225Han var berre ein fattig-gut i bygda, men han kom til å bli ein stor mann. Han heitte Dave.
Mektigaste mannen der i kring var Arnfinn på Mo. Han vægde ikkje for sjølve futen. Han hadde ei dotter, ho heitte Eli, og andre born åtte han ikkje. Dei var mange og gjæve som bela til henne, men faren tykte ingen var god nok, og det same tykte ho kanskje sjøl. Så fager, og så rik, dei undrast ikkje på henne. Men der var dei som spådde ho vart gåande ungmøy all sin dag, og da nemnte dei gulle som gnikaren gjømmer.
Ein var der som heldt av henne meir enn nokon annan kunde gjera, ja over både von og vett, for kva var han i mot henne? Det var Dave. Der ho var der var han aldri langt unda, men om ho ansa på han nokon gong det visste han knapt nok sjøl. Far hennes ansa på han, for han ansa alt som kom dotra ved, og han let så, at heldt ikkje denne gutglisen seg unda vegen, da kom det til å bli synd i han, og Arnfinn på Mo var mann som heldt orde sitt.
Men det hender det som hende skal, sa folk, om dei ikkje sa det før etter-på. Dave sa det 226same. Han var så glad og modig ein gut, og han hadde fått den vissa i seg at ein gong vilde det hende: Eli kom til å sjå han og bli vâr kva han var verd. Og kva gjer ikkje den som ventar seg slikt, sa dei, for det var noko stort når ho såg på ein. Dei kunde ha unt han det, var det ikkje for det at det var så umulig; der var ingen som unte Dave anna enn godt.
Så tok soga deira til.
Ein kvelden var Eli på vegen heim frå mormor si, ho var ofte avstad og vitja henne. Ho var åleine, det fall seg slik, over marka var det, og kvelden vart det, men Eli var ikkje den manns dotter som gav seg for småting. Ho var riande, ho hadde sin eigen hest, og han var så stø og han var så fløt at ho trong ikkje ottast.
Da kom Dave frå ein annan kant og skulde same vegen. Ho spurte, og det var høgt ovan or skyom, kva han var ute og gjekk etter.
Han svara så spakt han kunde: han hadde ikkje visst noko om at ho var på denne leia i kveld. – Du nektar meg da ikkje å gå etter vegen? sa han.
Det svara ho ikkje noko på.
– Og så er det over svarte skogen, meinte han.
Ho let så ho var ikkje mørkredd.
Men her var utrygt, kunde han fortele, ho hadde vel hørt om røvarane, kor dei regjorde i grannegrenda? Dei kunde vera her før ein vardest.
227Eli var ikkje redd dem heller, ho tenkte dei akta seg; – dei må no vel vita kven far min er? sa ho. Og kven tek meg når eg sitt på Kviten? la ho til.
Dave hadde teke Kviten i beisle og leidde han; slik har det i veg, over mo og dal. Det var svarte villmarka der den tida. Det var vinters tid, men ingen snø, og månemørkt var det og ikkje ei stjerne over dem. Eli kunde vera glad ho ikkje fór. der så reint åleine, og kan hende var ho det òg. I alle fall var Dave det. Men da dei kom lenger fram og skogen lysna kring dem, sa ho:
– No skal du enten gi deg i førevegen eller så bli etter her, for det kan hende einkvan kjem og møter meg; det kan hende at far min kjem sjøl seg. Eg vil ikkje bli funni her i gangar-lag med deg.
– Berre eit lite stykke til! bad han.
Og det nekta ho han ikkje. Ho var i grunnen så god av seg som ho var vakker. Men best det var tverstana hesten, og da kviskra ho og halvt ropa til han: – Kom deg vekk, der er han! Ho trudde det var faren som stod frami vegen og venta henne.
