Vegar og villstig

av Olav Duun

Lykke-Per

199Der var ein mann i bygda dei kalla Lykke-Per, enda han heitte Petter, det var for di det gjekk han så godt all tida; lykka hang i hælane på han, sa folk, – visst ho da ikkje fór i førevegen og drog han etter seg, sa dei. Stort meir enn husmannsungen var han ikkje, men no sat han med likaste garen i grenda og åtte nøgda av alt som eigast kan, det hadde komme sjøl til han, kunde ein seie, og kven veit om han ikkje trudde han hadde fortent det. Ein annan mann heitte Per, men han vart heitande Per Devel, han fortente ikkje likare namn. Det var eit uting til menneske. Når det gjekk så reint andre vegen med han, så visste dei i alle fall det var fortent, kva han no sjøl meinte eller ei. Han var snild nok, frå først av, og av bra folk, vanta ikkje det, men så fort nokon ting bar i mot da skapte han seg til villtyrk, og dess verre det gjekk, dess verre stelte han seg. No sat ‘n Lykke-Per med odelsgaren hans, og sjøl sat han på ein flekk oppi lia, i lag med steinura og haren, og kappsvalt med gjeitene sine. Folk var redd han på sluten. Han trivdes ved namne sitt. No hadde han vore bortkommen 200i fleire veker; så fann dei han dau langt sytten i vald austi bygdene her om dagen.

Ja slik var no det, og slik kan det gå.

Det var i kveldseta dei sat og snakka om dette, huslyden på ein gar. Det var halvveges som nytt for dem, dei hadde ikkje komme til å snakke om det før. Dei tagde og tenkte på det, og for resten så leid det til den tida at dei fekk tende lys og ta seg til med einkvart.

Den kvelden var det ei frammandkjerring der. Ho kom årvisst, vinters tid, og gargjekk bygda og selde massingkammar og giktringar og anna småveges, og her i huse hadde ho nattlega si når ho var på denne kanten.

– Ja, sa ho. Det har seg gjernast slik at der er ein Per tå kvart slage i ei bygd. Om dei no ikkje heiter Per. Eg har ikkje fare vidt i kring, men eg har da spurt eitt og anna. Men i den bygda eg er i frå, der var ‘n Lykke-Per og den andre Per’n ein og same kroppen. Same kroppen ja, om det ikkje var same sjæla. Han heitte Per han. Han kom bort han òg ja. Å ja san.

Dei andre tagde og venta, men ho sa ikkje meir. Døtterne i huse manna seg opp og bad henne fortele om den mannen, – gjekk det ikkje bra med han da som dei kalla Lykke-Per?

– Han hadde da lykka med seg i alle fall, svara ho.

Så sukka ho litt, og så tok ho til.

201– Herregud san, ein blir gammal: Eg kjente ‘n Per frå han var småguten eg; eg kjente mor hans så vel som mi eiga mor. Ja det var gromt til kone, ein laut tørke av føtene sine før ein steig inn der i huse. Det var ho som rådde på garen, for mannen var berre ein tust, sjøl veit kva som vanta han. Sju born var der, og lyse og vakre var dei alle, som foreldra hadde vore. Den vakraste var no han Per like vel, enda han hadde svart hår, eg har aldri set så blåe auga i nokon skapning, og ikkje får eg sjå det heller. Og når han lo til meg, da var det reint vondt at eg ikkje hadde einkvart skikkelig å gi han. Slik var han. Men mora likte han ikkje, – eg veit ikkje kva faren gjorde –, det var mest som ho bar agg til han for det svarte håre. Slik kan det vera, forteler dei som veit det.

Det gjorde ikkje Per noko, han var lystigperen den same han. Fanns ikkje vondt i han, han var så god av seg som småfuglen i skogen, som blomsteren på vollen, men spør om kva han ikkje fann på! – kva finn ikkje småguten på? Da fekk han bank ja – au, au, au, san! Søskena hans dei var lyshærde og dumme, han var som ein vaksen ein i mot dem, enda dei var eldre enn han somme av dem. Per han forsvara dem, når dei var ute i lag med andre ungar, ja da! Heime skylda dei på han når dei hadde for-rent seg med strekene sine, så måtte Per ta støyten. Per han lo.

202Ja det var ein unge! Han vart meir lystig dess hardare dei var med han. Eg må fortele om da han kom på skolen. Det var da det liksom tok til.

