Blind-Anders

av Olav Duun

Marta og Elias

211Den tid eg var ungguten, fortalte Anders, sat det ei ung enke med garen på Bjørland, ho heitte Marta Andersdotter. Ho sat på skyldfri gar, og vakker var ho, det var kvar manns ord; dertil var ho mild og snild som blankaste godvêrskvelden. – Det var helg i huse når ho smilte, sa folk. Da Pål, mannen hennar, låg på sitt siste, hadde han bedt henne at ho skulde ikkje gifte seg før 5 år etter han kom i jorda, og det hadde ho lova både for Gud og menneskja. Ho hadde gjerne lova det som meir var. Ho bar tung sorg etter han, enda det visste alle, at han hadde aldri skjønna stort på kven ho var, han var ikkje av det folkslage.

Dei hadde eitt barn berre, ei årsgammal gjente.

Da eitt år hadde lide til endes, kom første friaren og hørte seg for, og sia kom ein om senn. Men Marta rista på hovude til dem og smilte: ho gifta seg aldri meir. Og slik var ho, at ingen kunde gå arg frå Marta Bjørland for det.

Det var kvennbruk på Bjørland den tid som no, men det var i minste lage og kleint i stand. Da seier drengen med Marta ein dagen: Du skulde 212rive ned dei to små kvennhusa her og bygge eitt skikkelig eit, og legge inn eit par kvenner som mól litegrand; du stod deg på det, så mange som her fer og vil mala. Marta måtte sjå på guten. Det hadde ho ikkje gjort før. Det kom så rart for henne, fortalte ho sia: at her var det ein som vilde henne vel. Og dertil var han så ung og vakker ein gut, og så modig og glad, ho glømte mest det han hadde sagt. – Du seier noko du, sa ho, og så gjekk ho inn att.

Denne drengen heitte Elias, han var berre ein husmannsgut, frå Myra, ein av Lines-plassane. Mor hans var garmannsdotter, like vel, frå Barset. Tausene på Bjørland, og ungdommen der i kring kalla han for Myrgauken.

Da Marta kom inn i kjøkene, hørte ho just budeia seie Myrgauken att. Marta snudde seg ålvorsamt til henne, spurte kven som hadde lagt det utnamne på ‘n Elias. – Ja, dei hadde aldri kalla han noko anna, sa budeia; det var da ikkje vondt meint, sa ho.

– De skal slutte med det, her i huse, så mykje de veit, sa Marta.

Dei gjorde store auga, dei to tausene, men svara torde dei ikkje, dertil var Marta for snild matmor.

Sia var Marta ute og snakka med han att, om han visste nokon som kunde ta på seg å sette opp nytt kvennhus?

– Ja, det veit eg, svara han og lo. For det 213kan eg gjera. Eg har både set på og vore med når dei tømra, det var eg som sette opp stallen her, for det meste, sa han. Og så fortalte han, ettersom ho ikkje visste om det, at da han Pål, husbonden, vart sjuk og liggande midt i det arbeide, så hadde han gjort resten åleine. – Eg gjer det millom onnene, kan eg ikkje få lov til det? sa han.

Jau, sei det, han skulde få lov! Ho visste ikkje sjøl kvifor ho vart så glad, men ho syntes det både lysna og lettna i garen, sa ho med einkvan.

Og Elias han tømra, og Marta kom og såg på, og opp kom huse så det vart ei undring på folk. Det hendte Marta tok i og hjelpte han, når det var ein stokk han ikkje var einhøvd med. Kvennene var han i veg og kjøpte, og fekk i ein kunnig mann til å sette dem inn. Det vart anna slag enn det hadde vore før på Bjørland, dei fekk så vakkert med korn i møln-leige at dei hadde flust med mjøl åre rundt, og vel kom det med, for det var straks etter uåra det her, og Bjørlands-jorda var både sidlendt og nordvendt, det var dei somrane dei fekk ikkje eitt kornauge der.

Da huse var ferdig, var det ferdig millom Marta og Elias òg. Han hadde sagt henne, så godt han kunde, at han skulde slite og slave dag og natt, berre det var for henne han gjorde det. Ho hadde tilstått, at når han reiste, vart det grått for henne på Bjørland. Så bad ho han reise like vel. – For no er det du og eg, heile live, sa ho. 214Kom i hug vi er unge båe to, og lat oss ikkje friste Vårherre.

