25Det var same kvelden, etter kveldsmaten. Dei purra Anders etter den stubben han lova dem her i kveld. – Ja ha, det var no i den tida det, sa han. Det kan vera like bra no, eg seier ikkje om det. Så retta han seg opp, med hendene på knea:
Det har komme frammandfolk til Moholmen no. Den tida eg var ungguten, heitte mannen der Gabriel. Dei hadde sitte på garen son etter far frå uminnes tider. Moholmen var rekna for ein storvoren gar, og ein god gar, og han Gabriel sat i velstand. Ein kunde merke han visste om det, men elles var han den stautaste og greiaste mannen på langan lei. Og godt gift var han. Han hadde 3 døtter; ingen son. Massi heitte eldste dotra, det er ho eg skal fortele om. Ho var både vakker og snild; eg var for ung enda, men eg minns henne så vel, ho var høg og bein, og så lys i holde og så god i auga, at ein kunde bli ståande og glåme etter henne der ho gjekk; dei vart så, mange. Når ungdommen var samen, og ingen spellmann, da kunde dei få henne til å tralle slåtten for dem, ho hadde overlag til godt mål og var hjartans lettliva. Først når ho Massi var med, 26vart det det rette live i leiken; det var det same om ho lite eller ingenting sa.
På Nessa-stranda, midt for Moholmen, ser de tufta etter hus enno. Der budde ein plassmann, han heitte Andreas. Han var elles tå garfolk, ifrå Nesse, og han baska bra heile tida; men anna enn husmann var han ikkje, som sagt, og den tida hadde ikkje silda komme enda og gjort husmannen jamgod med garmannen. Tarald heitte sonen hans, det var eit gammalt namn i slekta, og alle som heitte det, var karar som tok seg fram, det hadde seg slik. Han var på alder med Massi. Kva ho såg på han, veit ikkje eg, dei visste det ikkje nokon; han var berre som ein annan ungdom; men han vilde ho ha. Dei andre som baud seg fram, lo ho berre til. Massi og Tarald dei forlova seg sjøl, som folk sa. Men kvar gong han nemnte han vilde gå til far hennar og høre seg for, vart ho motlaus. – Nyttar visst ikkje, sa ho. Vi får vente, sa ho. Men Tarald sa: Eg tykkjer da eg har venta lenge nok og enda litt til. – Ventar han for lenge som ventar på noko godt da? lo ho; Massi lo støtt mest, same kor gale det var. – Ja, eg, er ikkje skapt til å vente, sa han. – Ikkje eg heller, svara ho. Men på deg kunde eg vente i tjuge år, sa ho.
Ho fortalte mor si at ho vilde ha ‘n Tarald bortpå Stranda. Ho vart vill, og huta gjenta: ho måtte ikkje komma med slikt snakk der i huse! Gjenta gjekk til faren, og han, han lo berre til 27henne, slik ein ler til barne når det kjem og vil bytte bort sølvskillingen sin i ein kopparskilling. Massi sa ikkje noko meir, – ikkje til Tarald heller. Men han måtte ha forstått det lel. Heller ikkje han sa noko. Ein kvelden rodde han over vågen til Moholmen, gjekk beinast til gars og spurte etter ‘n Gabriel. Han fann han inni stua. Mest heile huslyden var inne, men Tarald beit seg ikkje i leppa for det, han bar opp målemne og fria som ein annan kakse. Det vart drypstilt i stua. Dei ønska dei hadde vore ute, dei som sat der.
– Ja du har ikkje noko imot det? seier Tarald.
Gabriel la frå seg støvlen han sat og lappa. Sveitten stod han i skallen.
– Du trur no vel ikkje du skal få dotter mi? sa han.
– Stod ikkje her utan det, meinte den andre karen. – Er eg ikkje god nok da, he?
– Du veit ikkje det er ho som skal ha garen da? sa Gabriel.
– Jau da, jau da, eg er ikkje umota på garen heller, let Tarald.
Da tek Massi frami og seier: Vi skal gjerne skrive ifrå oss garen, er det om det å gjera, den kan a Ane og a Marja få, ikkje sant, Tarald? Ane og Marja var søsterne hennar.
