Blind-Anders

av Olav Duun

Søster

69Ein annan gong fortalte Anders:

I gamle dagar ein gong satt det ein mann på Ommundstranda som heitte Sevald Strand. Strand-slekta var gammal der på garen. Sevald var ein kakse til kar, og ein framifrå-kar i mest all ting. Han hadde vore på lensmannskontore med han var ung, for det var store ting kor han kunde lesa og skrive, det låg til den slekta, og i kongens-tenesta hadde han vore høgt oppi det. Han kom høgt oppi det i bygda òg, han vart lensmann. Snildare kar enn han råkte du ikkje, sa folk, men han skulde vera stri som nordavinden når han hadde sett seg einkvart for.

Han gjekk ugift i lang tid, folk skjønna ikkje korles det hadde seg. Han var ikkje andletsvakker, alt anna enn det, men Ommundstranda var mykje til gar den tida, og pengar hadde han ståande i gode garar både her og der, dei såg ikkje ublidt etter han, kvinnfolka. Endelig vart han da gift, og tidsnok gift, som de skal få høre.

Mannen i Vika den tida heitte Ola Ravaldson. Det var velbergandes folk i Vika da som no, og Ola Ravaldson var ein akta mann i bygda og velkommen millom dei likaste. Han var enkemann, 70med to sønner og to døtter. Det er om dei to døtterne denne stubben går.

Den eldste av dem heitte Valborg, ho var den vakraste. Ho var så lys i hår og hold at det gjekk ord om det, og så lys og lett alt med seg. Den andre heitte Beret.Beret] rettet fra: Berit (trykkfeil) Ho òg var ei vakker og staut gjente. Det var slik venskap på dei to søsterne, dei kunde lite og ikkje vera frå einannan. Ola Ravaldson pla seie, når det leid ut i gjestebode: Dei to gutane mine er det ikkje stort om, dei er ikkje slik eg vilde ha dem. Men eg har to døtter, dem har eg tru på. Eg vil sjå meg for, før eg slepper dem utor handa. Verst dei er så for einannan, eg må gifte dem bort til same garen.

Da Valborg var tjuge år stedde faren henne bort til prestgaren, ho skulde vera kjøkentaus der. – Ein lyt sjå fram, sa han; ho har ikkje vondt av å lære litegrand. Ho skulde vera der eit år, og så skulde Beret ta romme etter henne, var tanken. Det var langt frå prestgaren til Vika, men Valborg måtte heim ein kveld i kvart ottedags-mot, og Beret måtte sjå aust til henne mest likså ofte. Men da det leid på, kom Valborg sjeldnare heim. Beret fann snart ut at det var ikkje vegen heim som hadde vorte lenger for søstra, det hadde komme ein stein i vegen.

Det budde ein ung mann i prestgaren, den sommaren, ein av folke til presten eller frua, han var studerande mann og skulde bli noko høgt med tida. Beret vart både redd og glad, for ho såg 71det var han som hadde komme imillom, ho såg at søstra og han hadde eit godt auge til einannan. Ho spurte Valborg ein kvelden korles det var. Valborg berre lo, men lykkelig var ho. – Men trur du verkelig du får han da? spurte Beret. – Det er umulig, men eg trur det hender like vel, svara Valborg. – Da skulde eg både hoppe og danse, sa Beret. Men eg er redd det går opp i blå røyk, sa ho. Valborg svara: Kvifor kan vi ikkje heller tru det beste?

Da hausten kom, fór studenten sørover til byen att; som det var det ikkje noko rart i.

Men ein kvelden utpå vinteren kom Valborg heim og vart sittande bortgitt nedi kråa. Det tok tid før Berit kom seg til å snakke til henne, det vart ikkje før dei var to-eina i stua; da sa ho så vakkert ho kunde det:

– Har du slept trua no, søster?

Valborg gav ikkje svar. Beret vart på gråten. – Men enda er eg glad, sa ho. Eg er glad at det kom så snart. For eg visste det skjer så sjelden, det som er umulig, ein skulde aldri tru på det. Det må vel gå an å glømme ein mann som ein glømmer alt anna? sa ho.

