Blind-Anders

av Olav Duun

Den eine og dei andre

233Ein veit ikkje av før ein er åleine, sa Anders ein kvelden. Slik gjekk det han Helmer Pålsnese, slik har det gått fleir: ein stod der åleine midt imillom venner og kjenningar.

Dei fortalte slik om Helmer Pålsnese, gammalt folk:

Han var eldste sonen på den eine Pålsnesgaren. Faren var død, og mora sat med garen; ho heitte Ane-Marja. Men det var Helmer som stod for styre og skulde ta ved garen; han skulde berre gifte seg først, og gjenta var alt utleita for han: Det var ho Sissel, dottra på Kvingstad. Det var ei gasta gjente, vart det sagt. Det same sa dei om han Helmer: ein gasta kar i eitt og alt, dei fann ikkje ein gong utsett på han da han vart forlova. Først og fremst var han ein godslig kar, eit godt menneske dei kallar. Støtt visste han å ta tingen frå rette sida, og der ufred og krangel kom på, der var det gjerne hans sak å få gutane forlikte att.

På Holm sat det to ungkarar og brør med garen den tida. Erik og Iver heitte dei, og var på alder med Helmer. Om dem vart det fortalt, at 234dei var to gladværuge kroppar, som var velkomne i lage bygda rundt; men dei hadde den vanen at dei drakk med nokon skjenkte, og da vart dei kåte og gælne og fann på mangt, både godt og vondt; da kunde dei bli tålig leie til å terge folk. Da var ofte Helmer Pålsnese god å ha i nærheita; og han og dei var gode grannar. – Det fanns ikkje vondt i dem, sa folk, berre kjæta og kjeften som regjorde med dem.

Det var tiend-tak på Segelsund den tid som no, og skikken var, at dei var på bua og fekk seg i-målt halvpæl og annan, etter kvart som dei hadde klara tienda, og smått nubba og skjenkte kvarandre; det var ikkje tiendtak meir enn ein gong om åre, da som no, og jula sat i enda; dei kunde bli dyktig pratsame, mange av dem. Ingen såg noko gale i det. Fritt var det ikkje at dei kom opp og krangla urlite, og hende det seg kunde det òg, år og anna, at det bar i hop med eit par: det var aldri så det gjorde noko. Oftast gjekk einkvan imillom og fekk dei åtskilde. Vart nokon for klåfull, så var det alltid einkvan vaksenkaren i lage som steig til og ruska borti dem. Det var utrulig sjelden at dei naus i hop på synd og vondskap.

Den gongen eg skal fortele om, gjekk det så til, at Holm-gutane var ferdige å ro heim med det same Helmer fór. Det høvde bedre for dei nordantil å ro til Segelsund i dei dagane, det var kleint med veg. Helmer var åleine, og stod alt i færingen da dei kom nedtil og sette ut sekstringen. Dei 235bad han vente ei blink, så skulde dei kapp-ro heimover, dei skulde da same vegen. – Ja, sa Helmer, men det kunde aldri bli langt lage, når det var ein imot to. – Da lo dei, og spurte om det var berre skryt at denne færingen hans var så lettrodd? Eller kanskje han skulde innom på Kvingstad, til kjæresten, og var redd å ha dem med? Dei gav på og terga han, dei var så høvelig skjenkt.

– Ja no ror eg, sa Helmer, han sette seg i årane.

Dei andre to tøla og heftast litegrand enda, og ropa einkvart etter han; så bar det i roinga med dem òg. Dei rodde hardt, for dei var godt på mote, som sagt, og dei visste Helmer var leistellt å bitast med i båten. Folk stod nedmed sjøen og oppmed husa og såg etter dem.

Ut i fjorden eit stykke møtte dei nordausten, ein heil hamping og mest stikk i stemn for dem i første take. – Det vart kappror med motvinden det der, sa folk, dei såg kor han auka fort vekk. – Dei må no vel ha det vette at dei snur, sa dei. Men dei hadde ikkje det. Helmer han rodde for å halde seg unna dem, han hadde vel fått det slik for seg, og dei for å vinne innpå han og framom, det vilde vera skam anna. Båe båtane heldt seg oppunder austlande, for der livde det av ein og annan odden.