– Det kunde vi, sa han. Men eg veit ikkje om vi gjer det likevel, sa han.
– Ti still du og gå ut! sa Gabriel til Massi. 28Ho drog seg til døra. Så reiser han seg og snur seg hardt til Tarald, og seier:
– Din skitgut utor plassane! Kom att og legg pengane for garen på borde – da er det eit anna mål. Da skal vi snakkast ved.
Kona i huse kremtar borti benken. Ho hadde store tankar om Massi. Men Gabriel tek oppatt orda sine, og legg til: Er du ein kar så gjer du det!
– Ja vel, svarar Tarald. Eg tek deg på orde. Ho Massi har sagt ho skal vente på meg i tjuge år. Eg skal både reise og komma att, gu ‘ skal eg så ja, no svor både ‘n Tarald og eg!
Dermed gjekk han. Massi gret, men dei andre var harde på sitt. Og Tarald han fór.
Han hadde sagt med Massi at han tenkte seg til sjøs, det tyktes han snåpaste vegen fram til pengane. Det eine åre etter det andre gjekk, og aldri dei hørte noko ifrå han. Foreldra og folk elles snakka med henne, at no gjorde ho rettast i at ho slo han utor tankane. Ho bles berre til dem: det var lenge enda til det hadde gått tjuge år. Friarane gjekk trøytt til slut, dei kom ikkje att. Enno heldt ho seg i lag med ungdommen og var med godt mot, men det var ikkje den songen i henne som det hadde vore.
Så ein sommaren på Nærøy-marknaen vart ho kjent med ein gut utant Sandøya, ein lettliva kropp og ein huglig kar å sjå til, han var stordansaren på marknaen. Han heitte Tor. Korles dei 29to kom til å bli kjente, er ikkje fortalt, men han let så, han dansa ikkje meir i sitt liv, fekk han ikkje danse med henne; og det fekk han, alt med han lysta. Gabriel og kona var der òg; dei såg vel til det at ho slo laus og dansa, gjenta vart reint som opp-nya; dei såg vel til frammandkaren med. Gabriel hørte seg enda for: Tor hadde ikkje så lite pengar alt, og gar i vente. Folk der ute hadde ord på seg, den tida, at dei var villvorne og råbarka og litt utafor folkeskikken, men det var bert å sjå at ikkje Tor var av det slage. Det såg mest ut til det skulde bli festarmål og fullt stell vonoms fortare, for Massi og han gjekk som parfolk å kalle. – I Guds namn da! sa foreldra.
Det vart ikkje noko skjei tå det horne, sa folk. Men ut på vårparten fekk Massi barn.
Det kom så dått på Moholms-folke, dei visste ikkje kva veg dei skulde snu seg. Det var sjeldspurt i den tida at ei gjente fekk barn; det var ei ulykke. Gabriel fór over Folla og skulde snakke med Tor. Men han var langt nord i lande, på fiske, og det var trulig han kom ikkje heim så snart, han var vidfarande kar. Foreldra hans tala vakkert med Gabriel, og lova at det skulde bli gifting straks Tor kom heim, alt det stod til dem. – Ja, det var no ikkje for mykje, sa Gabriel. Men han måtte over Folla enda ein gong; og da råkte han Tor. Nei, Tor vilde ikkje gifte seg; det heldt han for eit ålvorlig spell, og dertil så hadde han spurt at gjenta var forlova; det nytta ikkje alt det Gabriel 30gjekk innpå han, dei sa han både tagg og trua. Tor var sterkare. Han la blanke pengane på borde, og dem nøydde han Gabriel til å ta imot, – dei er til gutungen, sa han. Gabriel var ikkje mange merkerne da han kom heim. Dei sa han låg nedfor på andre dagen. Han bad Massi til seg, og spurte om ho hadde gjort han denne ulykka på tråss. Ho sa at det hadde ho ikkje. Tor hadde ho trudd på som fjelle, og vore så alt for glad i han; ho sette seg beint ned og gret.