Valborg sat som ho hadde sitte. Beret spurte om ho ikkje kunde bli heime nokre dagar? ho spurte om både eitt og anna. Ho tok bortpå andlete hennar. Det var kaldt, som ho tok på ein nåe.Forfatternote: nåe ɔ: dauing Ho glømte aldri det, fortalte ho sia. – Da 72visste eg alt, det var som golve vart borte under meg, pla ho seie når ho snakka om det. Eg visste alt om a Valborg, eg som ikkje visste noko om slikt – eg undrast om det var så at eg var til. Eg fekk ikkje fram eit ord.

– Ja no veit du det, sa Valborg. Og no er eg jaga frå prestgaren, og no jagar han far meg heimafrå. Og det kan bli det same for meg.

– Men ikkje for oss, sa Beret. No kan likså snart eg laupe utor bygda som du.

Valborg sa: Du kan gjerne skjenne på meg, det gjer berre godt!

– Og det der er du? ropa Beret. – At eg skal ha ei søster som er eit svin! ropa ho.

– Du veit ikkje kva du seier, sa Valborg. Det skulde ha vore usagt det du sa no. Men no fekk eg mote til å fortele han far korles det er med meg. Og så går eg borti plassane ein staden og er i natt.

Beret svara ikkje, ho seig i hop borti benken og storgret. Ho kava og slo etter søstra, ho kom og vilde stryke henne over håre før ho gjekk. Beret fortalte det sia: – Da eg hadde kalla henne eit svin, da var ho det for meg i same stunda, og ansles vart det ikkje på lenge. Eg tålte ikkje å sjå henne, eg tålte ikkje å ha henne i tanken.

Korles Ola Ravaldson tok det med det same, er det ikkje fortalt noko om. Valborg var nedi nauste og fann han; dei var to-saman der. Men 73han var til presten dagen etter. Han kom så stor og truskyldig som han var, spurde når det skulde bli bryllop. Han visste ikkje rettare enn at presten og han var jamgode karar, og dei to ungdommane slikt slag. Presten fortalte han noko anna; det var spilder nytt for han Ola Ravaldson: Det var skam å nemne giftarmål millom studert mann og ei bondegjente, millom stort folk og smått folk. – No har eg hørt det òg, sa Ola. Han vart harm på sluten, og skreiv reint til både prest og anna studert folk. Dei sa han gjekk gråtande heim.

Valborg gjekk til ein av Håbergplassane, til Breistranda, for kona der hadde tent i Vika og heldt så av Valborg. Ho vart der, og der kom barne til. Som vel var levde det ikkje lenge; men skamma sat på Valborg; det gjekk så vidt at det kom ein tussuladd utor plassane og fria til henne. Først tredje åre etter kom Ola Ravaldson og bad henne flytte heim. – Det får du gjera, sa han, det blir det likaste både for deg og oss. Da gror det glømsel over det litt etter kvart, sa han. Det gror da rur på såre og mose på steinen, så gror vel det her òg; men skal du sitte her i plassen, da blir det aldri ansles.

Valborg flytta heim. Men da var Beret gift. Ho hadde vorte gift med ein gasta kar, med sjølve garguten på Bjørland, han heitte Hall. Valborg hadde ho godtsom ikkje nemnt i all den tid. No kom ho heim og snakka med henne.

74– No vil eg vi skal vera søster og venner som før, sa ho. Eg står ikkje ut det som det no er.

– Ja meiner du det nyttar da? sa Valborg.

– Ja, eg har tilgitt deg, søster, sa Beret.

Da lo Valborg, og sa: – Når du seier du har tilgitt meg, da sitt det att ein tagg enno. Da ser du ned på meg, og det har du rett til; men eg tåler det ikkje, eg er for glad i deg til det.

Beret sa ikkje noko meir, men ho gret da ho sa farvel. Det var ikkje ofte dei to søsterne såg einannan etter den dagen. Det var ikkje ofte dei var utor tankane på einannan heller.

