Historiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB C 18 Herre Karl lever fredlaus


Innleiing

Herr Karl har gjort opprør mot kongen, men mislukkast, og kongen kjem seg med naud og neppe unna. Kongen gjev soldatane sine ordre om å setje herr Karl i fengsel, i dei «tårni blå». Fru Ingebjørg, festarmøya til herr Karl, ber for livet hans og tilbyr kongen rike gåver, men kongen nektar å høyre på henne. Først når ho trugar med å brenne land og rike, set kongen herr Karl fri.

I den norske tradisjonen finst det berre éi nokolunde heilsleg oppskrift av denne balladen. Denne oppskrifta gjorde Sophus Bugge i 1857 etter Hæge Olsdotter Årmote (1787–1860) frå Mo.(Biografi: Jonsson & Solberg 2011: 466–469) Dei andre svært fragmentariske oppskriftene er også frå Mo. Bugge sende Hæge Olsdotters tekst til Svend Grundtvig, og han trykte han i Danmarks gamle Folkeviser.(DgF III: 754) Bugges oppskrift står elles i antologien Norske balladar.(Blom & Bø 1981: 131–132) Knut Liestøl har trykt ei rekonstruert form av balladen.(Norsk Folkedikting VII. Folkeviser II: 211–214)

Det finst fleire danske oppskrifter frå 1500- og 1600-talet av denne balladen, med fyldigare handling og tragisk utgang. Vi høyrer at ikkje berre festarmøya, men også Karls fire brør, ber for han, utan at det hjelper. Herr Karl blir halshoggen: «saa hug di hans huode aff/offuer hans forgylte skiold».(DgF III: 756)

Sidan Grundtvigs tid har det vore vanleg å identifisere herr Karl i balladen som den svenske stormannen Karl Algotsson frå Västergötland. Han var bror til Folke Algotsson, og då denne i 1288 – med Karls hjelp – røva den høgætta Ingrid Svantepolksdotter frå Lindön og rømde til Noreg med henne, fylgde Karl og andre brør med. Brurerovet var eit alvorleg slag mot den svenske kongens politikk, for det var meininga at Ingrid skulle gifte seg med den danske drottseten David Torstensson og slik skape grunnlag for ein svensk-dansk allianse. Folke Algotsson våga seg aldri tilbake til Sverige, men det gjorde Karl. Det skulle han ikkje gjort, for han vart gripen og halshoggen. Om Folke Algotsson og Ingrid Svantepolksdotter vart det dikta ein ballade: «Falkvor Lommannsson».

Det finst enkelte likskapstrekk mellom dei historiske hendingane og «Herre Karl lever fredlaus», først og fremst i dei danske viseformene. Men historisk i eigentleg meining er balladen ikkje.

Utsyn 188
DgF 182




Oppskrift A

TSB C 18: Herre Karl lever fredlaus

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Hæge Olsdotter Årmote, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, s. 300–302 (kladd)

Utan oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Here Kall liver frelaus.

*

1. Den eine skóren fekk kungen på fót,
den are treiv han í hendi
men då måtte han på skógjen røme,Alternativ lesemåte i reinskrifta: renne
fy here Kall måtte han renn‹e›
– Men here Kall å han liver frelaus. –

2. Kungen talar ti sineOver lina står: (aab.) drengjer
han talar ti sveinar små:
«DeAlternativ lesemåte i reinskrifta: Di sete han unge here Kall
alt útí de tårni blå!»

Under strofa står: «(fruva Ingebjør)»

3. Høyr du danske konúngjen,
hot eg seie dé:
eg by’e fy here Kall min festarmann,
bå gull å de liggendes fé.

4. «Nei gakk burt fruva Ingebjør,
den bøn kann dú alli få,
dú løyser inkje here Kall din festarmann
her ótó de tårni blå.»

5. Eg býe fyr hånom ein myllaredamm,
som svíve í femta gullkvennar,
låsanne dei æ av røde gull
å myllunne løype i jønnó.

I reinskrifta står: 6.=4.
6. [«Nei gakk burt fruva Ingebjør,]
[den bøn kann dú alli få,]
[dú løyser inkje here Kall din festarmann]
[her ótó de tårni blå.»]

7. Eg býe fyr hånom so stórt eitt syllstaup
som stende på femta gullføtar,
der svív’e inni ei líti syllkoks,
som hev gjengji í níe manns bøtar

I reinskrifta står: 8.=4.
8. [«Nei gakk burt fruva Ingebjør,]
[den bøn kann dú alli få,]
[dú løyser inkje here Kall din festarmann]
[her ótó de tårni blå.»]

9. Eg hev bo’i fy Here Kall min festarmann
bå gull å peningar mange,
du sko’ alli liva den herredag,
du skó blí boen mei fy ein fangji.Alternativ lesemåte: fan-ji

10. …Dei to første linene av strofa manglar (manglar òg i reinskrifta).

so sko eg lata ell å røde logji
leike ivi land å ríkji.

11. Eg sko [lata ell å røde logji]
[leike ivi land å] ríkji
de passar eg só líti på,
kven som leng’e av okkon sko’ liva.

12. De va danske konungjen
han talar ti sveinar små,
di løyser ‘en unge Herekall
alt ótó de tårni blå’

*

Teksten er streka over med store kryss. Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV s. 268–269

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Historiske balladar

Dei norske mellomalderballadane er forteljande viser med opphav i mellomalderen. Denne boka inneheld dei historiske balladane (TSB C-gruppa).

Dei historiske balladane handlar om historiske personar, eller dei har tilknyting til historiske hendingar, som eit brurerov, eit bryllaup, eit drap, ei krigshandling. Men historiske i eigentleg forstand er desse balladane likevel ikkje. Derimot har dei i emneval og tematikk mykje til felles med riddarballadane.

Dei fleste av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.