Så var det den jula og den julturinga som vi skulde høre om. Eg får seie som hunden: eg var med eg òg. Eg var ein 16–17 år den gongen, eg var ikkje så urliten for det. Det var i romhelga millom jul og nyåre, det var enda laurdagskvelden. Vi var i Nesse, ein skokk ungdom, og sat just og snakka om å ta oss ein tur over vågen og høre korles Moholmsgjentene tura jul. Ein var det som meinte at no snart kunde det lønne umaken å fri til Massi; ein annan kom på at han skulde dit og sjå gutungen hennar, han hadde ikkje set han enda; slik sat vi og røla. Gutnabben hennar kunde vel vera ein 3 år, og i tre år hadde dei set lite til Massi, enda ho bar skamma si med bein rygg.
Da ser vi det ror ein båt inn vågen og lendar i Moholm-støa; dei var fire frammande karar. Dei sette opp båten forsvarlig, og gjekk til gars. Litt jul i hue måtte dei ha, etter det vi kunde sjå, og ein hadde dragspell med. Det måtte vera utafollningar, dømte vi. Ja, og så la vi i veg.
31Det var Sandøy-karane, Tor og bror hans og to andre galningar. Dei hadde vore nokonstads i julgilde og dans, og no var dei her; dei vilde opp og helse på kjent folk, det var da jula. Gabriel hadde berre drengen hoss seg, og det var ei sål til kar, så det var liten mon i å vise dem døra. Ikkje var Tor slik heller, at ein kunde gjera seg uvis imot han. Han hadde noko godt med seg, sa folk. Og no vilde han sjå sonen sin. Da vi kom dit, hadde alt juløle komme fram, og frammandkarane skjenkte dram til, stua rundt. Dei skjenkte oss òg, hederlig juldram til kvar ein, og eit godt ord med.
– Ja de er ikkje sint på meg no lenger? sa Tor til sjølsegfolke.
Ingen svara på det. Tor såg undersamt på dem. Da snudde han seg til Massi:
– Korles er det med deg – er du sint på meg?
Da lo Massi, det var første gongen på tre år; ho sa: – Nå, eg er no ikkje så blid heller.
– Ja, men det er da jula! sa han. Og kor har du’n? – Guten vår, meiner eg. Du får da fram med ‘ n! sa han.
Ho var raud som nypa da ho gjekk etter han. Guten vart synt fram for heile stua og låte vel over; han var på gråten, sistpå.
– Ja du Massi, du Massi, som kunde finne på slikt! lo Tor, og så drakk han henne til.
Det var dram stua rundt enda ein gong, og sia vart det meir sterkt. – Meir sterkt! lo vi, det var 32full jul under takåsane, og Gabriel Moholmen vart som spilder ny. Det eine hjelpte det andre, men det var ho Massi som liva han mest opp, for henne hadde det vore lite om i det siste, det hadde vore tungt for henne, og no skjein ho som sola på fjelle morgons tid.
– Kva er det her for slag kasse? sa ho, ho tok fram dragspelle.
Slikt eit spell var det få av oss som hadde sett. Ho drog på det, ut og inn, lest ikkje som ho visste det var ei spell eingong, og best det var, sette det i og lét; ho hadde vore bortpå med fingen. Alle gjentene stima til, dei prøvde og dei lo, dei lo og dei prøvde, og den som lo blankast det var ho Massi. Så måtte eigarmannen ta det og syne konsten sin, og før vi visste orde av det, var vi i dansen kvar ein fot. Herre gud, det var da jula, og det var langt millom jul og jul i dei dagane òg. Fleire ungdommar kom til, det hadde seg slik når spelle lét, vi snudde opp ned på gamle Moholmstua. Og den som dansa lettast og lo likast, det var ho Massi. Ja, han Gabriel sjøl måtte på golve, og kona med. Ein galning var i kjellaren etter ølkaggen, og den sette vi på borde, og tappa når vi hadde tid og tørste. Eit par gonger måtte vi stane i det og få oss mat, – vi hadde aldri havt slik julmoro. Gong og annan ansa vi på at det var han Tor som dansa med a Massi, eller at ho sat på fange hans når dei kvilde; vi glømde det like fort.
33– Det her det går som det skal det! sa Gabriel. Sveitten og gleda manna mest over han. Glade var dei to søsterne hennar òg, dei var forunderlig så lette å danse med.