Det var ei langsam tid for Valborg, ho var lang som uvêrsnatta; men litt om senn bar det da oppetter. Ho var like vakker som ho hadde vore, og hadde same lage til å klæ seg og føre seg, ho gjekk til kirka utan å blunke for nokon ein. Tungsinne seig av henne, ho slo seg med ungdommen rett som det var, dansa og dreiv ap som i gamle dagar; og velkommi i lage var ho. Det kom ingen plassgut og fria åt henne oftare, ho heldt seg så god at det var få andre som våga seg fram. Det var ikkje ei uferd ho hadde fare, det var tvert om med det, var det likt til.

Ein gong på haustmarknaen kom Sevald Strand og Ola Ravaldson i snakk, og leid på litt, spurte Ommundstrand-mannen om ikkje Ola kunde seie han av ei skikkelig taus til å styre huse for han.

– Eg veit om ei, sa Ola Ravaldson, men eg 75veit ikkje om ho vil ste seg bort, og ikkje om du vil ha henne heller. Du er kanskje redd folksnakke, sa han.

Sevald spurte kven det var, og Ola sa at det var dotra hans, ho Valborg. – Du får ikkje kvinnfolk i ditt hus med slikt handlag, sa han, og ho må da vera stø nok som har rent seg bort i ulenda og sett seg slik fast. Er det hjelp i røynsla, så skulde ho vera godt hjelpt, sa han. Men, som sagt: du er kanskje redd folksnakke?

Drukke litt hadde dei båe to, og der var fleire til stades. Sevald slo flathanda i borde og sa:

– Folksnakk gir eg meg ein god dag om. Eg trudde ikkje folk heldt meg for den. Men det kjem for meg at du har ein tanke under når du byd fram dotra di slik. Det var ikkje kjerringemne eg var i beit for. Eg trudde ikkje folk heldt meg for den, lét han.

Da vart Ola Ravaldson grå i andlete. Han såg seg rundt på mann for mann, men han sa ikkje orde.

– Du skal ikkje vera fortryten for eit lite ord slik i marknaen, Ola Ravaldson, sa Sevald. Deg vilde eg mindre gi eit snei-ord enn nokon annan, for eg veit du har havt bør nok å bera. Eg fester gjenta til taus med ein gong, det er ikkje meir med det.

Alle ropa dei at slik skulde det vera, og slikt kunde ein vente av han Sevald Strand.

– For eg giftar meg ikkje, sa Sevald Strand.

76– Det var rett! ropa dei. – Og gift kan du vera før du får verje auga, sa ein.

I det same kom Valborg inn i lossemente, for ho var med på marknaen. Ho hørte kva dei hadde vorte einige om, og lo til det, – dei hadde visst glømt å spøre henne, sa ho.

– Ja men no spør eg deg, sa Sevald Strand.

– Da veit De visst ikkje kven eg er? sa ho.

– Jau det veit eg, svara han. Og ikkje skjemmes eg av å ha deg i huse for det.

Ho snudde seg til far sin, ho lo slikt slag; ho spurte om dei endelig vilde vera fri henne heime.

– Nei, gud-velsigne deg ban! sa Ola Ravaldson. Men du skal ut ein vending enno, har eg tenkt. Du skal ut og komma heim att med æra ein gong, sa han.

– Ja, men eg ste meg ikkje for ei armods tausløn, sa ho til Sevald.

Sevald Strand retta seg bein, og svara at ho skulde få den lønna han tykte ho fortente, var ho nøgd med det?

Ja, det skulde ho vera nøgd med.

Slik kom Valborg til Ommundstranda og stod huse for hoss sjølve Sevald Strand, lensmannen i bygda. Ho tok mot øvrigheita, enten det var til ting eller gjestbod, det hadde aldri vore grommare i lensmanns-garen enn no. Sevald Strand fekk mykje vellæte for det. Dei sa det, både for 77spøk og ålvor, at lensmannen deira hadde vorte oppnya.