Elias hadde ein ven, heitte Arn, som han fortalte kvart orde, dei var så tru venner all igjenom. – Du skulde heller bite deg fast med du er der, meinte Arn. – Nei, det har seg ikkje slik med meg, svara Elias. Eg skulde ha gått dit ho bad meg, om det så var til tukthuse, berre for ein lagd av det gule håre hennar. Og du veit kva ho har lova mannen sin. Ho Marta skal ikkje bryte lovnaen sin; ho skal stå frimodig for altere.

Og Elias sa farvel til så lenge og fór sin veg. Marta gav han skikkelig med pengar. Det vart sagt det var tårar på det sølve. Han skulde ut og lære, vilde ho, han skulde bli tømmermann og vel så det, han skulde bli meister. Han og Arn gav seg i lag. Dei vart med ein meister og sette opp ein stor-gar; sia var dei med og sette opp ei kirke lenger sør. Dei kom heilt sør til stiftstaden, fortaltes det.

Men Elias hadde lita ro på seg: han trådde heimetter. Enda var det to år att til Marta vart fri. Arn og han gjekk den lange vegen heim, hørte seg for om arbeid og var glad når dei ikkje fekk; og ingen dag utan dei snakka om Marta. – Eg vil berre sjå henne, sa Elias.

Han var på Bjørland og såg henne. Marta vart så glad da han kom, ho måtte sette seg. Ho skikka bud etter Arn, og han kom, og så vart det stor høgtid på Bjørland, frå laurdags kvelden 215til måndags morgonen. Ungdommen kringom leita dit; det var slik kjæte i folk den tida.

– Men at du ligg her i natt, i lag med meg? sa Arn.

– Ja, var det ikkje ho Marta, så hendte det ikkje heller, sa Elias. Og sjøl veit korles det går før dei to åra er til endes, la han til.

– Du er visst mann for at det går som det skal gå, meinte Arn.

Det var da det tok til å gå på skjeiven.

Elias tok på seg å sette opp hus for folk, og han synte dem han var full meister. Arn var med, for det vissaste. Dei tømra i Vågan med, og dottra der i garen var slik ei vakker gjente og eit lettliva lite ting. Det var få som ikkje måtte snu seg og sjå etter henne. Eller som ein mann sa det: Kan det bu noko godt i det som er så vakkert? Ho heitte Tale. Unggutane elles berga seg tålig, for dei visste dei fekk henne ikkje; men Arn akta seg ikkje bedre enn at han vart forgjort etter henne. Han åt lite, og sov mindre, og arbeide vilde ikkje til for han lenger. Sistpå snakka han til Elias. Elias hadde ikkje merka nokon ting, enda han låg nattvâk likså mykje.

– Har du snakka ålvor med ‘a? spurte han.

– Det kjem eg meg aldri til, svara Arn.

– Ja da er du ikkje verd henne, sa Elias.

– Det er det eg veit, sa Arn. Det står skrive utanpå henne at ho gir seg ein god dag om meg. 216Her er så mange andre som er likare enn eg, ho bryd seg ikkje om dem heller, sa han.

Da slo Elias i senggavlen så det skrall, men han sa ikkje noko.

Dagen etter maka han det så at han kom i snakk med gjenta. – Her fer så mange friarar og smit, sa han, men det er ikkje ein som kjem halvhøgt imot han Arn. – Så da? lo ho; ho såg på Elias og lo alt med seg. Han var like ålvorsam. – Det er det som er, at du kjenner han ikkje, sa han. – Tale ho lo enda, og spurte om det var så at han stod her og fria for han Arn? var han ikkje så lik at han bar opp målemne sjøl? For resten kunde han spara seg, lét ho: Eg blir ikkje bortgift til ein tømmermanns-gut; du kan helse han med det!

Elias såg på henne da, og han såg på henne sia. Dei såg på einannan og drog på smilen, først dei møttes. Og gong for gong var han åt og skulde snakke til henne, at ho måtte ikkje slå han Arn av tankane, ho kunde ingen likare finne. Men dess mindre tanke hadde ho for han, det kunde ein og kvar sjå. Dei såg meir enn det; dei såg at ho hadde Elias i tankane, og at han lysna opp og vart ein annan gut etter kvart. Det var fleire sønner på garen, og ungkarar og galningar alle samen, dans og trøyheit var det ikkje lenge millom. Elias slo seg laus millom dem, han var snart den kåtaste på golve. Og stillare og stillare, gjekk Arn der. For han såg det snart, og sia såg dei andre 217det, at der var einkvart i millom Elias og Tale; det var berre dei sjøl som ikkje såg det enda. Det hendte dei to kom beint bort for dei andre.

