Vegar og villstig

av Olav Duun

I rorbua

37År for år møtte der opp ein mann i fiskevære og var til plage for alle bukammeratane. Dei kalla han Brei-Lars, og det var ikkje for ingen ting, men gud hjelpe den som sa det så han hørte det. Kor han åtte heime visste dei ikkje for vel, men langt innant lande hadde han komme ein gong i tida, sjøl veit om han ikkje var heilt i frå Sverrig. Om sommaren var dei kvitt han i bygda, da fór han langt syttan i vald. Men til fiskestid møtte han opp og hørte seg om etter båtsrom, og kven våga å seie nei til han? Dessutan var han sjøkar som det var mon i, han kunde mest gjera det ut for to. Eitt åre rodde han med den, andre åre med den, men rorbua som hyste han ho vart trong for dei andre. Større og sterkare enn anna folk var han, og så romstor og hardlyndt at han helst vilde trø ein ned. Dei sa om han at var han edru da var han verst, men vart han full da var han enda verre. Da hendte det han jaga dem ut alle mann, eller òg laut dei krype åt køya.

Eit åre hadde dei ein skåre i same bua, han heitte så mykje som Petter Oluf og var langt austant fjorden. Sia snakka dei om «den vinteren 38han Petter Oluf var her». Han gjorde som skåren lyt gjera, han heldt seg utor vegen for vaksefolke og la seg aldri borti snakke deira. For det første la ingen større merke til han, dei hadde nok med ‘n Brei-Lars, det var første åre hans òg i den bua. Guten rigga til ein dugelig hans, det vart rettelig ei bløyte heile bulage over, og etter den dagen ansa dei han bar nasen høgt og spytta som ein fullvaksen ein, men det hadde kanskje vore vise hans all tida, – gutskiten!

Gong og annan såg han på Brei-Lars og undra seg når han kom på sitt mektigaste. Han såg gjerne litt på dei andre med det same og undra seg over dem òg.

Ein laurdagskvelden ikkje lenge etter hansinga var Brei-Lars reint omframt. Han hadde raka seg og helgaklædd seg i god tid, hadde vore i kista og skjenkt både seg og nokre andre eit par drammar, – dei vilde ikkje seie nei når han baud skjenk, kunde ikkje ta andsvare for det. Eldstemannen i bua tok inn eit garn, som han hengte i kråa ved søndre vindauge, og gav seg til å bøte. Der var fleir som tenkte på det same, for det trongs storlig.

Brei-Lars spurte om han ikkje såg dei hadde helgavaska bugolve? Og da den andre berre murra, tok han game og hivde ut. Kokken kom i vegen hans, og vart skumpa så han datt og slo sund ei røys med talikkar. Eit par mann kom i skade for å sjå på Lars, dei var meir redde enn 39dei var forundra, og dermed var han vill. Han stirde på dem og spurte om der vanta dem noko. Dei fekk akte både kjeften og kroppen sin, han skulde gå dem i hel visst dei tok til å krangle, han vilde ha fred i bua! He? – Ingen svara eit ord, og det gjorde han så kokande han trampa i golve åt dem: Iddest dei ikkje svara heller?

– Men kjære deg, tok ein av dem frami, vi seier da ikkje eit ord vi.

Brei-Lars gjekk i mot han og vilde gi han. Det såg vålig ut. Da steig skåren i millom, han Petter-Oluf, han hadde set seg meir og meir storøygd på oppstyre, skjønna ikkje det slag av det.

– Stopp no ør lite grand, seier han.

Og Brei-Lars stanar verkelig. Han kjem seg ikkje ein gong i veg med å slå, så opp i under er han. Den andre seier med ein flir:

– Er du nykommen til verda du? Har du aldri vore ute i lag med folk før?

Brei-Lars får ikkje opp måle. Han snorkar til ein to-tre gonger. Dei ventar med anda i halsen alle som ein, at no slær han Brei-Lars, og visst han slær? Men Lars snøser berre og lear på eine aksla; han snur seg frå skåren og sett auga i dei andre så dei minkar der dei sitt. Dei visste ikkje der fanns så fæle auga i mann; redde folk kunde han visst ha set tvert i hel.