Kvelden vart det, og ingen ende på roren. Det bar ikkje fram lenger. Da legg Holm-karane inn årane og mastrar opp, dei gir han segle og fer 236skråss over fjorden, meinte vel dei skulde slå seg oppunder heimlande så vidt at dei fekk livda derifrå. Det hender at sjøfolk missreknar seg i brennvine.

Dei kom midt borti fjorden, så kom segle vekk. Straks etter hørte Helmer at dei ropa. Stormen var så grov, det var ikkje vêr på vatne for ein færing; rodde han så tvert oppunder austlande, tenkte seg til Kvingstadnese og få i folk og ein større båt, det var ikkje lang vegstubben dit. Han rodde som det stod om live, som det stod om to liv. Og fram bar det, men det var berre så vidt òg; han rodde til det svartna for auga. Sjøen rauk som oska. Og dei nedpå fjorden ropa om hjelp. Da han svinga om odden og hadde teke verste take, såg han det fór båt ut frå Kvingstad. Kva han da tenkte, fortalte han aldri noko om, men han snudde og la til fjords att.

Dei hadde alt berga dei to på kolve da han kom til. Han hadde ikkje noko der å gjera. Det var Bertil Kvingstad og dottra, ho Sissel, som hadde berga dem. Dei hadde set tilborden og fare i veg slik dei gjekk og stod, med ein stor sekstring.

Iver Holm var det smått med, og inga tid til å tenke på han, det var berre å kava seg til lands. Helmer ropa til dem, om han skulde komma innpå til dem og ro, han tenkte å sleppe færingen. Han hørte ikkje kva dei svara; men dei var fullskipa på sekstringen, så dei rodde han slikt det 237var. Dei vann seg i land på Holm. Helmer hang med, og lenger kom heller ikkje han. Han var med og bar Iver opp frå sjøen; dei bar han som ein død ein. Sissel gjekk etter og stødde Erik, for hævare var det ikkje med han heller. Dei bala lenge med Iver før dei fekk liv i han. Helmer stod attmed så bleik at det lyste av han. Han lea ikkje på seg før Iver kom til seg og var skikkelig i live att. Da snudde han seg og sa til dem som stod der:

– De kan vera glad, alle samen. Men mest glad må eg vera!

Erik spytta inn i varmen og kaldflirte; så sa han:

– Ja, du let oss no ligge i lengste lage. Men: du kom da til slut. Du får ha takk du òg.

Dei lo, nokon kvar, og Iver med, der han låg. Kvingstadmannen og Sissel dei tagde.

– Eg vart for sein ja, sa Helmer. Eg meinte eg skulde få tak i større båt.

– Ja ja, no skulde dei ha skjenk alle tre, sa Erik. – Så glømmer vi resten, sa han.

Da kremta Bertil Kvingstad både høgt og hardt, og så sa han:

– Ikkje som eg glømmer det. Eg hadde rett venta meg meir tå værsonen min. Kva synes du, Sissel?

Dei såg på henne alle som i stua var. Ho beit seg i leppa og sa ikkje orde.

Helmer vart enda ein mon kvitare i kjakane. Han såg på henne og ifrå henne. Så lo han:

238– Hadde det ikkje vore for hennar skyld, da hadde eg ikkje stått her slik eg no gjer.

Men da retta Sissel seg bein og sa, dei kunde sjå ho skalv kring munnen:

– Det var enda verre! Ja da vil eg ikkje ha deg, det er eit ord og det er visst!

– Nei nei, sa Helmer, og så sa han farvel og gjekk, vilde ta seg fram landveges til Pålsnese.

Holmgutane lo høgt etter han, han såg så hjartans tom ut i klæane, syntes dei, og ikkje meinte dei det var så stor ulykka skjedd heller at det var større å syte for.