Da vi skulde sjå til, var det lyse morgonen ute, det var høgaste sundagsmorgonen. Da ropar han Tor over golve til Gabriel:
– Det lyser ute, Gabriel Moholmen.
– Gjer gjerne det? sa Gabriel.
– Vi treng lysing vi òg! ropa Tor, han sat med gjenta på knea.
– Sat og tenkte på det same eg, lo Gabriel
Tor spurte om det var langt til presten. – Nei, det var ikkje lang stubben dit.
– Ja, for ho Massi her har vorte vakrare og vakrare, eg trur eg må ha henne med meg heim.
– Vi når presten i rettan tid, sa Gabriel.
Var det prekensundag da? spurte nokon.
– Visst er det det, sa Gabriel. Det her, skal eg seie dykk, det er tillaga det, førut. Fli meg ein matbete, kjerring, og finn fram kirkeklæane mine, så fer vi; sett fram mat for heile jekta. Det var skrive i stjernene det her san, han sitt høgt han som styrer. Har du papira på deg, Tor? spurte han.
Nei, Tor hadde ikkje det, hadde ikkje set så langt fram. Dei såg opp nokon kvar.
Å, eg skal få det i gang lel, meinte Gabriel, han var ingen liten mann. Det skal gå som det er smurt, sa han; eg kjenner presten, let han.
34Fire mann rodde dei over vågen og tinga lysing. Presten var ikkje vrang. Med dei var borte, dansa vi andre med brura, kvar sin gong.
No var det ein gut i lage som heitte Kal Kvingstad; han var ein framifrå vakker kar. Han var garmanns-son, men ikkje gargut, og han hadde ofte prøvd seg fram hoss Massi. Næsteldste dotra til Gabriel var ho Ane. Det var eit eiande godt menneske, ho var hjartegod, sa folk; men stort vakker var ho ikkje, imot Massi, og knapt nok det hadde vore friar fram der, for Massi var den dei skulde ha. – Kal Kvingstad tenkte seg fort om. Ikkje før hadde han det klårt for seg at det var ho Ane som no vart gargjenta, så fekk han henne med seg ut i gangen og fria til henne. Ja fekk han på ståande fot, men dei tagde med det til så lenge.
Og så vart det gjestebods-kost på nytt, pølse og rull og spekekjøt og finaste julbrød, smør og ost og lefse og gomme, og dram og øl så det flaut. Og så dansa vi att. Massi var for glad til å danse, ho sat med nokre gjenter borti benken ved glase og snakka, og alt i eitt såg ho ut etter dei som var hoss presten, for der var han Tor med. Og dei kom. Velgjort arbeid. Ei av gjentene seier med henne, vi hører det over heile stua:
– Enn at du skulde bli så lykkelig da. Det tenkte du knapt i går.
Massi lo, og svara: Nei, det tenkte eg rett ikkje. Eg ønska eg levde ikkje åre ut. No ønskar eg at eg kunde stryke ut att det ønske.
35– Men er du lykkelig da, inst inne? spurte dei andre.
– Ja, det er eg. Det vantar berre ein urliten ting.
Kva var det da? vilde dei vita.
– Jau, sa ho, eg vilde ønske at han kunde sjå det som hender no. Han som reiste ifrå meg og aldri kom att. Eg har ikkje hørt orde ifrå han! – ho var dirrande harm.
Det var uvisst han levde no, meinte dei.
– Det vilde eg helst han ikkje gjorde, svara Massi. Så slapp eg å hate han. Men eg hadde ikkje imot at han var her og såg kor lykkelig eg er. For det unte eg han, la ho til.
Det undrast dei ikkje på. Vi tagde nokon kvar.
Men det vara ikkje lang stunda; så vart det anna å tenke på. Det kom inn ein frammand-kar. Det var ein høg, skjeggut kar i blå klæa, og frammandvoren i alt sitt lag. Han helsa god dag og lykke med jula, vart så ståande og sjå seg rundt i stua. Dei bad han leite fram og sette seg, men det hørte han liksom ikkje. Best det var, gav Massi frå seg eit lite rop og vart krita bleik. Ho hadde kjent att han. Det var han Tarald. Dei kjente han att ein om senn.