Skåren går mot døra, han har sagt det han skal, går tett framom kjempa så han trør på foten 40hans, snur seg forarga og sett i: – Du bør gjera deg mindre brei, kar, når du er i utferda!

Brei-Lars sa ikkje noko, men no kom han, og gud nåde syndaren, det sa dei, – men der let ikkje ord i dem.

Dei to ser einannan i augesteinen, står og blunkar og stirrer på kvar sitt vis. Dei andre legg merke til kor nær samen auga ligg i Petter Oluf: han der veit gudhjelpemeg ikkje så mykje som å akte skinne sitt, langt mindre noko meir; der står han. Brei-Lars har bite i hop kjakane så han er vanstelt i andlete. Han løftar kloa og vil ta gutstakaren.

– Jaså? sa Petter Oluf. Jaså, du har ikkje meir vett enno?

Brei-Lars sette i eit rål med stygge ord. Det vart berre eit langt ulæte.

– Hysjt med deg! song Petter Oluf ut og tok eit kvassvore steg fram mot han. Gjorde eg min rett no, da tok eg etter deg! Ja!

– Du skal ha ris, sa Brei-Lars.

Petter Oluf slo opp ein gapskratt, det var for løglig at nokon snakka slik til han. Men han tok på seg ålvorshyre straks att. – Ser du slett ikkje kven du har for deg? spurte han.

Da fell det utor munnen på ein, og der med seier alle det: dei bed skåren så tynnt at han må tie no. – Kjære deg, bruk vette ditt! formana dei.

Han ansa dem ikkje, var det likt, men Brei-Lars snur seg mot dem og hutar dem så der finns ikkje lyd i dem meir – kan dei halde kjeften 41sin? eller må han til å hjelpe dem med det? Petter Oluf går fram til borde, han kakkar i det som den mannen han er, og seier:

– Sett deg ned, Brei-Lars. Rettno blir eg betterde sint.

– Hø! banprat! bles den andre. Nei, folk, eg er lite grand for god til å ta i småborn.

Han går til døra.

– Nei, stakar, du rømmer, seier skåren og spyttar. – Og det gjer du rett i, legg han til. For du er avsett, hører du det? Det siste ropar han etter han.

Brei-Lars hørte ikkje kattskrik han meir hell Vårherre, han let att døra etter seg så lognt som vakse folk gjer det. Petter Oluf såg like sæl etter han, tenkte på noko heilt anna og gjeispa litt med seg sjøl; kjem så til å bli vâr dem som sitt rundt veggene og stirrer på han.

– Eg må seie eg skjønnar dykk ikkje, tok han til ords. At de let han der komlingen gro opp over hovude på dykk. Blir de aldri vaksne de da, eller –?

Først tagde dei og tok med. Men da dei hadde komme seg litt, var der ein og sia fleir som smått hufsa på seg, dei spytta og var ikkje så frøsne som dei såg ut for. – Han var no ein skårunge da, det vilde dei minne han om, han måtte ikkje bli for byrg. Om han var stor i kjeften, for det så – – ja han billte seg vel ikkje inn at han skræmte dem?

42Petter Oluf såg litt velare på dem, ein for ein. Da lo han.

– For det om du er stor i kjeften, heldt dei ved. Kven trur du skåren skræmer? Nei, ban.

– Høy san! lo Petter Oluf, han vart meir og meir oppkvikka. – Ja tek de til og blir klåfulle, gutar, da går vi ut om veggen og rettar på det. Kven først av dykk? Først som er størst, he? – han var alt fram på golve.

Somme bles i nasen og vørte han ikkje. Andre tagde og såg ned, dei hadde ingen ting med det der.

– Nei nei, meinte han. Freden kan vera god den. Han gjekk ifrå dem.