Ivar vart liggande sjuk etter denne ferda, men han kom seg på føtene att og var den han hadde vore. Folk snakka i det som hadde hendt, og den eine tykte det og den andre det. Dei tykte meir vondt om Helmer enn dei lasta han for det, men oftast lo dei litt til han. – Eg kom for seint ja, hermte dei. Og arti skulde det bli å sjå om ho Sissel gjekk attpå orda sine.

Helmer heldt seg heime. Men orda deira kom til Pålsnese òg, kom rekande med vêre, slik vonde ord plar gjera. Han smilte, når han hørte kva dei tala i. – Det må no vel gå over ein gong? sa han med mora.

Ho sa det gjorde han ikkje å gruve for; det gjekk over som alt anna leit. Men ho såg etter han alt i eitt og hadde ein vond ir i seg. Det måtte ha teke han vonoms tyngre, så rar som han gjekk der. Og reint vondt i seg fekk ho, da ho hørte han 239vilde på dansen, det hadde gått ein månads tid eller så; men ho sa ikkje noko.

– Eg vil no sjå dit, etter som dei har bedt meg, sa han. Han sa det eit par gonger, han gjekk og somla og vart ikkje ferdig til å gå.

Dei var i full leik da han kom, og ingen gav han større ans for det første. Litt etter kvart vart dei vâr at han stod der så still. Det vart stilt i stua best det var: dei hadde set han alle. Dei syntes han stod der og bad for seg. Så vilde dei vera vaksne folk og snakke med han liksom dei ingenting kom i hug. Men han såg berre på dem; dei måtte tru han hadde ikkje set dem før. Han såg hoven ut, når dei såg litt velare på han. Ein og annan kremta litt, og somme lo litt; og des meir hoven vart han å sjå til. Så gjekk han beint over golve dit Sissel sat, og helsa god kveld til henne. Hø såg opp, så vidt.

– Kva seier du i kveld da? spurte han.

Dei syntes munnen på henne var eit kvitt strek i andlete.

– Eg seier berre det, svara ho, at du er seint ute i kveld òg.

– Skal du aldri slutte med å seie det da? sa han, han prøvde

å le.

– Jau, når du aldri kom meir, så sa eg det ikkje meir, lét ho, reiste seg så og gjekk ifrå han.

Dei hadde litegrand i hovude, og no kom dei og skulde snakke vel med han, så det ikkje vart for tungt for han og noko slag ulyd i leiken, han 240skulde slå det der ifrå seg, det var ingen ting, han skulde vera like glad, som guten som gjekk og gret, han skulde ha skjenk, skulde komma og danse! – dei var i kring han med all slag gode ord. Helmer han stod som stauren i jorda. Dei sa det sia, alle mann, at dei meinte ikkje ei doft av vondt med det, det kom slik av seg sjøl: Dei tok han og vilde bera han på gullstol.

Enno prøvde han å le, men han gjekk unna dem, att-å-bak mot døra. Han såg og såg på dem, først daubleik og sia mørk raud. Fer så villskapen i han, før dei får blunk for seg, han tek ein stol og svingar han over hovude på seg, hyttar mot dem og murrar som ville dyre. Slær så stolen i golve så spillrane flyg, og dermed legg han på døra. Dei etter, spring i måneskine og godvêre, dei vil ringe han inn, vilde i kast med han urlite, han skulde ikkje vøre å gjera seg til tosk; dei fortalte det truverdig sia, kvar for seg. Kvinnfolka stima ut og skulde sjå.

Øvst oppi gjorde, oppmed garen, nett med det same han skulde smette inn i skogen for dem, stana han og bia. Han ropa til dem:

– Eg har drømt alt i hop hittil, men no har eg vakna. No skal de akte dykk!

Han var så ifrå seg i måle, at dei tverstana framfor han og vart ståande. Gabriel Moholmen var ungguten den tida; han steig fram og sa til dei andre:

241– Lat oss gå inn, og gi ‘n fred! Det kan enda vera hardt nok å vera han.