Tor var straks bortmed henne og tok ikring henne, det var alt med seg ho ikkje svima utor. Han visste ikkje kva som stod på.
Tarald gjekk fram og helsa i handa, først på Gabriel og kona i huse, så kom han med handa til 36Massi, men ho sat steins stiv, med auga nagla fast på han.
– Kven er du for ein? spurte Tor.
– Ja, kven er du? sa Tarald.
– Eg er mannen hennar Massi her, skal bli, svara han. Visst du endelig vil vita det, sa han.
– Nei, du mistek no, sa Tarald. Det er eg som er mannen hennar, skal bli. Kom med handa, Massi!
Massi la handa på ryggen. Endelig hadde Gabriel fått att måle sitt. Han gjekk fram og la handa si på aksla til Tarald, fortalte korles allting stod.
– Du vart for lenge, sa han. Det var ingen som trudde du var i live lenger.
Tarald såg på han og såg på Massi; så sa han:
– Ja, eg vart lenge. Men eg vart ikkje ferdig før. Det var du som la på meg skanten. Og ho Massi hadde lova å vente i tjuge år. Eg fór fort heimover!
Gabriel svara, at no var det best han sa farvel og fór same vegen attende; det var best for både han sjøl og dei to her. – Du har komme for seint, det er ikkje noko å gjera med det, sa han; det er ikkje mi skyld.
Tarald stod still eit tak. Dei andre trengte seg inn på han og bad han gå som ein vaksen kar. Dei trengte hardt innpå han, somme av karane, dei hadde fått så gild skjenk.
Da sa han, og han var mørk i auga:
37– Ta det vakkert, folk. De skræmer ikkje meg, så mykje de veit det.
Det var ein gutfark i lage som var tålig sterk. Han visste ikkje bedre enn at han tok og hivde ut frammandkaren. Men straks etter stod han i døra att. Enda var han like rolig å sjå til.
– Eg har vorte vist ut ein gong før her, sa han. Enno har det gått berre halvparten av tjuge år, Massi, og her, Gabriel, her er pengane for garen; no kan du gape opp og forlange.
Han synte fram ein stor pose med pengar, det var gullpengar mest alt i hop. Han ropa høgt over dem som framfor han stod:
– Eitt bed eg deg om, Massi: Du skal seie av lysinga og tenke deg om i fjorten dagar!
Dei ropa nei alle mann. Dei ropa at pengane hans var tjuvgods, og mykje som verre var, dei fekk mot på å ta denne landlauparen. Men da hørte dei Massi bakom seg; ho sa:
– Ja, eg skal det. Visst du Tarald kan ha noko glede tå det. Eg har da venta så pass lenge. Men her ser du guten min, som han Tor er far for, lo ho.
– Ja, eg ser han mest, sa Tarald. Eg skal bli ein god far for han, gruv aldri for det. Om det ikkje fell meg så lett i førstninga. Ikkje skal du høre eit vondt ord av meg for det som har hendt. Og pengane her dei er ærlig manns pengar, det trur eg du veit. Eg har både våga og vunne, sa han.
38Sandøy-karen var ein godslig mann; han var så stø på Massi; han gjekk fram og baud Tarald handa og sa:
– La gå da! og velkommen heim! Vi er da vakse-folk alle i hop. Skal vi ikkje drikke heimkomst-øle? Så lagar det seg vel, det andre, lét han.
Det stemte alle i med, så det dura og song i stua, dei var så letta, mange, dei syntes take hadde løfta seg av huse. Dei drakk velkomst-skåla og bad frammandkaren fortele frå ferda si. – Det skulde han gjera ein annan gong, let han. Han fortalte berre eit og anna. Han hadde ar både på hendene og i andlete, han tilstod han hadde vore ute for mangslags folk. Han hadde fine ting av både sølv og gull, hadde vore vidt i kring. – Og no er eg her, sa han.
Gabriel måtte til presten att, det var nauvt han nådde han før kirketid. Om han var glad eller lei seg, visste ingen, men kona i huse ho lo.