Da tok Arn seg mot for og snakka ut til Elias: Om det var så at han tenkte på a Tale? For da vilde han halde seg så langt unda han berre kunde.

Elias stod lenge. Så sa han: Vi har vore ærlige mot kvartanna heile tida, det vil eg vera mot deg no òg. Eg har snakka for deg så godt eg kunde, det svær eg, og det skal du tru meg på; men i staden har det komme som eit fang på oss: det er meg ho vil ha, og eg er berre ei sålbot til kar, eg har ikkje manna meg opp imot henne.

– Nei, det har du ikkje, sa Arn, og snakke ditt har ikkje hjelpt meg.

– Ja høyr meg no her! sa Elias. Eg har bore på ei bør så tung at det veit du ikkje, eg har ikkje havt anna i tanken enn a Marta i 3 år, eg har lengta meg sjuk. Og så kjem det her og tek meg – – eg kjenner ikkje meg sjøl att. Du får dømme meg som du vil, Arn!

– Eg dømmer deg ikkje, sa Arn. Eg kunde unne deg meir enn så.

– Du står og tenker på a Marta? seier Elias

– Det nektar eg ikkje for, svarar den andre. Men eg dømmer deg ikkje i det heller, seier han.

– Eg reiser til Bjørland i morgo den dag, sa Elias. – Kva vil du der? spurte Arn.

– Ja det veit eg ikkje, eg veit snart ingen ting, sa Elias. Eit eller anna må skje, sa han.

218Dagen etter var det laurdagen, og straks over nónstid gjorde Elias seg ferdig og fór. Det fanns mest ikkje ord i han, berre eit stutt farvel.

Da han var ovom grinda og svinga nordetter, stod Tale bortved husnova og såg etter han. Elias vart vâr henne, og stana. Dei stod der tvert still og såg på einannan, dei var fleir enn ein på garen som såg dem. Så gjekk han, snudde ryggen til og gjekk, i blanke solskinskvelden. Tale stod enda litt; – ho såg ut som ho var blind da ho gjekk inn att, syntes Arn.

Marta vart glad som ho pla bli når han kom, så knea vilde svikte under henne. Ho sa ho hadde lengta så etter han i det siste, ho hadde lengta han til seg.

– Ja, og no er eg her, sa han; men ho syntes ikkje han såg glad ut.

Den kvelden gjekk han til henne.

– Eg visste du kom, sa ho, men ho hørtes redd i måle

– Korles tek du imot meg da? lo han.

– Du kan få sitte her på senggavlen, svara ho, ho lo med.

– Jaså, sa han berre.

– Eg trudde mest du vart i Vågan eg, sa ho, litt hadde vore. Hoss a Tale, sa ho. Eg har hørt eit og anna, vør ikkje å nekte! erta ho.

– Du trur no vel ikkje slikt? sa han.

Nei, ho trudde det ikkje, langt av den vegen.

– Er det sant og visst det? spurte han.

219Ja det var det. For ho torde ikkje tru det, det hadde teke live av henne, sa ho.

Da sa han: – Så skal du syne meg det i ord og gjerning. I denne natt! sa han og tok handa hennar.

Ho svara ikkje. Han tok det oppatt, han sa mangt med henne, men det var ikkje ord å få av henne. Endelig sa ho:

– Det er synd at du bed meg om det. For du veit eg kan ikkje bryte eit hellig ord, og du veit eg kan ikkje gjera deg imot. Eg bed deg om nådetid, Elias! sa ho, – ho gret så dei hørte det heilt opp på lofte, og Elias måtte snakke vakkert med henne for å få henne til å tagne, han måtte lova å gi henne fred. Han sat lenge og snakka med henne.

Sundags morgonen kunde dei sjå at Marta hadde gråte og var lite lik seg. Ho smilte til Elias, og var bortmed han og ruska i håre hans, fann på ein og annan småtingen, men det var ikkje stor gleda i henne. Utover dagen kom ho seg noko, og om kvelden da han skulde fara, bad ho han ut i litle-stua. Der tok ho fram ein tung pose med sølvdalar, som ho flidde han.

