Blind-Anders

av Olav Duun

Gisken Larsdotter

91Det var lenge før mi tid, fortalte Anders, eg minns han farfar sa det var i gamle dagar.

Dei hadde ein prest i bygda som vart enkemann andre gongen. Det kunde ikkje vera stort til prest, etter som han vart verande der i bygda, for han var så gammal han skulde ha vore sør i lande, i eit stort kall, og vorte fødd i hel, slik som skikken var. Men det var mykje til snild mann, folk sa det budde ikkje anna enn godt i han; og ein stor og staut mann var det, rettelig ein mann å sjå til. Da han vart enkemann andre gongen, var han over 60 år, han var snø kvit i hår og skjegg, men enda var han kvit og raud i hamleten som berre ungdommen. Med første kona si hadde han havt fleire born, men dei var vaksne alt og hadde fare sin veg. Med den andre hadde han ei dotter, og ho døde ung.

Det gjekk ikkje lang tida, så tok han til å sjå seg om etter nytt gifte. Folk heldt med han i det. Men denne gongen vilde han ha ei garmannsdotter; – det er friskaste folke det, sa han. Eg har både døypt dem og konfirmert dem, eg ber dem i hjarte som gull, sa han. Berre Gud Herren 92vilde vende henne til meg som er den rette, la han til, for det var ein gudsmann all igjenom, om han hadde tungt for seg i bøkene og på stolen.

Mang ein bra mann i bygda hørte det presten sa, og la seg det på minne. Dei hadde giftandes døtter nokon kvar, og dei unte presten sin alt godt.

I Mikkalsgaren på Vennestad budde det den tida ein mann som heitte Lars Mikkalson. Han var ingen storgarsmann, og ingen gauve til kar på noko vis, men han hadde vorte godt gift, hadde vore nord i lande og fått ei skippardotter av dei grommaste, det var enda dem som meinte ho var dottra til sjølve handelsmannen ein staden. Ho heitte Tale. Ho var stor på det all sin dag, kunde aldri få til anna enn at folk gjorde henne urett når dei heldt henne for ei vanlig garkjerring; men ho styrde huse sitt både godt og gjævt, det gjekk ord om det. Dei hadde to sønner, som var kjempekarar og vidfarande, og ei dotter; ho heitte Gisken. At ho var av frammandfolk på morsida, kunde kvar ein sjå: ho hadde mørke auga og var høg og grann, og hovude bar ho høgare enn noko anna gjente i bygda; dertil hadde ho så vakkert mål til å synge. Det var store ting når ho slo seg med og var lystig. Ho var hjartans god av seg, men ho var aldri den at dei kom henne større nær. Og kom det ein friar på lofte til henne ei laurdagsnatt, så møtte han brørne hennar. – Er det noko du leitar etter? sa dei gjernast. – Er det 93meg du vilde råke? Ein gong hivde dei kammeraten sin, granneguten, handlaust nedgjenom troppa, han var litt på mote og vilde ikkje frå senga hennar. Dagen etter var dei elles like godt forlikte, dei.

Den guten heitte Eilert og var frå andre Vennestadgaren. Marit, mor hans, var skyld med Lars Mikkalson, og det var hennar meining at Eilert og Gisken skulde bli eit par. Gisken lo når dei nemnte det; ho sa gjerne: Det blir no ei sak millom ‘n Eilert og meg, når tida kjem. Visst ho kjem da, la ho til. Dei kom seg aldri til å spøre henne meir enn så, men dei såg at Eilert var den einaste av ungdommane ho gav seg om. Kva ho såg på han var det ingen som skjønna, for han var ein bjønn å sjå til, og lite for seg i all si ferd.

Ved den tida var det presten heldt på og såg seg rundt i gjenteflokken. Dei var gilde gjenter mange av dem, tykte han, men ingen kunde hamle opp med Gisken Larsdotter på Vennestad. Auga hans lyste over henne når ho gjekk kirkegolve fram, og når ho sat i stolen med han prekte. Dei andre gjentene slo auga ned for presten. Gisken ho slo sine opp. Presten hadde aldri prekt som han gjorde den tida, det var reint ein lyst og ei tidkort å høre på han; og Gisken hadde aldri gått så flittig i kirke som da. Dei gjekk flittig alle gjentene.