Da han fekk sjå skolemeisteren, da sette han i og skrattlo, galningen, for Hall skolemeister var kulrygga så det var ei synd å sjå på; skarvungane kalla han enda Pukkeloksen, han hadde vist dem billete ein gong av eit slikt u-dyr. Elles var han mykje til mann, i lærdommen og all ting, dei var jamenn så redd han at det var ein lyst. Men Per, armingen, han hadde aldri vore redd nokon gong, han åtte ikkje det vette han san. Så det første han fekk i skolen det var ris på fingrane så skinnfillene fauk. Så mintes han da det, til han glømte det.

Skikken var at når skolemeisteren las fadervåre morgon og kveld, da sat ungane med panna mot bordkanten og knepte i hop hendene og var stille som mus – eg kjem i hug kor still vi sat! Men det var no vi og ikkje han Per. Da skolemeisteren var midt ut i fadervåre, der sett gutgapen i eit kvæs så dei skvett: – Pæh! seier revtikja, kvæste han. Gamle Hall stakar horte ikkje så vel lenger, men han merka der var noko, og han skugra ‘n Per for det. Seinare på dagen las dei største borna opp utor bibelhistoria si, og læraren la det ut for dem, både om markens dyr og kvæget og alt det der, og så bad han minstekarane høre etter så dei kunde svara når han 203spurte dem. Per måtte opp og svara for kva Gud skapte den sjette dagen. – Og no kan du det, det seier eg deg! varskudde han Hall. Der stod ‘n Per. Han hadde ikkje hørt etter. – Nå, kva skapte han? sette skolemeisteren i. – Markens dyr og Pukkeloksen, svara gutdevelen, – har de hørt maken til gap? Hall skolemeister var den som kunde slå, han slo så dei datt, ja, og no hadde han grunn til å slå, for orde Pukkeloksen det tålte han ikkje høre, kan de vita. Dei venta gutgapen stupte, men trur de ikkje han stod? Jaugu stod han lel, det var ei skam; skolemeisteren trudde ikkje auga sine. Legg han så til andre gongen, gud hjelpe oss når vi blir så forarga! men da skvatt ‘n Per unda så arme kallkroken slo i lause lufta og hadde så nær kanta. Gut-tjyven på dør, og ta han der igjen!

Han fekk det som påfeila da mor hans hørte om det. Det spring vi over. Men de treng ikkje tru han Per tok seg nær av det. Eller kanskje han gjorde det? Vi har ikkje fresta å vera Per nokon av oss.

Den kvelden var der kommi ei fattigkjerring til gars med gutungen sin. Det var ei dei måtte hyse om dei ikkje var huga på det, ho hørte til farkane og hadde ord for at ho kunde mangt. Ho sa ikkje noko til styre deira. Men da Per hadde komme seg etter dengsla vilde han gi bort kattungen sin til taterguten. Han var ikkje ansles, han vilde gjerne gi bort det likaste han hadde. 204Det fekk han ikkje lov til denne gongen, men farkmora sa dei orda både til han og mor hans:

– Det bur meir av all slag i deg enn i anna folk. Og du får viljen din fram, gruv ikkje for det. Resten lyt du be om, stakar.

Slik sa ho ja. Per bad ikkje om nokon ting, veit de. Han hørte vel ikkje ein gong kva kjerringa sa. Men den gaven hadde han sia, at det han vilde det måtte dei andre ville. Det synte seg det, san. Ein skulde tru han trong ikkje stort meir da, han hadde lykka i lomma.

Eg vil seie det slik eg, at den lykka ho var tvilingsøster til ulykka hans.

Han trivdes og voks, og same spelfuglen det var han. Rettelig ein gutknekt etter godt folks hjarte ja, eg tør seie eg minns han. Det kunde vore mangt arti å fortele om han frå den tida han grodde opp, både godt og gale; men enda hadde det liksom ikkje bore i veg med han.

Så døde den broren som skulde havt garen, og der med var det Per som hadde odelsretten. Men da han var vaksen og skulde ta over garen, da vilde han ikkje. Han måtte ut, let han. Og denne gongen brukte han makta si, og det mot si eiga mor.

Han hadde fått for seg han måtte ut på storfiske, heilt nord til Lofoten. Det var langt dit den tida, og ein gargut sette ikkje av på slik ferd, og slett ikkje ein frå den garen. Men han vilde det så heitt at til slut vilde mora det òg. Ho 205rusta han ut det grommaste ho visste, ja ho måtte enda avstad og tinge båtsrom for han. Men så var det det at ingen vilde ha han med. Ingen nei, for slik ein galning tek dei ikkje med i båten, ikkje godviljes da. Nei der vart mor hans for veik. Men kven kunde seie nei til ‘n Per når han kom og bad? Eg var til stades eg. Eg ser det for meg som det skulde vera i går; eg ser kor det lyste av auga hans med han sat der og snakka for seg, og måle hans hører eg så vel, så vel. Ja ja, høvesmannen hadde eit båtsrom ledig, det kunde han ikkje nekte, så tver han var, og på sluten hørtes det som det just var Per han vilde ha med seg, ja da.