Dei så gjorde, dei snudde og leita nedover att. Men dei var ikkje langt komne, før han Helmer kom ropande etter dem og midt inn i flokken.

– Det der skal du ikkje ha sagt for ingenting, Gabriel! ropa han, – flaug så beint på han og slo han over ende. Han slo over ende eit par til, som kom i vegen for han. Han snudde seg rundt og baud dem kvast, heile unglyden, han synte kniven.

– De trudde eg var eit godmenne, de, skreik han, men eg skal fortele dykk anna eg, for her står eg som eg er, ein ærelausing, ein farlig ein.

Dei visste ikkje å fortele kor det kom seg, men dei veik unda, dei kjente seg ikkje huga på å slåss den natta; og ikkje såg han trivelig ut heller. Da lo han til dem og gjekk sin veg.

– Gutskitar! ropa han etter dem.

Dansen gjekk sin gang, til lysan dagen. Men i kvar kvila snakka dei om ‘n Helmer. Somme av karane vart hjarta på å gi han smurning, han hadde vore ei sålbot til kar all sin dag. Andre sa at dei la ikkje vette sitt attåt ein tullut mann, ein fekk komma i hug kor glup ein kar han hadde vore. Alle vart einige om at det var ikkje deira skyld; så fekk han gå der og olme til det gav seg. – Berre han ikkje gjer ei ulykke på seg før den tid! anka kvinnfolka seg. Sissel var bleikvori, men ho heldt seg hard og sa:

242– Det var godt det kom fram som budde i han, om det ikkje var godt! og så dansa ho att. Ho var tå eit storhjarta folk, som dei sa den tida.

Dei hadde mest glømt han om morgonen da dei kom ut og skulde heim. Det var mange som var roande, og så vart dei andre med nedåt støa og skulde sette ut båt, dei var der heile mannhusingen. Da står han der nedmed naustveggen. Han hadde gått ute i sprettfroste heile natta, kunde dei sjå. Eit par av gjentene vart så ilt med, dei gav eit lite rop frå seg. Karane kom seg fort, for dei hadde smått mota seg opp all natta utetter og var tålig velstellt.

Helmer sa ikkje orde, men tullut såg han ikkje ut. No vilde dei ha litt trøyheit med han før dei fór, dei vilde vita kva han stod der for; nokon vilde skjenke han. – Han rista berre på hovude.

– Du held deg for god da, kan hende? erta dei.

Han nikka, at det gjorde han ja.

– Men du byd ikkje juling da? undrast dei.

– Nei, sa han. For no har eg set meir enn i sta. Eg har set oss alle i hop. Vi er ærelausingar kvar ein. Det bur varg i dykk, veit de det? Og no vil eg ikkje meir. Eg seier nei. Nei, hører de!

Dei ropa den eine over den andre: – Jaså, han vilde ikkje meir? Kva var det han ikkje vilde? Dei lo og tykte han var trøysam, karane, og gjentene måtte le med, men dei hadde vondt av han 243òg, prøvde å snakke skikkelig med han. Det hørte han ikkje.

– Men eg må sjå heim til ho mor først, sa han. Sia kjem det ein annan dag. Til slut så kjem den store dag, gutar!

Det fór kaldt i dem da han sa det. Da vart dei vâr han stod med ein staurende. Dei sprang på han, eit par karar, og vilde ta ifrå han uverja. Med ein gong var han svart i andlete, han rykte til seg stauren og slo blindt i kring seg; han slo så dei datt i kring han. Det vart eit bask før dei vann på han og hadde han under seg; det rann blod. Dei låg still eit tak og pusta seg opp, visste ikkje rett kva dei skulde gjera. Kvinnfolka bad dei fara vakkert med han. Sissel gjekk derifrå.

Da sa han nedi snøen:

– Berre slå karar! Slå, seier eg!

Dei let han vera. Dei sette ut båtane og skildest. Helmer, såg dei, tok stranda frammed og heim.