Før ho meir fekk set eller sagt steig der ein mann fram frå kvar sida av vegen, og ein tok hesten og ein tok henne, ho vart løfta ned og fekk ei hand over munnen så ho ikkje kunde skrike, og han som stod frami vegen kom òg borttil og var ein villframmand kar. Dei tre karane såg på 228henne og kviskra seg i millom om det var henne dei hadde fått tak på. Og var dei i uvissa, så kom Dave og rettleidde dem. Han hadde dei ikkje gitt nokon ans, for han smatt bakom eit byskje da han hørte far hennes møtte opp. No, da han såg tilborden, sprang han på dem med det handfenge han fann og lova dem dauen og sju slag ulykke, dei måtte vel vita at dette var ho Eli, dotra til Mo-gubben sjøl? Da visste dei det i alle fall. Striden vart kvass men ikkje lang, Dave gjekk på dem så vilt og lykkelig at han såg ikkje, og dei var tre om han; så låg han der, og ein mann sette foten på nakken hans til så lenge.
Røvarane mumla og rådslo litt. Eli la dei bind over munnen på og sette henne opp på hesten att. Dave snakka dei om å svæve, men så kom dei på noko anna. Dei bakbatt han, tok reip i han og let hesten leie han. Der med bar det i veg, over stokk og stein og radt til fjells. Ein mann leidde hesten, og ein gjekk og stødde Eli, og der lende var for krunglut til å ri, tok han og leidde henne eller bar henne; sia tok dei tørklæe frå munnen på henne. Ho hadde det tålig. Det var meir umildt å vera Dave. Hesten rykte og reiv han med seg, reiv han tvert gjenom byskja somme-stads, og han kunde ikkje verje andlete ein gong, han som bakbunden var, så han vart flådd både på klæa og skinn. Snåva han så vart han dregen med liggande, for fort skulde det gå.
229Ut på natta kom halvmånen fram. Da var Dave mest klælaus, og blodgrimut i andlete, og så uttrøytta at han fall i einingen. Da såg Eli på han, og så smilte ho. Det skulde ingen ha venta ho kunde smile slik til ein som han. Det sa så mykje som at han var gut som ikkje gav seg, han fekk halde ut same kor ille det vart. Ho såg på dei andre med, og dei skjønna henne og løyste hendene hans. Men dei mumla seg i millom, dei måtte over fjelle og over fjorden før dagen kom på dem.
Dei rakk det òg. Ingen ting stana desse karane, ingen ting kunde stane dem. Hesten slo dei i hel og hivde på sjøen, det var gjort før Eli fekk sukk for seg, båt hadde dei liggande og vente løynt ein staden; dei var over fjorden før dagrauda synte seg. Frå båten bar det til fjells att, langt langt inn i bjønnmarka. Endelig ein gong nådde dei fram til ei hytte, ei seterbu, og der fann dei kammeratane sine. Og på dem vart der glede, da dei fekk vita kva fengd dei tre karane kom heim med, for dei visste ei slik stormannsdotter var sølv verd.
Eli vart stelt med som ho skulde vera ei prinsesse. Dei sette for henne det gildaste dei hadde, og før andre dagen kom hadde ho ete stolen mat. Dave òg fekk mat og drikke, men han sette dei på bås i fjøse; dei lo godt til det. Da tok Eli til å be for han, og enden vart at dei henta han inn og tina han opp; – vi kan få bruk for han, sa den eine til den andre.
230Røvarane var åtte mann sterk. Når ein vart vant til dem og såg litt velare på dem, kunde ein sjå dei var folk dei med, så bustute og råbarka dei var. Høvdingen deira var yngstemannen i lage, og det var han som hadde hjelpt Eli over fjelle om natta. Han var ansles enn dei andre, han var meir menneske – men meir mordar – enn dei var. Ansles klædd var han òg. Mot Eli var han særs høvisk, mest vyrdsam, ja det hendte han stal seg til og såg på henne. Det same gjorde dei andre, når dei var inne, dei var ikkje ansles godtil.