Ein dagen går grannekona, ho Marit, bort og snakkar med Tale i Mikkalsgaren. Ho var av 94dem som har lett for å bera opp målemne. Ho sa det slik:

– Vi har vore einige, du og eg, at det skulde bli ‘n Eilert og a Giskn; eg veit du skiftar ikkje sinn så brått. Eg veit det òg, at du nøyder ikkje dotter di til å ta ein mann som er henne imot, og det held eg med deg i. Men tida går, og som både du og eg har set, så har dei eit godt auge til einannan. Skulde vi ikkje snart ta oss til og få det i stand?

Tale la hendene i kors og sa, at det kunde vera noko i det Marit hadde sagt. – Men enno kan vi vel gi dem eit år? sa ho.

Marit tenkte seg om. Så sa ho: Det kan eg alltid gå med på. Eg sett det i di hand, Tale. Berre eitt vil eg seie deg: du let ikkje presten få tak i henne!

Da lo Tale. – Eg veit ikkje av, sa ho, at presten har gått henne for nær hittil, og ikkje er det å vente heller at han forser seg på ei bondegjente, om ho ikkje er så heilt ut bondegjente som folk vil ha det til. Og kor det no er eller ikkje med det, så held vi oss til det du og eg vart einige om her i sta, at dei får områ seg og vera frie eit år til.

– Det ikkje du har set, det har eg set, sa Marit, ho reiste seg og gjekk til døra. Eg trur ikkje presten har meir vett enn ein annan mann i hans alder: at han gjerne vil ha ei ung og vakker gjente attmed seg i senga. Men det held du dottra 95di for god til, Tale, å vera sengvarme for ein gammal tannlausing?

Tale reiste seg òg. Ho var blodraud der ho stod.

– No veit eg kvifor du kom, sa ho. Men det vil eg seie deg, Marit, at nokon kommando lystrar eg ikkje. Eg trur ho Gisken veit det sjøl kor ho høver best, enten i prestgaren eller borti ein vanlig bondegar; og lite nyttar det visst for meg og deg å vike henne.

Marit svara: Eg hører no korles det står til. Det var som eg frykta; eg har ikkje misskjent deg stort. Men det skal du vita, at for ingen ting skal ikkje dotter di gi sonen min det såre, om så gale ber til, no kan du tenke deg om!

Dei skildest uvenner, og det vart langt millom grannegarane etter den dagen.

Ikkje lang tida etter kom presten riande til Mikkalsgaren på Vennestad. Han vart der lenge. Kva som tala vart, spurte ingen, men den tidna gjekk i bygda, at presten hadde fria til Gisken og reid heim med ja-ord.

Straks etter bad dei Gisken til dans i grannelage, men ho sa nei. Likevel kom ho til dansen, og dansa gjorde ho lystigare enn nokon gong før; og mest dansa ho med Eilert. Og dei to vart i følge heim. Dagen etter stod ikkje Eilert opp; han låg nedfor i 3 døgn.

Mor hans reiste over fjorden, ho hadde skyldfolk der, og det vart fortalt ho var hoss ei klok 96kone der nokonstads og spurte råd for sonen. Andre fortalte ho var hoss ein gannfinn, som hadde hytta si der den sommaren, så det var knapt for det gode ho var ute og fór.

Men i Mikkalsgaren gjekk det stort for seg, slik det gjorde når stort folk festa seg møy før i tida. Presten kom med to gasta karar riande, og Lars Mikkalson hadde bedt til seg fleire av slekta. Dei heldt eit gilde som ikkje var lite, og det var ikkje små gaver brura fekk. Det vart fortalt at mora sa til Gisken:

– Enno er det tid å snu, er det så du angrar deg.

– Nei, no er det for seint å snu! svara Gisken og lo.

– Folk vil seie det, sa Tale, at det er vi foreldra dine som har talt deg til dette, og det kan eg ikkje nekte, at eg har ønska det skulde gå som det no har gjort. Men ikkje skal dei, og ikkje skal du, seie anna enn at du valde sjøl.

– Eg valde sjøl, det veit alle som vil! – Gisken kasta med nakken og var så stolt og velnøgd. Og så la ho til: Han eg vilde ha, han kunde eg undvera, og kva skulde eg med han da? Ho svara presten det same: Eg har samrådd meg med meg sjøl.

Gisken var ei vakker gjente; dei såg det alle no når presten såg det.