– No vil eg syne deg at eg trur på deg, sa ho. Her er alt eg har av pengar, og dem skal du ha. Så bygger du deg den stua du har snakka om, og har hus og heim.

Elias vart kvit som ein mølnar i andlete. – Eg kan få dem når eg treng dem, sa han.

220Marta følgde han eit godt stykke på vegen. Ho kom krekande heim så seint og så sløkt i auga, dei vilde knapt sjå på henne, folk i huse. Og med ei av tausene sa ho:

– Eg trur eg ser det no. Om eg får han, så har eg mista han kor som er.

Men Elias, på sin veg, syntes han vart boren av stad. Han gjekk med ei lyslett fylgje breiddmed seg: Han vilde vera tru imot Marta; han var på rette vegen no.

Arn spurte om kvelden, korles det hadde teke i veg med han og ho Marta. Han fortalte det som det var, beint ut av hjarte. – Og no gjekk han til ho Tale, sa han. Han vilde fortele henne med tid var til, at han var ein bunden mann.

– Det veit ho før, sa Arn. Du kjenner ikkje kvinnfolka, la han til.

Elias gjekk bortpå nybygge ein sving, og da han snudde seg, var Tale attmed han. Han fortalte det sia til Arn:

– Eg såg på henne, og ho såg på meg. Da skifta det letene alt i kring oss: gull og lykke skjein det av alt i hop. Eg sa henne korles det var; eg sa at no måtte det vera slut. Eg sa det ikkje så det var nokon mon i det. Ho hørte meg ikkje.

– Kva gjorde du så? sa Arn.

– Ho lo berre, ho lo og såg på meg så det maura gjenom all min kropp; ho snudde seg ifrå meg med den same låtten, så det gråna rundt i 221kring. Men når eg skulde sjå til, så hadde ho tårane i auga.

Arn vart så oppi det da Elias fortalte det, det var i høve han vilde slå.

– Berre slå du, sa Elias. Berre slå du, om det kunde syne meg vegen utor det.

Men Arn slo ikkje. Han vilde høre meir, og Elias fortalte:

Det gjekk den vegen det vilde. Tale hengte seg kring halsen på han og sa at her hang ho. Om ho vart jaga heimafrå, så gjorde det ikkje eit grand når ho berre hadde han. Han kunde ikkje anna svara enn at her hadde ho han. Det vart stor lykke millom dem: – Eg syntes verda og alt i hop vart ørlite imot henne, sa han. Men før dei skildes, såg ho fortenkt bortover fjorden og sa: Berre du hadde ein gar! – Han svara at ein gar skulde han rå seg, så visst som han levde og der stod. Han vart kald i klæane da han hadde sagt det, men rundt i kring dem svara det og sanna med, frå grønne skogen og speglande fjorden, at slik skulde det bli. Enno ein gong skjein det gull og lykke av alt i hop kring dem.

– Det er som det skulde ha hendt meg sjøl, sa Arn. Og elles skal eg gjera dykk den beina eg kan, eg skal danse så lystig som nokon ein med brura di. Men eitt er no det, eit anna ho Marta Bjørland.

– Der stakk du kniven i meg, alt oppund’ skafte! sa Elias. Men, la han til: den tingen får 222segle for sin bør. Du skjønnar det sjøl, du som har set a Tale. Det renn ikkje dag over fjelle med slikt andlet, og enda er det det minste med henne; ho er meir enn du veit. Eg måtte bygge ein gar for henne om eg så skulde sele mor mi til slave attmed det, om eg skulde spikre opp eit skyldlaust barn på krossen.

Alt dette og meir til sat han og sa, så Arn kunde ikkje tru dette var Elias.

Ein laurdagskvelden ein månads tid etter fór han til Bjørland på nytt. – Arn spurte kva han skulde der no att.

– Ja det veit eg ikkje no meir enn sist, sa han, men dit må eg. Enno ein gong! sa han.

Marta gjekk att-å-bak frå glase da ho såg han kom. Ho hadde sett seg da han kom inn. Dei vart toeina i stua. Da tok han til ords og sa, dei hørte det ut i kjøkene:

– Her kjem eg enno ein gong, og no skal du svara meg, Marta: Vi giftar oss til jul!