Det gjekk vel så eit år. Da fór lensmannen til futen ein dagen og snakka med han på tomanns-hand. Kva han rådspurte han om, visste ingen enda, men dei kom snart etter det, for ikkje lenge etter flytta Valborg heim, og lensmannen sjøl var med og skyssa henne; han vart lenge i Vika. Sundagen etter vart det lyst for lensmann Sevald Strand og Valborg Olsdotter Vik. Det vart fortalt, at Vika-mannen bad lensmannen tenke seg om tre gonger før han la i veg med dette, for aldri hadde han tenkt seg så høgt med dotter si. Lensmannen svara at det hadde han alt gjort, og dertil så var det for seint å snu. Gjenta skulde ikkje komma i ulykka ein gong til, han var ikkje den mannen. – Men eg trudde ikkje da eg festa henne til taus, at eg var så ung og galen, sa han. – Det er godt det finns større folk til enn dei i prestgaren, svara Ola Ravaldson. Det tok på han så han fekk tårane i auga. Valborg hadde fått den lønna ho fortente.

Og som folk sa: dei dundra i veg med bryllop og fullt giftarmål. Men dei sa seg imillom at gjenta måtte ha eit særskilt lag, når ho kunde gjera villt av så stø ein mann som Sevald Strand. Det same sa Beret, søster hennar. Sia sa dei det som verre var: at enten hadde ho narra seg sjøl, eller så hadde ho narra han, for noko barn vart 78det ikkje å høre om på Ommundstranda. – Eg hadde rett ikkje trudd slikt om a Valborg, sa Beret.

Valborg lo til alt ho hørte om dei ting, men da ho hørte kva søstra hadde sagt, vart ho både bleik og langlett. Ho sa med den som fortalte det:

– Ho Beret har ikkje venta seg stort av meg, men det der hadde heller ikkje eg venta meg av henne. Ho spakna vel når ho fekk litegrand motgang, sa ho.

Lensmannen hørte ikkje noko og sa ikkje noko; han var ung og fornøgd så det skjein av han. Han var utor von og vett glad i kona si. Dei som såg henne undrast heller ikkje på det. Men det var ikkje lenge etter, så sa han opp pengane sine i Bjørland. Hall Bjørland hadde løyst ut søskena sine etter ein høg takst og sat i skyld, og lensmannen skyldte han mest. Han kunde ikkje tru lensmannen vilde drive han frå garen, dei var da mågar i same huse og vel forlikte; han fór til Ommundstranda. Men der råkte han berre Valborg første venda, og ho lest som ho ingen ting hadde med det. Han var der ein gong til, og gjekk på lensmannen og bad tynnt for seg, og det hørtes ikkje reint umulig ut; men nokon lovna fór han ikkje heim med. Da tok Beret på seg og fór dit. Ho snakka med søstra. Men ho skjønna snart at det var som ho frykta, at det var frå henne det kom. Valborg sette hendene i sida og sa:

– I din stad vilde eg ikkje bryte meg så små 79som du gjer no, Beret. Du skulde sette deg på den høge hesten og sjå ned på meg, som du har gjort hittil.

Beret mykte seg enda meir, men Valborg gjekk beint ifrå henne, og lensmannen var heller ikkje å få snakke med. Ho måtte snu heim som ho kom.

Ola Ravaldson var død ved den tida, og sonen hadde teke garen. Det vart ikkje mange skillingane på dei andre, ikkje noko som hjelpte Beret og Hall. Men slektningar og snildt folk hjelpte dem til ein ny gar; dei kjøpte Grønsetvika. Det gjekk eit år eller to, så synte det seg at det var lensmannen dei hadde med å gjera der òg. Han hadde kjøpt skyldbreve, og dreiv dem derifrå. Dei bad ikkje for seg denne gongen.

Men ei garmanns-kone sa med Valborg, at på den måten det no gjekk, kom all bygda til å halde med Beret. – Men deg ser dei snart ned på, sa ho; det var eit uforfæld kvinnfolk.

Valborg lo, og svara at det visste ho før. – Og var ikkje dei slik, så var heller ikkje eg det, sa ho. Det er vondt å elske den ein blir hata av; ein kan bli nøydd til mangt da, la ho til.

Det bar ikkje likare til enn at Hall og Beret måtte bygsle ein plass under Finnstad. Dei visste ikkje at lensmannen åtte den garen òg; dei visste det ikkje før han slo Finnstad og Ommundstranda i hop. Valborg sa det med einkvan: – Det er ikkje noko eg meir har ønska enn at Beret skulde 80komma hitover, det er reint som Vårherre har hjelpt meg. Eg skal bli ei rimelig garkjerring imot plassfolke mitt. Lett bygsel skal dei få, og dei skal ikkje lide nød i Brekka, – det var så plassen heitte.