Ein dagen held dei så ting i bua. Så og så mange sølvdalar sett dei Eli til. Når far hennes har reidd ut dem, da er ho fri, og da skal dei skysse henne sjøveges så der er berre eit lite stykke veg heim for henne. – Men vil gubben prute, seier høvdingen, da har vi heller prinsessa hoss oss. Ho er meir verd enn den prisen vi krev. Og han snudde seg til Eli med ein glis og bøyde seg for henne.
Men så er det det: Kven skal fara og få gubben i tale? For ein og kvar av dem er slik stelt, at han kan bli nedkniva først han syner seg der i bygda, ein kan aldri lite på at bonden brukar vett. Dei ser på Dave. Jamvel Eli ser på han og ventar.
– Ja ha, sa høvdingen til han. Det blir du til det arbeide. Du kan løyse ut deg sjøl òg med det.
231Ja ha, han svara ikkje verre på det enn at det kunde han gjera. På eitt vilkår.
Vilkår vilde dei ikkje høre, dei murra og svor mot han, for det var dei som var mennene til å sette det. Og det sette dei. Var han ikkje her med pengane til den og den dag, da drap dei henne. Hørte han det?
– Det kan eg ikkje gå med på, let han. Einkvart han hefte meg som ikkje eg rår med.
– Nektar du å gå? spurte føraren, han vart opp i under.
– Ja, på det vilkåre nektar eg. Slik sett eg ikkje live hennes på våg og spel. De skal lova meg at de ikkje gjer henne noko gale om eg så kjem att tomhendt. Da skal de drepa meg og ikkje henne.
Dette gjekk for vidt. Føraren smilte, og det var eit nivst syn, men han heldt seg rolig. – Du skal vera her med pengane til fastsett dag, sa han; du har romt med tid. Og eg lovar og eg svær, at er du ikkje her med dem, da drep eg henne, eg sjøl, med den her handa og med den her kniven! Det same gjer eg om du kjem att med folkmakt mot oss. Trur du meg, eller trur du meg ikkje?
Dave såg frå han og bort i varmen. Dei brente stokkar av fjøse no, og der var digre spikrar i veden. Han tok ein som var gloande raud og heldt han i vêre. – Sjå her! sa han, dette er siste orde mitt om den ting! og så brente han spikaren gjenom handa si, utan så mykje som eit grin.
232Da tok røvarhøvdingen til og såg reint lystig ut. Han nikka til karane, og nokre av dem klædde av Dave ovan belte, og andre gav seg til å stelle med varmen og eit jarn. Han skulde få kjenne varmt, visst det var det han fyste på, var meininga deira. Eli vart så forfæld, ho bad Dave føye dem og gå; – elles piner dei i hel deg, sa ho, og slik såg ho aldri på han før: ho løfta han til himmeriks.
– Du veit ikkje kva du bed om, svara han. Far din kunde binde meg og så sette i veg med mannemakt. Da veit du kva som vart din lagna. Nei, vi lyt vera dei vi er no, båe to.
Jarne var raudt, og dei let det gå over ryggen hans. Han beit i hop tennene og tålte det. Dei leika att og fram med det, tegna eller skreiv; gjorde det så raudt i gjen, og tok til der dei slutta. Det osa brent, og blode rann nedetter han. Han vart rar i andlete, heilt ukjennelig å sjå til, men tagde gjorde han all tida. Føraren forandrast han med, han skar tenner og synte kva devel han var.
Eli hadde stått still og set på. Best det var sette ho i eit skrik og fór inn på dem. – Brenn meg òg! ropa ho, brenn meg i staden – eg elskar han!
Ho rasa så dei måtte både hand- og munnbinde henne. Føraren knytte neven og løfta armen, men han vann over seg og slo ikkje. Han gliste i staden. Helvete måtte vita kva han tenkte på.
