Kong Valdemar sender junker Strange til Beiarland for å fri til Dagmar for han. Ho følgjer Strange til Danmark, men på reisa spør ho han om kongen er like vakker som Strange sjølv. Då ho frå skipet ser kongen kome ridande ned til stranda, blir ho forskrekka over kor stygg han er. Ho ønskjer at ho var heime og hadde junker Strange på sin arm.
Ho blir gift med kongen og blir svært populær, sidan ho ber for fattige, enkjer og foreldrelause born. Dessutan ber ho om at fangane bør sleppast ut.
Sophus Bugge har skrive opp to variantar frå Fyresdal etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli og Åsne Gunleiksdotter Spokkelid. Dessutan har Torleiv Hannaas og Rikard Berge skrive opp nokre strofer etter Svein Tveiten i Setesdal.
Alle oppskriftene er påverka av Kjempeviseboka, men har også element som kjem frå andre kjelder. I setesdalsversjonen segler Strange og Dagmar tilbake til hennar land. I Åsne Spokkelis versjon drep junker Strange kongen, og Dagmar får liggje på junkerens arm. Slike moment finst også i variantar frå Færøyane og Sverige.
Historisk bakgrunn
Kong Valdemar II Seier regjerte i Danmark frå 1202 til han døydde i 1241. Bryllaupet med Dagmar (Dragomir) av Bøhmen stod i 1205. Då kan ho ha vore omlag 18 år gamal. I 1209 fødde ho ein son, Valdemar den unge, som døydde 22 år gamal. Dagmar døydde i 1212. Ifølgje ei anna folkevise (TSB C 6 Dronning Dagmars død) døydde ho i barnseng. To år seinare gifte kongen seg med Bengerd (Berengaria) av Portugal.
Kong Valdemar var faktisk einauga, slik det blir sagt i visa. Han hadde mist auga i slaget ved Bornhøved i 1227, men det var 14 år etter Dagmars død.
Utsyn 192
DgF 132
TSB C 3: Dronning Dagmar og junker Strange
Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Fyresdal, Telemark.
Orig. ms.: NFS S. Bugge VIII, 25–28 (reinskrift i anna hand, med Sophus Bugges hand i rettingar og i overskrifta)
Oppgjeven tittel: Junker Strange og Jomfru Dagmor
*
1. Kungen å junker Strangji dei sat over bór
– Mæ so mangen forgyllande fløyi –
dei snakka so mangt et gammalt ór.
– Han sigler junker Strangji mæ jomfrúva Dagmór –
2. Høyr de Jónker Strangji kot eg bée deg
dú ska reise te Beiarland å hente Dagmór ti meg.
3. Kossi kan eg te B[eiarland] fare,
eg tor ‘kje mæ Beiarlandskóngen tale. –
4. Men høyr de j[unker] S[trangji] koss eg bée deg
du ska’ reise te B[eiarland] for meg. –
5. Ska’ no eg te B[eiarland] fare
åtte par klæir so vi’ eg have.
6. 8 par klæir å níe par skó –
so plagar kongjen klæ sitt fókk.
7. S[trangji] han kom seg ti B[eiarland] fram
å kóngen han røkkte han kvíten hand.
8. Her site dú Beiarlands konge over brede bór
å kungen af Danemark sender deg bo.
9. Han sender deg bo å blie tale
han vil dí Dótter Dagmór ti hustrú have. –
10. Kungen han sveiper sitt hove í skinn,
so gjenge han seg for Dagmór inn. –
11. Eg helsar deg Dagmor kjær datteren min
vil dú fylge j[unker] S[trangji] til Danemark?
12. Dagmor hó svora alt sóm hó kann
eg haver aldrig sett den mann. –
13. Kungen han svora av si forstand
du skal fylge j[unker] S[trangji] fram. –
14. Silkje å skarlak på jóræ blei breitt
Dagmór hó blei ne at stråndæ leídd.
15. Då som dei kom seg på vegjen fram,
då spyr hó j[unker] S[trangji] kot de va’ te mann.