Ho svara ikkje. Da ropa han høgt, han var ukjennelig i måle:

– Eg treng den lovnaen av deg no! Du skal hjelpe meg og halde meg bein, Marta!

Det vart stilt i stua eit tak. Så sa Marta:

– No skal du svara meg ærlig og tilstå som det er, Elias: Det var ikkje det du bar i hjarte da du kom hit i kveld? Du ønska eg sa nei, det såg eg.

Han sette seg tungt ned, sat og mumla einkvart med seg sjøl; fekk så måle att og ropa:

223– Viser du meg ifrå deg no, da har du aldri bore elsk til meg!

Marta hadde havt lett for tårane i det siste, og dem tok ho til no òg. Enden vart at ho lova han giftarmål til jul.

– Det blir ei ulykke for oss båe to, men det kan vera det same, sa ho. Eg er glad til, at det kostar å få deg.

Elias var letthjarta all tida med han var der, og Marta det same, det dei andre kunde sjå. Sundagen gjekk dei jorde rundt og såg på åker og eng, det stod så vakkert alt i hop. Om kvelden sat dei nedpå reina og såg kirkebåtane rodde heim, i hilder-stilla. Da tok ho handa hans og sat og heldt henne.

– No bygg du deg ikkje hus, Elias, sa ho.

– Nei, svara han. Men det ser eg, at du sitt og sørger som du hadde sagt live og lykka farvel. Og bed du meg om det no, Marta, så er eg ikkje godtil å seie nei: eg tek børa av deg til næste sommar.

Han retta fingrane i vêre framfor Arn, sia, og svor at det kom frå det inste og gode i han.

Marta tenkte lenge på det. Snudde seg så til han og såg han i augesteinen og sa:

– Sett du meg ikkje slik i klemma oftare da?

– Her er handa mi på det! sa han.

– Ja eg vil ingenting seie; men eg må ha lov til å ønske det eg ønskar no, sa Marta.

224– Kva da? vilde han vita.

– At du ikkje vart i Vågan lenger. Ikkje seie noko, er du snild, for du veit nok om den ting sjøl, Elias, og eg veit det same, sa ho. Og eitt er visst: Du skal rå deg sjøl!

– Eg blir der ikkje veka ut, sa han. Han Arn greier resten no. Så skulde eg kanskje flytte hit da? spurte han. Jaså, du vart bleik først eg nemnte det, sa han.

Og Marta var bleik. Ho sa ikkje eit ord.

– No veit eg det, sa Elias. Eg vil kjøpe meg ein gar, eg vil ha noko ålvorlig å rivast med, fara bygda rundt og låne pengar, få meg min eigen gar!

– Du veit at min gar blir din gar, sa Marta. Men kan det vera deg til hjelp å bale med det, så skal eg gjera det eg kan attåt. Eg har ikkje før bedt folke mitt om nokon ting. For deg skal eg gjera det. Og dei skillingane eg har, dei er dine frå før, veit du.

Han sa takk og vart glad. Marta var enda meir glad, ho kom til gars som lyse morgonen, og det same da han fór. Men den kvelden som sist han var der, var ho knapt gonghøv da ho hadde vore med han på vegen, og same orda sa ho, ho sa dem til tausa, men ho meinte dem til ingen:

– Eg ser det no. Om eg får han, så har eg mista han kor som er. Men så la ho til: Det er enda ei trøst at eg kan gjera noko for han. Kanskje Vårherre gjer resten, eg veit ikkje anna å lite på.

225Elias fortalte alt samen til Arn, og sa at no vilde han slutte der. – Så har du både bygginga og gjenta, sa han. – Arn la imot, det var inga hjelp i det for nokon av dem, meinte han; men Elias stod på sitt. Først vilde han snakke med Tale. Men det fall seg aldri. Ho hadde slik hast der ho fór, hadde ikkje tid til å stane når dei råktes, såg lite og inkje på han; ho vart mest ikkje å sjå etter som det leid. Og før han hadde snakka med henne, kom han seg ikkje derifrå. Han spurte Arn ein dagen, om han kunde skjønne kva som hadde fare i henne? – Nei, Arn visste ikkje å seie noko om det.