Bryllope stod i prestgaren. Det vart stort bryllop, og etter bygdeskikken i mest all ting, 97presten vilde det ikkje ansles den gongen. Av folke hans var det få til stades. Han sakna dem heller ikkje, han var så reint bortgitt i brura si. Og ho var så skinande glad for altere og sia, det kunde ikkje brur ha lysare andlet. Og enda hang ulykka over henne, så mange av gjestene tyktest kjenne kulden av henne alt huse igjenom.

Da Gisken fór til bryllopsgaren, hadde Marit stått ved grinda og lyst vondt over henne. – Så sant det sitt ein god ein over oss og ein vond ein under oss, hadde ho sagt, så sant skal hjarte ditt vende seg ein gong til, om ikkje to, og det til ein som andre kvinnfolk vilde ta flukta for. Du skal få stygg til mannen din, du skal rømme senga for han, rømme huse for han, du skal aldri få barn! – ho hadde sagt meir, hadde ikkje brørne til Gisken komme til synes.

Gisken hadde berre ledd til det, og bad mora tie still når ho vilde trøste henne. – Ei prestfrue får tåle meir enn som så, hadde ho sagt. Det er snaut med lykka når ingen ovunder ein, lo ho.

Det var seint på hausten bryllope stod, og det stod av seg på 3 døgn. Det var blånande godvêre all veg. Folk hadde stor gamman.

Men første-dags kvelden, da brurfolke skulde til sengs, hendte det noko som var vondt for dem som såg det. Presten hadde drukke litt, han som dei andre, og var glad og blid der han kom. Han gjekk bort til brura i lag med foreldra hennar. Ho såg frimodig på han; ho hadde sagt godnatt med 98alle gjentene i lage; ho smilte enda til han. Da slo ho auga vidt opp og stirde på han. Ho gjekk att-å-bak imot veggen. Ho såg på mora og på faren, ho såg stua rundt. Ho var krita bleik, og anka seg så dei kunde høre det. Mora tok i handa på henne, og da gav det seg. Ho følgde villig med.

Kvelden etter dansa ho meir enn godt var. Det gjorde dei alle, og drakk meir enn godt var òg; dei såg ikkje større etter henne. Det same var det tredje natta. Dei trudde ho sov i prestkammerse.

Mora drog heim tålig vel til motes. Ho kom til prestgaren rett som det var, og aldri anna enn godt å høre der. Gisken vart ei drivande husmor, som mora hadde vore, og ei prestfrue så god som nokon. Ho skjemta og var glad når mora kom dit, og venlig og god var ho imot ein og kvar. Dei var fulle av godt, auga hennar, så ovmodige dei kunde vera. Presten gjekk der og gnudde fingrane, smilte til den han tala med, sa ikkje stort, men såg velnøgd ut. Han hadde all tida vore ein gavmild mann, og no var han det enda meir, så folk kunde sjå han var lykkelig gift.

Presten hadde ein underlig ven, han heitte Hågen og budde i Nesse; Hågen Stavholdt var fulle namne hans. Han var ikkje her ifrå. Han skulde vera skyld med andre kona til presten, og slik var det han kom hit; han hadde fare vidt i verda. Nokon alder på han var det ingen som visste, men dei gissa på han var millom 40 og 50 99år. Det var ein kald kar både utvendig og innvendig: det fanns ikkje hår eller skjegg på han, andlete var glatt og beinbert, og vondt og stygt, og auga i han var så harde, dei fekk illfrost i seg dei han såg på. Dei kalla han Gaupa, det namne høvde så for godt på han. Det var fast tru millom folk, at han hadde teke liv. Dei sa det òg, at det kunde han komma til å gjera ein gong til, når så høvde. Dei visste elles ikkje noko om han, for han fortalte aldri noko, og ingen var huga på å spøre han. Presten vilde ikkje ut med det han visste.