Og heim kom han. Det skræmte mora slik, da ho såg han kom, at ho torde ikkje flytte på seg. Ikkje sa ho noko, og ikkje sa han noko; men ho sa det sia med einkvan: Det bars meg for, at det som hadde skjedd, det hadde gjort ende på alt for oss båe to.

Mat smakte han ikkje, og ikkje sømn; slik gjekk han eit par døgn heime. Så ein kvelden vart han borte. Han kom ikkje att meir. Mora og 244søskena leita, og grannefolk vart med og leita, men det var ikkje minste far å finne etter han. Det var skaraføre, så dei kunde ikkje sjå enten han hadde fare til skogs eller på sjøen. Dei gjorde manngar sistpå, fór over heile bygda, så uhuglig var det.

På Kvingstadnese – det var berre ein smågar det i dei dagane – hadde dei ei dotter som heitte Barbro. Mannen sjøl låg til sengs, han var giktbroten, og dei andre søskena var ute på kvar sin kant, så Barbro var åleine med mora til å drive garen. Ho var ikkje over tjuge år den gongen, men det hadde alt vore mykje snakk om henne. Dei hadde skylda henne for at ho hadde stole eit lam. Det sat på henne enda.

Millom Kvingstad og Kvingstadnese, ytterst utpå Hesthammaren, stod det frå gammal tid ei furu, Hesthammerfurua dei kalla, eit stort vindvridd tre på fleinblåe bergskallen, stod og luta seg ut over sjøen. Det hadde hendt seg, sa dei, at einkvan smågutgalningen kleiv ut i furua og sat der og såg ned i sjøen, eit stort hundre famner ned, – det var få som trudde det; og den siste som hadde vore der, vart det sagt, han skulde ha vorte som ifrå seg da han kom inn på fast land att. Tett nedafor furua var det ein liten bergtrapp, med fint gras sommars tid, og der hadde lam-skarven hoppa nedpå og sat i berg. Det kom aldri sau opp derifrå med eiga hjelp. Karmennene 245på Kvingstad var i setrane og slo, og dei i plassane var med, og der stod lamme og brækte og bar seg, eitt døgn og to døgn; det fanns ikkje menneske heime som våga seg utpå. Det var ein husmann som åtte det.

Tredje morgonen, da karane kom og skulde ta det, var det borte. No kunde det ha fare utover flauge og i sjøen, men det var ikkje likt til det. Ørna kunde ha slege det og fare med det, men det såg ikkje ut til det heller. Der var tydelig far etter ein berrfot i molda nedpå trappen, dei våga seg ned ein om senn og såg det. Det hadde vore ein bergingsmann der føre dem.

Snart etter var det ein som vart vâr eit ferskt lamskinn i vedskotte på Kvingstadnese. Mannen sjøl i garen hadde vore skylda for stulder ein gong, det hadde vore smått for han i førstninga. No fekk dei det ikkje ansles til, enn at lamme måtte ha vorte berga heim dit. Orde gjekk og gjekk, bygda rundt og attende til Kvingstad; så kom det til Kvingstadnese òg. Og at ho Barbro hadde vore bergingsmannen, fortalte seg sjøl å kalle, for faren var sengliggande, som sagt, og mora ho var gammal og svimren, gjekk enda med stav, og kunde aldri ha klara det. Barbro bad folk dit, dei skulde sjå merke i øyra på skinne, at det var gammalt merke, og deira merke, ho var stø på dei skulde ta henne fri med ein gong. Ho vart mållaus, da ho såg dei ikkje trudde henne, og da ho fekk opp måle att, snakka ho seg i gråten 246framfor dem. Det såg ut som dei ikkje trudde henne enda, og da tagde ho.