Dei snakka mangt med han var ute, og det same gjorde dei sia, og einige vart dei ikkje. Men eitt sat fast: at etter den kvelden var Petter Oluf herre i bua. Ja det forstod seg. Der var ingen Brei-Lars lenger. Petter Oluf den gutladden lest han aldri sjå, men dei merka seg han såg han tålig vel og heldt seg unda han; han brysta seg med måte. Dei òg heldt seg unda han. Dei vilde ikkje ha ufred og oppstyr i bua, dei vilde ikkje rivast med slik ein gælngut, finnane måtte vita kva som budde i han? Nei, san.

Det vart elles ikkje stort likare i bua enn det hadde vore. For Petter Oluf han brysta seg ikkje med måte; han var snart meir enn jambrei med han Lars sjøl, og voks gjorde han. Ingen ein kunde få han til å tie eller vike, ikkje hans eigen høvesmann dess heller, han sa dem råe sanninga 43opp i andlete og lest aldri sjå den som i vegen stod.

Ein jamnaldring spurte han på tomannshand: – Er du verkelig så sterk?

– Sjøl veit, svara han. Men det kjennes slik.

– Men enn om ‘n Brei-Lars hadde slege i hel deg den gongen, kva vilde du da ha gjort?

– Å. Det er uvisst om han er så sterk som dei let. Eg har ikkje røynt han ut.

– Ja men han er farlig, det veit du da? Enn visst han er sterkare enn deg?

– Lat han komma. Eg slæst aldri med nokon som er veikare enn eg sjøl.

Den andre vart ikkje klokare enn han var før. Da sa Petter Oluf:

– Konsten er den, ser du, at ein av oss kom til å ligge lik. Så pass skjønnar han òg. Og så er det det òg, ser du, la han til, at gammalt folk må ein gong sjå dei har havt si tid; dei får vera så sterke dei vera vill, i gudsnamn.

Orda vart fortald og vart tenkt på. Kva skulde ein seie til slikt? Anna enn det da, at han er farlig han som tenker på det vise, der er ei stygg ånd i han. Dei laut la han ha si tid; så fekk dei sjå.

Men der hendte litt til i bua før fiskja var slut. Mor til Petter Oluf kom dit eine helga. Det var mange kvinnfolk som nytta dampbåten og fór til være ein vending, så hadde dei da set korles der såg ut. Ho var ikkje mangmælt av seg, og hadde 44visst ikkje større usnakka med sonen sin; ikkje var ho kjent med nokon heller der i bua. Men ho gav seg i snakk med høvesmannen hans da guten ikkje var til stades. Ho vilde høre korles det gjekk med han. Tålte han sjøen? Og var der noko tak i han? – Han var ikkje for katten han Petter Oluf, let høvesmannen. – Det var gildt å høre. Men korles folka han seg til etter kvart, millom dei andre? Høvesmannen måtte vera så snild å sette han til rettes, visst det trongs. For det var særlig meininga hennes med å sleppe han åt være, at han skulde lære skikk og sømd, lære å ferdast på folkvise i verda. – Høvesmannen gav henne rett i det, og slapp å svara.

Det var ein fin vêrdag, og karane for mykje godt ute og sveiv. Brei-Lars kom inn med ho var der. Han gav henne ingen ans, han var ikkje den som glåmte på frammandfolk, men ho tagde med ein gong og stirde på han. Dei la merke til det alle. Sia snudde ho seg så ho ikkje såg han. Han glytta bort på henne eit par gonger, drog i hop brunene og såg i veggen. Så reiste han seg og gjekk ut att. I døra møtte han Petter Oluf, som kom trøande beint på han så han måtte stige til sides. Ho sette auga kvast i guten, og spurte om han ikkje gjekk utor vegen for folk.

– Ikkje for han der nei, kunde han fortele henne.

– Ja kva var det for eit sjøtroll det der? undrast ho.

45– Ja fortel meg det du, så skal eg seie deg det. Dei kallar han Brei-Lars, men her etter blir han ikkje breiare. Hø! bles han. Eit avdanka ålbogmenneske; vi skal ikkje ha slike storingar over oss no for tida.

Ho vart ståande og sjå på han og sa ikkje noko. Sjøl veit kva ho tenkte på.

Brei-Lars kom ikkje inn meir med ho var der. Sia om kvelden spurte han ein av karane kva det var for ei kone som var her.