Dave bad henne ta det rolig. – Du ser at for deg tåler eg alt, sa han. Han gret, så lykkelig 233var han. Ho gjorde det same. Dei hadde brent ei ørn i ryggen hans, all vegen utover og djupt inn. Det var høvdingen sitt merke, for han gjekk under namne Blodørna der han hadde fare. Men den her gongen fekk han lita glede av merke sitt. Dave hadde eitt svar på alt dei pinte og alt dei trua:
– Aldri den dag sol skin gjer eg det.
Dei vart i frå seg; dei frøste og dei ylte i kring han. Føraren deira stod og såg på han eit tak og grunda. Så lenge stod han slik, at dei andre tagna dei med og vart ståande i andslopne ventinga. Endelig tok føraren til ords, han sa det så forunderlig lågt:
– Tåler du all ting du da?
– Det ser du vel, svara Dave, at for henne tåler eg meir enn du kan tenke ut.
Røvaren snudde seg frå han. Det var utanfor veggen dei heldt til. Han gjekk sin veg, dei såg han gjekk setervollen rundt. Men han kom att og stelte seg opp framfor han på nytt. Han var så bleik som ein røvar kan bli.
– Eg skal ta kjærleiken utor munnen på deg, sa han, eg skal ta han utor hjarte på deg, for eg hatar han! skreik han. Kjærleiken tyner eg der eg ser han! Så var han rolig att, og sa med det vanlige måle sitt: – Eg tek dette kvinnfolke ditt og gir bort, til desse karane du ser her. Dei får gjera med henne det dei lystar, her, midt framfor auga på deg. Kva veg trur du så kjærleiken din fer, når det er over?
234Han såg på mennene sine, og dei svara med eit murr av glede mot han. Auga skjein i dem.
Dave såg frå dem og til Eli. Ho stod der bakbundi og med eit plagg for munnen. Redsla hadde gjort henne kvit i andlete, og auga hennes hadde mist både leten og live, syntes han; dei stirde på han, men det var uvisst om dei såg han lenger.
Høvdingen gjekk bort til henne, løyste henne og fridde henne for munn-binde. Han smått blistra med han gjorde det. Dei andre tagde som trea i kring, så stygg ei stund var det, men dei monna seg nærmare og nærmare.
Ja ja, så hadde develen vunne for denne gongen. Dave ropa ut at han gav seg, han fekk gå. Verre enn gale kunde det ikkje bli, korles det så bar til.
– Som du vil, sa overrøvaren; han gliste ikkje ein gong. – Det er du som har vunne over meg, sa han, men folk plar ikkje tene på at dei det gjer. No skjønnar du i alle fall: ho kjem ikkje til å døy så ærefull ein død som ho har fortent, i fall du ikkje er her med sølve i rettan tid. Han vart vill og huta mot både Dave og henne: –
Eg heldt på å bli slave straks eg såg henne – skal eg ikkje få hemn?
Han logna seg og bad Dave komma seg av stad, ja han gjekk enda bort til han, og spurte om dei ikkje skulde stelle litt med ryggen hans før han fór, – elles kunde vegen bli for dryg. Dave tok med det, og dei plastra han så godt 235som råda var, dei kunde slikt. Så stod han på gonga, og høvdingen ønska han lykka med seg.
Eli sa ingen ting, og Dave sa ingen ting. Men ho seig i kne og retta ut hendene etter han da han gjekk. Ho jamra seg så han laut legge på sprang.
Han syntes han hørte måle hennes etter seg all vegen der han fór. Så kjente han da ikkje ryggen sin fullt så mykje, og dertil gav det han fart. Han stal båt ein staden, hadde ikkje stunder til å spøre om lov, tykte kanskje ikkje han hørte til det folke heller no lenger som spør om slike småting. Å nei, tenkte han vel, meg hefter ingen og ingenting i natt; berre ho så sant held ut og er i live til eg kjem att. Så lykkelig mann har ikkje fare fjorden i stolen båt, sa han med seg sjøl, – ro på, Dave! du har løn for det!