Per var lykkelig. – Slik ein Lykke-Per, tenkte eg; den som hadde slik ein bør med seg framgjenom live, tenkte eg.

Slik kan ein sitte og tenke. Ja dei fekk da børen på ferda nordetter, dei fekk for mykje av han, og på Vestfjorden kollseglde dei. Per var den einaste som vart berga. Og trur de ikkje han tagg seg rom som leigekar med ein mann i være! Han hadde ikkje vore Per utan det. Lykka si hadde han ikkje mista, slik. Nei men som sagt, lykka hans hadde ei tvilingsøster, – kan hende lykka er fødd tviling kor ein råker henne? Arme gutladden, han åtte knapt det han gjekk og stod i, og båtlage hans og heile bulage dei dreiv og spela kort; dei spela om blanke pengane. Kva anna skulde han gjera? Han laut freste det. Han spela og vann, han spela og tapte. Han spela 206bort heile leiga si før våren kom. Han var så snau han vilde ikkje syne seg heime.

Han var borte i fleire år, og den broren som var næst han i alder, han fekk garen. Per kom att som skreppekar. Da var det så tålig med han; han var innom heime og spurte korles der stod til, fortalde så med det same at dei trong ikkje slakte gjøkalven sin for hans skyld, så sa han farvel og fór i gjen. Sia råkte dei han på marknaen, somtid nordafor og somtid sørafor, og med kvart var han høgt oppi velstand og alt, og andre gonger var det berre idelig kortspel og fark med han, dei kalla han ikkje anna enn Kort-Per. Sjøl var han lystig nok, same korles det gjekk; – eg har ikkje gått i gang enno, pla han seie.

Og det sa han sant i. Men ein gong han fór gjenom heimbygda, da såg han ei gjente, og det var eit syn som sette han i gang. Ja gjente seier eg! det var ei jomfru, det var ikkje mindre enn dotra til storhandelsmannen. Ho var så fager og fin at Per kunde ikkje få henne utor hovude, utor hjarte, som dei seier. Han vart så fortapt i henne, stakars guten, eg er viss på knirken i skone hennes var hellig for han, eg vil ikkje snakke om måle hennes! Han såg ikkje slik ut i klæane at han kunde syne seg for henne, ein lyt komma i hug kven ho var. Eg såg henne og selde til henne mang ein gong eg. Ho heitte Elfrida; eg får vel ikkje sjå så fin og overnaturlig ein skapning, dei finns ikkje lenger.

207Eg råkte til å snakke med ‘n Per òg i den tida. Han var så viss på at henne skulde han få, – for det eg! let han. Herre min dag, eg kunde ha gråte over han. Om han så fekk henne? Ja det er no den ting. Han kunde like snart ha tenkt på kongsdotra.

Det var ein stormann i nærheita, eg vil kalle han kapteinen, så har eg ikkje sagt for mykje, for han var høgt i gradene i kongenstenesta. Rik var han, og ungkar og vakker, og slik ein mann all i gjenom. Han var den jomfru Elfrida skulde ha, og glad var ho, takk henne for det! Han var ein lystig herremann, som det var no alle slike den tida, å jøss ja da. Og dit kom Per. Dit kom han ja, for der skulde lykka hans ta til. Korles det bar til visste ingen å fortele, men slik gjekk det i alle fall, at dei sat natta lang dei to og spela kort, dei sat dagen etter og enda ei natt, dei var seld til vondskapen båe to, til ulykka, derfor sat dei og vona så sterkt på lykka. Det var synd, og det var skam, men det nytta ikkje å blande seg borti det. Da Per fór sin veg, da var gjerningen gjort: kapteinen var blank for pengar, eg veit ikkje om han åtte det han gjekk og stod i, men han skulde etter Per og vinne att det han tapte. Han løfta handa og storsvor på det. Ja kva anna skulde han ta til? For det var ikkje berre pengane som var tapt, kan de skjønne, ja det skjønnar de sjøl. Han fann opp Per og spela til seg mynta si, så godt som, men kva nytta 208det? Det nytta ingen ting. Per vilde ikkje slutte, og den andre han laut føye han, og så spela Per til han hadde vunne alt samen på nytt, – så fór han.