Sia tagde ho for det meste. No var det mange som trudde henne like vel, og etter kvart gjorde visst alle det, og snakke stilna av. – Det var no inga ku, som dei sa. Men Barbro var ikkje lik seg etter den dag. Ho som hadde vore så lett for bringa støtt, ho vart no gåande og tie og lide vondt. Det var snart berre auga att i andlete på henne, og dei var enda mest lik til at dei ikkje såg eller sansa noko av det som i kring henne var. Snild og blid var ho som ho hadde vore, og ikkje redd folk, men ho kjendest ikkje ved nokon som kom og snakka med henne, ho såg berre ut i tomme lufta. Ved denne tida hadde dei arva litt pengar. Dessutan hadde Barbro det med seg, at gutane tykte om henne. Dei gav seg i snakk med henne den eine etter den andre – det var inga hjelp i det. Vettugt folk sa med henne, at ho skulde ikkje sitte slik og tenke seg helselaus på det som ikkje var til meir; – det er ingen som trur slikt om deg no lenger, sa dei. – Nei, ikkje no lenger, svara ho. Ikkje no lenger, det var gjerne orda hennar. Og med kvart kunde ho stirre på ein og seie: – Det har berre vorte så rart alt i hop.

Ein kvelden sa ho med Sissel Kvingstad, ho kom ofte og såg til henne:

– Det kunde ha vore så vakkert i verda, 247når berre folk visste det dei ikkje veit! Ho gjømte andlete og gret.

– Men det er da ørna som har teke det der lamme, sa Sissel.

– Det kunde eg ha trudd før ja, svara Barbro. No ser eg for mykje til det.

Den andre meinte at smått om senn kunde det snu seg.

– Ja, visst det skjedde eit under, sa Barbro. Og det er det eg ventar på. Når all bygda fekk sjå kven tjuven er, da kanskje det lysna for meg, sa ho.

Slik var ho det åre, og slik var ho åre etter. Slik var ho den vinteren han Helmer Pålsnese kom bort. Da ho hørte om det, kom det nytt liv i henne. Ho spurte og hørte seg for, til ho visste alt som dei visste om det. Ho gjekk i ei undring heile tida. Da dei fortalte at han ikkje fanns meir, sat ho og smilte.

Og lenge var det ikkje at det var stilt om han. Ein morgonen stod det skore inn tre bokstavar i ytterdøra på Holm, der stod ILD, – der den gongen, ein annan gong på Moholmen, ikkje lenge etter på andre sida fjorden, på Kvingstad. Ein dagen stod det på døra i sjølve prestgaren. Det var mykje til mann den presten, både på stolen og elles, men dette visste han inga råd med. Folk heldt vakt i kvarmanns hus, så skræmt var dei, men dei tre bokstavane synte seg fleire og fleire 248stader, og ein morgonen fann Holms-karane tollkniven sin attmed seg på hu’-gjerde da dei vakna.

– Den mannen ser verda frå ein gal kant, sa prestfar; – dei bad for Helmer i kirka.

– Ja, han ser det han ikkje skulde sjå, sa Barbro da ho hørte om det.

Dagen etter rodde ho over fjorden til Pålsnese. Ho vilde snakke med mor hans. Ane-Marja var lite i stand til å snakke med nokon, vilde helst ikkje råke folk, men Barbro kom ikkje slik at ein kunde vise henne frå seg.

– Eg har set han Helmer, sa ho. Ho hadde set han for seg der han sat inni marka, fortalte ho.

– Trur du du finn han da? spurte Ane-Marja.

Det trudde Barbro fullt og fast. Eit forjaga og forvilla menneske skulde ho finne. – Eg trur enda eg får han til slut, sa ho.

Ho var inni marka og gjekk den natta, mo åleine, ho gjekk og song, fortaltes det. Og da kom han til henne. Ho vilde vita kor han heldt til, og om han ikkje fraus og svalt i hel. – Han spurte berre kva ho vilde han.

– Eg vilde finne deg, svara ho.

– Har du mat med? spurte han.

Det hadde ho, og den hogg han, og til å eta som eit dyr.

– Det er frå mor di, sa ho. Eg skulde helse deg frå henne.

249Han svara ikkje noko på det.

Ho heldt ved: ho spurte om han ikkje skulde sjå heim til mora?

