Historiske balladar

Norske mellomalderballadar

Prinsipp for innskriving



1. Som ein hovudregel prioriterer vi kladden framfor reinskrifta.

2. Vi skriv inn både kladd og reinskrift når dei skil seg mykje frå kvarandre språkleg, eller når kladden er svært fragmentarisk.

3. Vi skriv inn teksten etter den rettskrivinga samlaren har brukt. Det gjeld både for vanleg rettskriving og dialekt.

4. Det er mange forkortingar i kladdane, og der sett vi inn resten av ordet i hakeparentes.

5. Rettingar og kommentarar samlaren har gjort går fram av kommentarar som noter i teksten. Enkle overstrykingar og tilføyingar er vist i den løpande teksten.

6. Vi fylgjer vanlege transkripsjonskonvensjonar. Til dømes skriv vi mm for m med nasalstrek og ø for ö.

7. Andre forhold av interesse går fram av kommentarfeltet.

8. Vi standardiserer namn på songarar og stader.


Utval av variantar

Innanfor rammene for dette prosjektet har vi berre høve til å plukka ut tre variantar av kvar visetype. Ved utvalet av desse tre ser vi etter dei mest fullstendige tekstene, men i den grad det er mogleg i eit så lite utval, prøver vi også å vise breidde i variasjon og geografisk spreiing.

Enkelte visetypar er kjent berre i ein eller to tekstar, og dette kan gje oss høve til å legge til ein variant ekstra i ein annan type.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Historiske balladar

Dei norske mellomalderballadane er forteljande viser med opphav i mellomalderen. Denne boka inneheld dei historiske balladane (TSB C-gruppa).

Dei historiske balladane handlar om historiske personar, eller dei har tilknyting til historiske hendingar, som eit brurerov, eit bryllaup, eit drap, ei krigshandling. Men historiske i eigentleg forstand er desse balladane likevel ikkje. Derimot har dei i emneval og tematikk mykje til felles med riddarballadane.

Dei fleste av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.