Nå, noko kone var ho no ikkje, fortalde han, men ho var da elles mor til ‘n Petter Oluf her; ho heitte Hanna Sandmoen. Ho hadde fengta i denne sonen med ho tente i grannebygda. Kven som var faren visste berre ho sjøl, og så han da som var det, rimeligvis, dei nemnte ein som hadde tent i lag med henne, men han hørte ikkje heime på desse kantane, det var eit villframmandt namn ho gav opp. Det og det åre var det. No sat ho med garen heime, etter bror hennes var død. Ho sat bra i det.

– Hanna Sandmoen? sa Brei-Lars. Jajaja, sa han og gjekk sin veg.

Sia om kvelden sat han still. Eit par gonger såg han på Petter Oluf når han kom framom, det var ikkje ulikt til han fekk mot på han snart. Det blir vel ikkje ro i lufta før dei to har røynt seg på einannan, tenkte karane.

Petter Oluf ansa det ikkje. Han vart meir og meir romdryg i bua, og dagen etter bad han høvesmannen 46sin halde kjeft, han skulde ikkje ha formaningar av dumt folk. Brei-Lars hørte det. Han la stilt frå seg det han hadde i hendene og gjekk bort til Petter Oluf, tok han over armen og sa:

– Hør no her, gut: Du kan vera så sterk du vera vil, du skal ikkje be høvesmannen din halde kjeft. Det går ikkje det.

Enno ein gong vart det stilt i bua. For no bar det laust, det var ikkje å miss-ta på.

Petter Oluf retta seg opp, han trudde ikkje øyra sine. Han vilde sjå den andre ned gjenom golve. Brei-Lars heldt take sitt, og han snakka så lognt dei skulde ikkje trudd dette var han.

– Bli med meg ut om veggen, så skal eg fortele deg noko, sa han.

– Jagu skal eg bli med deg! let den andre.

Og med vart han. Var han verkelig så uforfæld som han såg ut for? Det var reint utrulig. Det såg halvveges ut som overmakta flytta han med seg, – eller var det ei anna makt som tukta han? Ja ja, no stod det om. Ein og annan lurte seg etter. Utom døra tok Brei-Lars og sette han mot veggen og blåheldt han.

– Det er det at eg er far din, sa han. Så sant du er sonen til henne som var her i går. Slik er det. Og no ser eg inga anna råd: Vil du ikkje vera folk, da må eg gi deg ris. Enten eg er sterk nok til det eller ikkje. Spurte så med all si tyngd: – Vil du vera folk, Petter Oluf?

47Petter Oluf såg rar ut. Han måtte ha spørsmåle ein gong til før han fekk tak i det.

– Er du viss på at du er far min? spurte han. For elles – gir eg meg aldri!

– Eger da viss nok, sa Brei-Lars. Ho var viss nok ho mor di òg, i går da ho såg meg.

– Ja ja, sa Petter Oluf. Eg er hendt som det høver eg. Han sette auga mot far sin, han drog enda på smilen, og så sa han: – Lat ikkje meg komma til å skjemmast av deg, så skal du sleppe å skjemmast av meg. Det er eit ord det.

Det orde heldt han. Han var folk etter den dagen. Dei var folk båe to. Rorbua var ikkje attkjennande for dei andre. – Det var for resten ingen som trødde tærne av dem heller, forstår seg.

Men var det faren som hadde tukta sonen, eller var det sonen som hadde tukta faren? Dei visste ikkje kva dei skulde seie om det. Det same kunde det vera, for dei var tukta til folk båe to, det kunde ikkje likare gjerast.

Og tukt må der til, sa dei, bukammeratane.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Vegar og villstig

Vegar og villstig kom ut i 1930, innimellom de første utgivelsene av «Ragnhild-trilogien» (Medmenneske (1930) og Ragnhild (1931)). Samlingen inneholder 12 noveller, som alle på sitt vis handler om menneskers (av)veier gjennom livet og livsundring. «Lykke-Per» regnes som en av Duuns beste noveller.

Se faksimiler av 1. utgave, 1930 (nb.no).

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.