16. Høyr de j[unker] S[trangji] eg spyr deg í trú
æ Danemarkskungen so véne som dú. –
17. Dagmór å Dagmór dú snakk inkje slikt
når æ ténaren sin herren lík. –
18. Då som de skout si snekje fra land
då kom Danemarkskóngen né te strand. –
19. Å høyr j[unker] S[trangji] eg talar ti deg
kot æ de for ein fussi som her kjeme hit.
20. Dagmór å D[agmor] dú snakk inkje so,
de æ den herren, som dú ska få. –
21. Han va’ både gróv å hærelút
å de høgre auga va’ sprukkji ut. –
22. Gud gjøve eg va’ på min faders land
eg ha deg j[unker] S[trangji] uppå min arm.
23. Han tog hende í hånden med ære,
då sille ho Danemarkes dronning væra.
*
Strofene er unummererte i manuskriptet.
TSB C 3: Dronning Dagmar og junker Strange
Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli, Fyresdal, Telemark.
Orig. ms.: NFS S. Bugge q, s. 20–22 (kladd)
Oppgjeven tittel: Junker Strange og Jomfru DagmaarTittel i reinskrifta: Junker Strange og Jomfru Dagmaar
*
1. Å ska’ no eg ti Beiarland fara
– Mæ mange forgyllandes fløy –
åtte klæepar de må eg have.
– So sigler junkar Strangjil at hente jomfru Dagmøy –
2. Kungen hev seg ein fiskardam,
der hentar langt flere enn kungens land.
3. [Kungen hev seg] eit fiskardikji
[der hentar langt flere enn kungens] ríkji.
4. Då dei kom sigland ti land
då kom kungen rennandOver ordet står: gangand? på hvídan sand.
5. Hot æ de for ein skjåge svein
som spretter gjúra kring hestebein.
6. Kjære mi Dagmøy du snakk inkje så,
de æ den herren dú ska få.
7. Gud gjæve eg ha vori på min faders land
å havt han herr Strangjil på min arm.
8. [Gud gjæve eg ha vori] í [min faders] rikje
[å havt han herr Strangjil] innved min sie.
9. Strangjil han drog sin kåri blå,
so hoggji han kungen i lytinne två.
10. No heve skjøn Dagmøy forvunniAlternativ lesemåte: forvundet sin harm
ho kvær nått sove hó på Strangjils arm.
11. [No heve skjøn Dagmøy forvunni] sin kvide,
[kvær nått sove hó] mæAlternativ lesemåte: ved [Strangjils] síe.
*
Strofene er unummererte i manuskriptet.
Reinskrift: NFS S. Bugge VI, s. 111
TSB C 3: Dronning Dagmar og junker Strange
Oppskrift: 1913 av Torleiv Hannaas etter Svein Tveiten, Bykle, Setesdal, Aust-Agder.
Orig. ms.: EFA T. Hannaas 425, 52
Oppgjeven tittel: Herr Strangji
*
1. «Hott æ de fy ein den sorte mann
som rie sin gangar på kvitan sand?»
– I dag sigler junkar Strangji
mot a skjøn dronningAlternativ lesemåte: Jomfru Dagmøy. –
2. «Kjære mi jomfru (du) tala kji so
for de æ den herren som du ska få.»
3. «Nei eg vi kje hava den sorte mann
men du Strangji du sit’e so fast i mi hond.»
4. O S[trangji] h[an] snudde sitt skjip umkring
h(an) siglde ti bakars i mote-vind.
5. O S[trangji] h[an] strama sin segl
. . .
*
Strofene er unummererte i manuskriptet.
Til venstre for oppskrifta står: Kongen hadde sendt S. av og skulde henta jomfrui Kongen siglde av og vilde faa jomfrui. Strangji saag paa daa kongen reid paa land S. hadde kytt upp Kongen. Men ho vilde kje ha denne Svartingjen. S. siglde til hennar land att
Under tittelen står: (Etter Knut Bjaai)
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Dei norske mellomalderballadane er forteljande viser med opphav i mellomalderen. Denne boka inneheld dei historiske balladane (TSB C-gruppa).
Dei historiske balladane handlar om historiske personar, eller dei har tilknyting til historiske hendingar, som eit brurerov, eit bryllaup, eit drap, ei krigshandling. Men historiske i eigentleg forstand er desse balladane likevel ikkje. Derimot har dei i emneval og tematikk mykje til felles med riddarballadane.
Dei fleste av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.