Eitt var visst, at pengar måtte han ha. Han kjøpte seg ein plass i Nesse. Det var ikkje så den tida at det vart kjøpt nye rom, men Hågen gjorde det, med pengane på borde, og laga om stua etter sitt eige hovud, og det vart rart. Sjøl stelte han både ute og inne; det skulde vera reint og fint og velstelt i alle måtar hoss han, men det var få som hadde set det. Når han klædde seg i stasklæane, hadde han både sølv og gull på seg, han hadde ein diger snusdåse av skire gulle, vart det fortalt; han klædde seg ikkje som folk der i bygda. Einast til prestgaren kom han, men der kom han ofte, kunde sitte der og snakke med presten om kveldane og til langt på natt, og det skulde vera lærde ting dei var borti, etter det folk forstod. Med kvart spella dei kort. Var det eit lag hoss presten nokon gong, kunde han enda komma sjølbedt. Lite drakk han, og lite sa han, 100og tryggast var no det, for han, meinte dei, han stod seg på at han ikkje forsnakka seg. Men spella kort vilde han, og alltid om pengar; og vann gjorde han for det meste. Kvinnfolka var så redd han, det hendte dei skreik og rømte berre han såg på dem.

Gisken var heller ikkje sterk på å vera i stua med han, ho gjekk oftast ut. Ein gong bad ho presten vise han døra, men i det vilde han ikkje føye henne, så snar han elles var til det. – Vi gjer ikkje det imot ein einslig og ulykkelig ein, sa han. Dei sa presten kunde ikkje, for det han skyldte Gaupa pengar, både kortspell-pengar og andre pengar; for det var tufs med prestefar i pengevegen. Des mindre Gisken likte han, dess oftare kom Hågen til prestgaren. Ho gjekk til kjøkene når han kom; men ho måtte inn att, kor som var, – dei sa ho måtte inn att om ho ikkje noko erend hadde. Leid til sommars kom han helst når presten var borte, Gisken kunde ikkje rømme huse for det, enda så bleik ho vart. Tenarane fekk ikkje anna til, enn at ho gjekk åt vindauga og såg etter han, liksom ho venta han, kvar gong han kom.

Men ein kvelden rømte ho heim til mora. Presten var i annekse, og Hågen kom til prestgars straks etter ho hadde fare. Han gjekk der og dreiv ei stund, blistra og smått flirte med seg sjøl.

Gisken kom heim som ho skulde ha ein vond ein etter seg. Det sa mora òg.

– Ja eg har det! ropa ho, og dermed stod 101gråten som eit stort vêr frå henne. – Eg må få vera her heime hoss deg mor! ropa ho; dei hørte det alle i huse.

Brørne sette på henne og vilde vita kva som stod på. – Var det nokon som hadde vore lei med henne? Faren spurte om ho var sjuk? Mora spurte ikkje om noko.

Gisken svara dem ikkje. Tale bad karane gå ut, og det gjorde dei, så ho vart toeina i stua med Gisken. Dei snakka lenge saman. Ingen skulde høre det, men tenestgjenta hørte det lel, tak for tak, for Gisken kunde ikkje styre måle sitt, og mora var det ikkje stort bedre med.

– Presten? sa Gisken. Eg tåler snart ikkje sjå han meir, tåler ikkje vera i hus med han! – gjenta hørte ho gret.

– Du får gjera det lel, bad mora.

Men Gisken gret, det gjekk som vondaste styngen gjenom henne: Du skal ikkje be meg om det, mor! du veit ikkje kor umulig det er!

– Det skulde du ha tenkt over før, sa mora hardt.

Da brørne fekk nysn i det, vilde dei til prestgaren og hente heim tye hennar, dei vart huga på mangt. Men mora fekk styrt dem i frå det, og sistpå var ho enda over Gisken, så ho fann seg i å snu heim att til prestgaren. Ho følgde henne dit, ho leide henne som det var ei smågjente.

Gisken klaga seg ikkje til ei sjæl oftare, enda all bygda hadde spurt ulykka hennar. Ein og annan 102sa som mora, at det skulde ho ha tenkt over før. Andre sa, at vanlagnaen veit ein ikkje om før han kjem, ein tenker gale om ein skal tenke over han. Dei tykte synd i Gisken alle.

Og alle samen så vona dei at no var det verste over for henne. Dei syntes dei såg ungdommen i auga hennar som før, når ho sat i preststolen i kirka om sundagen, dei trudde dei hørte det når ho snakka og såg det når ho gjekk. Men det var mykje verre enn før, ho tykte ikkje ho hørte til millom folk lenger: Ho hadde fått elsk til Hågen Stavholdt. Ho såg han var Gaupa, det såg ho bedre enn andre, men ho elska han likevel. Tenarane i prestgaren fortalte det dei hørte og såg, og sjøl fortalte ho resten sia. Og folk såg det med sine eigne auga etterkvart, dei som kom henne så nær. Det hadde komme trolldom over henne.