La han så i veg og kjøpte seg gar like vel, var på Bjørland og fekk hjelp, og andre stader med. Og ein dagen gjekk han beint i vegen for Tale, så ho måtte stane framfor han. Men da var det borte for han det han hadde tenkt.

– No har eg kjøpt meg gar, sa han. Eg har kjøpt Sandbakken, om du vil vita det, eg riv husa og bygger opp nye, kva seier du om det, Tale?

– Ja ja, sa ho, og så smatt ho framom han og inn.

Om kvelden sa han til Arn:

– Det må vera du som har snudd henne om for meg?

– Eg svarar deg ikkje på slikt, sa Arn. Vi kjenner visst ikkje kvinnfolka nokon tå oss, sa han.

Elias sat og tvistirde på han ei lang øve. Sia bar det sørover til Sandbakken med han. Utpå 226natta, imot lysinga, kom han heim så sveitt og utasa han fekk mest ikkje opp ord, og så bleik og skjelven at Arn heller ikkje fekk ord for seg.

– Ja no har eg set Styggmannen sjøl! sa Elias, han hadde sett seg på senggavlen.

– Korles ser den karen ut? spurte Arn.

Men Elias var så utor det, det var ikkje å drive ap med.

– Du har narra deg sjøl, meinte Arn.

– Gud gi det var så vel! sa han.

– Det er ikkje vakre tankane du går med, når du møter han, sa Arn.

– Eg er svart! sa Elias, han kasta seg attover i senga som han gjekk og stod, og der låg han og anka seg og stirde i take til det var full dag.

– Når ‘n legg seg rund, da står ‘n opp som ein hund! sa han. Litt hadde vore, lo han og sa: – Eg trudde ikkje det vart så mørkt nokon gong at eg vægde for goveitra eller ‘n Gammal-Sjur. Og du flirer åt meg? sa han til Arn. Du skulde akte deg, for det er ikkje meg det her! sa han.

Den dagen datt Arn ned frå tømra, frå raftstokken og på hovude ned millom steinane til syllmuren. Elias stod nett attmed da han fór. Dei bar han inn dau som ei sild.

Men dauen hadde ikkje fått take på Arn den gongen; han levna opp att og vart verande i live, slikt det var. Han vart liggande i lang tid.

Elias leigde folk og gjorde i stand stua i Vågan, 227arbeidde på spreng og snakka mest ikkje orde, utan når han sat hoss Arn utover nættene. Han snakka han litt med. Da kunde han seie, best det var:

– Det var ikkje ansles det: eg var borti deg og skumpa deg. Hm! hm! hm! sat han og sa.

Og eit par gonger stirde han villt i auga på Arn og sa:

– Du trur ikkje det var med vilje, Arn?

Arn rista berre på hovude, han var for klein til å seie noko enda.

Arn vart liggande i Vågan heile tida, mannen der vilde ha det slik. Elias fór til Sandbakken, reiv ned gammalstua og la i veg med nytt bygg. Det vart eit gasta hus, men det kosta enka på Bjørland mang ein dalar, for det var ho som lånte pengane til det.

Heile tida med han bygde, levde Elias for seg sjøl; dei såg han ikkje på Bjørland og dei såg han ikkje i Vågan; han berre bygde og tagde med sitt. Ikkje spurte han etter Tale, og ikkje ho etter han.

Men ein kvelden utpå vinteren, da han hadde huse sitt under tak, kom ho til han. Han sa ikkje noko da ho kom, men ho sa det som til skulde og meir enn det. Ho hadde venta og venta på han, ho trudde at han ein gong kom, og no vann ho det ikkje lenger. Han fortalte det sia: Ho sa ei lengd med vakre ord. Og så god som ho var! sa han.

Elias hadde vorte rar, straks han såg att 228henne, han var ikkje sterkare imot henne. – Eg kunde ha gråte attmed det ho sa, fortalte han. Men eitt eller anna var det som heldt meg att – eg syntes det stod ein kvit ein attmed meg den gongen og synte meg det: Det var så for utrulig det ho sa. Sia meinte han det kom av at ho brukte så mange ord; han vart mistruen.

– Jau, eg meinte da å komma, sa han. Når eg har alt i stand, slik at eg slepp å skjemmast for deg og folke ditt: da kjem eg!

– Når da? spurte ho.

Han heldt på og skulde svara at det vart til jul. I staden svara han:

– Til sommarmål kan du byne å vente meg.