Og fram kom han, halvt levande og halvt dau, og radt inn til Arnfinn på Mo. Gubben vilde ikkje tru det han såg og langt mindre det han hørte. Da han endelig måtte tru at dotter hans var i live enno, da tok det han så hardt at han gret. Gret så folk såg det, gamle strie mannen. Han måtte høre det om-att og enda ein gong, men han hørte berre det at enno levde Eli.
Han hadde vore ute og leita i lag med dei andre, fjell og fjord og all villmarka rundt, men ikkje ein gong fare etter røvarar fann dei, så nær som ein rekande båt; Eli og hesten hennes måtte vera søkt ned. Dei hadde enda til gissa på at 236ho og Dave hadde gått på sjøen i lag, dei visste ikkje noko galnare å tenke ut. No hadde han gitt seg, for det var vonlaust, men enno var mannhusingen ute på leit.
Dave sette på at no måtte sølve fram, han fortalde for sjuande gongen korles vilkåra var. Ja visst, der fanns ikkje annan utveg, og no skulde det bli. Men løysingspengane var så dryge at gubben laut på bygda og låne sølv. Han gjekk til futen. Dave var så i uroa, han tok seg ikkje ein gong tid til å sjå heim åt mor si, enda det var eit ord i bygda kor glad i henne han var, han berre sveiv og dreiv kring husa på Mo og tykte tida rente frå han. Mora hørte om han og kom og såg til han. Han ansa lite om ho gret eller gledde seg. Han stod og heldt om kring henne, men dei tvila på han ansa det var henne.
Mo-gubben kom att i lag med futen, og da var han ein annan mann. Da var han seg sjøl, og han takka Gud for det. Ei blind kjerring måtte sjå at Dave var i samband med røvarane. Kva hadde han elles i lag med Eli å gjera den kvelden, og kven hadde vârskudd skarvpakke at ho var ute og fór just da? Futen hadde sagt det først, han sjøl sa det sterkare, og no da folk kom att frå leitinga, sa dei det så det var nagla fast. Dave vart teken og lagt i band. Han skulde på benken og tilstå. Dei klædde av han, men da dei såg ryggen hans vart dei ståande klumsa. Mor hans uvita, og det leita på for fleir.
237Mennene rådslo lenge, og da kom dei til det at å pine han meir var nyttelaust, dei fekk i Guds namn tru han, for kven annan kunde fri Eli ut? Dei dømte slik, etter det rettferda sa dem: – Kom han att med Eli fri og frelst, da skulde han òg få gå fri og frelst. Kom han att utan henne, da tok dei liv for liv, reipe skulde henge ferdig og vente han. Kom han ikkje att, da skulde det òg vera liv for liv: da tok dei mor hans. Den og den dagen, mé-dags, sette dei fast som siste stund i ventetida, og reipe skulde ikkje vera borte, som sagt, det er det aldri i eit rettvist land. – Så, no har du hørt det, sa dei.
– Ja vel.
Fekk han så sølve i ein skinnpose, og der med let dei han fara. Dei skyssa han enda med båt eit stykke.
Enno leid det ikkje lenger enn at han hadde tid nok, visst ingen ting kom i vegen. Så redd mann hadde ikkje teke til skogs som han, for aldri stod der så mykje på spel for nokon, og lykkeligare og reddare vart han dess lenger han fór; det såg meir og meir ut til at han kunde nå fram tids nok, og sølve hadde han, der kom ingen og røva det; det hender ikkje meir gale enn verda tåler. Han kjente kor Eli venta han. Ho venta han så hardt at rettno vann ho ikkje meir, og han sprang og anka seg og svara henne. Det bar gjenom snø og vatn, og mot og med, og stuttare og stuttare vart vegen fram til henne, rettno var 238der ikkje noko att av den. Han merka alt vaktmennene til røvarane, og enno kunde han gå. Ja, og så sette han i eit sigersrop og storma fram til hytta med sølvposen høgt over hovude.