Beret hadde mange småkarar, og romme var ikkje rart, så det vart så nær sveltihel for dem som det kunde. Beret bad ikkje garfolke om hjelp, ho gjekk heller annanstads, og folk var utrulig godhjarta imot henne, enda det var ei trong tid både for garfolk og andre. Valborg hørte om det, og blidare vart ho ikkje for det. – Ho veit kven det gjer vondt, sa ho.

Det hendte seg i dei tider, at fattigfolk leita seg til gars og stal mat. Den vinteren, ei natt, vart det stole i bure på sjølve lensmanns-garen; det var ikkje lite heller. Mest alle karfolka var på fiskja. Dei gissa på både den og den, og viste det frå seg att, men sjøvegen måtte han ha komme, det synte merke etter det. – Nokon stor kar kunde det ikkje ha vore, sa dei, for han hadde krype opp gjenom ein liten lem i burssvala, det var armelig ein smågut kunde smyge opp der; det var ein merkelig stulder.

Ein dagen kollseglde lensmannskyssen på fjorden utfor Brekka. Hall var i være, og Beret var åleine heime med ungane. Ho sette ut færingen og rodde ut imot nordavinds-stormen, ho rodde og auste og sleit seg mest ut. Før ho nådde fram, kom det båt ut frå andre lande og berga lensmannen 81og dei andre på kolve, og dei måtte berge Beret med, ho heldt på og sakk. – Da Valborg fekk høre det, sa ho: No får folk det å seie, at ho Beret våga live for fiendsmannen. Ho veit å skaffe seg overtake. Og kjem ho hit som eit anna menneske, så skal det ikkje stå på meg at vi blir venner att. Men Beret kom ikkje.

Om sommaren, i høyonna, var både Hall og Beret på Ommundstranda og arbeidde plikten for romme. Dei gjorde det frå seg på to dagar, og borna hadde dei med seg. Dei høya borti utengane om ettermiddagen. Valborg og kjøkentausa bar ut nonsmaten til dem, det var for heftesamt for mannhusingen å gå heim til gars. Beret gjekk vekk da Valborg kom, ho var ikkje godtil å sjå søstra. Valborg såg dit ho stod og tukla med reive-ungen, dei såg kor ho kvitna i andlete. Da seier ein av husmennene: Jaså, de har att litt mat i huse enda hoss lensmannen?

Valborg såg enda ein gong etter søstra, så sa ho:

– Å ja da. Dei kunde gjerne ha forsynt seg med ein bete til, dei som var ute og naska. Er det den som eg meiner, så skal det vera henne vel unt. Enda eg heller vil gi bort enn bli stole ifrå. Den treng ikkje rømme for meg, som har bedt meg om eit matmål.

Folk vart ille ved. Dei såg på kvarandre, og frå Valborg til Beret. Beret hadde gråna over alt andlete, det var knapt at ho stod såg dei. 82Valborg sette frå seg koppane og gjekk heim att. Hall reiste seg og gjekk bort til Beret. Snudde seg så til dei andre, og sa:

– Er det nokon her som held a Beret for tjuven?

– Nei, var det likt, det var det skamligaste dei hadde hørt, let dei; men dei bad han tie still med det, dei vilde ikkje bite seg ut med lensmanns-folke, og dei kunde ikkje tru Valborg meinte det ho sa heller. Dei var husmanns-folk alle i hop.

Men Beret tok minstebarne og skjangla av heim til Brekka. Ho var ikkje god til noko på lang tid. – At det skal finnast slik vondskap i verda? sa ho til alle som snakka med henne. Dei trudde den tanken tærde henne reint opp.

Lensmannen hadde rådd seg ein hund etter tjuverie, dei kalla han Lurv. Det var den styggaste hundskapna folk hadde set, det var som dei såg han Svartpil sjøl, tykte dei. Han hadde ull på kroppen, lang raudgrå ull som lufsa ikring han og gjømte både andlet og føter; men inni ragge kunde dei sjå det glødde i auga på han, og dei var utrivelig raude i leten. Den hunden hadde meir enn manns-vett, og styggsterk var han dertil. Vond var han ikkje, gjorde ikkje katten eit pek ein gong, han gjekk berre rundt husa og luska, eller låg på lur nokonstads – folk var livande redd han nattens tid. Kom der nokon til 83gars etter folke hadde lagt seg, gjekk han gjerne bortunder stuevindauga og gav frå seg eit illæte, og da måtte lensmannen opp og sjå ut.