– Er du viss på eg vil vente så lenge på deg? sa ho.

– Det er det eg vil røyne, sa han.

Han merka seg at ho vart bleik. Ho klengde seg innåt han og vilde aldri sleppe han meir, ho både smilte og gret. Elias kunde ha smoltna for eitt mindre, men det var der attmed han og åtvara han heile tida, så han beit imot og gjorde seg hard; han følgde henne på vegen med folkskikk og sømd. Han sa det slik, sia: Ho snufsa og gret som tørvtake i haustregne, men eg gjorde rygg og heldt det ut. Ho hadde alt kosta meg for mykje til at ho skulde vinne så lett. Ho hadde kosta meg meir enn det kan seiast.

Ho var bleik som sjødaua fisk da dei skildest. Og i heimvegen, da han kom til brua der Gamlingen 229hadde møtt han, fekk han eit varsel: Vêrlyse stod over fjella og gliste til han, og det var himmelen sjøl som flekte av tanngaren og lo åt han, han var både gul og blå. – Eg vart så ilt med, fortalte han, eg vart ikkje kaldare i klæane da han sjøl synte seg for meg. Det er små ting å le åt det sia. Men da visste eg at det vonde hadde tapt.

Han vart ikkje det slag opp i under, sundagen etter, da han sat i kirka og hørte presten lyste for ein frammand mann og Tale Hansdotter Vågan. Det vart han heller ikkje straks etter, da han hørte at Marta Bjørland låg til sengs.

Tale hadde skyndt seg i veg og gifta seg, og han ho fekk var ein slamp og ein villbysting utan gar eller eige. Han var av folke hennar på morsida, og hadde vore i Vågan ein og annan gongen. Og det var i høgan tid dei kom seg i hop, sa folk. Eller rettare sagt, det var alt i seinaste lage, for gutungen heftast ikkje med å komma, sa dei.

– Hadde eg vore god til det, så hadde eg gråte, sa Elias. I staden måtte eg le, og det var ikkje godt.

Marta Bjørland hadde det gått så innpå, litt med kvart, at ho vart sengliggande. Sorga sette seg for i bringa på henne; det høla henne ut der ho låg. Ho spytta blod.

Elias var ikkje mange merkerne da han kom dit. Han bad om tilgiving, og han fekk det, og Marta meinte ho var snart god att. Han fortalte 230alt frå først til sist, og det var mangt som aldri nokon annan fekk tak i. Det var eit under kor fort Marta kom på føtene att.

Elias vart verande på Bjørland, og da sommaren kom, gifta dei seg. Det var ikkje fullt eit år for tidlig. Det var aldri ein dag for tidlig, tykte folk. Dei bad Arn til bryllope; og Arn kom. Han var god kar alt, berre stiv i eine foten og skjeiv i eine aksla. Han fekk garen som Elias hadde kjøpt seg, han fekk Sandbakken slik han stod og var. Da visste folk korles det hadde seg at Arn datt ned frå tømra i Vågan, om dei ikkje hadde visst det før; men dei sa ikkje noko vondt for det. Og han og Elias var venner som dei hadde vore og vel så det.

– Det er ei skam at eg skulde tvile på lykka vår, sa Marta.

Det var ein blank sommar, men da han var slut, måtte Marta til sengs att, og den gongen stod ho ikkje opp meir. Det var ei høgtidsstund da ho døde. Mest tok det folk da ho takka Elias for alt godt han hadde gjort henne, og da ho velsigna han:

Han skulde gå i sol all sin veg heretter!

Garen på Bjørland skulde dottra hennar ha. Elias dreiv han til ho var vaksi, og han dreiv han godt, og kvennbruke med. Sia flytta han til Sandbakken. Og det sa folk, at han såg ut som han gjekk vegen sin i sol all sin dag.

Ein still og lykkelig mann, eg minns han vel, sa Anders.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Blind-Anders

Blind-Anders kom ut i 1924 og inneholder ti fortellinger. Her møter vi igjen Anders fra I blinda (2. bok i serien Juvikfolke). Blind-Anders har blitt en gammel mann som holder seg mye for seg selv. Men av og til kan han lokkes ut og da kommer det gjerne en fortelling, enten fra hans eget liv eller et eventyr.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1924 (nb.no).

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.