– Nei, no har ho mista meg, svara han

– Du må ikkje gjera det, Helmer! sa ho, best ho stod.

– Du meiner det som skal skje på den store dag? sa han.

– Ja, det var det, sa ho.

Da sa han: – Eg vil brenne opp kvar ein gar. Eg legg dem lik, alle som imot meg kjem. Eg vil gjera det snaut all stads, for synda har komme inn i verda, og eg er den som ser det. Logen skal stå til himmels, så Vårherre sjøl må ut og gjera einkvart med det, han som har allmakta, han skal spøre kva det er, og da skal eg svara han: det skal bli ein stor dag ja! sa han.

Han snakka over seg som ein drykkjen mann.

Barbro spurte om ho ikkje fekk vera med han den dagen. – For du treng hjelp, sa ho.

Da såg han lenge på henne. Så sa han: – Ja, eg gjer det du.

– Men du skal vente på meg, sa ho. For det er noko eg må vita først. Ho fortalte alt som hadde bore henne imot, og han stod still og vettug og hørte på. – Eg må vita kven tjuven og løgnaren er, sa ho, all bygda skal sjå han før ho går opp i røyk.

– Ja, han skal fram på den store dag! sa Helmer.

250– Og no kjem du og blir med meg heim, sa Barbro. Der er du gjømt, og der kan vi snakkast ved og legge over.

Og så utrulig det er, så kom han og vart med henne. Ho snakka med mor si, og dei vart samrådd om å gjømme han på lofte til så lenge. Han hadde lidd hundvondt med han låg ute, han fortalte han vilde ikkje ein gong stela seg mat frå så vondt folk, men han fortalte ikkje kva han hadde levd av; han var ikkje mann for å reise seg dei første dagane, da han endelig hadde komme i seng. Da han hadde vunne seg til eit grand, gjekk Barbro fram fløtt for fløtt etter det ho hadde tenkt ut. Ho fortalte eitt og anna frå bygda, kva dei gissa på og kva dei sa om han, kva den meinte og den meinte. Så slutta ho med det, i rettan tid, for da var han alt vitensjuk og vilde høre alt, så det stod til liv med han, meinte ho. Ho syntes ho hadde drømt at dette var vegen ho skulde gå med han.

Barbro hadde lovt med seg sjøl ein gong, at ho aldri skulde lyge ei løgn om ho var aldri så lita. No kom ho i skade for å gjera det lel, ho fortalte det beint fram, til mor hans. Han spurte kva dei på Kvingstad sa. Ho sa som sant var, at dei òg undrast på kor det hadde vorte av han.

Helmer sat litt. Så sa han i stor sorg:

– Å ja, dei gjer vel ikkje meir enn undres, kan eg tru.

251Da var det at det fløktest litegrand for ho Barbro. Ho sa:

– Der er ei på Kvingstad som gjer meir enn undres. Ho Sissel søv ikkje lang sømnen om natta.

Ho såg det tok i han, og trudde ho var på rett veg. Så nemnte ho einkvart meir om at Sissel tok det tungt for hans skyld. – Ho sørger enke, sa ho.

Han sa ikkje meir den dagen, og ikkje dagen etter heller, men dei kunde merke det gjekk i han. Tankane hans hadde teke eit anna far. Om kvelden næste dag kom han ned i stua, han sat i omnkråa og stikka tennene og smått mumla. Dei hørte han nemnte orde enke, eit par gonger. Litt hadde vore, gjekk han på lofte att, og da hørte dei han sa med seg sjøl:

«Det du gjør, det gjør snart!»

Dei hadde fått illt i seg dei to kvinnfolka, men dei visste ikkje noko å gjera med det. Dei gjekk og la seg.

Om morgonen var ikkje Helmer på lofte, og ikkje nokon-stads på garen.

Same morgonen vart dei på Kvingstad vâr eit syn, først han Bertil og så Sissel, og sia dei andre. Det hang ein mann i Hesthammarfurua. Dei kunde sjå han frå stubrua heime.

– Han Helmer! sa Sissel.