Da Tale hørte det, vart ho sittande still inni stua all dagen. Så manna ho seg opp og gjekk ut i grenda, snakka med to gjenter som var jamnaldringar med Gisken og var å rekne for veninnene hennar. – Visst ikkje de to hjelper meg no, da veit eg inga råd, sa ho. Tale var ei stormodig kone, men den gongen gret ho så tårane rann, ho var ikkje godtil å gå bein eingong.

Dei gjorde som ho bad dem, dei gjekk til prestgaren ein kvelden og tok for seg Gisken på tomanns-hand. Det gjekk slik dei hadde venta det: ho bad dem tie og gå sin veg, ho hadde ikkje 103noko gale gjort. Men da dei stod på gonga, brast det ut av henne:

– Han er den einaste som kan frelse meg, eg rømmer med han så langt han vil. De må be for meg de som kan! Og be for ho mor, at ho får sjå den nøda eg er i, så bær ho det lettare.

Same kvelden stal ho seg frå garen og til Nesse. Ho bad Hågen rømme med henne ut or lande eller langt til fjells. – Han sa at det skulde han gjera visst ho vilde vera han tru. – Ho svor ho skulde vera han tru.

– Kvinnfolk-ord trudde eg aldri, og kvinnfolk-hjarte lit eg ikkje på, sa han. Og ikkje har eg enno noko tegn eller varsel å halde meg til. Men vil du komma hit og vera hoss meg tre torsdagsnetter, tre månemørke torsdagsnetter, da skal eg tru deg.

Lova han så at han skulde reise bort med henne? spurte ho.

– Det veit eg no ikkje, svara han. Men merkar du etter den tida at du er med barn, så tek eg det som eit tegn, og da skal vi reise.

– Ja ja, eg skal komma, sa ho og gret.

Hågen sa: Det er ålvors spell det her, og ei vågelig reise blir det, for eg veit brørne dine, og øvrigheita og alt folk vil sette etter oss. Dei er som hunden, dei er karar når dei berre får ein på jag. Du kunde bli redd, og det var det verste som hendte oss.

Men Gisken sa at ho vart aldri redd når ho 104var i lag med han. – Finns ikkje ting eg reddest for når du er i nærheita, sa ho.

– Du ser ikkje at eg er ein mordar og ein røvar da? spurte han.

– Du er ein engel for meg! ropa ho.

– Da er du den rette like vel, sa Hågen.

Tre svarte torsdagsnetter stod ho opp og gjekk marka over til Nesse.

Siste natta følgde han henne på vegen, ho bad så vakkert om det. Svarte stille haustnatta var det. Dei hadde bakkekammen framfor seg mot himmelen, og himmelen var stjerneklår og blå, – svart myr og svarte berg på sida. Da ser dei ein mann oppå bakken, imot blånaen. Han er i fotsid kåpe, synes dei, han går att og fram over vegen deira liksom han ventar dem.

– Det er presten, sa Gisken, ho stod stiv.

Dei stod dørg still ei lang stund. Da sa Hågen:

– Eg veit ikkje kva det der er. Var det presten, da gjekk eg fram og snakka med han; for slik skal ikkje gudsmannen gå i vegen min. Men det ser meg ikkje ut til å vera han, det er større enn noko menneske eg har set.

Dei snudde, og leita seg fram ein annan veg til prestgaren. Der sa Hågen til Gisken, at ho skulde gå inn og sjå etter om presten sov. Gjorde han det, skulde ho syne han eit kvitt tørklæ i vindauge. – Så får eg grunde ut kva dette syne vilde seie meg, sa han.

105Gisken veifta med kvitt tørklæ. Presten sov. Ikkje kunde ho da, og heller ikkje dagen etter, merke at presten hadde vore ute om natta. Ho kunde aldri merke om han visste korles det var med henne og Hågen. Han var den same imot henne, blid og kjærlig.