Kapteinen hadde einast den vona no, at han skulde få jomfru Elfrida like vel.

Men det var henne Per vilde ha, som sagt. Han kom seglande stormann dit, med sjøleigande farty og fullt stell, og vart vel motteken. Og med jomfru Elfrida gjekk det ikkje ansles enn at ho vilde ha han; og eg undres ikkje på henne: de skulde set ‘n Per den gongen! Så hjartans blå var auga hans, enda der var tusen leter i dem, og så gild og høgmodig som han var, som ein prins, born! De kunde ikkje ha set vekk frå han. Det kunde ikkje ho heller nei. Søster hennes sa med henne, at han der ser du da vel er berre ein landlaupar og ein Lykke-Per, ho brukte just det orde, og sia sa ho at han var berre gråe bondeguten og det her frå bygda, ho hadde aldri hørt så gale. Foreldra hennes sa det same da det kom så langt, men da det kom lenger, da Per hadde snakka med dem, da var han så bra ein kar som dei kunde ønske seg, kva var ein avkvista kaptein i mot han?

Kjærleiken tåler alt, forteler dei. Alt som han ikkje ser ja. Og han er steinblind og stokkdøv, det er alt eg veit om den ting. Herre gud kor glad jomfru Elfrida gjekk der!

Slikt eit menneske ho var! Ho hadde det lysaste silkehåre de har hørt om frå eventyra, og 209såg de nokon gong eit godt menneske, da var det henne. De skulde set når ho smilte til den ho hadde vondt av. Å ja, men ho kunde smile i berre ungdommen og kjæta òg, ho var ikkje lettare å ta auga i frå da. Gud signe henne! Og Gud hjelpe kapteinen. Han var ikkje ein gong mann til å flytte vekk.

Bryllope stod. Det var ei høgtid, skulde de ha set, – eg var med eg òg, sa hunden, for dei trong all den folkhjelp dei kunde få tak i; eg pussa massing og eg pussa sølv! Mora og søskena hans dei var der som gjester, det kunde ingen nekte Per. Ja slikt velstand og slik stas! Og så lykkelig eit brurpar!

Og kleinare vart det ikkje, for einaste sonen til kjøpmannen han hadde vorte så harm og forhatig, han fór heimafrå og radt til Bergen, til morfolke sitt, og der slo han seg for. Det vart Per og frua hans som tok over heile herligheita.

Eg kom dit åre etter; eg kjem allstads åre etter, veit de. Enda stod det berre vel til. Eg hørte ikkje anna. Eg hørte til med at kapteinen hadde reist seg opp att, og no var det von om han fekk andre dotra i handelsgaren. Ho heitte Stefania. Ho var vakker nok ho, på sitt vis, ho hadde så vidunders brune auga, og eit hår så mørkbrunt og stort at det var namngjete. At ho kunde bera det! sa vi. Eg skal seie ho bar det, ho gjekk så høgreist som ei dronning. Ikkje var ho så lite stormodig av seg heller, ho drog gjernast på smilen i staden for å snakke. Ho hadde eit 210mål å synge med! Og song og spela det gjorde ho helst. Det var inkje under at kapteinen vilde ha henne, det var mange som vilde det san. Ho hadde berre ein smil til dem, og så eit kast med høgnakken sin. Men kapteinen var ho nådig i mot, i det siste.

Næste åre eg kom dit, da var det smått med lykka i garen. Eg vil nødig komma ein staden og sjå slikt. Jomfru Stefania og kapteinen var langt i frå gift enno. Dei vart det ikkje heller. Per hadde mista lykka si ein gong i gjen: Han såg han hadde teke i mist på kjærleiksvegen, så reint òg! Det var jomfru Stefania han skulde havt. Ho som ikkje snakka eit ord med han, som ikkje hadde ein halvdregen smil til han. Ja.

Det verste var ho stod seg ikkje i mot han ho heller. Ho stod seg lenge i mot han, såltinge, så lenge som ho kunde og enda ei tid. Tenestgjentene kunde fortele om det: dei hørte ho gret natta lang, djupt nedi dynene. Og når ho gret, da veit vi. Å ja, det er mange som gret, vi får springe over det. Fru Elfrida sat ikkje og song ho heller. Nei, men slik var han Per, den makta hadde einkvan gitt han, kven det no var, at når han såg på henne og snakka med henne, og alt slikt, da gav ho seg og vilde det same som han. Søstra skulde få han, dei to skulde få einannan og bli lykkelige. Få einannan ja, det fekk vera så stor ei synd det vera vilde. Slikt var uhuglig til synd den tida.