Ei svart natt utpå hausten vakna lensmannen med at han hørte hunden, og stal seg opp, han var så redd han skulde vekke kona. Men ho hadde hørt han, og bad han legge seg att. – Du kan vera trygg for at han Lurv held farkane frå garen, sa ho. Gjekk så lensmannen og la seg att.

Men dei sov dårlig båe to, dei syntes høre både eitt og anna, og straks det gråna av dagen i glase stod dei opp. Lensmannen steig opp først, og gjekk ut, og Valborg etter. Hunden såg dei ikkje noko til. Dei fann han bortpå låven, han låg og heldt eit kvinnfolk under seg. Det var ho Beret. Dei trudde ikkje auga sine. Ho var ifrå seg. Dei trudde først ho var død, for hunden hadde skamfare henne både i halsen og på hendene. Ho hadde øks attmed seg, hadde enda vore borti hunden med den så han blødde i kjeften, men i eine handa hadde ho gloskuffa full tå kol, ho hadde komme med glør til gars.

Ho hadde tenkt å drepa hunden og sette varme på garen.

Lensmannen tagde mur still, slik han gjorde når harmen tok han. Dei løfta Beret millom seg og bar henne inn. – Den her vegen, sa Valborg, og så bar dei henne inn i stua og la henne på deira eiga seng.

84– Slikt eit udyr! sa lensmannen.

– Ja, det er eit udyr til hund, sa Valborg.

Kjøkentausa var alt oppe, og hørte det. Så sa ikkje lensmannen meir, og ikkje Valborg heller. Men til tausa fortalte ho at hunden hadde teke på Beret bortpå vegen og hadde nær gjort åt med henne, det var eit udyr til hund.

Da Beret kom til seg, sat Valborg på senggavlen hoss henne og gret og heldt i handa hennar. Beret vart verande der heile dagen, og Valborg vart sittande attmed henne for det meste. Om dei talast ved, er det ingen som veit. Lensmannen gjekk ut og inn, det var knapt ein fekk ord av han. Med kvart stana han og såg på kona si. Utpå ettermiddagen kom Hall dit, han hadde fare og leita etter Beret alle stads. Da braut det ut av lensmannen, så alle i huse hørte det:

– Her ligg kjerringa di, og når ho kjem seg så vidt, så skal ho på tukthuse! Han fortalte korles dei hadde funne henne.

Hall vart ifrå seg. Han slo i borde til lensmannen, fortalte han at det var han og Valborg som var skyld i det, dei hadde drive henne ifrå hus og heim gong etter gong, og no hadde dei drive henne frå vette, dei vilde drive henne på tukthuse til slut. Men den dagen det skjedde, skulde det hende stygge ting, og dei kunde takke seg sjøl for det.

Lensmannen hogg i han og vilde hive han ut, 85vilde sette han fast for orda hans, men da var Valborg der og heldt handa på han. Det vart som ho vilde: han Hall fekk gå sin veg i fred.

Valborg hadde vorte eit anna menneske. Ho vaka over søstra til ho var god att, stelte med henne som det var eit litebarn; ho gret og tagg henne om tilgiving. Dei gret båe to. Dei vart forlikte og lova einannan å halde i hop som i gamle dagar.

Den dagen Beret skulde heim att, kom Hall dit på nytt. Han kom stillferdelig den gongen, var mest ikkje attkjennande: Han tok på seg all skylda. Det var han som hadde talt Beret til det, han hadde både lokka og drege henne, og ifrå seg som ho var, hadde han fått henne på trua og i veg. Han bad lensmannen sette seg fast med det same og sleppe Beret heim. Men lensmannen vilde ikkje tru han.

– Du skal tru han! sa Valborg.

– Ja vel, sa lensmannen, men da skal dei gjera ferda til tukthuse i lag.