Men ikkje lang tida etter vart presten liggande sjuk. Det var synt for alle, at det var nåsotta som tok han. Da vart han eit anna menneske for Gisken, og ho for han. Dei fann henne gråtande framfor senga hans. Sia sat ho der dagandes dag og natt etter natt og vaka over han, heilt til det var slut, og gråte hadde ho støtt når dei kom. Ho gret overlydt ved grava hans, såg ikkje mor si ein gong, som stod der og vilde vera henne til trøst.

Gisken bad dem vise vekk Gaupa frå gravøle, men det var det ingen som vilde ta på seg. Da snakka ho til brørne sine. Og dei fekk han med seg ut eit erend og tok så og følgde han heim til Nesse. Det synte på dem da dei kom att, at det hadde ikkje vore lettarbeid.

Gisken låste dørene i prestgaren etter den tid. Det hjelpte ikkje stort. Ein natta braut Gaupa seg inn og tok Gisken med seg. Han hadde budd seg godt, han hadde hest og vogn ute, og kjørte henne til Nesse. Han skræmte henne så folk i Nesse hørte ikkje ein lyd frå stua hans. Dagen etter var han uvanlig pratsam, han gjekk beint bort til ein av grannane og fortalte han hadde 106Gisken i huse. – Ho vart meg kjær no da ho ikkje vilde vita meir av meg, sa han. Ho er meg kjær som ei gammal synd; eg slepper henne ikkje.

Mannen undrast om ikkje brørne hennar vilde komma og seie eit ord om det.

– Dei kallar meg no Gaupa, lo Hågen. Og dei veit at børsa mi er ladd. Har eg ikkje mistydd jartegna, så har eg dem med meg som held reint kring huse mitt, og som reinskar opp farvegen for meg om eg finn på at eg vil herifrå, sa han.

Dei våga seg ikkje dit for det første. Mest var dei redd, at Gaupa kunde gjera ende på Gisken når siste stunda hans nærma seg. Men tredje natta rømte Gisken frå han og heim. Ho hadde mest sprunge live av seg.

Tale var streng med henne. – Kvifor rømte du ifrå han? sa ho.

– Han er det fælaste eg veit om! klaga Gisken seg.

– Når rett var, burde du jagast til han att, sa mora. Det trur eg Vårherre såg vel til, sa ho, og faren sa det same.

Gisken vart ifrå seg av redsle, ho kasta seg ned og tok ikring knea til mora.

Så skulde ho få bli heime. Det kom mange dit og bad for henne, dei vilde foreldra skulde tilgi henne. Tale sa, at var det slik som folk frykta for, at det var trolla på henne, så skulde ikkje Gisken høre eit vondt ord meir av henne. – Eg trur det ikkje, sa ho, men det kan vera det same; det er 107vel ikkje for ingenting lagt på oss, eg får halde meg til det, skal det ikkje gå rundt for meg.

No la brørne hennar i veg, og ein heil mannhusing med, dei fór med både børse og øks. Da dei kom til Nesse, hadde Gaupa sett til skogs. Dei etter. Dei tok fare hans med hund, og hundsette han gjorde dei gong for gong. Han skaut, men han råkte ikkje, og dei skaut og fór vilt fram; men enden vart at dei laut snu heim, han fanns ikkje meir. Dei trudde han rømte lande.

Men ein fjortandags tid etter vart det stole i bygda, og sia var det stulder på stulder, det stod ikkje lås for stabbur nokon stads. Snøen kom seint det åre, så tjuven var det ikkje far å finne etter; men same karen var det som var framme, det var greit å sjå. Det måtte vera Gaupa. Berre på Vennestad gjekk dei fri han, det var ikkje så stort å undrast på det; han trong ikkje halde til så langt derifrå for den skyld.

Lars Mikkalson gjekk og såg på dotter si. Han let seg ikkje merke med noko, men han fekk ein lei styng i seg: han vart viss i si sak. Han gjekk til lensmannen. Og lensmannen kom, med stor mannemakt, og til å leite i garen. Best det var sprang Gisken over garen og til fjøse, dei hørte ho ropa Hågen. Faren gav eit rop ifrå seg. Han hadde vore meir glad i henne enn folk visste om. Dei etter til fjøse. Der fann dei han i kalvebingen, der ho hadde gjømt han – – det var ho som stelte fjøse etter ho kom heim. Han var så 108vel gjømt, dei hadde ikkje funne han utan ho fór dit. Dei basta han og tok han ut.