211Ja så gale tykte folk det var, at da dei fekk nysn i det, da samla dei seg alle som på garen var, dei vilde jaga pare med fork utor bygda, dei to skulde rømme med vanæra. For elles kunde straffa for uferda deira komma over dem alle i hop. Båt eller farty fekk dei ikkje, nei da, dei skulde i veg som dei gjekk og stod, i snøvatne og vegløysa. Eg såg det ikkje, eg hadde fare straks eg skjønna kor gale det vilde gå. Dei fortalde det dei som var med.

Ja, der stod dei to syndemenneska. Ingen ting fekk dei med seg, utan snaue lykka si. Men folk kom ikkje i hug kven han Per var. Han lo og var lystig han som han pla vera, men best det var så stod han der og såg på dem og bad for seg. Kor skulde dei så av? Dei slakna alle mann, den eine såg hit og den andre dit, så slepte den handfenge sitt, og så den sitt. Det vart som Per vilde, at han og brura hans fekk stor båtskyss til byen. – Jomfru Stefania tok han og fór med han, sa folk, ho var så glad det lyste av henne langan lei. – Andre sa ho var bleikare enn dei såg henne nokon gong, ein skulde tru det var rettarstaden han førte henne til, let dei. Folk seier det, og folk seier det. Men kan hende dei hadde rett alle i hop den gongen.

Tida gjekk. Dei fortalde at frua trøsta seg vonoms fortare. Ho hadde barne sitt, det var vel det. Eg veit ikkje slikt. Bryd meg ikkje om det heller, så vitansjuk eg er, – nei før stal eg 212i kirka før eg kika inn i hjarte på eit menneske som henne, lat oss vera folk den litle stunda vi er til. Ho skal ha sagt til mor si at no var ho ved fullt vett og forstand att, no var det andre som drømte, og Gud han gi at dei aldri vakna, for korles skulde det da bli? Det var søstra ho tenkte på. Ho sakna ikkje han Per, vart det sagt. Lat oss ikkje snakke om det.

Tida gjekk ja, ho har det med det; og den som rek nord og sør han einkvart spør, om det ikkje er så lystelig alt samen. Eg var der i bygda eit åre, heime får eg kalle det; det var lysaste sommars tid, og blomstrande vakkert; eg hørte ikkje anna enn det som vel var. Det einaste folk hadde å syte over og krosse seg for, det var at kapteinen drakk så for gale, så reint udømmelig vilt at, og banna og svor som ein giktplaga skipper. Der sat frammandfolk hoss han natt og dagandes dag, og spela kort og drakk, nokre reiste og andre kom, og han drakk! Ja ja, tenkte eg, dei har mindre å skylde på, mange av dem som tørste er. Men den kvelden eg var ferdig på dei kantane, da kom nokon og fortalde at midt i gildaste gilde den dagen hadde der komme eit frammandmenneske til kapteingaren, og kunde vi gisse på kven det var for ein gjest? Kan de gisse på kven det var? Det var ingen mindre nei, det var Per. Han var på leiting etter lykka si ein gong att.

Der sat dei, kapteinen og drikkebrørne hans, fulle og rangsøvde og galne på alle vis, og der 213kom han, sjølve fienden vil eg kalle han, og helsa og slo seg ned i lag med dem. Ja eg tenkte eg som de, at dei drep han, tenkte eg. Dei vart ventelig sittande og tenke noko slikt dei òg, den eine om dei andre, ja tenarane hørte kapteinen ropa over seg, dei hørte på måle hans han vilde sjå blod. Anna kunde ikkje Per vente seg. Anna venta han seg nok ikkje heller nei. Kan eg tru da.

Nei, dei drap han ikkje, slett ikkje, dei sessa han i millom seg, og der sat han dagen til endes og natta ut. Men det han hadde komme for, det var så mykje som det at no skulde kapteinen fara sørover og sjå til Stefania. Per bad han så han lova det, ja så gu! – forlate meg synda!

Eg slo meg for til så lenge. Det hastar aldri med ei slik som eg, og vitansjuk det er eg fødd, ja og dette var no han Per da. Eg fekk vita det som var å vita.