Dei møtte han utom døra og helsa han velkommen att. Pengane vart overset og ihoplagt, og dei var der kvart eit øre og av rette slag sølv, ein gild dunge. Høvdingen smilte og sa at kjærleiken er det største i verda, han gjer underverk, – Gud signe dumheita! sa han, det er einast den som fortener å leva.
Eli stod der og sa ingen ting. Ikkje synte ho gråt og ikkje glede. Ho stod der fagrare enn sol på himmelen, og så høgt var ho over dem alle. Dei tagna og såg på henne ein om senn etter som dei vart vâr henne. Dave våga seg ikkje til å snakke åt henne. Så gjorde høvdingen det.
Han snudde seg til henne og sa henne, som ein stormann til ei stormannskvinne, at no var ho fri og kunde gå. Han had henne tilgi at dei hadde vore nøydd til å plage henne: det skulde vera siste gongen han uroa så gjæv ei gjente. – Ta kjæresten og gå, sa han, og hels far din takk for pengane; det var gildt sølv.
Eli berre stirde på han. Ho tok til å skjelve over andlete, og sia all med seg, og auga hennes skjein mot han som stjerner ei svart natt.
Høvdingen bøyde seg for henne, slo ut med handa, snudde seg frå henne og trudde alt var vel 239og bra. Det trudde dei alle, enno. Men da han vendte seg og såg etter om dei hadde gått, da fall ho på kne framfor han og bad: Han måtte ikkje jaga henne frå seg! – Lat meg få vera slaven din! bad ho, drep meg, gjera med meg kva du vil, men vis meg ikkje vekk!
– Er du gal? sa han.
– Ja, eg er gal, eg elskar deg! jamrast ho.
Røvaren tagde. Han stod lenge og tvistirde på henne; dei tykte blikke hans var eit sverd mot henne, eit sverd gjenom hjarte på henne.
Ho klaga seg der ho låg. Ho var berre som eit lite dyr.
Da snakka Dave til henne. Han visste vel ikkje kva han sa, men han snakka til henne og bad henne høre på seg. Ikkje orde hørte ho av det han sa.
– Ta henne og gå! kommanderte høvdingen. Og med seg sjøl sa han: – Vart dette hemna mi? Ho er stor nok, men eg vil ikkje ha henne, tvi fan rett!
Dave tok og reiste Eli opp. Han anka seg og bleikna, for såre i ryggen hans gjekk opp.
Eli snudde seg til han, og gret og naubad at han måtte hjelpe henne, – var han da ikkje det minste glad i henne? – Visst du er det, sa ho, da går du til far min og forteler han korles det er, at endelig har eg funne den eg vil gi meg bort til. Og den mannen er slik, at eg vil vera lykkelig om han så piskar i hel meg, fortel han det.
240– Ja, eg skal piske i hel deg, sa høvdingen, og no smilte han smilen sin ein gong att. – Far din har betalt meg for å få deg heim att. Er han ein rettvis mann, så er eg det. Ingen skal seie at Blodørna bryt ord. Her i frå skal du i alle fall, levande eller død, hører du det? Går du, eller går du ikkje?
– Eg går ikkje, svara ho.
– Ja vel. Men: det blir ikkje eg som piskar deg, det gjer dei andre for meg.
Og dei kom og tok henne med bak om veggen.
Det vart ikkje anna råd, Dave laut ta henne med seg med makt. Han hadde ikkje rygg til det, og enda mindre hug til det, men det måtte gjerast. Det vart han ei tung bør.
Ho gret og bad for seg heile tida, at han skulde sleppe henne, og i millom var ho vond mot han og sa at ho både hata og vanakta han. Han gjorde det same sjøl, men han skulde ha henne med heim til far hennes, retten må leva om alt anna døyr. Heimvegen vart lang på denne måten, for ho gjekk ikkje eit føtt godviljug, og han kunde ikkje fortele henne kva dom han hadde hengande over seg. Elles hadde han von om å nå tids nok fram. Gud veit om han ikkje hadde von om meir.