Gisken fall på kne framfor dem, for lensmannen og faren og dei alle i hop: ho bad at dei skulde sleppe han, for hennar skyld. Karane vart stuss med.

– Du ser korles det er med meg! ropa ho til faren. Vi skal reise utor lande!

Dei såg no korles det var med henne, men sleppe tjuven kunde dei ikkje. Da reiv Gaupa seg ifrå dem og fór til skogs att, det var gjort før dei fekk skikkelig snudd seg.

– No kan du fara etter! ropa faren til Gisken. Både du og ungen!

Men da steig Eilert fram, han som hadde fria til henne og fått nei, han tok Lars over handa og sa:

– Ti still no, Lars Mikkalson.

Lars svara: Ho har gitt hjarte mitt eit sår som aldri kan gro!

– Ho har gitt meg det same, sa Eilert. Men enda er ho Gisken for meg.

Dei såg på han både faren og Gisken. Men Eilert sa:

– Du skulde ikkje gjera deg til mindre mann enn du er, Lars Mikkalson. Det er da ho Gisken lel.

Storparten av dei andre var i fullt jag etter rømlingen, men dei som att stod, sa at det var dei likaste ord dei hadde hørt. Mora kom og leidde Gisken inn.

109Gaupa fekk dei ikkje tak på, men eit par dagar etter vart det stole ein båtskarv i Grønsetvika, og ein dag seinare fann dei han kvelva bortmed andre lande. Da måtte Gaupa vera utor verda, dømte dei, for det hadde vore bert uvêr den natta han la til fjords. Andre gissa på at det var eit strek av Gaupa, så dei skulde gi seg med leitinga etter han. Han spurtes aldri meir.

Da Gisken hørte han hadde blive i fjorden, sa ho gud skje lov. Da først vilde ho snakke med Eilert. Han baud seg til å gifte seg med henne. – Eg tek deg som du går og står! sa han.

Mange bra folk talte han ifrå det, og foreldra hennar ikkje minst; men Eilert stod på sitt, og Gisken sa ja til det.

– Når det finns så stor ein kjærleik i verda, sa ho, så er det eit under som eg gir meg for. Da er ingen ting umulig.

– – – Dei gifta seg åre etter, og Eilert han var ein lykkelig mann, og ein god far for guten ho fekk; dei var lykkelige båe to. Eilert var ein godslig mann, men sa nokon eit ord til han for kona eller barne, da slo han så dei datt. Han var ingen kar til å snakke for seg, men da fekk han måle opp.

– Hugs-på det er for a Gisken eg slær! sa han, – no slær eg igjen! Og dei kunde høre han mumla med seg sjøl: Ho er meg meir hellig enn om eg hadde fått henne elles.

Det gjekk ikkje bedre med mor hans. Ho let 110han høre det ein gong, at ho tykte ikkje han hadde den kona det var verdt å slå for. Mor si la han aldri imot, men denne gongen retta han på seg og såg henne i åsyna.

– Ti stil mor, det bed eg deg om! sa han. Du ønska vondt, og eg prøver å gjera det godt.

Gisken vart så glad i han etter kvart, ho var ikkje lik seg straks han var heimafrå. Ho døde eit par dagar etter han.

– – – Åsel sa, da fortelinga var til endes: No vil vi ikkje ha meir tå det slage der. Kan du ikkje komma med ein liten lettliva stubb heller?

– Det kan eg, svara Anders. Men den får det vera med til ein annan gong. Eg må fortele etter som eg er huga til det. Elles kjem det for meg, eg sitt og lyg, og da blir det borte for meg alt i hop. Men er ein eit grand lystig sjøl, innvendig, så tåler ein stubb og annan som går med ein annan tone òg. Eller som han sa, mannen som kom ut frå tukthuse: Er grase verkelig grønt? sa han. Eller som ‘n salig Ol Haktorsa sa: Det er inga sak for den som gret når det ber gale i veg med folk, det er verre for den som ikkje det kan.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Blind-Anders

Blind-Anders kom ut i 1924 og inneholder ti fortellinger. Her møter vi igjen Anders fra I blinda (2. bok i serien Juvikfolke). Blind-Anders har blitt en gammel mann som holder seg mye for seg selv. Men av og til kan han lokkes ut og da kommer det gjerne en fortelling, enten fra hans eget liv eller et eventyr.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1924 (nb.no).

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.