– Lykka, sa Per til kapteinen, lykka den ludra ho har fare i frå meg att. Han fortalde det som det var. Det var ikkje lang tida lide, da såg han det var gale det han hadde gjort: det finns ikkje glede ved eit menneske som ein har røva til seg. Kvar time i lag med henne vart ei plage, han sleit seg ut med det. For han kunde aldri vita kva stund ho vakna, – eg venta støtt at ho skulde bli vâr meg! sa han. På sluten så ønska han det. Og da skjedde det. Ho vart i frå seg, arme menneske, ho jaga han ut, han skulde fara heim att, ho visste ikkje sjøl kva ho sa.

214Kunde nokon berge henne no, da var det kapteinen. Slik var det med det.

Kapteinen vart edru vonoms fortare, og tok ut på ferd.

Og Per, ja han gjekk beint opp i kjøpmannsgaren, til kona si. For kona hans det var ho, veit vi. Eg vart huga på å rømme, da eg hørte kva som stod på, men eg var ikkje den som kom meg av stad. – Ho kjører han på dør, sa vi, ho hissar hundane på han. – Å nei, Gud hjelpe frua, ho gjer ikkje det, sa vi, det er da mannen hennes, korles det så er eller går til.

Korles det gjekk ja? Slikt går ikkje så hastig.

Det gjekk slett ikkje hastig denne gongen. Frua hissa ikkje hund på han, ho var ikkje av dem, nei Gud signe henne for det. Men ho snudde seg frå han da ho såg kven det var, og nekta å sjå og høre på han, ho stappa med foten i golve og bad han komma seg ut, og da han enda ikkje gjekk, da opna ho vindauge og ropa ut i garen at to mann skulde komma opp til henne. Ho måtte vente til dei kom, så ho fekk seie dem kva ho vilde, men ikkje såg ho på han og ikkje hørte ho på han. Ho bad dem få han ut. Dei tok han, og ut måtte han, det var mest som han var bortvisna. Folka på garen vart ståande still; dei visste ikkje kva veg dei skulde sjå, dei visste ikkje kva dei skulde ønske.

Da ropa han namne hennes. Han ropa på henne eit par gonger, eg stod i borgstudøra og 215hørte det. Og da opna stakarstinge vindauge i gjen og såg ut. Der stod ho, og der nedanfor stod han. Vi såg det alle som på garen var, og ingen av oss visste anna å ønske enn at der måtte skje noko som var til lykke for frua. Det var henne vi tenkte på. Eg håtta meg så pass at eg tenkte, dette lyt vi sette i Guds hand. Vi gjorde det.

Ho såg ut sterk og myndig da ho opna vindauge, ho var så høgt ovanfor han, ja eg kan ikkje seie det ansles eg. Men ho kjente ikkje seg sjøl, ho meir enn vi andre kjenner oss. Ja ja, herre gud, der stod dei. Ei lang historie kan òg vera stutt. Det vart til det at han gjekk opp til henne att, og der vart han verande. Da visste vi alle samen, at det hadde vi visst heile tida. Vi bad så godt vi kunde, kvar med seg, at no måtte der bli fred og lykke i huse.

Det vart det òg. Reint utrulig. Per tok over styringa av handelen både på land og sjø, han skikka fartya dit dei skulde, og henta heim varer og sendte ut varer og stod i det som ein storhandelsmann skal gjera. Dei andre storingane, både i sør og nord, dei måtte gjera handel med han så sant han vilde det, og det var synd å seie det vart han som tapte på det. Og han og frua dei levde så det var ein lyst, som dei skulde ha fått einannan den dag i går. – Berre det varar no da! det sukka vi nokon kvar.

Det vara reint storveges. Det var ei gledestid, sa folk. Ja da, slik går det òg; det er trøysamt 216å fortele om slikt. Der var sol over huse åre rundt, eg veit ikkje bedre ord for det. Eg kom der det eine åre, og eg kom der det andre, og for kvar gong undrast eg korles det no såg ut. Men frua ho smilte til folk som lykka smilte til henne. Ho synte meg borna sine ein gong; eg tykte ho synte meg all verdsens rikdommar berre ho såg på meg.

Men menneskelykka kan ikkje vara til evig tid, nei gudskjelov, hadde eg så nær sagt, for korles skulde det bli? For somme blir ho ei bør og eit slit om ho gir seg for god tid i huse, mein det er deira eiga skyld. For Per var det visst på den måten. Einkvart hørte eg fortele; eitt og anna lite såg eg når eg møtte han. Han dreiv så reint overhendig, så blodig hardt, og borte på handelsferd det var han fjerdingsåre langt.