Kvile torde han ikkje, for da var sømnen over han med ein gong, han gjekk breiddmed han all vegen og venta. Men ein staden måtte han stane og sjå etter veg, det var ulendt der han fór. Da sovna Eli. Ho seig i hop i snøen og sov. Han såg 241det, så vidt, og dermed svimra han og vart liggande jamsides med henne, ulykka tok han med seg og fór. Han sleit seg laus med ein rykk, han trudde det var i næste augeblinken.
Eli var borte. Det var kvelden og snøfokke, og alt han rente rundt i marka og ropa og leita, heile natta og dagen etter, han fann henne ikkje. Han heldt på og sette live til sjøl. Noko anna ønska han seg heller ikkje, da han såg ho var tapt.
Da først kom han i hug mor si. I morgo, médags, måtte han vera heime, elles vart det henne dei tok og ikkje han. Han skymta som ei von om å vinne det, og la i veg. Heile natta fór han. Han sprang for meir enn live. Men han forderva eine foten sin, og da han halta seg fram dit fjorden skulde vera, så var der ingen fjord. Han hadde komme langt av lei.
Seinkvelds nådde han heim. Da var det for seint; dei hadde gitt rettferda det ho krevde. Mor hans hang der enda. Han fekk ikkje ein gong lov å ta henne ned. Øvrigheita tok seg for og forhørte han, men dei trudde ikkje orde av det han fortalde. Han var dubbelt mordar: han hadde seld både Eli og mor si til døden. For det skulde han ha vore hengt, og folk samla seg og krevde det med rop og ståk. Men øvrigheita stod fast, og jamvel Arnfinn på Mo laut bøye seg: Dommen var avsagt og sett i verk. Rettferda nekta dem å gjera meir i den saka, det fekk vera så gale det 242vera vilde. Dei gjorde det einaste dei kunde enno, dei dømte Dave til ærelausing for levetida.
Folk sette mannsterke til fjells og skulde finne Eli og ta røvarane. Dave baud seg til å syne veg. Dei svara han ikkje ein gong. Han hørte dei kom til bygds med like av Eli, men dei nekta han å sjå det. Ingen vilde sjå han, og ingen vilde vera i nærheita med han; ungane kasta ikkje stein etter han, ikkje ei kjerring slengte eit vondt ord etter han. Sia kom røvarane att, mangdubbelt så fjølgmente, og vilde herje bygda for tvert, for bondehopen hadde skote ein og såra to av folka deira. Ålmugen væpna seg og gjekk mot dem, mann av hus. Da Dave òg møtte fram, huta dei han som hunden der i frå.
Han var utstøytt, han var meir enn død.
Til eit anna ulykkesmenneske fortalde han:
Han hadde tenkt da han mista Eli, at no hadde han mista alt. Det same tenkte han da han såg mor si i reipe. No da dei hadde teke æra frå han, da var han så snau som eit menneske kan bli, men da visste han og sa det: – Eit menneske kan aldri miste alt. Dei som seier dei har gitt frå seg siste vona, dei veit ikkje kva dei seier, eller òg lyg dei. Jamvei han som tek live av seg i vonløysa har ei lita von att. Og vona er like dyr om ho er lita, sa han.
Han gjekk utan smil, men òg utan synlig sorg, søkte ingen og skydde ingen. Han såg ikkje nokon å bera agg til. Han såg heller ikkje 243ut som han undra seg, han var for gammal til det.