– Først sukka vi for ein mann til ho Massi, og no sukkar vi for det her er to; no må ho da endelig bli gift.
Ho var glad i peng, den kona, så staut kone det elles var.
Det vart godtsom eit bryllop på Moholmen den dagen, det gjekk i eitt med mat og drikk og leik. Massi sat mest og såg på, men da vi rydda stua om kvelden bar det i dansen med henne. Ho dansa med båe friarane, og med oss alle i hop, ho vart meir lettliva enn ho hadde vore før. Og så vakker 39var ho, at det var mest vondt å sjå henne. Mora bad henne fara tålig. Massi lo og ropa til henne: Ho kunde bli huga til å danse seg i hel! Vi hørte det alle mann. Ho var kanskje ikkje så glad som ho lest vera; vi skjønna henne så nokonlunde; det var ikkje lett å velge imillom dei to, for henne.
Kal Kvingstad hadde vorte tvilrådig. Han sa til Ane, borti ei krå: – Blir det så han Tarald tek garen her, trur du? – Det visste ikkje ho. Men ho såg på han.
Og natta ho gjekk, vi visste ikkje kor det vart av henne. Det hadde komme mykjen ungdom til Moholmen, og full skjenk var det og full sjau, og ingen sømn. Det hadde gått så merkelig til, alt i hop. – Det her, gutar, det er bryllop det! hørte vi ein som ropa. Men straks etter hørte vi ein som ropa noko anna: – Dei held på og slæss ute!
Vi ut, og uti garen stod Tarald og Tor imot einannan. Det var lysblanke måneskinns-natta, smellande klårt og kaldt, og der stod dei med knivane fram. Vi vart ståande blå still og sjå på. Både vette og makta lak utor oss. Det var uhuglig så lyst kring oss og kring dem som sloss. Hit og dit fór dei, att og fram, utan ein lyd; det var live om å gjera.
Best det var, kom Massi fram millom oss, stana ein augeblink og ropa med gråten i måle:
– Tor og Tarald! Tarald og Tor!
Så spring ho og vil fram til dem. Dei ansa henne ikkje. Folk tok og heldt henne, førte henne 40inn att med makt, for her gjorde ho berre galt verre. Vi rausa fram heile mannhusingen og skilte kjempane, vi tok frå dem knivane. Så fekk dei elles gjera opp seg imillom som dei var skyld til. Det vart ein bardaga. Det kom blod fram. Tor var sprengsterk, og han hadde overtake, men Tarald var vill og rasa blindt på, og best det var kom han fram med eit nytt våben, ein stor pistol som han heldt imot Tor. Det vart eit skrik over heile garen; og så vart det daustilt. Og daudstill og bleike stod dei imot einannan dei to fiendsmennene.
Men så hiva Tarald våbene ifrå seg, beint imot fjøsveggen så det small.
– Der! skreik han. Kom så, om du lystar!
Tor kom, og i hop bar det med dem på nytt; og ingen av dei andre tykte dei kunde legge seg frami det, for det var halvvore ei hellig sak som skulde avgjerast dem to imillom. Det var Gabriel som gjorde ende på uvette. Han kom i døra og var reint ifrå seg, slik ein vaksen kar mest aldri blir det, han var hås i måle, vi fekk ikkje tak i det han sa. Vi hørte kvinnfolka bar seg høgt inne. Endelig fekk han måle opp.
– Kom inn båe to! ropa han, kom inn straks, det er ho Massi!
Da dei kom inn, var det alt gjort med henne. Ho drog ikkje anda lenger; det fanns ikkje liv i henne. Ho hadde sige i hop da dei leidde henne inn, hadde ropa namna på dei to det siste ho 41gjorde, så var ho stiv med det same å kalle. Ho låg lik på senga.
Det var ingen utan han var ædru da.
Tor og Tarald stod tett attmed einannan, eit stykke frå senga, dei andre rundt i kring dem. Mora bøyde seg over henne gong for gong, bad henne å svara seg, for ho kunde ikkje tru enno at det var slut. Vi kunde ikkje tru det, nokon av oss. Tor ragar over golve og ut, – Tarald etter han, og vi andre med. Det var ikkje verande inne. Da sa Tarald:
– Det vart no ikkje du som fekk a da, kor som er.