Frua må vel ha set og skjønna noko ho òg, for det er usant at kjærleiken er blind, om eg så sjøl har sagt det, og eg trur ho las i auga hans kvar gong han kom heim til henne. Korles det no var eller ikkje: Ved den tida kom kapteinen heim, men han kom åleine. Fru Elfrida var ned og snakka med han. Jomfru Stefania såg vi ikkje meir. Dei fortalde eller dei gissa på at ho var i Bergen, og somtid heittest det ho var i utlande. Ein kan tenke kva ein vil om det. Eg hadde set henne med ho var heime, ho var ikkje av dem som kan bera skam, og sjøl visste ho kor ho hadde gjømt seg no. Kva kapteinen fortalde frua det 217veit vi ikkje, og kva som vart sagt eller usagt millom henne og mannen hennes det veit vi heller ikkje, ein har ikkje godt av å vita alt, men frua ho sjukna bort og døde. Det var likt til ho hadde sagt live farvel og vilde ikkje snu; ho torde ikkje sjå seg att-ende meir. Kanskje ingen bad henne heller, før det var for seint. Da bed vi, det er så.

Sia spurtes det, både sunnanfrå og nordanfrå, korles Per hadde fare, og kva slag folk det var han hadde gitt seg i lag med. Ein burde ikkje tru slikt, og sæle er alle dei som slepp å tru det. Ikkje skulde ein sitte og fortele det heller nei, de kan ha rett i det.

Det var slut med ‘n Lykke-Per etter den tid. Det var berre ’n Per Devel att, og det vara ikkje lenge før han bar namne. Ingen hadde venta han tok seg så nær av at frua døde. Først gjekk han og svartsørgde, dei trudde han fór etter. Så gav han seg drykken og develskapen i vald, han flådde somme og let andre flå han sjøl dess meir, han skynda berre på at det bar rette vegen, og så sat han og kaldflirte og såg på det ramla. Ja, og så laupte han fant i frå det. Folk sa tvi! etter han.

Værbror hans kom heim, skulde freste å få huse på føtene att. Han slit med det enno.

Somme meinte Per skulde avstad og finne opp jomfru Stefania. Andre trudde han vilde ut og leite seg ei ny lykke. Eitt er visst, og det er at 218han fann ingen ting meir. Ikkje trur eg han leita heller. Han vilde vera den han var.

For slik såg det ut og hørtes det da han kom att. Han kom att ja, som mordaren til gjerningsstaden.

Eg vart heime i bygda eit års tid, eg hadde forderva eine foten min og var lite og ikkje flakkfør. Da kom han Per att. Han kom til kapteinsgaren ein gong enno. Han bad kapteinen skyte han eller gjera ende på han på anna vis. Dei vart sittande og talast ved, dei to fiendsmennene. Kanskje dei skulde sjå å komma etter kven som var mest ulykkelig av dem. Per var i alle fall ikkje den som nekta skylda si. Kapteinen var heller ikkje den lenger som spurte etter skyld.

Per sat og sa mangt. Gamle kapteinstenaren hørte det han vilde, det var verre å få botn i det. Stubb og annan kunde han fortele meg, eg tør seie eg spurte han ut. Ein gong sa Per til kapteinen:

– Du spør meg, og eg spør deg, men ingen av oss kan svara: visste vi to nokon gong kvifor vi var til? Nei. Og den som ikkje det veit, han er ikkje til. Og da kjem develen og tek han.

Ein annan gong sa han: – Eg har vore så lykkelig glømsk. Det var derfor eg fekk det eg vilde støtt, for alt anna glømte eg. Men kva hjelp var der i det? spurte han, – eg glømte bort på vegen kva eg la i veg for; om det var aldri så store ting.

219Slik sat han og tulla, fortalde gamle kapteinstenaren meg.

Lange stunder sat dei og tagde, dei to herrane. Stilla gjekk att og fram millom dem, som vonde ord.

Men så seier Per: – Nei no sitt eg og gløymer bort det eg kom hit for. Kan du seie meg kva det var? Nei, eg er ikkje ute og bed om tilgiving, let han, eg vil døy det forutan. Ja det var sant! lo han, det var døy eg vilde. Ja ha, det var det.

Han reiste seg da det var sagt, og gjekk åt døra. Der stod han og sa: – Nei lykka ho trivdest ikkje hoss meg, eg var ikkje slik. Henne skal eg ikkje hefte meg med å leite etter. Du får sitte att her du da, kaptein, eg går no, eg for min part. Du får helse borna mine.