Røvarhæren fall så kvast inn i bygda at han tok våpenhuse før nokon kunde verje det. Våpen hadde elles bygdefolke nok av, men i kjellaren under våpenhuse låg alt dei åtte av krut, der var i tønnevis av det. Når fienden kom etter det, da rådde han som han lysta over dem. Alle såg det, og mest alle vilde gi seg eller rømme, for kva gjer ein utan kuler og krut mot ein røvarhær? – Og når Vårherre har gitt oss vanlykka i vald? sa dei. For kongensfolke nådde ikkje fram før lenge etter at det var for seint, der fanns ikkje von.
Einast ærelausingen hinka i kring med ei lita von. Han hinka beinast til futen og sa at han skulde frelse bygda: Han vilde stela seg inn i krutkjellaren og sette eld på krute så både hus og røvarar fór til vêrs. For det var i våpenhuse fienden heldt til; det var som ein festning å kalle. Dave hadde tenkt ut korles det skulde gå for seg.
Nøda hang over både fut og folk, så dei laut høre på armingen og tenke over det han sa. Om det så var Arnfinn på Mo måtte han det. Dei fann ut at det var rett å la han ha viljen sin. Folk sa som med ein munn: – Det sjølmorde er ikkje noko synd å snakke om, for rettno svelt han i hel kor som er, det vil ingen gjera seg ærelaus med å hjelpe ein slik ein. Og presten sa at synda trong dei ikkje sute for: Visst Vår Herre vilde det skulde skje, så let han det skje; visst ikkje, 244så let han det ikkje skje. Kom Dave frå det med live, da var han ikkje så skyldig som han var dømt til; – lat oss sjå, sa han. Ja ja, slik var det. Og slik vart det.
Svarte natta kraup Dave bekken nedetter, i snøvatne, med ein eldbrand i ei krukke, til han var så nær våpenhuse at han nådde det i nokre byks. Da vakta ropa og sprang fram, kjørte han branden inn kjellargluggen. Bygdefolke såg gloa lyste og kom bort, og da kleip dei att auga. Så kom skrellen. Han tok både syn og hørsel frå folk, dei trudde dei strauk med alle mann, rettferdsmenneske så vel som røvaren.
Dei stod det over. Gud skje takk!
Huse hadde fare i lufta og låg strødd i betar vidt i kring. Fiendane var der ingen att av, heile røvarbole var tynt. Bygdefolke sanka samen dei sundlemma kroppane og la dem i ei djup grav, og steina dem godt ned, så signa presten kvila for dem og kasta vigd mold på, og sjælene fekk Gud dømme.
Dave fann dei for seg sjøl, og dei la han for seg sjøl. Sjølmordar-døden er vanhellig, det rår ikkje menneske for; elles hørte han til røvarane, det hadde synt seg no.
Bygda var berga, og dei samla seg og heldt takkefest for det. Og sia levde folk til dei døde, i fred og ro. Dei aller rettvisaste millom dem spytta på tørva som Dave låg under, når dei gjekk der framom. Dei andre gjorde det same.
245Men sia kom nye ætter, med ei ny rettferd. For dem vart Dave etter kvart til ein stor mann, – ein laut komma i hug kva han hadde gjort! Dei sette ein stein på grava hans, med namne hans på. Sia kom namne til Eli der òg, ved eit under, fortaldes det seinare; han skulde ha henne, vart det sagt.
Da tida kom vart han eit helligmenneske, – ein laut komma i hug kva han hadde lidd og bore! Dei hadde ein dag i åre da dei mintes han. Dei fortalde soga om han, slik dei no visste ho var.
– Det hender det som hende skal, sa dei. – Og all ting skjer til det beste, sa dei.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Vegar og villstig kom ut i 1930, innimellom de første utgivelsene av «Ragnhild-trilogien» (Medmenneske (1930) og Ragnhild (1931)). Samlingen inneholder 12 noveller, som alle på sitt vis handler om menneskers (av)veier gjennom livet og livsundring. «Lykke-Per» regnes som en av Duuns beste noveller.
Se faksimiler av 1. utgave, 1930 (nb.no).
Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.