– Du er ikkje så hard ein mann? sa Hall.

– Hald kjeften din! skreik lensmannen og slo han for munnen så blode sprang.

Valborg la seg borti det att, ho bad mannen sin bruke vette og fara som folk. Men den gongen vilde han ikkje lystre henne heller, han var så vill han knustra ein stol mot golve.

– Og du, ropa han til Valborg, du som har 86taumkjørt meg både hit og dit, som har fått meg til å gjera alt vondt du vilde – – eg kunde rive ned stua utover deg!

Valborg fall på kne framfor han midt i folksyna. Ho tilstod ho hadde fare gale fram. Henne kunde han straffe som han lysta, det gjorde ingenting, no når ho hadde fått att søster si, men for henne, for Beret, bad ho om nåde, og for mannen hennar med. Sevald Strand mjukna med det same, slik makt hadde Valborg over han, men så fór embetsmannen i han, og da var han ikkje å rikke lenger: Dei skulde i arresten med ein gong. Han kalla til seg drengen og fekk det gjort; så bar det til futen med dem. Dei måtte bruke makt for å skille Valborg frå Beret da dei fór.

Det hadde leita hardt innpå Valborg, men det vart tyngre for lensmannen, så tungt enda at han måtte til sengs. Han heldt på og skulde stryke med straks. Årelataren kom og hogg opp ei åre på han og kopparkjerringa kom med koppane sine og saug blod av han, men det hjelpte lite og inkje, blode hadde sett til hovude og hjarte på han. Han vart liggande. Snakke kunde han ikkje meir.

Valborg gjekk i djupe tankar. Dei meinte ho var ikkje fullt med seg sjøl. Ho såg til han og stelte med han når det trongs, og heldt huse og garen i gang, men ho var langt bort ifrå alt i hop.

Hall og Beret tilstod skylda si og vart dømt tålig snart. Det vart fleire års tukthus.

87– Og han Hall er blå uskyldig! sa Valborg da ho hørte om det. Det er meir enn eg kunde ha gjort for maken min. Og da skulde ein ingen make ha, sa ho, og ho lo til, slik ho hadde for vane når einkvart pinte henne.

Den natta døde lensmannen. Dagen etter fór Valborg med 3 man i skyss til futen. Ho gav opp at ho hadde teke live av mannen sin: ho hadde klemt han i hel med fingrane. Ho stod han ikkje ut lenger, sa ho. Ho hadde seld seg til han for å vinne over søstra, og no vilde ho følge søstra i straff og vanære.

Futen sette henne fast, han trudde det ho sa. Men sia drog det etter seg, at han skulde forhøre henne litt meir, det kunde ikkje henge slik i hop. Han tok henne med utover og såg på like, i lag med kunnigt folk. Ho snakka imot seg sjøl fleire gonger, og på sluten kom det fram at ho berre hadde klemt att auga på han da dei heldt på og breste: ho hadde klemt av all si makt. – Eg syntes da eg tynte han? sa ho. Og gjerast måtte det, la ho til.

Ho vart dømd fri. Ho flytta til Brekka og tok til seg søsterborna sine, som var sett bort på bygda. Ho var ei god mor for dem.

Men ho bar ikkje børa si. Åre etter stal ho seg heimafrå og gjekk på sin fot til stiftsstaden, der Beret sat fast. Ho vart der til Beret og Hall hadde sona frå seg; dei slapp ut same dagen. Ho hadde set til Beret så tidt det let seg gjera.

88Valborg døde i heimvegen. Da hadde ho alt ordna det slik at dei to skulde ha garen og alt som etter henne var. Dei levde lenge etter.

Dei hadde det orde i bygda ei tid, at skulde ein dømme Valborg, så måtte ein vera Valborg. Skulde ein hate som ho, måtte ein elske som ho.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Blind-Anders

Blind-Anders kom ut i 1924 og inneholder ti fortellinger. Her møter vi igjen Anders fra I blinda (2. bok i serien Juvikfolke). Blind-Anders har blitt en gammel mann som holder seg mye for seg selv. Men av og til kan han lokkes ut og da kommer det gjerne en fortelling, enten fra hans eget liv eller et eventyr.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1924 (nb.no).

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.