Kapteinen svara ikkje. Men Per gjekk heller ikkje enda. Han stod der nedved døra. Langt om lenge så kremta han seg opp og sa:

– Nei borna mine skal du ikkje helse. Den skamma har dei ikkje fortent av meg. Nei men no ser eg ein ting, og det ein underlig ting, gut! Eg har ikkje lov å henge meg enno. Veit du korles det står til med småkarane mine? spurte han. Nei eg vil ikkje vita det – eg vil ut og slåss for dem! Så sant eg her står ja. Ja, og så er det ho mor, ho sitt der halvvore som ei fattigkjerring, og i same skamma for mi skyld ho som dei. Eg tek ‘n Per Devel på nakken og legg ut att. Det 220skal endelig ein gong bli årti å sjå korles det går. For born og gamle folk, ropa han, dei – –

Han var ikkje godtil meir, han seig ned på ein sess og vart sittande med hovude i hendene. Det var vel jamgodt med at han gret. Men endelig manna han seg opp og sa farvel og gjekk.

Det var da at eg min stakar møtte han. Nede på sjøvegen, i skinande sommarkveldsstunda, – der kom eg krykkjande, og han kom i mot meg! Eg såg straks at det var han, ja da, ja da! eg kunde ha kjent ‘n Per om eg gjekk meg på han i villaste utlande. Men eg kunde ikkje tru det var han like vel. Nei, born. Eg har set mang ein forkommen ein eg, i mi tid, men nokon så ødelagt, det råkte eg aldri ut for, og gud gi de slapp det, de som her sitt!

Han kjente meg da eg stana og snakka til han. Jamenn smilte han da òg; han spurte enda, for berre sælebot, kva eg hadde å by fram i dag, og så tok han etter pungen og vilde kjøpe, slik vanen hans var, – eg vonar Herren har vore miskunnsam mot han! Så stod vi der og talast ved, att og fram slik, og best han stod så såg han oppover til handelsgaren, og så sa han:

– Eg kom her og skulde seie som eit farvel eg. Så skulde eg henge meg, var meininga; eg tykte tida var kommi. Men så synte der seg noko rart for meg. Eg såg her fanns noko som eg burde gjera først. Det finns her støtt, berre ein ser det, la han til, og så smilte han. No skal 221eg ut og røyne verda ein gong til, sa han. De skal enno ein gong få høre frå ‘n Per. For no endelig har han det som styrer han. Eg kan da ikkje anna tru enn at eg må få lykke til å gjera det? sa han og stirde på meg. Eg er så glad eg er mest redd, sa han.

Og slik såg han ut der han stod. Eg ønska han lykka all vegen, og det takka han for. Og der med skildest vi.

Sia hørte eg om han der han fór: Han hadde framgongen millom hendene på nytt. Han dreiv store forretningar og gjorde det bra, han sleit og streva med hand og hovud; det var meir enn live det gjaldt. Borna skulde det bli ei råd for, og mor hans med – eg vart så glad eg kan ikkje seie det, for så var da verda ikkje svart, ikkje sant?

Men så hørte vi ikkje meir frå han. Kapteinen var den som tok seg for og spurte, i nord og sør. Ja, og svare var at han hadde fare ei uferd. Eg trur dei snakka om ein takstein i hovude, men det var kan hende ein annan gong og ein annan mann. Men eitt var visst, at alt det han hadde baska til og berga åt seg, det fór sin veg. Dei tok det dei som klokare var, han hadde trudd folk så alt for godt. Ingen ting var att etter han nei, så nær som namne; det var det einaste som fortalde at han òg hadde vore til. Så fåfengt kan det vera å leva, – han skulde med retten ha heitt Per Fåfeng. Men kva namn skulde så vi andre ha?

222– Å ja! sa kjerringa og sukka. – No sukka kjerringa, lo ho. – Det her det var inga god forteling å høre. Å nei. Og andre folk dei tier om ‘n Per. Men når dei tier om han, da er det ansles enn når dei tier om ein annan mann. Ein kan reint høre kor dei tier, og kva dei tier om. Eg, ser de, eg snakkar eg.

Men så snakka ho ikkje meir, og så vart lyse tendt.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Vegar og villstig

Vegar og villstig kom ut i 1930, innimellom de første utgivelsene av «Ragnhild-trilogien» (Medmenneske (1930) og Ragnhild (1931)). Samlingen inneholder 12 noveller, som alle på sitt vis handler om menneskers (av)veier gjennom livet og livsundring. «Lykke-Per» regnes som en av Duuns beste noveller.

Se faksimiler av 1. utgave, 1930 (nb.no).

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.