Den andre snudde seg og såg på han, det såg ut som han vakna. Så sa han:
– Der sa du noko stygt. Men eg seier: Gu gi du hadde fått a heller!
Før alt frammandfolke drog seg bort frå garen, gjekk Tarald bort til Tor og sa:
– No reiser eg ut or lande att. Du kan vel aldri tilgi meg at eg kom hit som eg gjorde?
Tor vart kvit der han stod. Det braut hardt i han. Mange av dem som stod omkring, sa at det burde han gjera, dei tala ålvor med han. Og Tor retta fram handa og sa:
– Det er lite å vera uforlikte om no. Og det som har hendt, det var vel det rettaste; her er ikkje anna å tru. Og ikkje skal du rømme lande før vi har vore med Massi siste ferda.
42Tarald var ikkje mann for å seie noko, men han var einig i det, han tagde slik.
Det vart eit stort gravøl. Folk mintes det ikkje større. Alle som kjente henne hadde halde av Massi, ho hadde vore eit menneske for seg sjøl, og no stod ho så stor for dem, dei var i ei sorg. Dei kom halve bygda og følgde henne til jorda. Det var ei sjeldsynt likferd.
Tor hadde vore på Moholmen godtsom heile tida føre gravøle. Ut i sluten av gravøle kom han fram og sa at no var han ikkje til sinns å reise åleine heim frå Moholmen den her gongen. Han og Marja stod attmed einannan, og dei såg han heldt henne i handa. Marja var yngste dotra i huse, ei vakker gjente, og i giftandes alder. Ho torde ikkje sjå opp, der ho stod, ho var så ung og lite for seg, men dei kunde sjå ho var lykkelig all igjenom. Foreldra lysna i andlete, da dei hørte kva Tor fortalte, og heile gravøls-lyden ønska både dei og dei andre to til lykke.
Da vilde ikkje Kal Kvingstad heller vera mindre mann. Han gjekk over golve og bort til Ane.
– Du veit kva vi to har snakka og vorte einige om, sa han. No kan vi gjera det kjent vi òg.
– Vi er slett ikkje einige, svara ho.
– Du vil da ikkje svike meg? sa han.
Men gjenta såg han fast i auga. Ho tok seg på tak og sa:
– Kom i hug kva du spurte om da ‘n Tarald kom. Da sveik du meg.
43I det same sa Tor, han stod og såg seg i kring:
– Kor blir det tå deg, Tarald?
Da gjekk Tarald fram til Ane, tok og leide henne fram på golve.
– Kva seier du til det, Gabriel? sa han.
Gabriel sa både ja og amen til det; det same gjorde kona. Da tok Tor til ords att, det var slikt lett eit mot i han, og orda fall så godt for han.
– Vi gjer dykk snau her i huse, sa han. Men vi har snakkast ved, han Tarald og eg: Vi var ikkje ansles godtil. Det er for tidlig ja, men det er bedre enn for seint, sa han.
Sia kom det ut at båe to hadde tenkt på Marja, for ho var den vakraste av dei to søsterne, og da den eine hørte det, vilde han ikkje gå i vegen for den andre, dei hadde havt nok av det. Det vart ein heil strid om det. Enden på det vart som han synte seg, at Tarald skulde ha ho Ane og garen, og Tor ho Marja. Slik likte gjentene det best òg, vart det fortalt.
Dei levde lykkelig kvar med si. Dei var så forlikte dei måtte gjeste einannan rett som det var.
– – – – Slik gjekk no det, sa Anders. Og læra, den hadde eg for meg her med eg fortalte, men no er ho bortkommi for meg. Det får vera det same.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Blind-Anders kom ut i 1924 og inneholder ti fortellinger. Her møter vi igjen Anders fra I blinda (2. bok i serien Juvikfolke). Blind-Anders har blitt en gammel mann som holder seg mye for seg selv. Men av og til kan han lokkes ut og da kommer det gjerne en fortelling, enten fra hans eget liv eller et eventyr.
Se faksimiler av 1. utgave fra 1924 (nb.no).
Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.