– Ja der har vi rømlingen, sa Bertil.

252Og det såg dei alle.

Kona på garen, ho Gurianna, var den som sist kom ut og fekk sjå det. Ho gav frå seg ei ulåt som var styggare enn stygg, enda så sterkt eit kvinnfolk ho var. Og da ho kom til seg att, ropa ho i ville nøda:

– Osså i den furua da! Attmed der lamme stod!

Ikkje visste dei kva ho meinte med det, og ingen ans gav dei det heller. Dei såg etter korles det gjekk med Sissel, så vidt. Ho klara det tålig.

Tidna om mannen i furua gjorde ikkje vegen lang frammed fjorden, så utpå ettermiddagen hadde det samla seg ein heil folkskroll på Hesthammaren. Lensmannen var der òg, han skulde stå for og skjera ned like; og hans sak vart det korles ein det skulde få gjort.

Det var ei nød. Det lét seg ikkje gjera å få han ned. Furua var gammal og sprø, det knaka i rotfeste på henne først ein kleiv eitt føtt utetter. Ho bar ein, og han hang der alt. Han hang der og dingla utover avgrunnen; dei fleste stod ikkje ut å sjå på det.

Lensmannen og nokre andre meinte dei fekk felle tree med mannen i, så fann dei att han i sjøen. Sissel sat der heile tida. Ho sa at det skulde ikkje skje. Bertil sa det same, da han hørte det. Han sa at da fekk heller han våge seg ut og løyse han, – det var kanskje ikkje for mykje om eg gjorde det, sa han.

253– Ja du eller eg, sa Sissel.

Men da vart Gurianna reint utor det, tok i Bertil og vilde dra han vekk. – Det var her lamme stod! kviskra ho, det var her lamme stod!

Bertil hadde vore bleikleta der han stod. No vart han grå. Alle såg på han, og han på dem. Tok han så tauge ikring seg, bad dei halde det stint, og kleiv utetter furua med ei line i handa. Kvar augeblinken venta dei at furua og han fór stups nedgjenom lufta. Gurianna seig i hop og jamra seg så ein og kvar hørte det.

– Det var her eg stal lamme, det her går aldri vel!

Men det gjekk vel. Bertil fekk lina kring han som hang, skar han så ned og fira han til berge etter som dei hala inn. Kom han seg så att-ende inn på fast grunn, tok i handa til kona si og leidde henne heim.

– Dette er den store dag, sa Barbro, ho hadde stått der heile tida. Og no er han Helmer min og ikkje din, sa ho til Sissel. Ho fortalte alt som var å fortele, og sa at no vilde ho ha like med seg heim. – Eg har da drømt eg skulde få han, når ingen annan vilde ha han; så var det vel slik det var meint, sa ho.

Mor hans kom dit i det same, og ho sa at det skulde bli som Barbro vilde det. – Ho var den siste som åtte noko i han, sa ho. Eg reknar det slik at ho har berga han like vel, la ho til.

Så måtte dei bera like til Kvingstadnese, og 254derifrå kom det i jorda på det vise det var. Barbro sa det med Ane-Marja, da ho hadde fortalt allting frå først til sist:

– Eg skulde aldri ha ønska så stort som eg gjorde. dyrt var det å få fram tjuven. Og så la ho til: – No veit eg mindre enn før.

Sissel Kvingstad vart gåande som enke all sin dag, og Barbro slikt slag. Korles det gjekk dei andre, veit eg ikkje, men slik gjekk det med han Helmer. Så sa dei, når dei fortalte det:

– Det er lykka det ikkje hender noko så gale no for tida.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Blind-Anders

Blind-Anders kom ut i 1924 og inneholder ti fortellinger. Her møter vi igjen Anders fra I blinda (2. bok i serien Juvikfolke). Blind-Anders har blitt en gammel mann som holder seg mye for seg selv. Men av og til kan han lokkes ut og da kommer det gjerne en fortelling, enten fra hans eget liv eller et eventyr.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1924 (nb.no).

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.