars; jeg staar ved Budet mitt.»

Lars vart sprutraud og beit ihop Tennane. Dette var vel drugt. Han hadde sagt ymse Ting fyrr og som Lars skulde hugsa han for, og no dette. «Agte ditt eige Arbeid, du, og sjaa du kjem vel ifraa det, so ska ej agte mitt,» ropa han attende.

Dermed snudde han og gjekk uppyvi att. Hm – han hadde tala um Skuld! Lars svor der han gjekk, at Folk nok skulde faa Greide paa kven det var som hadde Skuld her. Dei skulde faa vita kven som hadde teki Live av Mari, ja.

*

256«Det er i Rova Reven er størst.»

Daa Mari vel var gravlagd, reiste Berit burti Grannegardom ein Dag; ho vilde tala med Folk um Baani uti Viki. Burt laut dei derifraa no, skulde dei ikkje reint forkornast.

Best som ho køyrde og tenkte paa inkje vondt, fekk ho sjaa eit Styggels burti Vegen, som mest skræmde Live av baade henne og Hesten hennar. Det var ein Kar som reid i lause Lufti aa kalle. Eit stort Hjul saag ho og ikkje det Slag anna. Hesten stod paa Bakføtom; Mari heldt han av all si Magt og stirde forstøkt; Beiskedø var det ikkje han Paal i Osen, det Spøkjelse! Kva tru det var for Slag Sepperator han no for aa grasserte med? Ho ropa so høgt ho orka: «Tur Vega med Sepperatora dine; du skræme Øykjen min!» Men framum flaug han som ein Skimt; og som Inkje-Folk saag han ut; raudsprengd og stygg som han hekk der framstupes yvi Hjule. Ja, no var det daa tydeleg sjaaand', at han hadde misst det vesle Vite han hadde havt og!

Men høveleg Skjuss kunde ein no segja han hadde fengi. Skralare Doning hadde daa ho aldri set. Ho snudde seg og saag 257etter'n; men det einaste ho saag var berre ei diger Dumbesky. Slikt Merakkels! Ikkje var han kjøyrand' og ikkje var han ridand'; kva ein skulde tru um slikt, visste ikkje Berit Det var mest fælslegt dette.

– Husj, denne Paal en; mangt var daa han frami. Var det ikkje han som dei sagde fór Bygdi rundt no med Slarve hans Lars um Doktaren? «Ja ja; dei tvo dei høver ihop; og som Klungr heng dei ihop og no, san!»

Og kvar ho sidan i Grendi kom, fekk ho høyre Sogo um Doktaren og hans Aatferd uti Viki. Heit og harm meinte Berit paa, at det var nok ein annan enn Doktaren, som hadde fengi Live av Mari; men um ein vel alltid kunde segja det og paa ei Vis, meinte Folk, – so var det som dei no var mest vitskræmde.

Denne underlege Mannen, som dei aldri rett hadde vorti kloke paa, vaaga dei ikkje aa hava noko med aa gjera etter dette. Ein kunde ikkje vera trygg; noko var der vel alltid i det Lars fór med. Og ein Doktar kunde gjera kva han vilde; kven kunde faa noko paa ein Doktar? –

– Aar gjekk, fyrr Dr. Wang kom upp til Sirilen att. Men etterkvart gløymde 258Folk Otten sin; dei høyrde berre godt um Wang, og fekk til Slutt framifraa Tiltru til han.

*

Den som Vinteren etter at Mari var fraafalli fór yvi Sirilsjøen saag berre Tufti etter den gamle Stogo ut i Viki. Grjotsteinsmuren og Pipa stod midt inni den nedsnødde Grunnmuren som ein einsleg Gravstein paa ein nedlagd Kyrkjegard.

Men fraa Pipa paa det vesle skeive Fjose, som stod og liksom seig ihop under den meterhøge Snøen, steig det enno stundom Røyk. Lars budde derinne no. Det var varmare der enn i den store, gisne Stogo; den hadde han likso godt berre brent upp. Det var slik ytleg god Ved, det gamle turre Timbere.

Baani var paa Bygdi komne; og sjølv hadde han godt Rom i Fjose, – «t'art so lengi.» Det var sjølvsagt ikkje Meiningi hans og bli buande soleis. Nei; no skulde det bli Aalvor av det med Nystogo. Han fekk vel slaa seg til uppi her lel, endaa so lite Bøndane forstod han og andre, som vilde deim vel. Men ikkje var det visst, kor lengi han vart huga til aa gange aaleine, 259som han no gjekk. Vel var det mange Plaagur med ei Kjering; men ein laut likevel sanne det, naar ein gjekk soleis og stellte seg sjølv, at vridin Stav er betre enn ingin; so neimenn um han vilde svara for noko; det vilde han ikkje…

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Mann av Guds Naade

Hulda Garborgs roman Mann av Guds Naade er en hyllest til hardt arbeidende kvinner, mens late menn får sitt pass påskrevet.

Boken kom ut i 1908 og skildrer livet til den unge og drømmende Mari i en avsidesliggende fjelldal. Hun er gift med Lars (også kalt «Lat-Lars»), som sluntrer unna mens hun står på og er utrettelig. Lars er altså slett ingen «mann av Guds nåde».

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1908 (nb.no).

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.